men kva veit vi om barna

26

Upload: det-norske-samlaget

Post on 10-Mar-2016

240 views

Category:

Documents


5 download

DESCRIPTION

Noveller av Rakel Solstad

TRANSCRIPT

1

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 1

Rakel Solstad

men kva veit viom barna

Noveller

Samlaget Oslo 2013

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 3

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 34

katten heng på veggen

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 5

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 6

Dei svarte og kvite teikningane i linoleumsgolvet strekkjer seg i alle retningar i det store kjøkkenet. Siggestår stille midt i rommet og lèt blikket følgje figuraneder dei kryp inn under kjøkkenbordet og stolane, underkrakken ved omnen, stansar ved vedkassa og kjøkken-benken. Døra til gangen står open. Døropninga er fullav lys frå ettermiddagssola.

Brått står storebroren i døropninga; han kastar einlang skugge over figurane i golvet. Sigge set eine fotenfram, oppå skuggen. Karl blir ståande. Sigge stiller segmed begge føtene oppå skuggen og ser mot broren, somblir stor og mørk av å stå midt i lyset. Så er Karl borte.

Den breie solstrima har varma opp linoleumen.Sigge stiller seg midt i lysstripa og ser sin eigen skuggefalle langstrekt og ukjenneleg ut over kjøkkengolvet.

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 7

i hjørneskapet

Den vesle guten i kvit skjorte med blondekrage stodved ein høgrygga stol, med eine handa på armlenet.Han såg engleaktig kvit og uverkeleg ut. Han stira al -vorleg på Sigge. Han døydde av tuberkulose, sa mor.Sigge såg på guten på biletet. Eg hadde lungebeten-nelse! Han såg på mor: Dokteren sa at eg nesten døydde!Ho strauk han over håret: No går vi ut til dei andre. Holyfta Sigge ned frå fanget. Så lukka ho albumet og la detpå plass i hjørneskapet.

Fotografiapparatet låg oppå hjørneskapet. No settefaren den svarte boksen på sofabordet, nær kanten,mel lom kakefatet og kaffikoppen til Jon. Jon skal tabilete av oss alle, sa han.

Sigge såg på Jon, som hadde kome på søndagsbesøkog fekk kaffi og formkake og fortalde historier som deivaksne lo av. Jon var den som lo mest, mens han for-synte seg med nye kakestykke. Han snakka og lo medkake i munnen, kakesmular frå den store munnen hansfall ned på blomstrane i duken. Sigge gjekk nærare ogfesta blikket på den svarte boksen; han hadde aldrivore så nær fotograferinga før. Han stira. Han la handapå duken og såg på faren på andre sida av bordet. Foto-graferinga hadde ei lang reim som låg utover bordet,

8

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 8

det såg han no, ei slik ein kunne ha over hovudet. Kjaptgreip han reima og trædde henne over hovudet sitt.Stova blei fylt av høge rop: Mora, Jon, faren: Kva er detdu gjer? Ver forsiktig! Slepp fotografiapparatet! Hanreiv reima av seg – og sleppte. Jon greip tak før foto-grafiapparatet ramla i golvet. Sigge stira forskremt pådei opphissa ansikta. Han hadde gløymt det; berrefaren kunne ta i fotograferinga, og Jon. Du må ikkjerøre fotografiapparatet, kan du skjøne! I stemma tilmora låg ein dask han ikkje fekk fordi det var fra-mande til stades.

Vi må ta biletet ute, sa Jon. Mora stansa ved spegelen igangen og drog ein kam gjennom håret sitt og ordnakragen på dei kvite søndagsskjortene til Karl og Sigge.

Jon bad dei stille seg ved husveggen med ansiktetmot sola. Han opna den svarte boksen og la han pågraset. Sigge såg på det Jon heldt i handa. Fotografe-ring hadde aldri hendt han før. Jon lyfta fotografiappa-ratet opp framfor seg. Nesten heile ansiktet hans for-svann bakom. Sigge gløtta på dei andre. Faren sågalvorlegare ut enn vanleg, han stira rett på Jon. Alle varstille.

Ei uklar frykt tok tak i Sigge; det var noko han nes-ten kom på. Han såg opp på storebroren; Karl såg utsom vanleg. Sigge fekk eit spark på leggen. Jon sa: Åh –no tok eg dykk nesten! Sola stakk i auga. Det grønegraset rundt føtene til Jon var nesten svart. Skulle Jonta dei?

Sigge heldt hendene framfor ansiktet og kika på Jonmellom fingrane. Jon hadde gøymt seg bak fotografi-

9

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 9

apparatet igjen. Det var da Sigge såg auget. Eit firkanta,blankt auge var stilt beint mot han. Jon var forsvunnenbakom det stirande auget, han var blitt fotograferinga,var blitt dokteren som lyfta det blanke røyret som hangrundt halsen hans, og pressa det iskaldt mot det naknebrystet til Sigge. Den døde guten i albumet, lungebe-tennelse og tuberkulose og fotografering! Og faren sialvorsfulle stiring.

Utan at han merka det, flytta føtene hans seg littvekk frå dei andre. Mora greip han i armen. Grepetgjorde den uklare frykta til stadfesting. Han sprangover grusen, snubla opp den låge tretrappa og ramlapå magen inn på ganggolvet. Einkvan ropa. Sola stodinn av vindauget og fylte gangen med lys. Døra tilkjøkkenet stod open. Han rusa inn, smelte døra i ogkasta seg under kjøkkenkrakken.

Kjøkkenet var halvmørkt og stort. Krakken var eitgjerde til alle kantar, med tak på, det heldt han i ei fast,god klemme. Hjartet klappa fort og sterkt. Nokontrampa ute i gangen. Han høyrde faren kome inn ikjøkkenet, døra stod open etter han. Lyset frå gangenla seg i ei tjukk, brei stripe utover kjøkkengolvet. Nokovarmt og vått rann innanfor kleda hans. Han hiksta.Faren fekk auge på han.

Du skal vel vere med på biletet, sa han. Han høyr-dest som han hadde det travelt. Han snakka høgt inne idet tomme kjøkkenet. Sigge gjorde seg ørliten underkrakken. Faren bøygde seg ned og greip om armenhans: Kom no. Sigge snufsa eit nei. Visst skal du veremed! sa faren og fjerna krakken. Utan vidare lyfta hanSigge opp i armane sine.

10

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 10

Forundra var han med eitt på høgd med hovudet tilfaren. Han kunne ikkje hugse at faren hadde lyfta hanså høgt nokon gong. Det var underleg å sjå ned på gol-vet og krakken herfrå. Faren klemde han inntil seg ogbegynte å gå. Da hugsa han det firkanta, blanke auget.Han skreik, sette hendene mot skuldrene til faren ogville ned. Faren heldt hardare. Lyset inn gjennom gang-vindauget blenda han, det store, rufsete håret til farenklemde mot kinnet hans. Sigge greip tak i håret medbegge hendene og lugga. Han skreik: Eg vil ikkje vere ihjørneskapet!

Faren sleppte han. Han såg på Sigge og liksom glattaover håret med hendene sine. Så gjekk han ut til deiandre.

Sigge blei liggjande på det støvete plankegolvet.Hjartet dunka. Han høyrde at mora og Jon ropa, og atfaren sa noko med låg stemme.

Det nye fotografiet låg ein dag på kjøkkenbordet. Detvar sommar på biletet, det kunne Sigge sjå fordi det vargras på marka. No var det snø på vindauga, og denstore lampa over bordet var tend.

Det er siste biletet av far, sa mor. Og av meg og far!Det var Karl som sa det. Han såg på Sigge. Kor er Sigge?spurde han og peika på fotografiet. Sigge såg på Karlog såg at han visste, men at han likevel spurde.

Sigge såg på mor. Han er ein stad utanfor biletet, saho. Ho smilte da ho sa det.

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 11

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 12

Skoleinternatet er eit kvitt hus øvst i bygda. Å sjå til erdet som eit lite slott, men utan konge og dronning. Verken prinsar eller prinsesser veks opp der, berre internatungar. Innanfor høge vindauge tumlar deirundt mellom dei nakne veggene i sovesalane og korridorane, overlatne til vide golvflater under store,kvite lyskuplar festa i taket. Overlatne til dei rituala ogden rettferda og justisen ungane sjølve til kvar tid opp-rettar og handhevar. Større sysken kan verne små sysken, eller dei nyttar høvet til å tyne dei små i fråværav foreldra.

Etter at husmor har lese kveldsbøna og sikra seg atalle er oppi sengene sine, og etter at lyset er sløkt, høyrest låg song frå jenterommet. Det er dei gamlesongane, om Tullingen, Bybrannen og Så bitter koldblåser nordenvinden. Det er Hvite måke og Måne dutilgir vel at jeg. Det er songar frå radioen oppe på veggen i matsalen, frå Ønskekonserten som dei sit derog høyrer på om måndagane.

Om morgonen kjem bygdeungane. Dei blandar segmed internatungane i klasseromma og ute i leiken ifriminutta. Når skoledagen er slutt, går dei heim.

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 13

bak vedskjulet

Dei store hadde sagt at berre ein av dei små skulle fåvere med. Sigge visste ikkje heilt kva det var dei skullefå vere med på, men han ønskte å vere den som bleivald av dei store.

Det var Karl som kom. Han la handa si på skuldra tilSigge. Dei andre stansa i leiken og såg nysgjerrige etterhan.

Katten hang på vedskjulveggen. Frå tre av føtene og fråhovudet på katten gjekk hyssingstumpar som var festai spikrar på veggen. Det høgre bakbeinet hang slaptned. Innimellom opna han munnen og skreik.

Dei store gutane kasta våte jordklumpar på katten. Detvar ein skiten katt, og no kasta dei jord og søle på han såhan blei meir skiten. Snart ville han vere så skiten at ingenville kunne sjå at det var ein katt, at det var katten sombruka å sitje i vindauget til husmor og sjå ut på dei. Jord-klumpane trefte veggen med harde dunk og med mjuk -are klask når molda trefte katten. Dunkinga og klaskingablei følgd av hauking og rop frå kvar som kasta. Gut anesåg varme og oppglødde ut, dei såg ut som dei gjorde eitarbeid. Katten på veggen, dei oppøste gutane og denmørke ettermiddagshimmelen laga ei eiga verd som varskild frå leiken og verda på andre sida av vedskjulet.

14

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 14

Sigge kjende handa til Karl på skuldra. Handaskubba han framover. Han var ikkje ein som blei vald.Han var blitt henta.

Gutane stoppa midt i ropinga og snudde seg motSigge; dei fire gutane blei som ein heil flokk som stodder og stira. Ansikta deira likna kvarandre. Munnanerørte seg som dei sa noko. Men han høyrde ikkje kva.Handa til Karl skubba han vidare framover, inn mellomdei. Gutane flytta på seg og gjorde plass for han der detskulle kastast frå, lét han forstå at han no var ein av dei.Handa til Karl sleppte ikkje.

Sigge bøygde seg og samla våt jord i eine neven.Grepet i skuldra sleppte. Kast, da! sa ein. Lydane var til-bake. Han retta seg opp og lyfta armen. Den blautemolda løyste seg opp og rann ut av handa hans.

Kast! Det var Karl som sa det, han la igjen handa sipå skuldra til Sigge. Kastet trefte marka framfor katten.

Ein gong til! Stemma til Karl var roleg, men handapå skuldra klemde hardare.

Sigge greip ein klump med jord, kasta og trefte midti gapet på katten da han skreik. Gutane jubla. Det rannnoko tynt, grønleg ut av katten.

Ein gong til! Handa til Karl var der igjen. Sigge greip ein ny klump med jord, armen og handa

hans lyfta seg på nytt, kasta. Karl sleppte taket i skuldra.Gong etter gong lyfta armen og handa seg og slengdeut nevar med jord og søle. Også dei andre var i gangigjen, og Sigge opna munnen og laga rop og hauke -lydar som dei andre og kjende at dei høge lydane gavmeir kraft til å lyfte og kaste, såg at moldklumpanetrefte betre.

15

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 15

Det kom ein ny lyd, ein lyd som liksom vekte han.Lyden kom frå katten, ein fælsleg, jamrande lyd. Moldog gjørme klistra pelsen tett inntil kroppen, det rannbrunsvart jord og søle nedover vedskjulveggen. Blodrann nedetter innsida av halen. Nokre hadde teke til åkaste stein. No var det ikkje berre dunke- og klaske -lydar, men også lyden av stein.

Karl kasta ikkje, han gjekk rundt og passa på at alledei andre kasta. Slik det hadde vore ved flaggstonga.Ein huiande og skrikande gjeng med gutar sprang rundtflaggstonga med ei lang snor. Det var ein leik. Deisprang rundt og rundt, og for kvar gong surra dei Siggefastare til stonga. Karl stod i utkanten og såg på. Hanlo. Sigge lo også. For kvar runde blei det surra stram-mare, først beina, så høgare og høgare opp, til tauetnærma seg brystkassa. Da slutta han å le, han la arm -ane i kross over brystet og prøvde å halde snora unna.Så blei snora festa, mens gutane hoppa og dansa rundthan og skreik: Kom deg laus! Kom deg laus! Så ringdehusmor med matklokka, og Karl ropa: No er detkveldsmat! Så la han på sprang saman med den støy-ande flokken.

Sigge seig ned på bakken med armane om hovudet.Det stramma rundt brystet, slik som den gongen vedflaggstonga. Han hadde ikkje greidd å halde snoraunna, kvar gong han drog pusten, hadde ho strammaseg. Men dei stansa ved skuldrene, da var det ikkje meirsnor igjen.

Med eitt var grepet i skuldra der igjen. Karl droghan opp, sette auga i han:

16

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 16

Hugs at du er den av småungane eg valde til å veremed!

Sigge ville ikkje sjå auga hans. Han såg på gutane somkava og sjaua omkring på den gjørmete bakken; dei sågslitne ut. Også han kjende seg sliten. Ingen lyd komlenger frå katten. Men det rykte i høgre bakbeinet.

Ein av gutane løyste katten frå veggen, lét han hengeetter snøret rundt halsen og heldt han ut framfor seg.Ein annan drog ei sekkefille nedover vedskjulveggen.Så hadde dei oppi noko som ikkje lenger såg ut som einkatt.

Dei andre hadde gått inn frå leiken og sat rundt bordeti matsalen med lekser til morgondagen. Sigge blei stå-ande i døropninga. Dei stira nyfikne på han. Lærarenbad Sigge hente bøkene sine. Han fann ei rein side ikladdeboka. Ei stund blei han sitjande og sjå på denkvite boksida. Så begynte han å skrive inn tal, alle talahan kunne kome på, også dei over hundre og tusen.Han dekte heile sida. Så la han hovudet på boka ogbegynte å gråte høgt.

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 17

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 18

Du kan grue deg til du må på internatet, seier Karl. Eggruar meg ikkje, svarar Sigge, eg kan lese, så det trengeg ikkje å grue for. Det er mange andre ting du må gruedeg til, seier Karl, dette for eksempel: Han klip Siggehardt i armen. Au, seier Sigge. Og dette: Karl grip takrundt Sigge og slengjer han over ende på marka. Siggereiser seg. Dette da, seier Karl, han klatrar opp på rekkverket som går rundt verandaen, står der litt førhan balanserer bortover den øvste planken og hopparned. På internatet må du balansere på noko som ermykje høgare, seier han. Sigge klatrar opp på rekk -verket, mistar balansen og blir liggjande på marka.Han tek til å gråte. Karl legg seg over han. Og dette,seier Karl, og stikk ein finger inn i buksebaken på broren.

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 19

om natta

Han vakna av at døra gjekk opp og igjen. Så var det pånytt stille, berre dei vanlege sovelydane frå dei andre.Sovesalen låg i mørker, berre med eit svakt skin frå ute-lampa. Han låg på høgre sida med ansiktet klemt nedmot sengekarmen og panna pressa inn mot veggenbak. No vakna han heilt, dels av lydane frå døra, dels avden vonde stillinga. Han blei liggjande og lytte ut irommet. Kva hadde hendt? Hadde han drøymt igjen?Han snudde seg forsiktig. Lyset frå utelampa teiknavindauga som store, matte krossar på veggen midtimot. Tvers over døra og vaskeservanten stod dei strekaopp, urørlege og velkjende. Denne gongen hadde deivore fleire. Det gjorde vondt i kroppen. Dei haddehalde han, han hadde ikkje skrike, da ville det blittverre. Han hadde berre liksom blitt borte, det var nokohan hadde øvd på. Dei hadde kviskra, likevel visste hankven dei var; han såg omrissa av dei og kjende lukta avdei.

Nokre netter fann dei han ikkje. Etter at lyset varsløkt, lista han seg ut, som for å gå på do nede i kjella-ren. Ute i den opplyste, tomme gangen sprang han bar-beint opp først ei trapp, så ei trapp til, før han stod heiltøvst, ved inngangen til tørkeloftet. Ved å lirke litt medlåsen kunne han skyve døra lydlaust opp.

20

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 20

Loftet låg i mørker, også gavlvindauget var mørkt.Det var eit mørker han kjende; han var ni år, og hanvar ikkje redd for mørkret. Han kunne høyre lydar fråandre sida av loftet, som var hyblar for hushjelpene.Det kjendest trygt. Langs eine langveggen stod stablapultar, bord og stolar som ikkje var i bruk. Der haddehan laga seg ein plass, med hjelp av ullteppe som låglagra i store kasser. Når han kraup gjennom labyrintenav stolar og bord, fann han gøymestaden. Enno varhan trygg der, om han berre var i senga si når dei andrevakna. Hushjelpene sov på hyblane sine, og husmorlåste ofte dørene inn til romma sine om kvelden.

Han sette seg opp i senga. Han måtte på do, men vissteikkje om han torde. Det gjorde vondt i panna. Med einfinger kjende han at sengekarmen hadde laga ei fòreskrått over eine augebrynet. Han la hovudet på kneaog gret. Han sat slik til han begynte å fryse. Rommetvar ikkje lenger så mørkt, han sette føtene ned på detkjølige golvet og tok seg forsiktig bort til vindauget.Han kraup opp i den breie karmen og kjende varmenstrøyme opp frå radiatoren under. Varmen lindra.

Kva var det som hadde hendt? Han hadde eit vagtminne om at noko blei stukke opp i han der bak. Deihadde halde han i føtene, og ein hadde lagt seg overhan og pressa han ned i senga, ei hand hadde klemthan over munnen. Han skreik ikkje, men hadde prøvdå bite. Karl, broren hans, hadde vore ein av dei; denharde, tørre neven rundt eine foten, det var Karl. OgRoar – han var der. Han kom på ein draum, eller detvar noko som hadde hendt? Han blei lagd på sjuke-

21

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 21

rommet, det var seint om kvelden. Det klødde overheile kroppen, hadde gjort det i fleire dagar. Husmorkjemde gjennom håret hans for å sjå om han hadde lus,men fann ikkje noko. Så henta ho ei flaske med kvittvatn i, tok av han kleda og tok til å gni inn kroppenhans med det kvite vatnet. Vatnet var kjølig og godtmot huda. Han lika ikkje å vere naken, men hendenetil husmor var faste og greie. Han høyrde radioen innefrå stova hennar, mannestemmer, eit høyrespel. Hanprøvde å lytte. Ho begynte med armane og skuldrene,gnei ryggen og rumpa og baksida av beina, snudde hanrundt og gnei brystet og magen og lår og legger. Detvar uvant å bli handsama slik, men det var godt åsleppe kløen ei stund, og etter kvart slappa han av. Hanvar søvnig, det var seint på kveld. Han ville halde segvaken, men lukka likevel auga. Lydane frå høyrespeletvar no meir som ein jamn dur. Han heldt på å sovne.Da blei han heilt vaken; husmor gnei han inn med detkvite vatnet i skrittet. Handa hennar hadde lukka segom tissen hans. Han rykte til. Ho la andre handa påbrystet hans, liksom roande, mens ho heldt fram medå gni der nede. Han vrei på seg, ville snu seg over påmagen. Så skjedde alt på ein gong: Døra til sjukerom-met blei brått riven opp, og tre av dei store gutane stodder og ropa at Sigge var vekke, før dei blei ståande ogglo inn i rommet. Sigge kasta seg rundt i senga. Hus-mor stilte seg opp framfor gutane. Ja takk! sa ho. Komdykk i seng! Det var det ho sa: Ja takk! Sigge høyrde lat-teren deira bortover gangen og ned trappa til sove -salen. Husmor drog dyna over han og forlét han medeit fort god natt. Han blei liggjande på sjukerommet

22

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 22

den natta, utan å sove, skremd over det som haddehendt, livredd for at husmor eller gutane skulle kometilbake. Han greidde ikkje å avgjere kva som var verst.

Han la panna mot glasruta og kvilte mot det kjø-lige, stille mørkret. Ein skugge skilde seg ut frå mørkretnede på bakken. Skuggen flytta seg med små, glidanderørsler. Han følgde han med auga. Som eit spøkelsesmaug ein kvit- og svartflekkete katt over den snødektebakken.

Jo, han måtte på do. Han lét seg gli ned frå vindaugs -karmen, lista seg bort til døra, smatt ut i gangen oglukka stille etter seg. Der blei han ståande. Lyset i gangenutanfor var slått av, men den breie, svingete trappa nedvar opplyst av den kvite takkuppelen i korridoren dernede. Han tok eit skritt i retning trappa. Stansa oglytta, han måtte forbi sovesalen til dei store gutanenede i korridoren. Alt var stille. Eit par skritt og hanvar framme ved trappa.

Da høyrdest ein lyd, ein knepp, eit dunk. Hanklemde seg inntil veggen og drog seg bakover. Det bleiigjen stille, han høyrde heller ikkje sin eigen pust. Dørainn til matsalen rett ved var ikkje låst. Utan å tenkjeskauv han henne opp. Matsalen var stor og lukta avtjukke, smaklause brødskiver. Brødskivene låg på store,blanke fat. På brødet ost, leverpostei, syltetøy frå sværespann under benken i spisskammerset. Husmor gjekkrundt og fylte meir brød på fata, meir mjølk frå store,blanke mugger, oppi dei blanke koppane. Rustfritt stål.Ein gong da han var mindre, blei det laga konkurranseom å sitje finast ved bordet. Førstepremien var ei litabok om Litle fuglen. Han vann. Fuglen på framsida av

23

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 23

boka var magisk raudgyllen og blå, han sat med raudt,ope nebb på ein grøn kvist. Han opna boka og las: Litlefuglen sette seg på kyrkjespong, Gud råde. Han song såfager ein ottesong, Herre Gud sende oss sin nåde. Litlefuglen sette seg på lindekvist, Gud råde. Han song såfagert om Jesum Krist, Herre Gud sende oss sin nåde. Detvar underlege vers. Lenge kunne han dei utanåt. Menmisunninga frå dei andre gjorde at han kjende skamog skuld og var redd for hemn. Versa med dei dunkleorda fekk noko trugande ved seg. Kyrkjespong grublahan mest på. Men aldri tenkte han på å spørje nokon;han visste at fordi han hadde vunne, måtte han ha detløyndomsfulle for seg sjølv.

Han snubla bort til eit av dei store borda. Fort krabbahan inn under benken dei bruka å sitje på, og blei lig-gjande, samankropen. Med bordplata over, benkar påbegge sidene og voksduken som hang ned frå bordkan-ten, kunne han puste igjen. Han låg på same måtensom ein gong da han var liten. Nokon skulle ta bilete,og han var redd for fotografiapparatet og gøymde segunder ein krakk på kjøkkenet heime. Og faren, somhan no nesten ikkje kunne hugse, kom og fann han oglyfta han opp.

Nye lydar nådde han i det same, lette, stille skritt fråkjøkkenet, og ei smal lysstrime fall plutseleg ut overgolvet. Tårene tok til å renne igjen, han kjende segfanga, plaga, prisgitt. Lysstrima blei brått større, ogpersonen der ute skritta inn i matsalen og skauv igjendøra til gangen. Han kjende igjen føtene til Mina, denyngste av hushjelpene, ho var komen ned baktrappafrå hybelen på loftet, kanskje for å hente seg mat på

24

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 24

kjøkkenet. Ein hikst slapp ut av han. Mina stansa. Hankunne ikkje sjå det, men no stod ho der og såg segrundt og lura på kor lyden kom frå. Han heldt seg formunnen med begge hendene. Kroppen hans begynte åskjelve, snart orka han ikkje å gøyme seg lenger; hanønskte å bli funnen, og Mina var ei han kunne la segfinne av. Kanskje ville ho seie at han kunne bli med tilhybelen, kanskje ville ho lage varm kakao til han, førhan måtte tilbake til sovesalen. Alt dette tenkte hanmens føtene til Mina stod stille på golvet like bortan-for. Så stod ho ikkje der lenger, berre gjekk rett tilbaketil kjøkkenet og lukka døra etter seg.

Baktrappa gjekk frå loft til kjellar. Så snart hanhøyrde at Mina hadde igjen døra oppe på rommet sitt,kraup han fram frå skjulestaden, kom seg ut på kjøk-kenet, ut i baktrappa og ned i kjellaren. Lyset utanfordoane var på. Med eit visst strev fekk han gjort det hanskulle, og lista seg opp same vegen. Tilbake i matsalenstansa han og blei ståande i mørkret ei stund, men hanvar for sliten og kald til å tenkje meir, og trongen til åsove overvann redsla.

Men auga ville ikkje lukke seg. Med vidopne auge lågSigge og lytta etter lydar: frå gangen og frå trappa nedtil sovesalen til dei store gutane, frå matsalen og kjøk-kenet. Men det var stille, berre dei andre sine sove- ogpustelydar. Var det ein lyd frå kjøkkenet? Han haddelate dørene til kjøkkenet og matsalen stå opne. Var detMina? Sigge reiste seg opp på olbogen, lytta. Men detvar stille. Han la seg ned igjen.

Guten som låg nærast døra, begynte å hoste, først

25

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 25

ein gong, så ein gong til. Han hosta skikkeleg, detskurra i brystet hans. Kanskje kunne han bli sjuk, blismitta av han som hosta, bli ordentleg sjuk, med feberog masse hoste, slik at han måtte vere heime? Han villebli sjuk no i natt.

Guten hosta fleire gonger. Sigge snudde seg med ansiktet mot guten.

Men kva veit vi om ferdig.qxd:A 25-06-13 16:41 Side 26