handballfestivalen 2012...jorunn bekkenes og ole angeltveit fiksar det meste over grytene på...

16
Handballfestivalen 2012 Gratis festivalavis 23. årgang. Tillegg til Sjefen på kjøkenet Side 4 og 5 Ungdommeleg mot Side 9 Ekte skåringsglede Side 10 og 11 Stortalentet Side 6 og 7

Upload: others

Post on 16-Oct-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

Handballfestivalen 2012

M E D I E H U S E T

Gratis festivalavis 23. årgang. Tillegg til

Sjefen på kjøkenetSide 4 og 5

Ungdommeleg motSide 9

Ekte skåringsglede Side 10 og 11

StortalentetSide 6 og 7

Page 2: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

2

Velkommen2012

Kjære alle handballentusiastar!

NO ER DET KLART, Handballfestivalen 2012 vertden største gjennom alle 23 åra me har avviklaturneringa. Alle påmelde lag viser oss stor tillitved at de ynskjer å komme til oss i pinsen – ogeg skal garantera at me vil gjera alt me kan for atalle gjester skal få eit uforgløymeleg opphald hjåoss i pinsen.

I år så nyttar me heile åtte ulike innkvarterings-plassar, dette gir ei utfordring med transport somme vonar på at me skal klare å løyse slik at allevert fornøgd. Me veit at alle deltakarane ynskjer åbu på festivalområdet, men me håper på forståingfor at me ikkje klarer å tilfredsstilla alle sine yns-kjer. Dei som jobbar med innkvartering vil gjerasitt beste for at alle skal få det så bra som moglegom natta.

Det vert mange kampar i år, faktisk over 800kampar. Det er eit imponerande tal når me tenkjerpå at nesten alle kampane vert spela påVikahaugane område. Me nyttar også «Nordbyg-dohallen» for dei eldste spelarane, denne nyehallen ligg jo berre fem minuttars køyretur fråfestivalområde.

Me har også mange frivillige som er engasjert,eg har ikkje heilt oversikt enno – men me viltruleg ha over 500 frivillige som er med på dennestore dugnaden. Alle medlemmer i klubben vårjobbar minst 10 timar dugnad under Handballfes-tivalen. Men mange av dei som er med jobbar tettpå 100 timar dugnad denne helga (dei starter påtorsdagen og er med heile helga). Så viss du harein kollega/venn som har vore mykje med på HF,så må du vere snill med han/ho i neste veke…

Til slutt vil eg ynskja alle velkommen til«sommarøya Stord» og eg vonar på å sjå mangeglade handballspelarar, leiarar, foreldre, bestefor-eldre på Vikahaugane i helga. Eg vil også opp-fordre alle som ikkje har noko tilknyting til ossom å ta turen på til oss – det er eit gigantisk ar-rangement og eg kan garantere at ein tur opp tiloss er «noko du ikkje vil gløyme» .

Hjarteleg helsingStord IL HandballgruppaHandballfestivalen 2012

Kjartan B. GrovFestivalleiar

Klar for den største Handballfestivalen gjennom alle tider?

DÅ ER HELGA me har sett framtil så lenge endeleg komen!

Pinsen på Stord er handball-fest og Handballfestival. Medrekordstor påmelding lovardette godt, og når også vêr-profetane har lova oss sol ogsommar, ligg alt til rette for eifabelaktig helg. Men det somgjer at denne helga vert vårensvakraste eventyr, er alle somkjem tilreisande og allefastbuande, som med sportsåndog samspel skal vise kvarandreat det å spele handball er kjektog gir energi. Over 700 kamparskal spelast desse intensedagane i pinsehelga, men deter også lagt opp til mykje gøyog moro også utanfor banane.Det ligg difor til rette formange nye og gode vennskapog kjennskap, og Stord kom-mune er svært stolt av å veravertskap for eit slikt storslått arrangement.

Til slutt vil eg rette ei STORTAKK til alle dei friviljugesom denne helga løftar saman i

ein kjempedugnad for at fes-tivalen skal bli så bra sommogeleg for den enkeltedeltakar. Det er fleire tusendugnadstimar som ligg bak, ogdette er den største årlegefellesdugnad som vert utført påStord. Til sist er det også denenkelte deltakar som vertviktige brikker for å få dette tilå bli vårens eventyr på Stord.

Vonar de alle, med en-tusiasme, glede og i fellesskapgreier å løfte årets Handball-festival til nye høgder – alt liggtil rette for det!

Beste helsing Liv Kari Eskeland,

Ordførar

Page 3: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

3

Fjoråret gamersmak

Framme fra venstre: Marte Sørheim, Kaja Karlsen, Hedda V. Knudsen, Cathrine W. Merkesdal, Tilla Moi Pedersen. I midten fra venstre:Jannica Pettersen, Anja Pedersen, Angelika Berge Hiim, Oda Thorsen, Stine K. Skjæveland, Vilde Magnussen, Lisa Schilling, Josefine Bø. Bakerst fra venstre: Sølvi E. Vestnes (trener), Janne Magnussen (oppmann).

Heilt rock’n roll på Handballfestivalen

I år som i fjor drar Randaberg J13 til Hånd-ballfestivalen på Stord.

Jentene og oss voksne var veldig spent ifjor da vi dro avgårde på vår første turneringmed overnatting.

Vi hadde hørt mye positivt om denneturneringen av andre lag i Randaberg HKsom haddde reist tidligere. Dette viste seg åstemme. Alle storkoste seg på og utenforbanen. Veldig bra opplegg med konserter ogfelles grilling for alle. Vi voksne syntes ogsåat det var supert når alle tilstelninger var igåavstand. Vi slapp derfor å tenke på tran-sport. Jentene fikk lære masse på den helgen.Alle var fullt enig om at her skulle vi neste årogså.

Fra å være 2 lag i fjor, reiser vi nå 9 lag fraRandaberg HK. Så dette har tydeligvisvekket interesse fra de andre lagene også.

Gleder oss til en minnerik pinse på Stord.Hilsen Randaberg HK, Jenter 13.

HANDBALLAVISA 2012

Handballavisa har fått brev frå to tilreisande lag – frå Randaberg. Her er deira rapport.

Det er 11 spente jenter fra Randaberg HKJenter 09 som i år reiser til Håndball-festivalen på Stord. Dette er den førsteturneringen med overnatting vi reiser til, ogfor noen er det også første tur uten foreldre.Det er derfor knyttet både spenning og for-ventninger til turen. Planlegging jenteneimellom har foregått fra dagen det ble be-stemt at vi skulle melde oss på turneringen.Noen av de «viktige» tingene, som hvemsom skal ligge ved siden av hvem og hva viskal ha med oss er avklart for lenge siden.Spesielt spennende er det med alle aktivi-tetene som foregår på «campus». Airballeneskal prøves, vi skal på konsert, innmarsj, utmarsj, bading...

Det blir en travel helg. Selv om det er myesom skjer under festivalen, er det håndball-kampene jentene gleder seg aller mest til.

«Jeg kommer til å ha sommerfugler imagen før vi skal spille kamp», sier AnjaPedersen og syns det er veldig spennende å skulle spille mot fremmede lag. Atturneringen foregår ute ble først møtt medundring:

«Vi kan vel ikke spille håndballkamperute? Hva om det regner?»

Vi tar utfordringen på strak arm og er klarfor kamper uansett vær. Regner det blir detiallefall en opplevelse vi kommer til å huskelenge.

Randaberg HK Jenter 09 er altså klar forHåndballfestivalen 2012 for første gang.

«Det kommer til å bli helt rock n’ roll» sierHedda V. Knudsen og legger til på jentersvis: «....og kanskje får jeg lov å gå med Mascara....».

Hilsen Randaberg HK09

Page 4: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

20124

JORUNNBEKKENESFødd: 20/1-1951, HøyangerFlytta til Stord i 1971.Gift med ToreTre barn: Siri (37), Trine (32) og Frode (28)Har sju barnebarnYrke: Jobbar med løn i Apply TBFavorittmusikk: Pop frå 70-taletBeste boka: Les mest aviserFavorittmat: Ein god biffBeste feriemål: Kanariøyane, Kreta og Mallorca

Jorunn Bekkenes fekk sjokkmeldinga like etter at fjorårets festival var over. No er ho på ny klar for dugnad.

Page 5: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

5

Like etter Handballfesti-valen i fjor fekk JorunnBekkenes den tøffe meld-inga om kreft. Men etterto store operasjonar ogseks tøffe cellegiftkurarer ho klar for sin tjue-tredje Handballfestival.

– Det har aldri vore snakk om å gåglipp av ein Handballfestival. Eg laopp behandlinga slik at eg skulle vereklar til pinsen i god tid, ler JorunnBekkenes, som har lagt den tøffe tidabak. No er det kjøtkaker, taco ogmenyen til HF som surrar i hovudetpå «sjefskokka» på Vikahaugane.

– Me får masse skryt for den godematen vår. Slik som ei lita jente fråBergen som kom bort til meg og sa:– Tusen takk for middagen. Desse varbetre enn mormor sine kjøtkaker.

Når det handlar om mat til 2.500menneske er det mange ulike ynskjerog krav. Somme toler ikkje egg ellermjølk, eller kan ikkje eta svin. Menmed Ole Angeltveit og Vest Cateringpå laget fikar me det meste. Ingen skalreisa frå HF utan å bli mette.Likar å ha kontrollEtter 23 år i bransjen har Bekkenes detmeste i hovudet eller på eit enkelt A4-ark.

– Har eg ikkje kontrollen på bestil-lingane eller maten så kan eg lett blisur. Men heldigvis ordnar det mesteseg, innrømmer 62-åringen.

Det er både store mengder og storesummar det går i når det skal dekkasttil frukost og middag på Vikahaugane.

8.000 personar skal innom matsalenog forsyna seg på desse tre dagane.

Her er Jorunn si handleliste.7.000 kjøtkaker, 600 kg kjøtdeig til

Tacomiddagen700 brød, 6.000 pizzasnurrar og

3.000 brett med oppkutta frukt.Dette er berre litt av det som er i

omløp i løpet av ei hektisk helg påVikahaugane.

– Det er mange gode samarbeids-partnarar, slik som Garman Bore somstiller med steikjeomnar og gode ba-keprodukt til oss. Hennig Olsen stillermed både is og store frysebilar, fortelBekkenes.Var heilt gåen– Kva hugsar du frå den første Hand-ballfestivalen?

– Eg hugsar at me serverte mat nedei tronge gongar på formingsavdelingapå ungdomsskulen. I starten var egvanleg serveringshjelp og auste oppkjøtkaker. Eg var heilt gåen i armen.

Etter at me kom opp i turnkassenhar me hatt heilt andre forhold. Det erviktig at me har god komfort og høgkvalitet på maten. Eg kan ikkje hugsaat nokon har blitt dårlege av maten vårså lenge me har arrangert HF.

– Når byrjar du å tenkje på ogplanleggja maten til festivalen?

– He-he eg tenkje på Håndballfes-tivalen heile tida. Men mykje avjobben blir gjort like før festivalen tartil. Etter så mange år sit ein inne medmykje god rutine. Ikkje for å skryta,men me treff ofte godt på bestillinganevåre, ler Jorunn.

Under festivalen finn du Jorunn deroppe frå klokka 7 om morgonen tilmidnatt.

– Eg er berre heime og søv, men iår må eg ta det litt meir med ro. Eg hargode støttespelarar i Mona Chris-tensen og dottera mi, Trine. Staben vårbestår av om lag 10 personar.

Mannen Tore og resten av familiener rundt Jorunn i matsalen og påkjøkenet.

– Dei veit ikkje kva det går glipp av.Eg forstår ikkje at det er eit ork å jobbadugnad. Du møter jo så mangepositive menneske rundt deg heiletida. Det er travelt, men utrulegsosialt.På smilekursMe får og mange gode kommentararfrå gjestene som kjem til Stord. Ein avdei var denne:

– Har de gått på smilekurs. Alle erjo så blide og løyser alle problemasom dukkar opp. Ungane mine harvore med frå første dag og vekst oppmed dette. Ikkje rart at dei trudde atVikahaugane heite Handballfes-tivalen, smiler Bekkenes.

– Korleis føler du deg etter trehektiske dagar med HF?

– Eg føler meg heilt utlada, men deter ein god trøyttleik, seier JorunnBekkenes, som har fått ny motivasjonetter ein tøffe runde på Haukeland. Noser drivjernet og matmora fram motnye Handballfestivalar.

TEKST: RUNAR ØVREBØ

FOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Handballfestivalen den

rette medisinen

Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga.

Dei veit ikkje kva det gårglipp av. Eg forstår ikkje atdet er eit ork å jobbadugnad. Du møter jo såmange positive menneskerundt deg heile tida. Det ertravelt, men utruleg sosialt.

HANDBALLAVISA 2012

Page 6: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

20126

OLAUG TVEDTENHøyrer på: Pop og Hip-hopSer på: Ulike humorprogramEt helst: TacoDrikk helst: ColaDrøymereisemål: Manchester og Brasil.Favorittfag: Gym, mat & helse og sløyd.Hobbyar: Dykking, snowboard og skiFørebilete: Lionel Messi og MartaTrikserekord: 1247 (!)

Page 7: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

7

Travle veker for balltalentet

OlaugEin stor dose talent, blanda saman med ein endåstørre dose treningsiver.Dette ser bra ut.Handballavisa treff Olaug Tvedten ein regntungmaidag i Prestagardsskogen. 11-åringen (12 ijuli) skal spela kamp for gutelaget til Trott samanmed blant anna broren, Tarje.

– Det er noko anna å spela med gutane, kjemdet frå ungjenta. Ho fortel om eit raskare spel,og at dei eldre gutane ofte har betre teknikk.

– Det blir fleire pasningar og tøffare duellar,men det er kjekt å få prøvd seg på eit litt høgarenivå.Handball ved sida avEin gong i veka skiftar Olaug ut kunstgras ogfotballen med parkett og ei litt mindre kule.

– Handball er veldig kjekt og det er godt ågjera noko anna inne i mellom. Det er noklikevel fotballen eg legg mest vekt på og someg satsar hardast på, vedgår ho. Målsetjinga erklinkande klar. Landslaget! Og så drøymer egom å spela for damelaget til Manchester United!Lange ettermiddagar– Fotballtrening måndag. Talentskule og fot-balltrening tysdag. Handball- og fotballtreningonsdag. Talentskule torsdag. Fotballtreningfredag. Eigentrening laurdag og sundag. Kamp-aktivitet for 3-4 ulike lag. Blir du ikkje fryktelegsliten?

– He-he, nei det går fint. Det er jo dette eg vil,og eg kunne ikkje tenkja meg noko kjekkare.Det hender likevel at pappa seier stopp, vissdet har vore spesielt mykje aktivitet nokre dagar.Då tek eg meg ein fridag eller to, og så er det igong att, forklarar sjetteklassingen.

JOAR HYSTAD

Olaug Tvedten er som onkel Håvard: Eit unikt ball-talent. Håvard satsa på handballen og er proff og profilpå landslaget. Olaug kjem til å satsa på fotball.

HANDBALLAVISA 2012

Page 8: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

8 HANDBALLAVISA 2012

ABON

NEM

ENT

Me tilbyr

avtalegiro

Berre kr195,-pr. mnd. papir/PDF

M E D I E H U S E T

lokale nyhendeHald deg oppdatert med viktige lokale nyhende. Få Sunnhordland heilt heim

måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag morgonBestill på tlf. 982 29 141 eller på www.sunnhordland.no

Page 9: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

9

I haust, someinaste spelarfødd i 1995, vartPetter HovlandSkimmeland flyttaopp i Stord HK sin elitestall.– Det var tøft i starten. Eg byrja påidrettslina og vart teken opp i a-stallen. Plutseleg var treningsmengdatripla, seier den sympatiske karen.Han legg ikkje skjul på at han ikkjevar heilt førebudd på den store over-gangen.

– Det var slitsamt, og eg var oftesmåsjuk og trøytt. Etter kvart forstodeg at eg måtte legga ned litt meir tid isøvn og kvile, i tillegg til å fokuserameir på å få i meg den rette maten.

Det hjelpte, konstaterer «Skimme».17-åringen har allereie skåra mål i

1. divisjon, og er på full fart oppover.Kjekk er han òg, men som yngste-mann på herrelaget slepp han ikkjeunna.

– Det vert ein del «dissing» ogerting, men det er noko eg må reknamed.

– Vil du gje lesarane eit døme pådette?

– Ja, i desse tider får eg sjølvsagtein god del spørsmål om kva tid egskal konfirmerast. Ein anna gong egvar sein til trening høyrde eg at eitpar av spelarane hadde spurd far minsom var i hallen, om han hadde

gløymd å henta meg i SFO’en. Medandre ord, det er viktig å hasjølvironi. Ein kjem ikkje langt utan,smiler ungkalven.Tips frå NyhammerDen kjappe venstrekanten siktar høgt,og er klar på kva han vil.

– Eg har eit mål om å verta uttekentil juniorlandslaget, og med tida vil egspela meg til fast plass på Stord.Fram mot sommaren vil han leggamykje vekt på styrketrening.Strandsesongen er like rundt hjørneog det gjeld å vera klar. Eg må nok«biffa» meg opp litt. Biceps ogmage/rygg vert sentralt. Eg kjem nok

til å gå i dialog med ØyvindNyhammer når det gjeld opp-stramming av desse muskelgruppene.Han er ekspert på det området, for-klarar han med eit flir om munnen.Solskin og flotte damer– Kva minner har du frå handballfes-tivalen?

– Me møtte alltid Kjøkkelvik ifinalen og me tapte kvar gong. Elleser det jo alltid mykje bra damer påStord denne helga, og alltid strålandevêr. Ein får det ikkje betre, kon-kluderer kjekkasen.

JOAR HYSTAD

HANDBALLAVISA 2012

Tøff overgang for

«Skimme»

Page 10: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

201210

Lasse Pedersen (12) scora for FÅF gutar 13, då dei vann 9-3 mot Fyllingen.

F.h. Foreldra til FÅF gutar 13, Karianne Ekberg, Marianne Svendsen, Svanhild Arnegård ogJohnny Danielsen har rette supportarånden og duskar heftigt.

Minne frå fjorårets festival

Page 11: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

11

Helene Eiken (10) spelar på Fitjar jenter 10 som tapte denne kampen mot Sotra 1-6.Elise Osborne (10) scora to mål då Åkra jenter 11 møtte Kvinnherad Rosendal jenter 11.

F.v. Elise Osborne (10),Kathrine Stava(10), Keila Kønig(10), Åse-MaritFlotve Mykle-bust (10), trenarShirly KønigÅkra jenter 11.

Silje Tyse (13) scora tre mål for Stord jente 13 i kampen mot Sotra.

HANDBALLAVISA 2012

Page 12: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

2012

STEMNEKONTOR/SEKRETARIATStemnekontoret er i Nye-hallen, forbisjølve hallen i Konferanseavdelinga.Her får du hjelp til det meste.Turneringstelefon: 53 40 09 90. Deter betalingsterminal i sekretariatet ogmogleg å ta ut pengar!VIKTIG OM KAMPOPPSETTET Siste versjon av kampoppsettet/resultata er tilgjengelig på heimesidawww.handballfestivalen.no. Underfestivalen vil resultata bli vist påskjermar i Nyehallen. PROTEST/JURYDet oppnevnes en turneringsjury medarrangørens representant som leder. Itillegg består juryen av en nøytralleder frå gjestende lag, samt en re-presentant fra dommerne. Eventuelleprotestar må nedleggjast i henhold tilNHF's protestreglement, og gjerastskriftlig til juryen seinast 30 min.etter kampslutt. Protestgebyret er påkr 1000,- og må betalast inn nårprotesten vert levert.TURNERINGSREGLEMENTUnder kampane gjeld NHF sitt kamp-reglement for turneringar. NB! Akti-vitetsserie G/J 10-11 spelar med 5+1spelare. Minihandball 3+1 spelare.PULJER/SPELESYSTEMSpeletid: J/G 10 -14: 2 X 10 minutt,J/G 15 -18: 2 X 15 minutt. Innleiandeserie der dei beste går til A-sluttspelog resten til B-sluttspel (I nokon klas-sar er det kun A-sluttspel).PULJERESULTAT/CUPRESULTATVed poengskap i puljespel skalrekkefølgja avgjerast slik:

1) Innbyrdes kamp om meir enn tolag har like mange poeng blir det«ny» tabell for desse laga.2) Målskilnad innbyrdes kampar3) Flest scora mål i innbyrdes kampar4) Målskilnad alle kampar i pulja5) Flest scora mål alle kampar i pulja6) LoddtrekningEit lag må spela alle innleiandekampar for å komma til A-sluttspelet.Lag som spelar med dispensasjon ermerka ** i kampoppsettet, og endarsist i puljespelet. Dei får spela førstekamp i B-sluttspelet, men vil uansetttapa denne kampen.

I sluttspelet skal «første måletvinner» brukast ved uavgjort resultatetter ordinær tid. I sluttspelet kanspeleforlenginga bli inntil 5 minuttved fortsatt uavgjort resultat. Dersomstillinga er uavgjort etter 5 minuttspeleforlenging vert kampen avgjortved myntkast.

I finalane vert det spelt «første målvinner» inntil kampen er avgjort.Ved uavgjort resultat etter ordinær tidi sluttspelet vert det brukt loddtrek-ning for å avgjera kva for lag somskal starta med ballen når det skalspelast «første målet vinner».LAGET SOM STÅR FØRST I KAMPOPPSETTETLaget som står først i kampoppsettetstartar med ballen, og startar tilvenstre for sekretariatet og har ansvarfor eventuelt draktskifte.PREMIEUTDELINGFor alle spelarar til og med 12 år vertdet medaljeseremoni i Nyehallen påmandag morgen. Lag med lagleiararstiller opp på baksida av Nyehallenseinast kl. 10:45. (Mrk. K i kartet.)

FINALAR: A-finalar:G12A: 1235G13A: 1410G14A: 1500G16A: 1200J12A: 1135J13A: 1345J14A: 1435J15A: 1025J16A: 1310B-finalar:G12B: 1220G13B: 1355G14B: 1445J12B: 1050J13B: 1330J14B: 1420J15B: 1015J16B: 1250Fair play: Etter J13A finalen.Allstar: Etter at de aktuelle klasseneer ferdige. (G/J 13 og 14)PREMIERING TIL BESTE KLUBB Kr 10.000,- til beste klubb, kr 5.000,-til nr. 2 klubb. J/G 9-10-11 er ikkjemed i konkurransen.

Utdeling er finaledagen når re-sultata er klare.

Poengberekning beste klubb:Klassar med fleire enn 20 lag:• Vinnar A-sluttspel: 8 p• Toar A-sluttspel: 6 p• Vinnar pulje: 4 p• Tapar semifinale A-sluttspel: 3 p• Vinnar B-sluttspel: 2 p• Toar B-sluttspel: 1 pKlassar med 10 – 20 lag:• Vinnar A-sluttspel: 6 p• Toar A-sluttspel: 4 p

• Vinnar pulje: 3 p• Tapar semifinale A-sluttspel: 2 p• Vinnar B-sluttspel: 1 pKlassar med mindre enn 10-lag:• Vinnar A-sluttspel: 4 p• Toar A-sluttspel: 2 p• Trear A-sluttspel: 1 pBESTE KLUBB HISTORIKK1990: Giv-Akt1991: Åkra1992: A.I.L/Bjørnar1993: Tertnes1994: Brønndalen1995: Tertnes1996: Bjørnar1997: Bjørnar1998: Bjørnar1999: Kjøkkelvik2000: Kjøkkelvik2001: Bjørnar2002: Kjøkkelvik2003: Fyllingen2004: Fyllingen2005: Fyllingen2006: Fyllingen2007: Askøy2008: Askøy, nr. 2 Fyllingen2009: Fyllingen, nr. 2 Sotra2010: Sotra, nr. 2 Kjøkkelvik2011: Sotra, nr. 2 Gneist

PRAKTISK INFORMASJON, ORDENSREGLAR PÅ SKULANE! Når laget kjem til tildelt klas-serom, må bord og stolar stuast vekkinne i same rom. VIKTIG! Dei skalikkje setjast ut på gangen av omsyntil frie rømningsvegar i fall branneller andre naudsituasjonar.! Alle må gjera seg kjend med røm-ingsvegar, nødutgangar, brann-meldarar og sløkkjeutstyr. Gå gjen-

12

• Møt opp på trening og kampar – barna ønsker det• Gi oppmuntring til alle spillerne under kampen• Gi oppmuntring i både medgang og motgang – ikke gi kritikk• Hjelp barnet ditt til å tåle både seier og tap

• Støtt dommeren - ikke kritiser dommeravgjørelser• Respekter lagleders bruk av spillere• Vis respekt for det arbeidet klubben gjør – tilby din hjelp• Husk at det er barnet ditt som spiller håndball – ikke du

Vi står sammen om Fair Play Norsk Tipping og Norges Håndballforbund

FORELDREVETTREGLER:

INFORMASJON

OVERSIKTSKART

Page 13: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

nom branninstruks og plukk ut fellessamlingsplass i tilfelle einnaudsituasjon.! Det er strengt forbode å brukaopen eld/røyking innandørs. ! Ver merksom på brannfaren vedgrilling.! Det er ikkje tillatt med vannbal-longar på skulen sitt inne- og ute-område.! Den enkelte lagleiar er ansvarlegfor at det er ro på romma i rimeleg tidom kvelden.! Kl. 24.00 skal alle vera inne pårommet sitt!! Boss skal samlast i sekkar (kanhentast ved vakta), og skal bringast tilvakta.Før avreise skal romma ryddast ogkostast. Stolar og bord skal ryddasttilbake slik dei stod når de kom tilrommet. Ingen lag drar frå skulen førklasserommet er inspisert/godkjentsaman med vakta.! Legg ikkje igjen pengar,mobileltelefonar mp3-spelarar/ipodeller andre verdisaker på rommet.! Respekter elevane som låner utklasserommet sitt. La dei komaattende til eit like fint rom etter endthandballfestival. TRYGGLEIKDet blir lagt stor vekt på tryggleikentil deltakarane. Foreldre og klubbarsom sender born/ ungdom til Stordunder Handballfestivalen skal veta attryggleiken er ivareteken. Handball-festivalen er sjølvsagt eit rusfritt ar-rangement.

Dersom brannalarmen går – forlatskulen straks. Lagleiar skal samlalaget sitt utanfor skulen (på avtalasamlingsplass eller ved flaggstang påskuleplassen) Lagleiar er ansvarleg

for oppteljing av sine lag og meldertilbake til vaktene.NB! Alle lag må pakka og sjekka utromma sine innan kl. 10. på måndag!

LAGFOTOGRAFERING Fotografen er i tilgjengeleg laurdagkl. 15-21. Stad: sjekk i sekretariatet.SERVERING AV MAT I «TURNKASSEN»Frukost og middag vert som vanlegservert i Turnkassen vegg i vegg med«Nye hallen». Det vert føljande op-ningstider:Laurdag:Frukost: 07:30 – 10:30Middag - Taco: 13:00 – 17:00Sundag:Frukost: 07:30 – 10:30Middag – Kjøttkaker: 13:00 – 17:00Måndag:Frukost 07:30 – 10:00Middag - Kylling/ris: 12:00 – 15:00 TRANSPORT UNDER FESTIVALENDei laga som bur på skular utanfornærområdet til Vikahaugane kan be-stilla transport til og frå overnattings-staden. Dette kan gjerast ved å ringatil telefon 93447840. Bestill transporti så god tid som mogleg. Transport erinkludert i kortavgifta.FØRSTEHJELP/SKADESOVEFørstehjelparane er stasjonert i sports-senteret (Inn døra og til venstre).Kontakt med lege eller tannlege skjergjennom dei på skadestova.PARKERINGBeste parkeringsplassen er ved Stordvidaregåande skule – Saghaugen og

ved Stord vidaregåande skule – Vabakkjen. Det er også mogleg åparkera ved Biltilsynet, bak StordHotell og ved Kulturhuset. Ingen avdesse plassane er meir enn 5 minuttunna festivalområdet. Det er kun bilarmed adgangskort som har løyve til åkjøra innpå festivalområdet – dettebed me alle respektera- Di med camp-ingvogn må venda seg til sekretariatfor tilvisning av plass.

Med bed alle respektera at Bjel-landsvegen og område rundt brann-stasjonen ikkje slkal nyttast tilparkering (hugs at brannbilane må hafri utgang)FRITIDSSAKTIVITETARLAURDAG 26. MAISandvolleyballbanen står til dispo-sisjon for deltakarane, bestilling avbane i sekretariatet kl. 08:00 – 23:00.Tog frå Leirvik skule, oppstilling fråkl. 11:00, avgang kl 11:30.Opning Handballfestivalen på Torgetkl 12:00 v/ Håvard Tvedten.Bading i Kulturhuset (påmelding iSekretariatet) kl 15:00 – 21:00. Hesteriding ved Vikastemmo(andedammen) kl 15:00 – 19:00.Kanopadling kl. 15:00 – 19:00.Grillfest (skuleplassen ved Ungdoms-skulen).Varme grillar til bruk for deltakaranekl. 19:30 – 23:00Allsang på Wärtsiläscenen kl 19:30 –23:00- Trikseshow med Fridar Steinkopf(Rockeringer og diablo)Funballz kl. 12:00 – 19:3.0SUNDAG 27. MAISandvolleyballbanen står til dis-posisjon for deltakarane, bestilling avbane i sekretariatet kl. 08:00 – 23:00

Bading i Kulturhuset (påmelding iSekretariatet) kl 09:00 – 21:00 Hesteriding ved Vikastemmo(andedammen) kl 14:00 – 17:00Kanopadling kl. 12:00 – 15:00 Funballz kl. 12:00 – 19:30Konsert på WÄRTSILÄ SCENENmed Jenny Logva og 4Adamas(21:00) MÅNDAG 28. MAISandvolleyballbanen står til dispo-sisjon for deltakarane, bestilling avbane i sekretariatet kl. 08:00 – 17:00A-finalane går i Nyehallen og B-finalane i Gamlehallen måndag.Flotte premieseremoniar fortløpande iNyehallen etter kvar finale frå kl.10.00 – 15.30

Høgdepunktet er kl. 11.00 når allespelarane i klassen J/G 10, 11 og 12«slangar» seg inn i Nyehallen etterHandballtrollet, og Runar får rocke-stemninga i taket, før alle får sin vel-fortente medalje frå Handballfes-tivalen 2012.

Alle ervelkomne på

tribunen i nyehallen tildenne flotte opplevinga.

Me oppmodar lokal-befolkninga på Stord til

å leggja turen tilVikahaugane i

pinsehelga!

13

! ! Me er klare for den 23. Hand-ballfestivalen på Stord. I løpet avdesse åra har 60.000 ungdommar i al-deren 8-18 år teke med seg gode opp-levingar som dei har med seg forresten av livet. For mange har Stordblitt eit paradis på jord med sol, blidemenneske og kjekke opplevingar somhar gjeve positive ringverknader.

Ikkje har berre dei unge hatt sineoppturar. Både foreldre og bestefor-eldre har fått med seg den utrulegestemninga som Handballfestivalenbyr på. Menneske kjem tett påkvarandre og saman skapar deipositive relasjonar og det gir ein indreglede som ein lever lenge på.

Difor er det mange som reiser fråStord med smil om munnen og derdei spreier dette vidare kor gjevandedette handballeventyret er. Stord blirsett på kartet og sikrar seg eit godtomdømme i store deler av Sør-Noreg.Ikkje noko kjem av seg sjølvMykje planlegging og hardt arbeidligg bak dei vellukka Handballfes-tivalane. Men har lokalsamfunnet ogikkje minst Stord kommune forståttkva dette dreier seg om?

Me gler oss over at Vatle & Co harfått god støtte og hjelp til Stordfestgjennom underskotsgarantiar. Forståmeg rett at slike «happeningar» erviktig for lokalsamfunnet. Men detteer ein annan fest for vaksne og medeit anna innhald.

Me har i mange år prøvd å få kom-munen med på laget gjennom ei ut-strekt hand. Men diverre har me ofteblitt møtt med fine ord og blitt bruktei festtalar kor viktig dette arrangementet er.

Under årets festi-val set me nyrekord med 267lag. Det skalarbeidast6.000dugnad-stimar forå få dettevel ihamn.

Tar meeit snitt på4.500dugnads-timar i 23 årblir det over100.000 dugnad-stimar.

I staden for å fåstøtte er det Handballfes-tivalen som har «sponsa» kom-munen med å betale leige for hallaneog overnatting på skular. Lager me eitenkelt reknestykke for årets Handball-festivalen vil kommunen få følgjandeinn på sine kontoar:

Halleige: om lag 50.000Leige av basseng: 20.000Leige av skular: 130.000Totalt kjem tala opp i 200.000

kroner pr år. Då har òg festivalen alleutgifter med vask og eventuelleskader på anlegg.

Tar me dette oppsettet og gangarmed 23 år, så kan alle sjå at

det blir millioninntekterfor kommunen.

Møter stengtedører

Me har imange møteog i mangeår snakkafor døveøyre. Meber ikkjeom annaenn å fålåne an-

legga gratisog har aldri

bede om einunderskots-

garanti. Me opplever også

ein tung kamp om å fåkomme inn på enkelte skular. Då

lurer me på kven som «eig» skulane.Det er kommunale anlegg som alleinnbyggjarane skal nyte godt ut av.Me forstår godt at det kan vera romsom har verdifullt utstyr. Men byggjerein skulane så fine at me ikkje kan taimot gjester i framtida, så slit me. Dethadde vore ei fallitterklæring å måttety til Fitjar og Bømlo for å få dette til.

Kanskje må me gå til privateaktørar for å løyse overnattings-problematikken. Men slik skal detikkje vera.

Det er ikkje berre oppe påVikahaugane og rundt om på skulanedet er liv. Båthamna, hotella og ute-stadane gnir seg i hendene når Hand-ballgruppa lagar til fest.JubileumI 2014 fyller Stord IL 100 år. Hand-ballfestivalen 25 år. Me har alt byrja åskape oss visjonar om å utvida fes-tivalen til å bli over 300 lag, og til åfå skape nordisk forbrødring gjennomsvenske, finske, islandske og danskelag. Men skal me få dette til, så måhaldninga endre seg i lokalsamfunnet.Me kan ikkje møte stengte dørerrundt om på skulane. Me må òg halokalpolitikarar som våger å ta grepog sjå at dette er noko å satse på iframtida. Handballfestivalen er denstørste og viktigaste, slik somNorway Cup har blitt i Oslo. Me erikkje i tvil. Dette er ein vinn-vinn-situasjon som ein ikkje kan seai neitil. Velkommen med på laget, og vel-kommen til ny Handballfest på Stord

Runar Øvrebø(Har vore med i 23 år)

RunarØvrebø.

På tide å vaknaKOMMENTAR

HANDBALLAVISA 2012

Page 14: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

201214

HAGA

VI ER STOLTE AV Å FÅ BIDRA TIL UTVIKLING AV FREMTIDEN

www.frontagruppen.no

www.frontagruppen.no

SKL - Ein utfordrandeog trygg arbeidsplassI SKL har me som visjon å vera eit kraftsenter forframtidsretta energiforsyning. For å greia det, er meavhengige av dyktige medarbeidarar. SKL kan tilbynyskapande, utfordrande og trygge arbeidsplassar.Hjå oss vil du jobba i eit konsern som er ny-skapande,samfunnsbevisst, kompetent og kundeorientert.

SKL er eit regionalt energikonsern. Med grunnlag i primæraktivitetane kraftproduksjonogoverføring er det dei siste åra utvikla nye forretningsområde,mellomanna innan IKT,breibandognaturgass.Konserneter ivekstogpositivutvikling,ogmeeridag140tilsette.

www.skl.as

Postboks 155, Osen 5, 5401 Stord. Tlf. 53 40 96 00

Bu godt og rimelegALMÅS HOTELLTlf. 53 40 99 99

Kjøtteinsveien 60, 5400 Stordmail: [email protected]

På festivalområdet kan du kjøpa is frå

Velkomen innom for einhyggjeleg handel!

Opningstider pinsen 2012:fredag 06.00–23.00 – lørdag 08.00–23.00

søndag 09.00–23.00 – mandag 09.00–23.00

Statoil LeirvikVabakken, 5411 StordTelefon 53 41 35 22

t r e f f s t a d e ni s e n t r u m

Borggata 20, Leirvik på Stord

Tlf. 534 10 534

Page 15: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

15

Vi har

SALGSTELTpå Handball-festivalen

StordStord

Borggata,, LeirvikTlf.. 533 400 311 80AMFI Stord - Tlf. 53 40 31 80

Realiser potensialetditt i Kværner

AMFI Stord spelar på lagmed Stord-handballen, og vi

håper det blir ein kjempe-flott handballfestival

AMFI STORD – MØTEPLASSENOPE MÅNDAG-FREDAG 10-20 (MENY 9-20) • LAURDAG 10-18 (MENY 09-20)

AMFI.NO/ STORD

Velkommen til AMFI Stordmed over 40 butikkarfordelt på ulike bransjar

spelar på lag medStord-handballen,

og vi håpar detblir ein kjempeflott

handballfestival

NB! Pinseaftan ope: 10–16

AMFI Stord

HANDBALLAVISA 2012

Tidlegare

www.advantec.no

Installasjon, service, kontroll

Advantec Elektro, ein del av Advantec gruppen

DøgnvaktTlf: 53 40 30 80

Installasjon, serrvice, kontroll

Advantec Elektro, ein del

DøgnvaktTlf: 53 40 30 80

eidlegarT

www.advantec.no

av Advantec gruppen

InstallasjonServiceKontroll

www.advantec.no

Page 16: Handballfestivalen 2012...Jorunn Bekkenes og Ole Angeltveit fiksar det meste over grytene på Vikahaugane i den hektiske handballfestivalhelga. Dei veit ikkje kva det går glipp av

2012

SPAREBANKEN VEST LEIRVIK | SPV.NO | TLF. 05555

Med lokal kunnskap, økonomi oglangsiktig tankegang bidreg vi til atidrettsmiljøet på Vestlandet utviklar segvidare, og til at rekrutteringa blir sikra.

Velkommen som kunde hos oss! Ring05555 eller gå inn på spv.no. Vi ordnaralt det praktiske for deg.Vi er herfrå. Det gjer ein forskjell.

Vi styrkjer idrettsmiljøet på Vestlandet

A d v a n t e c E l e k t ro

F ro n t a

G ro v G r a s k l y p p

F i t j a r K r a f t l a g

S u n n h o rd l a n d E i e n d o m s i n v e s t

P a c t a

H e n n i g O l s e n

S t o m a s

H e i a n e S t o r s e n t e r

T v e i t R e g n s k a p

S t o rd I d r e t t s p a r k

V e s t C a t e r i n g

B a k e r i e t F r u g å rd

S i m N æ r i n g

E n g e v i k B y g g s e n t e r

M e d i e h u s e t S u n n h o rd l a n d

S p o r t 1 S t o rd

E n g e v i k & T i s l e v o l l

A p p l y

A V I S B i l u t l e i g e

Te s t C e n t r eM o n g s t a d P ro s j e k t e t

K v æ r n e r S t o rd

V Å R E S T O R E S A M A R B E I D S PA R T N A R A R:

A N D R E S A M A R B E I D S PA R T N A R A R:

Fest HARDTsov mykt

www.stord-hotel.noStord Hotell

OKTANStord

*en

keltr

omm

/ fro

kost

, hel

g.

Vika

nsk

a!e

bille

tter

tilre

vy.

Fra

kr79

5,-*

16