helsing frÅ leiaren...bergen bondelag på matfestival. nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre...

40
3 HELSING FRÅ LEIAREN Gode medlemmar og bondevener i Hordaland Bondelag. I skrivande stund er det opplett, det er minusgrader og frost i bakken. No er det mogeleg å koma seg ut på jorda, med traktor og gravemaskin, for å bøta på såra frå i sommar og gjere forbetringar på grøftesystemet. Ein kjenner på den krevande sommaren kvar dag, når ein ser kor raskt det minkar i siloen. Men dagane er vorte lenger, sola går høgare på himmelen, fosterteljaren har telt antall lam. Det går mot vår, og nye moglegheiter for å leggja grunnlaget for ein ny vekstsesong, som treng å bli god! Våren handlar også om å skapa moglegheiter for inntekstvekst gjennom jordbruksoppgjeret. Vi skal forhandla med ei blåblågrøn regjering, som ikkje sender gode signal til oss gjennom den nye regjeringserklæringa. Men vi skal ta opp kampen for Hordalandsbonden og kjempa for betre villkår for produksjon av kvalitetsmat i vårt fylke. Frøydis Haugen, vår forrige leiar i Hordaland, har fått eit nytt verv, og sit som 2. nestleiar i Norges Bondelag. Det betyr at ho sit i forhandlingsutvalet og er ei viktig brikke i årets jordbruksforhandlingar. Gratulerer med vervet og lykke til med di fyrste ordinære forhandling! 1.1 2020 vert vi ein del av eit nytt fylke, Vestlandet. Det gjev nye moglegheiter, men sjølvsagt også utfordringar. Arbeidet med samaslåinga er godt i gong frå fylkesmannen si sida. Regionreformen gjev og utfordringar for organisering av fylkeslaga. Denne prosessen er starta, og vil gå sin gong fram til bondetinget 2019. Bondelaget har ca 3000 tillitsvalde landet over. Det er kvart einaste år utskiftingar og vi treng då nye tillitsvalde som har eit engasjement for norsk landbruk og matproduksjon. Om ei valnemd ringer deg, gjer som Lars Petter Bartnes seier: Tenk deg godt om, før du seier nei! Hausten og vinteren har vore travel, utfordrande og lærerik for ein fersk fylkesleiar. Men med eit godt fylkestyre og eit hjelpsamt kontor har dåke gjort meg betre, dag for dag! Tusen takk. Lykke til med våren, vårarbeid, lemming, bløming og dei andre utfordringane som står i kø for alle oss som er så viktige for matproduksjonen og verdiskapningen i Hordaland! Kjetil Mehl

Upload: others

Post on 20-Jan-2021

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

3

HELSING FRÅ

LEIAREN

Gode medlemmar og bondevener i

Hordaland Bondelag. I skrivande

stund er det opplett, det er

minusgrader og frost i bakken. No er

det mogeleg å koma seg ut på jorda,

med traktor og gravemaskin, for å

bøta på såra frå i sommar og gjere

forbetringar på grøftesystemet. Ein

kjenner på den krevande sommaren kvar dag, når ein ser kor raskt det minkar i siloen.

Men dagane er vorte lenger, sola går høgare på himmelen, fosterteljaren har telt antall

lam. Det går mot vår, og nye moglegheiter for å leggja grunnlaget for ein ny vekstsesong,

som treng å bli god!

Våren handlar også om å skapa moglegheiter for inntekstvekst gjennom

jordbruksoppgjeret. Vi skal forhandla med ei blåblågrøn regjering, som ikkje sender gode

signal til oss gjennom den nye regjeringserklæringa. Men vi skal ta opp kampen for

Hordalandsbonden og kjempa for betre villkår for produksjon av kvalitetsmat i vårt fylke.

Frøydis Haugen, vår forrige leiar i Hordaland, har fått eit nytt verv, og sit som 2. nestleiar

i Norges Bondelag. Det betyr at ho sit i forhandlingsutvalet og er ei viktig brikke i årets

jordbruksforhandlingar. Gratulerer med vervet og lykke til med di fyrste ordinære

forhandling!

1.1 2020 vert vi ein del av eit nytt fylke, Vestlandet. Det gjev nye moglegheiter, men

sjølvsagt også utfordringar. Arbeidet med samaslåinga er godt i gong frå fylkesmannen si

sida. Regionreformen gjev og utfordringar for organisering av fylkeslaga. Denne

prosessen er starta, og vil gå sin gong fram til bondetinget 2019.

Bondelaget har ca 3000 tillitsvalde landet over. Det er kvart einaste år utskiftingar og vi

treng då nye tillitsvalde som har eit engasjement for norsk landbruk og matproduksjon.

Om ei valnemd ringer deg, gjer som Lars Petter Bartnes seier: Tenk deg godt om, før du

seier nei!

Hausten og vinteren har vore travel, utfordrande og lærerik for ein fersk fylkesleiar. Men

med eit godt fylkestyre og eit hjelpsamt kontor har dåke gjort meg betre, dag for dag!

Tusen takk.

Lykke til med våren, vårarbeid, lemming, bløming og dei andre utfordringane som står i

kø for alle oss som er så viktige for matproduksjonen og verdiskapningen i Hordaland!

Kjetil Mehl

Page 2: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

4

Helsing frå fylkesstyret

Bodhild Fjelltveit, nestleiar

Det siste styreåret har eg også fått tillit som 1. vara i styret til

Norges Bondelag. Eg har fått oppleva kor kort vegen til øvste leiing

i organisasjonen vår er, og eg har fått vore med og påverke og

forma i viktige saker gjennom året. Kontrasten er lita i forhold til

korleis fylkeslaget også systematisk arbeidar for å opplyse «våre

politikarar», Fylkesmann og Fylkeskommune. Eg har verkeleg fått

sjå verdien av å vere del av ein slagkraftig organisasjon!

Knut Byrkjenes Hauso, styremedlem

Som styremedlem med kompetanse i frukt- og grøntsektoren må eg

også vera litt «sjølvgåande» med saker innan fagområdet mitt.

Mange år med næringsrelaterte tillitsverv i frukt- og grøntnæringa i

Noreg har gitt meg mange kontaktar. Kontaktar som no, i samarbeid

med tillitsvalde og tilsette i Bondelaget, er nyttige i arbeidet med

fagleg utvikling og betre rammevilkår for fruktnæringa vår.

Lars Bø, styremedlem

Eg har vore med i styringsgruppa i strofeprosjektet Hordaland, me

har hatt 4 møter i 2017. Eg har òg vore styrereprensentant i

Hordaland Bygdekvinnelag, der eg var med på årsmøte i Kinnsarvik

og eit styremøte.

Under bruddet i jordbruksforhandlingene var eg aktivt med i

blokader og demonstrasjoner og var plassansvarleg ved blokaden på

Rema1000 sitt anlegg på Hylkje. Eg var også med å planla og

organiserte turen til Oslo for opptoget.

Gaute Aarbø, styremedlem

Eg har jobba mest med saker som gjeld storfe og gris. Eg har også

jobba med skade frå beitande grågås og nye krav til spreieareal.

Asgeir Nøttveit, første vara

Ein av sakene eg har jobba med, er at det skal vere mogeleg for

bøndene å få kompetansebevis for å kunne leggje ut rottegift sjølv. I

dag må vi leie inn folk til å gjere dette, og det kan verte ein stor

utgift. Eg tok mellom anna saka opp på årsmøtet i Norges

Bondelag.

Page 3: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

5

ADRESSER STYRET OG ADMINISTRASJONEN

Styreverv Namn og adresse Telefon og e-post

Leiar: Kjetil Mehl 98 06 41 63

Landavegen 192, 5464 Dimmelsvik [email protected]

Nestleiar: Bodhild Fjelltveit 41 21 50 83

Hausdalsv. 379, 5229 Kalandseidet [email protected]

Styremedlem: Knut Byrkjenes Hauso, 99 26 32 54

Årekolvegen 2, 5777 Grimo [email protected]

Styremedlem: Lars Bø 91 16 54 48

Tjukkebygdvegen 159, 5706 Voss [email protected]

Styremedlem: Gaute Aarbø 99 74 62 42

Årbø, 5419 Fitjar [email protected]

Frå HBU: Gaute Træbakken 45 67 50 29

Neteland 31, 5600 Norheimsund [email protected] Frå HBK: Åse Kleppe 976 71 561

Njåstadvegen 260, 5282 Lonevåg [email protected]

1. vara: Asgeir Nøttveit 48 15 45 56

Radøyvegen 1559, 5936 Manger [email protected]

2. vara: Endre Bjotveit 99 73 79 32

Kinsarvikvegen 1195, 5780 Kinsarvik [email protected]

Administrasjonen på Landbrukstunet:

Ny Post- og besøksadresse : Kokstadflaten 36, 5257 Kokstad

Telefon: 55 91 88 80

E- post: [email protected]

Nettside: www.bondelaget.no/hordaland

Organisasjonssjef Lars Peter Taule 90 85 85 55

[email protected]

Rådgjevar Geir Totland 99 64 26 00

[email protected]

Rådgjevar Maria Makloufi Skjold 93 49 30 78

[email protected]

Twitter: @Hordalandbonde

Facebook: Hordaland Bondelag

Instagram: hordalandbondelag #vestlandsbonden

I januar 2018 flytta Hordaland Bondelag frå Krokeidevegen i Fana. Dei nye lokala er i

same bygg som den nye butikken til Felleskjøpet Agri på Kokstadstadflaten 36 i Bergen.

Page 4: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

6

UTVAL OG REPRESENTASJON 2017 - 2018

Arbeidsutval Leiar, nestleiar og organisasjonssjef Verveutval Kjetil Mehl, Bodhild Fjelltveit, kontoret

Styret i Norges Bondelag Frøydis Haugen (2. nestleiar)

Styret i Norges Bondelag Bodhild Fjelltveit (1. vara)

Valnemnda i Norges Bondelag Bjarte Naterstad (leiar av nemnda fram til

årsmøtet i juni)

Miljø- og kvalitetsutvalet i Norges B.lag Frode Handeland

Partnarskapet Hordaland Kjetil Mehl

Klima og energiansvarleg Kjetil Mehl, Lars Bø

Styret i HBK Lars Bø. Vara: Kjetil Mehl

Styret i HBU Knut B. Hauso. Vara: Lars Bø

Samarbeidsrådet for landbruk Kjetil Mehl

Stiftinga Hordaland Landbruksselskap Kjetil Mehl

Referansegruppe KSL/Matmerk Kjetil Mehl, kontoret

Matfestivalen Kjetil Mehl, kontoret

Vassregion Hordaland Maria Makloufi Skjold

Grøntutvalet Vestlandet Knut Byrkjenes Hauso

Kulturlandskapsgruppa (RMP) Kjetil Mehl, Lars Peter Taule.

Vara: Bodhild Fjelltveit

Hardangerkonferansen, programkomité Knut Byrkjenes Hauso, Endre Bjotveit

Beiteutvalet Bodhild Fjelltveit

Storfeprosjektet Lars Bø

Landskap i drift Bodhild Fjelltveit

RUL Kjetil Mehl, Lars Peter Taule

Agro Hordaland Geir Totland

Studieforbundet Næring og Samfunn Maria Makloufi Skjold

Urbant Landbruk Bodhild Fjelltveit

Kommunale forvaltingsplanar gås Lars Peter Taule, Geir Totland

Inn på Tunet Maria Makloufi Skjold

HV distriktsråd Asgeir Nøttveit

Hordaland Bondelag sine utsendingar til:

Årsmøte i Hordaland Bygdekvinnelag Kjetil Mehl. Vara: Lars Bø

Årsmøte i Hordaland Bygdeungdomslag Lars Bø. Vara: Knut B. Hauso.

Årsmøte i 4H Hordaland Gaute Aarbø. Vara: Knut B. Hauso.

Page 5: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

7

LISTE OVER LOKALLAGSLEIARAR

Hordaland Bondelag har 39 lokallag. Med unntak av Fedje, er det minst eitt lokallag i alle

kommunar. Masfjorden Bondelag har for tida ingen leiar.

Page 6: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

8

TILLITSVALDE I HORDALAND BONDELAG

Bondelaget er ein medlemsstyrt organisasjon med sentralstyre, fylkesstyre og

lokallagsstyre. Det lokale organisasjonsarbeidet gir grunnlag for arbeidet Bondelaget gjer

sentralt, til dømes mot Stortinget og offentlege etatar.

Lokallaga

Bondelaget er avhengig av gode og

aktive lokallag. Lokallaga sikrar

nettverk og sosialt samhald i bygda og

gjer ein god innsats på lokalpolitisk

nivå. Dei er også i beredskap for

aksjonar i samband med dei årlege

jordbruksforhandlingane. Dersom

medlemer vert ramma av ulykke, brann

og liknande, kan det lokale bondelaget

vere ei god støtte. Mange av lokallaga

sikrar god og viktig omtale av

landbruket gjennom media.

Det er ulikt aktivitetsnivå i lokallaga, Eivind Myrdal og Solveig Lilletvedt frå

men dei fleste tilbyr medlemsmøte. Bergen Bondelag på Matfestival.

Nokre lag har kurstilbod, bondepub og

andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av

jordbruksforhandlingar gjennom studiering eller medlemsmøte.

Årets lokallag

Hordaland Bondelag har kåra årets lokallag sidan 2010. Vinnaren går vidare til den

nasjonale kåringa i Norges Bondelag. Denne gongen var det Etne Bondelag som fekk

tittelen og 10 000 kroner. Kåringa var for året 2016.

Styret i Hordaland Bondelag meinte Etne Bondelag framstiller landbruket på ein god og

positiv måte og har gode tilbod for medlemene. Lokallaget har drive jamt og godt i mange

år. Dei er engasjert i kommunepolitikk, jordvern og andre viktige saker for landbruket og

bygda. Laget har også ei viktig rolle i Etnemarknaden, og i 2016 fekk dei til eit løft med

landbruksleverandørar og dyr. I løpet av året inviterte dei til gardsbesøk for skulebarn og

Open Gard i samband med Etne Cup.

Styret i Norges Bondelag Dåverande leiar i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen, vart vald som andre nestleiar til

styret i Norges Bondelag under årsmøtet i juni. Kjetil Mehl tok over som leiar i Hordaland

Bondelag. Bodhild Fjelltveit heldt fram som 1. vara i Norges Bondelag og rykka også opp

som ny nestleiar i Hordaland Bondelag. Bjarte Naterstad har vore medlem i valnemnda i

Norges Bondelag frå 2014 til årsmøtet i 2017. Han var nestleiar i eitt år og leiar frå 2016 –

2017.

Page 7: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

9

Fylkesstyret Fylkesstyret leier arbeidet i fylkesbondelaget, og er ansvarleg ovanfor årsmøtet. Dei skal

fremje Norges Bondelag sitt føremål, rettleie lokallaga i arbeidet og forvalte fylkeslaget

sine midlar. Styret handsamar saker frå eigen organisasjon, kommune, stat og andre

organisasjonar. Dei representerer Hordaland Bondelag i lokallagsmøte, utval og andre

møte og samlingar.

Fylkesstyret hadde 10 styremøte og handsama 77 saker i 2017. Dei har også hatt

telefonmøte. I mars hadde styret møte på Nye Voss vidaregåande skule (tidlegare Voss

jordbruksskule) med omvising på landbruksdelen av skulen. Om kvelden deltok dei på eit

ope politisk møte med mellom anna Line Henriette Holten Hjemdal frå KrF.

På møtet i juni vart årsmøteutsendingane kalla inn for å planlegge tema for innlegg til

årsmøtet i Norges Bondelag. På novembermøtet inviterte styret Øyvind Vatshelle frå

landbruksavdelinga hos Fylkesmannen til å snakke litt om husdyrgjødsel som ressurs og

utfordring.

Dei fleste møta er på Landbrukstunet i Bergen, men i august inviterte Asgeir Nøttveit

resten av styret heim til garden sin på Manger. Asgeir og kona Sølvi har pussa opp det

gamle hønsehuset til eit flott møtelokale. Lunsjen vart servert på garden til tidlegare

varamedlem i fylkesstyret, Kari Heggenes Kvammen. Knut Byrkjenes Hauso stod for

kulturinnslaget, som var vurdering av morellsortar. Han hadde med seks kurvar med

morellar som skulle vurderast etter smak, utsjånad og kor faste dei var. Alle sortane var

sjølvsagt plukka på garden til Knut.

Fadderordning

Styremedlemene har delt lokallaga mellom seg, og har eit ekstra ansvar for å følgje opp

sine «fadderlag». Ordninga skal gi god kommunikasjon mellom tillitsvalde på ulike nivå.

Ein fast kontaktperson kan gjere det lettare å ta opp saker med styret. Styremedlemen skal

hjelpe, støtte og motivere til godt lokallagsarbeid. Fadderen tar kontakt med sine lokallag

nokre gonger i året, og er gjerne med på årsmøtet eller andre møte.

Æresmedlem Æresmedlemskap er ein heider til personar

som har utførd spesielt godt arbeid for

organisasjonen og medlemene.

Kari Valland frå Kvam har vore æresmedlem

sidan 2005. Ho har vore tillitsvald i lokallag og

i fylkeslag og varamedlem til styret i Norges

Bondelag. Æresmedlemene Kari og Nils.

Nils T. Bjørke vart æresmedlem i Hordaland Bondelag i 2015. Nils har vore tillitsvald i

Voss Bondelag, Hordaland Bondelag, Norges Bondelag og leiar for Norges Bondelag frå

2009 til 2014. Han er no stortingsrepresentant for Hordaland.

Page 8: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

10

DRIFT AV HORDALAND BONDELAG

Hordaland Bondelag er eitt fylkeslag i Norges Bondelag og har 39 lokallag. Lokallaga har

aktivitetar for medlemene og deltar også på møte, samlingar og kurs i regi av fylkeslaget.

Leiarane møtest på leiarmøtet kvart år, medan regionmøta er for heile lokallagsstyret.

Lokallaget vel utsendingar til årsmøtet i Hordaland Bondelag, og fylkesårsmøtet vel

utsendingar til årsmøtet i Norges Bondelag. Fylkeslaget arrangerer også kurs og fagmøte.

Medlemstal I fylkeslaget har vi hatt auke i medlemstalet kvart år den siste tida, og talet er det høgaste

sidan 1997. Den 31. desember 2016 hadde Hordaland Bondelag 3826 medlemer og den

31. desember 2017 talde vi 3829 medlemer. Det er mange som står på for at vi skal ha ein

god organisasjon. Hjarteleg velkomen til alle nye og takk til alle som har verva.

Regionmøta 17. og 19. januar

Kvart år inviterer fylkesstyret alle tillitsvalde i lokallaga til møte i regionane. Møtet gir dei

tillitsvalde høve til å møte kollegaer og diskutere lagsarbeid og landbrukspolitikk.

Regionmøta vart haldne i Granvin, Bergen, Alversund og på Stord.

Tema var mellom anna jordbruksforhandlingar, ny jordbruksmelding, kurset Tryggare

saman, elektroniske betalingsløysingar, kurs for tillitsvalde og medlemer, politisk arbeid

og aksjonar. Lokallaga hadde også ei oppsummering av eigen aktivitet.

Kurs i

landbrukspolitikk i

Oslo i februar

Norsk Landbrukssamvirke

tilbyr gode kurs i

landbrukspolitikk som skal

sikre vidareutvikling og

kompetanse i

Landbrukssamvirket sine

bedrifter. Kursa er også

opne for organisasjonane.

Hordaland Bondelag

sponsa deltaking for unge

lokale tillitsvalde som

hadde interesse av å delta

på kurset. Eit av dei årlege arrangementa i fylkeslaget er leiarmøtet.

Her er Kjetil Mehl og Stein Olav Kolås på senter for

husdyrforsøk på NMBU i haust.

Page 9: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

11

Årsmøtet 16.-17. mars Årsmøtet er den høgaste avgjerande styresmakt i fylkesbondelaget, og vert arrangert kvart

år i mars. Alle lokallaga har rett til å sende ein eller fleire utsendingar, etter kor mange

medlemer laget har. Årsmøtet var på Hotel Ullensvang.

Utdrag frå protokollen:

Torsdag 16. mars

Årsmøtesak 1. Godkjenning av innkalling. Vedtak: Godkjent.

Årsmøtesak 2. Godkjenning av sakliste. Vedtak: Godkjent.

Årsmøtesak 3. Val av to personar til å skrive under møteprotokollen. Vedtak: Ove Neteland og Gabriela Luedy Hansen skriv under møteprotokollen.

Helsing frå Ullensvang Herad ved

varaordførar Kåre Grønsnes.

Leiar sin tale ved Frøydis Haugen.

Oppnemning av resolusjonsnemnd. Vedtak:

Bodhild Fjelltveit, Erlend Moberg, Peder

Nernæs, Marine Nordhus og Gaute Aarbø.

«Framtida for Vestlandsbonden»,

innlegg ved statsvitar og redaktør Bothild

Åslaugsdotter Nordsletten.

«Bygdeutvikling med bonden som

premissleverandør»,

innlegg ved Professor i nyskaping og

bygdeutvikling Dag Jørund Lønning. Frøydis Haugen heldt leiar sin tale.

Open Post.

Organisering av Fylkesmannsembetet ved landbruksdirektør Åse Vaag.

Jubileum i Os Bondelag ved Erlend Moberg.

4H-gard i vekst ved Ingrid Otnes frå 4H Hordaland.

Ny-tilsett i Grøn FOU Vest ved Bastian Edi Hoffman.

Oppretting av krisefond, kurs for handtering av rottegift, ved Asgeir Nøttveit.

Grøftetilskot, ved Kristoffer Nerhus.

I tillegg hadde desse ordet: Olav Myhr frå Eikanger Bondelag, Marianne Nordhus frå

Halsnøy Bondelag og Solveig Grønlien frå Hordaland Nei til EU.

Det vart informert om at årsmøte blir stengt for andre enn utsendingane mellom 8.30 og

9.30 fredag 17. mars.

Page 10: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

12

Årsmøtemiddag.

Under middagen vart Etne Bondelag heidra med tittelen «Årets lokallag». Leiar i

Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen, sto for den offisielle utnemninga.

Frøydis Haugen overrekte prisen for årets lokallag til Lars Johan Flatebø, Inger Karin

Selland og Torbjørn Grønstad frå Etne Bondelag.

Fredag 17. mars

Viktige saker: Innlegg frå ordførar i Norges Bondelags årsmøte, Arne Magnus Aasen.

Jordbruksmeldinga og jordbruksforhandlingane 2017

Premissane som vert lagt i Jordbruksmeldinga er uklare no.

Ambisjonar – å få til ei avtale.

Kampanje- Del eit måltid.

Aksjonsberedskap.

Val 2017.

«Jakten på de 100 beste klimaløsninger i landbruket».

Jordbruksforhandlingane 2017 ved Frøydis Haugen.

«Økoløftet», innlegg ved inspirasjonsbonde Rolf Tore Djønne.

Tema styret ynskjer å løfte fram.

«Tryggare saman», erfaringar frå kurs i Nordhordland, ved Kari Heggenes Kvammen.

Støtt opp om Bygdeungdomslaget, ved Knut Byrkjenes Hauso.

Kurs for tillitsvalde, ved Frøydis Haugen.

Medlemsverving, ved Bodhild Fjelltveit.

«Naturskade og erstatning», innlegg ved Advokatfirmaet Harris.

Page 11: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

13

Open Post.

Lars Peter Taule: Leirmøtet på tur til NMBU, Ås og Oslo 19. - 20. oktober.

Kristoffer Nerhus: Takkar for fellesskapet. Mykje skjer i landbrukssegmentet.

Øyvind Sandvik: Motivere andre medlemer til å melde seg på kurs i landbrukspolitikk.

Helge Arne Espeland: Helsing frå Tine.

Even Øyri: Helsing frå Nortura.

Framlegging av resolusjon frå årsmøtet.

Vedtak: Årsmøtet vedtek resolusjonen slik den er framlagt.

Årsmøtesak 4. Innkomne saker.

A. Valnemnda si deltaking i organisasjonsarbeidet.

Vedtak: Saka utsett til neste årsmøte.

B. Godtgjersle for ein dag i leiarmøtet.

Vedtak: Hordaland Bondelag utbetaler 1 daggodtgjersle for utsendingar til

leiarmøta frå og med 2018. Utsendingane fyller ut reiserekningsskjema som

grunnlag for godtgjersla. Gjeld berre om leiarmøte blir gjennomført i eige fylke.

Årsmøtesak 5. Årsmelding.

Gjennomgang av årsmeldinga ved Frode Handeland. Beklagar at årsmeldinga ikkje kom

fram til alle utsendingane til rett tid. Årsmeldinga er sendt ut direkte frå trykkeriet.

Vedtak: Årsmøtet godkjenner årsmeldinga.

Fylkesstyret, utsendingar frå lokallaga og gjester i årsmøtesalen.

Årsmøtesak 6. Rekneskap. Årsmøtet fekk informasjon rundt praksisen med

rekneskapsføringa i bondelaget. Geir Totland gjekk i gjennom rekneskapen.

Vedtak: Framlagt rekneskap vedtatt.

Page 12: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

14

Årsmøtesak 7. Budsjett.

Geir Totland la fram budsjett for 2017.

Vedtak: Framlagt budsjett vedtatt.

Årsmøtesak 8. Arbeidsplan.

Vedtak:

Framlagt arbeidsplan vedtatt.

Årsmøtesak 9. Val

Leiar i valnemnda, Roar Angelskår, la

fram valnemnda si innstilling.

Utsendingar med røysterett: 47 Nye i styret: Asgeir Nøttveit og Gaute Aarbø.

Leiar. 1. gong vald

Frøydis Haugen 2014/2013 1 år Krins 5

Vald med 47 røyster

To styremedlemer.

Lars Bø 2016 2 år Krins 4

Vald med 46 røyster, ei blank

Kjetil Mehl 2013 2 år Krins 1

Vald med 46 røyster, ei blank

Styremedlemer valde i 2016, ikkje på val i 2017.

Knut Byrkjenes Hauso 2014 ikkje på val Krins 3

Bodhild Fjelltveit 2013 ikkje på val Krins 2

Varamedlemer til styret.

1. Varamedlem

Gaute Aarbø Ny 1 år Krins 1

Vald med akklamasjon.

2. Varamedlem

Asgeir Nøttveit Ny 1 år Krins 5

Vald med akklamasjon.

3. Varamedlem

Endre Bjotveit 2016 1 år Krins 3

Vald med akklamasjon.

Page 13: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

15

Nestleiar:

Kjetil Mehl Ny (2013) 1 år Krins 1

Vald med akklamasjon.

Utsendingar til årsmøtet i Norges Bondelag 2017.

Bjarte Naterstad peika på at Hordaland sine utsendinga stort sett berre var menn. Leif

Arne Lirhus var einig i dette og fremma Marianne Nordhus som kandidat. Valnemnda

trekte sitt framlegg på Leif Arne Lirhus og støtta framlegget på Marianne Nordhus.

Fylgjande årsmøteutsendingar vart vale for to år med akklamasjon

Utsending Kjetil Mehl 2013 2 år Krins 1

Utsending Gaute Aarbø Ny 2 år Krins 1

Utsending Asgeir Nøttveit Ny 2 år Krins 5

Utsending Marianne Nordhus Ny 2 år Krins 1

Utsendingar til årsmøtet i Norges Bondelag valde i 2016 (ikkje på val i 2017):

Utsending Bodhild Fjelltveit 2014 Ikkje på val Krins 2

Utsending Knut Byrkjenes Hauso 2014 Ikkje på val Krins 3

Utsending Lars Bø 2016 Ikkje på val Krins 4

Varautsendingar til årsmøtet i Norges Bondelag, valde for 1 år med akklamasjon.

Varautsending 1 Endre Bjotveit Krins 3

Varautsending 2 Kari Heggenes Kvammen Krins 5

Varautsending 3 Roar Angelskår leiar i valnemnda

Varautsending 4 Stein Olav Kolås Krins 4

Varautsending 5 Peder Nernæs Krins 3

Varautsending 6 Vidar Helland Krins 2

Varautsending 7 Lars Peter Taule Org. Sjef

Møteleiar: Jostein Hellestveit. Attval, 1 år, vald med akklamasjon.

Vara for møteleiar: Clara Hveem. Attval, 1 år, vald med akklamasjon.

F.h: Varautsendigar Endre Bjotveit, Kari Heggenes Kvammen og Stein Olav Kolås og

møteleiar Jostein Hellestveit.

Page 14: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

16

Nye medlemer i valnemnda.

Valnemnda i 2016/2017:

Krins 1 Reidar Kloster Vara: Olav Hjetland Bringedal

Krins 2 Norolf Sæle Vara: Jan Bjarte Fjell

Krins 3 Steinar Steine

Vara: Sissel Opedal

Krins 4 Per Anders Tveite Vara: Lars Terje Haugen

Krins 5 Roar Angelskår Vara: Oddvar Kleppe

Det kom framlegg i årsmøte på Ingolv Skumsnes som valnemndsmedlem frå krins 2.

Vald inn Valnemndsmedlem Varamedlem

2017 Krins 2 Ingolv Skumsnes Norolf Sæle (2013) 2 år

2017 Krins 3 Arne P. Bleie Georg Aarhus (2017) 2 år

2015 Krins 5 Roar Angelskår Kari H. Kvammen (2017) 2 år

Valde med akklamasjon.

Leiar i valnemnda: Roar Angelskår. Nestleiar i valnemnda: Reidar Kloster.

Begge valde med akklamasjon.

Godtgjersler.

Alle godtgjersler vert sett til den same som til ei kvar tid gjeld i Norges Bondelag.

Satsar fram til årsmøtet i NB 2017:

Daggodtgjersle: 0-6 timar: 1050 kr. Over 6 timar: 2100 kr. Telefonmøte: 500 kr.

Reise- og kostgodtgjersle: Ved reiser for Hordaland Bondelag nyttar ein den reisemåten

som er rimelegast for organisasjonen når ein tek reisetid med i vurderinga.

Bruk av eigen bil: Staten sine satsar.

Overnatting: Avtal med fylkeskontoret. Etter rekning.

Kost når det ikkje vert servert mat: Etter rekning inntil staten sine satsar.

Barnepass: Det vert dekka dokumenterte utgifter for tillitsvalde som har ansvaret for barn

under 7 år. Makssatsane for barnevakt vert praktisert på same måte som daggodtgjersla.

Årleg godtgjersle til nestleiar: 15 000 kr. Vedtak: Godkjent.

«Min verksemd er viktig for fleire enn meg», innlegg ved Olav L. Bleie.

Årsmøtet vart avslutta med at Frøydis Haugen takka for tillit og støtte og takka dei

styremedlemene som takka for seg i styresamanheng.

Page 15: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

17

Arbeidsplan 2017 – 2018.

Nyskapande landbruk for ei grøn framtid

Hovudmål:

Hordaland Bondelag skal arbeide for å ivareta landbruket og medlemane i Hordaland

sine interesser på ein best mogeleg måte. Målet er å fremja eit bærekraftig landbruk som

sikrar mat, miljø og levande bygder og med det ei bærekraftig samfunnsutvikling.

Hordaland Bondelag må til ei kvar tid vere budd til å ta opp viktige saker.

Viktige arbeidsområde

Følgje opp partia sine prioriteringar i høve til landbruk og matproduksjon. Søke

brei politisk kontakt.

Næringspolitikk

Arbeide for å betre økonomien og rekrutteringa til vestlandsjordbruket.

Fokus på jordvern og arealforvalting.

Arbeide for å auka landbruksproduksjonen i Hordaland.

Matarena AS/blå-grønt samarbeid.

Delta i arbeidet med å vidareføre Bergen Matfestival.

Fokus på lokalmarknaden/Bergensmarknaden.

Samarbeide med Vestskog for at potensialet for verdiskaping i Hordalandsskogen

vert nytta optimalt.

Delta aktivt i regionale prosessar for landbruk og miljø med særleg vekt på klima &

jordvern.

Følgje med på internasjonale avtalar.

Organisasjon og kommunikasjon

Ha god kontakt mot heile det politiske miljøet.

Fokus på Landbrukssamvirket.

Bruke ekstern informasjon for å synleggjere verdiskapinga i landbruket,

organisasjonen sitt arbeid og oppnådde resultat.

Gje born og vaksne kunnskap om norsk landbruk, gjennom god kontakt og

omdømmebygging.

Arbeide for Rekruttering, Likestilling og Kompetanse.

Forankre bygdenæringar og næringsutvikling i organisasjonen.

Medlemskap i bondelaget for alle typar næringar tilknytt gardsbruk.

Ha fokus på miljø og HMS i landbruket.

Internasjonal kontakt.

Ta initiativ for arbeid om BYGG SMART i landbruket. Bygningar tilpassa

eigedomsstrukturen.

Page 16: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

18

Kurs i areal- og ressursforvaltning 4. april Hordaland Bondelag vert ofte kontakta av

medlemer og lokallag om saker der dyrka

mark står i fare for å verte nytta til andre

føremål. Mange lokallag gjer ein stor innsats

i lokalt planarbeid, men det er eit vanskeleg

tema og mykje å setje seg inn i. Etter ønskje

frå fleire av lokallaga arrangerte difor Norges

Bondelag og Hordaland Bondelag eit kurs i

Bergen for medlemer og andre interesserte.

Seniorrådgjevar Toril Wikesland og

advokatfullmektig Kristin B. Eid frå Norges

Bondelag hadde hovudansvar for det faglege

innhaldet i kurset, med god hjelp av fleire

innleiarar. Frøydis Haugen takker Kristin B. Eid.

Njål Gunnar Slettebø frå Bømlo kommune, leiar i jordvernforeininga i Bømlo, Jan Sigve

S. Robbestad, leiar i Fusa Bondelag, Lars Inge Vik og Jostein Hellestveit frå

Austrheim/Lindås Bondelag hadde alle innlegg om viktige tema i arealforvaltninga.

Kurset «Tryggare saman» Norges Bondelag starta prosjektet «Tryggare saman» for å motivere medlemene til å

samle og dele kunnskap om tema som generell beredskap ved brann og naturkatastrofar,

HMS og beredskapsplan på eigen gard og korleis støtte menneske i ein vanskeleg

situasjon. Fleire lokallag har arrangert kursserien, der dei sjølv valde tema for samlingane.

I Fusa fekk kursdeltakarane informasjon om kommunen sin beredskapsplan, samt ei

innføring i generell beredskap frå brannsjef Gunnar Hatlelid. Dei fekk også besøk av veterinær Ernst Ove Indrebø frå Mattilsynet som fortalde om særs smittsame og alvorlege

sjukdommar i landbruket. Charlotte Joys frå NLR Vest informerte om beredskapsplan på

gardsnivå, medan Erlend Hauge frå Gjensidige fokuserte på førebygging av brann. På den

siste samlinga fortalde Karl Dag Bærug frå Kirkens SOS om korleis ein kan hjelpe folk

som har kome opp i ei krise.

Lokallaga i Nordhordland arrangerte Tryggare saman-kurs på Strilatun i februar.

Page 17: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

19

Årsmøte i Norges

Bondelag 14.-15. juni Årsmøtet i Norges Bondelag

gir høve til å fremje saker for

vestlandsjordbruket.

Fylkesårmøtet vel dei sju

utsendingane som skal delta

frå Hordaland. Alle fylke har

taletid på møtet og vel kva for

tema dei vil leggje fram for

forsamlinga.

Frøydis Haugen vart ny 2. nestleiar i Norges Bondelag.

Under generaldebatten var fleire av utsendingane oppe på talarstolen. Innlegget til Frøydis

Haugen handla om stortingsvalet og om å drive organisasjonsarbeid i eit politisk spel.

Knut Byrkjenes Hauso snakka om plantevernforskrifta og avstandskravet for

sprøytemiddel ved ope vatn, medan Peder Nernæs tok opp veterinærsituasjonen i distrikta.

Marianne Nordhus snakka om at det er vanskeleg å rekruttere tillitsvalde og oppmoda

bønder til å engasjere seg. Asgeir Nøttveit la fram forslag om at det må verte mogeleg for

bønder å skaffe seg kompetansebevis så dei kan leggje ut rottegift.

Under valet vart Frøydis Haugen vald til ny 2. nestleiar i Norges Bondelag og Bodhild

Fjelltveit attvald som første vara til styret. Årsmøtet var denne gongen i Sarpsborg.

Utsendingane frå Hordaland:

Marianne Nordhus, Knut Byrkjenes Hauso, Lars Bø, Bjarte Naterstad (valnemnda i

Norges Bondelag), Asgeir Nøttveit, Frøydis Haugen, Peder Nernæs, Kjetil Mehl, Lars

Peter Taule (organisasjonssjef) og Bodhild Fjelltveit.

Page 18: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

20

Leiarmøtet 19.-20. oktober Kvart år samlast lokallagsleiarane og fylkesstyret til fagleg påfyll, diskusjon og

nettverksbygging. Dei nye lokallagsleiarane får møte andre tillitsvalde i organisasjonen og

lære litt meir om drift av lokallag og landbrukspolitikk. Dei som har halde på ei stund kan

få inspirasjon til eit nytt arbeidsår.

Nokre år reiser heile leiarmøtet på tur til eit

anna fylke, eller til utlandet for å møte

kollegaer og sjå landbruk i ei anna setting.

Denne gongen gjekk turen til Austlandet for

å sjå NMBU på Ås, Stortinget og

Landbrukets Hus i Oslo.

Lokallagsleiarane, styret og tilsette reiste til

Oslo med nattoget onsdag kveld. Etter ein

lang frukost på hotellet tok vi toget til Ås.

Vi fekk omvising på Senter for husdyrforsøk med både sau, geit, ku og kalv.

Under lunsjen i Vitenparken heldt professor Margareth Øverland frå Foods of Norway

foredrag om bioøkonomi. Vi fekk òg sjå laben og høyre meir om forskinga deira.

Om ettermiddagen viste æresmedlem i Hordaland Bondelag og stortingsrepresentant Nils

T. Bjørke oss rundt på Stortinget. Vi trefte også Trygve Slagsvold Vedum frå

Senterpartiet. Dagen vart avslutta med middag og underhaldning på Landbrukets Hus.

Nils T. Bjørke og 2. nestleiar i Norges Bondelag, Frøydis Haugen, var med oss under

middagen.

Fredag hadde vi vanleg leiarmøte med saker frå organisasjonen. Per Skorge og Aina

Bratlie deltok frå Norges Bondelag. Arve Gladheim frå Gartnerhallen snakka om norsk

grøntproduksjon og tollvern, medan Christian Anton Smedshaug frå Agri Analyse snakka

om teknologiske trendar og framtidige matvareprisar.

Besøk på Stortinget med stortingsrepresentant Nils T. Bjørke.

Page 19: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

21

Årsmøte i lokallaga i oktober-november Kvar haust deltar tillitsvalde og tilsette i fylkeslaget på lokallagsårsmøte. Målet er at alle

som vil skal få besøk minst kvart anna år. Når lokallaga tingar besøk, kan dei òg be om eit

tema dei vil at representanten skal snakke om. I 2017 var det leiarskifte i Sveio Bondelag,

Bergen Bondelag, Uskedalen Bondelag og Halsnøy Bondelag. Takk til lokallagsleiarane

som gjekk av for den god innsatsen dei har gjort for organisasjonen og landbruket.

Årsmøte i Stord Bondelag med besøk av Lise Austrheim frå NLR Vest.

Kurs for unge og nye bønder 3.-4. november Hordaland Bondelag arrangerer kurs for unge og nye bønder kvart år, med fokus på ulike

tema. Bondelaget dekker deler av kursavgifta for dei som er under 35 år. I 2016 brukte vi

element frå kurset «Betre Bonde» og la inn gardsbesøk. I 2017 var hovudtema

generasjonsskifte og regelverk, og kurset vart arrangert i Bergen i samband med Agro

Hordaland. Deltakarane fekk høve til å delta på Agro Hordaland dagen før og hadde ei

eigen samling på fredagskvelden. Kurshaldar var Anders Bjørnsen frå Norges Bondelag.

Agro Hordaland 3. november Agro Hordaland er ein møteplass for

matprodusentar som vil utvikle produksjonen på

eigen gard på ein framtidsretta måte.

Samarbeidsrådet for landbruk i Hordaland og

Sogn og Fjordane står bak samlinga. Denne

gongen var temaet «Våtare og villare framtid»

med fokus på matproduksjon og tiltak i

jordbruket som kan møte klimaendringane.

Innleiarane var frå Forsvarets

Forskningsinstitutt, NIBIO, Felleskjøpet Agri, Arrangørkomiteen: Dag Arne Helle,

Tine og Norges Bondelag. Norunn Ulvedal, Ingvill Jørgensen

og Geir Totland.

Page 20: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

22

Aktive lokallagsmidlar Den viktigaste årsaka til at Bondelaget står sterkt, er gode lokallag. Når styret i Norges

Bondelag og aksjonskomiteen planlegg aksjonar og kampanjar, er det lokallaga som trår

til og set i verk planane. Dei har kontakt med den lokale pressa og sørgjer også for at

bodskapen når ut til mange.

Lokallagsstyret planlegg arbeidet i laget. Det er krav om å halde årsmøte, og dei fleste har

medlemsmøte og andre arrangement i tillegg. Lokallag med høg aktivitet kan søkje om

midlar frå fylkeslaget. I 2017 fordelte styret 62 000 kroner på dei laga som søkte.

Døme på aktivitet frå året som gjekk er plastinnsamling, strandryddedagen, stand på

utdanningsmesse, møte med landbrukskontor, arbeid med veterinærsituasjonen i

kommunane og ulike kurs for medlemer. Fleire lokallag har hatt motorsagkurs, medan

andre har arrangert kurs i varme arbeid og kurs i saueklipping. Fleire har hatt fest;

kårkallfest, bondefest, sommarfest og grøtfest.

Bondepub og bondekafé er også populære arrangement. Ølve og Hatlestrand Bondelag

inviterte til dømes til bondekafé der Tore Eik frå landbrukskontoret informerte om nye

støtteordningsreglar.

Etter at den nye jordbruksmeldinga vart lagt fram, møtte landbruksministeren bøndene i

eit ope møte på Skei. Fleire lokallag frå Hordaland sendte deltakarar til møtet. Voss

Bondelag stilte til dømes med 25 personar i eigen buss.

Os Bondelag med jubileum

Os Bondelag fylte 150 år og

inviterte til både jubileumsfest,

utvida Bondens Dag i Os og

bokslepp med eigen

jubileumsbok. Jubileumsfesten

i oktober vart halden i Oseana

kunst og kultursenter med flott

tre-retters middag.

Bilde: Redaksjonsnemnda for

jubileumsboka. F.h Eivind

Moberg, Åsmund Lien, Olav

Botnevik og Hans Magnar

Eide.

God jord for god avling Ølve og Hatlestrand Bondelag arrangerte fagdag i samarbeid med Norsk

Landbruksrådgiving Vest. Dei hadde markvandring og føredrag av den danske

landbruksrådgjevaren og agronomen Martin Beck. Tema var mellom anna karbonlagring i

jorda og effekten det kan ha på avlinga og jordlivet.

Page 21: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

23

OMDØMMEBYGGING OG POLITISK KONTAKT

Skulebesøk og rekruttering Rekruttering til næringa og til naturbruksutdanning er høgt oppe på agendaen til

Bondelaget. Mange av lokallaga organiserer gardsbesøk for barnehagar og skuler. Noko

av det barna likar best er å få nærkontakt med dyr, og kanskje særleg små kalvar og lam.

Både Etne Bondelag og Bømlo Bondelag inviterte skulebarn til gardsbesøk i samband

med lamminga.

Fusa Bondelag arrangerte «Bonde for ein dag» for fjerdeklassingane i kommunen. Det har

etter kvart vorte ei årleg hending. Strandvik Mjølk var vertsgard for dei 55 elevane og

lærarane frå 7 skular. Elevane fekk sjå dyr og vere med på traktorkøyring. Dei fekk ei kort

innføring om sau, gris og storfe. Inne i fjøsen hjelpte dei til med fjøsstellet. Dei fekk også

servert grilla pølser med mjølk til drikke og yoghurt til dessert.

4. klassingar i Fusa fekk vere bonde for ein dag.

Open Gard Open Gard vert arrangert kvart år over heile landet. Det skal

være ein arena for oppleving og formidling av kunnskap.

Publikum får sjå ein gard i drift og delta på aktivitetar. Lokallaga

med samarbeidspartnarar står for organiseringa.

Radøy Bondelag arrangerte Open Gard den 27. august hos

Benedikte og Morten Christensen. Det var rundt 300 besøkande

innom garden. Lokallaget hadde laga til quiz, riding på hest og

sal av grillmat, lappar og kaffi. Det var sjølvsagt dyr med, både

kaninar, minigris, høns, geit og sau. Tine var med og delte ut

smaksprøvar.

Bilete: Leiar i Radøy Bondelag, Asgeir Nøttveit, med grillmat.

Page 22: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

24

Voss Bondelag og Vossestrand Bondelag arrangerte Open Gard i oktober saman med Nye

Voss vgs, Bygdekvinnelaget, Voss Køyre- og Rideklubb, 4H, Bygdeungdomslaget,

Skogeigarlaget, Tine og Småbrukarlaget. Skulegarden er ein flott arena for arrangementet,

noko dei 1200 besøkande sette pris på.

Etne Bondelag var med på Etnemarknaden, og i år var dei også representert i

marknadsavisa med ein flott artikkel. Lokallaget hadde eige område med utstilling av dyr.

Dei hadde også konkurransar for store og små. Bømlo Bondelag og fleire andre

landbruksorganisasjonar arrangerte Landbruksdag på Svortland.

Maskinutstillarar og bønder møttes ved lokala til NIBIO Ullensvang då Ullensvang

Hagebrukslag arrangerte Teknikkens Dag på Lofthus. Publikum fekk demonstrert

moderne hausteutstyr og sjå det siste innan maskiner som er interessante for

landbruksdrifta i området. Dei er også med i arrangementskomiteen for Norske Fruktdagar

i Ulvik.

For å retteleg markere at laget er 150 år, arrangerte

Os Bondelag i år ein utvida Bondens Dag på

Osøyro. Dagen starta med servering av gratis

frukost og opningstale av 2. nestleiar i Norges

Bondelag, Frøydis Haugen. På Bondelaget sin

stand var det «Open Gard» med grisar, kalvar,

høner, sau, kaninar og kalkunar. Det var svært

populært blant barna. Det var vaffelsal og

trøtraktorløype, og ved hestane var det kø for å få ri

heile dagen. Det var også høneskitbingo,

storfemønstring, kåring av vêr og utstilling av

traktorar, mellom anna fleire veterantraktorar.

I september var det tid for det årlege arrangementet

Markens Grøde i Fusa. Fusa Bondelag var på plass

for å vise fram landbruket i kommunen. Småkalvar

å sjå på og råmjølkslappar steikte på bålpanne var

populære innslag på standen, i tillegg til

informasjonsmateriell om Bondelaget og

bondeyrket. Tine stilte med flotte ambassadørar

som delte ut smaksprøvar på nye produkt. Kalvemønstring på Bondens Dag.

Inn på tunet (IPT) Hordaland Bondelag deltok mellom anna på fagdag om demens der Inn på Tunet var

tema, haustsamlinga til Fagforum Inn på Tunet og fagsamling om IPT i Oslo i november.

Hordaland Bondelag har eit godt samarbeid med Fylkesmannen si Landbruksavdeling og

Fagforum Inn på tunet Hordaland om IPT-saker. Dei viktigaste oppgåvene er å sikre drifta

for dei som driv med Inn på tunet, rekruttering og handlingsplan.

Page 23: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

25

Politisk kontakt Gjennom Samarbeidsrådet for landbruk har Hordaland Bondelag fått høve til å møte

stortingspolitikarar frå Hordaland og diskutere utfordringar for landbruket på Vestlandet.

Tillitsvalde og tilsette har også vore med på møte og samlingar for fleire fylkesparti. I

mars deltok fylkesstyret på eit landbrukspolitisk møte på Voss. Hordaland Krf og Voss

Krf var arrangør, og både landbrukspolitisk talsperson for Krf, Line Henriette Holten

Hjemdal og dåverande leiar i Hordaland Bondelag, Frøydis Haugen, hadde innlegg.

Samarbeidsrådet for landbruk var i Oslo for å møte stortingsbenken.

Lokale møte Mange av lokallaga har møte med lokalpolitikarar om tema som vedkjem landbruk og

bygda. Strandebarm-Tørvikbygd Bondelag inviterte heradsstyret heim til gards hos leiar

Peder Nernæs, der dei fekk mat og omvising i fjøset. Leiarane i Bondelaga på Voss møtte

formannskapet i Voss kommune. Bøndene fortalde om landbrukets betyding på Voss og

fokuserte på kva lokalpolitikarane kan gjere for landbruket.

Bergen Bondelag har hatt kontakt med fleire politikarar, mellom anna inviterte dei byråd

Julie Andersland med rådgjevar på gardsbesøk. Leiaren i lokallaget hadde også innlegg

for politikarar frå Sp om jordvern i samband med utbygging av ny E16/Bergensbane

Arna-Voss og møte med Krf Bergen om landbruket i Bergen. Etne Bondelag heldt ein

appell om landbruk under eit ope møte med Jonas Gahr Støre i Skånevik.

Vervekonkurranse Styret i Hordaland Bondelag starta ein vervekonkurranse med premie både til vervar og til

eitt nytt medlem. Konkurransen gjekk fram til 27. august, og vervarane fekk eit lodd i

konkurransen for kvart nye medlem dei verva. Vinnaren var Anfinn Hilde Tofte. Det vart

også trekt ut ein vinnar blant dei nye medlemene, og det var Kjell Arne Myklebust. Begge

fekk øreklokker med DAB-radio i premie.

Page 24: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

26

Bergen Matfestival 1.-3. september Kvart år deltar Hordaland Bondelag med stand og

aktivitetar for barnefamiliar under Matfestivalen

på Koengen i Bergen. Både Felleskjøpet Agri,

Tine, Bygdekvinnelaget og Framnes gård frå Fana

i Bergen hadde stand i same område.

Husdyra er alltid populære, og ein god måte å

kome i kontakt med publikum på. Denne gongen

hadde vi sau og kalv i tillegg til høns og

kasjmirgeiter frå Framnes gård. Konkurransen

«Kva skal kalven heite?» gav ei bøtte full av

forslag. Vinnarnamnet var Molly Milkshake.

Publikum kunne òg sjå framvising av gjetarhund.

For barna var det hopping i høyet, traktorsertifikat

på trøtraktor og dyrefigurar og traktorar i leikegarden. Populære lam på standen.

Bondelaget hadde invitert Stortingspolitikarane frå Hordaland til å kome innom standen.

Både Sp, Venstre, Sv, Ap og Frp tok turen for omvising og litt landbruksprat.

Tusen takk til dei som var med og hjelpte oss med standen. Takk til Felleskjøpet Agri, AK

Maskiner og Gule's Mek og Landbruksverkstad AS som har gitt trøtraktorar. Takk til

bondelaga i Nordhordland som lånte ut trøtraktorane sine og hjelpte til med transport.

Fredag var mange skuleungdomar på festivalen. Fleire politiske parti, m.a Sp var òg

innom. Her får Jostein Ljones, Kjersti Toppe og Nils T. Bjørke omvising av Kjetil Mehl.

Møte om økologisk drift på Vestlandet 30. november Landbrukets Økoløft, Hordaland Bondelag og Etne Bondelag hadde informasjonsmøte om

økologisk landbruk på Etne kino. Aina Bartman, leiar i Landbrukets Økoløft, orienterte

om satsinga på økologisk produksjon i Noreg. På programmet stod også praktiske

erfaringar frå eigen gard ved bønder frå tre ulike gardar med økologisk drift. Kjetil Mehl

hadde innlegg for Hordaland Bondelag.

Page 25: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

27

Støtte til bønder i andre land Hordaland Bondelag støtter bønder som driv landbruk under vaskelege kår gjennom

organisasjonen KIVA (kiva.org). Norges Bondelag samarbeider også med

Utviklingsfondet og Norges Bygdeungdomslag om eit landbruksprosjekt i Malawi.

Prosjektet har fokus på betre metodar i lokal matproduksjon og betre livsvilkår for

bøndene. Bidraga frå Bondelaget går til såkorn, husdyr og utdanning innan landbruk.

Høyring, uttalar og støtte

Når Norges Bondelag uttalar seg om ei sak, har den ofte vore på høyring i heile

organisasjonen. Dersom fylkeslaget meiner det same som styret i Norges Bondelag, er det

ikkje alltid vi sender eige svar. I andre høve sender vi brev frå fylkeslaget, anten gjennom

organisasjonen, eller direkte til den som står bak høyringa.

Hordaland Bondelag gir innspel i lokale, regionale og nasjonale saker. Det er viktig for

Bondelaget at medlemene vert høyrd, sjølv om det ikkje er mogeleg å gjere alle til lags.

Fylkeslaget kan også hjelpe medlemer og lokallag som skal skrive merknad eller innspel.

Det gjeld ofte høyringar der dyrka mark står i fare for omdisponering til andre føremål.

Eit døme på høyringssaker i 2017 er avstandskravet til ope vatn ved bruk av

plantevernmiddel, evaluering av Samarbeidsråda for landbruk, oppdatering av

dyrehelseforskrifta og forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av driftsbygningar i

landbruket.

Page 26: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

28

Representasjon på møte og arrangement i 2017 (lista er ikkje fullstendig)

Nyttårsmøte med Fylkeskommunen Frøydis Haugen, Lars Peter Taule

Konferansen Mat og Landbruk Frøydis Haugen, Bodhild Fjelltveit,

Lars Peter Taule

Generalforsamling i Matarena Frøydis Haugen, Lars Peter Taule

Utvalte kulturlandskap, frukt. Knut Byrkjenes Hauso

Stormøte om jordbruksmeldinga, Skei Fylkesstyret

Grune Woche Frøydis Haugen

Stormøte på Varhaug Kjetil Mehl

Årsmøte i Hordaland Bygdeungdomslag Knut Byrkjenes Hauso

Årsmøte i 4H Hordaland Knut Byrkjenes Hauso

Årsmøte i Hordaland Bygdekvinnelag Lars Bø

Landbrukskonferansen, Fylkesmannen Frøydis Haugen, Lars Peter Taule

Fylkesårsmøte i Hordaland Senterparti Frøydis Haugen

Møte med Stortingsbenken H og S&F Frøydis Haugen, Lars Peter Taule

Innlegg på møte hos Hordaland Venstre Frøydis Haugen

Årsmøte Hordaland Sau og Geit Frøydis Haugen

Årsmøte i Hordaland Bonde og

småbrukarlag

Frøydis Haugen

Årsmøte i studieforbundet (SNS) Åse Kleppe

Møte om forvaltning av jerv Kjetil Mehl

Jordvernkonferanse i Haugesund Fleire frå fylkesstyret og tilsette

HFK biogasstrategi for landbruk Geir Totland

Møte om Bybonde i Bergen Lars Peter Taule

Politikarseminar Agri Analyse, Oslo Kjetil Mehl, Bodhild Fjelltveit

Næringsseminar på Mongstad Kjetil Mehl

Orienteringsmøte om Erasmus+ Geir Totland

Beiteseminar i Oslo Bodhild Fjelltveit

Gartnerseminaret 2017 Knut Byrkjenes Hauso

Fagsamling Inn på tunet Lars Peter Taule

Kompetanseprogrammet lokalmat Lars Peter Taule

Beiteseminar i Oslo Bodhild Fjelltveit

Seminar om ny gjødselvareforskrift Kjetil Mehl, Bodhild Fjelltveit

Alt. distribusjonskanal for Vestlandsmat Kjetil Mehl

Seminar: Beit, teknologi og landbruk Lars Peter Taule

Oppstart Temaplan Landbruk HFK Kjetil Mehl, Lars Peter Taule

Innspelskonferanse for Temaplan

Landbruk Hordaland

Kjetil Mehl, Bodhild Fjelltveit, Knut B.

Hauso, tilsette.

Infotur med Sjøforsvaret sine kokker Geir Totland

Samling for grøntkontakter i Oslo Knut Byrkjenes Hauso

Hardangerkonferansen Knut Byrkjenes Hauso

Møte i rovviltnemnda Frode Handeland

Page 27: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

29

JORDBRUKSFORHANDLINGAR

Kvart år er det forhandlingar mellom faglaga (Norges Bondelag og Norsk Bonde- og

småbrukarlag) og staten om rammevilkåra for landbruket. Dersom partane vert einige,

ender det med avtale. Resultatet av forhandlingane er viktig for bøndene sin totaløkonomi.

Studieringar og samrådingsmøte Mange av lokallaga gjennomførte ein studiering med landbrukspolitisk tema der dei samla

seg om viktige punkt til forhandlingane. På vegne av Samarbeidsrådet inviterte Hordaland

Bondelag landbruksorganisasjonane til drøftingsmøte. Innspel frå lokallag og

organisasjonar danna grunnlag for drøftingar i styret og den endelege uttalen som

fylkeslaget sende til Norges Bondelag.

Varselbål for landbruket

Den siste dagen i januar tente

bønder over heile landet varselbål

i protest mot regjeringa si

landbrukspolitikk. Bondelaget

meinte den nye

jordbruksmeldinga angreip

jordbruket frå alle kantar.

Vestlandet kom spesielt dårleg ut

i meldinga, og lokallaga gjorde

ein god innsats i bålaksjonen.

Fleire av dei heldt appell og

inviterte politikarar til å vere med

å brenne bål. Det vart mange flotte Aksjon: Stord Bondelag og Huglo Bondelag.

oppslag i lokalavisene.

Bål: Bodhild Fjelltveit frå Bergen Bondelag og fylkesstyret og bondelaga i Nordhordland.

Page 28: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

30

Forhandlingar og brot

Dagen før jordbruksforhandlingane starta vedtok Stortinget ein ny landbrukspolitikk der

hovudmålet var å auke norsk matproduksjon basert på norske ressursar. Dei vedtok også

at det skulle vere eit mål å redusere inntektsgapet mellom landbruket og andre

yrkesgrupper. I tilbodet frå staten i jordbruksforhandlingane følgde ikkje regjeringa opp

politikken frå Stortinget, og bøndene var sjølvsagt skuffa. Forhandlingsutvalet frå

landbruksorganisasjonane ville ikkje skrive under på ei avtale som dei meinte ville svekke

norsk matproduksjon. Etter å ha forhandla med staten så lenge dei kunne, valde dei å bryte

forhandlingane.

Etter brotet gjorde Venstre og KrF det kjent at dei ikkje ville støtte forslaget frå regjeringa

om ei jordbruksavtale på 410 millionar kroner. Støttepartia gjekk dermed inn i

forhandlingar med SP, AP og SV om ei ny avtale. Venstre trakk seg seinare frå

forhandlingane då dei ikkje ville støtte ei avtale som gav landbruket kronemessig lik

inntektsutvikling.

I handsaminga av jordbruksoppgjeret i Stortinget vedtok fleirtalet beståande av Høgre,

FrP og Venstre ei jordbruksavtale med ramme på 625 millionar kroner. Samstundes

vedtok partia målprisane som skulle gjelde frå 1. juli 2017. Partane i forhandlingane fekk i

oppgåve å fordele resten av midlane. Bondeorganisasjonane og staten vart einige om ei

fordeling i tråd med føringane frå Stortinget. Bøndene fekk mellom anna gjennomslag for

å behalde målprisen for gris og det generelle beitetilskotet. Effekten av omfordelinga

mellom produsentane vart også redusert.

Markering av brot i jordbruksforhandlingane

I Hordaland blokkerte bønder frå

Hordaland Bondelag og Sogn og Fjordane

Bondelag grossistlagera til Asko (Arna),

Rema (Hylkje) og Coop (Liland). Bøndene

sperra matlagera i tre timer. Målet med

aksjonen var få fram konsekvensane av

landbrukspolitikken til regjeringa, ikkje å

ramme forbrukarane. Fylkesleiar Frøydis

Haugen var fredagsgjest i Nrk Hordaland

der ho fortalde om blokaden og aksjonane.

Lokallaga hadde eigne markeringar,

mellom anna butikkaksjonar der dei klistra

«la oss lage maten din» - merker på varer.

Bondelaga på Voss møtte formannskapet i

kommunen, og mange lagde skilt og skreiv

på rundballar. Bondelaga i Nordhordland Ordføraren måtte gjere gardsarbeid.

kidnappa ordføraren i Lindås, Astrid Aarhus

Byrknes, og sette ho i arbeid i fjøset. «No må politikarane ta ansvar», var meldinga frå

bøndene. Kidnappinga fekk god pressedekning og ordføraren tok det heile med godt

humør.

Page 29: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

31

Bønder blokkerer grossistlageret til Coop på Liland.

Opptog for norsk landbruk i Oslo 23. mai samla både bønder og støttespelarar seg i Oslo for å gå i tog for norsk landbruk.

Hordaland Bondelag deltok med to busslastar med bønder og elevar frå landbrukslinja ved

Nye Voss vgs. Nesten 4000 tok turen inn til Oslo for å delta i stormønstringa. Markeringa

starta med appellar og underhaldning i Landbrukskvartalet på Grønland. Deretter var det

tog gjennom gatene fram til Stortinget, der fleire artistar og appellantar var med for å vise

si støtte. Det vart ei flott markering med mykje liv og røre.

Hordalandsbønder i opptog for norsk matproduksjon i Oslo 23. mai.

Page 30: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

32

SAMARBEID

Kontorfellesskapet på Landbrukstunet I 2017 har Hordaland Bondelag har hatt kontor på Landbrukstunet i Fana saman med

Norsk Landbruksrådgiving Vest. Frå januar 2018 flyttar vi til kontorlokalar i Felleskjøpet

sin nye butikk på Kokstad saman med Landbruksrådgivinga og Vestskog.

Samarbeidsrådet for landbruk Hordaland og Sogn og Fjordane Hordaland Bondelag er representert i samarbeidsrådet ved leiar og organisasjonssjef.

Cecilie Bjørlo, Tine, var leiar for rådet i 2017. Sentrale aktivitetar dette året var rådsmøte

og samråingsmøte mellom ulike landbruksorganisasjonar i førekant av

jordbruksforhandlingane.

I mars møtte utsendingar frå faglag og næringsorganisasjonar i Hordaland og Sogn og

Fjordane stortingspolitikarar frå dei to fylka til den årlege utvekslinga av informasjon og

meiningar. I oktober arrangerte Samarbeidsrådet og Grøn FoU Vest eit dialogmøte om

bioøkonomi på Vestlandet. Målet med møtet var mellom anna å skape ein arena der

forskarar, næringsdrivarar frå landbruk og skogbruk, marine næringar og andre FoU

aktørar får relevant informasjon og kontakt innan bioøkonomi.

Fylkesmannen og Fylkeskommunen

Hordaland Bondelag har fleire møte med Fylkesmannen si Landbruksavdeling (FMLA)

og Hordaland Fylkeskommune (HFK) gjennom året. Bondelaget er med på dialogmøte

der aktuelle saker for vestlandsjordbruket vert diskutert.

Temaplan for landbruk 2018-2022 Fylkeskommunen skal utarbeide ein

temaplan for landbruk, og Hordaland

Bondelag vil ta aktivt del i arbeidet.

Kjetil Mehl og Lars Peter Taule er med i

ei samråingsgruppe der dei andre

deltakarane representerer

Fylkeskommunen, Fylkesmannen og

Innovasjon Norge.

Fylkestinget har vedtatt at

«Landbruksmelding for Hordaland

2014-2017» skal reviderast og at

«Strategi for forvaltning av midlar til Lars Johan Flatebø (Etne Bondelag), Bodhild

rekruttering og utdanning i landbruket Fjelltveit og Kjetil Mehl frå fylkesstyret på

2011-2015» mogleg skal reviderast. innspelskonferanse om temaplanen.

Det er eit mål med revisjonen å slå desse

to dokumenta saman til «Temaplan for landbruk i Hordaland 2018 – 2022».

Fylkeskommunen inviterte til innspelskonferanse i desember. Lars Johan Flatebø frå Etne

Bondelag hadde innlegg om kva som er viktig for unge bønder.

Page 31: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

33

Kulturlandskapsgruppa FMLA er sekretariat for gruppa som skal bidra til god forvalting av kulturlandskapet.

Oppgåvene er mellom anna å utarbeide regionalt miljøprogram, følgje opp løyvingane i

tilskotsordninga, diskutere faglege utfordringar og å dele ut kulturlandskapsprisen.

Hordaland Bondelag er representert ved Kjetil Mehl og Lars Peter Taule.

RUL

RUL-midlane er tilskot frå jordbruksforhandlingane. Dei skal bidra til rekruttering og

utdanning av næringsutøvarar som kan ta vare på og styrke landbruket i regionen.

Hordaland Fylkeskommune har ansvar for midlane som lag, organisasjonar og nettverk av

aktørar kan søkje om. Hordaland Bondelag er representert i styringsgruppa ved Kjetil

Mehl og Lars Peter Taule.

Vi satsar på mjølk og kjøt i Hordaland

«Storfeprosjektet» er ei vidareføring av fleire tidlegare prosjekt. Hovudmålet er meir

mjølk i Hordaland. Prosjektet står bak fagmøte, samlingar og besøk hos produsentar. Eit

døme på dette var opning av det nye fjøset til Morten og Benedicte Christensen på Radøy

og hos Olav Teigland på Tysnes. Lars Bø er Hordaland Bondelag sin representant i

styringsgruppa. www.hordamjolk.no.

Ny giv for sauehaldet

Prosjektet var i regi av Hordaland

Sau og Geit og har vore drive i

samarbeid med Nortura, Fatland,

FMLA og Norsk

Landbruksrådgiving Vest.

Hovudmålet med prosjektet var

fleire lam til slakt. Prosjektet vart

avslutta våren 2017. Les meir på

www.nsg.no.

Landskap i drift Foto: Jostein Skare Thygesen.

FMLA står bak prosjektet i

samarbeid med næringa. Styret har representantar frå Hordaland Bondelag, Hordaland

Bonde- og Småbrukarlag, Hordaland Sau og Geit og Nortura. Bodhild Fjelltveit er

Bondelaget sin representant. Målet er eit ope kulturlandskap gjennom aktiv drift og fleire

beitedyr. FMLA har også «Fadderprosjektet» og «Fôringsplassprosjektet». Meir

informasjon om desse finn du på www.landskapidrift.no

Beiteutvalet

Beiteutvalet er samansett av representantar frå Hordaland Bondelag, Bonde og

småbrukarlaget, Hordaland sau og geit og fylkesmannen si Landbruksavdeling. Bodhild

Fjelltveit er Hordaland Bondelag sin representant i utvalet.

Page 32: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

34

Innovasjon Norge Innovasjon Norge deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket og Hordaland

Bondelag er med i juryen.

Bedriftsutviklingsprisen i landbruket Leiar i Hordaland Bondelag, Kjetil Mehl, er med i juryen når Innovasjon Norge deler ut

den årlege bedrifts- og næringsutviklingsprisen på 50 000 kr.

Frukt- og siderruta ved gardane Syse, Hakestad og Lekve i Ulvik fekk prisen i 2017.

Hovudaktivitetane til Frukt- og siderruta er Siderslepp om våren og Fruktslepp om

hausten. Juryen la vekt på at dei tre nabogardane samarbeider om marknadsføring,

kompetansebygging og reiselivsprodukt. Ruta er ein viktig del av opplevingstilbodet i

Ulvik, og har gjort kommunen enda betre kjent som reisemål. Fruktdyrkinga i Ulvik er og

på veg oppover igjen, noko som Frukt- og siderruta kan ta litt av æra for, meiner juryen.

Foto: Frukt- og siderruta.

Matarena AS Matarena vart etablert i 2014, og har som mål å utvikle og formidle kunnskap om

berekraftige produkt frå sjø og land. Arbeidet skal gi auka kunnskap om mat og matkultur

hos forbrukarane. Hordaland Bondelag er medeigar, saman med Foreningen Smak av

kysten, HMP Bergen, Samarbeidsrådet, Hanen Vest og Bondens Marked. Nils T. Bjørke

er styreleiar. Arbeidsområdet er mellom anna drift og utvikling av ”Smak av kysten”,

matprosjekt for skulebarn, Bergen Matfestival og ”Årets Sjømatkokk”.

Mattilsynet Mattilsynet er ein viktig samarbeidspart der det er naudsynt med open dialog. Hordaland

Bondelag har vore i kontakt med Mattilsynet når vi har følgt opp saker for medlemer.

Landbrukskurs.no På landbrukskurs.no kan arrangørar presentere kurs med landbrukstema i Hordaland og

Sogn og Fjordane. Nettsida er eigd av fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og

Fjordane. Hordaland Bondelag er administrator av nettsida og facebooksida. Kurs som

mottar støtte frå RUL-midlar skal annonserast på landbrukskurs.no. Ta kontakt med

Hordaland Bondelag for å få brukartilgong til sida.

Page 33: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

35

NIBIO Hordaland Bondelag samarbeider med Norsk institutt for bioøkonomi gjennom

Samarbeidsrådet om ulike forskingsprosjekt. NIBIO forskar og leverer kunnskap om mat-

og planteproduksjon, miljø, klimasmart landbruk, kart, arealbruk, genressursar, skog,

ressursforvaltning og landbruksøkonomi.

Studiesamfunnet næring og samfunn (SNS) SNS har nettbasert registrering av kurs og studieringar. Lokallag som vil arrangere kurs

kan ta kontakt med Studieforbundet for å få tilskot til gjennomføring. Framgangsmåte og

meir informasjon ligg på nettsida naeringogsamfunn.no.

Grøntutvalet Vestlandet Knut Byrkjenes Hauso er Hordaland

Bondelag sin representant i

Grøntutvalet for Vestlandet. Sogn og

Fjordane Bondelag og Møre og

Romsdal Bondelag er også

representert ved Kari Sigrun Lysne

og Audun Skjervøy. Ei viktig

oppgåve er å skrive innspel til

jordbruksforhandlingane.

For frukt- og bærprodusentane på

Vestlandet er distrikts- og

kvalitetstilskotet og tilskot til

fruktlager dei viktigaste økonomiske

verkemidla i jordbruksavtalen. IBU-

tilskotet er avgjerande ved

modernisering og nyplanting i

frukthagane. I innspelet til

jordbruksforhandlingane 2017 la

Grøntutvalet vekt på at desse

verkemidla er særs viktige og at dei Hausting. Foto: Endre Bjotveit.

må verte vidareført og styrkte.

Vidare i innspelet hadde dei felles prioriterte krav for alle kulturar innanfor frukt, grønt og

bær på Vestlandet. Distriktstilskotet er viktig for å kunne jamne ut inntekter mellom ulike

distrikt. Dersom vi skal ha landbruk over heile landet, må distriktstilskotet til frukt- og

bærproduksjonen på Vestlandet styrkast vesentleg. Ordningar som kompenserer for

vanskelege driftstilhøve i form av til dømes bratt areal og små teigar må også styrkast.

Om rådgjeving og forsking skriv utvalet at frukt- og grøntnæringa treng meir kunnskap og

innovasjon for å kunne ha god konkurransekraft i marknaden. Endra klima gir nye

utfordringar som krev både forsking og rådgjeving. Norsk Landbruksrådgiving må difor få

auka løyvingar til drifta.

Page 34: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

36

Økonomiske og juridiske tenester Norges Bondelag samarbeider med både rekneskapskontor og advokatkontor. Avtala gjeld

ikkje rabatt på honorar. Medlemer kan også kontakte Rekneskap- og juridisk avdeling i

Norges Bondelag for å diskutere økonomiske eller juridiske problemstillingar.

Advokatkontor I Hordaland er det for tida to advokatkontor med samarbeidsavtale. Dei har spesiell

kompetanse på landbruks-, eigedoms- og skatterett i tillegg til vanlege juridiske spørsmål.

Advokat Ivar Winjum

55 30 21 96

Bergen

Advokatfirmaet Harris

Advokat Frode Halvorsen og Børje L. Hoff

55 30 27 00

Bergen og Norheimsund

Page 35: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

37

Rekneskapskontora Norges Bondelag har samarbeidsavtale med rekneskapskontor som har

landbruksrekneskap. Medarbeidarane får fagleg oppdatering frå Bondelaget.

Kvart år arrangerer Norges Bondelag skattekurs for rekneskapskontor med

samarbeidsavtale. Programmet gir nyttig oppdatering på skatterettslege og

rekneskapsfaglege område. I samband med kurset vert det også arrangert ein temadag.

Skattekurset i år var i Bergen, 8.-10. november, og temaet i Hordaland var

”Bokføringsregelverket i ein elektronisk kvardag”.

Rekneskapskontor med samarbeidsavtale:

Bjørn Inge Sætre ANS UGGDAL 53 43 20 36

Hagel AS ISDALSTØ 56 35 55 80

Halsnøy Rekneskapskontor AS SÆBØVIK 53 47 41 00

Hardanger Økonomiservice AS EIDFJORD 53 66 44 00

J. Bleie aut. regnskapsfører NÅ 53 64 30 17

Real Økonomi AS ISDALSTØ 56 35 19 75

Reisæter Rekneskap UTNE 97 52 59 29

Ullensvang Rekneskap ANS LOFTHUS 53 66 11 28

Vekstra Hardanger og Voss AS ØYSTESE 56 55 34 40

Vossestrand Rekneskapskontor BA VOSSESTRAND 56 53 00 40

Tveit Regnskap HORDALAND/ROGALAND 52 76 71 00

Gjensidige og Landbruksforsikring Gjensidige er ein sentral samarbeidspartnar for Bondelaget. Norges Bondelag forhandlar

fram rabattar på vegne av medlemene. Les meir på www.gjensidige.no under landbruk og

organisasjonsmedlem.

I juni 2017 vart det etablert nye kollektive

personforsikringar i samarbeid med

Landbruksforsikring AS. Medlemer kan kjøpe desse

forsikringane og få rådgjeving hos Bondelagets

Personforsikringskontor. Tlf 22 05 46 00.

Landkreditt Bank Norges Bondelag og Landkreditt Bank har ei

samarbeidsavtale som gir bondelagsmedlemer gode

fordelar. Vekstkonto er ein sparekonto som bare

medlemene i Norges Bondelag og Landkreditt kan få.

Les meir på www.landkredittbank.no/nb.

Page 36: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

38

Helsing frå Hordaland Bygdeungdomslag

I 2017 hadde me 4 aktive lokallag; Kvam, Voss, Sveio og Fløien (studentlag i Bergen).

31.desember 2017 hadde me 327 medlemmar. Det er nedgang frå 2016. Året har vore

prega av mykje aktivitet, men og omveltingar i organisasjonen. Hordaland

Bygdeungdomslag går delvis gjennom eit generasjonsskift, noko som ikkje er uvant i

organisasjonen vår.

I 2017 har medlemmar delteke på Sumarstemne i Sveio, NBU sitt Landsstemne på

Jørstadmoen (Lillehammer) og Haustarrangementet på Stange (Hedmark). Her utmerka

medlemmane våre seg i fleire tevlingar og aktivitetar. I lokallaga har det vore fokus på

både tradisjonsrike arrangement, men og fleire nye aktivitetar har kome til. Lokallaga har

mellom anna arrangert VM-dag, Sumarstemne, Smalahovefest, Leirdueskyting og

«Escape Room».

Styret i Hordaland Bygdeungdomslag har mellom anna delteke på vårkurs i Vikersund,

representantskapsmøte og årsmøte i NBU. Styret starta med 5 medlemmar, men før

sommaren fekk me selskap av ein til.

No går me inn i eit nytt år, og håpar nye krefter kjem fram i lyset. Me ynskjer eit sterkare

samarbeid med bondelaget på både fylkes- og lokallagsnivå. Me trur det er potensiale for

godt og nødvendig samarbeid i framtida.

Med ynskjer om eit godt årsmøte!

Helsing frå Hordaland Bygdeungdomslag v/ leiar Gaute Træbakken.

Page 37: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

39

Helsing frå Hordaland Bygdekvinnelag

Hordaland Bondelag er og blir ein helt naturlig kontakt for oss «bygdekvinner», og for

hyggeleg og god hjelp gjennom året. Vi får låne kontoret til styremøta, og skapplass for

våre permar. Vi får bruke kontoret til «pakkemøte» i samband med årsmøta våre.

På Bergen Matfest i september er vi svært glade for å få vera med på stand hos Hordaland

Bondelag. I 2017 hadde vi aksjon for: «Ja til Gratis Skulemat». Vi delte ut meir enn 400

smaksprøver på Havrebar.

Vi har 28 lokallag og 784 medlemmer i Hordaland Bygdekvinnelag. Vi har gått litt ned i

medlemstal av ulike grunner. Det er stor aktivitet i lokallaga. Nettsidekurs og

organisasjonskurs for å nevne noko. Vellukka kurs i «Ville Vekster» blei halde på Skare

9. -10. juni. Kursa våre er opne for alle.

Saman med lokallaga skipar Hordaland Bygdekvinnelag til to Bygdekvinnestreif i året. I

2017 var det streif i Øystese kor Sylfest Lomheim var foredragshaldar. I Langevåg på

Bømlo snakka Hilde Buer om villsauen. Dette er godt besøkte arrangement.

Bygdekvinnene kjem seg fram! Møta er opne for alle.

Takk til Hordaland Bondelag for godt samarbeid i 2017.

Hordaland Bygdekvinnelag v/ leiar Bjørg Strømme.

Page 38: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

40

REKNESKAP

Eigenkapital pr. 1/1 2017 1 421 422

Resultat rekneskapen 2017 130 005

Eigenkapital pr 31/12 2017 1 551 427

Page 39: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

41

Page 40: HELSING FRÅ LEIAREN...Bergen Bondelag på Matfestival. Nokre lag har kurstilbod, bondepub og andre sosiale samlingar, og mange arrangerer fagmøte. Kvart år er det drøfting av jordbruksforhandlingar

42

Opptog for

norsk matproduksjon

23. mai i Oslo

Bønder frå Voss, Kvinnherad,

Nordhordland og elever frå

Nye Voss vidaregåande skule.