ein sommar er over - kyrkja i gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/kyrkjeblad/kyrkjeblad...

52
nr.4 Kyrkjeblad for Gloppen september 2017 Årgang 47 Ein sommar er over

Upload: others

Post on 13-Jan-2020

2 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

nr.4 Kyrkjeblad for Gloppen september 2017 Årgang 47

Ein sommar er over

Page 2: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Sommaren 2017

Ein sommar er overBladet du har i hand, fortel mykje om hendingar i sommar. Slik vil det bli når det er så lenge sidan forrige nummer. Men at sommaren er omme, betyr at hausten startar. Eit nytt arbeidssemester og eit nytt skuleår, kanskje er det ny skule eller arbeidsplass, med nye personar å gjere seg kjend med. Over hundre nye elevar har innteke folkehøgskulen, ein ny flokk Firda-elevar har leita fram skulesekken eller flytta inn på hybelen sin, og det arbeidande folk har avslutta feriemodus og leita fram att kvar-dagsrutinane. No er det tida for vurdering av betre vanar og rutinar: sunnare kosthald, meir trim, fleire spaserturar eller trenings-økter. Meir helse, eit betre liv.

Har du tenkt på å etablere betre rutinar for trua? Kva med bordbøna eller bordverset saman med borna? Kva med å lytte til morgonandakten medan du et frukost? Kanskje du skulle ta fram salmeboka og lære opp att ein salme eller sju som du pugga då du gjekk for presten? Og no, i Luther-året, minner vi om at heile Luthers vesle forklaring er å finne i salmeboka. Kanskje du skulle lese forklaringa til trusartiklane ein gong til? Det kan hende du oppdagar noko du ikkje har tenkt på. For din eigen del. Og så var det borna som du bar til dåpen. Har du gjort deg nytte av trusopplæringa som kyrkjelydspedagogane lagar, eller det som skjer på søndagsskule og i organisasjonane?

Vi deler gjerne ord og bilde som fortel om kva vi var med på. Men det er viktigare å sjå framover, og vi prøver å opplyse litt om ting som skal skje. Kanskje du sit med informasjon som vi burde publisere? Ta kontakt. Du finn namn og adresser på baksida av baksida! Neste nummer kjem i oktober. Det er stoffrist 29. september.

Skriv du dikt eller noveller?Vi har trykt barneforteljingar som har stått i Juletre i kvart julenummer dei siste åra. Vi kunne tenkje oss å bruke nyskrive stoff! Set deg ned og skriv ned den forteljinga du tenkte burde vore skriven, og send til oss. Om du eller vi skaffar ein god illustrasjon, blir det bra!

FramsidaBilete på framsida er frå årets Seljumanna-messe, der verken verken bisp eller prost let regnet stoppe salmesongen. Foto: Gunn Hole.

Innhaldnr.4

FOR TANKE OG TRUAndakt av Anders Osmundnes 03Leiarartikkel av Asbjørn Gjengedal 05Barneside av Magni Aa Berge 26Møte med einsemda. Dikt av Martin Ø. Ommedal 31Spaltist er Ingrid Bjørnereim 45Geir Eikenes skriv om sin salme 47Glaskunst i Gimmestadkyrkja 52

DETTE VAR VI MED PÅDomkoret gjorde fabrikk til katedral 16Eliana og Ramon på Seljumannamesse for første gong 18Ut mot havet. Gunn Holvik var på Selja 20Gudsteneste på Utvikfjellet 23KRIK Sandane på tur 24Sigrid Therese med kyrkjekonsert 28Frå friluftshelga i Hyen 34Friluftsgudsteneste på Myklandsstøylen 36Glimt frå kyrkjesommaren 38Leirliv på Fjordly 42Sommarleirane på Nesholmen 44Eldregudsteneste i Breim 46

HUS TRENG FOLK OG FOLK TRENG HUSVereide prestegard, fornying ved å ta fram det eldste 06I Prytz sine dagar 08Ung prestefrue i gammal prestegard 10Olaf Sigurd Gundersen: Å vere prest i Vereide 13- Jeg vil se bisken! "Tulla" Bakke fortel 14Kva skjer under gamlekyrkja på Gimmestad? 30

Les om sommarleirane på Nesholmen side 44.

2 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 3: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Andakt

Storflaumen kom nemleg akkurat slik Gud hadde sagt.

Gud held det han seier. Han har kome menneska i møte til alle tider, sjølv om det har kosta dyrt. Han ofra sin einaste son, Jesus, for at vi skal få frelse viss vi vil ta imot Jesus som vår frelsar. I vår tid skal vi prøve å forstå «alt», men noko er umogleg å skjøne. Det må noko meir til, ei tru som stoler fullt og fast på det Gud har sagt gjennom sitt ord. Gamle Ivar Aasen var inne på noko vesentleg då han skreiv: «Nei, vesle vitet det rekk ikkje til. Ei tru maa stydja oppunder.»

Dei fleste av oss har ikkje ei tru som er sterk og solid nok til å takle alle situa-sjonar, men vi har ein frelsar som ikkje støyter oss bort sjølv om vi fell. Han vil oss berre det beste, så vi kan stole på Gud i alle livets situasjonar. «Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss frå all urettferd» (1 Joh 1,9). Vi kan ha full tillit til Gud. La oss starte dagen med bøn saman med salmisten i Salme 90,14: «Mett oss med di miskunn om morgonen så vi kan jubla og gleda oss alle våre dagar.»

At Gud er trufast, kjem så fint fram i salmen «Stor er din trofasthet». Teksten talar for seg sjølv, men alt vitnar om ein Fader som har kvart enkelt menneske kjært, sjølv om tidene endrar seg aldri så mykje.

Samfunnet er i stadige endringar. Det vert sådd tvil om gamle sanningar, og fleire og fleire vert

usikre på kva som verkeleg er rett. Då er det fint å gå til Bibelen og sjå kva Guds ord seier. Der finn vi at vi har ein kjærleg og trufast Gud som alltid veit kva som er best for oss syndige menne-ske. Men vi må sjølve avgjere om vi vil ta imot bodskapen hans, eller om vi vil vende han ryggen.

I Bibelen møter vi mange som har ei sterk tru og som lit fullt og fast på Gud og Guds son, Jesus. Sjå berre på offiseren i Kapernaum som hadde ein sjuk tenar i huset. Han var viss på at Jesus kunne lækje guten utan å kome i nærkontakt med han. «Sei berre eit ord, så blir tenesteguten min lækt» (Luk 7). Eller kvinna som trudde ho skulle bli frisk berre ho fekk røre ved kappa til Jesus. Ho fekk då denne helsinga frå Jesus: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå i fred!» (Luk 8,48)

Og så har vi Noah (1 Mos 7). Gud bad han byggje ei ark som skulle ha plass til Noah sin familie og eit par av alle dyr. Dette skipet skulle berge dei frå storflaumen som skulle kome. Noah stolte på Gud og bygde arka. Arka vart bygt langt inne på land, og det tok lang tid. Truleg fekk Noah mange kritiske og hånande ord frå naboar og andre for det arbeidet han var i gang med, men han fullførte verket og berga såleis livet.

Av: Anders Osmundnes

Ha tillit til Gud, for Gud er trufast

Stor er din trofasthet, Herre og FaderNorsk salmebok 2013, nr. 322.

Stor er din trofasthet, Herre og Fader,skiftende skygge når aldri din sti.Du er den samme, din miskunn er evig,slik som du var, skal du alltid forbli.

Refr.: Stor er din trofasthet, stor er din trofasthet, dag etter dag ga du nåde på ny.Himmelske hender gir alt jeg behøver.Trofaste Herre, hos deg har jeg ly.

Tidene skifter med dager og netter.Soler og stjerner har oppmerket gang.Syng, all hans skapning, og pris ham som styrer.Lov den allmektige Herre med sang.

Nåde for synder og fred uten like.Mesterens omsorg til støtte og stav.Styrke for dagen og håp for i morgen.Signing for barnet, som Gud tar seg av.

3nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 4: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Redaksjonelt

Dato: Kyrkje: Offer til: Sum:01.01.2017 Sandane kyrkje Normisjon sentralt kr 4 351,0008.01.2017 Vereide kyrkje Kyrkjelydsarbeidet kr 2 920,0015.01.2017 Sandane kyrkje KRIK Sandane kr 1 917,0022.01.2017 Vereide kyrkje Norsk Luth. Misjonssamband kr 3 922,0029.01.2017 Gimmestad kyrkje Kyrkjelydsarbeidet kr 5 374,0012.02.2017 Vereide kyrkje Bibelselskapet kr 4 829,0019.02.2017 Gimmestad kyrkje Søndagsskulen Bergen krins kr 4 618,0026.02.2017 Sandane kyrkje Kyrkjeleg underv. i KINA kr 5 457,0001.03.2017 Vereide kyrkje Modum Bad kr 1 440,0012.03.2017 Gimmestad kyrkje Kyrkjelydsarbeidet kr 5 213,0019.03.2017 Vereide kyrkje ACTA Sogn og Fjordane kr 2 819,0026.03.2017 Sandane kyrkje Åpne dører kr 5 073,0004.04.2017 Innsamling konf. Fasteaksjon, Kirkens nødhjelp kr 54 282,0009.04.2017 Sandane kyrkje IKO - Kirkelig pedagogisk senter kr 5 158,0016.04.2017 Vereide kyrkje Menighetsfakultetet kr 15 263,0017.04.2017 Gimmestad kyrkje Menighetsfakultetet kr 5 725,0023.04.2017 Vereide kyrkje Kyrkjelydsarbeidet kr 4 599,0030.04.2017 Vereide kyrkje Haraldsplass samtalesenter kr 2 122,0007.05.2017 Vereide kyrkje Fjordly ungdomssenter kr 4 023,0014.05.2017 Sandane kyrkje Søndagsskulen sentralt kr 4 000,0017.05.2017 Vereide kyrkje Redd Barna kr 6 283,0017.05.2017 Gamle Gimmestad kyrkje Redd Barna kr 3 233,0021.05.2017 Gimmestad kyrkje Kyrkjelydsarbeidet kr 3 038,0028.05.2017 Vereide kyrkje Kyrkjelydsarbeidet kr 8 699,0004.06.2017 Vereide kyrkje Normisjon sentralt kr 6 658,0011.06.2017 Sandane kyrkje Nesholmen Leirstad kr 5 481,0018.06.2017 Sandane kyrkje Diakoniarbeidet kr 6 079,0025.06.2017 Vereide kyrkje NRC Flyktninghjelpen kr 6 341,00

Offergåver fyrste halvår i 2017

I Sandane kyrkje blir det frå i haust søndagsskule kvar gong det er søndags-samling. Sjå preikelista.

På Hestenesøyra blir det søndagsskule på laurdagar frå kl. 16.00, omlag ein gong i månaden, i skulehuset

På Vereide er det søndagar kl. 11.00 i Haugtun, og her er datoane for resten av hausten: 17. september, 1. oktober, 22. oktober, 5. november, 19. november og 10. desember.

Søndagsskule

Laurdag 30. september og søndag 1. oktober møtest dei som vart konfirmerte i Breim, Vereide og Gimmestad for 50, 60 og 70 år sidan, til jubileum. Helga 7.-8. oktober skjer tilsvarande i Hyen. Programmet er slik det vanlegvis har vore i mange år. Jubilantane samlast laurdagen til musikkandakt. I år spelar Helene Myklemyr (trekkspel) og John Oddvar Kandal (fele) i Breim, Geir Eikenes

Konfirmantar jubilerer(klarinett/saksofon) og Anders Rinde (orgel) i Gimmestad, og Anders Rinde i Hyen. Det skjer så tidleg på kvelden at det vert tid til ei sosial samling etterpå.

Søndag er det gudsteneste i dei respektive kyrkjene, dvs. konfirmantane frå Gimmestad deltek i Vereide. Jubileet blir avslutta med felles middag etter gudstenesta.

Opa kyrkje hausten 2017På grunn av mannskapsmangel, som vi vonar skal gå over, blir det eit litt enklare opplegg for «opa kyrkje»-arrangementa i Sandane kyrkje denne hausten.

Kyrkja vil vere opa frå kl. 20-21 siste onsdag i månaden fram til desember.

Når dette bladet kjem ut, er august allereie historie, men for resten av hausten er datoane 27. september, 25. oktober og 29. november.

Då er du hjarteleg velkomen til kyrkje for å vere der i fred og ro, tenne lys, be og lytte til «litt» musikk.

Sandane-dagane

Redaksjonen vil takke arrangørane av Sandanedagane for at det stadig er vanleg med gudsteneste på Herads-plassen. I år hadde Gloppen Vocal Band konsert ei stund etter gudste-nesta. Flott!

Vi takkar og for all hjelp og all støtte til kyrkja sin stand, loppemarknad, auksjon og svelestasjon!

Minnegåve I samband med Ola R. Sande sin bortgang har vi motteke minnegåve til Gamle Gimmestad kyrkje. Tusen takk for gåva!

Kyrkjeverja.

4 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 5: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Leiar

«Eg likar ordet misjo-nær, for misjon er å vere nær menneske med vitnemålet om Jesus Kristus.» Det sa presten som hadde vore misjonær i eit land langt borte. Etter ei tid i heimearbeidet i Det Norske Misjonsselskap (NMS), er han no prest i Den norske kyrkja. Mange medarbeidarar i kyrkja har vore misjonærar i fjerne land. Dei viser oss at kristendom ikkje er ein spesielt norsk eller vestleg religion. Dei fleste kristne bur i dag i andre delar av verda. Ein stor del av dei er unge som høyrer til raskt veksande kyrkjesamfunn. No sender dei misjonærar til vår del av verda, slik vi gjorde, og framleis gjer, til dei. No går misjonen i alle retningar over heile jorda. Denne store forandringa har funne stad medan eg har vore prest i Noreg. Korleis vil dette utvikle seg i tida frametter? Den som lever får sjå.

Men den som lever og trur på Jesus Kristus, kan ikkje berre vere tilskodar. For kristentrua driv oss til å dele det vi får av Kristus: Tilgjeving og fred med Gud, glede og meining i livet, fellesskap i gudsteneste, håp for tid og æve. Alt av nåde livet til endes. Ord kan ikkje famne alt vi får, men alt får vi for å dele. Og når vi deler det Kristus gjev, er han nær oss og med oss. Dette er misjon og vi er misjonærar her vi er i våre nærmiljø. Med kristen forkynning og opplæring i tusen år er samfunnet og kulturen i vårt land naturleg nok sterkt prega av kristendomen. Men dette held ikkje fram av seg sjølv. Det blir meir og meir tydeleg. Som einskildmenneske og i fellesskap må vi vake og velje om vi vil halde fram med å dele trua på Kristus her vi bur.

For 500 år sidan starta Martin Luther reformasjonen av

kyrkja i store delar av Europa. Han var særleg oppteken av å gje borna kunnskap om Kristus. Dei måtte få del i gåvene som Gud gjev oss, og dei måtte få det med ord og på måtar som høvde for alderen. Den vesle katekisma, truslæra i fem små delar, blei hovudverket av alle Luthers mange bøker og skrifter. Katekisma skulle hjelpe heimane til å gje borna kristen oppseding. Etter fem hundre år er Luthers vesle katekisme framleis den gode hand-

boka for oppøving i kristen tru og liv. Visst treng vi pedagogisk oppdatering av slike hjelpemiddel

i trusopplæringa. Og vi har eit mangfald av forteljingsbøker og songbøker for

ulike alderstrinn. Men endå meir treng vi ei oppvakning til innsats

så born og unge får hjelp til å vekse «i nåde og kjennskap

til vår Herre og frelsar, Jesus Kristus». Det handlar om prioritering av tid og pengar. Det handlar om å bruke utrustinga som Gud gjev kvar av oss til å vere misjonærar her vi er.

Har vi så meir enn nok med heimlege oppgåver

om vi ikkje òg skal drive misjon i fjerne land? Får vi

fyrst syn for å dele alt Gud gjev oss i Kristus, opnar det seg

eit vidare og lengre perspektiv, slik det gjorde for generasjonane før oss.

«Gjer alle folkeslag til læresveinar!» sa Jesus. Dei fyrste elleve som fekk oppdraget,

sette i gang, og gjennom dei som til ei kvar tid blei med, har Gud halde misjonen i gang fram til vår tid. Resultatet så langt er overveldande: No er der kristne kyrkjelydar i godt som alle land, og talet på kristne aukar år for år. Det gjev oss ein ekstra inspirasjon til å bli med vidare i denne største og beste rørsla som går over verda; den kristne misjonen! Så er vi misjonærar både her og der.

Misjon - nær her og der

Av: Asbjørn Gjengedal

5nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 6: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Endeleg kan prestefolket flytte inn i bustaden! Det tok lenger tid enn nokon trudde, mykje lenger tid enn

nokon sa, og kosta sikkert meir pengar enn nokon hadde tenkt. Men prisen må gjerne vere hemmeleg for oss, så lenge det er Opp-lysningsvesenets fond som betaler. Det er ikkje vanskeleg, no når alt er over, å seie at arbeidet som har vore utført, var nødvendig og viktig, at det er utført på fullt forsvarleg vis på alle fagfelt, og at resultatet er flott og tenleg, ja til dels imponerande.

Før Kjersti og Vidar flytte inn med seg og sitt og sine, heldt dei hus og hage opne for besøk av kven som ville. Det var eit tiltak som bygdefolket tok vel imot, og i fleire timar rusla det interesserte glopparar, breim-

Å bu i Vereide prestegard

"Ny" prestebustad etter tibakeføring

TEKST OG FOTO: ODDVAR ALMENNING

ningar og jølstringar rundt og kika og fekk orientering. Vi har skrive om restaureringa før, og viser elles til Firda Tidend 11. august som har ei brei dekking av saka.

Vi har bede folk om å skrive litt om sine minne frå tida i huset. Les kva prestefrue Olaug Bakke Gjengedal, Tulla Bakke og Olaf Sigurd Gundersen og skriv. Vi har og leita fram att ein artikkel som sokneprest Johan Prytz skreiv frå den tida han var her som barn og presteson. Artikkelen stod i boka Prestegårdsliv 1966, og var brukt i jule- nummeret av Kyrkjebladet i 1993.

Særleg interessant er det han fortel om at huset eigenleg var kondemnert og skulle rivast, men at soknepresten, far hans, fekk gjort om vedtaket.

Sidan då, 1904 - 1906, har det nok vore fleire runder med reparasjonar og forbetringar. Til dømes er alle vindauga nyare, og blei såleis ikkje gjort anna med enn at dei blei godt preparerte og måla denne gongen. Noko isolering av vegger og tetting rundt vindaugo har det vore, men største tiltaka er gjort med golva og under golva. Samtidig som gamle flater er henta fram og sett i brukbar stand att, har golvet blitt musetett og tett for trekk, og det er lagt isolasjon og vassboren varme i det.

Aldri har huset vore så godt som no. Det bør kunne stå i nye 250 år heretter! Det er og god grunn til å seie seg glade for at eigaren (Opplysningsvesenets Fond, OF) ikkje valde å selje ut prestebustaden på den opne marknaden, slik dei har gjort andre stader.

Etter år med restaurering, kan det atter bu folk i Vereide prestegard, den største av alle i Bjørgvin bispedøme. Her er det nok av rom og nok av kvadratmeter som er oppussa til ein høg nok standard til ein høg nok pris.

6 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 7: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Dette romet i nordvestre hjørne var eit "modernisert" soverom med golvbelegg og plater på veggene. Samtidig som det er blitt eit moderne baderom, har ein teke fram att synleg tømmer, ei sjarmerande og fin løysing.

I hovudetasjen har ein fått installert nytt bad i tilknytning til det som var kjøken, men som no blir inngangshall og garderobe. Huset har no to bad i 1. etasje og tre bad pluss badsu i 2. etasje. Alt av rør og alt elektrisk er ny- innstallert, og godt skjult eller kamuflert i golv og vegger.

Eit avslappa og triveleg prestepar opna hus og hage dagen før dei flytte inn.

Kjøkenet er flytta til "Ammestuen!" Då dei reiv paneling og plater på veggen mot "spisestuen", fann dei ut at der hadde vore ei dør, og no er det såleis dør mellom kjøkenet og matstova. Praktisk nok.

Golvet i stova i søraustre hjørne er truleg det første som var lagt der, altså då huset var bygt i 1782, snart 250 år sidan. Det låg fleire lag med moderniseringar over, men no er det opphavelege golvet nitid restaurert og istandsett og skal brukast slik det er.

7nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 8: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Når jeg begynner å snakke om Gloppen, sender min kone meg advarende øyekast, hun synes det kan være måte

på uforbederlig henrykkelse. Men som den hjemstavnsløse prestesønn jeg er, har jeg utnevnt Gloppen til min hjembygd, og kan ikke forstå at noen kan ha vesentlige innvendinger å gjøre hverken mot stedet eller folket der. Og det beste ved det hele, var Vereide prestegård.

Min far, A. F. W. J. Prytz, hadde vært stiftelsesprest i Bergen i ti år. Da kom vår

Fra Vereide prestegård i Gloppen

AV SOKNEPREST JOHAN PRYTZ, FRÅ BOKA PRESTEGÅRDSLIV, 1966

kjære huslege på visitt for å si til far at enten fikk han ta rev i seilene eller søke seg bort - for nå var han bare skinn og ben, og migrenen holdt på å bli permanent. Da søkte han Gloppen og fikk det. Det var i 1904. De eldste barna var noe betenkte. Jeg var tretten år, og bare frydefull forventning.

Allerede ankomsten til Sandane ga meg rett. Der stod hele menigheten på bryggen for å ta imot. Og de hadde hest og vogn med seg for å bringe oss og flyttegodset på plass. Da de så at vi også hadde tatt med oss vår

bergenske flis av en huggestabbe, lo de. Det var megen stillferdig humor blant gloppingene, men jeg har bare hørt dem le høyt to ganger. Huggestabben var foranledningen den ene gang - jeg selv den annen: jeg svarte så helt bort i veggene ved overhøringen på kirke-gulvet.

Vi kom ikke til prestegården med en gang. Det var et svært gammelt tømmerhus fra 1782, som nu var kondemnert. Det skulle bygges en av de vanlige kirkedepartements-landbruks- ingeniørs-villaene i stedet. Ved hjelp av sin

Vereide prestegard, mai 1938. Gruppebilete på tunet utanfor våningshuset. Foto: Olav Kvaale / Fylkesarkivet.

Å bu i Vereide prestegard

8 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 9: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

bror Torolf Prytz, som opprinnelig var arkitekt, fikk far denne plan forpurret. Isteden ble prestegården restaurert.

De andre bygningene trengte i høy grad forbedring, i uthuset gjaldt spørsmålet om hva som hendte først: at høyet falt ned i hodene på kuene, eller at de falt ned i gjødselbingen.

Så ble det ingen "prestegårdsidyll" den første tiden. Vi bodde på en gård litt nordenfor Vereide, og der hadde vi «gode naboer og sådant mere".

Far hadde ansvaret for og tilsyn med byggingen. Jeg hadde bare moroen. Og noen moro sitter igjen ennu. Departementet hadde sagt nei til bygging av hønsehus, eftersom det ikke var noe alminnelig geistlig krav, og nei til innredning av badeværelse, med den begrunnelse at det ikke var sikkert en senere prest ville like at et rum ble disponert på den måten! Det ble nu imidlertid gjort. Men da min far fikk holdt all byggingen innenfor rammen av bevilgningen, var det ingen som bemerket noe. Det hang sammen med at gloppingene kjørte frem all sten til uthusene på dugnad. I fjøsmuren ligger det stadig noen stener som ellers ville være brukt til bautasten. De er et varig minne om at det i fars menighet var folk som var både sterke og snille.

Til slutt kom vi da inn i prestegården. Det var og er noe til hus. Det er 25,5 x 12 meter i to fulle etasjer, og den gang unektelig noe tungdrevet. Det var naturligvis vedfyring, men du verden hvor hyggelig det var, når stuepiken Marie kom inn om morgenen med sitt vennlige "Signe dagen!" og bjerke-veden snart efter spraket i en meget effektiv etasjeovn. Den holdt ikke lenge på varmen forresten. Og så var det alle oljelampene og lyktene til uthusene, og de var mange. Når jeg ser på gamle billeder, får jeg inntrykk av at vi bodde i en hel landsby: Regnet nordenfra lå sauefjøset, det store uthuset (fjøs, stall, låve m.m.), skytja (vedboden), stabburet, ildhuset (slaktebod), drengestuen, hønsehuset, andehus (det gamle kvernhuset som "vesledrengen" og jeg flyttet opp, så det fremdeles lå ved bekken, men nær de andre husene). Også kaniner og duer måtte huses.

Før fars tid hadde prestegården vært bortforpaktet. Likesom husene kunne den nu trenge restaurering. Så overtok far gården selv. Den gang var det ikke så vanskelig å få folk, og de ville gjerne til prestegården, for der lærte man noe. Vi hadde fast to "drenger" og tre piker, utmerkede og pålitelige folk, som virkelig interesserte seg for gårdens ve

og vel. De tok inn tørt høy midt på natten, om så var nødvendig. Da ble alle mann i huset purret. Det kunne trenges å ha god hjelp og folk som ikke var så nøye med tiden, for du verden for en karavanserai Vereide prestegård var i mine foreldres tid. De var begge nordlendinger, og det er som bekjent et gjestfritt folk, men når jeg nu som gammel tenker tilbake på det, synes jeg de drev det vel vidt - som når hver eneste seng i huset var belagt og de selv nøyet seg med den digre kassen som vårt gamle Pleyel reiste rundt i! Den gang var jeg gutt og syntes bare, at "the more, the merrier", nu begriper jeg ikke hvordan økonomien og kreftene strakk til. For det gjaldt jo ikke bare de tilreisende som slo seg ned der, men bygdens folk gikk ut og inn, og alle skulle trakteres. På dugnadsdagene kunne det være en firti mann i kosten, og på et gammelt gruppebilde fra en konfirmant-fest i prestegården teller jeg 77.

Min mor, yngste søster av Nordlands- presten Ole Tobias Olsen, var usedvanlig dyktig og sterk, og var aldri umakredd. Og far erklærte som den selvfølgeligste ting i verden at han bare la ut for Vårherre. Det må Vårherre ha vært enig i, for han fikk det igjen. Allikevel var det somme tider et svare strev for å få endene til å møtes, for gården, som det gjaldt å bringe på fote igjen, gikk med underskudd. Vi leverte melk på Sandane (7 kilometer kjøring) for 9 à 10 øre literen. Gamle Brunen gikk til slakteren for 60 kroner. Epler ble solgt for 5 kr. tønnen osv. Men den gang var kontanter gull verd.

Gloppen soknekall hadde fire kirker og to prester. Den residerende kapellan bodde i Breim, to mils kjøring fra Vereide; der det var kirke. Hovedkirken lå på Vereides grunn, men nede ved sjøen. Gimmestad anneks var tvers over fjorden (5 km sjøvei, eller omkring milen landeveien rundt). Da vi kom til Gloppen, bruktes ennu den gamle Gimmestadkirken, som ikke hadde ovn. Folk kom allikevel, men kaldt var det! Og til Hyen kirke var der 16 km sjøvei. Det var før bilenes og motorbåtenes tid, og det var besværlig. Det var somme tider også farlig. Fars formann kullseilte på fjorden. Men jeg er så glad jeg har opplevd det: en hvit seksæring, tre mann i skyssen, som satt og rodde i hvite skjorteermer, Hyenfjorden (som er en uoppdaget Geirangerfjord) blank som et speil, og over det hele en bedøvende duft av hegg i blomst. Eller en søndagsmorgen nede ved hovedkirken. Det var ménis på fjorden. Men fra Sørstranda kom det folk - nesten bare menn - som dro båter mellom seg over isen, for til kirke skulle de!

Var det fremkommelig vær og føre, var kirkene fulle. Og da konfirmantene og de to siste års konfirmerte måtte møte til katekisasjon, var kirkene også fulle av ungdom: de stakkars ofre for overhøringen og deres venner og venninner, som ville se hvordan de klarte seg. Det var en forløper for radioens "hvem vet mest". De gamle ble så ivrige at de svarte borte fra benkene.

Det var et inspirerende sted å være prest, men det var også krevende, for folk la merke til det presten sa, og husket det. Selv om det var tungvint i den gamle prestegården, - jeg husker at mor engang sa at det var omkring 600 småruter å pusse, vi hadde ikke engang telefon - og selv om begge mine foreldre hadde overhendig meget å gjøre (far var også prost o.m.a.), står Gloppen-årene og Vereide prestegård i et eget lys for meg: Hjemkomsten til jul, ofte i mørke, men prestegården lå og lyste som Faderhuset med de mange værelser. Og gildene, meget enkle og meget hyggelige, og de lange sledeturer til og fra. Den som ikke har kjørt med en lettfotet fjording, kan gå hjem og bre bilen over seg! Og våren, da! Den er ofte bedre på Vestlandet enn tiden etter St. Hans.

Jeg kan når jeg vil se far på tur for å se efter at alt var i orden, og det vil virkelig si i orden: allting på plass, feiet, vinkelrett. Og efter han kom pointeren Rapp, hønsene, duene, Kvita (vår fjordingstraver), og hva der ellers måtte være ute å gå av gårdens besetning. De var i alle fall gode venner, men han hadde gjerne også noe godt i lommen.

Og når jeg tenker på ånden i prestegården, blir aftenandakten billedet på den: den svære spisestuen med familien og gjestene og alle gårdens folk, og det selvfølgelige og enkle "samhold i det vesentlige" som denne stunden ga uttrykk for.

Gloppingene ser sine folk an, der blir man ikke godtatt for sine smukke øynes skyld. Men er man først blitt antatt, er de trofaste som få. Mine foreldre reiste fra Vereide i 1912, men da min kone og jeg var der 43 år efterpå, fikk jeg ofte høre: "I din fars tid ..." Og noe av det hyggeligste på turen var når jeg ble stanset på landeveien av en blid stemme, som spurte: "Nei! - er det ikkje han Johán!"

Når jeg tenker på Gloppen og gloppingene, vet jeg at vennskap kan bevares, selv om man ikke pleier det, og at gode minner er en velsignet ting, og at jeg er heldig som har opplevet det travle og både krevende og givende liv der var "i de gode gamle dager".

9nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 10: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Ein fin haustdag i 1976 flytte vi frå Breim prestegard på Flølo til den 200 år gamle prestegarden på Vereide.

Då vi flytte inn, levde framleis naboar som hugsa korleis det var i presten Eckhoff si tid (1912-25). Søster Elisabet Ommedal hadde vore hushjelp der ein sommar. Ho fortalde at prestefrua hadde tre terner, og den somma-ren var alle dei ni borna heime. Dagleg var dei 17 til bords, men om søndagane kom nokre slektningar som budde i borrstova, så då var dei 24. ” Eg tykte eg stod og vaska opp heile søndagen”, sa ho.

Vi var ein ung familie på fire, og vi var den fyrste prestefamilien der som ikkje hadde hushjelp, Oppvaskmaskina erstatta hushjel-pa, og borna måte ta sin del av husarbeidet. Men huset var like stort som det hadde vore , og fyrste utfordringa vår var å skaffe møblar. Far min, sløydlæraren, laga eit langbord til kjøkkenet. Han hadde laga eit langbord til stova i Breim før, så vi var godt hjelpte med bord. Snart hadde vi møblert 4 stover. Den lysaste og finaste stova blei kontor, og med fargerike gardiner og blomstrar i glasa blei det store huset raskt ein koseleg heim for oss.

Litt opp-pussing hadde det vore før vi flytte inn, men store deler av huset var slik det hadde vore i mange tiår. Berre eitt rom i fyrste høgda stod umøblert , den store mat-stova. Men dette blei snart det mest popu-lære rommet i huset, for der fekk vi bord-tennisbord. Vi budde ved eit vegkryss, og skuleplassen rett over brua var samlingsstad for born og ungdommar om ettermiddaga-ne og kveldane. Det var raskt å stikke ned i prestegarden og gå kjøkkenvegen inn på bordtennisrommet, og det var alltid triveleg å ha dei der.

Ung prestefrue i gammal prestegard

TEKST: OLAUG BAKKE GJENGEDAL

Dugnad i prestegadshagen ved ein steingard: Frå v. Olav Henden, Absalon Vereide og Oddvin Lotsberg

Å bu i Vereide prestegard

10 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 11: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Til dagleg brukte vi berre halve loftet. I den andre halvdelen var det 3 gjesterom og ein stor bispesal. Dei mørke, lange gangane på loftet kunne vere skremmande når ein hadde høyrt om Anne Blodbytte og andre gjengangarar. Det gav seg heldigvis snart, og etter 3 veker kunne vi høyre frå eitt av borna: ”Eg trur ikkje på spøkelse lenger.” Verre var det med mysene som heldt til under dei store skapa på loftsgangen ,og rottene som sprang inne i veggene. Men dei heldt seg unna når borna leika ”Gøyme og leite” og ”Cowboy og indianar” i ekte western- stil. Det var så mange krokar og kott å gøyme seg i at ein gong måtte dei gje opp å finne sistemann. Men han dukka heldigvis opp etter ei stund.

Dagleglivet vårt var prega av at det var prestekontor i huset, utan fast kontortid. Hustelefonen var også kontortelefon, og kyrkjelydssekretæren og klokkaren hadde arbeidsbord på kontoret. Der var det også god plass til komitemøte, og fleire par ynskte også å bli vigde der.

Eg var den fyrste prestefrua som var yrkes-aktiv, og ei av dei eldre prestefruene kunne

ikkje skjøne at eg ikkje fann nok å gjere i prestegarden. Eg valde likevel å ta vidareut-danning og halde fram som lærar.

I boka ”Prestegårdsliv I ” har sonen til sokneprest Prytz fortalt om deira tid i bustaden (1904-11). Han nemnde alle vindaugsrutene. Vi har hatt oppteljing, og det er 702 små ruter Dei blei ikkje vaska kvar veke, men når eg skulle ha kvinneforeining, soknerådsmøte, prestemøte og andre stor-samlingar, måtte det i alle fall vaskast i dei romma vi brukte. Eg skreiv dagbok i desse åra og ser korleis eg planla husarbeidet inne og ute og førte rekneskap. Då vi skulle ha biskop With og frua på prestemøte hjå oss, hadde eg laga meg ei arbeidsliste: Vindauge, gardiner og dukar skulle vaskast, sølvtøy pussast, blomsterbed lukast , plenen klippast og mat lagast. Menyen var kjøtsuppe og loff, gjærkringle, eplekake med krem og sjokola-dekake. Marie, god nabo og veninne, hjelpte til i ti timar, og alt var oppvaska og rydda unna då ho gjekk heim.

Av større årlege arrangement i prestegar-den var samling for 50-årskonfirmantane

om hausten, og dei som skulle konfirmerast, om våren. Det var store konfirmantkull, så eg ser vi hadde dekka til 74 eitt år. Stolar og dekketøy var det til alle, og i soknerådet var det gode hjelparar. Dei smurde smørbrød og baka kaker, serverte og vaska opp.

Det var eit aktivt organisasjonsliv i gren-da, mykje å vere med på både for born og vaksne: 4H, barneforeining, Yngres, hand-ball, fotball, pianotimar, fleire kor, endå fleire foreiningar og mange basarar.

Prestefrua hadde vore sjølvskriven leiar i kvinneforeininga for Misjonsselskapet. Slik hadde det vore i Breim også, men begge stader blei dette vanskeleg sidan møta skulle vere på dagtid og eg var på jobb. Etter kvart tok andre over leiaransvaret, og møta gjekk på omgang i heimane. Men andre foreinin-gar, som hadde møta om kvelden, kunne eg vere med i.

Prestegardshagen var stor, men som presten før oss, stelte vi berre området nærast huset. Der var det blomsterbed, plen, bærbusker og kjøkkenhage. I resten av hagen var det gamle, mektige tre, busker

Dugnad i prestegardshagen med bålbrenning: Frå v. Gunnar Tystad, Magne Vereide og Gunnar Atle Vereide.

11nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 12: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Jonsokbryllaup i prestegardshagen. 1. rad frå v: Beate Vollstad, Vegard Albert Vereide, Leiv Magnar Vereide, Evy Katrin Lund. 2. rad frå v. Øystein Vereide, Else Marie Vollstad, Ragnar Christensen, Solfrid Bakketun, Jon Atle Vereide. 3. rad frå v. Elin Lotsberg, Jorunn Lund, Trude Vereide, Ellinor Vereide. 4. rad (resten): Bente Kalsnes, Linda Kalsnes, Reidar Solås, Jon Kåre Solås, Sølvi Vereide, Oddny Margrete Vereide.

og kratt ,og Gjølet med elva og kvernhuset. Av dei kjekkaste minna eg har, er dei to dugnadene i hagen. Eitt år møtte naboane opp med traktorar, motorsager, hagesakser og river. Det blei saga, raka og rydda, og fire bål brann heile dagen. I alt var 18 vaksne og 21 born med, og betasuppe blei det på dei som ville ha. Borna kosa seg og lurte på kva tid det skulle bli dugnad igjen. Dei var godt kjende i hagen. Der var det god plass til å leike ”Politi og røvar”, og ”Gje eit lite vink” i haustmørkret, og på kanten av Gjølet var det ei spennande disse.

Året etter kom Lions på dugnad. Det var rikeleg arbeid for dei også, og vi hadde endå ein triveleg dag i hagen. Dei hjelpte oss slik at kunne halde området nokolunde ryddig.

Etter berre 6 år blei det flytting til Oslo. Flyttinga også måtte nøye planleggast. Det var nesten tretti rom som skulle vaskast . Då var det godt med tenåringsborn som kunne ha husvask som sommarjobb, og gode nabo-ar og andre vener som hjelpte til i innspur-ten. Flyttebyrået måtte hente ekstra hengar for å få alt med. Heldigvis fekk vi eit romsleg hus i Oslo, men etter tida på Vereide hadde

vi alltid litt for mykje møblar! ”Prestelåna”, som huset blei kalla, blei bygt

i 1782 og skulle etter planen rivast då Prytz blei sokneprest i Gloppen i 1904. Men han fekk løyve til å restaurere det kondemnerte huset. Nå er den staselege bygningen restau-rert igjen, og vi fekk vere med på omvising. Det er den største prestebustaden i Bjørgvin bispedømme, og han blir rekna som ein av dei topp 20 av dei freda prestegardane i lan-det, sa representanten for eigaren, Opplys-ningsvesenets fond. Takk til Prytz som nekta å rive huset i 1904! Dette er ein verdfull eigedom i Gloppen.

Dei unge prestefruene i dag får nok ikkje spørsmål om dei ikkje kan finne nok å gjere heime. Nå er det sjølvsagt at dei også skal få bruke yrkesutdanninga si. Utfordringa er vel framleis å gjere passeleg mykje. Statsminis-ter Erna har sagt at vi ryddar og vaskar for mykje, og reinhaldsekspert og bispinne Else Liv seier at det er vi sjølve som bestemmer kva som er reint nok. Det er gode signal i ei travel tid.

Så ynskjer eg den nye prestefamilien lukke til i Vereide prestegard!

Olaug Bakke Gjengedal var ung prestefrue i Vereide frå 1976.

Å bu i Vereide prestegard

12 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 13: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Det, i Statsråd 03.09.1982 å bli utnemnd til Gloppen sokneprestembete, er den fødselsdagsgåva eg har vore

mest takksam for.

I januar 1983 set vi nøkkelen i den ærverdige døra til Vereide prestegard. Over døra les vi ANNO DOMINE 1782, og forstår at dei fleste som har gått inn denne døra er døde no. Det er ein arv å forvalte.

Vereide prestegard har vore eit kultursenter i bygda, eit senter for folkeopplysning, land-bruk og utdanning. Her budde Pavels, som lærte bøndene å pode frukttre, og her har Nikolai Astrup gått i skule. Prestesønene og målarane Karl Uchermann og Eilert Prytz prøvde her ut sine fargar. Gudmund Stenersen spente opp lerreta sine på besøk hos tante og onkel. På loftet låg eit brote notestativ til minne om eit lite husorkester.

Prestelåna er stor. Det var berre Fana preste-gard som i Bjørgvin hadde større inntekter enn Vereide prestegard hadde i si velmakts-tid. Når prestane ikkje lenger dreiv garden, men vart lønsmottakarar i 1955, var nok ikkje velstanden så stor.

Vi prøvde å forvalte arven og dei mogleg-heitene det store huset gav oss. Konfirmant-leir, konfirmantfest for årskonfirmantar og foreldre og for 50-årskonfirmantar. Eldretreff med 180 gjester var rekord. Dei visste vi kom. Men ei stor utfordring vart eit misjonsstemne for NMS. Det var anteke at det kom ca. 50, men det kom 120 damer frå heile Gloppen. Nokre fekk sølvbestikk, andre plastkoppar.

Det mest arbeidskrevjande for vertinna med disse store festane, var kanskje å vaske alle dei små glasrutene. Det var fleire av dei enn det var spilar i stakittgjerdet. Ein gong eg heldt på å måle desse spilane, stogga ein bil med norske skilt, og dei begynte å snakke til meg på engelsk. Dei tilbaud meg ein jobb.

Dei trudde gjerne eg var frå Polen.Mange interessante gjester fekk vi ta imot gjennom år. Nokre blei i fleire dagar, som Kjartan Slettemark, Ludvig Eikaas, Oddvar Torsheim. Og fleire danske kunstnarar som Sven Havsteen Mikkelsen og Kjeld Heltoft. Ein kjær gjest var og Inge Rotevatn. Med han skrapte vi måling av lister, kikka på tapetlag og fann slektskap mellom Vereide prestegard og sorenskrivargarden på Eid, Leikvin.

Ein dag hadde ei gruppe på 50 pensjonistar ringt og sagt dei ville kome på vitjing. Korkje

Grete eller eg var heime då telefonen kom, men borna, ca. 7 og 10 år gamle, gjekk straks i gong med å skjere opp brød og rydde i sofaputer og avisbunkar, slik dei hadde sett mor gjere.

Ein kveld låg borna på golvet og las Donald. Då snur ein av dei seg og seier gledestrålande: «SJÅ; det blar sjølv!» Stundom var det og slik at var det noko vi ikkje ville skulle fryse, sette vi det i kjøleskapet.

Mange har følt at prestegarden har spela ein viktig rolle i slekta deira. Vi fekk besøk av ein som hadde lyst til å gå der halvbror til bestefaren hadde budd. Andre møblerte huset med døde personar: «I den kroken døde han, og i det rommet døde tante.» Men vi såg aldri noko til dei.

Dei viktigaste personane opp gjennom tidene i prestegarden har vore prestefruene som skulle vere vertinner i herskapshuset. Dei fortener å minnast. Etter 30 år gjekk vi ut og sette nøkkelen i døra og låste. Herren har gjeve oss mange år i huset, kanskje fleire enn nokon andre. Vi har opna døra for glede, men sorg har også banka på, og vi har måtta ta imot den. Eit stort og innhaldsrikt kapittel i våre liv var kome til ein ende då vi låste døra og gjekk ut 20.06.2013.

Camilla Collett seier: «Leser, har du et kjært sted som du hegner i erindringen, så bevar det trofast der, men la oss ikke besøke gamle tomter.» Det er vise ord. Men etter ein travel dag tok det ei stund før bilen lærte at han ikkje lenger skulle svinge til Vereide. Vi er takksame for den tida vi hadde huset til låns.

Olaf Sigurd Gundersen budde i prestegarden på Vereide frå han kom hit i 1983 til han slutta i 2013. Både han og kona Grete hadde eit nært og godt forhold til bustaden og hagen rundt. Foto: Harald Aske.

Å bu i Vereide prestegard

TEKST: OLAF SIGURD GUNDERSEN

13nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 14: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Det er lenge sidan no, veldig lenge-. Vi skulle flytte frå Breim til prestegarden på Vereide,

problemet var berre at han måtte fiksast på før vi kunne ta han i bruk. Difor vart det ein del turar frå Breim til Vereide for å følgje med på ombygginga. Eg må vel vedgå at eg hadde berre sånn passe interesse for byggeri på den tida. Det førte til at eg av og til fekk med ein ven eller to for å halde meg med selskap. Vi oppdaga prestegardshagen. Den var full av store, spennande tre, som måtte klivast i. Vi kom oss til og med opp i den store eika ved enden av steinmuren. Korleis vi greidde det, anar eg ikkje. Vi hjelpte vel kvarandre, tenkjer eg, vart kry og då greier ein så mangt.

Høgt oppe i eika høyrde vi at ein bil star-ta oppe i tunet. Eg skreik i, for eg trudde at far hadde gløymt oss og var på veg tilbake til Breim. Skriket var kraftig. Det hadde seg slik at paktaren, han Nils, og drengen, nett då arbeidde på jordet ut mot folkehøg-skulen. Dei høyrde skriket heilt dit. Det har eg fått høyre resten av livet. Ein bør nok tenkje seg grundig om før ein giftar seg med prestegardsdrengen. Dessutan:

”Jeg vil se bisken …”INGA MARIE BAKKE AASEBØ

eg kunne spart meg strevet, det var ikkje far sin bil som starta. Det var ”Furen”, han som stod for ombygginga.

I min fars hus var det mange rom, så mange og så store at vi berre brukte to av fire stover til vanleg. Eigentleg var der vel fem stover, men den femte brukte far til kontor. Det skulle noko til å varme opp det huset.

Kvardagar var det flest av, men dei glir ut av minnet fordi dei var kjende tema som gjentok seg dag etter dag: dåpsattest (det måtte folk ha for å ta sertifikat), lysing, dødsfall, preikarar, komitear, kvin-neforeining, samtaler –. Kanskje ikkje så rart at prestegarden for meg no mest handlar om dei store hendingane i livet.

Tanken går til min konfirmasjon, eller då bror Johnny vart ordinert til sokne-prest i Flatanger. Ja, for ikkje å gløyme mitt eige bryllaup. Tanken går til barne-dåp, jebusar, gjestebod med prestegarden som ramme. Slekt og vener kom frå fjern og nær. Korleis fekk vi plass til alle? Var det noko problem? Eg kan ikkje minnast det. Vart det trongt, så var hagen der med plass til både telt og campingvogn. Går det an å tenkje at den gamle prestegarden

opna famnen og førte mi slekt saman med ny slekt og vener – og rista oss saman? Eg likar tanken.

Concordia-samlingar -. Berre orda fyller meg med varme og takk, for Concordia gav livet retning og vener for livet. Av og til var Concordia gjester i prestegarden, det er gode minne.

Ei hending må nemnast. Etter fyrste runde i Etiopia tok Knut Sigurd (drengen) praktikum og skulle ordinerast til teneste som feltprest i Garden. Biskop Juvkam tok den lange vegen til Vereide for å utføre denne tenesta. Det var vinter og dårlege vegar. Kvelden før sat ein uroleg gjeng i prestegarden og lurte på om bispen kom seg fram. Det vart seint, og Oddrun, dottera vår på to år, måtte opp på lemmen for å sove. Bispen og kona kom vel fram etter ein tøff tur. Midt i velkomst-tumultane inne i stova høyrde vi ei barnestemme oppe i trappa: ”Jeg vil se bisken! Jeg vil se bisken!” Ein trøytt biskop vakna til live – fór ut i gangen – opp trappa til øvste trinnet der Oddrun sat - og logra så godt han kunne på bispevis. Det biletet skulle eg gjerne hatt i albumet.

Å bu i Vereide prestegard

14 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 15: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Då eg las denne leiaren, dukka det opp ei novelle eg las for mange år sidan. Ho er skriven frå den tida omgrep som «å sleppe fram» eller «å bli vist» var sentrale. Novella eg skal hente nokre klipp frå, er Forlat oss vår skuld, frå «- dei spela gullterning» (1968) av Johannes Heggland.

Jau, visst minnest eg gamlepresten, let Anna, la spøtet frå seg og batt opp hovud-plagget. Eg gjekk endå og las for han - det er no 70 år til hausten. Ein stor og hortig kar, men sinna kunne han vere! Vi ungane var så redde kan du tru. Vi skvatt mest som smale når han synte seg.

Det året vi gjekk og las, samla vi lesarborna oss på ein båt.

Eg og Ingjel hos Anders-ane var frå same garden, men han var mykje eldre enn eg, for med Ingjel var det så at han hadde gått og lese i fleire år utan å sleppe fram.

No var det tredje året til Ingjel, og både han sjølv og foreldra hans såg gjerne det vart slutt på denne idelege prestegonga.

Lesarungdomen hadde visst ikkje større moro enn når presten tok Ingjel’n for seg. Eg var stundom ikkje likare enn at eg lo når hine lo - åt han stakkaren som stod framfor presten så armodsleg å sjå til at det var som synda draup av han.

Neste vekedagen dei skulle lese, nekta Ingjel å bli med i båten. - I dag kan de fleipa av einkvan annan! - Du var ikkje likare - du lo, du Anna, og.

Presten hadde nokre veker til overhøyring om hausten og om våren. Om våren hadde Ingjel lite tid til å lese, han gjekk som dreng heime.

Ein seinkveld stod han framfor lemglaset,

ropa opp og sa meg på namn. Kan du læra meg fadervåret, bad han. Eg kjem enno i hug kor skjemd han stod der, vaksne karen. Det var så mykje han fekk orda sagde.

Anna las med han om sumaren, men var barnetaus på ein annan gard om hausten. Ho kunne ikkje hjelpe han meir.

Då Ingjel fekk høyra at eg skulle fara, bad han meg skriva ned fadervåret åt seg. - For når du fer, kjem eg til å gløyma alt det eg har lært. Eg gjorde som han bad om, og sende ein av småkarane heim til Andersstova med lappen.

Eg og Ingjel sågst ikkje før vi råkast ved kyrkja den dagen vi skulle takast ut. Han gjekk der for seg sjølv og såg ikkje til nokon kant. Eg såg det hadde vore andror for han innetter fjorden. Ei av gardsjentene fortalde meg sidan: Då båten med lesarungdom skulle i veg, hadde Anders sjølv kome ned på brygga og sagt til sonen: - No er det tredje venda du er i veg og skal uttakast, Ingjel. Men det er så mykje du veit det, at du gjer ikkje koma heim att, er det så du ber skam på oss ei vende til!

Ingjel var av dei siste som skulle uttakast.- Du Engel Anderssøn Segløen, kan du si

frem ditt fadervår i dag?Me glante dit Ingjel sat, men han rikka seg

ikkje, berre einstirde i golvet.-Nå? Presten rukka skallen. - Hører du ikke

hva jeg sier?Då reis Ingjel endeleg opp, stod og heldt

seg i stolryggen framfor. Han var mest like høg som presten.

Det gjekk eit tak før han kom seg til, men sist på fekk han då målet opp. - Fader vår, du som er i himmelen. Helliget vorde – helliget vorde -. Han gjekk i stå med eitt. Presten sette stokken hardt i golvet, og det for gjennoom oss at no skremde han guten av.

Da la eg merke til at Ingjel stirde nedfor seg, han heldt noko i handa. Det måtte vere papir-

Dei slapp ikkje lett, konfirmantane

jf. leiaren i Kyrkjebladet nr. 3/2017

lappen han fekk hos meg.- Helliget vorde ditt navn, fullførte han.- Det var riktig bra, Engel, la oss så høre

videre. Og no gjekk det på rams til han kom til den femte bøna. - Giv oss i dag vårt daglige brød og led oss ikke ut i fristelse, las Ingjel.

- Hvordan lyder den femte bønn, Engel?- Det står ikkje -, mulla Ingjel heller brydd,

han gløtta på presten.Da vart presten lei: - Står ikke den femte

bønn der, sier du? Hvordan leser du din bibel, kjære Engel, når du ikke vet at det står: Forlat oss vår skyld!

- Her skal dere se en som ikke kan sitt Fadervår, sa presten til oss. Men no var det ingen som lo. Alle visste kva dette hadde på seg for Ingjel.

Det var siste gongen eg såg Ingjel. Han var borte då vi var ferdige med kyrkja og skulle heim. Vi la til sjøs, men korkje ved naustet eller i båten var nokon Ingjel å sjå. Og det synte seg seinare det vi straks hadde ottast: Han hadde gått seg på sjøen borti vika.

Det var ved eit hende seinare at eg fekk sjå att lappen eg hadde gjeve Ingjel. Og då eg las over det eg hadde skrive, skjøna eg korleis det hadde seg at Ingjel hadde gløymt det femte bodet. Eg hadde sjølv gløymt å ta det med.

Gamlepresten tok mykje av skulda på seg, og hendinga gjorde vel sitt til at han slutta i kallet ikkje lenge etter. Eg laut til han og for-telja det heile. Men han trøysta meg: Heller var det han sjølv som hadde vore for hard mot guten.

- Jeg visste ikke at det lå så tungt på ham,

sukka han. Men så fekk vi tru han mælte med andre mål, han som rådde, og at dei som lev-de att, hadde meir trong om å be den femte bøna enn han som gjekk bort.

Asbjørgs klipp

15nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 16: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Fabrikkhallen som vart katedral

TEKST OG FOTO: GUNN HOLE

Om vi nokon gong har trudd at dei magiske stundene berre oppstår slik heilt utan vidare, så veit vi betre

no. Dei kan planleggast, øvast og drillast på slik at det endar opp som uforgløymelege opplevingar. Bergen Domkor kan denne kunsten. Dei er heller ikkje avhengige av å ha flotte, ytre rammer for å trollbinde tilhøy-

rarane med framføringa si. For Nordvest-vinduet Bygg og Innbu er ein trevarefabrikk i Almenningen, den er i full drift, og inne er det fullt opp med maskiner, utstyr og høge stablar med tremateriale. Hallane er enorme, og det er høgt under taket. Til dette lokalet inviterte Bergen Domkor til konsert i samband med Seljumannamessa. Ei uvanleg

ramme, men original og spennande. Det var gode sitjeplassar til dei fleste, men nokre måtte finne seg pallar og materialstablar å slå seg ned på.

Det vart ein fantastisk vakker konsert under leiing av Kjetil Almenning. Akustikken ytte rettferd til eit særs dyktig songkor. Dei mest

Seljumannamesse

16 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 17: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Pallar vart til tribunar, og maskiner blei til utsmykking då Bergen Domkor heldt konsert i lokala til Nordvestvinduet Bygg og Innbu i Almenningen.

Mange hadde møtt fram i fabrikklokala til Nordvestvinduet for å få med seg ei unik konsertoppleving.

Nordvestvinduet stoppa kveldsskiftet i to av hallane, slo av alle maskiner og rydda plass til kor og publikum for å få høve til å ha besøk av Bergen Domkor.

Bergen Domkor og dirigent Kjetil Almenning i aksjon under konserten.

90 tilhøyrarane vart borne fram frå den eine vakre songen til den neste. Repertoaret var breitt, frå innleiinga «Magnushymnen» frå Orknøyane på 1200-talet, til «Agnus Dei» av Tord Kalvenes som avslutning. Mykje av songutvalet i mellom desse to framføringane hadde tilknyting til Vestlandet. Vi nemner «Fløytelåt» av Geirr Tveitt/Jakob Sande, «Hvor går du, o menneske, sig?», folketone frå Selje etter Paul Berstad og «Ned i vester»

av Anders Hovden. Midt i konserten ein mektig koral av J.S. Bach: «Von Gott kommt mir ein Freudenschein». Koret bydde også på ein nydeleg, mjuk låt dikta av eit medlem i koret, «Bånsull» av Marie Rafteseth. Det

var vakkert, mektig, meiningsfylt og variert å vere til stades på Nordvestvinduet Bygg og Innbu denne spesielle kvelden. Takk til Bergen Domkor for ein strålande konsert!

17nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 18: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Med kaffi på termosen og godt kledde, har Ramon og Eliana funne seg til vel rette ved ein av klostermurane. Foto: Gunn Hole

Seljumannamesse

18 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 19: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Glasverandaen på Atelier Amdam i Selje er den perfekte staden for ein god prat. Eliana Miranda og Ramon

Hernandez Moraga frå Byrkjelo har vore på Seljumannamesse for første gong, og rundar av turen med eit besøk hos kunstnaren ved storhavet.

«Vi har tenkt på å ta turen ut hit til Selje i årevis, og endeleg blei det», smiler Eliana. «Eg hadde ikkje klare førestellingar om korleis Seljumannamessa gjekk føre seg, og kom med ope sinn.» Ramon på si side trudde at det kom til å bli eit uformelt opplegg, kanskje likt ei stølsmesse, sidan det var utandørs. «Men dette var heilt annleis», understrekar han. «Eg opplevde seremonien som svært høgtideleg og vakker, reint sakral. Stemninga var til å ta og føle på. Knapt nokon let seg forstyrre av at det regna om lag heile tida, merksemda var retta mot messa. Korsongen var også svært vakker og heldt eit høgt nivå. Det heile var ei veldig fin erfaring.»

«Eg la særleg merke til at talaren snakka om miskunn», legg Eliana til. «Den tidlegare biskopen trekte ein parallell mellom legenda om St. Sunniva som la ut på det opne havet for mange hundre år sidan, til båtflyktningane i Middelhavet i dag. Med storhavet rett utanfor Selja, vart dette svært konkret. Det er alltid nokon som treng hjelp, og vi er berre menneske alle saman, vi treng at nokon bryr seg.

Noko anna som tiltalar meg med den protestantiske kyrkja, er at det vert halde guds-tenester ute i naturen. Sjølv er eg oppvaksen i ein katolsk heim, men har alltid reagert på at dei katolske kyrkjene sit på store rikdomar og er utsmykka med gull og dyr kunst, medan folk flest er fattige. Eg trur miskunn, og nær-leik både til andre menneske og til naturen, er vegen å gå.»

Både Eliana og Ramon uttrykkjer begeistra at dagen har vore flott og minnerik. Ei Selju-mannamesse er noko alle burde få med seg,

i alle fall ein gong i livet, etter deira syn. Avstanden frå bygdene i Nordfjord og andre nærområde er overkommeleg lang for ein dagstur. Det spørst likevel om det blir fleire turar til Selje for dei med det første. Planen deira er no å flytte frå Byrkjelo til Stavanger, der dei har ein son og eit barnebarn. For 30 år sidan kom dei som flyktningar frå Chile til Norge saman med to mindreårige barn og fekk busetje seg i Gloppen. Dei hadde begge ihuga støtta president Allende sine idear om fridom og sosial rettferd, noko som fekk svært alvorlege konsekvensar då diktatoren Pinochet kom til makta. Til slutt måtte dei rømme for å berge liv og helse. No er alt dette historie, sjølv om minna lever i kropp og sinn. Eliana og Ramon fekk heldigvis erfare kva det betyr for ein familie å bli vist velvilje og få ein ny sjanse i eit framandt land. Dei avrundar praten vår på glasverandaen slik: «Orda frå talaren om å vise miskunn, er like aktuelle no som då.»

På Seljumannamesse for første gong

TEKST: GUNN HOLE

Glasverandaen på Atelier Amdam var ein høveleg stad for ein god prat, særleg når regnet silar ned. Frå venstre: Ramon, Gunn og Eliana. Foto: Anders Hole.

19nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 20: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Den vesle øya Selja er ein stad å undre seg, og få reiser nok derifrå urørte. På denne siste utposten mot stor-

havet ligg det makelause ruinanlegget etter Selje kloster i eit fantastisk vakkert landskap.

Ut mot havetTEKST OG FOTO: GUNN HOLE

Helgendyrkinga knytt til Seljumennene, og seinare til St. Sunniva, starta kring år 1000 og vart det første pilegrimsmålet her til lands. Omkring hundre år seinare vart der bygt eit benediktinarkloster på øya, vigd til

St. Albanus, og dette er truleg det eldste i Noreg. Messa som blir feira på minnedagen har frå dei eldste tider blitt kalla Seljumanna-messe. I dag står berre klostertårnet att i full høgde, men deler av murane frå dei andre

Seljumannamesse

Inngangsprosesjon. Bakarst frå venstre: Prost Rolf Schanke Eikum og biskop emeritus Tor Berger Jørgensen. Tidl. sokneprest i Vanylven Ruth Glæstad og sokne- prest i Selje Kari Leine Balog (delvis skjult). Prostiprest i Nordfjord Henny Koppen og sokneprest i Askøy Harald Forland. Sokneprest i Jølster Silje Sørebø og sokneprest i Hornindal Hege Høibye. Korsberar Oddvar Almenning.

20 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 21: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

bygningane er der framleis, samt store terrassar oppe i fjellsida framfor Sunnivahola.

«På en helt spesiell måte møtes tid og evighet, uendelighet og historie, tro og håp på denne lille øya ytterst mot storhavet.

Blikket vandrer mot himmelhvelvingen høy og endeløs, og mot storhavet som åpner seg grenseløst; under føttene har du vigslet jord og hendene hviler mot stein som for snart tusen år siden er murt lag på lag i lov og takk til Vårherre; bak din rygg den hellige kilden og fjellhulen der den hellige Sunniva og Seljumennene fikk sitt jordiske hvilested før deres reise gikk videre til de himmelske saler.» Slik skildrar Helge Magnus Iversen øya Selja på nettsida til Den katolske kirke. Årets Seljumannamesse var tidfesta til søndag 2. juli. Trass i meldingar om regn, var det mange som møtte fram på kaia i Selje sentrum denne søndags morgonen for å ta båten over til øya. Ei heil busslast med folk kom frå Skei, samt pilegrimar og folk

Bergen Domkor forsterka med messingkvintett. Dirigent: Kjetil Almenning.

Soknepresten i Jølster, Silje Sørebø, forrettar ved alteret. Sitjande frå venstre: biskop emeritus Tor Berger Jørgensen, prost i Nordfjord Rolf Schanke Eikum, tidl. sokneprest i Vanylven Ruth Glæstad, sokneprest i Selje Kari Leine Balog og prostiprest i Nordfjord Henny Koppen.

Nattverdbordet er dekka i Selje kloster.

21nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 22: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

frå både nær og fjern. Høvelege klede mot vind og regn hadde dei aller fleste sikra seg, og då vert utandørsmessa ei flott og sterk oppleving uansett ver. Samlinga starta med ein høgtideleg inngangsprosesjon til song av Bergen Domkor som hadde valt den særs høvelege Sunnivahymnen. Seinare vart det fleire vakre songar frå dette eminente koret, som ved dette høvet var forsterka med ein messingkvintett. Preika var ved biskop emeritus Tor Berger Jørgensen som tala over evangeliet i Lukas 5, 1-11, om fiskarane ved Genesaretsjøen som fekk råd frå Jesus om å kaste ut garnet på hi sida av båten då dei var motlause over ikkje å ha fått fisk. Seinare i messa var det utdeling av nattverd, sjølv om regnet draup tett. Som utgang fekk vi igjen høyre Sunnivahymnen av Bergen Domkor. Med dei vakre tonane som etterklang i øyra, kunne vi i sindig munketempo ta fatt på den halvtimes gåturen tilbake til kaia der båten venta.

Fekk du ikkje med deg Seljumannamessa i år? Ta turen til Selja søndag 8. juli 2018!

På biletet over ser vi klosterruinane på den vesle øya Selja under årets Seljumannamesse. På biletet nedanfor ser vi kyrkjelyd og kor i samsong.

22 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 23: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Gudsteneste og fjellstemne på Utvikfjellet

Eit arrangement med historisk sus

Søndag 6. august var det Breim sokne-råd sin tur å arrangere fjellstemnet på Utvikfjellet. Dette arrangemenet går på

omgang annankvart år for Breim og Utvik å lage til. Mange frå Vikasida var komne for å vere med trass den store flaumen friskt i minne som gjorde sine øydeleggingar. Flaumen den 24. juli var også noko som Ingemar Sårheim tok med i velkomstorda i gudstenesta og ut-trykte takk for at ingen menneskeliv gjekk tapt.

Tore Myklebust heldt preike over teksten i Matteus kap. 11, 28-30; Kom til meg de som har tungt å bere; eg vil gje dykk kvile.. Livet kan gje oss menneske mange ulike byrder som er tunge å bere. Jesus tek imot som vi er og det som vi ber med oss av synder, sorg, sakn og bekymringar. Av og til kan Jesus sende eit medmenneske til oss som kan

hjelpe oss når vi treng det som mest.Jon Oddvar Kandal og Helene Myklemyr

Bolstad spela til salmane på fele og trekkspel og avslutta veldig vakkert med brudemarsj frå Undredal som postludium.

Fjellstemnet er eit arrangement med historisk sus. Det første fjellstemnet vart avvikla i byrjinga av juli på Nuken på Utvikfjellet for 117 år sidan. Seinare vart det flytta inn til Brekka der Brekkestova framleis står. Fjellstemnet var eit stort kulturarrangement i si tid og samla mykje folk frå store delar av Nordfjord.

Etter gudstenesta og kyrkjekaffien fekk vi ein bolk med historie om fjellstemna og spele- mannen Gabriel Reed. Han var den som tok initiativ til at det første fjellstemnet vart arrangert. Han var oppteken av at folk skulle

få høve til å samlast i festlege lag. Jon Oddvar Kandal fortalde fleire gode historiar og i lagt med Helene Myklemyr Bolstad framførte han eit rikt tonefølgje av slåttar som Gabriel Reed har laga. Gabriel Reed laga også ein eigen slått som fekk namnet Fjellstemnet. Det er ein slått som går både i dur og moll med glade tonar for å symbolisere når folk møttest og triste tonar når dagen var til endes og folk måtte ta farvel med kvarandre. Gabriel Reed likte å lage slåttar som er gode å danse til. Han dreiv opplæring i stryke- instrument for ungdommen og danna det som vart heitande Breimsmusikken.

Det vart nemnd at i 2019 er det 150 år sidan Gabriel Reed vart fødd. Då kan det hende at vi er heldige å få ei særskilt markering av dette jubileumet.

Ingemar Sarheim leia programbolken om fjell- stemna si historie og Gabriell Reed.

Jon Oddvar Kandal og Helene Myklemyr Bolstad medverka med fleire musikkinnslag. Preike ved Tore Myklebust.

23nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 24: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Tidlig tirsdag morgen 27. juni var det flere spente ungdommer som stod klare på Nordfjord folkehøgskole med mål om å komme seg til Bø i Telemark. Odd Bjarne Tveit stilte sporty opp som bussjåfør. De var klare for KRIK-leiren ACTION, som er en stor multisport-landsleir for ungdommer fra hele landet i alderen 14-17 år.

KRIK SANDANE PÅ ACTION

Turen nedover gikk meget bra, og et stabilt tørt og varmt vær var godt å kjenne på for bløte og kalde nordfjordkropper.

I fem dager var det god stemning i leiren blant nærmere 1000 andre deltakere og unge ledere som alle bodde i telt på camping-plassen. Det var høy aktivitet fra morgen til kveld. Hver formiddag var Gloppen-ung-

dommene med på aktiviteter som beach-håndball, vannsport, kondis, akrobatikk, volleyball, fotball og longboard. Ellers var det morgen- og kveldsmøte, bading i Bø Sommarland med magasuget, bølgesurfing og vannmoro … kortspilling i teltet, drøsing på KRIK-markedet, snoping på butikken og selvsagt natterangling.

KRIK

24 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 25: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Vi vil gjerne skryte litt av ungdommene, som viste stor omsorg for hverandre og hadde en god tone seg imellom. Særlig kom dette til uttrykk da ei jente ble syk og ei anna brakk tåa i kampens hete.

Fam. Nesgård stod for frokosttelt med havregrøt, egg og brød til sultne og trøtte KRIKere.

Siste kveld på leiren var det selvfølgelig pizzabakerens pizza som ble servert. Litt lite pizza, men, men …

Her er en del av gjengen samlet foran Nordfjord folkehøgskoles minibuss med henger, klare for hjemreisa til Gloppen.

Stor takk- til folkehøgskolen i regi av KRIK-linja

som leide minibuss til oss- til Odd Bjarne som «ofret alt» og kjørte

minibussen frem og tilbake - til Stiftinga Kyrkjelydsarbeid i Gloppen

som sponset reise, matutgifter, kost og losji for sjåfør m.m.

- til alle KULE ungdommer som var med, uten dere hadde det blitt svært kjedelig …

Husk KRIK-mottoet: Apg 17,28 a: For det er i han (Jesus) vi lever, beveger oss og er til. KRIK står forresten for Kristen Idrettskontakt, en kristen organisasjon som har fokus på

idrett, friluftsliv, ungdom og tru. Disse tøffe gloppe-ungdommene var

med: Erik Pelé, Thomas, Tore, Sivert, Odd Arne, Magnar, Andreas, Even, Mariann, Julia, Gunhild, Berit, Jenny, Kristense, Peder Andreas, David

Bakkemannskap: Margot, Arne, Mathias, Vegard

Hilsen Margot og Arne Nesgård.

PS! Satser på tur til neste år også og at mange blir med.

25nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 26: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

NON- STOP BØN

Tykkjer du det er vanskeleg å be? Her er eit tips. Ta ei lita skål og fyll den med Non-Stop eller Smarties. Ta så eit og eit drops og lag ei bøn for kvart drops.

Raude – tek du eit raudt drops så be for nokon du er glad i.

Gult – tek du eit gult drops, så be for nokon du kjenner på skulen eller ein nabo td.

Brunt – tek du eit brunt drops, så be for noko du gruar deg for, eller som du tykkjer er skummelt eller vanskeleg.

Grønt – tek du eit grønt drops, så be for noko av det Gud har skapt.

Orange – tek du eit orange drops, så takk Gud for noko.

Om du tykkjer dette høyrest vanskeleg ut, så få gjerne med deg ein vaksen. Du kan og bruke andre drops med andre fargar, og du kan finne på bøneemne sjølv. Hugs at du kan snakke med Gud om alt.

4

6

7

1

9

38

2

105

Sjå på dei nummererte bilda og finn ut kva ord som passar i kryssordet. Når du har løyst mange, ser du i det grå loddrette feltet kva for eit "hemmeleg" ord som var mest aktuelt då kryssordet blei laga. Fasiten finn du nede til venstre på side 50.

BARNEKRYSSORD

26 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 27: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Hausttreff på Nesholmen i oktober20.-22. oktober arrangerer KFUK-KFUM hausttreff for ungdomar mellom 13-19 år.

Dei som vart konfirmerte i år er særleg invitert og har fått eit gåvekort på delar av leiravgifta.

Omtale av arrangementet ligg alt ute på Facebook. Søk på: «Hausttreff - for alle ungdomar 13-19 år».

For alle babyar i Gloppen. Bli med, då vel!

• leik og læring med song og regler, rim og rytme• sosialt for små og store• for alle babyar frå ca 1 mnd – ca 1 år med følgje

Vi møtest i Sandane kyrkje annakvar tysdag. Oppstart tysdag 5. september.

Trusopplæring

Lys vakenOvernattingsleir i kyrkjene i Gloppen for dei som er 11 år (frå 2006-kullet).

Breim kyrkje 25.-26. novemberHyen kyrkje 2.-3. desember (for både 2005- og 2006 kullet)Vereide kyrkje 9.-10. desember

Småbarnstreff for barn frå 1-4 år med følge

samlingsstund med song, rim og rytme leik og prat felles matpakkelunch med servering av

varm og kald drikke.

Vi gler oss til trivelege treff i haust: Sandane kyrkje Laurdag 2/9, 30/9, 28/10, 25/11, Kl 10—12

TRUSOPPLÆRING I GLOPPEN

Spørsmål? Kontakt Ingrid Bjørnereim: 988 03 053/ [email protected] Sjå og www.gloppen.kyrkja.no

Ill. Ella K. Okstad

Kl. 11.00 Vi opnar døreneKl. 11.15 Songstunda startarKl. 12.00 Lunsj med medbrakt matpakke

Vi serverer kaffi og te. Velkommen!

Spørsmål? Kontakt Ingrid på mob. 988 03 053.

www.gloppen.kyrkja.no

Babysong

27nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 28: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Det var ein vakker maikveld vi fekk oppleve konsert med Sigrid Molde- stad i Breimskyrkja, Sigrid si dåps-

og konfirmasjonskyrkje; den kyrkja ho er mest knytta til, som ho sjølv sa. Overskotet denne kvelden skulle gå til renovering av Peder-huset.

Huset der Peder Råd budde, står ved Fjordhestgarden. Å ta vare på Peder sitt hus

kallar Sigrid Moldestad eit hjarteprosjekt, noko ho vil arbeide for og prøve å få til.

Sigrid hadde snakka med Roald Veien, som kunne forsikre henne om at huset ikkje er falleferdig, men det treng vedlikehald.

Peder Råd var ein viktig tradisjonsutøvar i Breim. Han var ein av Sigrid sine første læremeistrar og ein viktig tradisjonsberar. Han var også John Oddvar Kandal sin fremste

læremeister. Breim har fostra mange gode spelemenn, som Gabriel Reed, Per Støyva, Peder Råd og John Oddvar Kandal. Og vi kan med glede føye til Sigrid på den lista, for ho fører tradisjonen vidare, om enn på sin eigen måte.

Det vart framført mange ulike nummer denne kvelden: Himlen har sove bort mør-kret, Eg vil vere her lenge, så eg får sjå kor

Herleg samspel og stort engasjement

TEKST OG FOTO: HARALD ASKE

Mykje folk var samla for å få med seg konserten med Sigrid Moldestad med band saman med Breimskoret. NRK var til stades og skal følgje opp dette prosjektet eit år.

28 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 29: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

T.v. Sigrid Moldestad – dyktig både som songar og spelekvinne. Over: Sigrid saman med nokre av musikarane og delar av Breimskoret. Samspelet mellom solist, musikarar og kor var veldig bra.

det går, Haustkveld ved havet – for å nemne nokre av dei mange songane i konserten. Alt vart framført med god støtte i eit velklingan-

de orkester på fem medlemmer, på fele, gitar, bassgitar, keybord og slagverk. Kanskje var samarbeidet med Breimskoret det som fasinerte oss mest denne kvelden. Det gav konserten større breidde og berika klangen. Vi lurte litt på kven som hadde arrangert songane på ein så elegant måte. -Eg har jobba

dei i hop saman med Karl-Johan Ankarblom som er orkestrator, fortalde Sigrid.

I kommentarane mellom songane framhe-va Sigrid sin nære kontakt med Breimskoret og takka dirigenten, Solfrid Bjørkum, for at ho hadde gitt ho tillit som solist med koret og kva det hadde å seie for hennar karriere.

Mange hadde møtt fram for å få med seg denne konserten og støtte Sigrid sitt prosjekt.

29nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 30: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

I boka «På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane» kan ein lese om kyrkjer på Gimmestad no og i tidlegare tider. Det er fortalt at ei

gåve frå to systrer som vart redda frå livsfare, vart brukt til å reise den første kyrkja – omtala i 1308, truleg ei stavkyrkje. Då denne vart riven, kom der opp ei tømra kyrkje i 1652. Denne kyrkja bles over ende i ein kraftig storm i 1690. To år seinare stod noverande gamle Gimmestad kyrkje klar til bruk. «Raudmåla, på eit høgdedrag på sørsida av fjorden, ligg gamlekyrkja på Gimmestad. Ei lita, flott kyrkje som i store trekk er bevart slik ho vart oppbygd i 1692. Av trekyrkjene i Nordfjord er berre Ålfoten eldre, men

Gimmestad er ei av dei få vi har igjen i dag som framleis er raudmåla.» Bukta ungdoms-lag gjekk i brodden for å ta vare på den gamle kyrkja etter at nyekyrkja var teken i bruk i 1910. I 1914 gjennomførte kommunen ei større restaurering av kyrkja med offentleg støtte. (På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane) Grunnmurane har sigeAlderen krev sitt av alle bygningar, kanskje mest av dei som er bygde i tre. Godt grunn-arbeid er avgjerande for stabiliteten i bygget, og i gamle Gimmestad kyrkje var det etter kvart mange ting som burde gjerast. Erlend Gjelsvik frå Jølster Bilelag har allereie gjort ein god del saman med medhjelparen sin,

Trond Kvamme. Gjelsvik fortel:

Grunnmurane har sige, og det er utført eit omfattande arbeid for å få murane stabile. Det er lagt inn 70-80 cm breie heller fortløpande frå 0,5 m–1 m nede i grunnen. Dermed har ein forbetra bereevna for heile bygget. Putene er plasserte midt på desse hellene, slik at trykket vert midt på hellene.

På nordsida fann dei 70-80 cm feit jord un-der murane, så det er fantastisk at bygget har greidd seg såpass bra. I nordaust står kyrkja på ein kjempestor stein. Dette gjer at kyrkja ikkje har sige der, men når veggane sig andre stader, oppstår der spenningar i bygnings-

Vøling av gamle Gimmestad kyrkje

TEKST OG FOTO: HARALD ASKE

Gamle Gimmestad kyrkje slik ho står i dag.

30 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 31: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

massen. På sørsida har bygget sige ca.13-15 cm, på nordsida 30 cm. Spenninga i bygget har skjedd for lenge sidan. Alle konstruksjo-nar trivst best i opphaveleg form.

I vinter hadde Gjelsvik alle vindauga i kyrkja plasserte i sin verkstad på Jølster. Der tok han ut alle smårutene, pussa treverket og grunna 3-4 strøk med rå linolje før dei vart måla. Så kunne rutene setjast inn att og kittast. Nokre karmar var også ute.

Ventar på Riksantikvaren Før arbeidet kan gå vidare, må Riksantikva-ren godkjenne kva som skal gjerast. Skal bygget jekkast opp? Taket på nordsida må uansett skiftast. Taket har nok vore retta opp tidlegare, men vi må vite kva vi skal gjere. Vi kan ikkje vente på Riksantikvaren som vil kome i oktober. Det er for seint for oss, fortel Gjelsvik, som tidlegare har vore med og retta opp Urnes stavkyrkje og løfta Undredal kyrkje 30 cm.

Møte med einsemdaDIKT AV MARTIN Ø. OMMEDAL

Han sat der tenksam og stille, då tilfeldig eg kom forbi,eg stogga og slo av ein prat, no hadde eg bra med tid.Vi snakka om heilt kvardagslege ting, eg spurde om helsa var bra,han var ingen ungdom lenger, eg såg det om han ikkje det sa.

Han budde i bortgøymd hytte, tett attmed frodig skog,litt bakom trea stod steile fjell, med ufser og ville flog.Men hytta var solid tømra, i ly for skakande ver,der levde han Arthur sitt stille liv, beskjeden i all si ferd.

Når nokon trong hjelp i bygda, til arbeid av ymse slag,var Arthur god å gå til, han tok gjerne ein lang arbeidsdag.Men skogen var hans arena, der trivdest han aller best,der følte han at han levde, litt ulikt sambygdingar flest.

Han Arthur budde åleine, slik var det i livet hans blitt,sume av oss tenkte vel så, han hadde det sutlaust og fritt.Eg spurde forsiktig om dette: "Du Arthur har det jammen bra,som er fullt ut din eigen herre, du kan dagleg det fredeleg ha."

"Å, eg har no ein sambuar heime, om dei færraste henne ser,men eg vil ikkje akkurat påstå, ho er meg så inderleg kjær.Men ho møter meg trufast i døra, kvar gong eg til hytta finn,og tidt vert ho med meg på turar, i dagslys og måneskin."

Han bad meg bli med til hytta, så eg kan få helsa på,den sambuar vi trudde var "dama", som ingen i bygda fekk sjå.Han låste opp ytterdøra, bad meg inn og få sitje ned,eg merka kor her var stille, her rådde ein talande fred.

Om litt kom der krus på bordet, og kjelen med kaffi oppigav godlukt som fylte rommet, og praten kom lett på gli.Arthur fortalde litt lågmælt, om heile sitt vaksne liv,om draumar han hadde om henne, som kunne bli hans kjære viv.

Men einsemda blei den løyndom, som berre han kjende til,som førte han inn i ei krise, i nagande uro og tvil -Alt blei ikkje slik han ynskte, åleine i livet han vart,men minne frå ungdomstida, dei har han i minnet bevart.

Medan skuggane omslutta hytta, og kaffikjelen vart tom,vaks Arthur i mine auge, han var utsett for urettvis dom.Han var rekna som ein særling, som original og litt rar,det hende vel og at spitord blei sagt, og få tok han i forsvar.

Den stunda vart fort til timar, eg sat der og lydde på,fekk glimt av eit liv i motgang, som dei færraste kunne forstå.Han takka meg varmt for praten: "Du må gjerne koma att,ei stund no var einsemda borte, trur eg får meg ei roleg natt".

Tankefull tok eg på heimveg, vondt å gå frå den einsame mann,men no visste eg meir enn før, at min kunnskap var ikkje sann.Eg fekk innsyn i noko den kvelden, som Arthur viste meg:Prøve sjå og forstå kvarandre, vi går langs den same veg.

Vindauga ser no fine ut, med ny måling og kitt.

Det er interessant å studere linjene i både mur og bordkledning.

Taket på nordsida «skrik» etter fornying.

31nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 32: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

HOVUDENTREPRENØRHBV BETONG AS

INVENTARKONTORSPAR SANDANE

GRUNNARBEIDOLAV HJELMESET AS

PROSJEKTERING / BYGGELEIINGPROSJEKT SYSTEMER AS

TØMRARARBEIDETERIK SEIME AS

TØMRARARBEIDETENDRE MYKLEBUST AS

ELEKTROHENDEN ELEKTRO AS

VENTILASJONEVEBØ-BLIKKENSLAGERVERKSTAD

MÅLING GOLVBELEGGFIRDA MÅLARSERVICE AS

RØRLEGGINGPEBO RØR

VI GRATULERER

GLOPPEN KYRKJELEGE

FELLESRÅD MED

NYBYGGET - OG

TAKKAR FOR

OPPDRAGET!

Page 33: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Ope HusStad: Sandane kyrkjeTid: Måndagar, kl. 19.30 - 21.30.

Klubb for deg i ungdomsskulen og vidare- gåande! Her kan du spele biljard, bord-tennis, airhockey, kort, brettspel, skyte med luftgevær, og mykje meir!

I løpet av kvelden har vi og ei samling med informasjon og ei kort andakt. Vi har kiosk med pizza og brus kvar gong.

Ope hus er ein møtestad som er open for alle. Du kan bli medlem, men det er ikkje eit krav. Eit ope hus er ein plass du kan komme når det passar for deg, her treng ein ikkje møte fast. Men vi ynskjer at dei som kjem, er der heile kvelden, også på samlinga! Men det er greitt at dei som kjem frå trening, kjem seint.

Det vert organisert transport tilbake til Breim, for dei som kjem derifrå. Kontaktperson: Asbjørn Gjengedal.

Joy-singFor musikk-glade ungdomar i ungdoms- skulen og vidaregåande.

Stad: Sandane Kyrkje, Tid: Annakvar mandag, kl. 18.00 - 20.00

Likar du dans, drama, musikk, band, synging eller likar du berre å henge og vere sosial? Då er Joy Sing kanskje plassen for deg. Vi syng pop, rock, gospel i lag, reiser på leirar. Vi er kanskje ikkje så mange, men miljøet er kjempebra!

Spørsmål kan stillast til Eli Myrhol Devik på mob. 958 73 429.Historikar og Luther-biograf Heinz Schilling går i

rette med Luther-mytene. Foto: Joakim S. Enger.

Bøker av Luther:

Luthers store katekismeDenne boka skreiv Luther med prestar og predikantar som målgruppe. Eg siterer frå føreordet:

«En kristelig, gagnlig og nødvendig fortale og en tro og alvorlig formaning av dr. Martin Luther til alle kristne, især alle prester og predikanter, at de daglig skal øve seg godt i katekismen og alltid innprente den.»

Boka inneheld: Den første part: Boda. Den annen part: Trusartiklane. Den tredje part: Herrens bøn. Den fjerde part: Dåpen. Den femte part: Nattverden. Til kvar part har Luther skrive fyldige forklaringar. Det er interessant lesnad den dag i dag, både for lek og lærd.

Luthers vesle katekismeLuther hadde sut for kunnskapsmangelen hos allmugen. Han skreiv difor ei lita katekisme, med særleg tanke på born. Far skulle stille spørsmål ut frå denne, og borna skulle svare. Slik voks familien i kunnskap. Boka er bygd opp med dei same hovudkapitla som den store, men skriftemålet er med i denne. Den vesle katekisma finn vi i Norsk salmebok 2013, den raude boka. Kanskje den moderne familien kunne ta opp skikken med å høyre i eller samtale om tema frå katekisma? Kva med å «høyre» seg i det ein lærte på skulen? I vaksen alder forstår vi innhaldet frå ein annan ståstad enn det vi gjorde som barn.

Bøker om Luther:

Heinz Schilling: Martin Luther. Rebell i en brytningstid. Vårt Land forlag, 2016. Omsett frå tysk av Eivind Lille- skjæret.

Ein kan bli skremd av boka sitt omfang: 620 sider, i tillegg 80 sider med notar! «Setter reformatoren inn i en større idéhistorisk og allmennhistorisk kontekst», skriv Tor B. Jørgensen. Boka er det eg vil kalle lettlest, sjølv ein ikkje-teolog vert riven med. Ynskjer du meir innsikt i trusskiftet, det politiske omskiftet og synet på familielivet på Luther si tid, les denne boka. Etterpå kan du reflektere over kva Luther fekk å seie for samtid og ettertid.

Knut Alfsvåg: Møter med Luther. Lunde forlag, 2017.

Denne boka er skriven for å bli nytta i undervisning av teologiske studentar, noko som pregar henne. For den som vil gå inn i kva som var nytt med Luthers lære, og kva som er det sentrale, er dette ei god kjelde. Eg vil spesielt nemne kapitlet om nattverden og Jesu nærvær, det gjev bakgrunn for ulike syn på sakramentet. Nokre gonger kan det vere greitt å ha kjennskap til kvifor det er ulike syn, ikkje berre at det er slik.

Steinar Imsen: Da reformasjonen kom til Norge. Cappelen Damm, 2016.

Forfattaren er professor emeritus ved NTNU i Trondheim. Tema i denne boka er korleis kyrkja i Noreg måtte vike plassen for den danske kongemakta på slutten av 1530-talet, og konsekvensane av det.

Han gir ei god og grundig innføring i trusskiftet, det politiske skiftet og endringa frå bispedøme til stift. Han gir innsyn i dei vanskane som prestane hadde å stri med andsynes kyrkjelyden. Det var vanskar andre vegen òg, der fattigfolk skulle betale for kyrkjelege tenester utan å ha midlar til det. Folketrua skulle utryddast, noko som skapte konfliktar mellom prestane og kyrkjelydane.

Kort omtale av bøker av og om Luther

AV ASBJØRG APALSET

33nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 34: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Friluftshelga i Hyen

34 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 35: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

I 1950 reiste Hyen kyrkjelyd ein bauta- stein til minne om kyrkja som stod

på Hope i mellomalderen. I løpet av det siste året har soknerådet hatt eit prosjekt med å reinse steinen, og å måle opp att dei graverte bokstavane. Kyrkjesteinen var startpunktet for kulturvandringa

Kulturvandring til bauta på Hope

TEKST: SOLVEIG HOPEFOTO: OLAV KLUNGRE

Friluftsgudsteneste på Hopsstøylen

TEKST: SOLVEIG HOPEFOTO: OTTAR HOPE

På søndagen var nærare 250 personar samla til friluftsgudsteneste på

Hopsstøylen. Vi var heldige med vêret, og folk kosa seg både under og etter gudstenesta. Tore Myklebust heldt ei god preike, medan Anders Rinde spelte

til salmesongen på eit medbrakt orgel. Vokalgruppa RAST hadde songinnslag. Etter preika kunne dei frammøtte kjøpe rømmegraut, kaffi og kaker, og elles prate og nyte den fine dagen.

gjennom grenda, og her fortalde Steffen Hope litt om det kjeldene seier om kyrkja. Det var mange oppmøtte. Etter ei vandring med fleire kulturminne, var det mogleg å kjøpe kaker og kaffi på låven til Gro og Tore Sæten. Der vart det òg musikk-innslag.

Som mange år tidlegare, var det òg i år konsert i kyrkja i friluftshelga. Marthe

Aa i samarbeid med soknerådet hadde ansvar for konserten. Ei fullsett kyrkje fekk høyre song av unge hyarar, både som solistar og i gruppe. Hyekoret song, og det vart spelt både orgel, fele, trekkspel og piano. Marthe hadde i tillegg med seg songarar frå vokalgruppa RAST, som har base i Trondheim.

Kyrkje-konsert

TEKST: SOLVEIG HOPE

35nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 36: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

På ein av dei få fine sommarverdagane som vi har hatt i år, kunne Breim sokne- råd halde gudsteneste på Myklands-

støylen. Søndag 23. juli var støylskvia full av folk som hadde samla seg til gudsteneste og dåp. Dette er første gongen det har vore dåp på Myklandsstøylen. Det var veldig fint at nokon ville nytte høvet å ha dåp i samband med denne gudstenesta. Tore Myklebust heldt preike om den bortkomne sauen og Guds kjærleik til oss menneske noko som

Fin dag på Myklandsstøylen med gudsteneste, landbruk, natur og

kultur hand i handTEKST: VENKE KOLLBOTN

passa svært bra sjølv om det er geiter som dei driv med på Myklandsstøylen. Orgelmusikk til salmesongen fekk vi også ved Anders Rinde.

Støylen ligg vakkert til omkransa av fjell med flott utsyn utover dalen. Stien opp på Skjorta går frå støylen. Velhaldne sel og hytter ligg i ei klyngje og er plasserte akkurat der for å ligge minst rasutsett. Kulturlandskapet vert godt halde ved like ved hjelp av beitande dyr.

Etter gudstenesta fortalde Aksel Rygg, ein av eigarane av støylen litt om støylsdrifta før og no. Myklandsstøylen har lange tradisjonar og er framleis i drift. Tidlegare hadde dei sitt eige meieri der. No vert geitene melka 6 veker om sommaren på støylen. Melkebilen kjem og hentar melka kvar 3. dag. Det har vore mange budeier på støylen opp gjennom åra. Eg var heldig å treffe ei av dei som budde på støylen heile sommaren før i tida for å ta seg av melkinga. Det var Bergfrid Kandal.

Den fyrste dåpen på Myklandsstøylen nokon gong. Foto: Gunn Hole.

36 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 37: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Ho viste meg inn det gamle fine selet sitt der ho framleis er mykje om sommaren. Eg var også heldig å treffe to frå den yngre generasjonen, Sara Thingnes Kandal og Line Kandal Ramslien som no melkar geitene om sommaren på støylen og tek desse viktige tradisjonane vidare. Tradisjonar som er

viktige å ta vare på både av omsyn til å ut-nytte utmarksressursar, oppretthalde eit flott kulturlandskap og ein variert måte å drive landbruk på. Eg fekk kome inn i støylsfjøsen til Per Kandal og fekk sjå på melkinga av geitene. Eg fekk inntrykk av dei synest at livet og arbeidet på støylen om sommaren er bra.

Til slutt fekk eg også sjå inn i selet til Oddmund og Klara Midtkandal. Veldig kjekt og interessant og sjå og oppleve alt saman. Takk for all gjestfriheit til dykk på Myklandsstøylen!

Aksel Rygg, ein av eigarane av Myklandsstøylen, fortalde litt om drifta før og no. Foto: Venke Kollbotn.

Vakkert ver og mykje folk samla p å Myklandsstøylen denne dagen. Foto: Venke Kollbotn.

Etter gudstenesta fekk eg kome på besøk i støyls- fjøsen til Per Kandal. Her er Line Kandal Ramslien t.v. og Sara Thingnes Kandal t.h. i full gang med melkinga av geitene. Foto: Venke Kollbotn.

37nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 38: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Glimt frå Sandane kyrkje sin auksjon under Sandane-dagane. F.v. Ståle Fitje, Anders Hole, Harald Aske og auksjonarius Sigurd Gundersen. Foto: Gunn Hole.

25. mai var det tillyst gudsteneste på Klei-vane. Som vanleg denne sommaren vart det rikeleg med nedbør, så mange tenkte sikkert at det vart ikkje gudsteneste i slikt ver. Andre trasse veret og stilte på, og gudsteneste vart det utanfor klubbhuset. Sokneprest Vidar Bjotveit heldt preika, og han hadde fått med seg Olav Søreide som medliturg. Ein av sal-mane var: Så grøn ein drakt, så rik ein duft har smykket dal og enger! …Hør lundens sus og bekkens brus forkynne hva som kommer:

Glimt frå sommarenTEKST: HARALD ASKE

Omsider blir det sommar! «Vi syng salmen nærast i protest mot det dårlege veret», for-klarte Vidar. Dei frammøtte fekk ei fin stund i Guds frie natur – om enn noko våt. Inne i klubbhuset vanka det gode heimebaka kaker og varm, god kaffi.

25.05 var det stor konfirmasjonshelg i Vereide med gudsteneste både klokka 10.00 og klokka 12.00. Ei fullsett kyrkje fekk vere med på forbøna for konfirmantane, delta i fine salmar, høyre fin musikk og sikre seg

gode bilete som minne for ettertida.Støylsmesse på Austrheimsstøylen 9. juli.

Igjen slo det til med skikkeleg regnver under friluftsgudstenesta. Dei frammøtte skjerma seg så godt dei kunne, og salmesong, preike, tekstlesingar og bøner gjekk sin gong som det skulle. Atter ein gong hadde flittige hender laga gode kaker og trekt herleg kaffi som vart servert inne i selet til Ståle og Brita Austrheim. Det er god grunn for å takke for husrom og hjertevarme!

38 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 39: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Støylsmesse på Austrheimsstøylen ved sokneprest Vidar Bjotveit. Kyrkjelyden er godt innpakka i regnværet. Foto: Harald Aske.

Konfirmasjon i Vereide med utgangsprosesjon. Foto: Harald Aske. Konfirmasjon i Vereide. Etter forbøna fekk kvar konfirmant blomster framme i koret. Foto: Harald Aske.

39nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 40: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Årets konfirmantar i Breim. Framme frå v.: Kristiane Øvrebø Støyva, Taline Nygård, Maren Sårheim, Maria Fonn, Julia Jordanger Loen og Ella Førde.2. rekke frå v.: Øyvind Fure, Kaya van Hulst, Hedda Lorense Berentzen, Prest Tore Myklebust, Kristianne Bjørkelo, Aron Solheim Engelsen og Christian Thorvaldsen. Bak frå v.: Jon Ingvar Engelstad,Bjørn Erik Skarstein Fløtre, Emil Sårheim og Rolf Arne Seime. Foto: Reed Foto v/Per Svein Reed.

Årets konfirmantar i Gimmestad. 1.rekke fra venstre: Jasmijn Koopmanns, Ida Mardal, Sunniva Gimmestad, Kristine Lothe Rustøen, Johanna Roset og Marit Mardal.2.rekke fra venstre: Lillian Kandal, spr. Vidar Bjotveit og Jenny Samestad.3.rekke fra venstre: Kent-Andrè Fredly, Adrijus Kamantauskas, Odin Fønstelien og Sigurd Leknes Gimmestad. Foto: Reed Foto v/Per Svein Reed.

40 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 41: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Årets konfirmantar i Vereide. 1.rekke fra venstre: Emma Oline Røgeberg, Feven Gebyehu, Kristense Vollstad Hansen, Mariann Endal Husevåg, Lene Frøystad, Malin Nesdal Aske, Jenny Heggheim Skrivarvik, Benedichte Kandal. 2.rekke fra venstre: Sivert Elvebakk Engeset, Even Goitom Asefaw, Erik Pelè Gran Eide, Thea Sofie Eikeset Mundal, spr. Vidar Bjotveit, Sunniva Nyheim, Gunhild Nesgård, Thomas Niiranen Hamre, Peder Andreas Bakke. 3.rekke fra venstre: Preben Vereide, Fredrik Kjerulf Hauge, Natnael Tsehaie Ogbaziom, Jakob Buene, Johannes Skinlo, Kristoffer Gimmestad Vik, Patrick Solheim, Dyre Imerslund, Jørund Bolseth Lote, Odd Arne Røyrvik. 4. rekke fra venstre: Nimrod Issak, Filip Pleym Mardal, Meshach Slontee Jlaka, Oddmund Almenning Voll, Håvard Myklebust Hauge, Simen Rauset, Tore Tveit, Simon Austrheim, Ove Hjelmeset. Foto: Reed Foto v/Per Svein Reed.

Misjonsselskapet med haustmesse 4. november på Betania, Nordfjordeid

Kvar haust arrangerer Det Norske Misjonsselskap (NMS) misjonsmesse i Betania på Eid.

Her er det muleg å få kjøpt heimelaga matvarer og handarbeid, ta lodd på fine gevinstar og kose seg med ein kopp kaffe og god mat. Og ikkje minst kan du lytte til god forkynning på bibeltimen.

Misjonsfesten laurdag ettermiddag er høgdepunktet. Velkomne til ein triveleg dag der du støttar misjonen!

Program:10.30: Messa opnar 12.00: Bibeltime v/Asbjørn Gjengedal15.00: Misjonsfest

- Song av Måløy Soul Children - Andakt v/Toril Lange - Servering

Arr.: Det Norske Misjonsselskap (NMS)

41nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 42: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Sommar og leir høyrer saman. I Acta – barn og unge i Normisjon, har vi hatt glade leirbarn i leik og kjekke aktivitetar.

Vi har bada både i sjø og i basseng, brukt båt og kano, vi har sunge og grilla pølser på bål. Og ikkje minst har vi vore samla kring Jesus.

Denne sommaren har vi hatt til saman sju leirar på leirstadane våre, Teigen og Fjordly, og mange barn, unge, vaksne og leiarar har vore samla til fellesskap med kvarandre og med Jesus. På leir har vi gjort mykje kjekt

Samla i fellesskap med kvarandre og Jesus

TEKST OG FOTO: KATARINA AABREKK

saman med nye og gamle venner, spelt kubb og kjempe-scrabble og gått på line. Dei nye bobleballane har blitt testa, og vi har hatt både morgonsprell og underhaldningskveld. Vi hatt bønnevandringar, kveldsmøte og bibeltimar, der vi har fått synge saman og lært om Jesus og misjon.

Temaet for bibeltimane denne sommaren har vore "Made in God". Vi har snakka om at vi er skapte av Gud, og kva dette har å seie for identiteten og menneskeverdet vårt.

Til hausten er det klart for nye leirar, og vi håpar mange har lyst til å kome. Kanskje kjenner du nokon som aldri har vore på leir før, men som kunne ha hatt lyst. Eller kanskje har du vore på leir mange gonger før og gler deg til å kome igjen? Uansett er du hjarteleg velkomen, og vi ser fram til å møte deg! Meir info om datoar og påmelding kjem etter kvart på nettsidene til Normisjon www.normisjon.no/sof.

Bålkos i fjæra er kjekt sjølv om det regnar. Framme frå venstre: Rannveig, Karoline, Angelica, Birgit og Tiril. Bak: leiarane Frida og Ane Marte.

42 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 43: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Godt å ha sterke og leikne leiarar. Her er teammedlem Ane Marte med Adrian og Vegard på tweensleir 2.

Mathilde, Eirill og Johanna kosar seg etter ein tur i kiosken på familieleir.

Fraidon, Ragnhild, Feven og Lene testar badetemperaturen i fjorden på tenleir.

43nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 44: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Ja, så er sommaren snart over for i år og. Dei kjekke minna frå sommar og leir på Nesholmen kan pratast om.

Det var kjekt å kunne treffe folk frå leiren i fjor og seie: hugsar du då vi fann på det, eller korleis vi lurte leiarane. Leirane i år hadde alt som er med på ein leir. Her var det glede, heimlengsel, lått og moro, ja endåtil var det nokon som vart forelska. Du slette tid, tenk dei vart kjærastar, kniste nokre når dei vart spurde om korleis det hadde vore på leir.

Her var det folk frå heile fylket, og leirsjefen kom frå Portugal. Veret var no så som så, men det vart bading både kveld og morgon, ja på ettermiddag og. Litt spennande var det å vere med på yoga. Det var ein aktivitet som kunne ta ein time eller meir, og det var mest jenter som valde den. Padling derimot var så populært at ein kunne halde på heile døgnet. Det var nokre jenter som grein og var redde for at kanoen kunne velte eller søkke, men då dei kom seg ut på vatnet, var dei nesten

ikkje til å halde på land. Dei ville padle både seint og tidleg. Den lange padleturen vart ei utfordring for mange. Dei «luraste» klaga seg så mykje at dei fekk slep av følgjebåtane. Då smilte dei breitt.

På fritida var det kiosk, og det var utrulege mengder med snøre, brus, sjokolade og popkorn som vart fortært. Spel av mange slag gjekk føre seg både ute og inne, så ein var godt utslitne når natta kom. Etter kvelds-maten var det underhaldning og leikar av mange slag. Det var mange kreative innslag som fekk latteren til å gjalle mellom veggane. Men det var ikkje alltid like populært når meldinga om kveldsavslutninga kom, sjølv om mange hadde lurt på om dei ikkje kunne få legge seg. Med leiar på rommet, ein god prat om dagens hendingar og ei godnatthistorie, vart det snart stilt. Då heimreisa etter guds-teneste kom, var det mange som helsa med: eg kjem att neste år.

Sommarleirane på Nesholmen

Kyrkjeblad for Gloppen www.gloppen.kyrkja.no

Utgjeve av sokneråda i Breim, Gloppen og Hyen. Kjem ut minst 7 gongar i året på Sandane. Betaling etter ønske. Bankkonto: 3705 04 71307

Redaktør: Oddvar AlmenningTlf. 400 04 377E-post: [email protected]

Grafisk design: Innholdspartner ASv/Bjørnar AskeTlf. 901 37 252E-post: [email protected]

Trykk: Druka, Klaipeda

Kasserar: Venke Kollbotn, Breim soknTlf. 97 77 73 83E-post: [email protected]

Distribusjonsansvarleg: Harald AskeTlf. 57 86 57 30 / 970 24 915

Redaksjonsnemnd:Tore Myklebust Tlf. 456 01 260E-post: [email protected]

Vidar BjotveitTlf. 958 80 030 E-post: [email protected]

Anders Rinde, administrasjonenTlf. 57 86 93 06 / 997 20 238E-post: [email protected]

Harald Aske, Gloppen soknTlf. 57 86 57 30 / 970 24 915E-post: [email protected]

Solveig Hope, Hyen soknTlf: 905 38 304E-post: [email protected]

Gunn Hole, Gloppen soknTlf. 454 23 728 E-post: [email protected]

Rønnaug Ryssdal, korrekturlesarTlf. 950 72 392E-post: [email protected]

44 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 45: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Spaltisten

Namnet Luther har liksom alltid vore der og hatt noko å gjere med kva som var riktig og galt, - både

når det gjaldt «riktig» tru og «riktige» handlingar. For meg eit ganske grått namn som eg forbandt med noko kjedeleg. Eg trur eg må ha vore i 8-9-årsalderen då eg fekk ei lita, gammal bok av far. Ho var nok arva. Kanskje etter farmor eller farfar som døydde då eg var i den alderen? Boka var grå og tynn, med stive, tjukke permar. Ho hadde slike runde, litt mjuke hjørne som gamle velbrukte bøker får, og eit bilde av ein tjukk mann med rar hatt pryda framsida. Under stod det: Martin Luthers VESLE KATEKISME. Boka under- streka den grå oppfatninga eg hadde av ordet Luther. Ho var som sagt, ganske tynn, noko som saman med den velbrukte utsjånaden og knappe teksten var med på å understreke, sjølv for eit barn, kor essensielt innhaldet var. (Ifølge Nynorsk-ordboka tyder ordet katekisme «samling av grunnsanningar».)

På dei første sidene stod dei 10 boda. Med forklaring; Du skal …! Du skal ikkje …! Det er: Du skal frykte og elske Gud …! Så vidt eg hugsar hadde mi eitt år eldre syster også ei katekisme. Systera mi er den typen målretta prosjekt-menneske som lagar lister. Difor skulle sjølvsagt boda, med forklaring, puggast! Ikkje det

eg hadde mest lyst til, akkurat, og det var ingen som tvinga meg, men eg hadde vel høyrt om slik pugging, og hadde ikkje lyst til å vere dårlegare enn storesyster! I alle fall har eg ei svak erindring om den vesle, grå boka med bildet av Luther på nattbordet og pugging av bod og forklaring i halvsøvne. Om ikkje anna oppdaga eg at kunnskap som ikkje sit om kvelden, gjerne festar seg mens hjernen og kroppen søv og kviler. Den frivillige pugginga gjorde det også mykje enklare når vi seinare hadde «utenat»-lekse i kristendom på skulen. Eg har berre svake minne om slike lekser, men nyleg kom eg over nokre skulebøker frå barneskulen og fekk bekrefta at det var tilfelle. Då eg gjekk i 4. klasse, det som no er 5. klasse, pugga vi alle boda med forklaring!

Og kva fekk eg eigentleg ut av det? Kan eg dei 10 boda på rams i rett rekkefølge i dag? Nei. Og forklaringane? Nei. Men forklaringane gav meg nok ei litt vidare forståing av boda. Når eg no, ved hjelp av Google, skummar gjennom forklaringane ser eg at her fortel eigentleg Luther oss kva han tenkjer vi skal gjere i staden for eller i tillegg til det vi skal eller ikkje skal. Er du med? Døme: Du skal ikkje stele tyder ikkje berre at du ikkje skal ta frå nesten din, men og at du skal hjelpe han til å få meir! Ein kan fort bli sittande att

Den vesle grå boka

med ei kjensle av å ikkje strekke til i møte med desse formuleringane, og dei har nok vore med å skape både oppfatning og oppleving av at kristendom berre handlar om kva ein har lov til og ikkje.

Korleis kan det då ha seg at eg i liten grad opplever dei same boda og reglane som firkanta og begrensande forbod og påbod? Eg, som las bod med forklaringar på senga, med den fromme motivasjon at eg ville «slå» systera mi. Som, i følgje tanta mi, vaks opp i «ein streng kristen heim». Svært mange i både religiøse og sekulære miljø er samde om at boda, i alle fall nr. 4-10, er gode, grunnleggjande levereglar uansett kvar ein elles trur på. At dei først og fremst handlar om å ta omsyn til og å bry seg om kvarandre. Nestekjærleik. Dette er likevel ikkje hovudinntrykket ein sit att med når ein les alle imperativane.

Luther skreiv ikkje boka si etter prin-sippet om det viktigaste først. Tru, dåp og nattverd kjem etter boda. Avsnittet om skriftemål heilt til slutt.

Det vesle, viktige ordet som biskopane valde då dei skulle setje overskrift for Luther-jubileet, er gøymt i forklarings- tekstane.

Eg var heldig. Nokon viste og lærte meg det tidleg.

Nåde.

Ingrid Bjørnereim

45nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 46: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Søndag 11. juni arrangerte Breim sokneråd eldregudsteneste i Breim kyrkje. Gudstenesta var særskilt tilrettelagt for eldre, men litt yngre folk var der også. Vi fekk ei fin gudsteneste med preike av Vidar Bjotveit. Medverkande var også Berit Laila Høylo og Ove Bjørnar Høylo som tekstlesarar. Randi Støyva på fele, Tore Drageset på trekkspel og

Eldregudsteneste i Breim kyrkje

TEKST OG FOTO: VENKE KOLLBOTN

Joar Dvergsdal på gitar laga god stemning med musikken sin.

Røde Kors Omsorg ordna med skyss for dei som hadde behov for det. Diakoninemn-da og pensjonistlaget bidrog med kyrkjekaffi, og vi fekk ei triveleg kaffiøkt etter gudstenes-ta der vi fekk nytta den nye kaffikroken vår bakerst i kyrkja.Triveleg kaffiøkt etter gudstenesta.

To benkar bakerst i kyrkja vart tekne i f jor for å lage plass til ein kaffikrok.

Randi Støyva på fele, Tore Drageset på trekkspel og Joar Dvergsdal på gitar skapte god stemning.

46 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 47: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

GEIR EIKENESNamnet mitt er Geir Eikenes, eg er 64 år gamal, fødd og oppvaksen på Sandane, er gift med Petra frå Breim og vi har tre born og seks barneborn. Etter nokre år ”ute i verda”, der eg utdanna meg som musikklærar og vi periodevis budde i Volda, Kristiansand, Oslo og Årdal, bestemte vi oss for å flytte heim til Gloppen i 1981. Her har eg dei siste 36 åra hatt ein variert arbeidsdag knytt til Gloppen ungdomsskule, Firda vgs, Kulturskulen og det frivillige musikk-

livet. Denne våren valde eg å gå av som AFP-pensjonist.

Så går ein dag enn frå vår tid

Min salme

For meg har nok melodien vore den viktigaste døropnaren inn til dei fleste salmane eg har fått eit

nærare forhold til. Den treng ikkje å vere spesielt spennande eller original, snarare tvert imot har eg med åra sett meir pris på den enkle melodien og harmonikken, som likevel klarer å måle fram og forsterke tekstinnhaldet.

Som fleire andre i denne spalta har vore inne på, er det ikkje lett å bestemme seg for salmen som skal løftast fram som ”min salme”, her er så uendelig mykje å velje i. Det vart tema som blei avgjerande for meg, det måtte bli ein kveldssalme, og det måtte samstundes kunne knytast til eit heiderleg minne om ”Jubilo”, som nærmast var som eit kyrkjekor å rekne, og som dei eldre lesarane av dette bladet sikkert hugsar. Koret ville ha fylt 85 år i år, om dei ikkje hadde måtta legge inn årane etter 60-årsjubileet for 25 år sidan.

Mor mi song i dette koret store delar av livet sitt, ho kalla det sin åndelege heim, og eg har svært mange gode musikalske barndomsminne knytt til

”Jubilo” og songane deira. Dei hadde ikkje minst eit rikhaldig repertoar av vakre kveldssongar og salmar, som dei gjerne avslutta framføringane sine med, anten det var i kyrkja eller på bedehuset. Desse hadde ein eigen dåm av ro og fred over seg, tykte eg, og eg likte dei spesielt godt.

Etter å ha bladd litt i mor sine gamle ”Jubilo”-notar, har eg stansa ved ”Så går ein dag”. Eg tykkjer framleis eg kan høyre dette koret inne i meg, syngande denne enkle kveldssalmen, med den heilt spesielle malmfulle og mogne klangen som kjem frå trufaste og stabile songarar som vart knytte saman i lang-varige, tette band, for mange heilt frå ungdomsåra og inn i alderdomen. Orda formidlar på ein tydeleg og fin måte bodskapen vi ofte finn i kveldssalmane: ei oppsummering av ”livets gang”, med si vare blanding av vemod, trøyst, tryg-gleik og det kristne håpet.

Så går ein dag enn frå vår tid,Og aldri kjem han att.Og atter sig i kveldsfred blidTil jorda ned ei natt.

Men du den same er og var,Vår Gud i nåde stor,Og i di bok du teikna harVårt dagetal på jord.

Eg gjev meg trygt, min Gud, til deg,Når sola frå oss flyr.Og hjarteglad eg lovar degNår dagen atter gryr.

Men om det stille dødsens bodTil meg i natt kjem inn,Kor sælt at eg, min Frelsar god,I liv og død er din!

Tekstforfattaren er for meg ukjend, men salmen har fått nynorsk språkdrakt av Trygve Bjerkrheim, den enkle koralak-tige melodien eg hugsar ”Jubilo” brukte, er av J.G.C. Störl, harmonisert av Knut Ree, som i ein periode på 60-talet var organist i Vereidskyrkja, lærar på Nord-fjord ungdomsskule (folkehøgskule) og dirigerte ”Jubilo”.

Eg ønskjer å utfordre min tidlegare gode kollega, og granne frå oppvekståra, Rune Aasen.

47nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 48: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

48 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

BYGGEVAREN BYRKJELO ASTlf. 57 02 01 60 / Mob. 908 90 791Gamlevegen 2 – 6826 BYRKJELO

Ryssdal kraft

Tlf. 57 88 44 00/Faks 57 88 44 01Adresse: Grandavegen 5, 6823 Sandane. Postboks 138, 6821 Sandane

www.gloppenadvokat.no

Coop-bygget. Tlf. 57 86 59 57gloppenelkjop.no

Blomster og hagesentertelefon 57 86 51 07

LEDIG PLASS LEDIG PLASS

Page 49: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

49nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Tannlege Øyvind Seim

Tlf: 57 86 50 24

Leif Lote elektro Firda elektro

Postboks 194, 6821 Sandane Tlf: 57 86 64 22

Vekst Mona eit steg vidare

Page 50: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Kyrkja i Gloppen

GLOPPEN SOKNLeiar i soknerådet: Beate Kornberg tlf. 909 43 304 / [email protected] Kyrkjetenar: Benny Aasen, tlf: 950 22 917 /[email protected]

BREIM SOKNLeiar i soknerådet og kontorsekretær: Venke Kollbotn, tlf. 977 77 383Epost: [email protected]: Audhild Bogstad, tlf. 970 24 913

HYEN SOKNLeiar i soknerådet: Solveig HopeTlf: 905 38 304epost: [email protected]: Ola Jan BirkelandTlf: 57 86 98 32/ 975 91 747

Sokneprest i Gloppen soknVidar Bjotveit, tlf. 958 80 030 [email protected]: Sandane kyrkje

Sokneprest i Breim og Hyen soknTore Myklebust, tlf. 456 01 [email protected]: Prestebustaden i Breim.

Kyrkjeverje Kurt Djupvik, kontor i Sandane kyrkjeTlf kontor: 57 86 56 16. Mobil: 902 06 828. [email protected]

KantorAnders Rinde, mobil: 997 20 [email protected] kyrkje, tlf. 57869306

KyrkjelydspedagogLars-Bjarte Osland, tlf 990 03 [email protected]

Trusmedarbeidar: Ingrid Bjørnereim, tlf. 988 03 053 [email protected]

Gravar/ kyrkjegardsarbeidarIvar Hjelle, tlf: 57 86 58 59 / 970 76 668

Vi møtest i kyrkja

24. september 16. søndag i treeiningstidaMark 7,31-37 «Jesus sa til den døve: Effata»

16.00 Sandane Generasjonsgudsteneste med konfirmantar. Liturg Tore Myklebust og Vidar Bjotveit. Avslutning av konfirmanthelga på Nesholmen. Takkoffer til konfirmantarbeidet.

21.00 Vereide Kveldsgudsteneste. Liturg Eivind Nilsen. Nattverd.

27. september 20.00 Sandane Opa kyrkje.

30. september 18.00 Breim Musikkandakt i samband med konfirmant-jubileum. John Oddvar Kandal og Helene Myklemyr Bolstad. Andakt ved Tore Myklebust.

Gimmestad Musikkandakt i samband med konfirmantjubileum. Geir Eikenes og Anders Rinde. Andakt ved Vidar Bjotveit.

1. oktober 17. søndag i treeiningstida Joh 11,17-29 «Jesus vekkjer opp Lasarus»

11.00 Vereide Generasjonsgudsteneste med konfirmant-jubileum. Liturg Vidar Bjotveit. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet..

11.00 Breim Generasjonsgudsteneste med konfirmant-jubileum. Liturg Tore Myklebust. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

17.00 Sandane Søndagssamling.

21.00 Vereide Kveldsgudsteneste. Liturg Eivind Nilsen. Nattverd.

7. oktober 19.00 Hyen Musikkandakt i samband med konfirmant-jubileum. Anders Rinde. Andakt ved Tore Myklebust.

8. oktober 18. søndag i treeiningstida

11.00 Hyen Generasjonsgudsteneste med konfirmant-jubileum. Liturg Tore Myklebust.

11.00 Sandane Misjonsgudsteneste. Liturg Asbjørn Gjengedal.

21.00 Vereide Kveldsgudsteneste. Liturg Eivind Nilsen. Nattverd.

18.00 Sandane Konsert. Gitar og fløyte.

15. oktober19. søndag i treeiningstida Matt 5,20-26 «Gud skaper verda»

11.00 Vereide Gudsteneste. Reformasjonstema 3. "Frelsa er ikkje til sals".

21.00 Vereide Kveldsgudsteneste. Liturg Eivind Nilsen. Nattverd.

22. oktober 20. søndag i treeiningstida Joh 11,1-5 «Jesu vener i Betania»

11.00 Sandane Gudsteneste. Kyrkjekoret medverkar. Liturg Vidar Bjotveit. Takkoffer til UNICEF – TV-aksjonen. Nattverd.

11.00 Hyen Gudsteneste. Liturg Tore Myklebust.

21.00 Vereide Kveldsgudsteneste. Liturg Eivind Nilsen. Nattverd.

29. oktober Bots- og bededag Luk 13,22-30 «Sonen som kom heim»

11.00 Vereide Gudsteneste i samband med haustmøte. Takkoffer til Normisjon region Sogn og Fj. Nattverd.

11.00 Breim Gudsteneste. Liturg Tore Myklebust. Takkoffer til Frelsesarmeen. Nattverd.

21.00 Vereide Kveldsgudsteneste. Liturg Eivind Nilsen. Nattverd.

25. oktober 20.00 Sandane Opa kyrkje.

31. oktober 20.00 Sandane Markering av Luther-jubileum. Kyrkjekoret deltek.

50 Kyrkjeblad for Gloppen nr. 4, 2017

Page 51: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Døypte Vigde

Gravlagde

Vereide

04.06.2017VILDE HAMRE KJØRVIKSILJE KJØRVIKCHRISTER HAMRETonje KjørvikKjetil KlakeggHilde EideJeppe AndersenMarion Vatne Hamre

04.06.2017MATHEO ASKE NYBAKKJILL-KARITA ASKEANDERS NYBAKKIngunn HåvikStig HåvikAnne Cecilie Indrebø NygårdHans Kristian AasenTom André Lofnes

25.06.2017OLINE FLO OMMEDALRANDI AARDAL FLOROGER HUSETUFT OMMEDALOdd Rune FloEndre FloStian Husetuft OmmedalHanne Kristin Husetuft Ommedal

29.07.2017OLA GRØNENG OSSILJE GRØNENGROLF SANDØY OSJenny Sandøy OsAleksander BrataasJørgen GrønengSynnøve Kuld Heimlid

13.08.2017ALBERT BIRKELAND KLEPPEMARIANN ADOLFSEN BIRKELANDKRISTIAN MARTIN KLEPPEOle G. BirkelandBritt K. KleppeEirik Kleppe SildenMats Ole Birkeland

JØRGEN MIDTGAARD ENGELANDMARIANNE SUNDAL ENGELANDKJETIL MIDTGAARDChristel MidtgaardOdd Arne GustadAnne SætreJan Kåre SætrePer Jørn SøreideSvein Ottar Sandal

LINUS HAUGLAND BARMENTERESE HAUGLANDHALLVARD BARMENPreben Håvard Haugland Terese Haugland Hallvard BarmenJenny BarmenØyvind Støverstein

Breim

09.07.2017MATHIAS KANDAL DUPUISANJA HELEN KANDALMARK MARINUS LEONARDUS DUPUISAnton KandalEdel KandalEllen LindvikHege Kandal

09.07.2017ALFRED HUKSET SOLHEIMANDERS SOLHEIMBENTE LINN BORREN HUKSETAnne Solfrid BorrenOle Marius MarifjærenDorthea SolheimFredrik HagenMarius Hjelle

23.07.2017ANE SVIDAL-SANDEIRENE LILLIAN SVIDALKNUT SANDELinda RebneSvenja Maria Heuser SandbakkJohn Bjørn MoenGudmund Egge

Gimmestad

21.05.2017KRISTIAN KOOPMANSAAFKE MARIA KOOPMANS-HOLTROPPIETER KOOPMANSErik KoopmansJasmijn Koopmans

05.06.2017OLA HUGVIKANNE HUGVIKEDVIN-ANDRE HUGVIKIngunn Statle NævdalAud Statle NævdalElias P. NævdalMaren Elise Zahl NævdalLene HugvikStein Ove Hugvik

Breim Anders Oddvar Støyva 21.07.1945 17.06.2017 22.06.2017Norvald Herstad 29.08.1930 17.06.2017 23.06.2017Jarle Niiranen 27.02.1994 18.06.2017 29.06.2017Idar Bjarne Skinlo 19.01.1964 16.06.2017 30.06.2017Rasmus Bergheim 21.12.1932 26.06.2017 04.06.2017Ingrid Jordanger 30.09.1928 30.06.2017 07.06.2017Arne Hetle 12.03.1937 09.08.2017 18.08.2017Ola Støyva 09.01.1927 17.08.2017 25.08.2017 Vereide Sunneva Julia Løken 30.07.1926 29.07.2017 03.08.2017

Gimmestad Målfrid Ryssdal 24.08.1920 15.06.2017 27.06.2017Ola Sande 09.03.1919 16.06.2017 28.06.2017Knut Birger Gustavsen 19.10.1962 13.07.2017 21.07.2017Jonhild Borgny Devik 10.01.1951 14.07.2017 25.07.2017Oddbjørg Huus 19.01.1935 31.07.2017 08.08.2017

Hyen Kristina Elfrida Hope 27.03.1919 28.06.2017 06.07.2017Solveig Røyrvik 02.12.1926 19.07.2017 27.07.2017

Vereide

17.06.2017Kristine Mardal og Tor Jervan Staarvik

01.07.2017Ingrid Wergeland Hansen og Knut-André Bogstad EideAnnette Nave Giil og Marius Tenden

08.07.2017Kamilla Bolseth og Markus Selvik AskSiv Linda Haugland og Per Rune Krey

22.07.2017Ida Gansmo Fjellestad og Vidar Fjellestad

29.07.2017Rannveig Nygaard og Iver Urke Myklebust

05.08.2017Annbjørg Aurlien og Matias Ommedal

12.08.2017Ida Engelsen Lange og Andreas Andenæs

Gimmestad

04.08.2017Kari Kathrine Eldby og Jarle Rygg

Breim

17.06.2017Ragnhild Eikeseth Nygjerd og Odd Arne Nes

24.06.2017Camilla Solheim og Per Egil Hjelle Eide

29.07.2017Eli Egge og Aleksander Marø Holand

05.08.2017Camilla Raad Fonbekk og André Fonbekk

51nr. 4, 2017 Kyrkjeblad for Gloppen

Page 52: Ein sommar er over - Kyrkja i Gloppengloppen.kyrkja.no/doc/947/Kyrkjeblad/Kyrkjeblad 2017/Web_Kyrkjeblad_nr4_2017.pdfEi tru maa stydja oppunder.» ... Ha tillit til Gud, for Gud er

Eit kunstverk som har gjeve og framleis gjev meg meining og innhald i livet, er Hilmar Sørensen sine blyglas i

koret i nye Gimmestad kyrkje. Det vakre og varme lyset og fargespelet som møter ein når ein kjem inn i kyrkja, gjer eit mektig inntrykk. Ein blir riven med, og når ein står inne i dette lyset, blir ein sjølv også ein del av dette kunstverket. Kanskje vi får ei aning av noko meir, noko som eit språk av denne verda ikkje har ord for. Lyset og fargane saman med dei andre enkle symbola: krossen, lammet,

Lyset strålar framAV STÅLE FITJE

kalken, kornaks (brødet) og dua gjev oss også ei heil preike.

Når det er mørkt ute, og kyrkja er opplyst inne, har desse blyglasvindauga også ein utruleg verknad. Med det vakre fargespelet i lyset dei sender ut, ligg tanken på Jes 9,2 om lyset i mørkret snublande nær. Dette er evangeliet i eit nøtteskal, og det har den beskjedne kunstnaren Hilmar Sørensen greidd å formidle!

Når du no ved eit høve vitjar Gimmestad nye kyrkje, gjev deg tid, tenk litt på dette og studer dette kunstverket.