vest-telemarktinget møte 13. desember 2011€¦ · 5 vito kompetanse as: etablert i 2003. tokke...

27

Upload: others

Post on 13-Aug-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein
Page 2: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011 Sakliste 18/2011 Opprop

19/2011 Godkjenning av innkalling og sakliste 20/2011 Val av 1 person til å skrive under protokollen i lag med møteleiar

21/2011 Arbeidsprogram 2010 – 2011, rapport pr. desember 2011

22/2011 Forslag til arbeidsprogram for Vest-Telemarkrådet 2012 - 2013 23/2011 Forslag til budsjett 2012 for Vest-Telemarkrådet 24/2011 Formalisering av Vest-Telemarkrådet som §27-selskap

25/2011 Val av regionordførar og regionvaraordførar for perioden 2012 – 2013 og fastsetjing av godtgjersle for desse Val av valnemnd for perioden 2012 - 2013 26/2011 Orientering om det regionale samarbeidet.

Page 3: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011 Sak 21/2011 Arbeidsprogram 2010 – 2011, rapport pr desember 2011 I tråd med tidlegare vedtak ligg det føre rapport pr. desember 2011 gjeldande arbeidsprogrammet for 2010 – 2011. Rapporten vart i rådsmøte 22. november 2011 tilrådd lagt fram for Vest-Telemarktinget for godkjenning. Forslag til vedtak: Vest-Telemarktinget godkjenner rådets rapport pr. desember 2011 gjeldande arbeidsprogrammet for 2010 – 2011.

Page 4: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

Sak 21/2011 Arbeidsprogram for Vest-Telemarkrådet 2010 – 2011. Rapport pr. desember 2011 VISJON: VEST-TELEMARK - EIN LEVANDE REGION Vest-Telemark skal vera ein levande region der opparbeidd identitet og kultur vert vidareført saman med innovasjon og nyskaping. Gjennom samhandling over kommunegrenser skal vi gjere regionen attraktiv for busetnad, arbeid og oppleving. Mål 1 Oppretthalde folketalet og busetnaden i heile Vest-Telemark Tiltak:

Auke dei unge si sjølvkjensle og tilknyting til distriktet, og stimulere til entreprenørskap Ha god tilgang til vidaregåande skule, samt etter- og vidareutdanning for innbyggjarane Auke tilgangen på attraktive bustader, opplevingar og uformelle møteplassar Stimulere til rekruttering av arbeidskraft Satse på auka tilflytting og ha fokus på gode integreringstiltak Nytte samhandlingsreformen til å få best mogleg helsetilbod i regionen

Mål 2 Sterk regional samkjensle og styrka Vest-Telemarkidentitet Tiltak:

Stø opp om kulturtiltak som fremjar kjennskap, identitet og samhandling Legge til rette for godt regionalt samarbeid, herunder elektronisk kommunikasjon og informasjonsflyt Drive aktiv marknadsføring av regionen Drive alliansebygging/lobbyverksemd og kome tidleg inn i dei ulike politiske endringsprosessane

Mål 3 Vidareutvikling og nyetablering av verksemder i Vest-Telemark Tiltak:

Styrke marknadsføringa av Vest-Telemark som reiselivsmål og vidareutvikle opplevingstilbodet i regionen Leggje til rette for næringsutvikling med grunnlag i lokale ressursar Leggje til rette for etablering av kompetanseverksemder og stimulere utviklinga i eksisterande verksemder Stimulere til vidareutvikling av næringsapparatet i regionen Gjennom samarbeid mellom landbruksavdelingane skal det utarbeidast felles tiltaksretta landbruksplan for regionen

Mål 4 Sikre god infrastruktur i og gjennom Vest-Telemark Tiltak:

Samarbeide med Haukelivegen AS, Arbeidsgruppa for E 134/Rv 36, Telemarksvegen Vest-Telemark Næringsforum og andre viktige grupperingar Arbeide mot sentrale styresmakter, spesielt i høve til Nasjonal Transportplan og aktuelle utbyggingsprosjekt Fremje tiltak for alternativ finansiering av sentrale investeringsprosjekt

Arbeide for auka midlar til investeringar og vedlikehald av øvrige riks- og fylkesvegar Sikre full utbygging av breiband i regionen Arbeide for full dekning innan mobilsamband og digitalt bakkenett Arbeide for realisering av høgfartsbane over Haukelifjell

Page 5: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

2

Rapport: Mål 1 Oppretthalde folketalet og busetnaden i heile Vest-Telemark. Auke dei unge si sjølvkjensle og tilknyting til distriktet, og stimulere til entreprenørskap. Ansvaret for entrepenørskap i skulen ligg no til den einskilte kommune. Bakgrunnen for satsinga har vore ynsket om å skape ein kultur for innovasjon og entreprenørskap, der dei unge ser moglegheiter, viser pågangsmot og utviklar gründerkompetanse gjennom ulike tiltak i og utanfor skulen. Telemark fylkeskommune har eit auka fokus på entreprenørskap og Ungt Entreprenørskap Telemark er engasjert som Telemark sin operatør innafor satsinga på entreprenørskap i utdanninga. Kommunar, regionar, organisasjonar og privat sektor er invitert til å delta i denne satsinga. Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg har fastsett at etablerarkontora i Telemark skal nytte om lag 10% av ressursane til entrepenørskap i skulen. Det kjem no fram signal om at entrepenørskapssatsinga i Vest-Telemarkkommunane ikkje har fått det fokuset som vart lova for nokre år sidan. Dette er ein situasjon Vest-Telemarkrådet bør ta opp til drøfting med det fyrste. Ha god tilgang til vidaregåande skule, samt etter- og vidareutdanning for innbyggjarane. Vest-Telemark vidaregåande skule Skulen tilbyr vidaregåande utdanning innan studiespesialiserande fag, Helse- og sosialfag og Teknikk og industriell produksjon(TIP). Etter gjennomført VG1 Helse- og sosialfag, kan ein velje mellom to retningar (programområde) på VG2 (Helsefagarbeidar eller Barne- og ungdomsarbeidar). På TIP kan ein andre året velje mellom tre retningar (Produksjon og industriteknikk, Arbeidsmaskiner. Kjøretøy). Det er god von også om å få elektrofag som eit val. Hausten 2011 starta eit fotballtilbod for jenter som ein kallar “Junior Vest jenter”. Ein har for tida 150 elevar innan desse faga og det er 35 personar tilsett ved skulen.

Mottoet til skulen er:

“Alle kan - me hjelper deg fram” Vest-Telemark vgs skal vera ein distriktsskule og eit læringssenter for ungdom og vaksne i samarbeid med kommunane og private verksemder. Skulen skal vektleggje eit godt læringsmiljø prega av omsorg og velvilje der alle elevane trivst og lærer. Både elevane og personalet skal oppleve skulen som ein problemløysande og dynamisk arbeidsplass som er retta mot framtida. Skulen skal ta vare på miljøet, kulturen og verdiane i Vest-Telemark og vera med på å sikre arbeidsplassar og eit godt bumiljø. Ein samarbeider med Vest-Telemark Næringsutvikling, Vest-Telemark Næringsforum, Opplæringskontoret , dei lokale grunnskulane og det lokale næringslivet om yrkesmessa på Dalen.

Page 6: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

3

Skulen har gjennom Vest-Telemark ressurssenter desse aktivitetane

regionansvaret for førarkort klasse S (snøskuter) og med eigne kurs for Statkraft, Statnett og Sivilforsvaret

undervisning av innsette ved soningsleiren i Fyresdal kurs over 2 år på kveldstid som gjev generell studiekompetanse drift av eit energinettverk for grunnskular og vidaregåande skular i samarbeid med

Naturfagsenteret, Utdanningsdirektoratet og Statkraft drift av The GLOBE Program i Norge som er eit internasjonalt miljøprogram i 111

land arrangør av den årlege Vest-Telemark konferansen

OKOS (Opplæringskontoret for offentleg sektor) Bø Vidaregåande Skule, avd Seljord.

Skulen har for tida 113 elevar med utdanningsprogram for restaurant- og matfag, media og kommunikasjon, studiespesialisering med arbeidstrening samt påbygging til generell studiekompetanse. Dei gode erfaringane skulen gjorde seg med prosjektet ”Det gode hybelliv” har ført til at ordninga har blitt en permanent del av skulens oppfylgjingsrutiner.

Telemarksmeisterskapen i kokkefag 2011 vert arrangera på Hjalmar Johansen vgs. torsdag 17.november. I fjor tok elevane seg til Østlandsmeisterskapen og kom på delt 3 plass!

1. og 2. Klasse ved kokkelinja deltok i år på Kokkekampen på Dyrskuen med Frode Aga og Bodil Nordjorde som domarar. Det vart 2. og 3. plass og flott premiar.

Kvitsund Gymnas Kvitsund Gymnas har inneverande år 176 elevar og 43 tilsette. Skulen tilbyr utdanningsprogrammet for studiespesialisering . Eit særskilt tilbod er at ein nyttar drama i norskundervisninga i 3 kl. Høgskolen i Telemark, avd. Rauland Institutt for folkekultur har til ei kvar tid om lag 100 studentar og over 20 tilsette- Instituttet har nasjonalt hovudansvar for høgare utdanning innan tradisjonskunst - folkemusikk og folkekunst. Ein tilbyr både årsstudium, fordjuping og bachelor innanfor faga folkemusikk, folkekunst, tre, metall og tekstil. I tillegg tilbyr skulen deltidsstudium i tradisjonsmat, deltidsstudium i kreativ maskinstrikking samt masterstudium i tradisjonskunst. Alle studia har ein utøvande profil. Fra våren 2012 tilbyr skulen eit nytt deltidsstudie; Innføring i norsk folkemusikk. Studiet er eit deltidsstudium i folkemusikk for musikklærarar. Målet er å gje studentane auka praktisk og teoretisk kunnskap om norsk folkemusikk og dans og om korleis ein best kan bruke denne kunnskapen i grunnskolen. Nye, spanande kurs er og under utvikling med oppstart hausten 2012. Rauland Internasjonale Vinterfestival (16.-19. februar 2012) er eit resultat av det omfattande nettverket som studia i Rauland har. Ei veke i februar er sett av til konsertar, utstillingar, workshops i folkemusikk og folkekunst, pubkveldar, seminar og sosialt samvære.

Page 7: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

4

Rauland Internasjonale Vinterfestival (16.-20. februar 2011) er eit resultat av det omfattande nettverket som studia i Rauland har. Ei veke i februar er sett av til konsertar, utstillingar, workshops i folkemusikk og folkekunst, pubkveldar, seminar og sosialt samvære. Seljord Folkehøgskole Skulen har for tida 90 elevar fordelt på fylgjande 7 liner: Biletkunst, Friluftsliv, Multisport, Musikal, Musikk - live, Redesign & Tekstilteknikk og Singer/Songwriter. Attføringstilboda i regionen. Rehabiliteringssenteret AIR AS Attføringssenteret i Rauland har feira 25-års jubileum i 2011, og etter mange år med arbeidsretta rehabilitering var tida inne for å skifte namn på organisasjonen til Rehabiliteringssenteret AiR. Med det nye namn Rehabiliteringssenteret AiR ynskjer ein å vise at AiR på mange vis er det same som før, samstundes som rehabiliteringssenter gjev eit rettare uttrykk for aktivitetane til båe dei to einingane som ligg under Rehabiliteringssenteret AiR; AiR - Klinikk og AiR - Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering.

Føretaket vart starta i 1986 og er pr. definisjon ikkje eit attføringstilbod men eit sjukehus innan spesialisthelsetenesta. Målgruppa er sjukemelde med muskel- og skjelettlidingar og lettare psykiske plager.

Attføringssenteret har 250 aksjonærar med Vinje kommune og Norsk Hydro som dei største eigarane og senteret er ein av dei største private arbeidsplassane i regionen med over 70 tilsette. I 2005 fekk attføringssenteret status som Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering. Verksemda har kvart år inne om lag 800 brukarar til eit 4 vekers rehabiliteringsopphald og 200 brukarar til ei vekes funksjonsavklaringsopphald. AiR er den fyrste institusjonen i Noreg som både er CARF-akkreditera og ISO-sertifisert. AiR jobbar kontinuerleg med å utvikle og kvalitetssikre verksemda og det er ei stor anerkjenning å bli akkreditera på høgaste internasjonale nivå. Seljord Personal AS: Stifta i 2001 og fullt ut eigd av Seljord Kommune. Selskapet har ennå avtale med NAV om faste plassar for APS(arbeidspraksis i skjerma verksemd) og AB-tiltak(arbeid med bistand), og har i tillegg avtale med Seljord Kommune om plassar for Kvalifiseringsprogrammet. Seljord Personal AS har også i 2009 utvikla ARR- arbeidsretta rehabilitering som eit nytt tilbod. NAV-kontora i nabokommunane kjøper og tenester frå selskapet. I 2009 endra ein arena til Brøløsvegen 28, som er gamle Sport`n i Seljord. Denne arenaen har ansatte og arbeidssøkjarar bygd om, slik at arenaen nå er ny og framtidsretta. Det er 7 tilsette i selskapet. Leverer tenester til næringslivet og offentleg sektor, men hovedomsetninga er mot NAV. Selskapet har vist seg omstilligsdyktig i vanskelege tider og har levera gode attføringsmessige og økonomiske resultat.

Page 8: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

5

ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein såpeprodusent til ein attføringsbedrift med breidt tilbod. 70% av inntektene kjem frå NAV medan 30% kjem frå produksjon. Har no ein lønsam produksjon. Verksemda gjev tilbod om arbeidsretta rehabilitering av sjukemelde, og har i tillegg 10 plassar for arbeidspraksis i skjerma verksemd, 6 plassar for arbeid med bistand og 2 plassar for varig tilrettelagt arbeid. Det er oppretta fagleg samarbeid mellom alle dei fem attføringsverksemdene i regionen. For å styrke attføringsarbeidet i Vest Telemark vidare, er ViTo Kompetanse AS i fusjonsplanar med Kviteseid Arbeidsamvirke AS og Vinje Vekst AS. Telemark Lys AS: Etablert som sjølvstendig bedrift i 1993. Skilt ut frå dåverande Seljord Industri. Bedriften har tidlegare hatt en god del eigen produksjon bla. Telys og pulkar. Har nå slutta heilt med slik produksjon og har berre litt sporadisk produksjon att. Baserar si drift på attføringsarbeid for NAV i mange ulike former. I tillegg har ein overtatt alt arbeid med integrering av flyktningar for Fyresdal kommune. Telemark lys driv både undervisning, språkpraksis, integreringstrening og arbeidstrening for flyktningane i kommunen. Har i dag 4 tilrettelagte arbeidsplassar som skal fasast ut over tid. Det er no 5 APS plassar (arbeidspraksis i skjerma verksemd). Helseprosjektet har vore eit viktig prosjekt for verksemda. Har hatt tilfresstillende økonomiske resultater de siste årene og har en egenkapital på 7.3 millioner kroner pr 1/1 2011 Vinje Vekst AS: Etablert i 1994. Verksemda er 80% eigd av Vinje kommune og 20% eigd av Tokke. Omset for om lag 7 mill der 5 mill er tenester for NAV/kommunane og 2 mill frå eigen produksjon. Tilfredsstillande økonomisk resultat. Verksemda har VTA-(varig tilrettelagt arbeidsplass og mellombels APS plassar(arbeidsplass i skjerma verksemd). Har samarbeid med Vi TO kompetanse. Kviteseid Arbeidssamvirke AS: Etablert i 1992. Kviteseid kommune eig det alt vesentlege av aksjane, men Nissedal kommune og private har ein liten del. Har pr dato 31 brukarar, fordelt på 21 i tilrettelagt arbeid og 10 på arbeidstrening/avklaring på oppdrag frå NAV, kommunane og vgs. Har avdeling med 5 VTA (varig tilrettelagt arbeidsplass) plassar i Nissedal og sel elles VTA plassar til Kviteseid og Seljord kommunar. Har tre gode attføringsarenaer knytt til treproduksjon og bruktbutikk i Kviteseid og måling/ lakkeringverksemd i Nissedal. Omset for vel 5 mill der 1 mill kjem frå produksjonen og resten frå NAV og kommunane . Har stort sett alltid gått med overskot og har ein tilfredsstillande økonomi. Verksemda eig sjølv bygga der dei driv. Samordning av attføringsverksemdene i Vest-Telemark På initiativ frå ordførarane i Vest-Telemark nedsette styra i attføringsverksemdene i 2009 ei arbeidsgruppe for å få til ei samordning av attføringstilbodet i Vest-Telemark gjennom å utforme alternative modellar for samarbeid mellom dei fem attføringsverksemdene. Ein kom fram til ein samarbeidsmodell som skulle settast i verk i 2010 og evaluerast etter 2 år. Situasjonen no er at denne modellen ikkje har fungera for alle fem verksemdene og strukturprosessen er under utvikling uavhengig av tilrådinga frå arbeidsgruppa. Tre av verksemdene, ViTo kompetanse, Vinje Vekst og Kviteseid arbeidssamvirke er no truleg inne i siste del av fusjonsprosessen og nytt selskap vil vera klart til nyttår 2012.

Page 9: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

6

Auke tilgangen på attraktive bustader, opplevingar og uformelle møteplassar. Prøvebustader i Vest-Telemark Vest-Telemark Næringsutvikling AS har avslutta arbeidet med eit skisseprosjekt til ev. prøvebustader i kommunane i Vest-Telemark. Det ligg no føre skisser til bustader i Kviteseid, Seljord, Hjartdalsbygda og Tuddal. Ein prøvebustad er eit tilbod til folk som ynskjer å flytte til regionen og som såleis får høve til å leige denne i ein periode for å sjå om dei trivest. Den fyrste prøvebustaden står ferdig bygd i Øyfjell, og ein familie på 5 har flytt inn. Prosjektet er godt motteke i kommunane og mykje omtalt i ulike media. Stimulere til rekruttering av arbeidskraft. Rekrutteringsprosjektet i regi av strategisk næringsplan er no etter 3 år avslutta. Prosjektet vart leia av Vest-Telemark Næringsforum. Hovudmålet med prosjektet var å fremje Vest-Telemark som ein bu- og arbeidsmarknadsregion. Tiltaket vart iverksett med utgangspunkt i at mange verksemder og kommunar har hatt problem med å skaffe nok kvalifisert arbeidskraft. NAV har hatt ei nøkkelrolle i prosjektet. Det vart etablert faste møtepunkt med marknadsnettverket til NAV i Vest-Telemark, der ein 6-8 gonger årleg i prosjektperioden gjekk gjennom arbeidskraftbehovet til 50-60 nøkkelverksemder i regionen. I tillegg fekk alle registrerte verksemder brev om prosjektet med tilbod om bistand. For å synleggjere arbeidsmarknaden i regionen er det dei siste åra etablert eit samarbeid med Yrkesmessa på Vest-Telemark Vidaregåande skule. I samarbeid med Bygdelivsmeklaren har prosjektet vore arrangør av Vest-Telemark treff i Oslo, som er arrangert 4 gonger. Fokus her er moglegheiter for jobb i regionen. Dette, saman med eit innhaldsrikt sceneprogram, dannar grunnlaget for ei offensiv marknadsføring av regionens arbeidsmarknad for potensielle heimflyttarar. Prosjektet har og arbeida fram nettsida Telejobb.no der interesserte kan knytte kontakt med verksemder i regionen med sikte på rekruttering av arbeidskraft på kort og lang sikt. Det siste året har ein i langt større grad blitt klar over utfordringane som ligg i alderssamansettinga blant arbeidstakarane i Vest-Telemark. Store etterkrigskull er på veg ut av arbeidslivet med pensjon. Både innan privat og offentleg sektor vil det vere eit stort behov for ny arbeidskraft i tida framover og dette skaper store utfordringar også i Vest-Telemark. Her vil ein måtte halde fram med arbeidet som er gjort for å synleggjere Vest-Telemark som ein felles arbeidsmarknad. Satse på auka tilflytting og ha fokus på gode integreringstiltak. På bakgrunn av erfaringar gjort i prosjektet ”Vi snur vinden – fleire folk til Vest-Telemark” og andre rekrutterings- og bygdeutviklingsprosjekt, held Bygdelivsmeklaren fram arbeidet med prosjektet ”Bulyst – gje det vidare!”. Med dette prosjektet ynskjer ein å skape ein region som er attraktiv å bu i og flytte til, utvikle trygge bærekraftige bustadmiljø, og gjennom dette oppnå befolkningsauke. I prosjektet ”Bulyst – gje det vidare!” vil ein vere spesielt opptekne av bebuarane si rolle og deira ansvar i høve til utfordringane med fråflytting frå regionen. Ein ser verdien av å bevisstgjere og gje ansvar til dei som allereie bur her. Ein har difor stort fokus på vertskapsfunksjonen i kommunane. Eit anna satsingsområde er bustad, med Prøvebustadsprosjektet høgt prioritert. Prosjektleiar har skaffa seg eit stort nettverk i regionen, og prosjektet er i rute i høve til prosjektplanen. Elisabeth Lid er prosjektleiar.

Page 10: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

7

Nytte samhandlingsreformen til å få best mogleg helsetilbod i regionen. Som fylgje av samhandlingsreforma har kommunane i Vest-Telemark og Sjukehuset Telemark tilsett ein samhandlingskoordinator i 100% stilling i to år. Koordinator si oppgåve er å legge til rette for gode samhandlingsløysingar for Vest-Telemark kommunane og sjukehuset, for å kunne gje heilskaplege og gode helsetilbod nærast mogleg der folk bur. Koordinatorstillinga er finansiert av Fellesfondet og sjukehuset. Sissel Bitustøyl er tilsett i stillinga og har kontorstad i Vinje. Mål 2 Sterk regional samkjensle og styrka Vest-Telemarkidentitet

Stø opp om kulturtiltak som fremjar kjennskap, identitet og samhandling. Vest-Telemarkkonferansen er ein samlingsplass for politikarar, privat næringsliv, offentleg tilsette og organisasjonar og har vore eit årvisst innslag dei 7 siste åra. Tema til no har vore: ”Regionalt samarbeid eller kommunesamanslåing”, ”Regional næringsutvikling”, ”Ny energi til Vest-Telemark”, ” Vest-Telemark som merkevare”, ”Kor skal byen ligge ?”,” Er skulen i Vest-Telemark konkurransedyktig ?”og ”Nye arbeidsplassar i eksisterande bedrifter - utnyttar vi potensialet?” Konferansen for 2011 hadde fokus på ”Innovasjon i Vest-Telemark” og 2. februar 2012 vil ein sette fokus på ”Næringsutvikling og offentleg sektor” med m.a. NHO direktør John G. Bernander og mange spanande lokale foredrag. Sogelandet vart etablert i 2005 og er namnet på ei rekkje kulturarrangement i kommunane Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tinn, Tokke og Vinje. Det er løyvd midlar til prosjektet frå Telemark fylkeskommune og frå Fellesfondet over ein periode på 3 år. Sogelandet er frå 2008 organisert som eit samvirke. Stiftinga Vest-Telemark Museum vart oppretta i 2002 med det føremål å stå for drift og vedlikehald av museum i Vest Telemark. Musea finn ein i fem kommunar og dei ulike einingane er: Vinjestoga, Myllarheimen, Knut Skinnarland samlinga, Dyre Vaa samlingane, Vinje Biletgalleri, Øyfjell Bygdemuseum, Fyresdal Bygdemuseum, Kviteseid Bygdetun, Åmdals Verk Gruver, VTM Eidsborg, Norsk Skieventyr. Vest Telemark har ein rik tradisjon innan folkekunst og skihistorie og Vest-Telemark Museum formidlar denne flotte kulturarven ved hjelp av utstillingar, aktivitetar og ved arrangement. .

Utbygginga av det nye flotte museumsbygget er i rute, siste finpuss er no snart ferdig og administrasjonen kan snart flytte tilbake til nye flotte kontorlokale. Arbeidet med nye utstillingar er i gang og museet gler seg til å ta imot gjester til sommaren. Politikar 2020 Politikar 2020 er eit overordna prosjekt, i regi av VTNU, der ein arbeider for å auke rekrutteringa til politisk engasjement i Telemark. Prosjektet består av tre konkrete aktivitetar; Politikerveka, Politikerskulen og Rollemodellprogram.

Page 11: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

8

Legge til rette for godt regionalt samarbeid, herunder elektronisk kommunikasjon og informasjonsflyt. Vest-Telemarkrådet er regionråd for kommunane: Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Regionrådet er eit samarbeidsorgan for dei deltakande kommunane på alle område og alle plan og skal løyse felles spørsmål og oppgåver for desse. Tinget er det øvste organet og er samansett av ordførar, varaordførar, eitt anna kommunestyremedlem og rådmannen i dei deltakande kommunane. Ordførarane i kommunane utgjer Rådet og står for den daglege drifta i lag med sekretariatet. Vest-Telemark Næringsutvikling AS (VTNU) har kontor i Kviteseid, og har som føremål å styrke og vidareutvikle næringslivet i Vest-Telemark. I tett samarbeid med næringsliv og kommunar vil VTNU medverke til å skape ein open, energisk og nyskapande region. Viktig fokus er lønsamt næringsliv og kommunar med attraktive bumiljø. Ein ynskjer å profilere Vest-Telemark som ein bu– og arbeidsregion med tilbod til folk i alle aldrar og medverke til samarbeid og positiv utvikling i regionen. Det er knytta 9 medarbeidarar til selskapet. Vest-Telemark Næringsbygg AS (VTN) med kontor i Kviteseid, har som føremål, i samråd med andre aktørar, å styrke og vidareutvikle næringslivet i Vest-Telemark, Drangedal og Hjartdal. Dette skal skje ved å ta del i ulike typer næringsbygg, selskap og verksemder. Viktig fokus er å legge til rette for næringsetablering gjennom å tilby rimelege og attraktive utleigebygg. Selskapet eig i dag 10 bygg i 5 kommunar. Gab- og kartsamarbeidet inneber at det lovpålagte vedlikehaldet av GAB-data no skjer regelmessig via felles server. GAB-registra er avløyst av den såkalla matrikkelen som også er ei felles løysing. Samarbeidet er på mange måtar eit utviklingsprosjekt der nytten kjem gradvis og over tid. Kartløysinga er elles ei generell løysing i fyrste rekke for at publikum (innbyggjarar og hyttefolk) kan ha tilgang til detaljerte, lokale kart. Samarbeidet har no gått inn i ei ny fase med vekt på god integrasjon og dataflyt mellom dei ulike systema i kommunen, noko som gjer det mulig med sikrare og meir effektivt arbeid både for eigne tilsette og andre som er brukarar av kartdata. I samarbeid mellom anna med Statens Kartverk skal alle reguleringsplanar digitaliserast og gjerast tilgjengelege. Samarbeidet er nå i ferd med å ta i bruk felles system for avgiftsberekning (kommunale avgifter). Dette er felles for alle kommunar, brannvernsamarbeidet og Renovest. Profil. Nytt IT-system for pleie/omsorg er teke delvis i bruk i alle 6 Vest-Telemarkkommunane i dag. Eit omfattande opplæringsprogram er sett i verk innan sjukeheimar og heimetenestene. I vidare arbeid har styringsgruppa no prioritert innføring av ny teknologi i heimesjukepleia, med bruk av små datamaskinar for kommunikasjon og dataregistrering (såkalla PDA-ar). Turnusplanlegging er eit nytt samarbeidsprosjekt for 6 kommunar. Målet er betre oversikt og god ressursutnytting. I fyrste omgang blir systemet teke i bruk innafor pleie/omsorg, men systemet kan også nyttast innanfor andre område i komunane der ein har vaktordningar. Prosjektet er i hovudsak ferdig gjennomført innafor pleie/omsorg. Vidare plan er å bruke systemet aktivt i budsjettprosessen i kommunane (sikrare grunnlagsdata) og å introdusere systemet og bruken i forhold til andre områder i kommunane enn pleie/omsorg. Dette blir då i samarbeid med rådmennene.

Page 12: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

9

Vandreregionen/Kommunal reiselivssamarbeid Prosjektet Vandreregionen er etablert som eit samarbeid mellom dei 6 Vest-Telemark kommunane saman med Hjartdal og Tinn som skal gå frå 2010-2012 med støtte frå Fellesfondet og Telemark Fylkeskommune. Målet er å auke omdømmet til Vest-Telemark, Hjartdal og Tinn som bu og opplevingsregion ved å jobbe for å ha gode tilbod for vandring til ulike målgrupper. Måla skal vi nå gjennom samarbeid mellom kommunar i Vest-Telemark, frivillige, grunneigarar og næringsaktørar. For å få dette til er ein viktig del av arbeidet å fokusere på roller i friluftslivsarbeidet i kommunen, avtaler, samt drift og vedlikehald av turvegane. Fokuset på dette skjer ved at kommunane samarbeidar med næringsaktørar og frivillige om å kvalitetssikre to attraktive turvegar i kvar kommune med avtaler, merking, skilting og avtaler på drift og vedlikehald. For å profilere tilboda utarbeidar kommunane saman med VTNU og andre samarbeidspartnerar som f.eks regiongelog Sven Dahlgren, miniguider, felles presentasjon av område med kart, naturinformasjon og nettsida www.vandretelemark.no som det er ynskjeleg å omsetje også til engelsk og tysk. Som eit resultat av samarbeidet satsar også kommunane på marknadsføring av Vandring gjennom Innovasjon Norge sin Vandrekampanje. Totalt 16 turvegar skal vere klar komande sesong. Prosjektperioden nærmar seg no slutten, men det vert uttrykt ynskje og behov for vidare samarbeid og vidareutvikling av Vandreregionen. Kvalifiseringsprosjekt OFF- Vandreregionen i framtida. Med fokus på friluftsliv( vandring), reiseliv og regional utvikling har VTNU saman med tre institutt på Høgskulen i Telemark tatt initiativ til eit kvalifiseringsprosjekt innan reiseliv, opplevelsesnæring og attraksjonskraft. Mål med forprosjektet er å finne strategiar for korleis vandreregionen skal satse for å auke attraksjonskrafta gjennom tilrettelegging for naturbaserte opplevingar. Vi ynskjer å finne ut om samhandling med interessenter i FoU miljø, næringa og det offentlege kan gje auka potensiale for strategisk og berekraftig utvikling i Vandreregionen. I prosjektet er det gjennomført både litteratur- og empiriske studiar av eksisterande forsking og erfaring på området, samt henta inn ”best practices”. Dette har gitt oss eit gagnleg bilete av Noreg som vandrardestinasjon. Det norske vandrartilbodet synas å vere lite differensiert – alle satsar meir eller mindre på det same: å ”vere alt for alle”. Samstundes er det tradisjon for å støtte dei veltrente og fjellvande, mens andre grupper ofte neglisjeras. Marknads- og målgruppetilpassing er nærast fråverande, og vi står no overfor ein situasjon kor det uttrykkas behov for differensiering blant norske vandrardestinasjonar. Drive aktiv marknadsføring av regionen Interaktive Telemark Vest-Telemark Næringsutvikling As har prosjektleiinga i prosjektet Interaktive Telemark. Prosjektet er initiert av reiselivsansvarlige i fylket, og målet er å etablere ein felles digital infrastruktur som skal sikre god informasjonsflyt i Telemark. Områda det vert jobba med er mellom anna: kulturkalender, reiselivsprodukt i databasen TellUS, kolektivinformasjon i samarbeid med ”KID-prosjektet” og ROM eiendom, kommunale tenester og lokal stads-informasjon. Informasjonsflyten skal distribueast til både ein felles informasjonskanal og åpnast for aplikasjonar for lesebrett, telefonar med meir. Første fase i prosjektet vil samle heile fylket til ein felles informasjonskanal på stadfaste ”informasjons-kioskar”. Dette gjev auka synlegheit av aktivitetar , attraksjonar, overnatting osb. i heile regionen.

Page 13: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

10

Vest-Telemarkportalen er oppgradert i 2011. Sida har no ein fast redaktør og er utvikla i samarbeid med Rauland Turist og Grenlandweb. Den nye portalen er no kome opp som ei informasjonside som samlar regionen. Sida fungere og som arrangementskalender for Vest-Telemark. Drive alliansebygging/lobbyverksemd og kome tidleg inn i dei ulike politiske endringsprosessane Dette er eit omfattande ”fagområde” der det til ei kvar tid foregår dialog på dei ulike politiske og administrative nivåa. Ein har i regionen både formell og uformell kontakt med stortings- og fylkestingspolitikarar, med administrative leiarar og med representantar frå ulike organisasjonar og fagområde. Kommunane og kommuneregionane er høyringsinstansar innafor mange ulike område og kjem kvart år med uttaler til ulike endringsforslag innafor den offentlege forvaltninga. Vest-Telemarkrådet har styrka sin posisjon som felles talerøyr for regionen, og samarbeidet med dei 3 andre kommuneregionane i Telemark er aukande. Det vert arbeidd med å vidareutvikle kommunikasjonen mellom dei ulike forvaltningsnivåa.

Mål 3 Vidareutvikling og nyetablering av verksemder i Vest-Telemark. Styrke marknadsføringa av Vest-Telemark som reiselivsmål og vidareutvikle opplevingstilbodet i regionen Tiltak 2-2 i Strategisk Næringsplan heiter ”felles reiselivsprogram for Vest-Telemark” og det er dei reiselivsansvarlege i kommunane som er utførar for tiltaket. Dei reiselivsansvarlege møtest no regelmessig og det er utarbeida forstudie for tiltaket med mål å avklare organisering og ressursbehov. Det er vidare utarbeida ei forstudie – Felles reiselivskoordinering i Vest-Telemark. Rapporten skal ligge føre i slutten av februar 2012. Felles turistbrosjyre for kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje er gjeve ut årleg dei seinare åra. God informasjon om Vest-Telemark bidreg til at turistane oppheld seg lenger i regionen og deltek i ulike aktivitetar på tvers av kommunegrensene. Legge til rette for næringsutvikling med grunnlag i lokale ressursar Tiltaksretta handlingsplan for landbruk i Vest-Telemark Den tiltaksretta handlingsplanen for Vest-Telemark vart vedteke i Vest-Telemarktinget 29.03.11. Det vidare arbeidet med gjennomføringa av planen er lagt til rådmannsutvalet i regionen med Vinje kommune som ansvarleg. Dyrskun Arrangement AS er ein av seks SIVA inkubatorar for mat og naturbasert næring i Noreg . Inkubatorprogrammet har ambisjon om å bidra til fleire vekstbedrifter innan mat- og naturbasert næring innan 2014. Målet skal nåast ved å gje potensielle vekstbedrifter innan mat- og naturbasert næring individuell oppfølging i eit innovasjonsmiljø med spisskompetanse på kommersialisering og tilgang til eit bredt nettverk. Øystein A. Løvlie er leiar av inkubatorarbeidet.

Page 14: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

11

Prosjektet Skjulte skattar Bedriftsnettverket av 7 mindre verksemder langs E-134 har etablera eit forprosjekt for å få auka fokus på E-134 som ein opplevingsveg. Verksemdene som i dag er med dekker tre kommunar Seljord, Kviteseid og Vinje. Vest-Telemark Næringsutvikling er Prosjektansvarleg og Morgedal Utvikling er prosjektleiar. Prosjektet starta mars 2010 og har halde fram til 1. oktober2011. Bedriftene ynskjer å teste ut om design og felles anbefaling av kvarandre kan bidra til auka besøk og inntening. I tillegg til profilering og anbefaling bygger dei styrke i samarbeidet gjennom kompetanseheving og felles møteplassar. Eit langsiktig mål er å utvide nettverket og freiste fleire verksemder til å ta del i samarbeidet og få auka merksemd på opplevingane langs E- 134. Leggje til rette for etablering av kompetanseverksemder og stimulere utviklinga i eksisterande verksemder Dei fem regionale etablerarkontora har eit godt samarbeid og har utvikla ein felles webportal – www. etablererkontoret.no. Ved hjelp av finansiering frå Telemark fylkeskommune og Innovasjon Noreg er det satsa ressursar på fellesprofilering, webportal og facebookside. Etablerarkontora møtest fleire gonger i året for erfaringsutveksling, felles kompetanseheving og samarbeid om forskjellige tiltak retta mot etablerarar og bedrifter. Etablerarkontoret for Vest-Telemark er lagt til Vest-Telemark Næringsutvikling i Kviteseid. Tenesten gjev rettleiing i samband med etablering av ny verksemd. Det vert gjeve informasjon om korleis ein etablerer ny verksemd, kva som finst av stønadsordningar, kva selskapsform som er aktuell, kva som trengst av mogleg naudsynt autorisasjon osv..

Kommunevis fordeling av etablerarsakene:

ÅR 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010

Fyresdal 12 3 10 9 12 13 10 10 8

Kviteseid 21 19 21 27 17 13 13 10 13

Nissedal 2 5 10 10 10 12 8 7 11

Seljord 29 33 40 27 21 25 23 21 19

Tokke 4 8 2 5 7 9 3 4 8

Vinje 13 17 19 20 19 16 18 24 28

Sum 81 85 102 98 86 88 75 76 87

I 2010 har 31 kvinner nytta etablerarkontoret i Vest-Telemark. Andelen kvinner har gått litt ned i høve til tidlegare år og er no på 36% mot 64% menn. I tillegg til Etablerarkontoret for Vest-Telemark har fleire av kommunane rådgjeving lokalt. Den regionale etablerertenesten i Vest-Telemark blir finansiert av Telemark fylkeskommune/Innovasjon Norge, fellesfondet og NAV. Administrativ rapportering går via Innovasjon Norge.

Page 15: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

12

Stimulere til vidareutvikling av næringsapparatet i regionen Eitt av tiltaka i noverande næringsplan går på vitalisering av næringsapparatet. Telemarkforsking utarbeidde ein rapport om korleis næringsapparatet i regionen kan vitaliserast og korleis ein kan styrke samarbeidet mellom lokalt og regionalt næringsapparat. Rapporten er handsama i Vest-Telemarkrådet og i dei fleste kommunane. Konklusjonen frå kommunehøyringa var at ein ikkje ynskte overføring av kommunale personalressursar til regionalt nivå, men at ein ynskte eit sterkare samarbeid innan regionen. I samband med utarbeiding av ny Strategisk Næringsplan var næringsansvarleg i kvar kommune med i arbeidsgruppa som lagar planen. Vest-Telemarkrådet vedtok i samband med planen fylgjande: ”Permanent regional næringsgruppe Det vert etablert ei permanent regional næringsgruppe som består av næringsansvarlege i kvar kommune og ein representant frå Vest- Telemark Næringsforum. Næringsgruppa får mandat til å konstituere seg sjølv og velje leiar. Sekretariat for Vest-Telemarkrådet er ansvarleg for å informere leiar i næringsgruppa fortløypande om næringssaker, samt vere sekretær for gruppa. Regionsordførar vert invitert til møta som observatør. Det same gjeld representant frå Telemark fylkeskommune. Mandatet for næringsgruppa er å vera rådgjevingsgruppe for Vest-Telemarkrådet, samt å få ei meir koordinert og fagleg god rådgjevingsteneste, med tett samarbeid mellom kommunane. I tillegg skal gruppa legge til rette for målsetjinga om å få gjennomført regionale tiltak/prosjekt i tråd med strategisk næringsplan.” Den regionale næringsgruppa har hatt 4 møter i 2011. Dette saman med tilsvarande arbeid innan landbruksforvaltninga gjev eit godt utgangspunkt for å kunne realisere ynskje om å vidareutvikle næringsapparatet i regionen. Arbeide for å betre rammevilkåra for landbruket i Vest-Telemark Regionrådssekretæren tek del i Fylkesmannen sin kontaktgruppe for landbruk og gjennom dette fora har ein påverknad på virkemiddelbruken i landbruket. Gjennom eit nærare samarbeid med landbruksansvarlege i kommunane har ein fått sterkare gjennomslag her. Mål 4 Sikre god infrastruktur i og gjennom Vest-Telemark Samarbeid med Haukelivegen AS, Arbeidsgruppa for E 134/Rv 36, Telemarksvegen, Vest-Telemark Næringsforum og andre viktige grupperingar. Vest-Telemarkrådet samarbeider med ei rekkje grupperingar når det gjeld infrastruktur: AS Haukelivegen er ein interesseorganisasjon som arbeider for utbygging og standardheving av E 134 og viktige sidegreiner til denne. I styret for selskapet sit representantar frå kommunane langs vegen samt dei 3 fylkeskommunane. Selskapet spelar ei aktiv rolle i høve til planlegging og påverknad på så vel politisk som administrativt plan.

Page 16: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

13

Arbeidsgruppa for E 134/Rv 36 er samansett av representantar frå regionane og Telemark fylkeskommune. Gruppa vart danna i 2000 og har som føremål å påverke planlegging og finansiering av konkrete utbyggingsprosjekt på E 134 og Rv 36 i Telemark. Arbeidsgruppa har mellom anna arbeidd aktivt for å få til utbygging av delstrekningar på E 134 og Rv 36 ved hjelp av bompengefinansiering. Rv 41 Telemarksvegen er eit samarbeid mellom dei 6 kommunane langs Rv 4. Viktige arbeidsoppgåverfor gruppa er å legge til rette for Rv 41 som opplevingsveg. Det vert arbeidd med å få til ei gjennomgåande sykkelrute frå Kristiansand til Vrådal. Delar av denne går på nedlagte jernbanetraséar mellom Åmli og Treungen. I samband med regionreformen har Rv 41 fått riksvegstatus og vil såleis fortsatt vera staten sitt ansvar. Det er nyleg valt ei arbeidsgruppe i vår region som skal organisere tiltak på Rv 41 for å utvikle denne som korridor mot sør og kontinentet. Vest-Telemark Næringsforum er ei næringspolitisk medlemsforeining og ein møteplass for å fremje kompetanse og nettverksbygging mellom dei private verksemdene i Vest-Telemark. Foreininga har i dag omlag 100 medlemmer innan enkeltmannsføretak, verksemder/selskap, rådgjevingsmiljø, forskning, bankar og organisasjonar i Vest-Telemark. Verksemda fungerar som talerøyr for næringslivet i regionen, og har mellom anna engasjert seg i å styrkje samarbeidet i regionen, samferdselsspørsmål, kapitaltilgang m.m. Arbeide mot sentrale styresmakter spesielt i høve til Nasjonal Transportplan og aktuelle utbyggingsprosjekt Forslag til nasjonal Transportplan 2010 – 2019 vart lagt fram for Stortinget 13. mars 2009. For Telemark inneheld NTP 2010 – 2019 fleire viktige prosjekt og legg føringar for framtidig utbygging. Århus – Gvammen startar opp som statleg finansiert prosjekt i fyrste del av planperioden med fullføring i siste del. Det same gjer gjennomføringa av E 134 gjennom Kongsberg. Det er lagt føringar for nye tunnellar på Haukelifjell og forbi Røldal i andre del av planperioden, og det same gjeld utbetring langs Stordalsvatnet i Etne. I andre del av planperioden kjem også tunnel under Boknafjorden (Rogfast) under føresetnad av delvis bompengefinansiering. Det ligg såleis an til å bli realisert fleire store prosjekt både i og utanfor Telemark, og fylket vårt har fått god utteljing etter intern semje, godt informasjonsarbeid og solid påverknadsarbeid utført av ei rekkje personar/organisasjonar. Arbeidet fram mot NTP 2014-2023 er alt i gang, med sikte spesielt på å få inn nye Haukelitunnelar i neste transportplan-periode. Fremje tiltak for alternativ finansiering av sentrale investeringsprosjekt. Brukarfinansiering av 3 delstrekningar på E134 og Rv36. Det er løyvd midlar frå Vest-Telemark, Midt-Telemark og AS Haukelivegen til planleggingarbeid i høve til mogleg brukarfinansiering av dei 3 delparsellane: Åmot – Seljord på E 134, Gvarv – Slåttekåstunnelen på Rv 36 og Seljord – Sjørmporten på Rv 36. Planarbeidet er starta opp, og det er Statens vegvesen som står for dette. Arbeidet vil, etter at ein er gjennom dei naudsynte politiske prosessane, danne grunnlaget for endelege forslag til bompengevedtak. Stortinget har den endelege godkjenninga i slike saker men er ikkje avhengig av Nasjonal Transportplan sidan det er tale om 100 % bompengefinansiering.

Page 17: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

14

Bompengeselskap. Telemark fylkeskommune, saman med kommunane Nome, Sauherad, Bø, Seljord, Kviteseid, Tokke, Vinje og Hjartdal har oppretta eit bompengeselskap for finansiering av utbyggingsprosjekt på E134 og Rv36 i Telemark. Selskapet har namnet ” E 134 og Rv 36 Telemark AS” og har forretningsadresse i Skien. Arbeide for auka midlar til investeringar og vedlikehald av øvrige riks- og fylkesvegar Det blir arbeidd aktivt på to frontar: RV41 er riksveg (staten er eigar). Det har vore eit tett samarbeid med Statens Vegvesen og det nærmar seg nå fullføring av ei analyse av status og investeringsbehov. For fylkesvegane har regionen gjort ei tydeleg prioritering som er tatt til følgje av Fylkeskommunen. Vi har bidratt aktivt i utarbeiding av strategiplanen for fylkesvegane i Telemark og har fått ei prioritering som vi er rimeleg fornøgde med, totalramma tatt i betraktning. Sikre full utbygging av siste generasjon breiband i regionen. Det er investert meir enn 30 millionar kroner i breibandutbygging i regionen dei siste åra i form av RDA-midlar og innsats frå dei ulike kraftlaga. I tillegg har ein fått 2,5 millionar kroner i HØYKOM-midlar frå Staten. Desse midlane er no nytta som planlagt og ein er i hovudsak ferdig med arbeidet. Sluttføring av breibandutbygginga skjer samordna i regi av Telemark fylkeskommune. Det har kome ny løyving frå HØYKOM og frå KRD med føresetnad at ein får på plass også den lokale finansieringa. Målet for utbygginga er 100 % dekning til fastbuande i regionen. I tillegg har ein fått med utbygging fram til mange hytteområde. Arbeide for betre dekning innan mobilsamband og digitalt bakkenett. I samarbeid med fylkeskommunen og andre kommunar i Telemark har Vest-Telemark Næringsutvikling arbeidd med å kartlegge område med dårleg mobildekning. Det viser seg å vera liten kommersiell interesse for utbygging, og ein vil no prøve ut alternative modellar. Nokre få prosjekt er realisert i 2010. I løpet av 2011 vil etter planen 10-12 prosjekt/antenner har blitt realisert i samarbeid mellom Telenor og kommunane. VTNU har fungert som koordinator i tillegg til å disponere og fordele dei statlege løyvingane til føremålet. Arbeide for realisering av høgfartsbane over Haukelifjell. Jernbaneverket er no i sluttfasen av utgreiinga av Høgfartsbane i Noreg. Utgreiinga skal leggast fram i byrjinga av februar 2012 og det er stor spenning knytt til konklusjonane. Selskapet Norsk Bane AS har vore ein pionér innan arbeidet med høgfartsbane i Noreg og arbeider for realisering av Haukelibanen. Utgreiinga som Norsk Bane AS har fått frå Deutsche Bahn slår fast at høgfartsbane over Haukelifjell har større samfunnsnytte enn tidlegare påvist og at denne har best lønsemd av dei alternativa som er utgreidd. Arbeidet med realisering av Høgfartsbane over Haukeli er tiltak 4-4 i Strategisk Næringsplan og målet er at dersom det vert bygd Høgfartsbane i Noreg, skal den fyrste gå over Haukeli. Ein arbeider no for å etablere eit Jernbaneforum for Haukelibanen som skal gje eit auka politisk trykk for realisering av Haukelibanen.

Page 18: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011 Sak 22/2011 Forslag til arbeidsprogram 2012 – 2013. I møte 22. november 2011 handsama Rådet forslag til arbeidsprogram 2012 – 2013 og rådde til at dette skulle leggast fram for Vest-Telemarktinget for endeleg handsaming. Forslag til vedtak: Vest-Telemarktinget godkjenner det framlagte forslaget til arbeidsprogram for Rådet gjeldande 2012 – 2013.

Page 19: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

Sak 22/2011 Forslag til arbeidsprogram for Vest-Telemarkrådet 2012 – 2013.

VISJON: VEST-TELEMARK - EIN LEVANDE REGION Vest-Telemark skal vera ein levande region der opparbeidd identitet og kultur vert vidareført saman med innovasjon og nyskaping. Gjennom samhandling over kommunegrenser skal vi gjere regionen attraktiv for busetnad, arbeid og oppleving. Mål 1 Oppretthalde og auke folketalet og busetnaden i heile Vest-Telemark Tiltak:

Auke dei unge si sjølvkjensle og tilknyting til distriktet, og stimulere til entreprenørskap Vidareføre arbeidet med utvikling av regionens attraksjonskraft og bulyst. Vidareutvikle Vest-Telemark som ein attraktiv arbeidsmarknadsregion. Stimulere til rekruttering av arbeidskraft Nytte samhandlingsreformen til å få best mogleg helsetilbod i regionen Etablere eit Vest-Telemark Ungdomsråd

Mål 2 Sterk regional samkjensle og styrka Vest-Telemarkidentitet Tiltak:

Stø opp om kulturtiltak som fremjar kjennskap, identitet og samhandling Vidareutvikle samhandling kring marknadsføringstiltak som fremjar kjennskap til regionens

kultur og identitet. Legge til rette for godt regionalt samarbeid, herunder elektronisk kommunikasjon og

informasjonsflyt Stimulere til utvikling av nye offensive informasjonsformer tilpassa prioriterte målgrupper.

Mål 3 Vidareutvikling og nyetablering av verksemder i Vest-Telemark Tiltak:

Leggje til rette for næringsutvikling med grunnlag i lokale ressursar Gjennomføre strategisk næringsplan og landbruksplanen for regionen Auke tilgangen på risikokapital og offentlege verkemiddel til regionen Styrke og utvikle nærings- og rådgjevingsapparatet i Vest-Telemark Tilrettelegging og utvikling av samhandlingstiltak og næringsklynger, med formål å styrke

eksisterande næringsliv og stimulere til knoppskyting, nyetablering og innovasjon. Oppretthalde og utvikle kompetansemiljø i regionen.

Mål 4 Sikre god infrastruktur i og gjennom Vest-Telemark Tiltak:

Vidareutvikle felles strategiar for vegutbygging og skape alliansar for desse. Synleggjere regionens transport- og infrastrukturbehov gjennom faktaoppbygging og

formidling. Arbeide for høgfartsbane over Haukeli Utvikling av regionens breibandsstruktur og mobilsamband.

Page 20: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011 Sak 23/2011 Forslag til budsjett 2012 for Vest-Telemarkrådet Bakgrunn. 9. desember 2009 vart det gjort avtale mellom Telemark fylkeskommune og kommunane: Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tinn, Tokke og Vinje om disponering av konsesjonskraft for ein vidare periode på 15 år. Eitt av punkta i avtala gjeld opprettinga av eit fylkesdekkjande fond, Telemark Utviklingsfond som skal forvalte delar av konsesjonskraftinntektene. Mellom anna inngår inntektene til Fellesfondet i dette. I møte 20. oktober 2010 godkjende Telemark Fylkesting formelt vedtektene for Telemark Utviklingsfond. Vedtektene inneheld mellom anna eit punkt om å medverke til finansiering av det regionale samarbeidet i dei 8 konsesjonskraftkommunane, og er etter vedtaket formulert slik: ”Fondet dekker en del av avtalekommunanes årlige utgifter til regionalt samarbeid, totalt 2,67 mill. kr, fordelt på Vest-Telemark kommunane og Tinn/Hjartdal. Beløpet vert indeksregulert med konsumprisindeksen hvert år”. For Vest-Telemarkrådet innebar dette eit beløp på kr. 2 010 000,- for 2011. I møte 3. februar 2011 godkjende Vest-Telemarktinget eit budsjett med ein andel av utgiftene til det regionale samarbeidet på kr. 2.510.000. Dette innebar at Vest-Telemarkrådet har hatt kr. 4. 520 00,- til disposisjon i 2011.

For 2012 legg ein til grunn ein kommunal medverknad på 50% , slik avtala om Telemark Utviklingsfond legg opp til. Med ei justering for endring av konsumprisindeksen frå desember 2009 til desember 2010 vil kr. 4.020.000 i desember 2009 tilsvare kr. 4.130.874 i desember 2010. Dette inneber ei prisstigning på 2.8 prosent og ei fordeling med kr. 2.065.437 på kvar av partane.

På bakgrunn av dette vart det lagt fram forslag til budsjett 2012 i rådsmøte 22. november Budsjettforslaget inneheld også nærare kommentarer til dei ulike budsjettpostane. Det vart gjort slikt vedtak: ”Vest-Telemarkrådet oversender budsjettet til Tinget til orientering med framlegg om at Rådet får fullmakt til å vedta budsjettet for 2012" Vedteke med 4 mot 1 røyst. Forslag til vedtak: Vest-Telemarktinget gjev Rådet fullmakt til å vedta budsjett 2012 for Vest-Telemarkrådet.

Page 21: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

Sak 23/2011 Forslag til budsjett 2012 for Vest-Telemarkrådet

Oppgåve Budsjett Sekretariats- og sakshandsaming til Rådet 1.500.000 Kjøp av tenester frå VTNU AS 1.130.874 Bygdelivsmeklar 600.000 Administrasjon av Strategisk Næringsplan for Vest-Telemark

500.000

Vest-Telemark Næringsforum 200.000 Vest-Telemark konferansen 100.000 Vest-Telemark Treffet 100.000 Sum Vest-Telemarkrådet 2012 4.130.874

Dette gjev fylgjande finansiering:

Telemark Utviklingsfond kr. 2.065.437,-

Kommunane kr. 2.065.437,-

Sum Vest-Telemarkrådet 2012 Kr. 4.130.874,-

Merknader til budsjettet:

Sekretariats- og sakshandsaming til Rådet omfattar kostnader til drift av rådet, løn til regionrådsleiar og ytterlegare sakshandsamingskapasitet. Dei seinare åra har arbeidet knytt til rådet auka i omfang. Dette gjeld talet på saker og sakshandsaminga av desse, samarbeid med kommunane, dei øvrige regionane, fylkeskommune og statlege etatar. Ein ser at arbeidet med å representere regionen i ulike samanhangar tek mykje tid og er viktig for å gje Vest-Telemark naudsynt påverknad på utviklinga.

Kjøp av tenester frå VTNU AS er knytta til faste oppgåver VTNU har utført for Rådet i mange år. Dette gjeld:

Drift av etablerarkontoret i Vest-Telemark kr. 430.874

Bedriftsrådgjeving tenester kr. 350.000

Vest-Telemark Portalen kr. 200.000

Kontortenester til Rådet kr. 150.000

Page 22: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

2  

 

Bygdelivsmeklaren skal arbeide for å auke bulyst og blilyst i regionen. Gjennom ulike prosjekt og tiltak skal denne bidra til positiv nærings- og bustadutvikling, auke attraksjonen og omdømet til Vest-Telemark for gjennom dette å skape positiv folketalsutvikling.

Administrasjon av Strategisk Næringsplan for Vest-Telemark. Næringsplanen for 2011 – 2014 er omfattande og viktig for å skape utvikling i Vest-Telemark. Planen gjeld for fire år og har ei investeringsramme på 85 millionar kroner. Administrasjon av tiltaka og rullering av planen krev at det vert sett av ressursar til dette arbeidet.

Vest-Telemark Næringsforum er eit næringspolitisk organ og ein møteplass for å fremje kompetanse og nettverksbygging. VTNF har ein viktig funksjon i å samle næringslivet i Vest-Telemark og å forbetre rammevilkåra for dei næringsdrivande i regionen.

Vest-Telemark konferansen er ein viktig møteplass for næringsliv og offentleg sektor. Dette er ein konferanse ein vil stø oppunder gjennom å knytte fleire regionale møte til denne arenaen. Vest-Telemarkkonferansen har vorte ein institusjon som set fokus på Vest- Telemark og styrkjer regionens identitet.

Vest-Telemark Treffet er arrangert i Oslo dei fire siste åra. Dette er eit arrangement for ei meir langsiktig marknadsføring av regionen, der ein mellom anna held kontakt med utflytta Vest-Telar. Det er viktig at arrangementet er forutsigbart og såleis utgjer eit årleg løft for regionen.

Page 23: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011 Sak 24/2011 Formalisering av Vest-Telemarkrådet som § 27-selskap Bakgrunn. I møte 21. april 2009 drøfta Vest-Telemarkrådet den formelle organiseringa av regionsamarbeidet. Det vart då gjort slikt vedtak: ”Regionrådsleiar får i oppdrag å gjera naudsynte tiltak i høve til å organisere Vest- Telemarkrådet etter kommunelovens § 27.” I møte 25.01.11, sak 04/2011 Formalisering av Vest-Telemarkrådet som § 27 – selskap vart det gjort slikt vedtak: ”Ein vedtek at Vest-Telemarkrådet vert å formalisere som § 27- selskap og godkjenner det framlagte forslaget til vedtekter inkludert endringane i §14 andre ledd som føreslege i notat frå regionrådsleiar. Forslaget vert å legge fram for handsaming i kvar enkelt kommune med tanke på endeleg godkjenning i Vest-Telemarktinget.” Saka har no vore til handsaming i kommunestyra i Vest-Telemark og det er gjort fylgjande likelydande vedtak (her har vi nytta Tokke kommune sitt vedtak):

1. Tokke kommune vedtek å etablere eit eige styre til løysing av felles oppgåver med heimel i § 27 i kommunelova. Styret etablerast saman med kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord og Vinje. Styret sitt namn er Vest-Telemarkrådet.

2. Styret skal ha eit sekretariat som støttar rådet sitt arbeid på administrativt nivå.

3. Sekretariatet finansierast av Telemark utviklingsfond og kommunane i Vest-Telemarkrådet.

4. Tokke kommune delegerer mynde over sekretariatet til Vest-Telemarkrådet.

5. Tokke kommune godkjennar vedtektene i Vest-Telemarkrådet og Vest-Telemarktinget slik dei er lagt fram i vedlegg 1.

Forslag til vedtak: ”Vest-Telemarktinget vedtek at Vest-Telemarkrådet vert å formalisere som § 27- selskap og godkjenner det framlagte forslaget til vedtekter”

Page 24: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

VEDTEKTER FOR VEST-TELEMARKRÅDET. (vedteke i rådsmøte 25. januar, til høyring i kommunane) Kapittel 1: Formål, medlemskap og vedtekter § 1 Geografisk omfang Vest-Telemarkrådet er eit regionalt organ der kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje er med. Regionrådet er oppretta med heimel i kommunelova § 27. § 2 Formål Vest-Telemarkrådet skal vere eit samarbeidsorgan for dei deltakande kommunane på alle område og alle plan, og skal vere eit organ for løysing av felles spørsmål og oppgåver for dei same kommunane. § 3 Styringsorgan Vest-Telemarkrådet har to styringsorgan. Det eine er Tinget, som er nærare omhandla i kapittel 2. Det andre er Rådet, som er omhandla i kapittel 3. § 4 Medlemskap, utmelding, oppløysing Kommunestyret i den einskilde kommune gjer vedtak om deltaking i Vest-Telemarkrådet og godtar med det vedtektene for dette. Viss ein kommune ynskjer å gå ut av Rådet, må kommunestyret gjere vedtak om dette. Ein kommune har rett til å seie opp sitt medlemskap med eitt års varsel. Rådet skal oppløysast når kommunestyra i eit fleirtal av medlemskommunane har gjort vedtak om dette. Regionrådet skal då avviklast. Når avviklinga er ferdig skal attståande midlar betalast attende til kommunane i same forhold som det er gjort innbetaling. § 5 Endring av vedtektene Medlemskommunar og medlemer av Vest-Telemarkrådet kan kome med framlegg til endring av vedtektene. Slike framlegg må sendast Rådet, som sender framlegget med si førebels innstilling til medlemskommunane til uttale. Framlegget med endeleg innstilling frå Rådet skal leggast fram for Tinget. Vedtak i Tinget om vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal. Framlegg til vedtektsendringar skal handsamast av Tinget så snart det er praktisk mogleg, men på grunn av sakshandsaming ikkje tidlegare enn 3 månader etter dato for framlegging. Vest-Telemarkrådet kan la ein kommune velje mellom å godkjenne føreslege vedtektsendring eller å gå ut av regionrådet utan vanleg oppseiingstid. § 6 Arbeidsoppgåver Rådet skal for kvart år utarbeide forslag til arbeidsprogram for komande år, og legge denne fram for Tinget saman med budsjett for same periode. Dette arbeidsprogrammet kan også innehalde saker og tiltak som krev arbeid over fleire år. Rådet skal freiste å ivareta ein god dialog med næringslivet i regionen. Tinget vedtek arbeidsprogram, og denne skal vere retningsgjevande for Rådet sitt arbeid. Rådet har likevel rett til å endre prioriteringane når spesielle tilhøve gjer dette nødvendig eller ynskjeleg.

Page 25: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

2

2

Kapittel 2: Tinget § 7 Samansetjing av Tinget Ordførar, varaordførar, 1 anna kommunestyremedlem og rådmann i dei deltakande kommunane utgjer medlemene av Tinget. Det blir oppnemnt personlege vararepresentantar. Valperioden for Tinget fylgjer kommunevalperioden. Regionordførar er også leiar for Tinget. § 8 Verksemda i Tinget Tinget kjem saman minst to gonger i året. Fyrste møte skal normalt haldast i juni. Tinget kjem saman når eit fleirtal i Rådet fastset det, eller når Regionordførar eller minst to av medlemskommunane krev det. Innkallinga til tingmøtet skal vere skriftleg og skal sendast med minst 14 dagars varsel og skal innehalde oppgåve over dei sakene som skal handsamast. Tinget gjer sine vedtak i møte leia av Regionordførar eller av Regionvaraordførar når ordføraren har forfall. Viss ingen av desse er med i møtet, vel Tinget ein møteleiar for møtet. Vedtak i Tinget blir gjort med vanleg fleirtal og er gyldig når minst 50% av medlemene/varamedlemene møter og har røysta i den aktuelle saka. Ved likt stemmetal gjer møteleiaren si røyst utslaget. § 9 Tingets ansvar 1. Godkjenning av arbeidsprogram og budsjett 2. Godkjenning av årsmelding og rekneskap 3. Fastsetting av godtgjering og liknande 4. Handsame forslag til vedtektsendringar 5. Val 6. Handsame andre saker etter vedtak i Rådet Kapitel 3: Rådet § 10 Rådet Ordførarane i dei deltakande kommunane utgjer Rådet, med varaordførarane som personlege vararepresentantar. Rådet skal stå for den daglege drifta i samarbeid med sekretariatet, og i samsvar med vedtekne arbeidsoppgåver. Leiar og nestleiar i Rådet blir vald av Tinget for 2 år av gongen. Tittelen for desse tillitsvalde er Regionordførar for Vest-Telemark og Regionvaraordførar for Vest-Telemark. Rådmennene har møte- og talerett i Rådet. Rådet kan oppnemne underutval eller liknande til å arbeide med fullmakt frå Rådet. § 11 Om avstemning og vetorett Kvart medlem av Rådet har vetorett med omsyn til om ei sak skal handsamast i Rådet. Viss vetoretten blir nytta, skal saka trekkast frå vidare handsaming. Det skal tungtvegande grunnar til for å nytte vetoretten, og bruken skal grunngjevast i kvart tilfelle. Vedtak i saker som Rådet handsamar blir gjort med vanleg fleirtal. Ved likt stemmetal gjer møteleiarens røyst utslaget. § 12 Verksemda i Rådet Regionordføraren er ansvarleg for at verksemda i Vest-Telemarkrådet føregår i samsvar med vedtektene og god forvaltningsskikk. Regionordføraren skal sjå til at det kvart år blir utarbeidd årsmelding med rekneskap for verksemda i regionrådet. Denne skal sendast dei same som får tilsendt møteprotokoll.

Page 26: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

3

3

Kapitel 4 Administrasjon, økonomi § 13 Sekretariat/administrasjon Rådet har høve til å engasjere/tilsette sekretær/dagleg leiar og anna naudsynt hjelp innafor vedteken arbeidsplan og budsjett, eller å kjøpe sekretariatstenester. § 14 Budsjett, finansiering Tinget vedtek etter forslag frå Rådet kvart år eige budsjett. Etter vedtak i Telemark Fylkesting dekker Telemark Utviklingsfond ein del av kommunanes årlege utgifter til det regionale samarbeidet. Tilsvarande beløp vert dekt av dei 6 kommunane etter slik fordeling:50 % fordelast med like beløp på dei 6 kommunane, medan resterande 50 % vert fordelt etter folketalet i kommunane. Deltakarkommunane skal ikkje gjere innskott i Vest-Telemarkrådet i samband med at Rådet blir organisera etter kommunelovas § 27. Vest-Telemarkrådet har ikkje høve til å ta opp lån utan særskild godkjenning av deltakarkommunane. § 15 Rekneskap og forvaltning Rådet er ansvarleg for rekneskapsføringa og forvaltninga av midlane til regionrådet. § 16 Godtgjering og kostnadsdekking for tillitsvalde Tinget skal i samband med budsjetthandsaming fastsetje godtgjering til Regionordførar, Regionvaraordførar og rådsmedlemer. Reiseutgifter i samband med møta i Tinget og Rådet dekkast av den einskilde kommune. § 17 Informasjonsarbeid Sakliste og møtereferat til rådsmøte og møte i Tinget skal sendast alle faste medlemer og varamedlemer til dei styrande organa. Det same materialet skal sendast gruppeleiarane for dei politiske partia i medlemskommunane. Styrande organ og administrasjon skal syte for eit aktivt informasjonsarbeid til publikum om arbeidet i regionrådet. Offentleggjering av saker og vedtak fylgjer same lovregulering som gjeld for kommunane. Dokumenta til Vest-Telemarkrådet skal oppbevarast forsvarleg og i samsvar med reglane i arkivlova.

Page 27: Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011€¦ · 5 ViTO Kompetanse AS: Etablert i 2003. Tokke kommune eig 70% av aksjane medan Vinje kommune eig 30%. Utvikla seg frå å vera ein

Vest-Telemarktinget Møte 13. desember 2011 Sak 25/2011 Val av regionordførar og regionvaraordførar for perioden 2012 – 2013 og fastsetjing av godtgjersle til desse. Val av valnemnd for perioden 2012 – 2013. I møte 15. desember 2009 valde Vest-Telemarktinget regionordførar og regionvaraordførar for perioden 2010 – 2011. I tillegg vart det fastsett godtgjersle for desse. Det vart gjort slike vedtak: Som regionordførar for perioden 2010 – 2011 vert vald Anne-Nora Oma Dahle, Nissedal Som regionvaraordførar vert valt Torstein Tveito, Kviteseid Godtgjersle for regionordførar: kr. 25 000,- pr. år. Godtgjersle for regionvaraordførar: kr. 5 000,- pr. år. Til valnemnd for same periode vart valt: Solveig S. Abrahamsen Seljord, Sverre Sæter Nissedal og Aslak Ofte Vinje. I tråd med §10 i vedtektene skal det på møtet 13. desember veljast regionordførar og regionvaraordførar for komande 2-årsperiode. Melding frå valnemnda vil bli ettersendt/delt ut på møtet: Forslag til vedtak: Som regionordførar for perioden 2012 – 2013 vert valt: Som regionvaraordførar for perioden 2012 – 2013 vert valt: Godtgjersle for regionordførar vert: Godtgjersle for regionvaraordførar vert: Som medlemmer av valnemnda for perioden 2012 – 2013 vert valt:………………………………….