turmeny - s3-eu-west-1.amazonaws.com · bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. vi ser på...

16
TURMENY SOMMAR OG HAUST 2012

Upload: others

Post on 28-Oct-2019

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

TURMENY

SOMMAR OG HAUST 2012

Page 2: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

turar og aktivitetar for alle aldersgrupper. Til nå har DNT Gudbrandsdalen gjeve ut eit turprogram for vinter og vår, og eit turprogram for sommar og haust. For 2013 vil det bli forsøkt med eit program for heile året. Så er det nokon som har eit turmål som dei ønskjer å dele med andre, er det berre å ta kontakt. Samanhengen mellom aktivitet og folkehelse er vik-tig. DNT Gudbrandsdalen ønskjer å vera ein medspelar for at folk kjem seg ut og får positive naturopplevingar. Hausten er tida da folk i all tid har brukt til å hauste av overskotet som naturen gjev. Det vere seg jakt, fiske el-ler bærplukking. Mange brukar det i tillegg som rekrea-sjon.

Mitt råd er: Ta i bruk naturen, gjerne ved å bli med på ein av turane i turmenyen, og skaff deg eit overskot før vinter og mørketid.

«Oss sjåast på tur»Helsing Magnar

TIL ALLE SOM LIKAR SEG UTE I NATURENI 2011 ble Langsua nasjonalpark oppretta. Den nye na-sjonalparken dekkar eit frodig og artsrikt fjellområde mellom Valdres og Gudbrandsdalen. Området er eit viktig og lett tilgjengelig friluftsområde heile året. Det er eit godt utbygd stig og løypenett som saman med fjellstyra sine hytter og opne buer, samt sju turistforen-ingshytter gjev moglegheiter for deg som jeger, fisker eller turgåar. Det var i dette området Teodor Caspari fann inspirasjon til å skrive «Norge mitt Norge». I 1962 vart Rondane nasjonalpark oppretta som den fyrste i Noreg. Den ligger i eit høgfjellsområde mellom Gudbrandsdalen og Atndalen, med 10 toppar på over 2000 meter, og er eit populært turområde med godt til-rettelagt nett av stigar og turistforeningshytter. I sam-band med 50 års jubileet blir det markeringar på fleire plassar i Rondane og av forskjellige aktørar. Dette er to av mange flotte naturområde som DNT Gudbrandsdalen legg sine turaktivitetar til. Turmenyen for sommar og haust 2012 er variert og gjev valfridom i

Magnar og Max på Saukampen

Page 3: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

www.dntgudbrandsdalen.no 3

JULI

Fredag 29. juni til søundag 1. juliHELGETUR I LANGSUA NASJONALPARKFredag ettermiddag køyrer vi til Venlisetra i Espedalen. Vi har ein 4 timers tur i fint fjellterreng til Storkvelvbu sjølvbetjeningshytte.Laurdag pakkar vi og går til Skriurusten sjølvbetje-ningshytte der vi skal overnatte. Vi går i flott fjellter-reng sørover til Hyllefjellet. Herfrå fleire moglegheiter, enten følgje sti og gå forbi Langsubu, Vesterheimsbu og fleire steinbuer for å følgje stien vidare til hytta. Vi kan og gå opp på N. Langsua 1554 moh. med fin utsikt. Sundag følgjer vi den stuttaste stien attende til Storkvelvbu og vidare til Venli.Kjentmann/koordinator: Gitte Bertelsen tlf 975 38 167Frammøte: Statoil på Vinstra fredag den 29. juni kl 15.00Påmelding: seinast 27. juniKart: Turkart Huldreheimen Spåtind

Måndag 2. juliKVELDSTUR I LEINFJELLET, KVAMVi køyrer innpå Hav og vidare inn til Leinsetra. Byrjar å gå forbi Sekstjønnin og mot Torgeirkampen og ned til Hav. Turen tek ca 3–4 timer.Kjentmann/koordinator: Jørgen Fjellseth, tlf 941 46 081Frammøte: Slettakrysset, avkjøringa frå E6 mot Rondablikk i Kvam kl 17.00Påmelding: Same dag innan kl 16.00Kart: Turkart Høvringen–Kvamsfjellet

JUBILEUMSHELGA FOR RONDANE NASJONALPARK PÅ RONDVASSBU 6–8 JULI:Det er i 2012 50 år sidan Rondane vart oppretta som Noregs fyrste nasjonalpark. DNT Gudbrandsdalen, Rondvassbu, SNO og Eventyrfestivalen i Heidal vil tilby følgjande program den helga:

Fredag 6. juliLYSBILETEFRAMVISING OG FOREDRAGEin times foredrag om Rondane nasjonalpark, villreinen, spor etter tidlegare jakt og fangstanlegg.Framtida for villreinen og nasjonalparken. Foredragshaldar: Finn Bjormyr, Statens Naturoppsyn. Påmelding: Ingen Frammøte: Rondvassbu kl 21.00

Laurdag 7. juliTOPPTUR TIL RONDSLOTTET MED DNT GUDBRANDSDALENRondslottet er Rondanes høgste topp, 2178 m.o.h . Frå toppen får du eit fantastisk utsyn over Rondane. For å kome på toppen av Rondslottet går vi fyrst over Vinjeronden (2044 m.o.h), så på denne turen er det to fjelltoppar på over 2000 meter. Kontaktperson: Øystein Gården, tlf 61 23 18 66 / 975 92 292 Frammøte: På parkeringsplassen Spranget kl 09.00 eller Rondvassbu kl 10.30 Påmelding: Seinast 5. juli Kart: Cappelens Kart over Rondane Koordinat ved startpunkt: Lat/Long: 61°52’44”N, 9°47’50”E (Rondvassbu)

Hyllefjellet, Langsua. Foto: Gitte Bertelsen

Page 4: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

4 www.dntgudbrandsdalen.no

Laurdag 7. juli FAMILIETUR TIL ILLMANNDALENEin rundtur med utgangspunkt Rondvassbu med fokus på nasjonalparken og tidlegare fangstkultur. Vi startar vandringa frå Rondvassbu og går i rolig tempo inn mot Illmanndalen. Vi besøker eit fangstan-legg i Illmanndalen som er særs godt bevart sjølv etter 1000–1300 år. Det vil bli servering av varm drikke og lokale smakar frå Rondane på denne turen. Kjentmann/koordinator: Finn Bjormyr, Statens naturoppsyn Frammøte: Kl 12.00 på Rondvassbu Påmelding: Ingen Kart: Cappelens kart over Rondane Koordinatar ved startpunkt: Lat/Long: 61°52’44”N, 9°47’50”E (Rondvassbu)

Laurdag 7. juliFRILUFTSKONSERT OG FELLES VANDRING FRÅ SPRANGETRondvassbu vil i samarbeid med Eventyrfestivalen i Heidal laga ein Jubileumskonsert som du seint vil gløyme. Det startar med ei felles vandring frå Spranget kl 16.00. Langs vegen vil det bli musikk og servering av små godbitar. Ei vandring som bygger opp stemninga fram mot konserten med Skuggreidd som starter inne på Rondvassbu kl 19.30. Før konserten blir det og eit intervju med Geir Arne Hageland frå «INGEN GRENSER» der han fortel om korleis det går med turen som dei er ute på i Rondane. Turfølgjet hans kjem etter planen til Rondvassbu denne laurdagen. Kjentmann/koordinator: Øystein Gården, tlf 61 2318 66 / 975 92 292 Påmelding: INGENPris: Ein må løyse billett for å høyre på konserten med Skuggreidd på Rondvassbu kr 230,- Kart: Turkart Rondane NordKoordinatar for startpunkt: Lat/Long: 61°52’44”N, 9°47’50”E (Rondvassbu)

Laurdag 14. juliTUR FRÅ LESJASKOG – EIT SAMARBEID MED «MARKENS GRØDE» PÅ LESJAVi køyrer til Søpå Enstad - føljer råket til «Almahytta». Frå der går vi vidare opp på Storhøhalsen.Vi ser på dyregraver og nyter sommardagen og utsikta. Returen tek vi om Mølmsvatna, og føljer DNT råket ned att. Dette er en tur med mykje stigning, og vi bruker heile dagen.Kjentmann/koordinator: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf 997 03 761Frammøte: Ved Kyrkjestuggu kl 09:00Påmelding: Dagen førKart: Lesjaskog 1419 III, Aursjøen 1419 lV

Laurdag 21. juliTUR FRA LORDALEN TIL LESJAVERK – EIT SAMARBEID MED «MARKENS GRØDE» PÅ LESJAVi startar i Lordalen ved Bjøknesetra, og går om Vålåvatnet. Vi passerer forbi Vålåfossen på turen ned til Lesjaverk. Turen er ikkje spesielt krevjande, og vi bruker omlag 7 timer etter eit godt råk.Kjentmann/koordinator: Eldri Riise tlf 415 07 250Påmelding: Dagen førKart: Lesjaskog 1419 III

Page 5: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

www.dntgudbrandsdalen.no 5

Fredag 27. juliLENDBREEN Dagstur med oppstigning på om lag 16.00 høgdemeter. Du bør vera i god «turform» for å kunne gle deg over denne opplevingsrike turen som går via Lendhytta, Lendholet og til Lendbreen der det er gjort hundrevis av funn frå den gamle villreinfangsten. Dei sprekaste går til Storivilen der ein på finværsdagar har eit framifrå utsyn i alle himmelretningar.Ta med stor matpakke.Turen blir avlyst ved svært dårleg ver. Meir info: www.nasjonalparkriket.noKjentmann/koordinator: Per Dagsgard, tlf. 959 89 940Frammøte: Skjølabrue, Lundagrende, kl 09.00Påmeldig: Dagen førKart: 1518 I SkjåkTur i samarbeid med nasjonalparkfestivalen i Skjåk.

Laurdag 28. juli BISBERGURA FOR SMÅTROLLBli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på stein og kanskje finne ut kva vi må passe oss for i steinura. Stutt og bratt tur – fin utsikt over Bismo og Tverrfjellet. Ta med matpakke.Turen blir avlyst ved svært dårleg ver.

Meir info: www.nasjonalparkriket.noKjentmenn/koordinatorar: Elisabeth Jevnheim, tlf 971 92 950 og Per Steinar Løkken, tlf 906 62 709Frammøte: Gamle brannstasjonen vis a vis Kjøpesen-tret, kl. 11.00Påmelding: Dagen førKart: 1518 I SkjåkTur i samarbeid med nasjonalparkfestivalen i Skjåk.

Sundag 29. juliTVERRÅDALSKYRKJA, SKJÅK, – 2088MOH.Knallfin topptur i Skjåk. Mange vil hevde at Tverrådal-skyrkja er sjølve juvelen i dette fjellområdet.Stigning på 1300 meter frå Sota Seter. Bør vera i god «turform»

Page 6: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

6 www.dntgudbrandsdalen.no

Ta med stor matpakke.Turen blir avlyst ved svært dårleg ver.Meir info: www.nasjonalparkriket.noKjentmann/koordintor: Hans Erik Kveom, tlf 900 46 261Frammøte: Sota SeterPåmelding: Dagen førKart: Breheimen/1418 I Skridulaupen, 1418 II MørkrisdalenTur i samarbeid med nasjonalparkfestivalen i Skjåk.

AUGUST

Laurdag 4. augustTUR UT PÅ TROLLVEGGENVi køyrer ned Romsdalen og opp Trollstigen. Parkerer på toppen og går ut på Trollveggen. Ein fin tur med mykje utsikt.Kjentman/koordinatorn: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf 997 03 761Påmelding: Seinast torsdag 2. augustKart: Turkart Romsdalseggen og Trolltindan

Laurdag 4. augustTOPPTUR TIL VESLESMEDEN«For det første må du love at du aldri enser det som ligger utenfor Rondenes grenser». Gå opp på Veslesmeden (2015 moh) – ein spektakulær, men forholdsvis enkel topp i Rondane. Ta sykkel eller gå inn til Rondvassbu. Merk at det er dårleg mobildek-ning ved oppmøtestaden.Kontaktperson: Helle Hovden, tlf 916 62 040 Frammøte: Parkeringsplassen på Spranget, Mysuseter kl. 09.00Påmelding: IngenKart: Turkart Rondane NordTur i samarbeid med Peer Gynt.

Sundag 5. augustVI GÅR FURUSJØEN RUNDTEi vandring med fantastisk utsikt til Rondane – der fjellmassivet speglar seg i Furusjøen. Ei perfekt opplading til Høgfjellskonserten «Ved Rondane».Kjentmann/koordnator: Gry Ramstad tlf. 996 22 959 Frammøte: Inngangen ved Rondablikk Høgfjellshotell kl 08.30Påmelding: IngenKart: Turkart Rondane SørTur i samarbeid med Peer Gynt

Page 7: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

www.dntgudbrandsdalen.no 7

Tysdag 7. augustPILEGRIMSLEIA – FYRSTE ETAPPEFrå Hundorp, Dale-Gudbrands gard til Vinstra. Fyrste etappe langs pilegrimsleia set deg i nærkontakt med historie og kulturminne i eit av dei finaste kulturland-skapa her til lands.Kjentmann/koordinator: Knut Kjorstad tlf 952 21 550 Frammøte: Hundorp, Dale-Gudbrands gard kl 10.00Påmelding: Ingen Kart: 1718 II VinstraTur i samarbeid med Peer Gynt

Onsdag 8. augustPILEGRIMSLEIA – ANDRE ETAPPEFrå Vinstra til Kvam. Andre etappe fortset der den fyrste stoppa. Leia går forbi gamle tufter, høgt og fritt med fantastisk utsyn over dalen.Kjentmenn/koordinatorar: Gry Ramstad tlf 996 22 959 og K.Kjorstad tlf 952 21 550Frammøte: Peer Gynt-huset, Vinstra kl 10.00 Kart: 1718 II VinstraTur i samarbeid med Peer Gynt

Torsdag 9. augustBESSEGGEN«Har du sett den Gjendin-eggen noen gang? Den er halve milen lang, hvass bortetter som en ljå.»Lev deg inn i Peers kamp med bukken i ditt eige bukkeritt over Besseggen.

Pilgrimsleden 1. etp. Foto: Gitte Bertelsen

DNT Gudbrandsdalen på Besseggen. Foto: Gitte Bertelsen

Page 8: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

8 www.dntgudbrandsdalen.no

Kjentmenn/koordinatorar: Ole Prestrud tlf 61 26 48 73 / 936 71 723, Ragnvald Jevne tlf 992 19 455Frammøte: Brygga ved Gjendeosen kl 09.00 Billett på båten mellom Gjendesheim/Memurubu kr. 100,-/50,- (barn)Påmelding: Seinast dagen førKart: Turkart Jotunheimen AustTur i samarbeid med Peer Gynt og Lillehammer og Omegn Turistforening

Laurdag 11. augustTUR TIL STORHORRUNGEN, LESJAFJELLETVi startar frå Filling. Sidan det er ein topptur må man rekne med noko stigning, men er ikkje rekna for å vera ein spesielt luftig topp. Fint utsyn.Kjentmenn/koordinatorar: Kari Enger og Trond Berger, tlf 416 47 880Påmelding: Seinast onsdag 8 august. Minimum tre deltakare for at det blir tur. Frammøte: Ved Aurstad kl 10.00Kart: Dombås 1419:II

Sundag 12. augustBLÅIS-TUR PÅ BØVERBREEN – LOMDette blir ei spennande vandring i flotte isformasjonar. Turen passer for dei fleste, frå ung og oppover. Fint om du har prøvd å gå med stegjern før.

Breutstyr må du ordne sjølv, eventuelt avtale med turleiar ved påmelding (kanskje du kan låne/leige) KjentmannKoordinator: Kjell Kleiven, tlf 917 77 157Frammøte: Krossbu turiststasjon (Sognefjellet), kl. 10.00Påmelding: Fredag – 2 dagar førKart: Turkart Jotunheimen VestKoordinatar ved startpunkt: Lat/Long: 61°34’26’’N, 8°01’56’’E

Torsdag 16. augustFISKETUR PÅ GÅLÅFisketur til Åbbortjønn eller eit anna fjellvatn etter rådande forhold. Det blir høve til å låne fiskeutstyr, og det blir god hjelp og innføring for nybyrjarar.Kjentmann/koordinator: Oddbjørn Dahl, tlf 911 66 330Frammøte: Gålå Handel kl 17.00Kart: 1718 II VinstraPasser for: Alle

Laurdag 18. augustSMUKSJØSETER–VASSBERGETVi startar på Smuksjøseter og går forbi Dassbua og til Vassberget. Kjempefin utsikt mot Døråldalen. Turen tek ca 5–6 timerKjentmann/koordinator: Jørgen Fjellseth, tlf 941 46 081

Page 9: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

www.dntgudbrandsdalen.no 9

Frammøte: Ved Ottatunet kl 09.00Påmelding: Dagen før.Kart: Turkart Høvringen-KvamsfjelletKoordinatar ved startpunkt: Lat/Long:61º53’13’’N, 9º34’29’’

Sundag 19. august TUR TIL SVANGKAMPEN, FÅVANGKøyr Goppolvegen innover til Svangen, vi parkerer etter vegen. Barn frå ca 4 år klarer å gå denne turen. Hugs bompengar ved Mykkelseter. Vi bruker ca tre timer på turen.Kjentmann/koordinaor: Nina Sjølie, tlf 473 47 721Frammøte: Ved Svangen kl 11.00Påmelding: Dagen før

Laurdag 25. augustTUR TIL SKAGET, 1685 MOHSørover frå demninga i søraustenden av Øyvatnet og opp gjennom skaret mellom høgde 1400 og Buatinden. Inn på ruta fra Skriurusten. Vi går ned forbi Buatind-bue og stidele til Haldorbu og Liomseter og til heilårsbrua over Etne. Vidare over store myrer til Storeskag. Etter ein rast tek vi dei siste bakkane opp til Skaget. På toppen er det nydelig utsikt i godver.

Kjentmann/koordinator: Arne Fagervold, tlf 915 90 278Frammøte: På parkeringsplassen ved bensinstasjonen i Skåbu kl 09.30Påmelding: Dagen førKart: Turkart Huldreheimen Spåtind

SEPTEMBER

Sundag 2. september TUR LANGS GJENDEVi blir med ein naturvegleiar frå Statens Naturoppsyn (SNO) på tur langs Gjende.Ein fin dagstur i nydelig natur. Vi pratar om det som finst langs stien, og får høyre litt om korleis område har vorte nytta av menneska gjennom tidene.Kontaktperson: Marius Haugaløkken, [email protected], tlf 416 66 301Frammøte: Brygga ved Gjende 09.15. Sjølve turen er gratis men alle må løyse båtbillett.Påmelding: Seinast torsdag 30 augustKart: Turkart Jotunheimen AustKoordinatar ved startpunkt: Lat/Long 61°29’38’’N, 8°48’45’’E

Skaget. Foto: Per Roger Lauritsen

Page 10: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

10 www.dntgudbrandsdalen.no

Laurdag 8. septemberTUR TIL KNUTSHØVi byrjar å gå frå Vargebakken og opp på Knutshøa. Denne ruta er ikkje merka over toppen, derfor er det trygt å gå fleire i lag med ein kjentmann. Vi går nedatt frå Knutshøa på baksida og fram att om LeirungsdalenKjentmann/koordinator: Ole Bratlien, tlf 958 76 482Frammøte: Vargebakken, P-plass der stigen tek til.Påmelding: Dagen førKart: Turkart Jotunheimen Aust

Torsdag 13. september:EFTAS-TUR TIL «KNIPPEN» – LOMCa. 2–3 timer tur/retur. Grei tur etter skogsstig, delvis svært bratte parti, men ikkje luftig. Vi tek ein liten rast og nyt utsikta ved varden på toppen.Kjentmann/koordinator: Ranveig Stee, tlf. 977 30 458Frammøte: Busslomme + litt parkeringsplass v/Røisheim hotell i Bøverdalen. (v/skilt mot Spiterstu-len), kl 17.00Påmelding: ingen.

Laurdag 22. september TOPPTUR VESLESMEDEN-STORESMEDENVi startar på Rondvassbu laurdag morgon og går opp til Veslesmeden 2015 m.o.h. Går så traversen over til Storsmeden 2016 m.o.h. Traversen mellom Veslesme-den og Storsmeden er luftig og ein må klatre litt. Det er ikkje nødvendig med klatreutstyr, men turleiaren har med taug og sele for dei som ønskjer å bruke dette. Turen går ned att til Rondvassbu frå Storsmeden.Kjentmann/koordinator: Øystein Gården, tlf 61 23 18 66 / 975 92 292Frammøte: På parkeringsplassen Spranget kl 09.00 eller på Rondvassbu kl 10.30 Påmelding: Seinast 19. september. Kart: Cappelens kart over Rondane Koordinatar ved startpunkt: Lat/Long: 61°52’44”N, 9°47’50”E (Rondvassbu)

Laurdag og sundag 29.–30. september FAMILIETUR VED GJENDEVi legg opp til sosialt samvær på Gjendesheim med middag og overnatting fra laurdag 29. september til sundag 30. september. Dei som ikkje vil overnatte kan møte på Gjendesheim sundag kl 10.00. Turen sundag tilpassar vi etter deltakere og vær. Nokre aktuelle turalternativ: Bessheim – Bessvatnet (aust) – Gjendesheim Bessheim – Bessvatnet (vest) ved Bandet – Besseggen – Gjendesheim

Utsikt fra Knippen

Page 11: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

www.dntgudbrandsdalen.no 11

Sundag går vi i bjørkeskog til stigen deler seg mellom Bjørnholia og Spidsbergseter/Venabu. Vi går opp på nordsida av Mikkelsmyrin og inn i skaret mellom Rundhøa og Gråhøa. Passerer Sør-Fronsbuene og går opp i skaret mellom Ramshøgda og Ramstindan. Er det fint vær og turfølgjet ønskjer det, kan vi legge turen oppom Ramshøgda før vi går fram til bilen ved parkeringa ved Muvatnet. Ca 4 timer i gangtid + tida vi bruker om vi vel å gå over Ramshøgda.Kjentmann/koordinator: Helle Hovden, tlf 916 62 040Frammøte: Fryatun kl 09.30Påmelding: Dagen førKart: Turkart Rondane SørKoordinatar ved startpunkt: Lat/long: 613º8’54’’N, 100º6’31’’E

Torsdag 18. oktoberGEIR ARNE HAGELAND, FOREDRAGHukse du Geir Arne som var med i «Ingen grenser» i 2010? Han kjem til oss med sitt foredragdenne torsdagskvelden. Meir info om lokasjon og klokkeslett vert publisert på heimesida vår,facebook og i avisa.

Etter turen sundag spanderer Marius og Anne på Gjendesheim kakao/kaffe og vaflar.Vel møtt til ein trivelig dag i fjellet.Kjentmenn/koordinatorar: Kristine Sørli og Anders Nordnes, tlf 909 17 764 / 997 25 945Frammøte: Gjendesheim kl 10.00Påmelding: Dagen før til Kristine/Anders.For overnatting ta direkte kontakt med Gjendesheim Turisthytte: e-post [email protected], tlf 61 23 89 10Kart: Turkart Jotunheimen AustKoordinatar ved startpunkt: Lat/Long 61° 30’47’’N, 8°51’13’’E (Bessheim)

OKTOBER

Haustferien 1.–5. oktober TURBODAGAR PÅ RONDVASSBUÅ legge haustferien i fjellet er ingen dum idè. På Rondvassbu er det godt og trivlig å være for heile familien. Og på Barnas Turlags «Turbohaust på Rondvassbu» vil det væra tilbod på aktivitetar og turar for heile familien saman med trygge og ivrige turleia-rar. Meld dykk på og få ei fargerik og morosam veke i fjellet. Barn frå 5 år med vaksenfølgje. Turleiar: Frå Barnas Turlag DNT Oslo og Omegn Frammøte: På parkeringsplassen Spranget kl 14.00 Påmelding/spørsmål: 2 veker før / Turinformasjonen DNT Oslo og Omegn tlf 22 82 28 22 Kart: Turkart Rondane Nord Koordinatar ved startpunkt: Lat/Long: 61°52’44”N, 9°47’50”E (Rondvassbu)

Laurdag og sundag 13.–14. oktoberHELGETUR FRA VENABYGDSFJELLET TIL ELDÅBULaurdag startar vi frå Venabu og går til Eldåbu. Dette er ein tur der vi går i vakkert og ikkje spesielt krev-jande fjellterreng, ca 5 timer i gangtid.

Sør-Fronsbuene. Foto: Helle Hovden

Page 12: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

12 www.dntgudbrandsdalen.no

NOVEMBER

Laurdag 3. novemberBRUK DAGEN PÅ TUR OG KULTURTur til Skutellen og KotoVi startar den første kilometeren bratt opp til Skutel-len og nyter utsikta over vakre Sør-Fron.Vi held så fram og går i lettkupert terreng til Skarsetra. Vidare til Koto, høgste punktet på turen før vi byrjar nedstiginga. Vi tek oss tid til ein kafferast undervegs.Kjentmenn/koordinatorar: Helle Hovden og Magnar Bratlien, tlf 916 62 040 / 916 62 041Frammøte: Ved Kiwi på Harpefoss 10.45

Påmelding: Dagen førKart: 1718II Vinstra

KULTUR PÅ RUDI GARD – FOREDRAG OG TEATERSame dag kl 17.00 held Vegard Ulvang og Stein P Aasheim foredraget «Kappløpet om Sørpolen -hundre år etter» på Rudi Gard.Kl 18.30 kan vi sjå teaterframsyninga «Amundsen vs Nansen». Når ein løyser billett har ein tilgang til både foredraget og teaterframsyninga. DNT medlemmar får 20% rabatt på billetten.For meir informasjon: Sjå www.rudigard.no

Neo tek ein kvil på Høgronden. Foto: Helle Hovden

Page 13: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

www.dntgudbrandsdalen.no 13

Onsdag 28. novemberFAMILIETUR I MÅNESKIN PÅ GÅLÅAlt etter føret vel vi ei 8-10 km lang rute. Rast i lavvo undervegs. Turen tek omlag2,5 time og passar for vaksne og born over 10 år. Frammøte: Røde Kors hytta, Gålå kl 19:00Kjentmenn/koordinatorar: Kristen og Solveig Brennhaugen, tlf 95818673Påmelding: IngenKart: 1718 II Vinstra

DESEMBER

Sundag 16. desember JULETREHOGST I SØR-FRONEin trivelig tradisjon for Barnas Turlag. Her får du garantert julestemning, og du kan hogge ditteige juletre i skogen. Kos ved bålet, varm saft og tur med hest og slede. Ta med øks/sag, akebrett,nisselue og noko å grille på bålet.Kjentmann/koordinator: Marita Aanekre, tlf 905 10 068Frammøte: Rusten i Søre Lia i Sør-Fron kl 13.00. Følg skilt mot Fagerhøi og deretter Barnas Turlag.

Onsdag 19. desember NISSESPIONTUR I TRONOBERGET – LOMVi køyrer hest eller går frå p-plassen til Tronoberget. På ei runde i skogen ser vi etter nissane som arbeider hardt nå like før jul. Kanskje kan vi få sjå både smånissar, julenissen, fjøsnissen og nissemor i arbeid. Er vi heldige kan du til og med at du kan ta med ønskjeliste. Kanskje ser vi dyr i skogen og! Ta med lykt og godt med klede, og kanskje litt mat. Dykk får litt varm drikke undervegs. Kjentmenn/koordinatorar: Tone og Knut Vole, tlf 900 15 529Frammøte: Ved Rema 1000 i Lom, kl 17.00 Påmelding: Ingen

Måndag 31.desemberSKITUR TIL GRØNSETERHØ VED DOMBÅSVi går opp på Grønseterhø frå Grønsetrin og får med oss solnedgangen på den siste dagen i året.Frammøte: Parkeringa v/Turrhaugen kl 12.00Kjentmann/koordinator: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf 997 03 761Påmelding: Dagen førKart: 1419 II Dombås

Page 14: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

14 www.dntgudbrandsdalen.no

Takk for at du gjev din andel til vårt arbeid!Du kan gje støtte til DNT Gudbrandsdalen gjennom Norsk Tipping. Gje beskjed til tippe-kommisjonær når du leverer tipping om at du vil gi DNT Gudbrandsdalen 5 prosent av innsats beløpet.

TRILLETURAR HAUSTEN 2012 Barnas turlag sine trilleturar fortset kvar torsdag. Etter turen er det sosialt samvær for små og store deltakarar.Frammøte: Kvar torsdag ved Ottatunet kl 11.00

PRESENTASJON AV STYRET

LeiarMagnar Bratlien, Kvikne, Vinstra 916 62 041 [email protected]

KassererRannveig Stee, Lom [email protected]

NestleiarMarius Haugaløkken, Gjendesheim416 66 [email protected]

StyremedlemHåkon Haugen Skjåk481 66 [email protected]

Styremedlem Gitte BertelsenVinstra61 29 04 54 975 38 167 gitte.bertelsen@ c2i.net

StyremedlemØystein Gården, Vågå975 92 [email protected]

StyremedlemHelle Hovden Sør-Fron916 62 040 [email protected]

SekretærOddbjørn DahlToppastranda 162646 Gålå911 66 [email protected]

Fellesturane i DNT Gudbrandsdalen er fyrst og fremst for medlemmer av DNT, men vi ynskjer alle velkomne til å delta på våre arrangement og til å bli medlem av DNT-Gudbrandsdalen. Medlemskap teiknar du ved å gå inn på turistforeningen.no/ eller ved å kontakte ein i styret i DNT-Gudbrandsdalen. Når du melder deg inn, blir du automatisk kopla til ei lokal medlemsforei-ning ut frå postnummeret i adressa din.

Page 15: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

www.dntgudbrandsdalen.no 15

VIKTIG INFORMASJON – FELLESTURER OG ARRANGEMENT

FørehaldArrangøren kan avlyse eller endre ein tur eller eit arrangement på grunn av vanskelige vêrforhold, få deltakarar, mangel på turleiar eller liknande. Vi tek og førehald om endringar på opningstider på hytter, trykkfeil osv. Som deltakar på turar og arrangement arrangert av DNT Gudbrandsdalen kan du bli teke bilde av. Disse bildane kan bli brukt til publikasjonar eller på våre nettsider. Dersom du vil reservere deg frå å bli teke bilde av må du informere turleiaren om dette ved turstart.

Kjentmann/koordinatorTurane våre leiast av lokale fjellfolk som har egen erfaring og kjenner området og turmålet. Turleiaren er ikkje profesjonell med fjellføring som yrke. Dei som er turleiarar på våre turar gjer dette først og fremst fordi dei har glede av å vere på tur, og ønskjer å dele naturopplevinga med andre.

Klede og utstyrDet er viktig å ha med gode klede for alt slags ver når du skal til fjells sommar som vinter.

PåkledningUllundertøy, kleder som fungerer i aktivitet og når du er i ro. Vindtett bukse og jakke. Fjellsko.

Under ser du forslag til pakkelisteKart, kompass, førstehjelpssaker, kniv, lommelykt, reparasjonsutstyr

Mat og drikkeSolbriller, solkremVarme kleder til skiftRegntøy

For overnatting på hytteToalettsaker, handkleLakenpose eller soveposeNøkkel til selvbetjeningshytterDNT medlemskort

SikkerheitSkulle det skje uhell eller ulykker undervegs har turleiaren kjennskap til førstehjelp. Det er og ein føresetnad at den enkelte deltakar er bevisst på sitt ansvar som deltakar. Dersom det må tilkallast hjelp kan det ta lang tid før hjelpen når fram fordi det fortsatt er mange områder i fjellet med dårlig mobil-telefondekning.

ForsikringarDeltaking på DNT Gudbrandsdalen sine arrangement skjer på deltakarens eige ansvar. Arrangøren tek ikkje på seg ansvar for økonomiske følgjer av moglege uhell/-skader som måtte inntreffe under avvikling av arrangementa. For alle turar er det viktig at ein ser på kartet og vurderer turen i forhold til egen form. Ein kan også kontakte turleiar for å få informasjon.

Gje beskjed til turleiar om at du vil delta på turen! I turprogrammet er det oppgjeve telefonnummer til turleiar dersom du har spørsmål om turen/arrange-mentet eller vil melde deg på turen. Turen kan bli avlyst dersom det melder seg for få deltakarar. Dersom turleiar er varsla om at du vil delta på turen, er det mindre sjanse for at turen blir avlyst. Da får du også beskjed dersom det blir endringar, t.d. endra oppmøte-tidspunkt eller oppmøtestad eller dersom turen blir avlyst. Også for dei turane eller arrangementa der det ikkje er påmelding, er det nyttig for turleiaren (og deltakaren) å vite kven som har tenkt å delta.

Page 16: TURMENY - s3-eu-west-1.amazonaws.com · Bli kjent-tur for liten (frå 3 år) og stor. Vi ser på elggrav, gamle murar, spor etter elg og andre dyr og store steinar. Vi kan klive på

Pris på medlemskapet 2012Merk at medlemskapen følgjer kalenderåret

og gjeld frå 1. januar til 31. desember 2012.

Hovedmedlem: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 550,-

Student/ungdom (19–26 år. Født 1986–1993) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 295,-

Skoleungdom (13–18 år. Født 1994–1999) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 175,-

Honnørmedlem (Født 1945 eller tidligare. Hønnørmedlemskap også til uføre, kontakt DNTs medlemsservice på tlf. 21 03 57 20) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 425,-

Husstandsmedlem (til hoved-, student- honnør- eller livsvarig medlem) . . . 250,-

Barnas Turlag (0–12 år. Født 1999–2011) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 110,-Livsvarig medlem(Dersom du ønskjer å bli livsvarig medlem i DNT, må du kontakte medlemsservice på tlf 21 03 57 20 eller via e-post [email protected]

BReturadresse: DNT GudbrandsdalenKviknehøgda 773, 2640 Vinstrawww.dntgudbrandsdalen.nogudbrandsdalen@turistforeningen.no

Vi har en avtale som gir 15% rabatt på utvalgt fjellutstyr (20% på G-Sport Otta)

til medlemmer i DNT Gudbrandsdalen (ta medlemskortet med).

Avtalen gjeld hos:

OTTA – DOMBÅS – BJORLI

RINGEBU – VINSTRA – OTTA – VÅGÅ

SKJÅK