turmeny - amazon s3...praktiske opplysningar: beltebiltransport til glitter heim kostar kr 300 for...

16
TURMENY VINTER OG VÅR 2012 Foto: Tone Vole

Upload: others

Post on 01-Jun-2020

8 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

TURMENY

VINTER OG VÅR 2012Fo

to: T

one

Vole

Page 2: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

Forsking viser at friluftsliv er helsefremmande, trivselsfremmande, stressreduserande og sjukdoms­førebyggande (Miljøverndepartementet 2009, Helsedirektoratet 2010). Dette trur eg vi i nær framtid vil få høyre mykje om med ei ny folkehelselov og ein samhandlingsreform. Eghåpardufinndegtididetnyeårettilåtenkjelitt på deg sjølv og unne deg tid til å vera med oss på tur. Det er vi sjølve som har ansvaret for å ta vare på helsa vår og gjera det beste ut av den. Å gå seg ein liten tur er den beste medisin for mange. Sjå igjennom turmenyen og sett gjerne av datoar i din eigen planleggingskalender. Vi har mykje å by på ... Gudbrandsdalen og Ottadalen har som kjent ein fantastisknaturogviynskjeratendafleireskalbrukeråkogskogsstigar,fjellet,fiskevatnavåreognærom­råda til å styrke sin eigen livskvalitet. Vi ynskjer å gjeva deg naturopplevingar for livet. «Leva så væl!»

Gry Sissel Ramstad

FRILUFTSOPPLEVINGAR FOR LIVETVi i DNT­Gudbrandsdalen skal nå alle kommunane frå Ringebu i sør og nordover til Skjåk og Lesja. Vi er alle frivillige, og vi legg til rette slik at du skal få gode opplevingar i naturen. Eg vil nytte høvet til å takke alle som på ein eller anna måte ha vore med på dette arbeidet. Dette gjeld også deg som er medlem. Eg er så glad for å sjå at det framleis er slik at folk gjerne stiller opp for andre, – utan tanke på betaling. Det er dette som gjer DNT til ein unik organisasjon for meg. Tenk at vi som frivillige kan gje folk 22 000 kilometer merka ruter og tilbod på 474 hytter rundt i landet vårt. Tal frå 2010 viser at det vart 459 724 dugnadstimar! Trygder og pensjoner utgjer nå 40 prosent av statsbudsjettet, og dette talet vil auke fordi vi må bruke endafleireressursarpåhelse,pleieogomsorgiframtida. Difor må noko gjerast! Dersom 95.000 av oss som kan kallast inaktive her i landet byrja å gå turar, vil ti turar i året gje ein helsegevinst på omlag 400 millionar kroner årleg. Heldigvis ynskjer sju av ti inaktive å nytte friluftslivet for å bli meir aktive. Dette er godt nytt for oss.

Til Topps-turen 2011. Galdhøgpiggen med kronprinsparet og følge

Page 3: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

www.dntgudbrandsdalen.no 3

JANUAR

Sundag 29. januarTUR TIL IS-SLOTTENE, VINSTRAELVADersom det er mykje is i vinter, er dette ein fantastisk tur ned til jettegrytene i Vinstraelva. Det er ikkje langt å gå, men bratt opp og ned. Ein må ha god balanse og kunne gå utanom stig, men elles kan alle vere med. Fint for barn saman med vaksne! Tidsbruk omlag 2 timar. Frammøte: Peer Gynt­senteret kl. 12.00.Turleiar: Ingrid Agøy og Jo Engum, tlf. 971 24 895 / 926 84 313Påmelding: Dagen førKart: 1718 II, Vinstra

FEBRUAR

Fredag 3. februar MÅNESKINSTUR HUNDYRJU – SKISTADIONVi går frå parkeringa på Hundyrju forbi Hjellsætre og finnosseinlunplassmedfintmåneskin.Hertennervibål og et medbragt middag. Etterpå kan dei som vil ha einfinturimåneskin,renneGammalvegennedtilskistadion. Dette kan bli ein triveleg kveldsstund både for små og store ungar og vaksne.Turleiar: Elin Marit Andgard tlf 481 96 875 og Berit FiksdahlFrammøte: Øvre parkeringa ved Hundyrju kl 18.00Påmelding: Same dagKart: 1419 II Dombås

Laurdag 4. februar SKILEIK OG BÅLBRENNING PÅ MEADALEN Ta med skiutstyr og/eller akebrett for både små og store,mattilåvarmepåbål,kaffiogkjel.

Vi bruker dagen i kuleløype, orgeltramp, hopping og andre aktivitetar i snøen.Frammøte: Soleggen på Meadalen / eventuelt Gamlevegen dersom dårleg ver kl 11.00Turleiarar: Tone og Knut Vole, tlf. 900 15 529 Påmelding: Inga påmeldingKart: Lom/Vågå 1:50 000

Tysdag 7. februarMÅNESKINSTUR, TEIGSETRA VED VINSTRAStemningsfull vandring gjennom skogen opp til setra somliggpåstigenmotBjørnsonprofilen.Stigeneropen og er grei å gå med hovudlykt, vintersko og gamasjar. Vi tenner bål og et niste på toppen. Vinter­natta kan vere kald, så ha med gode vinterklede, vottar, ekstra klede til nedturen mm. Turen tek ca. 3 timar. Frammøte: Sorperoa Handel kl. 18.00Turleiar: Gitte Bertelsen, tlf. 975 38 167 Påmelding: dagen førKart: 1718 II, Vinstra

Isslottet i Vinstraelva

Page 4: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

4 www.dntgudbrandsdalen.no

Page 5: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

www.dntgudbrandsdalen.no 5

Laurdag 11. februarDAGSTUR FRÅ NYSÆTRE (DOVREFJELL) TIL DOMBÅSStart frå parkeringa på Kringluttjønn, Dovrefjell. Vi går forbi Nysætre til Grisungvatna og tek ein kvil ved Skredalægerbue og frå der vidare til Dombås via Grønsætre. Frammøte: Statoil, Dombås kl. 09.00 Turleiar: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf. 997 03 761 Påmelding: Torsdag 9. februar Kart: Hjerkinn 1519 III og Dombås 1419 II

Laurdag – søndag 18.–19. februarSKITUR TIL SKRIURUSTENParkering ved Finnbølsetra. Frå der går turen til Storhøliseter og vidare til Skriurusten der vi overnattar i sjølvbetjent DNT­hytte i Langsua nasjonalpark, Sør-Fronkommune.Detteereinfinvintertursomikkje set så store krav til skidugleik. Ca. 24 km å gå ein veg. Søndag går vi attende til utgangspunktet. Om det blir styggver, blir turen utsett til 25.–26. februar.Frammøte: Statoil Vinstra kl 09.00Turleiar: Helle Hovden tlf. 916 62 040 og Magnar Bratlien tlf. 916 62 041Påmelding: Dagen før.Kart: 1718 II Vinstra

Måneskinnstur til Teigsetra

Moro med Barnas turlag

Skredalægerbue på Dovrefjell

Page 6: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

6 www.dntgudbrandsdalen.no

Laurdag – søndag 25.–26. februar HELGETUR TIL GRÅHØGDBU, VENABYGDSFJELLETParkering ved Spidsbergseter. Vi går stikka løype heilt fram til Gråhøgdbu, ca 11 km.VedGråhøgdbuerdetfinemoglegheiterforskileik,grave snøhole med meir. Vi overnattar i Gråhøgdbu, som er ei sjølvbetjent DNT­hytte. Bli med til ei triveleg helg.Frammøte: Fryatun kl 10.00Turleiar: Marita Aanekre tlf. 905 10 068Påmelding: Dagen førKart: 1818 III Ringebu

MARS

Fredag 9. Mars MÅNESKINSTUR PÅ FLÆKØYHØE Vi går opp frå Morken og opp på Flækøyhøe med truger. Dette er ein litt tøff tur med 794 høgdemeter stigning på ca. 3 km, men med bonus i ei utruleg utsikt utover Skjåk og Nordberg på natterstid. Frammøte: Nystugu kl 18.00Turleiar: Håkon Haugen, tlf. 481 66 816 Påmelding: Same dag Kart: Skjåk, 1518 I

Page 7: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

www.dntgudbrandsdalen.no 7

Laurdag 10. marsDAGSTUR FRÅ BJORLI TIL LESJASKOG Vi tek skitrekket opp og går over, eventuelt bak/framafor Svarthøe og ned til Lesjaskog. Frammøte: Texaco, Bjorli kl 09.30 Turleiar: Wiggo Vasshaug Hansen, telefon 997 03 761 Påmelding: Innan torsdag 8. mars Kart: Aursjøen 1419 IV og Lesjaskog 1419 III

Helga 16.–18. mars FAMILIEHELG PÅ GLITTERHEIMAktivitetar og turar legg vi opp etter ver, føre og ynskje. Forutan skiturar kan vi renne, leike på ski, byggje iglo og snøhole. Moglegheitene er mange for små og store. Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter­heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/veg. Vanlege DNT­prisar for overnatting og kost. Kvar deltakar betaler for seg på Glitterheim. Ta med: Naudsynt utstyr for dagstur i høgfjellet, termos, lakenpose/sovepose, lommelykt, DNT medlemskort og klesskift. Frammøte: Veoli kl 17.00 for beltebilen fredag.Turleiarar: Anders HauglidPåmelding: Innan onsdag 7. mars til Knut VoleFor meir informasjon: Knut Vole på Glitterheim, tlf: 61 23 18 33 / [email protected]: Jotunheimen aust 1:50 000

Laurdag 24. mars DAGSTUR FRÅ HJERKINN TIL DOMBÅS Start frå bommen inn til Skytefeltet på Hjerkinn. Vi går Grisungdalen eller Svånådalen innover. Ruta vidare til Dombås tek vi undervegs. Frammøte: Statoil på Dombås kl 09.00 Turleiar: Wiggo Vasshaug Hansen, tlf. 997 03 761 Påmelding: Innan torsdag 22. mars Kart: Snøhetta 1519 IV, Hjerkinn 1519 III og Dombås 1519 II

APRIL

Onsdag 4. – sundag 8. aprilTOPP-PÅSKE I JOTUNHEIMENStart: Onsdag: middag på Spiterstulen. Skjærtorsdag: Opp Hellstugubreen, moglegheit for bestigning av Hellstugutindar. Ned vestre Memurubre til Memurubu.Langfredag: Frå Memurubu kvista løype til Glitter­heim over Styggehøbreen. Moglegheit for bestigning av Veotindar og Styggehøbretindar.Laurdag: Topptur frå Glitterheim, f.eks Glittertind og toppar i området.Sundag fyrste påskedag: Over Veobreen og ned Veoskaret til Spiterstulen. Moglegheit for Store Memu­rutind. Du bør ha gått ein del i fjellet før. Det er mange opp­ og nedstigningar kvar dag, men alle treng ikkje vere med opp på alle toppane. Turane krev fjellski og klede for høgfjellet vinterstid. Overnatting i turisthyt­ter med lakenpose eller sovepose.Pris: Alle betaler for seg sjølv på hyttene.Turleiar: Erfarne turleiararPåmelding: Knut Vole tlf. 900 15 529 innan 23. marsKart: Jotunheimen aust og vest 1:50 000

Bålkos med Barnas turlag i Lom

Page 8: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

8 www.dntgudbrandsdalen.no

Geiranger med utsikt frå Dalsnibba.Ein flott vårskitur

Page 9: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

www.dntgudbrandsdalen.no 9

Laurdag14. aprilTUR TIL DALSNIBBAVi vil gjenta vårskituren til Dalsnibba (1476 moh) – det fantastiske utsiktspunktet på grensa mellom aust og vest. Frå her ser ein både Geiranger, Tafjordfjella ogaustover mot Skjåk og Lesja. Vi går på ski fra krysset der vegen til Geiranger tek av frå riksveg 15 i Breidalen. Vi går enten vegen eller nede på vatnett innover – alt ettersom snøforholda gjennom Stabrekka. Før Djupvasshytta tek vi av og byrjar på motbakkene opp til toppen. Nedoverkosarviossmedflottenedkøyringarførvitekfattpåeinlettogflatstrekningattendetilbilane.Frammøte: Grotli Høgfjellshotell kl. 09.00. Turleder: Arnt SveenPåmelding: Til turleder på tlf. 48 32 12 33 eller [email protected]

Sundag 15. aprilSØDORPFJELLET PÅ TRUGERVi går på truger opp til Gråhø. Turen tek minst 5 timar. På skaren er det ein lett tur, men i laus snø er det meir krevjande. Passar ikkje for små barn. Frammøte: P­plassen ved Sulseter kl. 10.30. Turleiarar: Ingrid Agøy tlf. 971 24 895, Jo Engum tlf. 926 84 313 Påmelding: dagen før (sei frå om du treng å låne truger). Kart: 1718 II, Vinstra

Laurdag 28. april: TUR RUNDT SNØHETTA Tur til Reinheim turisthytte fredag ettermiddag. Laurdag går vi over Larsurdi og Larstelet og inn mot Langvatnet mellom Larstinden og Langvasstinden. Attende går turen Svånådalen og vidare til Hjerkinn. Sykkel kan truleg brukast til transport inn i skytefeltet.Frammøte: Etter avtale ved påmeldingTurleiar: Wiggo Vasshaug Hansen, telefon 997 03 761Påmelding: Torsdag 26. april Kart: Snøhetta 1519 lV og Storskrymten 1419 l

MAI

TOPPTURHELG MED OVERNATTING I TELT VED VALDRESFLYA 5.–6. MAI:

Laurdag 5. mai2000-M-TOPPAR PÅ SØRSIDA AV GJENDEDersom tilhøva gjer det mogleg, går turen frå Kvassryg­gentilHøgdebrotet,SteinflytindenogTjønnholstin­den. Turen krev stegjern, isøks og erfaring frå bratt lende. Frammøte: Vargbakken,Valdresflyakl.0900.Turleiar: Oddbjørn Dahl, tlf. 911 66 330Påmelding: Innan 3. mai Kart: Gjende 1617 IV, 1 – 50 000

Sundag 6. maiHEIMDALSHØ, NORD-FRON (1843 MOH.)Fjellet er det høgste i Nord­Fron og ligg på grensa til Vågå. Letttursomtek4–6timarogharfinskikøyringpåattendeturen. Frammøte: Vargbakken (ved stengt veg frå Maurvangen) kl. 10.00. Turleiar: Oddbjørn Dahl, tlf. 911 66 330Påmelding: innan 3. mai Kart: Jotunheimens forgård, 1–100 000

Page 10: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

10 www.dntgudbrandsdalen.no

Foto: Kjell Andersen

Page 11: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

www.dntgudbrandsdalen.no 11

Sundag 20. maiFUGLESAFARI PÅ GROTHOVDATur for å sjå på fuglar saman med Per Bådshaug.Frammøte: Randsverk kafé kl. 08.00Turleiar: Per Bådshaug tlf. 900 62 294Påmelding: Dagen førKart: Sjodalen 1618 II

JUNI

Laurdag 2. juniSJUGURDSHOVDA, DOVRETuren går opp frå dalen på skogsvegar og gode stigar inn på åsen aust for dalen mellom Dovre og Dovresko­gen. Fysak­turmål i Dovre 2012. Frammøte: Dovre senter kl 10.00 Turleiar: Elin Marit Andgard tlf. 481 96 875 og Berit FiksdahlPåmelding: Dagen førKart: 1718 IV Otta

Sundag 3. juni HÅGÅHAUGEN, SØR-FRON Turen går til Hågåhaugen – utsiktspunkt ved Rud­landssetra.Lettterreng,sådetteereinfintursomdeiminste borna kan vere med på.Frammøte: Parkeringa ved Harpefoss oppvekstsenter, barnehagesida, kl 12.00.Turleiar: Liss Rønningen og Tore Gravdal, tlf. 410 20 291Påmelding: Dagen førKart: 1718 II Vinstra

Laurdag 9. juni FORMOLIA TIL PUTTEN SETERVi går opp Formolia frå Sel til Putten Seter. Passar for turvante born frå 6 år og oppover. Frammøte: Etter avtale

Sundag 6. mai TUR TIL SKARD, SØR-FRON Detteereinfinturtilfotsforbådesmåogstoreborn.Vi går opp til Skard som er ein gammal nedlagt gard som ligg idyllisk til innunder ein bratt fjellvegg. Her kanvifinnepåmykjeleikogmoroimatpausa.Frammøte: Kiwi, Harpefoss kl 11.00Turleiar: Linda Moen og Frode Melgårdshagen tlf. 951 22 439Påmelding: Dagen førKart: 1718II Vinstra

Torsdag 17. mai17. MAI-TUR TIL GALDHØPIGGENFellestur i samarbeid med Juvasshytta. Turen går i samlaflokkfråJuvasshyttaoverStyggebreen.Frammøte: Juvasshytta kl 10.00Turleiarar: Anne Vangen tlf. 913 83 193 og Per Vole. Påmelding: IngenKart: Galdhøpiggen 1518 II

Linnea Melgårdshagen på tur til Skard med Barnas turlag

Page 12: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

12 www.dntgudbrandsdalen.no

Page 13: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

www.dntgudbrandsdalen.no 13

Turleiar: Anette Svastuen tlf. 975 68 805 eller [email protected]åmelding: Dagen førKart: 1718 IV Otta

Laurdag 16. juni TVERRFJELLHYTTA, HJERKINN – «VILLREINEN SOM KULTURBÆRAR»Tur med naturrettleiar frå Villreinssenteret til ut­siktspaviljongen på Tverrfjellet med panoramautsikt til Snøhetta. Tema for turen: «Villreinen som kultur­berar». Bygningen som alt har fått internasjonale prisar,erteiknaavarkitektfirmaetSnøhetta.Lettturpå god grusveg. Etterpå går turen til Geitberget med utsyn til 6 villreinområde! Frammøte: P­plassen ved nedlagte Tverrfjellet gruver kl 10.00 Turleiar: Espen Rusten, Norsk Villreinsenter/SNO og Berit Fiksdahl, tlf 482 76 443Påmelding: BeritFiksdahl,[email protected],torsdag 14. juni (Dersom vi blir mange, får vi to omvisarar!)Kart: 1519 III Hjerkinn

Sundag 17. juniBLOMSTERTURVi går frå kraftstasjonen på Harpefoss opp til Skard og Loppet. Midt i juni veks det mange vakre blomar som vi får sjå og bli kjent med.Frammøte: Sødorptunet, Vinstra kl 11.00Turleiar: Ola Holen tlf 918 23 046Påmelding: Dagen før Kart: 1718 II Vinstra

Onsdag 20. juni TUR I NORDHERAD Tur til fots frå Veslsetra til Nistingen. Ei roleg vandring ikulturlandskapetmedgamlesetre.Vikokerkaffipåturen.Frammøte: Smedsmo kl 17.30.

Turleiar: Ola Grøsland, tlf:95709487. Påmelding: Inga påmeldingKart: 1618 I Vågå.

Laurdag 23. juni ST. HANS-FEIRING – ODDEN, FINNDALEN Bål, sosialt samvær og grilling. Ta med grillmat og nokoåsitjapå.DNTservererkaffiogbiteti.Frammøte: Odden frå kl 19.00. Turleiarar: Kjell Andersen tlf 905 87 749 og Gry Ramstad tlf 996 22 959. Påmelding: Inga påmelding.Kart: Lom 1618 IV (og evt. Vågå 1618 I).

Siste halvdel av juniKLATREKURS 40 ÅR + Kursopplegg blir som kurset i juni 2011.Kurset blir annonsert: Sjå DNT­G nettside og fellesan­nonse for turar i juni i Vigga/Fjuken sist i mai.

ÅRSMØTE Torsdag 15. marsVågå hotell kl. 19.00

Vanlege årsmøtesakerGryterett

Lysbilete frå turar

Page 14: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

14 www.dntgudbrandsdalen.no

Takk for at du gjev din andel til vårt arbeid!Du kan gje støtte til DNT Gudbrandsdalen gjennom Norsk Tipping. Gje beskjed til tippe-kommisjonær når du leverer tipping om at du vil gi DNT Gudbrandsdalen 5 prosent av innsatsbeløpet.

Grasrotandelen ble lansert 1. mars 2009 og det er Norsk Tipping som er operatør for denne ordninga. Grasrotandelen er ei ordning som gjer det mogleg for spelarar hos Norsk Tipping å gje ein eigenandel på 5 prosent av innsats beløpet direkte til ein lokalorganisasjon. Grasrotandelen gjeld for alle spelarar til NorskTipping, bortsett frå Flax og Extra.

TRILLETURAR HAUSTEN 2012 Barnas turlag sine trilleturar fortset kvar torsdag. Etter turen er det sosialt samvær for små og store deltakarar.Frammøte: Kvar torsdag ved Ottatunet kl 11.00

PRESENTASJON AV STYRET

LederGry RamstadSteindalsv. 142670 Otta996 22 [email protected]

KassererBerit Fiksdal2660 Dombås61 24 16 88 482 76 [email protected]

NestlederKnut Vole2686 Lom900 15 52961 23 18 33 [email protected]

StyremedlemHåkon Haugen 2690 Skjåk481 66 [email protected]

Styremedlem Trine Sørumgård 2686 Lom97700 [email protected]

VaramedlemKjell AndersenHaugøyjeilen 92690 Vågå905 87 [email protected]

StyremedlemHelle Hovden Liavegen 1522647 Sør-Fron916 62 040 [email protected]

SekretærOddbjørn DahlToppastranda 162646 Gålå911 66 [email protected]

Fellesturane i DNT Gudbrandsdalen er fyrst og fremst for medlemmer av DNT, men vi ynskjer alle velkomne til å delta på våre arrangement og til å bli medlem av DNT-Gudbrandsdalen. Medlemskap teiknar du ved http://innmelding.turistforeningen.no/ eller ved å kontakte ein i styret i DNT-Gudbrandsdalen. Når du melder deg inn, blir du automatisk kopla til ei lokal medlemsforeining ut frå postnummeret i adressa din.

Page 15: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

www.dntgudbrandsdalen.no 15

VIKTIG INFORMASJON – FELLESTURER OG ARRANGEMENT

FørehaldArrangøren kan avlyse eller endre ein tur eller eit arrangement på grunn av vanskelige vêrforhold, få deltakarar, mangel på turleiar eller liknande. Vi tek og førehald om endringar på opningstider på hytter, trykkfeil osv. Som deltakar på turar og arrangement arrangert av DNT Gudbrandsdalen kan du bli teke bilde av. Disse bildane kan bli brukt til publikasjonar eller på våre nettsider. Dersom du vil reservere deg frå å bli teke bilde av må du informere turleiaren om dette ved turstart.

TurleiarTurane våre leiast av lokale fjellfolk som har egen erfaring og kjenner området og turmålet. Turleiaren er ikkje profesjonell med fjellføring som yrke. Dei som er turleiarar på våre turar gjer dette først og fremst fordi dei har glede av å vere på tur, og ønskjer å dele naturopplevinga med andre.

Klede og utstyrDet er viktig å ha med gode klede for alt slags ver når du skal til fjells sommar som vinter.

PåkledningUllundertøy, kleder som fungerer i aktivitet og når du er i ro. Vindtett bukse og jakke. Fjellsko.

Under ser du forslag til pakkelisteKart, kompass, førstehjelpssaker, kniv, lommelykt, reparasjonsutstyr

Mat og drikkeSolbriller, solkremVarme kleder til skiftRegntøy

For overnatting på hytteToalettsaker, handkleLakenpose eller soveposeNøkkel til selvbetjeningshytterDNT medlemskort

SikkerheitSkulle det skje uhell eller ulykker undervegs har turleiaren kjennskap til førstehjelp. Det er og ein føresetnad at den enkelte deltakar er bevisst på sitt ansvar som deltakar. Dersom det må tilkallast hjelp kan det ta lang tid før hjelpen når fram fordi det fortsatt er mange områder i fjellet med dårlig mobil­telefondekning.

ForsikringarDeltaking på DNT Gudbrandsdalen sine arrangement skjer på deltakarens eige ansvar. Arrangøren tek ikkje på seg ansvar for økonomiske følgjer av moglege uhell/­skader som måtte inntreffe under avvikling av arrangementa. For alle turar er det viktig at ein ser på kartet og vurderer turen i forhold til egen form. Ein kan også kontakte turleiar for å få informasjon.

Gje beskjed til turleiar om at du vil delta på turen! I turprogrammet er det oppgjeve telefonnummer til turleiar dersom du har spørsmål om turen/arrange­mentet eller vil melde deg på turen. Turen kan bli avlyst dersom det melder seg for få deltakarar. Dersom turleiar er varsla om at du vil delta på turen, er det mindre sjanse for at turen blir avlyst. Da får du også beskjed dersom det blir endringar, t.d. endra oppmøte­tidspunkt eller oppmøtestad eller dersom turen blir avlyst. Også for dei turane eller arrangementa der det ikkje er påmelding, er det nyttig for turleiaren (og deltakaren) å vite kven som har tenkt å delta.

Page 16: TURMENY - Amazon S3...Praktiske opplysningar: Beltebiltransport til Glitter heim kostar kr 300 for vaksne og 1/2 pris for barn. Berre bagasjetransport kostar kr 100 pr person/ veg

Pris på medlemskapet 2012Merk at medlemskapen følgjer kalenderåret

og gjeld frå 1. januar til 31. desember 2012.

Hovedmedlem: . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 550,-

Student/ungdom (19–26 år. Født 1986–1993) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 295,-

Skoleungdom (13–18 år. Født 1994–1999) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 175,-

Honnørmedlem (Født 1945 eller tidligare. Hønnørmedlemskap også til uføre, kontakt DNTs medlemsservice på tlf. 21 03 57 20) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 425,-

Husstandsmedlem (til hoved-, student- honnør- eller livsvarig medlem) . . . 250,-

Barnas Turlag (0–12 år. Født 1999–2011) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 110,-Livsvarig medlem(Dersom du ønskjer å bli livsvarig medlem i DNT, må du kontakte medlemsservice på tlf 21 03 57 20 eller via e-post [email protected]

BReturadresse: DNT GudbrandsdalenSteindalsvegen 14, 2670 [email protected]

Vi har ein avtale som gir 15 % rabatt (20 % på G-Sport Otta) på alt innan fjellutstyr

til medlemmer i DNT Gudbrandsdalen (ta medlemskortet med).

Avtalen gjeld hos:

LOM – OTTA – DOMBÅS – BJORLI

RINGEBU – VINSTRA – OTTA – VÅGÅ

SKJÅK – VINSTRA