Årsmelding 2015 · Årsmelding voss kommune 2015 side 4 1 rådmannen sine kommentarar generelt...
TRANSCRIPT
Årsmelding 2015
Årsmelding Voss kommune 2015 side 2
Årsmelding Voss kommune 2015 side 3
Årsmelding Voss kommune 2015 side 4
1 Rådmannen sine kommentarar
Generelt
Voss kommune si positive økonomiske utvikling i 2014 held fram gjennom 2015. Rekneskap for
2015 viste eit netto driftsresultat 42,9 mill. kr (3,7 % av brutto driftsinntekter). Etter å ha avsett til
fond med netto 30,2 mill. kr vart det eit rekneskapsoverskot på 12,7 mill. kr. Drifta i
kommunalavdelingane var i stor grad i samsvar med driftsrammene og gjekk med eit overskot på
2,5 mill. kr. Kommunalavdelingane har vist stor budsjettdisiplin. Spesielt vil rådmannen her
framheve dei to store kommunalavdelingane Oppvekst og Helse og omsorg.
Disposisjonsfondet til kommunen har auka dei seinare år og er no på 63 mill. kr. Omlag halvparten
er knytt til å handtere pensjon. Likevel har kommunen større handlingsrom enn tidlegare år til å
handtere investeringar eller oppgåver som ligg utanfor vedtekne budsjettrammer.
Kommunen har sidan 2012 hatt fokus på å få balanse i driftsøkonomien. Så langt har kommunen
lukkast i dette, men driftsmarginane og fond er ikkje større enn at me framleis bør ha eit klart
økonomistyringsfokus.
Kort tilbakeblikk på året 2015
Flaumen hausten 2014 førte med seg skader på kommunale bygg og infrastruktur. Gjennom 2015
vart storparten av desse skadane utbetra. Me kan her nemne skader på Voss vassrenseanlegg, Voss
kulturhus (i full drift frå sommaren 2015), Voss tinghus, Voss ungdomsskule, Voss idrettshall (her
er ikkje gjennoppbygginga ferdig enno). I november 2015 var ei ny og moderne Tintrabru på plass.
Kommunal veg på Bolstad vart og bygd opp att.
Kommuneplanen 2015-2026 vart rullert i april. Ferdigbehandlinga vart utsett noko i påvente av nye
flaumutrekningar med tilhøyrande konsekvensar for byggehøgd ved Vangsvatnet.
I løpet av 2015 vart det gjennomført ein prosess kring skifte av pensjonsleverandør, då Storebrand
som kommunen sin hovudleverandør sidan 1942, valde å gå ut av marknaden for offentleg pensjon.
Frå januar 2016 er kommunen gått over til KLP.
Dei største investeringane i 2015 var knytt til skuleutbyggingane på Palmafossen og Gjernes skular,
Gjerdebu avlasting- og barnebustader. Prosjekta er/vil bli ferdigstilt i 2016.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 5
Gjennom 2015 vart flyktningesituasjonen i Europa meir og meir utfordrande og kommunane vart
oppmoda av Staten om å busetje monaleg fleire flyktningar enn tidlegare år. Voss kommune gjorde
vedtak om mottak av flyktningar både våren 2015 og i 2016.
Kommunen si økonomiske drift er under kontroll. Presset på mange utbyggingsprosjekt var og er
stort og gjev kapasitets- og styringsutfordringar.
Nye kommunale planar og større prosjektarbeid:
Ny veg og bane mellom Voss og Bergen (K5) Nasjonal transportplan legg opp til at det skal byggjast ny veg og jernbane mellom Voss og Bergen.
Dette vil i så fall gje stor vekst for Voss der kommunen vil kunne utviklast til en stor og levande
bygdeby i indre del av Hordaland, med eit innbyggjartal over 25 000. Med kort reisetid til Bergen
vil Voss verta ein attraktivt stad å bu og etablera ny næringsverksemd.
Kommunestruktur Aurland kommune, Vik kommune og Voss kommune har laga ein intensjon om å slå seg saman.
Kommunane har forhandla fram ei felles plattform for ein ny storkommune i Sogn- og
Vossaregionen. Dersom dette vert ein realitet har kommunane som mål å etablere ny kommune frå
1.1.2020. Ei samanslåing vil gje ein kommune med eit innbyggjartal som gjer at kommunen vil vera
i stand til å handtera dei fleste eksisterande og nye tenesteoppgåver på eiga hand. Kommunane har
felles utfordringar og interesser knytt til både tenesteproduksjon og samfunnsutvikling. Dette vil og
styrkja Voss som regionsenter. Det vert og arbeid med å lage ein intensjonsavtale med Granvin
herad.
Knutepunktsutvikling Hovudmålet med eit nytt kollektiv knutepunkt er å knyta saman kollektivtrafikken og utvikling av
ny gondolbane, hotell, næringsverksemd og bustader. Knutepunktet må sjåast i samanheng med ny
veg og bane til Voss der fortetting og utvikling av sentrum skal bidra til ei berekraftig utvikling av
Voss. Bygginga startar etter planen våren 2016.
Strategiplan for Omsorgsplan Nyleg vedteken plan gir føringar for den vidare utvikling. Med stadig fleire eldre må me møte
utfordringane med å endra fokus frå pleie til aktiv omsorg og vri tenester frå reparasjon til
førebygging. Det vert viktig å levera brukarsentrerte tenester, der oppdatert og tilgjengeleg
informasjon til brukarar, pårørande og innbyggjarar er eit viktig tiltak. Vidare å profesjonalisera
samarbeidet med frivillige interessentar og organisasjonar.
Kommunestyret har i 2015 også vedteke 2 temaplanar, kulturplan og oppvekstplan. Desse legg
særleg vekt på arbeid med barn og unge.
Folketalsutvikling
Folketalet auka med 0,5 % (78 personer) gjennom 2015 medan landet totalt auka med 0,9 % og
Hordaland fylke med 1 %. Tabellen syner folketalet for perioden 1980-2016.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 6
Voss 31. mars 2016
Årsmelding Voss kommune 2015 side 7
2 Overordna visjon og målsetting
Visjon
I Voss kommune sin kommuneplan for 2015-2026 viser ein til at Voss har mange sterke sider og er
ein god kommune å bu i. Dette vil ein ta vare på og vidareutvikla. Kommunen sitt framtidsbilde er;
” Voss – bygd for sterke opplevingar ”
Med dette meinast at her kan ein få sterke og gode opplevingar enten det gjeld i naturen, innan
kulturlivet, på skulen eller i omsorgstenestene. Voss skal vera ein attraktiv kommune i utvikling,
der det er tilrettelagt for god livskvalitet - for alle.
Overordna målsetting
I kommuneplanen står det at" - Voss skal vidareutviklast som eit sterkt og attraktivt regionsenter ".
Strategiar for å nå visjon og overordna mål er:
Voss kommune skal som regionsenter legge til rette for vekst i regionen gjennom å ta
initiativ overfor andre kommunar. Samarbeidet med nabokommunar og Bergen, m.a. innan
samferdsle, utdanning og reiseliv skal stå sentralt.
Gjennom auka merksemd på sentrumsutvikling skal Vossevangen utviklast vidare som
regionsenter. Regionsenteret skal vera attraktiv å vera i, bu i og å driva næring i.
Voss kommune skal jobba aktivt for auka folketalet m.a. ved å få på plass ei moderne og
konkurransedyktig Bergensbane og ein trygg og sikker E16.
Det skal leggast til rette for gode bustadtilbod i alle delar av kommunen, og det skal vera ein
prioritert strategi å skaffa bustad til alle grupper.
Det skal leggjast til rette for framtidsretta verdiskaping, med fokus på reiseliv, landbruk,
kulturbasert næringsliv og helse- og omsorgstilbod. Arbeidet med næringsutvikling og
nyskaping skal prioriterast for å styrka eksisterande arbeidsplassar og for å skapa nye.
Voss kommune skal legga stor vekt på arbeidet med kultur- og fritidstilbod og kommunen
skal vera ein aktiv aktør overfor lag og organisasjonar som skapar ulike arrangement i
kommunen.
Voss kommune skal vera ein effektiv og serviceorientert kommune der fokus er på å yta
innbyggjarane så gode tenester som mogleg.
Innan helse og omsorg skal ein flytta fokus frå reparasjon til førebyggande arbeid.
Berekraftig utvikling, folkehelse, universell utforming og langsiktig styring skal leggast til
grunn i planleggingsarbeidet.
Det skal leggjast vekt på estetikk i opplæring, planlegging og utbygging.
Sikrings- og beredskapsarbeidet skal vidareutviklast slik at faren for ulykker / kriser vert
minimalisert.
Arbeidstakarane i kommunen skal oppleva ein kontinuerleg innsats for å skapa attraktive
arbeidsplassar, med fokus på å behalda, utvikla og rekruttera
Mål for organisasjonen
1. Voss kommune skal vera ein organisasjon som er målretta, effektiv, lærande og
serviceinnstilt.
2. - Sjukefråværet bør liggje under landsgjennomsnittet for kommunane
3. Voss kommune skal i størst mogleg grad praktisera meiroffentlegheit
4. Kommunen skal framstå som ein nytenkjande og attraktiv arbeidsplass ved å investera 2 %
av brutto lønskostnader i kompetanseutvikling.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 8
Verdiar
Kommunen sin vedtekne arbeidsgjevarpolitikk seier at personalpolitikken i Voss kommune skal
vera basert på at den enkelte:
- Har vilje til å utvikla seg sjølv.
- Har ynske om å styra og kontrollera seg sjølv i arbeidet mot felles mål.
- Har ynske om innsikt i planlegging og tek medansvar.
- Har ynske om å bli kjend med krav og forventningar som skal fylgjast opp.
Av dette følgjer at kommunen ventar at dei tilsette
- Tek opp dei tilhøva ein meiner er feil, og kan rettast opp.
- Røktar kommunen sine ressursar på den best moglege måten.
- Er lojal mot kommunen sine overordna mål.
- Viser brukarar og arbeidskameratar respekt og vyrdnad i omtale og handling.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 9
3 Organisasjon
3.1 Administrasjon
Personell
Voss kommune hadde ved årsskiftet 2015/16 1 146 (1 140) fast tilsette (tala for i fjor i parantes).
Av desse var 876 (875) kvinner og 270 (265) menn. Desse utførte til saman 904 (889) årsverk. I
tillegg kjem om lag 126 (115) årsverk som vert produsert i form av timar og 7 (6) overtidsårsverk.
Voss kommune har òg ein del vikarar som er tilsett mellombels for kortare tidsperiodar.
HMS (Helse, miljø og sikkerheit)
Voss kommune er ei inkluderande arbeidsliv (IA) bedrift. Det er laga overordna IA handlingsplan i
kommunen.
HMS- arbeid: Det er laga HMS handlingsplanar på overordna nivå og på alle einingar. Planane ligg
til grunn for det systematiske arbeidet i perioden: Vernerundar, medarbeidarsamtalar, det er fokus
på; sjukefråvær og oppfølging av sjukemeldte, gode arbeidsvanar, avvikshandsaming,
risikovurdering, faste møte mellom leiing og verneombod og tillitsvalde, oppretting eller
vidareføring av lokale arbeidsmiljøgrupper.
Det er oppretta arbeidsmiljøgrupper på dei største einingane. I løpet av 2016 skal det opprettast
arbeidsmiljøgrupper på alle einingar med eige verneombod og tillitsvalde. Gruppene skal vera
samansett av leiing, tillitsvalde og verneombod. Arbeidsmiljøgruppene skal ha fast og forpliktande
partssamarbeid på arbeidsplassane. Gruppa skal arbeida saman om eit godt fysisk-, psykisk- og
organisatorisk arbeidsmiljø. Aktuelle saker å ta opp kan vere: Sjukefråvær, arbeidsmiljø,
byggesaker, ulukker/nesten ulukker, avvik, AKAN, riskoanalysar, vald og truslar, HMS
handlingsplan, vernerundar, medarbeidarundersøking, internkontroll HMS, psykososialt
arbeidsmiljø, arbeidstidsordningar og etikk mm.
Samarbeid med bedriftshelseteneste: Personalsjef, HMS rådgjevar og Hovudverneombodet har faste
møter med bedriftshelsetenesta. I 2015 har det vore gjennomført eit overordna møte og 22 planmøte
på einingane. Tilsette har delteke på kurs i regi av bedriftshelsetenesta i førstehjelp, ergonomi og
inneklima og stråling på arbeidsplassar.
Det er utført kartleggingar av ergonomi med påfølgande rapportar og oppfølging ved fem
avdelingar, i tillegg kartlegging av lys og støy ved ei eining og fukt og sopp ved ei eining. I tillegg
er det utført målretta helseundersøkingar og vaksinering.
Verneombod: Kommunen har 37 verneområder. Der er halde ei samling for verneombod i 2015
med tema: Radon, ventilasjon, lys, støy og stråling.
Sjukefråvær
Kvar eining vert målt kvart kvartal. Alle leiarane får presentert fråværsprosent for si eining og skal
fylgja dette opp i arbeidet med å redusere sjukefråværet.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 10
Tabellen viser fråvær totalt for dei tre siste åra fordelt på kommunen og kommunalavdelingane.
Totalt har det vore ein beskjeden oppgang i fråværet frå 2014 til 2015.
Kvartalsvist fråvær frå 1. kvartal 2013 - tom 4. kvartal 2015. Det er lagt på ei trendlinje- som vise
eit gjennomsnittleg fråvær i perioden på 8 %.
Medarbeidarundersøking
Det vart gjennomført medarbeidarundersøking i februar 2015. Denne vart omtala i årsmeldinga for
2015. Medarbeidarundersøkinga i 2016 er ikkje gjennomført enno. KS har utarbeidd ei ny
medarbeidarundersøking som er meir utviklingsorientert enn noverande undersøking. Det skal
leggast fram sak om dette i komande møte i AMU og målsettinga er at denne
medarbeidarundersøkinga vert gjennomførast i 2016.
Likestilling
Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden
generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
I Helse og omsorg har i overkant av 40 tilsette fått auka opp stilling i løpet av året.
I Rådmannen si leiargruppe er det 5 kvinner og 3 menn der alle kommunalsjefane (4) er kvinner.
Storparten av leiarane som rapporterer til kommunalsjefane er òg kvinner.
Prosjektet "gutar som leikeressurs i barnehagen" held fram. Målet med dette prosjektet å auke tal
Årsmelding Voss kommune 2015 side 11
menn i barnehage ved å gje gutar i ungdomsskulealder informasjon og innblikk i barnehagen som
arbeidsstad gjennom aktiv deltaking i arbeidet.
Ved ombygging av Gjernes, Palmafossen og Sundve skular vert bygga planlagt med universell
utforming.
Diskriminering
Voss kommune har ikkje hatt saker som gjeld diskriminering i 2015.
Ved utlysing av stillingar i Voss kommune vert det alltid tatt med at Voss kommune ynskjer eit
større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje.
Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden
generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Etikk
Ei ny generell varslingsrutine vart vedteken hausten 2015.
Det er laga nye rutinar i Kommunalavdeling helse og omsorg i 2015. «Etiske retningslinjer og etisk
refleksjon i helse og omsorg» vart vedteke i helse og omsorg i mai 2015. I tillegg er det utarbeidd
«Prosedyre ved feriereiser med brukar».
Kommunalavdeling oppvekst har årleg møte med nytilsette der etikk er eitt av tema.
I 2016 er hovudoppgåva å revidere dei overordna etiske retningslinjene frå 2005. Målet er å starta
på det arbeidet hausten 2016 i forlenging av arbeid med revisjon av arbeidsgjevarpolitikken.
Det er ikkje gjennomført dilemmatrening, men i samband med revisjon av dei etiske retningslinjene
vil dilemmatrening kunne inngå i dette arbeidet. Kommunalavdeling helse og omsorg vurderer å
etablere tverrfaglige etiske refleksjonsgrupper som eit ledd av kvalitetsforbetringsarbeidet."
Det er ikkje halde eigne kurs/seminar i etikk i 2015, men KS har utarbeida verktøy som kan brukast
i arbeidet med etikk og særleg dilemmatrening.
Kommunen har ikkje formalisert eit eige antikorrupsjonsprogram, men har i sine planar og drift
fleire av elementa som inngår i KS sitt antikorrupsjonsprogram:
1. Verdiar, haldningar og kultur
1. Har eige reglement for varsling, mobbing og trakassering, avviksmelding,
økonomireglement, leiaravtalar, nye delegasjonsfullmakter.
2. a) Kommuneplanen s 21 visjon: "Voss har mange sterke sider og er ein god
kommune å bu i. Dette vil vi ta vare på og vidareutvikla. Vårt framtidsbilde er slik ;
” Voss – bygd for sterke opplevingar ” Med dette vert meint at her kan ein få sterke
og gode opplevingar enten det gjeld i naturen, innan kulturlivet, på skulen eller i
omsorgstenestene. Voss skal vera ein attraktiv kommune i utvikling, der det er
tilrettelagt for god livskvalitet - for alle."
b) Kommuneplanen s. 23 Voss kommune som organisasjon: "Dei tilsette er
kommunen sin viktigaste ressurs. Den einskilde tilsette skal vere entusiastisk og sjå
fram til å gå på jobb. Ein tilsett i Voss kommune skal oppleva :
- å verte vist interesse og omtanke.
- god kommunikasjon som skapar openheit, tryggleik, gjensidig respekt og tillit.
- å verte informert, verdsett og høyrt, samt få konstruktive og klare tilbakemeldingar.
- å få utfordrande arbeidsoppgåver saman med fridom under ansvar, men også klare
mål til utføring på avdelingsnivå og som einskild tilsett.
- at tryggleiken på arbeidsplassen er ivareteken.
Organisasjonen er ikkje berre summen av enkeltmenneskje, men også samspelet
mellom menneskja og det arbeidsfellesskapet. Det er vårt felles ansvar å vere med på
å skapa eit slik arbeidsfellesskap."
Årsmelding Voss kommune 2015 side 12
3. Har ein kultur for å sei i frå, alle som jobbar med økonomi har ein kultur for å stilla
spørsmål ved økonomiske transaksjonar.
2. Etiske retningslinjer for tilsette og folkevalte
1. Desse vart vedtekne i 2005 og skal reviderast hausten 2016.
3. Risikoanalysar
1. Det ligg føre risiko og sårbarheitsanalyser for fleire felt.
2. I 2015 starta arbeidet med å risikovurdera alle prosessar i alle avdelingar.
4. Et godt kontrollsystem – eigenkontroll og internkontroll
1. Risikoanalysane er ein del av internkontrollarbeidet i kommunen, og byggjer på KS
sitt effektiviseringsnettverk «Orden i eige hus» som kommunen deltok på i
2014/2015.
2. Arbeidet med å kartleggja alle risikoane og kartlegging av prosessar held fram i
2016.
5. Strategi for innkjøp
Strategidokument innkjøp/ Innkjøpsvegleiar Voss kommune 2012
1. Varslingsordning
1. Varslingsrutine vart vedteken i desember 2015.
2. I tillegg har kommunen eiga rutine for mobbing og trakassering vedteken i 2014.
3. Innføring av elektronisk HMS-avvikssystem våren 2016. Her er det gjennomført
opplæring for alle leiarar, HTV, HVO og VO.
Internkontroll
Rådmannen si leiargruppe har vinteren 2014/våren 2015 delteke på KS sitt effektiviseringsnettverk
for internkontroll "Orden i eige hus". Etter siste samling i effektiviseringsnettverket har arbeidet
med internkontroll halde fram i kommunen. Fokuset er på risikovurderingar, "kva kan gå gale og
kor gale kan det gå" gitt at det ikkje finst rutinar. Etter at me har kartlagt skriftlege rutinar stiller me
same spørsmålet på nytt - "kor gale kan det gå no"? Denne øvinga skal etter planen gjennomførast
på alle nivå i organisasjonen i løpet av 2016.
Skriftlege rutinar vert utarbeida når det syner seg at dette manglar. I samband med fokuset på
internkontroll er det sett i gang eit prosjekt med prosesskartlegging. Ein person i kvar
kommunalavdelinga har fått opplæring i teikning av prosessar, og alle avdelingane er godt i gang
med å kartleggja arbeidsprosessane. Desse vil bli publisert på intranett saman med tilhøyrande
rutinar i løpet av 2016.
Felles overordna reglement: Økonomireglementet vart revidert i 2015. Som eitt ledd i internkontrollarbeidet er
økonomireglementet gjennomgått på nytt i alle avdelingar. Leiarane har fått nye
delegeringsfullmakter som er i samsvar med økonomireglementet.
Frå 1.12.2015 må tilsette ha fullmakt for å kunne gjera innkjøp på kommunen sine vegne.
Kontrollar: Kontrollrapport utarbeida i 2014 vedkomande skatteoppkrevjarfunksjonen- gjennomgått i møte i
kontrollutvalet i 2015.
Det er gjennomført forvaltningsrevisjon "Kommunale innkjøp".
det er starta opp på forvaltningsrevisjon "Sjukefråvær", denne er venta ferdig våren 2016.
Støtteprosessar Verksemdsstyringssystemet Stratsys er i bruk for balansert målstyring, verksemdsplan,
internkontroll, sjekklister for barnehage og SFO, politiske vedtak og skriving av årsmelding,
budsjett, kvartalsrapport og økonomiplan.
Status for politiske vedtak vert fortløpande publisert frå Stratsys på Voss kommune si heimeside.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 13
Status tilsyn
Nr Tilsynsmynde K-avdeling Område Tal
tilsyn
Tal
avvik
Lukka
j/n
1 Arbeidstilsynet Rådmann/
overordna Oppfylgingstilsyn frå 2014 1 møte 0 j
Arbeidstilsynet Oppvekst Medråderett, opplæring, HMS-
arbeid, oppstart 2014 1 3 j
2 Fylkesmannen Helse og
omsorg
Ansvar etter helse- og
omsorgstenestelova kapittel 3 og
folkehelselova kapittel 4.
1 0 j
Fylkesmannen Helse og
omsorg
Kontroll av at helsepersonellhar
gyldig autorisasjon eller lisens 1 n
Fylkesmannen Helse og
omsorg
Pasient Voss sjukeheim. Forsvarlig
virksomhet i helse- og
omsorgstjenesteloven §4-1 jfr.
Internkontrollforskriften
1 1 j
Fylkesmannen Helse og
omsorg
Pasient Voss sjukeheim. Helse- og
omsorgstjenesteloven § 12-3 jfr.
Pasient- og brukarrettslova §7.4
1 0 j
Fylkesmannen Helse og
omsorg NAV 2 0 j
Fylkesmannen Teknisk Næringsavdelinga- Kommunen si
handtering av produksjonstilskot 1 0 j
Fylkesmannen Oppvekst
Kontroll av om kommunen gjev
deltakarane eit
introduksjonsprogram som er
heilårleg og på fulltid
1 ikkje
ferdig
Fylkesmannen Oppvekst
Forvaltningskompetanse 2 skular:
Generelle saksbehandlingsreglar for
enkeltvedtak. Enkeltvedtak om
spesialundervisning. Enkeltvedtak
om punktskriftopplæring.
Enkeltvedtak om særskild
språkopplæring. Enkeltvedtak om
teiknspråkopplæring
1 7 j
Fylkesmannen Oppvekst
EM-tiltaket: sjå til at lover og
regelverk blir følgt opp. At barna får
forsvarlig omsorg i institusjonen , og
at de blir behandla omsorgsfullt,
med respekt for den enkelte sin
integritet, jamfør forskrift om tilsyn
med barnevernsinstitusjonar for
omsorg og behandling §2
barnevernsloven.
2 0 j
3 Luftfartstilsynet
4 Post- og teletilsynet
6 Helsetilsynet
8 Politi
9 Voss kommune Oppvekst Systemrevisjon 3 skular 3 0 j
Oppvekst Barnehagelova to kommunale og to
private barnehagar 4 1 n
10 DSB
11 Mattilsynet Helse og
omsorg 2 0 j
12 Bufetat
Årsmelding Voss kommune 2015 side 14
Nr Tilsynsmynde K-avdeling Område Tal
tilsyn
Tal
avvik
Lukka
j/n
15 Statsarkivet Rådmannen
sin stab Arkivtenesta 1
ikkje
ferdig
16 Statens vegvesen Teknisk Verkstaden- anlegg og vedlikehald 1
3.2 Balansert målstyring
Økonomi – samla for Voss kommune under eit
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Avvik totalt i
høve til netto
driftsbudsjett
0% 3,7% 2 015
Ved måling av avvik i høve til netto driftsbudsjett er det brukt eit intervall for å visualisera
resultatet ved hjelp av farge
Raud farge er brukt på underskot der resultatet er -4% og lågare og på overskot frå 10% og høgare.
Gul farge er brukt på underskot mellom -2% til -4% og overskot mellom 5% til 10%.
Grøn farge er brukt på resultat mellom underskot frå -2% til overskot på 5%.
Brukarar
Det var ikkje sett opp felles mål for alle brukarane i Voss kommune i 2015.
Medarbeidarar – samla resultat for Voss kommune under eit
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Medarbeidar
undersøking snitt
totalt
4,5 4,1 91,11 % 6 2 015
Medarbeidar
undersøking
næraste
overordna
4,7 4,6 97,87 % 6 2 015
Statistikk
sjukefråvær 7,5 % 8,3 % 89,33 % 0% 2 015
Medarbeidar
samtalar > 40%
stilling
100 % 78,26 % 78,26 % 100% 2 015
Medarbeidar
vurdering 100 % 76,47 % 76,47 % 100% 2 015
Skala for bruk av raud, gul og grøn farge:
Raud farge er måloppnåing på 50% og lågare
Gul farge er måloppnåing frå 50% til 80%
Grøn farge er måloppnåing frå 80% og høgare
Årsmelding Voss kommune 2015 side 15
Interne prosessar – samla resultat for Voss kommune under eit
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
HMS-
Vernerunde 100 % 80 % 80 % 100% 2 015
Utarbeiding av
handlingsplan
etter vernerunde
100 % 81,78 % 81,78 % 100% 2 015
Deltaking
medarbeidar
undersøking
65 % 65 % 100 % 100% 2 015
Medarbeidar
undersøking-
organisering av
arbeidet
4,6 4,4 95,65 % 6 2 015
Skala for bruk av raud, gul og grøn farge:
Raud farge er måloppnåing på 50% og lågare
Gul farge er måloppnåing frå 50% til 80%
Grøn farge er måloppnåing frå 80% og høgare
Grafisk framstilling av gjennomsnittet av tal raude, gule og grøne resultat frå kvart enkelt ansvar, avdelingar,
kommunalavdelingar og overordna nivå innanfor kvart fokusområde.
Det er ikkje felles måleindikatorar for brukarar på overordna nivå. Framstillinga syner gjennomsnittet frå dei
avdelingane som har måleindikatorar på fokusområdet ”Brukarar”.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 16
4 Voss kommune sin økonomi
4.1 Resultatrekneskap og balanse
DRIFTSINNTEKTER
OG-
DRIFTSKOSTNADER
Rekneskap 2015 Revidert budsjett 2015 Rekneskap 2014 Endring i høve 2014
Driftsinntekter:
Brukarbetalingar og
sal/leigeinntekter 53 392 50 702 50 243 6,3 %
Andre sals og
leigeinntekter 115 624 111 159 117 398 -1,5 %
Overføringar med
krav til motyting 175 326 112 762 147 938 18,5 %
Rammetilskot og
statlege overføringar 394 435 388 726 399 025 -1,2 %
Andre statlege
overføringar 30 732 29 108 21 990 39,8 %
Andre overføringar 345 0 266 29,8 %
Inntekts og
formueskatt 338 868 341 442 327 718 3,4 %
Eigedomskatt 59 518 59 516 57 591 3,3 %
Driftsinntekter i alt 1 168 240 1 093 416 1 122 168 4,1 %
Driftsutgifter:
Lønsutgifter 571 829 563 938 544 101 5,1 %
Sosiale utgifter 153 089 179 809 159 462 -4,0 %
Kjøp av varer og
tenester som inngår i
tenestene til
kommunen
198 635 161 397 164 139 21,0 %
Kjøp av varer og
tenester som erstattar
tenestene til
kommunen
102 650 92 300 85 691 19,8 %
Overføringar 87 593 85 684 101 111 -13,4 %
Avskrivingar 42 055 42 055 36 672 14,7 %
Fordelte utgifter -13 292 -10 515 -13 583 -2,1 %
Driftsutgifter i alt 1 142 559 1 114 667 1 077 594 6,0 %
Driftsresultat 25 681 -21 251 44 574 -42,4 %
Finansinntekter og
utgifter
Renteinntekter og
utbyte 28 512 29 526 32 574 -12,5 %
Mottatte avdrag på
lån 217 50 83 160,3 %
Renteutgifter -21 818 -23 986 -24 745 -11,8 %
Årsmelding Voss kommune 2015 side 17
DRIFTSINNTEKTER
OG-
DRIFTSKOSTNADER
Rekneskap 2015 Revidert budsjett 2015 Rekneskap 2014 Endring i høve 2014
Avdrag på lån -31 613 -32 170 -31 531 0,3 %
Utlån -55 0 0
Motpost avskriving 42 055 42 055 36 672 14,7 %
Netto finanskostnader 17 298 15 475 13 055 32,5 %
Årsresultat 42 979 -5 776 57 629 -25,4 %
4.2 Balanse
Balanse pr 31. desember (i 1000 kr)
Eignelutar 2 015 2 014
Omløpsmidlar
Kasse, postgiro, bank 397 837 335 819
Kortsiktige fordringar 79 634 52 892
Premieavvik 3 127 219
Omløpsmidlar i alt 480 598 388 930
Anleggmidlar
Faste eigedomar og anlegg 1 091 689 1 007 847
Utstyr, maskiner, transportmiddel 53 112 49 360
Utlån 304 984 311 554
Aksjar og andelar 148 237 137 492
Pensjonsmidlar 1 028 875 932 374
Anleggmidlar i alt 2 626 896 2 438 627
SUM EIGNELUTAR 3 107 494 2 827 557
GJELD OG EIGENKAPITAL :
Annen kortsiktig gjeld 168 143 157 493
Premieavvik 1 142 2 464
Kortsiktig gjeld 169 285 159 957
Pensjonsforplikting 1 317 523 1 309 271
Langsiktig lånegjeldgjeld 1 050 230 953 152
Langsiktig gjeld 2 367 753 2 262 423
Gjeld i alt 2 537 038 2 422 380
Eigenkapital 570 456 405 177
Av dette: Fond 170 355 128 800
Årsmelding Voss kommune 2015 side 18
Eignelutar 2 015 2 014
SUM GJELD OG BOKFØRT
EIGENKAPITAL 3 107 494 2 827 557
4.3 Rekneskapsskjema 1A Driftsrekneskapen
Rekneskapsskjema 1A
driftsrekneskapen Rekneskap 2015
Regulert budsjett
2015
Opprinneleg budsjett
2015 Rekneskap 2014
Skatt på inntekt og formue -338 868 -341 442 -343 614 -327 718
Ordinært rammetilskot -394 435 -388 726 -386 299 -399 025
Skatt på eigedom -59 518 -59 516 -58 266 -57 591
Andre direkte eller
indirekte skatter 0 0 0 0
Andre generelle statstilskot -30 732 -29 108 -20 472 -21 990
Sum frie disponible
inntekter -823 553 -818 792 -808 651 -806 323
Renteinntekter og utbytte -28 512 -29 526 -31 256 -32 574
Renteutgifter provisjoner og
andre finansutgifter 21 818 23 986 27 986 24 745
Avdrag på lån 31 613 32 170 32 170 31 531
Netto finansinntekter/-
utgifter 24 919 26 630 28 900 23 701
Dekning av tidl års regnskm
meirforbruk 0 0 0 1 774
Til ubundne avsetningar 54 023 210 210 30 695
Til bundne avsetningar 15 703 4 524 3 995 20 594
Bruk av tidl års regnskm
mindreforbruk 20 266 0 0 6 977
Bruk av ubundne
avsetningar 6 697 3 694 0 250
Bruk av bundne avsetningar 13 398 7 587 2 769 8 474
Netto avsetningar -29 366 6 547 -1 436 -37 363
Overført til
investeringsbudsjettet 901 771 0 0
Til fordeling drift 768 367 797 938 778 315 745 259
Sum fordelt drift -755 655 -797 938 -778 315 -724 993
Meirforbruk/mindreforbruk 12 712 0 0 20 266
4.4 Notar
1. Auke i andre sals og leigeinntekter i høve til året før og budsjett skuldast inntekter på vatn og
avlaup, og på bygg og eigedom.
2. Auke i overføringar med kvav til motyting Det er auke i refusjon sjukepengar og statlege
mildlar og momskompensasjon.
3 Skatteinntektene for inntekt og formue hadde Voss ein auke med 11,2 mill. kr. i høve til året før.
Dette er ein auke på 3,4 %. For Hordaland var auken på 4,9 %. medan auken på landsbasis var på
5,9 %. Dei totale skatteinntektene vart 2,6 mill. kr. lågare enn revidert budsjett.
4 Finansutgifter. Avvik skuldast mindre renteutgifter og avdrag.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 19
5 Finansinntekter. Avvik i renteinntekter og utbyte høve til skuldast i hovudsak større
renteinntekter.
6 Pensjon
PENSJOSKOSTNAD
i 1000 kr. Storebrand KLP STP Arbeidsgj.avg. Totalt
Berekna pensjon iht.
aktuar 60 389 7 133 12 372 11 265 91 159
Betalt pensjon 59 556 7 601 14 476 11 510 93 143
Premieavvik 833 -468 -2 104 -245 -1 984
Tilbakeført forrige
års premieavvik -97 -773 -1 098 -277 -2 245
2 % tilsett del -6 826 -940 -2 168 -1 401 -11 335
Total
pensjonskostnad 53 466 5 420 9 106 9 587 77 579
7 Ytingar til leiande personar og kontrollorgan
Ordførar kr 865 100
Rådmann kr 971 672
Kontrollorgan
Honorar rekneskapsrevisjon og forvaltningsrevisjon kr 729 148
Innbetaling pensjon for revisjonsselskapet kr 53 962
Andre oppgåver revisor kr 61 650
Honorar sjølvkosttenester VA kr 46 541
Kontrollutvalssekretær kr 163 738
8. Uteståande fordringar pr. 31.12.2015
Totalt Restanse frå 2015 Eldre enn eit år
Kommunale avgifter 596 766 586 596 10 169
Husleige 875 063 527 325 347 737
Teknisk 748 721 662 306 86 415
Teknisk DV-pro 8 131 8 131 0
Barnehage/ SFO 200 328 187 655 12 673
Oppvekst 89 499 89 499 0
Pleie og omsorg 127 177 123 205 3 972
Sosiallån 0 0 0
Helse og omsorg 0 0 0
Kulturskulen 10 259 3 664 6 595
Biblioteket 9 930 3 740 6 190
Kino 0 0 0
Kultur og fritid 31 131 25 850 5 281
Rådmannen sin stab 398 053 398 053 0
Sum 3 095 058 2 616 025 479 033
Årsmelding Voss kommune 2015 side 20
4.5 Driftsresultat
4.5.1 Resultat for kommunalavdelingane
Renteutgifter og avdrag 0,9 mill. kr
Renteinntekter 0,6 mill. kr
Underskotsgaranti Hagahaugen 1,6 mill. kr
Samhandlingsreforma 0,4 mill. kr.
Avsetning til fond -0,2 mill. kr.
Konsesjonskraft -1,0 mill. kr
Startlån -0,2 mill. kr
Skatt -2,6 mill. kr
Rammetilskot 5,6 mill. kr
Andre tilskot -0,2 mill. kr
Asylmottak 0,7 mill. kr
Andre forhold 0,4 mill. kr
Sum fellesinntekter 6,0 mill. kr.
Ein nedgang i renta det sist halve året har gjort at det vart ei innsparing på renteutgifter. Auke
renteinntekter skuldast ein god bankavtale og at kommunen har ein betra likviditet.
Samla skatt og rammetilskot vart om lag 3 mill. kr. betre enn det som var signalisert i
kvartalsrapport for 3. kvartal.
Prisen på konsesjonskraft vart dyrare enn rekna med.
Det vart ikkje bruk for heile summen som vart sett av til underskotsgarantien for Hagahaugen.
For samhandlingsreforma er det avrekning frå tidlegare år.
I høve til det reviderte budsjettet ser det slik ut for dei ulike kommunalavdelingar:
Totalt sett har drifta gått med kr12,7 mill. kr i overskot. Netto driftsresultat var på 43,0 mill. kr.
1Sentrale styringsorgan hadde eit mindreforbruk på 4,2 mill. kr. Av dette utgjorde reservepostar
til flaum, symjeanlegg og levekår som ikkje vart brukt i 2015 3,5 mill. kr.
2 Kommunalavdeling Oppvekst hadde ei overskriding på 1,4 mill. kr. Dette skuldast overskriding
i grunnskule og barnevern. Meirutgifter i skulen m.a. grunna auka elevtal og utfordringar som måtte
løysast, overskriding på skyss og i barnevernet. Budsjettet i barnehagar, helsestasjon, PPT,
vaksenopplæring og administrasjon går i pluss.
3 Kommunalavdeling Helse og omsorg har eit netto mindreforbruk på 0,1 mill. kr.
4 Stab har eit netto mindreforbruk på 1,3 mill. kr. Det skuldast vakansar og auke i inntekter.
5 Kommunalavdeling Kultur og fritid har eit netto mindreforbruk på 0,3 mill. kr.
6 Kommunalavdeling Teknisk Rekneskapsresultatet viser totalt eit overskot for
kommunalavdeling tekniske tenester på 2,2 mill. kr. Avviket skuldast føring av kalkulatorisk rente
og indirekte kostnader til sjølvkostområde vatn og avløp, og vert synleg som eit mindreforbruk på
teknisk.
4.5.2 Lånegjelda
Lånegjelda for lån til investeringar er om lag 1,6 mill. kr. lågare enn i 2013.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 21
I 1000 kr. 2 014 2 015
Etableringslån 184 375 186 566
Lån til investeringar 768 777 863 664
Pensjonsforpliktingar 1 309 271 1 317 523
Sum langsiktig gjeld 2 262 423 2 367 753
Brutto renteutgifter til investeringar var på 21,9 mill.kr mot 20,5 mill. kr i 2014 og brutto
avdragsutgifter på kr 32,2 mill. mot 31,6 mill. kr i 2014.
Lånegjelda til investeringar er pr. 31.12.14 på ca. 863 664 mill. kr mot 768,8 mill. kr i 2014. Det vil
seia kr 59 873 mot kr 53 586,- pr. innbyggjar i 2014.
Total langsiktig gjeld er på 2 368 mill. kr.
4.6 KOSTRA
Rekneskapen for 2015 er ført etter KOSTRA kontoplan. Det skal rapporterast til Staten på omgrepa
Funksjon og Art.
Forbruk pr. funksjon
Funksjons nr. KOSTRA funksjon Rekneskap 2015 Oppr. budsjett Rev. budsjett Rekneskap 2014
100 Politisk styring 4 997 8 647 11 097 4 064
110 Kontroll og revisjon 1 077 1 134 1 134 1 215
120 Administrasjon 59 603 65 726 78 431 55 378
121 Eigedomsforvaltning 2 492 2 774 2 521 2 425
130 Administrasjonslokale 2 806 2 442 1 972 2 862
170 Årets premieavvik -1 985 0 0 2 245
171 Tidlegare års premieavvik -2 245 0 0 -407
173 Premiefond -41 478 0 0 -21 646
180 Fellesutgifter 402 675 675 472
190 Interne serviceeiningar 0 147 0 0
201 Barnehage 92 693 89 657 84 702 82 548
202 Grunnskule 161 931 152 341 154 070 154 580
211 Styrkt barnehage tilbod 5 387 6 655 6 391 5 664
213 Vaksenopplæring 2 883 3 065 2 953 2 404
215 Skulefritidsordning 4 091 3 892 3 770 3 720
221 Barnehage- lokale og
skyss 6 161 6 277 6 144 6 038
222 Skulelokale 30 108 29 858 27 634 29 124
223 Skuleskyss 6 014 4 809 4 658 4 721
231 Aktivitetstilbod - barn og
unge 2 941 2 877 2 864 2 916
232 Helsestasjon og
skulehelse 7 299 7 599 7 295 6 858
233 Førebyggjande
helsearbeid 990 1 043 1 043 962
234 Aktivisering av eldre og
funksjonshemma 13 167 13 491 13 061 12 988
Årsmelding Voss kommune 2015 side 22
Funksjons nr. KOSTRA funksjon Rekneskap 2015 Oppr. budsjett Rev. budsjett Rekneskap 2014
241 Lege og fysioterapi
tenester 26 027 24 323 20 846 23 304
242 Sosial og flyktningkontor 13 362 12 504 12 082 10 212
243 Rusomsorg 221 170 169 257
244 Barnevernsteneste 7 367 6 979 6 269 5 651
251 Barnevernstiltak i
familien 4 951 4 675 4 647 5 692
252 Barnevernstiltak utanfor
familien 15 283 14 735 13 174 13 065
253 Pleie i institusjon 146 057 142 883 138 630 138 785
254 Pleie til heimebuande 101 772 100 261 99 840 95 134
255 Medfinansiering
somatiske tenester -381 0 0 16 939
261 Institusjonslokale 26 244 23 271 18 304 19 003
265 Kommunalt disponerte
bustader -1 593 -1 474 1 268 -1 420
273 Kommunale
sysselsettingstiltak 314 314 314 322
275 Introduksjonsordninga 9 373 9 350 7 800 7 398
276 Kvalifiseringsordning 1 736 1 704 1 704 1 313
281 Økonomisk sosialhjelp 13 120 14 459 13 422 14 902
283 Stønad til eigen bustad 2 350 257 257 2 793
285
Tenester utanfor
kommunalt
ansvarsområde
0 -700 -700 0
290 Interkommunale
samarb.(§27-samarb.ny) 0 5 347 0 0
301 Plan - sakshandsaming 4 132 4 079 4 049 3 716
302 Bygge- og delesak 86 -131 -168 -112
303 Kart og oppmåling 1 887 2 871 2 819 974
315
BOLIGBYGGING
FYSISKE
BOMILJØTILTAK
113 0 0 124
320 Kommunal
næringsverksemd -1 552 -1 485 -1 685 -1 589
321
Konsesjonskraft,
kraftrettigheter og anna
kraft for vidare sal
-7 782 -8 806 -8 806 -9 850
325 Tilrettelegging og bistand
for næringslivet 5 045 6 526 6 357 5 207
329
Landbruksforvaltning og
landbruksbasert
næringsutvikling
1 787 1 747 1 728 1 710
330 Samferdsle 23 75 75 87
332 Kommunale vegar, miljø,
trafikksikring, parkering 28 702 24 093 20 474 20 364
335 Parkar og plassar 4 152 3 934 3 826 3 598
338 Førebygging brann og
ulukker 1 468 1 199 1 115 1 099
Årsmelding Voss kommune 2015 side 23
Funksjons nr. KOSTRA funksjon Rekneskap 2015 Oppr. budsjett Rev. budsjett Rekneskap 2014
339 Beredskap brann og
ulukker 9 340 9 043 8 987 9 117
340 Produksjon av vatn 5 991 5 216 7 469 8 783
345 Distribusjon av vatn -8 097 -7 497 -9 987 -12 073
350 Avlaupsreinsing 10 804 13 676 13 134 10 438
353 Avlaupsnett -13 158 -14 139 -14 229 -13 903
354 Tøming av septiktank -222 -331 -331 228
360 Naturforvaltning og
friluftsliv 1 623 1 748 1 745 1 678
370 Bibliotek 4 994 4 860 4 824 4 808
373 Kino 305 98 -436 1 956
375 Museum 388 378 378 186
377 Kunstformidling 625 850 850 690
380 Idrettsaktivitetar og
tilskot idrett 3 264 3 094 3 097 4 268
381 Kommunale
idrettsanlegg/bygg 3 054 2 255 1 630 1 735
383 Kulturskule 4 291 3 994 3 941 4 085
385 Kulturaktivitetar og
tilskot kultur 4 188 4 989 4 853 3 190
386 Kommunale kulturbygg 3 245 4 776 4 408 5 794
390 Kyrkja 7 512 7 579 7 579 7 174
392 Tilskot
livsynsorganisasjonar 221 102 102 210
393 Kyrkjegardar 1 301 1 402 1 402 1 359
800 Skatt -398 327 -400 958 -401 880 -385 306
840 Rammetilskot og
generelle statstilskot -396 269 -390 681 -387 618 -400 428
850 Generelt statstilskot -28 899 -27 152 -19 152 -20 587
860 Motpost avskriving -42 055 -42 055 -36 672 -36 672
870 Renter, utbyte og lån 20 984 25 009 27 279 19 556
880 Interne
finansieringstransaksjonar 28 591 -2 523 400 25 641
899 Årets rekneskapsmessige
meir/mindreforbruk 12 712 0 0 20 266
4.7 Kapitalrekneskapen
Oversyn over kapitalutgiftene (i tusen kr)
Hovudkapittel 2 010 2 011 2 012 2 013 2 014 2 015
0.1 Rådmannen og politiske
organ
0.2 Oppvekst 438 1 568 282 369 1 330 531
0.3 Helse og omsorg 825 2 065 688 524 1 265 1 265
0.4 Rådmannen sin stab 5 662 1 598 1 157 1 073 898 898
0.5 Kultur og fritid 19 742 4 115 709 - 5 735 -
Årsmelding Voss kommune 2015 side 24
Hovudkapittel 2 010 2 011 2 012 2 013 2 014 2 015
0.6 Teknisk 102 698 51 776 80 415 62 755 88 785 141 970
129 365 61 122 83 251 64 721 98 013 144 664
Dei største investeringsprosjekta har vore:
Anlegg Beløp
Palmafossen skule (inv) 29 713
Gjernes skule nybygg (inv) 26 797
Gjerdebu avlasting og barnebustader 11 984
Industrifelt Istad 10 430
Tintrabrua 9 006
Holbygdvegen –vegfond (inv) 3 697
Brynalii vegforsterking- o.v. 3 255
Sundve skule nybygg (inv) 2 648
Nettverk 2025 2 294
Bordalen VA vegentreprise 2 101
Kjøp nye bilar 2 048
Bolstad reinseanlegg (inv.) 2 047
4.7.1 Finansiell vurdering
Voss kommune hadde eit netto driftsresultat på om lag 43,0 mill. kr. og rekneskapsmessig
mindreforbruk på 12,7 mill.
Regnskapsanalyse
Likviditetsgrad 1 Likviditetsgrad 2
Omløpsmidler Mest likvide omløpsmidler
kortsiktig gjeld kortsiktig gjeld
480 598 477 471,25
169 285 169 285,24
388 930 388 711
159 957 159 957
Soliditet Gjeldsgrad:
Sum egenkapital Gjeld
Sum eiendeler Egenkapital
570 456 2 537 038
3 107 494 570 456
405 177 2 422 380
2 827 557 405 177,01
Egenfinansiering av investeringer Netto driftsresultat i forhold til driftsinntekter
Kapitalkonto Netto driftsresultat
Anleggsmidler Driftsinntekter
407 332 42 979,29
2 626 896 1 168 240,37
276 054 57 629
2 438 627 1 122 168
Formel: = = Bør være 2 eller større Formel: = = Bør være 1 eller større
2015 = = 2,84 2015 = = 2,82
2014 = = 2,43 2014 = = 2,43
Formel: = = Egenkapitalprosent Formel: =
2015 = = 18,36 % 2015 = = 444,74 %
2014 = = 14,33 % 2014 = = 597,86 %
Formel: =
2015 = = 3,68 %
2014 = = 5,14 %
Formel: =
2015 = = 15,51 %
2014 = = 11,32 %
Årsmelding Voss kommune 2015 side 25
4.8 Finansrapport 2015
4.8.1 Forvalting av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsformål
Kommunen har som hovudbank Sparebank 1 SR Bank, og bankavtalen vart inngått i 2013. Voss
kommune gjekk ved utgangen av 2015 ut på anbod for å inngå ny bankavtale. Sparebank 1 SR Bank
hadde det beste anbodet og det vart inngått ny avtale med Sparebank 1 SR Bank
Kommunen har ikkje plassert overskotslikviditet i pengemarknadsfond og renteberande verdipapir.
Tabellen viser innskot i bank fordelt på konto.
Ein viktig grunn til at Voss kommune har relativt mykje midlar inneståande på bankkonti er at
kommunen har mykje ubrukte lånemidlar som er tatt opp til investeringsprosjekt som løyvd til i
budsjettet, men som ikkje er sett i gang eller fullført. Ved utgangen av 2015 var det kr 148,2 mill. kr
Årsmelding Voss kommune 2015 side 26
i ubrukte lånemidlar.
4.8.2 Forvalting av kommunen si gjeldsportefølgje
Voss kommune har vore inne i ein periode med store investeringar, og dermed kraftig vekst i
lånegjelda.
Det er tatt opp lån med fast rente på kr 126 500 000 i Kommunalbanken.
I finansreglementet heiter det at:
Lån som vert kompensert med tilskot basert på flytande rente eller lån som er til tenester
som er basert på sjølvkost knytt opp mot flytande rente, skal lånast opp i flytande rente.
Ser me vekk frå låna som vert kompensert med flytande rente er fordelinga slik:
Tar me omsyn til desse låna er fordelinga fast og flytande rente slik:
47 % flytande rente og 53 % fastrente
Finansreglementet viser at minimum 1/3 av gjeldsportefølja skal ha flytande rente (rentebinding
kortare enn eitt år), minimum 1/3 skal ha fast rente, mens 1/3 skal vurderast ut ifrå marknad
situasjonen.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 27
5 Kommentarar frå kommunalavdelingane
5.1 Rådmannen og politiske organ
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 35 816 19 852 15 989 3 864 -3 926
Inntekter -171 -171 -460 289 -227
Netto 35 645 19 681 15 529 4 152 -4 153
Økonomi
Her inngår rekneskapen for alle folkevalde organ; kommunestyret, formannskap, miljø- og
kulturutvalet, administrasjonsutvalet, levekårsutvalet, næring- og tiltaksutvalet, støtte til politiske
parti, kommunestyret sin reservepost og godtgjersle til Ordførar og varaordførar.
Det er eit samla økonomisk positivt avvik på 4,15 mill. kr. Dette skuldast hovudsakleg at
reservepostar på til saman 3,5 mill. kr. avsett til flaum, symjeanlegg og levekår ikkje vart brukt opp,
men desse postane kjem til utbetaling i 2016.
2 015 Rekneskap Budsjett Avvik
Folkevalde 5 110 8 647 3 537
Rådmann 9 010 9 225 214
Revisjon/kontrollutval 1 077 1 134 57
Premieavvik pensjon 0 0 0
Offentlege organ 331 675 344
Sum 15 529 19 681 4 152
Årsmelding Voss kommune 2015 side 28
5.2 Kommunalavdeling oppvekst
Hovudbodskap
2015 har vore eit arbeidsår med eit resultat på det jamne sjølv om mange av einingane våre må
seiast å ha vore under spesiell omstende med ulike typar byggeaktivitet; Gjernes, Palmafossen,
Sundve, Vangen og Voss ungdomsskule. Det same gjeld barnehagane Bjørgamarka og Lundhaugen.
Temaplan oppvekst vart vedteken i juni og gir føringar for prioriteringar framover.
Flyktningstraumen internasjonalt har gitt Voss auke i mottak av nye innbyggjarar gjennom
asylmottak, flyktningar, familiegjenforeinte. I tillegg er arbeidsinnvandringa stor. Barn i
grunnskulealder har rett og plikt til opplæring og alle har rett på helsetenester så lenge dei oppheld
seg i landet.
Barnevernet har hatt stor pågang på saker og tal barn kommunen har omsorg for er no 34 barn.
Kommunalavdelinga har hatt fleire arbeidsgrupper som har vurdert framtidig organisering av
oppvekst. Tidene er omskiftelege og organisasjonen må tilpassast arbeidsoppgåver til dei tenestene
som skal løysast.
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 382 170 401 620 421 195 -19 575 388 109
Inntekter -60 010 -63 655 -81 843 18 188 -72 078
Netto 322 160 337 965 339 351 -1 387 316 031
Økonomi
Rekneskapen syner eit forbruk på 100,4 %, og i samsvar med signal gitt i kvartalsrapportar.
Året har vore eit krevjande år med tanke på økonomi med store endringar i tenesteomfang og
driftsopplegg. Særleg gjeld dette samanslåing av skular, drift av skular og byggeaktivitet, auke i tal
framandspråklege elevar og barn med særlege behov.
Investeringar
2 015 2 014
Brutto 531 1 330
Refusjon/ tilskot -65 -266
Eigenkapital/ Likv. reserve
Lån framandkapital -466 -1 064
Investeringar i 2015: Kjøp modulbygg til Voss ungdomsskule kroner 258' eks. mva.
Kjøp av liten bil til utegruppa i Voss barnehage kroner 208'
Brukarperspektiv
Kommunalavdeling for oppvekst har ansvar for barn og unge i alderen 0 til 16 år.
Helsestasjonstenester har ansvar for unge opp til 20 år og barnevernstenesta har ansvar for dei unge
som er under tiltak av barnevernet til dei er 23 år.
Pr. 01.07.15 var det 2767 innbyggarar i Voss kommune frå 0 - 15 år. Tilsvarande tal
01.07.14; 2705.
Grunna busetjing av fleire flyktningar står alle avdelingane i kommunalavdelinga framfor nye
utfordringar. Det gjeld både språk, kultur, pedagogisk og helsemessig - dei tilsette må takla
Årsmelding Voss kommune 2015 side 29
utfordringane og tenkja nytt.
Medarbeidarperspektiv
Arbeidsplassane har god stabilitet og det er god tilgang på fagutdanna til stillingar. Jamt over er
tilbakemeldingane frå tilsette at dei har travle dagar og høg trivnad i jobben. Felles prosjekt og
kompetanseheving gir "påfyll" og er motiverande. Utviklingsarbeida "Betre læringsmiljø" og "Den
gode barnehagen", vert ofte trekt fram. Framhald av antimobbeprogram, Zero er inkludert i desse
utviklingsarbeida.
Kommunalsjef og to frå staben gjennomfører årleg utviklingsmøte med leiar, tillitsvalde og andre
som leiar bestemmer. Møta er svært viktige i utvikling av tenestene og samarbeidet mellom nivåa.
Sjukefråværet i oppvekst var samla på 8,1 % mot 8,5 % i 2014. Langtidsfråværet er
hovudutfordringa. I rapportering frå leiarane er det lite som tyder på at dette fråværet er relatert til
arbeidsplassane. Fråværet i barnehagane er høgast, noko betre tal er det i siste halvdel av 2015.
Sjukefråvær og oppfylging av sjukmelde er tema på felles leiarmøte i kommunalavdelinga med
jamne mellomrom.
Stillingsoversyn
2 015 (pr 31.12) 2 014 (pr 31.12)
Årsverk 428,8 415,3
Tal personar ca. 522 ca. 517
Dette er faste stillingar det er budsjettert med. I tillegg kjem prosjektstillingar og styrka bemanning ved behov.
Interne prosessar
Nytt webbasert administrasjonssystem for barnehage og skule vert teke i bruk frå 1.1.2016. Dette
verktøyet skal handterer alle barnehagesaker, elevsaker, variabel lønn og timeplanleggar for
personalet i skulen. Det er knytt store forventingar til at eit nytt administrasjonssystem skal letta
/forenkla kvardagen og gje betre oversikt for leiing og stab på alle nivå.
Ei eining er godkjent som miljøfyrtårn. To einingar har søknad til behandling, men manglar
godkjenning etter miljøretta helsevern for å kunne gå vidare med søknaden, to einingar er godkjent
etter ordninga med grønt flagg.
OU-prosessen vil gi endringar for å få til enno betre systematisk samhandling mellom barnevern,
helsestasjon og PPT og nærare, systematisk samarbeid mellom Vaksenopplæring og
flyktningtenesta.
Balansert målstyring
Økonomi – samla resultat for kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Avvik totalt i
høve til netto
driftsbudsjett
0% -0,41% 2 015
Ved måling av avvik i høve til netto driftsbudsjett er det brukt eit intervall for å visualisera
resultatet ved hjelp av farge
Der raud farge er brukt på underskot der resultatet er -4% og lågare og på overskot frå 10% og
høgare.
Gul farge er brukt på underskot mellom -2% til -4% og overskot mellom 5% til 10%.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 30
Grøn farge er brukt på resultat mellom underskot frå -2% til overskot på 5%.
Medarbeidarar – samla resultat for kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Medarbeidar
undersøking snitt
totalt
4,5 4,5 100 % 6 2 015
Medarbeidar
undersøking
næraste
overordna
4,7 4,6 97,87 % 6 2 015
Statistikk
sjukefråvær 7,5 % 8,1 % 92 % 0% 2 015
Medarbeidar
samtalar > 40%
stilling
100 % 79,18 % 79,18 % 100% 2 015
Medarbeidar
vurdering 100 % 90,02 % 90,02 % 100% 2 015
Interne prosessar – samla resultat for kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
HMS-
Vernerunde 100 % 92,31 % 92,31 % 100% 2 015
Utarbeiding av
handlingsplan
etter vernerunde
100 % 96,15 % 96,15 % 100% 2 015
Deltaking
medarbeidar
undersøking
65 % 68 % 104,62 % 100% 2 015
Medarbeidar
undersøking-
organisering av
arbeidet
4,6 4,5 97,83 % 6 2 015
Skala for bruk av raud, gul og grøn farge for måleindikatorar knytt til ”Medarbeidarar” og ”Interne
prosessar”:
Raud farge er måloppnåing på 50% og lågare
Gul farge er måloppnåing frå 50% til 80%
Grøn farge er måloppnåing frå 80% og høgare
Årsmelding Voss kommune 2015 side 31
Grafisk framstilling av gjennomsnittet av tal raude, gule og grøne resultat frå alle ansvar, avdelingar
og kommunalavdelinga innanfor kvart fokusområde.
5.2.1 Administrasjon
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 20 484 23 472 23 635 -163 19 679
Inntekter -12 231 -830 1 061 -266
Netto 20 472 23 703 22 806 898 19 413
Økonomi
tal i heile tusen Rekneskap Budsjett
Administrasjon teneste 120 5.518 5.793
Flyktningetenesta teneste 242, 275 og
281 16.574 16.976
Fellesadministrasjonen i oppvekst har gjennom året hatt vakant stilling samt fått refusjon for arbeid
utført for Utdanningsdirektorat.
50 % stilling er utgiftsført under grunnskule, prosjektstilling ved innføring av Hypernett - nytt
administrasjonsprogram.
Flyktningetenesta hadde att noko midlar, grunna mangel på husvære og som førte til forseinka
busetjing.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 32
Brukarperspektiv
Fellesadministrasjonen er i tett kontakt med leiarane i arbeid med utvikling og drift av einingane.
Det er også tett kontakt gjennom behandling av personalsaker, tilsetjingar, permisjonar m.m. Staben
er i kontakt med innbyggjarar i høve barnehagetilbod, skulegang, skyss, gjesteelevar og andre
einskildsaker.
Flyktningtenesta
Tenesta planlegg og gjennomfører busetjing av flyktningar i omfang etter vedtak i Kommunestyret,
og har ansvar for koordinering av introduksjonsprogrammet for flyktningar. Kommunen har
vedteke busetjing av 50 flyktningar årleg i 2015 og 2016. Faktisk busetjing i 2015 var 63
flyktningar, inkludert 18 personar i familiesameining, og 2 einslege mindreårige busett saman med
omsorgsperson. Det vart i 2015 for første gong gjennomført brukarundersøking mellom deltakarane
i introduksjonsprogrammet, og resultata var særs gode.
Medarbeidarperspektiv
Voss kommune deltek i perioden august 2015 til september 2016 i Effektiviseringsnettverk for
Introduksjonsordninga, i regi av Kommunenes sentralforbund (KS). Føremålet med deltakinga er
betre styring av introduksjonsprogrammet, klarare oppgåvefordeling, tilbakemelding frå brukarane
og betre samarbeid mellom NAV, vaksenopplæring og flyktningtenesta.
Stillingsoversyn
2 015 (pr 31.12) 2 014 (pr 31.12)
Årsverk 11,4 9.9
Tal personar 16 14
Auken skuldast: 0,5 årsverk knytt til prosjekt, 1 årsverk til flyktningetenesta
Interne prosessar
Avdelinga har gjennomført ein organisasjonsutviklingsprosess der det m.a. er konkludert med at ein
planlegg samlokalisering av Barneverntenesta, PPT og Helsestasjon- og skulehelsetenesta i eit felles
nybygg. Endelege konklusjon på dette arbeidet er ikkje gjort enno.
5.2.2 Grunnskular
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 188 074 195 515 204 783 -9 268 194 612
Inntekter -20 758 -23 837 -28 898 5 061 -26 978
Netto 167 316 171 678 175 885 -4 207 167 634
Økonomi
Overskriding på 4 mill. i grunnskule. Hovudårsakene:
3 skular er under bygging/rehabilitering; medfører auka skyssutgifter (Gjernes T/R
Bordalen, Sundve T/R Oppheim) og leige/montering av modulbygg og leige lokale
(Viljarhuset)
auka tal framandspråklege elevar; utfordringar i administrasjonen ved skulane med å løysa
oppgåver på kort varsel, auka personalbehov/endring i gruppesamansetjing / auka utgifter til
Årsmelding Voss kommune 2015 side 33
inventar og utstyr
auke i tal elevar med særskilde behov og utagerande åtferd
Investeringar
2 015 2 014
Brutto 322 668
Refusjon/ tilskot -64 -134
Eigenkapital/ Likv. reserve
Lån framandkapital -258 -534
Brukarperspektiv
Voss har 1760 elevar i 10 grunnskular. Endringar i skulestruktur i samsvar med vedtak frå 2012 er i
ferd med å bli sluttført. Bygga er ikkje ferdige, men skulane har i samarbeid med foreldre og
tilsette, funne mellombels ordningar for samorgansiering til 10 skular. Prosjekt for samorganisering
har involvert elevar, foreldre og tilsett.
Obligatorisk elevundersøking blir gjennomført årleg for 7. og 10. årstrinn. Frå i haust gjennomfører
alle skulane undersøkinga for 5.-7.årssteg. Resultat frå undersøkinga, nasjonale prøvar og eksamen
blir lagt fram i politisk sak seinare. SFO-undersøkinga er ikkje bearbeid grunna svarprosent under
30.
Busetnadsmønsteret i kommunen gjer at mange elevar må ha skyss til skulen. Per des. hadde 698
elevar skyss. 156 av desse har skyss etter kommunalt vedtak, hovudsakleg på grunn av særleg
farleg/ vanskeleg skuleveg og grunna bygging av skular.
Per aug. er 248 elevar påmeldt leksehjelp i 2.- 4. årssteg. 364 barn nytta skulefritidsordning.
Medarbeidarperspektiv
Utviklingsarbeidet “Betre læringsmiljø”. I tråd med plan vedteke i Utval for levekår sak 13/13, har
alle skulane arbeidd med utviklingsprosjektet “Betre læringsmiljø”. Alle kompetansehevingstiltak
for tilsette vert gjennomført som del av den overordna utviklingsplanen. Prosjektet er delvis
gjennomført i form av felles skulering av alle tilsette i skulane, delvis som arbeid på den einskilde
skule gjennom utarbeiding av standardar for korleis ein saman på den einskilde skule kan skape
betre læring og eit godt læringsmiljø for alle. Arbeidet med Zero held fram som del av "Betre
læringsmiljø".
Ungdomsskulane i kommunen held fram arbeidet med den statlege satsinga “Ungdomssteg i
utvikling”, med ekstern rettleiing. Ungdomsstegsatsinga inngår som del av den overordna planen
for “Betre læringsmiljø”.
Stillingsoversyn
2 015 (pr 31.12) 2 014 (pr 31.12)
Årsverk 249,1
Tal personar omlag 298
Interne prosessar
Ved om lag halvparten av skulane er dei i gang med å prøve ut begynneropplæring i skriving via eit
opplegg "Skrive seg til lesing", SLT+.
3 skular deltek i statleg prosjekt "Vurdering FOR læring". Prosjektet skal vidareførast for alle
Årsmelding Voss kommune 2015 side 34
skulane kommande år.
Ved Palmafossen og Gjernes skular er arbeidet med nybygg/tilbygg i sluttfasen. Nye Gjernes skule
vert teken i bruk 29.02.16. Nye Palmafossen skule vert teken i bruk 29.03.16. Oppstart av
bygging/ombygging ved Sundve er påbyrja. Ferdigstillinga er planlagt før jul i 2016.
Ekstern vurdering er gjennomført ved Voss ungdomsskule og Vangen skule.
§ 9A i Opplæringslova krev at elevane skal ha eit godt psykososialt skulemiljø fritt for mobbing og
krenkande åtferd. Mobbeundersøking gjennomført i åra 2012-2015 syner nedgang i tal elevar utsett
for krenkande åtferd. I 2015 har vi motteke kopi av samla 8 vedtak i denne type saker. Sakene
fordeler seg på 4 av skulane. Det er framleis underrapportering på denne type saker.
Balansert målstyring
Økonomi – samla resultat for grunnskulane
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Avvik totalt i
høve til netto
driftsbudsjett
0% -2,39% 2 015
Ved måling av avvik i høve til netto driftsbudsjett er det brukt eit intervall for å visualisera
resultatet ved hjelp av farge
Der raud farge er brukt på underskot der resultatet er -4% og lågare og på overskot frå 10% og
høgare.
Gul farge er brukt på underskot mellom -2% til -4% og overskot mellom 5% til 10%.
Grøn farge er brukt på resultat mellom underskot frå -2% til overskot på 5%.
Brukarar – samla resultat for grunnskulane
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Kartleggings
prøve lesing 2.
årssteg, over
kritisk grense
60 % 66,95 % 111,58 % 100% 2 015
Kartleggings
prøve talforståing
2. årssteg, over
kritisk grense
90 % 80,58 % 89,54 % 100% 2 015
Nasjonal prøve
lesing, 5. årssteg 50 49,39 98,78 % 2 015
Nasjonal prøve
rekning 5. årssteg 50 54,66 109,33 % 2 015
Nasjonal prøve
engelsk, 5.
årssteg
50 52,17 104,33 % 2 015
Nasjonal prøve
engelsk 8. årssteg 50 49 98 % 2 015
Nasjonal prøve
lesing, 8. årssteg 50 50 100 % 2 015
Nasjonal prøve
rekning, 8 årssteg 50 50,5 101 % 2 015
Grunnskulepoeng 40 41 102,5 % 2 015
Årsmelding Voss kommune 2015 side 35
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Elevundersøking
- Trivsel 4 4,2 105 % 5 2 015
Elevundersøking
- Mobbing på
skulen
1,2 1,3 91,67% 1 2 015
Elevundersøking
- Motivasjon 3,8 3,9 102,63 % 5 2 015
Brukarunder
søking SFO,
resultat for
brukarane
5 6 2 015
Brukarunder
søking SFO, %-
vis
foreldredeltaking
60 % 100% 2 015
Brukarundersøking SFO vert gjennomført oddetalsår. I 2015 var deltakinga så låg at det ikkje er
publisert resultat.
Medarbeidarar – samla resultat for grunnskulane
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Medarbeidar
undersøking snitt
totalt
4,5 4,5 100 % 6 2 015
Medarbeidar
undersøking
næraste
overordna
4,7 4,7 100 % 6 2 015
Statistikk
sjukefråvær 7,5 % 6,7 % 110,67 % 0% 2 015
Medarbeidar
samtalar > 40%
stilling
100 % 73,55 % 73,55 % 100 % 2 015
Medarbeidar
vurdering 100 % 100 % 100 % 100 % 2 015
Interne prosessar- samla resultat for grunnskulane
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
HMS-
Vernerunde 100 % 100 % 100 % 100 % 2 015
Utarbeiding av
handlingsplan
etter vernerunde
100 % 100 % 100 % 100 % 2 015
Deltaking
medarbeidar
undersøking
65 % 65 % 100 % 100 % 2 015
Levert sjekkliste,
lovkrav 100 % 100 % 100 % 100 % 2 015
Medarbeidar
undersøking-
organisering av
arbeidet
4,6 4,5 97,83 % 6 2 015
Skala for bruk av raud, gul og grøn farge for måleindikatorar knytt til ”Brukarar”, ”Medarbeidarar”
og ”Interne prosessar”:
Årsmelding Voss kommune 2015 side 36
Raud farge er måloppnåing på 50 % og lågare
Gul farge er måloppnåing frå 50 % til 80 %
Grøn farge er måloppnåing frå 80 % og høgare
Grafisk framstilling av gjennomsnittet av tal raude, gule og grøne resultat frå kvar enkelt skule
inkludert samla resultat for området ”Grunnskule” innanfor kvart fokusområde.
5.2.3 Barnehagar
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 112 278 118 047 119 178 -1 131 110 275
Inntekter -17 527 -17 863 -20 570 2 707 -19 714
Netto 94 751 100 183 98 608 1 576 90 561
Økonomi
Driftsnivået i barnehagane er vidareført på omlag same nivå som 2014, dvs. framleis stramme
rammer. Barnehagane fekk 400.000 til auka bemanning grunna auka tal framandspråklege barn og
andre barn med særskilte behov.
Budsjettet til barnehagelokale vart styrkt med 170.000 kr til kostnader med modulbygg ved
Årsmelding Voss kommune 2015 side 37
Lundhaugen barnehage. Diverre vart prosessen med modulbygg forseinka og det meste av
kostnadane kjem på 2016 rekneskapen.
Budsjettet viser totalt eit overskot på 1,5 mill. kr. Midlar til styrkt barnehage tilbod var løyvt og
tildelt barnehagar, men det vart ikkje tilsett i stillingane tidsnok til at lønsutgifter vart bokført i
2015. Ein del uteståande refusjonar av sjukepengar kom og seint på året.
Utgifter fordeler seg med 45,9 mill. kr til private barnehagar og 47,6 mill. kr til kommunale
barnehagar. Styrkt barnehagetilbod utgjer 5,2 mill. kr og er ei felles pott til private og kommunale
barnehagar. Private barnehagar får 100 % av det ein barnehageplass i kommunen kostar i
gjennomsnitt.
Investeringar
2 015 2 014
Brutto 209 663
Refusjon/ tilskot -133
Eigenkapital/ Likv. reserve
Lån framandkapital -209 -530
Brukarperspektiv
Voss har 9 kommunale barnehagar med 420 barn og 10 private barnehagar med 333 barn. Vonheim
open barnehage har i 2015 utvida drifta frå ein til tre dagar i veka. Per 15.12.2015 er det 753 barn i
barnehage, det utgjer 87,5 % av folkeregisterte barn i aktuell alder.
Alle med rett på plass etter lovkrav, får eit tilbod om barnehageplass. Per i dag er det 295 søkjarar
til barnehageplass. Av desse har 100 plass men ønskjer å endre plass/byte barnehage. Det er 21 barn
som ønskjer barnehageplass straks.
Utval for levekår har vedteke ein felles utviklingsplan for barnehagane "Den gode barnehage".
Dette er eit arbeidsverktøy for personale som skal styrka og vidareutvikla innhaldet i barnehagane.
Barnehagane har hatt fokus på arbeidsområda sosial kompetanse, inkl. Zero, språk og
språkutvikling og vaksenrolla.
Implementering av Zero i barnehage er avslutta i 2015. Alle kommunale og private barnehagar har
deltatt i opplæringa og skal ta arbeidsmåtane i bruk.
Medarbeidarperspektiv
Stabilt personale og relativ god tilgang på barnehagelærarar. Me har nokre få tilsette i mindre
stillingar med dispensasjon frå utdanningskravet.
Felles kompetanseheving til alle tilsette i samsvar med vedteken utviklingsplan "Den gode
barnehage". Opplæring knytt til Zero og til "Kompetanse for mangfald".
Stillingsoversyn
2 015 (pr 31.12) 2 014 (pr 31.12)
Årsverk 94,78 102,2
Tal personar 126 128
Interne prosessar
Ekstern vurdering er gjennomført for Voss og Bjørgamarka barnehagar. Tilsyn er gjennomført i
Bulken, Evanger, Bordalen og Vethe barnehagar. Tema for tilsyna har vore barnehagen sitt innhald,
Årsmelding Voss kommune 2015 side 38
foreldreråd og samarbeidsutval.
Planlegging av nye Lundhaugen pågår, mål om å komme i hus er framleis august 2017.
I ein periode på slutten av året er Evanger barnehage administrert av Lundhaugen barnehage på
grunn langtidsfråvær hjå styrar.
Balansert målstyring
Økonomi – samla resultat for barnehagane
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Avvik totalt i
høve til netto
driftsbudsjett
0 % 1,6 % 0 % 0 % 2 015
Ved måling av avvik i høve til netto driftsbudsjett er det brukt eit intervall for å visualisera
resultatet ved hjelp av farge
Raud farge er brukt på underskot der resultatet er -4% og lågare og på overskot frå 10% og høgare.
Gul farge er brukt på underskot mellom -2% til -4% og overskot mellom 5% til 10%.
Grøn farge er brukt på resultat mellom underskot frå -2% til overskot på 5%.
Medarbeidarar – samla resultat for barnehagane
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Medarbeidarunde
rsøking snitt
totalt
4,5 4,3 95,56 % 6 2 015
Medarbeidarunde
rsøking næraste
overordna
4,7 4,3 91,49 % 6 2 015
Statistikk
sjukefråvær 7,5 % 12,2 % 37,33 % 0 % 2 015
Medarbeidarsamt
alar > 40%
stilling
100 % 83,8 % 83,8 % 100 % 2 015
Medarbeidarvurd
ering 100 % 85,68 % 85,68 % 100 % 2 015
Prosent menn i
barnehage 20 % 13,19 % 65,95 % 100 % 2 015
Tilsette med
barnehagelærarut
danning
40 % 45,2 % 113 % 100 % 2 015
Interne prosessar – samla resultat for barnehagane
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
HMS-
Vernerunde 100 % 100 % 100 % 100 % 2 015
Utarbeiding av
handlingsplan
etter vernerunde
100 % 100 % 100 % 100 % 2 015
Deltaking
medarbeidarunde
rsøking
65 % 66 % 101,54 % 100 % 2 015
Årsmelding Voss kommune 2015 side 39
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Levert sjekkliste,
lovkrav 100 % 100 % 100 % 100 % 2 015
Medarbeidarunde
rsøking-
organisering av
arbeidet
4,6 4,3 93,48 % 6 2 015
Skala for bruk av raud, gul og grøn farge for måleindikatorar knytt til ”Medarbeidarar” og ”Interne
prosessar”:
Raud farge er måloppnåing på 50 % og lågare
Gul farge er måloppnåing frå 50 % til 80 %
Grøn farge er måloppnåing frå 80 % og høgare
Grafisk framstilling av gjennomsnittet av tal raude, gule og grøne resultat frå kvar enkelt
barnehagane inkludert samla resultat for området ”Barnehage” innanfor kvart fokusområde.
Brukarundersøking vert gjennomført i partalsår.
5.2.4 PPT-tenesta
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 9 045 9 109 14 277 -5 168 8 871
Inntekter -3 762 -3 762 -9 378 5 616 -3 870
Årsmelding Voss kommune 2015 side 40
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Netto 5 283 5 347 4 898 448 5 001
Økonomi
Brukarperspektiv
Saksmengd ved PPT pr. 31.12.2015: 562 klientsaker, ein nedgang frå 2014 på 30 saker.
PPT har auka innsatsen sin i systemretta arbeid overfor skular og barnehagar, med vekt på
kompetansehevingstiltak og organisasjonsutvikling, og med utgangspunkt rundt barn/elevar med
særskilte behov i gruppa. Dette er i samsvar med statlege føringar.
PPT har dette året gitt opplæring i ZERO for barnehagar for tredje pulje av barnehagane i
kommunen. Alle barnehagane har no fått kursing og opplæring, og PPT har informert om ZERO-
arbeidet på foreldremøta i nær alle barnehagane. Dette er førebyggande arbeid mot mobbing.
PPT har også hatt andre kurs og samlingar for tilsette i skular og barnehagar innan ulike fagområde.
Medarbeidarperspektiv
Kompetansehevingsprosjektet "Spesialpedagogisk løft" felles for Hardanger/Voss
kompetanseregion og kompetansesenteret Statped Vest. Prosjektperiode: 2012-2017. Samarbeid
mellom PPT-kontora i Odda, Kvam og Voss. Kursdagar, rettleiing og nettverksamlingar er
gjennomført i samsvar med plan.
Stillingsoversyn
2 015 (pr 31.12) 2 014 (pr 31.12)
Årsverk 10,3 10,3
Tal personar 11 11
Interne prosessar
PPT-kontoret er sertifisert Miljøfyrtårn.
PPT har delteke i OU-prosess for å vurdera tverrfagleg samorganisering og samlokalisering,
konklusjon ikkje trekt.
5.2.5 Vaksenopplæring
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 10 650 10 762 11 542 -780 11 362
Inntekter -7 697 -7 697 -8 707 1 011 -8 977
Netto 2 953 3 065 2 835 230 2 384
Økonomi
Vaksenopplæringa har tre budsjettkapittel:
Grunnskule for vaksne. Aktiviteten er aukande. Voss sel tenester til deltakarar busette i Vaksdal og
Granvin.
Norskopplæring for innvandrarar. Nettobudsjett er i 0. Utgiftene blir dekka av øyremerka tilskot per
deltakar og eventuelt over-/underskot vert avsett på fond til bruk seinare år.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 41
Prosjekt 2025: Logopeditenester er utgiftsført under grunnskule og er ikkje med i tala ovanfor. Voss
kommune sel tenester tilsvarande 90 % stilling til kommunane Vaksdal, Aurland, Ulvik og til Voss
sjukehus.
I året er det motteke 7,8 mill. kroner i refusjonar og tilskot tilhøyrande undervisning av vaksne
framandspråklege elevar.
Rekneskapen er i samsvar med budsjetta.
Brukarperspektiv
Vaksenopplæringa skal gje grunnleggjande opplæring for deltaking i samfunnsliv, arbeidsliv,
utdanning og personleg utfalding, og kan vere ny kunnskap, påfyll eller vedlikehald.
Norsk og samfunnskunnskap: Deltakarane har opplæringsrett i fem år ved behov. Undervisning for
arbeidsinnvandrarar, flyktningar, familiegjenforeinte, busette i EM -tiltaket, asylsøkjarar og
flyktningar i introduksjonsprogram. 170 deltakarar i snitt, 250 i gjennomstrøyming per år.
Grunnskuleopplæring er gitt i matematikk, engelsk, norsk, naturfag og samfunnsfag. 12 elevar tok
eksamen våren 2015. Totalt 25 elevar.
Spesialundervisning for vaksne gjeld syns- og språkvanskar, alternativ kommunikasjon, data-, lese-
og skriveopplæring. Totalt 22 elevar.
Logopedtilbod blir gitt til 42 barn og 22 vaksne. I tillegg har 25 barn fått eit lågterskeltilbod utan
tilråding frå sakkunnige. Logopedane arbeider i institusjonar, i heimar, sjukehus, barnehagar og
skular, rettleiing nærpersonar/ personale.
Medarbeidarperspektiv
Vårhalvåret var eit jevnt godt halvår. Hausten fekk vi utfordringar knytt til flyktningesituasjonen i
verda. Vi fekk auka tilstrøyming av asylsøkjarar og vi fekk etterkvart venteliste på opplæring.
Vaksenopplæringa deltek i arbeidet med "vurdering for læring" som ein av tre skular i kommunen.
Vidare deltek vaksenopplæringa i "Effektiviseringsnettverk for introduksjonsprogram for
flyktningar" i regi av KS. Målet er auka kompetanse om arbeidet med flyktningar og styrka
samarbeid internt i kommunen.
Stillingsoversyn
2 015 (pr 31.12) 2 014 (pr 31.12)
Årsverk 16 16
Tal personar 22 22
Interne prosessar
Det pågår ein OU-prosess der ein enno ikkje har konkludert.
5.2.6 Barnevernsavdeling
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 33 565 35 938 37 985 -2 047 34 507
Inntekter -9 475 -9 549 -11 153 1 604 -10 441
Netto 24 090 26 389 26 832 -443 24 065
Årsmelding Voss kommune 2015 side 42
Økonomi
Det har vore kjent og omtalt i kvartalsrapportar at barnevernet sitt budsjett i 2015 ikkje ville halda.
Budsjettet vart difor styrkt med 2 mill. kroner og underskotet vart dermed redusert til 443.000
kroner.
Voss kommune har overteke omsorga for 10 nye barn i 2015. Dette gir sterk auke i utgiftar til
beredskapsheim / fosterheim og advokathonorar også i 2016.
Brukarperspektiv
Barnevernet er sett saman av barneverntenesta, Voss familiesenter og barnevernsinstitusjon for
einslege mindreårige. Tenesta har motteke 122 bekymringsmeldingar på nye barn i 2015, ein sterk
auke frå tidlegare år. Vidare er det ca. 120 barn som har hjelpetiltak hjå barneverntenesta og samla
34 barn er under omsorg av Voss kommune. Barnevernstenesta har inngått samarbeid med
"Forandringsfabrikken" og Voss er blitt ein "Mitt liv"-kommune der synspunkt frå barnevernsbarn,
på barnevernet sitt arbeid er i fokus. Kommunen har gjennom dette forplikta seg til å syta for at
barna skal vera involvert i sine eigne saker hjå både barneverntenesta og Voss familiesenter.
Voss familiesenter er eit barnevernstiltak for barn som bur saman med foreldra sine.
Barnevernsinstitusjonen for einslege mindreårige har 4 unge buande i heimen.
Medarbeidarperspektiv
Barnevernstenesta har følgjande årsverk fordelt på tenesteområde:
Barneverntenesta har 11,25 årsverk
EM-tiltaket har 9,25 årsverk
Voss familiesenter har 2,8 årsverk
Tenesta har fått opplæring og arbeider med implementering av metoden "Signs of safety". Tenesta
arbeider i open prosess med brukarane og barna er involvert i sine eigne saker.
Stillingsoversyn
2 015 (pr 31.12) 2 014 (pr 31.12)
Årsverk 23,3 22,91
Tal personar 26 25
Interne prosessar
Har innført nye rutinar i sakshandsaming i tråd med "Mitt Liv" -prosjektet. Auka involvering av
barna i alle ledd.
Arbeider med mogleg utviding av mottak av einslege mindreårige i kommunen og også utvidinga
av EM-tiltaket.
5.2.7 Helsesøsterteneste
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 8 074 8 778 9 795 -1 016 8 804
Inntekter -779 -1 179 -2 307 1 128 -1 831
Netto 7 295 7 599 7 488 112 6 973
Årsmelding Voss kommune 2015 side 43
Økonomi
Overskot på grunn av vakansar i stillingar i periodar av året.
Motteke statstilskot til finansiering av deler av psykologstilling, prosjektstilling til styrking av
helsesøster i vidaregåande skular og helsestasjon for gutar. Tre vellukka prosjekt.
Brukarperspektiv
Generelt: Auke i minoritetsspråklege i alle aldrar, asylsøkjarar og flyktningar og
arbeidsinnvandrarar. Desse gruppene krev dobbel tid til konsultasjonar og ekstraoppfølging. Strevar
med å få på plass nok dokumentasjon og dokumentasjon til rett tid.
Helsestasjon for 0-6 år: Fødselstalet i 2015 er 168. Fleire fødande skriv seg ut etter kort tid på
fødeavdelinga og treng tidleg oppfølging i heimen. Tenesta har hatt ustabile forhold på grunn av
vanskar med tilgang av fast lege. Jobbar med å få fast tilsett lege til spedbarn og
småbarnskontrollar.
Skulehelseteneste: Følger oppsett program overfor elevane. Vanskar med å finne eigna rom på
skulane grunna ombygging. Redusert datatilgang ved nokre skular. Stor pågang av elevar med
samansette vanskar ved ungdomskulane, samt auke i minoritetselevar. Høgde/vekt-målingar i
samsvar med nasjonale planar for 8.klasse ved Voss ungdomsskule er sett på vent då det ikkje er
etablert tiltak for å følgje opp.
Medarbeidarperspektiv
Leiande helsesøster vart pensjonist i august, ny leiar tilsett.
Auke i helsesøsterstilling til flyktningar frå 50 % til 100 % og i legestilling frå august som følgje av
auke i tal flyktningar, familiegjenforeinte og asylantar. Tilbod frå helsesøster og lege blir også brukt
av dei som har fått avslag på søknad om opphald og framleis oppheld seg i kommunen.
Oppstart av foreldrerettleiingsprogram (ICDP) til flyktningar og planlegging av same tilbod til
asylsøkjarar.
Prosjektmidlar til 100 % stilling i vidaregåande skule til helsestasjon for gutar.
Fagjournalprogrammet Infodoc, tilgjengeleg på vidaregåande skular i haust, har gitt forsvarleg
journalføring og meir tid til arbeid på skulane. Skulane er svært positive til dette.
Kommunepsykolog tilsett i 100 % frå mars. Ho har jobba mest med ungdom og med å gi rettleiing
til tilsette i avdelinga og samarbeid med andre instansar. Dei tilsette opplever å bli tryggare i si
tenesteutøving i vanskelege saker med rettleiing frå psykolog.
Stillingsoversyn
2 015 (pr 31.12) 2 014 (pr 31.12)
Årsverk 11,62 9,1
Tal personar 21 18
Interne prosessar
Rettleiingsgrupper med kommunepsykolog er innført.
Prosjektarbeid i vidaregåande skule med meir tid til stades på alle vidaregåande skular, "open dør",
deltaking på ressursteam, ansvarsgrupper, fokus på rus, KIDSCREEN (eigenvurdering av
livskvalitet for å fange opp risikoungdom tidlegare) bruk av Psykologisk førstehjelpsskrin held
fram. Arbeid med nye prosedyrar og interne retningsliner for smittevern, tuberkulosearbeid er starta
opp, men ikkje fullført.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 44
5.3 Kommunalavdeling helse og omsorg
Hovudbodskap
2015 har vore det andre året i konsolideringsperioden for Kommunalavdeling helse og omsorg.
Denne to-tre årsperioden vert kjenneteikna med:
fleire relativt omfattande og vellukka organisasjonsutviklings- og forbetringsprosessar
betydeleg kompetanse- og kvalitetsløft på alle nivå i organisasjonen, og
eit økonomisk resultat som peiker i ei positiv retning
Den positive trenden er eit avgjerande utgangspunkt for at ein til trass for avgrensa midlar, har
lukkast å gi tenester til fleire brukarar og fått mogelegheit til tenesteutvikling innan eksisterande og
nye tilbod. Eit slikt dynamisk utviklingsløp som ein har vore gjennom dei seinare år, hadde ikkje
vore mulig utan dyktige og motiverande leiarar med pågangsmot og gjennomføringskraft.
Analyse av tenestene i helse og omsorg, gjorde det endå tydelegare at for å møta utfordringane må
det satsast meir på førebygging og utvikling gjennom endra fokus frå pleie til aktiv omsorg. Ein har
allereie begynt eit betydeleg arbeid med fokus på bl.a.:
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 389 963 399 544 417 324 -17 780 399 144
Inntekter -78 482 -79 184 -97 068 17 884 -91 964
Netto 311 481 320 360 320 256 104 307 180
Økonomi
Aktiviteten har auka i 2015 samanlikna med 2014, noko som forklarer avviket frå budsjett når ein
Årsmelding Voss kommune 2015 side 45
ser på inntekts- og utgiftsnivå.
I kvartalsrapport for 2. kvartal synte prognosen for helse og omsorg eit avvik på ca. 5,6 mill. kr, på
grunn av stor etterspurnad etter pleie- og omsorgstenester og legevakt. I samband med 3.
kvartalsrapport vedtok kommunestyret naudsynte budsjettreguleringar. Dette har gjort at ein har
kunna gjennomført planlagt aktivitet. Ytterligare auke i utgifter på enkeltpostar har vore handtert
innan eige budsjettramme. Avdelinga har også jobba for å auke økonomisk handlingsrom ved å
søkje eksterne tilskotsmidlar. Avdelinga har motteke ca. 4,5 mill.kr i 2015 i tilskotsmidlar for
tenesteutvikling som følgje av dette.
Investeringar
2 015 2 014
Brutto 1 515 1 265
Refusjon/ tilskot -166 -136
Eigenkapital/ Likv. reserve
Lån framandkapital -1 349 -1 129
Brukarperspektiv
Utfordringar framover er bl.a. knytt til nye brukarar, fleire eldre og knappheit på kvalifiserte
omsorgsytarar. Fleire brukarar har fått tenester i 2015 samanlikna med 2014:
Årsmelding Voss kommune 2015 side 46
Konkrete satsingar og resultat er nærare omtala under tenesteområda. Ein vil likevel nemna at det
utvikling av korttidstilbod for å gi behandling før, i staden for og etter sjukehusopphald er godt i
gang. Som del av dette er det tatt i bruk 6 omsorgsplassar i institusjon for brukarar av heimetenesta.
I tillegg, vert det arbeida med avklaringar om kva brukarar, pårørande, tenesteutøvarar kan venta
seg av kommunen, gjennom tenesteskildring og vedtaksvurderingar.
Parallelt med utføringa av eksisterande tenester, har ein introdusert og implementert fleire nye
tenestetilbod – Aktivhus hjå NAV for å få folk i aktivitet og arbeid, fleire lågterskeltilbod innan rus
og psykiatri, ulike aktiviseringstiltak og velferdsteknologi for menneske med nedsett funksjonsevne
og etablering av interkommunalt øyeblikkeleg døgntilbod.
Medarbeidarperspektiv
Dyktige leiarar, saman med kompetente, engasjerte, nytenkande og tilpassingsdyktige tilsette gjer
utvikling mogeleg. Dei strekk seg langt for at brukarane skal ha det bra. Ein har fleire leiarar som er
i ferd med å ta vidareutdanning i leiing samt fleire tilsette i etter- og vidareutdanning. Ein ser også
imponerande deltaking og engasjementet for innovasjonsprisen som blei lansert i
kommunalavdelinga i år. Fleire av ideane er implementert, eller er i ferd med å bli det.
Arbeidet med fråvær har fått eit anna fokus. Parallelt med god oppfølging og tilrettelegging, har ein
retta fokus mot nærvær for å hindra fråvær. I tillegg er det gitt opplæring i rettar og plikter ifm
sjukemelding for 441 tilsette. Lokale arbeidsmiljøgrupper er etablert, og er gode dialogarena
mellom arbeidsgjevar, -takar og vernetenesta. Samla sett har dette bidrege at fråværet er nokså
uendra totalt sett. Det er gledeleg å sjå at fråværet på den største arbeidsplassen, Voss sjukeheim, er
redusert med 19 % frå 2014.
Stillingsoversyn
2 015 (pr. 31.12) 2 014 (pr. 31.12)
Årsverk 417 416
Tal personar 559 565
Vakante stillingar er teke med i årsverk for pleieavdelingane, då dette best visar faktisk ressursbruk. Dei er ikkje teke med i tal personar.
Prosjektstillingar og vikarar for langtidspermisjonar er også teke med.
Interne prosessar
Frå april til desember jobba ulike arbeidsgrupper med etablering av strategi som legg føringar for
aktiviteten dei 10 neste åra. Politisk og administrativ leiing, tilsette, arbeidstakarorganisasjonar,
Kommunalavdeling oppvekst, brukarar, pårørande, frivillige og andre samarbeidspartnarar har
delteke i prosessen med å etablere: Strategi 2015-2025, morgondagens omsorg i mine og dine
hender, som inneheld bl.a. 8 styrande prinsipp for verksemda.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 47
Balansert målstyring
Økonomi – samla resultat for kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Avvik totalt i
høve til netto
driftsbudsjett
0% 0,13% 2 015
Rekneskap for
overtid,
ekstravakt og
forskjøve
arbeidstid ifht
periodisert
budsjett
0 % 18,5 % 0 % 0% Des 2015
Betalbare døgn
utskrivingsklare
pasientar
50 274 -348 % 0 2 015
Ved måling av avvik i høve til netto driftsbudsjett er det brukt eit intervall for å visualisera
resultatet ved hjelp av farge
Raud farge er brukt på underskot der resultatet er -4% og lågare og på overskot frå 10% og høgare.
Gul farge er brukt på underskot mellom -2% til -4% og overskot mellom 5% til 10%.
Grøn farge er brukt på resultat mellom underskot frå -2% til overskot på 5%.
Brukarar – samla resultat for kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Alle brukarar
med vedtak om
tenester skal ha
primærkontakt
100 % 90 % 90 % 100% Kvartal 4 2015
Alle brukarar
skal ha
tiltaksplan
100 % 80 % 80 % 100% Kvartal 4 2015
Medarbeidarar - samla resultat for kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Medarbeidar
undersøking snitt
totalt
4,5 4,2 93,33 % 6 2 015
Medarbeidar
undersøking
næraste
overordna
4,7 4,4 93,62 % 6 2 015
Statistikk
sjukefråvær 7,5 % 9,6 % 72 % 0% 2 015
Medarbeidar
samtalar > 40%
stilling
100 % 59,33 % 59,33 % 100% 2 015
Medarbeidar
vurdering 100 % 37,5 % 37,5 % 100% 2 015
Gjennomført
introduksjons
program for
nytilsette
100 % 80 % 80 % 100% 2 015
Årsmelding Voss kommune 2015 side 48
Interne prosessar – samla resultat for kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
HMS-
Vernerunde 100 % 56,67 % 56,67 % 100% 2 015
Utarbeiding av
handlingsplan
etter vernerunde
100 % 52,73 % 52,73 % 100% 2 015
Deltaking
medarbeidar
undersøking
65 % 61 % 93,85 % 100% 2 015
Medarbeidar
undersøking-
organisering av
arbeidet
4,6 4,2 91,3 % 6 2 015
Skala for bruk av raud, gul og grøn farge for måleindikatorar knytt til ”Økonomi” (med unnatak av
avvik netto driftsresultat), ”Brukarar”, ”Medarbeidarar” og ”Interne prosessar”:
Raud farge er måloppnåing på 50% og lågare
Gul farge er måloppnåing frå 50% til 80%
Grøn farge er måloppnåing frå 80% og høgare
Grafisk framstilling av gjennomsnittet av tal raude, gule og grøne resultat frå kvart enkelt ansvar
inkludert samla resultat for avdelingar, områder og kommunalavdelinga innanfor kvart
fokusområde.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 49
5.3.1 Helse og omsorg stab
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 13 937 14 211 15 128 -917 17 968
Inntekter -1 176 -1 478 -1 761 283 -4 875
Netto 12 761 12 733 13 367 -634 13 093
Økonomi
Staben har hatt noko meirforbruk i høve budsjett knytt til informasjonsmateriell- og arbeid,
annonsering, innleige til utviklingsarbeid og lisensar. Staben får også eit rekneskapsteknisk
dårlegare resultat ved at avdelinga i løpet av året har byrja å føre utgifter og inntekter for
heimeteneste og mat på dei aktuelle ansvar, dvs. bustader og heimetenesta. Det er ikkje gjort
jamnlege budsjettvis omdisponering i tilstrekkelig stor grad, noko som medfører at staben får eit
dårlegare resultat.
Investeringar
2 015 2 014
Brutto 902 505
Refusjon/ tilskot
Eigenkapital/ Likv. reserve -43
Lån framandkapital -859 -505
Brukarperspektiv
Staben bistår leiarane på ulike nivå i organisasjonen i det pågåande utviklingsarbeidet, analysar og
søknader om tilskot som igjen bidreg til å gi tilbod til fleire brukarar. Parallelt med dette har
avdelinga jobba aktivt for å auka det økonomiske handlingsrommet, som igjen gir høve til å utvikla
nye tilbod og tenester. Kommunalavdelinga har totalt sett fått tilsagn om 4,5 mill.kr i tilskot frå
ulike aktørar for å jobbe med ulike utviklingsprosjekt til nytte for brukarane.
To av medarbeidarane i staven har også overteke sekretærrolla for dei kommunale brukarråda –
Eldrerådet og Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne, dette for å betre
informasjonsflyt mellom administrasjon og råda.
Medarbeidarperspektiv
I 2014 blei det avdekka eit udekka behov kring kvalitetsstyring, - kontroll og utvikling for å kunne
handtere dagens og framtidige utfordringar. Det er difor tilsett ein kvalitets- og
samhandlingskoordinator i 2015, og forsøkt å tilsetje strategi- og tenesteutviklar. Stillingane er
finansiert med frigjorte midlar etter bortfall av behov for prosjektleiarstilling, administrative.
stillingar ved vikarkontoret og redusert personalrådgjevarfunksjon. Stillingane har ikkje medført
auke i administrative ressursar. Tilsetjing av kvalitetskoordinator har gjort at avdelinga har kunne
jobbe aktivt med å betre internkontroll, systematisere og oppdatere rutinar og prosedyrar, starte
kartlegging av arbeidsprosessar og risikoanalyse. Dette er med på å heve kvaliteten i tenestene, og
bidrar til ei meir lik tenesteyting. Avdelinga har ikkje lukkast å rekruttere rådgjevar- strategi og
utvikling i 2015, og me har dermed nytta innleigde ressursar til å legge til rette for prosessen med
etablering av strategi for helse og omsorg.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 50
Stillingsoversyn
2 015 (pr. 31.12) 2 014 (pr. 31.12)
Årsverk 7,29 9,69
Tal personar 11 14
I 2014 var prosjektleiar, husmorvikar inkl. vakant stilling for rådgjevar inkl.
Interne prosessar
Ei av hovudoppgåvene til staben i 2015 har vore å etablere strategi for helse og omsorg som legg
føringar for tenestene dei neste 10 åra. Dette arbeidet vart vedteke av kommunestyret desember
2015.
Staben har i 2015 hatt fokus på å setje dei ulike leiarane i stand til å styre økonomien på ein betre
måte, gjennom oppfølging og gode økonomistyringsrutinar. Vidare har staben brukt mykje ressursar
på utviklingsprosjekt som internkontroll, velferdsteknologi, etablering av øyeblikkeleg hjelp senger,
interkommunal legevakt og informasjonsarbeid.
Kommunalavdelinga har og starta eit omfattande arbeid med kvalitetssystem og internkontroll.
Arbeidet går ut på å kartlegga, vurdera, systematisera og samla alle rutinar og prosedyrar på ein stad
- intranett, som er tilgjengeleg for alle tilsette. Det er naudsynt å ha «orden i eige hus», og sikra at
me har rett kvalitet i tenestene me leverer. Dette skal kvalitetssystem og internkontroll og god
opplæring av dei tilsette syta for.
5.3.2 Avdeling for helsetenester
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 41 295 44 863 49 336 -4 472 43 417
Inntekter -17 771 -17 771 -21 235 3 464 -17 479
Netto 23 524 27 092 28 101 -1 009 25 938
Økonomi
Avdelinga vart etablert i 2015 med føremål om å samorganisere avdelingar som jobbar med
helsetenester, førebyggande helsearbeid og behandling. Avdelinga gjer mykje primær- og
sekundærførebyggande arbeid. Avdelinga består at kommunal legeverksemd, legevakt, fysio- og
ergoterapitenesta og dagavdeling på Hagahaugen.
Årsakene til negativt avvik i høve budsjett er høgare utgifter for drift av legevaktsentral ved Voss
sjukehus som følgje av kapasitets- og kvalitetsauke for interkommunal ordning som ikkje er sett i
verk, høgare netto utgifter for legevakt enn budsjettert og innleige av legeressursar til vakante
stillingar på kommunelegekontoret. Ein del av meirutgiftene for legevakt er kompensert med
tilleggsløyvingar vedteke av kommunestyret.
Brukarperspektiv
Fysio- og ergoterapitenesta gir i hovudsak tilbod til einskildbarn med behov, og akutt
funksjonssvikt, oppfylging etter utskriving frå sjukehus, rehabilitering i institusjon og trening med
heimebuande eldre og vaksne. Ein har også ulike gruppetilbod, og har utvida tilbodet for
fallførebygging i 2015.
Ergoterapeutane har jobba med tilrettelegging med tekniske hjelpemiddel for utskrivingsklare
pasientar og med trening/kvardagsrehabilitering.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 51
Avdelinga fekk på slutten av året tilskotsmidlar til å gjennomføre eit prosjekt for å auke aktivitet og
livsglede blant eldre heimebuande. Dette er eit prosjekt som jobbar for målsettinga om å auke fokus
på førebygging.
Kommunalavdelinga har hatt fokus på å levere trygge og gode tenester etter kva som er lovpålagt å
ha av helsetenester. For å kunne gjere dette har det i periodar vore leigd inn eksterne ressursar til
sentrale stillingar som kommuneoverlege og kommunelegar.
Medarbeidarperspektiv
Fokus i 2015 har vore på samorganisering av fysio- og ergoterapiressursar for å styrke tenesta. 1,1
årsverk i ergoterapi er samorganisert med fysio- og ergoterapiavdelinga frå februar. Frå mai vart
fysio- og ergoterapiavdelinga og dagavdelinga samorganisert under avdeling for helsetenester.
2015 har vore eit varierande år med tanke på rekruttering. Ein har lukkast å rekruttere leiar for
avdeling for helsetenester som byrja i vår, og interkommunal legevaktsjef vart tilsett i 50% stilling i
haust. Avdelinga har likevel hatt utfordring med å rekruttera og sikre stabilitet i legeressursar ved
kommunalt legekontor. Kommuneoverlege starta i haust, men valde å seie opp stillinga si etter to
månader. To vikarierande kommunelegar valde også å seie opp stillingane sine etter dette.
Kommunalavdelinga jobbar med å betre rekrutteringsarbeidet. Parallelt med dette vil det bli
gjennomført ei uavhengig vurdering av organisering og ansvar innan kommunal legeverksemd.
Stillingsoversyn
2 015 (pr 31.12) 2 014 (pr 31.12)
Årsverk 18,33 17,34
Tal personar 25 26
Sjølv om avdelinga vart oppretta i 2015, er årsverk for helseavd, fysio-/ ergoterapi, dagavdeling og overordna ansvar teke med i 2014 for å gi
samanliknbare tal. Endring skuldast avslutting av Vossamodell og tilsetjing av leiar og støtte- og aktivitetskoordinator.
Interne prosessar
Voss har delteke i forskingsprosjekt om kvardagsrehabilitering, som er det første økonomistudiet i
Europa. Regionalt forskingsfond har finansiert det, og Høgskulen i Bergen og Utviklingssenteret for
hjemme- og sykehjemstjenester i Hordaland er samarbeidspartner. Funna visar at
kvardagsrehabilitering fører til at eldre klarer seg betre i daglege aktivitetar og er meir tilfredse med
dette, enn dei som får ordinær behandling. Dette resultatet bygger me vidare på, og har i 2015 jobba
for å implementere kvardagsrehabilitering i heimetenesta i samarbeid med fysio- og ergoterapeutar.
I tillegg har det vore mykje fokus på samorganisering av Helseavdelinga og førebyggjande tenester,
dette for å kunne oppnå fordeler av tidleg innsats og heilskapleg tenking for å nå målsettingar. ME
har ikkje lukkast å samlokalisere avdelinga i 2015 på grunn av manglande høvelege lokale.
Det er gjort ein god del innkjøp av IT-utstyr til kommunal legeverksemd for å legge til rette for meir
effektive arbeidsprosessar og behov.
5.3.3 Tildelingskontoret
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 6 493 7 137 7 356 -219 5 723
Inntekter -842 -842 -904 62 -903
Netto 5 651 6 295 6 452 -156 4 820
Årsmelding Voss kommune 2015 side 52
Økonomi
Tildelingskontoret fekk i 2015 ansvar for budsjettmidlar i forhold til betalingsdøgn på sjukehus.
Som fylgje av fleire betalingsdøgn enn det som var budsjettert, har tildelingskontoret hatt eit
meirforbruk på nær 1.mill.kr i høve opprinneleg budsjett i 2015. Budsjettet var likevel noko justert
etter 2.kvartal på grunn av denne auka etterspurnaden. Det var månadane juni og juli 2015 som
utgjorde den største overskridinga, med 198 betalingsdøgn. Tabellen under gir ei oversikt over
utviklinga av betalbare døgn for utskrivingsklare pasientar:
* 273 døgn utgjer ei utgift på nær 1,2 mill.kr i 2015.
Tildelingskontoret har også hatt noko ekstra utgifter til teknisk utstyr i samband med flytting til
Voss sjukeheim, både med nytt telefonsystem og datamaskiner.
Brukarperspektiv
Tildelingskontoret har i 2015 hatt fokus på brukarmedverknad i samband med behandling av
søknader. Tildelingskriteria er eit godt hjelpemiddel for saksbehandlar for å få ei så rettvis tildeling
av tenester som mogeleg til brukar. Brukar sine ynskje om tenester vert vurdert opp mot
tildelingskriteria.
Helse og omsorg opplever auka etterspurnad etter tenester, noko me ser igjen i søknadsbehandling:
Innvilga Avslag Avslutta Totalt
2 015 1 470 20 1 039 2 529
2 014 1 277 7 836 2 120
Innvilga søknader fordeler seg slik:
Heimesjukepleie Heimehjelp Korttidsopphald Rehabilitering Langtidsopphald
2 015 325 129 293 154 100
2 014 306 157 200 138 52
Ser me på korttidsopphald isolert, er det avvikla 447 opphald i 2015 mot 338 i 2014, ein auke på
32 %. Dette har vore mogleg å handtere takka vera stor fleksibilitet og god sirkulasjon i
korttidsavdelingane.
Det er gjennomført 40 førebyggande heimebesøk for 80 åringar for å informere om tilbod i
kommunen, og tiltak for å utsetje pleiebehov.
Medarbeidarperspektiv
Tildelingskontoret fekk i april 2015 tilsett saksbehandlar med hovudansvar for koordinerande
eining (KE) som no er ein del av tildelingskontoret. Det er utarbeida og implementert nye rutinar og
Årsmelding Voss kommune 2015 side 53
prosedyrar for individuell plan, oppnemning av koordinator og ansvarsgrupper. Dette arbeidet har
også gjeve den einskilde saksbehandlar på kontoret meir fokus på KE i det daglege arbeidet, som vil
bidra til meir heilskapleg samarbeid mellom tenesteområda.
Saksbehandlarar har vore på kurs i saksbehandling innan omsorgsløn, avlastning, vidaregåande kurs
for saksbehandlar og brukarstyrt personleg assistent (BPA). Auka kompetanse om dette er viktig for
utviklinga av tildelingskontoret for å tildele tenester på riktig nivå i høve behov.
Stillingsoversyn
2 015 (pr 31.12) 2 014 (pr 31.12)
Årsverk 5,52 4,4
Tal personar 6 5
Inkl 0,52 årsverk for Velferdssentralen i 2015
Interne prosessar
Det å få på plass saksbehandlar med hovudansvar for KE er viktig i det vidare arbeidet med
samhandling på tvers av avdelingar og fag. Kommunen jobbar med implementering utover i
organisasjonen.
Tildelingskontoret har hatt stort fokus saman med tenesteutøvarane for å redusere betalingsdøgn for
utskrivingsklare pasientar i 2015. Trass dette har tal betalingsdøgn auka frå 2014 til 2015, noko som
tyder på auka etterspurnad etter kommunale tenester.
5.3.4 Område vest
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 117 758 119 685 127 897 -8 212 124 009
Inntekter -21 985 -21 985 -28 387 6 402 -26 979
Netto 95 772 97 700 99 509 -1 810 97 030
Økonomi
Område vest omfattar Voss sjukeheim, Hagahaugen rehabilitering, Evanger aldersheim,
heimetenesta i område vest, og avdeling for fellestenester. Budsjett for 2016 er basert på same
aktivitetsnivå som i 2015. Område vest opplever likevel auke i etterspurnad etter tenester og søker å
tilpassa drifta etter dette.
Både korttidsavdeling og heimetenester opplever eit stadig aukande press på tenestene.
Sjukeheimspasientar er sjukare enn for få år sidan, har behov for anna oppfølging, meir fagpersonar
tilstades og anna samansetjing av kompetanse i personale. Den aukande pågangen av pasientar har
ført til overbelegg i korttidsavdelinga, og bruk av omsorgsrom for heimetenester. Dette igjen fører
til auka utgifter til medisin, mat, medisinsk forbruksmateriell og ikkje minst ekstra bemanning.
Dette er orsaka til meirforbruk i høve budsjett i 2015.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 54
Avdelinga har hatt høge utgifter til innleige av vikarlege. Dette har vore naudsynt for å sikre
forsvarleg drift.
Investeringar
2 015 2 014
Brutto 378 137
Refusjon/ tilskot -76 -12
Eigenkapital/ Likv. reserve
Lån framandkapital -302 -125
Brukarperspektiv
Fordeling av brukarar i område vest:
Ei gruppe på 4 tilsette deltok på eit nettverkskurs i regi av Utviklingssenteret i Hordaland med fokus
på førebygging av fall og trykksår. I korttidsavdelinga er fallregistrering gjennomført i heile 2015,
mens dei andre avdelingane på sjukeheimen og Hagahaugen starta fallregistrering utover i 2015.
Trykksårregistrering starta i midten av november, og det har det ikkje vore registrert nye trykksår på
sjukeheim sidan dette.
Av aktivitetar som er gjennomført ved Voss sjukeheim kan nemnast aktivitetsvakter, konsertar,
dans, baking, turar, barnehagebesøk, diverse kulturelle innslag, kinobesøk, trening på treningsrom.
Kvardagsrehabilitering har vore fokusområde i 2015, og 8 pasientar har fått dette tilbodet.
Ei forenkla brukarundersøking vart gjennomført internt på korttidsavdelinga hausten 2015 med
svarprosent på 83%. Den viste eit gjennomsnittleg score på tilfredshet på 1,9, der 2 var høgste verdi.
Medarbeidarperspektiv
Frå 1. mars ble Hagahaugen rehabilitering og Evanger aldersheim innlemma i område vest.
Avdelinga har hatt fokus på at fleire av stillingane skal bli kombinasjonsstillingar mellom
heimetenesta og sjukeheimen. Det å nytta tilsette på tvers av dei ulike avdelingane vil gje større
Årsmelding Voss kommune 2015 side 55
fleksibilitet når me har t.d. sjukdom. Avdelinga har også fokusert på å flytte tilsette mellom dei
ulike avdelingane på Voss sjukeheim. Dette har ført til fokus på at rutinar og system må handterast
likt i alle etasjar. Me har også reorganisert slik at sjukepleiarar no er organisert under
korttidsavdelinga.
Tilsette har delteke på lokal sjukehuskonferanse, hospitering på akuttmottak, ernæringskurs,
vidareutdanning og kurs innan palliasjon, helseleiing og interne kurs.
Reduksjon av sjukefråvær har hatt høgt fokus også i 2015, og det kan her nemnast raskt dialogmøte
med lege som eit av tiltaka me har nytta meir i 2015. Fråværet er redusert med 19 % frå 2014 til
2015, til totalt 9,6 % i 2015.
Stillingsoversyn
2 015 (pr 31.12) 2 014 (pr 31.12)
Årsverk 136 136,5
Tal personar 168 167
Hagahaugen rehab, aldersheim og tryggleiksplassar er inkl. i både 2014 og 2015.
Interne prosessar
5.3.5 Område aust
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 77 094 79 295 79 621 -325 77 748
Inntekter -15 246 -15 646 -18 013 2 367 -16 436
Netto 61 848 63 649 61 608 2 042 61 312
Økonomi
Område Aust gir tenester for eldre med langtidsvedtak om opphald i institusjon på Vetleflaten
omsorgssenter og heimetenester til innbyggjarar til dei som bur i austlege områder på Voss. Område
Aust har styrt økonomien på ein god måte i 2015, noko som har ført til eit godt økonomisk resultat.
Avdelinga har hatt god økonomistyring i heimetenestene og i 1.etasje institusjon, med innsparing på
innleige ved fråvær dersom dette er vurdert forsvarleg. Avdelinga har også hatt god planlegging av
bruk av personalressursar.
I nokre einingar har me hatt negativt avvik i høve budsjett på vikarbudsjett på grunn av høgt
sjukefråvær. I tillegg hadde avdelinga to bebuarar på overbelegg til mai. Det blei i denne perioden
leigd inn ekstra personale, noko som medførte negativt rekneskapsavvik.
Avdelinga har hatt høge utgifter til vikarlege utan at det har vore dekning for dette på aktuell
budsjettpost. Dette har likevel vore naudsynt for å sikre forsvarleg drift.
Investeringar
2 015 2 014
Brutto 236 622
Refusjon/ tilskot -47 -124
Årsmelding Voss kommune 2015 side 56
2 015 2 014
Eigenkapital/ Likv. reserve
Lån framandkapital -189 -498
Brukarperspektiv
Område Aust har totalt 66/64 pasientar i institusjon og ca. 215 brukarar med vedtak om
heimetenester i 2015. To rom i institusjonen blei i mai gjort om til omsorgsrom til bruk for
heimetenesta, og desse har vore nytta i ca. 315 døgn av 6 brukarar.
Det er innvilga 114 vedtak for heimetenester, gjeldande for alle tenestetilbod. 64 vedtak er avslutta,
og 13 av desse grunna vedtak for brukar om langtidsplass i institusjon. Gjennomført 21
førebyggande heimebesøk for innbyggarar på 80 år som ynskte dette.
Det er gjennomført brukar- og pårørandeundersøking i institusjon. Det blei gjort eit utval av
brukarar, totalt 34, som respondentar, 88 % svar. 62 pårørande fikk tilsendt undersøkinga, 37 %
svar. Eit hovudfunn i undersøkingane syner at både brukarar og pårørande ynskjer større grad av og
auka bredde i aktivitetstilbod. Det er likevel gjennomført ca. 90 kulturarrangement i 2015, eit tilbod
for alle i institusjon.
Medarbeidarperspektiv
Det er stor variasjon i fråvær mellom dei ulike avdelingane, med ein total for 10,4 % for heile
området. Årsak til sjukefråvær er samansett, aktiv bruk av tilrettelegging er sett i system i samsvar
med overordna rutinar. Stabilitet i leiargruppa gjer at den einskilde arbeidstakar får betre individuell
oppfylging.
Avdelinga har noko utfordring med å rekruttera sjukepleiarar i institusjon, alle sjukepleiarstillingar i
heimetenestene er besett.
Fokusområde for fagleg oppdatering har vore å auka kunnskap om ernæring og diabetes. I
samarbeid med Voss sjukehus og Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Hordaland,
har det vorte gjeve undervisning til alt personell. Det er utarbeidd ein prosedyre for ernæring som
blei implementert hausten 2015, prosedyren gjeld for alle avdelingane i helse og omsorg. Personell
frå heile avdelinga har delteke aktivt i utarbeidinga av prosedyren.
Stillingsoversyn
2 015 (pr. 31.12) 2 014 (pr. 31.12)
Årsverk 94,26 94,6
Tal personar 135 130
Interne prosessar
Lokal arbeidsmiljøgruppe, LAMU, er etablert og den har hatt fire møte. Gruppa er samansett av
tillitsvald, verneombod og leiarar.
Gerica mobil er teke i bruk i heimetenester, alle tilsette har fått opplæring.
Kurs gjennomført i ny brannforskrift/brannvernarbeid. Brannvernbok er oppdatert i samsvar med ny
forskrift.
Ny rutine for avviksarbeid er teken i bruk, systematisk gjennomgang og læring i avdelingane blir
gjort på avdelingsmøte.
Det er kjøpt inn nye hjelpemiddel, pasientsenger og spesialmadrasser både som HMS-tiltak for
Årsmelding Voss kommune 2015 side 57
personalgruppa, men også for å kunne gi eit betre tilbod til brukarane.
For å heve kvalitet på dokumentasjon og journalføring er personalgruppa blitt kursa. Undervisning
vert gjeve både i grupper og individuelt.
Personalet har fått meir individuelt tilpassa turnusar, god planlegging av arbeidsplanar har gjeve
rom for å fjerne korte ettermiddagsvakter. Turnusane er blitt tilpassa slik at det vil bli høve til å
servere middag til brukarane i tråd med ernæringsvise tilrådingar.
5.3.6 Område nord
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 25 650 25 755 26 166 -411 24 980
Inntekter -4 864 -4 864 -5 642 778 -4 727
Netto 20 786 20 891 20 525 367 20 254
Økonomi
Område Nord gir tenester til innbyggjarane i Voss kommune, med hovudvekt på Vossestrand
distrikt. Tenester i Område Nord inneheld 16 sjukeheimsplassar, 10 omsorgsbustader, korttids- og
avlastningsplassar, heimesjukepleie\heimehjelp (totalt 103 med vedtak), miljøarbeid, dagopphald,
middagslevering.
Område Nord har også i 2015 styrt økonomien på ein god måte som det har ført til et godt
økonomisk resultat. Avdelinga har dermed funne rom for å investera i noko nytt inventar.
Resultatet skuldast m.a. innsparing på at me vurderer behov og korter ned innleige ved fråvær
dersom dette er forsvarleg. Likeeins fått høgare brukarbetaling enn budsjettert.
Brukarperspektiv
Område Nord har hatt tre nye vedtak om plass i institusjon og 5 personar på korttidsplass/avlasting.
Heimetenesta har gjennomført førebyggande heimebesøk til alle som ynskjer det. Dette har vore
nyttig kartlegging.
Ved sida av dagtilbod to dagar i veka, har me etablert tilbod for smågrupper, éi for personar med
demens og éi for personar utan kognitiv svikt. Det er også mykje besøk av grupper/ lag som lager til
«kveldssete», syng, underheld og tek med dei eldre på turar i nabolaget.
Avdelinga legg også stor vekt på kontakten med dei pårørande både når det gjeld møte,
informasjonsskriv, formidle kontakt med lege og hyppige kontaktar ved endring i tilstanden til
brukarane.
Avdelinga opplever generelt aukande press på behov for tenester ved tidleg utskriving frå sjukehus
og meir komplisert tenestebehov.
Medarbeidarperspektiv
Område Nord har dyktige, motiverte, fleksible og omsorgsfulle medarbeidarar. Det er framleis stort
frammøte på personalmøte, kurs og elles samlingar som området organiserer.
Område Nord held fram med organisasjonsmodellen med felles turnus for institusjon og
heimetenester. Det har skapt godt arbeidsmiljø og gode læringsmiljø noko som også kjem brukarane
til gode.
Sjukefråværet har vore høgt, men årsakene har lite med arbeidsforholda å gjera. Avdelinga arbeider
Årsmelding Voss kommune 2015 side 58
kontinuerlig med å betre forflyttingsteknikk, bruk av hjelpemidlar og legg til rette for tilsette som
treng dette for å koma tilbake i fullt arbeid. Det vert også kjøpt nytt utstyr ved behov.
Stillingsoversyn
2 015 (pr 31.12) 2 014 (pr 31.12)
Årsverk 32,8 32,3
Tal personar 54 54
Interne prosessar
Område Nord har også i år gjennomført alle oppgåver i verksemdsplanen for året. Avdelinga har
stort fokus på ernæring og tryggleik, og sett inn tiltak der det har vore naudsynt. Dette er tema på
mange møte.
Alle helsefagarbeidarane og ein del assistentar, har hatt oppfriskingskurs i medikamenthandtering
og bestått test.
Samarbeidet med tillitsvalde og verneombod er godt. Dei er aktive og tek opp aktuelle saker.
Det er positivt med fredagsmøte med felles matpause, her vert det teke opp utfordringar/ oppgåver
som vert løyste i fellesskap. Avvik som ev. måtte koma i løpet av ei veke, vert drøfta og retta. Det
vert skreve referat etter alle møta som vert send elektronisk til alle.
Avdelinga gjennomførte årleg kvalitetskontroll for alle tilsette der me går gjennom rutinar og
prosedyrar. Desse vert signert og oppbevart av leiar.
5.3.7 NAV
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 22 270 22 332 22 722 -391 23 272
Inntekter -1 291 -1 291 -2 168 877 -2 529
Netto 20 979 21 041 20 555 486 20 743
Økonomi
Målretta arbeid med å få folk i arbeid/aktivitet har resultert i 18,7 % reduksjon i utbetalingane til
økonomisk sosialhjelp frå 2014 til 2015. NAV har fokusert på dei brukarane som har hatt
økonomisk sosialhjelp som hovudinntekt gjennom «Barnefattigdomsprosjektet», ved å gjennomføra
aktivitetsplikt via «Aktiv» og vera tett på i oppfølging av brukarane. NAV Voss har 244 aktive
brukarar som mottek tenester som kvalifiseringsprogrammet (KVP), økonomisk sosialhjelp,
økonomisk rettleiing og gjeldsrådgjeving. 46 av desse har økonomisk sosialhjelp som hovudinntekt.
18 av desse er under 25 år og 12 har status flyktning men er ferdig med introduksjonsprogrammet. I
tillegg til desse 46, mottok 136 brukarar supplerande sosialhjelp, då deira inntekt er under
sosialhjelpsnorma i Voss kommune. Totalt er det 104 som har forsørgjarplikt for barn, 30 brukarar
har kontostyring. Barnefattigdomsprosjektet er finansiert gjennom midlar frå Fylkesmannen.
Sosialhjelp månad for månad. 18,7 % mindre enn i fjor i kroner 2.243.000
Årsmelding Voss kommune 2015 side 59
Brukarperspektiv
I desember var arbeidsløysa på Voss 1,7 %, ein auke på 33 % sidan i fjor, 316 får
arbeidsavklaringspengar og 7,8 % har uføretrygd.
Lågterskeltilbodet «Aktiv» er for mottakarar av økonomisk sosialhjelp for å få fleire i
aktivitet/arbeid. Konsekvensen av å ikkje møta er redusert økonomisk sosialhjelp. 58 brukarar har
vore innom, 29 av desse er vidare til arbeid/aktivitet og har hatt andre ytingar en økonomisk
sosialhjelp. 18 har avslutta/ikkje møtt. Arbeidsmetoden har vore utfylling av CV, jobbintervju, og å
skaffa praksisplass hjå næringslivet. Barnefattigdomsprosjektet har 25 brukarar, 11 av desse er i
arbeidsretta tiltak, 3 er avslutta mot arbeid.
11 brukarar har delteke i Kvalifiseringsprogrammet, 7 av desse har kome vidare til arbeid/aktivitet,
eller utdanning.
Det er gjennomført lokale arbeidsmiljøgruppekurs og jobbmesser, den siste med Ekstremsportveko.
Godt samarbeid med næringslivet er suksesskriterie for å nå måla om fleire i arbeid.
Brukarundersøkinga viser at brukarane er nøgde.
Medarbeidarperspektiv
NAV kommune har hatt 10,4 årsverk. Bustadkonsulenten har hatt 40 % stilling og jobba med
tildeling av kommunal bustad til vanskelegstilte. Kompetansehevinga har vore å auka
rettleiarkompetansen og å ta i bruk «Kanalstrategien» for å gi oppfølging til dei brukarane som
treng det mest. Brukarar skal møte same kompetanse uavhengig av kva NAV kontor ein vender seg
til. NAV har også i år jobba med å heva kvaliteten på sakshandsaming av økonomisk sosialhjelp og
hatt opplæring av superbrukar i sakshandsamingsverktøyet Socio. Det er gjennomført felles
opplæring for å heva kvaliteten på Arbeidsevnevurderingane og Behovsvurderingane.
Sjukefråværet ved Nav Voss var høgt i 2015, men lågare enn 2014, 7,4 % blant statleg tilsette og
16,6 % blant kommunalt tilsette. Kommunen og stat sine nye rutinar for tett og tidleg
sjukefråværsoppfylging er tekne i bruk. Bedriftshelsetenesta har vore med på samtalar med
sjukemeldte. Det har vore gjennomført to klageundersøkingar og ei faktaundersøking.
Stillingsoversyn
2 015 (pr 31.12) 2 014 (pr 31.12)
Årsverk 10,4 9
Tal personar 11 10
Årsmelding Voss kommune 2015 side 60
Tenesteområdeleiar er tilsett i stat men, 50 % vert dekka av kommunen. Totalt sett har NAV 22 årsverk fordelt på stat og kommune.
Interne prosessar
NAV Voss har gjennomført ei omorganisering i 2015. Det er no etablert to avdelinger for hhv.
Mottak og forvaltning, og Oppfølging. Endringa gjer at leiarane kan fylgja medarbeidarane tettare
opp og sikra betre arbeidsflyt innan kvart av områda. Det er innført kvartalsvise statsusamtalar med
kvar medarbeidar i tillegg til medarbeidarsamtale. NAV Voss har jobba med å sikra rutinar rundt
kontostyringa og nyttar no kommunen sitt banksamband.
Medbestemmelsesapparatet (MBA) i NAV Voss som består av verneombod, tillitsvalde og leiing,
har i 2015 hatt 13 møter.
Resultatet av medarbeiderundersøkinga (HKI) 2015 er betre enn i 2014, men fortsatt i midtsjiktet i
høve andre NAV kontor når deg gjeld «energi» og «kunnskap og identitet». Det vil seie med eit
resultat rundt 4 av totalt 5 som best. Det er gjennomført HMS-dag og utarbeida handlingsplan i
etterkant av faktaundersøkinga. Tryggleiksutstyret i Mottak er oppgradert og det er utarbeida ny
rutine for førebygging og handsaming av vald og truslar.
5.3.8 Avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 69 228 69 861 72 062 -2 200 66 071
Inntekter -14 039 -14 039 -15 908 1 869 -16 613
Netto 55 190 55 823 56 153 -331 49 459
Økonomi
Det er aukande etterspurnad etter tenester, og tal brukarar aukar. Avdelinga har fått tre nye brukarar
som får heimetenester, og arbeids- og aktivitetssenteret samt avlastingsinstitusjonen har fått nye
brukarar i 2015. Det er også ein betydeleg auke i avlastingsbehovet til brukarar som alt hadde eit
tilbod. Ofte er det kort tid frå det vert søkt om tenester til tilbodet må vera på plass. Uføresette
endringar gjer det utfordrande å planleggja langsiktig, både med omsyn til å ha rett bemanning på
plass og økonomisk styring.
Det er store variasjonar i utfordringar og arbeidsbelastning i dei ulike avdelingane, men tett
samarbeid er ein viktig faktor for at eininga klarer å yte dei tenestene me skal på ein god måte. I
tillegg har tilskot til aktivisering/ Inn på tunet gjeve handlingsrom for tenesteutvikling.
Nokre avdelingar har hatt svært høgt sjukefråvær sjølv om avdelinga samla ligg på 6,9%
Det er framleis stor mangel på bustader og avlastingsplassar til menneske med nedsett
funksjonsevne.
Brukarperspektiv
Avdelinga gir tenester til 67 brukarar i alderen 6-69 år, der flest er mellom 11-30 år, men nær 20 er
over 50.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 61
For å møta behovet for hjelp i eigen bustad starta me eit ambulerande team som fungerer svært bra.
Brukargruppa vert eldre og har behov for meir tilrettelagde miljøarbeidartenester samt tilbod på
dagsenter. Behovet for dagavdeling aukar då alder og funksjonsnivå gjer at mange misser
arbeidsplassen sin.
Utvikling av differensierte tilbod er avgjerande for å møta raske og jamlege endringar i
brukargruppa, spesielt butilhøva for både eldre og unge.
Avdelinga har hatt fokus på gode opplevingar, mestring og meiningsfulle dagar. Aktivitetar som
utegruppe, musikkterapi, vaktmeisteroppgåver og salsbu på Amfi er populært.
Velferdsteknologi er svært aktuelt. Saman med brukarane finn me teknologiske verktøy som kan
bidra til å heva kvalitet for brukarar, gjera dei tryggare, meir sjølvhjelpne og fremma
brukardeltaking.
Det er registert 113 hendingar i 2015 som er handtert og tiltak sett i verk.
Medarbeidarperspektiv
Det har vore relativt høg sirkulasjon blant tilsette. Dette grunna fleire permisjonar av ulik art samt
avgang grunna oppnådd pensjonsalder.
Arbeidet med å byggja ny avlastingsinstitusjon starta hausten 2015, det same gjorde arbeidet med å
finna nye lokale for dagsenter. Ny avlasting/bustad reiser seg no i Skulestadmoen.
Det siste året har vore meir utfordrande å skaffa kvalifisert personell enn tidlegare. Me legg til rette
for utdanning og fleire har bestått teoridelen innan helsefagutdanning, og er i ferd med å skaffa seg
fagbrev. 75 % av dei tilsette er fag- eller høgskuleutdanna. Avdelinga er i stadig endring og dei
tilsette bidreg med idear til utvikling. Det er kontinuerleg oppdateringskurs i Gerica og
medikamenthandtering. Tilsette har delteke på desse kurs innan m.a. utviklingshemming og aldring,
ernæring, tvang og makt, sjukefråvær, avtaleverk og leiarutdanning.
Oppfylging av sjukemelde har stort fokus. Me tilrettelegg gjennom endring av arbeidsoppgåver,
arbeidsplass eller utstyr
Stillingsoversyn
2 015 (pr. 31.12) 2 014 (pr. 31.12)
Årsverk 88,2 88,3
Tal personar 119 110
Interne prosessar
Ny rutine for registrering og oppfylging av avvik gjer at me har større fokus på tiltak for å hindra
avvik.
Støttekontakttenesta føretok ei uformell spørjeundersøking for å kartleggja behovet for rettleiing.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 62
Nokre få ynskte meir oppfylging medan dei fleste var nøgde.
Det er bestilt mykje nytt datautstyr til avdelinga og me har teke i bruk Gerica mobil. Godt utstyr
lettar arbeidet og sikrar rett informasjon.
Alle tilsette har fått kartlagt It-kompetansen sin. Opplæring vert organisert basert på behova til den
einskilde.
Det er arbeida mykje med kartleggingsverktøy og tilnærmingsmåte i samhandling med brukarane i
samarbeid med spesialisthelsetenesta.
Avdelinga har samarbeid med utviklingssenteret for heimetenester i Bergen om utprøving av
velferdsteknologi.
Avdelinga har hatt vernepleiarstudentar, lærlingar og utplassering av elevar frå Rogne
vidaregåande. I tillegg har me samarbeid med Kveik og Nav om arbeidstrening.
5.3.9 Rus- og psykiatriavdelinga
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 16 238 16 404 17 037 -633 15 955
Inntekter -1 268 -1 268 -3 049 1 781 -1 423
Netto 14 970 15 136 13 988 1 148 14 531
Økonomi
Rus- og psykiatritenesta fekk tilskot frå Fylkesmannen på litt over 2 mill.kr i 2015. Dette har gjeve
handlingsrom til vidareutvikling av tenesta og meir oppsøkjande arbeid. Vidare har avdelinga jobba
med effektiv organisering av personalressursar. I Skulestadhagane omsorgsbustadar var det to
vakante stillingar i 6 månader der det blei tatt inn vikarar berre ved trong. Etter utarbeiding av ny
turnus går personalet i ambulant team færre seinvakter, noko som gir innsparingar. Trong for vikar
vert vurdert frå gong til gong, og reduserte utgifter til vikarar gjer auka handlingsrom til nye
aktivitetar.
Brukarperspektiv
I ambulant team er det 152 brukarar mot 141 i 2014, Oasen har ca. 30 brukarar, 10-15 er innom
dagleg og 18 har arbeidskontrakt. Det bur 13 personar i omsorgsbustader. Det var gjennomført
brukarundersøking i 2015 med ein svarprosent på 19. Dimensjonane som fekk høgast skår er
respektfull behandling (3,8), tilgjenge (3,7) og personalet sin kompetanse (3,7). Lågast skår fekk
informasjon (3,2).
Avdelinga har drive aktivt informasjonsarbeid om tenesta gjennom møter med helsesøstre,
barnevern, deltaking på stormøter i regi av skulehelsetenesta på vidaregåande skule og informasjon
til dei vidaregåande skulane. Avdelinga har teke initiativ til samarbeid med Bygg og eigedom,
Økonomiavdelinga, NAV og Flyktningtenesta for å redusere talet på utkastingar frå kommunal
bustad etter manglande betaling av husleige. Det er teke initiativ til å utarbeide og etablere rutinar
for sirkulasjon i mellombelse bustader ved å sende ut brev 6 mnd. før leigekontrakten går ut. Dette
er med på å styrke tenestene i 2015.
Medarbeidarperspektiv
Avdelinga har 23,8 årsverk fordelt på 29 tilsette. Det er to nytilsette på Skulestadhagane og to i
prosjektstillingar på midlar frå fylkesmannen. Det er gode forhold for fagleg og personleg utvikling
i avdelingen, og personalet har høve til å forme eigne arbeidsoppgåver.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 63
Stillingsoversyn
2 015 (pr. 31.12) 2 014 (pr. 31.12)
Årsverk 23,8 21,6
Tal personar 29 26
Interne prosessar
Gerica mobil (smarttelefonar) er teke i bruk, noko som skal spare tid for personalet samt betre
pasientdokumentasjonen. Miljøarbeidarane på lågterskeltilbodet Oasen har ansvar for brukarar med
vedtak på miljøarbeid, og deltek på morgonrunden. Personalet i Skulestadhagane deltek på
rapportar i ambulant team for at ressursar skal nyttast optimalt. På Vetleflaten deltek personale med
medisinkompetanse ved medisintillaging. Det er etablert faste møtepunkt der personalet i ambulant
team/Oasen, Skulestadhagane og avdelingsleiar på Vetleflaten møtes for å ta opp aktuelle
utfordringar. Dette bidreg til at personalgruppa blir betre kjent og lettare kan tilby og spørje om
hjelp ved trong.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 64
5.4 Rådmannen sin stab
Hovudbodskap
Rådmannen sin stab hadde fokus på innføring av nytt informasjonssystem (sak/arkiv) og rådmannen
sitt overordna internkontrollprosjekt i 2015. I samband med nytt informasjonssystem, gjekk
kommunen over til elektronisk arkiv, og elektronisk teneste for politikarane til sakshandsaming.
Kommuneplanen (både samfunnsdelen og arealdelen) vart rullert og vedteken.
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 46 814 47 289 50 914 -3 625 48 485
Inntekter -4 673 -4 673 -9 591 4 919 -8 106
Netto 42 141 42 617 41 323 1 294 40 379
Økonomi
Rådmannen sin stab har netto 1,3 mill. kr i overskot. Om lag 0,5 mill. kr kjem som følgje av
refusjon frå nabokommunar i samband med utlån av rådgjevar i samhandlingsprosjekt. Det øvrige
skuldast i hovudsak ledige lønsmidlar knytt til 2 stillingar som var mellombels vakante i 2015.
Både inntektssida og utgiftssida er auka med om lag 2,5 mill. kr som følgje av at det er søkt og
innvilga meir pengar enn det er budsjettert med frå Husbanken til etableringsstilskot m.m.
Investeringar
2 015 2 014
Brutto 4 594 898
Refusjon/ tilskot -919 -180
Eigenkapital/ Likv. reserve
Lån framandkapital -3 675 -718
Brukarperspektiv
Kommuneplanen vart rullert og vedteken 2015.
Voss kommune lanserte ny nettstad for kommunen i april 2015. Prosjektet vart leia av servicetorget
og inkluderte tilsette frå alle kommunalavdelingane. Informasjon om kommunen sitt tenestetilbod
og konkret informasjon om korleis ein søkjer om tenester stod i fokus.
For våre sakshandsamarar lanserte Voss kommune nytt sakshandsamingsverktøy i mars 2015.
Dokumentsenteret leia innføringsprosjektet i godt samarbeid med IT-avdelinga. 250
sakshandsamarar blei i løpet av fire veker kursa i bruk av nytt verktøy og sett i drift på ny plattform.
Målet med begge desse prosjekta var å retteleggja for digitalt førsteval, som kommunen måtte ha på
plass innan 1/1-16.
Arbeidet med interkommunal kommunedelplan for Fjellheimen vart starta opp att. Det har vore
arbeidd med vedlikehald og tilrettelegging av sju ulike friluftsområde, derav opparbeiding og
tilrettelegging av tre nye område. Tre private bedrifter vart resertifisert av kommunen som
miljøfyrtårn.
Medarbeidarperspektiv
Under rådmannen sin stab ligg økonomi og analyse, personale og organisasjon og
Årsmelding Voss kommune 2015 side 65
informasjonsavdelinga. Til staben ligg også lønsmidlar til frikjøp av 4 tilsette (2,9 årsverk) som
hovudtillitsvalde og hovudverneombod, samt løn for 3 tilsette (1,7 årsverk) i varig tilrettelagt arbeid
på tinghuset. Fagforbundet fekk auka opp frikjøpt ressurs frå 1,2 årsverk til 1,4 årsverk i løpet av
2015. I tillegg er ressurs til hovudverneombod auka frå 60 % til 70 %.
Stillingsoversyn
2 015 (pr. 31.12) 2 014 (pr. 31.12)
Årsverk 34 34,2
Tal personar 38 39
Interne prosessar
Endring av prosessar knytt til tilsetjing, både før, under og etter sjølve tilsetjinga har vore eit av
områda rådmannen sin stab har jobba mykje med i 2015. Staben opplever eit forbetringspotensiale i
tydeleggjering av rutinane knytt til personaladministrasjon og vil fortsetja arbeidet i avdelingane
utover våren 2016.
Desse endringane er ein direkte konsekvens av prosjektet «Internkontroll: Orden i ege hus» som
vart starta av rådmannen og leiargruppa hans i november 2014.
Tinghuset vart resertifisert (for tre nye år) som miljøfyrtårn i 2015.
I løpet av 2015 vart det innført elektronisk reiserekningssystem, Expense, for alle tilsette i
kommunen. Arbeidet med dette inkl. opplæring for tilsette i alle avdelingar i kommunen vart utført
av personale og løn.
Balansert målstyring
Økonomi – samla resultat kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Avvik totalt i
høve til netto
driftsbudsjett
0 % 3,13 % 2 015
Ved måling av avvik i høve til netto driftsbudsjett er det brukt eit intervall for å visualisera
resultatet ved hjelp av farge
’
Raud farge er brukt på underskot der resultatet er -4% og lågare og på overskot frå 10% og høgare.
Gul farge er brukt på underskot mellom -2 % til -4 % og overskot mellom 5 % til 10 %.
Grøn farge er brukt på resultat mellom underskot frå -2 % til overskot på 5 %.
Medarbeidarar – samla resultat kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Statistikk
sjukefråvær 7,5 % 5,7 % 124 % 0% 2 015
Medarbeidar
undersøking snitt
totalt
4,5 4,5 100 % 6 2 015
Medarbeidar
undersøking
næraste
overordna
4,7 4,3 91,49 % 6 2 015
Årsmelding Voss kommune 2015 side 66
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Medarbeidar
samtalar > 40%
stilling
100 % 100 % 100 % 100% 2 015
Medarbeidar
vurdering 100 % 100 % 100 % 100% 2 015
Interne prosessar – samla resultat kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
HMS-
Vernerunde 100 % 100 % 100 % 100 % 2 015
Utarbeiding av
handlingsplan
etter vernerunde
100 % 100 % 100 % 100 % 2 015
Deltaking
medarbeidar
undersøking
65 % 61 % 93,85 % 100 % 2 015
Medarbeidar
undersøking-
organisering av
arbeidet
4,6 4,5 97,83 % 6 2 015
Skala for bruk av raud, gul og grøn farge for måleindikatorar knytt til ”Medarbeidarar” og ”Interne
prosessar”:
Raud farge er måloppnåing på 50 % og lågare
Gul farge er måloppnåing frå 50 % til 80 %
Grøn farge er måloppnåing frå 80 % og høgare
Grafisk framstilling av gjennomsnittet av tal raude, gule og grøne resultat frå kvart enkelt ansvar
inkludert samla resultat for avdelingar og kommunalavdelinga innanfor kvart fokusområde.
Det er ikkje utarbeida måleindikatorar for ”Brukarar” i 2015.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 67
Årsmelding Voss kommune 2015 side 68
5.5 Kommunalavdeling kultur og fritid
Hovudbodskap
18. juni 2015 vedtok Kommunestyret Voss sin aller fyrste kulturplan. Kulturplanen er ein temaplan
som samlar visjon og målsetjingar knytt til kulturbygda, idrettsbygda, festivalbygda og
arrangørbygda Voss. Kulturplanen er omfattande med heile 220 tiltak som skal gjennomførast i
løpet av ein ti- års periode.
På kulturhuset vart det gjennomført 156 kurs og konferansar, 50 arrangement i biblioteket 20
konsertar, 5 teaterstykke, 19 danseførestillingar, tre stand- up kveldar og ei utstilling. Kulturskulen
har fått utvida tilbodet sitt og idrettsavdelinga har overteke ansvaret for "Vinterfestival for psykisk
sjuke". Det har vore gjennomført 3 fokusveker i «Av-og-Til» samarbeidet og ei haldningsskapande
kampanje.
Flaumen i 2014 innebar at kulturhuset måtte halda delar av huset stengt i over eit halvt år. Likevel
ser me at drifta på kulturhus og kino har vore relativt betre enn tidlegare år. Samla sett går
kommunalavdelinga med eit overskot.
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 43 732 53 323 55 996 -2 673 54 477
Inntekter -11 384 -19 792 -22 757 2 965 -20 054
Netto 32 348 33 531 33 239 293 34 423
Økonomi
Resultatet for kommunalavdelinga gjev eit overskot på kr 293.000. Dette er hovudsakleg grunna
mindreforbruk enn budsjettert, både kva gjeld ressursbruk og redusert aktivitetsnivå i
kommunalstaben. Økonomi knytt til kulturhus/ kinodrift heng saman med utgifter og inntekter
relatert til flaumen hausten 2014. Når oppgjeret frå forsikringsselskapet vert klart, vil dette kunna
påverka resultatet for kulturhus/ kino ytterlegare (positivt).
Som tidlegare år er det utgifter til straum i ljosanlegg som er årsaka til overskridinga for Idrett og
folkehelse.
Brukarperspektiv
Kulturplan for Voss kommune vart vedteken juni 2015. Kulturplanen skisserar heile 220 konkrete
tiltak som skal realiserast dei neste 10 åra. Meir enn halvparten av tiltaka skal realiserast innan
kommunalavdelinga sitt ansvarsområde.
I 2015 vart ytterlegare tilbod presentert for bygdefolket; nye disiplinar i kulturskulen, Vinterfestival
for psykisk sjuke i Myrkdalen, Barnefilmfestival,
Flaumen 2014 innebar at Ungdomshuset Voss hadde redusert tilbod i lengre tid grunna renovering.
Dette medførte at ungdommane fann nye møteplassar, og aktiviteten i ungdomshuset minka.
Kulturplanen og realisering av denne står øvst på gjeremålslista i kommunalavdelinga. I 2016 vert
det og særleg satsing på nye initiativ for ungdom og det å skapa nye og gode kulturelle møteplassar
for flyktningar- og innvandrarar.
Medarbeidarperspektiv
Dei tilsette i kommunalavdelinga er alle presentert for den nye kulturplanen og i gang med å
prioritera rekkefylgje for realisering av dei mange tiltaka. Heile kommunalavdelinga samlast no
Årsmelding Voss kommune 2015 side 69
kvartalsvis der fokus er lik informasjon til alle, både kva gjeld målsetjingar på kort og lang sikt,
presentasjon av nye medarbeidarar og relevante oppdateringar frå rådmannen sin stab.
Infomøta i 2015 har handla om kulturplan, budsjett, informasjon frå personal og lønn, samt
informasjon knytt til nye administrative verktøy frå informasjonsavdelinga.
I tråd med gjeldande personalpolitikk har avdelinga fått auka opp stillingsprosentar der det har vore
teneleg. Fylgjeleg er tal medarbeidarar redusert, medan tal i større stillingar auka.
Ny kulturskulerektor vart tilsett 1. august. Kurs og konferanseansvarleg ved kulturhuset vart valt
som nytt hovudverneombod og vikar vart tilsett i desember 2015. Ny økonomikonsulent i stab vart
tilsett i desember 2015 og vil tiltre i løpet av april 2016.
Stillingsoversyn
2 015 (pr 31.12) 2 014 (pr 31.12)
Årsverk 28,27 28,10
Tal personar 43 51
Fleire fast tilsette har fått stillingsauke i løpet av 2015.
Interne prosessar
Internkontrollarbeidet held fram med prosesskartlegging av relevante arbeidsprosessar og
risikovurderingar.
Avdelinga har hatt ein systematisk gjennomgang av alle tiltaka i kulturplanen der ansvaret for
gjennomføring ligg til avdelinga. Prioriterte tiltak er innarbeida i verksemdsplanen 2016.
Balansert målstyring
Økonomi – samla resultat for kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Avvik totalt i
høve til netto
driftsbudsjett
0% 0,88% 2 015
Ved måling av avvik i høve til netto driftsbudsjett er det brukt eit intervall for å visualisera
resultatet ved hjelp av farge
Raud farge er brukt på underskot der resultatet er -4 % og lågare og på overskot frå 10 % og høgare.
Gul farge er brukt på underskot mellom -2 % til -4 % og overskot mellom 5 % til 10 %.
Grøn farge er brukt på resultat mellom underskot frå -2 % til overskot på 5 %.
Medarbeidarar – samla resultat for kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Medarbeidarunde
rsøking snitt
totalt
4,5 4,1 91,11 % 6 2 015
Medarbeidarunde
rsøking næraste
overordna
4,7 4,3 91,49 % 6 2 015
Statistikk
sjukefråvær 7,5 % 5,8 % 122,67 % 0 % 2 015
Årsmelding Voss kommune 2015 side 70
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Medarbeidarsamt
alar > 40 %
stilling
100 % 100 % 100 % 100 % 2 015
Medarbeidarvurd
ering 100 % 92 % 92 % 100 % 2 015
Interne prosessar – samla resultat for kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
HMS-
Vernerunde 100 % 50 % 50 % 100 % 2 015
Utarbeiding av
handlingsplan
etter vernerunde
100 % 50 % 50 % 100 % 2 015
Deltaking
medarbeidarunde
rsøking
65 % 62 % 95,38 % 100 % 2 015
Medarbeidarunde
rsøking-
organisering av
arbeidet
4,6 4,3 93,48 % 6 2 015
Skala for bruk av raud, gul og grøn farge for måleindikatorar knytt til ”Medarbeidarar” og ”Interne
prosessar”:
Raud farge er måloppnåing på 50 % og lågare
Gul farge er måloppnåing frå 50 % til 80 %
Grøn farge er måloppnåing frå 80 % og høgare
Grafisk framstilling av gjennomsnittet av tal raude, gule og grøne resultat frå kvart enkelt ansvar
inkludert samla resultat for avdelingar og kommunalavdelinga innanfor kvart fokusområde.
Det er ikkje utarbeida måleindikatorar for ”Brukarar” i 2015.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 71
5.5.1 Kommunalstab
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 16 000 16 111 16 216 -106 15 079
Inntekter -1 237 -1 337 -2 489 1 153 -2 620
Netto 14 764 14 774 13 727 1 047 12 460
Økonomi
Det store overskotet skuldast fylgjande: Vakant stilling som økonomikonsulent som fyrst vart tilsett
i desember 2015, langtidssjukefråvær utan innleige av vikar og medførande redusert aktivitetsnivå
og utgifter i staben.
Brukarperspektiv
Kulturplanen er ein temaplan som samlar visjon og målsetjingar knytt til kulturbygda, idrettsbygda,
festivalbygda og arrangørbygda Voss. Kulturplanen er omfattande med mange tiltak som skal
gjennomførast i løpet av ein ti- års periode.
Deltaking i Norsk kulturforum (NOKU) bidreg til å setja fokus på kulturen sin eigenverdi og kultur
som fagfelt i kommunen. Kontakt og samhandling med det lokale lagslivet har vorte styrka i
samband med utarbeiding av kulturplanen og vidareføring av denne.
Medarbeidarperspektiv
Kommunalstaben har vorte styrka med ein medarbeidar frå kulturskulen. Staben har starta prosess
med å ha intern kompetanse på personal, lønn og økonomiområdet. Dette arbeidet vart tidlegare
handtert av Rådmannen sin stab.
Stillingsoversyn
2 015 (pr. 31.12) 2 014 (pr. 31.12)
Årsverk 3,6 2,6
Tal personar 5 4
Årsmelding Voss kommune 2015 side 72
Interne prosessar
Kommunalstaben har bistått alle avdelingane i Kultur og fritid med prosesskartlegging og
risikovurdering.
5.5.2 Idrett og folkehelse
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 4 209 10 942 11 399 -458 12 891
Inntekter -440 -7 176 -7 507 331 -8 017
Netto 3 768 3 765 3 892 -127 4 874
Økonomi
Resultatet viser eit overforbruk. Dette kjem hovudsakleg av at utgifter til straum i idrettsanlegg er
høgare enn budsjettert. Samstundes viser inntektene frå offentleg bading eit resultat 70.000 under
budsjett.
Brukarperspektiv
Arbeidet med oversikt over helsetilstand i Voss kommune er nesten ferdig. Temaplan for kultur er
ferdigstilt og innarbeida i det vidare arbeidet. Avdelinga har utarbeida eigen arrangementsmal for
større arrangement og festivalar i Voss kommune.
I 2015 overtok avdelinga ansvaret for gjennomføring av Vinterfestival for psykisk sjuke, arrangert i
Myrkdalen kvar vår. Initiativet er overført frå Hordaland fylkeskommune som er viktig
samarbeidspart i arbeidet.
Treningsgruppene på Hagahaugen har hatt ein jamn auke i talet på deltakarar, og passerte 20 stk.
ved årsslutt. Det er no i 2016 auka opp til 45 stk.
Medarbeidarperspektiv
Stillingsoversyn
2 015 (pr. 31.12) 2 014 (pr. 31.12)
Årsverk 2 2
Tal personar 2 2
I tillegg kjem tre timeløna badevakter.
Interne prosessar
Risikoanalyse av prosessar innan avdelinga er starta opp.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 73
5.5.3 Kulturhus og kino
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 5 709 7 984 9 585 -1 601 8 428
Inntekter -7 200 -8 403 -9 524 1 121 -6 783
Netto -1 491 -419 61 -480 1 645
Økonomi
Resultatet for Kulturhuser vart betydeleg betre enn me frykte grunna ekstra tildeling frå
Kommunestyret mot slutten av 2015.
Brukarperspektiv
På kulturhuset vart det gjennomført 156 kurs og konferansar, 50 arrangement i biblioteket, 20
konsertar, 5 teaterstykke, 19 danseførestillingar, tre stand- up kveldar og ei utstilling. Meir enn
100 000 gjester har vore innom dørene på kulturhuset. Dette trass i at huset var stengt halve året
grunna flaumen.
Kinoen har hatt ein auke på 16,7 % samanlikna med året før. Det har vore i overkant av 1300
framsyningar og omlag 35.000 kinogjester. I tillegg har Voss filmklubb 300 besøkande andre
halvdel av 2015.
Barnefilmfestivalen gjekk vellykka av stabelen for andre gong. På festivalen vart vist 23 forskjellige
filmar fordelt på 55 framsyningar. Festivalen hadde 2270 besøkjande, 172 på skuleframsyning, 180
på barnehageframsyning og 372 på VIP- framsyning.
Medarbeidarperspektiv
Kulturhuset er i gang med internt leiarutviklingsprogram for staben i kulturhuset. Avdelinga deltek
elles på relevant kursing i regi av samarbeidspartar som Film&Kino, Norsk kulturhusnettverk,
Vestnorsk kulturhusnettverk, Location og Staples. Alle kinoteknikarane vert sertifisert som
teknikarar innan digital kinoteknikk.
Kurs og konferanseansvarleg ved kulturhuset er valt som hovudverneombod i Voss kommune.
Vikar vart tilsett i desember.
Stillingsoversyn
2 015 (pr. 31.12) 2 014 (pr. 31.12)
Årsverk 5,41 5,69
Tal personar 8 9
I tillegg kjem timeløna i kinokiosken
Interne prosessar
Arbeidet med kartlegging av prosessar i internkontroll er starta opp.
Avdelinga er i gang med resertifisering av Miljøfyrtårnsertifikatet til kulturhuset.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 74
5.5.4 Bibliotek
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 7 584 7 620 8 078 -458 7 724
Inntekter -242 -242 -626 384 -357
Netto 7 342 7 378 7 451 -74 7 367
Økonomi
Underskotet skuldast utgifter til reinhald som det ikkje er budsjettert med.
Brukarperspektiv
Den offisielle bibliotekstatistikken er ikkje klar, men biblioteket har hatt omlag 60 000 besøk og
74 000 utlån. Utlånet har gått ned med 4000. Dette skuldast hovudsakleg at bokbussen var ute av
drift i åtte veker, frå påske og ut skuleåret. Biblioteket har hatt 50 arrangement. Leseaksjonen
"Leseknappen" for andreklassingar vart gjennomført frå februar til august. Biblioteket hadde
arrangementsrekka "Heilt kriminelt?" støtta av Fritt Ord og starta poesiprosjektet "Ny
poesiformidling" saman med Hardangerbiblioteka, støtta av Nasjonalbiblioteket. Biblioteket har
hatt sju songstunder for born og har starta med Kodeklubb, også for born. Biblioteket har hatt fleire
utstillingar. Biblioteket fekk ny og meir brukarvenleg nettside.
Medarbeidarperspektiv
To av dei tilsette hatt kompetanseheving i digitale media gjennom kursrekka "23 mobile ting".
Stillingsoversyn
2 015 (pr. 31.12) 2 014 (pr. 31.12)
Årsverk 6 6
Tal personar 6 6
Interne prosessar
Nytt fjernlånssystem for lån frå universitet og høgskular.
5.5.5 SLT Ungdomsarbeid
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 3 646 3 661 3 754 -93 3 553
Inntekter -614 -614 -715 101 -487
Netto 3 033 3 047 3 039 8 3 066
Økonomi
Avdeling fekk tilskot på 68 000 i høve samarbeidsaktiviteter SLT og Barnevern, 51 000 er sett av
på fond skal nyttast til same aktiviteter i 2016. Avdelinga fekk ikkje leigd ut ungdomshuset slik det
Årsmelding Voss kommune 2015 side 75
var tenkt og nådde ikkje leigeinntekter som budsjettert med. Utgifter til skjenkekontroll har auka
samstundes som gebyrinntektene har vore noko mindre enn forventa.
Brukarperspektiv
Avdelinga har i 2015 hatt to faste tiltak, ungdomsklubben “Gryto” som er inne i sitt 36 år som
ungdomsklubb og Ungdomshuset UHV i gamle Voss Barnehage. Begge desse klubbane er
brukarstyrt med eige styre og har faste opningstider. Ungdomsklubben Gryto har i haust hatt ein
oppgang i medlemstal og har passert 100 medlemskort, ungdomshuset UHV har hatt ein nedgang av
medlemmer.
«Av-og-Til» samarbeidet har hatt tre fokusveker knytt opp til trafikk og trafikksituasjonar samt eiga
kampanje retta mot høgtider «kor mange glas tåler barnet ditt».
Voss ungdomsråd har i 2015 hatt jamlege møter, dei har hatt uttale i fleire saker. Dei har arrangert
utekonsert med opp mot 10 000 tilskodarar i samarbeid med Voss Cup. Ungdomsrådet har sendt
representantar til ungdommens fylkesting og vore aktive i lokalavisa.
Medarbeidarperspektiv
Det har vorte halde jamlege personalmøter i avdelinga der ein har jobba med samarbeid og
halvårsplanlegging. Hovudfokus i 2015 har vore på kulturplan og internkontrollprosjektet "Orden i
eige hus".
30 % miljøarbeidar knytt til motorsport tiltak slutta hausten 2015. Det vart tilsett miljøterapeut i
30 % stilling i desember knytt opp mot 10% i Gryto og 20 som kulturkonsulent knytt mot SLT
ungdomsarbeid.
Stillingsoversyn
2 015 (pr 31.12) 2 014 (pr 31.12)
Årsverk 3,84 4,2
Tal personar 8 6
Lagt inn ekstra person på Edruskap 20 % stilling i 2015
Interne prosessar
Avdelinga har eigne samenkomstar til jol og sommar for å styrke trivsel og samhald.
5.5.6 Kulturskule
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 6 584 7 006 6 964 42 6 801
Inntekter -1 651 -2 020 -1 895 -125 -1 790
Netto 4 933 4 986 5 069 -82 5 011
Økonomi
Kulturskulen har eit overforbruk på kr 82000. Det er mindre inntekter enn budsjettert, og det er
høgare utgifter på husleige og reinhald enn budsjettert.
Det er kjøpt inn ein del nytt datautstyr i høve den nye satsinga til kulturskulen på Speedadmin (som
er det nye administrasjonsprogrammet).
Årsmelding Voss kommune 2015 side 76
Brukarperspektiv
Ved årsskiftet var det 323 elevplassar i kulturskulen.
Nytt tilbod innan korps i skulen (36 elevar) og Write an opera (22 elevar)
Tradisjonelt er det venteliste på song og piano, det er gjort redigering og "vasking" av data, då noko
av det registrerte var ført dobbelt og trippelt.
Det er gjennomført 12 institusjonskonsertar, 4 huskonsertar og 2 semesterkonsertar i 2015.
Publikumstal: Ingen eksakte tal, men semesterkonsertane før sommaren og før jul hadde full
kultursal.
Innføring av nytt administrasjonssystem ( Speedadmin) syter for betre brukargrensesnitt for elevar,
føresette og tilsette i kulturskulen.
Medarbeidarperspektiv
Ved årsskifte er det framleis ei vakant dansestilling i 20 %.
Stillingsoversyn
2 015 (pr. 31.12) 2 014 (pr. 31.12)
Årsverk 7,62 7,9
Tal personar 15 17
Det er notert dei stillingane me har fast. Vakante stillingar er ikkje ført opp her, heller ikkje vikarane sine stillingar, sidan dette ikkje kjem i tillegg til
dei dei er vikar for.
Interne prosessar
Det vert arbeidd med kompetanseheving innan den nye digitale plattforma vår, Speedadmin. Noko
opplæring er gjennomført, og me fortsetter dette arbeidet.
Det innførast opplæring innan digitale notasjonsprogram (innan musikk) Sibelius, og det skal også
hevast kompetanse innan opptak, og digital musikkproduksjon.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 77
5.6 Kommunalavdeling teknisk
Hovudbodskap
Teknisk avdeling har hatt eit år med stor aktivitet og utfordringar i høve klima. Året starta med store
snøfall og snømåking av vegar og tak. Året avslutta med varsel om fare for ny storflaum, men enda
med ei god gjennomkøyring av flaumberedskapen utan at vi fekk skadar denne gongen.
Investeringar i skulebygg, barnebustader, veg, vatn og avløp (små reinseanlegg og Bordalen) i
tillegg til veg og anleggsprosjekt og oppattbygging etter flaumen i oktober 2014 (vassverk, ny
Tintrabru og fleire vegprosjekt) . Dette krevde menneskelege ressursar til planlegging,
prosjektering, oppfølging og gjennomføring, men og investeringsmidlar.
Store, krevjande planoppgåver er sluttført, vedteken og klare til gjennomføring. Ny strategisk
næringsplan vart vedteken. Her er tidlegare landbruksplan og reiselivsplanrevidert i strategisk
næringsplan.
Internkontrollarbeidet er ført ned i avdelinga som ein følgje av sentralt internkontrollarbeid.
Prosesskartlegging og risikovurdering vil halda fram.
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 182 927 205 196 238 719 -33 523 205 047
Inntekter -97 189 -108 116 -143 878 35 763 -124 971
Netto 85 738 97 080 94 841 2 240 80 076
Økonomi
Opphavleg budsjett vart utarbeidd utifrå ei svært nøktern ramme både m o t inntekter og utgifter. I
løpet av året er budsjettet revidert utifrå at inntektspostar vart større enn budsjettert opphavleg.
Rekneskapen viser i tillegg at både inntekter og utgifter er langt høgare enn budsjettert. Oppbygging
etter flaumen er reneskapsført med 24 mill. inntekter/utgifter. Oppgjeret vil ikkje vera ferdig før i
2016. Resterande 10 mill. skuldast div sjølvkostreneskap og avsetting eller bruk av fond i tillegg til
mva. Netto driftsresultat er tilnærma likt revidert budsjett, med eit lite mindreforbruk på
2 240 000 kr. Økonomistyring har vore eit prioritert tema i alle avdelingar.
Investering i 2015 viser totalt brutto investeringar på 142 mill. kr i år, noko som understrekar at
aktiviteten har vore høg.
Investeringar
2 015 2 014
Brutto 141 970 88 928
Refusjon/ tilskot -48 311 -20 354
Eigenkapital/ Likv. reserve -20 506 -12 016
Lån framandkapital -73 153 -56 558
Brukarperspektiv
Størstedelen av tenestene er retta ut mot eksterne brukarar. Tenestene er dels finansiert med gebyr,
men ein del av oppgåvene er samfunnsoppgåver og forvaltningsoppgåver (t d arealforvaltning,
tilsyn og karttenester), som ikkje kan finansierast gjennom gebyr. Gebyret skal likevel dekke
utgiftene med sakshandsaming for private planar, byggjesaker, oppmålingstenester mm.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 78
Brukarane har registrert langt kortare sakshandsamingstid både på byggjesak, oppmåling og
planhandsaming siste år. Ei ny stilling øyremerkt tilsyn på byggjesak gjer at kommunen kan
oppfylle lovens krav om tilsyn samstundes som byggjesak vert meir robust og kan tåle utskifting
utan at det går ut over sakahandsamingstid og brukarane.
Avdelinga har prioritert arbeidet med å oppdatere det digitale planarkivet for å lette arbeidet både
internt og eksternt. Nytt i år er skråfoto inn i Vossakart som lettar visualiseringa.
Medarbeidarperspektiv
Det er gjennomført medarbeidarsamtalar i alle avdelingar, inklusiv medarbeidarvurderingar. I år har
avdelinga gjennomført formell vidaredelegering av ansvar og mynde frå kommunalsjef til
avdelingsleiarar og vidare i lina der dette er naudsynt. Det er underskrive leiaravtalar mellom
kommunalsjef og avdelingsleiarar.
Tabellen viser utvikling av fråvær i perioden 2012-2015. Til tross for høgare fråvær 1. og
4.kvartal 2015, er tendensen at fråværet er synkande.
Fleire medarbeidarar har gjennomført vidareutdanning og kompetansehevande kurs. Generelt har
ein høg kompetanse på dei tilsette i avdelinga.
Stillingsoversyn
2 015 (pr. 31.12) 2 014 (pr. 31.12)
Årsverk 94,72 89,72
Tal personar 100 95
Interne prosessar
Det er gjennomført ei organisasjonsendring ved at plan- og prosjekteringsmedarbeidarar innan veg
og VA er samla i ei eiga prosjekteringsgruppe innan driftsavdelinga med verknad frå 1.9. Teknisk
har etter kvart fylt opp vakante stillingar og det slår ut i statistikken som auke i tal tilsette.
Det er gjennomført ein arbeidsmiljøundersøking i landskapet ved målingar av luftkvalitet, ljos og
temperatur i tillegg til at alle fekk personleg rettleiing i korleis innrette arbeidsplassen for å unngå
feilstillingar og plager (gjennomført av bedriftshelsetenesta). Plan for tiltak er utarbeidd og delvis
Årsmelding Voss kommune 2015 side 79
gjennomført innanfor tilgjengelege ressursar. Arbeidet vil halda fram. Verneområde er definert på
Tinghuset og tekniske tenester har valt eit eige verneombod.
Balansert målstyring
Økonomi – samla resultat for kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Avvik totalt i
høve til netto
driftsbudsjett
0 % 2,36 % 2 015
Ved måling av avvik i høve til netto driftsbudsjett er det brukt eit intervall for å visualisera
resultatet ved hjelp av farge
Raud farge er brukt på underskot der resultatet er -4 % og lågare og på overskot frå 10 % og høgare.
Gul farge er brukt på underskot mellom -2 % til -4 % og overskot mellom 5 % til 10 %.
Grøn farge er brukt på resultat mellom underskot frå -2 % til overskot på 5 %.
Brukarar – samla resultat for kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Brukarunder
søking byggesak 4,5 6 2 015
Brukarunder
søking VA 4,5 6 2 015
Brukarundersøkingane er utsett til 2016.
Medarbeidarar – samla resultat for kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Medarbeidar
undersøking snitt
totalt
4,5 4,4 97,78 % 6 2 015
Medarbeidar
undersøking
næraste
overordna
4,7 4,5 95,74 % 6 2 015
Statistikk
sjukefråvær 7,5 % 6 % 120 % 0 % 2 015
Medarbeidar
samtalar > 40 %
stilling
100 % 100 % 100 % 100 % 2 015
Medarbeidar
vurdering 100 % 100 % 100 % 100 % 2 015
Interne prosessar – samla resultat for kommunalavdelinga
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
HMS-
Vernerunde 100 % 100 % 100 % 100 % 2 015
Utarbeiding av
handlingsplan
etter vernerunde
100 % 100 % 100 % 100 % 2 015
Årsmelding Voss kommune 2015 side 80
Måleindikatorar Mål Resultat Måloppnåing Maks score Periode
Deltaking
medarbeidar
undersøking
65 % 71 % 109,23 % 100 % 2 015
Medarbeidar
undersøking-
organisering av
arbeidet
4,6 4,4 95,65 % 6 2 015
Grafisk framstilling av gjennomsnittet av tal raude, gule og grøne resultat frå kvart enkelt ansvar
inkludert samla resultat for avdelingar og kommunalavdelinga innanfor kvart fokusområde.
Brukarundersøkingane er utsett til 2016.
5.6.1 Teknisk fellesadministrasjon
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 3 132 3 161 2 840 322 2 365
Inntekter -103 -103 -38 -65 -17
Netto 3 029 3 059 2 802 257 2 348
Økonomi
Fellestenestene under teknisk består av kommunalsjef, personal og økonomisjef, samt prosentdel av
Årsmelding Voss kommune 2015 side 81
avdelingsleiarar.
Mindreforbruk skuldast i hovudsak mindreforbruk løn, men og forbrukspostar som ikkje er brukt i
2015. Ingen investeringar ført på kapittelet.
Brukarperspektiv
Brukargruppa er i hovudsak heile kommunalavdelinga og femner om leiar, løn- og
personalkonsulent, samt deler av leiargruppa. Det er inga endring i høve tenestetilbodet.
Medarbeidarperspektiv
Endring i tal årsverk og tilsette i 2015 skuldast at vi fekk tilsett i prosjektet bustadsosialt
velferdsprogram i regi av Husbanken. Vedkommande vart tilsett og byrja i stillinga 1.mai.
Prosjektet er finansiert i samarbeid mellom Husbanken og Voss kommune og arbeider med
bustadproblematikken i heile organisasjonen.
Stillingsoversyn
2 015 (pr. 31.12) 2 014 (pr. 31.12)
Årsverk 2,8 2,8
Tal personar 4 4
Interne prosessar
Det har vore arbeidd mykje med internkontroll som følgje av at leiargruppa i kommunen har hatt
fokus på dette. Mange arbeidsoperasjonar er skriftleg teikna opp i eige program.
Leiinga har sett fokus på fysisk arbeidsmiljø i landskapet. Hovudsakleg er det kjøpt inn nye
skjermar og stolar der dette har vore naudsynt.
5.6.2 Plan, oppmåling og byggesak
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 12 548 12 662 13 528 -866 12 947
Inntekter -7 274 -7 274 -8 937 1 663 -9 455
Netto 5 275 5 388 4 591 797 3 492
Økonomi
Det positive resultatet kjem truleg av at avdelinga har vore nesten fulltaleg bemanna gjennom heile
året. Det er produsert mykje arbeid.
Det er ein veldig god arbeidsånd og arbeidsmoral blandt alle. Det vert jobba strukturert og det er
fokus på å holde tidsfristar som gir fulle gebyrinntekter.
Det er investert i skråfoto for sentrum.
Det er kjøpt inn teknisk kontorutstyr for det fysiske arbeidsmiljøet.
Avdelinga har nytta kurs og opplæringsmidlane bra. Avdelinga har fått godt utbytte i kurs som er
gjennomført.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 82
Investeringar
2 015 2 014
Brutto 1 881 234
Refusjon/ tilskot -1 615 -47
Eigenkapital/ Likv. reserve -187
Lån framandkapital -266
Brukarperspektiv
Brukarane til avdelinga er alle innbyggjarane i kommunen.
Kartgrunnlag og planarkivet er eit viktig og nyttig hjelpemiddel for brukaren. Det vert stadig betre
og raskare oppdatert i tråd med nye vedtak. Det er viktig for at både oppmåling og byggesak kan
rettleie kundar i tråd med vedtak og overordna føringar.
Avdelinga har kjøpt skråfoto i sentrum. Det ligg som ein tilleggsmodul i Vossakart. Det er eit nyttig
hjelpemiddel for planlegging og utvikling i sentrum.
Fastsette rutinar og faste dagar/tidspunkt for kundekontakt med byggesak fungerer godt.
Oppmåling har gjennomført alle oppgåver innan lovpålagte fristar og helst i god tid før det.
Plan har vore fullt bemanna gjennom heile året. Alle pågåande planprosessar er kontinuerleg fylgt
opp og mange reguleringsplanar har vore handsama i FPL og KST.
Det er fokus på god brukarmedverknad i planprosessar. Det har vore gjennomført mange opne
kveldsmøte og kontordagar.
Medarbeidarperspektiv
Byggesak fungerer godt som gruppe. God fordeling av oppgåver. Avdelinga har oppretta og tilsett
ein person frå 1.5.2015 i tilsynsstilling under byggesak.
Alle stillingsheimlar innafor oppmåling er besett. GIS ansvarleg kom tilbake etter permisjon
1.8.2015. Det er god arbeidsflyt mellom dei tilsette.
Planavdelinga har vore stabil heile året. Det er mange spanande utviklingsoppgåver.
Kurs og etterutdanningsmidlane har blitt brukt på ein god måte som alle virkar å vere nøgde med.
All etterutdanning er veldig relevant til arbeidsoppgåvene til avdelinga. Det er høg fagleg
kompetanse blandt mange på dei tilsette innan plan- og oppmåling.
Avdelinga har gruppemøte og fellesmøte. Sosiale samlingar og samarbeid om utfordrande oppgåver
gir positiv gevinst for arbeidsmiljøet.
Stillingsoversyn
2 015 (pr. 31.12) 2 014 (pr. 31.12)
Årsverk 13,4 11,4
Tal personar 14 12
Interne prosessar
Avdelinga har endra struktur frå 1.9.2015. VA-plan og vegplanleggjar (3 stillingar) er flytta frå plan
til drift. Det er oppretta ei eiga prosjektavdeling under drift. Det faglege samarbeidet føregår på
same måte som tidligare. Det er ingen endringar i fysisk plassering. I tillegg kjem ny stillinga med
oppgåver innan tilsyn på byggjesak.
Leiaravtale er på plass. Formalisert delegering av økonomiansvar og intern delegering er
Årsmelding Voss kommune 2015 side 83
gjennomført.
Det er sett i gang eit større oppryddingsprosjekt for det fysiske planarkivet. Det fysiske arkivet i 3.et
skal avviklast og flyttast ned i kjeller. Det er innarbeidd nye rutinar for det fysiske planarkivet.
Det er sett i gang fleire prosessar med utbyggingsavtalar. Det er utforma ulike malar og dette
arbeidet må halda fram.
Avdelinga har starta opp arbeidet med internkontroll og prosesskartlegging.
5.6.3 Drift
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 73 666 78 299 90 280 -11 981 74 870
Inntekter -57 040 -57 040 -69 865 12 826 -61 356
Netto 16 626 21 260 20 415 845 13 514
Økonomi
Økonomisk har drift eit mindreforbruk på 800 000 kr i høve budsjettet. Veg har eit meirforbruk
grunna hovudsakleg brøytesesongen 2014/2015 medan vatn og avløp utgjer mindreforbruket
gjennom høgare inntekter og noko mindreforbruk i høve budsjett.
God måloppnåing med unnatak for bruer. Det er eit mål å utarbeida konkurransegrunnlag for dei
største utbetringane på bruer i 2016.
Anlegg og vedlikehald har gjort arbeid for vatn og avløpskapittelet samt gjennomført
investeringsoppgåver i eigen regi. Ein krevjande vinter 20 medførte overforbruk på brøytebudsjettet
og derfor mindre frie driftsmidlar til anna vegvedlikehald. Det vart løyvd 3 mill. til veg av overskot
2014, som i stor grad vart nytta til utbetring av asfaltdekke.
Innan vatn og avløp er oppattbygging av Vossevangen vassverk fullført og oppgradering/utskifting
av små reinseanlegg pågår. Mykje førebuingsarbeid og undersøking er gjennomført i høve nytt
reservevassverk på Bømoen.
Investeringar
2 015 2 014
Brutto 48 790 51 052
Refusjon/ tilskot -10 115 -7 798
Eigenkapital/ Likv. reserve -10 441 -11 403
Lån framandkapital -28 234 -31 851
Brukarperspektiv
Brukarperspektiv veg og bru
Prosjekt med finansiering i vegfond 2010 har fjerna fleire flaskehalsar og forbetra fleire dårlege
parti på dei kommunale vegane. Etterslepet er framleis stort. Vinteren var utfordrande m o t
vegvedlikehald, både praktisk og økonomisk.
Ny veg til Bjørke vart ferdigbygt.
På tross av at vassbehandlingsanlegget i Prestegardsmoen var ute av drift nær heile 2015, har ein
Årsmelding Voss kommune 2015 side 84
klart å levera reint vatn til alle abonnentar. Bordalen vart kopla på kommunalt vatn og avløpsanlegg
og fylkesvegen er oppgradert på den del av strekkja der leidningsnettet ligg i vegen, eit
samarbeidsprosjekt med Hordaland fylkeskommune.
Separering av kloakk og overvatn held fram og gjev store gevinstar for avløpsreinsing og miljø.
Medarbeidarperspektiv
Driftsavdelinga har utført prosjektstyring og leiing av byggeplanprosessen av Voss Næringspark
Istad, sakshandsaming kring ny veg til Jordalen med tunnel og bru samt utført byggeplan for
oppattbygging av Rongavegen.
Anlegg & Vedlikehald har hatt god produksjon og fått utført mykje punktutbetringar på vegkropp
og anna vedlikehald i året 2015.
Bil- og mekaniske verkstad har ansvar for kommunale bilar i alle avdelingar. Grunna stor
arbeidsmengd vert bemanninga på verkstaden styrkt.
Medarbeidarane har hatt eit spesielt år med gjennomføring og oppfølging av utbetringar etter
oktoberflaumen 2014, spesielt på vassbehandlingsanlegget i Prestegardsmoen.
Stillingsoversynet viser ei stilling meir i 2015 i høve 2016. Dette skuldast tilsetting i vakant stilling.
Stillingsoversyn
2 015 (pr. 31.12) 2 014 (pr. 31.12)
Årsverk 31,64 30,64
Tal personar 33 32
Interne prosessar
IK-HMS: Systemet har vore under revisjon og vidareutvikling gjennom heile året. RUH (registrerte
uønska hendingar) er mest fråverande i driftsavdelinga og rutinane for dette skal betrast.
3 planleggjarstillingar vart organisatorisk flytta frå planavdelinga 01.09.15 til nyoppretta
prosjektavdeling innafor driftsavdelinga. Dei fleste ingeniørstillingane er no tilsett i for første gong
på fleire år og det pågår eit kontinuerleg arbeid med å etablere gode rutinar og arbeids- og
ansvarstilhøve.
5.6.4 Bygg og eigedom
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 75 237 87 697 108 391 -20 694 89 687
Inntekter -28 471 -34 692 -55 631 20 939 -42 758
Netto 46 766 53 005 52 760 244 46 928
Økonomi
Faste og lovpålagde oppgåver tek stadig større del av driftsbudsjettet, dvs. at det vert stadig mindre
frie vedlikehaldsmidlar.
Det er utfordrande at det er vanskeleg å få avhenda tomme bygningar. Tomme bygningar krev også
driftsmidlar i større eller mindre grad heilt til dei er avhenda. Fleire ledige bygningar får endra bruk,
dvs. at dei krev det same eller auka driftsmidlar. Endra bruk medfører kostnader og arbeid i
samband med tilpassingar.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 85
Nye bygningar og anlegg krev meir fagkompetanse for å drifta, samt krev meir serviceavtalar. Dette
er kostnadskrevjande.
Bioenergi til Vossestrand omsorgstun og Framnes omsorgsbustadar er svært kostnadskrevjande.
Straumutgifter er større enn budsjettert. Samla utgifter til vedlikehald er større enn budsjettert,
mellom anna grunna diverse utbetringar varmeanlegg Vetleflaten og nødlys Vossestrand. Også ein
større tapspost på husleige.
Investeringar
2 015 2 014
Brutto 79 586 36 389
Refusjon/ tilskot -25 605 -11 928
Eigenkapital/ Likv. reserve -10 065 -155
Lån framandkapital -43 916 -24 306
Brukarperspektiv
BOE har hatt fokus på tilrettelegging av tilhøva for brukarar (tilpassingar)
BOE har fokusert på å redusera faste driftsutgifter ved å betra styringssystema
Ein har måtta redusera reine serviceoppdrag til eit minimum grunna økonomi og personellressursar,
og brukarar har nok også merka reduksjon i tenestetilbodet
Ein har betra rutinar i samband med nybygg/rehabilitering, det er utarbeidd kravspesifikasjonar
med tanke på å få bygg med minst mogeleg vedlikehaldsbehov og driftsutgifter.
BOE gjennomfører mange store investeringsprosjekt for tida og desse tek mykje ressursar (også
personellmessig). Det går ut over andre oppdrag.
Ein har fokus på vedlikehaldsvenlege bygningar og anlegg (utforming og materiale)
Det har vore sterkt fokus på økonomistyring i alle ledd
Medarbeidarperspektiv
BOE har jobba for å betra og tryggja tilhøva for tilsette - særleg ved arbeid i og ved bustadar. Dette
går på handtering av truslar og vold.
Det pågår arbeid med å laga rutinar for å betra tryggleik ved bruk av maskiner/utstyr (dvs.
dokumentert opplæring)
Driftspersonell vert tekne med i planprosessar og gjennomføringsprosessar for prosjekt
Det vert innhenta og brukt kompetanse og erfaring frå tilsette i interne prosessar
Dei tilsette har stor grad av «friheit under ansvar»
Talsperson for tilsette er med på alle driftsmøter i leiargruppe – dei kjem med innspel etc. frå øvrige
tilsette.
BOE nyttar kursing av tilsette i stor grad. Dei tilsette er sjølve delaktige i å finna høvlege kurs.
Avdelinga har tilrettelagt i stor grad ved graderte sjukemeldingar – i samråd med tilsette
Avdelinga køyrer HMS-opplegg saman med bedriftshelsetenesta.
Stillingsoversyn
2 015 (Pr 31.12) 2 014 (Pr 31.12)
Årsverk 35,28 33,28
Tal personar 39 37
Interne prosessar
BOE har endra organisering av byggavd. Fagansvarlege har fått meir oppfølgings- og
iverksetjingsansvar for å avlasta oppsynsmann
Avdelinga har betra rutinar for oppfølging av vaktmeistarar ute
Årsmelding Voss kommune 2015 side 86
Me har innført diverse nye rutinar i BOE for å betra kontroll og styring inkl. økonomistyring. Fokus
har vore å redusera driftsutgifter
Det er gjort endring i bustadforvaltning – ny bustadkonsulent i 40% hjå NAV. BOE har oppgåver
innan drift og investeringsprosjekt i tillegg til bustadforvaltning
Der er no faste rutinar for møtestruktur i BOE.
Avdelinga har hatt fokus på intern informasjonsflyt over tid.
Det vert jobba med rutinar for å betra gjennomføringsprosessar for prosjekt
Framover må ein arbeida med å endra/tilpassa organisasjonen i takt med nye og utvida oppgåver.
5.6.5 Næringsavdeling
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 5 310 10 153 10 077 75 11 134
Inntekter -1 377 -6 032 -6 117 85 -7 389
Netto 3 933 4 121 3 960 160 3 745
Økonomi
Avdelinga har eit overskot som skuldast inntekter knytt til prosjektet Arbeid og integrasjon.
Avdelinga har fått godtgjort for eigeninnsats i prosjektet utan å hatt tilsvarande kostnader med
innleigd hjelp.
Brukarperspektiv
Viktigaste brukargruppe er landbruket. Tabellen viser utviklinga i tal landbruksføretak i Voss for
perioden 2004-2015:
Avgangen i perioden er 115 føretak. Omlag 10 føretak pr år. Mjølkeprosjekt Voss, eigar Voss
kommune, er inne i sitt 3. år. Stor investerings vilje hjå dei som vil vera med vidare i landbruket.
Investeringane er no kraftig avgrensa av tilgang på midlar gjennom Innovasjon Norge.
Prosjekt Arbeid og integrasjon har gitt avdelinga nye oppgåver; å integrera nye landsmenn til
arbeidslivet gjennom skreddarsaum, dvs. grundig kartlegging av kompetanse og interesser på
individnivå og vidare kopla dette mot rette arbeidsoppgåver og arbeidsgivarar. Prosjektet Arbeid og
integrasjon har 93 % måloppnåing.
Årsmelding Voss kommune 2015 side 87
Avdelinga har ansvar for å fylgja opp ureining frå landbruket. Det har vore 3 saker i år.
Næringsavdelinga samarbeider godt med Næringshagen på Voss om etablerarhjelp.
Medarbeidarperspektiv
Avdelinga nyttar seg i stor grad av Fylkesmannen sine tilbod om kompetansepåfyll. Dette er
målretta kompetanse til rimeleg pris.
Stillingsoversyn
2 015 (Pr 31.12) 2 014 (Pr 31.12)
Årsverk 4,6 4,6
Tal personar 5 5
Interne prosessar
Avdelinga har gjennomført HMS tiltak etter rapport frå bedriftshelsetenesta.
Avdelinga har fokus på godt arbeidsmiljø som viser att på trivsel og lågt sjukefråvær.
5.6.6 Brannvern
Avvik budsjett/ rekneskap 2015 i 1000 kr
Opprinneleg
budsjett Revidert budsjett Rekneskap 2015
Avvik +/- revidert
budsjett Rekneskap 2014
Utgifter 13 034 13 224 13 603 -379 14 043
Inntekter -2 926 -2 976 -3 291 315 -3 995
Netto 10 108 10 248 10 312 -64 10 048
Økonomi
Investeringar
2 015 2 014
Brutto 1 313 1 254
Refusjon/ tilskot -576 -581
Eigenkapital/ Likv. reserve -271
Lån framandkapital -737 -402
Brukarperspektiv
Brukarane av brannvernet er alle innbyggjarar på Voss
Førebyggjande: Brannsyn § 13 A og B:
Det er utført tilsyn i 118 av 120 registrerte A og B-objekt i 2015. Samtlege A og B-objekt skal ha
kontroll ved tilsyn eller eigenmelding kvart år.
Brannsyn § 13 C:
Der er ikkje ført tilsyn i C-objekta i 2015. Desse skal ha tilsyn minst kvart 4.år, neste gong i 2017.
Tilsyn med fyringsanlegg i bustad:
Årsmelding Voss kommune 2015 side 88
Det er utført tilsyn i omlag 995 fyringsanlegg i 2015.
Feiing:
Det er utført feiing i 3035 skorsteinar i 2015. Dette er som planlagt. I tillegg er det utført 2
bekfjerningar.
Brannvernsopplæring/informasjon:
Om lag 1265 personar har motteke div. brannvernsopplæring og informasjon i regi av Voss
brannvern.
Beredskap:
Totalt i 2015 var det 117 utrykkingar, mot 103 i 2014.
Medarbeidarperspektiv
7 tilsette på heil tid fordelt på 3 feiarar, 2 førebyggjande personell, 1 beredskapsperson og ein
brannsjef.
39 deltidspersonell fordelt på 20 på Voss, 10 på Evanger og 8 på Vossestrand.
Alle vert kursa etter behov og i tråd med lovverket. Nettbasert brevkurs, førarkort for
utrykkingskøyring, deltidsreforma.
Alle på Voss har 13 øvingar i året. Evanger og Vossestrand har 6 øvingar i året. Jordingskurs
fullført.
Stillingsoversyn
2 015 (Pr 31.12) 2 014 (Pr 31.12)
Årsverk 7 7
Tal personar 7 7
Interne prosessar
Nytt naudnett vart teke i bruk 28.10.15.