repertoarslepp - hausten 2015

14
REPERTOAR HAUSTEN 2015

Upload: siren-h-saeter

Post on 21-Jul-2016

218 views

Category:

Documents


2 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

REPERTOA

RH

AU

STEN 2

015

REPERTOAR HAUSTEN 2015 SIDE 2

BREIDDE OG KVALITETEit så variert repertoar utviklar sterke og allsidige skodespelarar, og gir heile huset stadig nye og varierte utfordringar. I løpet av ei veke kan du velje mellom 10 ulike titlar på scenane våre, du kan leggje lunsjen din her, få med deg ein konsert i Bikuben på fredags- kvelden eller få ny kunnskap gjennom det varierte og innhaldsrike Innsiktsprogrammet vårt som tematiserer repertoaret vårt.

Hausten 2015 inneheld heile 19 ulike titlar, på 3 scenar, i ulike format. 2 norske urpremierar, 2 Noregspremierar, barneteater, musikalar, klassi-karar og europeisk samtidsdramatikk. Vi tar samfunnsoppdraget vårt på alvor og her skal alle kunne finne noko dei likar. Fellesnemnaren er kvaliteten.

Vel møtt til ein ny sesong!

Erik Ulfsby, teatersjef

Det Norske Teatret er eit unikt teater. Ingen andre stader finner du ein breidde i repertoaret som hos oss. Grunnane er fleire og dei er både historiske, politiske og kunstnarlege.

Som barn av språkstriden i Noreg er vi også det einaste teatret med eit formål utover å skape god kunst. Vi skal auke kjennskapen til og gleda over norsk språkmangfald. Nynorsken og ulike dialek-tar gjer at du møter heile Noreg på scenane våre. Kraftfulle omsetjingar av musikalar og internasjonal dramatikk er ofte blitt til sjølvstendige kunstverk.

Som det einaste nasjonale teatret med nynorsk som scenespråk kjenner vi eit ansvar for å tilby eit minst like rikt og samansett repertoar som det ein finn på bokmålsscenene. Derfor spelar vi nyskapande internasjonal dramatikk, dramatiserer ny norsk litteratur, løftar fram nye norske dramatikarar, spelar sterke klassikarar i moderne formspråk, er leiande som arena for forteljarteatret og, ikkje minst, eit musikkteater i verdsklasse. Denne breidda er unik både i norsk og internasjonal samanheng, og er noko vi er stolte av.

REPERTOAR HAUSTEN 2015 SIDE 3

av Samuel BeckettOmsetjing: Bjørn Endreson

PREMIERE 22. AUGUST PÅ SCENE 3

I 2013 debuterte Bjørn Sundquist som regissør med framsyninga Vente på Godot av Samuel Beckett. I haust gjentek han suksessen med nok eit Beckett-stykke: Krapps siste spole. Og no som då har han Jan Grønli med seg som skodespelar.

Det handlar om den aldrande mannen Krapp som sit på eit kontor. Framfor seg har han eit lydband og ein bandopptakar. Han sit og høyrer opptak av seg sjølv laga for lenge sidan. Etter kvart tek Krapp opp mikrofonen og begynner å ta opp ein respons til si eiga forteljing. Eit forsøk på å halde fast i seg sjølv, eller er det eit forsøk på å endre erindringa?

Det Norske Teatret har ein lang Beckett-tradisjon. Heilt sidan første Beckett-framsyning i 1970 har dramatikaren vore ein viktig del av teatret si historie.

REGISSØR Bjørn SundquistMED Jan Grønli

KRAPPS SISTE SPOLE

av Rikke WölckOmsetjing: Marit Tusvik

PREMIERE 28. AUGUST PÅ SCENE 2

Når Bente får konstatert Alzheimer berre 55 år gamal, er det venninnene hennar som tek vare på henne. Bente er ei sterk og sjølvstendig kvinne som lever åleine. Ho har eit havarert ekteskap bak seg. Men ho står midt i livet. Ho er den intellektuelle, slagferdige i venninnegjengen, journalisten med sterke meiningar. No mistar ho gradvis minnet, om kva som har vore, om kven ho er.

Gjennom både tårer og latter går venninnegjengen gjennom stadig nye fasar i Bentes sjukdom. Dei fire godt vaksne kvinnene prøver å halde fast på høgdepunkta i både Bente sitt og deira eige liv, men og å ha nye opplevingar saman.

Eg heiter Bente er ei frodig og livsbejaande forteljing om fire kvinners sterke og lange venskap. Og det er ei forteljing som er aktuell for veldig mange menneske. For Alzheimer rammar ikkje berre den som blir sjuk og familien. Den rammar i like stor grad nære vener.

REGISSØR Anne-Karen HyttenMED Hildegun Riise, Ingunn Beate Øyen, Elisabeth Sand, Ulrikke Døvigen

EG HEITER BENTE

REPERTOAR HAUSTEN 2015 SIDE 4

av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov

URPREMIERE 4. SEPTEMBER PÅ HOVUDSCENEN

Gjer klar for ein humoristisk, satirisk og litt tøysete musikal om norsk politikk og norsk samtid.

Alle hugsar bryllaupet til Haakon og Mette-Marit ein august-dag i 2001. Korleis er slike storhendingar med på å definere kven vi er og kven vi vil vere? Har kanskje denne augustdagen i 2001 dytta samfunnet og oss alle bittelitt framover og gjort oss til bittelitt betre menneske?

Dette kollektive bryllaupsminnet er sentralt i framsyninga Halve Kongeriket. Men musikalen fortel også historia om korleis det norske samfunnet kunne utvikla seg om noko heilt anna hadde skjedd den gongen i 2001.

Denne musikalen har trua på folket og framtida, leitar etter -og finn! - romantikken i politikken, og hyllar dei små framstega som sakte men sikkert gjer oss til både betre menneske og betre samfunn.

REGISSØR Marit Moum AuneMED Ola G. Furuseth, Charlotte Frogner, Bartek Kaminski, Pål Christian Eggen, Mareike Wang,Morten Svartveit, Ingrid Jørgensen Dragland, Niklas Gundersen, Judy Nyambura Karanja, Thomas Bipin Olsen, Julie Moe Sandø

HALVE KONGERIKETNORSK POLITIKK – THE MUSICAL

REPERTOAR HAUSTEN 2015 SIDE 5

av Oskar Braaten m. fl. Manus: Carl Morten Amundsen

PREMIERE 18. SEPTEMBER PÅ SCENE 3

Akerselva spelte ei viktig rolle i mykje av det Oskar Braaten (1881 – 1939) skreiv. Denne åtte kilometer korte elvestubben skapte storbyen og dreiv fram industrialisering og modernise-ring av Noreg. Det var ho som lokka tenestefolk frå bygdene, kvinner og menn, til byen, gav dei nye vilkår og ein ny start. Dei fekk tene eigne pengar. Ikkje mykje pengar, men det var deira eigne. Oskar Braatens litteratur er ærleg og hjartevarm. Han skjønar arbeidsfolka og ikkje minst kvinnene. Det var fattigdom, tuberkulose, barn utanfor ekteskap, men det var også samhald, styrke og solidritet.

Akerselva skapte mykje, og ho delte byen. I denne framsyninga nyttar skodespelarane og instruktør tekstane av Braaten til å reflektere over korleis det står til i dag 150 år seinare. For elva deler framleis byen. På andre måtar enn då sjølvsagt, men Akerselva er eit slags identitetskompass. Dei som ikkje bur i Oslo eller ikkje har budd her, skjønar kanskje ikkje stort av dette. Men vi som er her, vi skjønar det. Ikkje sant?

REGISSØR Carl Morten AmundsenMED Svein Roger Karlsen, Kaia Varjord, Kadir Talabani, Øyvin Berven, Unn Vibeke Hol

ELVA SOM DELER BYEN

av Ivan VyrypaevOmsetjing: Sigrid Strøm Reibo

NOREGSPREMIERE 8. OKTOBER PÅ SCENE 2

Fulle folk er ein tragikomedie skriven av den russiske samtids-dramatikaren og regissøren Ivan Vyrypaev. Handlinga i stykket går føre seg i periferien av ein stor, internasjonal filmfestival, som igjen går føre seg i ein «europeisk by». Alle karakterane i stykket (og dei er mange!) har det til felles at dei er veldig, veldig, veldig fulle. Og kva skjer med folk som er veldig, veldig, veldig fulle? Jo, dei tar lettare kontakt med folk dei ikkje kjenner, dei opnar seg lettare og dei blir meir kjenslevare både på godt og vondt. Fulle folk er eit kolsvart stykke med masse humor, samstundes som det òg er eit interessant studie av den menneskelege natur.

Ivan Vyrypaev er ein av dei mest kjende russiske dramatikarane innan russisk samtidslitteratur. Han er òg kunstnarleg leiar av det eksperimentelle teatret Teatr Praktika i Moskva. Som dramatikar skil han seg frå den russiske tradisjonen ved at handlinga i stykka hans ofte går føre seg i urbane strøk, har

ein dokumentarisk stil, og handlar om moderne menneske. Han blir mykje spela i utlandet, særleg i Tyskland.

REGISSØR Sigrid Strøm ReiboMED Kjersti Dalseide, Hallvard Holmen, Marie Blokhus, Agnes Kittelsen, Gard Skagestad, Bernhard Ramstad, Gjertrud Jynge, Per Schaanning, Marianne Krogh, Eivin Nilsen Salthe, Joachim Rafaelsen, Espen Reboli Bjerke, Bartek Kaminski, Sara Khorami, Julie Moe Sandø

FULLE FOLK

REPERTOAR HAUSTEN 2015 SIDE 6

av Øyvind RimbereidMusikk: Sjur Miljeteig

PREMIERE 4. OKTOBER PÅ HOVUDSCENEN

Solaris Korrigert er eit framtidsscenario for Noreg. Oljen har teke slutt, fleire katastrofar har ramma jorda og menneska forbereder no eit liv under havoverflata, i dei tomme oljebrønnane. Året er 2480, staden er Stavgersand, og menneska snakkar på eit samansett hybridspråk. Her møter vi egpersonen, som fortel om arbeidsoppgåver, tankar og draumar om ei betre framtid.

Diktverket Solaris Korrigert kom ut i 2004 og er rekna blant dei 25 viktigaste verka i norsk litteraturhistorie. Det 800 vers lange titteldiktet blir beskriven som ein apokalyptisk utopi, som like mykje peiker til vår tid, som til framtida.

Ekteparet Ane Dahl Torp og musikar Sjur Miljeteig er igjen saman på scenen etter samarbeidet med framsyninga Haugtussa.

REGISSØR Peer Perez ØianMED Ane Dahl Torp

SOLARIS KORRIGERT

REPERTOAR HAUSTEN 2015 SIDE 7

av Maria ParrDramatisert av Ivar Tindberg

NYPREMIERE 6. NOVEMBER PÅ HOVUDSCENEN

Tonje Glimmerdal - jenta med fart og sjølvtillit som livsmotto - er tilbake! Etter glimrande kritikkar hausten 2013, tek vi no opp igjen denne nye perla så fleire barn skal få glede av Maria Parrs varme og morosame univers.

Tøffe Tonje er ti år, og den beste vennen hennar er ein gamal mann. Dei bur i ei bittelita bygd, befolka av kvardagsmen-neske, som på ei og same tid er heilt vanlege og heilt unike. Det er nabokjerringa som veit alt som hender i bygda, det er den litt tørste gamlingen på trygdebustadene, den feminine frisøren og for ikkje å gløyme den sinte campingplasseigaren som ikkje likar barn, berre for å nemne nokre.

Men ein dag hender det noko med Gunnvald. Og plutseleg forstår Tonje at det er mykje ho ikkje veit om Gunnvald, eller om livet, for den del. Men Tonje er ei jente som veit å ta saka i sine eigne hender. Ho står på sitt. Ho er snart ti år gammal, og så klok og så smart at ein skulle tru ho var hundre.

REGISSØR Ivar TindbergMED Kjersti Dalseide, Bernhard Ramstad, Nina Woxholtt, Geir Kvarme, Paul Åge Johannessen, Hilde Olausson, Grethe Ryen, Niklas Gundersen, Gjertrud Jynge, Gard Skagestad, Ola G. Furuseth

TONJE GLIMMERDAL

REPERTOAR HAUSTEN 2015 SIDE 8

av Carl Frode Tiller

URPREMIERE 13. NOVEMBER PÅ SCENE 2

Det Norske Teatret har i lengre tid ønskt seg å spele eit nytt stykke av Carl Frode Tiller, og no skal det endeleg skje. Kven er redd handlar om Bjørn, ein middels god skodespelar midt i livet. No står han overfor den største oppgåva hittil i si karriere; han skal spele hovudrolla som George i Kven er redd for Virginia Wolf. Medan han førebur seg til den store rollas nokså triste og dramatiske liv, begynner hans eige liv å fortone seg stadig meir problematisk, og Bjørn viklar seg inn i ein vond spiral av frykt og mistru til både seg sjølv og familien.

Carl Frode Tiller og Lasse Kolsrud, som skal ha regi på framsyninga, er eit par som tidlegare har vist seg å fungere godt saman, og vi ser fram til ei spennande og morosam framsyning.

REGISSØR Lasse KolsrudMED Frode Winther, Ulrikke Døvigen, Kadir Talabani,Axel Gehrken Bøyum, Sara Khorami, Svein Roger Karlsen, Svein Tindberg, Trini Lund

KVEN ER REDD?

I ein versjon av Morten CrannerOmsetjing: Ola E. Bø

PREMIERE 5. NOVEMBER PÅ SCENE 3

I haust er det duka for eit viking-action-komedie-kvad-musikal på scene 3. Regissør, skodespelar og musikar Morten Cranner har teke føre seg Soga om Egil Skallagrimsson; eit rykte på 50 sider.

Framsyninga følgjer livet til Egil på 900-talet, frå fødsel til død, gjennom himmel og helvete, krig og kjærleik, og gjennom Egils eigne kvad.

I denne episke soga sparast det ikkje på dramatikken, og kontrasten mellom brutalitet og eit litterært språk gjer den til ei på same tid vakker og mektig forteljing. Egil Skallagrims-son var ein av dei siste berserkvikingane, og blant dei første vikingskaldane som dikta om sitt indre liv, samstundes som vikingtida gjekk mot slutten. Soga om Egil Skallagrimsson blir rekna som eit klart høgdepunkt innan saga-litteraturen.

REGISSØR Morten CrannerMED Hans Rønningen, Audun Sandem, Kaia Varjord,Jon Bleiklie, Devik, Oddgeir Thune, Hildegun Riise

SOGA OM EGIL SKALLAGRIMSSON

REPERTOAR HAUSTEN 2015 SIDE 9

Ukjent tittel

PREMIERE 10. DESEMBER PÅ SCENE 3

Dei nye studentane ved Det Multinorske vil i desember vere klare for å vise kva dei har jobba med det første halvåret. Dette er det andre kullet som skal følgje Det Norske Teatrets utdanning for skodespelarar med ikkje-vestleg bakgrunn.

MED Peiman Azizpour, Emil Rodrigo Jørgensen, Mimmi Tamba, Kidane Gjølme Dalva, Catharina Vu og Amina Sewali.

DET MULTINORSKE

REPERTOAR HAUSTEN 2015 SIDE 10

av Agnes RavatnDramatisert av: Ingrid Weme Nilsen

Når tek ein skandale slutt, spør hovudpersonen i Fugletribunalet, den skandaliserte Allis Hagtorn. Det Norske Teatrets dramatisering av Agnes Ravatns thriller-aktige suksessroman har kkje blitt ei skandale: Dagbladet konstaterte at «Fugletribunalet er blitt en forestilling det vil bli snakket lenge om» medan VG meldte at «Dette er helt et klar «må-se» for alle teaterinteresserte».

REGISSØR Marit Moum Aune

av Arne GarborgManus: Ane Dahl TorpMusikk: Sjur Miljeteig

Ane Dahl Torp og ektemannen Sjur Miljeteigs poetiske og rocka versjon av Arne Garborgs Haugtussa har vist seg å vere ein gylden formel. For andre året på rad skal deira musikalske forteljarteater kaste nytt lys over den mystiske og synske Veslemøy, det undermedvitne og villskapen i menneskesinnet.

REGISSØR Ane Dahl Torp og Erik Ulfsby

I REPERTOAR

FUGLETRIBUNALET

HAUGTUSSA

REPERTOAR HAUSTEN 2015 SIDE 11

av Charlotte Munksø, Line Mørkeby og Trine WisbechTilrettelagt av Catrine Telle og ensembletOmsetjing: Runa Kvalsund

Drøymer du om kjøkkenøyer, epletre i hagen, god høgde under taket, kvite veggar og glade barn? Blir vi verkeleg lykkelegare av ein vakker heim? Framsyninga Bu betre undersøkjer nett dette, og er jobba fram etter inspirasjon frå fleire tiår med boligmagasin, hovudsakeleg BO BEDRE. Presentert på ein scene kjem komikken fram, men også vemodet. Draumar som har gått i knas.

REGISSØRAR Catrine Telle

av Mark Haddon Dramatisert av Simon Stephens Omsetjing: Jon Fosse

Mark Haddons bestseljarroman har hatt enorm suksess på teaterscener i Storbritannia og i Danmark – og har vore utselt kvar einaste framsyning sidan premieren for eitt år sidan. Vi møter den litt annleise guten Christopher som finn naboens hund brutalt drepen. Han bestemmer seg for å finne ut kven som er mordaren. Men han finn ut mykje meir enn han hadde tenkt seg.

REGISSØR Trine Wiggen

I REPERTOAR

BU BETRE

DET MERKELEGE SOM HENDE MED HUNDEN DEN NATTA

REPERTOAR HAUSTEN 2015 SIDE 12

av William ShakespeareOmsetjing: Edvard Hoem

Når Hamlet ikkje får lov til å sørgje over sin døde far, rasar alt rundt han. I husregissør Peer Perez Øians Hamlet ber alle den same maska; andletet til Hamlet - eller skodespelar Marie Blokhus. Rollene blandar seg, som i eit mareritt. Kva er skodespel, og kva er sant? Kven er Hamlet? Er vi alle Hamlet? Eller er alt saman berre falskheit og rollespel, berre teater?

REGISSØR Peer Perez Øian

av Henrik IbsenGjendikting til nynorsk: Edvard Hoem

Dagbladet kalla det granskande idéteater om menneskelegheit og meining. VG meinte framsyninga gav innsikt i kor grensa mellom destruktiv fanatisme og reinskåren idealisme går. Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen har nok ein gong laga ei framsyning om gudstru. Brands Gud er hard og ubøyeleg, som ein storm. Han krev at ein ofrar alt, sjølv sitt eige barn. Kan ein forstå Brand som idealist i dagens sekulariserte Noreg?

REGISSØR Kjetil Bang-Hansen

I REPERTOAR

HAMLET

BRAND

REPERTOAR HAUSTEN 2015 SIDE 13

av og med Are Kalvø

Kva nyttar du timane i livet ditt til? Are Kalvø har alt spurt profilerte gjestar som Harald Eia, Siv Jensen, Wenche Myhre og Jonas Gahr Støre om nett dette: Kva du nytter tida til? Han har saumfare tala i Statistisk Sentralbyrås Tidbruks- undersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting dei fleste av oss bruker utruleg mykje tid på. Han nyttar skamlaust eksempel frå eige liv og oppvekst, frå venner, kvardagsmenneske, politikarar, idrettsstjerner og andre. Nyttar vi tida vår på dei rette eller dei gale tinga?

REGISSØR Erik Ulfsby

Musikk og songtekstar: Stephen SondheimManus: Hugh WheelerOmsetjing: Ragnar Hovland

Det er paibacktime på Hovudscenen. Med teatersjef Erik Ulfsbys regi og den mektige musikken til Stephen Sondheim, er det duka for ei velsmakande og morosam musikaloppleving på Hovudscenen. Sweeney Todd er ei herleg bloddryppande historie om den hemntørstige barberaren i Fleet Street, som ved hjelp av barberkniven skal rydde opp i gamal urett. I lag med kompanjongen Mrs. Lovett opnar han ei uhyggeleg blanding av barbersjappe og pai-restaurant. Todd blir etter kvart ein respektert barberar, og ingen spør kor kundane hans blir av…

REGISSØR Erik Ulfsby

I REPERTOAR

KALVØ

SWEENEY TODD

REPERTOAR HAUSTEN 2015 SIDE 14

av og med Gjertrud Jynge

Gjertrud Jynge har laga ei sterk og personleg framsyning om tippoldefar sin, Jakob Walnum, og arbeidet hans i den såkalla Omstreifarmisjonen som han starta i 1897. I si samtid var han ein høgt akta person, som for sitt velgjerande og kristne arbeid for taterane, dei heimlause, fekk St. Olavs orden. Ettertida har felt ein nokså hard dom over tvangstiltak og overgrep som gjekk føre seg i misjonen sine institusjonar. Undervegs i arbeidet med framsyninga har Jynge måtta bearbeide også eiga skamkjensle over det ho har grave fram av stoff om Jakob Walnum.

Gjennom ulike tekstar, songar og bilete rører Gjertrud Jynge ved denne historia på nytt. Hennar og vår nære historie, ei krevjande historie både for henne og for oss.

REGISSØR Gjertrud Jynge

I REPERTOAR

FRÅ LANDEVEGEN