gyldendals norskseminar - draum om hausten · gyldendals norskseminar - draum om hausten 17:00...

1
Gyldendals norskseminar - Draum om hausten 17:00 Velkomen! Matservering i samband med registrering 17:15-17:35 Songfuglen – frå bok til scene Jan Roar Leikvoll ga i 2013 ut sin siste roman, Songfuglen. Leikvoll sine tekstar er kjent for dyster tematikk formidla gjennom eit spesielt, vakkert og poetisk språk. Denne hausten er Songfuglen aktuell som teaterstykke på Det Norske Teatret. Hos oss får de møte dramatikar og forfattar Demian Vitanza og regissør Peer Perez Øian som gir ein presentasjon av korleis arbeidet med å omsetje ein roman til dramatisk tekst føregår. Presentasjonen innheld konkrete eksempel som kan gi inspirasjon til arbeidet med adaptasjon i klasserommet. 17:35-17:55 Undervisninga sin dramaturgi: Anslaget Det å planlegge ei undervisningsøkt kan på nokre område samanliknast med iscenesettingar på teatret. Læraren gir undervisninga ein dramaturgi. Dermed kan delar av undervisninga sjåast for seg, som element i eit forløp. I dette føredraget gir Panorama-forfattar Jannike Ohrem Bakke oss eit lite innblikk i anslaget som dramaturgisk metode i undervisningsøkter. Føredraget inneheld nokre praktiske eksempel. 17:55-18:10 Pause 18:10 – 18:30 Slagside Høyr forfattar Heidi Sævareid presentere Slagside. Slagside er ein roman for eldre ungdommar og unge vaksne. Handlinga finn stad i Bristol, og romanen handlar om ei ung jente sine forsøk på å flykte frå seg sjølv i ein fra- mand by, for så å verte innhenta av fortida og raseriet. Romanen er også ein skeiv kjærleiksroman. Heidi Sæva- reid (1984) tok i 2013 imot Kulturdepartementet sin debutantpris. I 2015 blei ho tildelt Riksmålsforbundet sin barne- og ungdomsbokpris. 18:30 – 19:00 Vi går bort på Det Norske Teatret 19:00 – 19:30 Introduksjon til teaterstykket Draum om hausten Enkel servering av mat og vin 20:00 Draum om hausten av Jon Fosse – teaterframsyning Open for påmelding!

Upload: lamque

Post on 08-Feb-2019

214 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Gyldendals norskseminar - Draum om hausten17:00 Velkomen!Matservering i samband med registrering

17:15-17:35 Songfuglen – frå bok til sceneJan Roar Leikvoll ga i 2013 ut sin siste roman, Songfuglen. Leikvoll sine tekstar er kjent for dyster tematikk formidla gjennom eit spesielt, vakkert og poetisk språk. Denne hausten er Songfuglen aktuell som teaterstykke på Det Norske Teatret. Hos oss får de møte dramatikar og forfattar Demian Vitanza og regissør Peer Perez Øian som gir ein presentasjon av korleis arbeidet med å omsetje ein roman til dramatisk tekst føregår. Presentasjonen innheld konkrete eksempel som kan gi inspirasjon til arbeidet med adaptasjon i klasserommet.

17:35-17:55 Undervisninga sin dramaturgi: AnslagetDet å planlegge ei undervisningsøkt kan på nokre område samanliknast med iscenesettingar på teatret. Læraren gir undervisninga ein dramaturgi. Dermed kan delar av undervisninga sjåast for seg, som element i eit forløp. I dette føredraget gir Panorama-forfattar Jannike Ohrem Bakke oss eit lite innblikk i anslaget som dramaturgisk metode i undervisningsøkter. Føredraget inneheld nokre praktiske eksempel.

17:55-18:10 Pause

18:10 – 18:30 SlagsideHøyr forfattar Heidi Sævareid presentere Slagside. Slagside er ein roman for eldre ungdommar og unge vaksne. Handlinga finn stad i Bristol, og romanen handlar om ei ung jente sine forsøk på å flykte frå seg sjølv i ein fra-mand by, for så å verte innhenta av fortida og raseriet. Romanen er også ein skeiv kjærleiksroman. Heidi Sæva-reid (1984) tok i 2013 imot Kulturdepartementet sin debutantpris. I 2015 blei ho tildelt Riksmålsforbundet sin barne- og ungdomsbokpris.

18:30 – 19:00 Vi går bort på Det Norske Teatret

19:00 – 19:30 Introduksjon til teaterstykket Draum om haustenEnkel servering av mat og vin

20:00 Draum om hausten av Jon Fosse – teaterframsyning

Open for

påmelding!