p u l s e n ® krle – kva er nytt?...krle – kva er nytt? ved skulestart 2015 vart religionsfaget...

1
For e l d r e p u l s en® Grunnskule 11111011100 © januar 2016 Foreldrepulsen er ei lisensiert abonnementsteneste. ©2016 infoREGI. infoREGI arbeider etter Tekstreklameplakaten sine reglar for god presseskikk. infoREGI har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsidar som det lenkast til. KRLE – kva er nytt? Ved skulestart 2015 vart religionsfaget i grunnskulen endra. Her kan du lese litt om kva det nye KRLE-faget inneheld, og kva som er endra frå det tidlegare RLE-faget. KRLE-faget engasjerer mange. Større vekt på kristendom Det er ikkje store endringar i sjølve innhaldet i faget, dei største endringane knyter seg til fordelinga mellom dei ulike temaa og kva for eit føremål faget skal ha. Den mest openbare skilnaden ligg i namnet. Tidlegare het dette faget «Religion, livssyn og etikk», medan det nå er endra til «Kristendom, religion, livssyn og etikk». Tilsvarande er forkortinga «RLE» endra til «KRLE». I skildringa av føremålet til faget er det òg tidfesta kor stor plass undervisninga om kristendom skal ha i faget. Føremålet til faget Kristendom, religion, livssyn og etikk som allmenndannande fag skal bidra til felles kunnskap og referansar, bidra til ny innsikt og gje rom for dialog tilpassa dei ulike alderssteg. Faget skal gje kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn og til etiske og filosofiske emne. Det skal gje kjennskap til kva kristendommen har betydd som kulturarv for samfunnet vårt. Om lag halvparten av undervisningstida i faget skal av den grunn brukast på kristendomskunnskap. Innhaldet i læreplanen Læreplanen er delt opp i tre hovudområde. Det største hovudområdet er kristendom. Det andre hovudområdet dreier seg om andre religionar og livssyn: jødedom, islam, hinduisme, buddhisme og livssyn. Det tredje hovudområdet tar for seg filosofi og etikk. Undervisninga i faget skal ikkje omfatte religionsutøving eller forkynning. Den skal vere sakleg og upartisk, og dei ulike verdsreligionar og livssyn skal presenterast med respekt. Det er likevel høve til å søke fritak frå faget, etter opplæringslova § 2-3 a. Hovudområde i faget: ü Kristendom ü Jødedom, islam, hinduisme, buddhisme og livssyn ü Etikk og filosofi Vil du vite meir? Revidert læreplan i KRLE – Hva er nytt? Læreplan i KRLE Lovforslag om KRLE Relaterte artiklar i Foreldrepulsen: Verdigrunnlaget til skulen > Demokrati i skulen >> Religion eller tradisjon? >> Kjelder: Utdannings- direktoratet

Upload: others

Post on 07-Jul-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: p u l s e n ® KRLE – kva er nytt?...KRLE – kva er nytt? Ved skulestart 2015 vart religionsfaget i grunnskulen endra. Her kan du lese litt om kva det nye KRLE-faget inneheld, og

Foreldrepulsen®Grunnskule11111011100© januar 2016

Foreldrepulsenereilisensiertabonnementsteneste.©2016infoREGI.infoREGIarbeideretterTekstreklameplakatensinereglarforgodpresseskikk.infoREGIharikkjeansvarforinnhaldpåeksternenettsidarsomdetlenkasttil.

KRLE–kvaernytt?

Ved skulestart 2015 vart religionsfaget i grunnskulen endra. Her kan du lese litt om kva det nye KRLE-faget inneheld, og kva som er endra frå det tidlegare RLE-faget.

KRLE-faget engasjerer mange. Større vekt på kristendom Det er ikkje store endringar i sjølve innhaldet i faget, dei største endringane knyter seg til fordelinga mellom dei ulike temaa og kva for eit føremål faget skal ha. Den mest openbare skilnaden ligg i namnet. Tidlegare het dette faget «Religion, livssyn og etikk», medan det nå er endra til «Kristendom, religion, livssyn og etikk». Tilsvarande er forkortinga «RLE» endra til «KRLE». I skildringa av føremålet til faget er det òg tidfesta kor stor plass undervisninga om kristendom skal ha i faget.

Føremålet til faget Kristendom, religion, livssyn og etikk som allmenndannande fag skal bidra til felles kunnskap og referansar, bidra til ny innsikt og gje rom for dialog tilpassa dei ulike alderssteg. Faget skal gje kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn og til etiske og filosofiske emne. Det skal gje kjennskap til kva kristendommen har betydd som kulturarv for samfunnet vårt. Om lag halvparten av undervisningstida i faget skal av den grunn brukast på kristendomskunnskap.

Innhaldet i læreplanen Læreplanen er delt opp i tre hovudområde. Det største hovudområdet er kristendom. Det andre hovudområdet dreier seg om andre religionar og livssyn: jødedom, islam, hinduisme, buddhisme og livssyn. Det tredje hovudområdet tar for seg filosofi og etikk. Undervisninga i faget skal ikkje omfatte religionsutøving eller forkynning. Den skal vere sakleg og upartisk, og dei ulike verdsreligionar og livssyn skal presenterast med respekt. Det er likevel høve til å søke fritak frå faget, etter opplæringslova § 2-3 a.

Hovudområde i faget: ü Kristendom ü Jødedom, islam,

hinduisme, buddhisme og livssyn

ü Etikk og filosofi

Vil du vite meir?

Revidert læreplan i KRLE – Hva er nytt?

Læreplan i KRLE

Lovforslag om KRLE

Relaterte artiklar i Foreldrepulsen: Verdigrunnlaget til skulen > Demokrati i skulen >> Religion eller tradisjon? >>

Kjelder:

Utdannings-direktoratet