nr.47 23. november 1989 dag og tid bØker raija — feminismens morgan kane · 2018. 8. 15. · ter...

1
Raija feminismens Morgan Kane Eg er sjølv den første til å vedgå at det er triviallitte ratur eg skriv. Men lenge denne litteraturen er såpass viktig for mange, vil eg bidra min måte: frå ein norsk ståstad som ei motvekt mot all den engelske og amerikanske underhaldningslitteral uren som kioskhyllene er fylte opp med. Høker TORSTEIN THOMASSEN Sjølv har eg eit heller avslap pa syn dette, og vil saman likne triviallitteraturen med godteri. Det kan vera bra med litt av det innimellom, men ein får ikkje nok næring til å «leve» det i lengda. Samstundes sy nest eg eigentleg det vera betre å lesa ein del triviallittera tur enn å ikkje lese i det heile; berre glo passivt fjernsyn. 28- årige Bente Pedersen frå Skibotn i troms er ein av Nord- Noregs mestseljande forfatta rar. Hennar Raija-serie, som først vekte størst interesse i nord, er i ferd med å gjera henne kjend over heile landet. I desse dagar kjem den 15. boka i seri en, med eit førsteopplag 15 000. Men salet kjem truleg opp i 25 - 30 000 berre i Noreg. Sam stundes er Bente og «Raija» i ferd med å bli oppdaga i nabo landa Sverige, Danmark og Island. Ikkje anna å vente enn at forlaget hennar Blad kompaniet skryt av at dei har sikra seg ein fullgod arvtakar et ter Margit Sandemo og «Isfol ket». Medan somme andre meiner at Raija-skapnaden er det kvinnelege svaret Kjell Hallbings anti-helt Morgan Ka ne. I nord er Raija-suksessen no berre slegen av Arthur Arntzens ustoppelege Oluf-suksess og Herbjørg Wassmos Thora-trilo gi. Og same måte som Wassmo toppar skattelista i Harstad, gjer Bente det same i sin heimkommune Storfjord. Kven seier at kultur ikkje betaler seg? Dei gode inntektene frå bøkene har gjort det mogeleg for meg å ta permisjon frå rarjobben slik at eg kan skrive meir dagtid. Tidlegare skreiv eg helst om natta og i helgane et ter skippertakprinsippet, men no prøver eg å ha ei slags «kon tortid» og skrive fast 2-3 timar føremiddagen, samt ei økt kvelden. Samstundes høver det godt å kunne vere heime og ha litt ekstra tid til dotter vår tre år, seier ho. Komantikk-noveller Bente Pedersen byrja å skrive i ung alder. Allereie som 15-16 -åring sende ho inn sukkersøte kjærleiksnoveller til bladet Ro mantikk, der dei Heste kom trykk. Det var fantasihistorier ikkje sjølvopplevde ting som var lette å skrive etter kvart som eg fann fram til den rette opp skrifta. Samstundes gav det eit fint tilskot til lommepengane, smiler ho. Korleis fekk du ideen til Kaija-serien? Han dukka opp eg ar beidde med særoppgåva Lærarskolen i Tromsø i 1982-83. skreiv eg om inn vandringa frå Tornedalen i Nord-Finland til Nord-Troms 1700- og 18800-talet, der heimbygda mi, Skibotn, var ein sentral møtestad for dei som kom over grensa. Mange slo seg også til her, og bygda utvikla seg til eit stort marknadssenter der nordmenn, samar, finnar og svenskar frå heile Nordkalotten sette kvarandre i stemne kvar haust. I samband med denne oppgåva, samla eg inn masse lo kalhistorisk stoff som ikkje fekk plass i ei avgrensa opp gåve. Tanken å skrive ei bok eller to om dette emnet slo meg straks. Men da eg kontakta Bladkompaniet, som kjende meg frå Romantikk-novellene, og foreslo å skrive ein heil serie om dette, var dei heller skeptis ke i utgangspunktet. Manuset til første boka fekk ho i retur. Eg måtte skrive det om flei re gonger før forlaget vart nøgd med boka. Salet gjekk bruk bart, og eg leverte snart inn to-tre nye manus. Følte etter kvart at eg fekk betre og betre tak på både Raija og skrivinga, og fekk positiv respons som tyd de at eg hadde skapt ein interessant seriefigur som heldt mål. Og suksessen har vokse. 15 ker med eit samla opplag fleire hundre tusen er komne seks år. Manus til den 20. boka er levert inn, medan Bente rek nar med å avslutte serien om lag 30 bøker. Kva er det med Raija som fengjer lesarane, trur du? Det veit eg eigentleg ikkje. Ho er jo i utgangspunktet ein rein fantasiskapnad, og fram står som ei slags anti-heltinnc. Ei sterk jente som veks opp i eit hardt, rått mannssamfunn, opplever kjærleik og tragediar, og blir prega av det godt og vondt. Slik blanding fengjer vel mange. Serieforma gjer også at lesarane i alle høve dei faste blir stadig betre kjende med ho. Samstundes skildrar eg eit nordkalott-miljø og hendingar som langt veg er ukjende og verkar eksotisk mange, ikkje minst dei stadig fleire lesarane sør i landet. Hendingane i Raija- serien startar i Tornedalen i 1718, Raija er 10 år. Ho er av finsk opphav, har mista foreldra og veks opp hjå tosterforeldre. Det er harde nødsår i Tornedalen, med uår og sviktande avlingar, hardt skattepress og flytande grenser som skaper grobotn for både etniske og storpolitiske konfliktar. Nordkalotten er mest som ein koloni under sterkt press frå både Danmark/Noreg og Sverige, medan tsar-Russ land pressar frå aust. Folk Nordkalotten blir kasteballar mellom stormaktene i den store nordiske krigen som rasar i åre vis. Mange ser det som einaste utveg å emigrere til Nord-Noreg frå nauda og svolten til fiske rikdommen kysten av Finnmark og Troms. Under desse tilhøve veks Raija opp, og ho hamnar etter kvart i Skibot n-traktene, som mange andre finske innvandrarar gjorde. Bente vil la lesarane følgje hen ne fram til 1751, dei noveran de grensene i området blir Sjablonar Kor viktige er dei historiske fakta i serien? Sjølv om menneska er dei viktigaste, prøver eg å flette inn historiske hendingar i stadig større grad. Medan historia i dei første bøkene berre vart nytta som vage kulissar, har eg etter kvart våga å byggje inn det hi storiske stoffet meir medvite, og satsar eg at opplysningane skal vera korrekte. Med eit tempo 2-3 bøker i året det bli mykje sjablo nar? Det seier seg sjølv at det lett blir klisjear og eindimensjonale menneskeskildringar. Eg prøver i alle høve å gje hovudfigurane fleire dimensjonar, og fornye meg litt frå bok til bok. Kva les du helst sjølv? Mindre og mindre trivial litteratur. Får liksom nok av det når eg skriv mykje sjølv. Eg elskar historiske romanar og sy nest både Vera Henriksen og Sigrid Undset sine bøker er fa scinerande. Eg har og stor sans for Idar Kristiansen. Bøkene hans har vore ein stor inspira sjon for meg, sjølv om eg skriv ein heilt annan måte enn han. Forfattarforeininga Kva for planar har du etter at Raija er avslutta? Eg har visse planar som eg ikkje vil røpe no. Kan hende vil eg forsøke meg med ei meir seri øs form når eg kan ta meg betre tid og blir meir moden sjølv. Men nett no har eg ikkje store kunstnariske ambisjonar og sy nest det er greitt å skrive dette. Trass i at du er blant dei som sel flest bøker og landsbasis er du enno ikkje medlem i Nordnorsk Forfatter lag eller Forfatterforeningen. kvifor ikkje? Eg har vel ikkje tenkt noko særleg over det før eg nyleg blei spurt om dette av ein annan journalist. Men eg er ikkje blitt oppmoda om å melde meg inn, og eg har ikkje søkt om med lemskap. Samstundes veit eg at både Kjell Hallbing og Margit Sandemo har hatt problem med å bli godtekne som fullverdige medlemmer i Forfatterforenin gen, og reknar med at mange og vil mot at eg skal bli medlem. Men eg har jo også fått opp muntring og støtte frå etablerte, seriøse forfattarar som seier at dei ser meg som ein likeverdig kollega. Uansett er det ikkje no ko problem eller sakn for meg. Kva tilhøve har du til språ ket? Eg prøver å jobbe medvite med det, men opplever ofte at forlagskonsulentane luker ut el ler endrar ord; «friserer» det meir i konservativ lei. Når eg protesterer får eg gjerne til svar at det er best slik av omsyn til le sarane. same måte er det med spesielle nordnorske uttrykk el ler namn for ikkje å snakke om samiske og finske stadnamn som vi har mykje av her i nord. Som regel vil dei «omsetje» slikt til bokmål, men ein del får eg no i nærmiljøet Hausttåka og dei første kvite teikna at vinteren nærmar seg ligg langt nedover dei fjella som omkransar Skibotn-bygda nesten heilt inst i Lyngenfjor den. Mektig storslegen natur som tek pusten frå ein nett slik det ha vore Rai jas tid. Men no, som då, er det vanske leg å leva av berre natur. Bente og mannen hennar har nett bygd nytt hus i heimbygda; dei vil bu her sjølv om mange yngre flyttar frå. Det står om arbeid, og Ben te er av dei heldige som har skapt seg eit levebrød føre bels. Uansett har ho lærarjob ben å attende til dersom inntektene frå skrivinga skulle tørke inn. Får du mange reaksjonar bøkene dine frå bygdefolk? Ja, ein del får eg jo høyre. Det verkar i alle høve som om mange les bøkene, og stort sett har dei vore «snille» mot meg. Dei mest negative reaksjonane går ut at bøkene inneheld banning og erotiske skildringar, noko dei eldre ikkje lett kan godta. Men vi bur jo i eit temme leg puritansk samfunn der læstadianismen har sterke tradi sjonar. Samstundes er det jo mykje frodig livsglede og trassig pågangsmot, som ikkje minst kjem til uttrykk i saftige replik kar og banning. Når det gjeld mange av dei yngre lesarane, har eg derimot inntrykk av at dei er litt stolte over at det blir skrive om tilhøve som handlar om deira bak grunn. Eg håper det kan vera med å styrkje deira identitet og sjølvkjensle. Framleis er mange usikre bakgrunnen sin dei vil skjule eller fortrengje røtene sine til den samiske eller finske. Mest fordi dei kjenner lite til dette. I historiebøkene i skulen har dei ikkje funne histo ria om forfedrane sine før lokal historia i dei siste åra har fått ein større plass i underv isninga. Apropos lokalhistorie: Visste du at somme skuleklassar i Nord-Troms nyttar utdrag av bøkene dine til å gjera lokalhi storia om den finske innvand ringa meir levande? Nei, det var faktisk ukjend for meg, men det er kjempeartig om lærarar finn det verdt å nytte bøkene mine i undervisninga den måten! føler eg det som om eg har lukkast lite grann iallfall. SUKSESSFORFATTAR: Det er klårt at eg er einig i at det er trivi allitteratur eg skriv. (Foto: Torstein Thomassen) DAG OG TID 13 Nr.47 23. november 1989 BØKER HARALD RJORKE: Bertha v. Suttner IKAMPMOT VAPNENE Bertha von Suttner Det er 100 år siden Bertha von Suttners beromte antikrigs roman -Ned med utkom. I Harald Biørkes nye bok om Bertha von Suttner for teller han om henne> liv og arbeid fra 1843 til 1914: han skildrer Bertha.- barndom. modning, familie, politikk og fredsarbeid; romanen Nea med vapnene og andre av Bert has boker: fredskongres sene og Nobels fredspris 1905 Skrevet tor ungdom. Giret rikt tidsbilde fra fredsarbeidets kår i en tid hvor krigsånd og mili tære tradisjoner stod sterkt Rikt illustrert, m studieplan. Kr. 98,-. Selges i bokhandelen. inan åt nou FtnwrouTMu huftei Til Folkereisning mot krig Roscnkrantzgt. lH.OlBOOslo 1 stiller ek- fij porto/oppkn L'21,70 Adr: ted:

Upload: others

Post on 25-Jan-2021

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

  • Raija — feminismens Morgan Kane—Eger sjølv den første til å vedgå at det er triviallitteratur eg skriv. Men så lenge denne litteraturen ersåpass viktig for mange, vil eg bidra på min måte: fråein norsk ståstad som ei motvekt mot all den engelskeog amerikanske underhaldningslitteral uren somkioskhyllene er fylte opp med.

    — HøkerTORSTEIN THOMASSEN

    — Sjølv har eg eit heller avslappa syn på dette, og vil samanlikne triviallitteraturen medgodteri. Det kan vera bra medlitt av det innimellom, men einfår ikkje nok næring til å «leve»på det i lengda. Samstundes synest eg eigentleg det må verabetre å lesa ein del triviallitteratur enn å ikkje lese i det heile;berre glo passivt på fjernsyn.

    28- årige Bente Pedersen fråSkibotn i troms er ein av Nord-Noregs mestseljande forfattarar. Hennar Raija-serie, somførst vekte størst interesse inord, er i ferd med å gjera hennekjend over heile landet. I dessedagar kjem den 15. boka i serien, med eit førsteopplag på 15000. Men salet kjem truleg opp i25 - 30 000 berre i Noreg. Samstundes er Bente og «Raija» iferd med å bli oppdaga i nabolanda Sverige, Danmark — ogIsland. Ikkje anna å vente ennat forlaget hennar — Bladkompaniet — skryt av at dei harsikra seg ein fullgod arvtakar etter Margit Sandemo og «Isfolket». Medan somme andremeiner at Raija-skapnaden erdet kvinnelege svaret på KjellHallbings anti-helt Morgan Kane.

    I nord er Raija-suksessen noberre slegen av Arthur Arntzensustoppelege Oluf-suksess ogHerbjørg Wassmos Thora-trilogi. Og på same måte somWassmo toppar skattelista iHarstad, gjer Bente det same isin heimkommune Storfjord.Kven seier at kultur ikkje betalerseg?

    — Dei gode inntektene fråbøkene har gjort det mogelegfor meg å ta permisjon frå lærarjobben slik at eg kan skrivemeir på dagtid. Tidlegare skreiveg helst om natta og i helgane etter skippertakprinsippet, menno prøver eg å ha ei slags «kontortid» og skrive fast 2-3 timarpå føremiddagen, samt ei økt påkvelden. Samstundes høver detgodt å kunne vere heime og halitt ekstra tid til dotter vår på treår, seier ho.

    Komantikk-novellerBente Pedersen byrja å skrive iung alder. Allereie som 15-16-åring sende ho inn sukkersøtekjærleiksnoveller til bladet Romantikk, der dei Heste kom påtrykk.

    — Det var fantasihistorier —ikkje sjølvopplevde ting — somvar lette å skrive etter kvart someg fann fram til den rette oppskrifta. Samstundes gav det eitfint tilskot til lommepengane,smiler ho.

    — Korleis fekk du ideen tilKaija-serien?

    — Han dukka opp då eg arbeidde med særoppgåva påLærarskolen i Tromsø i1982-83. Då skreiv eg om innvandringa frå Tornedalen iNord-Finland til Nord-Troms

    på 1700- og 18800-talet, derheimbygda mi, Skibotn, var einsentral møtestad for dei somkom over grensa. Mange slo segogså til her, og bygda utvikla segtil eit stort marknadssenter dernordmenn, samar, finnar ogsvenskar frå heile Nordkalottensette kvarandre i stemne kvarhaust. I samband med denneoppgåva, samla eg inn masse lokalhistorisk stoff som ikkjefekk plass i ei så avgrensa oppgåve. Tanken på å skrive ei bokeller to om dette emnet slo megstraks. Men da eg kontaktaBladkompaniet, som kjendemeg frå Romantikk-novellene,og foreslo å skrive ein heil serieom dette, var dei heller skeptiske i utgangspunktet.

    Manuset til første boka fekkho i retur.

    — Eg måtte skrive det om fleire gonger før forlaget vart nøgdmed boka. Salet gjekk brukbart, og eg leverte snart innto-tre nye manus. Følte etterkvart at eg fekk betre og betretak på både Raija og skrivinga,og fekk positiv respons som tydde på at eg hadde skapt eininteressant seriefigur som heldtmål.

    Og suksessen har vokse. 15 bøker med eit samla opplag påfleire hundre tusen er komne påseks år. Manus til den 20. bokaer levert inn, medan Bente reknar med å avslutte serien på omlag 30 bøker.

    — Kva er det med Raija somfengjer lesarane, trur du?

    — Det veit eg eigentleg ikkje.Ho er jo i utgangspunktet einrein fantasiskapnad, og framstår som ei slags anti-heltinnc.Ei sterk jente som veks opp i eithardt, rått mannssamfunn,opplever kjærleik og tragediar,og blir prega av det på godt ogvondt. Slik blanding fengjer velmange. Serieforma gjer også atlesarane — i alle høve dei faste— blir stadig betre kjende medho. Samstundes skildrar eg eitnordkalott-miljø og hendingarsom langt på veg er ukjende ogverkar eksotisk på mange, ikkjeminst dei stadig fleire lesaranesør i landet.

    Hendingane i Raija- serienstartar i Tornedalen i 1718, dåRaija er 10 år. Ho er av finskopphav, har mista foreldra ogveks opp hjå tosterforeldre. Deter harde nødsår i Tornedalen,med uår og sviktande avlingar,hardt skattepress og flytandegrenser som skaper grobotn forbåde etniske og storpolitiskekonfliktar. Nordkalotten ermest som ein koloni under sterktpress frå både Danmark/Noregog Sverige, medan tsar-Russland pressar på frå aust. Folk påNordkalotten blir kasteballarmellom stormaktene i den storenordiske krigen som rasar i årevis. Mange ser det som einasteutveg å emigrere til Nord-Noreg

    — frå nauda og svolten til fiskerikdommen på kysten avFinnmark og Troms. Underdesse tilhøve veks Raija opp, ogho hamnar etter kvart i Skibotn-traktene, som så mange andrefinske innvandrarar gjorde.Bente vil la lesarane følgje henne fram til 1751, då dei noverande grensene i området blir

    Sjablonar— Kor viktige er dei historiskefakta i serien?

    — Sjølv om menneska er deiviktigaste, prøver eg å flette innhistoriske hendingar i stadigstørre grad. Medan historia i deiførste bøkene berre vart nyttasom vage kulissar, har eg etterkvart våga å byggje inn det historiske stoffet meir medvite, og

    då satsar eg på at opplysninganeskal vera korrekte.

    — Med eit tempo på 2-3 bøkeri året må det bli mykje sjablonar?

    — Det seier seg sjølv at det lettblir klisjear og eindimensjonalemenneskeskildringar. Eg prøveri alle høve å gje hovudfiguranefleire dimensjonar, og fornyemeg litt frå bok til bok.

    — Kva les du helst sjølv?— Mindre og mindre trivial

    litteratur. Får liksom nok av detnår eg skriv så mykje sjølv. Egelskar historiske romanar og synest både Vera Henriksen ogSigrid Undset sine bøker er fascinerande. Eg har og stor sansfor Idar Kristiansen. Bøkenehans har vore ein stor inspirasjon for meg, sjølv om eg skrivpå ein heilt annan måte enn han.

    Forfattarforeininga— Kva for planar har du etter atRaija er avslutta?

    — Eg har visse planar som egikkje vil røpe no. Kan hende vileg forsøke meg med ei meir seriøs form når eg kan ta meg betretid og blir meir moden sjølv.Men nett no har eg ikkje så storekunstnariske ambisjonar og synest det er greitt å skrive dette.

    — Trass i at du er blant deisom sel flest bøker — og pålandsbasis — er du enno ikkjemedlem i Nordnorsk Forfatterlag eller Forfatterforeningen.kvifor ikkje?

    — Eg har vel ikkje tenkt nokosærleg over det før eg nyleg bleispurt om dette av ein annanjournalist. Men eg er ikkje blittoppmoda om å melde meg inn,og eg har ikkje søkt om medlemskap. Samstundes veit eg atbåde Kjell Hallbing og MargitSandemo har hatt problem medå bli godtekne som fullverdigemedlemmer i Forfatterforeningen, og reknar med at mange ogvil gå mot at eg skal bli medlem.Men eg har jo også fått oppmuntring og støtte frå etablerte,seriøse forfattarar som seier atdei ser på meg som ein likeverdigkollega. Uansett er det ikkje noko problem — eller sakn — formeg.

    — Kva tilhøve har du til språket?

    — Eg prøver å jobbe medvitemed det, men opplever ofte atforlagskonsulentane luker ut eller endrar på ord; «friserer» detmeir i konservativ lei. Når egprotesterer får eg gjerne til svarat det er best slik av omsyn til lesarane. På same måte er det medspesielle nordnorske uttrykk eller namn — for ikkje å snakkeom samiske og finske stadnamnsom vi har mykje av her i nord.Som regel vil dei «omsetje» slikttil bokmål, men ein del får eg no

    i nærmiljøetHausttåka og dei første kviteteikna på at vinteren nærmarseg ligg langt nedover dei fjellasom omkransar Skibotn-bygdanesten heilt inst i Lyngenfjorden. Mektig storslegen natursom tek pusten frå ein — nettslik det må ha vore på Rai jas tid.Men no, som då, er det vanskeleg å leva av berre natur. Benteog mannen hennar har nett bygdnytt hus i heimbygda; dei vil buher sjølv om mange yngre flyttarfrå. Det står om arbeid, og Bente er av dei heldige som harskapt seg eit levebrød — førebels. Uansett har ho lærarjobben å gå attende til dersominntektene frå skrivinga skulletørke inn.

    — Får du mange reaksjonarpå bøkene dine frå bygdefolk?

    — Ja, ein del får eg jo høyre.Det verkar i alle høve som ommange les bøkene, og stort setthar dei vore «snille» mot meg.Dei mest negative reaksjonanegår ut på at bøkene inneheldbanning og erotiske skildringar,noko dei eldre ikkje så lett kangodta. Men vi bur jo i eit temmeleg puritansk samfunn derlæstadianismen har sterke tradisjonar. Samstundes er det jo så

    mykje frodig livsglede og trassigpågangsmot, som ikkje minstkjem til uttrykk i saftige replikkar og banning.

    — Når det gjeld mange av deiyngre lesarane, har eg derimotinntrykk av at dei er litt stolteover at det blir skrive om tilhøvesom handlar om deira bakgrunn. Eg håper det kan veramed på å styrkje deira identitetog sjølvkjensle. Framleis ermange usikre på bakgrunnen sin— dei vil skjule eller fortrengjerøtene sine til den samiske ellerfinske. Mest fordi dei kjenner sålite til dette. I historiebøkene iskulen har dei ikkje funne historia om forfedrane sine før lokalhistoria i dei siste åra har fått einstørre plass i underv isninga.

    — Apropos lokalhistorie:Visste du at somme skuleklassari Nord-Troms nyttar utdrag avbøkene dine til å gjera lokalhistoria om den finske innvandringa meir levande?

    — Nei, det var faktisk ukjendfor meg, men det er kjempeartigom lærarar finn det verdt å nyttebøkene mine i undervisninga påden måten! Då føler eg det somom eg har lukkast — lite granniallfall.

    SUKSESSFORFATTAR: — Det er klårt at eg er einig i at det er triviallitteratur eg skriv. (Foto: Torstein Thomassen)

    DAG OG TID 13Nr.47 23. november 1989BØKER

    HARALD RJORKE:

    Bertha v. Suttner

    IKAMPMOT

    VAPNENE

    Bertha von Suttner

    Det er 100 år siden Bertha vonSuttners beromte antikrigsroman -Ned medutkom. I Harald Biørkes nyebok om Bertha von Suttner forteller han om henne> liv ogarbeid fra 1843 til 1914: hanskildrer Bertha.- barndom.modning, familie, politikk ogfredsarbeid; romanen Neamed vapnene og andre avBert has boker: fredskongressene og Nobels fredspris 1905Skrevet tor ungdom. Giret rikttidsbilde fra fredsarbeidets kåri en tid hvor krigsånd og militære tradisjoner stod sterktRikt illustrert, m studieplan.Kr. 98,-. Selges i bokhandelen.inan åt nou FtnwrouTMu huftei

    Til Folkereisning mot krigRoscnkrantzgt. lH.OlBOOslo 1

    stiller ek- fij porto/oppkn L'21,70

    Adr:ted: