definisjonar • smitteoverføring • smittevegar • ulike

24
© 2007-2014 Bjørn Gjerde 1 Generell parasittologi av Bjørn Gjerde • Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar Ulike grupper av parasittar

Upload: others

Post on 19-May-2022

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 1

Generell parasittologiav

Bjørn Gjerde

• Definisjonar• Smitteoverføring• Smittevegar• Ulike grupper av parasittar

Page 2: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 2

Parasitt/vert

Ein parasitt (snyltar) er ein organisme som er avhengig av å leva hos, og ta opp næring frå, ein annan organisme (verten) for sjølv å kunna overleva som art (få kost og losji hos verten).Dette samlivet mellom parasitt og vert kan føra til skade på, eller ulempe for, verten, og dette kan føra til klinisk sjukdom og/eller nedsett produksjon og prestasjonsevne hos verten.

Page 3: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 3

Obligate parasittarOrganismar som er heilt avhengige av eit parasittisk levevis, dvs. av meir eller mindre langvarig kontakt med ein annan levande organisme (verten) for å overleva som art (gjeld dei aller fleste aktuelle artene).

Skogflått, Ixodes ricinus Spolorm hos gris, Ascaris suum

Page 4: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 4

Fakultative (valfrie) parasittarOrganismar som ikkje er avhengige av eit parasittisk levevis for å overleva som art, men dei kan opptre som parasittar under visse vilkår (opportunistar, t.d. visse fluger og spyflugelarver). Lever av daudt materiale når dei ikkje opptrer som parasittar.

Spyflugelarver; Lucilia

Page 5: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 5

Parasittiske/frittlevande stadiumHos somme (obligate) parasittar er alle utviklingsstadia parasittiske og må ta opp næring frå ein vert for å overleva. Hos andre parasittar er somme av stadia parasittiske og somme frittlevande. Dei frittlevande stadia lever i miljøet uavhengig av ein vert (smittereservoir).

Blodsugande homygg

Frittlevande mygglarver (avlange) og pupper (kommaforma) i vatn

Page 6: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 6

Ektoparasittar (utvendige/utvortes snyltarar)

• Parasittar som lever på den ytre overflata av verten, dvs. i øvre lag av huda, på sjølve hudoverflata eller i hårlaget (i pelsen hos pattedyr) eller på fjørene (i fjørhamen hos fugl).– Stasjonære ektoparasittar (f.eks. lus) lever heile sitt liv på

verten.– Temporære ektoparasittar (f.eks. klegg) oppsøkjer verten

berre i kortare periodar for å ta til seg næring (blod, sekret).• Ektoparasittane er relativt lette å påvisa på levande

dyr gjennom inspeksjon av pelsen/fjørhamen eller hudoverflata, eller ved mikroskopisk undersøking av avskrap og tape-avtrykk frå hudoverflata.

Page 7: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 7

Stasjonære ektoparasittarBlodlus og kvite egg i pelsen hos hund; hunden si blodlus, Linognathus setosus;

øyre frå hund med skorper pga. Sarcoptes-skabb; skabbmidden Sarcoptes scabiei

Page 8: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 8

Temporære ektoparasittarFluger hos storfe; sviknott; klegg

Page 9: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 9

Endoparasittar (innvendige/innvortes snyltarar)

• Parasittar som lever inni verten; anten i dei indre organa og veva (inter- eller intracellulært), eller i indre holrom (luftvegar, magetarmkanalen, serøse holrom).

• Det er vanskeleg eller uråd å påvisa sjølve para-sittane hos levande dyr, men endoparasittarsom held til i lungene, levra og magetarm-kanalen, sender ut overføringsstadium (egg, larver, oocyster, cyster) med avføringa, som kan påvisast. Mengda av slike stadium gjev einindikasjon på kor sterkt dyret er smitta.

Page 10: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 10

EndoparasittarDen store og vesle leverikta i/ved oppskoren gallegang; spolorm i tunntarmen hos gris;

magebremslarver i magesekk hos hest; Babesia divergens i erythrocyttar hos storfe

Page 11: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 11

Livssyklus/utvikling

• Alle stadia som ein parasitt (som art) gjennomgår.

• Hos somme parasittar er alle stadia parasittiske; hos andre parasittar er det ei veksling mellom parasittiske og frittlevande stadium.

• Det er hovudsakleg dei parasittiske stadia som formeirar seg (inni verten), men formeiringa kan også skje utanfor verten, slik at det blir danna frittlevande avkom.

Page 12: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 12

Direkte livssyklus

• Parasitten treng berre ein type av vert (f.eks. hund) for å kunna gjennomføra heile livssyklusen.

• Kan overførast direkte frå vert til vert ved direkte kontakt (ektoparasittar) eller via frittlevande overføringsstadium i miljøet.

• Dersom fleire dyreslag (f.eks. hund og katt) er vert for same parasitt, finn vi dei same stadia av parasitten hos alle dei mottakelege dyreslaga.

Page 13: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 13

Indirekte livssyklus

• Parasitten treng minst to ulike typar av vertar for å gjennomføra livssyklusen.

• Visse stadium av parasitten (A+B+C) finst då hos den eine vertstypen (f.eks. pattedyr), medan andre stadium av parasitten (D+E+F) finst hos den andre vertstypen (f.eks. invertebratar som sniglar, meitemakk, flått og insekt).

• Overføringa kan då ikkje skje direkte frå f.eks. hund til hund, men må gå frå hund via den andre vertstypen tilbake til hund.

Page 14: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 14

Direkte og indirekte livssyklusDirekte syklus hos Giardia intestinalis og indirekte syklus hos Taenia hydatigena

Page 15: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 15

Endevert (sluttvert)/mellomvert

• For fleircella parasittar med ein indirekte livssyklus, blir verten for dei fullvaksne, kjønnsmodne stadia kalla endevert, medan verten/vertane for dei umodne stadia blir kalla mellomvert. Dei umodne stadia til mange parasittar blir kalla larver.

• Overføringa av slike parasittar skjer då: Endevert ➔Mellomvert ➔ Endevert.

• Overføringa av slike tovertsparasittar kan skje ved at endeverten et i seg ein mellomvert med parasittstadia inni (rovdyr/byttedyr; planteetar/snigle). Andre toverts-parasittar nyttar blodsugande insekt (parasittar!) som mellomvert, og overføringa av parasittstadia skjer i samband med blodsuginga.

Page 16: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 16

Vertsspesifisitet (vertsspekter)

• Vertsspesifisiteten er eit uttrykk for kor mange arter parasitten kan nytta som vert i ein viss fase av si utvikling. Parasittar med stor vertsspesifisitet kan berre nytta éi eller nokre få arter som vert, medan parasittar med liten spesifisitet kan nytta mange ulike arter som vertar.

• Ein parasitt med indirekte utvikling kan ha ulik verts-spesifisitet i ulike delar av sin livvsyklus (kan f.eks. nytta berre ei eller nokre få arter som endevertar og mange arter som mellomvertar; eller omvendt).

• Parasittar med moderat eller liten vertsspesifisitet, vil ha større sjansar til å overleva som art enn dei strengt vertsspesifikke parasittane, sidan dei fyrstnemnde har fleire potensielle vertar å halda til hos.

• Kjennskap til vertsspesifisiteten/vertsspekteret til ein parasitt er viktig for å kunna vurdera smittefare for ulike dyreslag og menneske, og for å kunna gjennomføra effektive kontrolltiltak.

Page 17: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 17

Smitteoverføring

• Via aktive stadium (parasittiske eller frittlevande)– direkte kontakt mellom dyr/menneske der parasitten vandrar

direkte frå vert til vert (stasjonære ektoparasittar).– indirekte kontakt mellom dyr/menneske (via børstar, rideutstyr,

liggjeunderlag, personar) (stasjonære ektoparasittar).– parasitten finst i miljøet og går over på dyra (flått, lopper),

trengjer inn i huda (visse rundormlarver), eller kjem flygande (tovengja insekt som fluger, mygg, klegg).

• Via passive overføringsstadium (parasittiske eller frittlevande)– via frittlevande overføringsstadium (egg, larver, oocyster, cyster)

i miljøet; f.eks. rundormlarver på beitegraset– via parasittiske stadium i ein mellomvert.

Page 18: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 18

Smittevegar• Ektoparasittar

– Oppsøkjer sjølv verten frå miljøet (kjem krypande, flygande eller sømjande)

– Ved direkte eller indirekte kroppskontakt mellom vertane (kryp over frå ein vert til ein annan)

• Endoparasittar– Gjennom naturlege opningar

• Gjennom munnen; peroralt (med fôr/drikke, slikking; den vanlegaste smittevegen)

• Gjennom nasa/luftvegane (innsprøyting, innvandring, inhalasjon)• Gjennom vagina/urinrøyr (seksuell overføring)

– Gjennom huda (perkutan infeksjon)• Aktiv gjennomtrenging (ofte gjennom hårfolliklane)• Subkutan inokulasjon ved hjelp av blodsugande insekt eller

middedyr– Transplacental (intrauterin) infeksjon frå mor til foster

Page 19: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 19

Ulike grupper av parasittar

PROTOZOA - eincella organismar (utgjer eit eige rike). Dei fleste er mikroskopiske.

METAZOA - fleircella organismar; tilhøyrer dyre-riket, ANIMALIA. Mange er makroskopiske.– Flatormar (Platyhelminthes)– Rundormar (Nemathelminthes)– Leddyr (Arthropoda)

Page 20: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 20

Ulike parasittgrupper - Protozoa

• Sporozoar (koksidiar, kryptosporidiar m.fl.)

• Flagellatar (har flagellar)• Amøber• Ciliatar (har ciliar)• Mikrosporidiar• Myxozoar (blir også rekna som

primitive fleircella organismar)

Kryptosporidieoocyster (sporozo)

Page 21: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 21

Ulike parasittgrupper - Metazoa• Flatormar (Platyhelminthes)

– Monogenea (haptorormar; alle er parasittiske; tvekjønna)– Trematoda (trematodar/ikter; alle er parasittiske; dei fleste er

tvekjønna)– Cestoda (cestodar/bendelormar; alle er parasittiske; tvekjønna)

• Rundormar (Nemathelminthes)– Nematoda (nematodar/rundormar, frittlevande eller parasittiske;

særkjønna, ♂ og ♀)• Leddyr (Arthropoda)

– Acarina (middedyr; flått og midd; frittlevande eller parasittiske; særkjønna)

– Insecta (insekt; frittlevande eller parasittiske; særkjønna)– Crustacea (krepsdyr; frittlevande eller parasittiske; særkjønna)

Page 22: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 22

Helmintar - flatormar og rundormarGyrodactylus salaris (Monogenea); store og vesle leverikta (Trematoda); Taenia (Cestoda)

Strongylidar hos hest (Nematoda)

Page 23: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 23

Arthropodar – middedyrSkogflåtten, Ixodes ricinus; skabbmidden Psoroptes cuniculi

Raud hønsemidd, Dermanyssus gallinae; hårsekkmidd, Demodex

Page 24: Definisjonar • Smitteoverføring • Smittevegar • Ulike

© 2007-2014 Bjørn Gjerde 24

Arthropodar – insekt, krepsdyrPelslus hos storfe, Bovicola bovis; katteloppa, Ctenocephalides felis

Stallfluga, Stomoxys calcitrans; lakselusa, Lepeophtheirus salmonis (krepsdyr)