2 kyrkjelydsblad for fjaler...

16

Upload: doannga

Post on 24-Jun-2018

223 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har
Page 2: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har

2 Kyrkjelydsblad for Fjaler

”Eg har tryggleiksalarm, kan trykke på knappen om eg trenghjelp, men endå har eg heldigvis ikkje hatt bruk for han. Egkjenner meg tryggare med alarmen, og han gjer at eg kanbu heime.” Slik høyrer eg sagt av fleire. Det er godt med slike ordn-ingar som kan gjere livet sikrare og tryggare. Å veretrygge, eller kjenne seg trygge er noko vi menneske søkjer.Er vi utrygge vert livet med eitt annleis. Tryggleik har ågjere med å få dekka våre grunnleggande fysiske og ånde-lege behov. At det er orden og stabilitet i det daglege.Opplevinga av tryggleik har nok like mykje med kjensle ågjere som det har med praktisk tilrettelegging og godeomgivnader å gjere. Nokon seier dei kjenner seg tryggelikevel om det ser ut som dei manglar det meste for at livetskal vere godt og trygt. Som medmenneske er det å skapetryggleik rundt oss noko av det største vi kan gjere for andre.

Eg ser føre meg ulike bilde på tryggleik: Ei skjermandehand, eit lunt fuglereir, og fram for alt eit lite barn. Eg harsjølv eit bilete på kontorpulten av eit barnebarna som søv ivogga. Ansiktet har ein ro som smittar over på meg når egser på det. Trygg som eit barn, seier vi gjerne. For deifleste er minna frå barndomen gode, med personar som varder når ein trong det. Heldigvis er dei fleste barna skånafrå det vonde og vanskelege i verda. Barndomen er ei tiddå ein skal verte teken vare på.

I Bibelen finn eg bilde på tryggleik. Fleire forfattarar skildrarGud som eit berg eller fjell. Berre hos Gud er eg stille,frå han kjem mi frelse. Berre han er mitt berg og mi frelse og mitt vern, eg skal ikkje vakla. Berre hos Gud skal eg vera still,frå han kjem mi von. Berre han er mitt berg og mi frelseog mitt vern, eg skal ikkje vakla. Sal 62,2-3 og 7

Gud er som det solide grunnfjellet som står støtt uansett kvasom hender. Eg likar dette bilde at Gud er som fjella.Fjella er for oss sjølve landskapet. Skyer og skodde kanhindre at vi ser toppane, men for oss som har vakse oppmed fjord- og fjell-landskap er det som om vi anar retningarog horisont uansett om vi ser dei eller ikkje.

Gud er til frå æva, ja før fjella. Eg ser han som skapar oglivgjevar til alt omkring oss. Han har ein tanke og eiomsorg for at vi som menneske skal høyre han til og kvar-andre til. Dei kåra Gud har sett oss i er det naturen gjevoss. Liv vert skapt, veks fram utviklar seg og døyr. Nytt livkjem og går til grunne, det er livslaupet. Sjukdom, ulukkerog døden kan komme til oss i alle aldrar. Dette kan gjereoss utrygge og gje ei kjensla av at alt er tilfeldig og detmeste kan skje. Eg vel å tru at også det tilfeldige vert teke

vare på og er under Gud si omsorg. Trongen eg kjennerpå til å ha det godt, trygt og sikkert omkring meg veit egikkje alltid kan oppfyllast heilt. For mange er livssituasjonenmykje meir komplisert og vanskeleg enn for meg, men egtrur at det går ann å eige ein grunnleggande tryggleik påtross av at vi ikkje kan sikre oss i alt. For meg har dettemed trua eller tilliten til Gud å gjere. Uansett kva som vilhende har han lova å vere der. Han har ikkje lova at egskal sleppe fri frå alt som er vondt og farleg, men å veremed meg igjennom det vanskelege.

Trua på ein levande Gud er eit fundament for haldninga tillivet mitt. Han er som eit grunnfjell under meg og skapar til-lit til at tilvære ikkje vil rase heilt saman. Under alt som skjervil Gud vere den som er djupare, høgare eller sterkare ennalt anna som skjer i livet. Det gjev ei kjensle av å vereomslutta, verte teken vare på

Tru er å halde Gud for den han er, takke han og ære han.Tru er å rekkje ut handa mot Gud og ta i mot den gåva hanvil gje. Den største gåva han har gitt, og sterkaste uttrykkfor omsorg han har synt, er då han steig ned til oss ved sonsin Jesus og vart menneske. Slik vann han frelse for oss.Det går utanpå alt anna av det vi måtte oppleve av godeog vanskelege hendingar gjennom livet.

Sjå, Gud er mi frelse,eg er trygg og fryktar ikkje.For Herren er min styrke og min song,og han har vorte mi frelse. Jes 12, 2

Kåre Fauske, soknediakon i Gaular

Tryggleiksalarm

Page 3: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har

Kyrkjelydsblad for Fjaler 3

Pilgrimsmesse– songgudsteneste i Dale kyrkje

På Reformasjonsdagen 31. oktoberblir Cantus forsterka av kyrkjekor fråFørde og Kinn i framføring avPilgrimsmesse av Egil Hovland, eigudsteneste med tekstar av BrittHallqvist (til norsk v/ Eyvind Skeie).Messa var komponert tilRikskyrkjesongfest for NorskKirkesangforbund i Hamar i 1982 ogvar sist framført i Dale kyrkje i 2005.Dette fine verket har kyrkjelydssalmar itillegg til korsong. Det store koret blirdirigert av Gro Anthun og ReidunPorten (kornett) står for tonefølgje medorgelet. Velkomen til ei mektig opp-leving på denne heilt spesiell gudsten-este!

MT

TAKKLaurdagsklubben i Dale takkar Fjalerkommune for 1.000 kr i kulturmidlar.

HaustsalmenMelodien til denne haustsalmen er av den tidlegareorganisten i Fjaler Ivar Jarle Eliassen, no kantor i Finnsnesog teksten er av Jan Inge Sørbø som er professor i litter-atur og underviser i sosialfag v/ høgskulen i Volda.Begge var medlemmer i salmebokutvalet i 2008. Sørbøfann fram eit dikt frå ei samling frå 1993 der han skreiveit dikt for kvar månad i året. «Vise i oktober» var inspir-ert av ein fin oktoberdag han opplevde. I salmebokutval-et justerte Sørbø teksten litt og Eliassen komponerte ein nymelodi til den slik at vi fekk ein fin ny haustsalme pånynorsk. Salmen kjem som nummer 847 i NorskSalmebok 2013.Haustfargane i naturen er til å minne oss om at Gud stigned med oss i menneskelivets «haust» - Han er med oss ikrisene våre slik at vi stig opp igjen og når vår endelegehausten kjem, hentar han oss.

Han gyller himlens tak i gullsinober.Han heiser sola varsamt opp og ned.Han helsar oss med sommar i oktober.

Han skifter fargar på kvart ospetre.

Han lyfter trea langsamt opp av jorda.Han murer opp eit fjell og let det stå.Han pustar liv og varme inn i orda.

Han hentar deg den dagen du skal gå!

Går du på glør, så går du på hans hender.Og når du blør, er det hans blod som renn.

Han står der nederst når di krise vender,for han stig ned og du stig opp igjen!

Det gull du ser på himlen i oktober,er renningar i veven som han vev.

Frå hans palett flyt purpur og sinober.Og du er den som får hans kjærleiksbrev!

MT

Cantus med fleire inviterer til pilgrimsmesse.

Page 4: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har

4 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Biskop Halvor Nordhaug har godkjent

Fjaler har følgjande gudsteneste-stadar: Dale kyrkje, Guddal kyrkje,Folkestad kapell og Korssundskrossen(olsok) og Hellevik kapell.

Gudstenestene på Fjaler sjukeheim ihøgtidene, i Straumsnes grendehus(ein gong i kvartalet) og på Steiestølen(langfredag) høyrer alle inn underDale kyrkje.

Gudstenestefrekvensen vi har i Fjalersokn er godt innarbeidd og fungerergodt. Det er god oppslutnad omgudstenestene. Det er ein fornuftigfrekvens utifrå tilgjengelege menneske-lege ressursar, deltakarar (frivillege) ogframmøtte på gudstenestene.

Med innføring av ny gudstenesteordn-ing (lokal grunnordning) – ny gudsten-esteliturgi der alle gudstenestene harauka involvering, medfører det mykjemeir førebuing for prest og kyrkje-musikar/kantor enn tidlegare. Gudstenestene har auka kvalitet ogsamlar fleire menneske. På grunn avmeirarbeidet no i høve tidlegare, harein måtte redusere det årlege talgudstenester samstundes som ein like-vel har like høgt, om ikkje høgare talårleg frammøtte på gudstenestene.Som kjent har vi no 1,5 prestestillingmot tidlegare 2 stillingar.

Arkivfoto.

Vi gjengir godkjenningsbrevet Fjaler sokn har motteke frå biskopen.

Biskopen har mottatt ein svært god søknad om ny forordning av gudstenesteri Fjaler sokn i Sunnfjord prosti. Det er gjort ei grundig og strategisk vurder-ing av kva som tener gudstenestelivet i dei ulike krinsane og i soknet. Det erførebileteleg at de så tydeleg går inn på kva den lokale trusopplæringa harfor fylgjer for gudstenestelivet, og at de og ser på misjon, diakoni og kyrkje-musikk når de tenkjer strategi omkring gudstenestene.

Biskopen godkjenner den planen det er søkt om og forordnar fylgjandegudstenester med heimel i Tenesteordning for biskop §3:

Dale kyrkje 37, Guddal kyrkje 12, Folkestad kapell 16, Hellevik kapell 8.Det er høve til å flytta nokre av gudstenestene til andre høvelege stader. Einhar høve til å leggja nokre av gudstenestene på andre klokkeslett enn kl.11.00 der det er føremålstenleg.

Page 5: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har

Kyrkjelydsblad for Fjaler 5

ny gudstenesteordning for Fjaler sokn

Dale kyrkje har gudsteneste annank-var søndag – men om sommaren kvartredje søndag. Då Fjaler sist fekk god-kjent gudstenesteordning i 1982, varKåre Mestad prest. Den gong haddeDale, som i dag, gudsteneste annank-var søndag. Etter at prestegjelds-grensene vart justerte i 1990, haddedåverande sokneprest Anne MarieDahl Mustard eit nytt framlegg tilgudstenesteordning, men som vi ikkjehar funne er godkjent. Ho haddeframlegg om gudsteneste i Dale kyrkjetre søndagar på rad, så ein søndagutan gudsteneste. Dette vart prøvdberre nokre år, for så å gå tilbake tilannankvar søndag. Det var eit pro-blem at det ikkje var regelmessigheit,og det var vanskeleg for folk å følgjemed når det var gudsteneste.

I Guddal kyrkje er det gudstenesteein gong i månaden og Guddal fam-iliekor deltek med song i gudstenest-ene. I Guddal har dei årelang tradi-sjon med gudsteneste jonsokdag medmisjonsfest på skulen etter gudsten-esta.

Folkestad kapell har òg gudstenesteein gong i månaden, der gudstenestaved Korssundkrossen og to "Syng-med-oss kveldar" er inkludert.

Hellevik kapell fekk i 1999 reduserttal gudstenester tilbake til om lag dettalet som var då kapellet var nytt.

Då det bur mest folk ytst i Fjaler, vardet naturleg å prioritere Folkestad somhovud-gudstenestestad, og ha flest

gudstenester der. Ønsket om å sjåytre Fjaler som eitt gudstenesteområdehar «gått» seg til, og folk frå Hellevikdreg til Folkestad kapell og omvendt,alt etter kva aktivitet som er. Dette harogså samanheng med at barnekoretDo Re Mi har medlemer både fråHellevik og Folkestad. Konfirmantanefrå dette området går på skulen iVåge og har konfirmantundervisning iFolkestad kapell.

Du kan lese meir på www.fjaler.kyrkja.no under "Gudsteneste".

VI ØNSKJER ALLE VEL MØTT TILGUDSTENESTE!

Arkivfoto.

Page 6: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har

6 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Den norske kyrkja har blitt einsvært viktig støttespelar for TV-aksjonen NRK gjennom spreiingav informasjon, rekruttering avbøsseberarar og kollektgåvene vihar mottatt frå kyrkjelydar landetover. I 2011 bidrog kyrkjer og kyr-kjelydar med 1,7 millionar av totaltinnsamla beløp på 219 millionarkroner. Dette er eit monaleg beløp,som vil utgjere ein viktig skilnad forNorsk Folkehjelp i arbeidet med årydde miner og eksplosivar.

TV-aksjonen i år er tildelt AmnestyInternational. Inntektene frå TV-aksjonen skal brukast til å stanse

overgrep mot menneske over heileverda, og til å støtte ein fredelegkamp for menneskerettane. Ogsåkyrkja har eit globalt ansvar medlokale utfordringar, og difor er Dennorske kyrkja ein samarbeidspartn-ar og støttespelar til TV-aksjonensine prioriteringar og fokus.

Kyrkja sin nord-sør-søndag 2012Den norske kyrkja sin nord-sør-søn-dag går tradisjonelt sett føre seg ioktober, og som i tidlegare åranbefaler vi at dagen blir markertpå TV-aksjonsdagen søndag 21.oktober 2012, 21. søndag itreeiningstida. Vi oppmodar også

kyrkjelydane til aktiv deltaking ibøsseaksjonen.

TV- aksjonen samarbeider medDen norske kyrkja om eit eigegudstenesteopplegg for søndag21. oktober. Vi anbefaler at temaog ressursmateriell blir brukt i sam-band med gudstenestefeiringadenne dagen. Gudsteneste- oginformasjonsmateriell om TV-aksjon-en vil bli sendt ut til alle kyrkjelydari Noreg, og vi vil leggje utinformasjon på nettsidene våre:http://kirken.no.TV-aksjonen NRK AmnestyInternational

Bergen, august 2012

Kjære kyrkjelyd!

Velkomentil TV-aksjonen

Page 7: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har

TV-aksjonen NRK er verdas størsteinnsamlingsaksjon målt i innsamlamidlar per hovud og tal på del-takarar. Kvart år jobbar 7000 fri-villige landet rundt med å organi-sere innsamlinga i sin kommune.På ein søndag, i løpet av to timar,skal 100 000 bøsseberararbesøke 2 millionar husstandar.Denne nasjonale dugnaden har

sterke tradisjonari lokalsamfunnover heile Noreg,og det er her deilokale kyrkje-lydane speler eiviktig rolle.

Dersom de skulle ha spørsmål, kanÅse Schytte, fylkesaksjonsleiar forTV-aksjonen Hordaland, ellerKristin Sandal, fylkesaksjonsleiarfor TV-aksjonen Sogn og Fjordane,kontaktast på høvesvis [email protected] og [email protected].

Vi ser fram til eit godt samarbeidogså i år.

Med helsing

Jan Ove Fjelltveit Bjørgvin Bispedømmeråd

Åse Schytte Fylkesaksjonsleiar Hordaland

Kristin Sandal Fylkesaksjonsleiar Sogn ogFjordane

Kyrkjelydsblad for Fjaler 7

SLIK JOBBER AMNESTY– Vi etterforskar: Over 300 etterforskarar inter-

vjuar fangar, følgjer rettssaker, snakkar medmenneskerettsgrupper og med familiane til deisom blir utsett for overgrep.

– Vi informerer: Amnesty skriv rapporter som blirspreidd i alle tenkelige informasjonskanalar.

– Vi aksjonerer: Når Amnesty gjennomfører einhasteaksjon for å få ein fange lauslate, blir pådet meste 170 000 menneske verda rundtsamla innan 24 timer.

VELKOMMENTIL TV-AKSJONEN!

I 50 år har Amnesty dokumentert overgrep og gru-fulle hendingar, stanset tortur og forfølgingar, og gittbeskyttelse til modige menneske som gjer opprør. Vier stolte og audmyke over å ha fått TV-aksjonen fortredje gong.

Vi er stolte fordi TV-aksjonen er ein enorm anerkjenn-else av arbeidet vi gjer kvar dag. Audmyke fordi deter eit stort ansvar å ta hand om pengane det norskefolk gir oss i verdas største dugnad. Det er ingen litenforplikting å ta på seg.

Amnesty har medverka til å få lauslate over 50.000samvitsfangar. Historia viser at respekt for menneske-verd ikkje blir levert på eit sølvfat, men er noko vi måkrevje. Det gjer våre medmenneske i for eksempelEgypt, Iran, Kina og Nigeria i dag. For det fortenerdei vår merksemd.

Ved å bli med på TV-aksjonen støttar du ein fredelegkamp for menneskerettar.

Tusen takk for at du står opp mot urett!

Med venleg helsingJohn Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty International i Norge

DETTE GÅR PENGENE TIL:– Etterforske menneskerettsbrot og tilby undervis-

ning.– Støtte menneskerettsforkjemparar som forsvarer

ytringsfridomen.– Gjennomføre aksjonar for at overgriparar gir

seg og blir stilt for retten.– Fremme rettane til kvinner og minoriteter, og

motarbeide innføringa av lover som diskriminer-er.

– Gjennomføre kampanjar for at multinasjonaleselskap skal respektere menneskerettar.

– Intensivere arbeidet med å avdekke voldtekt ikrigsområder og jobbe for at kvinner får opp-reisning.

– Reformere rettssystem i Midtøsten og jobbe forå få lauslate ulovleg fengsla.

Page 8: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har

8 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Trusopplæring i haust

Dåpsskule for 6-åringarI september inviterte kyrkja i Fjaler alle døypte 6-åringar til å vere med pådåpsskule. Tema var ”Jesus og bøn” og ”Jesus og nattverd”. I oppleggethadde vi fokus på gudstenesta der 6-åringane øvde mellom anna på sal-mane og songane til gudstenesta. Vi øvde òg på å gå til nattverd, ogborna fekk høyre om då Gud skapte jorda og universet. 6-åringane gjekki prosesjon og fekk 6-årsboka som blei delt ut i gudsteneste i Dale ogHellevik 23. september, og i Guddal 30. september. Det varHausttakkefest der vi takka for haustens grøde, og alt det Gud gjev oss.

Arkivfoto.

Page 9: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har

Kyrkjelydsblad for Fjaler 9

4-årsbokaI gudsteneste i Dale kyrkje søndag 18. novemberkl.11.00 vil 4-åringane få utdelt 4-årsboka. Vi vil ha eilaurdagssamling dagen før gudstenesta der borna fårhøyre ei forteljing frå Jesu liv. Vi øver på salmane til gudst-enesta, og også å gå i prosesjon med utdeling av boka.Etter gudstenesta er det samling for heile familien medorgelbrus, pølser, kaker og kaffi. I ytre Fjaler vil samlingafør gudstenesta vere måndag 12. november kl.18.00 iHellevik kapell – saman med koret Do-Re-Mi. 4-åringanei ytre Fjaler får utdelt 4-årsboka i gudsteneste i Folkestadkapell søndag 25. november kl.11.00 – med orgelbrusetterpå. I Guddal er det dette året berre ein 4-åring somvil få utdelt 4-årsboka i lysmessa i Guddal kyrkje, 2. søn-dag i advent 9. desember kl.16.00.

På dagen for TV-aksjonen vert det halde solidaritets-gudsteneste i Dale kyrkje, der studentar og tilsette vedUnited World College deltek saman med mellomanna konfirmantar. Fokuset er temaet for TV-aksjonen;og innsamlinga går til Amnesty International sitt viktigearbeid i verda der dei kjempar for menneskeverd ogmenneskerettar. I gudstenesta deltek både konfirmantar og UWC-ele-var med musikk og song. Etterpå vert det samling påkyrkjelydshuset Ljosheim der UWC-elevar medverkar.

Det blir servering av kaker og kaffi. I Fjaler er vi såprivilegerte at vi har ei lita verd med mange nasjonal-itetar buande rett ved sida av oss. Då er det kjekt åkunne samlast av og til og kjenne at sjølv om vi kjemfrå ulike verdsdelar og kulturar, så har vi menneskenokre grunnleggande behov og fellestrekk, og ikkjeminst ein verdi som må vernast. Då må vi stå samanog hjelpe dei menneska som blir mishandla og dis-kriminerte på grunn av til dømes kjønn, legning,religion og hudfarge. Det er viktig å bry seg!

Den nye 4-årsboka. Saman med innbydinga, får 4-åringane ein DVD med ein kort film om det å gå ikyrkje og få bok.

Foto

graf

: Asb

jørn

Eik

erol

.

Internasjonal gudsteneste på TV-aksjonsdagen!

Page 10: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har

10 Kyrkjelydsblad for Fjaler

DaleDøypte:Alma Åsnes HøydalHåkon Nikøy RogneThea BrattelidElias DybvikErle Marie DybvikMari Aksnes StrandHåvard NylandAmelia Nicole Viken LopezOdin Solheim Hillersøy (døypt i Bulandet kapell)Per-Eduardo Quimado Helgesen

Vigde:Bianca Myklebust og Harald NorddalIda-Elin Skalmerud og Kai Ronny MyklebustIda Haugsbø og Richard SkårCamilla Romarheim Ericsson og Trond ValvikTurid Straume og Hogne Rørgård

Avdøde:Georg Andreas Bjordal f.1918Sigrunn Haaland f.1934Sverre Sagevik f.1930Karen Sande f.1926Andreas Rennestraum f.1926

GuddalVigde:Line Alexandra Lovise Johannessen og HåkonLangeland

Avdøde:Gjertrud Kalstad f.1916

FolkestadDøypte:Viljar Lutentun HelleNoah Émil Lammetun Lindelid

Avdøde:Bodil Strand f.1922

HellevikAvdøde:Lovisa Brendehaug f.1926

KorssundDøypte:Olava Ness Igelkjøn Skjalg Osland

Bente Bratlund «Lukkelege båt» 1977

– Ikkje i dag-sa eg

– I orden- nikka Han

sette seg på troppaVenta

Av og til kikka eg ut vindauga

Såg Han var der– At Han gidd-

tenkte egAt Han gidd

Redd sprang eg ut Ropte

– Kom innBryt brødet for meg

Del din vin med meg-

Stilt såg Han på meg

Sette seg til bordet takka og braut brødet

gav meg og sa– dette er min lekam-– dette er mitt blod-

Aldri blir Han leiAldri

----------------------«--------------------«--------------------

Eg høyrde stega dineover grusen

Og visste no kom du for å sjå til eigedomen din

Fort gøymde eg meg i den inste kråa

Du sette deg i sofaen – for å venta

Då det var gått ei stund høyrde eg røysta di

Stilt nemnde ho namnet mittRomma berre kjærleikSkamfull kraup eg fram

kasta meg på kne framfor deg Då kjende eg handa di

på aksla mi og høyrde orda: "Alt er tilgjeve

Vi høyrer samanIngen ting kan skilja deg

frå min kjærleik…"Undrande lyfte eg hovudet

møtte augo dine– og såg det var sant

Fyndord I kyrkjelydensidan sist

Page 11: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har

Kyrkjelydsblad for Fjaler 11

I filmen Avatar er ein veldig vakkerhelsing: "Sawubona!" Dette er einAfrikansk Zulu helsing og betyr "egser deg." Responsen er"Ngikhona" – "Eg er her."Sawubona – eg ser deg er nokoanna enn eit "Hei på deg!" sjølvom dei høver kvar til si tid og iulike samanhengar. Sawubona-helsinga inneber aksept ogrespekt. Eg ser deg. Eg ser kvendu er, eg ser personlegdomen din,eg ser humanitet ditt, eg ser æradi og eg respektar alt eg ser.Bakgrunnen for at eg skriv desseorda, er at det er lurt for oss å ten-kje på kva ei slik helsing inneberog kor viktig det er "å bli sett", ogå bruka helsinga med kvarandre.Behovet for å bli sett er like gamm-al som mennesket sjølv. Vi har alleforskjellige behov for merksemd fråandre menneske, merksemd ibetydinga, interesse. Eit grunnleg-gjande behov for oss menneske ernettopp dette å bli sett, å få aner-kjenning for den vi er og at vi ertil.Nokon av oss trivst best når vi erfor oss sjølve, andre trivst bestomgitt av mange menneske. De vialle har felles er behovet for andremenneske som ”vitnar” til våre liv.Vi treng alle å bli sett av minst eitanna menneske – men gjernefleire. Uansett har vi alle behov forå bli sett av nokon. Vi treng åoppleve at nokon ser utfordinganevi står overfor, ressursane vi har,kampane vi kjemper.På skolen eller på arbeidsplassenblir vi lagt merke til og anerkjent ikraft av våre prestasjonar. Det erhyggeleg å få anerkjenning, rosog merksemd på skulen eller påarbeidsplassen, men den slagsreduserer ikkje våre behov for å bli”sett” av dei vi elskar. Vi har like-vel stort behov for å bli anerkjentfordi vi er til. Vi vil bli positivt lagtmerke til som medmenneske. Vi vil

at nokon skal leggje merke til detnår vi kjem med eit nytt klesplagg,når vi er glade eller triste, når vihelst vil vere åleine og når vigjerne vil bli dratt inn i samtaleneller aktiviteten igjen. Som presthar eg vore er så heldig å fåfølgje ein del menneske ikrevjande og viktige livsfasar. Detutfordrar, beriker, gjer vondt oggjer godt. Eg klarer ikkje å setteord på den respekten eg føler formange av desse usynlege kvar-dagsheltene, som i periodar opp-lever at dei kjemper sitt livs kampkvar dag; kvart augeblikk. Somopplever at det tyngste ikkje nød-vendigvis kjem frå eigen kropp ell-er sjel, men frå mangelen på aner-kjenning og omsorg frå andre.Slikt vi treng å bli sett, må vi taansvar for å sjå andre. Tenk kormykje ein kan utrette med eit smil,eit venleg handtrykk, å vise ekteglede over å sjå nye menneske.Når vi ser godt etter, kan vi opp-dage skatter der vi ikkje visste atdei fantes. Vi kan sjå noko nytt,lære nye ting om livet, om andremenneske og om oss sjølve. Dethandlar om å møte menneske ogliv med respekt. Respektere – sjåom igjen, sjå på nytt, sjå med tidog mot til å sjå. Sjå forbi eignefordommar, stereotypar og forvent-ningar. Men det utfordrar også.For kva gjer vi med det vi ser? Korlangt og kor mykje kan vi følgje eitanna menneske? Du må ha mot til

å vere tilstade i vanskelege situa-sjonar. Vere nærverande, ogsåtydeleg om det er mogeleg. Gåpå skattejakt i det andre mennesk-et og i situasjonen. Sette deigrensene du må. Bidra med detdu kan, og prøve å unngå å hadårleg samvit for at du ikkje kan gimeir. Legge resten i Guds hender.Å sjå ein person inneberer ikkjebare fysisk å sjå på personen medaugo dine, men det går myedjupare enn som så. Det er snakkom å vise omsorg, bry seg om,vere interessert i, og å ha en inder-leg lengsel etter å bli kjent medvedkommande. Så når det står iBibelen at du har ein Gud som serdeg, betyr det så mykje meir ennat Gud har augo sine på deg! Duhar fanga merksemda og hjartaHans!Kvar einaste dag er Gud tilstade ilivet ditt, og tillater du Ham åsleppe til, kan Han gjer dei heiltutrulegaste ting. Vår Gud er nem-leg ein Gud som ser oss! Hanelskar med heile seg, og held ing-enting tilbake – ikkje ein gong sineigen son. Gud ser meg og Gudser deg. Gud kjenner oss, kvarenkelt med namn. Vi er skapt i ogtil kjærleik. Når vi ser oss sjølveslik Gud ser oss, ønskjer vi også åsjå på andre med det same blikk-et. Sidan Gud elskar oss, skal viog kan vi elske kvarandre. Det erein god måte å møte verda på.Eg opplever gang på gang atGud ser meg og bryr seg inderlegom meg. Eg har ein gud som fakt-isk SER meg. Uansett situasjonardu står i og uansett korleis du følerdeg, så ver klar over at GUD SERDEG! SAWUBONA!

LKT

SAWUBONA! – EG SER DEG !

Page 12: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har

Kjære støttespillere!Mali er i krise! Vi regner med at dereer oppdatert på situasjonen i grovetrekk: Nord-Mali er okkupert avislamister, hundretusener har flyktet sør-over og til naboland, det ble gjennom-ført et statskupp i hovedstaden i mars,men en sivil samlingsregjering og eninterimspresident styrer nå landet. Ogsom bakteppe for alle disse hending-ene: Avlingene var svært dårlige i fjorhøst, slik at det er høye kornpriser ogknapt med mat mange steder. Hvisdere ønsker mer generell informasjonom situasjonen i Mali, anbefaler videre å studere siste nummer avMisjonstidende (nr 8-2012).

Når det gjelderLandsbygdutviklingsprosjektet somdere støtter, er situasjonen nå denne:* Arbeidet med

naturforvaltning/beiteforvaltning iSeeno er så godt som helt lagtned. Fram til prosjektets avslutning i2013 vil det kun bli gjennomførtsporadiske besøk til landsbyer hvordet er komiteer for drift av f.eksvanningsanlegg i gang. Hvis sikk-erhetssituasjonen tillater det, vil etpar prosjektmedarbeidere ta seg

inn til landsbyene og gå gjennomregnskapsbøker og gi veiledningved enkelte anledninger.

* Prosjektets hovedkontor i Douentzaer flyttet til MELMs kontorlokaler iSevare. Alle ansatte er nå bosattenten i Konna eller Sevare. Ingenbor eller arbeider innenfor detområdet som er okkupert.

* Kampen mot omskjæring av ungejenter fortsetter i Konna. Arbeidether er nå ikke berørt av okkupa-sjonen.

* I perioden mai-juli ble det gjennom-ført et stort planleggings- og forpro-sjekteringsarbeid i områdene mell-om Konna og Fatoma, to byer vedhovedveien nord-østover fra byeneSevare og Mopti. Resultatet avdette arbeidet er at 16 nye lands-byer inkluderes nå i det som tidlig-ere var ett av to delprosjekter, nem-lig kampen mot omskjæring av jent-er.

Selv har jeg vært i Norge siden 1.april. Men vår lokale leder AlahidiBary og hans stab har stått på for åberge utstyr og verdier ut av Douentzaog få etablert et nytt kontor i Sevare.På kort tid har de greid å legge etgrunnlag for en utvidelse av detkvinne-rettede prosjektet. De nye plan-ene er lagt i samarbeid med organisa-sjonen APCEF med sin leder OumarouMaiga som MELM har samarbeidetmed over lang tid.

I hele august måned har prosjektstab-en hatt en velfortjent ferie. Nå iseptember har de startet opp i de nyeområdene etter samme mal som tidlig-ere: Et grundig informasjonsarbeidbasert på involvering av kontaktper-soner og komiteer i hver landsby i til-legg til at landsbyene tilbys såkalteledsagende aktiviteter av typen lese-opplæring, kornbank eller hjelp tiloppstart av inntektsbringende aktivitet-er.

Helt nytt nå i høst er at prosjektet vilsørge for spredning av enkel typevedovn for matlaging. Når denne ovn-en brukes halveres vedforbruket vedmatlaging. Dette vil ha en svært posi-tiv effekt fordi veduttaket i mangeområder er mye større en ny tilvekst avskog. Avskoging er et reelt miljøpro-blem som prosjektet nå fokuserer på ide områdene hvor vi hittil kun hararbeidet med kamp mot omskjæringav kvinner.

Siste nytt fra NMS er at misjonærFrode Brügger Sætre, min kone Elseog jeg selv reiser tilbake til Mali. Viblir boende i Bamako. Dere vil finnemer informasjon på bloggenhttp://famvatne.blogspot.no/

Med vennlig hilsenHelge Vatne

12 Kyrkjelydsblad for Fjaler

BØNNEEMNER– Be om fred i Nord-Mali!– Be for de som har flyktet fra

sine hjem i Nord-Mali pgaokkupasjonen og matmangel-en.

– Be om beskyttelse for de fåkristne som fortsatt befinner segi de områdene som islamistenehar okkupert

– Be om at stadig flere foreldremå ta en klar stilling motomskjæring av jenter!

– Be om at de som får hjelpgjennom diakonale tiltak, får enforbedret livssituasjon.

– Be om at de diakonale handl-ingene blir et vitnesbyrd omKristi kjærlighet!

Nytt frå MaliVår avdelingslederfor den kvinnerett-ede delen av vårtprosjekt, GabdoCisse (til v.),demonstrerer brukav en enkel ovnsom reduserer ved-forbruket ved mat-laging.

Page 13: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har

Kyrkjelydsblad for Fjaler 13

Spreier du glede, skapar du fred, er du ein brubyggjar, du?Dryp det frå munnen din lækjande ord, eig du ei levande tru?

Spreier du glede, skaper du fred, er du ei kjelde som renn?Trøystar du andre med Ordet frå Gud, er du det lyset som brenn?

Spreier du glede, skapar du fred, knyter du kjærleikens band?Bøyer du viljen din under Guds Ord,legg du ditt liv i hans hand?

Spreier du glede, skaper du fred, eig du ei levande tru?Då er det Kristus som lever i deg, då er du brubyggjar du.

Haldis Reigstad

Spreierdu glede

Page 14: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har

DALE KYRKJE Sundag 7. oktober kl.11:00 Gudsteneste. Cantus deltek. Offer til Sjømannskyrkja -Norsk kyrkje i utlandet.

Sundag 21. oktober kl.19:00 Gudsteneste. Konfirmantmusikkgruppe, ungdomskoretog UWC deltek. Ungdomskveld på Ljosheim etterpå.Offer til TV-aksjon Amnesty International Norge.

Reformasjonsdagen onsdag 31. oktober kl.19:30 Pilgrimsmesse av Egil Hovland framført av Cantus,Førde kyrkjekor og Reidun Porten (kornett). Kollekt tilNMS Misjonsprosjekt.

Helgemessesundag 4. november kl.11:00 Gudsteneste. Vi minnest våre døde. Cantus deltek.Kyrkjeskyss frå Straumsnes. Offer til Kirkens SOS Bjørgvin/Førde.

Sundag 18. november kl.11:00 Gudsteneste. 4 åringane, Laurdagsklubben og Stinedeltek. Utdeling av 4-årsboka. Orgelbrus. Offer tilSøndagsskulen S&Fj og Laurdagsklubben i Dale.

1. sundag i adventstida 2. desember kl.19:00 Lysmesse med barnekoret, konfirmantane og 4. årsstegfrå Dingemoen skule. Offer til barne- og konfirmantarbeid.

Sundag 16. desember kl.11:00 Adventsgudsteneste med Cantus. Offer til Strømmestiftelsen.

Tysdag 18. desember kl.19:30 Julekonsert. Kollekt til Fond for Kyrkjemusikk.

HELLEVIK KAPELL Sundag 28. oktober kl.11:00 Gudsteneste. Offer til Sjømannskyrkja - Norsk kyrkje iutlandet.

Sundag 9. desember kl.19:00 Lysmesse med Do Re Mi og konfirmantane. Offer til barne- og konfirmantarbeid.

GUDDAL KYRKJE Sundag 30. september kl.11:00 Hausttakkefest med konfirmantpresentasjon og utdelingav 6-årsboka. Dåpsskulen, Familiekoret og Stinedeltek. Kyrkjekaffi. Kyrkjeskyss om ønskjeleg. Offer til barne- og konfirmantarbeid.

Helgemessesundag 4. november kl.20:00 Gudsteneste. Vi minnest våre døde. Store frå familie-koret deltek. Offer til Kirkens SOS Bjørgvin/Førde.

Sundag 9. desember kl.16:00 Lysmesse med familiekoret, konfirmanten og skuleele-var. Utdeling av 4-årsbok. Kyrkjekaffi. Kyrkjeskyssom ønskjeleg. Offer til Søndagsskulen S&Fj ogLaurdagsklubben i Guddal.

FOLKESTAD KAPELLSundag 30. september kl.19:00 Syng-med-oss. Vi feirar Ludvig Lindeman sin 200 års-jubileum. Fure og Våge Songlag deltek. Kveldsmat.Kollekt til kyrkjelydsarbeid.

Sundag 14. oktober kl.11:00 Gudsteneste. Offer til Sjømannskyrkja - Norsk kyrkje i utlandet.

Helgemessesundag 4. november kl.14:00 Gudsteneste. Vi minnest våre døde i ytre Fjaler. Offer til Folkestad bedehuskapell.

Sundag 25. november kl.11:00 Gudsteneste. 4 åringane og Do Re Mi deltek.Utdeling av 4-årsboka. Offer til barne- og konfirmant-arbeid. Orgelbrus og kyrkjekaffi.

Sundag 16. desember kl.19:00 Julekonsert. Kollekt til Strømmestiftelsen.

STRAUMSNESGRENDAHUSSundag 11. november kl.14:00 Gudsteneste. Kyrkjekaffi. Offer til NMS misjonsprosjekt.

14 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Velkomen til kyrkje

Page 15: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har

Kyrkjelydsblad for Fjaler 15

Kyrkjeblad for FjalerBankkontonr. 3741 20 73135Bladpengar kr. 150,-/175,- for året.Redaktør: Joy TaylorPrent: Ingvald Husabø Prenteverk [email protected]

Kyrkja i Fjalerwww.fjaler.kyrkja.no

Kyrkjekontoret, pb 18, 6961 Dale.Telefon 57 73 97 70

Kyrkjekontoret er ope måndag-torsdag kl.09.00-14.00fredag kl.09.00-12.00Ved oppdrag og ferie kan du oppleve kon-toret stengt også når det skulle vore ope.

Tilsette med kontorplass:Sokneprest Lilja Kristin ThorsteinsdottirJobb: 57 73 97 75 Priv: 57 73 63 01Mobil 45 63 88 [email protected] Knut Arne KummenejeJobb: 57 73 97 73Mobil 90 85 52 [email protected] Irene FlødeJobb: 57 73 97 71 Priv: 99 23 84 [email protected] Mark Taylor Jobb: 57 73 97 74 Priv: 57 73 61 [email protected] har fri kvar torsdag.Sekretær Joy TaylorJobb: 57 73 97 72 [email protected]å kontoret: Tysdag og fredag kl.09-13.TrusopplæringsmedarbeidarStine Kirkeli tlf 57 71 97 [email protected] i Gaular

Kyrkjetenarar:Dale kyrkjeJostein Løseth tlf: 90 60 79 13

Guddal kyrkjeLiv Svanhild og Reidar Langelandtlf: 57 73 88 21

Hellevik- og Folkestad bedehuskapellSigrid Kleppe tlf: 57 73 53 57

Fjaler soknerådLeiar Terje Halsnes tlf: 57 73 55 95

Beredskapstelefon ved akutt behovutanom kontortid 95 48 31 52.

Innhogging av nyenamn og oppfriskingav skrifta på grav-minne.Kyrkjeverja formidlarkontakt med ein somkjem vår og haust oggjer slikt arbeid. Ta gjerne kontakt!

Det blei ein gong varsla flaum i ein dal. Folket der tok til å pakka nedmøblar og utstyr for å dra sin veg. Berre ein einsleg bonde såg ut til å taalt med ro. Han ville slett ikkje pakka ned. Han ville slett ikkje flytta.”Gud hjelper meg,” sa han.

Vatnet kom, og det steig fort. Bonden måtte snart opp på loftet for ikkjeå drukna. Då rodde den siste naboen hans ut av dalen.

”Kom opp i båten og bli med!” ropte han som rodde.

”Å nei,” svara bonden. ”Eg set min lit til Gud. Eg blir her. ” Litt ettermåtte han opp på taket. Senga på loftet låg og flaut i vatn. Oppe påtaket fekk han sjå ein redningsbåt som kom mot han i full fart.

”Hopp om bord!” ropte mannskapet.

”Nei,” svara mannen. ”Gud er min redningsmann, og han sviktar megikkje.”

Til sist stod mannen på skorsteinen. Då vatnet rakk han til kne, kom eithelikopter. Det blei fira ned ein stige til mannen.

”Skunda deg før du druknar!” blei det ropt.

”De skal ikkje bry dykk om meg. Eg står her og held ut til Gud finn tidainne til å hjelpe meg.”

Helikopteret måtte venda om.

Ikkje lenge etter drukna mannen. Straks han kom opp i himmelen, sa hantil Gud: ”Eg må vedgå at eg er litt skuffa over deg. Eg hadde verkelegtrudd du villa hjelpa meg.”

”Ja,” sa Gud. ”Først sende eg ein robåt. Så sende eg ein redningsbåt,og til sist eit helikopter. Men du ville jo ikkje ha hjelp.”

Denne forteljinga eksisterer i mange ulike versjonar og i mange språk.Her er den gjenfortalt av Rune Belsvik i boka "Mellom deg og meg".

Om bønesvar

Page 16: 2 Kyrkjelydsblad for Fjaler Tryggleiksalarmfjaler.kyrkja.no/filer/menighetsblad/fjaler_kyrkjeblad...Kyrkjelydsblad for Fjaler 5 ny gudstenesteordning for Fjaler sokn Dale kyrkje har

INFORMASJON

Avsendar: Fjaler kyrkjekontorPb. 18 - 6961 Dale i Sunnfjord

B

16 Kyrkjelydsblad for Fjaler

Kyrkja har vore i Noreg i hundrevis av år. I alle desseåra har kyrkjetårnet strekt seg høgt mot himmelen.Kanskje ikkje utan grunn. Kyrkjetårnet vil fortelje ossnoko. Det er noko meir i menneskelivet. Lengtinga etternoko evig og annleis. Hos born kan vi merke ei nysgjerr-igheit mot det evige. Born er ikkje lette å lure. Viss duprøver å forklare eller bortforklare, blir du fort avslørt.Born er på jakt etter det evige. Dei strekkjer seg motGud.I søndagsskulen vil vi gje borna det dei er på jakt etter,eit møte med Gud, gjennom forteljingar frå Bibelen. ISøndagsskulen får barnet eit viktig fundament i livet.Barnet får høyre at det høyrer til hos Gud – og er høgtelska. Barnet finn sin identitet som et Guds barn. Det erviktig for eit barn å høyre til ein plass. Det kanSøndagsskulen hjelpe til med!

På Laurdagsklubben i Dale Stad: LjosheimTid: kl.10.30-12.00Leiarar: Gro S Kummeneje, Knut Arne Kummenejeog Joy Taylor.

Laurdag 20. oktober Laurdag 3. november Søndag 18. november Laurdagsklubben syng på familiegudsteneste i Dale kyrkjeLaurdag 1. desember Laurdag 29. desember Øving kl.11.00 til julespeletSøndag 30. desember Julefest kl.17.00

Laurdagsklubben i GuddalTa kontakt med Ingebjørg Gallefoss 57 73 88 65 / 974 89 970.

Hovland søndagsskuleTa kontakt med Kari Hovland Sæle 57 73 86 42.

Våge søndagsskuleTa kontakt med Ruth Skår 95 19 86 32.

Sprell Levande barn!