sunnfjord energi 100 år

27
100 år i Jølstra

Upload: mediebruket

Post on 14-Mar-2016

233 views

Category:

Documents


9 download

DESCRIPTION

Jubileumshefte

TRANSCRIPT

Page 1: Sunnfjord Energi 100 år

100 år i Jølstra

Page 2: Sunnfjord Energi 100 år

Førde Elektrisitetsverk vart skipa16. mars i 1914 og i desembersame år stod Brulandsfossenkraftverk og linjenettet til Førdeferdig. Kristian Ulltang skreiv iein avisartikkel 29. januar 1915at «Dei hev prøvekøyrt maski-norne siste vika, og den 27.januar um kvelden lyste detelektriske ljoset for fyrste gong.Det er soleis paalag eit «jubi-leumsværk» meddi det hev vorebygt i 1914», og i Sogningenskreiv dei «Det var stor jubel iFørde torsdag aften da den storevakre bygd for første gang laa«overstraalet» av det elektriskelys».

Tenk deg for ei verd som opnaseg for dei som fekk tilgang påelektrisk kraft? Og med detstarta ei modernisering av Sunn-fjord som har ført oss fram til dervi er no.

Tidsbiletet // I år markerer Sunnfjord Energi atvi snart har produsert kraft i 100år i Jølstra-vassdraget.

Det finst mange kjelder somfortel om utviklinga i desse åra.Med jubileumsheftet du no held ihanda ynskjer vi å vise deg –kunden vår – korleis det står tilmed kraftproduksjonen og distri-busjonen i Sunnfjord, i det vinærmar oss 100 år sidan elektri-siteten for første gong lyste oppstovene i Førde.

I heftet har vi samla intervjumed personar som har pregautviklinga i seinare tid. Dessegjev eit tidsbilete av Sunnfjord

Energi, og den lokale kraftbran-sjen, i 2014. Slik skaper vi ogsåei ny kjelde for framtidas histo-rieforståing.

Den lokale drivkrafta // Sunnfjord Energi er ei lokal driv-kraft ved å sikre moderne elektri-sitetsforsyning i dei sju kommu-nane der selskapet har sitt virke.I tillegg har vi tatt vare på arvenog held eldre kraftstasjonar godti hevd. Dei siste åra har vi ogsåutvida kraftproduksjonen. Detstørste løftet her var Kjøsnes-fjorden Kraftverk som kom i drifti 2010, og dobla kraftproduksjo-nen i selskapet.

I dag er vi eit mellomstortenergiverk i Norge: «Vi er småblant dei store og store blant deismå», og vi driv vår verksemdmoderne og framtidsretta. Vi erinne i ei tid med rivande utviklingsom stiller store krav til kompe-tanse og vilje til å vere tidleg utemed løysingar. I Energihuset harvi samla mykje kompetanse. Ikkjeberre i eige selskap, men også idotterselskap som Enivest oghos leigetakar som Serit Fjor-dane IT og Geomatikk.

Tilsette jobbar i eit arbeidsmi-ljø med stor spennvidde innankompetanse, alder og oppgåver.Slik er vi moderne i ei tid derutviklinga går raskare enn nokongong.

Med blikket retta framover // Vi er opptekne av framtidsbe-hova til kundane, eigarar og til-sette. Det å ha blikket retta fram-

over er heilt avgjerande for åklare det. Fornybarsamfunnetstiller nye krav som gir mykjestørre innslag av avanserte data-og kommunikasjonsløysingar enndet vi har hatt tidlegare. Høgtryggleik, god beredskap ograsjonell drift er eit avgjerandefundament for å planlegge fram-tida og gjennomføre strategien.

Vi har bak oss snart 100 spen-nande år med vekst og utvikling iJølstra. No ser vi fram mot deineste 100 åra. Den reisa gler vioss til, saman med kundane oglokalsamfunnet vårt. 

Fredrik Behrensadm. dir.

100 ÅR I JØLSTRA // 32 // 100 ÅR I JØLSTRA

100 år med kraft-produksjon i Jølstra

100-åringen i dag

Småkraft-pioneren

Kraft og fisk– hand i hand?

Jølstra – i minst 100 år til

Nybrots-tider

500 GWhsmåkraft

Samarbeidi Jølstra

Kraftlinjer istadig utvikling

24 år medsmåkraft-utbygging

– Ikkje selfallrettane

Det var eingong ein foss

Den viktigaste fornybare ressursen vår

Side 4 Side 12 Side 16

Side 20 Side 24 Side 26

Side 30 Side 34 Side 36

Side 42 Side 46 Side 48

Ansv. utgjevar //Sunnfjord Energi

Redaksjonelt //Rein Design v/Roy Sunde,Joachim Vie ogKristine Slettehaug

Layout //Rein Design

Trykk //Bodoni

Foto

//

Dav

id Z

adig

Page 3: Sunnfjord Energi 100 år

4 // 100 ÅR I JØLSTRA

– DET BYRJA MED ei enkel linje ned til Førde sent-rum. Året etter gav denne straum til 1807 lyspærer,34 strykejern. 27 omnar og 3 elektromotorar. Sidanhar Sunnfjord Energi og Førde vakse i takt med sam-funnsutviklinga i Sunnfjord. Første turbin var på 2 x175 HK ( 257 KWh) mindre enn effekten i einmoderne bilmotor. Brulandsfossen har vore oppgra-dert to gongar, i 1935 og 1989. Dagens Brulands-foss yt 12 MW og produserer 55 GWh i året. I 1914var det 450 innbyggarar i Førde, no er det 13 000.Innbyggartalet er 30 gongar høgre no enn i 1914,det same gjeld produksjonen i Brulandsfoss. Detseier noko om utviklinga i Førde og Sunnfjord Energii desse åra, seier Olav Osvoll, produksjonssjef iSunnfjord Energi.

– Forbruket i Sunnfjord Energi sitt område er 390GWh, og vi produserer 517 GWh. I tillegg er det 47mindre kraftverk i området, som leverer ytterleg210 GWh, seier Fredrik H. Behrens, administrerandedirektør i Sunnfjord Energi. Han fortel at perspektivet for selskapet er det samesom i starten.

– Primærønsket er å gje kundane gode energi-løysingar. For å klare det må vi vere konkurranse-dyktige og levere overskot til eigarane. SunnfjordEnergi starta som eit «bygdelag», som ville løftebygda inn i moderniteten og levere straum lokalt.No er det ikkje viktig om straumen vert brukt i Førdeeller austafor, så lenge vi bidreg til utvikling lokalt.

Investeringar // Sunnfjord Energi har vore gjen-nom store omveltingar, og fleire er på veg.

– Vi har hatt ein periode med stor vekst, der Kjøs-nesfjorden kraftverk er sentralt. Det kosta mykjepengar, så vi må leve nøysamt til vi har betalt nedpå det. Vi går no inn i ein periode med utvikling avlinjenettet, som krev mykje pengar, og kraftbransjen

er inne i store omleggingar. Det vil føre til storeinvesteringar, også på område vi ikkje kjenner tilenno. I tida framover vil satsing på infrastruktur pånettsida dominere for vår del, men vi skal haldefokus på kraftporteføljen vi alt har og utvidingar avanlegga. Den store satsinga der er å få konsesjonfor utviding av Stakaldefossen oppover Jølstra. Virustar også opp gamle kraftverk. Stakaldefossen ernyleg opprusta, og Øvre Svultingen står for tur,seier Behrens.

Neste år står den nye 420 Kv-linja klar i Sogn ogFjordane.

– Linjenettet i fylket er ein flaskehals, men nyttsentralnett med god kapasitet knyt då saman Sognog Fjordane, austlandet og Møre og Romsdal til eittområde, fjernar lokale «proppar» og gjev fornybarkraft ein god veg ut til andre marknader. Det gjer atein kan levere meir kommersiell produksjon, seierBehrens.

Debattar rundt «monstermaster» og traséval, harsinka prosessen.

– Det er meir debatt rundt dette lokalt enn istørre byar. I Oslo har dette ikkje vore noko problem,sjølv om det råkar langt fleire. Blant anna i Breman-ger har det vore problematisk. For å sette dette iperspektiv: På 28 mil med 420 Kv-linje her omkring,er det åtte hus innan 100 meters grensa. Det kallareg godt planlagt, seier Osvoll, men ein får ofte detvi kallar NIMBY-effekten: Not in my backyard. Alle ersamde om at kraft og gode kraftlinjer er viktig forregionen, men ingen vil ha linja nær seg.

For mykje straum // – Produserer ein for mykjestraum i dag?

– Eg får svare som eg gjorde på eit folkemøte iSolund, om vindkraft. Vindkraftmotstandarane argu-menterte med at vi produserte for mykje energi i

100-åringen i dag18. desember 1914 var Brulandsfossen kraftverk klart til ålevere straum, og framtida kom til Førde. 100 år seinare har denkrafta modernisert indre Sunnfjord på vis dei neppe såg for segdå. Men filosofien bak er den same: Å bidra til eit slagkraftig,moderne samfunn.

100 ÅR I JØLSTRA // 5

Namn: Fredrik Behrens Alder:63Yrke:Administrerandedirektør i SunnfjordEnergiKommune: Førde

Namn: Olav Osvoll Alder:49Yrke:Produksjonssjef iSunnfjord EnergiKommune: Førde

Foto

//

Joac

him

Vie

Page 4: Sunnfjord Energi 100 år

6 // 100 ÅR I JØLSTRA 100 ÅR I JØLSTRA // 7

Bilkortesjen synerlitt av utviklingainnan arbeidsbilar iverksemda.Veteranbilen tilhøgre er ein Olds-mobile 1926-modell. Den vartkjøpt i 1946 avKjell Øvrebø, somvar linjeformann i e-verket frå 1942 til1967. E-verketleige bilen av Karl,og fekk derfornamnet «Karls-vogna».På stigtrinnet sitdagens eigar, KjellÅsen, som også harrestaurert denvakre bilen.Til venstre stårVidar Halland medden nyaste«arbeidshesten»Sunnfjord Energihar i stallen sin.I midten står GeirLothe med ein vel-utstyrt VolkswagenTransporter.Biletet er teke einregnfull vårdag påVassenden vedJølstravatnet.

Foto

//

Joac

him

Vie

Page 5: Sunnfjord Energi 100 år

8 // 100 ÅR I JØLSTRA

Norge, og ikkje trengte vindkraft. Då spurte eg dei:Et de all fisken de fiskar sjølv i Solund? Eller er detglade for at de kan selje overskotet ut av kommu-nen? Fornybar kraft er ei vare verda treng og etter-spør, vi kan ikkje berre sjå på det lokale behovet,seier Osvoll. Noreg er verdast rikaste land fordi viproduserar langt meir olje, aluminium, fisk og kraften kva vi treng sjølv.

Og det er ikkje noko teikn til at behovet forstraum minkar.

– Ein typisk norsk husstand nyttar 20.000 KWhelektrisk straum i løpet av eit år. I Tyskland brukarden 4.000, resten av forbruket er gass og olje, seierOsvoll. Eg personleg føretrekk el produsert av forny-bare kjelder framfor oppvarming og koking på oljeog gass. Det totale straumforbruket til hushaldnin-gane har ein fallande tendens, sjølv om vi bur påstadig fleire kvadratmeter og fyller husa medmoderne teknologi. Dette skuldast betre hus og einoko større bevisstheit på bruk av straum.

– Vi ser ingen openberr energisparing i Norge.Subsidiering av fornybar energi gjer straum billeg.Ein blir ikkje «pirra» til å spare straum. På 50-taletkosta straumen mange øre mindre per KWh, men notek straumen mykje mindre av folk si inntekt, seierBehrens.

– Er straum for billeg i dag?– I kort perspektiv kunne ein ønskje den var

dyrare. Sunnfjord Energi må drive god økonomiskverksemd, i høve eigarar, tilsette og kundar, for åsikre vekst og tene pengar. Det er naudsynt for at vikan gjere ein nyttig jobb i høve samfunnet sin infra-struktur, utvikle oss og bidra i eit moderne samfunn.Men bak økonomien ligg klimaproblematikk, natur-mangfald og naturen si evne til å overleve. Blir for-nybar straum for dyrt gjev det ikkje insentiv til å gåvidare inn i den fornybare energiverda, som er naud-synt for ei bærekraftig utvikling for menneska.Fokuset på klima vert då lite populært og den poli-tiske støtta vert borte.

– For nokre år sidan såg ein for seg at straum komtil å bli dyrare, og at dette var naudsynt om einskulle få folk til å spare straum, men det har ikkjeskjedd, seier Behrens. Det var subsidieringa på kon-tinentet som fikk fart på fornybarsatsinga.– El-sertifikat flyttar pengar ut av dei etablertekraftverka. Det er pengar som vi kunne trengt tilinvesteringar i ny fornybar kraft. Det kjem trulegfleire virkemiddel også.

Uregulert kraft // Den uregulerte krafta, vind- ogsolkraft, har stort potensiale til å levere billegstraum.

– Og solkraft leiar an, kostnadene raser nedover.Ei liknande teknologiutvikling som innan datatekno-logi, vil gjere den billegare, til slutt vil prisen på sol-kraft nærme seg null. Men lagring av krafta er

utfordringa. Om vi tek den elektriske ferja over Sog-nefjorden som døme har den eit stort batteri, somblir lada om natta når ferja legg til kai. Eit elegantsystem, som fungerer, men det krev stort batteri.Det gjer det krevjande å nytte i stor skala. Vi har eitlite kraftverk, Fossheim, der ujamn produksjon er eiutfordring. Eg rekna på kor stor batterikapasitet vimå ha for å lagre ein dags produksjon av kraft. Detville krevje 2400 tonn batteri! Så batteriteknologienheng etter. Her har vasskraftverk med magasin sittfortrinn: Dei kan lagre kraft i form av vatn. Batteri-teknologien vil utvikle seg og på sikt kan det bli einmetode for å styre produksjon og regulere markna-den betre. Uregulerte Vasskraftverk har ei utford-ring i høve sommar/vinter, og ein må utnytte vass-kraftverka med magasin betre. Vi har mangemagasinverk i Norge, men bygger nesten berre ure-gulerte småkraftverk. Om politikarane forsto dettebetre og klarar å forme ein berekraftig politikk forkraftforsyning, klimapåverknad og naturmangfaldvil det verte potensiale for betre styring av produk-sjonen gjennom året.

Sunnfjord Energi, til evig tid? // – Kjem SunnfjordEnergi til å bestå som sjølvstendig selskap i 100 årtil?

– Det er vanskeleg å svare på. Vi er sjølvstendigeså lenge eigarane ønskjer dette! Det har både medom vi evnar å tene pengar over tid og om eigaranehar vilje og evne til å stå saman med oss gjennomkrevjande oppgåver. Kraftbransjen endrar seg sta-dig, med nye krav og reguleringar. Kvar gong detskjer må vi spørje oss kva betyr dette for oss, eiga-rane og kundane våre? Endrar råmebetingelsaneseg, må vi vurdere kva som er det beste for selska-pet. Eg kom inn i Sunnfjord Energi etter at eitfusjonsforsøk stranda. Oppgåva var då å sette einny retning, som eit sjølvstendig selskap. Men det erikkje vår ideologi at vi skal vere sjølvstendig. Det erberre eit verkemiddel. Skal vi fusjonere må det verefor å gje kundane og eigarane våre ein fordel. Menendring i selskapsstrukturen ligg i tankane våre, itakt med endringar i samfunnet elles. Blir ting forstort og komplisert må vi søke kompetanse og mus-klar til å handtere det. Og Sunnfjord Energi har voreflinke til å plukke opp endring tidleg, og gjere nokout av det, seier Behrens.

Til tider har kraftselskap nærast vore ei setel-presse. I dag er situasjonen meir krevjande.

– Sunnfjord Energi sin utbyttepolitikk går på at viskal vere eit lønsamt selskap, som gjev utbytte tileigarkommunane. For tida har vi sett tak på utbyt-tet, for å sikre eigenkapitalen i ein periode medstore investeringar. Vi håpar å igjen kunne betale utgode utbytte, men nivået vi hadde ei tid var nok velhøgt fordi ein samstundes investerte tungt. Kraft-selskap har historisk blitt sett på som varige penge-

100 ÅR I JØLSTRA // 9

maskiner. Men i dag hoppar og dansar kraftprisen,og dette er meir krevjande. Slik liknar no kraftbran-sjen på oljeindustrien: I periodar tener ein mykje, iandre mindre. Ein må avpasse utbyttet slik at ein fårutvikle selskapet vidare. Den norske energipolitik-ken legg opp til at produsent skal selje kraft på børs,men det er vanskeleg for oss å forlate arven vår,som er å bygge viktig og solid infrastruktur i lokal-samfunnet.

Kraftutbygging og naturvern // – Korleis er for-holdet mellom kraftselskap og naturvernar i dag?

– Blanda! Naturvernarar er ikkje ein type men-neske, det har ulike folk, med ulike vinklar og syns-punkt. Vi i Sunnfjord Energi føler oss også somnaturvernarar, som jobbar for å skape naturvenn-lege energiløysingar. Utfordringa innannaturvern/kraftutbygging går på å prioritere rett ogsjå konsekvensar av det ein gjer. Vi har eit omfat-tande system for konsekvensutreiing før vi bygger.Det er to hovudfelt innan naturvern: Eit går på kli-maeffekten og eit på naturmangfald. I Norge liggofte striden mellom kraft og vern på dette med åbevare naturmangfald. Vernesida ønskjer ikkje atnaturmangfaldet skal påverkast i nokon grad. Egføler vi manglar ein gjennomgripande filosofi. I dager det ofte litt unyansert kamp for kvar stein, ogkraftselskap får skeivfordelt «skuld», seier Behrensog utdjupar:

– All utbygging er i konflikt med naturen. Menkraftbransjen står ikkje for dei største inngrepa ogbandlegging av areal. Landbruket påverkar mestareal. Så kjem husbygging for bustader og næring.Her er ikkje konfliktnivået på langt nær så høgt.Vegar mellom gardar, hus, næring, bygder og byarkjem på tredjeplass. Vegar legg alt daudt underseg. Ei linjeutbygging påverkar ikkje naturen pålangt nær like mykje. Kraftutbygging, kraftlinjer ogkablar kjem først på fjerde plass i arealbruken.

– Alt i alt har kraftbransjen eit godt forhold tilmiljørørsla. Vi er einige om at fornybar energi er eindel av løysinga på miljøutfordringane, seier Osvoll.– Forholdet har til tider vore prega av støy, men dethar ført til at kraftbransjen løyser ting betre no, ogein har fått betre utbyggingar som følgje.

– Ein skal respektere klima og naturmangfaldet,finne gode løysingar og prioritere riktig. Elles stog-gar verda opp, seier Behrens.

Fjordvarme // Skjebnen til fjernvarmeanlegg iFørde skal snart avgjerast.

– Prosjektet har vore i ein modningsprosess, derein landa på ei løysing med ein sentral ved Førde-fjorden. Vi jobbar med å få på plass store aktørarlokalt som kundar. Bindande kundeavtalar omstraumlevering er eit steg i prosessen mot eiavgjersle om satsing. Vi er også avhengig av størrestøtte frå Enova, seier Osvoll.

Fornybarkraft er eivare verdatreng ogetterspør

– All utbygging er ikonflikt mednaturen, men kraft-bransjen står ikkjefor dei største inn-grepa og bandlegg-ing av areal, seieradm. dir. FredrikBerens. Biletetsyner Kjønesfjordeni Jølster.

Foto

//

Sunn

fjor

d En

ergi

Page 6: Sunnfjord Energi 100 år

10 // 100 ÅR I JØLSTRA

– Ein tredje variabel er utviklinga av energiprisar.Det har vore eit stort skifte på feltet dei siste treåra, grunna overproduksjon av kraft, subsidieringaav fornybar energi og vekst i uregulert kraft. Vi måog ta omsyn til korleis utgiftene på nettsida utviklarseg. Og det er ikkje alt ein kan rekne seg til. Til sisthandlar det om kva vi trur om utviklinga. Det er detsiste punktet som gjer dette vanskeleg, seierBehrens.

– Fjordvarmeanlegg er riktig måte å tenke på.Krafta har eit veldig lokalt omland, frå Brulandsvel-lene til fjorden. Fortetting er energiriktig. Eit sliktanlegg vil vere ein konkurransefordel for Førdesentrum, og TEK 10 i byggeforskriftene krev at allebygg i dag må ha ei varmepumpe. Ei stor pumpe pådeling er betre enn at alle bygg har si eiga. Men perno er fjernvarme dyrt. Det er ny teknologi, og krevnedgraving av mykje rør. Når det er gjort har ein100 års horisont på infrastrukturen. Det talar forutbygging. På kortare horisont talar nedgang istraumprisen mot. I konsesjonsvilkåra står det atfjernvarme skal vere billegare enn alternativet, altsåstraum pluss nettleige. Sogn og Fjordane har høg

nettleige, som talar for utbygging av fjernvarme.Kanskje aukar nettleiga også som følgje av storeinvesteringar i nettet. Men kjem fellestariff på nett-leige, som det har vore snakka om, slår det beinunder fjordvarme i mindre byar som Førde. Vi haringen fasit, seier Osvoll.

Du skal vere med og styre forbruket // – Straum-bruken i Norge har vakse jamt og trutt, knytt til fol-ketalsauke, ny straumkrevjande teknologi og elbilar.Datasentralar er den raskast veksande kraftkrev-jande industrien i verda. Og forbrukarane brukarmykje kraft på same tid, som legg press på linjenet-tet. Elbilar krev for eksempel mykje effekt når denlader, så om alle gjer det på same tid pressar detstraumnettet. Sjå føre deg følgjande scenario: Omnokre få år set elbileigarane på Oslo vest seg ibilane, køyrer til hytta på Hvaler og pluggar inn4000 elbilar til uttaka på hyttene ein fredag kveld.Då slit kraftselskapet i Fredrikstad. Dette vil skje heri fylket også. I framtida vil ein måtte betale meir forkrafta om ein ønskjer å nytte kraft i pressperiodar.

Er du villig til å flytte straumbruken din til andre

100 ÅR I JØLSTRA // 11

tider blir den billegare. Alle må bidra, og kundenkjem nærare kraftselskapet. Slik blir framtida. Detkjem ikkje ei enkelt løysing på kraftbehovet i fram-tida, men eit mangfald av løysingar og tilbod somspelar saman, seier Behrens.

– Ein ting som er på veg, er at kunden sjølv skalvere med og regulerer kraftbruken sin, via ny målar-teknologi i heimane – AMS-målarar – ein avansertstraummålarar, kopla opp mot ein database. Deiregistrerer løpande data frå heimane, som gjev for-brukar høve til å sjølv regulere straumbruken sin, ogopnar for nye tenester til forbrukarane på sikt. Mål-arane minnar om fellesmålarar som ein har i enkelteburettslag, men er langt meir avanserte, seier han,og fortel at meir bevisst forbruk av kraft, og kor tidein nyttar den, blir viktig.

Vasskraft er framtida // – Framtida er elektrisk,seier Osvoll. – Og vasskraft vil vere ein del av miljø-løysinga på framtidas kraftbehov. Vasskraft er lett åregulere, er fornybar og har store miljøfordelar ihøve anna teknologi. Vasskraft har fortrinn i høvesol- og vindkraft. Vatn er 1000 gongar tyngre enn

luft, og treng såleis mykje mindre areal for å produ-sere kraft enn vindkraft, og infrastrukturen i eitvasskraftverk har nær uendeleg levetid. Krafttunne-lane er den store kostnaden i eit vasskraftverk.Desse ligg i fjell, og lever evig. Slitedelar i kraftver-ket representerer ein liten del av kostnaden. Ei vind-mølle har til samanlikning maksimalt 25 års levetid.

– Vasskraft er på eit veldig modent nivå, og repre-senterer varige verdiar. Dei som eig desse verdianebør tenkje over dette når dei skal styre investerin-gane sine. Vi ser døme på at nokre kommunar er vil-lige til å kvitte seg med dei, for å klare eit enkelt årsbudsjett. Det er kortsiktig. Men eigarane av Sunn-fjord Energi er i stor grad kommunar, som har inte-resse av å ha moderne infrastruktur i samfunnasine. Då er det viktig å eige selskapa og linjenettet,for å ha påverknadskraft. Energiverka gjev også storverdiskaping i lokalsamfunn, og store inntekter tilvertskommunen, både i form av eigedomsskatt, kon-sesjonskraft, utbytte, arbeidsplassar og nærings-verksemd, avsluttar Behrens.

I Norge liggofte stridenmellom kraftog vern pådette med åbevarenaturmang-fald

Straumbruken hertil lands har aukajamt og trutt, knytttil mellom annastraumkrevjandeteknologi og elbilar.Sistnemnde krevmykje effekt nården ladar, og ladarmange på same tidblir det press påstraumnettet. – I framtida blir detnok slik at ein måbetale meir forkrafta i press-periodar, seierFredrik Behrens.

Foto

//

Thor

-Aag

e Li

llest

øl

Page 7: Sunnfjord Energi 100 år

12 // 100 ÅR I JØLSTRA

Namn: Per StoregjerdeAlder:70Yrke:PensjonistKommune: Førde/NaustdalRolle:Direktør i Sunnfjordenergi 1994-2008.

NybrotstiderDå Per Storegjerde vart direktør for SunnfjordEnergi 1. januar 1994 var kraftbransjen i eibrytningstid. Den nye energilova av 1990hadde snudd om på alt.

– PÅ 80-TALET leia Einar Hope, professor ved Insti-tutt for samfunnsøkonomi på Norges Handelshøg-skule, ei gruppe som på førespurnad frå myndig-heitene utarbeida eit opplegg for einmarknadsbasert kraftmarknad. Det låg til grunn dådåverande olje- og energiminister Eivind Reiten lafram forslag til ny Energilov i 1990. Før energilovamøttes dei gamle, sindige kraftverkstyra og direk-tørane ein gong i året, la fram ønskjer om investe-ring og fastsette kraftprisen for neste år. Den nyelova braut monopolet. No kunne mindre aktørarlevere kraft til linjenettet. Det skapte høve, menogså ulukke for mange. Den verste ser ein i TromsKraft, som tapte milliardar. Kraftbransjen er eitsamansurium av offentlege og private samarbeid,seier Per Storegjerde, og fortel om den nye røynda.

– Vi måtte tilpasse oss den nye røynda. Noko avdet første dei mange kraftselskapa gjorde var å til-sette marknadssjefar og konsulentar. Den nyekraftmarknaden opna høve for enkelte å tenestore pengar på kraft. Når nokon tener stort, er detandre som tapar pengar. Mange av marknadssje-fane hadde gått på skule og lært børsspekulasjon,som dei gamle e-verksjefane ikkje hadde peilingpå. På 90-talet vaks det fram «kraftoligarkar»,som vart mangemillionærar. I Sunnfjord tapte viheldigvis ikkje ei krone på slikt, slår han fast.

– Energiverka skulle bli aksjeselskap og slåttsaman til større einingar. Her vart det vedteke atSunnfjord Energi skulle slåast saman med Svultin-gen, Ytre Sogn og Sunnfjord Energiverk, i 1997. Einfordelte aksjekapital i det nye selskapet ut frå fol-ketal i kvar eigarkommune. Før aksjeselskapa komhadde ein ikkje høve til å ta utbytte. Vedtekteneslo fast at overskot skulle gå til nyinvesteringar.Men i aksjeselskap har ein høve til utbytte, og dåvart eigardelane i selskapet verdt noko. Mangekommunar selde delar av aksjane dei fekk.

100 ÅR I JØLSTRA // 13

Foto

//

Roy

Sun

de

Page 8: Sunnfjord Energi 100 år

14 // 100 ÅR I JØLSTRA

Rasjonalisering // – Når kraftverka skulle slåastsaman dukka ordet rasjonaliseringsvinstar opp. Foross vart dette utrekna til 10 årsverk. Det er aldrikjekt å seie opp folk, så vi valte ein annan veg, ogvart ei entreprenørbedrift: Vi rekna anbod og tokoppdrag for andre aktørar, som Statkraft. Det gjekkså bra at vi aldri sa opp nokon. Tvert om tilsette vifleire. Berre ein person i desse tre selskapa måtteflytte oppmøteplass, men mange måtte endrearbeidsoppgåver. Dei tilsette i Sunnfjord Energi harhatt ei fantastisk evne til tilpassing, og stor inte-resse for det vi driv med. Styresmaktene byrja ogsåå måle det dei kalla effektivitet, som hadde lite ågjere med det som folk flest oppfattar med ordet.Det kom ei hærskare av nye krav, som førte til at detytre apparatet, der selskapet både tener kundaneog pengane, måtte reduserast, mens det indre,administrasjonen, vaks. Som el-verkssjefen i Hor-nindal sa: – Du snakkar om effektivitet. Før var vi tremann ute, og ein inne. No er det omvendt. Det kallareg ikkje effektivitet!

– Kva var dei største utfordringane i di tid somleiar for Sunnfjord Energi?

– Eg føler ikkje vi hadde nokre store utfordringar.Vi hadde ei fantastisk tid og oppnådde mykje. Egprøvde å drive leiaroppdraget mitt med mottoet:Walking, talking, smiling and no writing. Mange leia-rar stenger seg inne og skriv direktiv, det blir feil formeg. Og eg irriterer meg grenselaust over alle desseleiarkursa og seminara rundt omkring. Og ikkjeminst leiarar som snakkar om sine tilsette: Det hei-ter våre tilsette, seier han.

Pionerar // Som leiar av Sunnfjord Energi hamnahan midt i den nye bølgja av småkraftverk på 90-talet.

– Den nye småkraftverkbølgja i Norge byrja i Hau-kedalen. Sommaren 1993 vart eg invitert dit, avGunnar Jan Gjerland. Han og naboen hadde bygdkvar sitt kraftverk, som forsynte dei to bruka ogønska å utvide og levere til nettet når dei haddestraum til overs. Dette hadde dei ikkje fått lov til før,sjølv om endringa av lova opna for slikt. Eg møttedei, og sa: – Klart vi skal ta i mot straumen de lagar.Det gav nettgutane våre utfordringar. Det elektriskeutstyret vi omgir oss med er følsamt for variasjon ifrekvens og spenning i elektrisitetsnettet. Det somskal innpå nettet må vere nøyaktig. Den gongenfanst det lite erfaring med kva krav til teknisk utstyrsom måtte til for påkopling av småkraftverk. Detgjekk ikkje liv i prosessen, men det var nære på.Under ei mørklegging i Haukedalen stengte vistraumforsyninga, og sende folk for å sjekke nettet.Men småkraftverka gjekk for fullt, og det var straumi linjene. Heldigvis var lukka betre enn forstanden,smiler han.

Etter kvart såg mange fallretteigarar høvet tilutbygging.

– Nokre av dei nytta tidleg høvet og bygde sjølve,medan andre let seg lokke av rosenraude kontraktarfrå pågåande utbyggarar, og nokre har hamna iulukka som resultat. Sunnfjord Energi var ikkjefrekke og pågåande seljarar. Vi var audmjuke, oglokka ikkje med gull og grøne skogar, som mangeandre, seier han.

– Og eg veit ikkje om nokon bransje der detoffentlege har røva til seg større verdiar frå privategrunneigarar enn i kraftbransjen. Grunneigarar fårikkje lenger høve til å vere med på større utbyggin-gar. I motsetnad til jakt- og fiskerettar, som ikkjelenger kan skiljast frå ein eigedom, må fallrettaneoverførast til offentleg eigde selskap for å få konse-sjon. Dei kan ikkje lenger leigast ut. Politikaraneskuldar på EU-krav, men det er feil. Denne endringakom for berre få år sidan. Ikkje kan dei sitte medeigardelar heller. Då tek formueskatten knerten pådei etter ein merkeleg kapitaliseringsregel, somberre skattefolk og revisorar kan forstå. Slik reglaneer no må grunneigarar berre nøye seg med å eige iog drive små kraftverk.

Såg moglegheiter // Sunnfjord Energi har heiletida vore på utkikk etter moglegheiter til nyskaping.

– Det irriterer meg at ikkje lokalpolitikarar skjønarat om det skal bu folk i dette landet, så må vi tenepengar på eit eller anna. Elles går det ad undas. I detbiletet bør kraftverka bidra. Sunnfjord Energi sittmotto er at energiverka skal vere ei lokal drivkraft.Vi skal levere straum, men også ta initiativ og støttebedrifter som dukkar opp, og kan bli til noko. Eitdøme er Enivest, som no har 40 tilsette. Det byrjamed at kraftselskapa i Norge gjekk saman i selska-pet Enitel, for å bygge ut eit nasjonalt fibernett istraumnettet. Eg trudde Enitel ville bruke høvet til ålevere internett i lokalsamfunna våre. Men så fortfiberen hang på stolpane våre byrja dei å snakke om2. og 3. generasjonsmobiltelefoni, og skulle tenepengar i sentrale strok. Dei brydde seg ikkje om oss.I rein protest danna vi Enivest, for å bygge ut fiberog internett lokalt. Etterkvart pusta Enivest Telenori nakkehåra, slik at dei fekk farta litt opp her i fylketogså. No samarbeidar dei om å bygge ut fibernettet.Eg hadde aldri trudd Enivest skulle bli så store. Vibrukte å kalle dei ungdomslaget. Dei er utrulegflinke, har stått på som berre det, og har blitt einreell konkurrent til dei store. Men eg blir provosertnår ein snakkar om 4.generasjons mobilnett, utan åha tilby vanleg mobildekning alle stadar det bur folkfast her i landet, seier han og går vidare.

– I gamle dagar var det nokre vindmøller i ytredelen av forsyningsområdet. Når den nye vindmølle-bolken kom, heiv vi oss rundt som første elverkether i fylket, og starta vindmålingar i Solund og påLutelandet. Begge plassar var forholda gode, men iSolund vart det eit styr når konsesjonssøknadenskulle handsamast. Slik forholda ser ut no, blir det

100 ÅR I JØLSTRA // 15

ikkje bygd fleire vindmøller i Norge utan endring istøtteordninga. På Lutelandet førte målingane til atselskapet støtta den politiske prosessen med å førelandstraum til Gjøaplattforma. Det førte ikkje fram,sjølv om eit samla Storting var for. Så Statoil måtte,for å sleppe klagehandsaming som dei ville tapt, utmed pengar til høgspentframføring frå Hålandsfos-sen og midlar til planering og kaibygging på Lute-landet, seier han og held fram.

– Fjernvarme, først og fremst i Førde, har Sunn-fjord Energi greia ut fleire gongar siste 15 åra. Deter no gjeve konsesjon på eit fjordvarmeanlegg somgjev varme om vinteren og kjøling om sommaren,seier han og fortel at selskapet tidleg kasta seg påelbilbølgja.

– Vi kjøpte den første elbilen i fylket for rundt tiår sidan. Den var populær hos våre tilsette. Dagen vifekk den var dåverande marknadssjef i selskapetivrig på å køyre bilen. Og inviterte ein Firda-journa-list med på tur. Elbilar køyrer gratis gjennom bom-mar, så som eit spit til meg, som var styreleiar ibomselskapet Naustdalstunnelen AS, ville dei testedette. Dei la spente i veg, men når dei kom til bom-men berre smilte jenta i bomstasjonen og slapp deigjennom. Det hadde dei ikkje venta, ler han.

– Då vi fekk elbilen snakka ingen om offentlegeladestasjonar. Dei kom for 3-4 år sidan. Liv SigneNavarsete gav statsbevilling til ladestasjonar forelbilar, som var så romslege at det var rein vinst åbygge dei. Vi heiv oss rundt og bygde 48 ladepunkti våre sju forsyningskommunar.

Ein konsekvens av energilova // – Før den nyeenergilova var Norge delt inn i om lag 20 område,med forsyningsplikt. Denne fungerte slik at kraft-verka i kvart område hadde plikt til å kunne leverenok straum frå eigne anlegg til allmenn forsyning,sjølv i turrår. Med berre vasskraftverk, der nedbørenvarierer pluss/minus 20 prosent frå år til år, måtteein ha vatn på lur. Dette kalla ingeniørane for tur-vande reservar. Økonomane fann ut at det var eitkraftoverskot som kunne flyttast. Og i fall turrårkunne ein importere frå utlandet. Dette førte til atdei store kraftutbyggingane stoppa opp. Politiskvart det uttala at den tida var forbi. Men forbruketberre auka, trass alle Enøk-tiltak. Skal opplegget

fungere, krev det eit linjenett med stor nok kapasi-tet. Det har ein ikkje. Difor ser ein no ei kraftig opp-rusting av dei grove linjene, kalla sentralnettet. Poli-tisk har ein vedteke at linjeleiga i sentralnettet skalvere lik over heile landet. Slik er det ikkje. Mellomanna skal krafttap i nettet betalast til marknadsprisav den som gjer seg bruk av det. Dermed må densom har dei dårlegaste sentralnettslinjene i periodarbetale 5-6 gongar sentralnettstariffen. Staten tekog ut store overskot, så mange selskap hadde ikkjelenger kapital til nyinvestering. Mange stader vartdet bråstogg på linje- og kraftutbyggingar. Ein fun-gerande marknad må ha logistikken på plass, menetter 45 år med nasjonal dugnad for å bygge nettog gje heile landet straum, klarte ein ikkje å haldenettet ved like. Det var ei skam, seier han.

Satsa og vann // Sunnfjord Energi gjekk andrevegen.

– Vi tok fylkets høgaste nettleige, lånte pengarog brukte det til å fornye nettet vårt, som var dårlegmange stader og gav overføringstap og mange lin-jeutfall. Vi investerte i nett som om vi var galne, lerhan, og i ny produksjon. Sunnfjord Energiverk dekkaJølster, Naustdal, Gaular og Førde, og hadde ein pro-duksjon på 50-60 GWh, medan kraftbehovet var250 GWh i året. Gjennom samanslåingar og utbyg-ging av blant anna Fossheim Kraftverk, Mo Kraft-verk og Kjøsnesfjorden Kraftverk, kom årsproduksjo-nen opp i 500 GWh i året. I dag er kraftforbruket idekningsområdet på 350 GWh, så i normalår erSunnfjord Energi no netto eksportør av kraft, seierhan, og fortel at han har sterk tru på framtida tilvasskraft.

– Eg merkar meg at saueflokken spår låge kraft-prisar framover grunna utbygging av sol-, vind ogatomkraft i Europa. Det trur eg ikkje på! Sol- og vind-kraft er sterkt subsidiert. Det treng ikkje vasskraft åvere. Grøne sertifikat for vasskraft er heller ikkjenaudsynt. Det gjev ein meirpris for forbrukaren, ogstørre inntekter til statskassa. Over 60 prosent avdet du betaler for straum ender der. Min spådom erat når Europa blir lei av å subsidiere sol- og vind-kraft får vasskraft frå Norge tilbake sitt gamle pris-nivå.

Tidlegare direktør iSunnfjord Energi,Per Storegjerde,ved kraftstasjonen iBrulandsfossen. – Eg har sterk trupå framtida til vass-kraft, seier han.

Eg veit ikkjeom nokonbransje derdet offent-lege har røvetil seg størreverdiar fråprivategrunneigararenn i kraft-bransjen

Foto

//

Roy

Sun

de

Page 9: Sunnfjord Energi 100 år

100 ÅR I JØLSTRA // 1716 // 100 ÅR I JØLSTRA

– EG JOBBA I NVE då småkraftbølgja kom på 90-talet, og var involvert i ein stor del av alle saker NVEhar hatt på småkraftverk på Vestlandet fram til2010, seier Sægrov, som eigentleg var utdanna tilforvaltaragronom, med plan om å ta over garden iJølster og bli bonde.

I staden vart det tileggsutdanning på Landbruks-høgskulen i Ås, utdanning innan administrasjon ogleiing, og spesialkurs i vassdragsrett, følgt av sju årpå Fylkeslandbrukskontoret i Førde. Så fekk hanjobb i NVE i 1977, der han vart karrieren ut. Deisøkte ein tilsynsmann som skulle følgje kraftutbyg-ginga i Aurland, med kontorstad på regionkontorettil NVE i Førde, som dekker Møre og Romsdal, Sognog Fjordane, og Hordaland.

– Der jobba eg med tilsyn og oppfølging på deistore kraftutbyggingane på Vestlandet frå 70-taletog framover. Eg har lært kraftbransjen godt åkjenne etter 37 år.

Mange små // Småkraft er ikkje eit nymotens feno-men.

– Frå 1. verdskrig og framover var småkraftverkvanleg i bygder på Vestlandet. Grender gjekk samanom småanlegg for å forsyne grenda med straum.Naustdal hadde på 50-talet rundt 60 småkraftverk,med lokale smånett, fortel Sægrov.

– Så auka kraftbehovet. Dei små verka var usta-bile, leverte lite og var ikkje råd å knytte saman. Detvar også større kraftverk som leverte til nærområ-det, som Brulandsfossen kraftverk i Førde, og Svul-tingen, eit interkommunalt selskap i ytre Fjordane.Høyanger, Årdal og Svelgen hadde tidleg storekraftverk. På 50-talet kom det fleire større selskap,gjerne kommunale og etterkvart fylkeskommunale,

parallelt med utbygging av linjenett, for å sikre meirstabil kraftforsyning.

– Var det ei tid prega av konfliktar, når små kraft-verk vart fasa ut til fordel for store?

– Nei. Folk trengte kraft. Småkraftverka var ikkje istand til å sikre stabile leveransar av nok straum. Sågrunneigarane gav grunn til linjenettet utan kom-pensasjon, eller protest. Dei såg dette som positivt,det ville sikre lokalsamfunna straum. Store utbyg-gingar var og er kapitalkrevjande. Grendene maktaikkje å byggje ut sjølv. Dette var ei naturleg og grad-vis utvikling frå 2. verdskrig. Det var nok meir kon-fliktar i dei små kraftverk, mellom grunneigarane ogfalleigarane. Vassdragslova, frå 1941, spegla situa-sjonen, med detaljerte reglar i høve til korleis einskulle regulere rettane til dei som hadde fallrettarfor å sikre deira interesser, og aktuelle prosedyrarfor å gjennomføre utbygging i tilfelle der det varusemje mellom falleigarane.

Debatt om ny energilov // Tida frå 60-talet varprega av store kraftutbyggingar på Vestlandet ogsmåkraftverka vart fasa ut.

– På 80-talet byrja sterke politiske diskusjonarrundt ny energilov. Då var kraftprisen i stor gradfastlagd av myndigheitene, og prisen på kraft i detvesentlege lik over store område. Nokre ville ha fri-slepp og ein friare kraftmarknad, andre framleisstreng politisk styring. Statssekretær i Olje- ogenergidepartementet frå 1986-89, Astrid Nistad,var sentral i debatten, og sto for sterk offentleg sty-ring. Så vart Eivind Reiten olje- og energiminister.Han er spesielt knytt til energilova av 1990. Denliberaliserte kraftmarknaden innførte eit marknads-basert system for kraftpris og lovfesta reglar, som

Namn: Ivar Sægrov Alder:72Yrke:PensjonistKommune: JølsterRolle:Tidlegare overingeniør, seniorrådgjevar og fungerande regionssjef i NVE.

24 år med småkraftutbygging Ivar Sægrov har følgt utviklinga i kraftbransjen tettgjennom eit langt yrkesliv i NVE, og med det dei siste24 åra med småkraftubygging.

Foto

//

Roy

Sun

de

Page 10: Sunnfjord Energi 100 år

100 ÅR I JØLSTRA // 1918 // 100 ÅR I JØLSTRA

sa at så sant det var ledig kapasitet i nettet, skulleprodusentar få høve til å levere straum, seier han. – Det var i praksis startskotet for ei ny bølgje små-kraftverk.

Ei ny bølgje med småkraftverk // Men det tok tidfør folk byrja å kontakte NVE for å få avklart omutbyggingar var mogleg å få til.

– Det gjekk nokre år før folk «oppdaga» høvetden nye energilova gav. Det var lite debatt rundtdette. Nokre få såg moglegheitene til å hive seg på.Ein del grunderar kom på bana og byrja bygge eignekraftverk. Det hadde skjedd ei teknologisk utviklinginnan turbinanlegg, og ein kunne få tak i slike blantanna frå Italia, Slovakia og Østerrike. Ein del tusen-kunstnarar bygde òg eigne turbinanlegg i Norge.Parallelt kom ei ny støtteordning på statsbudsjett,med romslege midlar til oppgradering av kraftverk. Itillegg var det også midlar til bygging av nye kraft-verk, som fekk ein del grunneigarar til å satse. Eitdøme på eit slikt prosjekt er Fossheim Kraftverk iJølster. Det var godt med midlar, og gode bevillingartil rådvelde i høve søknadsmassen. Og pionerar påsmåkraftverk i Haukedalen, blant anna naboane NilsGjerland og Gunnar Jan Gjerland, var tidleg ute. Deivar blant dei første i fylket som bygde småkraftan-legg igjen.

Litt motstand i systemet // Både i forvaltninga ogkraftbransjen vart småkraftverka møtt med lunkenhaldning i starten.

– Kraftbransjen var ikkje begeistra for småkraft-verka. Dei syntes det var noko herk med småtteriet,seier Sægrov. – Litt det same gjaldt i NVE. Vi jobbastort sett med store kraftverk, og omfattande regu-lering i større vassdrag , og hadde ikkje laga saksbe-handlingsprosedyrar for småkraftverk. Det var utfor-drande, og det var ein del debatt omsakshandsaminga skulle desentraliserast til kommu-nalt nivå. Ein stor del av småkraftprosjekta låg påVestlandet. Ei ressurskartleiing NVE gjorde tidleg iperioden viste at om lag 50 prosent av Norge sittpotensial for småkraft ligg i Hordaland, Møre ogRomsdal og Sogn og Fjordane. Vi vart sterkt invol-vert i saksbehandlinga av småkraftverk og aktivite-ten auka mykje på kontoret i Førde.

– Kor mykje av det potensialet er teke ut no?– Ein stor del av det er bygt ut, fleire saker er fer-

dig behandla og mange er i søknadsfasen. Nårdesse er bygd ut, er nok ein vesentleg del av poten-sialet, som er økonomisk interessant, teke ut. Menressurskartlegginga er relativt skjematisk, så detkan ligge større ressursar der enn utgreiinga seier.Ein byrja med veldig små kraftverk, så vart detstørre og større kraftverk med overgang til dei somblir definert som småkraftverk. Som samleomgrepfor mikro-, mini-, og småkraftverk blir alt små kraft-

verk. Ser ein framover kan det kanskje vere rom forfleire mikro- og minikraftverk. 

Litt strengare tider // – Er det vanskelegare åkomme i gang med eit småkraftverk no enn i star-ten?

– I starten var stemninga veldig positiv, men dethar vore eit konstant konfliktområde mellom natur-vern og utbygging. I klassisk naturvern er det nokgenerelt betydeleg skepsis til vasskraftutbygging. Idag synest det å vere slik at NVE i sterkare grad harteke opp i seg ei litt strengare haldning til småkraft-verk enn før. Og ein skal jo så godt som råd er taomsyn til naturen i kraftutbygging: Dempe tekniskeinngrep i terrenget, og legge vekt på gode land-skapsmessige løysingar. Verknader på landskapet erei side, vidare har ein dette med økologi og biolo-gisk mangfald. Det er ofte der konflikten no liggmellom utbygging og naturvern. Kraftverket skalikkje forstyrre eller øydelegge biologisk mangfald,eller t.d. vere i konflikt med fiskeinteresser. Eitdøme er Brulandsfossen kraftverk, der mediebiletethar synt at det i driftssituasjonen har vore betyde-lege konfliktar med fiskeinteressene. Naturvern-synspunktet er at du skal kunne oppleve den urørtedynamikken i naturen. Der er jo vassdrag eit sentraltelement.

– Er det råd å bygge ut eit vassdrag utan åkomme i konflikt med dette?

– Eit vassdrag har ofte svært store variasjonar inaturleg vassføring, som ein ikkje klarar å handterepå same vis med ei kraftutbygging. Men vassdrags-lova frå 2001 seier at om ikkje elva går tørr natur-leg, oftare enn kvart tiande år, har du heller ikkje lovå tørrlegge elva etter ei utbygging, utan at det liggføre ein konsesjon som gir løyvet til å nytte alt vat-net. I praksis vert det nok ikkje gitt løyve til tørr-legging av elvestrekningar med årssikker vassføringved nye utbyggingar. Det gjev tryggleik i høve øko-logi og biologisk mangfald.

– Er det for mykje byråkrati knytt til etablering avsmåkraftverk i dag?

– Det er mange instansar som skal meine. Om einskal desentralisere dette vekk frå staten må ein hasterkare kommunar, og eg trur nok større og meirrobuste kommunar hadde handtert småkraftsøkna-dar med glans. Det er eit tungt felt med mange imp-liserte fagområde, der småkommunar ikkje har høvetil å ha fagfolk i full breidde. Ein treng fagleg innsiktog tyngde for å gjere dei rette vurderingane. Har einikkje folk med nok kompetanse, stansar det av segsjølv. Det kan og nemnast at det for kraftlinjer blirgitt områdekonsesjon for anlegg med spenning opptil og med 20 kV. Då blir grønt lys for utbygging avlokalt forsyningsnett gitt av det lokale nettselska-pet og då eventuelt etter arealplanar godkjent avkommunen. Det er eit lite paradoks, i og med at

mange meiner at det for natur og miljø er likemange utfordringar med mange kraftlinjer som deter med små vasskraftanlegg.

Grøne sertifikat // – Kva rolle spelar grøne sertifi-kat for småkraftbransjen?

– Miljødebatt, fokus på ny fornybar energi ogaktuelle verkemiddel utløyste store forventingar tilinnføring av grøne sertifikat, som gjev ein tilleggs-verdi på elektrisk kraft. Sverige innførte grøne serti-fikat i 2003, og då vaks forventingane til at deiskulle komme her også, men ordninga vart stadigutsett og var først på plass i 2012. Dei betyr mykjefor dei som blir omfatta av ordninga, fordi kraftprisut frå kraftstasjon er låg; og ser ut til å bli det fram-over. Sertifikata gjeld for nye anlegg som kjem i pro-duksjon innan 2020, seier han.

Ei utfordring for småkraftverk er å styre produk-sjonen vekk frå toppane.

– Mange av dei har ikkje magasin, og vil køyre forfullt når det er mykje nedbør. Det gjev stort press pånettet når alle produserer mykje på same tid. Detgjer det vanskeleg for dei som sel krafta. Ein veitikkje alltid kor mykje og lenge det skal regne, så deter krevjande å regulerer kraftsektoren. Det er let-tare å regulerer produksjonen når ein har magasin.Småkraftprodusentane må sette si lit til at dei«store», med god magasinkapasitet, aktivt brukarmagasina for å utjamne produksjonen over tid.

Sårbart // Linjenettet er ei anna svakheit som råkarein del småkraftverkprosjekt i dag.

– Delar av det har ikkje kapasitet til å ta i motstraum frå nye prosjekt, så mange prosjekt ventarno på at nettet skal byggast ut. Mange meinar atdet gjekk for lang tid før det kom politiske føringarpå styrking og utbygging av stamnettet. Ei styrking

av det er viktig om Norge skal bli ein større aktør påfornybar kraft, via auka eksport, for å bidra til redu-serte klimautslepp. Kraftigare linjenett gjer at einkan produsere meir kraft, og få mindre straumtap itransport. Mykje av linjenettet er gammalt, og orka-nen «Dagmar» visste kor sårbart mykje av det er.Når ein veit at det blir spådd meir ekstreme vêrtil-høve i framtida, er det er svært viktig å styrke linje-nettet, seier han.

– Alt for mange linjer går i tett skog som stadigblir større og i uver med storm ofte fell over linjer.Eg meiner det bør ryddast langt meir enn vi har setti seinare tid. Dette kjem lett i konflikt med naturom-synet, som helst vil ha så små inngrep som råd, menvi bør tole meir opne felt rundt linjene. Diverre fårgrunneigarane dårleg kompensasjon for å ta vekkmeir skog inn til kraftgatene. Om ein betalar deibetre for å rydde skog rundt linjenettet, ville einblitt mindre sårbar når stormane rasar.

Om ein hadde sagt nei til småkraftverk? // – Kvahadde skjedd om ein ikkje opna for småkraftverk i1990?

– Ein hadde nok ikkje fått utbygging av småan-legga, men hadde truleg fått fleire mellomstoreanlegg. Utviklinga ville blitt ei anna, men pressetom å levere meir fornybar energi ville vore likesterkt. Vindkraft er eit alternativ, som byr på mangeav dei same ulemper og konfliktar som vasskraft iform av naturinngrep. Ein ville nok fått ein skjerpakamp om å frigje ein del av potensialet i verna vass-drag.

– Har småkraftverk ein samfunnsverdi?– Ja. Samfunnet har lagt til rette for utbygging

fordi dei ser verdi i dette. Det er brei politisk semjeom at vasskraft er ein ressurs som bør nyttast til åstyrke næringsgrunnlaget i bygdene, og det er poli-tisk vektlagt at småkraftverk gir eit viktig bidrag tilny fornybar energi. Utbygging av småkraftverk gjevringverknader i form av arbeidsplassar, med alt fråkonsulentar og leverandørar av utstyr, til lokaleentreprenørar som byggjer dei. Mange fallrettseiga-rar har store fordelar av småkraftverk som gjev eiviktig attåtnæring, og bidreg til å oppretthaldespreidd busetnad. Så eg vil påstå at småkraftverkhar ein stor samfunnsverdi.

Det har voreeit konstantkonflikt-område mellomnaturvern ogutbygging

Både i for-valtninga ogkraftbran-sjen vartsmåkraft-verka møttmed lunkenhaldning istarten

” Foto

//

Roy

Sun

de

Page 11: Sunnfjord Energi 100 år

100 ÅR I JØLSTRA // 2120 // 100 ÅR I JØLSTRA

– DEI FØRSTE SMÅKRAFTVERKA i Haukedalenkom like etter 2. verdskrig, fortel Gunnar Jan Gjer-land.

– Bestefar sitt gav straum til lys i stova og fjøsen,og dreiv ei kokeplate. Det var fire verk på Gjerland idei dagar, og to på Grøneng. Ustabile greier, som iperiodar leverte dårleg spenning. På sommaren fun-gerte dei greitt, det var verre på vinteren. Og detvar mykje arbeid å halde dei ved like. Ein haddestraum til lys og koking, men det var ikkje nettmoderne greier. Punkta som var kopla til ytte mot-stand på generatoren. Hadde du på mykje lys, gjekkeffekten på kokeplata ned. Du måtte følgje med påvoltmeteret, og regulerer med å slå av og på ting,smiler han. – Primitivt, men eit enormt steg fram ihøve oljelamper og vedomn.

– Var det spennande med elektrisk lys for de somvar ungar?

– Ja, men eg var jo fødd inn i det. Det var nok meirspennande for dei som ikkje hadde det heime. Vihadde ikkje elektrisk lys i alle rom, så vi hadde olje-lamper også, som var meir spennande. For deihadde vi ikkje lov å røre, ler han.

På nett // I 1958 vart Haukedalen kopla på straum-nettet, og dei små likestraumsverka fasa ut.

– Mykje av straumnettet i Norge vart bygd utetter 2. verdskrig. Filosofien var å gjere det så billegsom råd: lange strekk og tynne linjer. Så på 80-taletvar mykje av linjenettet i dårleg stand. I Haukedalenvar det dårlege greier om vinteren, med snø på lin-jene og mykje utfall. Det var knapt ei veke utan brot.Vi kunne vere utan straum i dagevis, og det gav

Namn: Gunnar Jan Gjerland Alder:63Yrke:BondeKommune: FørdeRolle:Ein av dei førstesom bygde små-kraftverk, ogleverte straum tilSunnfjord Energi.

Småkraft-pionerenDå småkraft vart tema på 90-talet,var det eit kjent fenomen for Gunnar Jan Gjerland, som er fødd i1951, og godt hugsar bestefaren sitt vesle likestraumsverk.

Foto

//

Roy

Sun

de

Page 12: Sunnfjord Energi 100 år

100 ÅR I JØLSTRA // 2322 // 100 ÅR I JØLSTRA

bøndene problem. Både mjølkinga og lagringa avmjølka kravde straum. Ein måtte ha dieselaggregat,eller traktoraggregat for å klare seg, fortel han.

– Eg hadde rikeleg med vatn med bra fall i, ogtenke at det måtte gå å lage eit lite kraftverk, somkunne levere til garden.

Dette var i 1988-89. Ein kunne ikkje leverestraum til nettet. Likevel hoppa han i det.

– Eg kom i kontakt med ein kar som jobba medenergi i Nordsjøen. Han hadde planar om å lage småkraftverkanlegg. Eg kjøpte eit, som kom i drift i1990-91, på 35 kW med eigenregulering etter for-bruk. Vintertid, med høgt forbruk, takla anleggetgreitt. Om sommaren, når straumbruken gjekk ned,takla det ikkje reguleringa det. Jo meir eg brukte, jobetre fungerte det. Eg kunne ikkje selje overskotet,så løysinga var å bruke mykje straum om sommaren.Å bruke 35 kW i eit hus på varme sommardagar erikkje lett. Men eg hadde ein 10 kW varmeomn på igarasjen for å halde reguleringa i gang. Ein håplausmåte å bruke straum på, ler han.

– Eg fekk eit uanstendig forhold til straum.

Den viktige velvilja // Så kom den nye energilova i1990.

– Mitt anlegg vart innhenta av tida, men det gjekknokre år før eg gjorde meir ut av det. Folk såg ikkjeinntektspotensialet i den nye lova før rundt1992/93. Både eg og naboen, Nils Gjerland, byrjasnakke om større minikraftanlegg i 92, seier han.

– Skal ein levere kraft er ein avhengig av velviljefrå netteigaren, for oss Sunnfjord Energi. Vi gjekk imøte med dei, for å høyre om dei ville kjøpe kraft fråoss. Dei var skeptisk. Dåverande e-verkssjef, OddNes, sa:– De kjem og vil selje kraft til oss? Det er vi som skalselje kraft til dokke! Han hadde motførestillingar,blant anna på tryggleiken til nettfolka deira, og varmotvilleg. Det synet spreidde seg til resten av sel-skapet. Vi kom ut av møtet nedslåtte og litt depri-merte. Men det hadde kome ei stortingsmeldingsom peika på den store energiressursen i gamle,nedlagte kraftverk. Eg ringte Olje- og energidepar-tementet, og fortale dei om møtet med SunnfjordEnergi:

– «Du får gje dei litt tid, så dei får sette seg inn idette. Vi skal få det til.» Dei var optimistar, seierGjerland, og fortel at dei tok opp igjen kontakten ogla saka fram på nytt då Per Storegjerde kom inn iSunnfjord Energi i 1993.

Eg fortalte kva vi tenkte å gjere, og så tok Store-gjerde ordet:

– Vi kjøper straum i marknaden, så vi kan likegjerne kjøpe av dokke. Så lenge det tekniske er iorden, og anlegget blir godkjent.

– Han var positiv, og det spreia seg i selskapet.Ting gjekk i orden. Vi forhandla pris og kontraktar,

og byrja å levere i 1994. Eg og Nils kom på nett påsame tid, han med eit nytt anlegg, medan eg utvidamitt gamle med nye maskiner. Det byrja å røre segrundt om i landet på småkraft og haldninga var eiheilt anna.

– Var det vanskeleg å komme i gang?– Nei, men det var nybrotsarbeid, som ein ikkje

var heilt fortruleg med. Simens planla anlegget ogSunnfjord Energi tok seg av det praktiske. Det gjekkstort sett utan problem.

Utvida // Første småkraftverket var på 35kW, somhan stegvis utvida.

– No er kraftverket på 200 kW, med lenger fall ogrøyrgater, og leverer 690 volts straum. Om eg skullelaga større måtte eg ha gått over i høgspentnettet,som krev 22000 volt. Då måtte eg bygd eit mykjestørre kraftverk, samt ein kilometer med høgspent-linje. Det hadde medført store kostnadar. Vassdra-get her er freda vassdrag, med krav til minimums-vassføring og avgrensing i kor mykje du kan ta ut.Eg brukar så lite av vassføringa at eg produsererjamt året rundt. Då får du og betre pris på krafta, ogeg er nøgd med det eg har, fortel Gjerland.

Han gjekk inn som kraftleverandør med små for-ventingar til pris.

– Den uregulerte krafta var ikkje verdt mykje førenergilova. Eg vart førespegla nokre få øre per kWh,men første kontrakten var på 13 øre per kWh. Detmeinte eg var ein fantastisk god pris. Første året egdreiv var eit relativt tørt år i kraftbransjen, så prisenfauk over 30 øre per kWh, og medieinteressa forsmåkraft tok av. TV2 var her og laga reportasje. Detvart sagt at straumprisen aldri skulle under 20 øreigjen! Sommaren etter leverte eg til 2 øre per kWh.Så det svingar. I fjor var snittprisen 27-28 øre perkWh, men eg har hatt år med 41 øre per kWh. Egleverer 1,5 GWh i året, (forbruket til 75 hushald), såinntektene på verket ligg mellom 300.-500.000 iåret, seier han.

– Du sa du hadde eit uanstendig forhold tilstraum når du laga berre til deg sjølv. Endra det segnår du byrja å levere til marknaden?

– Då byrja eg å fyre med ved igjen, ler han. – Dåfekk jo straumen ein verdi! Og eg slutta med å havarmeomnen på i garasjen om sommaren.

Ville samarbeide lokalt // I utgangspunktet kunnehan levert kraft til kven som helst.

– Eg har alltid levert til Sunnfjord Energi, ut frå einfilosofi om at eg ynskjer å bruke lokale alternativ.Kanskje kunne eg tent eit halvt øre per kWh på ålevere til andre i blant, kanskje ikkje. Men i blanttreng eg å spørje dei om noko, og då er det greitt åha eit forhold. Dei har alltid stilt opp på kort varselom det har vore noko, så etter at Storegjerde komhar vi hatt eit godt forhold. Det har vore nokre tak

om tariffar og prisar i åras løp, men det er jo reinforretning. Dei må ta i vare sine interesser, og egmine, seier Gjerland, og fortel at han også har hatteit godt forhold til NVE.

– Ivar Sægrov var sentral i høve det formelle. Hanvar viktig for småkrafteigarar og veldig positivt tilsmåkraft. Det smitta over på heile NVE. Han vargenuint interessert i småkraft og såg potensialet.Det var det ikkje alle som gjorde. Eg minnast eingong eg var innom, og han var litt oppskjørta etterein intern debatt om småkraft på NVE. Nokre av deimeir skeptiske til småkraftverka hadde sagt at dettevar noko grunneigarane gjorde berre for å tene pen-gar. Som han sa: – Det er vel berre vel og bra at deitener pengar på dette i bygdene!

Han gjorde mykje for småkraft. På 90-talet orga-niserte han blant anna synfaring her på garden, forhovudkontoret til NVE. Generaldirektøren i NVE,Erling Diesen, kom med eit heil busslast og var herein halv dag for å sjå på kraftverket.

Gode tider // Mot slutten av 90-talet byrja ein godepoke for småkraftverk.

– Eit år var småkraft tema for bygdenæringsda-gane i Stardalen på Jølster. Per Storegjerde haldtføredrag, og Ivar Sægrov frå NVE, SparebankenSogn og Fjordane snakka om finansiering. Eg skullehalde foredrag om praktisk erfaring med småkraft-verk. Det møtte opp kollossalt med folk, den veslesalen var fylt med fleire hundre frammøtte. Det varreine hallelujastemninga. Etter det tok småkraft avpå Jølster og i Gloppen, seier han.

Og som ein av pionerane vart det mange tele-fonar frå folk som ville byrje sjølv.

– Det var mykje mediefokus ei tid. Då ringte folkfrå heile landet. Ei tid var det så ille at kona min badmeg stenge telefonen etter klokka 20, det gjekkikkje lenger, seier han.

Det er framleis stor interesse knytt til småkraft-verk, men ikkje som for nokre år sidan.

– Interessa er der, men eg trur det har bikka littover no. I dag held dei grøne sertifikata liv i bran-sjen. Siste utbygginga eg gjorde kosta meg 90 øreper kWh. No kostar ei utbygging 3-4 kroner per kWh.I dag har ein høge utbyggingskostnadar, og lågarestraumpris, som nok hadde ført til at dette stoggaopp om ikkje ein hadde grøne sertifikat. Dei er nes-ten eit vere eller ikkje vere for nye prosjekt. Ogaukande kraftmengde pressar prisen ned. I dag erdet rikeleg med straum i marknaden. Fram til 2010tente ein meir. I 2009-10 hadde eg inntekter påkraftverket på 50.-60.000 kroner i månaden. Nivåeter nok sunnare no.

Fridom og næringsgrunnlag // – Kva har småkraftbetydd for deg som bonde?

– At eg kan vere bonde utan å måtte ha andreinntekter, og kan drive med det eg sjølv vil. Eghadde nok vore bonde utan småkraft, men måttetruleg hatt jobb utanom også.

– Og no kosar du deg når regnet høljar?– Med tida får ein eit avslappa forhold til dette. Eg

brukar så lite av vassføringa at eg har stort sett all-tid nok vatn til jamn produksjon. Så eg set no igrunn mest pris på godvêr, seier han.

Gunnar Jan er 63 år gamal, og har fem born. Hanreknar med at garden kjem til å bli driven vidare nårhan ein dag gjev seg.

– Eg driv med ammekyr, sau og vatn. Det er minfilosofi. Det eg har mest av er vatn og utmark, så dåmå ein nytte seg av det. Kraftverket gjev ei god,stabil inntekt, så det ville vere rart om ikkje dei tokover. Utan krafta ville det ikkje vore like interessant.Eg skal bygge nytt driftsbygg, til rundt tre millionar.Utan kraftverket hadde det vore uaktuelt.

– I starten var detslik at eigen-reguleringa ikkjetakla overskotet avstraum egproduserte, nokosom førte til at egfekk eit uanstendigforhold til straum,seier Gunnar JanGjerland.

Foto

//

Roy

Sun

de

Page 13: Sunnfjord Energi 100 år

100 ÅR I JØLSTRA // 2524 // 100 ÅR I JØLSTRA

KARRIEREN SOM vasskraftutbyggar starta hosSogn og Fjordane Energiverk (SFE) i 1972 medbygging og planlegging av store kraftverk, blantanna Åskåra i Bremanger og Mel Kraftverk i Bale-strand. Men på 90-talet vart utbyggingsaktivitetenmindre og Jens Stoltenberg sa i nyttårstalen i 2001at dei store kraftutbyggingar si tid var over.

Eit småkrafteventyr // Så dukka det opp eit pargrunneigarar som ville bygge to små kraftverk. OgSeim var i gang med småkrafteventyret.

– På den tid var kraftprisane rundt 13 øre perkWh, og det var så vidt det gjekk rundt økonomisk.Det var om å gjere å bygge så billeg som råd. Ban-kane var lite interessert i å yte lån, men Spareban-ken Sogn og Fjordane vart med. Det kom stadigfleire grunneigarar og ville bygge småkraftverk,blant andre nokre frå Jølster. Det vart så omfattandeat eg måtte redusere til halv stilling ved SFE. I 2003hadde eg så mange småkraftprosjekt at eg slutta iSFE etter å ha jobba der i 31 år. Det var kjekkare ålage småkraftverk enn å flytte papir, smiler han ogfortel at det fort balla på seg.

– Eg har vore involvert i 60-70 småkraftverk påVestlandet, flest i Sunnfjord, Nordfjord og Sunn-møre. I Sunnfjord Energi sitt dekningsområde hardet blitt utbygt 12, og det er gitt konsesjon til eitpar prosjekt som ventar på nettkapasitet. Deiutbygde kraftverka har ein samla årsproduksjon på

Namn: Hermod Seim Alder:68Yrke:Tidlegare ingeniør i SFE. No sjølv-stendig nærings-drivandeKommune: FloraRolle:Jobba tidlegare medutbygging av storekraftverk i SFE. Mendei siste 17 åra harhan vore sentral iutbygging av mel-lom 60-70 små-kraftverk på Vest-landet.

500 GWhsmåkraftØya Kinn er kanskje ikkje det dutenkjer på når ordet småkraftverkdukkar opp. Men, ein av innbygga-rane, Hermod Seim, har hatt handapå rattet på rundt 70 småkraftut-byggingar dei siste 17 åra, to av deii Jølstravassdraget.

Foto

//

Roy

Sun

de

Page 14: Sunnfjord Energi 100 år

100 ÅR I JØLSTRA // 2726 // 100 ÅR I JØLSTRA

ca 500 GWh. Første tida var det stor interesse formikro- og minikraftverk, men dette tok fort slutt ogutviklinga har gått mot stadig større småkraftverk.

Lite byråkrati i starten // – I starten var det mykjemindre byråkrati med søknader og godkjenning. Dettok gjerne berre eit par år frå ein tok til med eit pro-sjekt til det sto ferdig. Det starta gjerne med eit for-prosjekt og heldt fram med konsesjonssøknad, pro-sjektering med anbod og kontraktar, bygge- ogprosjektleiing og litt oppfølging i drifta. På detmeste bygde eg seks kraftverk i året. Ut over 2000-talet kom det stadig fleire fallretteseigarar, og detstørste problemet vart å halde dei unna. Eg måtteseie nei til halvparten. Det toppa seg i 2005/06etter at kraftprisen steig til 40-50 øre per kWh. Dåvar det nærast Klondyke-stemning og konsesjons-søknadene strøymde på til NVE. Dei hadde alt forliten kapasitet, slik at handsamingstida gjekk opp tilfire-fem år. Så gjekk det nedover. No er byggeaktivi-teten liten. Det er over 300 prosjekt som har konse-sjonar, og er klare til å byggjast ut, men søkjaranetorer ikkje å gå i gang grunna låg kraftpris og høgebyggekostnader. Og den omfattande småkraftbygg-inga har medført at linjenettet er sprengt mangestader, og mange utbyggingar må vente på forsterk-ing av nettet.

Nokre blir millionærar // Lønsemda i småkraft-bransjen er variabel og svært avhengig av kraftprisog byggekostnad.

– Ein del har blitt kraftmillionærar, spesielt blantdei som bygde tidleg og fekk med seg dei gode åra.Andre slit økonomisk grunna høge byggekostnader,spesielt dei som bygde før ordninga med el-sertifi-kat. Dei som får slike sertifikat får eit pristillegg påca 15 øre per kWh, slik at dei ender på rundt 40 øreper kWh no for tida. Sertifikatordninga er tidsav-grensa og gjeld berre for dei kraftverka som er fer-digbygd før 2021, seier han og fortel kva som kjen-neteiknar eit godt prosjekt.

– For å få til eit godt kraftverksprosjekt må deinaturgitte føresetnadane vere på plass. Det må verebra med vatn i elva, fallhøgda må gjerne vere 100-300 meter og terrenget må ikkje vere for ulendt,osv. Med dagens rammevilkår er det svært få små-kraftverk som er lønsame utan el-sertifikat, i allehøve for private utbyggarar, seier han.

Eit småkraftverk som er godt planlagd og utførter enkelt å halde i drift i høve til tidlegare tiderssmåkraftverk.

– Anlegga er fullautomatiserte og styrer seg sjølv.Du kan i praksis ligge på stranda i Syden og følgjemed kraftverket på PC’en og styre anlegget derifrå.Dei fleste har avtale med leverandør om årleg ser-vice og online backup. Skjer det noko kan dei gå innvia internett og feilsøke. Det er lite feil på anlegga,

oppstår det noko, har det som regel samanhengmed feil på linjenettet. Dagens småkraftverk er meiravanserte enn dei store kraftverka vi bygde tidle-gare.

Sunnfjordingar blir einige, møringar kranglar // I eit vanleg småkraftprosjekt er det gjerne mangegrunneigarar og fallrettseigarar.

– Der utmarka ikkje er utskifta kan heile bygdavere med på prosjektet, som til dømes på Folkestadi Volda. Der var det 37 fallrettseigarar og aksjonæ-rar i eit lite kraftverk. Ofte er fallrettane ulikt for-delt: Nokre få eig mykje, andre berre nokre promille,og det kan vere problematisk å semjast om utbyg-ging. I tidlege år måtte eg ofte fungere som meklarog fordele fallrettar og eigardelar. I seinare tid gårdei fleste prosjekta til jordskifteverket, som fastseteigedomsgrenser, måler høgdemeter og fordelerfallrettar. I ein del saker har jordskifteverket siavgjerd blitt anka både til lagmannsretten og tilhøgsterett. Det er tidkrevjande og kan forsinkeutbygginga i årevis. Når kraftprisen var på det høg-ste vart det mange «slåsskampar» om fallrettar,seier Seim og fortel om geografiske skilnadar.

– Sunnmøringane protesterer på det meste. Sunn-fjordingane er meir sidrumpa, snille og greie. Fellesfor dei fleste småkraftbyggarar er at dei er flinke tilå søke informasjon og sette seg inn i sakene, mendei er også lette å påverke med «gode» råd frå use-riøse aktørar i bransjen.  

Framtida // – Korleis ser framtida ut for småkraft-bransjen?

– Usikker! Vidare utbygging er avhengig av kraft-prisen. På kraftbørsen Norpool ligg framtidskontrak-tane på rundt 25 øre per kWh for uregulert kraft ogforstå-seg-på-arane meiner det er dårlege utsikterfor særleg stigning, seier Seim og fortel at han ermeir optimist.

– Eg trur prisen på vasskraft vil stige. Den globaleøkonomien har vore svak, spesielt i Europa, men erno på veg oppover. Med større økonomisk vekst vilenergiforbruket auke. Det er dessutan stor vilje tilomlegging til meir miljøvenleg energi, noko som vilmedføre høgare pris på den reine vasskrafta. Det erikkje sikkert det går fort, seier Seim, men eg tipparat om fem til sju år er kraftprisen dobla i høve no. Låge kraftprisar er ein bremsande faktor, og høgeutbyggingskostnadar ein annan.

– Dei første prosjekta eg var med på kosta rundtei krone per kWh å bygge. I dag ligg tilsvarande pro-sjekt på to-tre kroner per kWh. Auken skuldaststrengare miljø- og tryggleikskrav og generell pris-auke, fortel Seim.

Ein annan bremsande faktor vil vere tilgangen pålønsame utbyggingsprosjekt.

– Etter kvart har dei beste prosjekta blitt

utbygde, og ein må rekne med at både miljø- ogbyggekostnader vil auke. Dette vil medføre at detvert vanskelegare å få konsesjon og at fleire pro-sjekt vert ulønsame. I enkelte område, som Jølsterog Gloppen, er det svært få gode småkraftprosjektatt, seier han.

Det som aldri vart // I SFE var Seim med på plan-legging og bygging av mange store kraftverk, ogsåeit som aldri vart noko av.

– I 1975 flytta eg til Viksdalen for å førebuutbygginga av Gaularvassdraget, eit kjempeprosjektmed sju store kraftverk og årsproduksjon 1200TWh, tilsvarande to Alta-kraftverk. Det var søkt omkonsesjon etter at fylkespolitikarane hadde sortertpå vassdraga i Sunnfjord. Dei vurdert Jølstervassdra-get som det mest verneverdige og Gaularvassdragetsom best eigna til utbygging. SFE forhandla medHydro om sal av krafta frå Gaularvassdraget, menaluminiumsprisane gjekk nedover og Hydro for-svann ut døra. Inn kom den nyvalde komiteen forvern av Gaularvassdraget som slett ikkje ville hautbygging. Eg vart sittande å prosjektere 1. bygge-steg (Vallestadfossen I og II) og laga 50 store teik-ningar og to tjukke bøker med spesifikasjonarmedan utbyggingsmotstandarane gjekk langs elvaog sette opp verneskilt Vern om Gaula, eller gaul omvern som vi kalla dei. Med aukande forståing forvern av natur og miljø gjekk dette slik det måtte gå.Den tungrodde og politikarstyrde SFE-skuta evnaikkje å navigere i det ureine farvatnet som oppstodog kom alt for seint på bana med reduserte og meirmiljøtilpassa utbyggingsalternativ. Gaularvassdra-get vart omsider verna i 1993 (Verneplan IV).

Som eit apropos: Den mest ihuga motstandarenav utbygginga bygde for nokre år sidan eit små-kraftverk i Viksdalens finaste foss, seier Seim ogheld fram.

– Etter fadesen med Gaularvassdraget planla egKjøsnesfjorden kraftverk og SFE forhandla medgrunneigarane om fallrettane, men her kom Sunn-fjord Energi på bana og sikra seg prosjektet. Men vifekk no bygt ut to mindre kraftverk i Hyen (Sagefos-sen og Skogheim) og Mel kraftverk i Vetlefjorden,for ikkje å snakke om dei mange store transforma-torstasjonane.

– Den globale økonomienhar vore svak i Europa, ogsom ei følgje av det trureg prisen på vasskraft vilstige, seier Hermod Seim.

Ein del harblitt kraft-millionærar,spesieltblant deisom bygdetidleg

På det mestebygde egseks kraft-verk i året

””

Foto

//

Roy

Sun

de

Page 15: Sunnfjord Energi 100 år

100 ÅR I JØLSTRA // 2928 // 100 ÅR I JØLSTRA

Namn: Rune Nydal Alder:53Yrke:Småkraftkonsulent,bonde og småkraft-pionerKommune: FørdeRolle:Leiar av Småkraft-foreninga i Sogn ogFjordane og eigarav eit småkraftverk.

– Ikkje sel fallrettane! Rune Nydal frå Holsen har lang fartstid innan småkraft.

I følgje han er det fornybar energi som er framtida, og du

må ikkje finne på å selje fallrettane.

NYDAL BYGDE SJØLV, saman med naboar, små-kraftverk på i Nydalen på Holsen i 2004. Han vertrekna som ein av småkraftpionerane i fylket, ogjobbar i dag som konsulent for andre som ønskjerbygge.

– Men det var i Haukedalen dei først begynte åspekulere i dette – rundt 1993. Dei kontakta  Sunn-fjord Energi og ville selje straum til dei. Då lo dei, fordet var jo dei som skulle selje straum til kundane, ogikkje omvendt, ler han.

I dag er fylket suverent best på småkraft. Sognog Fjordane toppar klart oversikta over tal småkraft-verk – uansett om ein måler i produksjon, effekteller tal kraftverk i drift.

Godt forarbeid // Naboane i Nydalen hadde litekunnskap om drift av småkraftverk då dei begyntepå eit forprosjekt i 2000. Dei kontakta difor HermodSeim, som jobba som konsulent på feltet. Plananevart då lagt på is, men i 2003 var det tørt og prisanefor til himmels. Nydal og naboane meinte tida kunnevere inne, og tok igjen kontakt med Seim, somstarta prosjektere. Konsesjonssøknad vart sendt, ogni månader seinare fekk dei svar.

– Det er andre tider no. Vi fekk kjapt svar, men idag kan du rekne med at dei brukar ni månader på ålegge søknaden i ei skuff, smiler han, og siktar tilaukande byråkrati.

– I tillegg bygde vi rimeleg. Det er ikkje like lett idag.

Kraftverket sto ferdig i 2004, og var i drift frå 2.februar 2005.

– Det var mykje å rekne på, før vi kunne sette igang. Vi sette opp kalkylar og reknestykke, vurdertesvingingar og berekna produksjon. Det er mange tal,

og banken skal vere einige. I tillegg var vi aktive iprosessen under røyrlegginga.

Nydal og naboane hadde gjort godt forarbeid,danna aksjeselskap, og starta tidleg tene pengar påprosjektet.

– Vi gjekk i overskot frå første året, og skjøna fortat vi hadde gjort det rette.

Kraftverket har hatt stabil drift, og det har vorelite tull med anlegget. I tillegg tok han som grov ogla røra lite betalt. Vi har nok vore litt heldige.

– Vi har heller ikkje hatt store utlegga i etterkant.Det einaste vi har lagt ut for er smådelar og annasmåtteri.

Utfordrande å bygge i dag // Han meiner det ikkjevil vere like enkelt i dag som for ti år sidan å byggesmåkraftverk.

– Behandlingstida til konsesjonssøknaden ermykje lenger, kanskje fem år. Vi bygde rimeleg, mendet klarar du nok ikkje i dag.

Han anbefaler dei som går med planar om å brukeein konsulent.

– Leit opp nokon som kan prosjektere eit små-kraftverk. Set deg inn i småkraftbransjen, og studerkart over området. Kor mange høgdemeter er falletpå? 500 meter fall er naturlegvis mykje betre ennfem meter. Er det stor høgdeforskjell frå toppen, vildet kanskje ligge brear der, og i vertfall snø. Det erein stor fordel. Har du høge fjell rundt deg vararsnøen lenger. Difor har indre strøk fordelar.

Ein svært viktig faktor er tala.– Om forprosjektet viser raude tal, er det berre til

å pakke det vekk og la vere. Viser tala god lønsemd,kan det vere fornuftig å søke konsesjon. Reknestyk-ket må alltid ligge i botn. Tapar du pengar i 10-15 år,

Foto

//

Thor

-Aag

e Li

llest

øl

Page 16: Sunnfjord Energi 100 år

100 ÅR I JØLSTRA // 3130 // 100 ÅR I JØLSTRA

bør du la det ligge. Med mindre du har veldig godeigenkapital og klarar dekke tapet, men det har veldei færraste.

Verdiskaping på gardane // Nydal meiner grunn-eigarar ikkje må la seg sjarmere av selskapa somkjøper opp fallrettar og byggjer ut småkraftressur-sane.

– Ikkje sel fallrettane, for ressursane ligg der påsikt. Dersom ein gjer som enkelte kommunar, at einsel det ein eig, vil pengane komme ein gong og ikkjemeir. Om du sel fallrettane, vil du få eit eingongsbe-løp og etter det ingenting.

Han ser på vatn som ein verdi på gardane. Forbønder kan småkraft vere ei god biinntekt.

– Småkraft er ei langsiktig investering, for røyrga-tene kan ligge i 60 til100 år. Om du klarar bygge bil-leg og halde rimelege driftskostnader, kan småkraftvere ei kjelde til verdiskaping på gardane. Men einmå tenke langsiktig, og ikkje forvente overskot frådag ein. Legg det på eit realistisk nivå, og bli helleroverraska av pluss, enn omvendt.

Eit anna alternativ kan vere leige ut ressursane.– Du må ikkje bygge sjølv. Det finns selskap som

bygger ut elver, men dei skal ha ein stor del av kaka.Du kan leige ut fallrettane, men du sit att med lite.

Vatnet tek ikkje slutt // Nydal ivrar for fornybarenergi, og er sikker på at gardane sit på ei viktigenergikjelde.

– Vi må tenke langsiktig. Det vi tappar i Nordsjøenvil ta slutt, og tek vi klimaet på alvor må vi redusereklimagassutsleppa. Fornybare energikjelder kanbidra til sikrare energiforsyning, fordi det er einevigvarande ressurs. Det blir som skreien i Lofoten:Den kjem tilbake kvart år, mens oljen tek slutt føreller seinare. På lang sikt vil rein energi som sol,vatn og vind utan Co2-utslepp ha eit stort konkur-ransefortrinn. Sats på fornybar energi, det er garan-tert framtida!

– Dersom du ønskjer å gå igang med eit småkraftverk,bør du finne nokon som kan

prosjektere det. Viser forpro-sjektet raude ta, er det berre ålegge prosjektet på hylla, seiersmåkraftpioneren Rune Nydal.

Småkraft erei langsiktiginvestering,for røyrga-tene kanligge i 60 til100 år

Foto

//

Thor

-Aag

e Li

llest

øl

Page 17: Sunnfjord Energi 100 år

32 // 100 ÅR I JØLSTRA 100 ÅR I JØLSTRA // 33

Namn: Harald Sægrov Alder:59Yrke:BiologKommune: BergenRolle:Har forska på faunaen i Jølstra-vatnet og Jølstra i over 35 år.

Kraft og fisk– hand i hand? I Jølstravatnet har fisk og kraft stort sett levd i fred og

ro saman sidan Stakaldefossen kraftverk starta i 1954,

med Jølstravatnet som «magasin».

ÅRET ETTER VART Harald Sægrov fødd. Han vaksopp på Jølster, men visste nok ikkje då kor mykjeyrkeslivet hans skulle dreie seg om Jølstravatnet ogJølstra. Som biolog med fagområde fisk, i firmaetRådgivende Biologer, har han forska på Jølstravass-draget i 35 år.

– Dei færraste tenkjer på Jølstravatnet som regu-lert, sidan reguleringshøgda berre er 1,25 meter,seier Sægrov.

– Og det er når ein tappar vatnet for lågt ein ska-per problem for det biologiske mangfaldet i eit vass-drag. Då ein regulerte Jølstravatnet på 50-talet, vareit av vilkåra at ein skulle halde seg innan ytter-grensene for normal vasstand, seier han.

– Kvifor vart Jølstravatnet så lite regulert?– Det skuldast fleire faktorar. Jølstravatnet er så

stort at 1,25 meter reguleringshøgd utgjer mykjevatn. Truleg kunne ein ikkje nytta stort meir i pro-duksjonen. Og ein tok omsyn til biologien i vatnet.Fiske var viktig då, og ein ønskte å bevare dette.

Låg reguleringshøgd sikrar faunaen // – Kvar gårgrensa for kor stor variasjon i vasstand ein kan hafør det skaper problem?

– Biologar reknar med at inntil tre meter regule-ring av vasstanden i ein innsjø ikkje gjev storeendringar for faunaen. Men andre ting kan påverke,for eksempel å demme av utløpet. Ofte ligg gyte-plassar for stor fisk nedanfor utløpet. Storauren iJølstravatnet vandrar eit stykke ned i Jølstra for ågyte, så ei demning ville hindra den i gyte. Og regu-leringshøgde på 4 meter og oppover kan ha storeffekt på faunaen. I Jølstravatnet gyt auren i strand-sona, på 2-8 meters djupne. Ei så stor regulerings-høgd her kunne øydelagt gyteplassar. Men kombi-

nasjonen av lite regulering og fri vandring ut iJølstra gjer at kraftutbyggingane ikkje påverkar fiskog andre organismar i påviseleg grad her, seier han.

Einaste magasinet i Jølstravassdraget ligg i Trolle-vatnet over Kjøsnesfjorden.

– Utbygginga i Kjøsnesfjorden gav litt mindrevatn i tilførselselvene. Dei er ikkje like fine fiske-plassar som tidlegare. Elles ser det ikkje ut til atkraftutbyggingane her har gitt målbare uheldigeeffektar på fiskebestand eller andre organismar.Jølstravatnet er etter måten lite regulert. Det blirhalde igjen lite vatn sentralt i vassdraget, seier han,og fortel at ein i moderne kraftutbyggingar møterstrenge krav til kor mykje vatn ein kan nytte.

– No er det strenge krav til minstevassføring ivassdrag ved kraftutbygging, for å unngå tørrlagteelver. På 60- og 70-talet var det berre unntaksviskrav til minstevassføring, og ein kunne få lange,tørrlagte elvestrekk. No krev EU sitt vassdirektivgod økologisk status i vassførekomsten. Direktivetslår fast at sikring av biologisk mangfald er eitvesentleg element i ei utbygging, og at ein bør haliten regulering av vasstanden for å sikre god økolo-gisk status. Ofte går nedtapping så sakte at mobileartar vil kunne flytte seg i høve reguleringa. Regu-lerer du vasstanden for mykje kan nokre artar for-svinne. Men så langt vi veit har det ikkje vore tap avbiologisk mangfald i Jølstravassdraget som følgje avkraftutbyggingar.

Meir problem i Jølstra // I sjølve Jølstra har detvore nokre komplikasjonar som følgje av kraftutbyg-ging.

– Stakaldefossen har ikkje hatt noko særlegeffekt på elvestrekket nedanfor. Men med opprus-

Foto

//

Roy

Sun

de

Page 18: Sunnfjord Energi 100 år

100 ÅR I JØLSTRA // 3534 // 100 ÅR I JØLSTRA

tinga av Brulandsfossen kraftverk i 1989 oppsto eindel problem. Når kraftverket stoggar er det meiningat ei luke skal opne seg og sleppe vatn ut i fossen.Men luka reagerte seint, og det tok tid før vatnetnådde elva nedstraums. Ved stans i kraftverket vartmykje av elva tørrlagt, med stranda fisk som resul-tat. Dette var problematisk lenge. Vi har ikkje sikretal på kva dette betydde for fiskebestanden iJølstra, men reknar med 20-30 prosent nedgang ibestanden dei ti første åra etter utbygginga, seierhan.

– Vidare laga ein eit styringssystem medomlaupsventilar som gav betre kontroll. Ved turbin-stopp no senkar luka seg raskt, og vatnet rennforbi. Dette har stort sett fungert bra. Ein haddeutfall i 2009 og uhell i januar 2013 og i februar2014. Desse var korte, og det gjekk under ein timefør normal vassføring var tilbake. Botnen av Jølstraer også prega av grov stein og mose, og fisk kanklare seg lenge om den ligg i fuktig mose, seier hanog held fram.

– I dag har ein gode system for å unngå tørrlegg-ing, og utanom problema har det vore omtrent nor-mal vassføring. Eit unntak er at reguleringa gjevmindre flaumar enn før. Men problema førte tilstreng regulering av laksefiske. Frå 1992 sette einut all villaks ein fanga. No har ein byrja å sleppe opplitt, i fjor var det ein kvote på 60 laks i elva. Samti-dig har ein generelt blitt strengare på uttak av vil-laks i Norge, blant anna fordi laksen har fått dårle-gare overleving i havet. For å sikre godgytebestand og biologisk mangfald har ein lagastrengare reglar, og jobbar målretta for å bygge oppbestanden av gytefisk.

Brua påverka mest // Eit anna naturinngrep ennkraftutbygging har påverka vatnet mest.

– Brua over Kjøsnesfjorden har stor påverknad påJølstravatnet og Kjøsnesfjorden. Den ville trulegikkje blitt bygd på same vis i dag, slår han fast ogfortel kvifor.

– Det er stor skilnad i fargen på Jølstravatnet ogKjøsnesfjorden i sommarhalvåret. Jølstravatnet erblått, medan Kjøsnesfjorden er grøn-grå. Kjøsnes-fjorden får tilførsel av brevatn, som er rikt på leire-partiklar. Desse er så fine at dei kan flyte i vekevis ioverflata. Før brua hadde ein stor utveksling av vatnmellom Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden, og Kjøsnes-fjorden fekk tilført meir klårt overflatevatn. Det gjevulike næringsvilkår. Jo meir leire i overflata, jomindre lys trengjer ned i vatnet. Det gjev mindreproduksjon av algar og fisk. Derfor har Jølstravatnetfinare fisk enn Kjøsnesfjorden, seier han, og fortelat ein i bygginga av kraftverket i Kjøsnesfjordenprøvde å avbøte dette.

– Reguleringsmagasinet i Trollevatnet samlarmykje av vatnet frå breane rundt, og reduserer

vassføringa i elvane til Kjøsnesfjorden. Magasinvat-net vert ført ut på djupare vatn i Kjøsnesfjorden enndet ville blitt naturleg, for å skape klårare overflate-vatn. Det ser ut til å ha ein effekt, men vi har forkorte måleseriar til å seie det sikkert. Leiremengdavarierer nemleg frå år til år naturleg også. Men vonaer at ein kompenserer ein del av endringane somfølgje av brubygginga med dette.

Betre enn før? // Sægrov fortel at Jølstravatnetframleis er eit viktig fiskevatn.

– Jølstravatnet har godt rykte, og eg brukar å kalledet eit av dei viktigaste vatna for aurefiske i Nord-Europa. Det er ikkje mange vatn att med eit så vik-tig fiske av aure som her, og fiskekvaliteten er høg.Sjølv jølstringar blir overraska når eg fortel kormykje aure det blir teke opp av Jølstravatnet. Visnakkar om totalt 15 tonn fisk per år. Det er likemykje som all laksen som blir fiska i alle elvene i fyl-

ket vårt. Det seier noko om kor mykje fisk det er ivatnet, seier han.

– Før hadde ein eit levande innlandsfiske i Norge,men når oppdrettsnæringa kom vart laks og aurebilleg. Det var kroken på døra for innlandsfiske somnæring. Men i Jølstravatnet held det stand, grunnahøg kvalitet på fisken, og eit godt fungerande fiske-mottak drive av Finn Årdal, seier han, og fortel atkvaliteten på fisken har auka i løpet av desse 60åra.

– Eg trur fisken er finare no enn på 50-talet. Dåfiska ein ofte etter gytefisk. Når flytegarnfiskebreia om seg på 60- og 70-talet fekk ein eit meireffektivt fiske, og tek meir fisk før den blir gammal.Det gjev ein yngre bestand og høgare kvalitet. Nor-malt stoppar fisken å vekse når den har gytt forførste gang, og kvaliteten søkk med alderen.

I eit vatn er det ofte mange om beinet. I Jølstra-vatnet har auren herska åleine lenge.

– Jølstravatnet er eit av få eksempel vi kjennermed ein kannibalsk storaurebestand. I nyare tid hardet blitt sett ut øyrekyte, som ein var redd skulleskape problem, men så langt har den ikkje gjort det,seier Sægrov og fortel at den siste istida har settsitt preg på artsutvalet i Jølstravassdraget.

– Nedst i Jølstra har ein laks, aure og røye, og deito siste tok seg også inn i Movatnet i sluttfasa avsiste istid. Då gjekk den marine grensa, altså havni-vået, om lag ved Stakaldefossen. Men over fossenkom fisken seg aldri.

– Men kvifor er det aure i Jølstravatnet då?– Den trur vi er hjelpt inn dit av menneske, seier

Sægrov. – Elles burde det vore røye der også. Vi veitat folk byrja å flytte aure mellom vassdrag for6000-7000 år sidan. Men vi veit ikkje om den komfrå Movatnet, eller andre vegen frå Breimsvatnet,avsluttar Sægrov.

– Eg brukar å kalleJølstravatnet eit avdei viktigaste vatnafor aurefiske i Nord-Europa, seier HaraldSægrov.

For å sikregod gyte-bestand ogbiologiskmangfaldhar ein lagastrengarereglar

”Fo

to /

/ R

oy S

unde

Page 19: Sunnfjord Energi 100 år

36 // 100 ÅR I JØLSTRA 100 ÅR I JØLSTRA // 37

Namn: Ola Sveen Alder:63Yrke:FiskeoppdrettarKommune: FloraRolle:Styremedlem iSvanøy Havbruk

Samarbeid i Jølstra Utbygginga av Brulandsfossen i 1989 førte til år med uro mellom

Sunnfjord Energi og Førde Elveeigarlag.

I samband med utfall som førte til tørrlegging avelva vart det funne daud yngel. Etter dette oppstoeit konfliktfylt forhold mellom grunneigarar ogkraftselskapet på omfanget av problemet. SunnfjordEnergi sette opp betre kontrollanlegg, som klarte åregulerer raskare ved utfall, men konflikta haldtfram i mange år og gjennom to rettsakar. Grunnei-garane fekk medhald og erstatning for dei første tiåra, mens retten ikkje fann grunn til erstatning fordei neste ti åra.

Direktoratet for naturforvalning og NVE pålautbyggar å produsere og sette ut 10.000 lakses-molt årleg i Jølstra. Men kvaliteten på setjefiskenvart eit problem. Sunnfjord Energi kontakta OlaSveen i Svanøy Havbruk, ein oppdrettsveteran medfartstid heilt tilbake på 70-talet.

– Sunnfjord Energi kontakta meg for fire år sidan,og bad meg komme og sjå på yngelen og vurderekvaliteten. Dei hadde problem med finneslitasje,ujamn vekst og auka utgang av fisk i periodar. Egbesøkte anlegget for å vurdere situasjonen, og fannat problemet deira var samansett. Besøket vartgrunnlag for ein rapport der eg føreslo ulike tiltak,og rapporten danna også grunnlag til eit budsjettfor ei oppgradering av anlegget, fortel Sveen. – I eitmøte mellom dei som har driftsansvar for anlegget,og tilsynsveterinær Inge Kaada, diskuterte vi deiføreslegne tiltaka. Dei gjekk blant anna på å gje fis-ken meir plass, vatn og lys.

Rusta opp klekkeriet // Mot slutten av 2011løyvde Sunnfjord Energi 350.000 kroner til å rusteopp klekkeriet og setjefiskanlegget til Førde Elve-eigarlag, og inviterte Sveen inn som fagleg ansvar-leg for oppgraderinga.

Målet for Sunnfjord Energi var å legge konfliktanebak seg ved å invitere til samarbeid.

«Eg trur det vil gje god effekt også å alliere ossmed solide fagfolk på klekkeri og setjefisk i lakse-bransjen», sa produksjonssjef Olav Osvold i Sunn-fjord Energi i starten av prosjektet.

– Haldninga har endra seg både hos oss i Sunn-fjord Energi og i elveeigarlaget og vi har dei sisteåra hatt ein god dialog, understrekar han.

Arne Høisæther i Førde Elveeigarlag var ogsånøgd med det nye samarbeidsklimaet.

«Skilnaden er at Sunnfjord Energi no tilbyr oss nyetiltak dei ikkje har blitt tvinga til. Og når ein skal vida-reutvikle klekkeriet og setjefiskanlegget, er vi gladefor å ha fått med ein verkeleg ekspert, Ola Sveen, pådette Sveen. Vi set pris på at ein fagmann tek ansva-ret for at oppgraderinga og vidare drift av anleggetskal bli vellykka» uttalte han til Firdaposten.

– Grunnlaget for settefiskanlegget er å kompen-sere for ein mogleg effekt frå kraftverket på repro-duksjon av fisk i elva. Etter at Sunnfjord Energisette meir fokus på å støtte kultiveringa, også medfagleg ekspertise og teknisk hjelp, har forholdetbetra seg. Framleis er det eit følsamt tema, mensamarbeidet er konstruktivt og godt, seier FredrikBehrens, administrerande direktør i SunnfjordEnergi.

Betre yngel // Samarbeidet mellom desse tre par-tane hadde som målsetnad å auke kvaliteten påyngelen.

– Sunnfjord Energi finansierte ei større oppgrade-ring av anlegget med større kar, nytt røyropplegg ogtilgang til å sette på meir vatn. I tillegg sponsa Gjøl-anger Bruk i Fjaler større kar. Mykje av grunnarbei-det og montering av utstyr vart teke på dugnad avdei som hadde oppfølging av anlegget, eleveeiga-rane og sportsfiskarar, seier Sveen.

– Større kar med meir volum bidreg til å lagestørre og meir robust laksesmolt. I tillegg måtte einlegge om røyrsystemet og organisere klekkerennerog småkar meir effektivt. Oppgraderinga vart vel-lykka, og det speglar seg i kvaliteten på fisken no.

– Kva kan ein overføre av kunnskap frå oppdretttil kultivering av villaks?

– Erfaringar som kan overførast frå oppdrett tilkultivering er både av teknisk, driftsteknisk og bio-

logisk art. Settefiskanlegg sit ofte på mykje utstyrsom kultiveringsanlegga kan overta, som eit bidrag idette arbeidet. I vår region har fleire villaksklekkerifått overta utstyr frå settefiskanlegg som kjem tilstor nytte. Dette er noko vi oppdrettarar sværtgjerne er behjelpelege med. Slike samarbeid gjevogså gode kontaktar.

Godt samarbeid // Sveen syns det har vore kjekt åkunne bidra.

– Vi i laksenæringa har ei genuin interesse for atvillaksen skal ha gode forhold. Det er den eigent-lege norske laksen, medan vi innan havbruket hargjort den til husdyr. Så det er kjekt at vi som profe-sjonelle fiskefolk kan få lov å hjelpe til, seier han ogheld fram.

– Samarbeidet har fungert veldig bra, og for meghar det vore interessant å halde kontakten vidaremed dei som driv anlegget. Etter mitt syn er det vik-tig med god dialog mellom dei som driv kultiverings-

arbeid i elvene – anten det er elveeigarar ellersportsfiskarar – og oppdrettsnæringa. Oppdrettararer profesjonelle i arbeidet med laks, og kan bidra imange samanhengar til arbeidet som vert drive ielvene. Spesielt dei som driv settefiskanlegg, somkan nyttast i kultiveringssamanheng. Det er viktig åbringe interessegrupper saman, for gjensidig infor-masjon. For eigen del er det kjekt å få delta ogbringe saman dei som jobbar med dette, anten deter i Jølstra, Nausta, Gaula eller Osen, seier Sveen,som gjerne bidreg meir i framtida.

– For meg som oppdrettar har det vore veldiginteressant og givande å få bli med på kultiverings-arbeidet i elvene i distriktet vårt. Eg håpar å få endåmeir tid til dette framover. Eg har også stor inte-resse av å kunne få tid og høve til filme og doku-mentere korleis laksen har det i elvene våre. Laksener ein spesielt spennande og flott skapning, som einblir meir og meir fasinert av til oftare ein jobbar medden.

– God dialog mellomdei som drivkultiveringsarbeid ielvene er viktig ognyttig for dei ulikeinteresseguppene,seier fiskeopp-drettar Ola Sveen.

Foto

: Priv

at

Page 20: Sunnfjord Energi 100 år

100 ÅR I JØLSTRA // 3938 // 100 ÅR I JØLSTRA

Namn: Atle Stubhaug Alder:68Yrke:PensjonistKommune: FørdeRolle:Direktør i Svultin-gen 1986-1997.Produksjonssjef iSunnfjord Energi1997-2008.

Det var ein gong ein fossUtbygginga av Svultingsfossen var ein viktig del av den moderne

kraftutbygginga i Sunnfjord. Den kulminerte i ein stor fusjon mellom

Svultingen, Sunnfjord Energiverk og Ytre Sogn og Sunnfjord Energi-

verk (YSSE). I dag kjenner vi det som Sunnfjord Energi AS.

«DET VAR EIN GONG ein foss», startar diktarenJakob Sande, om kor dramatisk ein foss kan vere. Iboka 50 år med L/L Svultingen blei Svultingsfossenomtala som «fri, majestetisk uhemja». L/L Svultin-gen skulle i følgje skipingsdokumenta  vere «eitålmennyttig lutlag med føremål å byggje ut elleroverta kraftstasjonar og kraftleidningar med siktepå å forsyne dei lokala kraftlag med turvande energitil ålmen elektrisitetsforsyning i bygdene, herunderogså elektrisk energi til industri og arbeidslivet.Føremålet er og å samkøyre med andre kraftstasjo-nar og kraftlag, og det kan seljast energi også til lageller samskipnader utafor distriktet». Skipinga bleigjort i Dale den 22. desember 1939.

– Grunnen til at det skjedde 22. desember 1939,er at leverandøren på grunn av krigsutbrotet måtteha bestilling før årsskiftet om ein skulle greie ålevere utstyret, fortel Atle Stubhaug, som jobba iSvultingen frå 1982 og var direktør frå 1986 til1997.

– Som så ofte elles når det gjaldt kraftutbygging ifylket, sto det ein sterk person bak. Gjert Raae varstyreformann då selskapet blei skipa og jobba sterktfor utbygginga av Svultingen.

– Dessutan hadde Ytre Fjordane Kraftlag, sometter skipinga var største eigar i Svultingen, stortbehov for meir kraft, fortel Stubhaug.

I staden for å bygge ut Nedre Markevatn blei detbestemt at ei utbygging av Svultingfossen var meirhensiktsmessig, så kunne ein hente ut oversky-tande kraft derifrå.

Pådrivaren // – I starten eigde kommunane nesten

ingenting i kraftverka. Men med store investeringari samband med linjeutbygging, blei kommunaneinvitert inn som eigarar, for å skaffe kapital. Det bleibestemt at kommunane skulle opprette lokale kraft-lag som igjen skulle eige i Svultingen. Frå oktober1939 vart det skipa ei rekke lokale kraftlag, somigjen realiserte L/L Svultingen, fortel Stubhaug.

Skiparane i Svultingen var: Ytre Fjordane Kraftlag,Dale sogns Elektrisitetsverk, Gaular Kraftlag, Hylle-stad Kraftlag, Lavik Kraftlag, Holmedal Kraftlag ogSogn og Fjordane fylke. På grunn av krigsutbrotetopplevde ein ei rekke leveranse-utfordringar avmateriell. Dette fekk overingeniør P. Aug. Hysing tilå skrive fleire brev til både bank og byråkrati, derhan forsikra at alt gjekk etter planen, og at det uan-sett ville bli dyrare å ikkje fullføre. P. Aug. Hysingvar ein sterk pådrivar for elektrisitetsutbygginga iSogn og Fjordane i om lag 40 år, og må tilskrivaststor ære for utbygginga som skjedde i Svultingsom-rådet.

Nybrottsarbeid // Mange var skeptiske og meinteat Svultingen kom til å bli eit konkursføretak, nokodei raskt motbeviste.

– På slutten av 1941 kunne ein prøvekøyreanlegget, og allereie frå starten viste det seg å fun-gere som ein god leverandør til dei andre kraftlaga,med god inntening. I 1948 auka behovet for meirkraft i Svultingen-området, og ein byrja rekne pånye utbyggingar. I samband med utbyggingane,måtte ein også oppgradere linjenettet som distribu-erte krafta frå stasjonen ut til brukarane.

Etter krigen vart det bygd veldig mykje linjenett.

Foto

//

Joac

him

Vie

Page 21: Sunnfjord Energi 100 år

100 ÅR I JØLSTRA // 4140 // 100 ÅR I JØLSTRA

Det eksisterte knapt linjer frå før. Mellom anna fekkikkje Holsen/Haukedalen straum før slutten av1950-talet.

– Det var krevjande og utfordrande å byggje utlinjenettet i området. Og det vart nytta dei midla einhadde til rådvelde. Til dømes i Solund, der ein nyttamellom anna kasteblokkar og lettbåtar for å fåmateriellet opp i linjetraseane.

Industriframveksten førte også til stort behov forkraft, og ein opplevde fleire periodar med rasjone-ring og kraftunderskot, før kraftverk og linjenett bleiutbygd og samankopla.

I 1989 bestod Svultingen av: • Øvre Svultingen, i drift 1941 (Nordstrandsvatn)• Stakaldefossen I og II, i drift 1954-56 (Jølster-

vatn)• Nedre Svultingen, i drift 1965/66 (Nordstrands-

vatn og Espelandsvatn)

Mange forsøk på fusjon // – Svultingen har alltidvore eit aksjeselskap. På den måten fekk ein effek-tiv drift. Ein har føreseielege og greie kommandolin-jer og eit gjennomarbeida regelverk som ein styreretter. Ein var forsiktig med utbyggingane og hadde

god dekning for at det var økonomisk lønsamt, seierStubhaug.

– Det var mange forsøk på å få til ein fusjon iSvultingen-området, fortel Atle Stubhaug, somjobba i Svultingen frå 1982 og var direktør gjennomfusjonsprosessen i 1997, mellom Svultingen, Sunn-fjord Energiverk og Ytre Sogn og Sunnfjord Energi-verk.

– I dag kjenner vi selskapet som Sunnfjord EnergiAS. I jubileumsboka, «50 år med L/L Svultingen»(Red.anm: L/L, eller lutlag, er det som i dag kallastaksjeselskap), kjem det fram at det allereie i 1964vart konkludert med at «det ville vere formålstenlegå få skipa ei eining for kraftproduksjon og energi-omsetnad i fylket…»

NVE var ein sterk pådrivar for dette. I 1969 bleidet konkludert med at det beste ville vere fullsamanslåing av L/L Svultingen og alle kraftlaga iområdet. Deretter kom det ei rekke utgreiingar omsamanslåing. Når arbeidet med boka vart avslutta i1989 var ein framleis ikkje nærmare ein samanslå-ingsprosess.

– Det var i denne perioden fleire samanslutningarmellom dei totalt 13 kraftlagseiningane i området.Det enda med to distribusjonsverk i området, Sunn-

FAKTA:

P. August HysingP. August Hysing (1885-1967) utdanna somingeniør i Berlin 1910, og arbeidde først somkonsulent hos fossespekulanten RagnvaldBlakstad ved Auraanlegga på Nordmøre.Tilsett som driftsleiar i Ålfotselskapet 1919(sjå Ålfotsaka). Busett i Ålfoten fram til 1931.Då flytta han til Florø og var driftsleiar i YtreFjordane Kraftlag til 1947.

OveringeniørSeinare flytta han til Sandane, og arbeidde somoveringeniør med elektrisitetsutbygginga i fyl-ket heilt til han var 77 år gamal.

Heidra for utbygginganeHysing er rekna som den personen som hargjort størst innsats for utbygging av ålmenn-forsyning av elektrisitet i Sogn og Fjordane. Til-delt Kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelde: NRK Fylkesleksikon

Ein var for-siktig medutbyggin-gane oghadde goddekning forat det varøkonomisklønsamt

fjord Energiverk og YSSE. For Svultingen sin del komein saman og diskuterte alternative samanslutnin-gar, men så sa det stopp, fortel Stubhaug.

Endeleg fusjon // – Den endelege fusjonsproses-sen føregjekk i åra 1995 til 1997, etter påtrykk fråstaten, seier Stubhaug.

– Svultingen fusjonerte med Sunnfjord Energiverkog YSSE, og vart til Sunnfjord Energi AS. Alle måttesøkje på nye stillingar, og eg vart tilsett som leiarfor produksjon og visedirektør. Per Storegjerde heldtfram som direktør for det nye selskapet.

– Det var nok mange årsaker til at vi ikkje kom igong med fusjonen tidlegare, seier Stubhaug omfusjonsprosessen, og fortel vidare om ankepunkta.

– Ein veit kva ein har, ikkje kva ein får. Og så erdet noko med å styre i eige hus! Men når avgjerslaendeleg kom var ein moden for det, og fusjonengjekk veldig bra, fortel Stubhaug som såg mangefordelar ved ein fusjon.

– Ansvar fordelt på fleire, større leiargruppe ogfleire å diskutere med. Fordelane ved å drive som eitAS blei meir tydeleg, framfor å vere til dømes eitkommunalt eller interkommunalt føretak.

Transportane til Svultingen-anlegget var store og tunge. Her er det aggregatet til Øvre Svultingen som skalbukserast på plass. BDS (Bergenske Dampskibsselskap) stilte med robust lastebil med tilhengar. Dei lokalebilane vart for lette. På bruene vart det plassert solid plank til forsterking, for ein frykta at dei ikkje toldebelastninga. Arbeidsmannen på biletet er Alfred Birkeland. Foto: Sverre Engen.Biletet er frå boka «50 år med L/L Svultingen», av Ingemar Nordstrand.

Velnøgde karar etter prøvekøyring av generator og turbin i Stakaldefossen I. Frå venstre driftsstyrar HenryBrügger-Sandnes, elles ståande bak hjelpearbeidarane Sverre Nordbø (t.v.) og Nils Grimsbø (halvt skjult). Deiandre er montørar og ingeniørar frå fabrikk og firma Sønnico. Foto: Reiakvam.Biletet er frå boka «50 år med L/L Svultingen», av Ingemar Nordstrand.

Page 22: Sunnfjord Energi 100 år

100 ÅR I JØLSTRA // 4342 // 100 ÅR I JØLSTRA

– HISTORIA TIL Sunnfjord Energi i Jølstra byrja i1914: Då stod kraftverket Brulandsfossen I ferdig.Det var ein stor milepåle for Førde kommune. Ord-føraren slo på stortromma: – No har vi kraft nok tilevig tid, slo han fast. Men slik gjekk det jo ikkje,seier produksjonssjef i Sunnfjord Energi, Olav Osvoll.

– Alt i 1934 hadde ein alt for lite kraft, og bygdeut Brulandsfossen II. Dermed gjekk ein frå 256 kWtil 1000 kW i installert effekt, seier han, og fortel atdet heller ikkje skulle vise seg å stille det veksandebehovet for kraft i indre Sunnfjord.

– I 1952 søkte ein om løyve til å regulere Jølstra-vatnet, for å løyse utfordringar knytt til låg kraft-produksjon i Brulandsfossen vinterstid. Og i 1954vart Stakaldefossen kraftvert sett i drift.

Deretter gjekk det nokre år før neste utviding. – I 1989 vart igjen Brulandsfossen utvida, til

dagens 12.500 kW. Så kom Mo kraftverk, somutnyttar fallet frå Gravvatnet ned i Movatnet, i2000. Den største utbygginga vi har hatt er Kjøs-nesfjorden, som kom i drift i 2010, og tilførte Sunn-fjord Energi nye 84 MW i effekt, noko som omlagdobla den totale produksjonen vår. I dag produserervi 400 GWh årleg i Jølstravassdraget etter å hainvestert ca. 1,2 milliardar kr dei siste 30 åra i vass-draget.

– Vi føler vi har ei viktig rolle i det å sikre lokalverdiskaping frå kraftproduksjonen, slik at verdianekjem lokalsamfunnet til gode. Difor har vi ogsåstimulert og lagt til rette for småkraftutbyggingarder grunneigarane eig anlegga, og vi fungerer somkonsulentar som legg til rette for at dei skal kunnerealisere planane sine. Det viktigaste for oss er atverdiane blir liggande att lokalt, seier Osvoll.

Vil utvide for framtida // Med Kjøsnesfjordenkraftverk kunne utbygging av Jølstra-vassdragetvore ført til ende, og Sunnfjord Energi ha nådd

produksjonstaket sitt. Men ikkje om det går somSunnfjord Energi håpar.

– Vi er i den situasjon at det meste av vassdragarundt oss er verna. Gaularvassdraget er varig verna,og det same er Naustdal/Gjengedal. Det einastevassdraget vi har spelerom i er Jølstra. I dag utnyttarvi 40 av 160 høgdemeter av fallet i Jølstra fråJølstravatnet og ned til Movatnet. Vi har i dag einsituasjon med stort flomtap og liten utnytting avfallet. Difor har vi lenge hatt lyst å utvide kraft-verket i Stakaldefossen.

– Det nye prosjektet Jølstra Kraftverk iStakaldefossen er tenkt i storleiken 60 MW, og skalprodusere 209 GWh. I dag produsererStakaldefossen 60 GWh, men vil etter utbygging avdet nye anlegget produsere 33 GWh, då mykje avvatnet blir leia inn i det nye anlegget. Det vil auketotalproduksjonen i selskapet med 30 prosent, slikat vi i staden for 517 GWh endar på 690 GWh i årlegmiddel produksjon. Etter utbygginga vil vi nytte131 høgdemeter av fallet.

Framdrift // For tida jobbar Sunnfjord Energi påhøggir, for å lande prosjektet i høve tidsfristen for åkomme inn under el-sertifikatordninga.

– Vi byrja eit samarbeid med grunneigarane tilfallrettane ovanfor Stakaldefossen i den aktuelledelen av Jølstra i 2008, og leverte første melding tilNVE i 2009. Det vart fort klart at den øvste delenav Jølstra, frå Vassenden og ned til Flugelona vedKvamsfossen (nedanfor golfbana), var prega av såsterke frilufts- og fiskeinteresser at den ikkje varaktuell for utbygging, seier Kjell Johnny Kvamme,prosjektleiar for Jølstra Kraftverk.

– Vi leverte konsesjonssøknad i desember forbehandling hos NVE og Olje- og Energi-departementet. 16. juni vert det folkemøte omJølstra Kraftverk. Vi forventar at konsesjonen kjem

Namn: Kjell JohnnyKvamme Alder:31Yrke:ProsjektingeniørKommune: FørdeRolle: Prosjektleiar JølstraKraftverk

Jølstra –i minst 100 år tilSunnfjord Energi og Jølstra-vassdraget har eit forhold som fyller 100 år i år.

Og planlegginga for dei neste 100 åra er godt i gang.

Foto

//

Thor

-Aag

e Li

llest

øl

Page 23: Sunnfjord Energi 100 år

100 ÅR I JØLSTRA // 4544 // 100 ÅR I JØLSTRA

på plass i 2017, og det er naudsynt om vi skalkomme i mål i høve el-sertifikatordninga, som pro-sjektet treng for å realiserast. Då må kraftverketvere i drift innan 2020, seier Kvamme.

– Byggetida på Jølstra Kraftverk er to og eit halvtår, så det skal gå bra. Men vi har ikkje meir enn tidaog vegen føre oss. Får vi byggestart i 2017 skal viklare det, og det er avgjerande for prosjektet, seierKvamme, og fortel at dei køyrer parallelle prosessarfor å sikre dette.

– Normalt byrjar ein detaljplanlegging, innhentingav tilbod frå entreprenørar og slike ting etter at kon-sesjon er på plass. Men skal vi komme i mål innan2020 er vi nøydde å starte tidlegare med slike ting.Difor køyrer vi to prosessar på same tid no: Det eineer løpet mot myndigheitene i høve konsesjons-søknad. Parallelt har vi byrja detaljplanlegging avsjølve kraftverket, og etter kvart byrjar vi å henteinn tilbod frå entreprenørar, seier Kvamme.

Viktig for framtida til Sunnfjord Energi // Jølstrahar vore sentral for Sunnfjord Energi i 100 år, og vilhalde fram med det i 100 år til. Det er her vi harhandlingsrom for utviding, så om Sunnfjord Energiskal halde fram med å vekse i kraftproduksjon, erdet i Jølstra det må skje. Det føreligg ein samla planfor alle vassdrag i Norge, der dei er katalogisert ogprioritert. Kategori 1 betyr at dei kan byggast i,medan kategori 4 er varig verna vassdrag. Jølstra eri kategori 1, så vi ser det naturleg å halde framutviklinga vår her, seier Osvoll.

Selskapet Nordkraft har også planar om å byggeut i Jølstra.

– Vi har hand om cirka halvparten av fallrettane.Dersom vi skulle få konsesjon må vi forhandle medgrunneigarane oppstrøms Stakaldefossen om over-taking av deira fallrettar. Vi vonar på ei raskavklaring av desse spørsmåla når konsesjonsaka eravklara. Vi hadde ikkje kunne bygd ut kraftverket iKjøsnesfjorden utan å ha brei støtte lokalt og eitgodt forhold til grunneigarane. Vi føler vi har støttefor planane om Jølstra Kraftverk i Førde og Jølster.Grunneigarane har lyst på utbygging også, dethandlar mest om at dei ønskjer gode prisar for fall-rettane. Og vi har respekt for deira ønskje i saka, oggod tru på at vi skal komme i mål med ein avtalesom gir ei balansert avkasting etter kva ein stilleropp med av fallrettar, kapital og risiko i prosjektet.

Verdiskaping frå dag ein // Det er ikkje småtterisom skal til for å bygge eit kraftverk som JølstraKraftverk.

– Kostnadsramma er på 704 millionar kroner. Avdette reknar ein med at cirka 20 prosent vil falle pålokale leverandørar og entreprenørar. Då er ikkjeandre ringverknadar teke med, til dømes mat oglosji til gjestearbeidarar og slike ting. Byggearbeidet

er rekna til 125 årsverk, noko som betyr rundt 50personar i arbeid i to og eit halvt år fordelt på ulikefagfelt, og sjølvsagt med ulike toppar i kor mangesom er i drift på same tid. Det skal blant anna lagast5,75 kilometer med tunnelar, samt ein stor kraftsta-sjonshall. Prosjektet vil legge igjen mykje pengarlokalt i byggefasen. Og når det kjem i drift vil detgje store inntekter til stat og kommune, samtutbytte til eigarane, seier Kvamme.

Garantist for lokal verdiskaping // – Vi har vore eilokal drivkraft i Sunnfjord i 100 år, og står for lokalverdiskaping. Konkurrenten vår om fallrettane heldtil i Narvik, og vi synest jo det ville vere synd omverdiskapinga krafta utgjer skal ende der. Vi er eingarantist for at verdiane blir her, seier Osvoll.

– Sunnfjord Energi er ein langsiktig forvaltar avverdiane i Jølstra, og skal i alle fall vere her i 100 årtil. Vi er eigd av blant anna kommunane Jølster ogFørde, og er den reiskapen kommunane har til å tavare på og forvalte desse verdiane, seier Osvoll.

– Med kommunale og lokale eigarar vil ogsåutbytte frå selskapet ligge igjen lokalt, seierKvamme.

– Og det handlar ikkje berre om kroner ogøre. Kraftverk og linjenett er viktig infrastruktur forsamfunnet. Difor er det viktig å ha lokal beredskapog kunnskap, og den er det dei lokale kraftselskapasom utgjer. Ein lærte av orkanen Dagmar kor viktigslik beredskap er for samfunnet, så den bør takastvare på, avsluttar han.

FAKTA:

Jølstra KraftverkÅrsproduksjon 209 GWhNy energi 176 GWhProsjektkostnad 704,5 mill. NOKUtbyggingspris 3,37 kr/kWhUtb.pris ny energi 4,00 kr/kWh2 aggregat med installert effekt 60 MWMinstevassføring sommar 12 m³/sMinstevassføring vinter 4 m³/sMin slukeevne 3,5 m³/sMaks slukeevne 55 m³/sFall 132 mTunnelar 5,75 km

jolstra-kraftverk.no

SunnfjordEnergi er einlangsiktigforvaltar avverdiane iJølstra, ogskal i alle fallvere her i100 år til

Foto

: Sun

nfjo

rd E

nerg

i

StakaldefossenKraftverk i Jølstra,som er planlagtutvida.

Kartet til venstreviser det planlagteJølstra Kraftverk.

12

")d

Tegnforklaring

KraftstasjonInntak

Kabel i grøft

Terskel

Tunell

Moskog Statnett

Industriområde

Page 24: Sunnfjord Energi 100 år

100 ÅR I JØLSTRA // 4746 // 100 ÅR I JØLSTRA

– I byrjinga var Sogn og Fjordane seine med å fåstraum ut til alle husstandane. I 1940 var omtrent40 prosent av befolkninga kopla på nettet, mot 75prosent i resten av landet. Det var det fleire årsakertil, men mykje handlar om geografien vår og buset-nadsmønsteret. Vi har òg fleire tettstadar som vartbygde opp på grunn av kraftproduksjon og kraft-krevjande industri. Det var eit hardt og tungt arbeidå bygge linjenettet her i fylket. Før var folket i for-syningsområdet sjølv med og bygde linjene, i eitenormt dugnadsarbeid. Og i 1960 var så godt somalle innbyggarane kopla til straumnettet, fortel nett-sjef i Sunnfjord Energi Oddvar Hatlem.

200 millionar kroner // Moderniseringa av sam-funnet aukar stadig behovet for kraft og styrking avlinjenettet. Saman med strengare krav til leverings-kvalitet har det ført til store investeringar.

– Siste seks åra har Sunnfjord Energi investert200 millionar kroner i utbygging av linjenettet.Utbetringstakta må faktisk auke, så investeringanemå opp i åra som kjem. Vedlikehald og drift av eksis-terande nett er det mest like stor kostnad med somdet vi investerer for. Vi ser det som viktig å ha eitlinjenett som taklar klimautfordringar vi står føre,og er veldig bevisste på leveringtryggleik, seier han.

Difor har dei blant anna bygd ut doble linjer i detmeste av forsyningsområdet.

– Slik at vi har minst to innfallsportar til alle kom-munane våre. Om ei linje fell vekk, har vi høve til årute rundt og få inn straum likevel. Meir robust nettog dobbel linjeføring fordyrar nettet vår, og detsame gjeld naturen vår. Vi har mykje øyer og høgefjell, som ein må over eller rundt. Det er krevjande åbygge ut og halde ved like nett her, seier Hatlem.

– Sunnfjord Energi ønskjer å vere ein spydspissfor å få fiber ut i distrikta, og har investert 65 millio-nar kroner der dei siste åra. Og i tillegg har vi inves-tert rundt 25 millionar kroner i å bygge koplings-punkt i nettet, som vi knyt til driftssentralen vår via

radio eller fiber. Dermed kan vi styre kvart enkeltknutepunkt i straumnettet via driftssentralen, for åfå straumen tilbake til kundane så raskt som råd vedeventuelle brot. Her har vi lagt ned eit stort arbeid,som har gjeve godt resultat.

Motorvegen på 420 kV // Neste åra står den nye420 kV-linja klar gjennom Sogn og Fjordane. Ein«motorveg» med lokal «påkøyring» på Moskog, iHøyanger, Svelgen/Åskora og Sogndal.

– Den har alt å seie for området vårt! I utgangs-punktet var ikkje Moskog tenkt som eit knutepunktpå linja. Men lokale krefter klaga, og fekk Statnett tilå sjå kor viktig dette var for vår region. Utan denmotorvegen for kraft som dette blir, hadde vi voreveldig låst framover. Vi ville hatt små høve til utvik-ling i området vårt innan kraftutbyggingar, menogså når det gjeld industriutvikling. Og ikkje berrelokalt. Det nye stamnettet er vesentleg for utviklinginnan industri og kraftutbygging i heile vest- ogmidt-Norge.

– Kva ville vore konsekvensen om ein ikkje fekk420 kV-linja?

– Då måtte vi bygd om heile linjenettet vårt, ogfordelt krafta utover i linjer med lågare kapasitet.Det hadde vore håplaust. Heldigvis såg NVE og Olje-og energidepartementet kor viktig dette var. Detvart lagt ned eit godt arbeid for å få Moskog somknutepunkt.

– Vi hadde heller ikkje fått krafta ut av fylket ogvidare nedover Europa, og vi hadde vore meir sårbarepå kalde vintrar. For 5-6 år sidan trudde ein at høgekraftprisar skulle sikre god utbygging av linjenettet,men det slo ikkje til. Kraftprisen gjekk ned, og innten-inga var meir marginal. Det hemma linjeutbygging ogla lokk på kraftutbygging. Men neste år forsvinnhovudproblemet i høve til å transportere krafta ditden trengs. No må vi berre bygge ut «tilførselsve-gar» til «motorvegen», seier Hatlem og fortel atkapasiteten vil overstige behovet langt fram.

Namn: Oddvar HatlemAlder:56Yrke:Nettsjef Sunnfjord EnergiKommune: Hyllestad

Kraftlinjer istadig utviklingDei siste seksti åra har det vore ei enorm investering i linjenett

i Sunnfjord Energi sitt dekningsområde. Og det er ei utvikling som

berre vil akselerere inn i framtida.

– Når 420 kV-linja er utbygd, vil ein ha den kapa-siteten ein kan tenkast å ha bruk for i lang tid. Einkan nesten ikkje tenkje seg at ein skal fylle kapasi-teten 420 kV-linja gjev, seier han og held fram. – Inntil den kjem har ein ikkje høve til å sende meirstraum inn på linjenett. Så mange småkraftverk harmåtte avvente utbygging. Berre i Førde, Askvoll ogNaustdal ligg det småkraftverk på vent med samlaestimert produksjon på 132 GWh og effekt på ca 42MW. For desse er det viktig å starte produksjoninnan 2020, for å komme inn under el-sertifikatord-ninga. Om ein ikkje gjer det, kan det føre til atmange av desse ikkje blir lønsame å bygge ut.

430 millionar til dei neste 10 åra // – Kva inves-teringar må til i nettet dykkar for å stå klar til åmøte framtidas krav?

– Om all planlagt småkraftutbygging kjem må vibygge ut og ruste opp linjer for 430 millionar deineste fem åra. Og uansett må vi bruke 30-50 millio-nar kroner i året berre for å fornye dagens nett,seier Hatlem, og fortel at utgiftene til fornying avlinjenettet har auka monnaleg dei siste åra.

– Blant anna grunna strengare krav til leverings-tryggleik og kvalitet, som gjer linjene meir robusteog tjukke. Det verkar som vi har ei utvikling motmeir ekstremt vêr, som vi må ta høgde for, seierHatlem, og fortel at ein får betaling for investerin-gane.

– Sunnfjord Energi har veldig god leveringstrygg-leik i dag. 99,97 prosent. Dette er på god høgd medlandssnittet.

– Kor viktig er eit godt linjenett for eit energisel-skap?

– Dårlege linjenett gjev store overføringstap, somgår rett på lønnsemda vår. Og NVE straffar oss medbøter om vi ikkje møter leveringskrava. Ein får ògmisnøgde kundar. Sunnfjord Energi ønskjer å vereein spydspiss for utvikling av næringsliv og industrii vårt område. Men har ein ikkje linjer som møterkrava frå desse, så blir ein i staden ein hemsko. Dethar vi på alle vis prøvd å unngå, gjennom tungeinvesteringar i linjenettet vårt.

Derfor er det så viktig for oss å ha dyktige fagfolksom er villige til å stå på, og ikkje er redde for ver ogvind. Montørane våre er ansiktet vårt utad, og deigjer ein fantastisk innsats for at alle til ei kvar tidskal ha straum. Vi har også svært observante kun-dar som ofte varslar oss om feil i nettet. Det gjer atvi kan løyse problema raskare enn vi sjølv kunneklart utan tilbakemelding.

I tillegg samarbeider vi godt med naboenergi-verka våre, slik at ikkje grensesnitta mellom ossskulle bli nedprioritert. Tvert om har dei blir priori-tert opp, takka vere gode samarbeid, slik at vi harsterkare linjer inn i området vårt.

– Siste seks åra harSunnfjord Energiinvestert 200millionar kroner iutbygging avlinjenettet, seiernettsjef OddvarHatlem.

Foto

//

Thor

-Aag

e Li

llest

øl

Page 25: Sunnfjord Energi 100 år

48 // 100 ÅR I JØLSTRA

DEN LOKALE kraftbransjen var nemleg sentrale i åfå eit nytt el-ingeniørstudium opp og gå på Høgsku-len i Sogn og Fjordane si avdeling i Førde. 

– For vår del dukka tanken opp i eit møte vår tid-legare nettsjef, Helge Robert Midtbø og eg hadde.Sunnfjord Energi søkte etter folk med bachelor i el-kraft, men vi sat att med eit så tynt søkjargrunnlagtil stillingane at vi byrja å diskutere korleis vi skulleløyse rekrutteringsproblemet. Ein av tankane vigjorde var at vi skulle hatt ei lokal el-ingeniørutdan-ning, seier Marit Moene, personalsjef i SunnfjordEnergi.

Og den tanken var det fleire i kraftbransjen somhadde.

– Ideen sprang ut frå kraftselskapa i Sogn og Fjor-dane, som såg eit veksande behov for elkraftut-danna ingeniørar. Og det er ikkje berre vår bransjesom vil ha tak i desse ingeniørane, det er ein hardkamp om folk med slik kompetanse, seier Moene.

Brei støtte // Eit potensielt elkraft-ingeniørstudiefekk raskt brei støtte i næringslivet. I 2011 varSunnfjord Energi og SFE  blant aktørane som garan-terte for 12 millionar kroner, som skulle bidra til åskaffe arbeidskraft på eit felt som skrik etter inge-niørar.

– Første kullet byrja på studiet ingeniør elektro-energi, elkraft og miljø i 2012. Forkurs og førsteåret er felles på alle ingeniørutdanningane i Førde,så kan ein dei to siste åra spesialisere seg innanenergiforsyning, seier ho.

– Sunnfjord Energi og andre kraftselskap bidreg

finansielt. Men vi er også inne på andre vis: Vi bid-reg med gjesteforelesarar, støtte til fagleg utviklingav programmet, vi tilbyr studentane sommarjobb, ogbidreg med prosjekt- og bacheloroppgåver. I tillegger vi aktivt inne i rekruttering av så vel lærekreftersom studentar til studie, fortel ho.

Etterkvart kom fleire aktørar til for å hjelpe medfinansiering. Hausten 2013 kom lovde kunnskaps-minister Kristin Halvorsen finansiering av 20 nyestudieplassar til bacheloren i el-fag over statsbud-sjettet. Og for å gjere studiet så relevant og attrak-tivt som mogleg, gjekk ein og til anskaffing av denmest moderne el-laben i Norge.

– El-laben gjev studentane god og relevant tren-ing for arbeidslivet. Den kosta åtte-ni millionar kro-ner, og vart gjort mogleg blant anna med støtte fråkraftbransjen og Sparebanken Sogn og Fjordane. El-laben vart etablert på Fagskulen i Førde, og vertnytta både av Fagskulen og Høgskulen i undervis-ninga. Planen er at den også skal kunne nyttast tilkursing, slik at våre tilsette lettare kan få vedlike-halde kunnskapane sine, seier ho.

Styrkar kjernekompetansen // Moene er ikkje itvil om verdien av studiet.

– Elkraft er Sunnfjord Energi sin kjernekompe-tanse, ein kompetanse vi har bygd opp gjennom100 år. Skal vi vere her i 100 nye år er det kritisk åha personar med fagkompetanse innan fagfeltetvårt: Produksjon og distribusjon av elkraft. Sunn-fjord Energi og andre kraftselskap må ha klokehovud og flinke hender, slik at vi kan utnytte

Namn: Marit Moene Alder:48Yrke:PersonalsjefSunnfjord EnergiKommune: Førde

Folk er den viktigastefornybare ressursen vårDet er lett å tru at vasskraft er den viktigaste ressursen til Sunnfjord Energi.

Men utan kloke hovud og flinke hender til å forvalte vasskrafta, så vitrar

verdiane bort. Jakta på desse kloke hovuda var kimen til eit nytt

høgskulestudium i Førde i 2012.

100 ÅR I JØLSTRA // 49

– Vår viktigaste for-nybare ressurs erfolk, seier personal-sjef i SunnfjordEnergi, MaritMoene. I bak-grunnen stårstudentaneVanessa CristalSalvador Eide og André GjesdalHåkonshellen ielkraftlaboratorietpå Kronborg i Førde.

Foto

//

Roy

Sun

de

Page 26: Sunnfjord Energi 100 år

100 ÅR I JØLSTRA // 5150 // 100 ÅR I JØLSTRA

1997Sunnfjord Energi1992

Gaular Kraftlag 1939

SunnfjordElektrisitetsverk 1985

Jølster Kraftlag 1949

Driva Kraftlag

Førde og NaustdalElektrisitetsverk 1975

Naustdal komm.Elektrisitetsverk 1933

HovefossenElektrisitetsverk 1915

Førde Komm.Elektrisitetsverk 1914

Ytre Sogn og SunnfjordEnergiverk 1984

Solund Kraftlag 1945

Hyllestad Kraftlag 1939

Fjalerkraft 1951

Dale SoknElektrisitetsverk 1916

1980

Fure og Våge Kraftlag 1939

Sørsida Kraftlag 1945

Gjølanger og Hellevik Kraftlag

Guddal Kraftlag 1945

Svultingen 1939

ressursane som ligg utom stovedøra vår på ein godog bærekraftig måte, og som både bidreg til verdi-skaping og tek i vare naturen, seier ho.  

Sunnfjord Energi har 25 ingeniørar på ulike fag-område. Behovet for nye er konstant.

– Snittalderen til ingeniørane er relativt høg, så iløpet av ein ti års tid vil nok mange av desse måtteerstattast, i tillegg til at vi treng fleire om vi skalhalde fram å vekse som selskap. Vi har nok av regnog vatn. Men det er essensielt å ha menneske somkan forvalte krafta, maskinene og linjenettet vårt.Utan dei blir det inga verdiskaping. Folk er vår vikti-gaste ressurs. Den må vi ta vare på, foredle og vida-reutvikle. I det perspektivet er elkraftstudiet viktig.Vi sår der no, i håp om å hauste i framtida, seier ho,og fortel kvifor det er så viktig å ha ein lokal rekrut-teringsarena.

– Det er hard kamp om ingeniørar, frå mangebransjar, og det er ikkje like enkelt å lokke folk hitfrå andre stadar i landet. Lokal forankring er ein vik-tig faktor for å lette rekrutteringsarbeidet. Det erlettare å få personar med røter her i frå til å ønskeei karriere her. Vi tenkjer at når lokal ungdom fårutdanninga på heimebane, blir det lettare å få tak idei som arbeidskraft. Det er årsaka til denne sats-inga, seier ho. – Dei som har røter her blir også meirstabil arbeidskraft, og erfaring er viktig i kraftbran-sjen. Difor er lokal ungdom vår viktigaste ressurs.Sunnfjord Energi driv med langsiktig perspektiv, såkombinasjonen av folk med lokalkunnskap og fag-kunnskap er viktig for oss.

Veksande behov // Studiet har eit stort potensialefor rekruttering framover.

– Utdanninga er treårig. Kvart kull har 15-20 stu-dentar. Totalt er det 60 potensielle elkraftingeniørari studiet per no, og første kull blir uteksaminertneste sommar, seier ho, og fortel at dei alt har byrjabli kjent med studentane.

– I år kjem fem studentar frå det første kullet påstudiet inn som sommarvikarar i Sunnfjord Energi.Nokre av desse kjem frå yrkesfagleg utdanning,andre frå allmennfagleg retning frå vidaregåandeskule. Vi legg opp til at dei som kjem utan praktiskyrkesutdanning i botn får vere med montørane ut ifelten først, og så jobbar dei i lag med ingeniøranepå ulike prosjekt etterpå. Målet er å lage kombina-sjonar av erfaringar dei kan nytte seg av vidare istudiet.

– Kva kjem desse el-ingeniørane til å jobbe mednår dei skal ut i arbeidslivet?

– Framover ligg det store utfordringar for Sunn-fjord Energi i form av utvikling i nettet. Vi går moteit meir fleksibelt straumsystem, og teknologiskutvikling vil medføre store endringar i korleis viutnyttar ressursane. Mange av framtidas ingeniørarvil jobbe med planlegging knytt til dette arbeidet. Vi

skal både bygge nytt nett, vedlikehalde det gamlenettet, og samstundes gå mot eit meir «smartare»nett, Vår oppgåve er det vi kallar «lys i pæra»; alleskal ha straum til ei kvar tid slik at samfunnet og allinfrastruktur fungerer. Vi skal først og fremst sikrebustader, næringsbygg, sjukehus, industri og kom-munikasjon. Ikkje minst telekommunikasjon somtelefon, datanett, radio og TV skal fungere. Og viskal unngå brot eller forstyrringar på forsyninga såsamfunnet ikkje stoppar opp eller det oppstår skadepå folk og utstyr. Sunnfjord Energi har høg oppetid inettet. Bak dette ligg ein sterk innsats og eit konti-nuerleg fokus på stabil forsyning og beredskap.Ingeniørane har difor også ei viktig rolle i bered-skapsorganisasjonen vår avsluttar Moene. 

Dei som harrøter her, blirogså meirstabilarbeids-kraft, ogerfaring erviktig i kraft-bransjen

Vanlege kraftuttrykk:

Kilowatt (kW) er den mest brukemåleeininga for effekt: 1 kW er tusenwatt, eller 1,360 hestekraft.

Kilowattime (kWh) er ei eining formåling av energimengd, og tilsvarar eiteffektforbruk på ein kilowatt over einperiode på ein time. Eininga blir nyttafor å måle elektrisk energi, produk-sjonsmengde eller forbruksmengde.Kilowattime er den vanlegaste einingafor straumforbruk. Kostnaden blir gittopp i kroner per kilowattime (kr/kWh).Ein vanleg norsk einebustad brukarmellom 16.000 og 25.000 kWh per år.

Megawatt (MW) er ein million watt.Megawatt er ein mykje brukt måleiningfor effekt, og nyttast blant anna til åangi effekten til mindre kraftverk.

Megawattime (MWh) vert brukt til åangi større straumforbruk, foreksempel årleg forbruk i bedrifter ogårleg produksjon i mindre kraftverk.

Gigawatt (GW): 1 milliard watt.Gigawatt nyttast blant anna til å angieffekt i store kraftverk. Den korres-ponderande eininga for energi ergigawattime (GWh), som er ein millionkilowattimar. Ein gigawattime (GWh)tilsvarar omtrent det årlege forbrukettil 50 norske hushald. 1 GWh er lik1000 MWh.

Terawatt (TW): 1 billion watt. Einterawatt representerer ein så storeffekt at eininga nyttast lite. Den kor-responderande energieiningaTerawattime (TWh) brukast til å angifor eksempel straumforbruket i byar ognasjonar. Til dømes er ein terawattimeforbruket til ein by på storleik medDrammen i løpet av eit år. Norge sitttotalforbruk var i 2008 til dømes 135TWh.

Sunnfjord Energi AS

Page 27: Sunnfjord Energi 100 år

Sunnfjord Energi ASEnergihusetFirdavegen 5, 6800 Førde

Postadresse:Postboks 123, 6801 FørdeTelefon 57 72 23 00

[email protected]

sunnfjordenergi.no