sett opp i år 2000, i frå denne skatten, noko som la til ... og samfunn... · nabokyrkja på...

2
Snitt gjennom ein typisk gravhaug med hellekiste Del av kulehalsringa frå Krosshaug Foto: Bergen Museum Sørbø kyrkje er freda og bygd i stein omkring 1130/1140. Å byggje i stein var ein kostbar byggjeskikk, i all hovudsak reservert kyrkje- og kongemakta i mellomalderen. Kyrkja blei bygd i romansk stil, mens dei spiss- boga vindauga i gotisk stil i koret truleg blei sette inn omkring 1300. I 1308 blei kyrkja nemnd som eit av Håkon Magnusson sine 14 kongelege kapell. Av desse er det berre tre som fram- leis står. Kyrkja hadde tårn i mellomalderen. Dette blei rive i 1801 etter kongeleg løyve, då det var i svært dårleg forfatning. Den nedre delen av tårnet er våpenhuset ein har i dag. I 1626 fekk kyrkja alter, preikestol og benker i renessansestil, laga av Thomas snikkar. Samti- dig blei det opphavlege, rundboga vindauget i sørveggen erstatta av eit firkanta rennesanse- vindauge. Dette for å gje meir lys. Kyrkja stod til forfalls på 1800-talet, og blei i åra 1883–84 nokså hardhendt restaurert og “modernisert”. Då blei blant anna vindauga gjort større og portalane utvida. Vindauga og portalane blei førte tilbake då kyrkja igjen blei restaurert til ei meir opphavleg form på 1960-talet. Vindauget i sørveggen av skipet har likevel behalde den firkanta forma frå 1600-talet. Men mellomalderinventaret og snikkararbeida frå renes- sansen er tapt. Berre steinalteret er originalt. Den gotiske døype- fonten av kleberstein er lånt frå nabokyrkja på Hausken. Kleber- steinen i hjørna, i portalen, vindaugsom- rammingane og alteret er henta lokalt frå klebersteinsbrotet på Ertenstein. Stein herfrå er også brukt i Stavanger domkyrkje. På kyrkjegarden er det funne mange tilhogne gravsteinar frå middelalderen, blant anna restane av to steinkrossar. Den eine har truleg opphave- leg stått på Krosshaug. Ein kjenner også tre stei- nar med runeinskripsjonar frå Sørbø; to er i dag på Arkeologisk museum i Stavanger, og éin står i Rennesøy Kulturhus i Vikevåg. Krossen som i dag står ved kant- en av Krosshaug, er ny og blei sett opp i år 2000, i samband med kyrkja sitt 850-års-jubileum. I området rundt kyrkja finst ei rekkje kultur- minne som viser at Sørbø var eit sentralt område i førhistorisk tid. Ved sjøen ligg restane av eit stort naust frå vikingtid / tidleg mellomalder. Nausttufta er 28 meter lang og ca. 12 meter brei og her har truleg lege eit skip på storleik med Oseberg- skipet (21 m). Det er rimeleg å tru at naustet, og skipet i det, var del av leidangs-ordninga. Dei lokale frie bøndene her på Rennesøy skulle utruste og bemanne eit skip når kongen gav ordre om det. I Noreg blei leidangen etablert i siste halvdelen av 900-talet, truleg av kong Håkon den gode, et- ter modell frå ei liknande ordning i England. Noreg var enno ikkje nokon nasjonalstat, men eit høvdingdømme med lokale stormenn og høvdingar. Eit av dei sentrale kjenneteikna ved høvdingdømmet er at høvdin- gen har som privilegium å be- ordre frie menn til å gjere mil- itærteneste. Utover i mellomalderen utvikla leidangen seg til ein skatt som skulle betalast av alle frie bønder. Denne skatten blei halden i hevd heilt fram til 1800-talet. Prestane og adelen var fritekne frå denne skatten, noko som la til rette for at adelen og kyrkja kunne ta over jord frå bøndene. På kartet på baksida, og på skiltet ved kyrkja, finn du ei oversikt over alle gravhaugane frå jernalderen. Gravhaugar blei som regel lagde i tilknyting til garden. Gravskikken tyde på at den døde skulle få med seg jordisk gods og mat og drikke på reisa til livet etter døden. Menn fekk med seg våpna sine, og kvin- ner fekk med smykke og personleg utstyr. I det førkristne samfunnet trudde dei at familien sine døde framleis spela ei viktig rolle i ætta, og ein ofra mat på gravhaugar ved viktige høgtider. Ein trudde at dei døde forfedrane framleis kunne påverke dei levande, og gje råd og hell og lykke, men også straffe og bringe ulykke over garden og etterkommarane. Fleire funn tyder på at det var storfolk som budde på Sørbø. Ved gravhaugen Krosshaug blei det i 1847 funne ein gullring og delar av ein kulehalsring av bronse frå eldre jernalder. Slike kulehalsringar er svært sjeldne (berre fem er funne i Noreg). Kule- halsringar kjem opphavleg frå keltisk kultur, og blir sett på som eit verdigheitsteikn for samfunnet sitt øvste sjikt i eldre jernalder. brosjyre_v3.indd 1 16.04.2015 14:31:56

Upload: others

Post on 13-Feb-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: sett opp i år 2000, i frå denne skatten, noko som la til ... og samfunn... · nabokyrkja på Hausken. Kleber-steinen i hjørna, i portalen, vindaugsom-rammingane og alteret er henta

Snitt gjennom ein typisk gravhaug med hellekisteDel av kulehalsringa

frå Krosshaug Foto: Bergen Museum

Sørbø kyrkje er freda og bygd i stein omkring 1130/1140. Å byggje i stein var ein kostbar byggjeskikk, i all hovudsak reservert kyrkje- og kongemakta i mellomalderen.

Kyrkja blei bygd i romansk stil, mens dei spiss-boga vindauga i gotisk stil i koret truleg blei sette inn omkring 1300. I 1308 blei kyrkja nemnd som eit av Håkon Magnusson sine 14 kongelege kapell. Av desse er det berre tre som fram-leis står. Kyrkja hadde tårn i mellomalderen. Dette blei rive i 1801 etter kongeleg løyve, då det var i svært dårleg forfatning. Den nedre delen av tårnet er våpenhuset ein har i dag.

I 1626 fekk kyrkja alter, preikestol og benker i renessansestil, laga av Thomas snikkar. Samti-dig blei det opphavlege, rundboga vindauget i sørveggen erstatta av eit firkanta rennesanse-vindauge. Dette for å gje meir lys.

Kyrkja stod til forfalls på 1800-talet, og blei i åra 1883–84 nokså hardhendt restaurert og “modernisert”. Då blei blant anna vindauga gjort større og portalane utvida. Vindauga og portalane blei førte tilbake då kyrkja igjen blei

restaurert til ei meir opphavleg form på 1960-talet. Vindauget i sørveggen av skipet har likevel behalde den firkanta forma frå 1600-talet.

Men mellomalderinventaret og snikkararbeida frå renes- sansen er tapt. Berre steinalteret er

originalt. Den gotiske døype-fonten av kleberstein er lånt frå

nabokyrkja på Hausken. Kleber-steinen i hjørna, i portalen, vindaugsom-

rammingane og alteret er henta lokalt frå klebersteinsbrotet på Ertenstein. Stein herfrå

er også brukt i Stavanger domkyrkje.

På kyrkjegarden er det funne mange tilhogne gravsteinar frå middelalderen, blant anna restane av to steinkrossar. Den eine har truleg opphave-leg stått på Krosshaug. Ein kjenner også tre stei-nar med runeinskripsjonar frå Sørbø; to er i dag på Arkeologisk museum i Stavanger, og éin står i Rennesøy Kulturhus i Vikevåg.

Krossen som i dag står ved kant-en av Krosshaug, er ny og blei

sett opp i år 2000, i samband med kyrkja sitt 850-års-jubileum.

I området rundt kyrkja finst ei rekkje kultur-minne som viser at Sørbø var eit sentralt område i førhistorisk tid. Ved sjøen ligg restane av eit stort naust frå vikingtid / tidleg mellomalder.

Nausttufta er 28 meter lang og ca. 12 meter brei og her

har truleg lege eit skip på storleik med Oseberg-skipet (21 m). Det er rimeleg å tru at naustet, og skipet i det, var del av leidangs-ordninga. Dei lokale frie bøndene her på Rennesøy skulle utruste og bemanne eit skip når kongen gav ordre om det. I Noreg blei leidangen etablert i siste halvdelen av 900-talet, truleg av kong Håkon den gode, et-ter modell frå ei liknande ordning i England. Noreg var enno ikkje nokon nasjonalstat, men eit høvdingdømme med lokale stormenn og høvdingar. Eit av dei sentrale kjenneteikna ved høvdingdømmet er at høvdin-gen har som privilegium å be-ordre frie menn til å gjere mil-itærteneste.

Utover i mellomalderen utvikla leidangen seg til ein skatt som skulle betalast av alle frie bønder. Denne skatten blei halden i hevd heilt fram til 1800-talet. Prestane og adelen var fritekne

frå denne skatten, noko som la til rette for at adelen og kyrkja kunne ta over jord frå bøndene.

På kartet på baksida, og på skiltet ved kyrkja, finn du ei oversikt over alle gravhaugane frå jernalderen. Gravhaugar blei som regel lagde i tilknyting til garden. Gravskikken tyde på at den døde skulle få med seg jordisk gods og mat og drikke på reisa til livet etter døden. Menn fekk med seg våpna sine, og kvin-ner fekk med smykke og personleg utstyr. I det førkristne samfunnet trudde dei at familien sine døde framleis spela ei viktig rolle i ætta, og ein ofra mat på gravhaugar ved viktige høgtider. Ein trudde at dei døde forfedrane framleis kunne påverke dei levande, og gje råd og hell og lykke, men også straffe og bringe ulykke over garden og etterkommarane.

Fleire funn tyder på at det var storfolk som budde på Sørbø. Ved gravhaugen Krosshaug blei det i 1847 funne ein gullring og delar av ein kulehalsring av bronse frå eldre jernalder. Slike kulehalsringar er svært sjeldne (berre fem er funne i Noreg). Kule-halsringar kjem opphavleg frå keltisk kultur, og blir sett på som eit verdigheitsteikn for samfunnet sitt øvste sjikt i eldre jernalder.

brosjyre_v3.indd 1 16.04.2015 14:31:56

Page 2: sett opp i år 2000, i frå denne skatten, noko som la til ... og samfunn... · nabokyrkja på Hausken. Kleber-steinen i hjørna, i portalen, vindaugsom-rammingane og alteret er henta

Steinbrot

“Krosshaug”

Sørbø Kyrkje1

1314

15

11

12

2

3

4

5

67

10

9

8

Gravhaug

Gravhaug

Gravhaug

Gravhaug

Gravhaug

SØR

KY

RK

JE ER I D

AG

LEG B

RU

K AV

KY

RK

JELYD

EN T

IL G

UD

STEN

ESTE, G

RAV

FERD

, GIFTA

RM

ÅL O

G A

ND

RE

KU

LTU

RELLE T

ILBO

D. V

ER V

ENLEG

VIS O

MSY

N!

Rogaland fylkeskommuneRennesøy kommuneRennesøy kyrkjelyd

Kulturminne/ Heritage monuments E39 /Main road

1. Sørbø kyrkje / Medieval Church 2. Naust / Boat house (viking period) 3. Gravfelt / Grave mounds 4. Gravfelt / Grave mounds 5. Gravrøys / Burial cairn 6. Krosshaug / Burial Mound 7. Gravhaug / Burial Mound 8. Gravhaug / Burial Mound 9. Gravhaug / Burial Mound10. Klebersteinsbrot / Soapstone Quarry 11-15 Spor etter busetnad / Prehistoric Settlements

I kyrkja sitt bårehusIn the Church Mortuary

Sørbø kyrkje i mellomalder.

Sørbø - Eit Stormannssete

Her på Sørbø er det førhistoriske spor frå steinalder til mellomalder. Her finn du også mange av dei same symbola på maktkonsen-

trasjon og viktige funksjonar som ein finn ved andre førhistoriske maktsentrum. Plasseringa

av ei steinkyrkje her i tidleg mellomalder, oppført som stormannskyrkje, er med på å

understreke dette. Mykje tyder på at dei fyrste kyrkjene var private og bygde av lokale stor-

menn på gardane deira.

brosjyre_v3.indd 2 16.04.2015 14:31:59