s klima, kapital og moral og ove.pdf · 2012. 8. 29. · forbruk mellom dei rikaste og ei...

1
KLASSEKAMPEN MENINGER KLASSEKAMPEN 22 Tirsdag 28. august 2012 Det er eit fysisk faktum at ein uendeleg vekst i ei endeleg verd ikkje er mogleg. Den fattige del av verda treng vekst for å koma opp på eit akseptabelt materielt nivå. For å gje rom for dette, må forbruket i Noreg og andre rike land reduserast. Det er naudsynt med djuptgripande endringar i måten vi organiserer økonomi og samfunn, kombinert med endring av livsstil for den enkelte. I ein artikkel i tidsskriftet Nature peikar professor i økonomi ved Universitetet i York, Peter Victor, på dette som stadig fleire øko- nomar er samde om: Ein global vekstøkonomi er ikkje økologisk berekraftig. Vi har for lengst passert trygge grenser, både når det gjeld klimaendringar og tap av biodiversitet. Om vi ikkje innan få år snur vår fossilbaserte vekst, må vi rekna med ei global oppvarming langt over det internasjonalt aksepterte målet på maksimum to grader. Sjølv ved to grader må ein rekna med svært alvorlege klimaskader, og FN sin klimasjef, Christiana Figueres, går inn for ei grense på maksimum 1,5 grad. For å kunna ha ein rimeleg sjanse til å unngå ei større temperaturstigning, må klima- gassutsleppa i rike land ned med rundt 90 prosent innan 2050. Dette vil krevja at om lag tre fjerdedelar av kjende reservar av olje, kol og gass blir liggjande urørde, og at utvinning frå ukonvensjonelle kjelder som oljesand og skiferolje blir stogga. Dagens kapitalistiske system er ikkje eigna for å sikra eit bere- kraftig miljø, og kan heller ikkje stetta dei mest grunnleggjande behova for folk i fattige land. Pengar som blir investert der profitten er størst utan omsyn til kva som blir produsert, verkar negativt både for miljø og samfunn. Drivkrafta i eit kapitalistisk system er auka forbruk med vekst i inntekt og eigedom. Systemet er basert på effektive fordelingsmekanismar som hindrar overføringar frå rike til fattige. Ifylgje denne teorien er den einaste løysinga på fattigdoms- problemet at alle må bli rikare. Dette er ikkje mogleg i ei verd truga av alvorleg global opp- varming. Kapitalismen i si noverande form kan heller ikkje forsvarast moralsk, slik den er dominert av ein liten rik minori- tet og i aukande grad prega av ekstrem ulikskap, brot på menneskerettane og dårleg regulerte marknader. Vi treng i staden eit system basert på rettferd og humanisme. Ynskjer vi å oppnå måla nedfelte i dei universelle menneskeret- tane med reduksjon av fattigdom og helse og utdanning for alle, og samstundes takla klimaendrin- gane, er det klart at det globale økonomiske systemet må reformerast. Fleire og fleire forskarar er klar over at det må skje ei fundamen- tal endring i vår tenkjemåte for å sikre ei berekraftig utvikling. Økosystema set dei fysiske grensene for økonomisk verk- semd, og rettferd må avgjera korleis goda skal fordelast. Livskvalitet, forbruk, arbeids- plassar og utnytting av natur- ressursar heng saman, og løysningar på eitt område kan ikkje isolerast frå dei andre utan at det oppstår negative konse- kvensar, enten innan økonomi, samfunn eller natur. I eit kapitalistisk system blir eksponentiell vekst oppfatta som ein føresetnad for å løysa dei fleste sosiale og miljørelaterte utfordringar. Dette blir omvur- dert i økologisk økonomi. Her- man Daly, ein av grunnleggarane av faget, skil mellom økonomisk og uøkonomisk vekst. Han hevdar at ein stor del av veksten i rike land er eit resultat av reparasjon av problem som er ein direkte konsekvens av vekst- ideologien. Ein økologisk likevektsøko- nomi har som mål at produktet mellom folketal og forbruk held seg stabilt. Sidan vi alt har passert jorda si berekraft på fleire område, må det totale forbruket av naturressursar reduserast. Den rikaste femtedelen av folka på jorda har nærare hundre gonger større inntekt enn den fattigaste femtedelen, og skilna- den er aukande. Det må difor «Det er på høg tid med ein økologisk økonomi som sikrar at alle menneske får tilfredsstilt sine vitale behov» Dagens kapitalistiske system gjer det umogleg å unngå ei større global temperaturstigning. Klima, kapital og moral Må STOGGAST: Den fossil- baserte veksten i Nord kan ikkje fortsette om dei fattige skal koma opp på eit akseptabelt materielt nivå, skriv forfatta- rane. Her frå oljesandutvin- ning i Canada, der norske Statoil er involvert. FOTO:MARK RALSTON,AFP/ SCANPIX leggjast opp til ein politikk som stimulerer til reduksjon av forbruk mellom dei rikaste og ei omfordeling av resursar til fattige grupper. Eit lågare materielt forbruk vil ikkje føra til dårligare livskvalitet og helse, snarare tvert imot. Forsking tyder på at livskvalite- ten i rike land ikkje har betra seg sidan 1970-talet, og aukande skilnader mellom fattig og rik fører til redusert livskvalitet og høgare dødstal, både mellom fattige og rike. Vi i rike Nord har eit historisk ansvar for eit forbruk av ressursar som ikkje er berekraftig og for klimaendringane som fyrst og sterkast vil råka fattige i Sør. Under klimamøtet i København for vel to år sidan, peika FN sin dåverande forhandlingsleiar, Yvo de Boer, på at både miljøkrisa, fattigdomskrisa og ikkje minst finanskrisene botnar i ei moralsk krise. Egoistiske handlingar, både på individnivå og på vegne av den gruppa ein sjølv tilhøyrer, gjer det vanskeleg å bli samde om bere- kraftige og rettferdige løysingar. I ein kapitalistisk vekstøkonomi, derimot, blir egoisme ofte sett på som ein fordel. Det er på høg tid å erstatta denne økonomien med ein økologisk økonomi der den viktigaste oppgåva er å skaffa fram og fordela varer og tenester som sikrar at alle menneske får tilfredsstilt sine vitale behov. Klimakrisa og fattigdomskrisa kunne vore løyste om vi hadde fått på plass eit system som fører til at vi som lever i overflod reduserer vårt forbruk og overfø- rer noko av overskotet til fattige grupper. Samstundes må det internasjonalt bli tinga fram semje om at størstedelen av det som enno finst av fossile brenn- stoff blir liggjande urørde. Internasjonalt er dei politiske føresetnadane for å få dette på plass diverre ikkje gode. Det kunne hjelpa om Noreg, som eit rikt oljeproduserande land, tok ei leiarrolle ved å gå føre og viser at slik utvikling er mogleg. Gunnar Kvåle, professor emeritus, Senter for interna- sjonal helse, Universitetet i Bergen [email protected] Ove Jakobsen, professor ved Senter for økologisk økonomi og etikk, Handelshøgskulen i Bodø, Universitetet i Nordland [email protected] KRONIKK &DEBATT s KRONIKK: E-post: [email protected] Maks 6000 teikn inkludert mellomrom. Legg ved portrettfoto. DEBATT: E-post: [email protected] Innlegg over 3000 teikn kan bli korta ned. Legg ved portrettfoto. DEBATT Klassekampen honorerer normalt ikkje innsendt stoff. Innsendaren si e-postadresse blir trykt med mindre innsendaren reserverer seg mot dette. For Klassekampen sine generelle vilkår for publisering, sjå www.klassekampen.no/KK/index.php/news/home/generelle_vilkaar Tollef Mjaugedal [email protected] Kronikk- og debattredaktør Velaug H. Sælid [email protected] Redaksjonssekretær Ellen Krystad [email protected] Redaksjonssekretær KRONIKK Gunnar Kvåle og Ove Jakobsen

Upload: others

Post on 04-Oct-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: s Klima, kapital og moral og Ove.pdf · 2012. 8. 29. · forbruk mellom dei rikaste og ei omfordeling av resursar til fattige grupper. Eit lågare materielt forbruk vil ikkje føra

KLASSEKAMPENMENiNgEr KLASSEKAMPEN22 Tirsdag 28. august 2012

Det er eit fysisk faktum at ein uendeleg vekst i ei endeleg verd ikkje er mogleg. Den fattige del av verda treng vekst for å koma opp på eit akseptabelt materielt nivå. For å gje rom for dette, må forbruket i Noreg og andre rike land reduserast. Det er naudsynt med djuptgripande endringar i måten vi organiserer økonomi og samfunn, kombinert med endring av livsstil for den enkelte.

I ein artikkel i tidsskriftet Nature peikar professor i økonomi ved Universitetet i York, Peter Victor, på dette som stadig fleire øko­nomar er samde om: Ein global vekstøkonomi er ikkje økologisk berekraftig. Vi har for lengst passert trygge grenser, både når det gjeld klimaendringar og tap av biodiversitet.

Om vi ikkje innan få år snur vår fossilbaserte vekst, må vi rekna med ei global oppvarming langt over det internasjonalt aksepterte målet på maksimum to grader. Sjølv ved to grader må ein rekna med svært alvorlege klimaskader, og FN sin klimasjef, Christiana Figueres, går inn for ei grense på maksimum 1,5 grad.

For å kunna ha ein rimeleg sjanse til å unngå ei større temperaturstigning, må klima­gassutsleppa i rike land ned med rundt 90 prosent innan 2050. Dette vil krevja at om lag tre fjerdedelar av kjende reservar av olje, kol og gass blir liggjande urørde, og at utvinning frå ukonvensjonelle kjelder som oljesand og skiferolje blir stogga.

Dagens kapitalistiske system er ikkje eigna for å sikra eit bere­kraftig miljø, og kan heller ikkje stetta dei mest grunnleggjande behova for folk i fattige land. Pengar som blir investert der profitten er størst utan omsyn til kva som blir produsert, verkar negativt både for miljø og samfunn.

Drivkrafta i eit kapitalistisk system er auka forbruk med vekst i inntekt og eigedom. Systemet er basert på effektive fordelingsmekanismar som hindrar overføringar frå rike til fattige.

Ifylgje denne teorien er den einaste løysinga på fattigdoms­problemet at alle må bli rikare. Dette er ikkje mogleg i ei verd truga av alvorleg global opp­varming. Kapitalismen i si noverande form kan heller ikkje forsvarast moralsk, slik den er dominert av ein liten rik minori­tet og i aukande grad prega av ekstrem ulikskap, brot på menneskerettane og dårleg regulerte marknader.

Vi treng i staden eit system

basert på rettferd og humanisme. Ynskjer vi å oppnå måla nedfelte i dei universelle menneskeret­tane med reduksjon av fattigdom og helse og utdanning for alle, og samstundes takla klimaendrin­gane, er det klart at det globale økonomiske systemet må reformerast.

Fleire og fleire forskarar er klar over at det må skje ei fundamen­tal endring i vår tenkjemåte for å sikre ei berekraftig utvikling. Økosystema set dei fysiske grensene for økonomisk verk­

semd, og rettferd må avgjera korleis goda skal fordelast. Livskvalitet, forbruk, arbeids­plassar og utnytting av natur­ressursar heng saman, og løysningar på eitt område kan ikkje isolerast frå dei andre utan at det oppstår negative konse­kvensar, enten innan økonomi, samfunn eller natur.

I eit kapitalistisk system blir eksponentiell vekst oppfatta som ein føresetnad for å løysa dei fleste sosiale og miljørelaterte utfordringar. Dette blir omvur­dert i økologisk økonomi. Her­man Daly, ein av grunnleggarane av faget, skil mellom økonomisk og uøkonomisk vekst. Han hevdar at ein stor del av veksten i rike land er eit resultat av

reparasjon av problem som er ein direkte konsekvens av vekst­ideologien.

Ein økologisk likevektsøko­nomi har som mål at produktet mellom folketal og forbruk held seg stabilt. Sidan vi alt har passert jorda si berekraft på fleire område, må det totale forbruket av naturressursar reduserast. Den rikaste femtedelen av folka på jorda har nærare hundre gonger større inntekt enn den fattigaste femtedelen, og skilna­den er aukande. Det må difor

«Det er på høg tid med ein økologisk økonomi som sikrar at alle menneske får tilfredsstilt sine vitale behov»

Dagens kapitalistiske system gjer det umogleg å unngå ei større global temperaturstigning.

Klima, kapital og moral

Må stoggast: Den fossil­baserte veksten i Nord kan ikkje fortsette om dei fattige skal koma opp på eit akseptabelt materielt nivå, skriv forfatta­rane. Her frå oljesandutvin­ning i Canada, der norske Statoil er involvert. � Foto:�Mark�

� raLStoN,�aFp/

� ScaNpix

leggjast opp til ein politikk som stimulerer til reduksjon av forbruk mellom dei rikaste og ei omfordeling av resursar til fattige grupper.

Eit lågare materielt forbruk vil ikkje føra til dårligare livskvalitet og helse, snarare tvert imot. Forsking tyder på at livskvalite­ten i rike land ikkje har betra seg sidan 1970­talet, og aukande skilnader mellom fattig og rik fører til redusert livskvalitet og høgare dødstal, både mellom fattige og rike.

Vi i rike Nord har eit historisk ansvar for eit forbruk av ressursar som ikkje er berekraftig og for klimaendringane som fyrst og sterkast vil råka fattige i Sør. Under klimamøtet i København for vel to år sidan, peika FN sin dåverande forhandlingsleiar, Yvo de Boer, på at både miljøkrisa, fattigdomskrisa og ikkje minst finanskrisene botnar i ei moralsk krise. Egoistiske handlingar, både på individnivå og på vegne av den gruppa ein sjølv tilhøyrer, gjer det vanskeleg å bli samde om bere­kraftige og rettferdige løysingar. I ein kapitalistisk vekstøkonomi, derimot, blir egoisme ofte sett på som ein fordel.

Det er på høg tid å erstatta denne økonomien med ein økologisk økonomi der den viktigaste oppgåva er å skaffa fram og fordela varer og tenester som sikrar at alle menneske får tilfredsstilt sine vitale behov.

Klimakrisa og fattigdomskrisa kunne vore løyste om vi hadde fått på plass eit system som fører til at vi som lever i overflod reduserer vårt forbruk og overfø­rer noko av overskotet til fattige grupper. Samstundes må det internasjonalt bli tinga fram semje om at størstedelen av det som enno finst av fossile brenn­stoff blir liggjande urørde.

Internasjonalt er dei politiske føresetnadane for å få dette på plass diverre ikkje gode. Det kunne hjelpa om Noreg, som eit rikt oljeproduserande land, tok ei leiarrolle ved å gå føre og viser at slik utvikling er mogleg.

gunnar Kvåle, professor emeritus, Senter for interna­

sjonal helse, Universitetet i [email protected]

ove Jakobsen, professor ved Senter for økologisk

økonomi og etikk, Handelshøgskulen i Bodø, Universitetet i Nordland

[email protected]

kronikk &debatt

sKroniKK:

E­post: [email protected]

Maks 6000 teikn inkludert mellomrom. Legg ved

portrettfoto.

debatt: E­post:

[email protected] Innlegg over 3000 teikn kan

bli korta ned. Legg ved portrettfoto.

debattKlassekampen honorerer normalt ikkje innsendt stoff. Innsendaren si e­postadresse blir trykt med mindre innsendaren reserverer seg mot dette.For Klassekampen sine generelle vilkår for publisering, sjå www.klassekampen.no/KK/index.php/news/home/generelle_vilkaar

tollef Mjaugedal [email protected] og debattredaktør

Velaug H. sæ[email protected]ær

Ellen [email protected]ær

kronikkGunnar Kvåle og Ove Jakobsen