nynorsk tentamen jul 2012

8
Norsk hovudmål Nynorsk tentamen Kristoffer Nåden Havn 2012

Upload: kristoffer-havn

Post on 24-Mar-2016

230 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Her er min nynorsk tentamen til jula 2012. Håpar du finn inspirasjon i denne ... Denne tentamenen gjekk på sakprega tekstar. Du finn både innleverte og vraka bidrag i denne.

TRANSCRIPT

Page 1: Nynorsk tentamen jul 2012

 

Norsk  hovudmål  Nynorsk  tentamen  

Kristoffer  Nåden  Havn  

2012

Page 2: Nynorsk tentamen jul 2012

 

Innhald: Forord ………………………………….. side 2

Innlevert bidrag ……..…………………………… side 3 Vraka bidrag ………………………………….. side 5

Forord av Kristoffer N. Havn: Eg sleit veldig med førre norsktentamen. Då skulle vi skrive skjønnlitterært, men eg hadde null inspirasjon den dagen. I dag har vi sakprega tekst, og også i dag sleit eg meir enn eg hadde trudd. Grunnen er at oppgåvene ikkje var rett type oppgåver for meg, og difor vart det vanskeleg å skrive ein spesielt god oppgåve. Dessutan har det blitt typisk meg å trekkje inn ein del politikk i mine tekstar. Eg hadde håpa eg kunne få skrive ein tekst som ville peika litt meir på dei enkelte feila i dagens samfunn i Noreg. Dessverre fekk eg ikkje gjort dette i dag. Du kan sjølv få lesa, og seie kva du vil om tekstane eg har skrive. I dette “bladet” finn du både den innleverte teksten, og dei tekstane eg byrja på utan å skrive dei ferdig.

Eg trur eg har gjennomført det som må kunne kallast ein heilt grei tentamen. Men eg veit ikkje, det blir spannande å sjå kva karakter eg får. Det nærmar seg jo trass alt vidaregåande skule no, og karakterar er viktig. Eg veit at det ikkje er seksarstoff eg har levert inn, men eg trur likevel eg skal klare å karre i land det som er ein heilt grei karakter.

Alle bilete i dette bladet er teke av Kristoffer N. Havn (KNHfoto).

Page 3: Nynorsk tentamen jul 2012

 

Oppgåve 2 Ytringsfridom er ikkje sjølvsagd.

Skriv ein artikkel eller eit kåseri der du får fram kva det har å seie å kunne uttrykkje sine eigne meiningar.

Lag ein passande tittel.

Ein urettferdig verden. Innlevert.

Noreg er eit vakkert land. Ikkje berre på utsjånaden, men også på grunn av at Noreg er eit land der vi kan få lov å seie det vi meiner. Vi kan seie det utan å vere redde for bli straffa, og vi kan seie det på mange forskjellige måtar.

Eg bur i Noreg. Eg er så heldig at eg bur i Noreg. Eg er kjempeheldig som får bu i Noreg, eit av verdas beste land å bu i. For det første har vi mange gode sosiale tenestar, og for det andre så har vi eit demokrati som fungerer. Det er også eit tredje punkt, og det er det eg vil fokusere på no. Nemleg ytringsfridom. For i Noreg er vi kjempeheldige. Vi kan seie nesten kva som helst, utan at nokon treng å bry seg. Vi har lov å kritisere og vi har lov å rose. Vi har lov til å seie det vi vil, vi har fridom til å seie og meine akkurat det vi måtte ønske. Det er dette som er så fantastisk med Noreg.

I nokre land er det dessverre ikkje så bra som i Noreg. For det første har dei ikkje så gode sosiale tenestar. For det andre fungerer ikkje alltid demokratiet så bra. For det tredje kan dei ikkje seie det dei meiner i desse landa. Dette heng ofte saman med den politiske makta i landet. Korleis kom dei til makta? Er dei folkevalde, eller utførte dei statskupp? Korleis styrer dei landet? Det er slike ting som ofte speler inn. Dersom makta i landet ikkje vart folkevald, og ikkje styrer landet på ein måte som kjem folket til gode, da hender det ofte at folket ikkje snakkar fint om dei. Og då får dei heller ikkje lov til å snakke. Det er synd, fordi eg meiner at det er ein menneskerett å få seie det ein meiner.

Men kva vil det eigentleg seie å uttrykkje sine meiningar? Eg har fundert på dette spørsmålet no, og eg trur ikkje eg veit svaret, men det eg kom fram til var dette: Å uttrykkje sine meiningar vil seie å få fram det som ligg djupast i deg. Det er ofte dette som er vanskeleg å få fram, men samtidig så er dette det viktigaste å få fram. Det å uttrykkje sine

Page 4: Nynorsk tentamen jul 2012

 

meiningar vil seie at du får fram det beste i deg, det som alle burde få sjå, men som ikkje alle ser. Det alle burde få høyre, men ikkje alle høyrer. Det som du elles må vere godt kjend med ein person for å sjå, det er dette som er dine meiningar. Meiningane kan vere godt gøymde, men hos nokre personar sitt dei laust. Sjølv synes eg meiningane sitt laust hos meg, kanskje til og med litt for laust.

I Noreg er det jo veldig enkelt å få fram det ein meiner i dag. Med internettet kan ein på fleire måtar få sagt det ein vil, både gjennom å publisere dokumenter på internett, starte ein blogg, samt skrive ting på forskjellige sosiale medium. Det er ikkje så vanskeleg å bli høyrt i Noreg i dag, samanlikna med berre 20-30 år sidan. Det er heller litt for lett, og det er ein ting eg er veldig takknemleg for. Eg er takknemleg at eg berre kan skrive på Twitter viss det er noko eg vil seie. Dessutan er det lettare enn nokon gong å skrive inn til ei avis, til ei større nettside også deretter. I ein del land er det ikkje like enkelt å få fram sin meining. Alle har ikkje tilgang til PC og internett, og det er ikkje sikkert at dei som har det får lov å bruke det til å uttrykkje sine meiningar.

Ein annan ting som er veldig bra i Noreg, det er at det finnes såpass mange “større” parti. Med det meiner eg at det ikkje berre er to parti det handlar om i ein valkamp, men det handlar faktisk litt om dei mindre partia også. Dessutan er det fantastisk at vi kan melde oss inn i partia fritt ut av våre eigne meiningar. Alle som vil kan melde seg inn i eit parti, og alle kan bruke så mye tid dei berre vil (eventuelt ikkje vil) bruke på politikken.

Eg vil nok ein gong få understreke kor takknemleg eg er, som får lov til å bu i Noreg, dette fantastiske landet. Dette landet her er eit av verdas beste land å bu i, og det er det god grunn til. Dessutan ønskjer eg å seie kor urettferdig eg meiner verda er. Eg synest nemleg at det er ufatteleg urettferdig at det skal vere så stor forskjell på Noreg og ein del andre land, som til døme Nord-Korea. Det er synd at ikkje alle kan ha det like godt.

Page 5: Nynorsk tentamen jul 2012

 

Oppgåve 4 I teksten “Ta eit ord og la det vandre” blir det sagt at ingenting er

meir irriterande enn å diskutere med nokon som ikkje kan diskutere.

Skriv ein sakprega tekst der du drøftar eller reflekterer over skilnaden mellom ein god og ein dårlig diskusjon.

Vraka. Eg serverte eit ord, han takka ja Han høyrde på meg, før han sa: “Eg høyrer det du seier, men står no på mitt,” Då er det opp til meg å halde tritt

For ein god diskusjon, ja ein god debatt Det handlar ikkje om å trekkja argument frå ein hatt Trikset er å lytta godt etter Så kan du prøve å omvende han John Petter

For alle saker har fleire sider Det har dei hatt i alle tider Du må forstå, at du må no sjå På saken frå begge sidene no då

Når det er min tur til å snakke Då kan du berre begynne å pakke For no skal du sannheita

Ikkje berre skriving på tentamen … litt Paint må jo vere lov.

Page 6: Nynorsk tentamen jul 2012

 

Oppgåve 2 Ytringsfridom er ikkje sjølvsagd.

Skriv ein artikkel eller eit kåseri der du får fram kva det har å seie å kunne uttrykkje sine eigne meiningar.

Vraka. Eg kjenner på ein stor lukke, ein lukke over at eg kan få seie det eg vil. Eg kjenner på lukka over at eg bur i Noreg, eit fritt land.

Dessverre kjenner eg ikkje berre på lukka, eg kjenner også ein tung sorg-følelse. Grunnen er at eg veit at ikkje alle har det så bra som eg. Det er ikkje slik at alle kan få seie det dei ønskjer, i verste fall kan nokon bli straffa for å komme med sine meiningar. Eg er så glad for at eg bur i Noreg, eit land der alle kan seie det dei vil, utan og vere redde for straff. Eg er så glad for at Noreg er eit skikkeleg demokratisk land, sjølv om eg no har mine meiningar om monarkiet. Men det høyrer til i ein annan samanheng.

Oppgåve 4 I teksten “Ta eit ord og la det vandre” blir det sagt at ingenting er

meir irriterande enn å diskutere med nokon som ikkje kan diskutere.

Skriv ein sakprega tekst der du drøftar eller reflekterer over skilnaden mellom ein god og ein dårlig diskusjon.

Vraka. “Eg høyrer det du seier, men står på mitt uansett,” seier Høgre-representanten i ein debatt, og viser eit betre eksempel på korleis ein ter seg i ein diskusjon.

Det er jo sjølvsagt lov å ha eigne meiningar. Det er lov å vere ueinig. Særleg i ein diskusjon må det vere lov å argumentere for eigne meiningar, men eg meiner at ein god debattant er ein som lyttar til dei andre i diskusjonen. For tross alt er det jo det ein diskusjon handlar om, å få nokon til å endre meining. Ein diskusjon, uansett om det handlar om politiske tema, eller om kva som er best av iPhone og Samsung Galaxy SIII, så er målet å få sagt sitt. Du kjem aldri til å bli einig …

Page 7: Nynorsk tentamen jul 2012

 

Oppgåve 1 Ofte kan det vere vanskeleg å vere den som seier ifrå når noko er

gale. Det krev mot og styrke, og ein fryktar kanskje konsekvensane. Likevel er det viktig at nokon tek på seg dette

ansvaret. Skriv ein sakprega tekst om ulike sider ved det å seie ifrå når noko er

gale.

Vraka. Førestill deg at Lise kjem for seint på skulen ein dag. Du skjønner ikkje kvifor ho kjem for seint, og du bestemmer deg for å snakke med Lise. Du går bort til Lise rett etter skulen, men når du kjem heim til Lise er ho ikkje der. Du tenkjer at ho heilt sikkert kjem på skulen i morgon, difor går du heim og gjer det du pleier å gjere. Dagen etter er heller ikkje Lise på skulen, og igjen prøver du å gå heim til henne. Denne gongen er ho heime, men ho vil ikkje snakke med deg. Du skjønner at noko er gale. Men kva skal du gjere? Skal du seie i frå at noko er gale, eller skal vi vente litt og sjå? Du vel det siste. Nokre veker seinare ser du Lise gå bak butikken. Du følgjer etter henne, og du ser at ho ikkje er åleine bak der.

Page 8: Nynorsk tentamen jul 2012

 

www.knhfoto.wordpress.com