lærarrettleiing nynorsk

28
Miljøskole // Aktivitetar. Oppgåver. Bakgrunnsartiklar.

Upload: retursamarbeidet-loop

Post on 11-Mar-2016

252 views

Category:

Documents


6 download

DESCRIPTION

Lærarrettleiing for hefte 1, 2 og 3. Inneheld bakgrunnsartiklar, forslag til aktivitetar og oppgåver.

TRANSCRIPT

Miljøskole

// Aktivitetar. Oppgåver. Bakgrunnsartiklar.

INNHALDS­OVERSIKT

OM LOOP MILJØSKOLE 2 HEFTE 1

Samandrag, Kompetansemål, Aktivitetar 3Oppgåver til utdeling 5

HEFTE 2

Samandrag, Kompetansemål, Aktivitetar 7Oppgåver til utdeling 9

HEFTE 3

Samandrag, Kompetansemål, Aktivitetar 11Oppgåver til utdeling 13

ANNA uNDERVISINgSMATERIELL 15 AVFALLSPYRAMIDEN 16 KOMMuNANE Og RETuR SELSKAPA 17 PANT 18 PAPIR, KARTONg Og bØLgJEPAPP 19 PLASTEMbALLASJE 20 gLAS­ Og METALLEMbALLASJE 21 NEDbRYTINg Og KOMPOST 22 ELEKTRONISK Og ELEKTRISK AVFALL 23 FARLEg AVFALL 24

bATTERI 24

KLIMA 25

2

LOOP Miljøskole er eit undervisingsopplegg om kjeldesortering, attvinning, krinsløp og miljø. Vi viser korleis vi kan ta vare på miljøet ved å ta vare på ressursane. Reduksjon av avfall, kjeldesortering og attvinning er viktig i ein større samanheng.

LOOP sitt informasjonsmateriell er tilpassa ulike aldersgrupper, frå barnehage og opp til vidare­gåande skole, og det er lagt vekt på at materiellet skal engasjere og aktivisere. Miljøskolen er utarbeidd i samarbeid med lærarar. Han er fagleg forankra og tilpassa varierte undervisingsformer. Materiellet er tilpassa læreplanane i Kunnskapsløftet og kan nyttast både i ulike fag og i tverrfaglege prosjekt.

Lærarrettleiinga er todelt. Den første delen er vigd til dei tre undervisingshefta til Miljøskolen.. Her finn du resymé av hefta, ei oversikt over kva for kompetansemål som er knyta til hefta, samt oppgåver og aktivitetar som kan nyttast i undervisinga. I tillegg har kvart hefte fått to sider med elevoppgåver som enkelt kan kopierast opp og delast ut.

Lærarrettleiinga sin andre del inneheld bakgrunns artiklar som gir innsikt i returordningane og attvinning. Vi har også to generelle artiklar – om avfallspyramiden og om klimaendringane.

Lærarrettleiinga låg første gong føre i 2007. Denne utgåva er oppdatert og revidert på bakgrunn av ei brukarundersøking vi gjennomførte våren 2009. Resultata frå undersøkinga synte mellom anna at lærarane ønskte bakgrunnsartiklar til fordjuping og oppgåver som er tydeleg knyta opp mot læreplanen sine kompetansemål. Resultata viste også at materiellet frå LOOP Miljøskole er mykje brukt og eit populært og nødvendig tilskot til dei tradisjonelle skolebøkene. Det gler oss.

gjennom LOOP Miljøskole ønskjer vi å gje barn og unge eit medvite tilhøve til miljøspørsmål. Saman med dykk som underviser barn og unge, gjer vi ein felles viktig innsats for eit betre miljø.

OM LOOP MILJØSKOLE

Trykksaker

Hefte 1 (barnehage og 1.­2. klasse): Fuglen som forsvann Hefte 2 (3.­5. klasse): Kaia og Karim på forbrytarjakt Hefte 3 (6.­9. klasse): Mia, Morten og miljøet

Plakat: ”Det er lurt å sortere”

På neTTeT

www.loop.nowww.sortere.no

Film

”Hvor blir det av, alt sammen?” (1.­5. klasse)”En verden av emballasje” (10. klasse og vidaregåande skole)

musikk

Miljøsongen ”Det er lov å bruke hue!”

undervisnings­materiellet

3

samandrag

Tre barn og to vaksne er ute på tur om hausten. Dei finn ein daud fugl, som dei gravlegg. Når dei leitar om våren, er han vekk. Samstundes snublar Maria i glaset som ho hadde mista om hausten. Det er ikkje borte. Kvifor er fuglen vekk, men ikkje glaset? Dei vaksne fortel om nedbrytarane. barna vil sjå kva som kan verte til jord. Dei grev ned ulike gjenstandar og merker stadene. Om hausten grev dei tinga opp att. Alt er på plass – med unntak av bananskalet. Er det fint å grave ned all maten, lurer barna på. Dei vaksne svarer at det er betre å sortere avfallet og lage kompost av maten og lage nye ting av alt det andre som vi skal kaste. barna sorterer avfall og leverer det på rett stad og pantar drikkeflasker og drikkevareboksar. Dei startar ein kompostbinge saman med dei vaksne, og dei drøymer om kva dei skal nytte den nye jorda til. barna får vite meir om kva som skjer med tinga vi sorterer og leverer.

Moglege tema er: Årstider, glede seg over naturen, gjere forsøk, nedbryting i naturen, nedbrytarar, liv og daud, kjelde­sortering, produksjonsprosessar, attvinning, kompost, draumar.

komPeTansemål

Frå kapittel 1 i barnehagelova – om mål og innhald for barnehagen:”Omsorg, oppdragelse og læring i barnehagen skal fremme menneskelig likeverd, likestilling, åndsfrihet, toleranse, helse og forståelse for bærekraftig utvikling. barnehagen skal gi barn muligheter for lek, livs­utfoldelse og meningsfylte opplevelser og aktiviteter i trygge og samtidig utfordrende omgivelser.”

naturfag (etter 2. trinn)kjenne att og beskrive nokre ­plante­ og dyrearter og sortere deibeskrive nokre viktige kjenneteikn ­ved dei fire årstidene ved å observere naturendelta i ulike aktivitetar ute i naturen ­og fortelje om det som er observertstille spørsmål, samtale og ­filosofere rundt naturopplevingar og mennesket sin plass i naturenbruke sansane til å utforske verda i ­det nære miljøetbeskrive eigne observasjonar ­frå forsøk og frå naturen

norsk (etter 2. trinn)uttrykkje eigne ­kjensler og meiningar

matematikk (etter 2. trinn)samle, sortere, notere og illustrere ­enkle data med teljestrekar, tabellar og søylediagram

HEFTE 1FugLEN SOM FORSVANN barn i barnehage

1. og 2. klasseSAMANDRAgKOMPETANSEMÅLAKTIVITETAR

4

akTiviTeTar

undersøk ein stubbe Om de er på tur og ser ein fuktig, roten stubbe, grip sjansen. La barna grave forsiktig i han og plukke i barken. Kva ser dei? Studer greiner som har lege på bakken ei stund. Er det gnagemerke? Hol?

undersøk korleis nedbrytarane arbeider De treng ei skive brød utan konserverings middel, eit tomt syltetøy glas med lokk og ein asjett. Ha litt vatn på brødskiva, så ho vert fuktig. La ho ligge på asjetten til neste dag. Legg brødskiva i glaset. Still lokket på skrå så det kjem litt luft inn. Sjå på brødet kvar dag i ei veke. Truleg vert det mugg på skiva, kanskje lange trådar. Mugg er ein slags sopp. Dersom de ser på sopp­trådane i eit forstørringsglas, vil de kanskje sjå nokre grøne, brune og svarte prikkar. Det er sporar. Sporane er barna til soppen. Dei er alle stader. Når sporane kjem ein stad der dei får mat, trivst dei og veks og vert til nye, lange trådar. Men kvar vert det av brødskiva?

sjå meitemarken arbeide De treng eit 2–3 liters glas med lokk, sand, jord, lauv og gras og nokre meitemarkar. Fyll glaset som vist på teikninga, vatn forsiktig. Jorda skal vere fuktig, men ikkje våt og ikkje tørr. Teip eit svart papir eller svart plast rundt glaset. Ta av papiret/plasten ein gong i veka, og studer kva som har skjedd. Pass på at markane får nok mat.

kva blir vekk? barna i hefte 1 grev ned ulike gjenstandar for å sjå kva som skjer med dei. Dette er ein enkel variant: De treng ikkje mykje plass. grav eit hol på 30–40 centimeter djupn for kvar ting de skal grave ned. Laus litt opp i jorda. Ha jord over. Lag gode markørar på førehand. Det betyr ein solid pinne for kvart hol. Pinnen treng ikkje vêret lang, men han må kunne stå eit halvt år og bli funnen att. Skriv på pinnen med noko som ikkje vert så fort viska vekk av veret. Teikn eit nøyaktig kart over dette vesle feltet, så de kan finne ut kva som låg kvar, også om pinnane skulle forsvinne. Etter eit halvt år eller så: grav opp hola eitt for eitt, og undersøk kva som har skjedd med det de grov ned.

kompost På nettet finst det gode rettleiingar på korleis ein skal kunne få til ei vellukka kompostering, til dømes hos grønn Hverdag (www.gronnhverdag.no). Vi rår til at de studerer dette nøye og undersøkjer med andre som driv med kompostering på skolen og i barnehagen. Sjekk om kommunen har kurs i kompostering.

leikesaker som nyttar straum Elevane kan registrere kva dei har av leiker og spel heime som går på batteri. Visste du at dei populære blinkeskoa også går på batteri? Leikene kan ein ta med på skolen og vise korleis dei verkar. Kva skal elevane gjere med leikesaker som ikkje lenger verkar? Kva skal dei gjere med batteria? I Noreg er det store mengder med slike småapparat som går rett i restavfallet. Leiker som går på batteri, kan ein levere i leikebutikkar. batteria kan også leverast i rett kasse ved returpunkta, i elektriske forretningar og på bensinstasjonar. «Ella miljøbil» reiser rundt og samlar inn elektrisk og elektronisk avfall. undersøk om bilen kjem dit de bur, og førebu besøket ved å samle inn det aktuelle avfallet frå elevane i god tid.

Sjå www.ellamiljobil.no, eller ta kontakt med din kommune eller avfallsselskap.

lauv og grasnoko mørkt

sand

Jord

5

Hefte 1: FugLEN SOM FORSVANN

HEFTE 1OPPgÅVER TIL uTDELINg

6

7

samandrag

Kaia og Karim er på veg heim frå fotballtrening. Dei oppdagar to menn som står på ei bru og kastar avfall ned i ei skråning ved ein bekk. Når det er klar bane, klatrar dei ned og ser ein svær haug med avfall som skulle vore ein heilt annan stad. På fotballen har dei skrive nummeret på bilen til mennene. Dagen etter går dei til politiet, men det meste av nummeret er viska vekk. Likevel vert dei heltar, fordi dei har oppdaga miljøkriminalitet, og dei kjem i avisene. Dei får invitasjonar til fabrikkar som driv med attvinning av elektriske og elektroniske apparat, plastemballasje, glas­ og metallemballasje, drikke­flasker og drikkevareboksar, og dei ser korleis kartongar vert til nytt papir. Dette fortel dei om til klassen, og der vert det ein diskusjon om korleis ein kan lage mindre avfall. Når Kaia har bursdag, lagar dei monsterdetektiv­bursdagsselskap utan gåver. Frå det skumle monstertilveret i kjellaren på skolen oppdagar dei dei to mennene att, og på listig vis greier elevane både å skremme forbrytarane og syte for at dei vert fakka.

Moglege tema er: Kjeldesortering, attvinning, miljøkriminalitet, leikesaker og emballasje, batteri, reduksjon av avfall, alternativ bursdagsfeiring, kva barn kan gjere for å ta vare på naturen.

komPeTansemål

naturfag (etter 4. trinn)beskrive korleis og drøfte kvifor ­vi kjeldesorterergje døme på eit krinsløp i ­naturen med utgangspunkt i biologisk nedbrytinggjennomføre forsøk som syner at ­eit stoff kan endre karakter når det vert utsett for ulike påverknadersamle og systematisere informasjon ­og beskrive nokre utdøydde dyrearter og dyregrupper og korleis dei levdeargumentere for forsvarleg ­framferd i naturen

matematikk (etter 4. trinn)samle, sortere, notere og illustrere ­data med tellestrekar, tabellar og søylediagram, og kommentere illustrasjonane

samfunnsfag (etter 4. trinn)utforme og praktisere reglar for ­samspel med andre og vere med på å ta demokratiske avgjersler i skolesamfunnet

akTiviTeTar

avfallspyramidenAvfallspyramiden er teikna i hefte 2 og 3 og er omtalt på side 16 her. Ta elevane med på ein diskusjon om korleis dei kan medverke til at det vert mindre avfall. Kan papir nyttast på båe sider? Kan elevar og lærarar bruke matboks i staden for matpapir? Saman med større elevar kan dei lage ei undersøking av kva slags avfall skolen produserer. Sjå om det er tiltak som kan redusere avfallet og om kjeldesorteringa er bra nok. Det finst eit opplegg for ei slik undersøking her: www.miljolare.no. > «Avfall og gjenvinning på skolen».

korleis skal avfallet sorterast? Sjå www.sortere.no. Her finn du informasjon om kjeldesortering der du bur. Elevane kan lage oppgåver til kvarandre om kor dei skal levere kaviartube, lommelykt, sko og vase osb.

undersøkje emballasje Om det er ein leikebutikk i nærleiken, kan ei gruppe elevar undersøkje kva slag emballasje leikesakene er pakka inn i. Dei må notere for å fortelje til dei andre etterpå. Det kan hende at noko av emballasjen er heilt fornuftig, men det kan elevane snakke om når dei har undersøkt litt. Er plast og papir limt saman? ulempa med det kan vere vanskar med kjeldesorteringa. gruppa førebur seg og fortel til klassen. Er det passande tilhøve lokalt, kan alle delast inn i grupper og gå i ulike typar butikkar og undersøkje. Mat forretningar er gode stader. Ei gruppe kan undersøkje frukt og grønsaker, ei tek mat som kan bli middag, ei tar pålegg, ei tar såper og tannkremar osb. Lærarane må gå i butikkane på førehand og finne ut kvar det er lett for elevane å gjere undersøkingar.

HEFTE 2KAIA Og KARIM PÅ FORbRYTARJAKT 3. til 5. klasse SAMANDRAg

KOMPETANSEMÅLAKTIVITETAR

8

2 1

Besøk ein attvinningsstasjon Kontakt kommunen eller det lokale avfallsselskapet og førebu eit besøk dit. Mange har nettsider.

ein annleis bursdag Kaia i hefte 2 lager «monster­detektiv bursdag». Er det mogleg å feire bursdag – utan å kjøpe gåver? Kva meiner elevane om det? Kva hadde vore fint?

leikesaker som nyttar straum I hefte 2 tar elevane med seg leikesaker som nyttar batteri. I ein verkeleg klasse kan ein registrere kva elevane har av leiker og spel heime som går på batteri. Visste du at dei populære blinkeskoa også går på batteri? Leikene kan ein ta med på skolen og vise korleis dei verkar. Kva skal elevane gjere med leikesaker som ikkje lenger verkar? Kva skal dei gjere med batteria? I Noreg er det store mengder med slike småapparat som går rett i restavfallet. Leiker som går på batteri, kan ein levere i leikebutikkar. batteria kan også leverast i rett kasse ved returpunkta, i elektriske forretningar og på bensinstasjonar. «Ella miljøbil» reiser rundt og samlar inn elektrisk og elektronisk avfall. undersøk når bilen kjem dit de bur, og førebu besøket ved å samle inn det aktuelle avfallet frå elevane i god tid. Sjå www.ellamiljobil.no.

når isen smeltar De treng to glas, isbitar, ein stein og vatn.

1. Ha isbiten i glaset. Hell på vatn til det ikkje er plass til ein dråpe til. gjett: Vil vatnet renne over når isen smeltar? Svaret er nei. Isen vert til vatn og bruker opp sin eigen plass.

2. gjør som på teikninga. gjett. På Sørpolen og på grønland ligg isen på fjell. Når isen smeltar der, vert det

nytt vatn i havet i tillegg til det som er der frå før. Forsøket er vist på www.viten.no > ”global oppvarming” > ”Konsekvenser” > ”Vann og temperatur”

mat På www.miljolare.no er det ei oppgåve som går ut på at elevane undersøkjer om maten dei et, har reist langt eller kort. Sjå «Forbruk, ressurser og fordeling». Same stad er det eit opplegg for å undersøkje kor mykje vann vi bruker.

undersøk verda Sjå globalis frå FN­sambandet, www.globalis.no. Det er eit interaktivt verdsatlas og den største databasen med FN­statistikk på norsk. Det er lett å lage oppgåver til elevane herfrå, og elevane kan lage oppgåver til kvarandre. basen gjev utgangspunkt for mange diskusjonar. Til dømes under «Statistikk» er det oversikt over gjennomsnittleg CO2­utslepp per innbyggjar i ulike land. Kva for tankar har elevane om dette?

«ung ute» Direktoratet for naturforvaltning har ein nettstad for barn og unge i aldersgruppa 10–16 år. Der finst opplegg for undersøkingar av mange slag. Sjå www.dirnat.no > «ung ute».

Biologisk mangfaldAt nokre arter blir sjeldnare og til slutt døyr ut og vert vekk, er ei naturleg utvikling som har gått føre seg i millionar av år. I dag fører menneskeleg aktivitet til at mange fleire arter enn tidlegare vert sjeldne og døyr ut. I Noreg er det laga ei raudliste med oversikt over kva for arter som er truga av utrydding, eller som står i fare for å bli det i nær framtid, og som difor treng ekstra vern og andre tiltak. Les meir på www.sabima.no (Samarbeidsrådet for biologisk mangfald). Finst nokon av dyra på raudlista i nærområdet dykkar? Kva kan vi gjere for å ta vare på dei truga artene? Kva for innverknad har klimaendringane på det biologiske mangfaldet?

9

Hefte 2: KAIA Og KARIM PÅ FORbRYTARJAKT

HEFTE 2

OPPgÅVER TIL uTDELINg

1. Skriv fem ting som Kaia og Karim såg i den store haugen med avfall nedanfor brua. .........................................................................................

.........................................................................................

2. Kaia og Karim vitja ein fabrikk der ein tok frå einannan pc­ar og tv­ar. Delane vart sorterte i fire kasser. Kva vart lagt i kassene?

.........................................................................................

.........................................................................................

3. Kva er emballasje?

.........................................................................................

.........................................................................................

4. Kva kan ein lage av emballasje av plast?

.........................................................................................

.........................................................................................

5. Kva kan knuste flasker og syltetøyglas bli til?

.........................................................................................

.........................................................................................

6. Kva skjer med drikkeflasker av plast?

.........................................................................................

.........................................................................................

7. Kva skjer i fabrikken når drikkekartongane vert til papir?

.........................................................................................

.........................................................................................

8. På side 10 ser du kva Kaia, Karim og dei andre har teke med på skolen. Kva har dei teke med?

.........................................................................................

.........................................................................................

9. Kva slags bursdagsfest hadde Kaia og klassen hennar?

.........................................................................................

.........................................................................................

10. Korleis klarte klassen å skremme forbrytarane?

.........................................................................................

.........................................................................................

11. Kva er miljøkriminalitet?

.........................................................................................

.........................................................................................

10

Spørsmåla 12–16 kan ein også svare på ved hjelp av nettstaden www.sortere.no.

12.Sjå avfallspyramiden på side 14. a) Sjå på den grøne delen av pyramiden.

Kvifor er det aller best å lage mindre avfall? b) Korleis kan du og klassen din lage mindre avfall? c) Sjå på den gule delen av pyramiden. bruker du noko som andre har nytta før deg? d) Sjå på den blå delen. Skriv fire ting som kan samlast inn og verte til noko nytt. e) Sjå på den oransje delen. Veit du kva som vert brent i kommunen der du bur? f) Sjå på den raude delen. Kva vil vi ha minst av?

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

13.Kvar skal vi levere øydelagde mobiltelefonar og øydelagde leikesaker som har nytta batteri eller leidningar?

.........................................................................................

.........................................................................................

14. Kvar skal vi levere spann som det har vore maling i?

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

15. Kva er det einaste vi skal ha i do?

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

16. Korleis sorterer de avfallet der du bur?

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

11

samandrag

Mia og Morten spaserer gjennom byen med trafikk og reklame. Morten fortel om ein flott tur han har vore på. Han reiste med fly over heile verda. Mia kritiserer han for å skade miljøet med utslepp av CO2 frå fly. Han finn ein bruskork på bakken og tek han opp for å leggje han der dei samlar inn plastemballasje til attvinning. Mia vert oppgidd og seier alt det som ligg ho på hjartet om det store forbruket vi har på alle område. Og så er det bruskorkar Morten bryr seg med! På pc­en sin syner Mia han kva drivhus­effekten er, årsaker til oppvarminga, konsekvensar og tiltak. Morten veit dette. Han svarer at dette nettopp er ein grunn til å bruke mest mogleg ressursar om att. Mia kan ikkje vere usamd i det, men er likevel oppteken av utgangspunktet: At vi har for mange ting rundt oss. Mia viser Morten avfallspyramiden, som syner at målet er å redusere mengda avfall. Diskusjonen held fram mellom dei. Målet til Mia – og til Morten – er ikkje noko mindre enn å vere med å redde verda.

Moglege tema er: Klimaendringar, atmosfære, klimagassar, kjeldesortering, attvinning, avfallspyramiden, reduksjon av avfall, forbruk, ansvar, konfliktar.

komPeTansemål

mat og helse (etter 7. trinn)vurdere, velje og handle miljømedvete ­lage mat i naturen og bruke naturen ­som ressurs

naturfag (etter 7. trinn)planleggje og gjennomføre ­undersøkingar i nokre naturområde i samarbeid med andregjere greie for nokre energikjelder ­før og no, og fortelje om konsekvensar for miljøet lokalt og globalt

religion, livssyn og etikk (etter 7. trinn)

samtale om aktuelle filosofiske ­og etiske spørsmål og diskutere utfordringar knyta til temaa fattig og rik, krig og fred, natur og miljø, IKT og samfunn

samfunnsfag (etter 7. trinn)forklare korleis produksjon og ­forbruk kan øydeleggje eit økosystem og forureine jord, vatn og luft, og drøfte korleis ein kan forhindre og bøte på detteforklare korleis vi i Noreg nyttar ­ressursar frå andre stader i verda

kunst og handverk (etter 10. trinn)

beskrive livsløpet til eit produkt og ­vurdere konsekvensar for berekraftig utvikling, miljø og verdiskapingforklare korleis klima, kultur og ­samfunnstilhøve påverkar bygnings­konstruksjon, val av materialar, form, uttrykk og symbolfunksjon

naturfag (etter 10. trinn)planleggje og gjennomføre ­undersøkingar for å teste kor

haldbare eigne hypotesar er – og velje publiseringsmåteobservere og gi døme på korleis ­menneskelege aktivitetar har påverka eit naturområde, identifisere ulike interessegrupper sine syn på påverkinga og gjere framlegg om tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonargjennomføre forsøk for å ­klassifisere sure og basiske stoffforklare korleis råolje og naturgass ­er blitt til og korleis desse stoffa vert nyttaforklare korleis vi kan produsere ­elektrisk energi frå fornybare og ikkje­fornybare energikjelderteste og beskrive eigenskapar ved ­materialar som vert nytta i ein produksjonsprosess

samfunnsfag (etter 10. trinn)fortelje om naturgrunnlaget med ­vekt på indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, vatnet sitt krinsløp, vêr, klima og vegetasjon, og drøfte samanhengar mellom natur og samfunnvurdere bruk og misbruk av ressursar, ­konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globaltdrøfte premiss for ei ­berekraftig utvikling

vidaregåande utdanningYrkesfagleg studieretning på vidaregåande skole har eit utdannings program som heiter ”Teknikk og industriell produksjon”. Innanfor dette kan ein utdanne seg i attvinningsfaget. Hausten 2009 kjem ein ny nettstad der ein kan lese meir om dette og andre yrke innanfor attvinning og miljø: www.gjenvinningsskolen.no.

HEFTE 3MIA, MORTEN Og MILJØET 6. til 10. klasse SAMANDRAg

KOMPETANSEMÅLAKTIVITETAR

12

2 1

akTiviTeTar

når isen smeltar De treng to glas, isbitar, ein stein og vatn.

1. Ha isbiten i glaset. Hell på vatn til det ikkje er plass til ein dråpe til. gjett: Vil vatnet renne over når isen smeltar? Svaret er nei. Isen vert til vatn og bruker opp sin eigen plass.

2. gjør som på teikninga. gjett. På Sørpolen og på grønland ligg isen på fjell. Når isen smeltar der, vert det nytt vatn i havet i tillegg til det som er der frå før. Forsøket er vist på www.viten.no > global oppvarming > Konsekvenser > Vann og temperatur.

kor mykje Co2-utslepp? Rekn ut kor mange tonn CO2 eit fly med fisk slepper ut på ei reise frå Noreg til Kina, og med same fisken attende. Sjå kart med kalkulator: www.chooseclimate.org. Morten i hefte 3 reiste slik: Oslo, Cape Town, Kolkata, bangkok, Sydney, Surabaja, ulan bator, Chicago, Montevideo, Oslo. Rekn ut kor mykje CO2­utslepp han medverka til.

elektriske og elektroniske artiklar I hefte 3 undersøkjer Mia og Morten kor mange elektriske og elektroniske ting Morten har heime. Klassen kan gjere same undersøking heime hos seg sjølv og skrive liste. Dataa kan

utnyttast på mange vis: Kor mange gjenstandar hos kvar einskild og samla for klassen? Sortering: Kor mange tv­ar, fryseboksar osb i klassen? Kor mange småapparat som elektrisk tannbørste, kaffikokar m.m? Leikesaker og figurar? Kva for gjenstandar kan ein reparere? Tenkjer vi over om ein ting kan reparerast når vi kjøper han? Kva slag EE­avfall vert ofte ikkje levert til attvinning? Kvar kastar elevane øydelagde mobiltelefonar? Har den lokale butikken som sel slikt, skilt om at dei tar imot? Viss nei, kva kan elevane gjere med det? Les meir på www.sortere.no.

klede som reiser langt Kjøper du to nye klesplagg eller to par sko i månaden, medverkar du med 500 kilo CO2­utslepp i løpet av eit år. Det er like mykje som ein bil slepper ut på kjøring i 250 mil. (Kjelde: Industriell økologi, NTNu.) Størstedelen av kleda og skoa vi importerer, vert produsert i Kina. Kva skal ein meine om dette? Er det mogleg å ta omsyn til Kina, til kva vi treng av varer og til miljøet – samstundes? Kan elevane finne forslag til løysingar? Se til dømes www.etiskforbruk.no.

mat På www.miljolare.no er det ei oppgåve som går ut på at elevane undersøkjer om maten dei et, har reist langt eller kort. Sjå ”Forbruk, ressurser og fordeling». Same stad er det eit opplegg for å undersøkje kor mykje vatn vi bruker.

undersøk verda Sjå globalis frå FN­sambandet, www.globalis.no. Det er eit interaktivt verdsatlas og den største databasen med FN­statistikk på norsk. Det er lett å lage oppgåver til elevane herfrå, og elevane kan lage oppgåver

til kvarandre. basen gjev utgangspunkt for mange diskusjonar. Til dømes under «Statistikk» er det oversikt over gjennomsnittleg CO2­utslepp per innbyggjar i ulike land. Kva for tankar gjer elevane seg?

«ung ute» Direktoratet for naturforvaltning har ein nettstad for barn og unge i aldersgruppa 10–16 år. Der finst opplegg for undersøkingar av mange slag. Sjå www.dirnat.no > «ung ute».

korleis skal ein sortere avfallet? Sjå www.sortere.no. Her finn du informasjon om kjeldesortering der du bur. Elevane kan lage oppgåver til kvarandre om kor dei skal levere kaviartube, lommelykt, sko og vase osb.

energikjelderPå nettstaden www.fornybar.no kan du lese om ulike energikjelder. Kva er skilnaden på ei fornybar og ei ikkje­fornybar energikjelde? Del elevane i grupper som tek for seg ulike energikjelder (solenergi, bioenergi, vind energi osb.) og presenterer dei for resten av klassen. Kva er framtidas energiformer? Kva for energiformer bør vi nytte for å sikre ei berekraftig utvikling?

miljømerkingDet finst etter kvart mange produkt som er miljømerkte. Men kva tyder det at noko er miljømerkt? Hos www.gronnhverdag.no > ”Miljø­merker” finst ei oversikt over dei miljømerka som er i bruk i Noreg. Kan elevane finne døme på produkt med dei ulike merka i sine nær butikkar eller heime? Elevane kan gruppevis velje seg ut produkt som er miljø­merkte, og presentere desse for resten av klassen. Dei må kunne forklare kva miljømerkinga tyder.

13

Hefte 3: MIA, MORTEN Og MILJØET

HEFTE 3OPPgÅVER TIL uTDELINg

Nokre av spørsmåla kan ein svare på ved hjelp av nettstaden www.sortere.no.

1. Kva er det som gjer Mia så fortvila?

.........................................................................................

.........................................................................................

2. Aluminium a) Kvar kjem aluminium frå? b) Kva vert aluminium til? c) Kva er fordelen ved å bruke aluminium om att? d) Kvar kan du kaste emballasje av aluminium?

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

3. a) Kva meiner vi med kjeldesortering? b) Kva meiner vi med materialattvinning?

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

4. Sjå på søylene på side 7. Kva for ting er folk flinkast til å levere til attvinning?

.........................................................................................

.........................................................................................

14

5. Kor mange kilo hushaldsavfall kasta kvar person i gjennomsnitt i 2008? Trur du vi kastar meir eller mindre i dag? Oppdatert statistikk finn du på www.miljostatus.no.

.........................................................................................

.........................................................................................

6. Sjå på avfallspyramiden på side 9. Det grøne feltet er målet: Mindre avfall. Har du tre tiltak som kan føre oss i riktig retning?

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

7. EE­avfall a) Kva inneheld EE­avfall? b) Kvar skal det leverast?

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

.........................................................................................

8. Kvar skal du levere ein øydelagd mobiltelefon, når du ikkje kan få han reparert?

.........................................................................................

.........................................................................................

9. Kva tyder det ”å la tinga gå i loop”?

.........................................................................................

.........................................................................................

10. Er drivhuseffekten bra eller dårleg for menneskje og natur? Kvifor?

.........................................................................................

.........................................................................................

11. Kva kan skje om temperaturen stig på jorda?

.........................................................................................

.........................................................................................

12. Kva er Svanemerket?

.........................................................................................

.........................................................................................

15

ANNA uNDERVISINgS­MATERIELL

Filmar

”Hvor blir det av, alt sammen?” inneheld enkeltståande filmar om kjeldesortering og attvinning. Du møter professoren på opplysingskontoret, som introduserer deg for informasjonsfilmane. I tillegg følgjer det med 19 små konkurransefilmar til bruk i undervisinga. Filmen passar for elevar i 1.–5. klasse.

Ei samling med kortfilmar til bruk i vidaregåande skole og 10. klasse er planlagt med utgjeving hausten 2009. Tema for alle kortfilmane er kjeldesortering og attvinning, sett frå ulike ståstader. Den første filmen i serien, ”En verden av emballasje”, vart gitt ut i 2008 og handlar om avfallsførebygging, emballasje optimering, avfall og ressursar. Dei filmbaserte undervising s­ressursane er knyta til nettstaden www.gjenvinnings­skolen.no. Denne nettstaden vil inngå som ein ressurs i skoleverket på vidaregåande nivå, 10. klasse og i bedriftsintern opplæring, samt på andre arenaer.

loop.no

På LOOP sine morosider har vi lagt ut spel, filmar og konkurransar, som ein fritt kan nytte i samband med undervisinga. I tillegg finst det på nettsidene fleire faktaartiklar om kjeldesortering og attvinning, nyhendesaker om miljø og lenker til nyttige nettstader.

sortere.no

På nettstaden www.sortere.no finn du informasjon om kjeldesortering der du bur. Ved å taste inn kva du vil sortere og kvar du bur, får du svar på kva som skjer med akkurat den avfallstypen i akkurat din kommune. I tillegg til å vere eit nyttig verktøy for kjeldesortering både heime og på skolen, kan ein på enkelt vis lage oppgåver med utgangspunkt i nettstaden.

miljøsongen: ”det er lov å bruke hue!”

Miljøsongen til LOOP er eit musikkopplegg til bruk i undervising og oppsettingar om miljø for barn og unge. Opplegget har mange kryssreferansar, og det er berre skolen sin fantasi som set grenser for bruksområda. I song­ og musikktimane kan ein øve inn songen og spele eigne instrument. I naturfag­timane kan ein ha som prosjekt å finne ut av kva slag attvinningsmaterialar som passar best til rytme­instrument. Desse kan ein så lage i formingstimane. Norsktimane kan nyttast til å skrive nye tekstar med ulike attvinningstema. Ikkje minst kan songen vere eit innslag i samband med gruppevise presentasjonar av eit prosjekt rundt miljø og attvinning.

Spor 1: Fullversjon med song, musikk, originaltekst og rytmeinstrument.

Spor 2: Instrumental fullversjon med rytme­instrument. Her kan de sjølv synge originaltekst eller lage nye vers ut frå sjølvvalde miljøtema.

Spor 3: Ein enkel instrumentalversjon, der hovudinstrumentalen ligg, medan de sjølv kan leggje på eigne rytmeinstrument lagde av pappesker, metallboksar, stokkar, mjølke­kartongar, skruar, spikrar, skeier og kva de elles måtte klare å finne på.

16

Avfallspyramiden vert også kalla avfallshierarkiet. Han vert nytta av styresmakter og organisasjonar, både i Noreg og internasjonalt, for å definere prioriteringane i avfallspolitikken.

mål nummer 1: avFallsreduksJon

Det fremste målet er å redusere avfallsmengda. Næringslivet har avtale med Miljøverndepartementet om ei «kontinuerleg forbetring av emballasje i heile verdikjeda som opprettheld tilstrekkeleg vern av den emballerte vara med lågast mogleg ressursbruk og miljøbelastning og høgast mogleg grad av material­ og energiattvinning». Det vert arbeidd jamt med dette gjennom Nærings­livets emballasjeoptimeringskomite (NOK), www.emballasjeoptimering.no. Sjå også Den Norske Emballasjeforening, www.dne.no.

Dette kan vi gjere:Tenkje over at kvar einaste produserte gjenstand medfører bruk av energi og naturressursar og produksjon av avfall. Treng vi tingen?

Velje tog før buss før bil før fly, ­om det er mogleg.unngå unødvendige eingongs­ ­produkt, som servise i papir og plast og eingongsgrillar.Levere ting til reparasjon, også ­mobiltelefonar.byte ting med andre. ­Kjøpe varer som er miljømerkte. ­Velje varer med lite emballasje. ­bruke arka på båe sider. ­Skolen kan lage kompost. ­Skolen kan verte ein miljøskole, sjå ­ Miljøfyrtårn: www.miljofyrtarn.no og grønt flagg: www.fee.no.

2. omBruk

Ombruk vil seie at ting vert brukte om att i staden for at vi kastar dei. Dette kan vi gjere:

Levere ting til loppemarknader ­og brukthandlarar, eller på attvinningsstasjonen.Kjøpe brukte klede og gjenstandar. ­byte klede, leikesaker og utstyr vi ­har vakse frå, med andre.bruke internettet til å kjøpe og ­selje brukt.

3. maTerialaTTvinning

Materialane som ting er lagde av, kan ein nytte om att. Kompost er også materialattvinning.

Dette kan vi gjere: Kjeldesortere avfall heime, på ­skolen og på arbeidsplassen.Levere avfall på attvinningsstasjonar. ­Pante flasker og drikkevareboksar. ­Ikkje kaste avfall på gata ­og langs vegen.Lage kompost. ­

4. energiuTnyTTing

Vi kan brenne avfall og utnytte varmen som energi. Det finst fleire store avfallsforbrenningsanlegg i Noreg. Dei største ligg i Oslo, bergen, Trondheim og Fredrikstad. Ved desse anlegga vert hushalds­ og næringsavfall omdanna til energi ved brenning. Energien vert utnytta vidare som fjernvarme og til produksjon av straum. Avfalls forbrenning destruerer avfallet gjennom sjølve forbrenningsprosessen ved å bryte ned kjemiske og biologiske bindingar. gjennom reinsing av røykgassen fjernar ein opp mot 100 prosent av tungmetall, dioksin og andre bindingar. utsleppa er på ca.

10 prosent av det maksimalt lovlege etter kapittel 10 i avfallsforskrifta. Flygeoska som samlar opp desse stoffa, er farleg avfall, som vert deponert ved ulike spesialdeponi. botnoska etter forbrenning utgjer 15–20 vektprosent av avfallsmengda som er brent. undersøkingar av botnoska frå norsk avfallsforbrenning syner at ho ikkje er farleg avfall. botnoska vert i dag nytta til tildekking av avfallsdeponi. I andre land vert ho nytta til bygging av vegar, utfylling og liknande på særskilde vilkår.

Dette kan vi gjere:Ikkje brenne avfall sjølv, men levere ­det til godkjende forbrenningsanlegg.

5. dePonering

Vi vil legge minst mogleg avfall på fylling. Frå 1. juli 2009 ble det forbode å deponere biologisk nedbrytbart avfall. Dette tyder at ein må finne andre behandlingsalternativ enn deponering for mellom anna papir, trevirke og tekstilar. Matavfall vart det forbode å deponere i 2004. Forbodet vil føre til mindre utslepp av klimagassar, mindre utslepp av miljøgifter og auka produksjon av avfallsbasert energi. Det er også eit mål at forbodet skal føre til auka attvinning av materialar.

Dette kan vi gjere:Melde frå til kommunen om private og ­ulovlege avfallsfyllingar.

AVFALLS­PYRAMIDEN

17

Innsamling og attvinning av brukt emballasje, brukte produkt og anna avfall er eit samarbeid mellom næringslivet, kommunane og innbyggjarane. Vi kallar det ein dugnad.

Kommunane har ansvaret for å samle inn og ta mot alt avfall frå hushalda. Kvar kommune avgjer kor mange avfallstypar som skal kjelde­sorterast, og om det sorterte avfallet skal hentast heime eller må leverast på eit returpunkt. Innbyggjarane i kommunen betaler eit renovasjons­gebyr, som skal dekke kostnadene kommunen har med å samle inn og handsame avfallet. I nokre kommunar inkluderer renovasjonsgebyret levering på attvinningsstasjon, andre stader må ein betale ei tilleggsavgift. både innbyggjarane og skolane kan vende seg til kommunen eller det lokale avfallsselskapet for å få meir informasjon. Nokre kommunar har danna kommunale eller inter­kommunale avfallsselskap som tar hand om avfallet. Sjå på nettstaden til kommunen eller avfallsselskapet. Samla informasjon om kjelde­sorteringsløysingane til kommunane finn ein på www.sortere.no. Nokre kommunar har eigne mottak for brukte gjenstandar, og nokre har verksemder som pussar opp m.a. brukte møbel for å selje dei vidare. Det er mogleg for skolar å gjere avtale om å vitje attvinningsstasjonar og forbrenningsanlegg, gjerne i samband med arbeidet med LOOP Miljøskole.

grønt Punktgrønt Punkt på emballasjen tyder at produsenten eller importøren er med på å finansiere returordningane for brukt emballasje. bedriftene er medlem av grønt Punkt Norge AS, eit nonprofit­selskap som jobbar for at heile næringslivet skal ta del i denne finansieringa. Det er friviljug å vere

medlem i grønt Punkt Norge, men det er ikkje lov å nytta symbolet utan å vere medlem. Den seinare tida har fleire statlege organ, som til dømes Miljøverndepartementet, vortne kontrollmedlemer i grønt Punkt. Det tyder at dei forpliktar seg til berre å velje leverandørar som er medlemer av grønt Punkt Norge eller av ei tilsvarande returordning for brukt emballasje.

miljømerkingSvanemerket stiller miljøkrav til produkt under produksjon, under bruk og som avfall. Merket gjev ein garanti for at produktet er blant dei som belastar miljøet minst innanfor den aktuelle produktgruppa. Informasjon om fleire miljømerke, t.d. Eu sin blå blome, Debio for økologiske produkt og Fair Trade, sjå www.ecolabel.no og www.gronnhverdag.no.

kjeldesorteringssymbolSlike symbol på produkt syner korleis avfallet skal kjeldesorterast. Symbola svarer til dei ein finn på attvinnings­stasjonane. Symbola kan ein laste ned til fri bruk frå nettstaden www.avfallssymboler.no.

returselskapaReturselskapa for emballasje, også kalla materialselskapa, legg til rette for innsamling og attvinning av den brukte emballasjen. Materialselskapa er etablerte og eigde av bransje­organisasjonar og bedrifter som følgje av bransjeavtalar med Miljøverndepartementet. Verksemda til materialselskapa er finansiert gjennom grønt Punkt Norge ved at alle bedrifter som importerer eller tar i bruk emballasje på eigne produkt, betaler eit såkalla vederlag for emballasjen. Returordninga for

emballasje omfattar bølgjepapp, plastemballasje, kartong, drikkekartong, glas­ og metallemballasje.

Returselskapa for andre produkt fungerer på tilsvarande vis. Det var i si tid importørane som gjekk saman og stifta AS batteriretur. batteriretur overtok dermed ansvaret for innsamling og attvinning av kasserte batteri på vegner av produsentar og importørar. Produsentar og importørar av EE­produkt betaler eit gebyr. Returselskapa sytar for henting av EE­avfall, for riktig handsaming av avfallet og for at styresmaktene får rapportar. Forbrukarane kan levere kasserte EE­produkt gratis til forhandlarar som sel same type produkt, utan å kjøpe noko nytt. Lysrør og lyspærer kan ein til dømes levere i ein matbutikk, dersom denne sel lysrør og lyspærer. Ein kan også levere direkte til eit kommunalt mottak. Returselskapa som skal drive med innsamling, miljøsanering og attvinning av EE­avfall, må godkjennast av SFT. godkjende selskap står oppført i EE­registeret.

Alle importørar og produsentar som vil selje drikkevarer på boks eller plastflasker som kan attvinnast, må vere medlem av Norsk Resirk AS, om dei vil delta i panteordninga. Det er ei godkjent returordning for boksar og plastflasker. Miljøavgifta vert redusert i takt med returprosenten. Er returen på 90 prosent, er reduksjonen i avgifta 90 prosent. Når returen er på 95 prosent, fell avgifta heilt bort. Dette er ein motivasjon for å få inn brukte flasker og boksar, og det er ein fordel for miljøet.

Ei samla oversikt over alle retur selskapa i Noreg finn ein på www.loop.no.

KOMMuNANE Og RETuR­SELSKAPA

18

aTTvinning av PlasTFlasker og drikkevareBoksar

Det finst to typar panteordningar i Noreg. Ei for ombruksflasker og ei for plastflasker og drikkevareboksar som ein kan attvinne. Dei flaskene som vert vaska og brukt på nytt, ombruksflasker i glas og plast, vert samla inn gjennom bryggeriforeninga sitt pantesystem, Rentpack AS. Plastflaskene vert brukt om att fleire gonger til dei er for slitne, så vert dei resirkulerte.

Panteordninga for plastflasker og drikkevareboksar som ein kan attvinneSamfunnet sparer ressursar på å attvinne plastflasker og boksar. I 2008 vart 91 prosent av alle boksar og 81 prosent av alle flasker samla inn og attvunnen. Returselskapet som organiserer panteordning, innsamling og attvinning, er Norsk Resirk AS. Det er ikkje berre panteautomatane som tek imot flasker og boksar. Alle som sel drikkevarer på boks eller flaske, skal ta imot tomgods og gje pant, som kioskar og bensinstasjonar.

PantruljenDersom idrettslag eller andre med store arrangement har veldig mykje å pante, kan dei melde seg inn i «Pantruljen» og få flasker og boksar henta. Dei vert naturlegvis betalt for. Sjå www.resirk.no > «Pantruljen».

drikkevareboksarboksane er lagde av aluminium (nokre få i stål). Attvinningsaluminium krev berre fem prosent av den energien som trengst for å lage ny aluminium. boksane vert pressa saman til blokker på 350 kilo og sende til ei attvinnings­bedrift som lager nye boksar.

PeT-flaskerPET­materialet kan nyttast om att og om att. Det er 100 prosent attvinnbart. PET er forkorting for «polyetylentereftalat». Når du pantar boksar og flasker, medverkar du til å redusere energiforbruket og utsleppet av klimagassar. Attvinning av plastflasker er langt meir miljøvenleg enn produksjon av ny plast. For kvar kilo plast vi vinn att, sparer vi to kilo råolje. Ved å pante boksar og flasker kan vi medverke til å redusere global oppvarming.

attvinningsprosessen for plastflaskerPlastflaskene vert klemte saman, pressa i blokker på fleire hundre kilo og frakta i konteinarar til ein fabrikk.

Dei vert førte inn i ein stor trommel. 1. Flaskene vert rivne i veldig små bitar (granulat, korn, flak) og vaska. Papirlappar, lim og korkar vert skilde ut.Papiret vert blåse vekk.2. Plastkorkane flyt opp. Dei er 3. lagde av PP (polypropylen) eller HDPE (high density polyetylen) og er lettare enn flaskematerialet. Korkmaterialet vert send til plastindustrien.Flaskematerialet, PET, er tyngre 4. og søkk og går vidare i trommelen. Det vert vaska fleire gonger med kaustisk soda. Det vert varma opp, og alt ureint på overflata vert fjerna.Trommelen kan sortere kvart 5. korn etter ønska farge. Så sel ein granulatet vidare.

kva blir det brukt til?Drikkevareboksar vert til nye drikkevareboksar. granulatet frå plastflaskene vert selt til fabrikkar som lager nye plastprodukt.

Plastflasker frå Noreg blir til nye plastflasker og til produkt som blomebrett, emballasjefolie og stropper som ein nyttar til pakker. Les meir: www.resirk.no | www.rentpack.no

PANT

19

aTTvinning av PaPir, karTong og BølgJePaPP

Om vi legg saman alt papir som vert brukt i Noreg i eit år, nyttar vi omtrent halvparten om att til nye papirprodukt. ulike produkt har ulik attvinningsgrad.

drikkekartongarVi bruker to millionar drikkekartongar kvar dag, ca. 20 000 tonn i året. I 2008 vart 47,5 prosent av alle drikke­kartongar leverte i dei kommunale innsamlingssystema for attvinning av materialar. Skolar og barnehagar er enda flinkare enn folk flest. Herfrå vart nesten 80 prosent av alle drikke kartongar leverte til attvinning. Drikkekartongar er alle typar kartongar for flytande væske; mjølke­ og juskartongar, fløyte­, drikkejogurt­, vaniljesaus­ og puddingkartongar. Drikkekartongane vert til nye kartongprodukt til mellom anna frosenpizza og frokostblandingar, og til andre papirprodukt. Returselskapet som organiserer innsamling og attvinning av drikkekartongar, heiter grønt Punkt Norge AS.

Pizza- og skoeskeVi kan også levere alle kartongar som det har vore frosenpizza, frokost blandingar, ispinnar, sko og elektronikk i. Desse kartongane vert nytta til avispapir og bølgjepapp. I 2008 vart 44,5 prosent av denne emballasjekartongen vunnen att. Til saman er det meir enn 40 000 tonn emballasjekartong på den norske marknaden i året. grønt Punkt Norge AS driftar returordninga for emballasjekartong i Noreg.

BølgjepappI Noreg vert det brukt ca. 250 000 tonn bølgjepapp (brunt papir) i året. Dette er verdas mest nytta transport­emballasjemateriale. Ca 95 prosent

vert attvunnen. brukt bølgjepapp (brun returfiber) er ei verdifull og etterspurd råvare. Etter at pappen er samla inn, vert han sortert og selt til papirfabrikkar, som nyttar han som råstoff i produksjon av nytt brunt papir – som igjen blir til ny emballasje. Returselskapet som organiserer innsamling og attvinning av brukt bølgjepapp i Noreg, heiter Norsk Resy AS.

aviser og bladDet vert brukt 500 000 tonn trykksaker i året. Avisene går til ein stor fabrikk i Trøndelag eller vert eksportert til utlandet og blir til nytt papir.

Frå kartong til papirI hefte 1 og 2 er det teikningar av korleis drikkekartongane kan bli til papir på ein fabrikk. Her er ei nærare forklaring:

Drikkekartongane vert plasserte 1. på eit transportband, som fører dei til ein hakkemaskin. Maskinen hakkar kartongane opp i mindre bitar.bitane går vidare til ein stor 2. behaldar med vatn, ein «pulpar». behaldaren er nesten som ein hurtigmiksar. Etter ei kort stund i behaldaren losnar plastbelegg, plastkorkar og aluminiumsbelegg. Plasten flyt opp og vert teken 3. vekk. Aluminiumen søkk og vert teken vekk. Då er det berre vatn og papirfiber att. Fargar og trykk sit på plastbelegget, og kartong­fibrane er difor reine og utan trykksverte når dei kjem ut av behaldaren.Papirfibrane vert førte til ein ny 4. kum med vatn. Massen vert sila og skylt fleire gonger og vert til ei tynn suppe.Fibersuppa vert spylt varsamt på 5. ein brei, lang duk. Suppa består da av omtrent 98,5 prosent vatn

og 1,5 prosent fiber. No er poenget å få bort vatnet ved at det renn gjennom duken. Fibrane legg seg slik at dei hektar seg i kvarandre og dermed heng saman.Så går den tynne suppa mellom 6. mange valsar, som pressar ut vatn og tørkar papiret ved hjelp av varme. For kvar vals vert det mindre vatn, og etter kvart kjem eit langt flak med papir ut av maskinen.Papirflaket festar ein på ei kjerne, 7. som går fort rundt og lager ein stadig større papirrull. Prinsippa i ein moderne papirmaskin er dei same som i Fourdrinier­maskinen, som vart utvikla ca. 1800. Attvinning av alt papir, kartong og bølgjepapp skjer i stor grad på det same viset.

Les meir: www.grøntpunkt.no | www.resy.no

PAPIR, KARTONg Og bØLgJEPAPP

20

aTTvinning av PlasTemBallasJe

Samfunnet sparer ressursar på å attvinne plastemballasje. Det blir nytta vel 140 000 tonn plast emballasje i Noreg per år (2008). Om lag 88 prosent av dette vert attvunnen. 30 prosent av all plast­emballasje vert nytta i produksjon av nye plastprodukt (materialattvinning), medan 58 prosent av det vert energiutnytta og blir til lys og varme. Plast er laga av olje, ein ikkje­ fornybar ressurs. Difor er det smart å attvinne plasten. Produksjonen av plast er energikrevjande. Ved produksjon av ein kilo plast bruker ein rundt ein kilo olje som energikjelde. I tillegg trengst ein kilo olje som råstoff til plasten. Ein kilo plast brukt på ny sparer altså to kilo olje. Vi unngår utslepp av 1 tonn CO2 for kvart tonn plast som vert attvunnen. Det er returselskapet grønt Punkt Norge AS som syter for at plastemballasje frå hushald, industrien og landbruket vert samla inn og attvunnen.

Innsamlingsordning for plast­emballasje finst hos 70 prosent av folk i Noreg. Etter kvart som Oslo og andre byar gradvis kjem med, vil dette talet i løpet av 2011 stige til ca. 85 prosent.

attvinningsprosessenPlasten som blir samla inn, vert kverna til flak, som vert vaska og tørka trinnvis. Plasten vert varma opp og kverna. Resultatet er nytt granulat. granulatet går vidare til produksjon av nye plastprodukt.

Ting av attvunnen plastemballasjeAttvunnen plastemballasje frå Noreg vert til slangar og rør, plastposar, kanner, plastflasker og plantebrett. Ein kan også lage klede og møbelstoff av attvunnen plast.

ePs (isopor)Kvart år bruker vi om lag 6500 tonn EPS i Noreg. Dette vert mellom anna nytta til fiskekasser, men også til emballasje rundt møblar, kvitevarer og liknande. Det er utfordrande å samle inn EPS av di det har stort volum og minimal vekt. Likevel blir over 40 prosent samla inn og materialattvunnen. EPS vinn ein att til plastprodukt som bygnings artiklar, kulepennar, cd­omslag, pc­skal og hagemøblar.

Denne teksten har handla om handtering av plastemballasje. Men det er meir plast i omløp. brukte plastprodukt som ikkje er emballasje, skal ein levere i restavfallet eller på attvinningsstasjonen.

Les meir: www.grontpunkt.no

PLAST­EMbALLASJE

21

aTTvinning av glas- og meTallemBallasJe

glasemballasje Samfunnet sparer ressursar på attvinning av glasemballasje frå mat­ og drikkevarer. Eit kilo returglas vert til eit kilo «nytt» glas. glas kan ein bruke opp att uendeleg mange gonger. Vi nyttar om lag 59 000 tonn glas emballasje i året. 90,1 prosent vert samla inn og brukt om att (2008). Retur selskapet som organiserer innsamling og attvinning av glas emballasje, heiter Norsk glass gjenvinning AS.

metallemballasjeSamfunnet sparer ressursar på attvinning av metallemballasje frå mat­ og drikkevarer. Å lage noko av aluminium som har vore brukt før, krev berre fem prosent av energien som trengst for å utvinne ny aluminium. Aluminium kan brukast om att og om att – og er like fin. Når det gjeld stål, kjem halvparten av stålproduksjonen i verda frå resirkulert materiale (435 millionar tonn). Det svarer til omsmelting av 150 eiffeltårn kvar dag. I Noreg leverer folk inn over 6 000 tonn metall emballasje per år. Vi bruker 10 000 tonn. Men mykje vert kasta i rest avfallet. Attvinningsgraden er 66 prosent. Returselskapet som organiserer innsamling og attvinning av metallemballasje, heiter Norsk Metall gjenvinning AS, og dei samarbeider med Norsk glassgjenvinning AS. Selskapet ønskjer at vi samlar inn meir aluminium, som leverpostei boksar og aluminiumsformer som det har vore kylling eller liknande i.

Prosessen ved fabrikken på onsøy i FredrikstadHit kjem innsamla glas­ og metall­

emballasje frå heile landet. Prosessen er teikna i hefte 1 og 2. For ei meir detaljert framstilling: www.glassgjenvinning.no.

glas­ og metallemballasje vert 1. tømd på eit band. Ein magnet tek ut hermetikkboksar av stål.Aluminiumen er ikkje magnetisk, 2. og han vert skoten vekk av virvelstraum magnetar. Stål og aluminium vert førte til kvar sin behaldar.glasemballasjen held fram og 3. vert knust. Han vert gjennomlyst i ein stor maskin.Maskinen kan sortere glasbitane 4. etter fargenyansar og knuse dei ned i den storleiken kunden ønskjer. Lys les fargen på kvar minste glasbit og sorterer slik innstillingane gjev ordre om. Sorteringa i fargenyansar er 99,8 prosent nøyaktig.Stål og aluminium vert sortert frå 5. glaset. Ei kvern kuttar alt i små bitar. glasbitar, papir og anna uønskt materiale vert reinska vekk. Ny sortering. Stålet vert pressa saman ein stad, aluminiumen ein annan.

dette skal ikkje med i behaldaren!I behaldarar for innlevering av glas­ og metallemballasje skal vi ikkje kaste eldfast glas frå peisar og omnar, eldfaste former, keramikk, krystall og porselen. Krystall inneheld bly, som no er heilt forbode, ettersom det er svært giftig. Keramikk og porselen har eit anna smeltepunkt enn glas og vert som tyggegummi i maskinane. Eldfast glas har ein smeltetemperatur som er mykje høgare enn emballasjeglas. Eldfast glas smeltar ikkje og øydelegg dermed omnane til glasverka. Ein liten bit eldfast glas i eit tonn emballasje glas er nok til at glasverka

ikkje kan ta imot glaset. Vindaugsglas og bilvindauge kan vere limt med noko som inneheld PCb. Det er ei miljøgift. Vindauge skal ein levere ved det kommunale mottaket for farleg avfall. Returselskapet Ruteretur administrerer returordninga.

dette kan ein lageRåvarer frå stål­ og metallemballasje vert selt vidare til industrien i Noreg. Det går til å lage nye produkt – til dømes ny emballasje, verktøy, spiker eller aluminiumsfelgar.

Råstoffet frå glasemballasjen vert selt til glasverk som lagar ny glasemballasje, eller det går til å lage glava isolasjonsmatter. glas vert også nytta i produksjonen av glasull (glava isolasjon). glas vert brukt til produksjon av glasopor skumglas, som er eit isolerande materiale til t.d. vegbygging og ved drenering rundt hus. glasopor skumglas er råvare til glasopor byggeblokker, som vert nytta til grunnmurar og murhus. glas kan nyttast til glasbetong. Den store flammehaldaren til OL på Lillehammer (1994) er av glasbetong med glas samla inn frå returpunkta. glasbetong kan ein også bruke som golv.

Les meir: www.glassgjenvinning.no | www.ruteretur.no

gLAS­ Og METALL­EMbALLASJE

22

nedBryTing og komPosT

Små dyr et av lauvet på bakken. Dei bæsjar. Små bakteriar og sopp et lauvet og bæsjen. Alle stoffa som lauvet og treet vart laga av, vert skilt frå einannan att og kjem attende til jorda. Akkurat som eit hus av legoklossar: Det kan delast opp og verte berre klossar igjen. Dette skjer også med daude dyr, store som små. Når daude planter og dyr er blitt delte opp att (brotne ned) i dei små «klossane» dei vert laga av, klarer nye planter å bruke dei. Dei små bitane heiter sulfat, ammonium, fosfat og nitrat. Dei er molekyl. Vi seier at små dyr og sopp og bakteriar et, vi seier nedbryting, vi kunne sagt «oppdeling».

meitemarkMeitemarken bur i jorda. Der grev han gangar. Han har slim på kroppen, som set seg fast på veggane, blandar seg med jorda, som vert hard. Tunnelane til marken vert sterke og kan brukast om att. Når det regnar, renn vatn gjennom tunnelane til planterøtene. Då kryp marken opp for ikkje å drukne. Når marken grev seg av stad, finn han planterestar og røter som han et. Han et også delar av planter som ligg på bakken og rotnar. Marken trekkjer maten ned i gangen sin. Alt marken et, vert til jord.

skrukketrollSkrukketroll er eit krepsdyr. Det er meir i slekt med krabber og reker enn med insekt. Andre namn på dyret er m.a. tussalus, munkelus og benkebitar. Det er vanlegvis ikkje vanskeleg å finne skrukketroll i rotne stubbar. Skrukketrollet et på rotnande stubbar og lauv.

soppSopp er nedbrytarar. Det er lurt å få røynsle med mugg/sopp, så ein ikkje trur at nedbryting berre handlar om mark og skrukketroll. Sopp har ikkje klorofyll og må ta næring frå vekstar som har. Sopp lever over alt der det finst spor av organiske stoff. Soppen bryt ned (delar opp) organisk materiale i naturen.

Bakteriarbakteriar er nedbrytarar. Dei finst alle stader, i jord og vatn, på huda og i tarmane våre. I ei skei med jord er det ca. 10 milliardar bakteriar. bakteriane kan vi dele inn i parasittar, som snyltar på andre levande organismar, og saprofyttar, som lever av daudt organisk materiale.

komposteringsanleggDet aller meste av matavfallet i Noreg vert kompostert på større anlegg og ved såkalla utrotning til biogass og kompost. Dei fleste slike anlegg har tilbod om at folk kan hente ferdig kompost gratis til bruk i hagar. biogass kan ein nytte til dømes til drivstoff for bussar og til elektrisitet.

NEDbRYTINg Og KOMPOST

23

ELEKTRONISK Og ELEKTRISK AVFALL

elektroniske og elektriske produktElektriske og elektroniske produkt (EE­produkt) er alle produkt som bruker straum frå straumnettet eller frå batteri for å fungere. utan EE­produkt ville heile samfunnet stoppe opp. Men det er ei nedside. Alle EE­produkt inneheld ei eller fleire miljøgifter. Difor må vi syte for at produkta vert samla inn og tekne hand om på ein miljøvenleg måte. berre slik får vi skilt ut miljøgiftene før dei andre materialane går til attvinning. Innlevert EE­avfall vert handtert på ein forsvarleg måte. Tinga kan leverast gratis til alle forhandlarar eller til kommunale mottak for EE­avfall. I 2008 vart det samla inn ca. 75 000 tonn EE­avfall gjennom Elretur AS. Det er nesten 15 kilo per innbyggjar. Returselskapet RENAS AS samlar inn elektroavfall frå næringslivet. Til saman handterte ulike returselskap nesten 149 000 tonn EE­avfall i 2008 i følgje EE­registeret. (Kjelde: SFT.)

ee-produkt som farleg avfallEE­avfall inneheld stoff som kvikksølv, bly, kadmium, PCb og bromerte flammehemmarar. Som regel finst desse stoffa i produkta for at dei skal fungere som vi ønskjer. Til dømes inneheld sparepærer og lysstoffrør kvikksølv. utan kvikksølv ville dei ikkje lyse. Tre av fire sparepærer vert kasta i søppelbytta når dei sluttar å lyse. Ei sparepære inneheld opptil fem milligram kvikksølv. Også i komponentar som krinskort og brytarar finst det ofte tungmetall og andre miljøgifter. I plastdeksel og ­komponentar vert det gjerne tilsett bromerte flammehemmarar. Dette er stoff som gjer produktet mindre brennbart. Men det er samstundes ei miljøgift som vert konsentrert opp i næringskjeda.

småapparatMengda småapparat som vert samla inn, aukar. Men svært mange mobil­telefonar, elektroniske leikesaker, barbermaskinar, batteridrillar og kaffitraktarar hamnar framleis i søppelbytta når dei vert kasserte. Da ender dei i forbrenningsomnar eller på avfallsdeponi. Slik spreier vi tonnvis av stoff som skader helse og miljø kvart år.

mobiltelefonar brukte mobiltelefonar kan ein levere til alle som sel mobiltelefonar.

Attvinningsprosessen:

batteriet vert fjerna manuelt. 1.

Resten av mobiltelefonen går i 2. ein kjele saman med krinskort. Der smeltar plasten. Plasten utviklar sterk varme, vert nytta som brensel og brenn opp.

På botnen av kjelen ligg det igjen 3. ein metallklump, som kan bestå av kopar, gull, palladium og sølv.

Metallklumpen vert senka i eit 4. elektrolysebad. Koparatoma set seg fast på katodeplatene.

Koparen vert skrapa av og 5. smelta. Han vert til koparbarrar, som ein kan selje vidare.

Edelmetalla vert separert 6. ytterlegare og selt.

Ladarar og leidningar vert også 7. delte opp, slik at plast og metall kan attvinnast.

Les meir: www.elretur.no | www.renas.no | www.eeregisteret.no

24

FARLEg AVFALL

Farleg avFall: sToFF som er Farlege For helse og milJø

Kjemikaliar er nyttige, finst i alle produkt og inngår i dei fleste industri prosessane. Samstundes er helse­ og miljøfarlege kjemikaliar eit av dei største miljøtrugsmåla vi står overfor. Dei kan framkalle sjukdommar som kreft og allergiar, eller skade forplantingsevna og arvestoffa. Dei farlegaste vert brotne svært langsamt ned i naturen, og dei hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er difor eit alvorleg trugsmål mot biologisk mangfald, matforsyning og helse for komande generasjonar.

Det er etablert returordningar for fleire typar av farleg avfall. Mellom anna er det etablert ei refusjons ordning for spillolje og bransje ordningar for blybatteri og eldre PCb­haldige isolerglasvindauge. Eit anna eksempel er ordningane for innlevering av elektrisk og elektronisk avfall (EE­avfall).

Den største utfordringa i dag er miljøgiftene som finst i produkta vi har rundt oss; i reingjeringsmidla i kjøkkenskapet, i kleda vi har på oss, i møblane, i leikene og hobbyprodukta, i pc­en og mobilen – og i maten vi et. Rundt 1 million tonn farleg avfall gjekk til godkjent handsaming i 2007. Dette var ein nedgang på seks prosent frå året før. Samstundes gjekk mengda farleg avfall til ukjent handtering ned med 15 prosent. (Kjelde: www.miljostatus.no.)

Les meir: www.miljostatus.no.

BaTTeri

Nokre batteritypar inneheld miljø skadelege tungmetall. Dette gjeld kvikksølvhaldige batteri (Hg), nikkelkadmiumbatteri (NiCD) og blybatteri (Pb). Desse batteria er merkte med det kjemiske symbolet, som indikerer kva slag tungmetall batteriet inneheld, i tillegg til ei overkryssa søppelbytte. Nokre knappcellebatteri kan innehalde kvikksølv. bly­ og nikkelkadmiumbatteri vert attvunne, og tungmetalla vert nytta i nye batteri. Med andre ord går tungmetalla i eit lukka krinsløp som tek omsyn til miljøet. Oppladings­batteri kan ein levere gratis der ein kjøper nye. I Noreg er det AS batteriretur som samlar inn batteri.

Eingongsbatteri av den typen du får kjøpt i daglegvarebutikken, inneheld ikkje tungmetall. Alle batteri vi samlar inn, går til materialattvinning. batteri kan anten leverast i batteriretur sine grøne boksar eller via kommunen si avfallshandtering (sjå www.sortere.no for informasjon om kommunen der du bur).

leikesaker med batteriLeikesaker som bruker batteri, kan leverast i butikkar som sel slike saker, eller på ein attvinningsstasjon. Leiker er gjerne laga av ei blanding av tekstil, plast, metall, krinskort og batteri, og dei kan vere påført bromerte flammehemmarar.

Attvinningsprosessen: batteri og krinskort vert tekne ut manuelt. Krinskorta av plast er gjerne behandla med bromerte flammehemmarar. Saman med edle metall som gull, sølv og palladium vert det smelta under svært høg temperatur. Energien frå det meste av all forbrenning vert utnytta som fjernvarme eller straum. Etter smelteprosessen vert dei verdfulle metalla selde til annan industri, som nyttar dei i nye produkt. Dei bromerte flammehemmarane vert ufarlege gjennom brenninga. Resten av leika vert deretter knust i ein maskin, ein «shreddar». Plasten vert sortert ut i ulike typar. Plast utan bromerte flammehemmarar kan seljast til annan industri. Jern, aluminium, kopar og andre metall vert skilt ut ved hjelp av magnetar og luft – og selt til ulike smelteverk.

Les meir: www.batteriretur.no

bATTERI

25

klimaendringarDen globale og den norske middeltemperaturen stig. Årsmiddel temperaturen for Noreg i 2008 var 1,4 ºC over normalen. I Arktis var avvika større. Årstemperaturen globalt har auka med 0,74 ºC dei siste hundre åra (ref. FNs klimapanel). Mesteparten av denne auken kjem av menneskeleg aktivitet. Industrilanda står for dei største utsleppa av klimagassar per person. FN sin klimakonvensjon omfattar Kyoto­protokollen, som seier kva plikter industrilanda har når det gjeld utslepp. I januar 2008 gjekk fleire norske parti saman om ein klimaavtale. Der slo dei fast at Noreg skal ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet innan 2050. Dette tyder at Noreg skal syte for globale utsleppsreduksjonar som svarar til det vi nasjonalt slepp ut av klimagassar. Styresmaktene ventar at tendensen med stor auke i det totale utsleppet vil halde fram, dersom ein ikkje sett i verk kraftige tiltak. Her vil vi gi litt bakgrunnsstoff om årsaker til og verknader av klimaendringane.

den naturlege drivhuseffektenJorda stråler normalt ut like mykje energi som ho får inn frå sola. Når jordoverflata vert varma opp av sollyset, sender ho det meste av energien ut i retning verdsrommet igjen som varmestråling. Størstedelen av denne varmestrålinga vert absorbert av skyer og gassar i atmosfæren på vegen ut. Dette fører til oppvarming av atmosfæren, noko som igjen fører til oppvarming av jordoverflata. Atmosfæren vert ofte samanlikna med eit drivhus. I eit drivhus er det varmare inni enn utanfor. Solstrålane slepp inn. Men strålinga av varmen som går ut, vert avgrensa av glaset. Det er dette vi kallar drivhuseffekt. Den naturlege drivhuseffekten er

ein ven. gassane i atmosfæren lager altså eit vernande lag rundt jorda. Alt som lever på jorda, er utvikla i samspel med dei vilkåra gassane har gjeve, og gassane er igjen utvikla av liv og tilhøve på jorda. Denne tilpassinga, denne balansen, er utvikla i løpet av millionar av år. På www.viten.no under global oppvarming finn du ein animasjon av drivhuseffekten.

den menneskeskapte drivhuseffektenDen menneskelege påverkinga i industriell tid har ført til endringar i samansetninga av atmosfæren og i temperaturen i eit langt hurtigare tempo enn tidlegare. Når menneska gjer ting som påverkar atmosfæren så fort, kan det ikkje lenger skje ei gradvis tilpassing. Vilkåra for menneskje, planter og dyr på jorda endrar seg no så fort at faren for skader og utrydding av arter vert stor. Når det er blitt for varmt, er det fordi drivhuseffekten er vorten for stor. Ein kan si at menneska har stengt att mange av luftelukene i drivhuset.

atmosfæren og klimagassaneutan gassane i atmosfæren ville gjennomsnittstemperaturen på jorda vore –19 ºC, ikkje 15 ºC som no. Atmosfæren regulerer også temperatur skilnadene mellom natt og dag. I tillegg vernar atmosfæren livet på jorda ved at ozonlaget i atmosfæren absorberer den ultra fiolette strålinga (uV­strålinga).

Nokre gassar har større evne til å absorbere varmestråling. Det er disse gassane som vert kalla drivhusgassar eller klimagassar, to namn på det same. Evna til å absorbere varmestråling varierer frå gass til gass. Nokre gassar lever i tillegg lenger i atmosfæren enn andre. Om

ein gass har evne til å absorbere mykje varme stråling og samstundes oppheld seg lenge i atmosfæren, seier vi at han har høg oppvarmings­faktor. Dei viktigaste drivhusgassane som vert påverka av menneskeleg aktivitet, er CO2, metan (CH4), lystgass (N2O) og fluorerte bindingar. Av desse er CO2 den viktigaste, og størsteparten av den menneskeskapte drivhus­effekten skuldest at konsentrasjonen av denne gassen aukar på grunn av forbrenning av fossilt brensel som olje, gass og kol, samt avskoging. Som CO2 er metan og lystgass gassar ein finn naturleg i atmosfæren, men også desse aukar på grunn av endringari jordbruk og industriell aktivitet. Fluorerte bindingar er ei gruppe sterke drivhusgassar, som utelukkande vert skapte ved industriell aktivitet.

ozonlagetVi må ikkje skade ozonlaget. Det ligg i 10–16 kilometers høgd og vernar jorda mot skadeleg ultrafiolett stråling. For store dosar uV­stråling vil føre til hudsjukdom og skader hos menneske, dyr og planter. Ozon vert heile tida danna og brote ned på naturleg vis. Det er likevel nokre gassar som aukar nedbrytinga, til dømes bindingar som inneheld klor eller brom. Desse vert kalla ozon­reduserande stoff. bromatoma er dei mest aggressive. Når desse gassane først har kome opp i ozonlaget, held dei fram å øydeleggje ozon i mange år framover. Sjølv utan meir utslepp av ozonreduserande stoff vil det difor ta lang tid å få reparert ozonlaget. Difor er vi opptekne av å ikkje sleppe ut ozonreduserande gassar. Det er laga ein internasjonal avtale om dette, Montrealprotokollen. Dersom alle land følgjer krava i protokollen med alle vedtekne endringar, ventar ein at ozonlaget vil vere på det

KLIMA

26

næraste restituert i 2050. Dette tyder at tilstanden vil vere slik han var før 1980. Verknadene av auka drivhuseffekt kan likevel seinka denne prosessen.

konsekvensarOppvarming av verdshava fører til ei utviding av vatnet. Vidare har mengda snø og is på land minka. Til saman har dette ført til stigning av havnivået. FN sitt klimapanel reknar med ei auke i den globale middeltemperaturen på mellom 1,1 og 6,4 grader innan 2100, og ei auke i havnivået som følgje av dette på mellom 19 og 58 cm. Dette vil føre til at utsette landområde forsvinn under vatn. Vidare vil ei auke i den globale middel temperaturen føre til at naturområde og jordbruk vert endra.

Klimaendringane vil føre til at levestader vert endra og at nye arter etablerer seg. Norske styresmakter opererer med ei raudliste som viser tilstanden til norsk natur. I Norsk raudliste 2006 er det ført opp 3886 arter. Av desse er 1988 vurdert å vere truga, det vil seie at dei er innanfor kategoriane kritisk truga, direkte truga eller sårbar. både i verda og i Noreg er det arealendringar som er det største trugsmålet mot biologisk mangfald, og klimaendringane kjem i tillegg til desse. Les meir hos Samarbeidsrådet for biologisk mangfald: www.sabima.no.

I følgje FN sitt klimapanel vil trugsmålet dei forventa klima­endringane utgjer mot folkehelsa, auke i framtida. Mange infeksjons­sjukdommar er kjenslevare for klimatiske tilhøve og vil auke i omfang ved høgare temperaturar. Hyppigare flaumar vil auke risikoen for diaré og luftveg sjukdommar, sjukdommar som skuldest vassforureining, samt drukning og

svolt. I tillegg er det sannsynleg at klimaendringane framover vil føre til at malaria og gulfeber vil finnast i fleire område enn i dag.

samanheng mellom klima og attvinningVi bør sjå avfallsførebygging, kjelde­sortering og attvinning av materialar i samanheng med klimaet.

Ved å kjøpe mindre kan vi redusere 1. den totale miljøbelastninga frå både produksjon, transport, bruk og avfallshandtering. Dette har også tyding for klimaet.Når det gjeld attvinning av 2. materialar, gjev råstoff som er basert på avfall, lågare bruk av energi. Det har tyding for klimaet.Når vi utnyttar energien i 3. rest avfallet, gjev det fleire klimaverknader. Fjernvarme kjem i staden for elektrisitet og olje til oppvarming og reduserer utslepp frå lokale varmesentralar. Ved at restavfallet vert utnytta til energi i staden for å gå til deponi, reduserer vi utslepp av metan frå deponia. Desse utgjer i dag om lag 2,2 prosent av samla norske utslepp.

Hefta er gratis. Dei kan tingast på www.loop.no. Eller kontakt LOOP, Karenslyst allé 9A, 0278 Oslo [email protected] til 23 27 22 30Faks til 23 27 22 35

Skriving og teikningForfattar av hefta: Jorun GulbrandsenTeiknar hefte 1 og 2: Svein SamuelsenTeiknar hefte 3: Geir MoenOmsett til nynorsk av Gudmund Anders Dalsboe

Utgjevar: Retursamarbeidet LOOPLayout: Blanke ArkTrykk: Grafisk PartnerUtgjeve i 2009LOOP Miljøskole er gjeven ut med støtte frå Miljøverndepartementet

MILJØMERKET

241 TRYKKERI 71

6

Miljøskole 1

FUGLEN SOM FORSVANt

Miljøskole 2

KAIA OG KARIM PÅFORBRYTERJAKT

Miljøskole 3

MIA, MORTEN OG miljøet

FUGLEN SOM FORSVANN

Miljøskule 1 Miljøskule 2

KAIA OG KARIM PÅFORBRYTaRJAKT

Miljøskule 3

MIA, MORTEN OG miljøet

LOOP MILJØSKOLE