molo no 01/2013
DESCRIPTION
Magasin fra Herøy og Fosnavåg. Visitfosnavaag.no Herøy NæringsforumTRANSCRIPT
no 01/2013
molo
På tur i øyri ket
Nye at traksjoNar På ruN de
samlar Ny kuN NskaP om havstraumaN e
makrell og Pi rfestival
frå feri ehus t i l feri elei legh eiter
eit stort Næri Ngslivslyft
folkeh else i kvart eit kl i PP!
folketalsvi N Nar På søre suN Nmøre
BåtPlass e i N meN N eskeret t i havgaPet
hotell og BadelaN d skaPer Ny oPtimisme
det haN dlar om å ta h ei le regioN eN i Bruk
havyard cuP av dei store i Nordvest
Bygda l it t utaNom det vaN lege
h ei le suN Nmøre s it t BadelaN d
- faNtastisk å vere uNg i h erøy
maritim sommarfestival
kremeN av suN Nmørsk skjergard
simulatorseNteret e it geN itrekk for hotellet
h erøy kulturskule sNart 40 år!
kuNstoaseN i seNtrum
sogesPel , museum og rekreasjoN
forskaraN e må mei r ut i distri kta
utgit t av
Herøy Næringsforum
visit fosnavaag
3
1 0
2 2
3 3
7
1 5
2 8
3 7
4
1 3
2 4
3 4
8
1 6
3 0
3 8
6
1 4
2 6
3 6
9
1 8
3 2
aNsvarlig redaktør
jourNalist
grafisk desigN
trykk
forsi defoto
Karl Petter Sortehaug
Jann Flatval
CANN AS
Schibsted Trykk AS
Jann Flatval
Herøy NæringsforumPostboks 696099 Fosnavågwww.visitfosnavaag.no
i n n h o l d
Karl Petter Sortehaug
Ansvarlig redaktør
Det er også næringslivet ein har å takke
for satsinga som no skjer i Fosnavåg med
bygging av hotell og badeland med ein
samla kostnad på næare ein halv milliard
kroner som dei berande prosjekta. Denne
storsatsinga skaper optimisme og vil
vere ei utruleg viktig vitamininnsprøyting med positive ringverknader til heile
lokalsamfunnet i Herøy.
Mykje hadde vore annleis i kommunen i dag om ikkje det var for aktiviteten,
arbeidsplassane og skatteinntektene som næringslivet genererer.
Likevel er det på langt nær alt i Herøy som dreiar seg om olje eller fisk. Også
på mange andre område er kommunen inne i ei rivande utvikling med stor
etableringslyst og folketalsvekst.
For eksisterande og nye innbyggjarar kan Herøy
kommune tilby moderne barnehagar og gode
skular, eit breidt spekter av ungdomsaktivitetar og
gode velferdstilbod for folk i alle aldrar. Kåringa
av Herøy til årets ungdomskommune i Møre og
Romsdal i 2012 var ei fjør i hatten for ungdomsrådet
og dei ansvarlege for ungdomsarbeidet i
kommunen.
Moloeffekten av alt dette gjer det trygt å vekse
opp og godt å bli gammal i Herøy.
Dei fleste har vel fått med seg kva Herøy
står for i fiskeri og offshoresamanheng.
Satsinga til offshore- og fiskebåtreiarane
har gjort Fosnavåg og Herøy vide kjend og
resultert i at Fosnavåg er kåra til Norges
fremste næringsby to av dei tre siste åra .
– Nei, det har vore ei bevisst satsing, og eg vil gi ros til dei ulike utbyggjarane
som har vore til stor hjelp med å avvikle bustadmangelen i Herøy. Vi kan likevel
ikkje kvile på laurbæra, for med den veksten vi no opplever så melder det seg
stadig nye behov på bustadområdet, seier Goksøyr.
På rett veg
Dei siste 2-3 åra har Herøy framstått som folketalsvinnaren på Søre Sunnmøre.
Frå å liggje og vippe rundt 8350 inn-
byggjarar over ei rad med år, har
folketalsutviklinga i Herøy vist ein
jamt stigande trend dei siste åra med
ein årleg vekst på rundt hundre i snitt.
Ordføraren har imidlertid ikkje noko
tru på at det skal stoppe her med all
den spennande og vekststimulerande
satsinga ein no er vitne til i kommunen.
– Konsekvensen av det eg sa i 2007 var at vi måtte tenkje vekst, og ikkje minst
tenkje smart, for at den visjonære målsettinga ikkje skulle strande i mangel på
bustader. Vi trengde rundt 45 nye bustader i året,
og det er dette eg som ordførar har lagt til grunn
for kommunen si offensive satsing på klargjering av
nye bustadområde, slår Goksøyr fast.
uhyre krevjaNde
Ordføraren meiner det er rett å sjå folketalsveksten
i Herøy som eit resultat av iherdig jobbing med å
leggje til rette for ekspansive utbyggjarar. Men klar-
gjering for nye bustadfelt er eit uhyre tidkrevjande
arbeid. Ikkje fyrst og fremst på grunn av interesse-
konflikter som oppstår lokalt, men i all hovudsak
er det regelverket - og fylkesmannsembetet sin iver
etter å øve skjøn i tillegg - som bremsar på farten.
Goksøyr skulle difor ønskje at fylkesmannen hadde
lovverket som ei ramme for utøving av myndet sitt, og heldt seg til det.
At det motsette faktisk er tilfelle finst det nok av døme på i Herøy. Eitt godt døme
i så måte er Indre Bergsøy som kommunen satsa stort på, men som har stått i
stampe no i fleire år. Her har Riksantikvaren kome med så mange motsegner at
ein ifylgje ordføraren kan bli svimmel av mindre.
– Det vil nok kanskje føre fram til slutt, men det tek så utruleg lang tid. Og når
utolmodige herøyværingar meiner 5-6 år er for lang tid å vente på at ein reguler-
ingsplan skal bli ferdig, så er det noko eg vil slutte meg til, seier Goksøyr.
Trass i det overorndna byråkratiet så skjer det likevel mykje på området. Ord-
føraren tenkjer i den samanhengen ikkje minst på Dragsund, som har vist seg å
vere eit svært attraktivt område med si lokalisering midt mellom 2-3 sterke ar-
beidsmarknader. Han vil òg peike på måten Kvalsund no framstår som eit vekst-
område, og vil nytte høvet til å rose den innsatsen det lokale utviklingsselskapet
har lagt ned for å skape vekst i bygda. Eit knallgodt arbeid som gir gode resultat.
Leine har også eit vidare utbyggingspotensiale med plass til mange nye bustad-
er. Her opplever kommunen at tomtene blir opptekne berre få veker etter at dei
er lagde ut for sal.
– Myklebuståsen er eit anna område som kan gi sårt tiltrengde tomter i gang-
avstand til viktige funksjonar som daglegvarebutikkar, barnehagar, apotek, NAV
og andre offentlege tilbod. Men også her gjenstår det avklaringar frå fylkes-
mannen, påpeikar Goksøyr.
I kommuneplanarbeidet som kommunen no er igang med blir det sett på mange
område for utvikling av nye bustadareal. Ein grundig planprosess resulterte i
mange innspel og forslag frå folk rundt om i kommunen. Desse dreiar seg ikkje
berre om bustadsatsing, men politikarane ser også på fleire område der det kan
vere aktuelt å satse på hyttebygging både i ytre og indre delar av kommunen.
Nye Bydelar
Å vere visjonær dreiar seg ifylgje ordføraren fyrst og fremst om å sjå med nye
auge på ting, og stadig vere på leiting etter synergieffektar. Slik ein mellom anna
har gjort med å nytte overskotsmasse frå hotelltomta til å fylle ut sjøareal til ein
ny bydel på Vågsholmen i Fosnavåg. Denne nye bydelen vil ha kapasitet til 4-500
menneske. Stein frå badelandutbygginga går mellom anna til å skape nytt land i
4
Mange trudde det hadde rabla for ord-
føraren då han lanserte visjonen om ein
folketalsvekst i Herøy til 10.000 innan
år 2020. Men med 8850 herøyværingar
ved siste årsskiftet kan Arnulf Goksøyr
konstatere at ein er komne godt i veg.
Det er særleg dei siste 2-3 åra at folke-
talsveksten i Herøy har skote fart. Men
veksten har ikkje kome av seg sjølv.
Folketalsvinnar på søre sunnmøreTekst: Jann Flatval
Skisse av Myklebuståsen bustadfelt.
ytre Fosnavåg mot Holmefjorden, og når bygginga av innfartsvegtunnelen kjem
igang blir det enda meir stein å byggje land med.
– Det vi vidare satsar på, er at vi med hjelp av eksterne midlar skal kunne lyse ut
ein arkitektkonkurranse for korleis dei nye landområda mot Holmefjorden kan
utviklast. Ei visjonær vinkling vil her vere å sjå heile området frå Esso-kaia og
vestover mot Igesund i samanheng. Her ser eg føre meg at det kan kome både
leilegheiter og kjøpesenter, og for den del også ny sjukeheim. Dermed kan vi ein
dag få oppleve at Meny-butikken har blitt liggjande midt i byen i staden for i dag
heilt ved sjøkanten. Ein strålande måte å gjere det på, seier Goksøyr.
Ordførar Goksøyr føler at han med visjonen har griedd å engasjere mykje folk
i tankearbeidet, og det har igjen utløyst mykje kreativitet i lokalbefolkinga og
gitt poaitive resultat på fleire område. Folketalet veks i fint tempo, men 2020
kjem fort!
– Det vil ikkje vere noko nederlag for meg om vi «berre» er 9700 herøyværingar
i 2020. Ei slik utvikling vil vere kjempeflott, avrundar Goksøyr.
Folketalsvinnar på søre sunnmøre
Ein folketalsvekst på rundt hundre i snitt dei siste åra, er ordførar Arnulf Goksøyr godt fornøgd med. Foto: Jann Flatval
Tradisjonen tru er fyrste festivalkvelden ungdomane sin kveld. Denne gongen
kan dei unge sjå fram til å få møte kjende fjes frå populære TV-program som
Norske talenter, Idol og The Voice. Rapparane Michael Kildal og Chris Masters
er namn å slå i bordet med, og på gratiskonserten stiller også Vegard og Bård
Leite. Medan Vegard var berre ein plass
frå å vinne Idol 2011, er onkel Bård
mest kjend som deltakar i The Voice.
Saman med desse rikskjendisane vil
også mange lokale artistar delta på
gratiskonserten som Herøy ungdoms-
råd står ansvarleg for.
Trekkplasteret for dei meir tilårskomne er denne gongen alle danseglade nord-
menn sine favorittar, nemleg Ole Ivars, som mange har venta på skal kome til
Fosnavåg. No kjem dei endeleg, og dermed er det duka for nokre heidundrande
dansetimar fredag kveld. Men dansefoten får ikkje kvile med det. Laurdag kveld
er det den lokale dansegruppa Garasch som entrar
scena saman med Torgeir og Kjendisane.
Det store høgdepunktet for dei minste blir heilt
sikkert å få møte Apa, Elfie og Ted på Vennebyen
sitt show laurdag.
Sommarfestivalen blir som vanleg avslutta med
stor friluftsgudsteneste på søndag, eit populært
tiltak som Den norske kyrkja, Herøy Frikyrkje og
Sion samarbeider om.
Maritim Sommarfestival har blitt ein stor og godt
etablert festival på Sunnmøre. Festivalen bidreg til
å skape identitet, og gir kystbyen ei god atmos-
fære som fleire tusen besøkande deltek på kvart
år. Festivalhelga i juni er også sommarens store
båthelg i Fosnavåg. Då er det trongt om plassen
ved gjestebryggene i Fosnavåg.
Frå 13. til 16. juni er det igjen duka for
Maritim sommarfestval i Fosnavåg.
Arrangørane lovar nok ei knallgod helg
med alt som festivalen har for vane å
by på av underhaldning for folk i alle
aldrar og eit yrande folkeliv i sentrum
av Fosnavåg.
6
maritimsommarFestivalfolkefesteN i fosNavåg
Tekst: Jann Flatval
Fyrste helga i september er det klart for ny makrellfestival i Fosnavåg. I fylgje
festivalsjef Karl Petter Sortehaug er makrellfestivalen resultatet av ein ide om å
heidre eit fiskeslag som har betydd mykje for Herøy, samt å setje fokus på mat
basert på råstoff frå havet.
Under festivalen blir det, i tillegg til sjølve fisken, sett fokus på båtane og utstyret
som blir nytta til å ta opp dei store verdiane
som det årlege makrellfisket representerer for
herøysamfunnet, som ein viktig ressurs både
for ringnotflåten og armadaen av sjarkar som
driv dorging når makrellen på høgste sommaren kjem innunder land. Eit fiske
som er framleis i sving når festivalen går av stabel og som set sitt tydelege preg
på hamnebildet i Fosnavåg.
Fiskerikonseransen er det tredje viktige festivalelementet, i tillegg til mat og ut-
styr, og det heile blir toppa med underhaldning av kjende artistar i løpet
av festivalhelga.
Utstyrsmessa er rekna for å ha eit betydeleg utviklingspotensiale med
tanke på den store pågangen ein kvart år registrerer både frå nord og
sør, der folk og firma ønskjer å kome til Fosnavåg og profilere seg på
utstyr og mat. Til denne tid har plassmangel lagt sterke begrensingar
på messedelen av arrangementet, men med nye hotell- og konferanse-
fasilitetar opnar det seg nye mulegheiter i denne samanhengen.
Makrellfestivalen blir arrangert med Herøy fiskarlag, Fosnavåg shippingklubb og
Bergsøy IL Fotball som nære samarbeidspartnarar. Sistnemnde som ansvarleg
for utstyrsmessa. Dei to andre som konferansearrangørar, og det høge nivået på
den faglege delen av messa har gjort makrellfestivalen istand til å trekkje til seg
toppar frå såvel fiskeriforvalting som salsorganisasjonar og næringsutøvarar i
vid forstand. Makrellkrigen mellom Norge og Færøyane er døme på høgaktuelle
tema som er tekne opp på konferansen.
Makrellfestivalen 2013 vil, som dei tre føregåande arrangementa, også ha sin
eigen Pirfestival for ungdom med Herøy ungdomsråd som arrangør. Pirfestivalen
kom istand som eit resultat av at ein ville prøve å lage til eit rusfritt tilbod for dei
unge. I så måte må ein kunne slå fast at Pirfestivalen så avgjort har svara til for-
ventingane. Takk vere eit velvillig næringsliv, er all underhaldning og aktivitetar
elles gratis for deltakarane på Pirfestivalen.
Pirfestivalen har utvikla seg til å bli ein av dei viktigaste ungdomsfestivalane på
Sunnmøre, og var også ein av hovudgrunnane til at Herøy i fjor blei kåra til årets
ungdomskommune i Møre og Romsdal.
– Her er nulltoleranse i forhold til rus, og eg synest det er heilt fantastisk å vere
vitne til denne årlege samlinga av 4-500 ungdomar i eit totalt rusfritt miljø, seier
Sortehaug.
7
makrell og pirFestival
– Vi valde å satse på makrellen då det
er eit fiskeslag det ikkje har vore gjort
så mykje stas på tidlegare, seier han.
Tekst: Jann Flatval
Mykje godt å smake på under makrellfestivalen
Sidan starten for få år sidan har Havyard cup etablert seg som eit av dei store
idrettsarrangementa for barn og unge på Nordvestlandet. Fotballturneringa er
eit resultat av Havyard-gruppa sitt ønskje om å gjere Herøy til ein betre stad å bu.
Same målsetting for Havila As, som med eit økonomisk bidrag i millionklassen
sikra seg retten til stadionnamnet «Havila Stadion Fosnavåg». Dette bidraget var
med på å finansiere ei stadionutbygging med kunstgras som dobla kapasiteten
til å gjennomføre storturneringar som Havyard cup, og som har gjort det muleg
for Bergsøy IL Fotball å tilby sine mange hundre aktive dei beste treningsfasili-
tetane 365 dagar i året.
Utskiftinga av det gamle og nedslitne grasdekket rakk ikkje heilt å bli ferdig til
5-årsjubileet for Havyard cup i fjor. I år ligg derimot alt til rette med to kunst-
grasanlegg side om side som gir plass til i alt ti baner for 5’ar- og 7’arfotball. Her
kan meir enn hundre spelarar vere i sving på same tid, og anlegget har dermed
kapasitet til å setje nye deltakarrekordar framover.
I fjor passerte cupen over 110 påmelde lag med til saman meir enn tusen aktive
jenter og gutar i alderen sju til fjorten år. Når ein også tek trenarar, støtte-
apparat, frivillige foreldre og tilskodarar med i reknestykket, kan talet på personar
som var til stades i løpet av ein hektisk turneringsdag summerast til mellom tre
og fire tusen.
I tillegg til sjølve fotballturneringa får deltakarane på Havyard cup tilbod om
aktivitetar av ulike slag. På grunn av byggjearbeida ved Sunnmørsbadet As vil
det populære tilbodet om gratis bading måtte utgå både i år og neste år. Men
om alt går etter planen vil cupdeltakarane frå og med 2015 kunne boltre seg i
det største og mest innbydande «badelandet» på Sunnmøre - innimellom slaga
på fotballbanene rett utfor bassengdøra.
Det nye klubbhuset vil derimot stå ferdig til bruk allereie til årets cupturnering
med nye garderober og fascilitetar for servering i andre etasje.
– Utan sponsorane og det frivillige apparatet i klubben hadde det ikkje vore
muleg for oss å gjennomføre eit så stort arrangement som Havyard cup. Difor
er det gledeleg å registrere dei mange positive til-
bakemeldingane vi får frå
deltakande lag. Og når dei
fleste kjem tilbake år etter
år, har Havyard cup greidd å
etablere seg som eit av dei
mest attraktive arrangementa
i sitt slag på Sunnmøre, seier
dagleg leiar Tom Beddari i
Bergsøy IL Fotball.
Trass i at det ikkje blir kravd del-
takaravgift er støtta frå dei lokale
samarbeidspartnarane med på å
gi Bergsøy IL Fotball eit fint over-
skot frå Havyard cup. Dette over-
skotet går til tiltak som fremjar den
aldersbestemte fotballen i klubben
med ei fordeling mellom direkte
støtte til kvart lag og meir generelle
tiltak for aldersbestemt fotball.
Havyard cup 2013 går av stabelen 8. juni.
8
havyard cup avdei store i nordvestTekst: Jann FlatvalTekst: Jann Flatval
Galleriet, som i fleire år har halde hus på hjørnet av Rådhusgata og Igesund-
vegen i Fosnavåg, vart oppstarta «fort og gale» i fylgje innehavarane sjølve. Det
gjekk ikkje lenge frå idemyldringa til lokalet var leigd. Innehavarane Eli Vike
Nerland og Edith Kvalsund hadde tankar
kvar for seg om ein stad å selje produkta
sine, Eli sitt strikk og Edith sin keramikk.
I tillegg til galleridrifta har dei framleis
kvar si verksemd, og dei sel sine eigne
ting i tillegg til produkt frå mange andre kunstnarar. Det er også muleg for kun-
dane å få spesialbestille produkt, som til dømes ein kjole strikka etter dine eigne
mål.
større og Betre lokale
Etter sju år i same lokala skal Galleri EogE snart på flytte-
fot. Frå seinsommaren av blir dei å finne i nye lokale midt i
smørauget i Fosnavåg sentrum.
– Vi kjem då til å få betre plass generelt og kan utvide mini-
galleriet. Og så vert det lettare å finne oss for turistane som
kjem. Dette gler vi oss til, seier Eli og Edith.
Femti utstillarar
Galleri EogE er ikkje berre for langvegsfarande turistar, men
har dei fleste kundane sine frå omkringliggande kommunar.
Då vi var på besøk var der tilreisande frå ein annan kommune
for å kjøpe bilde til utsmykking av eit nybygg. Dei sel gåver
til både private og bedrifter, og elles til folk som er ute etter
å finne seg noko spesielt til seg sjølv som ikkje ber preg av
masseproduksjon.
Galleriet har om lag femti faste utstillarar, og produkta
spenner vide, frå måleri til glas, strikk, keramikk, saft og
smykker for å nemne noko. Dei har flest utstillarar frå Sunn-
møre og Møre og Romsdal, men også nokre frå Sogn og
Fjordane. I tillegg har galleriet eit godt utval av kunst-
målemiddel.
Galleri EogE har fleire kundar som har funne vegen dit etter anbefalingar frå
andre, og særskilt måleriavdelinga er godt etablert. Dei har bilde i fleire katego-
riar og storleikar, og denne delen av verksemda har vorte større etterkvart og
gitt mange positive tilbakemeldingar. Det er fleire fordelar med å handle kunst i
eit lokalt galleri. Etter at du har sett deg rundt og bestemt deg for eit bilde du vil
ha, kan du ta det med heim med ein gong. Og greier du ikkje heilt å bestemme
deg, kan du få låne det med deg heim for å sjå korleis det passar heime med deg
sjølv.
måNadeNs kuNstNar
I galleriet er det stadig utskiftingar, nokre produkt vert selde og det kjem opp
nye, og i minigalleriet er det ein ny kunstnar ein gong i månaden. Dei har ganske
stor pågang av ulike kunstnarar som ynskjer å stille ut, og galleriet ynskjer å
fremje ekte handverk og seriøse utøvarar. Det er eit mål at galleriet har eit breidt
utval innan ymse kategoriar, og dei ser at utvalet gjer at folk kjem ganske langt
for å handle akkurat her.
I galleriet er det også rom for å få vere kreativ sjølv, mellom anna har Eli hatt
maskinstrikkekurs i lokala, og Edith har planar om målekurs og kosekveldar for
venegrupper, kollegaer eller klubbar av ymse slag.
Galleri EogE er sjølvsagt også ope berre for å kike innom om du ikkje akkurat
er ute etter noko nytt, men berre treng litt kreativt og fargerikt påfyll i ein grå
kvardag. Kanskje vert du likevel så inspirert at du handlar med deg noko av kunst-
målemidla dei fører, slik at du kan prøve deg på eiga hand heime?
Fosnavåg har ikkje dei store kjøpesentera,
men kan i staden skilte med ei rekkje nisje-
butikkar med utval som der åleine om. Ein
av desse er Galleri EogE - ein oase for kunst
og handtverk i hjartet av Fosnavåg.
9
kunstoasen i sentrumTekst: Hege Sørdal
Edith og Eli er snart å finne i nye lokale midt i hjartet av Fosnavåg. Foto Vestlandsnytt.
Kort veg frå sjø til fjell i lett
terreng, eller «Frå tare til
topp». Mulegheiter for slike
turar finst det mange av
rundt om i øykommunen.
Kva ein tur i øyriket kan gi
deg av naturopplevingar, er skildra så innbydande i boka med same namn, og
med undertittel «Turar og opplevingar på Sørøyane på Sunnmøre». Den rikt
illustrerte boka er ført i pennen av turkameratane Tore Aarflot og Frode Sætre og
kan anbefalast på det varmaste.
Med båten som utgangspunkt har dei farta frå øy til øy og teke avstikkarar på
land. Som dei skriv innleiingsvis var tanken med boka å gi båtfolk eit puff til å
stige over ripa med tursko på beina. Det ferdige resultatet blei ei tur- og kultur-
bok for alle som vil oppleve Sørøyane. Oversiktsfoto med innteikna turforslag
gjer det enkelt å orientere seg for folk som ikkje er lokalkjende.
Ein tur til topps på Gurskøya og du kan nyte fri utsikt innover mot Sunnmørsal-
pane. Snu deg 180 grader og du ser rett ut på storhavet.
Skulle dei også ha teke med denne største øya, som Herøy deler med nabokom-
munen Sande, ville det ha sprengt alle rammer for sidetal i ei slik bok. Men også
her finst det eit nettverk av stiar, i tillegg til lysløypa på Leikongeidet som er
mykje brukt både sommar som vinter.
«skorPa - deN ekslusive turøya»
«Å besøkje Skorpa er meir eksklusivt enn å få audiens hjå kongen, då det truleg
Den glade turgåar vil finne mykje å gle seg over i
Herøy. Kanskje ikkje det mest utfordrande terrenget,
rett nok, for dei som helst skal klive fjellvegger og
bestige dei høge toppane. Men opplevingar meir
enn nok for den vanlege turgåar i normalt lett
terreng som høver ypparleg for familieturar.
på tur i øyriketTekst: Jann Flatval
Foto frå boka “Frå tare til topp”
er færre som har besøkt Skorpa enn som har hatt audiens», kan ein tenkje første
gongen ein er på Skorpa. Øya er ikkje lett tilgjengeleg, men når du først har
kome deg dit, kan du mellom anna oppleve gammal busetnad, fin natur, fjell-
toppen Keipen, vårfjøsen i Skorpesundet med spanande krigshistorie, villgeiter,
og ei sol som går ned langt ute i Norskehavet medan himmelen vert oransje
rundt henne. Kan ein ha det betre ein fin sommarkveld?
Den einaste måten å kome seg til Skorpa på, er med båt, men det er vanskelege
ankringsforhold for større fritidsbåtar. Om du ligg med båt på hamna i Kvalsund,
Fosnavåg eller er på Flåvær, kan du på dagar med godt vêr besøkje øya med
gummibåt eller annan småbåt med påhengs.
utdrag frå turforslag På skorPa:
Frå busetnaden på sørsida går det sti austover mot Skorpesundet langs fjøra.
Stien er lite brukt, ikkje merkt og er svært utydeleg i starten. Når du nærmar deg
Klombraneset, vert stien gradvis betre, og forbi neset går stien gradvis lågare
og dreiar nordover. Du møter vårfjøsen
midt ute i sundet. Frå vårfjøsen kan du
gå vidare nordover til Grønneset, der
du får ei fantastisk havutsikt.
For å besøkje vårfjøsen kan du også gå
med båt frå sør, frå Flåværleia, og inn i
sundet. Du finn stader der det er djupt
heilt inntil land, og du finn bolt for
landtau like nedanfor vårfjøsen. Så her
er det mogleg å kaste dregg og kome
seg iland på vindstill dag.
på tur i øyriket
12
Keipen (431 m.o.h.) er fjerde høgste fjellet i Herøy. Berre Sollia (660 m), Rjåhornet (598 m) og Laupen (558 m), som alle er
på Gurskøya, er høgre. Keipen slår Storevarden på Nerlandsøya med berre ein meter.
På sti frå busetnaden på Skorpa til toppen av Keipen, er dette ein tur på vel 2 km med ei stigning på 410 høgdemeter. Ver
varsam på toppryggen der det er bratte flog ned mot sjøkanten. frå toppen av Keipen er det ei strålande utsikt i alle himmel-
retningar, noko som gir deg god oversikt over heile regionen.
Dette var ein smakebit frå eitt av boka sine mange turforslag rundt om på øyane i Herøy. Boka kan kjøpast hos bok-
handlarane, Coop eller på nettsida www.kysttur.no.
«Å besøkje Skorpa er meir eksklusivt
enn å få audiens hjå kongen då det
truleg er færre som har besøkt Skorpa
enn som har hatt audiens»
RUNDE
NERLANDSØY
STOREHORNET
IGESUND
LANGESNESET
TOFTESTØDA
IGESUNDHETTA
REMØYALEINEHORNET
HORNSETEN
SOLLIDALEINEBJØRNEN
VARDEHEIDA
TVERRFJELLET
Foto: Iriss Forlag
13
Båtplass ein menneske- rett i havgapet
lukka er eiN BåtPlass med NaustHer utmed havet er båten så viktig at det
å ha mulegheiter til ein båtplass nærast
blir å sjå på som ein menneskerett. Difor
er småbåthamna ein heilt naturleg del av
bygdelivet rundt om i Herøy. Kvar bygd si
hamn er ein regel nesten utan unntak her i øykommunen, og den som tek turen
til Herøy forstår fort kvifor det er slik.
- Eg må ein tur nedpå båten. Kven har vel ikkje prøvd denne vrien og satsa på at
det han blei beden om å gjere i huset var utført til han kom heim igjen. Det treng
ikkje alltid vere så viktig, og ho bit nok sikkert ikkje på kvar gong heller, men det
må vere lov å prøve seg.
Småbåthamna si rolle som ein sosial møteplass må ikkje undervurderast.
Dei færraste fritidsbåteigarane rår over grunn som grensar til sjøen med
mulegheiter for å leggje ut si eiga flytebryggje. Enda færre har så mykje å rutte
med at dei kan ha båten liggjande å flyte under eige tak i ly for vêr og vind. Men
dei finst dei òg i Herøy.
Løysinga for den store massen på mange hundre har vore å teikne medlem-
skap i småbåtlag som gir rett til kjøp av båtplass. I bygder der
småbåthamna ikkje inngår som ein
del av ei større fiskerihamn,
er småbåthamnene bygde
som sjølvstendige anlegg
med molo som sikrar at
båten ligg trygt sjølv når det
stormar som verst.
I ei tid der «ein båt på huset»
er nesten like vanleg som bil,
har båtplass blitt mangelvare
sjølv i Herøy. Dei fleste småbåt-
laga opererer med ventelister,
og ein småbåtplass er difor i dag
ei sikker investering og ei god
salsvare.
Planar om utbygging av to større
hamneanlegg gir håp for dei som
enda ikkje har kunna realisere båt-
draumen i mangel på liggjeplass.
Den eine hamna blir eit sentrumsnært
alternativ i det godt skjerma sjøområ-
det ved vegen til Mjølstaneset. Her er
det planlagt 75 båtplassar i tilknyting til opptrekk og servicefascilitetar.
regioNalt småBåtaNlegg
I tillegg er Jensholmen båtlag godt igang med utbygging av Nye Lanternen
Marina i Herøyfjorden. Med god tilgang på stein frå badelandtomta har arbeidet
med den store moloen skote fart den siste tida.
Ikkje berre storleiken, men også lokaliseringa, gjer at utbyggjarane satsar på
at dette anlegget skal verte attraktivt for kjøparar frå heile regionen. Og etter-
spørselen frå båtfolk frå «Indre Søre» har allereie begynt å gjere seg gjeldande.
Difor satsar dei på ikkje mindre enn 300 båtplassar i tilknyting til dei to nye
naustrekkjene som alt er komne på plass. Den lokale interessa er allereie stad-
festa gjennom dei fyrste kjøparane.
– Lanternen har 40.000 menneske innanfor ein halvtimes rekkjevidde. Her ifrå er
det kort avstand både til havfiske, idylliske viker, holmar og byliv, så her ligg vi
midt i smørauget, seier Kåre Jensholm i Lanternen As.
Den som har båt med båtplass, og att-
påtil eit naust, han vil alltid ha noko
å styre med. Mange i Herøy er i denne
heldige situasjonen og kan nyte båt- og
sjølivet sine gleder i fulle drag.
Tekst: Jann Flatval
Naust med båtplass er ei lukke for mange herøyværingar.
Foto: Jann Flatval.
Etter ei ulukke for fem år sidan har
den 45 år gamle firebarnsfaren no
innsett at han ikkje maktar det
lenger. Helsesituasjonen har sett
ein stoppar for hyttelivet han har drive i kombinasjon med næring. Men trass i
helseproblema har familien hatt nokre fantastiske år med skjærgardsliv i Herøy.
Eller sagt på ein annan måte: Perla på Budaneset har gjort det lettare å kome
seg gjennom mange smertefulle dagar.
mellom Bakkar og Berg utmed havet........
Mellom dei høge sunnmørsfjella forsvinn sola tidleg om hausten og det går
langt utpå nyåret før ho kjem tilbake. Der inne i fjordane kan vintrane vere lange
og tunge, men mindre enn ein halvtimes køyretur utover mot øyane skin sola
året rundt. Her gjer vårsola bakkane tidleg grøne, og desse store klimatiske kon-
trastane er forklaringa på den høge konsentrasjonen av ørstingar og voldingar
ein finn mellom dei rundt tretti fritidshuseigarane på Budaneset ved Leikong.
– Vi har hatt nokre fantastiske somrar her ute med båtliv og bading, krabbefiske
og grilling på holmame, seier småbarnsfaren som fortel at i dei grunne lagunene
kan sjøtemperaturen krype langt oppover tjuetalet på varme sommardagar.
Som båtentusiast heilt sidan gutedagane lærte Bjørneset seg tidleg å setje pris
på kvalitetane til det holmerike sjøområdet frå Eiksund og utover mot Leikong
og Kjeldsund. Her finn ein kremen av sunnmørsk skjærgard, og Bjørneset var ein
av dei fyrste som slo til då Budaneset vart utlagt til hyttebygging i 2007. Han
bygde også eit hus nummer to på tomta, og utanom eige bruk har den idylliske
strandeigedomen vore nytta til utleige. Saman med kona Kristi dreiv han frå før
med hytteutleige på heimegarden i Ørsta, og med dei nye utleigeeiningane i
Herøy kunne dei tilby eit komplett utleigekonsept under merkenamnet «Frå tare
til tind».
Med tanke på at det ikkje er gjort over natta å gjere seg kjend i reiselivs-
marknaden, har interessa for Budaneset vore upå-
klageleg heilt frå fyrste dag. Nesten hundre prosent
av leigetakarane har vore langvegsfarande, og mange
av rorbuturistane på Budaneset har kome tilbake år
etter år.
Men for den nevenyttige ambulansesjåføren skulle
lukka på Budaneset også bli ulukka som snudde
opp ned på tilveret. Og som gjorde at han sjølv blei
liggjande på båra bak i ambulansen med broten rygg
på to plassar.
Det tragiske skjedde under ein månad etter at dei
hadde «flytta inn», og rett etter innviinga av den
sjølvbygde badestampen heilt ute på kaikanten fram-
for hytta. Bjørneset fortel: – Eg var i ferd med å leg-
gje på igjen loket etter fyrste badet då det kom noko
så sjeldan som eit frålands vindkast. Vinden fekk godt
tak, og med loket mellom hendene barst det utfor den
tre meter høge kaikanten og rett ned i fjøresteinane.
Han har gradvis kome seg til igjen etter ulukka, men
slit framleis med store smerter og er liggjande nitti prosent av tida.
– Innimellom kan eg ha nokre bra dagar, men så bryt det laust igjen.
Bjørneset forsikrar at det ikkje var med lett hjarte han la eigedomen ut for salg.
– Eg har blitt forferdeleg glad i plassen, og tanken på at vi må kvitte oss med
den er nok enda verre for kona og ungane enn for meg sjølv. Men det går ikkje
lenger, seier Bjørneset, som vil ut av næring og heller konsentrere seg om å
kome i form igjen.
Håpet er at han ein dag skal bli frisk nok til å vende tilbake til hyttelivet. Det
einaste Bjørneset kan seie for sikkert er at om han skulle bli istand til å byggje
ei hytte til ein gong i framtida, så blir det ein eller annan plassen ute i øyane.
Etter at fyrste byggjesteg er ferdig med 30 hytter/feriehus på Budaneset, har
utbyggjarane planar om å satse vidare og opne skjergardsidyllen for nye «inn-
byggjarar». Planane er klare og løyve er henta inn for utbygging av eit leilegheit-
skompleks med tilhøyrande marinaanlegg med utsikt mot Leikongvika.
– Det var ein av dei tyngste dagane i livet
mitt, seier Geir Bjørneset frå Ørsta om dagen
då han bestemte seg for å lyse fritidseige-
domen sin på Budaneset ut for sal.
14
kremen avsunnmørsk skjergard
Tekst: Jann Flatval
Skjergardsidyll på Budaneset. Foto: Jann Flatval
Den nye fasen av utbygginga omfattar utbygging av eit leilegheitskompleks med
40 ferieleilegheiter og tilhøyrande parkeringskjellar og kaianlegg. Vidare skal
det byggjast fem store sjøhus og ytterlegare 10-14 ferieleilegheiter. Satsinga er
fordelt på tre byggjesteg.
Planen omfattar også etablering av eit område for båtlagring, 92 båtplassar i
småbåthamn samt ein rampe for opptaking av båtar.
Utbyggjarane har i den vidare satsinga valt å tone ned huskonseptet og dreia
prosjektet over mot leilegheiter.
– Vi trur det er i den retninga trenden går no. Folk vil ha det litt enklare når dei
ferierer, utan å måtte tenkje på vedlikehald og slikt. Dei ønskjer å bruke tida si på
ferieaktivitetar, og ikkje måle husveggar. Leilegheitene vert etablerte i kompleks,
med eiga vaktmeisterteneste og tilsyn. Dermed har ikkje eigarane så mykje meir
å tenkje på enn å låse døra når dei reiser.
Dette sa Glenn Thoresen og Nils Erik Skeide i MCO Bygg As då dei for ei tid sidan
prersenterte dei nye byggjeplanane for Vestlandsnytt.
kremen avsunnmørsk skjergard
Frå Feriehus tilFerieleilegheiter
15
Tekst: Jann Flatval
Frå prospektet til neste utbyggingsfase på Budaneset.
I dei grunne lagunene kan sjøtemperaturen kome godt over 20 grader på varme sommardagar. Foto: Jann Flatval
16
Bygda litt utanomdet vanlege
Tekst: Jann Flatval
Kjetil Bjørneset. Foto: Jann Flatval
skjedd med tanke på å halde bygdelivet
oppe. Det meste er kanalisert gjennom
grendalaget, som på kreativt vis står i
spissen og får med seg bygda sine rundt
240 innbyggjarar med stort og smått.
– Vi har ikkje merka noko utflytting etter
at skulen vart lagt ned, men det er om å
gjere å finne på nye tilbod som gjer at
folk blir verande og at det kanskje kan
kome nokre tilflyttarar også, seier Kjetil
Bjørneset. Han er sjølv innflyttar og den
som for tida er leiar for grendalaget.
Bjørneset er optimistisk og trur at når det
fyller seg opp i og rundt sentrum, vil folk
vende blikket mot bygdene igjen og oppdage at det faktisk er bra å bu på bygda.
– Kva er så bra med å bu i Kvalsvika?
– For det fyrste har vi ein fantastisk
natur med mange turområde både
til fjells og langs stranda, seier
Bjørneset, og framhevar Muletua
og Barmen som mykje nytta turmål-
toppar.
På fine sommardagar er det langt ifrå
berre bygda sine eige innbyggjarar
som valfartar til Mulevika. Her ligg
ein av Herøy sine finaste badeplassar med sandstrand rett ut mot storhavet.
Golleneset har blitt ein ynda utfartsplass etter at grandalaget fekk opparbeidd
stien utover til fyret ved storhavet og laga til med bord og benkar. Her samlast
folk til grilling på fine sommarkveldar, men Golleneset kan vere like fasinerande
ein uvêrsdag når storbåra går langt innover land. Ein annan av Kvalsvika sine
kvalitetar er nærleiken til sjøen og fiskeplassane.
Neste prosjektet for grendalaget blir å lage til ein rasteplass ved stranda før ein
kjem til Kvalsvika.
– Og så er vi ein samansveisa gjeng, seier Bjørneset som trur det som skjedde
med skulen har vore ein styrke for samhaldet i bygda.
Det er også ting på gang i forhold til at bygda kan overta skulebyginga frå
kommunen.
Ein gong i året greier
kvalsvikarane å samle
så mykje folk at det til-
svarar minst ti gonger
talet på eigne inn-
byggjarar på det meste.
På denne årlege «happeningen» yrer det av liv både på land og på sjø i Kvalsvika.
Då myldrar det av folk mellom dei mange gamle nausta som ligg der som ei per-
lerad langs sjøvegen som omkransar den idylliske småbåthamna.
Kvalsvikarane er flinke til å ta vare på nausta sine. Nokre av dei gamle og
vêrslitne bygningane har ikkje berre blitt vølte og fått ny bruk, men dei er
også døypte med eigne namn. «Karlanaustet» og «Sigvalnaustet» fortel kven
som var opphavet til nausta den tida dei var i aktiv bruk til næring.
Tidlegare var Kvalsvika ei av dei
store fiskeribygdene i Herøy
med eit spesielt sterkt nord-
sjøtrålarmiljø. På den tida var
«skitfisk» fellesnemnaren for
tobis, augepål og dei andre
fiskeslaga dei tråla etter i Nord-
sjøen, og innafor denne fiskeri-
greina var Kvalsvika størst av
alle i fiskerikommunen. I dag
er her berre eitt aktivt trålreiar-
lag igjen, og det har utvikla
så bra at hamna har blitt for
lita for båten. No er det berre
sjarkar igjen av yrkesbåtar på
Kvalsvikhamna, men dei driv til
gjengjeld aktivt og godt.
Butikkdøden kan ein i og for seg seie at folk på bygdene har seg sjølv å takke
for. Då nærbutikken si rolle endra seg til ikkje å vere anna enn eit supplement
til storbutikkane i sentrum, var det starten på slutten for mange bygdebutikkar i
Herøy. I så måte var Kvalsvika ikkje noko unntak.
No er også skulen avvikla. Skulen slo kvalsvikarane derimot ring om og kjempa
med nebb og klør mot nedleggingskåte politikarar. Foreldra tok til slutt over
drifta av skulen, men måtte etter nokre år med friskule for dei minste innsjå at
dette var ein kamp dei var dømde til å tape. Kan hende var det måten bygde-
folket slo ring om skulen som var spiren til det nye og positive som i ettertid har
Ikkje er der butikk i bygda. Ikkje skule heller, og
slik sett er Kvalsvika i båt med fleire andre bygder
i Herøy. Men der er også noko særeige med denne
bygda slik den ligg og solar seg med storhavet rett
bak ryggen: Initiativ til å skape aktivitetar som kan
halde bygdelivet oppe.
Frå naturen si side er Kvalsvika som skapt for rekreasjon og sjøretta opplevingar.
I så måte burde alt liggje til rette for ei større reiselivssatsing, og mulegheitene
for at Kvalsvika kan bli ei ny turistbygd er ikkje vanskeleg å oppdage. Utsikta til
fuglefjellet frå sjøsida er det Kvalsvika som kan lokke med, og med fiskeplassane
som ligg der berre eit steinkast frå moloen. Desse kvalitetane begynner stadig
fleire fisketuristar å få augene opp for. Men før ein kan begynne å snakke om ei
ny næring, må rorbukapasiteten betydeleg aukast i forhold til det bygda i dag
kan tilby av overnatting.
– Vi tenkte vi kunne starte med ei gjestebrygge til bruk både av båtturistar om
sommaren, og for sjarkar som kunne bruke Kvalsvika som liggjehamn under
vinterfisket. Men dessverre fekk vi ikkje den støtte vi søkte om, og der stranda
planane inntil vidare, seier Bjørneset, som saman med dugnadsgjengen han har
rundt seg har begynt å emne på den neste Kvalsvikdagen.
Sjølv om det krev mykje arbeid, er kvalsvikarane innstilte på å halde fram med
denne aktiviteten som er blitt lagt merke til langt utover kommunegrensene.
– Det manglar ikkje på gode tilbakemeldingar, og folk som kjem langt inna-
frå fjordane synest det er heilt supert at vi greier å få til noko slikt, avsluttar
Bjørneset.
Bygda litt utanomdet vanlege
Mulevika er ein av Herøy sine finaste badeplassar. Foto: Arthur Almestad
18
sogespel, museum og rekreasjonTekst: Jann Flatval
Nils Ole Oftebro som «Ragnar Herøyhovding» og Agnes Kittelsen som «Unn den fagre» frå Kongens Ring 2012 Foto: Kristoffer Ytterland
sogespel, museum og rekreasjon
20
Arena for spelet er den naturvakre
friluftsamfien på «Sagaøya Herøy» -
øya som kommunen har namnet sitt
etter. Øya har ei lang og spennande
historie som kyrkjestad, handelsstad,
gravstad, møtestad og meir til.
Dei mange som kvart år legg turen til den vesle øya midt i Herøyfjorden, kjem
ikkje berre for å oppleve sogespelet. I tillegg til å huse Herøy kystmuseum, som i
sommarmånadene har guida opplegg for besøkande, er øya også eit ettertrakta
rekreasjonsområde for folk i nærområdet.
«Herøyspelet - Kongens ring» er likevel det store trekkplasteret som gjer at
folk går «mann av huse» for å oppleve dramatikken i Rolf Losnegård si sterke
forteljing. Manuset er laust basert på forteljinga i Heimskringla om då Olav den
Heilage besøkte Herøy. Ærendet var å finne ein som kunne reise til Færøyane for
å krevje inn skatt. Rundt denne hisoria har manusforfattaren bygt opp eit drama
der kristninga av Norge og den heidenske kulturen fungerer som eit bakteppe
for hendingane. Det andre berande elementet er Svein Møller sine komposisjo-
nar som også gjer «Herøyspelet» til ei musikalsk oppleving. Av den grunn blir
spelet også kalla «Vikingmusikalen i havgapet».
Med rundt 200 lokale aktørar og nesten like mange aktive i støttefunksjonane
rundt arrangementet, er «Herøyspelet» den store dugnaden som folk år etter
år stiller opp for å vere med på. Dei fleste hovudrollene i spelet blir tolka av
skodespelarar som det norske folket kjenner frå film og teater. På rollelista finn
vi kjende namn som m.a. Agnes Kittelsen, Håkon Ramstad og Bjørn Willberg
Andersen. Sistnemnde deltok i fjor for 13. gong, medan Anette Hoff og Nils Ole
Oftebro i 2012 då debuterte i herøyspelsamanheng.
Lengst fartstid av dei profesjonelle har likevel Herøy sin eigen Gerald Pettersen.
Han var med å starte spelet og kan i år sjå tilbake på 22 år som herøyspelregissør.
Kvart år med ein vri som gjer at sjølv om historia er den same, er «Herøyspelet -
Kongs ring» aldri heilt likt nokon av dei føregåande framsyningane.
sagaøya
Herøy, øya rett ved den gamle skipsleia, har hatt ein sentral plass i regionen i
over tusen år. Øya er nemnt i soga fleire gonger.
Då Jomsvikingane kom nordom Stad i 986 med hæren sin, la dei fyrst inn til
Herøy. Her var ei god hamn etter Stadhavet.
Kong Olav Haraldson låg ved Herøy med skipa sine i 1027. Her møtte han
vikingen og ransmannen Karl Mørske som baud seg til å vera kongens mann og
fare til Færøyane og krevje inn skatt.
«Herøyspelet - Kongens ring» går av stabel-
en fyrste helga i juli. 2013 er ikkje noko
unntak i så måte, og med sine årlege opp-
setjingar heilt sidan starten på 90-talet,
er «Herøyspelet» av dei mest rotfesta
sogespela i landet.
Kong Sverre Sigurdson var sist på 1100-talet innom Herøy på veg sørover, og i 1263 var kong Magnus Håkonson her. Erkebiskop
Aslak Bolt var på visitas her i 1433, då det vart halde møte blant stormenn i gilde-stova på øya.
Vikingkaupangen, som er ei årleg tilskiping på Herøy, er vel verd eit besøk. Målet med dagane er å gjenskape litt av stemninga som
kunne ha vore på dei gamle kaupangane der handverk, husflid og råvarer stod i sentrum.
Med si sentrale plassering i regionen var øya ein viktig stad for handel frå 1700-talet og fram til 1916. Det gamle våningshuset og
sjøbuda er restaurerte og tekne vare på saman med nokre andre bygningar på det idylliske tunet. Her er òg kyrkjeminne, med restar
av middelalderkyrkja som stod her, og gravplass.
I dag blir øya ogaå mykje nytta til utfart og som turmål. Den asfalterte vegen fra til spelplassen er lett framkomeleg for rullestol-
brukarar.
Båtar
Herøy kystmuseum fekk bygd ei jekt i full målestokk vinteren 1999/2000. Denne er no stasjonert ved museet og har fått namnet
«Anna Olava». Jekta vert brukt i skulesamanheng og kan leigast til turar og arrangement. På Nerlandsøya ligg funnstaden for Kval-
sundbåtane frå merovingstida. Ein rekonstruksjon av den største finst på Sunnmøre museum i Ålesund. Den minste kan du sjå på
Herøy kystmuseum, som også har teke på seg den viktige oppgåva å gi nytt liv til eldgamle båtbyggjartradisjonar. Museumsstyrar
og båtbyggjar, Håvard Hatløy, kan ta på seg bygging av tradisjonelle sunnmørsfæringar. Du kan også få segl og rigg til båtane, og
museet kan også utføre reparasjonar av klinkbygde båtar, saume segl, riggingsarbeid til småbåtar, samt gi tilstandsvurderingar og
gode råd.
Les meir om «Herøyspelet - Kongens ring» på www.heroyspelet.no og kystmuseet på www.heroykystmuseum.no
Den gamle kyrkjegarden på Herøy. Foto: Vestlandsnytt.
Herøy gard med restaurert sjøhus og våningshus. Foto: Vestlandsnytt.
Runde fyr har på få år etablert
seg som eit av dei mest
populære turmåla til Ålesund
og Sunnmøre turistforening.
Ikkje noko å undrast over
eigentleg, for i motsetning til
dei fleste andre turisthyttene
kan foreininga her tilby eit ramsalt alternativ som er like fasinerande å oppleve under
ein hauststorm som når sola fargar himmelen raud og går i hav på fine sommarkveldar.
Runde fyr vart sett i drift i 1767 som det sjette fyret i Norge og det fyrste nord for
Stadt. Fyret var bemanna heilt fram til 2002, men med automatiseringa som då blei
ein realitet måtte den siste fyrmeisteren pakke sakene sine og reise for godt. Runde
fyr er i dag eit av 80 freda fyr som inngår i kystledsamarbeidet mellom Det norske
turistselskap (DNT), Forbundet Kysten og andre.
Gjennom ein avtale som vart inn-
gått med Kystverket nokre år
etter avfolkinga, fekk Ålesund-
Sunnmøre turistforeining dispo-
nere den nyaste fyrvaktarbustaden
på anlegget som sjølvbetjent
turisthytte. Hytta med sine 24
sengeplassar kan opplevast etter
ein god times spasertur på merka
sti i lett terreng frå parkerings-
plassen i Goksøyra. Den siste ned-
stigninga til fyrområdet er heller
ikkje noko problem etter at trappe-
stien kom på plass i 2012. Hytta
har ikkje plassbestilling og besøk-
ande må innrette seg etter dei
reglar som gjeld for DNT sine
hytter.
PoPulær turisthytte
Runde fyr framstår i dag som
eit av turistforeininga sine mest
populære turmål. Kvart år etter
opninga i 2003 har besøkstalet sett nye rekordar. På ein tur saman med Vestlandsnytt
Livet i fuglefjellet er ikkje det einaste som
får langvegsfarande til å ta turen til Runde. I
Rundeskatten har øya fått ein ny attraksjon, og
då fyret på Kvalneset kom inn på turistforein-
inga sitt hyttekart, kunne turistmagneten i
Herøy også tilby ein av dei mest spektakulære
overnattingsmåla som tenkjast kan.
22
Tekst: Jann Flatval
Kvar dag om sommaren er det tilbod om båtturar til fuglefjellet.
Foto: Vestlandsnytt
nye attraksjonar på runde
i fjor kunne Oddbjørg Remøy fortelje om rundt 10.000 overnattingar sidan
opninga og fram til då. Ho rekna med at årsrekorden på 1434 overnattingar i
2011 ville vere passert før 2012 var omme.
Remøy er saman med fleire andre lokale DNT-medlemer med i hyttekomiteen
som har teke på seg ansvaret for den daglege drifta av turisthytta på Kvalneset.
Mellom anna er det lagt ned ein stor medlemsinnsats i vedlikehald og vøling av
dei gamle bygningane, men ei like viktig oppgåve for hyttekomiteen er å syte
for at besøkande på Runde fyr får eit triveleg opphald. Alt arbeid blir utført etter
dugnadsprinsippet.
stor iNteresse for ruNdeskatteN
Hadde fyret stått der førti år tidlegare er det ikkje sikkert dei i dag hadde hatt
nokon skatt å vise fram på Runde. Besøkande på turisthytta kan nemleg sjå
direkte bort på staden der det hollandske handelsskipet fekk sitt lagnadstunge
møte med fjellveggen ei stormfull natt i 1725. At Akerendam kom ut av kurs, fekk
katastrofale konsekvensar for både båten og dei rundt 200 som var om bord.
Nokre få pengekister, samt delar av vrakgodset elles, vart berga same året.
Men etter kvart som åra svann, gjekk forliset i gløymeboka og dukka ikkje fram
igjen før tre sportsdykkarar gjorde det oppsiktsvekkjande skattefunnet i 1972.
I mengd, variasjon og verdi er Rundeskatten, med sine nærare 57.000 gull- og
sølvmyntar rangert mellom dei rikaste i verda.
Etter at Rundeskatten hadde lege bortgøymd i Bergen Sjøfartsmuseum i nesten
førti år etter at funnet vart gjort, kom skatten heim igjen til Runde på starten
av 2011. Runde Miljøsenter fekk då overta ansvaret for dei kulturhistoriske
verdiane, og den imponerande skatten er i dag utstilt i informasjons- og
opplevingsavdelinga ved Runde miljøsenter. Forventningane om at Runde her
skulle få ein ny attraksjon tok ikkje lang tid å innfri. På den korte tida frå opninga
ved påske og fram til sommaren, hadde over 5000 vore innom Miljøsenteret for
å sjå på skatten.
På dei snart førti åra i Bergen var det ingen som hadde sett skatten, men etter
to år på Runde er det 17.000 som har fått oppleve den. Og det er leiinga ved
Miljøsenteret godt fornøgde med.
Sjølv om det ikkje finst målingar på det, har dagleg leiar Nils Roar Hareide eit
bestemt inntrykk av at Rundeskatten er omfatta av stor regional interesse. Og
av ulike typar folk i alle aldrar. Å få sjå ein ekte «sjørøvarskatt» er populært ikkje
minst mellom den yngre garde.
Hareide er glad for Herøy næringsfond si rolle som finansiell deltakar i
formidlingsdelen ved Miljøsenteret. Det var desse fasilitetane som gjorde det
muleg å få skatten tilbake til Runde.
Stor interesse er det også for utstillinga av utstoppa fuglar som finst ved
senteret, og Hareide fortel at utvikling av formidlingsaktiviteten er noko som vil
bli satsa vidare på i framtida. Det er mykje folk treng å vite, ikkje minst om det
store samspelet som skjer her i området og samanhengen mellom fugl og sjø.
Samspelet som Are Pilskog har greidd å skildre så godt i filmen «Havets sølv», eit
samspel som er unikt i verdssamanheng.
– Ein fantastisk godt laga film som viser veldig mykje av det vi er ute etter å
formidle, seier han.
Rundeskatten kom tilbake til Herøy i 2011.
Foto: Vestlandsnytt
Frå den nye fugleutstillinga ved Runde Miljøsenter.
Foto: Vestlandsnytt
nye attraksjonar på runde
Begge har vore gjennom eit langt
svangerskap, men no er fødselen godt
igang både for Thon Fosnavåg Hotell,
med konsertsal, kino og offshore-
simulator, samt Sunnmørsbadet som
er under utbygging i Fosnavåg. Opp-
starten av dei to storprosjekta har
skapt ny optimisme med tanke på
Fosnavåg si framtidige utvikling.
Satsinga til rundt ein halv milliard
kroner, hovudsakleg med pengar
frå næringslivet, må i sin eigenart
kallast unik i nasjonal samanheng.
Om det var lukrative pengeplasser-
ingar og kapitalavkasting dei var
ute etter så hadde nok Per Sævik og
Stig Remøy gjort heilt andre val enn
å bruke titals av millionar kroner på
hotellbygging i Fosnavåg. Men heilt
utan tanke på avkasting var det like-
vel ikkje. Dette dreiar seg nemleg om
langsiktig samfunnsbygging, noko
dei ser på som heilt avgjerande om
næringslivet skal kunne satse vidare i
Fosnavåg og få tak i den arbeids-
krafta det treng for å bli verande her.
Utan tru på Fosnavåg hadde heller ikkje Olav Thon funne eit slikt hotellprosjekt
som interessant å vere med på. Men hotellkongen kjende snusen av noko
heilt spesielt då han vart presentert for hotellplanane og fekk eit innblikk i
den dynamikken og den skaparånda som ligg til grunn for det unike maritime
miljøet i Fosnavåg og på Sunnmøre. Thon-kjeda tok ikkje berre på seg drifta
av hotellet, men Thon sjølv la også inn nokre kroner i eigen kapital slik at han
kunne få eit personleg eigarforhold til hotellprosjektet.
Også det nye badelandet er næringslivet sitt verk gjennom ein storstilt bruk
av RDA-midlar til prosjektet. Dette er pengar som næringslivet har vore med
på å generere gjennom kompensasjonsordninga som vart innført då den
differensierte arbeidsgivaravgifta fall bort. Kommunen har også hatt ei rolle
i det økonomiske, men det store løftet er det næringslivet som har teke. Rett
nok ikkje heilt utan kamp.
Styreleiar i Herøy Næringsforum Stig Remøy ser ingen grunn til å leggje skjul
på den årelange interne diskusjonen som har pågått rundt bruken av RDA-
midlane. Sjølv er han ikkje tvil om at måten dei har valt å satse er den einaste
rette. Også i forhold til regelverket for bruk av RDA-midlane.
– Spørsmålet var om vi skulle satse på mange og små prosjekt, eller på få og
store som ville gi dei varige effektane. Eg trur framtida vil vise at vi gjorde det
rette valet, seier han.
Kva er det eigentleg som har skjedd og som er så unikt? Jau, gjennom gåver,
pengebidrag og aksjekapital har næringslivet bidrege med rundt 300 av ei
samla investering på vel 500 millionar i hotell, konserthus, offshoresimulator,
parkeringshus og badeland med infrastruktur. I tillegg har næringslivet teke på
seg rundt hundre millionar kroner i låneforpliktelsar, pluss at det blir henta inn
20-30 millionar i statlege spelemidlar.
Dette har ført til at i Sunnmørsbadet, med ei gjeld på rundt 30 millionar kroner,
får Herøy det minst belånte badeanlegget av sitt slag i heile landet. Og gjelda
på konserthuset er nærmast lik null.
24
hotell og Badeland skaper ny optimisme uNik NæriNgslivssatsiNg i NasjoNal samaNheNg
Tekst: Jann Flatval
Thon Fosnavåg Hotell, med konserthus, kino og simulatorsenter, skal stå ferdig hausten 2014.I fjellet bak hotellbygninga ligg
parkeringshuset med plass til 190 bilar. Illustrasjon.
Stig Remøy seier han vil sjå kven andre som kjem til å reise eit badeland til 200 millionar kroner på Sunnmøre etter det som no blir
realisert i Fosnavåg. Difor trur han ikkje det er for optimistisk å forvente ein vekst på 100.000 besøkande i året. Skulle hotellet også
bli ein suksess, kan ein plusse på 30.000 besøkande til. Mykje takk vere kombinasjonen med badeland og simulatorsenteret som
vil gi eit betydeleg bidrag til hotelldrifta.
– Vi er veldig sikre på at dette er rette vegen å gå for Fosnavåg. Kjøpesenter må andre få ta seg av.Vårt satsingsområde må vere
opplevingar, noko som i neste omgang vil gi Fosnavåg nye mulegheiter for ytterlegare satsing på reiseliv, seier Remøy.
Han har også stor tru på at konsert- og kinosalen, med det ein legg opp til å skaffe av best tilgjengeleg teknologi for overføring av
opera og store konsertar, skal bli eit trekkplaster for Fosnavåg.
kveN Blir så deN store viNNareN?
– Her snakkar vi ikkje om nokon enkelt vinnar, men ein vinn-vinn-situasjon for alle som vil drage fordelar av vekst i lokalsamfunnet,
poengterer han.
Remøy vågar den påstanden at satsinga ein her snakkar om ikkje blir belastande for kommunen. Trass i det går det ein diskusjon i
politiske fora der badeland og konserthus blir sett opp imot prioriteringar av sjukeheimsutbygging og andre kommunalt lovpålagde
oppgåver. Det som blir oversett i denne samanhengen, er den store avkastinga som satsinga vil gi på den humane kapitalen.
Det er å få tak i dei menneskelege ressursane som blir utfordringa i Distrikts-Norge framover. Heile poenget er at denne typen
investeringar vil lette tilgangen på folk som vil busetje seg, slik at selskapa som opererer i den internasjonale marknaden med
Fosnavåg som base kan få tak i den arbeidskrafta dei treng for vidare satsing.
– Viss ikkje kjem ein til eit punkt der ein må vurdere å flytte, så eigentleg har vi ikkje noko val. Vi må ha tru på framtida i Fosnavåg,
understrekar Remøy, og peikar på at viss reiarlaga greier å vidareføre suksessen kjem dei menneskelege ressursane til å bli
mangelvare.
Remøy har stor tru på når ein kjem til slutten av 2014 vil ein få sjå ein anna Fosnavåg med aktitet og vitalisering enn tilfellet er i dag.
hotell og Badeland skaper ny optimisme uNik NæriNgslivssatsiNg i NasjoNal samaNheNg
Tal og fakta
Areal:
Hotell 5400 kvm.
Konserthus/kino 1400 kvm.
Simulatorsenter 1450 kvm.
Fellesareal 1600 kvm.
Kapasitet:
Hotellrom 114
Konsertsal 450 seter
Kinosal 92 seter
Parkeringshus 190 plassar
Kostnader:
Hotell/simulatorsenter 200 mill. kr
Konserthus 72 mill. kr
Parkeringshus 50 mill kr
Utbyggjarar:
Hotell inkl simulatorsenter:
Fosnavåg Vekst AS (Havila AS,
Stig Invest AS, Olav Thon)
Konserthus:
Fosnavåg Konserthus AS
Parkeringshus:
Fosnavåg Parkering AS
(Fosnavåg Vekst AS,
Herøy Eiendomsutvikling AS)
Arkitekt:
SE Arkitektur (Stig Eide)
Entreprenør: Veidekke AS
(totalentreprise)
Drift hotell: Thon Hotels
Byggjestart: Januar 2013
Kontraktfesta ferdigdato: 15. august 2014
Sentrale personar samla då kontrakten på hotellutbygginga blei underskriven. F.v. Olav Arntsen, Frede Uldbæk, Kirsti Hammerø,
Fredrik Remøy, Njål Sævik, Arnulf Goksøyr, Per Sævik, Stig Remøy, Rune Eikrem, Karl Anders Bjørdal, Sindre Thorset og
Bjørn Idar Remøy.
Foto: Vestlandsnytt
– Kva ein slik simulator
kan nyttast til for å skape
opplevingar i eit opp-
levingskonsept, er det
vel berre fantasien som
kan setje grenser for.
Men slike ting må i så
fall kome som eit tillegg til det som er hovudtanken bak å ta ei slik investering,
seier adm. dir Bjørn Idar Remøy i Bourbon Offshore Norway.
fem reiarlag står bak
Når Fosnavåg Offshoresimulator er oppe og går vil dei fem reiarlaga som har teke
på seg denne satsinga leggje det alt vesentlege av den simulatorbaserte kurs-
aktiviteten sin dit. For Bourbon sin eigen flåte på om lag 20 båtar dreiar det seg
om kurs- og opplæringskostnader på til saman om lag 30 millionar kroner i året.
Ein betydeleg del av denne kaka kjem senteret i Fosnavåg for ettertida til å ta.
Det betyr at med Havila, Olympic, Rem og Remøy Shipping i tillegg er det berre
å gange opp med antal båtar og mannskap som skal kursast. Flåten til desse
reiarlaga, som alle er med i Fosnavåg Offshore Senter As, tel i dag ikkje langt
unna hundre farty, og Remøy satsar på at senteret også skal drage til seg andre
aktørar som har bruk for simultortenester.
– Det vil også vere naturleg for oss å styre mykje av den ikkje simulatorbaserte
kursaktiviten til Fosnavåg, no når her kjem overnattingskpasitet, og på den
måten styrke drifta av hotellet, legg Remøy til.
styrking av kapasiteten
Simulatorsenteret i Fosnavåg vil ifylgje styreleiar Remøy ikkje kome i konkur-
ranse med det andre store senteret som ligg i Ålesund. Snarare er det snakk om
26
simulatorsentereteit genitrekk For hotellet
Offshoresimulatoren kom inn heilt på slutten i
planlegginga av hotellet, og simulatorsenteret
kan fort vise seg å vere genistreken som gjer
hotellet til noko heilt spesielt. Som i tillegg til
det profesjonelle føremålet med investeringa
vil vere eit viktig bidrag til det økonomiske
grunnlaget for hotelldrifta.
Tekst: Jann Flatval
ei heilt nødvendig utviding av simulatorkapasiteten
på Sunnmøre.
– Vi treng ei styrking av simulatormiljøet i re-
gionen, forklarar Remøy, og viser til at det var
simulatorsenetert i Ålesund som gjekk sigrande ut
av konkurransen om å stå for den tekniske drifta av
simulatoren i Fosnavåg. Den peda-gogiske delen av
kursverksemda er det Høgskulen i Ålesund som skal
ta seg av.
full simulatorpakke
Offshoresimulatoren i Fosnavåg skal gi eit på alle
område fullverdig tilbod innafor offshoresegmentet
og vil, i tillegg til bru- og DP-simulator, innehalde
maskinromssimulator, kransimulator og ROV-
simulator for køyring av miniubåt. Her vil vere to
brusimulatorar av type Rolls-Royce. Den eine på 180
grader. Den andre på 360 grader. Kransimulatoren
skal omfatte operasjonar både med skip mot off-
shoreinstallasjonar og på skip for å drive med sub-
sea mot installasjonar på havbotnen.
– Vi kan med andre ord tilby full pakke av det som
eksisterer av simulatorbehov innafor vår nisje
basert på ti ulike fartymodellar. seier Remøy.
I tillegg til å gi realistisk trening på hovudområda
ankerhandtering, rigforsyning og subsea, vil ein
også prøve å få til ein navigasjonssimulator for ferd-
sel på norskekysten, og det er også kome eit opp-
legg som Herøy vidaregåande skule kan nyttegjere
seg.
Simulatoren vil òg kunne nyttast av hotellet som eit
opplevingstilbod på kveldstid. Det å kunne segle eit
farty på norskekysten, eller manøvrere båten inn til
ei oljeplattform så realistisk og visuelt at folk kan risikere å få merke sjøverken, ser Remøy føre seg kan bli ein
heilt spesiell attraksjon for hotellet.
Berre i teknisk utstyr er det snakk om ei investering på rundt 30 millionar kroner i simulatorsenteret. I tillegg
kjem dei bygningsmessige fascilitetane på 6-700 kvadratmeter som skal leigast av hotellinvesteringsselskapet
Fosnavåg Vekst As.
– Kostnadskrevjande kjem det til å bli, men vi har også tru på at det skal bli ei veldig interessant satsing som
trass i dei store investeringane også skal gå i balanse, seier Remøy
– Simulatorsenteret vil tilby full pakke av det som eksisterer av simulatorbehov innafor vår nisje basert
på ti ulike fartymodellar, seier Bjørn Idar Remøy.
simulatorsentereteit genitrekk For hotellet
27
–Både reint sceneteknisk, og
når det gjeld lyd og bilde,
ønskjer vi å tilby den opti-
male opp-levinga av å gå på
konsert og kinoforestillingar i
Fosnavåg. Målsettinga er å gi
huset ein standard som på alle
måtar tilfredsstiller forventningane til publikum så vel som aktørane sine krav.
Det er ikkje tvil om at Fosnavåg Konserthus As, med styreleiar og dagleg leiar
Fredrik Remøy i spissen, legg lista høgt for sluttreultatet av arbeidet dei er
igang med. Frå før har dei fått øyremerka 14 millionar kroner til inventar og ut-
styr innafor ei total prosjektramme på 72 millionar kroner. Alt som kan kome inn
i tillegg vil bli nytta til ei ytterlegare heving av kvaliteten på bygget.
– Vi håper og trur det er mange som ser verdien av å kjøpe seg ein stol i kino-
eller konsertsalen, smiler Remøy, og fortel at mykje av arbeidet til prosjekt-
gruppa så langt har gått på å knyte til seg det beste som finst av ekspertise til å
forme ein av dei beste kinoane i landet.
Snøballen rulla fort etter at Åge Remøy og ordførar Arnulf Goksøyr tok til å
snakke saman om mulegheitene for å etablere ein fleirbruksarena for kultur- og
konferanseføremål, med høg kvalitet i tilknyting til det nye hotellet i Fosnavåg.
Dei begynte å snakke saman seinhaustes 2011, og berre om lag eit år seinare var
det klart for kontraktsskriving med hotellentreprenørenVeidekke As om bygging
av den nye kulturelle storstva i Fosnavåg sentrum.
eit stort NæriNgslivslyft
I mellomtida hadde det nyoppretta Fosnavåg Konserthus As, med Fredrik Remøy
i spissen, jobba målbevisst med kapitalinnsamlinga og greidd å notere seg for
den nødvendige basiskapitalen då kontrakten vart underskriven. Åge Remøy var
tidleg ute og signaliserte eit bidrag på ti millionar kroner. Saman med Herøy
kommune la den kulturinteresserte reiaren dermed grunnlaget for det som må
kallast ei retteleg suksesshistorie.
– Sjølv om enkelte har hevda at dette ikkje er naturleg føremål for bruk av
offentlege midlar, må ein hugse at her ligg inne ein stor sum med midlar som
er genererte av næringslivet. Samarbeidet mellom det offentlege og private har
vore ein viktig premiss for realiseringa av bygget. 35 små og store bedrifter gått
inn til saman 37 millionar kroner i form av aksjekapital, sponsormidlar og gåver,
og slik sett er det eit veldig stort næringslivslyft som står bak det vi no er i ferd
med å realisere, seier Remøy. Tyngda av bidragsytarane er naturleg nok heime-
høyrande i Herøy, men det finst unntak.
– Kleven verft er ikkje ei herøybedrift, men det dei deler med mange andre
bidragsytarar er at dei, i tillegg til å vere kulturelt opptekne, likar å sjå ein region
i vekst og ser meirverdien av å bidra i så måte, seier Remøy.
På lista over givarar har han også ein skipsmeklar i Oslo og ein assurandør i
Bergen, og Remøy meiner den store oppslutninga rundt konserthuset seier
litt om bidragsviljen til dei som engasjerer seg i Fosnavåg si framtid. Mykje av
grunnen til storleiken på engasjementet meiner han ligg i at folk ønskjer eit
sentrum som kan tilby kulturelle opplevingar på både dag- og kveldstid.
Remøy ser det slik at skal ein byggje Fosnavåg som eit attraktivt samfunn, så
trengst det kulturelle tilbod på høgt plan. Og han meiner det er grunn til å tru at
Tekst: Jann Flatval eit stort næringslivslyFt
Etter at grunnkapitalen er sikra gjennom rause
bidrag frå næringslivet, skal også folk flest no
få høve til å vere med og setje kruna på verket.
Gjennom ein folkeaksjon håper prosjektgruppa
å skaffe pengane som skal til for å kunne handle
inventar og utstyr frå øvste hylle til konsert-
huset i Fosnavåg.
29
Marin Teknikk As, med Svein Rune Gjerde (t.h.) i spissen, var av dei fyrste som
teikna seg på bidragslista til konserthuset. Fredrik Remøy t.v. og ordførar Arnulf
Goksøyr kunne til slutt notere seg for 37 millionar næringslivskroner til prosjektet.
Foto: Vestlandsnytt
eit stort næringslivslyFt
med den satsinga som no skjer på hotell, konserthus, simulatorsenter og bade-
land, så er Fosnavåg inne i ei god vekstperiode.
Kapasiteten i konserthuset er god. Det er 450 sitjeplassar i amfiet i storsalen,
som også kan skyvast bak når ein skal ha store bordsetjingar. Kinosalen vil vere
blant dei aller fremste i landet og skal installerast med det nye Dolby Atmos-
anlegget, som gir ei auka lydoppleving. 92 sitjeplassar er planlagt og arbeidet er
utført i samarbeid med Noregs fremste kinoekspert.
Bygget skal også nyttast til konferansar, seminar og andre aktivitetar som det
lokale næringslivet manglar ei scene for i dag. Herøyreiarane har ikkje tenkt å
slutte med å byggje båtar, og dei mange båtdåpane som har vore dei siste åra
kunne kanskje ha halde eit slikt hus gåande åleine.
Remøy understrekar at sjølv om dei er i mål med grunnfinansieringa, ønskjer dei
å auke kapitalbasen for å gjere det til ei enda større oppleving å gå på konsert
og kino i Fosnavåg. Det er her den føreståande folkeaksjonen kjem inn i bildet, og
saman med arkitekten, hotellutbyggjaren og Bjørn Holum (nytilsett arrangement-
sleiar i Herøy kommune) er prosjektgruppa no i full gang med å definere utform-
ing og innhald med sikte på å skape ein konsertarena av høgast muleg kvalitet.
– No lagar vi rammeverket, og så blir det opp til brukarane og engasjementet i
Herøy, samt dei som skal drive salen, å få fram den aktiviteten som vi alle ønskjer,
seier Remøy.
PlaNlegg oPNiNga
Sjølv om det enda er ein bit å gå fram til konserthuset står ferdig, er Bjørn Holum
allereie igang med å definere opningsarrangementet.
– Eg vil tru at vi her kjem til å få ein god miks av lovande lokale talent og store
etablerte namn. Så her er det berre å gle seg til hausten 2014 og vidare framover,
seier Remøy.
Med sine fire basseng,
inkludert eit 25 meters
ko n ku r ra n s e b a s s e n g
med stupetårn, vil det
nye badeanlegget fram-
stå som eit eldorado for
badeglade i alle aldrar og
med ulike ønskje og behov. I tillegg til idrettsbassenget og familiebassenget,
som begge blir nye, skal dagens basseng renoverast til bruk i terapisamanheng.
Barnelaguna blir omgjort til eit eige basseng, og i tillegg kjem der eit boblebad
på eit nivå over dei andre bassenga. Treningsstudioet, som skal komplettere til-
bodet, får glasvegger med fri utsikt til aktivitetane i bassenga.
maNge sPesialitetar
Familiebassenget blir noko heilt for seg sjølv med snadder som «sandstrand»
og bølgjemaskin. Lys- og lydanlegg for vanndisco er døme på ungdomsretta
spesialitetar, og i skuleferiar vil ein i det store bassenget mellom anna kunne
tilby klatring i isfjell, trampoline og mykje anna moro. Desse installasjonane vil
ha modular som kan skiftast ut og gi nye opplevingar frå den eine sesongen til
den andre.
–Anlegget vil bli skreddarsydd med ei rekkje spesialitetar og tilbod som vi blir
åleine om, seier ein oppglødd Sortehaug.
Han har vore dagleg leiar sidan 2006 og er ressurspersonen bak den nye satsinga
som næringslivet i Herøy står bak i samarbeid med kommunen. I satsinga til
om lag 150 millionar kroner inngår eit ikkje ubetydeleg kommunalt bidrag samt
lånegaranti frå kommunen.
avaNsert tekNologi
I forhold til energibruk og vassbehandling kjem det nye badeanlegget i Fosnavåg
til å bli eit av dei mest moderne i sitt slag med mykje ny og straumsparande
teknolog. Anlegget får mellom anna sin eigen klorfabrikk som produserer ak-
kurat det som trengst i forhold til belastinga og reduserer klorgassen i lufta til
eit minimum. Det blir eit automatisk belastningsstyrt basseng der vassgjennom-
strøyming og energibruk blir styrt etter kor mange som til ei kvar tid oppheld
seg i vatnet.
flytogløysiNg
Besøkande vil, på same måte som flytogpassasjerar, kunne drage kortet ved
inngang og få eit armband som også er knytta opp imot garderober og kafe.
Drag kortet igjen ved utgang og du får beskjed om kor mykje kortet er belasta
med under besøket. Sortehaug fortel at ideen til dette systemet er henta frå USA
der det er mykje brukt i fornøyelsesparkar.
– Vi har prøvd å tenkje teknologi for å spare årsverk og personalkostnader på
alle område, påpeikar han.
Sortehaug fortel at anlegget er utvikla med bakgrunn i ei analyse som Asplan
utarbeidde for nokre år sidan med sikte på å skape tilbod for alle. Eit slikt an-
legg skal vere attraktivt og utfordrande for ungdom, sikkert og spennande for
barnefamiliar, helsebringande i terapisamanheng for til dømes revmatikarar og
slagpasientar, og at det i tillegg skal vere tilrettelagt for skulesymjing og idrett.
Som ein femåring før julekvelden. Slik gler Karl
Petter Sortehaug seg til neste haust når den store
gåva frå næringslivet kan pakkast opp og takast
i bruk. Same forventingane deler han med alle
dei andre som ser fram til å få ein topp arena for
konkurransesymjing, samt rekreasjon, leik og moro
på Sunnmøre.
30
heile sunnmøre sitt BadelandTekst: Jann Flatval
heile sunnmøre sitt Badeland
gryaNde koNkurraNsemiljø
Mellom dei som gler seg til anlegget står ferdig er ikkje minst dei mange i barne- og ungdomsskulealder som driv symjetrening kvar
einaste veke. Talet på aktive har lege på rundt 200, og Sorthehaug synest det er leitt at rundt halvparten av dei har måtte gå ut på
grunn av plassmangel. Dei mest aktive, som legg bak seg tusenvis av meter i veka, får heller ikkje konkurrere nokon plass i mangel
på lisens. Dette vil ikkje vere noko problem lenger når regionalanlegget med status som konkurransebasseng er kome på plass. Då
vil også alt liggje til rette for etablering av ein symjeklubb på Søre Sunnmøre.
Det nye badet vil komplettere tilbodet i kultur- og idrettsparken i Fosnavåg og gjere det til noko heilt unikt.
«suNNmørsBadet»
Namnet fortel sitt tydelege språk om at her er ambisjonar om å skape eit tilbod som går langt utover kommunegrensene og nærom-
rådet. Sortehaug er ikkje i tvil om at i den grad det har vore ein kamp om å etablere eit regionalt tilbod så har Herøy og Fosnavåg
vunne den kampen. Ambisjonsnivået kjem òg klart fram av garderobekapasiteten som blir på 500 plassar.
– Ja, vi ser på heile regionen som nedslagsfelt. Næraste konkurrenten vår blir Moldebadet, og det er klart at Kvivsvegen – samt snart
gratis køyring gjennom Eiksundsambandet – gir oss eit veldig stort potensiale. Dagens køyreavstand på ein time og tjue minutt til
Stryn gjer at vi også reknar nedslagsfeltet for å gå godt innover nabofylket i sør, seier Sortehaug.
Karl Petter Sortehaug gler seg til å kunne ta i bruk
den nye hovudarenaen for konkurranse-symjing,
rekreasjon, leik og moro på Sunnmøre.
Forskarane måmeir ut i distrikta
Den har alle odds imot seg som tek utdanning retta mot forsking og samtidig
har eit ønskje om å bu og arbeide ute i distriktet. I så måte var Karsten Kvalsund
eit unntak når han som nyutdanna astrofysikar frå NTNU i Trondheim kunne
flytte tilbake til Herøy og jobbe som forskar ved Runde miljøsenter. Dagleg leiar
Nils Roar Hareide håper og trur at det dei er igang med på Runde berre er starten
å skape forskingsarbeidsplassar i utkantar som Herøy.
– Det er dessverre eit fakum at det som finst av slike arbeidsplassar her i landet,
nesten utan unntak er konsentrerte til miljøa rundt dei store utdanningsinsitus-
jonane som Oslo, Trondheim, Bergen og Tromsø, seier Hareide, og viser til at det
ikkje berre er Herøy som slit på dette området.
Karsten Kvalsund (33) har hovudfag i teoretisk fysikk og astrofysikk, og med
bakgrunn i studiane er det himmelegema han har mest greie på. Ved Runde
Miljøsenter jobbar han mest med fysikken i havet.
Arbeidsplassar for folk med høgare utdanning er mangelvare i Møre og Romsdal
i det store og heile, men med etableringa av forskingsstasjonen tilknytt Runde
miljøsenter har ein i Herøy begynt å få til noko som Hareide meiner gir grunnlag
til ein viss optimisme med tanke på distrikta si framtidige rolle i forskingssaman-
heng. At det skal bli fleire enn dei 5-6 arbeidsplassane som til no er etablerte
ved forskingsstasjonen på Runde har han faktisk god tru på å få oppleve med
tid og stunder.
– Vi vil nok ikkje greie å byggje opp eit stort forskingssenter på eigen kjøl her
ute på øya. Såpass realistisk må ein vere. Men skal forskarar finne det interessant
og nyttig å kome hit og drive med forsking i prosjektsamanheng, er vi nøydd til
å kunne stille med støttekompetanse her på huset. Elles blir vi berre eit vanleg
hotell, og det er ikkje i våre tankar, seier Hareide.
heilt uNik Plass
Hareide fortel at dei har jobba mykje med å få til eit samarbeid med store
nasjonale institusjonar med sikte på å få dei til å bruke Runde. Her finst det så
mange problemstillingar knytta til havmiljøet at han meiner det er veldig viktig
å få forskinga ut.I så måte tenkjer dei også internasjonalt, for når det gjeld å
lære meir om dei store samanhengane er Runde eit unikt utgangspunkt for å
drive med slik forsking.
– Runde er einaste plassen i Europa med eit fuglefjell i kombinasjon med eit
av dei største gytefelta i verda. I nærområdet har vi også eit av dei sterkaste
maritime teknologimiljøa som finst, og det er ikkje tvile om at forskingsmiljøa
og universiteta har mykje å hente på å kome til oss, seier Hareide og peikar
på at det også er eit sterkt ønskje innafor næringslivet at forskingsmiljøa skal
kome hit.
Han vedgår at det å gi forskingsmijøa eit «bruhaud» inn i det maritime nærings-
livet er ein del av visjonen for Runde miljøsenter og forskingsstasjon.
– Vi har ein jobb å gjere når det gjeld å få distrikta med i forskinga som i dag er
veldig konsentrert rundt byane. Dette er både så tidkrevjande, og kostar så mykje
at vi vil ikkje greie det åleine. Men gjennom samarbeid så trur eg vi skal greie å
skaffe jobb til fleire med kompetanse her på Runde. Så optimistisk må ein vere,
seier Hareide.
fakta om ruNde miljøseNter:
Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlings-
senter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Den offisielle opninga
var i oktober 2009. Senteret ligg i eit freda og svært sårbart naturområde, og
har det fremste innan miljøteknologi. Heilt frå dei første teikningane har det
vore fokus på miljøvennlege byggemateriale, energieffektivitet, vass-sparing og
gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn.
Den grunnleggande tanken med forskingssenteret på Runde er etableringa
av infrastruktur for overvaking og forsking på miljøet, og å promotere be-
rekraftig teknologi innan fiske, fangst og energiproduksjon. Samarbeid med
lokalt næringsliv om utvikling av miljøvennleg teknologi er eit satsingsområde.
Senteret blir også brukt av forskarar både frå Noreg og utlandet. Det er eit mål
å oppnå auka fokus på dei viktige havområda utanfor Møre, som er eitt av dei
viktigaste gytefelta i norske farvatn.
Senteret har kontor, laboratorium og åtte leilegheiter for utleige. Hovudbygget
har også eit velutstyrt auditorium og kafé. Eit informasjons- og opplevingssenter
er etablert i 2. høgda i hovudbygget. Det skal vise dei store biologiske prosess-
ane som skjer i Norskehavet, og samspelet mellom miljø, klima, fugl, fisk og
plankton. Historia om forliset til ostindiafararen «Akerendam» og Rundeskatten
er ein sentral del av utstillingane.
Bygget er energiøkonomisk, og bygd som eit «forbildeprosjekt» i samsvar med
Enova sine reglar. Runde Miljøsenter disponerer også ei sjøbud på 600 kvadrat-
meter brutto areal med kaianlegg på Runde hamn.
Senteret har brei politisk støtte, både frå Herøy kommune, Regionrådet og Møre
og Romsdal fylke. Næringslivet i regionen har òg gått inn med betydeleg kapital i
prosjektet.
32Tekst: Jann Flatval
Sjøglidaren blir fjernstyrt
frå Runde, og prosjektet er
drive i nært samarbeid med
Geofysisk institutt i Bergen.
– Havstraumane varierer i
styrke og temperatur over
tid, noko som òg påverkar
veret lokalt. Men no kan vi
drive kontinuerleg kartlegging, og vi har faktisk allereie gjort viktige oppdag-
ingar, mellom anna av store kvervlar i havet som ingen var kjende med tidlegare,
seier Karsten Kvalsund.
At det fanst ein slik kvervel i Lofotbassenget var rett nok kjend, men at der er så
mange fleire der ute er det ingen som har dokumentert før sjøglidaren til Runde
miljøsenter gjorde sine oppdagingar på si einsame ferd mellom Andøya og Jan
Mayen.
Tvillingen går lenger sør i Norskehavet, frå norskekysten og rundt 430 km i nord-
vestleg retning før den snur.
Det går ikkje så fort, men med ei fart på ein halv knop hadde glidarane gjort fire
turar fram og tilbake over Norskehavet då dei vart tekne opp etter seks månad-
er i arbeid. No er det to nye som er ute på same ruta, og ifylgje Kvalsund bør
batterikapasiteten halde til minst 10 månader med kontinuerleg drift.
Ideen til glidarane kom frå oseanografen Henry Stommel, som i 1989 beskreiv
dei i ein science fiction artikkel. Sjølve Sjøglidaren vart utvikla ca. år 2000 av folk
ved Univ. Of Washington i Seattle. Til no er det produsert nokre hundre slike. Av
desse er seks komne til Norge med midlar frå Forskningsrådet. Alle seks er eigde
av Universitetet i Bergen, men nokre av deistasjonerte på Runde.
Alt etter kva type instrument dei er utrusta med kan glidarane nyttast til ulike
oppgåver, som måling av algeoppblomstring og kartlegging av den biologiske
aktiviteten i havet.
– Vi er framleis i oppbyggingsfasen, men målet er at glidarane skal brukast av
fleire framover til ulike føremål, seier Kvalsund.
Å auke kunnskapsnivået om Golfstraumen si rolle i
klimasamanheng, er eitt konkret prosjekt som Runde
miljøsenter har jobba mykje med den seinare tida. Verk-
tyet dei brukar er ein skapning som reiser fram og til-
bake over Norskehavet og samlar inn data om til dømes
temperatur, saltinnhald og oksygenmengd frå over-
flata og heilt ned til tusen meters djup. Med dette som
grunnlag kan dei mellom anna måle vassmengda som
Golfstraumen fører med seg til Norskehavet.
samlar ny kunnskapom havstraumane
33
Tekst: Jann Flatval
Karsten Kvalsund t.v. og Nils Roar Hareide med sjøglidaren, som er det nye
verktyet for innsamling av undersjøiske data ved Runde Miljøsenter.
Foto: Jann Flatval
Som osloborgar gjennom
storparten av sitt vaksne
liv set Arthur Almestad
(51) meir og meir pris på
dei kvalitetar som eit liv
utanfor storbyen har å by
på. Dei meir fastgrodde
kan ha lett for å sjå på
dei same kvalitetane som
ein sjølvskriven del av tilveret, og difor kan det også vere vanskeleg å oppdage
mulegheitene som ikkje minst naturen har lagt i fanget på oss og som kan
brukast til skape ein meir attraktiv region.
– Tettstadane våre har ulike kvalitetar å by på, og dei er alle ein del av ein fantas-
tisk region med kort veg til hav, fjord og fjell, seier Almestad, og håper småbyane
på Søre Sunnmøre kan bli flinkare til å samarbeide om å utnytte sine konkur-
ransefortrinn i staden for å krige om eitt og alt.
I så måte meiner han Eiksundsambandet har opna nye mulegheiter for sam-
arbeid og samspel både når det gjeld rekreasjon og i arbeidssamanheng.
Det som førte Almestad heim igjen til Sunnmøre, var ei stilling som region-
ansvarleg for Møre og Romsdal i Norges forskningsråd. Før det var han i ti år leiar
av ulike nasjonale forskingssatsingar ved forskingsrådet sitt hovudkontor i Oslo.
Av utdanning har han hovudfag i samfunnsgeografi frå Universitetet i Oslo. Når
også sambuaren fekk seg ein jobb i Fosnavåg, der ho kunne nytte sin kompe-
tanse innafor grafisk design og illustrasjon, låg vegen open for å flytte tilbake til
utgangspunktet. Med ei hustomt i sjøkanten som den store draumen.
Reguleringsbyråkratiet arbeidde lenge imot dei slik at det tok si tid før draumen
kunne bli til realitet. Men no er det som skal bli deira og dottera sin nye heim
under oppføring på Vågsholmen. Her er det ikkje noko som stenger for utsikta
mot Holmefjorden og havet utanfor.
meir liv mellom husa
På spørsmål om korleis han vurderer Fosnavåg sine framtidsmulegheiter i
forhold til dei andre «småbyane» på Sunnmøre og i regionen som heilheit,
vil Almestad ta utgangspunkt i konsentrasjonen av tilbod og tenester som
finst både når det gjeld handel, service, underhaldning og rekreasjon. Den
korte avstanden mellom dei ulike tenestene, saman med at Fosnavåg har eit
urbant preg med bygater som ligg rett i havgapet, er med på å gi Fosnavåg
kvalitetar ein kanskje ikkje finn i dei andre bygdebyane i same grad. Desse
urbane kvalitetane og nærleiken til storhavet, er det om og gjere for Fosnavåg
å byggje vidare på.
Samtidig saknar han meir liv mellom husa enn det som er tilfellet i Fosnavåg i
dag. Urban kvalitet handlar nemleg også om å bruke byen. At folk ikkje isolerer
seg i kvar sine leilegheiter og hus, men veit å gjere seg nytte av dei tilboda som
finst. Folk må kort og godt bli flinkare til å gå ut.
– På dette området er det framleis mykje å hente før vi kan seie at Fosnavåg har
nytta mulegheitene som ligg i den etablerte bystrukturen. Men for tida skjer
det mykje spennande i Fosnavåg som kan få folk opp av godstolen. Som det å
få eit hotell i kombinasjon med konsertsal og kino midt i sentrum, i tillegg til eit
nytt badelandanlegg. Dette er nye tilbod som Almestad ikkje er i tvil om vil gi
Fosnavåg eit kjempeløft på det sosiale og trivselsmessige området.
Han vil åtvare mot å spreie tilboda for mykje, men heller satse på ei vidare fortett-
ing og vidareutvikling av nye tilbod som kan styrke attraktiviteten som bygdeby.
I tillegg må det leggast meir til rette for at gåande og syklistar kan ferdast trygt
mellom Fosnavåg sentrum og andre delar av Fosnavåg som Myklebust, skule,
kulturhus- og idrettsområdet, meiner Almestad.
Den nye planlagde innfartsvegen med tunnelar til Fosnavåg sentrum tek
ikkje omsyn til gåande og syklande. Derfor er det heilt naudsynt med ei snarleg
utbetring av Skarabakken, meiner han. Han gir også full støtte til ein gå- og
sykkel-tunnel mellom Fosnavåg sentrum og kulturhus-området. Dette er begge
tiltak som vil knyte funksjonane tettare saman og ikkje minst føre til en tryggare
skuleveg for veldig mange.
– Det må vere eit minimum av mulegheiter til å leve eit liv utanfor sin eigen
bustad, seier Almestad, som vedgår at dette er noko dei saknar i høve til det
bylivet dei var vane med å leve før.
«Utetilbodet» i Fosnavåg er mellom dei tinga som ikkje har svara til forventing-
ane med å flytte heim, og som den sjømat- og vinelskaren han er, legg Almestad
ikkje skjul på at nedlegginga av Maki har etterlate seg eit stort sakn.
– Her er framleis mykje bra, men Maki var noko for seg sjølv også i nasjonal
samanheng. Dette må vi ta tak i og jobbe vidare med.
– Lat oss bli kjend som den staden på kysten med den beste sjømaten, servert
direkte frå havet. Her har vi større mulegheiter enn dei fleste. Spel vidare på dei
gamle mattradisjonane med boknasild på kaia og kortreist mat frå havet med
Njardar som førebilde, oppmodar Almestad. For han er det eit stort tankekors at
det er i Chablis-området, midt i Frankrike der familien har feriehus, han verkeleg
kan gå på utestader og gasse seg med sjømat. Og då tenkjer han ikkje berre
fisk, men sjømat i vidaste forstand. Det burde ikkje ha vore nødvendig for ein
fosnavågar å reise så langt for å nyte østers, sjø-sneglar og andre typar skaldyr
som det er berre å hente frå det lokale matfatet og setje på menyen.
må ta NatureN i Bruk
Det største fortrinnet til Fosnavåg er nærleiken til kystlandskapet med sine rike
mulegheiter for fiske og rekreasjon. Å ha ein urban kvalitet, som samtidig ligg så
nær naturen, er slik han ser det noko heilt spesielt med Fosnavåg.
– Dette var ein av dei viktigaste grunnane til at vi valde å flytte tilbake, seier
Almestad.
34
det handlar om å taheile regionen i Bruk
– Det skal vere konkurranse mellom tettstader,
men vi må ikkje konkurrere oss ihel. Det er lov å
vere patriotisk, men patriotismen må ikkje ta over-
hand. Samarbeid mellom konkurrentar kan vere ei
utfordring, men der ligg også Søre Sunnmøre sine
mulegheiter til å skape ein region som er attraktiv
både for fastbuande, tilreisande og for dei som
vurderar å flytte hit. Å ta heile regionen i bruk er
det det handlar om.
Tekst: Jann Flatval
det handlar om å taheile regionen i Bruk
I høve til dei naturgjevne forholda meiner han Fosnavåg har mykje meir å hente.
Ta berre Holmefjorden som døme på som eit langt ifrå utnytta potensiale.
Fjorden ligg der som eit eldorado for segling, båtsport og fiske, og Almestad
synest det er heilt utruleg at det enda ikkje er nokon som har sett mulegheitene i
å starte med til dømes båtutleige frå sentrum av Fosnavåg. Her er sikkert mange
innafrå fjordane som kunne ta tenkt seg ein tur ut og fiske i open sjø. Men dei
som tek turen til Fosnavåg i dag, kjem seg ikkje vidare ut med mindre dei reiser
med eigen båt.
Når hytte i Stryn har blitt lukka for så mange herøyværingar, må utfordringa bli
å få stryningane og andre fjordingar til å kome utover til kysten og havet. Ned-
kortinga av reisetida etter at Eiksundsambandet og Kvivsvegen kom, gjeld like
mykje begge vegar, og Almestad meiner mykje hadde vore vunne om vi her ute
var like flinke til å spele på nærheita til havet som Stryn har gjort sitt nærområde
attraktivt for hyttebygging.
– Lat oss difor ta eit krafttak med å gjere ytre meir attraktivt for dei i indre, opp-
modar han.
Naturleg rollefordeliNg
Det er på desse områda Almestad ser Fosnavåg si rolle i eit større samspel, der
nytt hotell og badeland, i kombinasjon med kystnatur og eit attraktivt sentrum
med spanande butikkar, utestadar og havrelatert næringsliv, vil representere
noko heilt unikt og gi Fosnavåg eit fortrinn i regional samanheng. Ørsta og
Volda sine fortrinn meiner han ligg i høgskulemiljøet, tradisjonsrik industri og
nærheita til fjord og fjell, og Ulsteinvik vil, med sine store industriarbeidsplassar
og varehus for mange vere den største handelsmagneten i alle fall på ytre. Det
handlar om ei naturleg fordeling av rollene, og å spele kvarandre gode.
Patriotisme er ifylgje Almestad ei god sak, berre den ikkje får ta overhand. Han
meiner det må vere lov for ein Bergsøy-patriot å støtte opp om Hødd som har
greidd å setje Søre Sunnmøre på kartet i fotballsamanheng. Fotball er slik han ser
det eit godt døme på kva ein kan samarbeide om.
Like viktig som å dyrke dei regionale fortrinna, meiner han det er å drage kop-
lingar til Ålesund. For Ålesund er og blir lokomotivet på Sunnmøre, og Almestad
helsa det med glede då heile Sunnmøre vart samla i eitt regionråd.
– Dette er noko alle må akseptere, og så må vi andre finne vår plass som småbyar
rundt Ålesund i marknadsføringa av Sunnmøre som eit attraktivt område. Hareid
Fastlandssamband vil vere nøkkelen til å samle Sunnmøre til eitt rike.
har ikkje fått det rolegare
Begge jobba ekstremt mykje i Oslo. Tanken på eit litt rolegare liv og nærheit til
familien, vart avgjerande då dei bestemte seg for å flytte til Fosnavåg.
– Har de fått eit rolegare liv?
– Nei, eigentleg ikkje, og det treng ikkje vere noko negativt. Vi har spennande
jobbar i ein spennande region, og har aldri angra på valet vi gjorde.......
Arthur Almestad nyt småbåtlivet så ofte han kan. I bakgrunnen til venstre er familien sin nye heim i ferd med å reise seg. Foto: Jann Flatval
36
herøy kultur-skule snart 40 år!
Tekst: Wenche Moltu
628 elevplassar er i dag registrerte på musikk, dans, drama og visuelle kunstfag.
I tillegg har Herøy kulturskule eit spennande korpsprosjekt gåande på fire skular
og tre barnehagar, der ca. 120 elevar får instrumentalundervisning på minitrompet
og andre korpsinstrument i skuletida i staden for vanleg musikkundervisning.
Så får meir enn 250 ”vaksenopplæring” av kulturskulens dirigentar i kor og korps
som kjøper denne tenesta frå kulturskulen. Summen av dette tilseier at i dag har
kulturskulen meir enn 1000 aktive brukarar kvar einaste veke.
deseNtralisert skule
Det vil seie at det skjer under-
visning i alle skulekrinsane i
kommunen. Hovudbasen med kontor og undervisningslokalar ligg i underetasjen
på Herøy kulturhus.
NB. Det må vere eit visst elevtal ved ein krins før det er forsvarleg å sende ein lærar
ut i distriktet, men meir enn 30 % av undervisninga skjer utanfor kulturhuset.
litt historikk
Det var den sterkt aukande interessa for korps på 60-70 talet som var pådrivar
for å skipe musikkskule som det heitte den gongen. Behovet for kvalifiserte in-
struktørar og dirigentar var stort, og ei arbeidsguppe gjorde ein god jobb, som
resulterte i positivt vedtak i kommunestyret hausten 1973, slik at undervisninga
tok til i januar 1974. Berre rundt 40 musikkskular var på den tida etablerte i heile
landet, og då i hovudsak byane, så Herøy kommune var tidleg ute! Politisk har
kulturskulen frå starten av og fram til i dag stått sterkt i Herøy. Det har alltid vore
tverrpolitisk semje og forståing for dei positive ringverknadane av kulturskulen,
noko som gjer at kulturskulen har hatt eit stabilt tilvære, og utviklingspotensiale.
frå musikkskule til kulturskule
KULTURSKULE vart ein realitet i og med lovfestinga av kulturskulane i 1998, men
Herøy kulturskule tok til med dans alt i 1995, og litt seinare kom visuelle kunst-
fag, og til slutt drama/teater. Denne kombinasjonen av musikk og dei andre kunst-
faga har utvikla Herøy kulturskule til eit av flaggskipa i fylket, og Herøy kan også
her seiast å vere ”ei båtlengd føre!” Dette gjeld både i aktivitet, mangfald og
kreativitet. I år 2000 vart det offisiell namneendring frå Herøy musikkskule, til
Herøy kulturskule, og på få år vart elevtalet meir enn fordobla!
stort maNgfald og rimeleg tilBod
Dei 18 lærarane i kulturskulen har undervisningskompetanse på nær 50 ulike
disiplinar, noko som er ganske unikt i regionen. Kostnaden for brukarane er
også rimelegare enn i våre nabokommunar, og for dei familiane som har mange
born som brukar kulturskulen er dette vesentleg, pga at Herøy kulturskule har
makspris på undervisninga på kr. 5000.- pr år pr fam. uansett kor mange elev-
plassar ein nyttar.
Er for lengst over puberteten, og godt etablert
som ein av dei største og mest aktive kultur-
skulane i fylket.
høgt aktivitetsNivå
Herøy kulturskule skal vere synleg i lokalsamfunnet, og derfor er det stor ak-
tivi-tet med konsertar, show og utstillingar der elevane får vist fram kunsten
sin. Kulturskulen arrangerar rundt 30 konsertar pr år, og i tillegg er mange el-
evar aktive som underhaldarar på ei mengd ulike tilstellingar både i og utanfor
kommunen. Målet er at kvar elev skal ha stått på ei scene minst to gongar pr.
år. Dessutan er applaus frå publikum ein god motivasjonsfaktor, og det er viktig
stimulans for å halde fram år etter år.
sosiale media
Herøy kulturskule har heimeside saman med dei andre skulane i Herøy i ”pedIt”
men etter at skulen etablerte seg på facebook hausten 2012, har denne sida
blitt mindre brukt. Facebook har vist seg å vere ein mykje enklare måte å halde
kontakta mellom skulen og foreldra. Mykje enklare å bruke som info enn heime-
sida, så dersom du er på Facebook er det berre søkje på «HERØY KULTURSKULE»
klikke ”LIKER” på sida, så vil du alltid bli oppdatert om alt det spennande som
rører seg i Herøy kulturskule!
NB: Det blir lagt ut ein del bildereportasjar frå aktivitetar og hendingar. Leiinga
er svært selektive dem det som blir lagt ut, at ingen bilete skal vere støytande på
nokon måte, men kun ha positivt innhald og vinkling. Det blir ikkje lagt ut namn
på elevar som ikkje sjølve er på FB. Dersom det er foreldre som er mot denne
praksisen, må dei melde frå til leiinga, slik at ikkje bilete av deira born blir lagt ut.
staBil og dyktig lærarstaB
Stabilitet og dyktige medarbeidarar er eit nøkkelord i kulturskulens suksess. Og
akkurat her har kulturskulen vore utruleg heldige. Fleire har hatt sitt arbeid ved
skulen i meir enn 20 år. Eit internasjonalt kollegium er der også, og gjennom
nokre år har lærarar frå heile 10 ulike nasjonar vore innom kulturskulen.
herøy kultur-skule snart 40 år!
samarBeid På maNge PlaN
Kulturskulen har mange samarbeidspartar, nokre fast kvar veke, andre meir pro-
sjektbasert. Til dømes grunnskulen, barnehagar, eldreinstitusjonar, lokale kor og
korps. Samarbeidet omfattar også dei andre kulturskulane i regionen, m.a. med
ungdomssymfoniorkesteret i Ørsta og Volda, og felles lærarkrefter.
Ny komPetaNse, og sal av teNester
Siste par åra har kulturskulen investert ein god del i lyd og lysutstyr, slik at
dei kan bli sjølvhjelpte også på større
arrangement, oppsetningar, show, musi-
kalar o.s.b. Etter kvart som kompetansen
aukar på dette området, vil også kultur-
skulen kunne selje slike tenester i lokal-
miljøet, og planen er også etter kvart
å kunne undervise i dette spennande
faget.
styrkar Både
iNtelligeNseN og helsa
Det å kunne lære seg eit musikkin-
strument, og bli aktiv innan musikk ,
song, dans, eller eit anna kulturfelt, er
noko ein har glede av heile livet. Ikkje
berre kan ein gle seg sjølv, men også eit publikum, stort eller lite. I alle sosiale
samanhengar er det alltid triveleg med kulturinnslag, og ein blir aldri for gam-
mal. Dessutan har mykje nyare forskning vist at å lære eit instrument gjev forde-
lar også i andre teoretiske fag som matematikk og liknande, fordi både høgre og
venstre hjernehalvdel blir samstundes stimulert, og det igjen er med på å utvikle
den kreative sansen! Og på tampen av det heile held ein seg friskare om ein
aktiviserar seg med kultur.
livskvalitet
Det aller viktigaste, er at elevane får oppleve meistring i kulturskulen! Det å
lære seg å arbeide målbevist fram til ein opptreden med musikk, song, dans, dra-
ma, eller ei kunstutstilling er også viktig personlegdomsutvikling som ein dreg
nytte av på mange andre områder i livet også. Der er dessverre ingen snarveg
inn i den mangfaldige kunsten, men hardt arbeid, trening og terping time etter
time, dag etter dag og år etter år…… så kjem resultata sakte men sikkert! Det
viktigaste er å sette seg oppnåelege mål undervegs, ….og nå dei! Ein del elevar
gir opp litt for lett. Læringskurva er stundom bratt, og stundom slakk, det gjeld
berre å halde det gåande, ……til ein er over neste kneiken! Dette er også viktige
verdiar å ta med seg. Nyare forsking har også god dokumentasjon på at musikk
og kunstutøving utviklar intellektet og styrkar helsa. Med andre ord: Kulturskule
= LIVSKVALITET.
Herøy kulturskule ynskjer nye elevar velkomne til eit triveleg miljø!
Søknadsskjema finn ein på På www.heroy.kommune.no
Folkehelse i kvart eit klipp!
Fyrste året, 2002, vart det
seld 344 kort. Dette har auka
jamt og trutt og mest sal
hadde ein i 2011 då det vart
seld 800 kort. I snitt har 54%
av selde kort vore innlevert
og totalt har 1021 personar
gjennomført Herøy 10 på
topp (2002-2012). I 2011 var det delt ut pokalar for å ha gjennomført alle 10 åra
til 68 personar som fekk pokal for gjennomført alle 10 åra.
kveN kaN delta?
Alle som kjøper kort kan delta og det er godt tilrettelagt for alle. Kvart «klipp»
har A og B- tur.
A-tur: For alle som meiner dei kan fullføre desse – ein må ha 10 klipp.
B-turar: For personar under 13 år, personar med handikap og personar over 70
år- ein må ha 5 klipp.
Når du kjøper klippekorte vil du få kart og eit skriv som skilding av kvar turen
startar. Så her er det inga unnskyldning å ikkje vere kjent.
I tillegg til medalje til kvar enkelt deltakar og pokal til dei som har gjennomført
i 10 år, er det trekning av premiar. I tillegg til premie i begge «klassene» vert det
trekt ut ei premie for bedriftsdeltaking. For å vere med i denne trekninga må
arbeidsplassar ha meir enn 5 tilsette og levere kort samla.
Til påske var det laga til 620 kort – vert det rekord i år?
Herøy kommune, servicetorget, ønskjer bilder frå dei som er med å få turane.
Send inn bilder til [email protected]
Bilda vert lagt i eige album på kommunen si facebook-side.
Vi ønskjer alle god tur i frisk Herøy-natur!
Då kommuneplanen for perioden 2002-
2012 vart vedteken var eit av tiltaka «Herøy
10 på topp». Formålet var å motivere til
auka aktivitet og fremje helse og trivsel.
Ordninga har vore ein stor suksess og alle-
reie i god tid før sesongen 2013 starta
hadde mange ringt og etterspurt årets kort
og toppar.
turaNe 2013:
A B
Muletua Mulevika
Storevarden Teigetua
Hornseten Heid
Leinehornet Leinane
Sjåla Skaret
Kammen Herøy Gard
Heida Leikong
Rundabranden Runde
Hidsegga Kvia
Selsteinen Mørkevatnet
Røddalshornet Lysløypa
Sandvikhornet Sandvika
Den engasjerte Remøy-jenta er akkurat ferdig med russefeiringa og planane
hennar vidare framover er klare. Fyrst går turen til USA. Ikkje for å studere eller
feriere, men for å jobbe på Disney World eit års tid. Denne opplevinga har ho lyst
å få med seg før ho skal ta det neste steget på utdanningsvegen. Om ikkje nye
planar dukkar opp så blir det innafor barnevernet ho kjem til å satse.
Politisk eNgasjert
Allereie som 13-åring blei
ho politisk aktiv, og inna-
for politikken ser ho også
føre seg ei karriere som
vaksen. Fyrste steget på
den politiske vegen blir
å kome inn i kommune-
styret. Den unge politik-
aren har også lyst inn på
fylkestinget, og så lysten som ho er til å drive med politikk, er det ikkje sikkert
det stoppar der.
– Vi får sjå etter kvart, men det er lokalpolitikken eg er mest oppteken av, under-
strekar Janne Kathrin som sit i styret for det nyoppretta Unge Høgre-laget i Herøy.
Smaken på det politiske livet har Janne Kathrin fått gjennom ei rekkje verv og
oppgåver som ungdomspolitikar. Det starta med ein plass i det kommunale ung-
domsrådet, og så klaka det på seg med det Ungdomens fylkesting og Ungdomes
storting som ho var med på å starte i 2010. Ho var då leiar av Ungdomspanelet,
som er arbeidsutvalet til Ungdomens fylkesting.
– Kjempeinteressant å få vere med å starte og sjå at dette vart ein realitet. Og
ikkje minst det å få oppleve å bli teken på alvor av dei vaksne er tilfredsstillande,
seier ho.
At ungdomen skal ha sine eigne organ meiner ho må bli lovpålagt for heile
landet, og at alle unge - uansett interesse - skal ha eit fritidstilbod, er hennar
fremste lokalpolitiske hjartesak.
– Tilbod til alle er utruleg viktig, seier Janne Kathrin, som er glad for at Herøy
kommune har kome lenger enn dei fleste med å opprette varierte ungdomstilbod.
– Men vi kan og skal bli enda betre, presiserer politikarspiren.
tilBod i fleNg
Ho kunne ha lista opp ei lang rekkje med ulike fritidstilbod som herøyungdomen
har å velje i, men føler det blir å gå for langt. Eitt tilbod vil Janne Kathrin likevel
framheve: Dans for funksjonshemma, som Herøy er åleine om, og «Bandbrakka»
der alle får dyrke sine musikalske interesser utan å gå om kulturskulen. Brakka er
plassert tett opp til skateparken, som har ført til at det ikkje er ein «skatar» igjen
å sjå i sentrum. Dei har fått sin eigen arena som ein del av aktivitetsparken ved
Janne Kathrin Hansen Sævik er på mange måtar
eit produkt av Herøy kommune si satsing på ung-
domen. Men ho er også ein av dei som har vore
med på å forme kommunen si friske ungdoms-
satsing, som vart kruna med kåringa av Herøy
til beste ungdomskommunen i fylket i 2012. Og
18-åringen er klar på at også hennar barn skal få
gleda av å vekse opp i Herøy når den tid kjem.
– Eg skal bu på Remøya, seier ho og understrekar
SKAL.
38
- Fantastiskå vere ung i herøy
Herøy kulturhus, og ein eigen arena for paintball er under oppsegling i «Ura».
Dei gokart-interesserte får dyrke sporten sin både på Leikongeidet og Kopper-
stad, og den store gjengen som kajakk-klubben etter kvart har blitt, har heile
havet å boltre seg på.
– Og så har vi sjølvsagt Pir-festivalen og ungdomen sin dag på Maritim sommar-
festival som dei store høgdepunkta i året.
Janne Kathrin legg ikkje skjul på det største ho har fått vere med på var då Herøy
i 2012 vart kåra til «Årets ungdomskommune» i Møre og Romsdal. Året før blei
Herøy nummer to, og året før det igjen best på Sunnmøre og nummer tre i fylket.
– Å bli best av alle 36 kommunane var berre stort, smiler ho.
Ungdomens kulturmønstring kan heller ikkje forbigåast i stillheit. UKM er noko
stort i Herøy, og Janne Kathrin kan vise til at Herøy har hatt folk i landsfestivalen
kvart år.
Ungdomssatsinga har også resultert i at Redningsselskapet har fått sitt eige
ungdomslag i Herøy. Det er dei som arrangerer den årlege sommarskulen,
der unge i alderen frå ni til tretten år får lære båtbruk og sjøvett med fokus på
sikkerheit til sjøs i vidaste forstand.
Dei eldste får høve til å ta Båtføraprøva under opphaldet på sommarskulen.
Sommarskulen har til no vore halden i Kjelsund, men blir i år utvida med eit
tilsvarande opplegg i Fosnavåg i tillegg.
Janne Kathrin meiner mykje av grunnen til dei positive forholda for ungdom i
Herøy er å finne i forståingsfulle politikarar. Her meiner ho både politikarar og
tilsette i kommuneleiinga fortener ein god porsjon med skryt.
– Herøy kommune er ekstremt flink til å inkludere oss dei unge og til å ta oss på
alvor. Eg har jobba ein del over heile landet og torer påstå at ingen er så flinke til
å inkludere ungdomen som Herøy.
– Ikkje verst å vere ung i Herøy, med andre ord.
– Nei, vi har det heilt fantastisk!
Tekst: Jann Flatval
- Fantastiskå vere ung i herøy
Hotel
Hotel Neptun
Adresse: Fosnavåg sentrum
Telefon: 70 080 050
E-post: [email protected]
www.hotelneptun.net
Hytter, ferieHus
og leiligHeiter
Budaneset - Leikong
Telefon: Geir (+47) 91167761 ,
Kristi (+47) 90067761
e-post: [email protected]
www.naturferie.no
Christineborg gjestehus
Telefon: 70 08 59 50
www.christineborg.no
Goksøyr Camping
Adresse: Goksøyr, 6096 Runde
Telefon: 70 08 59 05
E-post: [email protected]
goksoeyr-camping.com/
Havferie
Adresse: Kvalsvik, 6098 Nerlandsøy
Telefon: 70 08 76 23
E-post: [email protected]
www.havferie.com
Herøy Kystcamp
Adresse: Leinøy, 6094 Leinøy
Telefon: 70 08 67 00
E-post: [email protected]
www.kystcamp.no
Jacobs Rorbu
Adresse: 6092 Eggesbønes
Telefon: 70 08 90 55
E-post: [email protected]
Kjeldsund
Adresse: Kjeldsund, 6080 Gurskøy
Telefon: 70 08 02 20
E-post: [email protected]
Lanternen AS - overnatting
Adresse: 6070 Tjørvåg
Telefon: 70 08 52 50
E-post: [email protected]
www.lanternen.no
Rorbuferie
Adresse: 6094 Leinøy
Telefon: 70 08 65 57
E-post: [email protected]
Runde Miljøsenter
Adresse: Runde Miljøsenter, 6096
Runde
Telefon: 70 08 83 00
E-post: [email protected]
www.rundecentre.no
Sævik Utleigehytter
Telefon: 993 73 536
www.ansimax.no
Torvholmen AS - Flåvær
Adresse: 6090 Fosnavåg
Telefon: 900 37 905
E-post: [email protected]
www.flaaver.no
utanom det vanlege
Runde fyr
Nærmeste DNT-nøkkel, Runde:
Telefon:
Anne Marie Vadset 700 85 916,
Oddmar Remøy: 976 74 104
gjestebrygger
Fosnavåg Gjestebrygge.
Telefon: Per Ove Djupvik 99 73 03 04.
spisesteder
Christineborg gjestehus
Elmirs
Lanternen
Madelynn Coffee
NIna Kafé
Restaurant Fosnavåg Brygge
Restaurant Yong Hong
Valaker Bakeri
Video Vest
butiKKoversiKt
Apotek 1 Herøy
A.Sævik
Bass Brothers
Berg-Hansen Nordvest
Blomsterstua Arlen
Blomster og Gaver
Bukken Blå
Cameloon Frisørsalong
Clean Furn
Cubus
Fargerike Herøy Malerservice
Fest og Fritid
FOA Design
Fosnavåg Rør
Frantsen Frisør
Frisørloftet
Galleri EogE
Glasmagasinet
G-Sport Igesund
Gudrun Remøy
GullFunn Fosnavåg Gull og Sølv
H Naturkost Fosnavåg
Hudlaser-klinikken
Hårreisande
Interoptik Nymark
Juvelen
Kiwi
Kvalsvik Elektro
Lykkepoten
Marias Mote
Mega
Meny
Minneriet
Min musikk
Modeca
Monita Fosnavåg
Nille
NH Lied AS - Cosmetique
Perly´s Frisørsalong
Pernille´s Clinique
Posten
Remo Elektronikk
Ringo
S A Tollås
Saxett
Skattekista
Spar
Ståle Berge VVS
Trendy Frisørsalong
Vestvang Bokhandel
Vinmonopolet Fosnavåg
Ytrehorn Eurosko
visit fosnavaagFoto: Geir Idar Kvalsvik