kva visste nasjonal samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale...

37

Upload: others

Post on 23-Jun-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt
Page 2: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust?

Page 3: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) er et forsk-nings-, dokumentasjons- og formidlingssenter med fokus på Holocaust, andre folkemord og på minoriteters vilkår i moderne samfunn. HL-senterets publikasjoner – bøker, temahefter og en skriftserie – behandler aspekter ved senterets temaområder. For mer informasjon om publikasjoner, se www.hlsenteret.no

Heftene utdyper emner fra senterets virksomhet.Nr. 1: Einhart Lorenz og Lynn Feinberg: Jødisk motstand og andre reaksjoner på HolocaustNr. 2: Irene Levin: FluktenNr. 3: Einhart Lorenz: LeireneNr. 4: Cora Alexa Døvig: Minoritet i Norge. Tre imigranter fortellerNr. 5: Izabela Dahl og Einhart Lorenz: Jødene i PolenNr. 6: Claudia Lenz: «Adgang til riket»Nr. 7: Bjarte Bruland: Det norske Holocaust. Forsøket på å tilintetgjøre de norske jødeneNr. 8: Tone Njølstad Slotsvik: Katolikker i Norge 1905–1930. En minoritet i nasjonalstatens tidNr. 9: Einhart Lorenz: Jødisk historie, kultur og identitet. Mangfoldet i jødedommenNr. 10: Vibeke Kieding Banik: Sionisme: ideologi, organisering og praksisNr. 11: Anton Weiss-Wendt: Raphael Lemkin and the UN Genocide ConventionNr. 12: Anton Weiss-Wendt: Raphael Lemkin og FNs folkemordkonvensjonNr. 13: Kjetil Braut Simonsen: Antisemittisme, innvandringsfiendtlighet og rasetenkning i norsk bondebevegelse, 1918–1940.Nr. 14: Maria Rosvoll og Natasha Bielenberg: Antisiganisme, stereotypier og diskriminering av romNr. 15: Per Johan Isdahl: Liv uten livets rett. Nazistenes medisinske massedrap på mennesker med mentale funksjonshemminger 1939 til 1945Nr. 16: Christopher S. Harper: Rettsoppgjørets behandling av deportasjonen av jødene fra Norge under okkupasjonen 1940–1945

Page 4: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Øystein Hetland

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust?

HL-senterets temahefte nr. 17

Page 5: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

© HL-senteret 2012HL-senteretSenter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

http://www.hlsenteret.no/Produsert i samarbeid med Akademika forlag.

ISBN 978-82-92988-40-4 – trykkISBN 978-82-92988-41-1 – epubISBN 978-82-92988-42-8 – pdfISBN 978-82-92988-43-5 – mobi ISSN 1504-758X

Det må ikke kopieres fra denne boka i strid med åndsverkloven eller med avtaler om kopiering inngått med KOPINOR, interesseorganisasjonen for rettighetshavere til åndsverk.

HL-senteret har undersøkt og avklart alle bilderettigheter så langt det har vært mulig. Hvis vi har brutt mot opphavsretten, ber vi rettighetshaver ta kontakt slik at saken kan avklares.

Omslag: Jødiske butikkar tilgrisa av hirdmedlemmar. Glitnegården, Oslo, 1941, fotograf: Wilse, Anders Beer, eiar: Norsk Folkemuseum, arkivreferanse: NF.WF 15027

Boken er satt med Minion Pro og BlenderSats: Akademika forlagTrykk: AIT Oslo AS

Page 6: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 176

InnleiingEit viktig spørsmål ikkje berre i norsk, men også i internasjonal holo-caustforsking har vore kor mykje dei einskilde aktørane i folkemordet har visst om den endelege lagnaden som venta dei menneska dei ar-resterte, transporterte eller registrerte. Dette har hatt både juridiske og moralske konsekvensar – dersom ein veit at ein sender folk i døden, går brotsverket over frå uforsettleg til forsettleg medverknad til drap. Det skrur òg til det moralske ansvaret kraftig – å bidra til utryddinga av eit heilt folk har i ettertida vorte vurdert til det ultimate brotsverket. I Noreg er dette demonstrert ved at ein no har 30 år som maksstraff for folkemord, mot 21 år for dei fleste andre brotsverk.

Spørsmålet har òg breiare konsekvensar – dersom ein visste noko om det uhyrlege som skjedde, hadde ein då ikkje plikt til å gjera det ein kunne for å hindra det? Den uvitande kan derimot med godt samvit hevda at ein ikkje trengde gjera noko ekstraordinært, fordi ein trass alt ikkje visste. Å hevda ignoranse har difor vorte hovudforsvarslinja for folk som har vorte skulda for deltaking eller passivitet under Holocaust. Dette er i fleire tilfelle eit plausibelt forsvar. Informasjon var strengt kontrollert under krigen, og naziregimet innrømte aldri openlyst kva som skjedde i aust.

Dette må samstundes ikkje overdrivast. Informasjonskanalar fanst. Det kunne vera illegal presse, utanlandsk radio, men ikkje minst det deltakarar eller tilskodarar sa privat til naboar, slektningar, vener eller kollegaer. Millionar av soldatar var innom dei områda der folkemor-det fann stad. Mange deltok sjølv i folkemordet andre høyrde eller såg ting. Propagandaen ga òg signal om at fryktelege ting skjedde med dei regimet såg på som fiendar. Den tyske historikaren Peter Longerich konkluderer med at den vanlegaste mekanismen i Tyskland var ei form for «aktiv fortrenging» – ein uvilje til å setta saman dei brot-stykka av informasjon ein hadde til eit heilskapleg bilete, fordi ein då måtte stilla seg til sanninga – at det i det tyske folket sitt namn vart gjennomført eit folkemord. Mellom kjennskap og ignoranse eksisterte det ei stor gråsone av rykte, halvsanningar, fantasiar, pålagde og sjølv-pålagde kommunikasjonsavgrensingar, «vil ikkje vita» og «kan ikkje forstå».1 Walter Laqueur postulerer at mange tyskarar opererte med eit paradoks: Dei trudde at jødane ikkje lenger var i live, men ikkje

1 Longerich 2007, s. 363

Page 7: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 7

at dei var døde.2 Krigstid er ikkje eit toppunkt for logisk konsistent tankegang.

Uvilje mot eller manglande evne til å ta innover seg folkemordet var ikkje avgrensa til tyskarane. Det same mønsteret gjaldt for nøytrale, al-lierte og til og med mange jødar sjølv.3 Mekanismane var mange: Skepsis mot overdriven propaganda etter erfaringane med dette under første verdskrig, påpeiking av at informasjonen hadde manglar og var usikker, desperat optimisme, eller ganske enkelt eit fokus på å koma seg gjennom den vanskelege krigskvardagen. Kanskje gjaldt det først og fremst at ein stod overfor eit fenomen ein ikkje i sin villaste fantasi kunne førestilla seg ville finna stad i Europa i det tjuande hundreåret. Det var rett og slett for monstrøst til at ein kunne tru på det. At ein faktisk gjennomførte eit planfast folkemord basert på ein hyperradikal ideologi, var for avbalan-serte, fornuftige observatørar vanskeleg å få til å passa med sine eigne verdsbilete. Ei kritisk haldning til informasjon og propaganda kunne her faktisk vera til hinder for å forstå realitetane.

Slike mekanismar er det ingen grunn til å tru var grunnleggande annleis i NS-krinsar i Noreg, eller for den saks skuld i resten av befolk-ninga. Men det var likevel eit grunnleggande skilje: NS-medlemmar høyrde til ei rørsle som hadde knytt lagnaden sin til det tyske naziregi-met, og som ved krigsutbrotet var klart antisemittisk. Leiaren, Quisling, hadde i etterkant av deportasjonane gjeve dei si eksplisitte støtte.4 Resten av befolkninga oppfatta seg derimot i større eller mindre grad i opposisjon til både tyske og norske nazistar. Det var ikkje i deira namn Holocaust skjedde, og organisasjonane som gjennomførte det, var illegi-time herskarar i landet. Dei var ikkje representantar for breie strøymin-gar i folket, slik tilfellet var i Tyskland. Berre nokre grupper – slik som politiet – hadde noko direkte med arrestasjonane eller andre antijødiske tiltak å gjera, og kunne på den måten få eit direkte eller indirekte ansvar.

Dette heftet har som misjon å prøva å visa kva folk i NS – og då spesielt i leiarsjiktet – visste om folkemordet, for gjennom det å koma med eit bidrag til den større diskusjonen om kven som visste og kva ein visste om Holocaust.

2 Laqueur 19803 Laqueur 19804 Aftenposten 1943

Page 8: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 178

Holocaust

Omgrepet Holocaust blir brukt både som eit namn på nazistane sitt fol-kemord på dei europeiske jødane, men òg som eit breiare konsept som inkluderer massedrap på andre grupper, mellom dei slavarar, romfolk, funksjonshemma, homoseksuelle, «asosiale», Jehovas vitne og andre reli-giøse grupper. I tråd med HL-senterets utstilling blir her omgrepet brukt i den siste tydinga. I norsk kontekst vil likevel jødane stå klart i fokus, då dette var den einaste befolkningsgruppa i Noreg som vart førsøkt utrydda.

Kjelder til kunnskap om Holocaust

Eit hovudmoment når det gjeld å vurdera kva folk visste og ikkje visste om jødeutryddinga, er korleis Holocaust vart kommunisert frå gjer-ningsmennene ut i den breiare offentlegheita. Ein kunne kanskje venta at tyske toppnazistar, med sin ekstreme antisemittisme og sine mordariske intensjonar, stolt ville annonsera at dei endeleg gjorde fysisk alvor av dei gjentekne trugsmåla om å utrydda jødedommen. Men dette var slett ikkje tilfellet. Alt frå starten av vart det klart for leiande folk i regimet at sjølv om antisemittiske haldningar var utbreidde i det tyske folket, så var det langt færre som var villige til å gå til så radikale steg som nazis-tane ønska. Etter «krystallnatta» i 1938, då naziaktivistar gjekk laus på jødar og jødisk eigedom over heile Tyskland, måtte propagandaminister Goebbels skuffa konstatera at «[…] ein stor del av borgarskapet hadde vist ei temmelig blanda forståing for dei tiltaka som vart gjennomførte».5 Den antisemittiske agitasjonen måtte dermed ikkje vera «for aggressiv», sidan folk flest ikkje hadde fått den naudsynte «bakgrunnsinformasjo-nen» om «jødeproblemet». Retorikken vart difor verande vag. Jødane og jødedommen skulle «forgå», «forsvinna» og «utryddast», men utan at ein sa at dette etter kvart innebar massedrap. Dette skulle bli eit gjennomgå-ande mønster for korleis naziregimet snakka om sin antijødiske politikk.6

Fleire moment understrekar dette. Under krigen vart fleire tyskarar stilte for retten for å ha spreidd rykte om folkemordet. T.d. vart ein tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt til fengsel for å ha sagt at ein opna massegraver for å sletta spora

5 Longerich 2007, s. 1556 Herf 2006, s. 123

Page 9: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 9

etter massedrapet på jødar.7 Det vart og tydeleg demonstrert av SS-Reichsführer Heinrich Himmler i ein tale til leiande SS-menn i Posen (Poznan), der han understrekar at jødeutryddinga skal teiast om:

Dei fleste av dykk vil vita kva det inneber å sjå hundre lik, fem hundre lik eller tusen lik ligga framfor ein på bakken. Å ha gjennomgått dette, og – bortsett frå visse tilfelle av menneskeleg svakheit – ha blitt verande anstendige menneske, det har gjort oss harde. Dette er ein ærefull del av historia vår som aldri er blitt skrive, og som heller aldri vil bli skrive.8

I juli 1943 sende nazi-partiet sitt hovudkontor ut eit skriv til distrikts- og riksleiarane, der det stod at ein «[…] etter Førarens ordre» skulle «unngå å seie noko om ei framtidig heilskapleg løysing [på «jødespørs-målet»]. Ein kan likevel snakka om at jødane har vorte sette til å utføra ein formålstenleg arbeidsinnsats».9 I september skreiv så Goebbels at «tystnad» om «krigsløyndommar» no skulle vera ei generell tysk «dygd».10 Påstandane om massedrap i alliert propaganda vart ikkje for-nekta, men ein kommenterte dei heller ikkje.11

Avrettingar på austfronten, september 1941. Bundesarchiv, Bild 101I-212-0221-07 / Thiede / CC-BY-SA;

7 Longerich 2007, s. 2498 Himmler 1943, forf. oversetting9 Longerich 2007, s. 31910 Op. cit., s. 31911 Herf 2006, s. 105

Page 10: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 1710

Samstundes kunne ikkje nazistane hindra at rykte spreidde seg. Ein kunne ikkje fullt ut kontrollera alle informasjonskjeldene. Dei kunne vera illegal presse, utanlandsk radio, men ikkje minst det deltakarar i eller tilskodarar til folkemordet sa på privaten til naboar, slektningar, vener eller kollegaer. Millionar av soldatar var innom områda i aust der folkemordet fann stad, og høyrde om eller såg ting. Samstundes ga propagandaen teikn om at noko skjedde med dei regimet såg på som fiendar. Det danna seg dermed ei slags vag forståing av at fryktelege ting skjedde med jødane, utan at dei fleste var i stand til eller ønska å setta bitane saman til eit heilskapleg bilete av situasjonen. Å gjera dette ville òg føra med seg at ein i siste instans måtte konfrontera at dette vart gjort i namnet åt det tyske folket, og at ein sjølv, gjennom aktiv eller still-teiande aksept av Hitler-regimet, sjølv ville bera på eit moralsk ansvar. Sosialdemokraten Friedrich Kellner, som under krigen jobba som em-betsmann i den vesle byen Laubach, demonstrerer i dagbøkene sine kor mykje ein ganske vanleg tyskar kunne slutta seg til ut frå tilgjengeleg informasjon dersom ein ville, men òg kva konsekvens det ville ha å ta innover seg kva som skjedde. I september 1942 skriv han:

I løpet av dei siste par dagane har jødane i vårt distrikt vorte borttranspor-terte […] Frå godt informerte kjelder høyrde eg at alle vart sende til Polen og myrda av SS-einingar. Det er reint grufullt. Slike skammelege handlingar vil aldri kunna utraderast frå menneskeslektas historie. Mordarregjeringa vår har for alltid ført skam over namnet «Tyskland».12

Då var det lettare å skyva informasjonen bort så godt ein makta. Kom-mandanten for politieskorten om bord på Donau, skipet som frakta 532 norske jødar til Tyskland, kan tena som eit døme på korleis ein hand-terte situasjonen:

På spørsmål fra en av fangene om hvilken skjebne de gikk i møte, skal han ha erklært at han ikke hadde lov til å vite det, og bemerket at det skjedde mye i Tyskland som ikke var til å skjønne, men at det var best ikke å tenke på det. Ellers ville tilværelsen bli uutholdelig.13

Dette heldt sjølvsagt fram etter krigen, då det vart om mogeleg endå vik-tigare å insistera på at ein ikkje visste noko, både for å unngå moralsk og

12 Roth 2011, forf. oversetting13 Mendelssohn 1986, s. 149ff.

Page 11: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 11

i fleire tilfelle rettsleg ansvar. Albert Speer, Hitlers rustingsminister, vart sjølve alibiet: Dersom han påstod og vart trudd på at han ikkje visste om Holocaust, så måtte det same kunne gjelda for andre lenger ned i systemet.14

Dette biletet presenterer oss med ei fundamental utfordring når ein skal vurdera kven som visste og kor mykje folk visste om Holocaust, sidan hendingane blir systematisk underkommunisert og underartiku-lert på alle nivå, både under og etter krigen. Alle offentlege dokument relaterte til folkemordet var kjenneteikna av eit sterilt språk utan direkte referansar til kva som faktisk gjekk føre seg. Byråkratar som arbeidde med jødedeportasjonane, snakka konsekvent om «evakuering», «om-plassering», «utvandring» og «forsvinning».15 Det mest kompromitte-rande ein kan finna i det offisielle referatet frå Wannsee-møtet, eit møte mellom Det tredje rikets toppbyråkratar der ein diskuterte den prak-tiske gjennomføringa av «den endelege løysinga på jødeproblemet», er utsegna om at dei fleste jødane vil «falla frå av naturlege årsaker» under arbeidet med vegar austover, og at dei overlevande vil måtta få «passan-de» handsaming, då dei «utan tvil vil utgjera den mest levedyktige delen av det jødiske folket».16 Når ein veit at tusenvis på tusenvis av jødar og andre på det tidspunktet allereie hadde vorte drepne i organiserte aksjo-nar, står dokumentet fram som påfallande kamuflerande.

Dette hemmeleghaldet strekte seg heilt til toppen. Ein har aldri kome over eit offisielt dokument der Hitler gjev ordre om igangsettinga av «den endelege løysinga». Men Adolf Eichmann, «generalsekretæren» for jødeutryddinga i Europa, berre fnyste av dei som meinte mangelen på eit slikt dokument var viktig. Folk som innbilte seg at Hitler hadde utforma ein slik skriftleg ordre, hadde ikkje peiling på korleis ting fun-gerte i Det tredje riket.17 Frå tysk hald vart det òg gjort systematiske forsøk på å forvirra utanforståande og gje næring til tvil. Eit døme på dette er postkorta jødar måtte skriva til vener frå leirane, som ga inntrykk av at alt var i orden. For nokre vart slike postkort eit desperat håp om at det trass alt ikkje var så ille som mange sa.18 Eit anna er «modelleiren» Theresienstadt, der representantar for Raudekrossen vart viste rundt for å bli overtydde til at rykta om dei grufulle leirane ikkje stemte.19

14 Ullrich 200715 Hilberg 198516 Protokoll der Wannsee-Konferenz 194217 Cesarani 2007, s. 29218 Laqueur 1980, s. 15319 United States Holocaust Memorial Museum 2012

Page 12: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 1712

Eit anna problem er at naziretorikken og propagandaen var full av ekstreme ord som «utrydding» og «fjerning». Det gjer det vanskeleg å avgjera kva skribenten eller publikum har tolka inn i ein gjeven ordbruk. Det kan nemleg vera eit langt steg frå eit abstrakt ønske om å «utrydda» noko, til å faktisk vera psykologisk budd til konkret og fysisk å gjen-nomføra det. Det er dermed ikkje nok å visa til at nazipressa snakkar om å «utrydda» jødane og jødedommen og ut frå det konkludera med at lesarane har forstått eller teke innover seg kva som hende.

Ei av dei beste kjeldene til å vita kva folk eigentleg visste, blir dermed fortruleg, privat kommunikasjon, der dei kunne fri seg frå dei offisielle retningslinjene og frykta for å bli oppdaga. Denne er sjølvsagt i mindre grad teken vare på enn offentlege dokument, noko som i mange tilfelle kan slå skeivt ut. Hos nokre personar kan det påvisast at dei kjente til Holocaust på grunn av eit enkelt privatbrev eller ein einskild samtale, medan andre, som sannsynlegvis visste om kva som skjedde, slapp unna i mangel på handfaste, overlevande prov. Analysar gjort av avlytta sam-talar mellom tyske krigsfangar tyder på at berre rundt 0,2 % av samta-lane tok opp jødeutryddinga – noko som understrekar kor tilfeldig det kan vera om handfaste prov for kunnskap om folkemordet overlever eller ikkje.20

Ei anna kjelde er å visa til at ein person kan knytast til konkrete hen-dingar og posisjonar som ein veit frå andre kjelder høyrer med som del av Holocaust. Men her må ein òg vera varsam – t.d. å vera del av ei sær-skilt hæreining treng ikkje automatisk å innebera at ein sjølv har teke del i noko eininga gjorde seg skuldig i, ei heller at ein har vore i eit område.

Det blir dermed i mange tilfelle meir snakk om å sannsynleggjera at ein kjente til Holocaust, enn endelege prov. Forholda blir òg komplisert av at det var relativt få som opplevde at dei ga ordrar som direkte leidde til jødars død, men det var svært mange som på eit eller anna sett ga essensielle bidrag til at det kunne skje. Dette leier til eit mønster ein kjenner igjen frå rettssaker etter krigen, der det ofte har vore vanskeleg å prova einskildmenneske si konkrete rolle, ansvar og kunnskap. I tillegg har det ofte vore vanskeleg å passa desse rollene inn i lovverk laga for å handtera tradisjonell kriminalitet. Difor har ein i mange tilfelle enda opp med eit «massedrap utan drapsmenn». Vidkun Quisling, til dømes, vart berre dømt for medverknad til aktlaust drap på dei norske jødane, fordi retten meinte at

20 Neitzel og Welzer s. 146

Page 13: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 13

tiltalte ikke har vært seg fullt bevisst at jødene ved den aksjon han satte i gang ville utsettes for å miste livet, da en den gang ikke hadde det kjennskap til tys-kernes behandling av jødene i gasskamre og lignende som en senere har fått.

To dommarar tok dissens mot denne avgjerda, og meinte at Quisling måtte vera klar over «at flere eller færre av jødene ville bli ført i døden når han satte aksjonen i verk», og at han difor burde dømmast for drap.

Det er gode grunnar til å hevda at mekanismane når det gjaldt kommunikasjon og oppfatning av Holocaust skildra ovanfor, òg gjaldt i Noreg, og då spesielt i NS-krinsar. Som i Tyskland hadde nazistane eit ønske om å så godt det lét seg gjera, vinna folket for si sak, i skarp kontrast til tilhøva i Aust-Europa, der sivilbefolkninga var tiltenkt eit framtidig liv i trældom under germanske herrar. Det gjaldt difor å stå fram som dei forsvararane av kulturen ein påstod at ein var. Det var likevel ein grunnleggande skilnad: I Tyskland hadde nazistane kome til makta med aktiv stønad frå store delar av det tyske folket. I Noreg kom dei til makta etter ein invasjon, og berre eit lite mindretal av nordmenn, som i all hovudsak var knytte til NS, støtta det nazistiske prosjektet i Noreg. Kva haldning hadde så NS til jødane?

Antisemittismens rolle i NS

Heilt frå starten hadde rasetankegang vore ein del av Nasjonal Samlings idégrunnlag. Allereie under arbeidet med fiaskoen «Nordisk Folkereis-ning» i 1931 hadde Quisling understreka at «[…] vårt folks fremgang henger uløselig sammen med dets nordiske blod, og tar vi ikke vare på vår nordiske egenart, taper vi den».21 Utbreiinga og variantane av antisemittisk tankegods hos medlemmane, samt tonen og intensiteten i den antisemittiske agitasjonen, varierte likevel sterkt. Medan det i NS-pressa stadig dukka opp antisemittiske stereotypiar, stod det ingenting om jødar i NS sitt program frå 1934.22 Frustrerte nasjonalsosialistar i partiet, som Hans S. Jacobsen, braut ut av partiet på grunn av mang-lande rasefokus og fasthalding ved kristendommen,23 og danna ein krets rundt tidsskriftet Ragnarok, som dei mellom anna brukte til å retta skarp kritikk mot «fascistane» og «dei kristne» i NS.24

21 Brevig og de Figueiredo 2002, s. 20722 Bruknapp 1976, s. 1223 Emberland 2003, s. 11124 Bruknapp 1976, s. 15

Page 14: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 1714

Frå 1935 av kom åtaka frå NS på jødane oftare og retorikken vart krassare.25 Jødane vart m.a. skulda for å arbeida «[…] gjennom sine frå Moskva organiserte utallige dekkorganisasjoner, for en erobring av ver-densherredømmet gjennom bolsjevismen».26 Halldis Neegaard Østbye, leiar for NS’ presse- og propagandakontor, argumenterte for at dersom ein klarte å klistra marxismen til jødane, så ville arbeidarane venda ryggen til «hele djevelskapet».27 Arbeidarpartiet sin ideologi vart omtalt som «jødemarxisme».28 I ein forsideartikkel før valet i 1936 slo Quisling fast at «hele folket» kunne enda opp «i slavekår i en verdens-sovjetre-publikk under jødisk diktatur».29 Trotskij-saka vart NS-propagandaens gylne mogelegheit. Leo Trotskij, som var jøde og ein leiande bolsjevik, hadde flykta frå Stalins Sovjet og søkte i 1935 politisk asyl i Noreg. I 1936 gjorde ei gruppe unge NS-aktivistar innbrot hos Trotskij, over-tydde om at han ikkje heldt lovnaden om å avstå frå politisk arbeid. Dei vart arresterte for innbrotet, men nestleiar i NS, Johan B. Hjort, melde samstundes Trotskij til politiet for spionasje, basert på materiale frå innbrotet. Samstundes kom det grove klagemål mot Trotskij frå Sovjet. Arbeidarparti-regjeringa kom under sterkt press, og internerte Trotskij, for så etter kvart å utvisa han. Dette såg NS som ein siger, og innleidde ein stor propagandakampanje. Trotskij vart inkarnasjonen av den inter-nasjonale jødebolsjevismen. At han hadde fått asyl i Noreg, var prov på at jødemarxismen eigentleg styrte Arbeidarpartiet.30

Bakgrunnen for den aukande antisemittismen frå 1935 kan vera mangefasettert.31 Valresultata i 1933 og 1934 var svært skuffande. Arbeidarpartiet si regjeringsdanning med Bondepartiet i 1935 tok luven av den verste revolusjonsangsten på høgresida. Partiet trengde både ein mektig mostandar som sto bak manglande gjennomslag og ei ny sak å profilera seg gjennom. Antisemittismen kunne ta denne plassen. Det aukande rasefokuset førte til ny splid, og fleire representantar for den «kristne» fløya i NS braut med partiet.32 Sokneprest Martin Tveter i Vadsø oppsummerte grunngjevinga si slik: «Læren om den nordiske rase osv. lar sig ikke forene med troen på en Gud som elsker alle men-

25 Op.cit., s. 2226 Brevig og de Figueiredo 2002, s. 5527 Høidal 1988 s. 15528 Op.cit., s. 15529 Op.cit., s. 15830 Dahl 1991, s. 40031 Bruknapp 197632 Op.cit., s. 32

Page 15: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 15

nesker uansett rase og hudfarve. Det nazistiske folkefellesskap lar sig ikke forene med kristendommens universelle brorskap.»33

Etter katastrofevalet i 1936 kom det til eit samanbrot i partiet, og ein fraksjon rundt nestleiar Johan B. Hjort trekte seg ut. NS vart no mindre eit politisk parti og meir ei politisk sekt. Dette ga mogelegheit og in-sentiv til ei ideologisk reindyrking, med meir reindyrka fiendebilete og oppfatningar. Antisemittismen fekk no ein endå meir prominent plass.34 Jødane vart til ein personifisert manifestasjon av alt NS hata: marxisme, liberalisme, demokrati og kulturradikalisme.35 Dette resulterte mellom anna i at NS i krasse ordelag kritiserte at Noreg hadde teke imot eit par hundre jødiske flyktningar frå kontinentet: Landet risikerte å bli fullstendig jødifisert dersom dette heldt fram.36 Ei vanleg skyteskive var Høgre-leiar Carl Joachim Hambro, som delvis kom frå ei jødisk slekt. Hambro vart opphøgd til representant og talsmann for jødedommen, og det han engasjerte seg i vart mistenkeleggjort. Då krigen kom, vart dette i Fritt Folk tolka som jødane sin krig mot Tyskland: «Kan det være noen som tror at engelskmenn og franskmenn virkelig mener det er verdt å ofre slike ufattelige strømmer av blod? Tyskland er antisemittismens høyborg. For å knekke antisemittismen som truer jødenes maktstilling over hele verden derimot er intet offer for stort.»37

Antisemittismen må likevel ikkje overdrivast som overordna element hos NS før krigen. Det varierte ofte frå person til person kor mykje vekt ein la på antisemittisme som forklaringsmodell.38

NS i maktposisjon - antisemittismens rolle

Antisemittismen heldt fram med å vere viktig i NS òg etter okkupa-sjonen, der NS no fekk ei heilt anna rolle enn under det politiske sekt-tilværet i åra rett før. Etter samanbrotet i riksrådsforhandlingane sette rikskommissar Terboven Stortinget til sides og utnemnde eit nytt styre. Fram til februar 1942 var styret basert på såkalla «kommissariske statsrådar», der alle bortsett frå tre var medlemmar av NS. I februar 1942 vart Quisling utropt til «ministerpresident», og danna ei rein NS-

33 Emberland 2003, s. 26934 Brevig og de Figueiredo 2002, s. 12835 Op.cit., s. 16836 Op.cit., s. 17937 Op.cit., s. 183–18438 Op.cit., s. 189

Page 16: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 1716

regjering. Men trass desse titlane låg alltid den reelle makta i Noreg hos rikskommissar Terboven, som kunne underkjenna eit kvart vedtak gjort av norske ministrar. NS kunne no bruka alle kanalar til propaganda som var i pakt med tyskarane sine ønske.

Bak fiendemaktene: jøden. Tysk propagandaplakat 1940. Rettar: NIOD, arkivreferanse: AF/00537 (Affiche, Lithografie), Orlogsaffiches NIOD 1933–1946.

Eit sentralt motiv i propagandaen, på same måte som i Tyskland, var no at jødane stod bak krigen og alliansen mellom Sovjet, Storbritannia og USA som etter kvart kom i stand. I ein tale på ein antisemittisk konfe-ranse i Frankfurt 28. mars 1941 ga Quisling jødane skulda for at krigen hadde kome til Noreg:

Norges historie i den siste menneskealder har vært en rask fremadskridende judaisering på alle samfundsområder, en utvikling som med en naturlovs nød-vendighet måtte føre til den nasjonale katastrofe som kom den 9. april 1940, da Norge blev søkt trukket inn i den engelsk-jødiske krig mot Tyskland.39

39 Quisling 1941

Page 17: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 17

Og «[…] da jødespørsmålet ikke kan løses ved ganske enkelt å utrydde jødene eller å sterilisere dem» gjekk han inn for en kollektiv deportasjon av alle jødar frå Europa: «Det er derfor ikke noget bedre og mildere middel til å løse jødeproblemet på enn å skaffe dem et annet forjettet land og å sende dem dit alle sammen.» Og han var klar på kor viktig dette var:

Jødespørsmålets løsning i Europa vil være, om ikke kronen på verket, så en av de viktigste søiler i den nye ordning og i det fredsverk som følger den store krig jødene og England har påført Europa. Den vil være en handling, inspirert av den høieste forutseenhet, som kanskje mer enn noget annet vil sikre de kommende slekter fred og velstand.

Quisling var her heilt på linje med den dåverande tankegangen i toppkrinsar i Tyskland, der ein gjekk ut frå at «jødeproblemet» skulle «løysast» gjennom deportasjon, ikkje masseutryddingsleirar. I ein tale 5. september 1941 sa Quisling at «[…] de store motsetninger i verden i dag innerst inne kan føres tilbake til en avgjørende verdenskamp mellom det jødiske prinsipp og vårt nordisk-germanske».40 Òg på gras-rotplan i partiet var det antisemittisk verketrong, noko som ikkje alltid var populært hos partileiing og tyske myndigheiter, som ikkje ville ha «ville aksjonar». Medlemmar av Hirda, NS’ uniformerte «stormtrop-par», grisa til butikkar eigd av jødar med antisemittiske slagord og trugsmål både i 1940 og 1941, og dette tvang leiinga til å reagera.41 I organisasjonen sitt organ Hirdmannen sa hirdsjef Orvar Sæther at jødane sin siger ville bety eit helvete for germanarane, og at kvar ekte germanar difor var antisemitt.42 Utover i 1942 blir tonen skarpare. I Fritt Folk 2. oktober vart det sagt at jødane no sjølv fekk «dansa døds-dansen», og at inga makt i verda no kunne redda dei frå den lagnaden dei sjølv hadde planlagt for germanarane.43

Det er med andre ord ikkje tvil om at det i NS-pressa, hos fleire NS-leiarar og hos grupper på grunnplanet i partiet eksisterte ein radikal antisemittisme, der løysinga på «problemet» berre kunne vera å fysisk fjerna jødane frå Noreg. I det heile følgjer NS-propagandaen mønsteret frå Tyskland. «Det jødiske trugsmålet» blir skissert i dramatiske ven-dingar og det blir truga med radikale, men uspesifiserte tiltak. Når det

40 Østbye 194441 Mendelssohn 1986, s. 6342 Op.cit., s. 4443 Op.cit., s. 79

Page 18: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 1718

gjeld skildringar av gjennomføringa av desse tiltaka, er det langt mindre å finna. T.d. blir deportasjonane av tyske jødar «austover» kommentert slik av Aftenposten: «I den senere tid er jøder i stigende antall blitt trans-portert fra Berlin til Polen. Det gjelder her en krigsøkonomisk forholds-regel, uttales det fra autoritativt hold.»44 Dette var i tråd med offisielle tyske ordrar om korleis ein skulle omtala deportasjonane. Tiltak som ikkje var direkte mordariske, men derimot «berre» diskriminerande, som at «jødeparagrafen» vart ført inn att i grunnlova, vart derimot slått stort opp. Dette var igjen i pakt med tyske retningslinjer, som gjekk ut frå at slike «moderate» antisemittiske tiltak ville finna gjenklang i befolkninga.

Kva visste folk i NS-leiinga om det komande folkemordet?

NS-leiinga var sjølvsagt dei i NS med flest kjelder til informasjon om kva lagnad Europas jødar gjekk i møte. Dei hadde tett kontakt med høgtstå-ande tyske politikarar og tenestemenn både i Noreg og Tyskland, som godt visste kva som var på ferde. Fleire av dei hadde òg vore på besøk i dei områda i aust der jødeutryddinga starta, i form av masseskytingar bak fronten.

44 Aftenposten 1941

Page 19: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 19

Quisling i audiens hos Hitler, truleg januar 1945. Fotograf: Heinrich Hoffmann. Eigar og alle rettar: Norges Hjemmefrontmuseum.

Jonas Lie hadde ein spesiell posisjon blant NS-statsrådane. Han var, saman med Sverre Riisnæs og Axel Stang, den statsråden som stod nærast SS og Reichsicherheitshauptamt (RSHA) – sjølve sekretariatet og drivkrafta bak folkemordet. Han vart tidleg innvigd i kva som var i gjære. Hausten 1941 hospiterte han hos Einsatzgruppe D, som hadde som oppdrag å ta livet av jødar og kommunistar bak dei framrykkande tyske styrkane i Ukraina. Som del av Sonderkommando 11b var han i Odessa 23. oktober, då SK11b tok del i massedrap på jødar i byen. Over heile byen kunne ein sjå lik.45 Seinare slutta han seg til Sonderkomman-do 10b, og var med på «partisanjakt»,46 som i Sovjetunionen innebar massiv bruk av kollektiv straff, som brenning av landsbyar. I mange tilfelle innebar det òg massedrap på jødar og andre sovjetiske sivile. Ein tysk general oppsummerte etter krigen kva «partisanjakt» kom til å bety i Sovjetunionen: «[…] partisanjakta me dreiv med vart utnytta til omsynslaust å utsletta jødar og andre uønskte element.»47 Lie kjente med andre ord personleg godt til masseskytingane på austfronten, og må med dette ha visst at det ikkje var ein blid lagnad som venta jødane i aust.

45 Rougthvedt 2010, s. 23246 Op.cit., s.23547 Röttiger 1945

Page 20: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 1720

Quisling og Riisnæs på austfronten, 1942. Eigar og alle rettar: Norges Hjemmefrontmuseum.

I mai 1942 gjennomførte så Quisling og justisminister Sverre Riisnæs ein tur gjennom okkuperte Ukraina og Polen. Her fekk dei sjå tyska-rane si handsaming av jødiske og andre sovjetiske slavearbeidarar som arbeidde med den store gjennomfartsåra Durchgangsstraße IV. På dette tidspunktet var dei fleste jødane i distrikta rundt vegen allereie vorte drepne, og attlevande jødar som vart tvangsrekrutterte til dette arbei-det, hadde heller ikkje store sjansar til å overleva. Dei fleste tvangsar-beidarane gjekk raskt til grunne som ein konsekvens av hardt arbeid, mangel på klede og mat, og psykisk og fysisk tortur. Arbeidarar som vart vurderte til å ha brukt opp arbeidsevna si, vart avretta, som del av planen om Vernichtung durch Arbeit, utrydding gjennom slavearbeid.48 Kva nordmennene sjølv såg langs vegen, veit me ikkje, men basert på dei generelle forholda som råda, er det god grunn til å tvila på Riisnæs då han vel heime kalla handsaminga «human»,49 eller på Quisling når han sa at jødane «ikke [blir] behandlet brutalt».50 På den andre sida er det mogeleg at deira tyske vertar ikkje viste dei det verste, at dei enno ikkje var sett på som klare til å bli innvigde i kunnskapen om folkemordet.

Mange NS-folk fekk gjennom sine kontaktar og vener i Tyskland nyss om folkemordet, enten gjennom direkte deltaking eller gjennom

48 Angrick 200849 Rougthvedt 2010, s. 24250 Dahl 1992, s. 381

Page 21: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 21

at deira tyske vener delte sine løyndommar med dei. Nordmenn som jobba direkte for tyske myndigheiter eller firma, kunne òg få innsikt i kva som skjedde, all den tid så mykje av tysk næringsaktivitet hadde koplingar til det store raseprosjektet i aust. Som del av dette prosjektet forsøkte NS og SS å rekruttera norsk ungdom til eit liv som germanske «vernebønder» i dei erobra og etnisk reinska austområda, den såkalla «Germansk Landtjeneste». Germansk ungdom skulle her utdannast til ein ny herreklasse. Jødar og den slaviske eliten skulle fjernast, og resten av sivilbefolkninga gjort til liveigne under germanske herrar. Området Wartheland, namnet tyskarane hadde gjeve det vestlege Polen, der dei norske ungdommane heldt til, var eit kjerneområde for denne massive etniske reinsinga. Nasjonal Samlings Ungdomsfylking (NSUF) sitt organ Nasjonalungdommen kommenterte i 1942 innsatsen slik: «[…] her lærer de å forstå forskjellen mellom sin egen høye rase og lavere-stående halvasiatiske folkeslag.»51 Under ein landbrukskonferanse i Litzmannstadt (Łódź) vart Einar Rustad, leiaren for NSUF, vist rundt i den jødiske gettoen, som var prega av fryktelege tilhøve. Rustad hevda seinare at det han hadde sett, hadde opprørt han, utan at det påverka innsatsen for å rekruttera nordmenn til eit liv som vernebønder i aust.52

Ein annan som vart involvert i raseprosjektet i aust, var Felix Hartmann. Han hadde slost på tysk side allereie i første verdskrig, og melde seg til Waffen-SS i mars 1941.53 Etter først å ha vore stabs-offiser i den norske frontkjempareininga «Den norske Legion» ved Leningrad vart han på slutten av 1942 beordra til Minsk, der han jobba for RSHAs etterretningsteneste Sicherheitsdienst (SD). Her fekk han god innsikt i det han kallar «kamp mot bandar» og «avdeling IV [Gestapo] sine metodar». Kva dette kunne innebera, blir illustrert av at Generalkommissaren for Kviterussland i juli 1943 roste Hartmann sin overordna sjef, Eduard Strauch, for å ha likvidert 55 000 jødar på ti veker. Hartmanns direkte overordna var SS-Hauptsturmführer Rudolf Schle gel, som etter krigen vart tiltalt for drapet på minst 5280 mennes-ke.54 Dette skremte tydelegvis ikkje Hartmann, som tvert imot forfatta eit memorandum der han føreslo ein norsk koloni i Kviterussland. Dette vart motteke positivt både frå tysk side og hos Finn Størens NS-kontor, som jobba med koloniseringsplanar.55

51 Kvistad 201152 Emberland og Kott 201253 Op.cit.54 Op.cit.55 Op.cit.

Page 22: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 1722

I juli 1942 skreiv SS-Obersturmbannführer Oskar Podlich til Hans S. Jacobsen, som var ei urokråke i det nasjonalsosialistiske miljøet og etter kvart fylkesmann i Østfold. Podlich kjente Jacobsen frå tida då han var stasjonert i Noreg, og skreiv eit brev etter at han hadde vorte utnemnd til sjef for Sicherheitsdienst i Katowice. Dette var politidistriktet der konsentrasjons- og utryddingsleiren Auschwitz låg, og eit område som skulle tvangsgermaniserast, med massedrap og etnisk reinsing av jødar og polakkar som konsekvens. I brevet skriv Podlich i ein svært person-leg tone at «[…] her gjer me kort prosess med polakkane og jødane, som du vel godt kan tenka deg. Silkehanskane er jo allereie i utgangspunktet tekne av».56

Frontkjemparane

I Tyskland førte det faktum at millionar av tyske soldatar tenestegjorde på austfronten til at rykte og forteljingar om massedrap på jødar spreid-de seg i folket.57 I Noreg kunne frontkjemparane, norske frivillige i tysk teneste, ha liknande informasjon og erfaringar. Mange av desse hadde tette koplingar til NS, enten fordi dei sjølv var medlemmar eller kom frå NS-familiar. Frontkjemparane var òg i tett kontakt med offisielle NS-organ. Det var med andre ord mange måtar deira eventuelle erfaringar frå austfronten kunne siva inn i NS-kretsar på.

Det er dokumentert at norske frontkjemparar var vitne til krigs-brotsverk, og sannsynleggjort utanfor rimeleg tvil at dei òg deltok. Spesielt gjeld dette dei som var del av SS-Division Wiking under inn-marsjen i Ukraina sommaren og hausten 1941, då divisjonen etterlét eit spor av massakrar gjennom Ukraina, samstundes som Einsatzgruppen dreiv massedrap på jødar bak fronten. Fleire fortalte at dei hadde teke del i «gjengjeldingsåtak» mot jødar i Lviv.58 Ved Zolochiv tok styrkar frå divisjonen livet av hundretals jødar og andre sivile.59 Terje Emberland og Matthew Kott konkluderer med at masseavrettingar av jødiske sivile, så vel som sovjetiske krigsfangar, var eit konstant trekk ved dei første vekene av Wikings innsats på sovjetisk territorium.60 Sigurd Sørlie skriv i si komande doktoravhandling at det er vanskeleg å førestilla seg at

56 Podlich til Hans S. Jacobsen 1942, forf. oversetting57 Longerich 2007, s. 24958 Emberland og Kott 201259 Op.cit.60 Op.cit.

Page 23: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 23

nokon av nordmennene i Wiking kunne unngå å høyra rykte om jø-demassakrar.61 Fleire soldatar frå Wiking fortel då òg om dette.62 Men òg frontkjemparar i andre einingar fekk nyss om kva som hende. Ein frontkjempar i Den norske Legion fortalte at tyske politifolk han hadde snakka med, fortalte korleis «[…] de hadde gjort det av med jøder i Polen, for eksempel hvordan de hadde dratt ektepar ut av sengene deres om natten. De frydet seg når de skrøt av dette».63 Sönke Neitzel og Harald Welzer konkluderer ut frå studiar av avlytta samtalar mellom tyske krigsfangar at «nesten alle» visste at jødane vart tekne livet av, og at mange til og med hadde detaljert kunnskap om korleis det føregjekk, inkludert detaljar som har vore ukjente for forskinga.64 Det er ingen grunn til å tru at norske soldatar var isolerte frå dette.

Glimt av denne brutale krigføringa fann òg vegen til NS-pressa. Wiking-soldaten Olaf Wahlmann skreiv t.d. følgjande:

Ved siden av jernbanelinjen i et lite hus, møter det oss et redselsfullt syn. Foran huset ligger 3 ukrainske kvinner skamfert på råeste og grusomste måte med øine utstukne etc. Inne i et værelse lå 6 kvinner likeledes skamfert, og under et teppe fant vi en sprell levende jøde. Da han så at han var opdaget breket han til oss: Jeg det ikke gjort. Jeg så det. Jeg bo her i nærheten. Kort prosess. Foran huset på 3 m. hold blir han skutt. Hodet deler sig og hans råtne hjernemasse velter ut.65

Ein annan soldat i Wiking, «Ingard», har liknande tankar: «Det er ikke en eneste av oss norske som kommer hjem som jødevenner. Aldri kommer man til å høre et eneste godt ord om jødene fra oss. Dertil har vi sett for meget.»66 Ein annan skriv at «[…] har jeg ikke været jødehater før, så har jeg lært å bli det her».67 Men ikkje alle kunne akseptera det dei hadde sett på austfronten. Ein tysk soldat skreiv ned i dagboka si ei utsegn frå ein norsk Waffen-SS-frivillig han møtte på eit norsk tog i april 1942: «Jeg har alltid holdt tyskerne for å være et svært intelligent folk. Nå har jeg måttet erkjenne at det er et folk av barbarer, og at SS er udyr, ikke mennesker.»68

61 Sørlie 201362 Op.cit.63 Thoresen 2009, s. 48–4964 Neitzel og Welzer 2011, s. 14865 Hirdmannen 1941a66 Hirdmannen 1941b67 Emberland og Rougthvedt 2004 & 2005, s. 37168 Sitert i Drolshagen 2012, s. 131

Page 24: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 1724

Det er grunn til å tru at heimkomne frontkjemparar, ofte brutaliserte av opplevingane sine, utgjorde ei radikalisert antisemittisk kraft i NS. 1. august 1942 skriv Hirdmannen at

[…] frontsoldater som er kommet hjem til Norge, er høylig forbauset over at jødene her øyensynlig får drive sin virksomhet som tidligere. De er forundret over å finne at jødene fremdeles har de samme rettigheter som nordmennene, og at de tilsynelatende har full frihet til å boltre seg som før.69

Ein frontkjempar sa i eit brev til venene sine hausten 1941 at «[…] dere må vel snart se å kvitte dere med jødene der oppe».70 Ein annan skreiv at «[…] nasjonalsosialismen kjem til å gå sin sigersgang over verda, og jødane går mot undergang og utrydding».71

Holocaust i alliert, nøytral og illegal presse

For å setta kunnskapen om Holocaust i perspektiv er det nyttig å sjå på kva dei allierte, nøytrale og motstandsrørsla visste om utryddinga. Dette kunne vera ei potensiell informasjonskjelde òg for NS-folk, mellom anna fordi dei framleis hadde lov til å ha radio og fordi politifolk og andre kom i kontakt med illegale publikasjonar, men først og fremst seier det noko om kva rykte som gjekk. Dersom motstandarane si presse visste kva som hende, kor sannsynleg er det då at dei som sat innanfor ikkje ante noko?

Både alliert og svensk presse hadde i utgangspunktet ein del sperrer mot å trykka informasjon om kva som skjedde i aust. Dei hadde dårlege erfaringar frå sist krig, då allierte myndigheiter hadde fabrikkert histo-rier om grufulle tyske handlingar. Det var òg press frå myndigheitene, spesielt i Sverige, om å ikkje trykka informasjon som kunne påverka politikken. Hos dei allierte kunne informasjon om jødeutryddinga føra til press for å endra krigsplanane,72 og i Sverige førte angst for tyske reaksjonar til at myndigheitene beslagla fleire avisutgåver etter tyske protestar.73 Den største barrieren mot å skildra kor radikal den tyske

69 Mendelssohn 1986, s. 7970 Sørlie 201371 Op.cit.72 Lipstadt 198673 Svanberg og Tydén 2005

Page 25: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 25

politikken var, var likevel at det var vanskeleg å førestilla seg at noko så ekstremt kunne planleggast og gjennomførast.

Likevel vart mengda informasjon og talet på vitneprov etter kvart så stort at barrieren vart broten. I pressa i allierte land kom gjennombrotet i juni 1942, etter at den polske eksilregjeringa publiserte ein rapport om tyske massedrap i Polen. Rapporten hevda at 700 000 jødar hadde vorte myrda. 2. juni publiserte BBC hovudtrekka i rapporten. 29. juni heldt Den jødiske verdskongressen ein pressekonferanse der dødstalet vart vurdert til over éin million, og bruken av gass vart skildra. Fleire britiske aviser, som The London Times, The Daily Telegraph, Daily Mail, Manchester Guardian og Morning Post, slo informasjonen stort opp.74 Utover sommaren og hausten 1942 kom det stadig fleire slike oppslag. Reuters snakka om at det «[…] nær Lodzimieres i Polen var ei kilome-terlang massegrav med tusenvis av massakrerte jødar».75 17. desember publiserte dei allierte ei felles fråsegn som fordømte Hitlers «bestialske og kaldblodige utryddingspolitikk». To dagar seinare publiserte den al-lierte Inter-Allied Information Committee ein rapport som skildra Polen som «[…] eit enormt senter for drap på jødar ved skyting, elektrokusjo-nar og bruk av gass».76

I den svenske pressa, som vart lest med irritasjon av leiande NS-folk,77 dukka artiklar om jødane sin lagnad tidleg opp. Social-Demokraten skreiv 28. november 1939 at forholda for jødane i Polen «var utanfor mennes-keleg fatteevne» og at titusenvis var døde.78 2. april 1942 skreiv Svenska Dagbladet at 1200 deporterte nederlandske jødar hadde døydd i saltgru-vene i Mauthausen.79 Artiklar som uttrykte at dette dreidde seg om ein utryddingskampanje, dukka opp mot slutten av 1942. Gjennombrotet var ein artikkel av Hugo Valentin i Göteborgs Handels- og Sjöfartstidning 13. oktober. Under tittelen «Utryddingskrigen mot jødane» skreiv han at utrydding var den tyske jødepolitikkens mål. Artikkelen vart kom-mentert og vidareformidla i andre aviser.80 Eskilstuna Kurieren skreiv 21. oktober 1942 med referanse til Valentins artikkel at alle no måtte gjera eit val i møte med kunnskapen om det fryktelege som skjedde, og at det stod mellom kultur og barbari.81 Etter deportasjonen av norske

74 Lipstadt 1986, s. 162–16475 Op.cit., s. 17476 Op.cit., s. 18777 Sjå t.d. Quisling 1944a78 Svanberg og Tydén 2005, s. 19779 Op.cit., s. 22980 Op.cit., s. 244–24681 Op.cit., s. 246

Page 26: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 1726

jødar med SS Donau vart utryddinga eit svært viktig tema i store delar av svensk presse. Det kom referansar til «dødsskip», «den endelege løy-singas mekaniske presisjon» og «utryddinga av eit heilt folk».82

Den illegale pressa begynte nokså tidleg å spreia nyhende om det som skjedde. London-Nytt skreiv 27. juni 1942: «Den polske regjering har sendt ut en erklæring om de tyske massemord av jøder under okku-pasjonen av Polen. Over 700 000 er blitt myrdet av nazistene i Polen.»83 Liknande opplysingar vart trykte i Håndslag, som òg i oktober 1942 snakka om «[…] den systematiske utryddelsespolitikken som Det tredje rike gjennom lang tid har drevet mot Europas jødiske befolkning», med døme på dette frå fleire europeiske land.84 Fleire aviser omtalte arresta-sjonen av norske jødiske menn i oktober 1942. Likevel gjekk ein skri-bent i Håndslag ut frå at dei ville bli sendt til tvangsarbeid i Nord-Noreg eller Polen, ikkje til sin død. Den same gjettinga finn ein i Friheten.85 Seinare, etter arrestasjonen av kvinner og barn og deportasjonen med Donau 26. november, vurderer Håndslag at dei vart sendt «i beste fall til en forferdelig skjebne i de polske ghettoer». Målet kunne vera «å utrydde nordmennene av jødisk opprinnelse».86 London-Nytt skreiv 6. januar 1943 at ferda gjekk til ei ukjent hamn, «men til en sikker skjebne – trelldom, vanære, utsultning og undergang».87

På tidspunktet for arrestasjonen av dei norske jødane hadde det med andre ord dukka opp mykje informasjon om massedrapa i aust. Det er svært sannsynleg at leiande NS-folk, som måtte stille seg til utanlandsk presse, hadde fått med seg desse påstandane, og på ein eller annan måte måtte relatera seg til dei. Den naturlege reaksjonen frå NS-hald ville sjølvsagt vera å avfeia det som propaganda. På den andre sida burde slike rykte provosera fram seriøse forsøk frå NS-hald på å avklara dei, dersom dei verkeleg hadde mykje mot at jødane vart drepne. Som me skal sjå, finst det få spor av noko slikt.

82 Laqueur 1980, s. 5383 Brakstad 2006, s. 3684 Op.cit., s. 4285 Op.cit., s. 37–3886 Op.cit., s. 3987 Op.cit., s. 41

Page 27: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 27

Antisemittisk politikk i Noreg

Under Wannsee-konferansen vart det frå tysk side sagt at Noreg ikkje hadde eit akutt «jødeproblem», sidan talet på jødar var så lite. Saman med ønskemålet om å vinna nordmennene for Tyskland og nazismen førte dette til at ein såg det som mest taktisk å gå litt stille i dørene når det gjaldt antijødiske tiltak i Noreg. I motsetnad til dei fleste andre okkuperte land vart difor ikkje jødar i Noreg systematisk skilde ut frå resten av befolkninga gjennom overføring til gettoar eller innføring av «jødestjerna». Regierungsrat Schiedermair i Rikskommissariatet sa 9. januar 1942 at det ikkje ville koma nokon offisielle tiltak mot jødane frå Rikskommissariatet si side, men at det var ønskeleg at Quisling-regjeringa fjerna jødar frå statlege tenester og førte inn att «jødepara-grafen» i grunnlova, som nekta jødar tilgang til riket.88 Ifølgje Wilhelm Wagner, ansvarleg for «jødespørsmål» ved Sicherheitspolizei i Oslo, kom det sommaren 1942 melding frå Reichssicherheitshauptamt i Berlin, «se-kretariatet» for jødeutryddinga, om at «jødeproblemet» i Noreg skulle løysast i samsvar med den norske regjeringas ønske.89

Det vart likevel gjennomført ei rekke tiltak mot jødar i Noreg, som kulminerte i sjølve deportasjonen. Nokre av desse var tyske initiativ, andre kom frå NS-hald. Felles for dei sistnemnde var likevel at dei var meir halvhjarta og hadde mindre konsekvensar enn dei som kom etter tysk initiativ,90 noko som spegla situasjonen i okkupasjonsregimet ge-nerelt. NS-regimet vart likevel det synlege andletet til tyske antisemit-tiske tiltak, og stakk ikkje kjeppar i hjula for gjennomføringa av dei. Det viktigaste tiltaket frå NS-hald var at «jødeparagrafen» vart ført inn att i grunnlova. Jødar vart dermed på nytt nekta tilgang til riket. Etter eit tysk initiativ vart jødane sine identitetskort stempla med «J». Parallelt med denne stemplinga kom eit NS-initiativ der jødane vart bedne om å fylla ut eit «Spørreskjema for jøder i Norge». Desse to tiltaka danna så eit grunnlag for eit kartotek over jødar i Noreg, som vart brukt under dei seinare arrestasjonane.

Me har ingen direkte referat frå møte der tyske representantar har diskutert «den endelege løysinga på jødeproblemet» – deportasjonen – med representantar for NS-regimet. Men eit brev frå NS’ kanskje mest ivrige antisemitt, Halldis Neegård Østbye, til Quisling 7. oktober 1942 viser kor inngåande kjennskap ho, og med det òg Quisling, hadde til

88 Bruland 1995, s. 4989 Op.cit., s. 6590 Op.cit., s. 47

Page 28: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 1728

kva som var på gang, og at det føregjekk diskusjonar i leiarsjiktet av NS om jødane sin lagnad. Østbye hadde på dette tidspunktet ingen formelle posisjonar i partiet, noko som gjer kunnskapen hennar endå meir påfal-lande. Ho startar med å referera til ein samtale med Quisling, og tillèt seg å koma med tankar om «løysinga på jødeproblemet». Ho åtvarar mot å gå for fort og brutalt fram, men understrekar at «den endelige ordning må naturligvis bli radikal og usentimental». Ho har god kjennskap til massedrapa på austfronten, eller «den måten jødene blir behandlet på i Russland», og understrekar at det bør vera «en nordisk dyd» ikkje å seigpina ein fiende, men derimot å skyta han «raskt og nådeløst». Ho ottast òg for at

[…] unge SS-menn, – menn av nordisk blod, brukes som bødler, – til å skyte jødiske kvinner, barn og oldinger. Det skulde man overlate til russerne eller asiatiske folkeslag, som mere enn gjerne vil ta hevn over sine plageånder. At kanske også norske gutter brukes til slik bøddeltjeneste finner jeg forfærdelig. De kan ikke bli normale mennesker igjen etter det.

Samstundes argumenterer ho for ei differensiering mellom «gode» og «dårlege» jødar i Noreg. Ho meiner det ville vera for ille om ein jøde ho kjenner skulle bli sendt «i ulykken». Ho var med andre ord innforstått med at det ikkje var ein blid lagnad som venta.

Brevet viser utan tvil at kunnskap om folkemordet i aust var utbreidd i NS-leiinga. For Østbye er fjerning av jødane òg målet i Noreg, og det einaste ho problematiserer er korleis ein kan gjennomføra dette med minst mogeleg oppstyr og tap av andlet i offentlegheita. Østbye oppfat-tar det slik at «det norske folk i sin alminnelighet enda ikke forstår noe av jødeproblemet», og at det derfor er taktisk om «de tiltak som må gjøres, gjennomføres mest mulig i stillhet, og etappevis».91

Arrestasjonane

Arrestasjonane av jødar i Noreg vart gjennomførte i pakt med ønska frå tysk side om å gjennomføra antijødiske tiltak med så lite oppstyr som mogeleg. For å klara dette vart aksjonane fronta av NS og nordmenn, og det vart vedteke nye lover som skulle gje arrestasjonane eit ferniss av legalitet.

91 Østbye 1942

Page 29: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 29

Påskotet for hovudbølga av arrestasjonar var ei propagandamoge-legheit av dei store: 22. oktober 1942 vart ein grensepolitimann skoten av ein grenselos som skulle hjelpa to jødiske flyktningar over grensa. NS presenterte dette som eit jødisk åtak på sjølve staten og nyordninga. Statspolitiet fekk no ordre om å førebu arrestasjon av alle jødiske menn, basert på den registreringa ein allereie hadde gjort. Ei hastelov vart ved-teken 24. oktober: Lov om tillegg til midlertidig forordning av 6. oktober 1941 om anvendelse av sikringsforføyninger overfor personer som mistenk-es for visse overtredelser. 26. oktober vart så endå ei lov vedteken, Lov om inndraging av formue som tilhører jøder, som «legitimerte» konfiskering av jødane sin eigedom. Same dagen arresterte norske politimenn og medlemmar av Germanske SS Norge (GSSN) dei jødiske mennene dei fekk tak i. Familiane fekk meldeplikt på næraste politikammer.

Dei aller fleste arresterte mennene vart plasserte i Berg fangeleir. Dette var den einaste «norske» leiren i landet, oppretta og adminis-trert av NS-regjeringa, og med norske fangevaktarar. Tilhøva var svært primitive – det mangla latriner, senger og kjøkenutstyr.92 Den norske vaktsjefen gjorde det klart for «jødepakket» at fluktforsøk ville resultera i avrettingar, kanskje òg av til medfangar og flyktningen sin familie.93 Fleire vart fysisk og psykisk mishandla. Ei rekke av vaktene og leiarane på Berg vart dømte til strenge straffer etter krigen for fleire tilfelle av mishandling.94 Ein månad seinare, 26. november, vart så kvinner og barn arresterte, igjen av politiet, medlemmar av GSSN og denne gongen òg folk frå Hirda, som hadde vore misnøgde med at dei ikkje hadde vore med på arrestasjonane av dei jødiske mennene. NS hadde med andre ord hand om jødane heilt fram til kaia, der dei vart overtekne av tysk SS. Dei fleste, 532, vart deporterte med SS Donau. Berre eit fåtal overlevde.

Det er to sentrale spørsmål i denne samanhengen. Det eine er kva dei som på eit eller anna nivå var involverte, trudde kom til å bli konsekven-sane av det dei var med på. Dersom nokon stilte spørsmål om kva som skulle henda med jødane, var svaret at jødane skulle sendast til arbeids-innsats i aust.95 Dette kan i utgangspunktet synast absurd, spesielt med tanke på at barn, gamle og sjuke òg vart deporterte. Her må ein tilbake til Longerich sine observasjonar frå Tyskland: Kunnskap og innsikt krev ikkje berre tilgang på informasjon, men òg vilje til å omarbeida dette til eit samanhengande bilete. Dette gjeld spesielt for ukomfortable

92 Mendelssohn 1986, s. 10593 Op.cit., s. 10694 Op.cit., s. 31895 Bruland 1995, s. 96

Page 30: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 1730

kjensgjerningar, slik som tankar om kva som kom til å henda med dei menneska du hadde vore med på å arrestera, definitivt sorterer under. Biletet blir òg komplisert av at tyske instansar systematisk nekta for fol-kemordet. Kona til NS-minister Axel Stang skal t.d. ha vorte svart med «Men nådige frue, det er en vanvittig påstand!» av Sicherheitspolizei-sjef Fehlis då ho uttrykte otte for at dei norske jødane kom til å lida over-last.96 At ho i det heile følte behov for å spørja, viser at rykta sannsyn-legvis gjekk. Politiinspektør Knut Rød, leiar for arrestasjonane i Oslo, hevda under landssviksaka mot han at statspolitisjef Karl Marthinsen hadde sagt at jødane skulle samlast i koloniar i Polen og Øst-Preussen, der det var vorte bygd hus til dei.97 Ein veit ikkje om Marthinsen og Rød faktisk trudde dette, eller om det var ei komfortabel løgn å fortelja seg sjølv. For nazisympatisørar og kollaboratørar utan direkte kjennskap til folkemordet ville det å tru på folkemordet samstundes innebera å trekka sine allierte sine påstandar i tvil og å akseptera motstandarane sin pro-paganda. Dette var eit psykologisk problem som motstandarane av na-zismen ikkje hadde. Hans Fredrik Dahl går ut frå at Quisling var prega av ein slik massivt manglande evne til å putta puslespelbitane saman, og som ein konsekvens tvila på forklaringa frå tyske myndigheiter om at jødane skulle få det utmerkt i sin nye «heim».98 Quisling blir med andre ord vurdert av Dahl til å vera prega av ein enorm tendens til kognitiv dissonans – den menneskelege evna til å halda to motstridande tankar frå kvarandre for å hindra at verdsbiletet bryt saman.

På den andre sida er det ikkje sikkert at ein må ty til umedvitne psykologiske mekanismar for å forstå utsegnene frå dei involverte – dei hadde sjølvsagt klare rasjonelle grunnar til å systematisk rosemåla, omtolka og bortforklara motstridande opplysingar, både under og etter krigen. Brevet frå Neegård Østbye til Quisling viser klart at det var folk i NS-leiinga som var heilt innforståtte med kva som skjedde med jødane i aust. Og i det minste éin minister, Quislings gamle ven Frederik Prytz, hadde heller ingen illusjonar om kva som venta jødane. Under ei reise til Breslau (Wroclaw) våren 1943 møtte han si eldste dotter, som hadde vore vitne til deportasjonar av jødar frå Breslau, forklart som «omplas-sering». Då sa Prytz, ifølgje dottera: «Vet du hva som skjer med jødene i de leirene? De likvideres.»99 Fylkesmannen i Hedmark skreiv i sin må-nadsrapport for juli 1943 at han «til stadighet møter rykter om at de

96 Dahl 1992, s. 38297 Nøkleby 2010, s. 4198 Dahl 1992, s. 38299 Op.cit., s. 384

Page 31: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 31

norske jøder skal være likvidert».100 Dahl meiner at desse rykta må ha nådd Quisling. Skilnaden var, ifølgje Dahl, at Prytz hadde ei mykje meir kritisk innstilling, noko som gjorde han mottakeleg for at rykta kunne vera sanne.

Det andre sentrale spørsmålet er kvifor NS ikkje motsette seg de-portasjonen, men snarare var aktive deltakarar i han. For uavhengig av at dei aller fleste arresterte jødane til slutt vart drepne, var det eit uhyre radikalt steg å akseptera at eigne innbyggjarar blir deporterte av ei framand makt til eit relativt uspesifisert mål i eit kaotisk Aust-Europa og i sterk strid med førkrigstidas rettslege standardar. I det tysk-dominerte Europa er det mange døme på at lokal motstand, òg frå folk som var allierte med tyskarane, gjorde deportasjonar vanske-leg eller hindra dei. Italienarane hindra deportasjonar frå sine okku-pasjonssonar fram til tyskarane overtok kontrollen. Det same gjorde ungararane og bulgararane. Noko slikt finst ikkje spor etter hos topp-leiarane i NS. Skuldast dette veikskap i møte med tyske ønske, eller var dei komfortable med deportasjonen?

Dette er ikkje berre eit reint moralsk spørsmål, det hadde òg fatale konsekvensar. Utan NS sin aktive medverknad ville tyskarane ha måtta gjennomføra arrestasjonane sjølv. Erfaringar frå Frankrike, der talet på arresterte jødar gjekk ned då tysk politi sjølv tok over jødearrestasjonane,101 illustrerer at dette truleg òg i Noreg ville ha redu-sert talet på deporterte jødar. Og med tanke på den låge prioriteringa «løysinga på jødeproblemet» i Noreg hadde hos sentrale tyske instansar, ville eit klart signal frå NS sannsynlegvis òg utsett gjennomføringa av «den endelege løysinga» i Noreg, noko som hadde gjeve mange jødar ein sjanse til å sleppa unna. Tilfellet Danmark, der regjeringa fungerte som skjold, er i dette tilfellet eit godt døme. Her fann deportasjonen stad eit år seinare, 95 % av dei danske jødane klarte med hjelp frå fleire hald å flykta, og med dansk hjelp overlevde òg dei fleste som likevel vart deporterte. Kvifor gjorde ikkje NS noko liknande?

Med tanke på kva Quisling og andre leiande NS-folk hadde sagt om jødane, fortonar denne manglande motstanden seg som å vera i samsvar med eigne haldningar. Quisling hadde som nemnt allereie i 1941 teke til orde for å deportera jødane frå Europa. 12. mars 1942 vart så «jødepara-grafen» ført inn att i grunnlova, noko som innebar at norske jødar ikkje ville kunne koma tilbake til landet om dei reiste ut. Dette var eit klart

100 Op.cit., s. 384101 Jackson 2001

Page 32: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 1732

signal om at NS ikkje ønska jødar i Noreg. Initiativet til dette kom både frå tysk hald og NS-hald.102 Neegård Østbyes brev, der ho går inn for fjerninga av jødane, peikar i same retning. Og som Hans Fredrik Dahl peikar på, er materialet som viser NS’ omtanke for deporterte norske jødar omtrent fullstendig fråverande, i kontrast til fleire intervensjonar til fordel for andre deporterte nordmenn.103 Denne manglande interessa står igjen i kontrast til ikkje berre danske myndigheiter sine førespurna-dar om jødane sin lagnad i «sin nye heim», men òg svenske.104

Tvert imot forsvarte NS-leiinga det som hadde skjedd. Dette var nok delvis eit forsøk på å skapa orden i rekkene. Tyske Sicherheitsdienst peika nemleg i sine Meldungen aus Norwegen 15. desember 1942 på at fleire innanfor NS viste «lita forståing» for tiltaka mot jødane.105 6. desember, altså rett etter deportasjonen av 532 norske jødar med SS Donau, heldt Quisling ein tale der han forsvarte deportasjonen, og ek-splisitt sa: «Den eneste mulige løsning er at jødene forlater Europa og drar til et annet område, – helst en øy. I dette spørsmål er ikke tale om noe kompromiss.»106 Ekspedisjonssjef Feyling i Kyrkjedepartementet sa til avisa Tidens Tegn at «[…] det er en stor lykke for jødene at de nå kan samles på ett sted, slik som de så lenge har ønsket. Det kan kanskje i øyeblikket synes å være et grusomt skritt, men en dag vil jødene takke oss. I slike ting gjelder det å handle med kald hjerne og varmt hjerte!»107 Justisminister Sverre Riisnæs, som i Jonas Lies fråvere var øvste ansvar-lege for operasjonen, var klar i si sak. Allereie i 1933 skreiv han i eit brev til faren at «[…] hvis du hadde sett så meget til jødene som jeg i Wien, så vilde du ha forstått at man gjerne kaster dem ut av landet. Det er noe pakk, noen krypdyr som forgifter nasjonen moralsk og økonomisk».108 I 1938 kommenterte han overgrepa mot jødane i Wien med at det gjorde han vondt og fylte han med skam «[…] å se at jødene og andre slette elementer bredte seg over den gamle, vakre, rene tyske by og frekt skjøv landets egne sønner til side». Men no vart ting betre: «Nu blir vel gatene rengjort.»109 Under aksjonen mot dei norske jødane skreiv han så eit brev til politiminister Jonas Lie, som var ved fronten ved Leningrad. Der skreiv han at «nu gjør vi det av med jødene – og det ettertrykkelig!»

102 Bruland 1995, s. 49103 Dahl 1992, s. 383104 Mendelssohn 1986, s. 248105 Ugelvik Larsen et.al. 2008, s. 941106 Quisling 1944b107 Mendelssohn 1986, s. 104108 Ringdal 1989, s. 103109 Op.cit., s. 103–104

Page 33: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 33

Til ein ung SS-mann skreiv han at «han hadde hatt den glede å kunne lede aksjonen mot Israels utvalgte her hjemme». Og han var glad for å kunna rydda opp «uten noen som helst sentimentalitet».110 I eit svar-brev til nokre personar som hadde protestert mot deportasjonen, skreiv han at «[jeg] er prinsipielt enig i at de jøder som vi har her i landet, må fjernes. Det var en svikt i vår rasestolthet og i ansvarskjenslen for vårt norske blod som førte til at vi lot jøder få innpass hos oss».111 NS-leiinga gjorde då heller ingenting for å hindre ein andre transport av norske jødar februar 1943 – denne gong med Gotenland. Svært lite vart òg gjort for å frigje dei jødiske fangane som vart verande i landet, dei fleste av dei fordi dei var gifte med ikkje-jødar. NS-leiinga si omsorg for norske jødar, som ein på bakgrunn av rykta som gjekk og destinasjonen hadde all grunn til å vera svært uroa for, er med andre ord nær ikkje-eksisterande.

NS og biologiske løysingar på andre «samfunnsproblem»

At folk i NS var opne for å bruka radikale metodar mot grupper sett på som biologiske og endemiske problem for samfunnet, blir òg understreka av forslag til korleis ein skulle handtera andre «uønskte» grupper enn jødane. I 1942 radikaliserte NS den norske steriliseringslova og ga direktørane for sinnsjukeasyl rett til å tvangssterilisera pasientar utan samtykke, noko den opphavlege lova frå 1934 ikkje opna for.112 Lova hadde som mål å «[…] bedre folkets arvestoff, for å hindre folkets død og nasjonens arvemessige degenerasjon, for å hindre at folket og nasjonen skulle dø ut».113 500 vart steriliserte som ein konsekvens.114 Medisinaldirektør Thorleif Østrem meinte at den viktigaste oppgåva NS hadde når det gjaldt sinnssjukehusa, var å sterilisera så mange som mogeleg. Sjefen for Sinnsykekontoret, Egil Rian, meinte at ein burde gå inn for at «flere tusen defekte personer snarest blir sterilisert».115 Hans S. Jacobsen, fylkesmann i Austfold, meinte i 1942 at «[…] ved siden av en utvidet adgang til og benyttelse av sterilisering bør man nå i langt større utstrekning befri håpløse sinnssykepasienter fra

110 Op.cit., s. 107111 Mendelssohn 1986, s. 220112 Haave 2008, s. 234113 Haave 2000, s. 134114 Haave 2008, s. 234115 Op.cit.. s. 232

Page 34: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 1734

lidelsen ved livet. Men dertil er muligens ennå vår tid for veik».116 I 1944 kom det forslag om nettopp dette frå Christopher Lange, fylkesmann i Vestfold. I eit brev til Østrem og alle landets fylkesmenn og fylkeslegar tok han til orde for at det var på tide å «befri de uhelbredelig sinnssyke fra en håpløs og meningsløs tilværelse».117 Han fekk støtte frå fylkesmen-nene både i Telemark og Aust-Agder. Fylkeslegen i Aust-Agder gjekk inn for at ikkje berre «kroniske, uhelbredelige, dypt sløvede sinnssyke», men òg «idioter» burde drepast.118 Hans største innvending var reaksjonen frå «jøssingar» og mogelegheita for propaganda frå London. Forslaget kom så langt at det vart utreidd av Helseavdelingen. Det stranda sannsynlegvis på motstand frå Leif Melsom, som då hadde vorte sjef for Sinnshygiene-kontoret. Han argumenterte både etisk og taktisk.119 Men tilhengarane ga ikkje opp, og håpa at saka kunne bli fremma på eit seinare tidspunkt.

Taterane var ei anna gruppe som mange i NS såg på som uønskt. I eit ministermøte 8. juli 1943 orienterte politiminister Jonas Lie om at Quisling hadde gjeve klarsignal for «en aksjon mot taterplagen» og la fram forslag til korleis «problemet» skulle løysast: Alle «omstreifere av taterblod som kan defineres som vaneforbrytere», skulle bli fråtekne hest og/eller båt og internerast i arbeidsleirar. Her skulle dei bli «rasemessig» undersøkte, og familiar med «forbrytersk arvestoff» skulle steriliserast. Målet var «en endelig løsning på taterplagen, slik at man blir kvitt dette spørsmål og får det løst – omtrent slik jødespørsmålet er blitt det».120 Det vart utarbeidd eit lovforslag, men Quisling avgjorde i oktober 1944 at eit utval skulle arbeida vidare med saka, med føremål å få fjerna «taterne og andre omstreifere fra veiene og å anbringe dem på ett eller flere bestemte steder isolert fra den øvrige befolkning og å hindre formeringen».121 Utvalet gjekk inn for registrering, undersøking av alle taterar og andre omstreifarar med tanke på sterilisering, samt etableringa av ein arbeids-leir, men lova vart aldri sett i verk fordi krigen tok slutt.122

116 Op.cit., s. 237117 Op.cit., s. 239118 Op.cit., s. 241119 Op.cit., 243120 Haave 2000, s. 316121 Op.cit., s. 316ff122 Op.cit., s. 319ff

Page 35: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 35

Konklusjon

Når ein held saman alle kjeldene leiande folk i NS hadde til kunnskap om kva som skjedde med jødane i aust, kjem ein til konklusjonen at berre grovt sviktande kontakt med røynda kan ha skjerma dei frå å innsjå den grufulle sanninga. Det er då òg nettopp dette Quisling-bio-graf Hans Fredrik Dahl brukar som teori når han postulerer at Quisling ikkje innsåg at dei norske jødane gjekk døden i møte etter deporta-sjonen frå Noreg. Frå frontkjemparar, tyske kontaktar, motstandarane sin propaganda og med sjølvsyn kunne NS-folk høyra at det gjekk føre seg drap og mishandlingar av jødar i austområda. Ut frå dette er det påfallande kor lite NS-leiinga gjorde for å hjelpa eller få informasjon om norske jødar sin lagnad, i kontrast til mange samanliknbare regime. Tvert imot forsvarte og hylla leiinga deportasjonen. Planane NS hadde for andre uønskte grupper, planar som i stor grad vart stoppa av det tyske nederlaget, illustrerer at det var villigskap i NS-krinsar til å ta ra-dikale, biologiske tiltak i bruk for å kvitta seg med uønskte folkegrupper. Men det er berre få tilfelle, som finansminister Prytz, der ein med reine ord får vita kva dei visste og om dei hadde teke informasjonen innover seg. I dei fleste andre tilfelle er det vanskeleg å avgjera akkurat kva ein person visste, og i endå mindre grad kva forhold dei hadde til denne informasjonen. Uansett kviler det eit tungt ansvar på leiinga i NS for å ha støtta deportasjonen ideologisk og å ha bidrege til å senda menneske til ein ukjent og usikker lagnad i Aust-Europa, basert på ein tanke om at dei var rasemessige framandelement i Noreg.

Page 36: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

HL-senteret Temahefte 1736

LitteraturAftenposten, 27.10.1941Aftenposten, «Partimønstringen i Trondheim», 07.12.1943Angrick, Andrej: «Annihilation and Labor: Jews and Thoroughfare IV in Central

Ukraine» i Ray Brandon & Wendy Lower (red.): The Shoah in Ukraine, Indiana University Press, Bloomington og Indianapolis, 2008

Brakstad, Ingjerd Veiden: Jødeforfølgelsene i Norge. Omtale i årene 1942–1948, Masteroppgåve i historie, UiO, 2006

Brevig, Hans Olaf og Ivo de Figueiredo: Den norske fascismen, Pax, Oslo, 2002Bruknapp, Dag O.: «Ideene splitter partiet» i Rolf Danielsen & Stein Ugelvik

Larsen (red.): Fra idé til dom, Universitetsforlaget, 1976Bruland, Bjarte: Forsøket på å tilintetgjøre de norske jødene, hovudoppgåve i

historie, UiB, 1995Cesarani, David: Eichmann – byråkrat og massemorder, Spartacus, Oslo, 2007Dahl, Hans Fredrik: Vidkun Quisling – en fører blir til, Aschehoug, Oslo, 1991Dahl, Hans Fredrik: Vidkun Quisling – en fører for fall, Aschehoug, 1992Drolshagen, Ebba D.: Den vennlige fienden. Wehrmachtsoldater i det okkuperte

Norge, Spartacus, Oslo, 2012Emberland, Terje & Bernt Rougthvedt: Det ariske idol, Aschehoug, Oslo, 2004 &

2005Emberland, Terje og Matthew Kott: Himmlers Norge, Aschehoug, 2012Emberland, Terje: Religion og rase, Humanist, Oslo, 2003Haave, Per: Ambisjon og handling, Unipub, 2008Haave, Per: Sterilisering av tatere 1934–1977, Norges Forskningsråd, Oslo, 2000Herf, Jeffrey: The Jewish Enemy, The Belknap Press of Harvard University Press,

Cambridge, 2006Hilberg, Raoul: The Destruction of the European Jews, Holmes and Meier, New

York, 1985Himmler, Heinrich: «Rede des Reichsführer-SS bei der SS-Gruppenführertagung

in Posen», 4. oktober 1943, tilgjengeleg på http://www.webcitation.org/6ApzaNZzi, besøkt 17.9.2012

Hirdmannen, 16.8.1941aHirdmannen, 4.12.1941bHøidal, Oddvar: Quisling, en studie i landssvik, Universitetsforlaget, Oslo, 1988Jackson, Julian: France – The Dark Years, Oxford University Press, New York, 2001Kvistad, John Mikal: Det unge Norges fylking klar til slag, Doktoravhandling, UiO,

2011Laqueur, Walter: The Terrible Secret, Little, Brown and Company, Boston &

Toronto, 1980Lipstadt, Deborah E.: Beyond Belief, The Free Press, New York & Ontario, 1986

Page 37: Kva visste Nasjonal Samling · tannlege dømt til døden i september 1943 for i ein privat samtale å ha sagt at éin million jødar hadde vorte myrda, og i 1944 vart ei husmor dømt

Kva visste Nasjonal Samling om Holocaust? 37

Longerich, Peter: Dette visste vi ikke noe om!, Forlaget Historie & Kultur, Oslo, 2007

Mendelssohn, Oskar: Jødenes historie i Norge gjennom 300 år, Bind 2, Universitetsforlaget, 1986

Neitzel, Sönke og Harald Welzer: Soldaten, S. Fischer, Frankfurt am Main 2011Nøkleby, Berit: Politigeneral og hirdsjef Karl A. Marthinsen, Aschehoug, 2010, s. 41Brev fra SS-Obersturmbannführer Oskar Podlich til Hans S. Jacobsen, Katowice,

14.7.1942, L. sak Jacobsen, Riksarkivet«Protokoll der Wannsee-Konferenz vom 20. Januar 1942», tilgjengeleg på http://

www.webcitation.org/6BWdT4ikB, besøkt 11.10.2012Quisling, Vidkun: «Den avgjørende verdenskamp – tale i Colosseum kino 5.

September 1941» i Østbye, Halldis. Neegård (red.): Mot nytt land – artikler og taler av Vidkun Quisling 1941–1943, Oslo, 1944a

Quisling, Vidkun : «Jødene må ut av Europa» i Østbye, Halldis. Neegård (red.): Mot nytt land – artikler og taler av Vidkun Quisling 1941–1943, Oslo, 1944b

Quisling, Vidkun: «Kampen mellem arier og jødemakt. Vidkun Quislings tale i Frankfurt 28. mars 1941 om jødeproblemet», Nasjonal Samlings Rikstrykkeri, Oslo, 1941

Ringdal, Nils Johan: Gal mann til rett tid, Aschehoug, Oslo, 1989Roth, Markus: «Jeder konnte es wissen», Die Zeit, 27.6.2011, http://www.

webcitation.org/6ApwC54Y9, besøkt 17.9.2012Rougthvedt, Bernt: Med penn og pistol. En biografi om politiminister Jonas Lie,

Cappelen Damm, 2010Arkivet etter Hans Röttiger, frå 28. november 1945, i Bundesarchiv-Militärarchiv

Freiburg (BA-MA), N 422/11, Bl. 3Svanberg, Ingvar og Mattias Tydén: Sverige och förintelsen, Dialogos, Stockholm,

2005Sørlie, Sigurd: Doktoravhandling (kommande), 2013Thoresen, Knut Flovik: En verden i flammer, Forlaget Historie & Kultur, Oslo,

2009, s. 48–49Ugelvik Larsen, Stein, Beatrice Sandberg og Volker Dahm (red.): Meldungen aus

Norwegen 1940–1945, Teilband II, R. Oldenbourg Verlag, München, 2008, s. 941

Ullrich, Volker: «Speers Erfindung», Die Zeit, 3.7.2007United States Holocaust Memorial Museum: «Theresienstadt: Red Cross Visit» i

Holocaust Encyclopedia, tilgjengeleg på http://www.webcitation.org/6ApyePzll, besøkt 17.9.2012

Østbye, Halldis N. Brev frå Halldis Neegaard Østbye til Vidkun Quisling, 7.oktober 1942 http://www.webcitation.org/6BWd21geA, besøkt 11.10.2012

Østbye, Halldis N. (red.): Mot nytt land – artikler og taler av Vidkun Quisling 1941–1943, Oslo, 1944