kva er vitsen? - barneombudet · val og er engasjerte i saker som er viktige for dei - dei er modne...

12
Kva er vitsen? - eit hefte om stemmerett for 16-åringar

Upload: others

Post on 30-Jun-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Kva er vitsen? - Barneombudet · val og er engasjerte i saker som er viktige for dei - Dei er modne nok. Det er politikarane sin bodskap som må endrast og ikkje dei unges engasjement

Kva er vitsen?- eit hefte om stemmerett for 16-åringar

Page 2: Kva er vitsen? - Barneombudet · val og er engasjerte i saker som er viktige for dei - Dei er modne nok. Det er politikarane sin bodskap som må endrast og ikkje dei unges engasjement

av Reidar Hjermann, barneombod Det er lov å freiste

16-åringar kan få barn, bli sette i fengsel og må betale skatt. Likevel får dei ikkje vere med på å ta viktige avgjerder i samfunnet. Skuldast dette at dei har for liten livserfaring, er for lite engasjerte og kanskje til og med naive og kunnskapslause? Eller er det kanskje slik at vi vaksne vegrar oss for å late nye grupperingar få ta del i demokratiske avgjerder av di dette er ei endring som skapar ubehag, på same vis som som eit fleirtal av sveitsiske kvinner i 1970 meinte at det var unaturleg at dei sjølve skulle ha stemmerett?

Unge har lagt bak seg heile den obligatoriske grunnskolen det året dei fyller seksten år. Det bør difor vere muleg å freiste om dei kan setjast i stand til å gjere demokratiske val i lokal-samfunnet der dei bur. Difor vil vi ha prøveprosjekt ved kommune- og fylkestingsvalet i 2011, der også 16- og 17-åringar blir inviterte til å stemme.

Det er grunn til å tru at heimbygda vil endre karakter dersom ungdomen slepp til ved stemme-urnene. Gjen-nomsnittleg alder for førstegongsveljarar ved lokalval er i dag 20 år. Mange unge har dermed flytt heimanfrå når dei kan stemme ved lokalvala første gong. Nokre kjem aldri attende. Desse tek med seg erfaringa og kom-petansen sin som ungdom på heimstaden, og samfunnet blir forma utan at dei får vere med. Slik får vi samfunn bygd over ein vaksen lest, utan det særpreget som unge stemmer ville gitt. Gir vi unge reell demokratisk inn-verknad, vil dei likale politikarane også blir pressa til å ta unge meir på alvor.

Ein del av dagens tolv- og trettenåringar bør få melding om at dei skal få vere med på ei viktig prøveordning ved valet i 2011. Kan hende ser vi ei politisk oppvakning hjå ungdomen dersom dei skjønar at det nyttar å følgje med? Dette heftet gir mange gode argument for at tida er overmogen for å prøve å late ei ny gruppe sleppe inn i den demokratiske varmen. Slepp ungdomen til!

2

Page 3: Kva er vitsen? - Barneombudet · val og er engasjerte i saker som er viktige for dei - Dei er modne nok. Det er politikarane sin bodskap som må endrast og ikkje dei unges engasjement

Stemmerett for 16-åringar - lét det seg gjera?

Sjølvsagt er det muleg å senke stemmerettsalderen. Det er gjort mange gonger før og seinast i 1978, då alle 18-åringar for første gong fekk stem-merett.

Stemmerettsalderen er blitt senka fire gonger sidan 1920. Og kvar gong har det vore ein stor diskus-jon mellom politikarar, og de har vore stor usemje i befolkninga.

For å endre stemmerettsalderen må det ei grunnlovsen-dring til med 2/3-fleirtal i to stortingsperiodar. Ei endring vil såleis ikkje bli gjennomført natta over.

Barneombodet meiner det bør opnast for prøvepro-sjekt med stemmerett for 16-åringar ved kommune- og fylkestingsvalet i 2011. Vi veit nemleg nok til å prøve. Dette heftet tek for seg nokre av argumenta for at dette er den einaste vegen å gå.

192025-års stemmerett

194621-års stemmerett

196720-års stemmerett

197818-års stemmerett

2011?16-års stemmerett

3

Page 4: Kva er vitsen? - Barneombudet · val og er engasjerte i saker som er viktige for dei - Dei er modne nok. Det er politikarane sin bodskap som må endrast og ikkje dei unges engasjement

Kva seier lova? Stemmerett er retten til å gi si stemme ved eit poli-tisk val. Dette kan til dømes vere stortings-val elle eit kommune- og fylkestingsval. Alle norske stats-borgarar som har fylt 18 år, eller fyller 18 i valåret, og innbyggjarar som oppfyller nemde alderskriterium og har budd meir enn tre år i landet, har stemmerett i Norge. Dette gjeld óg for når ein er valfør. Altså kan også dei under 18 år bli valde inn i kommunestyret, eller til Stortinget. Ved kommune- og fylkestingsvalet i 2003 vart 68 representantar under 18 år valde inn på landsbasis.

Barnekonvensjonens Artikkel 12 gir alle barn rett til å seie si meining og til å bli hørt. Denne retten finn vi óg att i fleire lovverk, mellom anna i barnelova.

Stemmerett for 16-åringar inneber også at ein vedkjenner seg den retten som ligg i Barnekonven-sjonen og tek dei unge sin unike kompetanse på alvor.

I Norge kan kommunane søkje staten om å få gjen-nomføre ei prøveordning med stemmerett for 16-åringar. Det krev ingen grunnlovsendring. Kan du få din kommune til å søkje?

...i Norge er det berre Kongen som ikkje har stemmerett blant borgarar over 18 år. Dei andre kongelege har stemmerett, men det er ikkje tradisjon for at korkje Dronninga, Kronprinsen eller Kronprinsessa gjer bruk av den.

Viste du at...

4

Page 5: Kva er vitsen? - Barneombudet · val og er engasjerte i saker som er viktige for dei - Dei er modne nok. Det er politikarane sin bodskap som må endrast og ikkje dei unges engasjement

16- og 17-åringar er i stand til å ta rasjonelle val og er engasjerte i saker som er viktige for dei - Dei er modne nok.

Det er politikarane sin bodskap som må endrast og ikkje dei unges engasjement. Unge bryr seg om saker som er viktige for dei. Slik er det for andre aldersgrupper óg. I dag treng ikkje politikarane å vende seg til unge i særleg grad for å lykkast i eit val. Då blir det for lett å skulde på uengasjerte unge i ettertid.

Somme vil hevde at 16- og 17-åringar ikkje har den mognad og erfaring som ein bør kunne vente seg av veljarar. Då er det kanskje litt paradoksalt at vi blir rekna som potensielle skattebetalarar frå vi er 16 til 67 år, at 16-åringar har plikt til å forstå og følgje landets lover, at dei har rett til å ferdast med kjørety i trafikken, velje politisk og religiøs ståstad, rett til å ha sex og rett ta abort ubundne av foreldra sitt syn og at dei kan bli valde inn i kommunestyret eller på fylkestinget. I dag sit 15-åringar i arrest, varetekt

og fengsel som følgje av eit regel-verk dei ikkje har fått vere med på å avgjere.

Argumentet med for liten mognad er ikkje nytt. Det har vore eit motargument kvar gong nye grupper har fått stemmerett. Men då Stortinget senka stemmerettsal-deren til 18 år i 1978, stod det følgjande i komitéinnstill-inga: ”Innsikt i samfunnsspørsmål og politisk interesse blant ungdom har auka, utdanningssystemet er sterkt utbygd og ei nedsetjing av stemmerettsalderen vil kunne medverke til ei vidare utvikling i positiv retning når det gjeld interesse for samfunnsspørsmål..”

Sidan 1978 har vi fått eit endå betre utdanningssys-tem, barn startar tidligare på skolen og unge har meir kunnskap om samfunnet enn tidlegare. UNG i Norge-rapporten frå 2002 viser óg at ein langt større del av dei unge i dag har deltatt i politiske aktivitetar enn det som er gjennomsnittet for vaksne. Det står altså ikkje så dårleg til med norske ungdommar som mange skal ha det til. 16-åringar er modne nok!

Er 16-åringar modne?

Page 6: Kva er vitsen? - Barneombudet · val og er engasjerte i saker som er viktige for dei - Dei er modne nok. Det er politikarane sin bodskap som må endrast og ikkje dei unges engasjement

Demokrati må lærastDemokrati skal lærast i skolen. Stemmerett for 16-åringane stiller krav til skolen som kunnskapsinstitusjon.

Vi har ti års obligatorisk skole. Det er skolen som skal setje oss i stand til å leve og delta aktivt i det samfunnet vi har laga saman - og til å stemme på dei som skal styre det.

Det å få stemmerett kviler på det demokratiske prin-sippet om at dei som politiske vedtak får følgjer for, har rett til å påverke avgjerdene. Det vil ikkje seie det same som at 5-åringar skal få stemmerett for å vere med å ta avgjerder når det gjeld innhaldet i skolen. Først må ein lære om korleis eit demokrati skal fungere, det er ein føresetnad for å ta del i det.

Alle 16- og 17-åringar kan få informasjon om politikk, parti og val gjennom skolen. For dei fleste førstegongsveljarar vil valet kome hausten etter avs-lutta grunnskole. Å oppnå stemme-rett ved avslut-ting av ti års skolegang er kanskje også eit passande overgangsrituale?

Mykje tyder på at ei senking av stemmerettsalderen vil medverke til auka valdeltaking og ei demokratisk

...i Tyskland har 16- og 17-åringar stemmerett i nokre kommunar. Dei stemmer meir enn tradisjo-nelle førstegongsveljarar (18+). 16- og 17-åringar kan enkelt bli nådde med informasjon gjennom skolen, medan eldre førstegongsveljarar ofte blir temmeleg aleine med ein nyleg vunni stemmerett.

Viste du at...

nyrekruttering blant unge. Det er ein av grunnane til at også Storbritannias Stasminister Gordon Brown vurderer stemmerett for 16-åringar.

Dagens skoleval blir følgd nøye av politikarar, ettersom resultatet ofte gir ein peikepinn på det endelege valresulta-tet. Skoleungdommen sine stemmer vik ikkje mykje av frå fra resten av befolkninga no - er det då grunn til å tru at det vil stille seg annleis etter sterkare demokratiundervis-ing for framtidige ungdomskoleelevar?

Dersom ikkje grunnskolen gjer unge i stand til å velje lokalpolitikarar, er det ikkje dei unge det er noko i vegen med - men skolen.

6

Page 7: Kva er vitsen? - Barneombudet · val og er engasjerte i saker som er viktige for dei - Dei er modne nok. Det er politikarane sin bodskap som må endrast og ikkje dei unges engasjement

Ekspertar på lokale tilhøve

Stemmerett for 16-åringar er god distriktspoli-tikk. Unge er ekspertar på lokale tilhøve.

I dag er den gjennomsnittlege førstegongsveljaren 20 år. Ettersom det er kommune- og fylkestingsval kvart fjerde år, og av di svært mange har flytt frå heimekommunen når det er val, er det mange unge veljarar som ikkje greier å følgje med på lokalpolitik-ken. Lokale politikarar vender seg då også i mindre grad til dei. 18-20- åringar kjenner ikkje lengre på kroppen at det vantar vatn i symjehallen, at sykkel-stigen som vart lova ikkje blir bygd, at ungdomshuset forfell og at bussen ikkje kjem.

16- og 17-åringar derimot veit svært godt om det vantar idrettsplassar, øvingslokale og helsetenester. Dei veit óg kva type tilbod som passar dei og korleis dei bør gjennomførast. 16-åringar sit altså på nøk-kelen til velfungerande lokalsamfunn.

Mange kommunar og fylker har ungdomsråd. Men det er varierande i kva grad dei fungerer. Nokre sta-der har råda god innverknad på politikarane, medan det andre stader blir ’leika’ politikk. Når det ikkje blir

gjort på skikkeleg vis, blir det oppdaga. Kjensla av mak-tesløyse kan i mange høve resultere i at mange unge i mindre grad engasjerar seg i lokalpolitiske tilhøve. Dersom unge i tillegg får ei positiv oppleving av å med-verke med reell innverknad i lokal-miljøet sitt før dei flyt-tar, vil terskelen for å flytte attende med familie sjølvsagt også bli lægre. Gode lokalsamfunn er bundne av å trek-kje ungdom inn i avgjerdsprosessen. Ein aktiv barne- og ungdomspolitikk er eitt av dei viktigaste grepa ein kan ta for å hindre avfolking av bygdene.

...ungdomsråd ikkje er obligatorisk for kommu-nane. Nokre stader kan unge ha gode sjansar for å overtyde politikarar til å bruke pengar på ein skatepark, medan det andre stader er heilt umuleg å bli hørt. Er det rettvist? Det er store skilnader på barn og unges innverknad i Norge.

Viste du at...

7

Page 8: Kva er vitsen? - Barneombudet · val og er engasjerte i saker som er viktige for dei - Dei er modne nok. Det er politikarane sin bodskap som må endrast og ikkje dei unges engasjement

Det verkar andre staderØsterrike har innført 16-års stemmerett og fem tyske delstatar har gjort det same.

I Danmark, Sverige, Storbritannia og Sveits blir det diskutert om 16-års stemmerett er vegen å gå. Også i Australia, New Zealand, USA og i Canada blir stem-merett for 16-åringar ved lokalval vurdert.

I fem tyske delstatar har det sidan 1996 vore 16-års stemmerett ved delstatsvala. Den generelle haldn-inga blant unge og eldre før valet var negativ. Ein frykta at valdeltakinga ville bli enda lægre. Resulta-tet var temmeleg annleis.

Erfaringane frå Tyskland viser at valdeltaking for 16- og 17-åringar er høgre enn for den tradisjonelle gruppa førstegongsveljarar og høgre enn for veljarar opp til 35 år. Den nye veljargruppas partival skilde seg elles ikkje ut frå resten av befolkninga.

Desse vala viste og at dei politiske partia aktivt gjekk inn for å leggje om valkamp-strategiane sine for å nå fram til dei yngste veljarane. Tyske 16-

åringar opplevde også at dei vart tatt meir på alvor av politikarane, noko som har resultert i at fleire også har etterspurd innverknad på nasjonalpolitisk nivå. At dei unge kan bli nådde med informasjon gjennom skolen, synest å vere ei viktig forklaring på den positive tendensen. At unge får høve til å ta del i sitt første val medan dei framleis er i ein læringskontekst, er óg ein av grunnane til at stadig fleire land i Europa ser på stem-merett for 16-åringar som eit ledd i å auke den totale valdeltakinga.

...Storbritannias regjering, med statsminister Gordon Brown i spissen, vurderer å senke stemmeretten til 16 år?

Viste du at...

8

Page 9: Kva er vitsen? - Barneombudet · val og er engasjerte i saker som er viktige for dei - Dei er modne nok. Det er politikarane sin bodskap som må endrast og ikkje dei unges engasjement

Ved å gi stemmerett til 16-åringar pressar vi samfunnet til å lage eit betre tilbod til unge.

Storsamfunnet skal by fram tenester til alle. Unge har ein kompetanse om det å vere ung som vaksne ikkje kan ha.

Ungdom er sjølvstendige brukarar av offentlege ten-ester, i motsetnad til barn. Frå 15-årsalderen utviklar mange unge nye behov og gir seg mindre bundne av foreldra.

Unge nyttar seg av kollektivtransport, fritidsklubbar og idrettsanlegg der det finst, og dei har i større grad behov for anonyme helsetenester.

Dersom vi ikkje tek denne aldersgruppa seriøst, kan det få store konsekvensar. Negative subkulturar har oppstått av feilslåtte tilbod til unge tidlegare. Det er på tide å lære av det.

Det er for lett for politikarar å oversjå unge mellom 16 og 18. Dei har likevel ingen makt, og då kan politikarane likeså godt konsentrere seg om andre saker, «dei blir likevel snart 18».

Unge er ein del av løysinga, ikkje problemet. Deira kom-petanse er ein viktig, men ein lite nytta, del av samfun-net vårt. Dei tenestene som samfunnet skal utvikle for barn og unge blir rett og slett best utforma med reell

Vi er undergjevne dei unges kompetanse

...då Vågå kommune skulle tilsetje ny ungdom-skonsulent, var det dei unge sjølve som stod for intervjua av kandidatane og som avgjorde kven som fekk stillinga?

Viste du at...

9

Page 10: Kva er vitsen? - Barneombudet · val og er engasjerte i saker som er viktige for dei - Dei er modne nok. Det er politikarane sin bodskap som må endrast og ikkje dei unges engasjement

Den demokratiske ubalansen

10

Snart er det nesten dobbelt så mange eldre i Norge som unge. Dette vil påverke politikken - og kvardagen.

Innbyggjarane i Norge og i resten av den vestlege verda blir stadig eldre. Unge får difor eit større ansvar for velferdssamfunnet vårt.

Dette tvingar også stadig fleire land til å tenkje gjen-nom korleis ein i større grad kan trekkje inn unge i samfunnsutviklinga. Dette er også den største år-saken til at Østerrike, som det første landet i Europa, har senka stemmeretten til 16 år.

Unge må altså ta meir ansvar, men er i dag kanskje den gruppa som tek minst del i den politiske proses-sen. Det hastar altså å innlemme fleire unge i politiske avgjerds-prosessar, før ei stor, og ganske sikkert mek-tig, gruppe eldre sit med størstedelen av stemmene.

Som dette heftet har vist, er det all grunn til å tru at mange 16- og 17-åringar vil finne det relevant å stemme dersom dei får høve til det. Resultat frå an-dre land tyder til og med på at desse 16- og 17-årin-gane er meir aktive ved valgurnene enn 18-åringane, så sant dei blir følgde opp.

Ein annan grunn har og vore nemt. Forsking viser at dess eldre ein blir, dess større er sjansen for at at ein brukar stemmeretten, ettersom det å stemme er noko ein lærer over tid. Difor vil nødvendigvis ein lægre stemmerettsalder vere med på å senke gjennomsnittsal-deren for førstegongsveljarar.

Det å få tidleg erfaring i valprosessen kan vise seg å vere avgjeraende for den demokratiske balansen. Det er viktig å gi ein stemme, også til dei unge.

…Europeiske undersøkingar viser at i de næraste tiåra vil aldersgruppa frå 65-79 år auke med 45 %, medan gruppa med personar over 80 år vil auke med 172 prosent! Samstundes, innan 2050, vil det i Europa vere ca 25 % mindre unge i aldersgruppa 15-25 enn det er i dag.

Viste du at...

Page 11: Kva er vitsen? - Barneombudet · val og er engasjerte i saker som er viktige for dei - Dei er modne nok. Det er politikarane sin bodskap som må endrast og ikkje dei unges engasjement

Kva nå?Barneombodet vil halde fram med å mase på politikarar og snakke høgt om føremonene med å få til freist-nad med stemmerett for 16-åringar. Dette skal vi få til, saman med dykk!

Hald debatten levande! Her er nokre tips til kva de kan gjere:

Skriv eit innlegg i lokalavisa. Dersom du er under 18, skriv kvifor du vil senke stemmerettsalderen. Dersom du er over 18, fortel kvifor det er viktig å høre på unge.

Be læraren ta opp stemmeretten i undervisinga og sørg for at de får lage eit eige prosjekt om temaet. Engasjer dykk i elev- og ungdomsråd og diskuter med familie og venner.

Engasjer dykk i parti og organisasjonar, start ein aksjon i lokalsamfunnet, skriv til lokalpolitikarar og represen-tanten din på Stortinget. Han/ho vil gjerne høre frå dykk.

11

...de kan avgjere kva kommunen skal gjere? Det blir kalla eit innbyggjarinitiativ. Dersom de samlar 300 underskrifter, eller underskrifter frå 2% av innbyggjarane, då MÅ kommunen ta stilling til den saka de kjem med. Og det beste med dette? Det er ingen aldersgrense på innbyggjarinitiativ!

Viste du at...

På Barneombodets nettsider kan de lese meir om stemmerett for 16-åringar. Der kan de laste ned denne brosjyren og finne meir bakgrunnsstoff relatert til dette temaet.

Les meir på www.barneombudet.no/stemmerett

Ta til med å mase på kommunepolitikarane dykkar. Sørg for at kommunestyret må ta stilling til spørsmålet ved eit innbyggjarrinitiativ. Ta del i folkemøter og lag kampanjer.

Page 12: Kva er vitsen? - Barneombudet · val og er engasjerte i saker som er viktige for dei - Dei er modne nok. Det er politikarane sin bodskap som må endrast og ikkje dei unges engasjement

Hammersborg torg 1PB. 8889 Youngstorget

0028 Oslo

Telefon: 22 99 39 50Faks: 22 99 39 70

E-post: [email protected]

www.barneombudet.no

16- og 17-åringar er i stand til å ta rasjonelle val og er en-gasjerte i saker som er viktig for dei. Dei er modne nok.

Demokrati skal lærast i skolen. Stemmerett bør bli ein del av pensum.

Stemmerett for 16-åringar er god distriktspolitikk. Unge er ekspertar på lokale tilhøve.

Det verkar andre staeder. I Østerrike og Tyskland er erfarin-gane gode.

Ved å gi stemmerett til 16-åringar, pressar vi samfunnet til å lage eit betre tilbod til unge.

- 6 gode grunnar..

..til å freiste 16-års stemmerett ved kommune- og fylkestingsval:

Eldrebølgen tvingar unge til å ta ansvar for den demokratiske balansen.