det gode liv…… · oksane si levetid er på 18 månader. berge samdrift har 270 slike ungdyr....
TRANSCRIPT
1
det gode liv……sommaren tjuefemten
2
Sommaren tjuefemten
innhald barnas favoritt 3 smask - heil maks 4 berge bondebusiness 6 lakseeventyret på gamlemeieriet 8 rør og ro 10 på toppen med rør og parfyme 11 fjell og vidde 12 på besøk? 14 morotur i vanylven 16 godt på hakalle 17 gjennom fotolinsa 18 aktivitetar i vanylven 19 byr inn til strandfest under tak 20 aktivitetar i vanylven 20 slåande utsiket 22 frå segn til seng 24 rovde 26 mat & drikke 28
bading – i fjellvatn eller i havet – oppsøk den perlekvite badestranda
badehus med wc/dusj. foto Solveig Opsahl
vandringmerka turmuligheiter i fjellet. Det varierte fjellterrenget
Turløypene i Vanylven er også utarbeidde med tilgjengeleg app med info som gir oversikt over turval og som vegvisar for løypene.
Gardslivet – smaken av det gode liv for heile familien. Nærkontakt med dyr, aktivitetar for born og ein smak av Vanylven står på menyen påhakallegarden.
sykkel – opplev Vanylven på sykkel. Ein familiev ennleg tur rundt Hovda (44 km) eller ein tøffare variant
muligheiter for opplevingar og utfordringar.
av dei mange fjellvatna eller i sesongen laks i elvane på Åheim eller i Syvde.
vanylvsråkk - familiemusikk-festivalen på Eidså i juli. Eige arrangement for borna på dagtid, på kveldstid har alle under 12 år gratis inngong.
skattejakt -besøk peridotplassen i Sundalen på Åheim. Her kan
Ta med borna på skattejakt! foto Synste Møre
steinsenteret - Norsk Olivinsenter har lokale på Thue gamle skule på Åheim. NOS er samlokalisert med Gullsmed Bjørnar Ekremsæter.
Hakallegarden er ikkje einaste tilbodet vi har til born
som kjem under "Barnas Favoritt". Viser til plassering
kartsidene og side 19 og 20.
foto Solveig Opsahl
Utgitt av:Vanylven utvikling as
Opplag: 15000
Ansvarleg redaktørTor Inge Nygård
JournalistTorill Myren
FotoTorill Myren, Siv-Elin Nærø,
og Synste Møre.
Framside foto: Strandhuset på Sandviksanden, Tor Inge Nygård
GSynste Møre
TrykkPolaris Media
Vanylven Utvikling as6143 Fiskå
I vårt område av søre Sunnmøre der avstanden frå hav til fjell er kort og attraksjonar som Hakallegarden, Peridot-plassen, St. Jetmund-kyrkja, Steinsenteret, Sandviksanden med strandhuset, Morotur i Vanylven m.m. gjev opplevingar til både kortreiste og langvegsfarande turistar.
sin.
vanylvingar som gjerme vil formidle kvalitetane rundt oss som inspirerer dei.Vanylven Utvikling har fokus på næringsutvikling/samferdsel og har gjennom åra gjeve støtte og rettleiing til mange ulike prosjekt. Med realisering av Rovdefjordsambandet og Stad Skipstunnel kan vi sjå fram til ei svært positiv og spanande utvikling i regionen.
Dersom du vil vite meir om Vanylven kommune kan du lese tidlegare utgåver av magasinet på www.vanylven.no
God lesnad og god sommar!
Tor Inge NygårdDagleg leiar
det gode liv……
foto frå fb
foto frå fb
12
20
18
12
19
det gode liv
Sommaren tjuefemten
3
Sommaren tjuefemten Sommaren tjuefemten
54
Eit sjarmerande samansurium av amerikansk diner, korsstingsbroderi og andre loppis-effektar.- Åh, eg er så dårleg til å styre med berre ein ting om gongen.Silje Kristin Rusten smiler stort med leppestiftraud munn. Ho har kjole med polka dots og i bakgrunnen syng Patsy Cline frå jukeboxen om at ho er still crazy. Det er cola-logo og raude skinnbenkar. San Fransisco på veggane.
disken byr fram gourmetkrydder og oliven.- Vi har reist mykje og vorte inspirerte av så mykje. Og så er eg glad i redesign og ting med sjel i. Eg ønskte å skape ein miks som pirrar nysgjerrigheita og eit miljø som minner om ei gate.Midt i eit brutalistisk betongbygg på Fiskå har Silje Kristin skapt eit brasserie som sender deg ut i verda. - Eg hadde lyst til å lage noko som minner om eit fransk brasserie. Ein stad der alle aldersgrupper kan møtast. Ei
kvarandre lenger, men vi treng å treffe kvarandre, og det kan dei gjere her.Brasseriet har nokre gongar musikk og nokre gongar quiz på kveldstid. Nyleg er det laga hage og leikeplass der det kan bli grillkveldar. Plassen er brukt til selskap og kollegatreff. På menyen står faste punkt som club sandwich og pizza, men også dagens. I dag er det suppe, tomatsøt med akkurat passe sting og litt å bite i, følgd av valnøttbrød og godt smør.Silje Kristin Rusten er eigentleg frisør og har hatt salongen
henne til å bli brasserie-drivar også.
- Eg ville prøve å lage ein sånn plass som eg sjølv har
eldstedottera heim til Vanylven. Etter kvart har dei fått tre barn og trivst godt i heimkommunen. På Rovde har dei funne gode oppvekstforhold for barna og familien slepp
- Det er billeg å bu her og det gjer at vi fortsatt kan reise mykje. Og no har vi også kjøpt oss ein liten vingard i Frankrike.Smilet blir berre større ved tanken på mulegheitene det gir. For ferie – og forretningar. Dei tenkjer utleige av huset på vingarden, og no har ho også fått løyve til å importere sin eigen vin til brasseriet. Planane er mange.- Ein må brenne og ikkje gi seg. Så langt har eg berre fått positive tilbakemeldingar. Så får ein berre stå på og jobbe hardt, så klarer ein å få det til. Det er sikkert nokre som meiner eg er litt gal, men eg høyrer berre på det eg vil høyre, seier ho med eit stort, knallraudt smil.
Til høgre: Silje Rusten byr på den store verda i brasseriet
Fransisco – og på Fiskå.
Under: Kokken Carlos Santos saman med Silje Rusten bak den hundre år gamle disken der det mellom anna blir stilt ut søte saker og salte oliven.
smask – heilt maks
det gode liv
Det er billeg å bu her og det gjer at vi fortsatt kan reise mykje.
6
Sommaren tjuefemten
7
Å vere bonde som Per Berge og Stein Rusten Berge er å drive ei bedrift. På det meste under slåtten i fjor var dei elleve tilsette i Berge Samdrift DA.- Eit av dei største gardsbruka på Sunnmøre, då….?- Mnjaaaa. Skriv det største mellom Eidså og Fiskå, du, ler dei to brørne.Per er eldst. Odelsgut som aldri var i tvil om at det var gardbrukar han skulle bli. Stein var sveisar på skipsverft i sytten år før han gjekk over til landbruk. I lag har dei no bygd opp eit gardsbruk som er til å leve av.- Det går an, men ein må ha engasjement, stå-på-vilje og følgje med i tida.Det betyr mellom anna at dei to brørne driv i samdrift og hjelpast åt. Det betyr også at dei 70 mjølkekyrne
mjølkar meir. Før låg snittet på 7.500 liter mjølk per ku. Etter roboten kom inn i fjøset, leverer kvar ku i snitt 1500 liter meir. Samdrifta til brørne leverte forrige månad meir mjølk enn det generasjonen før dei hadde som kvote på eit heilt år.
Inne hos kyrne er det fredeleg, men når Per og Stein kjem inn og gir seg til å prate i fôrgangen, så kjem kyrne sigande. Nokre er nysgjerrige, nokre vil bli klappa.
å bli kjent med mjølkekyrne. Dei er i fjøsen i mange år. Oksane si levetid er på 18 månader. Berge Samdrift har 270 slike ungdyr. Det er ei stor bedrift. I tillegg til at dei slår tusen mål, har dei også dyr på fjellbeite. Per og Stein
tillegg til arbeidet med dyra er det skoging og grøfting, vøling av gjerde, bygningar og utstyr. - Det er eit allsidig yrke. Og med litt inititativ og
seg vidare også.Vanylven er ein stor landbrukskommune som også har mange bønder som driv stort. Innanfor ein liten
mjølkerobotar, satsar og utvidar.- Vi viser kvarandre at det går an.Dei sjølve har planar om nybygg.- Ja, det er no stadig noko nytt. Og ein må gjere sin eigen kvardag god. Det er ikkje hjelp i å syte og klage. Inn i
mellom så kan ein no verte arg på landbruksministeren, men ein må berre stå på. Og det hjelper iallfall ikkje å snakke ned næringa.Noko av det som gler dei er når unge i bygda kjem
framtid i. Dei sjølve har både tru på landbruksnæringa og glede av kvardagen som gardbrukar.- Når ein er heldig med veret og får gjort meir enn ein hadde tenkt….. Når ein er ute med noko arbeid
fuglane kvitre…. Eller når ein stoppar motorsaga ute i
Det er mange gode grunnar til å vere gardbrukar.- Og så gir det no meining å vere med og produsere mat.
- og så gir det no meining å vere med
og produsere mat.
foto Tor Inge Nygård
det gode liv
berge bondebusiness
Og når liene grønkar som hagar -så skal Per og Stein ha sin del av æra for det. Dei slår tusen mål mark.
Per Bergen og Stein Rusten Berge har sytti mjølkekyr og 270 ungdyr i fjøsane sine.
Sommaren tjuefemten
8
Sommaren tjuefemten Sommaren tjuefemten
9
250.000 middagsporsjonar frå Syvde på ein dag. Det er det ikkje mange som hadde trudd den desemberdagen i 2005 då ein sette i gang produksjonen på Hofseth sitt anlegg på det gamle meieriet i Syvde. Frå det første heile driftsåret med nokre titals millionar kroner i omsetning, har gamlemeieriet fått følgje av
1,35 milliardar kroner. Det starta i Syvde. Den største fabrikken er i Syvde.- Og det går godt an å drive industri i Syvde, seier driftssjef i Hofseth International, Geir Even Håberg.Alt etter sesongen, så trillar det mellom femten og tjuefem vogntog inn til gamlemeieriet. På ein dag har ein vore oppe i produksjon av 40 tonn lakseporsjonar. Det utgjorde 250.000 middagsporsjonar. Laksen kjem frå Rogaland i sør til Finnmark i nord. I
etasjar med kvar si produksjonslinje. Laksehovuda vert kappa av, ryggen vekk i neste omgang, så skinn og bein. For kvar stasjon vert laksen meir og meir middagsklar. Til slutt er det innpakking og merking alt etter kven som kjøper laksen. Nokre laksepakkar får klistra på
eller Japan, andre til USA eller Canada. Syvde-laksen kan ende i Holland eller Midt-Austen. Og mange av arbeidarane er frå Litauen. Hofseth-anlegget i Syvde har mellom 80 og 95 personar i arbeid til ei kvar tid. Nokre er norske, mange er faste turnusarbeidarar frå Litauen som har vore knytt til bedrifta i årevis, nokre av dei vert fastbuande – og
på den måten.
no hyggelege synergiar, ler Geir Even Håberg.Han peikar også på at det hadde vore umuleg å drive
nabolanda.- Og vi får tak i mange dyktige folk som har vore med på å ta bedrifta vidare. Mellom anna leigde vi inn ein som produksjonsarbeidar for sju år sidan som no er teknisk sjef ved anlegget her.Uansett nasjonalitet, så hamnar skatteinntektene i Vanylven. Og aktiviteten på anlegget skaper aktivitet i nærområdet. Det blir handla på butikken og puben og det er folk i husa.
Anlegget i Syvde er ein del av eit konsern som nyttegjer heile laksen. Buklista går til sushitopping i Japan. Rygg, skinn og hovud vert omega3-kosttilskot ved Hofseth Biocare i Midsund. Avkapp går til burgerproduksjon. Anna kapp endar som dyrefor.Det handlar om laks heile vegen – og heile døgnet for Geir Even Håberg. Med kundar over heile verda er det alltid nokon som er på jobb. Men han blir ikkje lei. - Eg et til og med laks til middag iallfall ein gong i veka.Og på skiva er det røykalaks frå avdelinga på Valderøya, Seafood Farmers.
Hofseth-konsernet starta i Syvde og har hatt stor vekst på ti år. - Og vi merkar at produkta til Hofseth vert berre meir og meir populære.Det betyr utviding. Det betyr også utfordringar, for bankane er ofte tilbakehaldne med lån til utbygging i Vanylven.- Men Innovasjon Norge og kommunen har vore villege til å satse. Slik har det vore muleg for oss å utvide.Gamlemeieriet har fått nye kontor, kantine og utvida frysekapasitet. I løpet av året skal ein no lage til inngangspartiet og oppsida av bygget. Det skal også bli meir pakkeareal. Det må til for å dekkje ein marknad med stadig aukande lakselyst.
Innovasjon Norge og kommunen har vore villege til å satse.
lakseeventyret på gamlemeieriet
det gode liv
I rasande fart vert det pakka lakseporsjonar og
i Syvde. Fram i hundre personar kan vere i arbeid med å jobbe unna så mykje som 25 vogntog med laks – kvar einaste dag.
10
Sommaren tjuefemten Sommaren tjuefemten
11
Sommaren tjuefemten
- Forma er god, men knea knirkar litt etter mykje bøy og tøy. Favorittarbeidet no er å skifte varmtvasstankar for då slepp ein å bøye seg ned, seier Andreas Vik som
Men no skal visstnok knea vere gode att, så då er det berre å gyve på som fulltidsarbeidande ferievikar no i sommar. Andreas er alltid optimist og klar for vidareutvikling og vidare satsing. Han har fått med to
sterk framtidstru.
prosjekt på gang. Ordrereserven har aldri vore større. Vi har nettopp fått tildelt ein stor ombyggingsjobb ved
søre, seier Runar Vik.
toppsjiktet i Comfort-kjeda sine analysar av god drift. Dei har vore bevisste på å selje i breidde og ikkje i mengde.- Dette er krevjande, men også svært interessant. Basisen er sjølvsagt framleis rørleggartenester, men
og stor avdeling med kle, parfyme og velvereprodukt. – Vi er nok framleis relativt aleine om å tilby både parfyme og drensrør frå same kassa.
Til venstre: Andreas Vik - seniorsjef og ferievikar
det gode liv
Det er tidleg morgon. På parkeringsplassen nedom
bilane på rad og rekkje. Inne på kontoret står like mange
og vekas oppdrag med rørleggarane. Horst frå Hamburg protesterer når Runar frå Syvde seier at han må gå inn i huset i hovudetasjen og ned i kjellaren. Nei, du kan gå inn nede, svarer Horst med sikker lokalkunnskap. Han er ein av tre tyske rørleggarar
- Som så mange andre stader, så var det utfordrande
Dette løyste vi med å tilsette rørleggarar frå utlandet, fortel Runar Vik.Den første var David Mäder. Han kom for vel sju år sidan. Då hadde han vore på ferie på Sandsøya. Han og
sjansen i Vanylven seg. Paret har fått to barn og held på å bygge seg hus i Syvde.- Lengtar ikkje de heim av og til?- Nei, det er no dette som er heime, svarer han.Horst Baumgart kom for seks år sidan. Sven Andrae eit halvt år før, og han fekk også med seg svogeren Arunas
svograr, svigerinner og svigerforeldre kome til Vanylven.
i Vanylven.
ferie!Dei fortel at livet i Norge er eit rolegare liv enn dei var vande med. Horst kjem frå Hamburg, ein by med nesten to millionar innbyggarar. - Men eg saknar det ikkje. Der hadde ein ikkje tid til meir enn jobb.
Sven fortel om grytidlege morgonar. Opp klokka fem eller seks. Ein times køyring på Autobahn med tett-i-
- Det var permanent stress. Tidleg opp. Lange arbeidsdagar. Seint heime. Heile veka gjekk slik. Det var ikkje tid til noko anna. Alle karane fortel om betre livskvalitet med ein kvardag i Vanylven. Rett nok ønskjer dei seg betre
bru, men meiner likevel at Vanylven er plassen å bu.
Ein ferietur på Sandsøya – og 26 nye innbyggarar i Vanylven
rør og ro på toppen med rør og parfyme
dei.Over: Runar Vik deler ut dagens oppgaver og oppdrag til
Sommaren tjuefemten Sommaren tjuefemten
1312
fjell og vidde
Halsbrekkande med fem tusentoppsturar på ski i løpet av ein dag, eller bak bilrattet på søndagstur høgt til fjells. Vanylvsfjella byr på alt – for alle.Blæja tronar på toppen av Vanylven med sine 1142 meter, men kommunen har 23 andre fjell over den
og fjellveggar til å klatre i er ein del av fjellheimen i
annan. Det er dalar og skar, bekkar og vatn. Skogkledde, lune lier og fjellsider der snøen aldri forsvinn. Og på kryss og tvers i herlegheita står det blå merkepinnar eller blå merke på steinar og liknande. Vanylven er eit tilrettelagt fjellparadis med 800 skilt ute
i terrenget og 74 registrerte og merka fjellturar.- Av dei kommunane i fylket som ikkje har tilsette
registrert på Møre og Romsdal fylkeskommune sin turportal www.morotur.no, fortel John Willy Klungre. På kvardagane står han ved eit kateter på den vidaregåande skulen i Vanylven. Men det er ikkje få fridagar han har brukt i fjella i Vanylven. Han og eit apparat av andre frivillige knytt til grendalag og idrettslag rundt om kring har gitt fjellheimen eit nettverk av stiar og vegar. Det er skilta og merka, det vert bygd bruer og opparbeidd råser.- Vi trur dette er med på å få folk ut på tur, og ut på
andre turar enn dei elles ville gått. Og det verkar. På dei turmåla der det er bøker til å
dei siste åra.- Det er til dels mangedobla. Folk går meir i fjellet enn før. Og for dei mange som arbeider med å betre forholda for turgåarane er denne store auken den beste responsen og premien ein kan få.Om ein vil overnatte i fjellet, så er det muleg det også.
Fjell-entusiastane i Vanylven har opparbeidd to generasjonar turkart. Eit tredje er i kjømda. For kvar
Og det siste no er aktiv bruk av Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside www.morotur.no i delinga av mulege fjellturar.I tillegg vert det satsa på informasjonstavler i bygdene. På samvirkelagsveggen i Syvde er skiltet alt kome opp. Store fjellbilde med innteikna stiar viser natur og terreng. Dei innteikna stiane har nummer og fargekode som fortel om vanskegrad. Og nummera har igjen QR-kode som sender deg vidare til www.morotur.no. Der ligg turane skildra i bilde og tekst med informasjon om alt frå kulturminne til bompengar og kva type sti du skal
også til å vite meir om kva type tur du legg ut på.
- Morotur fungerer godt på mobil, men skal ein studere turen på førehand rår eg til PC eller nettbrett, seier John Willy Klungre.Og utvalet for Vanylven på morotur.no er formidabelt. Biltur gjennom Almklovdalen, forbi olivin-uttaket og fram til Rota sender deg om lag 500 høgdemeter opp og inn i fjellheimen. Bilturen over Kilebrekka, frå Syltedalen til Øverberg, Sørdalen og Syvde byr ikkje berre på fjell, men også storslagen utsikt og om du vil, ein god søndagsmiddag på Utsikten Fjellkro. Denne vegen er også ein del av den eine av dei to Nordsjø-løypene med sykkel i Vanylven. Og frå fjellturar bak rattet er det berre å stige i vanskegrad og utfordringar.
Mellom Hakallestranda og Sørbrandal er der bomveg tilrettelagt for både rullestol og barnevogn. Opp frå Eidså er det familievenleg skogsveg til 4H-hytte. Deretter er det berre å legge på høgde og lengde
rundt Blæjevatnet eller Blæjeegga, den lokale utgava av Besseggen. Høgt eller lavt, langt eller kort. Alt er muleg i Vanylvsfjella.
Høgt eller lavt, langt eller kort. Alt er muleg i Vanylvsfjella.
det gode liv
foto Tor Inge Nygård
foto John Willy Klungre
foto John Willy Klungre
John Willy Klungre viser fram dei mange fjell-turane som er innteikna på informasjonstavla ved Coop i Syvde.
Til venstre: Storebøra ved Børevatnet
Under: Soloppgong på Breiteigsfjella saman med elevar frå vidaregåande skule i Vanylven.
14
Sommaren tjuefemten Sommaren tjuefemten
15
SSoS mmarenn tjuefffememtet n Sommaren tjuefemten
Rorbu i Syltefjorden
http://www.interchalet.de/ferienhaus_ferienwohnungen.cfm
Gjestebrygger tlf. straum vatn wc dusj1 Åheim: 700 24 165 x x 2 Fiskå 9??3 Syvde 970 37 137 x x x x4 Rovde 909 76 068 x x5 Klovningen 913 79 531 x x6 Sandvika 901 87 950 x x x x
Oppstilling bubil3 Syvde 970 37 137 x x x x6 Sandvika 901 87 950 x x x x10 Jetmund gjesteheim 905 41 512 x x x x
Tømestasjon - bubilar8 Fiskå x
Turistinfo: Servicekontoret Vanylven kommune Rådhuset, Fiskå tlf. 700 30 000. Ope kvardagar 08.00 - 15.30
xxx
Frå Måløy og Nordfjordeid
Frå Fosnavåg og Ulsteinvik og via Eiksund frå Ørsta og Volda til Koparenes
Frå Ørsta og Volda via Lauvstad
Frå Fosnavåg og Ulsteinvik og via Eiksund fråØrsta og Volda til Åram
1
3
5
4
2
8
9
10
11
12
14
Fiskå
Eidså
Syvde
Rovde
Åheim
Slagnes
15
13
16
6
KvilehyttaÅheim. 5 utleigehytter m/5-6 sengeplassar, - sjølvhushald - trådl. internett.Tlf. 900 58 453 [email protected]
Troll fjordhytterSyvde. 6 uteigehytter med 7-8 sengeplassar i kvar. Eige bad i alle. Terrasse og utemøblar. Frysar, vaskemaskin og tørketrommel. Leikeplass og bålplass, utegrill, røykomn. Tlf. 700 21 506/902 62 341www.trollhyttene.no
Kragset hamnHakallestranda. 5 sjøhus, høg
standard. 6-9 sengeplassar. Kurs/konferanse - totalkapasitet
40 pers. Trådlaust internett. Tlf. 952 26 995/975 15 940.
www.kragsethamn.no E-post: [email protected]
Hammaren hytteutleigeHakallestranda. To hytter med fem sengeplassar
i kvar og eit hus med fem sengeplassar. Båt til gjestane, røykomn, grillhytte og utekjøken til å
www.facebook.com/hammarenhytter
Jetmund gjesteheim8 utleigerom, sjølvhushald, guiding/info: St. Jetmund kyrkja, Norsk Olivinsenter, Valborgsamlinga. Tlf. 905 41 512. facebook: Jetmund Gjesteheim
HakallegardenInne- eller utandørs lavvocamp, teltplass, eller ein glad happycamp med tre retrovogner ved Hakalledammen. www.hakallegarden.no
Moen motell5 dobbel rom m/eigne bad,
trådlaust internett. Tlf 700 21 212
St. Jetmund kyrkjaOmvisning m/guid bestill på
tlf: 905 41 512
Valborgsamlinga/Steinsenteret
Omvisning m/guid bestill på tlf: 905 41 512
17
Modellbåtsamlinga, ÅramOpe søndagane i juli kl. 13-17
Bygdesamlinga, Husmortun ÅramOpe søndagane i juli kl. 13-17
18
20
mat&drikke i vanylvenSjå omtale side 28
19
20
21
22
23
24
foto frå fb
foto frå fb
foto frå fb
foto frå fb
foto frå fb
foto frå fb
foto Marianne Petersen
foto Tor Inge Nygård
13
14
15
16
18
10
17
24
12
11
10
9
det gode liv 1514
16
Sommaren tjuefemten Sommaren tjuefemten
17
Når vanylvingen ser seg rundt på fjella, havet, fjorden og fridomen som ligg i heimkommunen,Då opnar andletet seg i eit smil. Her er det tid til å gjer som ein sjølv vil!
foto Solveig Opsahl
16 17
VANYLVEN UTVIKLINGInteresseorganisasjon for næringsutvikling i Vanylven
VANYLVEN KOMMUNE
18
Sommaren tjuefemten Sommaren tjuefemten
19
morotur i vanylven
det gode liv
raud – krevjande tur
Populær rundtur i alpint område med utgangspunkt frå parkeringsplassen i Røfsdalen. Stoppar ein ved COOP i Syvde og studerer infotavla, ser ein
tydeleg kvar ein skal gå. Du går eggane og ryggane
meter. Turen byr på bratte oppstigningar, lett klyving og luftig utsikt frå egg og rygg. Du går både i lyngheiar og grov steinur. Total lengde er på nesten tolv kilometer og total stigning på 1500 høgdemeter. Med unntak av strekninga frå Sandfjelltua til Blæjevassu er heile turen godt merka. Frå Blæja til Blæjeskaret er den merka ruta relativt luftig. Her kan ein eventuelt gå ei slakare rute i ein stor halvsirkel først mot sør, og deretter dreie aust- og nordover.
24grøn – lett - høgeheidarundaLett tur for folk i alle aldersgrupper, på sti eller veg der ein også kan vasse
olivinfelt eller store sprekkar i fjellet i Saurdalen. Ver berre merksam på at dette området ikkje er ufarleg, og hald avstand til sprekkane. Utsikt både over Vanylvsfjell og Stadhavet. Du kan starte på Kilebrekka. Lett å gå, mykje av stien ligg på svaberg. Over ei heid og vidare mot Øverberg. Der kjem ein også til eit område med raud olivinsand og lite plantevekst slik at det er lett å leite etter uvanlege steinar. Turen tek om lag halvannan time ved normal gangfart.
33
morotur.noturar i heile fylket vårt. Oversikta gjeld fotturar, turar på ski, sykkel eller i kajakk.Turane som ligg inne på Morotur si nettside og i appen blir registrert av frivillige rundt om i kommunane i Møre og Romsdal. Ein har representantar/turregistratorar rundt om i dei ulike kommunene. Det er litt ulikt kor langt dei ulike kommunane har kome med registreringa.
Kilebrekkvatnet
Syltedalen
Sylte
FiskåHøgeheida
Syvde
Saurdalen
Øverberg
FuglehaudetStorehornet
blå – middels tur breiteigsfjellaGå frå Årskogdalen på Rovde. Då startar ein over tregrensa. Vidare går turen over eit fjellplatå med gras- og blomstereng i lett terreng der ein kan gå mange i breidda, prate og nye storslagen utsikt over havet og utover øyane. 11 kilometer lang tur fram og tilbake. På det høgste er ein 968 meter over havet. Stopp- og snupunkt på Høystakken. Er ein først komen opp på platået, kan ein gjerne ta ein rundtur langs kanten av platået og nyte utsikta i ulike himmelretningar. Berre starten av denne ruta er per i dag merka. Langt raskare, men tyngre og brattare alternativ er ruta opp i frå Skår. Der er det merka og skilta opp til Skåranipa.
25 43
godt på hakalle
Gardakjerringa på Hakallegarden, Aina Moldskred, er i gang med toppsesongen, sommaren, men Hakallegarden merkar auka tilstrøyming heile året. No er garden også utvida med ny løde som gjer det lettare å ta i mot folk når veret er ruskete. Oppe er det stor kafe og vrimleareal. Nede er det rom for innandørs riding. Rundt på garden myldrar det av dyr og fuglar i ulik størrelse, forskjellige fargar og innpakning. Og så har gardstausa, Marit, nesten vorte eit trekkplaster i seg sjølv.På seinvinteren i år fekk folk i heile Norge vere på gardsbesøk på Hakallegarden gjennom NRK Super-
langreiste besøkande, og at både dei som har reist langt og dei som har reist kort kjenner igjen Marit og Aina og
- Dei minste står berre og ser på oss og lurer på om vi
Og serien har slått an hos barn i alle aldrar. Foreldre fortel om barn som er så små at dei ikkje kan snakke,
åring som var innom garden fortalde med sine få ord frå ein episode av tv-serien. Og sjølv dei største barna og tøffaste ungdomane mjuknar i møte med gardslivet.
- Dyr treff i alle aldersgrupper, og det er jammen kattungane som er dei mest populære. Kattungar, hest og traktor er toppattraksjonane, og det er utruleg kjekt å sjå kor begeistra folk vert.
husbond Olav Krakset brukt mykje tid og krefter på å bygge opp Hakallegarden. Det siste no er nyeløda som gir meir innandørsareal, og damområdet med forskjellige bruksmulegheiter er også ferdig no. Det same er vegen ned til Sandviksanden og strandpromenaden som utvidar heile anlegget og forbetrar tilkomsten til og frå sandstrand og strandhuset. Framover vil det handle meir og meir om å gi folk ei endå betre oppleving når dei er på garden. Og om det
så er Aina klar.- Vi var med første gongen fordi vi tenkte det var god marknadsføring både for heile regionen og for oss sjølve. Men reaksjonane vi har sett i samband med serien gjer at vi også ser kor viktig det er at tema som fødsel og død, matproduksjon og slakting vert teke opp på den gode og fengande måten som serien har gjort.
Det er utruleg kjekt å sjå kor begeistra folk vert.
foto frå fb
20
Sommaren tjuefemten Sommaren tjuefemten
21
gjennom fotolinsa
Ein solgul trevegg møter asfaltgrå bølgeblekk.
sende Nathaniel Sande til landsmønstringa i UKM.
Nathaniel Sande liker å fotografere landskap og har rikeleg med motiv å ta av i Vanylven. Men han ser også gjennom linsa når han er ute og reiser. Nokre av bilda
nokre har han stilt ut på Myklebust skule der han har vore elev i ti år og eit av bilda sende han til Trondheim og den nasjonale Ungdommens kulturmønstring. - Det var både spennande og kjekt.Nathaniel møter sommaren i USA på språkreise. Der skal han reise i tre veker på tvers av kontinentet, frå Los Angeles til New York.- Og draumemotivet kjem kvar?- Grand Canyon! Eller kanskje New Orleans med alle fargane og dei spesielle husa.Men etter USA-sommaren er det tilbake til Vanylven igjen. Då på helse- og omsorgsfaget ved vidaregåande skule. Planen er å gå vidare som ambulansearbeidar og seinare Forsvarets Sanitet. Det er ikkje så mange forsvarsanlegg verken i Vanylven eller på Sunnmøre, men Nathaniel ser ikkje vekk frå at han kan kome tilbake til heimkommunen igjen likevel.- Det er ein veldig grei plass å bu med mykje friheit,
alle kjenner alle og det er lite å vere redd for.Fotograferinga ser han føre seg vil vere ein hobby. Han starta med foto for tre år sidan. Begynte i det små med eit kompaktkamera. Så gjekk noko av
har det berre vorte meir. Nathaniel seier han liker heile prosessen med fotografering. Vere ute, leite etter motiva - og så etterarbeidet ved pc-skjermen. - Eg liker å utvikle meg, prøve nye ting. Portrett må eg øve meir på, det er ikkje som landskap som står stilt!
det gode liv
Draumemotivet?Grand Canyon!
Eller kanskje New Orleans med
alle fargane og dei spesielle husa.
Til venstre: Vinnarbildet til Nathaniel med linjer frå eit lokalt motiv
Over: Linjer frå ein ferietur i Tyrkia.
klatring – eller buldring. Floget Klatreklubb, som har fasilitetar både i Olivinhallen på Åheim og i Helgøy gartneri(!) på Fiskå har oversikt over stadar verd å oppsøke for klatre-utfordringa.
aktivitetar i vanylven
galleri – Galleri Brødrene Vik i Syvde har sommarutstilling med m.a. Sonja Reite. Tlf. 95 22 09 81.
galleri brødrene vikfoto frå fb
21
22
Sommaren tjuefemten Sommaren tjuefemten
23
byr inn til strandfest under tak
aktivitetar i vanylven
På Hakallestranda har dei ei av desse vakre strender. Ein lys, varmgul sand ligg ut mot storhavet og lokkar til badeliv og friluftsliv av ymse slag. Frå før har stranda toalettanlegg og dusj for båtfolk og andre besøkande. Så kom tanken om å utvide med ei grillhytte.Det enda med strandpromenade og eit praktfullt strandhus på om lag 200 kvadratmeter til eit par, tre millionar kroner.
og støtte frå både Sparebanken Møre og Gjensidigestiftelsen, sette Hakallestranda utvikling i gang det praktiske arbeidet i fjor, og nærare 2500 dugnadstimar seinare kan ein opne eit selskapslokale
Huset har 80 stolar i kafeområdet og skikkeleg storkjøken. Utanfor er det platting ut mot strand og sjø. Ida Birgitte Marholm viser rundt og fortel om mulegheitene. Det er sjølvsagt staden for selskap, men
huset kan brukast til alt frå kunstutstilling til møtelokale. Og i sommar vert strandhuset drifta av naboen, Hakallegarden, eit av dei store reiselivsmåla i Vanylven. Marholm fortel strandhuset både skal ha servering heile sommaren og helgane elles.Aina Moldskred, gardakjerringa på Hakallegarden, fortel om samarbeid med kokken Nils-Henning Nesje som har utvikla sommarmeny for strandhuset. Både smak og presentasjon skal vere nytt. Og kva seier du til pastasalat
det gode liv
golf golfbane, godt tilpassa dei majestetiske omgjevnane. www.vangolf.no Nytt i år - fotballgolf!
dykking – frå fjordane til havgapet – den lokale
spennande dykkemål i området. Undervassgrotter, skipsvrak
vandringgodt merka turmuligheiter i fjellet. Det varierte
utarbeidde med tilgjengeleg app med info som gir oversikt over turval og som vegvisar for løypene. www-morotur.no
vanylven golfklubb
vanylven
gjerne kontakt for meir informasjon med:www.njff.no/moreogromsdal/vanylven
servert i eit ausekar!?Det vert i tillegg fortsatt servering på Hakallegarden, som i år går i gang med sin første sommar med nyeløda. Eit lokale som gir mykje meir inneplass på garden enn det har vore tidlegare. - Vi gler oss til sommaren og til å ønske folk velkomne
foto Tor Inge Nygård
foto Sissel K. Bøstrand Tveit
foto Solveig Opsahl
Til venstre: I strandhuset vert solnedgangen ein av gjestene.
Til høgre: Strandhuset har stolar til åtti personar og i tillegg til selskapslokale
vil det også vere kafedrift der gjennom sommaren.
Utvikling håper på god og mykje bruk av huset.
foto frå fbfoto frå fb20
24
Sommaren tjuefemten Sommaren tjuefemten
25
slåande utsiktSolfrid sin barndoms-heim har vorte sommardraumen for tyske og tsjekkiske turistar som kjem igjen og igjen.
det gode liv
Høgt til vers over Hakallestranda, nærast som på ei fjellhylle,ligg Hammaren hytteutleige. Tre store hytter og eit hus – huset er huset der Solfrid Røys budde til
den veglause garden.Etter ein hard dragkamp med landbruksstyresmaktene fekk ein lov til å tenke på området for turisme og ikkje som areal til sauehald. På slutten av 80-talet vart det bygd veg og på starten av 90-talet begynte ein med hyttebygging.- Vi såg potensialet, men også at det ikkje kunne verte noko meir enn ein hobby, fortel Jostein Røys.
nye vener.- Vi har nokre turistar som har vore her i 21 år. Og mange andre kjem igjen og igjen. Vi treng ikkje drive med marknadsføring. Det er vener og veners vener som kjem hit.Og etterkvart har Solfrid og Jostein sett småbarn kome igjen som vaksne, og som familiefolk med eigne barn. - Det vert nesten som slekta, veit du.
Oppe på hammaren er ei stor slette. Fint stelt og
staden treng for så vidt ikkje hjelp til forskjønning. Utsikta
bratte skrenten gjer at ein ser berre Hammaren, øyane og havet. Vidt utsyn. Havrand og solnedgang.
kjem til Hammaren for.Petr Lamka og Tomas Rücker frå Tsjekkia er to av dei
Jostein Røys seier han legg vekt på å ta seg godt av dei som kjem. Han pratar og vitsar med dei. Hjelper til og legg til rette. - Vi vil lage til ein plass som er slik som vi sjølve vil ha det når vi er ute og reiser, seier Solfrid. Det er sett opp grillhytte på området. Rundt den gamle løda er det laga til med nok ein grill, røykomn
skikkelege båtar med til hytteleiga.
programmet til gjestene, så tek dei seg gjerne ein tur til Ålesund, Geiranger, Runde – eller Nordfjord og for eksempel Briksdalsbreen. Vanylven ligg sentralt plassert midt mellom store reiselivsdestinasjonar. - Men mest kjem folk hit berre for å nyte den friske lufta og utsikta.
foto Solveig Opsahl
gitt dei mykje arbeid – og mange nye vener.
er det opa og storslagen utsikt til hav og himmel.
Til høgre: Petr Lamka og Tomas Rücker frå Tsjekkia liker seg godt
26
Sommaren tjuefemten Sommaren tjuefemten
27
frå segn til seng
Når institusjonen Åheimtun vart lagt ned, ville ikkje bygdefolket sjå på eit tomt hus. Dei tok over, pussa opp på dugnad og denne våren sto Jetmund Gjesteheim klar.Folk frå idrettslaget på Åheim, bygdeutviklingslaget, kvinne- og familielaget, 4H og ungdomslaget har i samarbeid laga til ein billeg og god overnattingsplass.- I utgangspunktet så var målgruppa pilegrimsreisande langs kysten som vil besøke St. Jetmundkyrkja, fortel Marianne Petersen frå ungdomslaget. Men legg til at alle er velkomne og at det egnar seg kanskje spesielt godt for barnefamiliar og større grupper.Nyleg var mellom anna eit kor på helgatur, og det er slike overnattingar som passar godt.Jetmund Gjesteheim har ni rom for korttidsleige og
sengeplassar. Alle roma har eige bad. Gjesteheimen har også felles kjøken for sjølvhushald. Overnattingane er utan frokost, men ein kan bestille frokostpakkar. Der er også TV-rom, vask- og tørkerom. Eit rom kostar 500 kroner natta. Dugnadsinnsatsen er meint å kome bygda til gode.- Leigeinntektene går til drifta av huset. Målet var at bygget ikkje skulle bli ståande tomt og at vi kunne vere
med å styrke og utvikle ei næring. Det er gevinsten vår.
på:www.gjetmundgjesteheim.no
det gode liv
Segnet fortel at då den engelske helgenen St. Edmund såg den vakre Åheimsbygda, bestemte han seg for at der skulle det stå ei kyrkje St. Edmund var ein engelsk konge som vart drepen av vikingar og leid martyrdøden på 900-talet. I England er det bygd eit kloster til ære for han.Kyrkja han bygde på Åheim vart riven i 1863 og berre restar av grunnmuren sto igjen. På 1930-starta arbeidet med å bygge opp att kyrkja. Ho er bygd i romansk stil med runde bogar i vindauge og døropningar. Preikestolen er frå 1630.
st.jetmund
pilegrims-besøkDenne sommaren går den første vandringa langs Sunnmørsleia. Ei gruppe pilegrimar startar siste junidagen i Borgund og skal gå over Hareidlandet, Gurskøya og via Sandsøya før dei kjem med båt til Slagnes fredag 3. juli. Derifrå går dei til St. Jetmundkyrkja der det skal vere kveldsbøn. Overnattinga tek dei på Jetmund Gjesteheim. Neste dag startar med morgonbøn i St. Jetmundkyrkja før dei tek båt til Leikanger og etter kvart endar på Selja på Seljumannamesse søndag.
foto Marianne Petersen
foto Marianne Petersen
bygge hytte i vanylven?- Hakallegrenda, Kvia, Hakallestranda tlf. 95 22 69 95 www.hakallegrenda.no- Tesra Eigedom, Sandvika, Hakallestranda, tlf. 976 64 308- Søre Klovningen as, Hakallestranda, tlf. 900 40 800
- Fleire planlagde hyttefelt i heile kommunen, kontakt Vanylven kommune, tlf 700 30 000
Over: Åheimtun har vorte gjesteheim
Under: I tillegg til overnattingsroma med
Marknadsdag på HakalleAktivitetar og standar – palmelaurdag på Hakallegarden, arr. Hakallestranda Utvikling
Dansegalla i OlivinhallenDansehelg med standup-show og dansegalla – 25. april, www.aaheimfest.no arr. Åheim IL
Kosterikjedagane m/Blåfelden rett oppPinsehelga med opne butikkar – bubil-/båt-treff. arr. Syvde Handelstandsforening/Syvde IL
Monsiadane – Eidsåvoll3. juni – Idrettsleikar for funksjonshemma. arr. Monsiaden
Vanylvsråkk – Saga på Eidså3.-4. juli – 2 festivaldagar spekka med kjende artistar. arr. Vanylvsråkk.no
Rovdetwist5. september. Lokal underhaldning – aktivitetar for born.
Åheimfestlaurdag 29. august. www.aaheimfest.no
folkefestar i vanylven
–
KORET FRAM
FISKÅ BARNE.OG UNGDOMSKOR
JØRN TROLLEBØ m/BAND
JAA9&ONKELPSOMMARTIDER
NOVOCAINE
VENNEBYEN m/TARE
DALSFJORD BLUEGRASS BAND
THE SWEETCC COWBOYS
BLODSBRØDRE
3.-4. JULI - FOR 8. GONG PÅ SAGA - EIDSÅ
w w w . v a n y l v s r å k k . n o
mat&drikkei vanylvenSjå kart side 14 og 15
Kvilehytta, Åheim
Middag og dessert buffet sønd 13-18, tlf. 900 58 453
HakallegardeÅram, kortreist mat, tlf. 900 68 996, Sommarope:: alle dagar 12-18
Mek´s grillhouse, Syvdemeny: a la carte, øl/vin, tlf. 97 57 86 48. Sommarope: fred 17-02, laurd 14-02
Utsikten fjellkro, Kilebrekkameny: dagens/a la carte, øl/vin, tlf. 48 15 91 54. Sommarope: sønd 12-18
Smask, Combisenteret Fiskå. A la carte, (søndag middag), catering & takeaway. tlf. 700 22 081. Sommarope: tirsd/onsd 11-18, torsd 11-23 (Quiz), fred/laurd 11-02, Sønd 14-19
Bakerie, Combisenteret Fiskå. Ferske bakervarer, enkel servering, torsdag er balldag. Sommarope mand-fred 10-16Tlf. 911 23 219
Strandhuset, sommarmeny utvikla av Nils Henning Nesje, tlf. 900 68 996. Sommarope: alle dagar 14-20
hakallegarden
kvilehytta
brasseriet smask
bakerie
Best Syvde,Gatekjøken, ope kvar dag 11-21 (sønd. 12-21) Tlf 700 23 064
Bakeriet pub, Syvde, Pub, ope onsdag, fredag og laurdag. Tlf. 481 76 902
meks grillhouse
best kiosk/bensinstasjon
bakeriet-pub
hakallestrandhus
21
21
22
22
23
21
12
12
9