energiutgreiing fjaler kommune - sunnfjord energi nett · 2016-06-01 · 35 2002 2007 2012 r nye...
Post on 09-Mar-2020
2 Views
Preview:
TRANSCRIPT
Energiutgreiing
Fjaler kommune
2013
Dalsfjordbrua. Foto: Monica Johansen Haugen
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 2 av 26
SAMANDRAG
Dale ca. år 1900. Kjelde: www.sffarkiv.no
Fjaler kommune
Innbyggarar 2871 pr. 01.01.2013, av dette ca. 200 ved UWC. Stabilt
Storleik husstandar
2,2. Dette er mindre enn fylkes- og landssnitt
Næringsliv Mest primær- og kunn-skapsbasert næring
Nybygging Om lag 9 bueiningar pr. år i snitt
Vassboren varme Lite utbreidd
Vasskraft Overskot
Nye vasskraftprosjekt
Stor aktivitet
Nettutfordringar Treng meir nett-kapasitet til vindkraft
I følgje Forskrift om Energiutredninger utgitt av NVE i januar 2003 skal områdekonsesjonær utarbeide, årleg oppdatere og offentleggjere ei energiutgreiing for kvar kommune i konsesjons-området. Frå 2009 er forskrifta endra, slik at rullering berre vert kravd annakvart år.
Energiutgreiinga skal beskrive noverande energisystem og energisamansettinga i kommunen med statistikk for produksjon, overføring og stasjonær bruk av energi.
Energiutgreiinga skal vidare innehalde ei vurdering av forventa energietterspurnad i kommunen, fordelt på ulike energiberarar og brukargrupper.
Endeleg skal energiutgreiinga beskrive dei mest aktuelle energiløysingane for område i kommunen med forventa vesentleg endring i etterspurnaden etter energi. Inkludert i dette skal områdekonsesjonæren ta omsyn til grunnlaget for bruk av fjernvarme, energifleksible løysingar, varmegjenvinning, innanlandsk bruk av gass, tiltak for energiøkonomisering ved nybygg og rehabiliteringar og verknaden av å ta i bruk energistyringssystem på forbrukssida m.v.
Intensjonen med forskrifta er at lokale energiutgreiingar skal auke kunnskapen om lokal energiforsyning, stasjonær energibruk og alternativ på dette området. På denne måten skal lokale energiutgreiingar medverke til ei samfunnsmessig rasjonell utvikling av energisystemet.
Tabellen nedanfor viser sentrale nøkkeltal for den stasjonære energibruken i kommunen. Detaljert oversyn finst i vedlegg.
Hovudtal for 2012 [GWh] Elektrisitet Petroleum Gass BiobrenselAvfall, kol,
koksTotalt
Hushald 13,5 0,6 0,2 6,9 0,0 21,3
Hytter og fritidshus 2,5 0,0 0,0 0,0 0,0 2,5
Tenesteyting 15,9 1,2 0,1 0,0 0,0 17,2
Industri 0,7 0,1 0,0 0,0 0,0 0,8
Fjernvarme 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0
Primærnæring 5,7 0,1 0,0 0,0 0,0 5,8
Sum 38,3 2,0 0,3 6,9 0,0 47,6
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 3 av 26
INNHALD
SAMANDRAG ......................................................................................................................................................... 2
INNHALD................................................................................................................................................................. 3
1 UTGREIINGSPROSESSEN ........................................................................................................................... 4
2 KOMMUNEN .................................................................................................................................................. 5 2.1 FOLKETAL OG BUSETNAD 6 2.2 NÆRINGSLIV 7
3 LOKALT ENERGISYSTEM ............................................................................................................................ 8 3.1 INFRASTRUKTUR FOR ENERGI 8 3.2 ENERGIBRUK 10 3.3 VASSBOREN VARME 13 3.4 LOKAL ENERGITILGANG 14 3.5 ENERGIBALANSE 15
4 UTVIKLING ENERGIBRUK ......................................................................................................................... 16 4.1 FRAMSKRIVING AV ENERGIBRUK 16 4.2 UTFORDRINGAR FOR ENERGIFORSYNINGA 17
5 NY ENERGITILGANG .................................................................................................................................. 19 5.1 SMÅKRAFT 19 5.2 VINDKRAFT 20 5.3 BIOENERGI 20 5.4 SPILLVARME 21 5.5 AVFALL 21 5.6 ANDRE ENERGIKJELDER 21
6 AKTUELT OMRÅDE .................................................................................................................................... 22 6.1 INDUSTRISATSINGA PÅ LUTELANDET 22
7 FØRESETNADER ........................................................................................................................................ 23 7.1 SPESIELLE FØRESETNADER 23 7.2 GENERELLE FØRESETNADER 23
8 VEDLEGG .................................................................................................................................................... 24 8.1 ENERGIBRUK 24 8.2 DEMOGRAFI OG NÆRINGSLIV 25
9 REFERANSAR ............................................................................................................................................. 26 PUBLIKASJONAR, RAPPORTAR ETC. 26 ILLUSTRASJONAR 26 FIRMA/ PERSONAR 26
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 4 av 26
1 UTGREIINGSPROSESSEN Som områdekonsesjonær har Sunnfjord Energi AS engasjert SFE Rådgjeving til å bistå i utarbeiding av energiutgreiing for Fjaler kommune i Sogn og Fjordane fylke.
Den første energiutgreiinga for Fjaler kommune vart utarbeidd og presentert i 2004. Energiutgreiing Fjaler kommune 2006 er oppdatert med omsyn på statistikk og kjende endringar i framtidig energibehov. Ved rullering 2007 vart statistikkdelen oppdatert og kjende endringar lagt inn. Statistikk for sysselsetting vart endra.
Vestnorsk Enøk rullerte utgreiinga for 2009. Statistikkane vart ajourførte og utvida i høve til ”Veileder for lokale energiutredninger 2-09”. Endringane var i hovudsak framstilling av energibruk både med og utan temperaturkor-rigering og innføring av brukarkategorien ”Hytter og fritidshus”. Det vart lagt inn nye prosentsatsar for temperaturkorrigering og utgreiinga vart oppdatert med omsyn på kjende endringar i framtidige energibehov.
Ved rullering 2011 har utgreiinga fått ny layout der tekst med grøn bakgrunn gjeld den aktuelle kommunen. I 2013 er lading av elbilar tatt med.
Telemegafonen. Foto: Monica Johansen
Rullering 2013
Oppstartsmøte 3. juli 2013
Stad Fjalerhuset
Frå kommunen Ola Hovland
For energiverket Nils Ola Strand
Det vart gjort ein grundig gjennomgang av status og framtid. Kommunen bidrog konstruktivt i dette arbeidet.
Dette kapittelet skildrar kort korleis område-konsesjonæren har valgt å organisere arbeidet med den lokale energiutgreiinga. Samarbeid og eventuell kontakt med andre lokale aktørar vil du finne her.
Organiseringa av samarbeidet med kommunen finn du og her. Dette inkluderer både avheldne møte og oversyn over kva delar av kommunen si verksemd som har vore involvert eller bidratt med data.
Der det er gjort lokale kartleggingar og innhenting av statistikk som ikkje er offentlig tilgjengeleg, er det gjort greie for kva data som er innhenta, korleis innhentinga er gjort og korleis denne informasjonen er lagra og eventuelt videre bearbeidd.
TRAFOJOBB. Kjelde: www.nrk.no Foto: Vegar Erstad/NRK
Kommunen
Ved denne rulleringa har vi sett spesielt fokus på utbygginga på Lutelandet
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 5 av 26
2 KOMMUNEN I Dalsfjorden har det vore kultur for å drive industri i mange år. I dag er det ingen industri-produksjon att i kommunen.
Fjaler er på mange måtar ein typisk landbruks-kommune med ei etter måten svært sterk satsing på skogreising. Kulturlandskapet ber mange stader sterkt preg av dette. Elles har vi fiskeopp-drettsbedrifter som spelar ei stor rolle for kommunen, både med omsyn til arbeidsplassar og økonomi. Reduksjonen i tal arbeidsplassar i industrien vert noko på veg kompensert med vekst i kunnskapsbaserte verksemder som datafirmaet Enoro AS, Planteforsk Fureneset, Haugland Rehabiliteringssenter, UWC og Nordisk kunstnarsenter (NKD) på Dalsåsen.
Kommunen har ein svært lang og sterk skuletradisjon - Frå Nikka Vonen sin pikeskole og fram til Dale vidaregåande skule i Dale og Red Cross Nordic United World College (UWC) - «Verdsgymnaset» på Haugland i Flekke. Kommunen presenterer seg gjerne som ein kulturkommune - i dag med både nordisk og internasjonalt preg.
Energibruk i ein kommune avheng av faktorer som folkesetnad, type bygg, antal personer pr husstand, korleis lokalt næringsliv er sett saman, klimatiske tilhøve med meir. I dette kapittelet har vi tatt med slik informasjon som bakteppe for vidare skildring av energisystemet i kommunen.
Vi har og tatt med særegne tilhøve i kommunen som betyr noko for sammensettinga og storleiken på energibruken. Dette gjeld til dømes viktige industri- og næringsverksemder.
Alle detaljar om demografi og sysselsetting er å finne i vedlegg.
Klimadata for Fjaler
Middeltemperatur 6,3 °C
Nedbørsnormal 2725 mm
Graddagstal 3843
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 6 av 26
2.1 Folketal og busetnad
0
500
1000
1500
2000
2500
3000
3500
2002 2007 2012 2017 2022
Utvikling folketal
Utviklinga av folketalet i har betydning både for framtidig energibruk i husstandar og dei tenesteytande næringane. Mange kommunar i fylket opplever at folketalet har vorte redusert i større eller mindre grad.
1,80
2,00
2,20
2,40
2,60
2,80
2002 2007 2012 2017 2022
Personar pr. husstand
Kommunen Fylket Landet
Det er ein nasjonal trend at storleiken på husstandane vert mindre. Dette ser vi igjen både i fylka og i dei aller fleste kommunane i landet.
0
5
10
15
20
25
30
35
2002 2007 2012
Bu
ein
inga
r p
r. å
r
Nye bueiningar
Utviklinga innan nybygging kan gi ein peikepinn på om folk satsar på å bu i kommunen og om det er tilflytting.
0
100
200
300
400
500
600
2002 2007 2012
Hytter og fritidsbygg
Her ser vi antal hytter og fritidsbygg i kommunen registrert ved utgangen av kvart år.
Folketal i kommunen
Stabilt
Kommunen har mål om å auke dette
200 studentar ved UWC er medrekna
Husstandar i kommunen
Svakt avtakande storleik
Lågare enn snitt fylke og land
Nybygging i kommunen
Om lag 9 nye bueiningar årleg snitt
Hytter og fritidsbygg i kommunen
Meir enn 500 hytte- og fritidsbygg.
Aukande
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 7 av 26
2.2 Næringsliv
0 % 20 % 40 % 60 % 80 % 100 %
Landet
Fylket
Kommunen
Sysselsetting
Primærnæring Industri Tenesteyting
Primærnæring er sysselsetting innan jordbruk, skogbruk og fiske. Sysselsetting innan industri vert og kalla sekundærnæring.
Dei tenesteytande næringane vert ofte kalla tertiærnæringar. Her er både offentleg og privat tenesteyting tatt med.
Dei største verksemdene i kommunen er
Dale vidaregåande skule
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
Red Cross Nordic United World College
Enoro AS
Dale vidaregåande skule. Kjelde: http://fjaler.origo.no
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter AS
Kjelde: http://www.rkhr.no
Enoro er ein leiande leverandør av software og tenester for energibransjen.
Enoro AS held til i lokale som tidlegare var skofabrikk.
Foto: Oddmund Haugen. Kjelde: www.nrk.no/sf
Frå RCNUWC i Flekke. Foto: Nils Ola Strand
Sysselsetting i kommunen
Flest sysselsette innan tenesteyting
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 8 av 26
3 LOKALT ENERGISYSTEM
3.1 Infrastruktur for energi
Lokale energiutgreiingar skal i henhold til forskrifta inkludere beskrivelse av infrastruktur for energi og statistikk for denne. Av omsyn til tryggleik, har vi skildra infrastrukturen med tekst.
Elektrisitet
Det alt vesentlege av det stasjonære energi-forbruket i Fjaler kommune blir dekt av elektrisitet. Sunnfjord Energi AS er område-konsesjonær for kommunen og eig og driv straumnettet.
Nettverksemda er regulert av Norges vassdrags- og energidirektorat gjennom energilov og forskrifter. Dette inneber at økonomiske rammer og krav til opptreden og samhandling med andre aktørar er fastlagt.
Innmating til Fjaler kommune kjem frå gjennom-gåande 66 kV ringnett frå Stakaldefoss, Sande og til Hålandsfoss og vidare til Grov, Sagefoss, Naustdal, Erdal og Stakaldefoss via Nedre Markevatn. I Hålandsfossen blir spenninga transformert ned frå 66 kV til 22 kV og distribuert vidare ut på 22 kV-liner i Fjaler kommune.
Mogleg utbygging av vindkraft og industriverk-semd på Lutelandet har utløyst behov for nytt linjenett i området. Sunnfjord Energi AS har fått konsesjon på ny 132 kV-linje frå Lutelandet til Hålandsfossen. Konsesjonen er påklaga og ligg no til handsaming i Olje- og energidepartementet (OED). På linja derfrå til Moskog må spenninga hevast frå 66 til 132 kV. I tillegg kan det verte trong for nettutbyggingar som følgje av småkraft.
Statnett har fått konsesjon på ei ny 420kV-linje mellom Sogndal og Ørskog.
420 kV-linja
Nettverksemda er ei monopolverksemd, regulert av Norges Vassdrags- og Energidirektorat. Produksjon av elektrisk kraft er underlagt same reguleringsstyresmakt, men her er valgt ei konkurransebasert omsetningsform og eigarskapen er spreidd på fleire aktørar.
Lokale energiutgreiingar har fokus på lokale tilhøve og då spesielt det som påverkar distribusjonsnettet. Dersom det er tilhøve som tilseier at tiltak i overliggande nett (regionalnettet) er nødvendig av omsyn til det lokale energi-systemet, bør dette beskrivast i den lokale utgreiinga. Elles vil slike tiltak normalt vere å finne i dei regionale kraftsystemplanane.
I skildringa av det lokale distribusjonsnettet har vi innarbeidd statistikk som kan danne grunnlag for vurdering av leveringstryggleik og framtidig utvikling av nettet i kommunen.
Sunnfjord Energi sitt administrasjonsbygg i Førde. Foto: Nils Ola Strand
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 9 av 26
0,0
5,0
10,0
15,0
20,0
25,0
GW
h
Hovudtal 2012
Elektrisitet PetroleumGass BiobrenselAvfall, kol, koks
Grafen til venstre gir eit oversyn over dei ulike brukargruppene og kva type energi desse nyttar.
99,80
99,85
99,90
99,95
100,00
2002 2007 2012
%
Leveringstryggleik
Kommunen Fylket Landet
Feil- og avbrotsstatistikk for kommunen er framstilt grafisk her, samanlikna med tilsvarande data for fylkes- og landsgjennomsnittet.
NVE sin feil- og avbrotstatistikk er bearbeidd slik at leveringstryggleiken kjem fram. 100% er alltid straum, 0% er aldri straum. Detaljane i statistikken ligg i vedlegg.
Fjernvarme/nærvarme
Det er ikkje bygt ut fjern- eller nærvarme i Fjaler kommune.
Gass
Det er ingen infrastruktur for gass i Fjaler. Bruken er i hovudsak knytt til drift av storkjøken.
I enkelte byar og tettstader er det etablert fjernvarmeanlegg og/eller distribusjonssystem for gass. Denne type system vert beskrive spesielt.
Systema beskrivast med installert effekt, type brensel som vert nytta, årleg levert energi, lengde på røyrnett osb. Eventuelle kapasitets-problem og planlagde utvidingar skal og beskrivast.
Hovudtal for kommunen
Elektrisitet er den mest nytta energikjelda
Det vert nytta mykje ved (bio-brensel) til oppvarming av bustader
Leveringstryggleik i kommunen
Leveringstryggleiken i Fjaler i 2012 var på 99,965%
Resultatet i 2011 skuldast uver som «Dagmar»
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 10 av 26
3.2 Energibruk
Ved skildring av energibruk til stasjonære føremål i kommunen, er bruken delt opp mellom ulike energiberarar og ulike brukargrupper.
Historisk utvikling og prognose for framtidig energibruk er framstilt grafisk i kapittel 4.1.
Sammensettinga i dagens energibruk er framstilt i form av diagram som illustrerer fordelinga mellom ulike energiberarar og brukargrupper. Vi har nytta SSB si detaljinndeling til dette.
Energibruk i kommunen fordelt på energiberar:
0 %
20 %
40 %
60 %
80 %
100 %
Kommunen Fylket Landet
Energibruk pr. energiberar
El Petroleum Gass Bio Avfall, kol, koks
Energibruken er delt på følgande energiberarar:
Elektrisitet
Biobrensel
Gass
Petroleum
Kol/koks/avfall
Energibruk i kommunen fordelt på brukargrupper:
0 %
20 %
40 %
60 %
80 %
100 %
Kommunen Fylket Landet
Energibruk pr. brukargruppe
Hushald Hytter og fritidshus Tenesteyt ing
Industri Fjernvarme Primærnæring
Energibruken er delt på følgande brukargrupper:
Hushald
Fritidsbustader
Tenesteyting
Industri
Fjernvarme
Primærnæring
Faktisk energibruk 2012 GWh
Hushald 20,9
Hytter og fritidshus 2,1
Tenesteyting 17,9
Industri 0,4
Fjernvarme 0,0
Primærnæring 5,4
Sum 46,6
Energiutgreiinga viser både faktisk og klima-korrigert energibruk. Faktisk energibruk er den mengda energi som brukast det aktuelle året.
Energiberarar i kommunen
Større bruk av bio enn fylke og land
Svært liten bruk av gass
Energibruk pr sektor i kommunen
Hushald og tenesteyting brukar mest
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 11 av 26
Klimakorrigert energibruk 2012 GWh
Hushald 21,5
Hytter og fritidshus 2,1
Tenesteyting 18,4
Industri 0,4
Fjernvarme 0,0
Primærnæring 5,6
Sum 47,9
Klimakorrigert energibruk er den mengde energi som ville ha vore nytta dersom det aktuelle året hadde hatt middeltemperatur. Alle detaljar om energibruk finn du i vedlegg.
Kommunal energibruk
Tabellen under viser dei aktuelle byggruppene med energibruk og areal i 2012.
Energi Areal
(GWh) (m²)
Administrasjon 0,4 2 769
Barnehagar 0,3 1 440
Skular 1,2 8 610
Institusjonar 0,8 3 800
Idrettsbygg 0,0 1 877
Kulturbygg 0,0 700
Sum 2,7 19 196
Oversyn bygg
Tabellen nedanfor viser spesifikk energibruk samanlikna med snitt fylke og land.
Spesifikk
energibruk
(kWh/m²)
Ko
mm
un
en
Fylk
et
Lan
de
t
Administrasjon 138 225 207
Barnehagar 212 240 226
Skular 137 208 211
Institusjonar 219 208 207
Idrettsbygg 0 333 200
Kulturbygg 0 196 115
Energiutgreiinga skal seie noko om energi-økonomisering i kommunen med framlegg til konkrete tiltak. Denne gongen ser vi på kommunale bygg.
I dette kapittelet er det sett nærare på energien som går med til å drive dei kommunale bygga. Dette bør vere av stor interesse for kommunane, då ein på denne måten kan sjå kor energieffektiv kommunen er. Etter kvart vil ein og få inntrykk av utviklinga i kommunen sin energibruk. For å gjere framstillinga meir informativ, samanliknar vi nøkkeltal med snitt i fylke og land for tilsvarande grupper bygg.
Det finst ingen offentleg statistikk for dette, men vi har bearbeidd verdiar for areal og energikost-nader som kommunane sjølve har rapportert inn gjennom KOSTRA (SSB).
Utfrå normtal, er sparepotensialet i kommunale bygg vurdert slik:
Kommunen Norm Sparepot.
(kWh/m²) (kWh/m²) (kWh/år)
Administrasjon 138 215 -
Barnehagar 212 195 24 000
Skular 137 174 -
Institusjonar 219 236 -
Idrettsbygg 0 249 -
Kulturbygg 0 237 -
Sum 24 000
Sparepotensiale
Her er dei kommunale bygga samanlikna energimessig med tilsvarande bygg på landsbasis.
Sparepotensiale kommunale bygg
Uttfrå normtal synest potensialet lite
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 12 av 26
Aktuelle tiltak i kommunale bygg
I kommunen sin vedtekne energi- og klimaplan (2010-2014) er det mellom anna mål om å utarbeide ein enøkplan for dei største, kommu-nale bygga.
Fjalerhuset. Kjelde: http://fjaler.origo.no
Enøkplan for dei største kommunale bygga er utarbeidd (2012) og kommunen er i gang med gjennomføring (2013-2015). Aktuelle tiltak: Utskifting av vindauge, etterisolering, skifting av tak samt skifte av varmekjelder og nye styrings-system.
Her ser vi på aktuelle tiltak som kan redusere energibruken i dei kommunale bygga. Dette kan vere tiltak rettet mot bygningskropp, oppvarm-ingsutstyr, ventilasjonsanlegg, styringssystemer osb.
Hushaldningar
Bustadstruktur
Einebustad 83% Tomannsbustad 2%
Rekkehus 6% Bustadblokk 2%
Bufellesskap 5% Andre byggtypar 3%
Dette er ei framstilling som syner korleis folk bur i kommunen. Bur ein stor del av innbyggarane i blokk, vert energibruk pr. husstand lågare enn om dei fleste bur i einebustad.
Sparetiltak kommunale bygg
Kommunen har utarbeidd ein eigen enøkplan for større, kommunale bygg
Bustadstruktur i kommunen
Dei aller fleste bur i einebustad
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 13 av 26
0
5 000
10 000
15 000
20 000Energibruk pr. husstand
Kommunen Fylket Landet
Energibruk husstandar 2012 kWh
Kommunen 17 919
Fylket 23 868
Landet 21 594
Når bruk av el synest svært lav i Fjaler, kan dette skuldast at fordeling mellom hushald/jordbruk ikkje er heilt korrekt.
Det har ikkje vore gjort større endringar i dette siste åra, så evt. feil kan ha følgt med frå tidlegare Ytre Sogn og Sunnfjord Energiverk (YSSE) sine registreringar.
I grafen og tabellen til venstre ser du eit oversyn over energibruken til gjennomsnittshusstanden i kommunen, samanlikna med tilsvarande tal for snitt i fylke og land. Tala kjem frå SSB.
Atelieret på Nordisk Kunstnarsenter Dale
Kjelde: www.fjaler.kommune.no
3.3 Vassboren varme
Kommunen har få bygg med vassboren varme, men verksemda Enoro AS har nytta fjorden som varmekjelde om vinteren og til frikjøling om sommaren i mange år.
Alternativ til elektrisitet for byggoppvarming og tappevassoppvarming føreset vassbore (eller luftbore) system. Med vassbore system kan ein i tillegg til elektrisitet utnytte mange ulike energi-berarar til oppvarming.
Kommunen kan legge til rette for lokal utvikling av fjernvarmesystem ved å gjere aktiv bruk av ”Lov om planlegging og byggehandsaming”.
Hushaldningar i kommunen
Brukar lite elektrisk energi
Dette kan skuldast feilfordeling
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 14 av 26
3.4 Lokal energitilgang
Utgreiinga skal innehalde eit oversyn over nytta energiressurser i kommunen. Det finst ingen god statistikk for uttak av biomasse til energiføremål, men saman med ansvarlig for primærnæring i kommunen sin administrasjon har vi freista å gjere eit anslag for storleiken på uttaket.
Eksisterande elproduksjon
I følge NVE og Sunnfjord Energi AS er desse kraftverka registrerte i Fjaler kommune:
Utbygde kraftverk MW GWh
Hålandsfoss 4,8 22
Sagevikelva 4,7 16
Daleelva 0,9 4
Stordalen 0,7 2
Indre Nordal 0,1 0
Sum 11,2 44
I dette punktet er det gjort ei oppsummering av utbygd vass- og eventuell annan elproduksjon i kommunen, medrekna vindkraft.
Sagevik kraftverk, Fjaler Foto: Oddleiv Apneseth. Kjelde: www.bt.no
Hålandsfossen kraftverk kom i drift i februar 1918.
Kjelde: www.norsknettskole.no
Annan, utnytta energitilgang
Ifølge skogbrukssjefen vart om lag 500 m3 avvirka til ved i Fjaler i 2008 (Det finst ikkje offisielle tal). Dette tilsvarar ca. 0,7GWh. Vi reknar ikkje med at dette har endra seg vesentleg.
Veden vert i stor grad henta av forbrukaren sjølv i eigen skog eller kjøpt på rot. Det er ei viss engrosomsetning av ved, også med sal ut av kommunen.
Total årstilvekst i kommunen ligg kring 32 000 m3 årleg.
Her har vi lista opp andre energikjelder som vert nytta i kommunen i dag
Annan energitilgang i kommunen
Bioressursane vert lite utnytta
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 15 av 26
3.5 Energibalanse
Fjaler kommune har eit overskot av elektrisk energi. Alle oljeprodukt vert henta utanfrå, medan litt av bioressursane til produksjon av varme vert eksportert ut av kommunen.
0
10
20
30
40
50
GW
h
Energibalanse 2012
Forbruk dekka med importForbruk dekka med produksjonEksport
For å oppsummere informasjon om dagens energisystem bør det gis en skjematisk beskrivelse av energiflyten i kommunen. En slik beskrivelse bør inkludere en oversikt over hvordan energibruken i kommunen dekkes sett i forhold til den lokale energitilgangen. Hvordan eventuelle overskudd eller underskudd av energi transporteres over kommunegrensen bør kommenteres. Energiressurser som ikke utnyttes lokalt bør inkluderes i balansen. Dette kan eksempelvis være husholdningsavfall og biomasse som benyttes til varmeproduksjon i andre kommuner.
Lillingstonheimen - Flekke i Fjaler. Kjelde: http://www.naturogferie.no
Kommunen sin energibalanse
Overskot av elektrisk energi
Litt eksport av bio
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 16 av 26
4 UTVIKLING ENERGIBRUK Her har vi laga prognose for en sannsynleg utvikling av energietterspurnaden fordelt på energiberarar og brukargrupper i kommunen. Eventuelle større, framtidige endringar i infrastruktur og energianlegg vil du og finne her. Her finn du og generelle og lokale føresetnader for framskrivingane, saman med kommentarar til trendar i utviklinga. Utviklinga i energibruk kommenterast med omsyn til energiprisar og eventuelle andre større hendingar som kan ha betydning for utviklinga i energibruk.
4.1 Framskriving av energibruk
Energibruken vert påverka av mange faktorar som klima, demografiske tilhøve, teknologisk utvikling, energiprisar, næringsstruktur og bustadstruktur. I tillegg betyr det mykje korleis folk sine forbruksvanar utviklar seg. Også lover og forskrifter vil ha effekt, t.d. gjennom krav til isolasjon og byggstandard.
Faktisk energibruk fordelt på brukargrupper med prognose for dei neste 10 åra:
0
10
20
30
40
50
60
2002 2007 2012 2017 2022
GW
h
Energibruk med prognose
Hushald Hytter og fritidshus
Tenesteyting Industri
Fjernvarme Primærnæring
Dette er ein stadstilpassa prognose som bygger på følgande prinsipp:
Kommunen sin eigen prognose for befolkningsutvikling
Endringar i busetnad
Vedtatte utbyggingar i kommunen
Planlagte endringar innan industrien Detaljar om talmaterialet ligg i vedlegg.
Faktisk energibruk fordelt på energiberar med prognose for dei neste 10 åra:
0
10
20
30
40
50
60
2002 2007 2012 2017 2022
GW
h
Energibruk med prognose
El Petroleum Gass Bio Avfall, kol, koks
Prognosert energibruk i kommunen
Størst venta vekst innan teneste-ytande næringar
Bruk av elektrisitet aukar mest
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 17 av 26
4.2 Utfordringar for energiforsyninga
Framskriving av dagens energibruk går i retning av auka bruk av elektrisk energi. Dette vil ikkje medføre større forsyningsproblem. Utbygging på Lutelandet vil krevje større kapasitet i nettet.
Bruken av bio, gass og olje ser ut til å verte lite endra dei næraste åra.
I høve vurdering av alternative energiløysningar, er det viktig å kjenne til lastsituasjonen i distribusjonsnettet. I område der elektrisitetsnettet nærmar seg ei kapasitetsgrense, kan det vere større samfunns-økonomisk lønsemd i å etablere alternative løysningar framfor å forsterke eksisterande infrastruktur.
Energiomlegging
En del av dei større bygga i Fjaler har vassboren varme og oljefyr. Skal det leggast om til meir miljøvennlege energiberarar, vil det vere naturleg å sjå på auka bruk av bioenergi som pellets, briketter eller flis. Bioenergi har vore vurdert, men har nokre ulemper (forsyningstryggleik og kostnader) som gjer til at dette pr i dag ikkje er valt i kommunale bygg. Samstundes skjer det ei utvikling og eit av dei større gardsbruka har installert bioenergi-anlegg med eigen produksjon av flis.
Større bruk av varmepumper er også aktuelt, enten luft/vatn eller vatn/vatn i dei delane av kommunen der det kan hentast lavtemperert energi fra grunn, sjø eller vatn. Tilhøva ligg til rette for at fleire skal kunne gjere dette. Eldre oljefyrar i kommunale bygg vert i stor grad bytta ut med varmepumper.
Dersom føresetnadene er på plass, vi kommunen ha både bio, luft/vatn og vatn/vatn-løysingar i framtida.
Energiutgreiinga skal innehalde konkrete framlegg til energiomlegging. Det kan til dømes vere omlegging frå bruk av panelomnar til oppvarming til bruk av fornybar varme.
Erfaringsmessig tar energiomlegging tid, spesielt der bygg må konverterast frå el til vassboren varme for å kunne realisere omlegginga. Det er heller ikkje alltid så lett å rekne ut dei økonomiske konsekvensane av ei slik omlegging.
Det er viktig at nokon går føre og viser veg. Dette har ofte vore kommunar og andre offentlege eigarar som har andre krav til lønsemd enn private byggeigarar.
Enova SF har støtteordningar for omlegging til fornybar energi i varmesentralar.
Kommunen
Nettet har ingen større flaskehalsar når det gjeld framtidig elforsyning
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 18 av 26
Ladepunkt for elbil
Sunnfjord Energi har sett opp ladar for elbil i Dale og Korssund.
Kommunen vurderer fortløpande om det er behov for kommunale ladeplassar.
I Fylkesdelplan for klima og miljø er det vedteke at Fylkeskommunen vil arbeide med å redusere klimagassutslepp og førebyggje utslepp gjennom endring i produksjon, forbruk og samfunns-institusjonar som bidreg til utslepp. Som ein av strategiane til å gjennomføre dette, er det vidare vedteke å effektivisere personbilar og redusere forbruk av drivstoff ved privat bilkøyring. Eit av fleire tiltak i planen er å «sikre infrastruktur for el-bilar». Fylkeskommunen har hatt eit møte med fleire av nettselskapa i fylket (Sognekraft, Sunnfjord Energi, Stryn Energi og SFE) rundt etablering av hurtigladepunkt. Nettselskapa var positive til å bidra til utbygging av fleire ladepunkt. Det er viktig å sikre infrastruktur for el-bilar internt i fylket, samstundes som ein legg til rette for reise mellom fylka. Normalladepunkt (om lag 8 timar) har dei fleste kommunane i fylket i dag, men hurtigladestasjonar som eit supplement til dette vil gjere det «tryggare» å køyre elbil i fylket.
Elbil type Tesla. Kjelde: http://www.npr.org
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 19 av 26
5 NY ENERGITILGANG
I forskrift om energiutredninger er det ikkje gitt direkte pålegg om å kartlegge lokale energiressursar og høve til å utnytte desse. Dette er likevel eit tema av stor interesse for kommunen og for nettselskapet sjølv. I denne utgreiinga har vi lagt vekt på å skaffe fram best moglege anslag på slike ressursar.
5.1 Småkraft
NVE si ressurskartlegging viser 28 utbyggingsprosjekt med eit samla potensiale på 18 MW og 80 GWh i Fjaler.
NVE har utvikla ein metode for digital ressurskartlegging av små kraftverk mellom 50 og 10 000 kW. Metoden bygger på digitale kart, digitalt tilgjengeleg hydrologisk materiale og digitale kostnader for dei ulike anleggsdelane. I dei lokale energiutgreiingane må det visast til denne kartlegginga. Områdekonsesjonæren har gjort ei vurdering av kva produksjonseiningar som vurderast som mest aktuelle og vurdet dei konsekvensane ei realisering av desse vil få for det lokale energisystemet.
Her er eit tabellmessig oversyn for planlegde utbyggingsprosjekt i kommunen
Planlagde kraftverk MW GWh
Turlagshølen 3,5 16
Skarfossen 2,6 7
Sølia 1,9 6
Steinset 1,5 6
Turvedalen-Flekke 1,3 4
Guddal 1,0 4
Harefossen 1,0 4
Øyrafossen 0,7 4
Yndestad 0,6 2
Tjøredalselva 0,6 4
Yndestadhølen 0,6 4
Haugafossen 0,5 2
Nautsund 0,5 3
Holmelid 0,5 2
Hatledal 0,2 1
Saga kraft 0,1 0
Sum 17,0 69
Sagevikelva kraftverk Kjelde: http://commons.wikimedia.org
Ny elproduksjon i kommunen
Det er stor aktivitet på ny småkraft!
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 20 av 26
5.2 Vindkraft
Ytre del av Fjaler kommune har store vindressursar.
Kommunen har ikkje vindkraft i dag, men eit område på Lutelandet er avsett til føremålet. Sunnfjord Energi AS starta vindmåling på Lutelandet i 1998 og sende melding i 2006. Prosjektet vart overført til Vestavind Kraft AS som etter avtale sommaren 2008 saman med Statoil New Energy AS stifta selskapet Lutelandet Energipark AS. Vestavind Kraft AS og Statoil New Energy AS eig 50% kvar av selskapet.
Lutelandet Energipark AS har fått konsesjon til å byggje og drive ein vindpark på Lutelandet i Fjaler kommune med installert effekt på 45 MW. I tillegg er det gitt konsesjon for eit testanlegg inntil 10 MW. Totalt 55 MW, 120 GWh. Vedtaka vart gjort sommaren 2011. Denne er påklaga.
5.3 Bioenergi
I Fjaler kommune er det mogleg å ta ut vesentleg meir energi frå skogen enn det som vert gjort i dag.
I 2010 vart berre ca 500 m3 tatt ut av ein samla årstilvekst på om lag 32 000 m3.
I områder med stor tilgang på biomasse bør det gjerast eit anslag av potensialet.
Bioressursar i kommunen
Meiruttak av biomasse er mogleg
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 21 av 26
5.4 Spillvarme
Vi har ikkje funne verksemder med utnyttbar spillvarme i Fjaler.
Dersom det er etablert industri i kommunen, er det interessant å undersøke om det er tilgjengeleg spillvarme som kan nyttast til oppvarming. Dette føreset at det ikkje er lang avstand mellom spillvarmekjelda og aktuell bebyggelse.
5.5 Avfall
Avfallet vert levert til Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM). Gjenvinning av energi frå avfall skjer difor ikkje i denne kommunen.
SUM: Sorteringshall for avfall
Kjelde: www.sum.sf.no
Avfall skal sjåast på som ein ressurs. Det er mange måtar å avhende søppel på, alt frå deponi til resirkulering eller utnytting av energi.
5.6 Andre energikjelder
Store delar av innbyggarane i Fjaler kommune bur nær sjø, elv eller vatn. Nokre få utnyttar denne energikjelda til oppvarming og frikjøling. Potensialet for auka utnytting av desse lavtempererte energikjeldene er betydeleg.
Fjaler. Kjelde: www.fjaler.kommune.no
I område med tilgang til sjø eller andre gode lavtempererte varmekjelder, kan det vere aktuelt å vurdere bruk av varmepumper. Grunnvatn og berggrunn kan vere aktuelle varmekjelder i nokre område.
Andre energikjelder i kommunen
Det er potensiale for utnytting av lavtemperert energi frå sjø/vatn
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 22 av 26
6 AKTUELT OMRÅDE
Ei vurdering av alternative energiløysingar er først og fremst aktuelt i geografiske område der det er venta vesentleg vekst i etterspørsel eller forskyving til andre energiberarar. Dette gjeld spesielt område som er lokaliserte slik at det er gode høve til å utnytte lokale energiressursar. Tiltak for å fremje meir effektiv energibruk er også aktuelt i område der det ikkje er venta vekst.
6.1 Industrisatsinga på Lutelandet
Lutelandet er eit over 3000 mål stort industriområde sentralt plassert nær store gassfelt og store mineralressursar. Plassen ligg sentralt på kysten av Sogn og Fjordane. Avstanden til næraste flyplass (Førde Lufthamn, Bringeland), er om lag ein time. Med båt er det under ein time til Florø, medan reisetida med bil til Bergen er under tre timar. Lutelandet ligg svært sentralt i høve til dei andre kommunane i HAFS-regionen og storparten av kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund ligg innanfor normal pendleavstand.
Lutelandet Utvikling AS
Lutelandet Utvikling har kontor saman med Fjaler Næringsutvikling i bygget til Fjaler Sparebank i Dale.
Eigd av Sogn og Fjordane Fylkeskommune og kommunane Askvoll, Fjaler Hyllestad og Solund Har som føremål å utvikle industri på Lutelandet.
På Lutelandet skal det føregå kraftproduksjon i Lutelandet Energipark som har rettskraftig konsesjon på 55 MW installert effekt. Det er også gitt konsesjon på 132 kV kraftforsyning til Lutelandet.
På Lutelandet er det planlagt eit serviceanlegg for petroleumsindustri, maritim industri og offshore vindkraft med demontering av offshore petroleumsinstallasjonar som viktig aktivitet. Det blir også satsa på vedlikehald og klargjering av flytande oljeriggar. Samanstilling av store konstruksjonar innanfor offshore vindkraft er eit anna satsingsområde.
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 23 av 26
7 FØRESETNADER
7.1 Spesielle føresetnader
Alle framskrivingar er gjort med grunnlag i dei generelle føresetnadane, men ca 200 elevar ved UWC skapar eit feilaktig grunnlag for SSB sine framskrivingar av folketalet.
7.2 Generelle føresetnader
Alle framskrivingar av folketal er henta frå SSB, alternativ MMMM dersom ikkje anna er opplyst.
Graf for nye bueiningar er henta frå SSB, men føreset at kommunen har innrapportert dette i rett tid.
Data for utrekning av leveringstryggleik i kommunen er opplyst frå det aktuelle energiverket.
Grunndata for energibruk i kommunen er henta frå SSB med nyaste data frå 2009. Dette er framskrive til 2012 (trendframskriving med grunnlag i nasjonale data) for alle energiberarar utanom elektrisitet som har faktiske tal oppgjeve frå energiverket.
Energibruk i kommunale bygg er henta frå SSB (KOSTRA) og er avhengig av nokolunde korrekt kostnadsanslag for dei ulike energikjeldene. For 2012 er det nytta 0,8 kr/kWh i snitt for energikjeldene.
Sparepotensialet i kommunale bygg framkjem ved bruk av normtal innan kvar byggkategori.
Lokal energitilgang bygger på oversyn frå NVE, kommunen og det lokale energiverket.
Prognose for utvikling av energibruk er stadtilpassa ut frå historisk utvikling. Dette tar opp i seg summen av endringar i folketal, bustadstruktur, næringsutvikling, m.m. I tillegg er det teke spesielt omsyn til vedtekne utbyggingar og planlagde endringar innan industri.
Potensialet for uttak av bioenergi til oppvarming er anslått av kommune-administrasjonen.
Data for avfall er henta frå selskapet som handsamar dette.
Historikk innan feil og avbrot (FASIT) er tinga og velvillig levert av NVE.
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 24 av 26
8 VEDLEGG
8.1 Energibruk
Tabellen under syner faktisk energibruk pr. brukargruppe med prognose: År 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012
Hushald 21,8 21,8 22,4 22,1 23,3 22,1 20,1 21,1 20,8 18,5 20,9
Hytter og fritidshus - - - 1,1 1,2 1,5 1,7 1,8 2,1 2,1 2,1
Tenesteyting 11,9 12,8 13,3 12,8 12,4 12,3 14,2 14,6 16,3 17,3 17,9
Industri 4,9 4,3 4,1 1,9 1,9 2,2 2,5 0,9 0,8 0,4 0,4
Fjernvarme 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0
Primærnæring 5,4 5,4 5,4 5,5 5,2 5,5 5,6 5,4 5,8 5,6 5,4
Sum 43,9 44,4 45,2 43,4 44,0 43,6 44,1 43,8 45,9 43,9 46,6
År 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022
Hushald 20,8 20,8 20,7 20,7 20,6 20,5 20,5 20,4 20,4 20,3
Hytter og fritidshus 2,3 2,5 2,6 2,8 3,0 3,2 3,3 3,5 3,7 3,9
Tenesteyting 18,5 19,1 19,7 20,3 20,9 21,5 22,1 22,7 23,3 23,9
Industri 0,4 0,4 0,4 0,4 0,4 0,4 0,4 0,4 0,4 0,4
Fjernvarme 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0
Primærnæring 5,4 5,4 5,4 5,4 5,4 5,4 5,4 5,4 5,4 5,4
Sum 47,4 48,1 48,8 49,5 50,2 51,0 51,7 52,4 53,1 53,8
Tabellen under syner klimakorrigert energibruk pr. brukargruppe med prognose: År 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012
Hushald 23,2 23,2 23,9 23,5 25,9 23,5 21,9 22,6 19,9 20,2 21,5
Hytter og fritidshus - - - 1,1 1,2 1,5 1,7 1,8 2,1 2,1 2,1
Tenesteyting 12,6 13,5 14,1 13,5 13,6 13,0 15,3 15,6 15,6 18,8 18,4
Industri 4,9 4,3 4,1 1,9 1,9 2,2 2,5 0,9 0,8 0,4 0,4
Fjernvarme 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0
Primærnæring 5,7 5,7 5,7 5,8 5,7 5,8 6,0 5,8 5,6 6,1 5,6
Sum 46,4 46,8 47,9 45,9 48,3 46,0 47,4 46,6 43,9 47,6 47,9
År 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022
Hushald 20,8 20,8 20,7 20,7 20,6 20,5 20,5 20,4 20,4 20,3
Hytter og fritidshus 2,3 2,5 2,6 2,8 3,0 3,2 3,3 3,5 3,7 3,9
Tenesteyting 18,5 19,1 19,7 20,3 20,9 21,5 22,1 22,7 23,3 23,9
Industri 0,4 0,4 0,4 0,4 0,4 0,4 0,4 0,4 0,4 0,4
Fjernvarme 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0
Primærnæring 5,4 5,4 5,4 5,4 5,4 5,4 5,4 5,4 5,4 5,4
Sum 47,4 48,1 48,8 49,5 50,2 51,0 51,7 52,4 53,1 53,8
Tabellen under syner faktisk energibruk pr. energiberar med prognose: År 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012
El 33,6 33,8 34,0 33,4 31,7 33,0 35,8 35,1 37,1 36,3 37,4
Petroleum 3,3 3,4 3,6 2,2 4,3 3,3 2,5 1,9 1,8 1,5 2,0
Gass 0,1 0,3 0,4 0,3 0,3 0,2 0,4 0,3 0,3 0,3 0,3
Bio 6,9 6,9 7,3 7,5 7,7 7,1 5,4 6,5 6,6 5,7 6,9
Avfall, kol, koks 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0
Sum 43,9 44,4 45,2 43,4 44,0 43,6 44,1 43,8 45,9 43,9 46,6
År 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022
El 38,2 38,9 39,7 40,5 41,2 42,0 42,8 43,5 44,3 45,1
Petroleum 1,9 1,8 1,7 1,7 1,6 1,5 1,4 1,3 1,2 1,1
Gass 0,3 0,4 0,4 0,4 0,4 0,5 0,5 0,5 0,5 0,5
Bio 6,9 7,0 7,0 7,0 7,0 7,1 7,1 7,1 7,1 7,1
Avfall, kol, koks 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0
Sum 47,4 48,1 48,8 49,5 50,2 51,0 51,7 52,4 53,1 53,8
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 25 av 26
Nesten på plass! Foto: Lutelandet Utvikling AS - www.lutelandet.no
8.2 Demografi og næringsliv
År 2 002 2 003 2 004 2 005 2 006 2 007 2 008 2 009 2 010 2 011 2 012
Folketal 2 935 2 927 2 910 2 916 2 881 2 870 2 849 2 838 2 846 2 909 2 832
Husstandar
Kommunen 2,45 2,54 2,46 2,38 2,31 2,23 2,29 2,26 2,31 2,35 2,21
Fylket 2,53 2,51 2,51 2,51 2,51 2,50 2,49 2,46 2,45 2,44 2,43
Landet 2,32 2,29 2,29 2,30 2,30 2,31 2,30 2,29 2,28 2,28 2,28
År 2 013 2 014 2 015 2 016 2 017 2 018 2 019 2 020 2 021 2 022
Folketal 2 871 2 813 2 817 2 824 2 847 2 876 2 908 2 926 2 953 2 957
Husstandar
Kommunen 2,20 2,17 2,17 2,17 2,16 2,14 2,11 2,09 2,06 2,04
Fylket 2,42 2,42 2,40 2,39 2,38 2,37 2,35 2,35 2,34 2,33
Landet 2,27 2,27 2,27 2,27 2,26 2,26 2,25 2,25 2,25 2,24
Sysselsetting 2012 Kommunen Fylket Landet
Primærnæring 136 3 544 65 452
Industri 112 8 506 291 183
Tenesteyting 1 099 44 604 2 218 560
Anna 5 236 13 805
SUM 1 352 56 890 2 589 000
Energiutgreiing Fjaler kommune 2013
Side 26 av 26
9 REFERANSAR
Publikasjonar, rapportar etc.
www.fjaler.kommune.no
Byggearealstatistikk og energistatistikk. Folke- og bustadtellinga 1990 og 2001. Energibruk i husholdninger – rapport. Energibruk i kommunene. Oversyn over verksemder (einingar) i Fjaler kommune www.ssb.no
Liste over småkraftverk i Hordaland og Sogn og Fjordane. Statistikk over feil og avbrot (FAS) NVE www.nve.no
Elektrisitetsforbruk i Fjaler kommune. Feil- og avbrotsstatistikk. Sunnfjord Energi AS www.sunnfjordenergi.no
Middeltemperaturar på Vestlandet 1990-2000 www.dnmi.no
Byggareal i Noreg, Enova 2002 www.enova.no
Vindkart for Norge www.nve.no
Været i Norge www.met.no
Framsidefotoet er nytta med løyve frå hobbyfotograf Monica Johansen Haugen http://hobbyfotografenmonica.blogspot.no
Illustrasjonar Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
www.nrk.no/sf
Stålesen Energi AS - Varmepumpe www.dvi-norge.no
Miljølære – Hva er en ET-kurve? www.miljolare.no
EM Systemer – Energioppfølging www.emsystemer.no
Pernoll – Vedstabel http://home.online.no/~pernoll/news.html
Pellets www.btgworld.com
Firma/ personar
Sunnfjord Energi AS Nettsjef Helge Robert Midtbø helge.robert.midtbo@sunnfjordenergi.no
Siv.ing elkraft Bjarte Kapstad bjarte.kapstad@sunnfjordenergi.no
Fjaler kommune Ola Hovland ola.hovland@fjaler.kommune.no
Lutelandet Utvikling AS Stein-Arne Ottesen stein@lutelandet.no
SFE Rådgjeving Seniorrådgjevar Nils Ola Strand nils.ola.strand@sfe.no
top related