saman om god oppvekst · jesper juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. han...

16
SAMAN OM GOD OPPVEKST TEMAHEFTE 3 «Godt gjort!» Korleis kan ros, oppmuntring, skryt, belønning og feiring forsterka positiv utvikling hos barna? I periodar kan det vera utfordrande å vera foreldre. Korleis takla utfordrande oppførsel i ein travel kvardag?

Upload: others

Post on 06-Mar-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

SAMAN OM GOD OPPVEKST

TEMAHEFTE 3

«Godt gjort!»Korleis kan ros, oppmuntring, skryt, belønning og feiring forsterka positiv utvikling hos barna?

I periodar kan det vera utfordrande å vera foreldre. Korleis takla utfordrande oppførsel i ein travel kvardag?

Page 2: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

INNHALD:Innleiing 3

Oversikt – fem tema 4

Seks ulike måtar å rosa barnet på 5

Takk 5

Indirekte ros 5

Ros utan ord – vis entusiasme 6

Ros i form av spørsmål 6

Ros for innsatsen 7

Ros med glimt i auga 8

Nokre spørsmål og innvendingar foreldre har i forhold til å rosa barna sine 8

Kvifor skal vi rosa barnet? 8

Vert barn «utskjemte» av å få ros? 9

Bruk av begrepa ros og anerkjenning 9

Er ros manipulerande og falskt? 9

Er det slik at nokre foreldre tykkjer det er vanskelegare å rosa barna sine enn andre? 9

Kva med barn som har motvilje mot ros eller avviser ros? 10

Fører ros og oppmuntring berre til ytre motivasjon hos barna? 10

Effektiv ros 11

Ver konkret og spesifikk 11

Vis entusiasme og varme 11

Unngå å kombinera ros og kritikk 11

Gje ros straks 11

Å dobla effekten av ros 12

Belønning 12

Korleis går ein fram når det skal lagast belønningssystem? 12

Når kan belønning brukast? 13

Eksempel på belønning 13

Feiring i staden for belønning 14

Avslutting 15

Litteraturliste 16

2

Page 3: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

INNLEIING I forrige tema gjekk vi gjennom kor viktig det er å styrka den «varme sida», altså kunna gå høgt på

relasjonsaksen når vi ønskjer å stå fram som foreldre som er autoritative, myndige og demokratiske.

Vi gjekk gjennom korleis dette kan gjerast ved at vi engasjerer oss i leiken eller i positiv aktivitet

saman med barna våre.

I tema 3 skal vi fortsetja å konsentrera oss om den «varme sida» og ha fokus på å koma høgt på

relasjonsaksen. For ved å rosa, oppmuntra, skryta, anerkjenna, belønna eller feira kan vi bevisst

framkalla og forsterka positiv oppførsel hos barna våre.

Nå kan vel ikkje vi seia at ros og skryt er jærbuen si sterkaste side. Vi har tradisjon for å vera spar-

same med den slags, og dersom vi ein og annan gong skryt kan det vera på dei merkelegaste måta-

ne: «Dette smakte ikkje gale!» eller «Du såg ikkje ringt ud nå!» ( Oversett: «Dette var ein fantastisk

velsmakande mat!» og «Du var veldig fin nå!») Vi trur at også jærbuar kan verta flinkare til å skryta

eller rosa, for det har vist seg at ros truleg er den mest effektive av alle verkemiddel ein kan bruka

når ein skal påverka barn. I praksis er ikkje dette så enkelt som ein kanskje skulle tru, og ros må

brukast med vett og forstand, for viss ikkje kan skryt slå feil ut eller i verste fall få motsett effekt

(B. Furman 2012). Små barn responderer som regel på ros uansett kva du seier, men etter kvart

som barna veks , vert det meir vanskeleg å rosa dei. Eldre barn kan til og med verta litt forarga og

irriterte når foreldre prøver å gje dei ros.

Vi skal vera obs på at det kan gå inflasjon i rosen. Viss vi roser barnet for ofte eller alltid på same

måte, er det stor fare for at effekten forsvinn, og at rosen får ein falsk og hol klang i barna sine øy-

rer. Det må med andre ord vera «hald» i rosen, rosen må vera fortent.

3

Page 4: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

4

Page 5: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

Seks ulike måtar å rosa barnet på (B. Furman 2012).

Dei fleste kan verta flinkare til å skryta av barnet ved å utvida repertoaret og prøva seg fram med

ulike måtar å rosa på. Dess fleire former for ros du spelar på, dess kjekkare vert det å rosa barnet,

og dess sikrare kan du vera på at rosen treff blink og gir ønska effekt.

1.Takk.

Takk er ei naturleg positiv tilbakemelding til barnet. Ein takk er lett for barnet å akseptera. Ein

hyggeleg bonus er at barn som vert takka ofte, venner seg sjølv til å takka og lærer å gjera det same

overfor andre barn og vaksne.

Takk for at du hjalp lillesøster med leksene!Takk for at du sette tallerken inn i oppvaskmaskinen!

Så fint du har rydda på rommet ditt!

2. Indirekte ros

I staden for å rosa barnet direkte, kan du gjera det indirekte ved å skryta av barnet til far, bestemor

eller bestefar.

Mor til bestemor på telefonen mens barnet høyrer på:

Eg er så stolt av Marit. Ho passa minsten for meg slik at eg fekk jobba litt på pc-en.

Far til barnet:

Du fekk leksene raskt unnagjort då du kom heim frå skulen. Så bra! Det må me fortelja til mor når ho kjem heim frå arbeid.

5

PRØV DETTE:

Eksperimenter med indirekte ros. Du kan for eksempel:

1. Skryta av barnet til ein annan mens barnet høyrer på.

2. Fortelja barnet noko fint som ein annan vaksen har sagt til deg om han/henne.

3. Fortelja barnet at du har tenkt å seia noko fint om han/henne til ein annan

vaksen.

PRØV DETTE:

Gjer det til vane å takka barnet for alt mogleg ei vekes tid, også ting som barnet

er forventa å gjera. Legg merke til korleis takkinga påverkar barnet og relasjonen

dykk imellom

Page 6: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

3. Ros utan ord – vis entusiasme

Mange barn – og særleg unge responderer betre på ikkje-verbal enn verbal ros. Det er mange måtar

å rosa barnet på utan ord:

• Venda tommelen opp til barnet (=flott!)

• Klappa i hendene (=bravo!)

• Sjå forbausa ut (=utruleg!)

• Gje barnet ein high five (=bra)

• Visa ein annan vaksen noko barnet har gjort eller laga (=eg er stolt av deg!)

4. Ros i form av spørsmål

Her vert ikkje ros gitt direkte, men ved å visa interesse og stilla spørsmål om det barnet har fått til.

Dette gjer at barna vert stolte.

Så flott du har fargelagt teikninga. Det er ikkje alle som gjer det så bra. Korleis har du fått det til?

I dag venta du ikkje til siste liten med leksene. Eg veit at det ikkje er lett for deg. Kva var det som gjorde at du klarte det?

6

PRØV DETTE:

Familien din vert einige om eit teikn som de brukar til å skryta og oppmuntra

kvarandre med, kvar gong det er på sin plass. Bruk teiknet ofte, og oppmoda

andre til å gjera det same.

PRØV DETTE:

Prøv å rosa barnet ved å stilla spørsmål. Vis interesse for noko du tykkjer

barnet klarer fint, og prøv å finna ut kva det var han /ho gjorde (eller tenkte)

som førte til at han/ho fekk det til.

Prøv å få barnet til å fortelja om dei tankane og handlingane som gjorde at

han/ho klarte det. Legg merke til korleis interessa di verkar på barnet og på

relasjonen mellom deg og barnet.

Page 7: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

5. Ros for innsatsen

Du kan gje ros i situasjonar der barnet ennå ikkje har oppført seg heilt slik den vaksne ønskjer- men

kanskje har prøvd.

Du gjorde så godt du kunne. Neste gong klarer du det.

Vi såg at du eigentleg hadde lyst til å oppføra deg betre. Du klarte det ikkje heilt, men jammen var det eit godt forsøk.

Eg er veldig glad for at du tenker på å jobba for å få betre karakterar. Det er eit skritt i rett retning.

Vi har opplevd engasjert diskusjon og meiningsutveksling blant foreldre når ros for innsats vert teke

opp på temakveldane i «Saman om god oppvekst!». Vi spør kanskje foreldra kva dei meiner om bruk

av ros eller belønning for gode resultat på skulen. På ungdomsskulen er det snakk om karakterar, i

barneskulen kan det vera i forhold til resultat på prøvar, testar og liknande. Eksempel finns på for-

eldre som gir 200 kroner og meir enn det, kvar gong eleven får gode karakterar, eller når alt er rett

på ein prøve/test. Kanskje er dette til skuleflinke barn som uansett ville fått gode resultat, utan å

yta noko spesiell innsats. Kva dersom du har eit barn som slit med skulearbeidet og som aldri vil få

karakterar over middels? Skal desse barna aldri få ros eller belønning? Dei fleste foreldra ser då at

dei heller bør rosa eller belønna innsatsen barna har lagt ned i forkant av prøven/testen, for dersom

barnet har gjort så godt det kan, bør foreldra vera meir enn fornøgde.

7

PRØV DETTE:

Oppmuntra barnet ditt ved å skryta kvar gong han eller ho viser teikn til å oppføra seg

slik du ønskjer, og legg merke til korleis dette påverkar barnet.

Page 8: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

6. Ros med glimt i auga.

Hugs at humor forsterkar verknaden av skryt.

Mor til barnet som gjer det godt på skulen:

Det må vere mine gener!

Far til barnet:

Eg må vere ein strålande far! (Barnet spør: Korleis då?) Jau, når eg har fått ein så smart unge!

Tante til barnet:

Eg håper ingen finn ut kor smart du er. Eg er vaksen, men det der kan sjølv ikkje eg få til.

Utviklingsgruppa for «Saman om god oppvekst!» har hatt stor nytte av å gå på kurs og å lesa

litteratur som er knytta til LØFT (Løsningsfokusert tilnærming).

Ben Furman si bok «Eg er stolt av deg!» er om løysningsorientert foreldreskap og

barneoppdragelse. Det er frå denne boka vi har henta desse seks måtane å rosa barn på. Vi vil

skryta

av denne boka og tilrå foreldre å lesa heile boka. Boka har fleire nyttige og konkrete tips som:

Korleis få barnet til å høyra etter? Korleis kjøra felles linje med andre vaksne som har ansvaret for

barnet? Korleis hjelpa barn å overvinna problem og vanskar? Korleis respondera når barnet gjer noko

galt?

Nokre spørsmål og innvendingar foreldre har i forhold til å rosa barna sine.

1. Kvifor skal vi rosa barna?

Først og fremst fordi ros, skryt, oppmuntring og anerkjenning er allment akseptert som eit grunn-

leggjande menneskeleg behov og ein viktig og nødvendig del av vår kultur og oppdraging (Tveit, A,

2010). Ros, skryt, oppmuntring og anerkjenning er viktige som:

Dette er tre viktige faktorar for barnet si utvikling. Rosen motiverer barna til å klara det som synest

å vera vanskeleg. Dei orkar å stå litt ekstra på om dei får oppmuntring. Dessutan er det kjent at den

oppførselen vi gir merksemd, har ein tendens til å gjenta seg. Viss vi som foreldre maktar å halda

eit positivt fokus ved å gje barna oppmuntring og ros for ønska oppførsel og avgrensar merksemda

på den negative oppførselen, vil det truleg bidra til at barna lettare fortset å oppføra seg bra. Ros

har også stor verdi i forhold til relasjonsbygging. Foreldre som oppmuntrar og roser barna sine, byg-

ger samtidig opp tilliten og tryggleiken hos barna sine.8

-motivator

-forsterkar

-relasjonsbyggjar

Page 9: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

2. Vert barn «utskjemte» av å få ros?

Nei, det er inga forsking som tyder på at barn vert «utskjemte» av å få ros som er fortent. Barn som

får ros av foreldra sine utviklar eit positivt sjølvbilete, og det viser seg at barn som opplever slik

ros, også vert flinke til å rosa andre. Foreldra vert då gode rollemodellar for barna sine; prinsippet

er «du får det du gir». Forsking har vist at barn som roser andre barn på skulen, vert populære og

får mange positive tilbakemeldingar. Vi tenker at når forsking viser denne positive effekten, så kan

kanskje det motsette skje om foreldre er negative og kritiske til barna sine. Foreldre som gir svært

lite oppmuntring og skryt til barna sine, får kanskje barn som også vert kritiske og negative. Kanskje

desse også har ein tendens til å slita i sosiale samanhengar?

3. Bruk av begrepa ros og anerkjenning.

Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som

er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan ofte følast dømmande og evaluerande i forhold til

barna sin innsats og oppførsel. Ros kan byggja opp sjølvtilliten til barna, men dersom det vert brukt

til å samanlikna og fremma konkurranse mellom barn – kan det vera uheldig og ineffektivt. Jesper

Juul meiner at ein må heller snakka om å anerkjenna det barna gjer. Å anerkjenna inneber å aksep-

tera barna som dei er, med sine styrker og svakheiter. Anerkjenning av innsats i staden for resultat

er eit eksempel. Dette er altså eit vidare begrep som byggjer opp sjølvkjensla til barna. Å ha ei god

sjølvkjensle er noko meir enn å ha ein god sjølvtillit , for sjølvkjensle går meir på den djupare indre

følelsen. Barn med høg sjølvkjensle er trygge på seg sjølv, kjenner seg sjølv og aksepterer seg sjølv

med sine sterke og svake sider. Ser vi tilbake til det som står under avsnittet Ros for innsats, kan vi

seia at det å anerkjenna for eksempel barna sin innsats i skulearbeidet eller oppførselen deira, styr-

kar sjølvkjensla, medan ros og belønning for resultat, styrker sjølvtilliten.

4. Er ros manipulerande og falskt?

Ordet manipulera inneber at foreldra i hemmelegheit prøver å tenka ut ein måte for å oppnå noko

hos barnet. Dette går ofte mot barnet sin vilje. Føremålet med rosen er faktisk motsett, for her øn-

skjer ein å styrka barnet sin positive oppførsel med barnet sin eigen vitande vilje (Webster- Stratton

2010). Dette er ikkje ulikt arbeidsgjevarar som gir bonus til tilsette som har gjort ein spesiell god

jobb.

5. Er det slik at nokre foreldre tykkjer det er vanskelegare å rosa barna sine enn andre?

Ja, nokre foreldre seier at det ikkje er naturleg for dei å rosa barna sine. Vi tenker at det kan vera

fleire grunnar til dette. Blant anna finns det kulturforskjellar. Synet på ros varierer frå landsdel til

landsdel , og det er forskjell på land og by. På Jæren er det nok fleire som tykkjer at det er unatur-

leg å skryta av barna sine. Særleg den eldre generasjonen kan tykkja at det er unaturleg, litt kunstig

og uvant. Ofte kan vi høyra kommentarar frå folk som uttrykker at ros er uvant og unødvendig: «Det

vart då folk av oss også!». Det vart dei nok også i dei fleste tilfella, men vår erfaring er at ein ofte

kan høyra ein viss sårheit når slike ting vert sagt - kanskje var ros likevel noko dei sakna då dei vaks

opp?. Elles så har vi erfart at den yngre generasjonen i dag er flinkare til å rosa barna sine enn førre

generasjon var.

9

Page 10: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

Vår erfaring er at ein del foreldre som ikkje roser barna sine, ofte ikkje er så flinke til å rosa seg

sjølv. Dei er ofte sjølvkritiske i forhold til eigne konfliktar, feil og vanskar. Heime snakkar dei lite

om kva dei lykkast med i jobben og kva som er kjekt. Dei har ei negativ innstilling til mange ting.

Dermed står dei fram som dårlege rollemodellar for barna sine i slike samanhengar. Slike foreldre

må læra seg å snakka meir positivt om seg sjølv.Då er det sannsynleg at dei vil gjera det same med

barna , etter kvart.

6. Kva med barn som har motvilje mot ros eller avviser ros?

Nokre barn liker ikkje å verta rosa. Kanskje fordi dei tykkjer det er unaturleg eller at det er uvant.

Verre er det dersom dei avviser ros fordi dei har låg sjølvkjensle og ikkje har tru på rosen og opp-

muntringa dei får. Barnet har kanskje opplevd så mange negative tilbakemeldingar og irettesetjin-

gar at det har mista trua på seg sjølv. I slike samanhengar demonstrerer kanskje barna ved å halda

hendene for øyrene eller viser irritasjon når ein vaksen forsøker å skryta av dei. Dersom barnet

ofte avviser direkte positive tilbakemeldingar frå vaksne, kan det vera lurt å rosa indirekte, slik vi

var inne på tidlegare, som ros utan ord og ros i form av spørsmål. Fortset barnet å avvisa rosen, kan

det vera nyttig å bruka tid og snakka med barnet om dette. For det er viktig for alle barn å få opp-

muntring og skryt frå foreldra sine.

7. Fører ros og oppmuntring berre til ytre motivasjon hos barna?

Frykta for at barna skal verta avhengige av ros og belønninger, er ein av dei faktorane som oftast

vert trekt fram som hinder for å rosa eller belønna. (Vi kjem til belønning seinare i dette temahef-

tet). Foreldre er bekymra for at barna skal venna seg til å bli ytre styrt av ros eller belønning for å yta

noko, og at barna si oppførsel, utvikling og læring ikkje vert styrt av indre motivasjon. Ein tenker då

at barna gjer det foreldra roser og belønner for å blidgjera dei eller for å få belønning, i staden for at

det er indre motivasjon, lyst og eigen vilje som driv dei til å oppføre seg fint, meistra ein ferdigheit

eller læra seg noko nytt.

Vi har forståing for foreldre sin skepsis på dette området. Ein skal tenka nøye gjennom kva og kor-

leis ein roser og eventuelt belønner, for forsking viser at det er positive effekter ved ros, men at det

også kan vera mindre positive effektar.

Ros og belønning må tilpassast ulike alders- og utviklingsnivå. Generelt kan det seiast at ros og

belønning er mest effektivt for dei minste barna. Det er fordi det er lettare for ein 12-13-åring å

motivera seg sjølv enn for ein 6-7-åring. Men det er ikkje grunnlag for å hevda at ros og belønning

står i motsetjing til å fremja indre motivasjon, uansett alder. Når foreldre roser, skryt, oppmuntrer

og belønner barna sine på ein ekte måte, med innleving og engasjement, vil det i aller høgaste grad

bidra til at læring av nye kunnskapar og ferdigheiter skjer. Samtidig vert barna sin indre motivasjon

og sjølvkjensle styrka.

10

Page 11: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

Effektiv rosVi vil gå inn på følgjande tips som kan gjera rosen effektiv:

Ver konkret og spesifikk

Dersom ein ønskjer å gje ros som har effekt, er det alt for vagt og lite konkret å koma med kommen-

tarar som: «Flink gut», «Godt gjort!» «Flott!». Ein må gje effektiv ros som har klar adresse til hand-

linga:

«Du er flink til å sitja roleg.»

«Godt gjort at du delte sjokoladen din med Lise.»

«Bra, at du venta til det var din tur.»

«Flott, at du takka for maten.»

«Flink jente som rydda leikene sine.»

Slik tilbakemelding på positive handlingar hjelper barnet til å forstå nøyaktig kva type positiv sosial

oppførsel som var bra.

Vis entusiasme og varme

Mykje av rosen mister effekten sin dersom den er kjedeleg og vert gitt i eit monotont tonefall med

generelle vendingar og overflatiske ord og uttrykk. Rosen må vera ekte og gis med varme og entusi-

asme, men varme og entusiasme må ikkje forvekslast med overdriven bruk av store ord og superlativ

som «fantastisk», «topp» og «kjempebra».

Unngå å kombinera ros og kritikk

Dersom foreldre blandar ros og irettesetjing vil barna lett verta forvirra og ha vanskar med å ta til

seg det positive. Særleg dei minste barna og dei som har minst tru på seg sjølv, vil ikkje hugsa

rosen, men den negative tilbakemeldinga. Eit eksempel på korleis det ikkje skal gjerast: «Så flott at

du har hengt opp kleda dine, men kvifor kan du ikkje gjera det kvar einaste dag?»

Gje ros straks

Å gje skryt i tida like etter handling, er sjølvsagt viktigare dess yngre barna er, men det er også av

stor verdi i forhold til barn som har liten sjølvtillit og barn som er ukonsenterte og urolege. For yngre

barn og dei som treng ros mest, er det ein fordel om rosen kjem i løpet av fem til ti sekund etter

den konkrete handlinga. Eit engelsk uttrykk seier: «Catch them beeing good!» («Ta dei for å gjera

noko bra!»)

11

• Ver konkret og spesifikk

• Vis entusiasme og varme

• Unngå å kombinera ros og kritikk

• Gje ros straks

• Å dobla effekten av ros

Page 12: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

Å dobla effekten av ros

Når begge foreldra skryt og oppmuntrar, kan det gå fortare å læra den nye ferdigheiten eller åtferda.

To foreldre som roser kan altså dobla effekten av rosen, både ved at barnet får større mengd ros,

men også ved at ein roser barnet i andre sitt nærvær.

BelønningBelønning kan brukast når barn skal motiverast til positiv oppførsel, læra ny åtferd eller ein praktisk

ferdigheit. Dersom ein vel å nytta belønning, er det viktig å ha fokus på det rette som skal lærast,

og ikkje på at barnet skal slutta med noko som var galt. Blant foreldre er det svært delte meinin-

gar om kor vidt dette er ein rett måte å oppdra barn på. Nokre meiner at dette får barna til å læra,

mens andre tykkjer det skaper utskjemte barn som må ha belønning eller betaling for alt.

«Vi ser ingen negative konsekvenser med slike enkle belønningssystemer», seier Terje Ogden, pro-

fessor og forskingsleiar ved Adferdssenteret.

Ogden meiner at det viktigaste er å vera raus med ros til barna, og seier at foreldre også gjerne må

bruka belønning når barn skal læra seg å løysa nye, enkle oppgåver. Han trur ytre belønning for å

få barn til å gjera eller ikkje gjera ting, kan vera svært nyttig og lærerikt. Likevel er dette noko som

må vera gjennomtenkt frå foreldra si side. Barn må belønnast for ting dei kan klara viss dei gjer ein

liten innsats, som f.eks å henga opp jakka eller rydda leiker. Dette er ofte ting det er mykje mas om

i familien. Set ein mål som er utanfor barna sin kompetanse, skaper ein stressa barn, seier han.

Korleis går ein fram når det skal lagast belønningssystem?

Etter kvart som barna vert større, kan dei vera med og avtala belønning sjølv. Målet er at dei etter

kvart skal ta ansvar for oppgåva sjølv. For dei minste barna er det ofte nok med enkle klistermerke,

og for dei er det viktig at belønninga kjem straks. For større barn er det ofte snakk om å samla kryss

eller symbol som dei får når dei lukkast eller har meistra den oppgåva, oppførselen, ferdigheiten

eller åtferda det var snakk om. Ein samlar kanskje opp for ei heil veke, og det er på førehand avtalt

kor mange kryss eller symbol som skal til for å byta desse inn i ein større ting eller aktivitet. Ein må

vera svært konkret og spesifikk i forhold til kva som er ønska oppførsel, ferdigheit eller oppgåve og

ein må ta små steg.

C. Webster- Stratton(2010) har mange tips om korleis ein kan gå fram dersom ein ønskjer å prøva

ut med belønningssystem for barna sine. I kapittel 3 i boka «De utrolige årene» 3 går ho blant anna

inn på følgjande:

• Lag belønningsplan, men lag han ikkje for kompleks. Vel ein eller to «oppgåver» til å begynna

med.

• Fokuser på positiv åtferd.

• Beløn kvardagslege prestasjonar

• Erstatt etter kvart handfast belønning med sosial belønning som ros og oppmuntring.

• Ver tydeleg og spesifikk om belønning

• Ha ei variert belønningsliste

• Vis barnet ditt at du ventar at det skal lukkast12

Page 13: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

• Bland ikkje belønning og straff

• Følg opp belønningsplanen konsekvent

Når kan belønning brukast?

Belønning kan brukast når barnet skal oppmuntrast til «vanskelege» ting som:

Eksempel på belønning

Under er det sett opp ei liste med eksempel på belønning. Vi har bevisst sett opp aktivitetar først,

fordi vi meiner at det i mange tilfelle er den beste belønninga. Då får barna vera i lag med foreldra

og oftast er det kjekkast å få vera heilt åleine med mor eller far, iallfall dersom det er ein familie

med mange barn. Samtidig som dette er belønning for barnet, får ein byggja vidare på den gode

relasjonen som bør vera mellom foreldre og barn.

Å vera med mormor på kafè, er ei kjekk belønning

13

• Leggetid

• Toalett-trening

• Leika med søsken eller andre

• Kle på seg

• Ulike ryddeoppgåver

• Skulearbeid/lekser

• Innetid

• Skjermtid

• Måltid

• Læra seg å uttrykka frustrasjon på ein meir

moden måte ( i staden for sinne og raseri)

• Snakka fint til andre, bruka eit fint språk

Page 14: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

Feiring i staden for belønning Mange foreldre vel å feira i lag med barnet når eit mål er nådd. Dei ønskjer ikkje å ha for mykje fo-

kus på at positiv oppførsel eller meistring av ein ny ferdigheit, skal belønnast. Nokre vel også feiring

fordi det vert enklare å gjennomføra enn å halda orden på eit belønningssystem.

Eksempel på feiring:

• Familien ville feira jenta som hadde blitt så flink til å leggja seg om kvelden. Dei feira med god

kveldsmat som jenta sjølv hadde valt.

• Faren tok med seg guten sin på ishockeykamp for å feira at guten hadde vore ivrig med leksene i

ein heil månad.

• Ola og Kari fekk reisa på overnattingsbesøk hos bestemor og bestefar på hytta fordi dei hadde

vorte så flinke til å leika fint saman.

14

• Ekstra godnatthistorie på sengekanten

• Gå på kafè åleine med ein av foreldra

• Dra på fisketur

• Matlaging saman med ein vaksen (favorittrett, kaker o.a.)

• Gå i symjehallen

• Gå på kino

• Dra åleine med ein av foreldra på biltur eller liknande

• Gå på handball-/fotball-/ishockeykamp

• Spela spel saman med ein vaksen (evt puslespel, legobygging..)

• Ha ein venn på overnattingsbesøk

• Liggja over hjå besteforeldre eller andre

• Spela på data, sitja på pc i eit avtalt tidsrom

• Ekstra leiketid/aktivitetstid med ein av foreldra

• Fotballkort, klistremerke og liknande.

• Forundringspose med ulike billege ting (småbilar, viskelær, ballongar, ….)

• Overrasking i matpakken, til middag, til kveldsmat

• Velja frukostblanding i butikken

• Tusjar, maleskrin, fargestifter, fargebøker…

• Pengar som skal sparast til ein større ting barnet ønsker seg

• Ny leike (Spesifiser øvre grense for kva leika skal kosta.)

Page 15: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

Avslutting: I dette heftet har vi argumentert for at ros, oppmuntring, skryt, anerkjenning, belønning og feiring

kan forsterka positiv utvikling hos barna. Belønning er det delte meininger om, og fleire foreldre

ønsker ikkje å ta i bruk belønningssystem. Dette har vi forståing for, men det er viktig at foreldre er

rause med ros. Det synest å vera brei semje om fordelane av å bruka ros. Vi har vist til forsking som

peiker på at barn og unge sin motivasjon og meistring aukar når ros vert brukt på ein effektiv og god

måte. Dersom rosen derimot vert brukt lite effektivt, med tome ord og utan engasjement, vil forde-

lane verta kraftig reduserte. I verste fall, verkar det motsett av målet. Auka bevisstgjering og meir

bruk av effektiv ros vil bidra til at fleire barn og unge vil få oppleva auka meistring og trivsel.

LYKKE TIL!

15

Page 16: SAMAN OM GOD OPPVEKST · Jesper Juul (1995) stiller spørsmål ved bruken av begrepet ros. Han meiner at ros er eit begrep som er avgrensa i forhold til anerkjenning, for ros kan

Litteraturliste Andersen, Stawreberg (2013): Mindfulness for foreldre , Aschehoug forlag

Broberg, Hagström & Broberg (2012): Anknytning i förskolan, Natur & Kultur forlag

Bowlby,R.( 2007): «Babies and toddlers in nonparental daycare»

Cooper, Hoffman & Powell (2009): Circle of Security Parenting

Drugli, M. B. (2014): Liten i barnehagen. Cappelen Damm forlag

Eide – Midtsand, N (2007): Tidskrift for Norsk psykologiforening utg. 12. Om boltreleken

Furman, B. (2012): Jeg er stolt av deg! (LØFT). Gyldendal.akademisk

Hougsgård, B. (2005): Curlingforeldre og servicebarn. Gyldendal akedemisk

Juul, J.(1995): Ditt kompetente barn. Pedagogisk Forum

Juul, J. (2005): Livet i familien.Pedagogisk Forum

Kvello, Ø. (2007). Utredning av atferdsvansker, omsorgssvikt og mishandling. Universitetsforlaget

und F.O.C. (2011): Senk stresset i familielivet. Mindfulness i foreldrerollen. Gyldendal akedemisk

Nielsen, A. (2011): Foreldrerollen. Det er du som er voksen! Cappelen Damm forlag 2011

Webster-Stratton, C. (2010): De utrolige årene. Gyldendal akedemisk

16