profilhandbok for møre og romsdal · pdf file kursbevis • skjema 6. trykksaker...

Click here to load reader

Post on 08-Jun-2020

0 views

Category:

Documents

0 download

Embed Size (px)

TRANSCRIPT

  • Profilhandbok for Møre og Romsdal fylke

    Versjon 1

  • 2

    Innhald

    1. Om oss Møre og Romsdal fylke – ein tydeleg medspelar •

    Profilhandbok

    2. Logoen Bruk av logo • Elementa i logoen • Storleik •

    Plassering av logo • Plassering av slogan • Logofargar •

    Typografiske signaturar

    3. Typografi Font

    4. Grafiske element og fargar Grafiske element • Fargar • Motiva • Plassering •

    Bruk • Hovudfarge • Tilleggsfargar

    5. Dokument Brevark • Telefaks • Pressemelding • Rundskriv •

    Notat • Saksframlegg • Møteinnkalling • Møtereferat •

    Førebels melding i forvaltningssak • Forsider hefte/

    rapportar • Forsider politiske saksdokument •

    Kursbevis • Skjema

    6. Trykksaker Konvoluttar • Visittkort • Minibrev

    7. Annonsar Kunngjeringsannonsar • Stillingsannonsar •

    Informasjonsannonsar

    8. Skilt Skilt med midtstilt logo • Skilt med venstrestilt logo

    9. Nettsider Fargar

    10. Lysark/PowerPoint Malar i PowerPoint

    11. Stempel Stempel med logo og tittel

    12. Gåveartiklar Gåveartiklar

  • 3

    Om oss 1.0

    Møre og Romsdal fylke – ein tydeleg medspelar

    Frå 1. januar 2004 vart fylkeskommunen og fylkesmannen integrert i eit regionalt organ som fekk namnet Møre og Romsdal fylke. Dette er eit forsøk som skal gå over fire år. Vi ønskjer å skape ein enklare og meir effektiv organisasjon, som er nærverande, solid og ikkje minst engasjert og interessert i innbyggjarane og samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal – kort sagt ein tydeleg med- spelar. Gjennom forsøket skal vi utvikle ein sterk og framtidsretta regionmodell for Møre og Romsdal fylke.

    Profilhandbok Som ein reiskap i å framstå tydeleg har vi utvikla denne Profilhandboka. Ein god visuell identitet vil vere samlande for organisasjonen og vere eit bidrag til å byggje opp Møre og Romsdal fylke sitt omdømme.

    I ein kvardag med stor informasjonsflaum gjer ein tydeleg visuell profil det enklare for publikum å sjå kven som er avsendar. Vår bodskap vil bli meir synleg og tydeleg.

    Møre og Romsdal fylke er ein stor organisasjon med fleire avdelingar som kommuniserer med ulike målgrupper. Denne profilhandboka skal rett- leie brukarane og gi retningsliner som vil lette arbeidet med å gje organisasjonen ein einskapleg form.

    Møre og Romsdal fylke – ein tydeleg medspelar!

  • 4

    Logoen 2.0

    Sentrale element i logoen er symbola riksvåpenet og fylkesvåpenet. Dette for å illustrere at Møre og Romsdal fylkeskommune og fylkesmannen i Møre og Romsdal no er slått saman til ein organisasjon. Riksvåpenet har forrang framfor andre symbol og er difor plassert øvst.

    Dei to vertikale streka på kvar side av våpna dan- nar ei åre som skal symbolisere dynamikk og informasjonsstraumen som går opp og ned.

    Logoen skal alltid presenterast som her. Den må aldri brukast eller tilpassast i andre former.

    Logotypen skal ikkje nyttast i løpande tekst; den skal kun brukast frittståande.

    Bruk av logo Kommunaldepartementet har gjeve retningsliner for bruk av logoen i brev til fylket 15. mars 2004:

    "Denne logoen forutsettes brukt av Møre og Romsdal fylke i forsøksperioden i all kommunika- sjon i forhold til utøvelse av både statlige og fyl- keskommunale oppgaver etter vedtekten for for- søket. Logoen forutsettes også lagt inn i malene for statlige bevillingsdokumenter på områder der slike forekommer."

    Elementa i logoen Riksvåpenet

    Det er utarbeidd klare retningsliner for bruk av riksvåpenet. Desse er fastsett i kongeleg resolu- sjon av 20. mai 1927 og er skissert i Utenriks- departementet si brosjyre "Riksvåpenet" som og ligg på Utenriksdepartementet sine websider http://odin.dep.no/ud/.

    Fylkesvåpenet

    Fylkesvåpenet skal forestille tre skip og desse skal symbolisere at fylket består av tre fogderi; Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre.

    Storleik Logoen skal aldri framstå mindre enn 2,7 cm bredde i trykksaker og 3,0 cm i avis.

    Riksvåpenet

    Fylkesvåpenet

  • 5

    Logoen 2.1

    Plassering av logo Når logoen brukast i fargar skal den som hovud- regel leggjast på kvit bakgrunn. Der kvit bakgrunn ikkje kan nyttast, kan dei lyse tilleggsfargane bru- kast i staden. Sjå Grafiske element 4.1.

    Logoen skal aldri leggjast på mørke bakgrunnar eller på fotografi.

    For plassering av logo på trykksaker; sjå dei enkelte punkt.

    Plassering av slogan Slogan skal være i same lengde som “Møre og Romsdal fylke” når logo er åleine og ein ikkje må ta andre omsyn. Skrifta er Verdana.

    Logofargar Fargar kan ha i fleire kombinasjonar:

    – 4-fargers trykk for trykksaker (blandingsfargar) – PMS (Pantone)-fargar for skilt, plakatar (reine fargar). – Foliefargar (reine farger) til skilt.

    Riksvåpenet sine fargar:

    CMYK (4-fargar) Svart : 100% Raud: C: 0% M: 95% Y: 64% K: 0% Gul: C: 0% M: 5% Y: 88% K: 0%

    PMS 100% svart Raud: PMS 185 EC Gul: PMS 115 EC (evn. gull istaden for gul: PMS 874 og sølv istaden for kvitt: PMS 877)

    RGB Raud: 250/18/48 Gul: 255/242/31

    Ved svart trykk: 100% svart.

    Fylkesvåpenet sine fargar:

    CMYK (4-fargar) Blå: C: 100% M: 8% Y: 0% K: 5% Gul: C: 0% M: 17% Y: 100% K: 0%

    PMS Blå: Process Blue EC Gul: PMS 116 EC

    RGB Blå: 1/140/182 Gul: 255/212/0

    Ved svart trykk: 100% svart.

    Logo i svart/kvitt

    Logo i fargar med slogan

  • 6

    Logoen 2.2

    Typografiske signaturar

    Ein typografisk signatur er ei samanstilling av logoen og namn på verksemd. Denne standarden gir eit einskapleg og ryddig visuelt inntrykk.

    Logoen skal allltid stå øvst og signaturen skal midtstillast under logoen.

    Skrifta er Verdana.

    Namnet på verksemda skal vere i same skrift- storleik som “Møre og Romsdal fylke”, i store bokstavar og i 40% svart.

    Avstanden frå logo og ned til namnet skal vere halve høgda av fylkesvåpenet.

    Døme på typografisk signatur

    Proposjonar på typografisk signatur

  • 7

    Typografi 3.0

    Font

    Som font har vi valt Verdana. Denne fonten blir nytta i all skriftleg informasjon om organisasjo- nen, til dømes dette profilprogrammet.

    Verdana skal brukast både i brødtekst, mellom- titlar og titlar.

    abcdefghijklmno pqrstuvwxyzæøå

    ABCDEFGHIJKLMNO PQRSTUVWXYZÆØÅ 123456789

    abcdefghijklmno pqrstuvwxyzæøå

    ABCDEFGHIJKLMNO PQRSTUVWXYZÆØÅ 123456789

    Verdana – normal og bold

  • 8

    Grafiske element og fargar 4.0

    Grafiske element

    Fotografi er sentrale element i profilen. Det er valt ut fire bilete. Foto er valt fordi det er ein direkte og tydeleg måte å formidle eit bodskap på, og for Møre og Romsdal fylke er det viktig å framstå tydeleg.

    Fargar

    Fotografia er behandla slik at dei ligg i same blåtone som hovudfarga, 100% Process blue. Dei skal ikkje nyttast som reine fargefoto.

    Ved trykksaker i svart/kvitt legg vi fotografia i gråtonar.

    Motiva

    Desse grafiske elementa symboliserer sentrale delar ved organisasjonen og målgruppene.

    Det første illustrerer Møre og Romsdal fylke si rolle som rådgjevar og medspelar.

    Dei øvrige bileta symboliserer sentrale målgrupper/ arbeidsområde for organisasjonen, nemleg undervis- ning/kunnskap, industri/næring og natur/kultur/ utvikling.

    Plassering

    Bileta kan plasserast i ei rekkje eller som ei gruppe, alt ut frå formatet.

    Bruk

    Bileta skal som hovudregel alltid nyttast saman, aldri kvar for seg eller saman med andre foto. I enkelte høve, som i toppen på sidene i dette profilprogram- met, kan biletet som symboliserer rådgjevar og med- spelar brukast aleine.

    Profilbilete

  • 9

    Grafiske element og fargar 4.0

    Fargar

    Hovudfarge

    Hovudfarga til Møre og Romsdal fylke er 100% Process Blue, ei blåfarge som bringer assosiasjo- nar til fjord og hav.

    I generell omtale av Møre og Romsdal fylke (eksempelvis denne trykksaken) skal denne fargen brukast som bakgrunnsfarge i titlar og punkt.

    Process Blue i 4-fargar:

    C: 100% M: 8% Y: 0% K: 5%

    Tilleggsfargar

    Følgjande fargar er valde ut: 15% gul, 30% Process Blue, 15% prosent svart.

    Hovudfargar:

    100% Process Blue EC

    30% Process Blue EC

    15% gul

    15% svart

    Tilleggsfargar:

  • 10

    Dokument 5.0

    Digitale malar i Word

    Desse kontordokumenta ligg tilgjengeleg som digitale malar:

    – Brevark

    – Telefaks

    – Pressemelding

    – Rundskriv

    – Notat

    – Saksframlegg

    – Møteinnkalling

    – Møtereferat

    – Forebels melding i forvaltningssak

    Ein skal ikkje foreta endringar på malane.

    Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundveien 9 Telefon 71 25 80 00 Telefaks: 71 25 87 21

    e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no

    telefaks

    Til: Telefaksnr:

    Firma 00 00 00 00

    Att: Dato: Sideantal inkl. dette:

    Namn 07.09.2004 1

    Frå: Telefon:

    Namn 00 00 00 00

    Blir ettersendt i posten Blir ikkje ettersendt i posten

    Tekst

    Melding til mottakaren:

    Telefaks

View more