«piper og maser støtt». «vi har koblet det ut!» · kommunane på haugalandet. det er god...
TRANSCRIPT
«Piper og maser
støtt». «Vi har
koblet det ut!»
Brukarerfaringar med
brannvarslingsanlegg i
landbruket
Olav Eggebø
HLB Arbeidsrapport nr. 2,
2014
ISBN 978-82-93079-11-8
Finst berre i elektronisk utgåve
2
«Piper og maser støtt.» «Vi har koblet det ut!»
Brukarerfaringar med brannvarslingsanlegg i landbruket
Olav Eggebø
HLB Arbeidsrapport 2, 2014
Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling 2014
Arbeidsrapport nr. 1 – Elektronisk utgåve
ISBN 978-82-93079-11-8 Pris: Fri nedlasting
Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling
Postvegen 213
4353 KLEPP STASJON
Tlf.: 51 79 94 00
Epost: [email protected]
Nett: www.hlb.no
3
Føreord
Det har i seinare år vore mange tragiske brannar i landbruket. For å redusera dette talet, arbeider
både styresmakter og landbruket sjølv med ei rekke brannførebyggande tiltak. Eit av dei
sentrale tiltaka som har kome handlar om lovpålagte krav om brannvarslingsutstyr på gardar
med ein viss storleik.
Dette kravet har eksistert ein del år no, og dei fleste gardar i drift har slike varslingssystem.
Samtidig har mange røyster hevda at utstyret ikkje fungerer tilfredsstillande. I denne rapporten
syner me at dette er ei svært utbreidd oppfatning blant bøndene. Mange er direkte misnøgde,
spesielt etter å ha erfart ei rekke falske alarmar, nokre så misnøgde at dei rett og slett slår
anlegget av. Då er ein utan brannvarsling.
Rapporten er skriven på oppdrag frå Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland Bondelag,
Rogaland fjørfelag og Norsvin Rogaland. HLB takkar for eit spennande oppdrag. Me
takkar også Rogaland og Haugaland Landbruksrådgivning for at me fekk nytta deira
epostlister.
HLB, Juli 2014.
4
Innhald
1 OM BRANNVARSLINGSANLEGG INNAN LANDBRUKET .............................................................. 5
2 OM OPPDRAGET ....................................................................................................................................... 5
2.1 Om spørjeundersøkinga ............................................................................................... 6
2.1.1 Kven har me spurt? .............................................................................................. 7
2.2 Typar av anlegg ........................................................................................................... 8
2.3 Kundetilfredsheit ......................................................................................................... 8
2.3.1 Grunnar til misnøye: mange feilmeldingar og falske alarmar .............................. 9
2.3.2 Sterke uttrykk for misnøye ................................................................................... 9
2.3.3 Nokre bønder blir så frustrerte at ein slår av anlegget ....................................... 11
2.4 Variablar som spelar inn på misnøye ........................................................................ 11
2.4.1 Dei som fekk installert anlegg midt på 2000-talet er minst nøgde ..................... 11
2.4.2 Type anlegg har stor betyding ............................................................................ 12
2.4.3 Prosjektering og installering av anlegga ............................................................ 13
2.5 Marknadsdel og grunnar for val av anlegg ............................................................... 14
2.6 Branntilløp og fungerande anlegg ............................................................................. 15
2.7 Bakgrunnsvariablar .................................................................................................... 16
2.7.1 Alder: dei yngste er mest misnøgde ................................................................... 16
2.7.2 Region: Mest nøgde på Haugalandet ................................................................. 16
2.8 Oppsummering .......................................................................................................... 16
5
1 OM BRANNVARSLINGSANLEGG INNAN LANDBRUKET
Når brann oppstår i landbruket, har brannvesenet ofte for lang utrykkingsveg til å kunne gjera
anna enn å redde tilstøytane bygningar når dei kjem. Derfor er bonden sin eigen innsats
avgjerande og dei første minuttane er kritiske for å avverje katastrofe. Brannvarslingsanlegg gir
tidlig varsling og gjer at bønder kan klara å sløkke branntilløp før større skade oppstår.
Det finnast eit offentleg regelverk om brannsikkerhet innan landbruket som stiller klare krav,
og det er bonden sitt ansvar at desse følgjes.
Driftsbygningar med fjørfe var dei første som blei pålagt brannvarslingsanlegg i byrjinga av
2000-tallet. Seinare har dei andre produksjonane følgt etter. I dag er det krav om egna (FG‐
godkjent) brannvarslingsanlegg for besetningar med meir enn: 30 storfe, 200 fjørfe, 10 hestar
og 30 småfe. I fjølge Plan‐ og bygningsloven skal vera brannalarmanlegg i alle nye
driftsbygningar med husdyrrom. Andre bygningar skal ha brannalarmanlegg dersom det
vurderast at brannfaren er stor.
Når eit FG-godkjent anlegg blir installert- (godkjent av Forsikringsselskapenes
Godkjennelsesnemd) vil det gje bonden fordeler som lågare premiar, og hos nokre av
forsikringsselskapa - gunstige finansieringsordningar. I dag er det blitt installert ca. 50 000
brannvarslingsanlegg i norske driftsbygningar.
2 OM OPPDRAGET
Brann er ei stor utfordring for landbruket i Norge. I 2013 blei det registrert 315 større
landbruksbrannar på landsbasis, 164 i privatbustader og 155 i driftsbygningar. Verdiar for nær
527 millionar kroner gikk tapt1. I følgje forskingsrapportar Mattilsynet har publisert, brenn det
1 http://www.lbk.no/Brannstatistikk
6
oftare på gardane nå enn tidlegare.2 Dette er ei utvikling alle involverte partar jobbar for å
snu.
Det er dyreeigar som er ansvarlig for brannsikkerheit og det førebyggjande
brannsikringsarbeidet på garden. Samtidig fins det er eit regelverk som stiller klare krav til
korleis ein skal førebyggja og verna mot brann. Eit av desse krava er at bygningar som huser
over eit visst tal dyr skal ha installert brannvarslingsanlegg. Dette brannvarslingsanlegget skal
ettersjåast og prøvast jevnleg.
Det eksisterer i dag brannvarslinganlegg som er skreddarsydde for landbruket, og som oppfyller
offentlege krav. Dei fleste gardar i drift i landet har installert eit slikt anlegg, og dette er for
bonden eit av dei viktigaste tiltaka for å førebyggja øydeleggjande brann på deira gard. Det
er derfor av avgjerande betyding at anlegga er stabile og driftssikre.
Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling fekk i desember 2013 oppdraget om å kartlegga
bruken av brannvarslinganlegg innan landbruket. Me skulle sjå korleis anlegga hjelper bøndene
i arbeidet med å sikra gardane sine mot brann, og kor nøgde dei var med anlegga dei hadde
installert. Oppdragsgjevarar er Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland Bondelag, Rogaland
fjørfelag og Norsvin Rogaland.
I denne rapporten syner me at brukarane av desse skreddarsydde
brannvarslingsanlegga for landbruket generelt sett er lite nøgde. Fleire bønder kjem
i undersøkinga med kraftig kritikk av brannvarslingsanlegget. Berre 36,5% seier seg
«nøgde» med eiga brannvarslingsanlegg. 33,4% seier seg direkte misnøgde og 26,7% «delvis
nøgde».
2.1 OM SPØRJEUNDERSØKINGA
Datainnsamlinga vår var først og fremst ei e-post undersøking via Easyquest. Spørsmål blei
sendt ut til 1515 gardbrukar i Rogaland. Me brukte epostlistene til Rogaland
Landbruksrådgiving, og undersøkingane blei sendt ut til gardbrukarar i kommunane Hå,
Time, Klepp, Gjesdal, Sola, Randaberg, Sandnes, Strand, Hjelmeland, Finnøy, Vindafjord og
Tysvær. Av dei 1515 gardbrukarar som fekk undersøkinga var det 614 som svarte, noe som
2http://www.mattilsynet.no/dyr_og_dyrehold/produksjonsdyr/brannsikring/brannsikring_er_bondens_ansvar.185
7
gir ein svarprosent på ca. 40.
Dette må seiast å vera rimeleg
bra for denne type
epostundersøking.
2.1.1 Kven har me spurt?
Respondentane kom frå 12
forskjellige kommunar i
Rogaland (sjå fig). 341, altså
55,5% av respondentane er frå
Jæren, 88 (14,3%), er frå
Ryfylke 177 (28,8%) er frå
Haugalandet, og vidare i
rapporten vil me bruka denne
geografiske oppdelinga ved
nokon tilfelle.
Svarprosenten var høgast i
kommunane på Haugalandet.
Det er god aldersspreiing på
respondentane i undersøkinga, og
fordelinga er truleg rimeleg
representativ for aktive
gardbrukararar i Rogaland.
Når det gjeld hovudproduksjon
driv dei fleste med storfe, men
bønder med anten småfe, gris eller fjørfe som hovudsatsing er også godt representerte i
utvalet.
0
20
40
60
80
100
120
I kva kommune ligg garden din
I kva kommune ligg garden din
0
100
200
300
400
Hovudproduksjon
Antall
0
50
100
150
200
250
Når er du fødd
Når er du fødd
8
2.2 TYPAR AV ANLEGG
Det eksisterer ei rad forskjellige brannvarslingsanlegg i marknaden, men Elotec er heilt klart
marknadsleiande. Det ser me og i
denne undersøkinga. Heile 76,2%
av anlegga kjem frå denne
produsenten. Det er langt ned til
dei neste produsent, Drengen
med 8% marknadsandel, og Icas
og Autronica med ca 3 %.
Denne marknadsfordelinga har
vore lik ganske lenge.
Alarmundersøkinga Landbrukets
Brannvernkomite utførte i 2004
visar til ei liknande fordeling i
marknadsdelane og i følgje selskapet si eiga heimeside har Elotec har vore marknadsleiande
innan dette segmentet i mange år.
Denne store marknadsdelen har betyding for dataanalysen. I og med at såpass mange
respondentar bruker Elotec vil det vera enklare å trekkja slutningar om anlegga til dette
firmaet. Det er betydeleg færre respondentar som bruker til eksempel Icas og Autronica og når
det blir gjort krysstabuleringar vil talgrunnlaget for desse merkene vera mykje mindre.
Dermed vil slutningane bli trekte utifrå eit mykje mindre utval respondentar.
2.3 KUNDETILFREDSHEIT
Eit av dei første spørsmåla i undersøkinga var kor godt nøgd ein var med brannvarslings-
anlegget på garden.. Berre 36,5 % av respondentane svarar at dei er nøgde med sitt
brannvarslingsanlegg. Over ein tredjedel, 33,4%, seier seg direkte misnøgde og 26,7 % delvis
nøgde.
Tala vitnar om rimeleg stor misnøye med anlegga. Det å installere brannvarslingsanlegg er
kostbart, og dette skal vera eit av dei viktigaste tiltaka bønder gjer for å verna garden mot
3 %
8 %
76 %
4 %1 %
1 % 4 % 3 %
Type anlegg
Autronica
Drengen
Elotec
Icas
Andre typar
Fleire typar
Har ikkje
Ikkje svart
9
øydeleggjande brann.
At langt under
halvparten er nøgd med
korleis anlegget
fungerer bør gje grunn
til uro.
2.3.1 Grunnar til
misnøye: mange feilmeldingar og falske alarmar
Dei som sa seg misnøgde eller delvis nøgde vart spurt
om grunnane til dette. Respondentane kunne gje fleire
svar.
På spørsmålet «Kva er viktigaste grunn til at du/de ikkje
er (heilt) nøgde?» svara 73,9% at feilmeldingar var
hovudgrunnen for misnøya. 60,9% svara at falske
alarmar var viktigaste årsak.4 Vidare svara 43,3% store
kostnader og 42,5% at «anlegget har for dårleg kvalitet».
2.3.2 Sterke uttrykk for misnøye
På dette spørsmålet fekk og respondentane moglegheit til å skriva inn eiga forklaring. Mange
gjorde dette og kommentarane støttar opp under det generelle funnet om stor misnøye. Også
her er det feilmeldingar og falske alarmar som går igjen:
«Gjentatte piping ved feilmeldning som ikke kan slås av»
3 Totalen her er dei som hadde kryssa av at dei var misnøgde og delvis nøgd på spørsmålet «er du generelt nøgd
med brannvarslingsanlegget på garden». Berre dei som hadde kryssa av desse alternativa fekk spørsmålet «Kva
er viktigaste grunn til at du/de ikkje er (heilt) nøgde?» 4I svaralternativa blei feilmeldingar beskrive som «Alarmen viser feilmelding», Falske alarmar blei beskrive som
«Sirena går på og alarmen viser brann, men utan branntilløp/røykutvikling»
Antall Prosent
Feilmeldingar 261 73,9%
Falske alarmar 215 60,9%
Store kostnader 155 43,3%
Servicepakken 55 15,6%
Anlegget har
for dårleg
kvalitet
151 42,8%
Totalt3 353 100%
3 %
37 %
27 %
33 %
”Er du generelt nøgd med brannvarslingsanlegget på
garden?”
Ikkje svart
Ja
Delvis
Nei
10
«Piper og maser støtt. Irriterer oss. Lite pedagogisk oppbygd, så vi vet ikke alltid hvorfor den
piper».
«Brannalarm uten at det går å finne ut hvilken detektor/melder»
«Komplisert start og stopp prosedyrer. Mange knapper og lys funksjoner»
Sjølv bønder som sa seg nøgde med eige anlegg kunne fortelja at dei er plaga med
feilmeldingar. Eit av spørsmåla i undersøkinga var: «Dersom de får mange feilmeldingar,
kvar kjem dei fleste av desse frå?» Svara her viser at problemet er desidert størst i
driftsbygningar, sjølv om det og blir meldt om feilmeldingar i våningshus og
garasje/reiskapshus.
Heile 373 respondentar svarte på dette spørsmålet, det betyr at mange respondentar som seier
seg nøgde med brannvarslingsanlegget på garden også opplever mange feilmeldingar. Me ser
dermed at meir enn 60% av respondentane seier at dei opplever mange feilmeldingar.
Ein anna klar tendens var klagar på korleis anlegga fungerte under torevêr. Fleire utalte at
anlegga kunne bli satt ut eller skadd på grunn av lyn og torden:
“Tåler ikke tordenvær”
“Svært mange lynskader som blir dekka av Gjensidige, men som gir nedetid og frustrasjon”
“Stadig skade pga torevær”
Fleire respondentar var tydelig frustrerte over eigne anlegg og uttrykte misnøye i særs klare
ordelag. Her er nokre døme:
«Leverandør som prosjekterte, solgte og monterte et brannvarslingsanlegg som førte til mye
frustrasjon den første tiden!»
«Problema oppsto ganske nylig etter installasjon, uhørt at en skal bli påtvunget slike
problemer».
«Helt ubrukelig. Det går på helsa løs. Blir immun mot brannalarmer»
11
2.3.3 Nokre bønder blir så frustrerte at ein slår av anlegget
Det kanskje mest alarmerande funnet i heile undersøkinga er at frustrasjonen over anlegget
har gjort at ein del bønder (kor mange veit me ikkje) rett og slett har skrudd dette av I praksis
driv ein då vidare utan brannvarslingutstyr på garden:
“Det er aldeles meiningslaust og totalt ubrukeleg, kan ikkje ha det på”
«Så mye tull at anlegget har stått avslått i iallfall 5 år»
«Vi har koblet det ut»
Det er ikkje berre brannvarslingsanlegga som blir kommenterte. Nokre bønder uttaler
misnøye med heile det offentlege kravet om slike anlegg:
” Dette "fansy" kravet er heilt tullet! Bør fjernes inntil der er noe som fungerer!”
“Kravet er satt på feil premisser 30 sau kontra 30 storfe, kor er logikken?”
2.4 VARIABLAR SOM SPELAR INN PÅ MISNØYE
Som ein ser ovanfor er det mange kritiske røyster. Frå tala i undersøkinga kan me lesa ein del
om eventuelle samanhengar mellom misnøye og ymse variablar.
2.4.1 Dei som fekk installert anlegg midt på 2000-talet er minst nøgde
Me såg ein klar tendens til at tidspunkt for installering av anlegget har betyding for kor nøgde
gardbrukarane er. Dei som fekk anlegget installert mellom 2004 og 2008 er betydeleg mindre
nøgd enn dei som har installert anlegget etter 2008. Dei som installerte anlegga før 2004 er litt
betre nøgd enn dei som installerte anlegga 2004-2008. Dei som fekk anlegget sitt installert
etter 2008 skil seg likevel ut som langt meir nøgde.
Tala er såpass tydelege her at det synest rimeleg å spørja om anlegg frå før 2008, og særleg
dei mellom 2004 – 2008 hadde ein ringare kvalitet?
12
2.4.2 Type anlegg har stor betyding
Kva type anlegg ein har installert har ein stor betyding for kor nøgd ein er. Her ser ein klart at
det er mykje større misnøye knytt til anlegga til Elotec og Icas, enn til Drengen og Autronica.5
Kva type brannvarslingsanlegg har de installert? Total
Dren
gen
Elotec Icas Autronic
a
Fleire Anna Ikkje
svart
Ja
27 163 8 10 2 4 7 221
56.2
% 35.1% 36.4% 50.0% 40.0% 57.1% 58.3% 38.2%
Delvis
9 132 7 6 1 3 3 161
18.8
% 28.4% 31.8% 30.0% 20.0% 42.9% 25.0% 27.8%
Nei
12 170 7 4 2 0 2 197
25.0
% 36.6% 31.8% 20.0% 40.0% 0.0% 16.7% 34.0%
Total
48 465 22 20 5 7 12 579
100.0
% 100.0% 100.0% 100.0% 100.0% 100.0% 100.0%
100.0
%
Medan 56,2% av brukarar av Drengen, og 50% av brukarar av Autronica seier dei er nøgde
med sitt anlegg er det berre 35,1% av dei som har installert Elotec og 36,4 % av dei som har
installert Icas som svara det same. Fleire Elotec- (36,6%) og Icas(31,8)-brukarar svarer at dei
er misnøgde. Her er tala for Drengen (25%) og Autronica (20%) betydeleg betre. Ein ser her
at det er stor forskjell på dei forskjellige anlegga og det er Elotec som kjem dårlegast ut.
2.4.2.1 Dårleg likte anlegg slit med feilmeldingar og falske alarmar
Går ein inn på grunnar for misnøye ser ein at det er feilmeldingar og falske alarmar som gjer
at Elotec og Icas er dårlegare likt.
5 Tabellen nedanfor viser svara frå spørsmålet ”Er du generelt nøgd med brannvarslingsanlegget på garden”
krysstabulert med svara frå spørsmålet ”Kva type brannvarslingsanlegg har de installert”
13
2.4.3 Prosjektering og installering av anlegga
Undersøkinga viser at kven
som prosjekterte og
installerte anlegga har
betyding for kor godt nøgde
ein er med dei. Det var ikkje
mange som sjølv prosjekterte
anlegga ein installerte, men
dei som gjorde det er godt
nøgde (heile 68%). Det er og
0%
5%
10%
15%
20%
25%
30%
35%
40%
Drengen Elotec Icas Autronica I alt
Pro
sen
t
Grunnar til misnøye
Feilmeldingar (Alarmen viserfeilmelding)
Falske alarmar (Sirena går påog alarmen viser brann, menutanbranntilløp/røykutvikling)
Store kostnadar
Sertviceavtalen
Grunnar til misnøye Drengen Elotec Icas Autronica
Feilmeldingar 13 224 10 8
Falske alarmar 15 182 11 4
Store kostnader 7 134 3 6
Serviceavtalen 5 46 1 1
Anlegget har for dårleg kvalitet 8 127 5 5
28
25
322
204
35
0 50 100 150 200 250 300 350
Ikkje svart
Eg sjølv
Elektroinstallatør
Leverandør
Veit ikkje
Kven prosjekterte annlegget
Kven prosjekterte annlegget
14
tydeleg at dei anlegga som er prosjekterte av leverandør, er betre likt enn dei anlegga som
elektroinstallatør har prosjektert.
Ein ser nokre av dei same
tendensane når det gjeld
installering. Dei bønder som sjølve
var med på installeringa er dei
mest nøgde. Dei bønder som
installerte anlegga saman med
elektroinstallatør er betydeleg meir nøgde enn dei som fekk anlegga installert av
elektroinstallatør.
Det kan vera ei enkel forklaring på dette. Dei som har vore med på prosessen vil nok kjenne
betre til anlegget og korleis dette fungerer. Ein annan forklaring kan vera at bonden kjenner
og betre til mikroklima på garden, og ved å involvera seg i installeringsprosessen vil
installatør få gode råd om kor/korleis dei ulike delane av anlegget bør plasserast.
2.5 MARKNADSDEL OG GRUNNAR FOR VAL AV ANLEGG
Marknadsundersøkingar viser gjerne at kundelojaliteten synk når ein kunde er utilfreds med eit
produkt eller ei teneste. I
denne studien ser det ut til
at kundetilfredsheit har lite
å gjere med val av
brannvarslingsanlegg.
Sjølv om Elotec har dei
anlegga som er minst likt
blant bøndene i
undersøkinga er dei
marknadsleiande og har
nesten 80% av
kundesegmentet.
Så kva er grunnen til at selskapet har ein så stor del av marknaden trass i at mange i
31
45
59
270
209
Ikkje svart
Anbefaling frå andre bønder
Anbefaling frå faglag/organisasjonar
Anbefaling frå forsikringsselskapet
Veit ikkje
0 50 100 150 200 250 300
Kva var den viktigaste grunnen til at du/de valde dette brannvarslingsanlegget?
Kva var den viktigaste grunnen til at du/de valde dettebrannvarslingsanlegget?
18
208
336
21
0 100 200 300 400
Eg sjølv
Eg sjølv med hjelp frå…
Elektroinstallatør
Veit ikkje
Kven installerte annlegget
Kven installerte annlegget
15
undersøkinga uttrykkjer misnøye med produkta?
På spørsmålet «Kva var den viktigaste grunnen til at du/de valde dette [merket]» svara 44% at
dei valde anleggstype på grunn av anbefalingar frå forsikringsselskap. Berre 7% svara at dei
gjorde sitt val på bakrunn av anbefalingar frå kollegaer.6
Få svarar og at dei valde på bakgrunn av anbefalingar frå faglag eller rådgivingstenester i
landbruket. Undersøkinga fortel likevel ikkje om dette tilbodet – rådgiving knytt til brannvern
– i det heile er bygd ut innanfor landbruket sitt elles omfattande og mangfaldige
rådgivingsapparat.
2.6 BRANNTILLØP OG FUNGERANDE ANLEGG
38 av respondentane svara at dei har hatt branntilløp på sin gard dei siste 5 åra. Av desse
igjen, svarar 30 at
deira anlegg fungerte
som det skulle då det
braut ut brann. 8 av
dei som har hatt
branntilløp svara at
anlegget fungerte
ikkje slik det skulle.
38 tilfelle er eit for lite
talgrunnlag til å kunne
trekka eintydige slutningar, og me veit heller ikkje grunnen til at desse anlegga ikkje virka
som dei skulle. Samtidig vil nok mange seia at 8 tilfelle av ikkje-fungerande
brannvarslingsanlegg ved branntilløp eit alt for høgt tal.
6 Her er det og påtakeleg at 34% svara at dei ikkje veit kvifor dei gjorde det valet dei gjorde.
15
30
8
561
0 100 200 300 400 500 600
Ikkje svart
Ja, og det blei varsla av anlegget
Ja, det har vore branntilløp, men dåfungerte ikkje…
Nei, det har ikkje vore branntilløp.
Har det i løpet av dei siste fem åra vore branntilløp på garden?
Har det i løpet av dei siste fem åra vore branntilløp på garden?
16
2.7 BAKGRUNNSVARIABLAR
Me såg og på om det var samanhengar mellom nøye/misnøye og bakgrunnsvariablar som alder
og region.
2.7.1 Alder: dei yngste er mest misnøgde
Ein ser noko variasjonar i forhold til alder. Den tydeligaste tendensen her er at yngre bønder
er meir misnøgde enn dei eldre. 43% av dei aller yngste og 39% av dei mellom 34 og 44
utalte seg misnøgde med eige brannvarslingsanlegg. Dette ligg ein del over gjennomsnittet på
33,4%. Av dei som er eldre enn 44 år var det 29% som var direkte misnøgde.
Tala fortel oss ikkje kvifor unge er meir misnøgde. Fleire hypotesar kan lanserast: Botnar
variasjonen i at det enklare for yngre å uttala misnøye generelt sett? Er dette på grunn av at
yngre bønder har større forventningar til teknisk utstyr enn bønder? Eller har yngre bønder
betre teknologisk kunnskap og dermed ei meir realistisk forståing av kva som ein bør krevja?
2.7.2 Region: Mest nøgde på Haugalandet
Me såg og på om kor garden ligg har betyding for kor nøgd ein er med
brannvarslingsanlegget. Her såg me at ein er generelt meir nøgd på Haugalandet enn i
Ryfylke, 40,1% av haugalendingane gjev opp å vera nøgde, medan berre 30,7% av
ryfylkingane seier det same. Jærbøndene er midt i mellom her, med 36,7% nøgde.
Sjølv om ein såg ein klar tendens på at haugalendingar var meir nøgde, var svarprosenten
mykje likare på alternativet «misnøgd», 35,2% av haugalendingane, 34,6% av jærbuen og
31,1% av ryfylkingane utalte seg «misnøgde» med eige anlegg.
Klimatiske forhold verkar nok inn på korleis varslingsanlegga, men om det er så store
klimatiske forskjellar mellom Haugalandet og Ryfylke at det spelar inn på oppfatningar om
anlegga er nok tvilsamt. Ei anna hypotese er at anlegga er installerte av ulike installatørar.
2.8 OPPSUMMERING
Resultata frå undersøkinga viser at det er generelt stor misnøye med brannvarslingsanlegga
rundt på gardane i landets fremste landbruksfylke, Rogaland. Misnøye og frustrasjon er først
17
og fremst knytt til mange feilmeldingar og falske alarmar. Dette skapar igjen stor frustrasjon
blant mange av brukarane. Nokre seier rett ut at dei blir immune mot alarmar, og nokre skrur
rett og slett anlegget av. Då er dei i realiteten utan varsling ved brann. Ein slik situasjon med
feil og frustrasjon er øydeleggande for brannsikkerheita på gardane rundt i Rogaland.
Undersøkinga har følgjande sentrale funn:
Berre 36,5 % av respondentane svara at dei er nøgde med sitt brannvarslingsanlegg.
Over ein tredjedel, 33,4%, seier seg direkte misnøgde og 26,7 % delvis nøgde.
Hovudgrunnane til misnøya er feilmeldingar og falske alarmar.
Nokre bønder har på grunn av frustrasjon med brannvarslingsanlegga, skrudd dei av.
Dei som fekk installert anlegg midt på 2000-talet er minst nøgde.
Dei som har anlegga til Elotec og Icas er minst nøgde.
Dei dårlegast likte anlegga slit meir med feilmeldingar og falske alarmar.
Kven som har prosjektert og installert anlegga har betyding for kor godt anlegget
fungerer.
Det er anbefalingar frå forsikringsselskapet som er mest avgjerande for gardbrukarars
val av anlegg.