kjelda nr. 2 2007

32
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Nr. 2 - Juni 2007. Årgang 16 Fylkesarkivet på Internett: www.fylkesarkiv.no Kjelda Feltleiar Heidi Handeland meiner ho er på sporet etter ein vegg. Ho vil prøva å stadfesta det ved å grava eit snitt gjennom den. Fem arkeologar frå Bergen Museum grev i desse dagar ut spanande funn frå førhistoria på Kvåle og Gurvin i Sogndal. Meir side 4. (Foto: Marit Anita Skrede).

Upload: fylkesarkivet-i-sogn-og-fjordane

Post on 31-Mar-2016

279 views

Category:

Documents


6 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

Page 1: Kjelda nr. 2 2007

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Nr. 2 - Juni 2007. Årgang 16

Fylkesarkivet på Internett:

www.fylkesarkiv.no

Kjelda

Feltleiar Heidi Handeland meiner ho er på sporet etter ein vegg. Ho vil prøva å stadfesta det ved å grava eit snitt gjennom den. Fem arkeologar frå Bergen Museum grev i desse dagar ut spanande funn frå førhistoria på Kvåle og Gurvin i Sogndal. Meir side 4. (Foto: Marit Anita Skrede).

Page 2: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

RedaksjonSnorre D. Øverbø (redaktør), Oddvar Natvik, Karianne Schmidt Vindenes

Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 1�5,-.

Bankgiro: 3781 14 0�894, merk Kjelda. ISSN 0803-968�.Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven.

Ansvarleg dette nummer: Oddvar Natvik. Utforming: Oddvar Natvik.

Fylkesarkivet i Sogn og FjordaneFylkeshuset, Askedalen �, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01

[email protected]

Kst. fylkesarkivar: Snorre D. Øverbø, tlf. 57 65 64 01, [email protected]

Arkivarar:Arild Reppen (foto), Fototeknisk avd., 68�3 Sandane. Tlf. 57 86 51 �4, [email protected]

Øystein Åsnes (musikk), Tlf. 57 65 64 04, [email protected] Karianne Schmidt Vindenes (fagleiar), tlf. 57 65 64 06, [email protected]

Per Olav Bøyum (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 14, [email protected] Sturla Binder (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 �0, [email protected]

Geir Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, [email protected] Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, [email protected]

Roger Kvarsvik (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 00, [email protected] Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, [email protected]

Prosjekt:Gunnar Urtegaard, ABM prosjektutvikling, 57 65 64 03, [email protected] Hermund Kleppa (Kulturhist. leksikon), tlf. 57 65 64 0�, [email protected]

Oddvar Natvik (nettbasert kulturformidling), tlf. 57 65 64 05, [email protected] Samland (nettbasert kulturformidling), tlf. 57 65 64 08, [email protected]

Siri Ingvaldsen (nettbasert kulturformidling), tlf. 57 8� 50 08, [email protected] Elin Østevik (eldre foto), tlf. 57 65 64 18, [email protected]

Silje Sjenken Svanevik (digitalisering), tlf. 57 65 64 1�, [email protected] Jurmi (nettbasert kulturformidling), [email protected]

Ulf Palm (fotoprosjekt), tlf. 57 86 51 �4, [email protected]

Nettstad: www.fylkesarkiv.no

Fylkesarkivaren har ordetSnorre D. Øverbø

Privatarkiv gir balanse i vernearbeidetFramvoksteren av offentleg sektor har vore eit av dei mest forbløffande trekka ved historia vår på 1900-talet. Trenden held fram også inn i dette tusenåret.

Heldigvis finst det lover og forskrifter som syter for at eit minimum av denne dokumentasjonen vert sikra for ettertida. Desto meir tankjevekkande er det då at vern av arkiv frå privat sektor er overlete til tilfeldigheiter og vekslande prioriteringar.

Verdfulle arkiv frå bedrifter, organisasjonar og privatpersonar går kvar dag tapt i Noreg. Hovudproblemet er manglande statleg koordineringspolitikk og -ressursar på området. Slik det er no er det opp til kvart fylke eller kommune å prioritere vekk. I Sogn og Fjordane har vi i fleire år vore så heldige å ha ein målretta innsats på privatarkiv, men

også her slit vi med manglande ressursar og store etterslep.

For framtidas forskarar vil dette representere eit kjempeproblem, både metodisk og praktisk: Arkivbestanden i arkiva rundt om i Norge vil vere totalt dominert av arkiv frå stat, fylke og kommune. Eg vil anslå at i 2007 vil berre 2 - 5 % av den innsamla arkivbestanden vere privatarkiv. Privatarkiva vil slik sett på langt nær vere representative for privat sektor. Denne underbalansen i vernearbeidet vil gje eit skeivt kjeldegrunnlag for forskarar i åra som kjem.

Det er kva vi prioriterer i dag, den vernejobben vi gjer no, som legg føringar for framtidas arkivbrukarar, - forskarar og einskildpersonar. Vi kan sjølvsagt ikkje verne alt, men vi bør syte for tilnærma balanse i vernerekneskapen. Det er det ikkje i dag.

Snorre D. Øverbø tek mellombels over som fylkesarkivar for Gunnar Urtegaard. Øverbø er konstituert i stillinga i perioden 01.05.�007 — 31.1�.�007. Gunnar Urtegaard skal i denne perioden arbeide med prosjektet Nettbasert kultur- og kunnskapsformidling. Frå 1.5.�007 vert det og oppretta ei mellombels teneste under fylkesdirektør for kultur med namnet ABM Sogn og Fjordane. Urtegaard skal leia denne avdelinga som skal utvikle nye prosjekt og tenester knytt til ABM-sektoren (Arkiv, Bibliotek og Museum) i Sogn og Fjordane. Urtegaard skal utvikle ein samla plan for vidareføring av dette arbeidet som skal til politisk handsaming mot slutten av �007. Urtegaard vil og arbeide med regionale, nasjonale og internasjonale utvikingsprosjekt på dette feltet.

Ny fylkesarkivar

Ulf Palm, fødd 1968, frå Sverige, er tilsett i prosjektstilling knytt til digitalisering og registrering av foto. Han skal arbeide ved fotoavdelinga på Sandane. Palm er utdanna arkitekt og kunstfotograf frå Sverige.Han starta �4.05.�007.

Asbjørn Ness, fødd 1985, er tilsett i sommarvikariat, og skal arbeide med registrering og digitalisering av kjelder.Ness er frå Sogndal, og er for tida student ved NTNU i Trondheim.

Personalnytt

Page 3: Kjelda nr. 2 2007

3

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

Vi spurte i førre nummer av Kjelda om lesarane våre kunne skaffe oss fleire opplysningar om budeia Eli Steffensdatter Lefdal. Ho vann premie frå Landbruksselskapet i Sogn og Fjordane i 1903.

Responsen frå lesarane våre har vore svært god. Fleire har vendt seg til oss både pr telefon og med epost, og kome med presise opplysningar. Som dei fleste har nemnt, finst opplysningane i ”Digitalarkivet” på Internett. (Sjå http://digitalarkivet.uib.no) og i Årstein Svihus’ Bremanger bygdebok.

For å oppsummere han vi samanfatte dei innkomne opplysningane om Eli Steffensdatter slik:Eli Steffensdatter Lefdal, fødd 02.04.1850 på Sande i Gloppen. Død 1913 på Bøen, Davik. Foreldre: Husmann Steffen Monsson Sande og Marie Steffensdatter Rygg.

Simianne Bøen (1856-1943) – som skreiv det eine av vitnemåla for Eli i samband med premieringa, var søster til Eli. Simianne dreiv garden Bøen (gnr 104m, bnr 7 i Davik) saman med Peder Martin Oleson. Eli tente ei periode hos søstera på garden.

Vi vil takke lesarane våre for opplysningane, særleg Liv Marit Bøen, Roar Førde, Herdis Holvik, Per Reppen og Gunnar Sigdestad.

Mange lesarar hjelpte oss med budeieopplysningar!

Av Snorre D. Øverbø

Sølvuret som Eli vann i 1903

har vore i slekta sidan. I

dag er det ei ny Eli som har

sølvuret. Det er oldebarnet

til Simianne Bøen,

søstera til Eli Steffensdatter, som har klokka,

Eli Karoline Bøen (tv).

Innskripsjonen i klokka er:

”Budeie-præmie

tilkjendt Eli Lefdal 1903”.

Page 4: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

4

I to månadar skal fem arkeologar frå Bergen Museum grava fram spanande arkeologiske funn på Kvåle (Bondevikhagen) og Gurvin i Sogndal. Arkeologar frå kulturavdelinga ved fylkeskommunen registrerte området i fjor sommar, og då vart det klårt at det er eit svært funnrikt område. Registreringane viste at menneska tok til å dyrka jorda her allereie for 4500 år sidan. Det er mellom dei eldste spora etter jordbruk i distriktet.

Her har dessutan stått fleire bygningar. Kor mange, kor gamle dei er og kva aktivitet me kan knyta til dei er spørsmål som Bergen Museum har med seg i arbeidet sitt. Kulturavdelinga fekk

Spanande arkeologisk utgraving i Sogndal

utført ein del C-14 dateringar som viser aktivitet i området mellom omlag 2500 f.Kr. og 300 e.Kr.

Ut frå dette kan me likevel ikkje vita om det har vore kontinuerleg aktivitet i området i heile denne perioden. Det er også mogleg at bruken av området har gått lenger fram i tid enn det me til no kjenner til. Det er altså mange

spørsmål som dukkar opp etter ei arkeologisk registrering, og det er spanande å sjå kor mange av desse spørsmåla ein kan få svar på etter at resultata frå utgravinga er analyserte.

Arkeologane frå Bergen Museum arbeidde i Sogndal frå 16. april til 11. mai, og skal halda fram mellom 21. mai og 22. juni. I løpet av denne tida skal dei få best mogleg oversikt over spora etter farne tider og dokumentera dei for ettertida. Spora i grunnen vert fotograferte, teikna og målt inn. Ein stor del av dei vert dessutan gravne ut, og jord- og trekolprøvar vil bli analyserte. Trekolprøvar vert C-14 daterte, medan jordprøvar vil til dømes gje meir kunnskap om kva som er dyrka her.

Av Marit Anita Skrede

Utgravnings-området på Kvåle. På dette feltet er det truleg minst tusen restar etter til dømes stolpar og kokegroper. Oppgåva til arkeologane er å setja dette i samanheng, og freista finna ut kva området har vore brukt til i ulike tider. (Foto: Marit Anita Skrede).

Maskinell flateavdekking er den mest vanlege arkeologiske

metoden i jordbruks-område. Ei gravemaskin fjernar matjorda.

Ved overgangen til steril jord vil ein kunne sjå spor etter tidlegare

aktivitet. Stein-pakningar, kolsjikt og anna farge på jorda

enn grunnen tyder på at me har gjort funn. Då må me fram med krafse, spade og murarskei for å

undersøka det nærare. (Foto: Marit Anita Skrede).

Page 5: Kjelda nr. 2 2007

5

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

I vinter engasjerte Fylkesarkivet arkeolog Marit Anita Skrede til å skriva ein plan til eit prosjekt om nettbasert formidling av forhistorie og eldre historie. Dette prosjektet vart presentert i det forrige nummeret av Kjelda. Som eit samarbeid mellom Årdal kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune er no to andre arkeologar hyra inn for å gå eit steg vidare i dette arbeidet.

Vibeke Lia skal skriva ein tilsvarande plan for Årdal som Skrede skreiv for heile fylket. Den skal innehalda detaljerte planar over kva som skal presenterast for Årdal. Lia skal gå gjennom alt relevant materiale frå Årdal, og setja opp ei liste over alle artiklane som skal skrivast. Ho skal dessutan laga eit framlegg over kva andre tiltak som må setjast i verk for å presentera den tidlege historia frå Årdal på ein god måte. Planen er at du på nettsida skal finna både artiklar om relevante emne, men også gode foto og andre visualiseringar. Lia er utdanna

Ein arkeolog treng både murarskei,

ausekar, funnposar, sprittusj og

trillebår i arbeidet sitt. (Foto: Marit

Anita Skrede).

Metoden som vert brukt ved den arkeologiske undersøkinga på Gurvin og Kvåle vert kalla maskinell flateavdekking. Dette er den mest vanlege metoden i jordbruksområde, og tyder at matjorda vert reinska vekk med gravemaskin. I undergrunnen finn ein då eventuelle spor etter eldre tider, t.d. i form av stolpehol og kokegroper. Eit stolpehol er eit avtrykk etter ein stolpe, og kan ofte knytast til bygningskonstruksjonar – anten som takberande stolpe eller som del av vegg.

Kokegroper har blitt brukt til å førebu mat. Stolpehol og kokegroper er mellom dei mest vanlege spora som arkeologar kan påvisa på flateavdekkingar, og fins også i eit stort tal på Kvåle og Gurvin. I tillegg fins andre restar etter bygningar, dyrkingsspor, verkstadsaktivitet og moglege graver. Spora (strukturane) ligg svært tett og til dels oppå kvarandre.

Arbeidet som arkeologane skal utføra dei komande vekene er svært krevjande og spanande. Ei av utfordringane er å finna samanhengar mellom strukturane,

slik at me etter kvart får eit betre bilete av kva aktivitet det har vore på staden. Når arbeidet er avslutta i felt, tek arkeologane med seg dokumentasjonen inn på skrivebordet. Der blir den vidare analysert, og etter kvart vil ein nærma seg svar på kor mange bygningar som har vore her, kor mange av dei som stod samstundes

og kva aktivitet me elles kan knyta til området.

Utgravinga på Kvåle og Gurvin er ei viktig brikke i puslespelet for å forstå den tidlege historia i Sogndal. Me som er interesserte i arkeologi generelt og lokalhistorie spesielt ventar difor i spaning på resultata frå Kvåle og Gurvin.

Formidling av forhistorie og eldre historiearkeolog ved Universitet i Bergen frå 2005. Ho skreiv hovudoppgåve om jordbrukslandskapet på Ornes i Luster.

Kari Larsen leverte hovudoppgåva si om øydegarden Ytre Moa i Årdal

i 1995. Dette er bakgrunnen for at ho no skal skriva nokre artiklar om dette spesielle gardsanlegget frå vikingtida.

Saks funnen på Ytre Moa. (Foto: Bergen Museum).

Page 6: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

6

Pinsen 1906 kunne kyrkjelyden i Naustdal feire at dei hadde fått nytt orgel, og det var ikkje kven som helst som vigsla det. Den kjende komponisten Johannes Haarklou hadde teke vegen frå hovudstaden til heimtraktene sine i Sunnfjord. Mellom 400 og 500 menneske møtte opp i kyrkja denne dagen. Konserten vart omtala som ei høgtidsstund og ei oppleving av dei sjeldne.

Det var eit ønskje frå Haarklou sjølv å halde denne konserten. Han hadde nemleg vore rådgjevar i samband med kjøpet. Under ordningsarbeidet med arkiva etter Naustdal kommune kom vi

over fleire brev som fortel litt om historia kring dette, mellom anna eit brev som Haarklou skreiv til ordførar Gunder B. Thune. Han gratulerte med det nye orgelet, og ønskte å spille det inn. Han kunne tenkje seg å halde ein konsert i løpet av juni ”for at I kan høre, hvordan det kan klinge og for at faa in folk til Søndfjord”. På eit vilkår:

”Jeg haaber De ikke leier nogen anden organist (fra Bergen f.ex) komme mig i forkjøbet, for da vil jeg ikke komme”.

Kjøp og fraktOrgelet hadde stått i Tjøme kyrkje i Vestfold sidan 1867. Det vart kjøpt gjennom firmaet Olsen & Jørgensen. Dette var det største enkeltfirmaet på marknaden.

Olsen & Jørgensen sendte orgelet med eit frakteskip måndag 3. mai, med berekna framkomst i Naustdal omkring i veke etter. Ein representant for firmaet i Bergen skulle vere med til Naustdal for å installere det. Orgelet hadde i utgangspunktet 8 stemmer, men vart noko ombygd ved monteringa. Olsen & Jørgensen gav sine lykkeønskingar:

”Vi ønsker menigheden maatte faa glæde af orgelet; har man saa

flink organist, som den der tidligere har spilt det, vil man af dette instrument faa meget ud”.

Vi får tru at organist i Naustdal på denne tida, Rasmus Øverlid, levde opp til den tidligare organisten som det her vart referert til.

FinansieringaOrgelet kosta 2500 kroner. Detvar ingen liten sum på den tida. Heile kommunebudsjettet for 1907 var på 10 425 kroner. Pengane kom inn ved at det vart halde ei innsamling i kyrkjelyden. Vi får eit inntrykk av korleis denne innsamlingsaksjonen gjekk føre seg gjennom eit brev frå medlem av kyrkjetilsynet, Martinus Fauske, til ordføraren. Han kunne opplyse om at han hadde vore på Fauske og Kråkenes ein søndag og ”tigged penger” til orgelet. Der fekk han inn 117 kroner, noko han sjølv var veldig fornøgd med.

Korleis innsamliga gjekk i andre delar av kyrkjelyden, veit vi ikkje, men naustdølingane må ha grove djupt i lommeboka for å få dette til. Martinus Fauske la elles vekt på at sjølve handelen skulle haldast hemmeleg lengst mogleg.

Ville nokon komme å høyre på ”en gammel musiker”?Tidspunktet for konserten var viktig. Helst ville Haarklou halde den på ein søndags kveld da det

Johannes Haarklou med nytt orgel i 1906

Av Sturla Binder

Johannes Haarklou var fødd i 1847, altså for 160 år sidan. Han vaks opp på garden Haarklou i Haukedalen. Faren, Ole

Nielsen Dvergsdal, var frå Jølster. Han var både gardbrukar, lærar og kyrkjesongar. Heimen var ein samlingsstad for musikk. Johannes sine onklar både på far- og mors sida var framifrå hardingfelespelarar. Dermed vart interessa

for musikk vekt tidleg. Johannes Haarklou sa sjølv at musikkgivnaden hadde han arva frå slekta i Dvergsdal og Jotuna på Myklebust. Haarklou utdanna seg til lærar, men satsa etterkvart utelukkande på musikken. Han la bak seg

studiar både i Leipzig og Berlin. Under mesteparten av karrieren budde han i Oslo, der han var organist ved Aker

kyrkje. Han var ikkje berre verksam som komponist, men òg som musikkmeldar, organist og dirigent. Johannes Haarklou

døydde i 1925. Det er reist ei minnestøtte etter han i Haukedalen.

Page 7: Kjelda nr. 2 2007

7

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

ikkje var gudsteneste. Elles var han redd ingen ville betale for å komme på konserten. Han bad ordførar Thune om å vere ærleg å seie i frå om han hadde den minste tvil. Mest urolig var Haarklou for at enkelte eldre Naustdøler kunne tenkje at der ved ein konsert ville ”gaa for mange Penge ut a Bygda [sic]”. Slike resonnement kjende han igjen frå gamle dagar i heimbygda.

”Men, hvis de antar, at Folk vilde ha interesse at høre en gammel musiker, som Mange vel har læst Et og andet om i Aviserne, saa søg De om Kirken for mig (Jeg spiller naturligvis kirkelig musikk), og lad mig faa svar snarest”.

Haarklou bygde på erfaring når han var så pessimistisk i høve til oppmøte. Han hadde heldt mange kyrkjekonsertar kringom i landet. Det var ei viktig oppgåve for Haarklou at vanlege folk utan musikkopplæring vart ført inn i ”musikkens verden”. Med ein slik pedagogisk innstilling, tok han til med konsertreisar alt i 1884. Han sa sjølv at ”jeg har holdt kirkekonserter i alle Norges byer (Fredrikstad undtatt) og i de fleste landskirker med orgler”

Det var langt frå alle stader at folk strøymde til for å høyre på den kjente komponisten. Berre sjå på dette oversynet over billettinntekter frå konserter han heldt i 1903:

1. Bruflat kr. 8.005. Gjøvik kr. 46.00 7. Krøderen kr. 18.0014. Alstadhaug kr. 4�.5014. Markabygden kr. 10.5016. Steinkjær kr. 37.1019. Beitstaden kr. 15.00�1. Salberg! kr. 8.00�1. Saxhoug!! kr. 6.00��. Hustad!!! kr. 3.00�6. Værran!!!!!!! kr. 1.00

Utropsteikna bak nokre av plassane med minst billett-inntekter, viser at Haarklou må ha tatt det tydelegvis dårlege oppmøte med ein porsjon humor. Dessverre ser det ikkje ut til at vi har noko fullstendig oversyn over konsertreisene i Sogn og Fjordane, men vi veit at røtene i Jølster og heimstaden i Haukedalen ofte trakk han til Sunnfjord. Dette

forstår vi når vi leser avslutninga på brevet han skreiv til ordførar Thune:

”Det er besynderlig: Jo eldre man blir, jo mer drages man instinktsmæssig mod sine ungdoms Trakter. Slig gaar det ialfald mig. Søndfjord er for mig det vakreste af Norge”.

Uansett var det ikkje noko problem med oppmøte i Naustdal denne søndagen. Sunnfjordingane må ha visst å sette pris på sin kjente komponist. I Søndfjords avis, fredag 15. juni 1906, finner vi denne konsertomtalen, skrive av Daniel Fimland:

Konsert i Naustdals-kyrkja av Johannes Haarklou Gode Bladstyrar!Som De veit, hev me fenge Orgeli Naustdalskyrkja og no – eit braOrgel. Og som De og veit, hadde me Johannes Haarklou her no i Pinsehelgi og halda konsert.Eg tenkjer det var om umlag millom 4 og 500 Menneskje som høyrde på. Det var ei Høgtidsstund, som mevæl ikkje so snart fær att make til.Heile Programmet var framifraa. –Framifraa Musikk og eit sers framifrå Spel! Best likte eg hans eigne Komposisjonar: ”St. Hansaften” og ”Norsk Bryllupsmarsch”. Haydn: Jubelkor af „Skabelsen“, Wagner: „Festmusikk“ og Händel: „Hyrdernes Lovsang“ var og framifrå. Eldest var det berre godt alt. Og spelet hans var verkeleg kunst.Slik „Teknikk“, som det heiter i Musikkspråket, og Avrunding! Og det beste av alt med spelet hans er: Han legg heile si Sjæl i det. Utan kunde han ikkje spela, som han gjerer. Det var Uraad. Eg trur han måtte fortena aa faa ein Grand Stats-Studnad, so han kunde faa laga oss mange slike Musikkstykkje, som dei me alt har fenge fraa honom.

Tru det ikkje hev vore brukt (og skal brukast) utenlands av det som

Storthing og Riksstyre let Pengar til?Men for um alt er: Me Sunn-fjordingar hev Æra av, at JohannesHaarklou er Sunnfjording.

Tilslutt vil eg her faa Lov aasegja Dykk Haarklou mi hjertelegaste Takk fyr spelet Dykkar i Naustdalskyrkja – og eg trur, eg hev alle aahøyrarar med meg, naar eg segjer: Velkomen snart att. 5-6-06Dan. Fimland

Kjelde:- Naustdal kommune, formannskapet, K/S, 1897-19�0

Litteratur: - Benestad, Finn: Johannes Haarklou. Mannen og verket- Kolnes, Stein Johannes: Norsk orgelkultur- Naustdal Bygdebok band III- Naustdal kyrkje 1891-1991, utgjeve av Naustdal sokneråd- Sandnes, Ola: Johannes Haarklou 1847-19�5. Jul i Sunnfjord 1968.

Kyrkja og orgelet i 1910.

Eit døme på Johannes

Haarklou sin handskrift.

Dette er avslutninga

på brevet han sende til ordførar Gunder B.

Thune.

Page 8: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

8

Eit gudshus er ikkje alltid eit fredfullt tempel for sjela. Vegen fram til nytt kyrkjebygg i Olden var lang og hard, og kløyvde lokalsamfunnet i fleire år. Konflikten blei til slutt bokstaveleg tala murt att. I samband med at Stryn kommune nyleg avleverte det eldre arkivtilfanget sitt til sentraldepotet på Leikanger, kom det inn bilete som dokumenterer soga om Olden nye kyrkje.

Striden hadde røter fleire tiår tilbake. Kyrkja i Olden vart folkeeige etter at soknekommunen hadde kjøpt ho i 1893. Nokre få år etter, i 1905, kom Kyrkjedepartementet med påpeikingar om at kyrkja etter lova var for lita. Ho var dessutan kald og trekkfull, og i det heile lite teneleg som brukskyrkje. I 1910 var det fleirtal i kommunestyret

for bygging av ny kyrkje. To år seinare skal eit soknestyre ha blitt kasta fordi folk meinte det gjekk for smått med kyrkjesaka. Så vart det verdskrig og nedgangstider, og kyrkjespørsmålet fekk ikkje vind i segla att før midt på 1920-talet.

Ulike fraksjonarAlle var einige om at kyrkjesituasjonen i bygda var uhaldbar, men der stoppa òg all semje. Striden blussa for alvor opp i 1926, og delte bygda i eit ”restaureringsparti” og eit ”nykyrkjeparti”. Det betente spørsmålet dreia seg om den gamle kyrkja skulle setjast i stand til eit tidhøveleg gudshus, eller om det var naudsynt med eit nytt kyrkjebygg. Soknestyret i Olden var folkevalde representantar som handsama kommunale saker som berre galdt for soknet. Dei vedtok i 1926 at det skulle byggjast ny kyrkje på

tomta til den gamle. Den gamle kyrkjea ville dei flytte til ein annan stad i bygda. Dessutan ynskte dei å overlate ho til det offentlege eller til Fortidsminneforeningen. I tilfelle desse ikkje ville ta ansvar for kyrkja, var riving siste utveg.

Dei grunngav synspunktet sitt med at ei restaurering ikkje ville vere ei fullgod løysing på kyrkjeproblemet.

Soknerådet gjekk fyrst inn for riving av kyrkja. Etter nytt val til rådet snudde dei, og gjekk deretter bak ”restaureringspartiet” si fylking. Soknemøta, der dei røysteføre i soknet kunne stemme, hadde heile tida fleirtal for restaurering av den gamle kyrkja.

Frå geistleg hald var synspunkta noko meir vinglete. Sokneprest Brekke meinte at dersom restaurering ikkje kom på tale, burde eit nytt kyrkjebygg reisast

Kyrkjestrid i Olden

Av Per Olav Bøyum

Frå grunnsteins-nedlegginga jonsokdag 1934. I bakgrunnen: prost Reiel Nybø og sokneprest Zakarias Brekke.

Page 9: Kjelda nr. 2 2007

9

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

ein annan stad i bygda. For Brekke låg det òg ein geografisk dimensjon i debatten. Han meinte at ei framtidig kyrkje burde liggje nærare sentrum i soknet. Slik den gamle kyrkja var plassert, hadde folk frå Briksdalen om lag to mil til gudsteneste. Folk frå ytste garden i andre enden av soknet, Agjeld, slapp derimot unna med dryge seks kilometer.

Prost Nybø gjekk inn for at den gamle kyrkja burde flyttast til ein hjelpekyrkjegard på Brynestad, og bli brukt som eit gravkapell. Seinare endra han syn. Bispen i Bjørgvin var derimot ”mest tilbøielig til å slutte seg til Innvik sogneprests forslag”.

Frå Oslo kom det klåre meldingar frå Kyrkjedepartementet om at dei ikkje godtok oppføring av den gamle kyrkja på ei ny tomt. I tillegg hadde Statens bygningsinspektør innspel og synspunkt i debatten. Men framfor alt var det ein strid som kløyvde bygdefolket i to.

Når det kom til økonomi meinte båe partar at dei hadde gode kort på handa. ”Restaureringspartiet” viste til at velgjeraren William Singer var villig til å koste både

vølingsarbeidet og framtidig vedlikehald av den gamle kyrkja. Dette gjorde han på vilkår av at det ikkje blei bygd ny kyrkje i Olden på 20 år.

1) Elsa Brynestad2) Anders O. Løken3) Jenny Melheim Heggdal4) Anna A. Gytri5) Salamon O. Løken6) Knut O. Brynestad7) Per O. Solheim8) Leiv J. Gytri9) Jon Gytri10) Ingebrigt Beinnes11) Hallvard Sindre12) A. M. Kvamme13) Johan Yri14) Daniel Muri15) Einar Åberg16) Rasmus Bruvoll17) Reiel Nybø18) Oskar Brynestad19) Jens Gildestad20) Knut E. Brynestad21) Gudmund Beinnes

Personkart til biletet

på side 8.

Soknestyret peikte på at det gjennom gåver og utlikning hadde kome inn 50 000 kroner til eit fond for ny kyrkje, og dei var redde for at privatpersonar ville krevje pengebidraga sine

22) Gustav Gytri23) Zakarias Brekke24) Ragnvald Flåten25) Asbjørn R. Flåten26) Nils A. Muri27) Ola M. Vangberg28) Guttorm Oppheim29) Rolv M. Vangberg30) Kristen E. Brynestad31) Rasmus Flåten32) Rasmus O. Skarstein33) Knut A. Eide34) Reidar Åbrekk35) Jens Kristiansen36) Oliver Olsbø37) Salamon Løken38) Ingeborg Muri39) Anne E. Kvamme40) Brita I. Gytri41) Anders A. Gytri42) Pernille Skarstein

Prestar frå Nordfjord

saman med prost og bisp

på veg til vigslehøgtida i kyrkja. Frå

venstre: sokneprest

Zakarias Brekke, pastor

O. Skarstein, sokneprest

N. Eide (Hornindal),

pastor H. Nerhus, pastor

S. Nybø, sokneprest E. Eriksen

(Stryn), sokneprest

Løvoll (Eid), pastor A. Lødøen,

sokneprest O. Kvåle

(Gloppen), sokneprest J. Slåttelid

(Davik), biskop Andreas

Fleischer og prost Reiel

Nybø. Vidare mot høgre:

Nils A. Muri, M. Kvamme og med ryggen til

står Martinus S. Muri.

Kvinna heilt til høgre er Brita

(Bakkelid) Skarstein.

Til side 10

Page 10: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

10

attende om utfallet av striden blei restaurering av den gamle kyrkja.

Etterkvart som åra gjekk og knuten blei stramma til, hardna også ordbruken. Frå soknerådet kom det skuldingar om at det blei brukt ”agitasjon” ved listerøysting. Soknestyret hadde på si side særleg agg mot høgare autoritetar:

”…men støtt og stendig hev nybygging vore hindra av kyrkjelege autoritetar. Dei, som hev baade rett plikt paa seg til aa hjelpa til med aa reisa eit gudshus, som kann stemna sjel og sinn til andakt, reisa Kristi kyrkje paa jordi, dei hev vore verste [sic.] motmenn. Ein vert freista spyrje um me verkeleg lever i eit fritt og kristeleg samfund.”

Var den gamle kyrkja ein kulturskatt?Kyrkjestriden i Olden er også interessant fordi han gjev ein gløtt inn i bygdefolket sine haldningar til kulturvern og lokalhistorie. I eit brev frå eit soknerådsmøte i 1928 blir det klaga sårt over at ”Olden har - so å segje - berre ’dei gamle fjelli’ som vitne om fortida. Bruksting som har vorte gravi fram or gravhaugar har vorte sendt til museum.” Det er

tydeleg at den gamle kyrkja vart oppfatta som identitetsskapande av folk i Olden. Sjølv om ho ikkje blei bygd før i 1759, hadde bygningen, i alle høve i nokre delar av befolkninga, vorte eit symbol på lokalt samhald og byrgskap.

Synet på kyrkja som eit verne-verdig klenodium var likevel ikkje eintydig. I 1926 tilrådde soknerådet riving av kyrkja, og dei meinte at ho ikkje hadde ”noko sers antikvarisk eller historisk verd”. Dei skifta rett nok standpunkt etter at ”restaureringspartiet” vann soknerådsvalet i 1928. Det folkevalde soknestyret var derimot av ei anna oppfatning. I eit brev til stiftdireksjonen hevda dei at ”Det er mange gode og kjende menn som hev set på kyrkja, og funne at ho hev ikkje nemnande verd korkje kulturhistorisk eller antikvarisk.”

Mot dette synet mælte både Riksantikvaren og Fortidsminneforeningen. Båe meinte at det gamle kyrkjebygget ikkje burde rivast, men setjast istand til ei høveleg brukskyrkje: ”Fedrenes kirke er ikke bare en antikvitet som fremvises nu og da, men bør være et levende kultsted, hvor slegten fremdeles

møtes.” Frykta for at det gamle bygget skulle ende opp som ei ”museumskyrkje” skulle vise seg å vere reell.

Ny kyrkje i ekspressfartKonflikten fann til slutt sin ende. I soknestyremøte 18. oktober 1933 kom det inn eit forslag frå prost Nybø om å behalde den gamle kyrkja på tomta ho stod på. Vidare tilrådde han bygging av ny kyrkje på Brynestad. Soknemøtet og soknerådet hadde tidlegare støtta forslaget frå prosten, og no gjekk også soknestyret inn for det same.

Grunnsteinen til ny kyrkje blei lagt jonsokdag 1934. Fjordingen kunne melde at ”Under steinen vart innlagt i muren eit forsegla koparskrin som inneheldt alle ’sakens dokumenter’ frå fyrst til sist.” Symbolikken skulle vere krystallklår: Etter mange og bitre år med kyrkjekrangel vart striden gravlagd for godt.

Arbeidet gjekk deretter lynande fort. Arkitekten bak kyrkjebygget var Daniel Muri, og kostnadane kom på 85 000 kroner. 19. desember 1934, eit drygt halvår etter grunnsteinsnedlegginga, blei gudshuset vigsla av biskop Andreas Fleischer.

Kjelder:- Innvik kommune. Soknerådet. Korrespondanse/sakstilfang 193�- Innvik kommune. Formannskapet. Møtebok 19�9-1935.

Litteratur: - På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. Bd. 1: Nordfjord og Sunnfjord.

Vigslehøgtida i Olden nye kyrkje 19. desember 1934.

Frå side 9

Page 11: Kjelda nr. 2 2007

11

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

Arkiv på flyttefot Av Karianne Schmidt Vindenes

I 2007 og 2008 er hovuddelen av arbeidet til arkivarane på kommunearkivordninga knytt til avleveringane av kommunalt arkivmateriale. I første omgang tek me imot arkiv som er skapt før 1964. Sidan me gav ut Kjelda sist, har me fått inn arkiv frå to nye kommunar.

Stor avlevering frå StrynDen 28. mars var ein spesiell lastebil på veg mellom Stryn og Leikanger. Denne bilen hadde med seg eit lass på 14 pallar, fullpakka med arkiv. Dette arkivet kom sjølvsagt frå Stryn. Det var arkiv frå kommunen, skapt i perioden 1837-1964. For dei som kjenner historia til Stryn, veit dei at det som då vart flytta var arkiv frå to kommunar: Stryn og Innvik.

Denne avleveringa er den største me har teke imot til no. Det vil også seie at det var eit stort og tidkrevjande arbeid som arkivleiar Astrid Sætre Rake og kontorsjef Anders Heggdal gjorde i framkant av avleveringa. Marit Anita Skrede og Karianne Schmidt Vindenes frå Fylkesarkivet var med på avleveringa. Då me kom til kommunen var alt materialet godt pakka i banankassar. Som me har skrive om tidlegare er desse veldig godt egna til å pakke arkivmateriale i. Me kunne laste fleire lag med banankassar på pallane, og fekk difor med oss arkivet i ein omgang.

Alt arkivmaterialet er no på plass i Fylkesarkivet sine lokale. Her vil det stå i eit rom som er konstruert for å husa arkiv. Det første synlege resultatet på flyttinga er at fleire av møtebøkene til formannskap og kommunestyre vil verte skanna og lagt ut på Internett. Etter kvart vil me også gå gjennom heile arkivet for å ordna og registrera det.

Merkedag for FjalerFredag 11. mai 2007 vart ein merkedag for Fjaler kommune. Denne dagen tok dei eldre kommunale arkiva frå Fjaler vegen til sentraldepotet på Leikanger. Dette er i hovudsak arkiv som er skapt mellom 1837 og 1964. I fleire dagar hadde arkivleiar Kårhild Hustveit og arkivmedarbeidar Inger Hovlandsdal skrive lister over alt materialet og pakka det i banankassar. Med god arbeidshjelp både frå Fjaler kommune og Fylkesarkivet skjedde pakkinga på pallar raskt og effektivt på flyttedagen. Etter ein liten time kunne flyttebilen reisa av stad med 13 pallar med mykje interessant kjeldestoff om Fjaler kommune. Seinare på dagen var materialet framme på Leikanger, og pallane vart plasserte trygt i depotet.

I løpet av dei komande vekene vil me pakka ut arkiva og setja dei på plass i hyller. Gjennom dette arbeidet vil me få ei god oversikt over kva materiale som finst, og

kunne svara på førespurnadar om det. Det vil likevel ta ei stund før me får høve til å finordna materialet, då det er eit tidkrevjande arbeid. Dei fleste kommunane i fylket skal avlevera eldre kommunale arkiv, og finordninga vil i hovudsak skje i den rekkefylgja som arkiva kjem til oss. Fjaler er den sjuande kommunen som avleverer arkiv. Dei sju kommunane er: Naustdal, Askvoll, Gulen, Høyanger, Balestrand, Stryn og Fjaler. Dersom du ynskjer innsikt i kommunale kjelder frå ein av desse kommunane er det berre å ta kontakt!

Avleveringar hausten 2007Selje og Bremanger stod også på lista over kommunar som skulle avlevere arkiv denne våren. Av ulike årsaker vart desse avleveringane utsette, og me vil finne tid til å hente arkiv frå desse kommunane etter kvart. Hausten 2007 har me planlagt å hente inn arkiv frå Vågsøy, Hornindal, Gaular, Aurland og Lærdal.

Avleveringar frå Stryn og FjalerUnder: hyllene i arkivrommet i Stryn vitnar

om eit grundig arbeid frå

kommunen sine arkivarar.

Dei nummerete banankassane

viser til ei arkivliste med

innhaldet i kvar kasse.

(Foto: Karianne Schmidt

Vindenes).

Under t.v: Når store mengder

arkiv skal flyttast, er det naudsynt med

store bilar. Her er sjåføren

i ferd med å laste den

siste pallen frå Fjaler inn på

bilen.(Foto: Marit

Anita Skrede).

Page 12: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

1�

Jostedalsbreen har lange tradisjonar som ferdsleveg mellom Sogn og Nordfjord i samband med varehandel, driftehandel og anna samferdsle. For å komme trygt over, var det nødvendig med ein dyktig vegvisar som kjente breen og dei farane den kunne by på. Det var derfor viktig å utnemne rett person til dette ettertrakta vervet.

Etter kvart som turisttrafikken auka ut over 1800-talet vart det gode pengar å tene for lokale breførarar. Høge prisar vart eit problem som måtte regulerast. Vegvisarane vart organisert i eit vegvisarvesen etter rammer lagt i ein kongeleg resolusjon frå 1828. Amtmannen skulle tilsetje ein

vegvisar i Jostedalen og ein på Nordfjord-sida. Han skulle også regulere betalinga.

Frå Jostedalen gjekk den mest nytta vegen frå Mjelværsdalen til nedre Fåberg, gjennom Stordalen, til Oppstryn. Sokneprest Aabel anbefalte Paul Ottoson Mjelvær som vegvisar frå Sogn. Han var gardbrukar på hovudbruket på Mjelvær, og vart omtala som ein mann som var godt kjend på Jostedalsbreen.

Vilkåra Paul Ottoson Mjelvær fremja var både billige og passande i følgje folk som sokneprest Aabel hadde snakka med. Garden hans fungerte allereie som skysstasjon, og var den dei fleste reisande oppsøkte når dei skulle ta seg over breen. Vegvisaren skulle ha tilgjengeleg eit mannskap frå det militære

som hjelparar i samband med vegvisaroppdrag.

Saka om ny breførar i 1845I 1845 vart det aktuelt å tilsetje ny breførar. Paul Ottoson Mjelvær var no 69 år, og fleire ville nok ha det til at han ikkje lenger var like sprek. Men Mjelvær ønskte på ingen måte å gje seg. I eit kommunestyremøte 28. november 1845 uttalte formannskapet seg om ein søknad frå Paul Ottoson Mjelvær til amtet. Han ønskte å halde fram som breførar under same føresetnad som vart gjeven i 1828.

Formannskapet støtta søknaden: I følgje det kjennskap som

”en stor Deel af formandskabets Medlemmer” hadde ”til den

Offentlege vegvisarar i Jostedalen

Av Sturla Binder

Mjelvær låg gunstig til i høve til breen og bre-overgangen. Det var derfor naturlig at vegvisarane hadde tilknytning til denne garden.

Page 13: Kjelda nr. 2 2007

13

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

besverlige og farefulde Vei over Jostedalsbræerne”, kunne dei ikkje anna enn å finne hans ”fastsatte godtgjørelse passende og de øvrige deri indeholdte betingelser hensigtsmessige og tilstrekkelige”.

Krav om avsetting på grunn av dugløyse Ein av dei som klart og tydeleg ønskte å kvitte seg med Mjelvær var lensmann Urdahl. Han leverte eit skriv til formannskapet der han hevda at Paul Ottoson Mjelvær burde avsetjast på grunn av dugløyse. Lensmannen foreslo å tilsetje gardbrukar Anders Larsson Lien i hans stad.

Formannskapet uttalte at dei undra seg over dette forslaget, ”da Anders Larsen Lien vel er gaardbruger, men er af samme alder, som Paul Ottoson Mjelvær [69 år], og dessuden har en legemlig feil, der gjør ham aldeles uskikket til at være veiviser”.

Formannskapet uttalte derfor at dei ikkje kunne anna enn

”…ærbødigst hendlade høie Amts Opmerksomhed paa ubilligheden af lendsmand Urdahls forslag; at fratage Paul Ottoson Mjelvær en function, hvortil han endnu har kraft, og overdrage den ligesaa gammel og med Breærne mindre bekjent Person, der dessuden har en legemlig feil, der giør ham uskikket til strabatser”.

Vi veit ikkje noko om kva motiv lensmann Urdahl hadde for å ville avsetje Mjelvær. Kanskje dreidde det seg om personlege tilhøve. Formannskapet såg i alle høve ikkje nokon grunn til å finne ein erstattar i denne omgang, om ikkje amtet meinte at Mjelvær ”burde afsettes paa grund af hans høie alderdom”.

I så tilfelle ville formannskapet foreslå

Breførar(?) på Nigardsbreen mellom 1875

og 1880.

”…at en Mand i sin kraftigste Alder burde indsettes til Veiviser over Breærne, der har nøie Bekjendskab til Veien og fjeldenes formation uanseet enten han er Gaardbruger, Lendsmand eller Husmand, thi til denne function udfordres fornemmelig Erfaring, Lokalkjendskab og Aandsnærværelse”. Med andre ord skulle dyktigheit vege tyngre enn stand.

Ny vegvisarMjelvær sin høge alder vart nok avgjerande for amtet si avgjersle. Fut Jørstad sende 29. desember 1845 eit brev til sokneprest Fasting som oppmoda om å finne ein erstattar for Paul Ottoson Mjelvær. Fasting gjekk vidare til formannskapet med dette brevet, slik at dei kunne uttale seg.

Fleire kandidatar melde seg, men dei to som var mest aktuelle var innerst Rasmus Endresen Faaberg og gardbrukar Otto Knudsen Mjelvær. Sistnemnte fekk dei fleste røystene ”…paa grund af, at han baade er

yngre – 27 aar gammel, og at han skal efter rygtet være ligesaa duelig som Rasmus Endresen Faaberg, og endelig, at han er gaardbruger og saaledes lettere kan modtage reisende end Inderst Rasmus Endresen Faaberg”.

Otto Knudsen Mjelvær var nevø av Paul Ottoson Mjelvær, og fekk hand om hovudbruket på Mjelvær i 1845. Både slektskapstilhøve og at han var gardbrukar, var nok avgjerande for tilsetjinga. Paul Ottoson Mjelvær døydde i 1847. Kjelde:- Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre 1838-1875

Litteratur:- Foss Mathias: Jostedalen kortelige beskrivelse - anno 1750, Luster Lokalhistorisk årbok, nr �, 1995- André Horgen: Ferdselen på Jostedalsbreen 1740-1940 : fra naturliv til friluftsliv

Page 14: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

14

Kunstnaren bestemte seg i mars. Knut Steen valde Skjerjehamn for kongestatuen. I april gav Gulen kommune grønt lys. Olav-statuen skal avdukast søndag 5. august. Heile kongefamilien vart invitert til avdukinga, men måtte takka nei.

Det har kome fram ulike meiningar om kunstverket og plasseringa. Riksavisa Vårt Land hadde leiar om saka fredag 16. mars. Overskrifta var ”På rett sted”. Teksten vitnar om gangsyn og kunnskap om Vestlandet. Her fylgjer eit utdrag:

”OSLO ØNSKET ikke kong Olav ved Rådhuset, og nå er det bestemt at folkekongen skal opp på sokkel i Skjerjehamn i Gulen. Der kan han skue utover mot den gamle skipsleia, og vi skal alle merke oss at han kommer til et sentralt sted i Norge. I nærheten ligger Gulatingets sete, et av våre sterkeste juridiske fundamenter. Den gang havet var vår viktigste vei, var Vestlandskysten det sentrale området av Norge. Og fremdeles er Vestlandets ressurser landets beste inntektsskilder.

KONGEN KOMMER nå opp like i nærheten av innseilingen til den 200 kilometer lange Sognefjorden. Skjerjehamn ligger rett sør for Sognesjøen, et havstykke som fremdeles kan utfordre folk og skip. Lenger mot nord ligger Selje, det første kristne sentrum på Vestlandet. Fra Knut Steens statue er det kort vei til Eivindvik, vakkert skildret av Henrik Wergeland: ”ned med Seilet! Ind fra Havet! Ind hvor, under Sæd begravet, drømmer stille Eivindvig”.

MED ALL RESPEKT for Akershus festning, må det være lov å spørre: Hva kan områdene rundt hovedstadens Rådhus tilby mot dette? (..)

NÅ HÅPER vi på en verdig avslutning i august og på at mange heretter vil finne veien fram til en fantastisk del av fedrelandet. Kanskje får vi en varig debatt om kunstens mening – og om hvor kunsten skal plasseres. Det ville virkelig være noe.”

.. skreiv Vårt land på leiarplass. Sjølv er eg komen til at når statuen nå kjem til fylket, vil eg fylgja opp, og medverka til at HM Kong Olav V blir litt meir Sogn og Fjordane sin konge enn andre fylke sin. Bidraget mitt blir å laga ein kong Olav-artikkelserie i Fylkesarkivet sitt Kulturhistorisk leksikon, ein artikkel som gjev oversyn og artiklar om dei einskilde besøka.

NB! Me er interesserte i å få kjennskap til hendingar knytta til kong Olav sine besøk i fylket, og i å få låna kongebesøk-fotografi til avfotografering. Kjelder til stykket på neste side om kronprinsferda i 1933, er i hovudsak lokalaviser.

11 gonger i fylketKong Olav V (1903-1991), konge 1957-1991, var 11 gonger i Sogn og Fjordane, - av desse tre gonger som kronprins. Den første

gongen følgde han foreldra, kong Haakon VII og dronning Maud, på reisa med DS ”Mira” langs kysten etter kroninga i Trondheim 22. juni 1906. To gonger reiste han gjennom heile fylket - Sogn, Sunnfjord og Nordfjord - og møtte begeistra folk mange stader. Ni gonger kom kongen og kasta glans over viktige hendingar lokalt, i ein eller to kommunar.

Elles har det vore mange møte mellom folk frå Sogn og Fjordane og kong Olav utanom fylkesgrensa, til dømes då kronprins Olav i 1942 vitja basen til Shetlandsgjengen i Scalloway (fleire frå Sogn og Fjordane var med i Englandsfarten under krigen 1940-1945), - og på Bislett stadion, i 1976, då Sogndal sjokkerte fotball-Noreg med å nå cupfinalen.

1. 1906 Reise gjennom fylket, - kronprins, 3 år gamal, kroningsreisa.

�. 1933 Reise gjennom fylket, - kronprinsparet på representasjonsreise.

3. 1949 Leikanger, Sogndal, Årdal, - kronprins, halvoffisielt besøk.

4. 1958 Reise langs kysten med kongeskipet ”Norge”, - konge, signingsferda, var ikkje i land.

5. 1958 Reise gjennom fylket, - i høve Fylkesbaatane 100 år.

6. 1966 Vågsøy, - avduking av Linge-monumentet i Måløy.

7. 1968 Selje, - Selje kloster 900 år.

8. 1973 Vågsøy, - opning av Måløybrua.

9. 1978 Stryn, - opning av Strynefjellsvegen.

10. 198� Høyanger og Balestrand, - opning av Høyangertunnelen.

11. 1984 Sogndal, - avduking av minnesmerke om Slaget ved Fimreite og opning av De Heibergske samlinger/Sogn folkemuseum.

Olavstatuen:

Kong Olav i Sogn i Fjordane

Av Hermund Kleppa

Page 15: Kjelda nr. 2 2007

15

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

Sommaren 1933 var kronprins Olav og kronprinsesse Märtha på representasjonsreise i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Prinsessene Ragnhild Alexandra, fødd 9. juni 1930 og Astrid Maud Ingeborg, fødd 12. februar 1932, var ikkje med.

Kronprinsparet køyrde eigen bil med kronprinsen som sjåfør. Kaptein Østgård var med som adjutant. Fru Østby var også med på turen. Vegsambandet Nordfjord-Sunnfjord-Sogn var ikkje utbygd i 1933. Det var naudsynt å reisa fleire strekningar med båt. Fylkesbaatane sin nye båt MS ”Nesøy” gjorde teneste som skip for kronprinsparet og som ferje for to bilar. ”Nesøy” gjekk desse strekningane: Olden-Sandane (4. juni), Vadheim-Høyanger-Leikanger (5. juni) og Leikanger-Kaupanger-Lærdal (6. juni).

Reiseruta i Sogn og Fjordane:• 3. juni, pinseafta, om kvelden:Frå Volda. Gjennom Stigedalen til Nordfjordeid.• 4. juni, 1. pinsedag:Frå Nordfjordeid. Til Stryn og Olden, med båt til Sandane, vidare med bil til Førde.• 5. juni, 2. pinsedag:Frå Førde. Til Vadheim, med båt til Høyanger og Leikanger.• 6. juni, tysdag:Frå Leikanger. Med båt til Amla (Kaupanger) og Lærdal. Vidare over Filefjellet til Valdres.

Eid kommune3, juni, frå Volda. I kveldinga, pinseafta, reiste kronprinsparet med ferje frå Volda til Folkestad og køyrde så den nye Stigedalsvegen (opna 1932) til Nordfjordeid. Dei vart mottekne på fylkesgrensa i Stigedalen, der det var reist ein æresport med

eit stort ”Velkomen”. Mykje folk hadde reist opp i Stigedalen. Då kronprinsparet sin bil nærma seg æresporten, small det tre dundrande skot oppe i fjellsida. Kronprinsen og kronprinsessa steig ut or bilen og vart helsa med eit kraftige hurra.

Ordføren i Eid, Anders Hjelle, helsa velkomen og bar fram eit ønskje om ei gild reise gjennom Nordfjord og fylket elles. Etter at kronprinsparet hadde helsa på formannskaps-medlemmene i Eid og nokre andre, heldt kronprinsen ein kort tale og takka for den gilde mottakinga på fylkesgrensa. Kronprinsparet tok farvel med fylkesmannen i Møre og Romsdal, Trygve Utheim, og så bar det vidare til Nordfjordeid med 20-30 bilar i kortesje. På ein holme i Storesetrevatnet var det kveikt eit stort bål og på ein haug like ved spela hornmusikken ”Ja, vi elsker..” Langs heile vegen nede i bygda stod folk og vinka og ynskte velkomen. På Nordfjordeid paraderte eit rekruttkomapni under kommando av oberst Lund.

Tidleg om morgonen 1. pinsedag møtte folk mannjamnt opp for å sjå kronprinsparet. Det var fullt av folk i tettstaden, nesten som på 17. mai, skreiv Fjordabladet. Kronprinsparet var på frukost hjå løytnant Moen, og deretter borte på ekserserplassen. Der fekk paret også høve til å sjå ein fjordhest. I halvti-tida starta turen mot Stryn. Kronprinsparet køyrde gjennom Eidsgata som var tettpakka med folk.

Stryn kommune4. juni, frå Eid. Kronprinsparet hadde to stogg i noverande Stryn kommune, først på Tonning (Stryn sentrum) og så i Olden (då Innvik kommune). Ordføraren i Stryn, kaptein Lunde, møtte paret på kommunegrensa og vart med i bilen til Tonning. Der var det pynta med grønt og flagg, og mellom den store folkemengda var det mange frå Oppstryn og Loen. Kronprinsparet vart helsa med salutt. Ordføraren heldt tale frå troppa på kommunehuset, og kronprinsen takka for mottakinga og ynskte det beste for folket, kvar i sine yrke.

Kronprinsparet kom til Olden kl 12.30. Der var reist æresport og flaggallé ved Yris Hotel der dei kongelege var Innvik kommune

Kong Olav i Sogn og Fjordane:

Kronprinsparet sitt besøk i 1933

Av Hermund Kleppa

Til side 16

”Kronprinsesse Märtha med

prinsessene” står det på dette

postkortet. Prinsessene,

Ragnhild, fødd 9. juni 1930

(på fanget) og Astrid, fødd 12. februar

1932, var ikkje med på

kronprins-paret si reise

gjennom Sogn og Fjordane sommaren

1933. Biletet ser ut til å

vera frå kring 1934. (Foto:

Fylkesarkivet).

Page 16: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

16

sine gjester med ordførar Hallvard Sindre som vert. Kl. 14.30 gjekk kronprinsparet ombort i MS ”Nesøy” med Sandane som neste stogg.

Gloppen kommune4. juni, frå Stryn. ”Kongeskipet” kom til Sandane i firetida. Her var det ordførar Elias Faleide som tok imot og ynskte velkomen. Frå kaia reiste gjestene i bilar til Firda gymnas der det var mottaking og servering. Etterpå var det turnoppvisning på idrettsplassen. Kronprinsen heldt tale for turn og idrett. I kveldinga gjekk ferda vidare mot Førde til middag og overnatting.

Jølster kommune4. juni, frå Gloppen. Jølster kommune stod ikkje på det offisielle programmet, men reisa gjennom gjennom Jølster gjekk på ingen måte ubemerka. Avisa Firda skildra møtet mellom jølstringane og kronprinsparet på denne måten:”Langs veiene i Jølster var folk møtt frem i store skarer og prinsen stanset sin bil flere steder for å tale med de fremmøtte, og da kronprinsparet kom til Førde i 22-tiden var deres bil ganske fyldt av blomster.”

Førde kommune4. juni, frå Jølster. I Førde venta rundt 1500 menneske

ved Sivertsens Hotell der kronprinsparet og fylgjet budde til neste dag. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Hans Seip, var komen frå Leikanger til Førde. Han helsa kronprinsparet velkomen til fylket. ”Derefter takket kronprinsen i hjertelige ordelag for den kjærlige modtagelse kronprinsessen og han hadde fått her i fylket”, skreiv Firda, ”og han skildret envidere sin beigeistring for den herlige natur de hadde sett disse dagene. Denne luten av landet er noget av der vakreste man kunde se”, siterte Firda.

Ved kveldsbordet på Sivertsens hotell ønskte ordføraren i Førde, Olai Tefre, kronprinsparet velkomen til Førde. Dagen etter, 2. pinsedag, heldt reisa fram tidleg om morgonen. Folk hadde

møtt fram langs vegen og fleire gonger stansa kronprinsbilen for å ta imot blomster frå born. Ved Halbrensgrinda stod speidarjenter og vinka farvel.

Gaular kommune5. juni, frå Førde. Gaular kommune stod heller ikkje på det offisielle programmet, men på Sande var alle skuleborna møtt fram for å helsa på kronprinsen og kronprinsessa. Det kongeleg fylgjet stogga og borna song nasjonalsangen.

Kyrkjebø (Høyanger) kommune5. juni, frå Gaular. I Vadheim låg ”Nesøy” og venta då kronprinsparet kom dit i ni-tida. Direktør Torgersen i Fylkesbaatane stod på brua.

Båten la til kai i Høyanger i 11-tida. Direktør Kloumann tok imot. Første programpost var omvisning i fabrikkanlegget til Naco (Norsk aluminium Comapny), deretter besøk på ”stemneplassen”.

Mottaking i Amla (Kaupanger), tysdag 6. juni 1933. Det var laga til æresportal med bokstavane M og O i grønt. Ordføraren i Sogndal, Skjeldstad, helsa og ynkste velkomen til bygda. Kronprinsparet var gjester hjå Hans H.H. Heiberg. Kronprins Olav og Heiberg var studie-kameratar frå Oslo. Til høgre for kronprinsparet Gjert F. Heiberg, far til Hans H.H. Heiberg. (Foto: Fylkesarkivet).

Kronprinsparet er komne til Høyanger, 2. pinsedag, 5. juni 1933. “Kongeskipet” MS “Nesøy” ligg til kai. (Foto: Fylkesarkivet).

Frå side 15

Page 17: Kjelda nr. 2 2007

17

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

Det kongelege besøket fall saman med Kjøpstemna for Sogn og ei songarstemne. Her var det tale av fylkesmann Seip, og av lærar Sigurd Fjøsne. ”Serleg tala Fjøsne så det greip både krunprinsparet og stemnelyden”, skreiv avisa Sogn og Fjordane. På kjøpstemna vart det overrekt gåver, eit teppe i sognemønster laga av Eli Høyvik i Balestrand frå Kjøpstemna, og eit teppe laga av Brita Hønsi frå Vik frå Naco.

Balestrand kommune5. juni, frå Kyrkjebø. ”Nesøy” la frå kai kl. 17.30. På vegen til Leikanger, der kronprinsparet skulle overnatta, var båten oppom Balestrand. Båten vart motteken med salutt og ”fru hotelleier” Kvikne overrekte ein blomsterbukett.

Leikanger kommune5. juni, frå Balestrand. ”Nesøy” kom til Hermansverk kl. 21.30. Mykje folk var samla på kaia og ordførar Grinde ønskte velkommen og tok folket med i eit 3x3 hurra.

Sogndal kommune6. juni, frå Leikanger. Tidleg om morgonen heldt reisa fram med ”Nesøy” til Amla (Kaupanger) der paret var gjester hjå godseigar Hans H.H. Heiberg. På kaia var det laga æresport med bokstavane O og M. Ordføraren i Sogndal, Ivar Skjeldestad, heldt tale med same kronprinsparet steig i land og ynskte velkommen.

Dei kongelege køyrde deretter til Heiberggarden, skreiv Sogn og Fjordane, der dei var eit par timar og såg seg om på ”det gilde museet og der dei (..) kvilde seg i hr. Heiberg og frua sin ovgilde heim.” Kronprins Olav og Hans H.H. Heiberg hadde studert i lag i Oslo. Etter besøket reiste paret til Lærdal.

Lærdal kommune6. juni, frå Sogndal. ”Nesøy” kom til Lærdal i kveldinga og reiste same dagen austover over Filefjell til Valdres der det var overnatting før siste reisedagen til hovudstaden.

Sidan 1998 har Fylkesarkivet arbeidd med å byggja opp eit kulturhistorisk leksikon på Internett. Gjennom fagleg gode artiklar som høver for nettet ynskjer me å skapa ein nynorsk kunnskapsbase om fylket vårt. Tematisk vil denne etter kvart femna vidare enn berre historie.

I 2005 byrja Fylkesarkivet og Statens Vegvesen region Vest eit samarbeid om å få veghistorie inn i denne kunnskapsbasen. Hovudmålet var å fortelja om bygging av vegar frå eldre tid til

Kronprinsparet i fylket 1933 – tilleggEg kom over meir i avisene om kronprinsparet si reise gjennom Sogn og Fjordane i 1933 etter at stykket mitt var ferdig sett. Her fylgjer nokre opplysningar summarisk:

• 2. juni. Kronprinsparet reiste frå Oslo til Åndalsnes med nattog. Kaptein Østgård og kona hans var med. Frå Åndalsnes køyrde dei med eigne bilar.• 4. juni. På vegen frå Eid til Stryn var det samla mange honndøler på Øyebakken. Soknepresten i Hornindal utsette preika ein time for at folk skulle få sjå kronprinsparet.

Vegboka

Av Gunnar Urtegaard

Sognefjells-vegen vart

opna for lettare trafikk

sommaren 1938. Bussar og lastebilar måtte venta til året etter. Biletet viser

vegautoritetar på synfaring

i 1938. Frå venstre ingeniør Morten

Helsing, vegkontoret

i Sogn og Fjordane,

nummer 4: vegsjefen i Sogn og Fjordane,

Alf Torp og ingeniørane

Berre og Lomsdal.

Einaste dama på synfaringa

er fru Torp, fødd Westby.

Personane står attmed

ei brakke, og vatnet er

etter alt å døma Preste-steinsvatnet. (Foto utlånt

frå Norsk Vegmuseum).

våre dagar. Historikar Kristin Ese vart engasjert til å skriva desse artiklane. Etter kvart mogna tanken om å utvida samarbeidet slik at ein og kunne gje dette ut i bokform.

Boka er no nærast klar til prenting og ho vil koma ut til hausten. Boka fortel korleis kvar av dei 26 kommunane etter kvart fekk bygt ut det vegnettet me kjenner i dag. I boka er det eit svært rikt biletmateriale, og det er laga eit godt vegkart for kvar kommune

• 4. juni. Under farvelseremonien på kaien i Olden strøymde det til så mykje folk at det kjendest som bryggja ville gje etter. Folk vart redde og trekte seg tilbake, men slapp med skrekken. Kronprinsen stogga opp i talen sin, og uttalte at dei burde byggja sterkare kaier i Olden.• 4. juni. Turnarane i fylket var samla til stemne på Sandane i pinsehelga. Kronprinsparet såg på fellesframvisninga og heldt tale til stemnedeltakarane.• 4. juni. På vegen frå Sandane til Førde var det ikkje berre møtt opp mykje folk langs vegen i Jølster. Gjennom Breim var det óg mykje folk og det kongelege fylgjet stogga og helsa på dei frammøtte.

Page 18: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

18

Frå fotoarkivet Av Arild Reppen

I avisa Firda den 10.mai las eg at fotografen Oddleiv Apneseth skal fotografere jølstringar i heile 2008, med stipend frå Fritt Ord. Det er eit prosjekt eg verkeleg ser fram til å sjå resultatet av. Apneseth seier i intervjuet at han er inspirert av tradisjonen frå byrjinga av 1900-talet, representert av fotografane Tollef Sandal og Nicolai Berg frå Jølster.

Portrett og gruppebilete frå denne tida er godt representert i samlingane Fylkesarkivet har teke hand om, og det er flott å sjå at denne tradisjonen vert trekt fram og vidareført gjennom Apneseth sitt unike dokumentasjonsprosjekt. Ein annan stad i denne utgåva av Kjelda kan du lese om digitalisering av samlinga etter fotograf Olai Fauske frå Førde – ein fotograf som har fotografert i denne tradisjonen, og dokumentert ein generasjon sambygdingar.

Då passa det fint å nytte høvet til å presentere eit bilete av tre jølstringar denne gongen i den faste spalta ”Glimt frå arkivet”. Dei tre staute karane på sykkel er fotografert på Klakegg kring 1908, på veg til eit skyttarstemne. Fotografen er ukjend, men namnet på syklistane har vi. Dei er frå venstre: Jeremias J. Klakegg, Ola

Dokumenterer jølstringar

Hegrenes og Daniel S.Veiteberg. Biletet har Fylkesarkivet fått låne frå Laura Klakegg under eit fotoinnsamlingsprosjekt i Jølster

i 1988. (Fylkesarkivet: SFFf-1988135.0004).

Fotograf Malvin N. Horne er omtala fleire gongar i Kjelda. Sidan i fjor hausthar Fylkesarkivet i sam-arbeid med familien etterfotografen og Flora kom-mune ordna og digitalisert 1598 bilete frå samlinga.

Elsa Horne, dotter til fotografen, jobbar med å identifisere og registrere bileta i fotodatabasen. Elsa kjenner godt til mange av motiva sjølv, og brukar sitt store kontaktnett i kystbyen til å få tak i meir opplysningar

til bileta. Å innhente og registrere dokumentasjon til bileta er kanskje den mest tidkrevjande oppgåva vi har i fotobevaringsarbeidet. Og det er eit særs viktig arbeid.

Biletet vi har valt ut her syner Rådhuset i Florø, med Herbyrge

1598 bilete

Page 19: Kjelda nr. 2 2007

19

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

Som del av prosjektet ”Høyanger i endring” har Fylkesarkivet digitalisert ei samling på 520 glasplatenegativar frå Høyanger Verk.

Frå før er to store samlingar med nitratnegativar digitaliserte. Totalt er no 7235 bilete frå Høyanger handsama i samband med dette prosjektet.

Prosjektet har som hovudmål å finna fram til kva som finst av historisk dokumentasjon om industriutviklinga i Høyanger. Ein viktig del av arbeidet er å identifisere og registrere opplysningar til bileta. Bileta er ein unik dokumentasjon av oppbygginga av verket og industristaden Høyanger, men dei er avhengige av opplysningar om motiva. Vi treng hjelp frå folk i Høyanger for å få inn informasjon om motiva.

Femhundre glasplater

Bileta vi syner fram på sidene her veit vi lite om. Kanskje er det nokon av lesarane våre som kan bidra med opplysningar til

i framgrunnen. På skiltet under til høgre for Herbyrge står det: A. Johannesen, Aksidens-Trykkeri., Vare-Agenturer. (Foto: Foto-grafmester Malvin Horne.SFFf-100227.169064).

Av Arild Reppen

SFFf-1992050.168356. (Foto: fotograf

ved Høyanger Verk).

Til side 22

Page 20: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

�0

Digitalisering er for tida gjennomgangsmelodien i fotobevaringsarbeidet, og no skal fotograf Olai Fauske frå

Digital Fauske

Av Arild Reppen

desse og til andre av bileta frå Høyanger? Bileta finn de i fotodatabasen på Fylkesarkivet sine nettsider, og i katalogar på Høyanger bibliotek.

Samarbeids-partar i prosjektet ”Høyanger i endring” er Sogn og Fjordane fylkesarkiv, Høyanger Nærings-utvikling og Høyanger kommune.

Førde verte digital og. Arbeidet er i gang, og vi har som mål at kring 1500 av bileta skal vere på nett i løpet av året.

SFFf-1992050. 167768. (Foto: fotograf ved Høyanger Verk).

Frå side 21

Det er i samarbeid med Sunnfjord Museum at samlinga no skal gjerast tilgjengeleg. Museet har hatt hand om samlinga på kring

8000 negativar sidan den for ein del år tilbake vart deponert der av familien til fotografen. No har vi endeleg verkty og ressursar til å gjere heile denne samlinga tilgjengeleg for alle.

Mange kjenner til fotograf Olai Fauske og ein del av bileta hans, gjennom utstillingar og bøker. Mykje av det som er synt fram er prospektkort og bilete av folkeliv i Førde.

Men portrett og gruppe-bilete var hovudnæringa for fotograf Fauske, slik det var for bygde-fotografane, då som no. I arkivet etter Fauske kan

SFFf-1989013.0020. Ukjend familie, fotografert

av Olai Fauske.

Page 21: Kjelda nr. 2 2007

�1

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

Etterkvart som digitale kamera tek over marknaden er det oppstått problemstillingar i høve til sikker lagring.

Nokre sender dei digitale bileta sine til framkalling som før, som oftast via Internett.

For andre vert bileta liggande på pc eller på kameraet. Før eller sidan skjer det uunngåelege, ein mister bileta.

Kva skal/bør ein gjera?Fotolaboratoria har som oftast tenester som lar deg føre over bileta for lagring hjå dei.Denne tenesta er som oftast tidsavgrensa.

Ein må gjerne nytte desse tenestene, men ikkje som tryggingskopi over tid.

Her er nokre enkle rådKjøp deg ein ekstern harddisk. Du får i dag 320 GB til under 800 kroner. Her er det plass svært mange bilete.

Kopier bileta til denne og lagr disken i bankboks eller annen sikker stad.I tillegg bør du ha kopi på cd eller dvd.

Du har då to kopiar, så sjølv om du får feil på ekstern harddisk eller på cd/dvd har ein alltid eit medie som let seg lesa.

Etter nokre år bør ein erstatta den eksterne disken med nyare diskar eller andre medier som vert nytta då. Men alltid lagra på to medier og på to ulike stader for eksempel bustad og i bankboks.

Ingenting varer evigSjølv om du har bilda dine lagra på ekstern disk og i ein bankboks., kan du oppleve at den teknologiske utviklinga gjev deg nye utfordringar.

For eksempel er det ikkje mange som kan lesa dei gamle magnetbanda lenger, heller ikkje diskettar av ymse storleikar.Det er difor viktig at ikkje let bilda bli liggande på gamle medium.

Kva er så bodskapen?Ikkje la bilda dine bli liggande på pc eller på kamera utan at du syter for ha tryggingskopiar. Då mister vi alle viktige historiske kjelder.

Husk du kan framleis framkalla bilda dine på den gamle måten.

nok mange førdianarar finne slekta si. Olai Fauske var fotograf i Naustdal og Førde i perioden 1904 til 1944.

For den som vil vite meir om fotografen vil eg anbefale Oddlaug Reiakvam si bok ”Røyndomsbilde – Bilderøyndom” som kom ut på Det Norske Samlaget i 1997.

Fotografen er og omtala i Kjelda 1-2004.

SFFf-1989013.0032. Fire syklistar fotografert av Olai Fauske. Vi har ikkje namn på personane.

Av Geir Utmo

Har du mange digitale bilete?

Page 22: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

��

Me ønskjer opplysningar om minnesmerke! Kontakt Hermund Kleppa, tlf. 57 65 64 02. Epost: [email protected]

Av Hermund KleppaMinnesmerket

Natt til 16. august 1943 aksjonerte den tyske okkupasjonsmakta mot det norske politiet. 470 politimenn blei arresterte. 271 vart seinare deporterte til fangenskap i Tyskland. 13 miste livet. Jahn Iver Kornbrekke frå Evje i Setesdal var ein av dei. Han var politikonstabel i Årdal då han vart arrestert. Namnet hans står på minnemonumentet over falne ved Evje kyrkje. Boka Krigsår - liv og lagnader 1940-1945 hadde som mål å få med alle krigsfangar og falne som hadde tilknytning til Sogn og Fjordane. Politikonstabel Kornbrekke kom diverre ikkje med. Dei som laga boka visste ikkje om han.

Biografi i bokverket Våre falne”Jahn Iver Kornbrekke, politikonstabel, Evje. Født 23. februar 1919 i Brooklyn,

sønn av Johannes Johannesen Kornbrekke, født 1886 i Vestre Moland, død 1920 i Brooklyn, og Emma født Odde, født 1884 i Evje. Ungdomsskole, skoleskipskurs. Var til sjøs før krigen. Tjenestgjorde i Marinen da krigen brøt ut i Norge. Senere kom han inn i polititjenesten, og ble arrestert 16. august 1943 under aksjonen mot politiet. Satt først fengslet i Bergen, kom 21. november 1943 til Grini, ble sendt derfra 9. desember s.å. til Stutthof, hvor han døde 14. mai 1944. Gravlagt i Stutthof.”

Merknad: Det står ikkje i omtalen at Kornbrekke var i teneste i Årdal då han vart arrestert.

BarndommenRagnhild Vesland, syskenbarn til Jahn, har fortalt om barndomen til Jahn. Foreldra budde i Amerika då han vart fødd i 1919. Far hans døydde året etter. Ragnhild fortel: ”Jan var berre eitt år då mora [Emma] kom heim med han frå Amerika. Dei busette seg i Jokelid

[i Evje] der far til (..) Emma då budde. Soleis fekk Jan nokre fine barneår med både mamma og bestefar til å ta vare på seg. Då verksomheten ved Flåt gruve kom i gang att, i 1927 var det vel, fekk tante Emma arbeid der, ”på reima” som me sa. Då var bestefar borte, så Jan fekk mange dagar han måtte vere åleine heime. Eg minnes godt at han titt kom til oss på Odde – me var så mange sysken – og såg med glede på at det kom fleire med i leiken.”

Hardt for EmmaRagnhild Vesland har óg fortalt kor hardt det var for Emma, først å mista mannen, og så å mista den einaste sonen. ”Tante Emma er ei av dei mest varmhjarta og oppofrande menneske eg har kjent. Sjølvsagt vart det sonen Jan som ho ofra seg mest for – alt gjorde ho med glede. Ikkje godt å forstå at just ho skulle rammast så hardt på sine gamle dagar. Fyrst arrestasjonen av Jan, så bodskapen om at Jan var død. Eg var heime på Odde den dagen presten

Kvamsdal ringde og bad oss bringa Emma bodskapen om at Jan var død. - Var det for tung bodskap [for han] å bringa, har eg ofte undrast på. Men mamma fekk han [presten] med seg. Sorga tante Emma fekk å bere på resten av livet er ubeskrivelig.”

Omtale i skrift om falne politimennNorsk politihistorisk selskap har gjeve ut eit skrift om politimenn som sette livet til under krigen. Kornbrekke sin medfange, Anders Eckhoff, seinare politimeister i Kristiansand, skriv mellom anna dette om Jahn Kornbrekke:

Politikonstabel Jahn Iver Kornbrekke – på minnemonument i Evje

Minne-monument ved Evje kyrkje over dei sju falne frå Evje i krigen 1940-1945. Politikonstabel Jahn Kornbrekke var ein av dei. Minnesmerket vart reist hausten 1946. (Foto: Evje og Hornnes Sogelag).

Page 23: Kjelda nr. 2 2007

�3

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

”Jeg lærte Jahn Kornbrekke å kjenne da han tjenestgjorde i Kristiansand [ei kort tid før han kom til Øvre Årdal], og i Stutthof ble kjennskapet utdypet. Han var en tjenestvillig og dyktig politimann og en usedvanlig grei kollega å samarbeide med.

I Stutthof var han en av dem som aldri klaget og som aldri stakk seg fram. Han var beskjeden og stille i all sin ferd. Da han ble syk og skjønte hvor det bar hen, tror jeg han tenkte mer på sin mor og hvorledes hun skulle greie seg, enn på seg selv og sin egen skjebne. Han døde stille på leirens sykehus 14. mai 1944. Det lykkes oss ikke å få tak i hans urne og det er tvilsomt om den finnes noe sted.”

På minnemonumentPå heimstaden til Jahn Kornbrekke, Evje i Setesdal, reiste dei hausten 1946 eit minnemonument over sju evjedøler som fall i fridomskampen. Øvst på namnesteinen står innhogge: DESSE SETTE LIVET * TIL FOR FEDRELANDET * I KRIGEN 1940-1945. Under dei sju namna står: GUD SIGNE VÅRT DYRE FEDRELANDMinnesmerket står ved Evje kyrkje.

Minnebilete i Sogn og Fjordane?Kort tid før politikammera i Sogn og Fjordane i 2002 vart slegne saman til eitt politikammer for heile fylket, sende Erik Dahlin eit oversyn over dei opplysningane han hadde om Jahn Kornbrekke til Sogn politikammer. Tanken var at Sogn politikammer kunne laga eit bilete av Kornbrekke og ramma det inn saman med opplysningane. Eg kjenner ikkje til om det vart gjort.

Om aksjonen mot politietTil slutt tek eg med ei kort utgreiing tyskarane sin aksjon mot politiet. Tidleg om morgonen 16. august 1943 arresterte det tyske statspolitiet (Gestapo) 470 norsk politifolk rundt om i heile landet. Dei vart etterkvart samla på i fangeleirane Grini ved

Oslo og Falstad i Trøndelag. 8. desember 1943 vart 271 stuva om bord i fangeskipet ”Donau” og transporterte til Stettin i Tyskland, derifrå vidare austover til Stutthof.

Stutthof er ein landsby ved Danzig-bukta der tyskarane bygde ein konsentrasjonsleir kort tid etter okkupasjonen av Polen i 1939. Leiren var heile tida under utbygging og dekka dei siste krigsåra eit stort område med mange einingar. Dei 271 norske politifangane kom til Stutthof i desember 1943.

Då dei sovjetiske styrkane braut gjennom dei tyske forsvarsverka aust i Polen vinteren 1944/1945, vart fangane i Stutthof drivne på marsj. Mange miste livet i det som vart reine dødsmarsjane. For dei som ikkje makta å fylgja med, var det ingen nåde. Mesteparten av dei norske politifangane vart i slutten av april stua om bord i lektarar i Danzig og transporterte vestover. Dei kom fram til Neustad ved Lübeck og fekk fridomen 3. mai 1945.

Frå Sogn og FjordaneI Sogn og Fjordane arresterte Gestapo ti politimenn. Politimeister ved Sogn politikammer, Finn Dahlin, var ein av dei. Han skreiv dagbok i fangetida. Sonen Erik Dahlin redigerte dagbøkene for boka De trodde på EN NY DAG – om politi, krig, fangenskap og befrielse som kom ut i 2002. Fangeregisteret i boka viser at ti av politifangane var i teneste i Sogn og Fjordane, og at to av dei miste livet i fangenskapet, Jahn Kornbrekke og Jostein Knapstad. Registeret har følgjande opplysningar: løpenummer, sonderlagernummer, Grini/Falstad-nummer, etternamn, førenamn, fødselsdato og år, død, stilling i 1943, arbeidsstad i 1943, befridd i 1945. Nedanfor fylgjer politifangane frå Sogn og Fjordane i alfabetisk rekkefølgje. I tillegg til namnet er teke med: stilling i 1943 og arbeidsstad (attgjeve slik det står i boka).

• Jahn Kornbrekke, politi-konstabel, Øvre Årdal, døydde i fangenskap, 14. mai 1944.

Jahn Kornbrekke

(1919-1944) var

politikonstabel i Øvre Årdal,

Sogn og Fjordane,

då han vart arrestert 16. august 1943. Han døydde i fangenskap i Stutthof, 15.

mai 1944. (Foto: Boka ’Norsk politi

bak piggtråd’).

• Jostein Knapstad, politi-konstabel, Florø, døydde i fangenskap, 17.mars 1944.• Finn Dahlin, politimeister i Sogn.• Arne Domben, politikonstabel, Florø.• Arne Reinhardt Hægeland, politikonstabel, Øvre Årdal.• Robert Wilhelm Moe, politikonstabel, Sogn og Fjordane fylke. • Per Nordahl, politikonstabel, Sogn.• Olav Skjerven, politikonstabel, Sogn og Fjordane fylke. • Kristoffer Sæbø, politikonstabel, Sogn.• Trygve Thomasgaard, politikonstabel, Måløy.

Uprenta kjelde:- Informasjon frå:Kåre Hodne, Evje og Hornnes sogelag.

Prenta kjelder:- Våre falne. Bind �, Oslo 1950.- Dahlin, Erik, o.fl.: De trodde på EN NY DAG. Norsk politi i krig, fangenskap og befrielse 1943-1945. Oslo �001.- Walle, Olaf R.: Norsk politi bak piggtråd. Stutthofpolitiets historie. 1946.- Eithun, Grethe, o.fl.: Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945, �005. - Sæbø, Kr.: I tysk fangenskap i �� mnd. i siste krig. I Systrendingen. Nr. 1.1995.

Internett: www.lillesand-sjomannsforening.no

Page 24: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

�4

Bedehus Av Hermund Kleppa

”- altfor mange bedehus står tomme på Vestlandet.” Det var biskopen i Bjørgvin, Ole D. Hagesæter som varskudde om dette i siste nyttårsforedraget sitt. Truleg hadde biskopen minkande frammøte i tankane. Eg skal ikkje ta stilling til biskopen si bekymring. Eg vil gjera ein kulturhistorisk stogg ved eit avvikla bedehus i Bjørgvin-biskopen sitt tilsynsområde: Marifjøra bedehus, bygd 1888. Siste tilskipinga var i 2000, og fleire spør seg: Kva no? Kva kjem til å skje med Marifjøra bedehus?

Bedehusa i Sogn og Fjordane Som ein del av arbeidet mitt ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har eg i eit par år samla bedehushistorisk informasjon. Arbeidet er avgrensa til forsamlingshus som høyrer til eigarar knytta til ”den evangelisk-lutherske religion”, og som ikkje høyrer til eigne kyrkjesamfunn, men er trygt forankra i Den Norske Kyrkja.

Nemninga bedehus kjem frå Bibelen, Mark. 11,17, i forteljinga om då Jesus reinska templet for seljarar og pengevekslarar. Jesus sa: ”Står det ikkje skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folkeslag? Men de har gjort det til ei røvarhole.” I bokmålsbibelen står det bønnens hus. Den tidlegare bokmålsforma bedehus råder grunnen åleine som namneform. Nokre bedehus fekk i tillegg eigne namn henta frå stader me høyrer om i Bibelen, t.d. Betania og Betlehem.

Eg kjenner ikkje til noko full-stendig register over bedehusa i Sogn og Fjordane. Ei lands-omfattande teljing i 1973 opererer med 103. Sjølv kjenner eg til 89, men eg har berre nærare opplysningar om kring halvparten.

Det var Lærdal som var fyrst ute med bedehus i Sogn og Fjordane. Me veit ikkje nøyaktig når, men det fanst eit Lærdalsørens bedehus i 1872. I oversynet mitt har eg 58 med nokolunde sikkert byggjeår. Dei fordeler seg med 5 på 1800-

talet, 30 i åra 1900-1929, 13 1930-1959, og 10 etter 1960.

Eg sit med høyringsutkast til Strategisk plan for kulturutvikling i Sogn og Fjordane 2008-2001. På s. �1 har eg sett strek under punkt 1 i underkapittel Programområde: Freda bygg. ”I løpet av planperioden skal det lagast ein gjennomføringsplan for å få eit representativt utval av freda bygg.” - representativt utval – kva ligg det i dette? Byggjemateriale, storleik, arkitektur, alder, - ja, men sikkert også bruksområde. Her melder eg på eit bedehus. Det er på tide å freda eit av dei eldste bedehusa i fylket, eitt som ikkje er i bruk lenger. Eg skreiv eit stykke om Marifjøra bedehus i Fortidsminnesforeningen sitt skrift Fortidsvern 1/2007. Skriftet hadde forsamlingshus som emne i samband med at Kulturminnedagen �007 skal handla om forsamlingshus – i skogen under kyrkjer. Dette er same artikkelen som stod i Fortidsvern 1/2007.

Ei framtid for Marifjøra bedehus?

Marifjøra i Luster kommune, Sogn og

Fjordane, kring 1950. Strandstaden høyrer

til garden Marheim og namnet er ei kortform for Marheimsfjøra. Frå krysset på riksveg 55 (th) går den kortaste

riksvegen i landet, RV 603, 260 m, gjennom

huklyngja bort til kaien. Huset lengst til venstre er

gamle ærverdige Tørvis Hotel, pt ikkje i drift.

Marifjøra bedehus ligg oppe på Bakken (ved

”enden” av lågspentlina) Frå bedehuset ser me

den gamle hovudvegen Marifjøra-Sogndal.

Riksvegen no går gjennom Marheimsgjelet (th).

Page 25: Kjelda nr. 2 2007

�5

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

Dersom dette er representativt, kan me konkludera med at bedehusa i Sogn og Fjordane for det meste vart bygde i åra 1900-1930.

Bedehusa fylgde i kjølvatnet av Haugerørsla og lekmannsrørsla. Framfjord bedehus i Vik kommune er eit illustrerande døme. I ein omtale står det: ”Alt ved århundreskiftet 1900 vart Guds Ord forkynt andre stader enn i kyrkja. Soknepresten heldt bibellesingar og lekfolk heldt møte. Lasse Lee (1888-1986) hugsa i 1980 at det var ei større vekkjing ”for 70-80 år sidan”, og at folk ikkje kvidde seg for å gå langt avgarde på møte. Dei kom saman i skulehuset i Framfjorden. Og huset var fullt av folk. Det vart også halde småmøte i privathus.” Bedehuset i Framfjorden var på plass i 1921.

Det er elles eit trekk i biletet at bedehus bygde før krigen 1940-1945, vart opprusta i etterkrigstida, ofte påbygde, eller rivne og erstatta med nye. Eit anna trekk er at fleire har vorte oppgraderte til bedehuskapell. Sju av 10 bedehuskapell i fylket vart bygde som bedehus. I røynda er bedehuskapella brukte som kyrkjer, noko som meir eller mindre kjem til syne i bygningsmessige tiltak, i innreiinga og inventaret, - tårn og kyrkjeklokke, altar, døypefont, nattverdsutstyr, m.m.

Når det gjeld aktiviteten på bedehusa er inntrykket mitt at det er stor variasjon. Somme stader er der allsidig aktivitet, andre stader klagar dei over minkande verksemd og at det ikkje er interesse lenger. Hovudinntrykket mitt er at bedehusa i Sogn og Fjordane er og har vore viktige forsamlingshus, på same måten som grendaskulane, ungdomshusa og kyrkjene. Det er mange bedehus i Sogn og Fjordane og dei spenner over ein periode på meir enn hundre år. Mange personar

har brukt bedehusa, og då ikkje berre bedehusfolket sjølv, men for ”folk flest”.

Marifjøra bedehus Marifjøra ved Sognefjorden i Luster kommune var i mange år sentrum for bydelaga Indre Hafslo, Gaupne og Jostedal. Marifjøra har hatt båtstoppestad, post, telefon, pensjonat og hotell, - kraftstasjon, mølle og sagbruk, - fleire landhandlarar, smed, skomakar, skreddar og fargar, - jordmor, dokter og dyrlege. Marifjøra var ein typisk strandstad der husa stod tett. I 2006 er Marifjøra heilt annleis. Mange av dei gamle husa er rivne og nye komne opp. Den største skilnaden er likevel at Marifjøra som pulserande stad for produksjon, handel og samferdsel er nesten heilt borte.

Bedehuset står eit stykke opp frå sjøen, på Bakken, tett attmed den gamle hovudvegen som gjekk opp bakkane forbi garden Marheim og vidare utover til Sogndal. Marifjøra bedehus stod ferdig hausten 1888. I meir enn hundre år samlast folk på bedehuset, men frå 1970-åra minka aktiviteten. Det hadde fleire årsaker. Ein grunn var at folketalet gjekk ned, ein annan at det i 1950 kom nytt bedehus på Lambhaug, ein stad

meir sentralt i bygda Indre Hafslo. Bedehusfolket kom smått om senn fram til at det var betre å samla seg om eitt hus, i staden for to i same bygda.

På besøk hausten 2006Per Marheim, fødd 1934, er næraste nabo til bedehuset og har nøkkel. Eg var på besøk seinhaustes 2006. Bedehuset står på ein låg grunnmur av gråstein forsterka med støyp. Sprekker i støypen fleire stader og avskaling, skuldast grunnforholda, - berre leire, seier Marheim. Det er eit tømra hus med liggjande panel, kring 11 m langt, 7 m breitt og 3,5 m opp til raftet. På eine sida er taket tekt med eternittplater, på den andre med bylgjeplater. Opphavleg var huset tekt med teglstein. Huset er påbygd i det søraustre hjørne.

Marheim minnest eit par ting frå krigen. Han viser ein stump av ein gamal leidning som stikk ut frå grunnmuren i nordaustre hjørne. - Det er ein stubbe av ei radioantenne. Dei gøymde ein radio inni kjellaren, fortel han. Antenna gjekk ut mellom treverket og muren og fylgde gjerdet bortover. Han minnest og at det vart turka tobakk på bedehuslemmen. Det var god plass der oppe, og luftig. Det hang

Bedehuset i Marifjøra 2006. Det

går ikkje folk på bedehuset

i Marifjøra lenger.

Bedehuset er avvikla,

nedlagt. Folk spør seg: Kva

kjem til å skje med det over hundre

år gamle bedehuset? Kva med å ta vare på huset som museums-bedehus?

(Foto: HKL).

Til side 26

Page 26: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

�6

att tobakksstylkjer under taket i mange år etterpå.

Me går inn. I eine enden er huset innreidd med eitt rom i heile breidda. Det er Stova (Storsalen). I andre enden er Vetlestova (Småsalen). Det er firdelte dører mellom salane slik at dei kunne nyttast som ein. Vetlestova vart noko mindre då påbygget kom i 1970-åra, med toalett, utvida kjøken og større inngang. Loftet er stort og romsleg, men har aldri vore brukt. Romdelinga i Marifjøra bedehus er typisk med storsal og småsal som kunne kombinerast, og kjøkken. Derimot manglar himling i storsalen og galleri som eg har lagt merke til i mange av bedehusa bygde før krigen.

Inventaret fortel sitt om aktiviteten. Her finst både eldre og nyare ting, ut-smykkingsgjenstandar og bruksting. Den opphavlege talarstolen står midt framfor veggen mellom to vindauga. Han har ei sekskanta form og står på seks føter. - Dei har saga av føtene, fortel Per Marheim, dei var høgare før. Veggene i Stova er pryda med eit enkelt krusifiks av nyare dato over talarstolen, to

bilete med bibelske motiv, og eit bilete av ei kvinne frå Marifjøra (sjå lenger nede). I eine hjørne står eit harmonium med Melodiboken på noteplassen, i det andre eit bord på stålføter med fleire eksemplar av Sangboken og ei eldre dreia treskål som vart brukt når dei tok opp kollekt (offer). Dei opphavlege trebenkene har vorte skifta ut med røyrstolar, og den gamle etasjeomnen er bytta ut med ein nyare vedomn, i tillegg til elektriske panelomnar.

Bygd i 1888Bedehuset i Marifjøra er eit av dei eldste i fylket. Det var Ragnhild Marheim (biletet på veggen) som midt i 1880-åra målbar tanken om å byggja bedehus. Fleire slutta seg til, både i Marifjøra og andre stader på indre Hafslo. Dei valde ei nemnd til å stå føre byggjinga og til å samla inn pengar. Johs. E. Fet, Johannes E. Joranger, Erik E. Sviggum og Erik B. Lunde var med i nemnda. Ragnhild Marheim gav 1000 kroner til eit byggjefond. Johannes Marheim gav tomt. Bygslebrevet vart datert 18. februar 1887. Hausten same året sende byggjenemnda ut eit skriv til bygdefolket der dei bad om gåver. Nemnda slutta avtale med den

kjende byggmeisteren Anders O. Korsvoll frå Gulen og murar Lars Haugen frå Gaupne. Huset stod ferdig i 1888 og vart vigsla 12. oktober same året av soknepresten i Hafslo, N. Chr. Brøgger.

Bedehusveteran fortelKnut Rygg (90) og kona bur i aldersbustad i Gaupne. Knut var i mange år mykje med i kyrkje og bedehus, såleis klokkar i Joranger kyrkje i 26 år. I oktober 2006 fortalde han om verksemda på bedehuset. Det var møte med tilreisande emissærar, ofte to, ein eldre og ein yngre. Elles hadde dei bønemøte og det var søndagsskule. Tredjedags påske var som ein halv helgedag. Då hadde dei den årvisse Treadagsbasaren. Heile

bygda møtte opp. Dampbåten var som regel oppom i 2-3 tida. Mange gjekk først på kaien, deretter på basaren. Det var kaffi å få kjøpt, og folk tok lodd. Dei hadde større gevinstar, ofte eit lam, i ei eiga basarbokbok. Smågevinstane lodda dei ut på åresal. Inntekta vart delt på fleire misjonsorganisasjonar.

Eit hus å ta vare på?Knut Rygg har sut for bedehuset i Marifjøra. Han tenkjer på kva som vil skje med huset i framtida? I 1991 var Ivar Engan i Vik uroleg for det gamle bedehuset på Øyri i Vik kommune. Dei hadde fått seg moderne kyrkjelydshus og bedehuset vart ståande ubrukt. I eit stykke i sogeskriftet Pridlao lurde han på om ikkje eit bedehus burde takast hand om av det offentlege kulturvernet tilliks med våningshus, løer, kvernhus og kyrkjer. Det enda med at huset vart selt, og rive. Kjøparen var interessert i tomta, ikkje det gamle bedehuset.

I Marifjøra høyrer det gamle bedehuset med i bygningsmiljøet der. Det er eit vitnemål om ein del av ”livet” i den gamle strandstaden. Samstundes representerer det den eldste generasjonen bedehus i fylket og bruk gjennom meir enn 100 år.

Kvart bedehus har si eiga historie, men få bedehus har skrivne historier på same måten som kyrkjene har det. Det bedehushistoriske kjeldematerialet er breitt og av fleire slag. I Marifjøra har me ein bygning, eit hus, med inventar som til saman dokumenterer bedehusaktivitet gjennom meir enn hundre år. I tillegg kjem anna kjeldemateriale, - arkivmateriale og opplysningar i trykte kjelder, foto og framfor alt bedehusminne hjå eldre folk. Som i alt kulturvernarbeid er oppskrifta enkel: laga plan, samla, ta vare på og formidla, - i dette tilfellet bedehushistorisk materiale.

Kven vil ta fatt i utfordringa? Samarbeid mellom kulturvern-institusjonar er sterkt framme i tida – arkiv, bibliotek og museum. Kva med eit bedehusprosjekt i fylket der fleire partar er med? Og kva med Fortidsminnesforeininga som hovudaktør? I Sogn og Fjordane har foreininga ikkje berre kyrkjer som arbeidsfelt. Foreininga har også eit bakeri i Lærdal. Kva med eit bedehus i Marifjøra?

Talarstolen er eit sentralt inventarstykke i bedehusa. Den stilreine talarstolen i Marifjøra står på seks føter. Dei er avsaga, fortel Per Marheim, dei var høgare før.(Foto: HKL).

Frå side 25

Page 27: Kjelda nr. 2 2007

�7

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

Heile 170 deltakarar var samla på konferansen ”Kultur og Kunnskapsløftet. Digitale læringsressursar frå arkiv, bibliotek og museum” i Førde 3. og 4. mai. Det er ikkje ofte det vert arrangert så store konferansar i Sogn og Fjordane.

Frå heile landet Det var Statens senter for arkiv, bibliotek og museum (ABM – utvikling), Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane som var arrangør. Politikarar, leiarar og tilsette i skulesektor og kultursektor var tilhøyrarar. Dei fleste frå Sogn og Fjordane, men det var også deltakarar frå andre fylke, deriblant var Hordaland sterkt representert.

Nye læreplanar gir auka interesse Det auka påtrykket for digitale læringsressursar og læringsverktøy har samanheng med innføringa av Kunnskapsløftet, læreplanen for grunnskule og vidaregåande opplæring. Her vert digital kompetanse vevd inn i opplæringa som ein dugleik til liks med lesing, skriving og rekning.

Deling av erfaring og idear Dette opnar for at kulturinstitusjonar satsar på å utvikla digitale læringsressursar og at dette skjer i samarbeid med dei som er målgruppe. For å utvikla gode tenester er dette ein føresetnad. Ved at skular og kulturinstitusjonar delte sine erfaringar med utvikling av - og bruk av digitale læringsressursar la ein grunnlag for dette.

Positive tilbakemeldingar Tilbakemeldingane som er komne i etterkant går på at konferansen var meiningsfull og inspirerande. Særleg positivt var det at det var eit variert innhald og relativt korte innlegg. Alt i alt ein vellukka konferanse som syner at kulturomgrepet i Kunnskapsløftet vert teke på alvor.

Ønskjer du å vita meir om

Stappfullt med kultur og digital kompetanse

Av Bjarnhild Samland

Kunnskaps-løftet, digital

læring, lokalmiljøet

som ressurs, læra oss å skriva på

nytt, dugnad i utdannings-

sektoren, nettressursar og nettbasert formidling var ingrediensane i konferansen

som vart servert av førelesarar

frå inn – og utand. (Foto:

Arild Reppen).

Kva er digital kompetanse? Digital kompetanse er ferdigheiter, kunnskap, kreativitet og haldningar som alle treng for å kunna bruka digitale medium for læring og meistring i kunnskapssamfunnet.

ITU (IT i utdanninga)

Ein treng ikkje vera

av dei mest datakunnige

for å ta i bruk og utvikla

digitale lærings-

ressursar. Ein må berre kasta

seg ut i det, sa Ardis Ronte Eriksen, lærar ved Skånland videregående skole i Troms.

(Foto: Arild Reppen).

konferansen kan gå inn på nettsida vår, www.fylkesarkiv.no.

Page 28: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

�8

Ei annleis utvandringshistorieHistoria om dei norske utvandrarane som drog til Amerika på 1800- og 1900-talet er ei forteljing dei fleste av oss finn stolt og spanande. Vi har høyrt om dei trauste norske emigrantane som drog til jordbruksområda i Midtvesten, dyrka land og gjorde det godt. Likeins, dei mange som prøvde lykka i kystdistrikta og lukkast i fiske- og skogsnæringa. Me kjenner også til dei atskillige emigrantane som busette seg i dei store byane og oppnådde suksess innafor handel og næring. Om amerikafararane kom til Noreg igjen, vart suksessen på amerikaopphaldet ofte målt i dollars. Hans Gjerde frå Hyllestad, populært kalla Gjerde-Hans’en, skil seg ut frå denne historia, han var ein av amerikafarane som verdsette opplevingane og erfaringane frå Amerika høgare enn pengar.

Ein eventyrar prøver lykkaI 1910 reiste 16-åringen Hans Gjerde til Amerika med draumar om å verte ein rik mann. Han starta som tømmersagar hjå ein onkel i Colorado som også hadde betalt for amerikabilletten, og avslutta amerikaopphaldet i 1933 som bartender i San Francisco. Trass i store draumar var det ikkje arbeid og framgang på det økonomiske planet som vart viktig for Hans Gjerde. Som ”tramp”, eller på norsk det me kallar for landstrykar, var det jakta på eventyr han levde for og drøymde om. Og eventyr opplevde han til gangs. I ei årrekkje reiste han på kryss og tvers på det amerikanske kontinentet. Framkomstmiddelet var tog, og han var ein av desse som ikkje betalte for seg. Han var altså det ein kan kalla for ein tjuvåkar.

Ei bok blir tilEtter at Gjerde kom heim igjen etter amerika-opphaldet byrja han å arbeide med ei bok om opplevingane i Amerika. Norvald Tveit, som tilfeldigvis var lærar i Hyllestad, vart spurd om han kunne trø til då Gjerde sleit litt med skrivinga. Saman

omarbeidde dei eit par kapittel som Gjerde hadde skrive tidligare og laga ei vidare skisse for arbeidet med boka. Dette vart sendt til Eides forlag i Bergen som hadde nisje i eventyrsjangeren. Forlaget likte det dei las, og gav grønt lys for vidare arbeid. I oktober 1960 var boka med den fengande tittelen En sjel og en skjorte ferdigtrykt. Mange vil nok med glede hugse at dei fann denne boka under juletreet same året.

Boka vart ein suksess på Vestlandet, og forlaget selde ut dei 15.000 bøkene som var trykte. Det vil seie like mange eksemplar som Vestlandets historie (2006) er trykt i. Første opplag av boka kom ut i oktober 1960, medan andre opplag kom ein månad seinare. På Austlandet var det liten interesse for Gjerde-Hans’en. Norvald Tveit meiner at austlendingane rett og slett ikkje forstod ordspelet i tittelen. Ein kan undre seg om alt som står i boka er sanning. Det er få bilete, men skildringane Gjerde gir av dei større hendingane han hadde teke del i, stemmer godt overeins med korleis desse er karakteriserte i historiske kjelder.

Livet som hobo Etter eit år ved saga hjå onkelen hadde Hans i følgje seg sjølv fått venger som det var på tide å prøve ut. Han var no klar til å undersøkje verda, og litt ballast på vegen hadde han fått gjennom knallharde dagar på saga. Der hadde han arbeidd saman med gale finnar som likte bannskap, pokerspel, alkohol og slagsmål. Gjerne alt på ein gong. Dette gjorde at Hans vart vant til litt av kvart, og han skriv også at den delen av han som var sjenert vart lagd igjen i tømmerleiren. Gjerde vart no av den typen landstrykar som kalla seg for hobo. Det vil seie ein som tjuvåkte med tog mellom Amerikas byar og landsbygder. Det var ulike typar hoboar. Nokre reiste på grunn av kjærleikssorg, naud og fattigdom, medan andre reiste for eventyrets skuld. Gjerde høyrde tydeligvis til eventyrarane. Dette er frå første turen som tjuvåker då han bestemde seg for å bli hobo:

”Svimlende og uante perspektiver åpnet seg der jeg red gjennom sommerkvelden på taket av stålkolossen. Jeg var tramp, og for trampen ligger verden vid åpen. Som tramp kunne jeg reise alt jeg ville, jeg kunne bare ta for meg av all denne mangfoldighet av skjønn natur og pulserende liv som kalles for Amerika. Jeg hadde allerede tatt min beslutning: jeg ville bli eventyrer og hobo”.

Ein hobo kunne ikkje reise med mykje bagasje. I si glanstid hadde Gjerde ein koffert ståande i kvar av favorittbyane sine. Hoboane reiste ofte åleine, men tok gjerne reisefølgje med andre omstreifarar.

Gjerde-Hans’en, ein makalaus hobo frå Hyllestad

Av Roger Kvarsvik

Hans Gjerde (1894-1973) vart beordra av foreldratil å ta bilete av seg i Bergen før han reiste til Amerika. (Bilete frå boka).

Page 29: Kjelda nr. 2 2007

�9

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

Dette var nesten ikkje til å unngå, då det fanst hoboar som tjuvåkte på omtrent kvart tog som gjekk. Ein var likevel ikkje fritatt for å bruke føtene. Gjerde traska mange mil, både langs landevegen, i fjellet, men også i Phoenix ørkenen.

Med livet som innsatsÅ leve som hobo var farlig, og det var kanskje difor mange elska å reise på denne måten. Ein måtte ha kjennskap til omstreifarlivet sine farar, men minst like viktig var det å beherske kunsten å tjuvåke. Vågsame påstigingar der ein hoppa på toget i fart var ikkje berre ein effektiv reisemåte, men også ein sport, med livet som innsats. Ein svensk kamerat som Gjerde reiste saman med fekk bøte med livet under ei vågsam påstiging. Han fekk føtene imellom vognene, og begge føtene blei kutta av midt på låret og likeins venstre arm ved skuldra.

I følgje Gjerde kunne ingen kalle seg hobo om dei ikkje hadde praktisert å ri på ”the big beam.” Dette gjekk ut på å ligge oppå ein bjelke som var festa under toget. Her var det lett for å verte stiv i føtene etter timar samankrøkte på ”beamen”, og saman med tynne klede vart dette ein risikofylt gøymeplass. Å sove på ”beamen” var vanleg, og når ein la seg for å sove var det fleire som omkom etter å ha ramla utfor og inn under toghjula. Når tjuvåkarane først hadde kome seg på toget stod ofte jarnbanevaktene klare til å lempe dei av. Vaktene eller ”bulldogane” som dei vart kalla, var tilsette av jarnbaneselskapa for å forhindre at folk reiste gratis. Desse hadde eit rykte på seg for å vere harde og til dels sadistiske mot blindpassasjerar. Det er på det reine at fleire omkom etter å ha vorte tvinga til å hoppe av toget i fart.

Krasja trikken i New York Sjølv om reisa var gratis kosta det å halde seg i live. Ein skulle ha mat, pengar til poker og råd til å leggje seg inn på eit billig hotellrom når det trengtes. I motsetnad til dei vandrande land-strykarene tok ofte

hoboane arbeid i kortare periodar når det trengtes. Gjerde var godt kjent med skogsarbeid og tømmer-fløyting, og var difor stadig innom dette arbeidet for å fylle opp pengebeltet

han bar rundt magen. I forhold til mange andre hoboar var han kanskje betre stilt, evna til å handtere kortstokken gjorde han til ein svært dugande pokerspelar.

Med denne evna kunne han ofte sleppe unna med å arbeide berre nokre månader i året. Ein periode var han også tilsett som pokerspelar og vann mykje pengar som ”dealer” for eit av dei mange kasinoa i byen Tijuana i Mexico. Han prøvde seg også som bartender, gullgravar i Alaska, tallerkenvaskar, farmarbeidar, fyrbøtar, nattportier, anleggsarbeidar og som omreisande agitator. Det vil seie at han drog rundt i landet for å verve folk inn i arbeidarrørsla. Trikkeførar i New York var han også i vel i to månader før han krasja trikken og vart lei storbyen sitt jag og mas.

Myntkast førte til skyttargravskrigI St. Paul, Minnesota, møtte Gjerde i 1916 ein sersjant som snakka varmt om hæren og fortalde at det var gode pengar å hente der. USA var enno ikkje komen med i krigen og Gjerde tykte soldatlivet høyrdest spanande ut. Usikker var han, men løyste problemet med å slå krone og mynt, noko som han tydde til i slike vanskelige situasjonar. Det vart mynt, og dermed vart han ein av gutane i United States Marine Corps. Året etter kom USA med i krigen og no vart dei amerikanske soldatane sende til Frankrike og skyttargravskrigen.

Under krigen vart han skoten tre gonger, han fekk ”arr” på lunga i eit gassangrep, og opplevde fleire gonger at gode kameratar vart skotne. Natta den 10. november 1918 vart han tatt til fange av tyskarane og sett i fangenskap før han neste dag fekk ei uventa melding om at krigen var over. I løpet av tida i fangenskapet hadde også ei anna spesiell hending innetreft, han hadde nemleg fått heilt kvitt hår. Ein kan kanskje stille seg spørjande til om dette er mogleg, men forsking viser at om ein vert utsett for ekstreme krigshendingar kan det resultere i akutte

Ein omstreifande fotograf tok dette biletet

av ein ung Hans Gjerde (til venstre) og onkelen

Gjert frå tømmerleiren

Pagosa Spring, Colorado i

1910. (Bilete frå boka).

Gjerde fekk og prøve seg som

skodespelar i ein Hollywood

produksjon, som statist (kosakk) i

filmen ”The Red Dance”,

frå 1928. Den meksikanske filmkjendisen

Dolores Del Rio spela

hovudrolla. Ho var svært

vakker og vart ei av stjernene i Hollywood på 1920- og 30-talet. Gjerde kalla ho for

den ”skjønne fyrstine”.

Biletet er frå filmen. Her ser me Del

Rio og Charles Farrell. Gjerde

såg filmen og meinte at filmselskapet

hadde fått mykje ut av

”tøvet”. (Bilete frå www.

moviecard.com).

Page 30: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

30

reaksjonar kalla posttraumatisk stressliding. Ei slik stressliding kan i nokre få tilfelle gje kvitt hår på kort tid.

Sparra med verdas beste boksarEin som tenestegjorde i same bataljon som Gjerde i 1917, var Gene Tunney, som ni år seinare vart verdskjend då han slo den tidligare hoboen Jack Dempsey på poeng. Tunney vann også omkampen året etter, men trakk seg tilbake i 1928. Då hadde han i løpet av 76 profesjonelle kampar tapt ein gong. Tunney vart rekna som ein ekstremt dyktig boksar og maken til boksar hadde ikkje Gjerde sett. Gjerde meinte Tunney sin fordel var ein god teknikk, ein glidande rytme, ein uhørt hurtigheit og ikkje minst ein klar hjerne. Gjerde visste kva han snakka om. I leiren fekk han sjølv eit par gonger gleda av å vere i ringen med Tunney. Her gjekk dei naturlegvis ikkje kamp, men ein kombinasjon av økter med leik og instruksjon fekk Gjerde lært seg å slå ein rett høgre. Eit triks Gjerde fekk bruk for fleire gonger seinare skriv han.

BonusmarsjenEit av eventyra som Gjerde sette høgast var bonusmarsjen i 1932. Bonusmarsjen, som vart kjend over heile Amerika same året, gjekk ut på at soldatane frå første verdskrig vart lova ein bonus på ein dollar dagen for dei som gjorde teneste i Statane, og ein kvart dollar for dei som gjorde teneste utafor landet sine grenser. Soldatane hadde tidligare fått betalt ut halve summen, men arbeidsledige veteranar under depresjonens harde kår gjorde no krav på å få utbetalt den andre halvparten av summen som dei eigentlig skulle hatt utbetalt i 1945. Veteranar, mange med familie, kom frå heile USA, og rundt 20.000 møttest i hovudstaden Washington,

D.C for å gjere krav på pengane som dåverande president Herbert Hoover rådde over. I løpet av tida demonstrasjonane føregjekk var det harde opptøyar, og blant anna vart to veteranar skotne. Det gjekk likevel eit par år før bonusen vart utbetalt. I mellomtida hadde Franklin D. Roosevelt teke over som president.

Fanga i sebradrakt Å hamne i dårleg selskap var ein av farane som høyrde til hobolivet, og det kunne koste

ein dyrt. Nettopp dette skjedde med Gjerde då han reiste på ein av sine mange turar i Mexico. Han hadde følgje med det som viste seg å vere ein tidligare storforbrytar. Medan Gjerde sov hadde turkameraten rana ein kledebutikk. Utan å seie noko om hendinga vekte karen Gjerde opp av søvnen, og gav beskjed om at dei måtte dra vidare. Neste dag vart dei arresterte, og enda på visa vart at dei vart dømde til å sone i statsfengselet i Santa Fe. Her satt Gjerde inne i to og eit halvt år saman med menneske som sona for rovmord, voldtekt og andre brutale brotsverk.

Å bli stua inn på ei lita cella var nok ikkje noko særleg for ein som likte å vere fri som fuglen. Gjerde mistreivst sterkt i byrjinga, men vart van til dette monotone livet etterkvart. Dagane gjekk av seg sjølv, men maten dei fekk servert var langt frå god, tykte Gjerde. Ein streik var ikkje til å unngå, og under denne markeringa vart han nesten skoten. At han sakna eventyrlivet utafor murane var det ikkje tvil om. Ein dag han var i arbeid på markene såg han sin sjanse til å rømme. Rømingsforsøket enda i fiasko, og dei ti dagane han fekk som straff i isolatet var langt frå dei beste han hadde hatt.

Kjærleiken til toget den størsteUt frå det ein les i boka tyder det på at Gjerde var ein kar som kunne kunsten å sjarmere damene. Han var langt frå sjenert, og med si opne og vennlege framferd fekk han også fleire hyggelige betjentskap. Under turen over til Amerika måtte Gjerde stoppe i hamnebyen Liverpool, og her skulle han få sitt første kyss. Jenta vart også med på kino, og dette er vel ein prestasjon i seg sjølv då han ikkje kunne eit kløyva ord engelsk. Nokre av jentene han trefte fekk etterkvart lyst på eit meir seriøst forhold, noko som betydde giftarmål og eit liv som bufast.

Han fekk til dømes tilbod om å gifte seg med ei rik farmardotter i Nord-Dakota, men sjølv om ho hadde ein fantastisk kropp så var ikkje andletet så mykje å sjå til, meinte Gjerde. Judy, ei som han trefte og reiste mykje saman med, var også interessert i å få ring på fingeren, men Gjerde ville ikkje slå seg til ro og sa takk for seg. Spesielt ei jente frå byen Guadalajara i Mexico såg ut til å fange hjarta til Gjerde. Han budde i fleire veker hos ho og familien, og han vart svært kjær i jenta. Men då ho snakka om å smi seg i jarnet med Gjerde, starta igjen hoboblodet å bruse. Jenta vart dermed droppa til fordel for tjuvåking og tilveret som hobo. Avgjerda var tydelegvis ikkje enkel, og han tenkte ofte på jenta i ettertid.

På norsk jord igjenUnder den amerikanske depresjonstida sine harde kår vart det vanskelig å få arbeid i Amerika, og då onkelen Gjert i 1933 skulle ein tur heim til Noreg vart Hans med. Han overtok farsgarden i Hyllestad, møtte Olga som var tenestejente på garden, og ikkje lenge etter vart dei også gift. Etter å ha kjempa på amerikansk side under første verdskrig fekk også Gjerde dollarpensjon kvar månad. Dette

Slik kunne ein hobo sjå ut på 1920 og 30-talet. Dei fleste var skitne hoboar, men Gjerde var meir nøye på dette. Når han reiste med toga hadde han ofte ein kjeledress utapå dei vanlege kleda. Dette fordi kleda under skulle halde seg reine i tilfelle han måtte høyre på arbeid. (Bilete frå www.louislamourgreatadventure.com).

Page 31: Kjelda nr. 2 2007

31

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

viste seg å vere ei god inntektskjelde. Han dreiv også med litt fiske på si, og etterkvart vart han kyrkjetenar i Hyllestad. Som mange heimvende norskamerikanarar var han svært samfunnsengasjert. Han starta foreining for Hyllestad redningslag, ungdomslag, skyttarlag, var med i kommunestyre og andre offentlege verv.

”Angra som ein hund” Norvald Tveit skildrar Hans Gjerde som ein varm og imøtekommande person som var sindig og rolig. Vidare at han ikkje var redd for å seie meiningane sine, og at folk tykte godt om han. Det er vel også rimelig å tru mange kanskje såg på Gjerde som litt spesiell. Det var vel ikkje mange bønder som til dømes gjekk på butikken midt i slåtten for å kjøpe seg ei øl om ein vart tørst. Fleire spurte Gjerde om det var noko han angra på frå Amerikaopphaldet, og til det svara han på ekte hobo vis ” (…) jo visst angrer jeg, og somme tider angrer jeg som en hund, men bare på det som jeg kunne ha vært med på.”

KjelderCrouse, Joan: The Homeless Transient in the Great Depression: New York State, 19�9-1941. State University of New York press 1986.

Gotaas, Thor: På loffen : landstrykere og vagabonder langs norske landeveier. Oslo, Spartacus forlag �001.

Tveit, Norvald: En sjel og en skjorte. Bergen, Eide forlag 1960. (Bilete som er brukt frå boka er gitt med løyve frå Eide Forlag)

InternettFylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Fotoarkiv som er tilgjengeleg på internett (http://fylkesarkiv.no/)

The Adventure Stories, (Bilete av ein hobo) http://www.louislamourgreatadventure.com/LouisStories0�.htm

Her er Olga og Hans Gjerde

og sonen John då han vart døypt i

påska 1938. 8 år tidligare i

Mexico vart ein gut oppattkalla etter Hans. Då hadde Gjerde-

Hans’en trødd til å

fått henta ein lege til ei som

fekk kompli-kasjonar under

fødselen. Dette redda

kanskje livet til både ungen

og mora, og barnefaren

bestemte seg difor å kalla

sonen for Jesus Maria

Hans. (SFFf-1994120.

0011).

The Movie Card Website (Del Rio, Dolores), http://www.moviecard.com/misc_t-z/trinidad/trinidad6.jpg

Wikipedia nettleksikon (Bonusmarsjen), http://en.wikipedia.org/wiki/Bonus_Army

Wikipedia nettleksikon (Gene Tunney), http://en.wikipedia.org/wiki/Gene_Tunney

Muntlig kjelder Tveit, Norvald. Telefonsamtale 8. mars og 7. mai �007.

Eide forlag i Bergen. Telefonsamtale 8. mars �007.

Skodespelarane i eit skodespel ein 17. mai på Hyllestad rundt 1945-1950. Skodespelet vart synt fram i ”Brakka”, ei tyskarbrakke som ungdomslaget overtok. Her ser me aktørane fotograferte utanfor huset, truleg før framsyning. Frå venstre John Nygård, Margit Sørefjord, Hans Gjerde, Asbjørn Holmeseth, Magnild Rønneseth og Johannes Kleive. (SFFf-1994120.0008).

Page 32: Kjelda nr. 2 2007

Kjelda, nr. 2 - 2007, årgang 16

FYLKESARKIVETAskedalen 26863 Leikanger

Retur:

ISSN 0803-9682

”den maleriske Kvinnefos”

Frå botn av Kvinnafossen renn Kvinna bratt ned i fjorden. Når det er stor vassføring deler vatnet seg på ein hammar heilt nede ved sjøen. Bygdebok-forfattar Bøthun fortel i bygdeboka for Leikanger (1955) at det då kjem til syne ein kvinne-skapnad. Sjå etter på dette biletet, - somme ser ei kvinne midt i fossen nede ved sjøen, med overkropp og ansikt.

Utsyn frå toppen av fossen med moderat vassføring i elva. Kvinnafossen er ein fin turist-attraksjon. Det hender turistbåtar tek ein avstikkar frå kursen og går heilt inn på bukta.

Artikkel om Kvinnafossen på Kultur-historisk leksikon/Internett, av Hermund Kleppa. (Begge foto: Hermund Kleppa).