informasjon - hordaland · gurid helene espe bygg- og anleggsteknikk teknikk og industriell...

14
1 AUSTRHEIM VIDAREGÅANDE SKULE INFORMASJON SKULEÅRET 2018 - 2019 Adresse: Mastrevikane 44, 5943 Austrheim - Telefon: 56 16 80 00 E-postadr: [email protected] - Heimeside: http://www.hordaland.no/austrheimvgs

Upload: others

Post on 11-Sep-2020

4 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: INFORMASJON - Hordaland · Gurid Helene Espe Bygg- og anleggsteknikk Teknikk og industriell produksjon med TAF tilbod HTA- særskilt tilrettelagt opplæring RÅDGJEVAR (FAGLEIAR)

1

AUSTRHEIM

VIDAREGÅANDE SKULE

INFORMASJON

SKULEÅRET 2018 - 2019

Adresse: Mastrevikane 44, 5943 Austrheim - Telefon: 56 16 80 00

E-postadr: [email protected] - Heimeside: http://www.hordaland.no/austrheimvgs

Page 2: INFORMASJON - Hordaland · Gurid Helene Espe Bygg- og anleggsteknikk Teknikk og industriell produksjon med TAF tilbod HTA- særskilt tilrettelagt opplæring RÅDGJEVAR (FAGLEIAR)

2

VELKOMMEN TIL AUSTRHEIM VIDAREGÅANDE SKULE

Eg vil ynskje alle elevar velkomne til eit nytt skuleår ved Austrheim vidaregåande skule. Vi på

skulen jobbar for at Austrheim vgs skal verte ein attaktiv og nyskapande skule.

Austrheim vidaregåande skule er ein kombinert vidaregåande skule med fem utdanningsprogram

samt ein klasse med redusert elevtal som er knytt til utdanningsprogrammet Restaurant og matfag.

Skulen har om lag 230 elevar som kjem frå kommunar i Nordhordland og Gulen og Solund

kommune i Sogn og fjordane.

Vi ynskjer å vere ein skule der opplæring skjer ved at teori og praksis går «hand i hand». Skulen

samarbeider med offentlege og private verksemder om praksisutplassering som del av opplæringa.

Vi er stolte over å ha fått ein ny læringsarena i naturfaga ved oppføring av eit «Sol og Vind»-senter

der bruk av fornybar energi vert demonstrert i praksis.

Skulen står framfor nye og spanande oppgåver og vi er glade for den tillit elevar viser oss ved å velje

vidaregåande opplæring ved skulen. Skulen vil gjennom tiltaka «Drømmeskolen» og «Nærværsteam»

jobbe for auka fullføring og gjennomføring. Vi stiller krav og vi bryr oss.

Eg håpar at komande skuleår vert eit godt arbeidsår for alle!

Vennleg helsing

Sigbjørn Georg Tresvik

Konstituert rektor

Page 3: INFORMASJON - Hordaland · Gurid Helene Espe Bygg- og anleggsteknikk Teknikk og industriell produksjon med TAF tilbod HTA- særskilt tilrettelagt opplæring RÅDGJEVAR (FAGLEIAR)

3

SKULEN SI KANTINE

Vi ynskjer alle elevar velkomne til skulen og til kantina vår. Vi vonar at flest mogeleg vil nytta seg

av tilboda våre med frokost- og middagsservering.

Kantina har fått ein «grønare profil» og ser fram til eit godt samarbeid med elevar og tilsette.

Alle må bidra til å halde kantina ryddig og i orden.

Velkomen til eit nytt skuleår!

Helsing frå kantinepersonalet

Hege Fjellanger

AUSTRHEIMHALLEN

Skulen nyttar avdelingane i Austrheimhallen i kroppsøvingsfaget. Det er nokre hundre meter å gå frå

skulen til hallen, og elevar og lærarar er svært nøgde med desse lokala.

Page 4: INFORMASJON - Hordaland · Gurid Helene Espe Bygg- og anleggsteknikk Teknikk og industriell produksjon med TAF tilbod HTA- særskilt tilrettelagt opplæring RÅDGJEVAR (FAGLEIAR)

4

DAGLEG DRIFT

ADMINISTRASJONEN

Administrasjonen, lærarane og kontorpersonalet held til i 2. høgda.

KONSTITUERT REKTOR (rom 227)

Sigbjørn Georg Tresvik er skulen sin pedagogiske og administrative leiar og ho har

ansvar for skulen si daglege drift. Rektor sitt arbeidsfelt er nokså vidtfemnande. Ho

har ansvaret for at skulestyresmaktene sine vedtak blir sette i verk og for at skulen

sine interesser blir ivaretatt på beste måte.

Rektor har særleg ansvar for å prøva å tilretteleggja gode forhold på skulen.

KONSTITUERT ASSISTERANDE REKTOR / PERSONALLEIAR (rom 228)

Gurid Helene Espe hjelper rektor i arbeidet med den daglege leiinga av skulen og overtar rektor

sine funksjonar i hennar fråvære. Han skaffar vikarar for andre tilsette og organiserer

heildagsprøver/tentamen/eksamen m.m. Han har særleg ansvar for elevane sine val av programfag.

Assisterande rektor er også personalleiar.

AVDELINGSLEIARAR (rom 220 A og B)

Skulen har 2 avdelingsleiarar som dekkjer bestemte fagområde. Avdelingsleiarane skal hjelpa rektor i

det faglege og pedagogiske arbeidet innafor sitt ansvarsområde. Dei skaffar også vikarar innafor si

avdeling og har eit personalansvar saman med assisterande rektor.

Skulen har desse avdelingsleiarane:

Frode Hervik Studiespesialiserande programområde

Fellesfaga på yrkesfag

Helse- og sosialfag

Gurid Helene Espe Bygg- og anleggsteknikk

Teknikk og industriell produksjon med TAF tilbod

HTA- særskilt tilrettelagt opplæring

RÅDGJEVAR (FAGLEIAR) (rom 235)

Frode Johannessen Hordvik skal ha ansvaret for kontakt og samarbeid med elevane m.a. gjennom

elevrådet. Han skal vidare arbeida med yrkesorientering og rettleiing i individuelle

yrkesvalsspørsmål. Elevinspektøren skal også ta seg av førebyggjande arbeid for å motverka ulike

former for negativ åtferd/problemåtferd blant elevane.

Han har saman med rådgjevar ansvar for sosialapedagogisk rådgjeving. Elevinspektøren er også leiar

for skulen sitt spesialpedagogiske team.

Page 5: INFORMASJON - Hordaland · Gurid Helene Espe Bygg- og anleggsteknikk Teknikk og industriell produksjon med TAF tilbod HTA- særskilt tilrettelagt opplæring RÅDGJEVAR (FAGLEIAR)

5

RÅDGJEVAR (rom 217)

Beate Husa Marøy er skulen sin rådgjevar og har eit overordna ansvar for utdannings- og

yrkesrådgjeving. Ho har saman med elevinspektør ansvar for sosialpedagogisk rådgjeving.

Rådgjevar hjelper til med søknader om lån og stipend. Rådgjevar hjelper også til med tilrettelegging

av tiltak dersom du treng ekstra støtte/hjelp i skulearbeidet.

Dersom du lid av ein kronisk sjukdom som epilepsi eller diabetes, må du melda frå til rådgjevar. Det

er svært viktig at vi får denne informasjonen slik at vi veit kva som skal gjerast i ein eventuell

krisesituasjon.

Skuleåret 2017-2018 skal skulen delta i eit prosjekt med tiltaka «Drømmeskolen» og

«Nærværsteam». Nærare informasjon kjem ved skulestart.

KONTORPERSONALET (rom 225)

Reidun Vangsnes Dyrnes, Liv Børilden Sævrøy og Vibeke Njøten held til på ekspedisjonskontoret i 2. etasje i hovedbygget. Ekspedisjonstida er 08:30-15:00.

I tillegg til generelle kontorfunksjonar har dei og oppgåver spesielt retta mot elevane,

mellom anna skuleskyss, informasjon ved skulestart, refusjon av reiseutgifter, stadfestingar,

skademelding, m.m.

REINHALDSTENESTA (rom 138)

Solfrid Solheim, Diana Danileviciene Jesilyn P. Bergfjord og Magdalena Gotowala held skulen rein

og triveleg for oss. Skulen har fått grønt flagg og vi forventar at alle tek sin del av ansvaret med omsyn

til kildesortering.

Legg vinn på å halda lokale og inventar i orden slik at arbeidsmiljø og trivsel blir best mogeleg for alle

ved skulen. Solfrid Solheim er leiande reinhaldar.

VAKTMEISTER (rom 126)

Edgar Grindheim har kontor ved inngangen til 1. etasje og har heile skuleanlegget som sitt

arbeidsområde.

Det vil bli trivelegare både for vaktmeister og for alle ved skulen om elevane hjelper til med å halda

det ryddig også utafor skulebygningane. Bruk dei oppsette bosspanna på skuleområdet!

BIBLIOTEKAR (rom 129)

Kari Tresnes (frå Austrheim folkebibliotek) er skulen sin bibliotekar. Skulen har som mål at

biblioteket skal bidra til at elevane utviklar sine evner til å henta informasjon frå ulike kjelder, kunna

bruka og vurdera denne informasjonen. Det er viktig at elevane følgjer utlåns- og

innleveringsrutinane og elles ordensreglane for biblioteket. Bibliotekaren gir nærare orientering.

Page 6: INFORMASJON - Hordaland · Gurid Helene Espe Bygg- og anleggsteknikk Teknikk og industriell produksjon med TAF tilbod HTA- særskilt tilrettelagt opplæring RÅDGJEVAR (FAGLEIAR)

6

IKT- ANSVARLEG (rom 122)

Gunnar Johan Friis er skulen sin IKT-konsulent og har ansvaret for at skulen sitt datautstyr og AV-

utstyr fungerer som det skal.

HELSESØSTER (rom 140)

Helsesøstra har kontor i 1. etasje og er til stades på faste vekedagar og tidspunkt.

Sjå oppslag på døra og på skulen si heimeside.

STUDIESPESIALISERANDE PROGRAMOMRÅDE (ev. hovudfag/master er understreka)

Bingen, Sturla Matematikk, fysikk

Borlaug, Linda Tysk, fransk, filosofi, spansk

Czaplewska, Kamila(permisjon) Engelsk

Havnen, Anita Geofag, samfunnsfag

Hervik, Frode Historie, pol. og menn.rett., norsk, samfunnsfag

Herøy, Stian Rettslære, historie, samfunnsfag

Håland, Hege Kroppsøving, historie, spansk

Isdal, Martine Engelsk, religion

Iversen, Rannveig S. Matematikk, naturfag

Johnsen, Gjertrud Kroppsøving, engelsk

Kolden, Henrik Tysk, engelsk

Ludvigsen, David Samfunnsfag, historie

Marøy, Beate Husa Norsk, religion, tysk

Osmundsen, Heidi Matematikk, naturfag, biologi

Skjelbreid, Egil Biologi, kjemi, matematikk

Straume, Elisabeth Matematikk, naturfag

Wiik, Brita Norsk, historie, samfunnsfag

Lærar Fag

Friis, Gunnar Johan

HELSE- OG SOSIALFAG / BARNE- OG UNGD. ARBEIDARFAG

Lærar Fag

Bergsvik, Mona Birkeland Barne- og ungdomsarbeidarfag, helse- og sosialfag,

spes.ped.

Hansen, Nora Helse- og sosialfag

Ståløy, Siv Helse- og sosialfag

Page 7: INFORMASJON - Hordaland · Gurid Helene Espe Bygg- og anleggsteknikk Teknikk og industriell produksjon med TAF tilbod HTA- særskilt tilrettelagt opplæring RÅDGJEVAR (FAGLEIAR)

7

TEKNIKK OG INDUSTRIELL PRODUKSJON / KJØRETY /PRODUKSJON- OG INDUSTRITEKNIKK,

TAF

Lærar Fag

Vallestad, Oddgeir Produksjon, tekniske tenester, dokumentasjon og kvalitet, TAF

Tip fag

Iversen, Jarle Produksjon, tekniske tenester, dokumentasjon og kvalitet, spes. ped.

Danielsen, Rune Produksjon, tekniske tenester, dokumentasjon og kvalitet, kjørety,TAF

Hordvik, Frode Johannessen Diverse programfag

BYGG OG ANLEGGSTEKNIKK

Lærar Fag

Reigstad, Tore Produksjon, teikning og bransjelære

Tungland, Roy Asle Produksjon, teikning og bransjelære

TILRETTELAGT OPPLÆRING, lærarar

Lærar Fag

TILRETTELAGT OPPLÆRING, miljøarbeidarar

Haugland, Merethe

Steindal, Reidun

KONTAKTLÆRARAR

Hovudmålsetjinga med kontaktlærarordninga er tettare oppfølging av enkeltelevar.

Oppgåvene til kontaktlæraren er mellom anna:

Rettleia eleven i høve læring og utvikling – kontaktlærar har ansvar for

utviklingssamtalar.

Kalla inn og leia møte i teamet rundt eleven

Ansvar for koordinering av arbeidet i teamet

Koordinera arbeidet med eleven sin arbeidsplan

Kontakt mellom skolen og heimen

Ha tilsyn med fråværsføring og oppfølging av fråværet

Kontaktlærar skal ha eit særleg ansvar for å hindra at elevar sluttar på skolen

Ansvar for karakterprotokoll

Ansvar for informasjon ved starten av skoleåret

Ansvar for at gruppa fungerar sosialt og miljømessig

Ansvar for eleven sine spesielle behov

Page 8: INFORMASJON - Hordaland · Gurid Helene Espe Bygg- og anleggsteknikk Teknikk og industriell produksjon med TAF tilbod HTA- særskilt tilrettelagt opplæring RÅDGJEVAR (FAGLEIAR)

8

BRANNINSTRUKS

Når det gjeld plassering av brannsløkkingsutstyr og naudutgangar, viser ein til eigne oppslag om dette på

oppslagstavlene.

Ved brann eller brannøving gjeld følgjande:

a) Den som først oppdagar brannen må syta for at det blir slått alarm lokalt innan skulen, og at melding blir

gitt til brannvesenet, telefon 110.

b) Læraren i kvar klasse skal stilla seg ved utgangsdøra til klasserommet og syta for at vindaugo vert lukka,

og at oppstilling og utmarsj skjer utan opphald og i god orden. Skulesaker, andre ting i klasserommet,

yttertøy i gangar og garderobar SKAL IKKJE TAKAST MED. Ved skuleverkstadene må ein prøva å få

med ut alle gassflaskene.

c) Etter at læraren har forvissa seg om at alle er med, går han framfor klassen og viser vegen. Siste eleven ut

av klasserommet må hugsa på å lukka døra.

d) Klassen marsjerer raskt utan å springa.

e) Er næraste trappenedgang sperra av røyk eller på annan måte utilgjengeleg, nyttar ein kortaste vegen til

annan trappenedgang.

f) Læraren fører klassen heilt ut på plassen, godt vekk frå utgangane og klassane stiller opp på avmerka felt.

g) Det skal takast oppteljing med tilbakemelding til brannvesenet sin representant.

h) Ved øving noterer ein tida det tar frå brannen er varsla til siste klassen er komen fram på anvist plass.

i) Lærarane som har klassane når alarmen går, skriv ein kort rapport frå øvinga og leverer den til

verneleiar/rektor.

Elles er det viktig med tanke på evakuering ved ein eventuell brann at elevane ikkje blokkerer

trapper og gongar med ranslar og vesker, men at desse blir plasserte i dei oppsette hyllene eller

hengde på knaggerekkene i korridorane !!!

Page 9: INFORMASJON - Hordaland · Gurid Helene Espe Bygg- og anleggsteknikk Teknikk og industriell produksjon med TAF tilbod HTA- særskilt tilrettelagt opplæring RÅDGJEVAR (FAGLEIAR)

9

VERNE OG TRYGGINGSTILTAK

I alle programområda/utdanningsretningane ved skulen finst det verne- og tryggingsforskrifter som elevane

må retta seg etter.

Det er læraren som har ansvaret for at verneutstyret er på plass og blir brukt etter forskriftene. Før arbeid

eller øvingar blir sett i gong, skal vernetiltaka diskuterast med elevane og etterpå kontrollerast av lærar og

verneombod. Det er viktig at kvar elev har ei positiv innstilling til verneforskriftene.

Ved studiespesialiserande utdanningsprogram er det særleg spesialromma for kjemi, fysikk og biologi det er

oppsett vernereglar for. Desse pliktar elevane å følgja når dei oppheldt seg i slike rom.

Ved yrkesfaglege utdanningsprogram skal skuleverkstaden vera utstyrt med tidsmessige verneordningar for

maskiner og verktøy. Lokalet skal vera slik innreia at arbeid og øvingar kan gjennomførast på ein trygg måte

både for seg sjølv og andre som oppheldt seg der.

Av personleg verneutstyr skal ein særleg sjå til at arbeidstøyet er utan lause flikar eller stroppar som

maskinane kan festa tak i. Ved handledda skal det vera stram linning eller spesiell mansjett, og langt hår skal

vera samla inn under hårnett eller anna høveleg hovudplagg.

Det skal brukast vernesko.

I samband med svært mange arbeidsoppgåver i skuleverkstaden er det påbod om vernebriller, og ved

larmande arbeid skal ein også bruka hørselvern.

Elevar som ikkje er forsvarleg kledde eller som ikkje rettar seg etter tryggingsinstruksen skal visast bort frå

verkstaden eller spesialrom.

Elevane skal hjelpa til med å halda orden i og omkring skuleverkstaden/klasseromma.

I klassar der det vert brukt verne- og tryggingsutstyr skal det veljast eit verneombod. Valet skal

gjennomførast innan dei to første skulevekene.

Elevane pliktar å setja seg inn i branninstruksen og gjera seg kjende med rømningsvegane slik at alle veit

kva dei skal gjera dersom det oppstår brann.

Viktige telefonar:

AMBULANSE..........… 113

LEGEVAKT.................. 56168200

POLITI.............… 112 eller 02800

BRANNMELDING....…110

Page 10: INFORMASJON - Hordaland · Gurid Helene Espe Bygg- og anleggsteknikk Teknikk og industriell produksjon med TAF tilbod HTA- særskilt tilrettelagt opplæring RÅDGJEVAR (FAGLEIAR)

10

AUSTRHEIM VIDAREGÅANDE SKULE SKULERUTE FOR 2018/2019

TAF-elevane følgjer bedrifta sitt ferieår. Desse elevane er i bedrift når skulen har planleggings-, ferie- eller fridagar.

MÅNAD SKULEDAGAR elevar

MERKNAD Planleggings-dagar

August 12 Måndag 13.

Tysdag 14.

Onsdag 15.

Torsdag 16.

Planleggingsdag

Planleggingsdag

Planleggingsdag

Første skuledag for elevane

3

September 18 Måndag 17.

Tysdag 18.

Planleggingsdag

Fridag for elevane

1

Oktober 18 Haustferie 8. – 12. oktober, veke 41

November 21 Fredag 9. Felles planleggingsdag i fylket 1

Desember 15 Fredag 21. Siste skuledag før juleferien

Januar 21

Onsdag 2.

Torsdag 3.

Fridag for elevane

Første skuledag etter juleferien

Februar 15 Fredag 1.

Vinterferie

Planleggingsdag (fagl.ped.-dag/UiB)

25. februar – 1. mars

1

Mars 20 Vinterferie

25. februar – 1. mars

April 16 Påskeferie

Tysdag 23.

15. april – 22. april

Første skuledag etter påskeferien

Mai 20 Onsdag 1.

Fredag 17.

Torsdag 30.

Offentleg høgtidsdag

Grunnlovsdag

Kristi himmelfartsdag

Juni 14 Måndag 10.

Fredag 21.

2.pinsedag

Siste skuledag før sommarferien

Elevdagar 190

Planleggingsdagar 6

Skuledagar: 190 Planleggingsdagar: 6

Austrheim, 2. mai 2018 Kjersti Daland Næss rektor

Page 11: INFORMASJON - Hordaland · Gurid Helene Espe Bygg- og anleggsteknikk Teknikk og industriell produksjon med TAF tilbod HTA- særskilt tilrettelagt opplæring RÅDGJEVAR (FAGLEIAR)

11

FRI SKULESKYSS M.M.

For elevar busette i Sogn og Fjordane fylke sjå heimesida til Sogn og fjordane fylkeskommune:

http://www.sfj.no/soeknad-om-skuleskyss.5860999-336473.html .

Følgjande reglementet gjeld for elevar busette i Hordaland fylke:

Samordning av skulekort og ungdomsbillett held fram skuleåret 2018/19. Det inneber i praksis at elevar i

den vidaregåande skulen som oppfyller vilkåra for skuleskyss etter opplæringslova §7-2 og som bur i eit

område med tilfredsstillande kollektivtilbod på fritida – i eit såkalla ungdomsbillettområde – ikkje har

rett på gratis skulekort, men kan kjøpe ungdomsbillett. Dette gjeld alle elevar i vidaregåande skule –

også elevar som ikkje er fylt 16 år. Elevar som er fylt 21 år på søknadstidspunktet og som oppfyller

vilkåra i §7-2 har imidlertid framleis rett på gratis skuleskyss – og skulekort – sjølv om dei bur i eit

ungdomsbillettområde.

Rett til fri skuleskyss har som hovudregel:

1) Elevar med minst 6 km gangavstand bustad/hybel - skule, kortaste veg, og bur

utafor ungdomsbillettområde.

2) Er funksjonshemma eller har sjukdom som gjer at du treng skyss.

3) Elevar som må reisa med båt.

Ved skulestart får elevane informasjon vedrørande skulekort/ungdomsbillett. Søknadsskjema til

skulekort vert utlevert på skulen. Generell informasjon om skuleskyss finn du på

www.hordaland.no/skoleskyss. Elevar frå Hordaland som treng særskild skyss pga.

funksjonshemming, eller ekstrakyss pga. manglande rutetilbod mellom heim og skule, må ta kontakt

med ekspedisjonskontoret på skulen snarast etter skulestart.

Tap av skulereisekort må meldast frå om til ekspedisjonskontoret. Nytt kort ved tap kr.50.- i Hordaland,

og kr 100,- for elevar frå Sogn og Fjordane. Inntil du får nytt kort, må du sjølv dekka reiseutgiftene.

Tapte rabattkort og verdikort vert ikkje erstatta.

Skyss i samband med praksisutplassering

Skysshandbok punkt 2.3:

Skoleskyssreglementet:

I dei tilfella arbeidspraksis eller utplassering av elevar er ein obligatorisk del av undervisninga blir

skyss dekka etter same reglar som for skyss mellom heim og skole. Reglane om Ungdomsbillett gjeld

også med omsyn til skyss til/frå utplassering/praksis.

Det er ein føresetnad at praksisstaden ligg i Hordaland.

Unntak:

Elevar som bur i grenseområdet til andre fylke kan få dekka reiseutgifter til praksisstad i nabofylke.

Elevar som må bu borte i samband med praksis kan få godtgjering for dagleg skyss mellom bustad på

praksisstad og praksisplassen når avstanden er over 6000 meter. Reisa til bustad på praksisstad blir

ikkje dekka. Dette gjeld og reise til/frå båt i samband med av- og påmønstring. Dersom eleven bur på

hybel i praksisperioden får vedkommande ikkje dekka heimreiser -til dømes i helgane.

Elevar som må bruka privat skyssmiddel, må søkja om godkjenning i god tid før skyssen tek til.

Ta kontakt med ekspedisjonskontoret. Elevar som ikkje har søkt på førehand, kan tape retten til

skyssgodtgjering.

Dersom du elles har spørsmål om skuleskyssordninga, kan du venda deg til ekspedisjonskontoret.

Page 12: INFORMASJON - Hordaland · Gurid Helene Espe Bygg- og anleggsteknikk Teknikk og industriell produksjon med TAF tilbod HTA- særskilt tilrettelagt opplæring RÅDGJEVAR (FAGLEIAR)

12

DIVERSE KOSTNADER VED SKULEGANGEN

Alle elevane får gratis lærebøker til utlån på skulen.

Austrheim vidaregåande skule arrangerer kvar haust og vanlegvis kvar vår skuleturar. Dette gjer me for

at elevar og lærarar skal kunna bli betre kjende med kvarandre, og for å få litt forandring i kvardagen og

koma ut i naturen. Utgiftene til kvar tur vil liggja på ca. 100 kroner.

I samband med nokre av faga på skulen kan det og bli utgifter til reiser/ekskursjonar.

Elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram Vg1 og Vg2, må rekna med ein del utgifter til utstyr og

materiell til bruk i undervisninga. Nærare informasjon får du frå kontaktlærar. Det vil og vera aktuelt for

elevar på Stud.spes. å reisa til Bergen på teaterturar ein eller to gongar i året. Dette kostar omlag 100

kroner pr. tur. Nokre gonger arrangerer skulen teater- eller filmframsyningar på samfunnshuset. Dette

kostar omlag 30 kroner kvar gong.

UTDANNINGSLÅN/STIPEND

Er du elev og har ungdomsrett, får du utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får stipendet same kor

mykje foreldra dine tener. Hugs at du må søkje om stipendet for å få det utbetalt. Når du søkjer,

sjekkar Lånekassen automatisk om du har rett til andre stipend og, som for eksempel grunnstipend

eller bustipend. Du søkjer på www.lanekassen.no eller www.vigo.no etter at du har fått skuleplass.

Bruk søknaden for vidaregåande opplæring.

KJØRERETNING FOR BILAR OG ANDRE KJØRETØY

Ta første veg til høgre ved innkjøringa til skulen sitt hovudbygg.

PARKERING AV BILAR

Bilar skal parkerast på oppmerka felt på sørsida, austsida, nordsida på opperka felt og grusplass på

austsida av skulen. Ein skal ikkje parkera bilar på vestsida av skulen ved inngongen dersom ein ikkje

har løyve på grunn av handicap. Sjå forbodsskilta.

PARKERING AV SYKLAR, MOPEDAR,MOTORSYKLAR og liknande:

Inntil veggen på sørsida av skulen

TOBAKKSFORBOD I SKULETIDA: Det er forbod mot bruk av tobakk for elevar på skulen sitt område!

Forbodet gjeld alle typar tobakk, også snus.

Orden og åtferdreglementet frå HFK. Gjeld frå 1. august 2016 :

Page 13: INFORMASJON - Hordaland · Gurid Helene Espe Bygg- og anleggsteknikk Teknikk og industriell produksjon med TAF tilbod HTA- særskilt tilrettelagt opplæring RÅDGJEVAR (FAGLEIAR)

13

Fråværsgrense i vidaregåande skule

Udir.no:

«Fra 1. august 2016 er det en fraværsgrense i videregående skoler. Hensikten er å motivere elevene

til jevn innsats, og å forhindre skulk.

Kunnskapsdepartementet har vedtatt et nytt unntak for elever som har mellom 10 og 15 prosent

udokumentert fravær

Fraværsgrensen i korte trekk

Fraværsgrensen gjelder for alle elever i videregående skole, men ikke for lærlinger, lærekandidater

og voksne.

Bestemmelsen er tatt inn i forskrift til opplæringsloven § 3-3 siste ledd og forskrift til friskoleloven §

3-3 siste ledd.

Elever i videregående skole skal møte opp og delta aktivt i opplæringen.

Hvis en elev har mer enn 10 prosent udokumentert fravær i et fag, vil han eller hun som

hovedregel ikke ha rett til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget, og

læreren kan heller ikke sette slike karakterer.

Eleven må legge fram relevant dokumentasjon for å få fravær unntatt fra fraværsgrensen.

Hvis eleven har mellom 10 og 15 prosent udokumentert fravær og fraværsårsaken gjør det klart

urimelig at eleven ikke skal kunne få karakter, kan rektor bestemme at han eller hun likevel får

karakter.

Fraværsgrensen gjelder timefravær i enkeltfag, ikke elevenes totale fravær.

Eleven skal få et varsel om han eller hun står i fare for å ikke få karakter på grunn av fravær.»

For meir utfyllande informasjon sjå : http://www.udir.no/om-udir/nytt-til-skolestart-2016/nytt-

for-videregaende-2016/

HerTTobakksforbod SKULEMILJØUTVALET (SMU)

Alle dei vidaregåande skulane skal ha eit skulemiljøutval.

Skulemiljøutvalet ved Austrheim vidaregåande skule:

5 elevrepresentantar

2 representant frå dei tilsette

1 frå skuleleiinga (ass. rektor)

1 frå fylkeskommunen (rektor)

Skulemiljøutvalet er eit rådgjevande organ for skulen i arbeidet med skulemiljøet, men utvalet har

ikkje vedtakskompetanse.

ELEVANE HAR ORDET

ELEVEN I SKULESAMFUNNET

Som elev på AVS har du både pliktar og rettar. Desse er dei same anten du tar ei utdanning innan

yrkesfag eller studiespes. utdanningsprogram. Pliktene til elevane er fyrst og fremst å fylgja

ordensreglementet. Les det derfor nøye!

Er du usamd i nokon av ordensreglane, kan du gjera tillitsmannen merksam på dette. Dersom det

er andre ting ved skulen du meiner burde vore endra, er tillitsmannen også her rette personen å

kontakta. Fordi skulen er bygd opp rundt elevane, kan dei sjølvsagt også vinna fram med sine

synspunkt.

Page 14: INFORMASJON - Hordaland · Gurid Helene Espe Bygg- og anleggsteknikk Teknikk og industriell produksjon med TAF tilbod HTA- særskilt tilrettelagt opplæring RÅDGJEVAR (FAGLEIAR)

14

TILLITSMANNSTENESTA

Kvart år vel alle klassane ein tillitsrepresentant med vararepresentant. Denne representerer

klassen i elevrådet, og det er viktig at den som vert vald er innstilt på å bruka tid og krefter på å

gjera skulen best mogeleg for elevane. Er det noko du ynskjer å retta på, skal du gå til den

tillitsvalde. Uavhengig av eige syn pliktar han å leggja saka fram anten for elevrådet, kontaktlærar

eller faglærar alt etter kva problemet gjeld.

Men kom også gjerne med positive forslag til tillitsrepresentanten! Ynskjer du/de t.d. å starta

aktivitetar på skulen i eller etter skuletid, be tillitsrepresentanten undersøkja om det er mogeleg.

Han har kontaktar vidare, men kan ikkje koma med alle idéane!

ELEVRÅDET

Elevrådet er eit råd av og for elevane. Det skal ta seg av oppgåver i samband med elevane sine

arbeidstilhøve og velferdsinteresser, og hjelpa til med å skapa gode tilhøve og trivsel ved skulen.

Rådet kan sjølv ta opp saker og leggja dei fram for rektor/skuleutval, og kan kalla inn til allmøte

om saker som er særs viktige.

Elevrådet uttalar seg om alle viktige avgjerder ved skulen. Elevinspektør Frode J. Hordvik er

Kontaktperson for elevrådet.

• www.Skoleportalen.no

• It’s learning

• SkoleArena

[email protected]