folkvord og wergeland: sekstimarsdagen

180
Magnhild Folkvord Ebba Wergeland SEKSTIMARSDAGEN – den neste store velferdsreforma?

Upload: magnhild-nilsen

Post on 07-Apr-2016

265 views

Category:

Documents


17 download

DESCRIPTION

Boka til Magnhild Folkvord og Ebba Wergeland er endeleg tilgjengeleg på nett! Sekstimarsdagen - den neste store velferdsreforma?

TRANSCRIPT

SEKSTIM

AR

SDA

GEN

Kva skal til for at sekstimarsdagen skal bli realitet i Noreg?

Økonomane seier det er mogeleg. Mannfolk som har prøvd sekstimarsdagen, er glade for å få meir tid til ungar, husarbeid, trening og friluftsliv. Kvinner har drøymt om sekstimarsdagen i fleire tiår.

Kanskje kan sekstimarsdagen bidra til å oppretthalda jordbruk og hindra fråflytting frå distrikta? Kan den også vera eit steg i rett lei for å bremsa det materielle overforbruket som trugar klima og miljø?

Denne boka gir ikkje alle svara. Men den gir den første samla framstillinga av dei forsøka som er gjorde med sekstimarsdag i Noreg dei siste åra, og eit oversyn over svenske forsøk. Den fortel også om kampen om arbeidstida i eit historisk perspektiv. Her er utrekningar som viser at 30 timars veke eller seks timars normalarbeidsdag frå 2020 berre vil ha små verknader på den norske økonomien.

Og lurer du på kvifor ein ikkje kan venta at sekstimarsdagen skal føra til at sjukefråværet går ned, så finn du svar på det.

Anten du meiner at sekstimarsdagen er eit vakkert, men urealistisk prosjekt, eller ein luksus vi ikkje har råd til, finn du kan henda grunn til å tenkja nærare etter når du les denne boka. Magnhild Folkvord • Ebba Wergeland

Folkvord • W

ergeland

SEKSTIMARSDAGEN

ww

w.g

ylde

ndal

.no/

akad

emis

k

– den neste store velferdsreforma?

Sagt om sekstimarsdagen:

– Det vil vera historisk dumt å setja 7,5 timar som ei absolutt grense, men eg trur vi er på ei tolegrense. All velferd er avhengig av arbeid, og iallfall på kort sikt er det vanskeleg å sjå for seg ei generell arbeidstids- forkorting. Arbeidslivsdirektør Sigrun Vågeng, NHO

– Det er i tider når økonomien er på det heitaste at det kan vera lettast å få gjennomført slike arbeidstids- reformer. Paradoksalt nok, sia det er da ein treng flest mogeleg arbeidstimar. Øystein Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets

Magnhild Folkvord (f. 1945) er journalist i Klassekampen. Ho er utdanna adjunkt og har arbeids- og tillitsvalderfaring frå både industri og offentleg sektor – som lærar, jernarbeidar og saksbehandlar i Aetat. Ho har vore med i arbeidet for sekstimarsdagen gjennom Kvinnefronten sia 1980-åra.

Ebba Wergeland (f. 1946) er forskar, overlege og spesialist i arbeidsmedisin. Ho har tatt doktorgrad på emnet arbeidsforhold og helse under graviditeten. Wergeland har skrive fleire bøker om arbeidsmiljøtematikk og har ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten og dei faglege diskusjonane om arbeidsmiljø, sjukefråvær og sekstimarsdagen. I 2001 vart ho tildelt Arbeidsmiljøprisen.

SEKSTIM

AR

SDA

GEN

Kva skal til for at sekstimarsdagen skal bli realitet i Noreg?

Økonomane seier det er mogeleg. Mannfolk som har prøvd sekstimarsdagen, er glade for å få meir tid til ungar, husarbeid, trening og friluftsliv. Kvinner har drøymt om sekstimarsdagen i fleire tiår.

Kanskje kan sekstimarsdagen bidra til å oppretthalda jordbruk og hindra fråflytting frå distrikta? Kan den også vera eit steg i rett lei for å bremsa det materielle overforbruket som trugar klima og miljø?

Denne boka gir ikkje alle svara. Men den gir den første samla framstillinga av dei forsøka som er gjorde med sekstimarsdag i Noreg dei siste åra, og eit oversyn over svenske forsøk. Den fortel også om kampen om arbeidstida i eit historisk perspektiv. Her er utrekningar som viser at 30 timars veke eller seks timars normalarbeidsdag frå 2020 berre vil ha små verknader på den norske økonomien.

Og lurer du på kvifor ein ikkje kan venta at sekstimarsdagen skal føra til at sjukefråværet går ned, så finn du svar på det.

Anten du meiner at sekstimarsdagen er eit vakkert, men urealistisk prosjekt, eller ein luksus vi ikkje har råd til, finn du kan henda grunn til å tenkja nærare etter når du les denne boka. Magnhild Folkvord • Ebba Wergeland

Folkvord • W

ergeland

SEKSTIMARSDAGEN

ww

w.g

ylde

ndal

.no/

akad

emis

k

– den neste store velferdsreforma?

Sagt om sekstimarsdagen:

– Det vil vera historisk dumt å setja 7,5 timar som ei absolutt grense, men eg trur vi er på ei tolegrense. All velferd er avhengig av arbeid, og iallfall på kort sikt er det vanskeleg å sjå for seg ei generell arbeidstids- forkorting. Arbeidslivsdirektør Sigrun Vågeng, NHO

– Det er i tider når økonomien er på det heitaste at det kan vera lettast å få gjennomført slike arbeidstids- reformer. Paradoksalt nok, sia det er da ein treng flest mogeleg arbeidstimar. Øystein Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets

Magnhild Folkvord (f. 1945) er journalist i Klassekampen. Ho er utdanna adjunkt og har arbeids- og tillitsvalderfaring frå både industri og offentleg sektor – som lærar, jernarbeidar og saksbehandlar i Aetat. Ho har vore med i arbeidet for sekstimarsdagen gjennom Kvinnefronten sia 1980-åra.

Ebba Wergeland (f. 1946) er forskar, overlege og spesialist i arbeidsmedisin. Ho har tatt doktorgrad på emnet arbeidsforhold og helse under graviditeten. Wergeland har skrive fleire bøker om arbeidsmiljøtematikk og har ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten og dei faglege diskusjonane om arbeidsmiljø, sjukefråvær og sekstimarsdagen. I 2001 vart ho tildelt Arbeidsmiljøprisen.

sekstimarsdagen

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 1 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 2 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

magnhild folkvord og ebba wergeland

sekstimarsdagen

– den neste store velferdsreforma?

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 3 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

© Gyldendal Norsk Forlag AS 2008

1. utgåva, 1. opplaget 2008

ISBN 978-82-05-38523-8

Omslagsfotografi: Greg Rødland Buick

På omslagsfotografiet: Skiferarbeidar Sverre Josten, Minera Norge AS, Otta

Sats: Laboremus Prepress AS

Brødtekst: Minion 10,5/14,5 pkt

Papir: 90 g G-print

Trykk: HS-Repro A/S 2008

Alle spørsmål om det forlaget gir ut, kan du rette til:

Gyldendal Akademisk

Postboks 6730 St. Olavs plass

0130 Oslo

www.gyldendal.no/akademisk

[email protected]

Forfattarane har mottatt støtte frå Fagforbundet (Folkvord)

og Det faglitterære fond (Wergeland).

Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova

eller avtalar om kopiering som er gjorde med KOPINOR,

interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Kopiering i strid med lov eller avtale

kan føre til erstatningsansvar og inndraging og kan straffast med bøter eller fengsel.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 4 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

forord

Heller velferd enn velstand

Noreg har utvikla seg til å bli eitt av dei rikaste landa i verda, og vi som bur her,

bør vera audmjuke over det. Vi er heldige, det er ikkje mange menneske på jorda

som har det materielt betre enn gjennomsnittsnordmannen og -kvinna. Likevel

er ikkje måtehald eit kjenneteikn ved veremåten vår. Kjøpefesten ser ut til å vera

utan ende. For ikkje lenge sia hadde ei avis oppslag om at norske barn ikkje len-

ger har noko å ønskja seg. Dei får alt dei treng, og vel så det.

For ei tid tilbake tok eg til orde for at vi snart må få i gang ordskiftet om kor-

leis vi vil forma samfunnet vårt i framtida. Vi må drøfta eit nytt solidaritetsalter-

nativ tilpassa vår tid. Det er ingen tvil om at verda ikkje toler det veldige forbru-

ket vi har lagt oss til. Naturen er i ubalanse, og forskjellane mellom ulike

grupper aukar. Dei rike blir rikare, og dei fattige får ikkje vera med på kjøpe-

festen. Fleire blir støytte utanfor, fordi dei ikkje greier å henga med i ein stadig

råare arbeidsmarknad.

Folk synest det er for stor skilnad mellom høgt- og lågtlønte i samfunnet vårt,

medan skilnadene aukar. Altfor mange blir pressa ut av arbeidsmarknaden, og

det er dei med låg lønn og forholdsvis kort utdanning som i størst grad blir

uføre. Vi ser også at kvinner blir uføre i høgare grad enn menn. Samstundes veit

vi at det er kvinner som tar dei tyngste taka heime. Derfor er sekstimarsdagen

også eit viktig likestillingstiltak.

Sekstimarsdagen er viktig i debatten om korleis vi skal forma samfunnet vårt

i framtida. Denne boka viser at sekstimarsdagen er ei reform som i størst grad

tener dei som treng det mest. Dei med hardt fysisk arbeid, gjerne i pleie og

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 5 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

heller velferd enn velstand6

omsorg, kan kanskje greia å stå i full jobb når arbeidsdagen er litt kortare. Til

dømes er erfaringa frå Tine Heimdal at sekstimarsdagen gav høgare produktivi-

tet samstundes som den gjorde slutt på nattarbeidet. Og forsøk med sekstimars-

dag innanfor pleie- og omsorgsarbeid fortel, slik ein kanskje kunne venta, om

mindre muskelplagar, ein mindre slitsam arbeidsdag og betre søvn.

Fagrørsla har endra samfunnet før. Eg meiner altså at det er tid for å ta dei

nye utfordringane på alvor og spørja oss sjølve: Korleis vil vi at samfunnet vårt

skal endra seg? Kva er det vi treng mest, auka velstand eller meir velferd? Eg mei-

ner vi må veksla inn noko av velstanden i velferdsreformer som sekstimars-

dagen. Ein klar føresetnad må vera at alle deltar i denne nasjonale dugnaden. Vi

kan ikkje redusera velstandsauken for somme, medan andre fortset å bli rikare

og rikare.

Mange har sagt at vi ikkje har råd til ei reform som sekstimarsdagen. Til det

seier eg: Klart vi har råd. Vi har råd til å skapa eit arbeidsliv som gir rom for

fleire og ikkje øydelegg helsa til fullt så mange. Det er vel heller ingen tvil om at

vi ikkje berre har råd, men også plikt, til å samlast om framlegg som kan bidra

til å redusera belastninga på miljø og natur. Klart vi har råd til å redusera

arbeidstida, så lenge vi set dette tiltaket inn i ein større samanheng. Sekstimars-

dagen er eit tiltak vi kan samlast om for å få meir velferd, utan å auka forbruket

enda meir.

Oslo, juli 2008

Jan Davidsen,

forbundsleiar i Fagforbundet

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 6 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

Takk!

Medan vi har arbeidd med boka har vi, i tillegg til dei vi har sitert, hatt nytte av

samtalar med stortingsrepresentant Marianne Marthinsen og arbeidslivsforskar

Bjørg Aase Sørensen. Roar Eilertsen, De Facto, og Inger Holm, Statistisk sentral-

byrå, las og kommenterte økonomikapitlet. Historikaren Harald Berntsen

gjorde det same med kapitlet om historia. Johan Petter Andresen har gitt nyttige

innspel.

Tilsette og arbeidsgivarar i dei bedriftene vi har besøkt, har velvillig sleppt oss

inn og tatt seg tid til å fortelja om sine erfaringar med sekstimarsskift og seks-

timarsdag, både som forsøk og meir eller mindre permanente ordningar. Takk

vera dei kan vi gi den første samla framstillinga av dei ulike sekstimarsdagane i

Noreg i 2008.

Boka ville ikkje blitt til utan stipenda frå Fagforbundet (Magnhild Folkvord)

og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (Ebba Wergeland) slik at vi

kunne ta permisjon frå jobbane våre i Klassekampen og Arbeidstilsynet.

Takk også til Lilian Kongshavn og Arne Bernhardsen i forlaget for utfordrin-

gar og motstand som vi trur har gjort boka betre. Ansvaret for eventuelle feil tar

vi sjølve.

Oslo, august 2008

Magnhild Folkvord og Ebba Wergeland

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 7 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 8 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

Innhald

innleiing visjonen om det gode arbeidet . . . . . . . . . . . . . . . . . . 13

kapittel 1 det er ikkje pengane, men viljen det står på . . . 17Er økonomar betre spåmenn enn folk flest? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 19Reknestykka frå NHO . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 25Produktivitetsutviklinga . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 26Ikkje alt kan automatiserast . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 28Kortare dag – ein litt større del av kaka så lenge det varer . . . . . . . . . . . . . . . . 28

Sagt om sekstimarsdagen: Øystein Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets . . . . . . 29

kapittel 2 kortare, men hardare arbeidsdag? . . . . . . . . . . . . . 32Kva slag samfunn? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 34

Utmatting . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 35Kvalitet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 36Pausar er god investering . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 37

Gode løysingar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 38

Sagt om sekstimarsdagen: Sigrun Vågeng, arbeidslivsdirektør i NHO . . . . . . . . . . . 39

kapittel 3 mindre vekst, betre fordeling . . . . . . . . . . . . . . . . . . 42Økonomisk vekst og berekraft . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 44Det private forbruket aukar mest . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 45

Sagt om sekstimarsdagen: Solveig Fiske, biskop i Hamar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 48

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 9 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

innhald10

kapittel 4 problem eller løysing for eldreomsorga? . . . . . 50Effektivisering utan sekstimarsdag . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 51Vil eldrebølgja krevja 130 000 nye årsverk? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 52Deltidsreserven . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 54Konkurransedyktige omsorgsyrke . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 54Meir tid til å ta seg av dei næraste . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 55«Mangel på arbeidskraft» – det motsette av arbeidsløyse . . . . . . . . . . . . . . . . 56

Sagt om sekstimarsdagen: Rita Ottervik, ordførar i Trondheim . . . . . . . . . . . . . . . . 57

kapittel 5 lettare å vera deltidsbonde . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 59Levande bygder . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 60– For strevsamt med full jobb . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 61Mange vil ha småbruk . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 63Er små bruk eit svar på matvarekrisene? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 64

kapittel 6 godt for helsa – men kviforaukar sjukefråværet? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 65Mindre påkjenning og betre tid . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 65Gir rom for eldre og gjer færre «funksjonshemma» . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 68Kva seier forskinga? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 68

Sekstimarsdag i omsorgsyrke – Noreg og Sverige 1995–98 . . . . . . . . . . . . 69Sekstimarsdag i offentleg sektor – Sverige 2005–2006 . . . . . . . . . . . . . . . . 69

Kva med sjukefråværet? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 70Kva hender med fråværet i eit sekstimarsdagsforsøk? . . . . . . . . . . . . . . . . . 71

kapittel 7 kvifor krev ikkje fedrar sekstimarsdag? . . . . . . . 74Stiller opp for jobben . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 75Frå forsørgjar til omsørgjar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 76Kva kjem etter fedrekvoten? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 77Er mannfolk berre einskildindivid? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 78

Sagt om sekstimarsdagen: Gudrun Schyman, talsperson for Feministiskt initiativ i Sverige . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 80

kapittel 8 eit krafttak for likestilling . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 82

Sagt om sekstimarsdagen: Sigbjørn Johnsen, fylkesmann, om sekstimarsdagen i 1982 og 2008 . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 86

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 10 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

innhald 11

kapittel 9 normalarbeidsdagen vernar om fritida og lønnsnivået . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 88Normalarbeidsdag og unntak . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 89Arbeidstid, opningstid og driftstid . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 92Sekstimarsdagen – eit vestleg luksuskrav? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 94

kapittel 10 kortare arbeidsdag – ei lang historie . . . . . . . . 96Disiplinering til industriarbeidar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 96Lovfesta grenser . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 99Dei første . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 102Kvinnekrav . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 105Motstand – og framgang . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 107

Sagt om sekstimarsdagen: Gerd-Liv Valla, tidlegare LO-leiar . . . . . . . . . . . . . . . . . 109

kapittel 11 sekstimarsdagen på kellogg’s (1930–1985) . . . . 113Ein kapitalisme utan arbeidsløyse? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 114Mi tid, ikkje bedrifta si tid . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 114Meininga med livet . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 116

kapittel 12 fleire slags sekstimarsdag . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 118Tine Heimdal: Har fått natta tilbake . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 119

Meir intensivt . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 120På lag med fagrørsla . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 121

Bergen: Gjer ein betre jobb på seks timar . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 122Ønske frå dei tilsette . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 124Kamp om innteninga . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 124

Bømlo: Permanent prøveordning i trappefabrikken . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 125Full produksjon . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 126Full jobb . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 128

Reinhaldarar i Miljøservice, Trondheim eiendom: Orkar meir . . . . . . . . . . . . . 129Trondheim parkering KF: Meir tid til ungane . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 131Minera, Otta: Tid til fotball og flugefiske . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 135SinkaBerg-Hansen AS, Rørvik: Sekstimarsskift, men ikkje for alle . . . . . . . . . . 138Krølle Frisør i Fauske: Lettare å vera blid med sekstimarsdag . . . . . . . . . . . . . . 141Nardo Bil AS, Trondheim: Svarte ikkje til forventingane . . . . . . . . . . . . . . . . . 142Vikaunet fabrikker, Stjørdal: Sekstimarsdag om vinteren . . . . . . . . . . . . . . . . . 143Brandasund Fiskeforedling AS, Bømlo: Kostbar overtid . . . . . . . . . . . . . . . . . . 143Sigurd Folland AS, Averøy: Sekstimarsskift i sesongen . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 144Oslo-forsøket . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 145

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 11 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

innhald12

kapittel 13 sekstimarsdagen i sverige . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 150Kiruna: Fleire fekk heiltidsjobb . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 150Toyota Center: Sekstimarsdag berre for menn . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 152Sekstimarsdag med bonus . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 154Av og på . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 155Attraktiv lagerarbeidsplass . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 156

For mykje fritid? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 157Offentleg sektor . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 158

Sagt om sekstimarsdagen: Göran Persson, tidlegare statsminister i Sverige . . . . . . . . 158

kapittel 14 sekstimarsdag på din arbeidsplass? . . . . . . . . . . . . 160Kvifor sekstimarsdag? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 161Skiftarbeid . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 162Kva med overtida? . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 163

kapittel 15 brutto nasjonal lykke (bnl) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 167

litteratur . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 173

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 12 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

innleiing

Visjonen om det gode arbeidet

Kvifor er ikkje sekstimarsdagen innført for lenge sia?

Alt i 1987 presenterte eit offentleg oppnemnt arbeidstidsutval framtidsbilete

der sekstimarsdagen var eitt av fleire alternativ. Økonomar hadde rekna ut at

sekstimarsdagen kunne gjennomførast utan samanbrot i den norske økono-

mien. Det same har andre regjeringsoppnemnde økonomar rekna ut i 2008.

LO-kongressen i 2005 vedtok å arbeida for forsøk med sekstimarsdag.

Daverande LO-leiar Gerd-Liv Valla sa til kongressdeltakarane at poenget med

slike forsøk var å sjå om sekstimarsdagen kan vera ein veg å gå «til vår visjon om

det gode arbeid».

Kor lenge skal vi venta på at denne visjonen blir verkeleg? Kvifor har vi ein avta-

lefesta arbeidsdag på 7,5 timar – nesten 90 år etter at åttetimarsdagen vart lovfesta?

Kvifor er grensa for normal arbeidstid i arbeidsmiljøloven framleis på heile ni

timar? Og kvifor vil mange til og med auka normalarbeidsdagen, altså den tida

som ikkje gir rett til tillegg for overtid, ubekvem tid eller nattarbeid? I diskusjonane

om framlegget til ny arbeidsmiljølov var det dei som ville setja grensa ved 13 timar.

I dei siste åra har nær tusen arbeidstakarar på ulike stader i landet, i både pri-

vat og offentleg verksemd, fått høve til å prøva kva sekstimarsdagen er, med eller

utan assistanse frå fagrørsla. For ein del av dei har sekstimarsdagen vorte ei varig

ordning. Arbeidsgivarar har sett at sekstimarsdagen fungerer godt, og at den

kan gi like gode resultat som ein lengre arbeidsdag – eller til og med betre.

Men for det store fleirtalet går kampen om tida vidare som før. Fedrar og

mødrer spring om kapp med klokka til og frå jobb, barnehage, skolefritidsord-

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 13 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

innledning14

ning, og alt som både ungar og vaksne gjerne vil gjera saman i fritida. Den fri-

tida foreldra gjerne ville ha for seg sjølve, blir kanskje salderingsposten. Sjølv

om normalarbeidsdagen har vorte litt redusert, har den gjennomsnittlege samla

arbeidstida for to foreldre auka.

Berre frå 1990 til 2005 auka gjennomsnittleg avtalt arbeidstid for mødrer og

fedrar til saman med vel to timar i veka. Og framleis arbeider ein stor del av

kvinnene deltid og mottar dellønn – i eit land som skal vera bortimot verds-

meister i likestilling.

Moderne fedrar bruker fedrekvoten for å knyta tettare band til ungane sine.

Når skal dei krevja sekstimarsdag, slik at far kan vera til stades ikkje berre i bar-

nets første leveår, men gjennom heile oppveksten?

Det er slett ikkje berre dei som har ungar, som opplever at tida ikkje strekk

til. Tidsklemma klemmer til for både den eine og den andre. Kva med alt folk

kunne ha lyst til å gjera, til glede for seg sjølve og andre – om dei berre ikkje

hadde det så travelt?

Produktivitetsveksten har gitt grunnlag for heving av lønnsnivået, sjølv om

det framleis er mange som er lågtlønte. Det urettferdige skiljet mellom kvinne-

lønn og mannslønn har vore nokså konstant dei siste tjue åra.

Kan tida likevel vera inne for å krevja meir tid i staden for meir pengar? Kan

eit slikt krav verka tilbake på lønnsskilnadene og gjera dei mindre?

Vi veit mykje om at forbruket i vår del av verda er eit direkte trugsmål mot

miljø og klima. Det er ikkje berre dei aller rikaste som står for dette forbruket.

Det går ei grense for kor høgt forbruket kan vera. Mange vil meina at det også

går ei grense for kor ulikt forbruket kan vera, både innanfor landegrensene og

når vi samanliknar med andre og fattigare land.

Kan sekstimarsdagen vera ein del av løysinga – både når det gjeld tidsmangel,

miljøkrise og manglande likestilling mellom kvinner og menn? Og kva vil den

føra med seg av nye utfordringar? Skjer det til dømes noko med maktfordelinga

i eit parforhold dersom ho og han får meir lik arbeidstid og meir lik lønn?

Korleis skal framtidige tariffoppgjer sjå ut, om vi både skal retta opp dei uri-

melege skilnadene mellom kvinnelønn og mannslønn, setja ei grense for kor

mykje kjøpekraft vi vil ha, og ta ut auken i produktiviteten i form av meir fri tid?

Kan ei heilt ny form for solidaritetsalternativ vera vegen å gå for å få gjennom-

ført seks timars normalarbeidsdag som den neste store velferdsreforma?

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 14 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

visjonen om det gode arbeidet 15

Kan innføringa av seks timars normalarbeidsdag ta til i offentleg sektor? Kva

følgjer vil det i så fall få for privat sektor?

Reaksjonane frå NHO og Høgre kan tyda på at økonomien vil bryta saman

når normalarbeidsdagen blir redusert til seks timar – sjølv om utrekningar frå

regjeringsoppnemnde økonomar viser noko anna.

Men angstreaksjonar på arbeidsgivarsida er ikkje noko nytt når det er snakk om

prisen på arbeidskrafta. Til LO-kongressen i 2001 sa Gerd-Liv Valla mellom anna:

De sa at 8-timersdagen ville ødelegge økonomien – de tok feil! De sa at lørdagsfri

ville ødelegge økonomien – de tok feil! De sa sågar en gang i tiden at forbud mot

barnearbeid ville ødelegge økonomien – de tok grundig feil! Derfor kan vi trygt

lukke ørene når arbeidgiverne sier nei. Vi har nemlig hørt det så ofte før og hver

gang har de tatt feil.

Skeptikarar argumenterer med at det blir for lite arbeidskraft om vi innfører

sekstimarsdag for alle. Er det ustyrlege naturkrefter som avgjer kva som trengst

av arbeidskraft? Kan ikkje så viktige spørsmål påverkast av politisk styring?

Åttetimarsdagen kom litt etter litt, først i einskildverksemder, langt om lenge

i tariffavtalar bransjevis, og heilt til sist som lov. Men da var den i praksis alt sett

ut i livet dei fleste stader gjennom tariffavtalar.

Kanskje er det viktigaste spørsmålet korleis sekstimarsdagen kjem? Dei erfa-

ringane som er gjorde så langt, tyder på at det kan vera stor skilnad mellom ein

sekstimarsdag som kjem meir eller mindre som eit pålegg frå arbeidsgivaren, og

ein sekstimarsdag som arbeidstakarane sjølve har vore med på å planleggja.

Denne boka gir deg ikkje svaret på kvar grensa går for forsvarleg kjøpekraft,

eller korleis du skal kvitta deg med tidspresset i kvardagen din. Men den viser

fram nokre av dei erfaringane som er gjorde med sekstimarsdag, både forsøk

som har vore så vellykka at dei har vorte varige, og forsøk som var mindre vel-

lykka. Vi gir også ein del råd som vi håpar kan vera til nytte om du har lyst til å

få prøvd ut sekstimarsdag på din eigen arbeidsplass.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 15 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 16 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 1

Det er ikkje pengane, men viljen det står på

Vi kunne ha hatt sekstimarsdagen for lenge sia. Ved midten av 1980-åra bad regje-

ringa om ei utgreiing frå dei mest kjende økonomane her i landet, om kva ulike

arbeidstidsreformer ville kosta. Utgreiinga låg klar i mars 1987. Økonomane

hadde mellom anna rekna på kva innføringa av sekstimarsdagen ville kosta. Dei

meinte at reforma kunne gjennomførast i løpet av 15 års tid, utan nedgang i real-

lønna. Dersom det hadde vore politisk vilje i regjering og storting i 1987, kunne

vi altså ha hatt sekstimarsdagen på plass i 2005. Prislappen for sekstimarsdagen

sette økonomane til 5–15 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP).

Eit spørsmål om å velja –«Arbeidstidsforkortelser er fundamentalt sett et spørsmål om å velge mellom på

den ene siden varer og tjenester, og på den andre siden fritid. Av de arbeidstider

utvalget har analysert, er 6-timersdagen den klart dyreste, målt etter hvor stor

andel av veksten i produksjon og inntekt en må gi avkall på. Under optimistiske

antakelser om ledsagende produksjonsforbedringer og endringer i driftstiden,

vil 6-timersdagen trolig innebære et tap av inntekt og produksjon på 8–10 pro-

sent, regnet i forhold til hva en kunne oppnå uten arbeidstidsreformer av noe

slag. Under mer pessimistiske antakelser kan inntektstapet bli 12–15 prosent,

forutsatt at en unngår arbeidsledighet. Under de forutsetninger som er nevnt

foran, og med en normal økonomisk vekst i løpet av nærmeste 14-årsperiode, vil

innføring av 6-timers normalarbeidsdag likevel ikke behøve å bety redusert gjen-

nomsnittlig reallønn pr årsverk ut fra dagens nivå.»

(NOU 1987: 9 A, s. 14–16)

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 17 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 118

I 2008 kom ei ny utgreiing om ulike arbeidstidsreformer (Bjørnstad, Hammer-

sland og Holm 2008), laga av Statistisk sentralbyrå (SSB) på oppdrag frå Forny-

ings- og administrasjonsdepartementet.

Departementet var interessert i andre former for årleg arbeidstidsforkorting

enn kortare normalarbeidsdag. Sekstimarsdagen er faktisk ikkje nemnd med eit

ord i bestillinga, men to av alternativa som SSB rekna på, passar med seks-

timarsdagen, slik dei også skriv i rapporten. Det første gjeld 10 prosent kortare

arbeidsveke frå 2010 og 20 prosent kortare frå 2020, altså tilsvarande ei totrinns

innføring av sekstimarsdag. Det andre gjeld innføring av fire dagars arbeidsveke

frå 2010, ei 20 prosent forkorting som tilsvarer innføring av sekstimarsdag i eitt

einaste, kjapt steg.

Med fire dagars veke er sjansane for betre fordeling av lønnsarbeidet mellom

menn og kvinner mindre enn med sekstimarsdag. Kvinner treng oftare enn

menn kortare dag, fordi dei har meir ansvar utanfor arbeidsplassen. Det er tru-

leg også mindre helsegevinst og mindre sjanse for inkludering av eldre og funk-

sjonshemma om det berre er veka og ikkje arbeidsdagen som blir kortare. Men

dei økonomiske verknadene av fire dagars veke og sekstimarsdag (i fem dagars

veke) skulle elles vera omtrent dei same.

Utgreiinga frå SSB i 2008 nytta ein litt annan modell og la inn litt andre føre-

setnader enn økonomane gjorde i 1987, men konklusjonen var den same: Seks-

timarsdagen er ikkje urealistisk. Det får ikkje katastrofale følgjer for landet å

innføra 30 timars arbeidsveke for alle frå 2010, eller i alle fall innan 2020. Med

ei slik arbeidstidsforkorting meinte SSB at bruttonasjonalproduktet (BNP) frå

Fastlands-Noreg, utan oljesektoren, ville vera 5–10 prosent lågare i 2050 enn

utan arbeidstidsforkorting (tabell 1.1). Og Noreg vil ha råd. Utan arbeidstids-

forkorting rekna dei med at BNP i 2050 ville vera 3106 milliardar 2004-kroner,

eller meir enn det dobbelte av forventa BNP i 2010, som var 1418 milliardar

2004-kroner. Det er med andre ord ikkje allverdas skilnad med og utan

arbeidstidsforkorting, og prislappen i form av lågare BNP liknar ganske mykje

på det økonomane kom fram til i 1987.

Utgreiinga frå SSB peikte også på at vi allereie i 2006 arbeidde om lag 30

timar i veka i gjennomsnitt, tilsvarande seks timar dagleg fem dagar i veka. Dei

fleste arbeider rett nok meir. Særleg blant menn er det mange som arbeider

langt over 40 timar i veka. På den andre sida er det ein god del kvinner som ikkje

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 18 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

det er ikkje pengane, men viljen det står på 19

får anna enn kort deltidsarbeid. Dei arbeider langt mindre enn 30 timar i veka

og tener tilsvarande lite. Kortare normalarbeidsdag kunne gi ei jamnare forde-

ling av dei same lønnsarbeidstimane.

Er økonomar betre spåmenn enn folk flest?Utgreiingane frå 1987 og 2008 byggjer på mange føresetnader om verknadene

av dei ulike arbeidstidsforkortingane. Tal for slikt som påverkar produktivitet

og sysselsetjing, er dels rekna ut frå modellar for korleis ting heng saman, dels ut

frå kva utgreiarane trudde ville henda.

Her er nokre av føresetnadene for reknestykka som blei sette opp i 1987:

• Auka driftstid, ved at om lag 18 prosent av dei som arbeidde dagtid i pro-

duksjon retta mot heimemarknaden, gjekk over på toskiftsordning.

• Auka produktivitet med snautt 0,2 prosent for kvar prosent timeverkinnsat-

sen gjekk ned.

• Lågare lønnskrav ville hindra arbeidsløyse.

• Sjølvstendig næringsdrivande og familiearbeidskraft vart ikkje med på

reforma.

Vi har ikkje råd til sekstimarsdag, seier motstandarane. Denne løpesetelen frå Kvinne-fronten hausten 1983 har svaret klart.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 19 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 120

• Alle på lang deltid (16–29 timar) fekk fulltid.

• Vel 3 prosent fleire kvinner vart yrkesaktive.

Sjølvsagt kunne ein eller fleire av desse føresetnadene slå feil, men det var nød-

vendig å setja dei opp for å kunna laga reknestykke som viste tenkjelege verkna-

der av reforma.

I utgreiinga frå 2008 er det på same vis. Modellen som er nytta, byggjer på

røynsler om korleis samanhengane har vore mellom forholda på arbeids-

marknaden, i produksjonen og den økonomiske politikken i Noreg i dei siste

20–30 åra. Modellen seier noko om sannsynlege verknader av ulike former for

arbeidstidsforkorting og under ulike føresetnader, om produktivitet og

arbeidstilbod (timeverk til sals), arbeidsløyse og faktisk arbeidstid (tabell 1.1).

I dei fleste reknestykka går ein ut frå at sjukefråværet er uendra, og at arbeids-

tidsforkortinga ikkje fører til auka arbeidsinnvandring. Ein går også ut frå ei

arbeidsløyse på om lag 4 prosent ved innføringa av reforma, og peiker på at

konsekvensane blir påverka av korleis økonomien er når reforma blir innført.

Når det skal reknast på innføring av fire dagars (30 timars) veke allereie frå

2010, må det leggjast inn ein omfattande overtidsbruk dei første åra, elles blir

det «negativ ledighet» (stor og udekt etterspurnad etter arbeidskraft), og det

høver ikkje med modellen som er brukt. Tenkjer vi på sekstimarsdagen som

velferdsreform, gjeld det sjølvsagt å halda overtidsbruken låg, elles er det liten

vits i reforma.

Økonomane er vane med å nytta modellar for samfunnsutvikling når dei

lagar spådommar eller prognosar. Dei økonomiske modellane er nyttige, for dei

kan hjelpa oss til å sjå ulike vegval og planleggja samfunnsreformene betre. Men

sekstimarsdagen kan endra på mykje i dagleglivet vårt som ikkje er med i føre-

setnadene for dagens modellar. Den som les gamle økonomiske utgreiingar, vil

sjå at utviklinga stort sett gjer spådommane til skamme når ein går nokre år

fram i tid. Røynda er mykje meir samansett enn nokon økonomisk modell. Der-

for er det også lov for alle å leika med tanken om kva sekstimarsdagen kan bety

for framtida vår.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 20 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

det er ikkje pengane, men viljen det står på 21

Slik fann dei prislappen for sekstimarsdagen i 1987Her er eitt av reknestykka som i 1987 fekk Victor Norman og dei andre

økonomane til å seia at sekstimarsdagen var ei realistisk arbeidstids-

reform. Reknestykket dreier seg om ei 10 prosent nedkorting av arbeids-

dagen, medan sekstimarsdagen krev 20 prosent nedkorting (frå 7,5 til 6

timar). Vi går ut frå at verknaden på økonomien er omtrent den same

for dei neste 10 prosentane som for dei første 10. Da får vi prisen for

sekstimarsdagen ved å dobla svaret i reknestykket.

I dette reknestykket har økonomane tenkt at dersom arbeidstida vart

korta ned med 10 prosent, ville 2 prosent fleire komma i arbeid, slik at

tilbodet av arbeidskraft (mengda av timeverk som er til sals) berre går

ned med 8 prosent. Samstundes har dei her tenkt at produktiviteten per

person auka med 2,5 prosent, og at driftstida berre gjekk ned med

5 prosent. Somme vil til dømes, slik vi har sett i forsøka dei siste åra, gå

over frå vanleg dagarbeid til skiftarbeid i to skift.

Det årlege utbytet på kapitalen som eigarane har satsa, kapitalavkast-

ninga, er sett til 12 prosent og det er rekna med ein timelønnskostnad på

66 kroner, slik den var i 1983. Da får dei dette reknestykket:

Nettokostnaden på 18,7 mrd kr var om lag 4,5 % av BNP (verdien av

produserte varer og tenester) i 1983 (443 mrd kr). Prisen for 20 % ned-

korta arbeidstid (sekstimarsdagen) vart derfor 9 %.

Verdien av tapte arbeidstimeverk kr 66 x 8 % av 2987 mill timeverk 15,8 mrd kr

+ Verdien av tapte kapitaltimeverk 12 % av 5 % av 1228 mrd kr i realkapital * 7,4 mrd kr

– Produktivitetsgevinst 2,5 % av (kr 66 x 92 % av 2987 mill timeverk) 4,5 mrd kr

= Nettokostnad for 10 % nedkorta arbeidstid 18,7 mrd kr

* Realkapital er verdien av maskinar, utstyr osv.(Kjelde: NOU 1987 9 B, s. 207.)

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 21 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 122

Økonomane bak utgreiingane hadde sikkert ulike meiningar om sekstimars-

dagen som samfunnsreform, men dei framstilte den ikkje som økonomisk

urealistisk eller umogeleg. Alt tyder på at dersom vi vil ha kortare dag, og der-

som vi tar sjansen på – eller beint fram ønskjer – litt lågare vekst med betre for-

deling, så har vi råd til sekstimarsdagen.

Reforma kan også gi fleire gevinstar enn desse utgreiingane rekna med:

• Vil det bli innsparing på trygd og stønad dersom fleire slepp å bli uføre-

trygda? I utgreiinga frå SSB er det som eit alternativ rekna med at kortare

arbeidsveke gir mindre langtidsfråvær, men som vi skal sjå på i kapittel 6, er

det truleg større sjanse for innsparing på uføretrygd og førtidspensjon.

• Vil det bli bruk for færre offentlege tenester og mindre institusjonsomsorg

dersom folk får meir tid utanom jobb – til ungar og til andre som treng

omsorg?

Tabell 1.1 Frå utgreiinga om arbeidstidsforkorting frå SSB i 2008. Dei forventa avvika i prosent for produksjon av varer og tenester (BNP), produktivitet, timeverk, sysselsetjing og yrkesdeltaking i år 2050, samanlikna med forventa mengder utan arbeidstidsfor-korting, for ulike sekstimarsdagsreformer (20 prosent kortare arbeidsveker).

Ulike tider for innføring av 20 % kortare arbeidsveke, som tilsvarer sekstimarsdag BNP

Produk-tivitet

(BNP per timeverk)

Time-verk per sysselsett

Syssel-setjings-

rate**Yrkes-

deltaking

Innan 2020 –8,6 –4,2 –10,1 +2,7 +3,3

Innan 2020, med finanspolitisk innstramming*

–5,4 +2,0 –9,3 +1,4 +0,9

Innan 2010 –8,5 –4,1 –10,2 +2,7 +3,5

Innan 2010, med finanspolitisk innstramming*

–5,7 +1,8 –9,3 +1,4 +0,7

* Talet på sysselsette i offentleg sektor er uendra frå forventa tal utan arbeidstidsforkorting, og satsane for inntektsskatt er auka med 3–4 prosentpoeng.

** Sysselsetjingsrate = 1 – ledigheitsrate. Forventa arbeidsløyse (ledigheitsrate) er sett til 4,2 %. Positive tal for sysselsetjingsrate betyr lågare arbeidsløyse enn utan arbeidstids-forkorting.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 22 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

det er ikkje pengane, men viljen det står på 23

• Vil det bli innsparing ved ein overgang frå forureinande produksjon til

offentleg tenesteyting som gir lite forureining? Utgreiinga frå SSB er inne på

korleis ulik politisk handtering av arbeidstidsforkortinga verkar inn på for-

delinga av produksjon og forbruk mellom offentleg og privat sektor, og mel-

lom ulike delar av desse.

Mykje er usikkert, som ved tidlegare arbeidstidsreformer. Men verda gjekk ikkje

under med dei heller. Sia 1959 er arbeidsveka korta ned frå 45 timar til tariffesta

37,5 timars veke i 1986. (Arbeidsmiljøloven er rett nok ikkje endra sia 1976, og

den seier 40 timars veke og 9 timars dag.) Bruttonasjonalproduktet (BNP), som er

summen av produserte varer og tenester, har auka trass i arbeidstidsforkortinga.

Veksten vart mindre etter kvart, men det same skjedde også internasjonalt i denne

perioden, utan omsyn til om landa gjennomførte arbeidstidsforkorting eller ikkje.

Politisk handtering verkar inn på utfallet av reforma«Inntekten, eller verdiskapningen, i Norge er nært knyttet til hvor mye vi

jobber. En må regne med at en reduksjon i arbeidstiden på sikt fører til

at inntektene i Norge synker om lag tilsvarende når man ser bort fra

oljeinntektene. En kan håpe på noen gevinster i form av høyere produk-

tivitet i de gjenværende timene, lavere sykefravær og økt yrkestilknyt-

ning, men resultatene i denne rapporten bekrefter at de samlede inntek-

tene i Norge også reduseres. Reduserte inntekter gir redusert forbruk av

varer og tjenester. Beregningene viser altså at arbeidstidsforkortelser

nettopp innebærer at det prioriteres økt fritid framfor et høyere forbruk.

Et sentralt spørsmål blir imidlertid hvilket forbruk reduseres? Og, hvilke

varer og tjenester produseres det mindre av? Den finanspolitiske respon-

sen som ledsager en arbeidstidsforkortelse kan påvirke utfallet på disse

områdene.»

(Bjørnstad, Hammersland og Holm 2008, s. 7).

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 23 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 124

Ein viktig ukjend faktor i reknestykket er korleis vi kjem til å bruka fritida. Blir

vareforbruket større eller mindre? Kva slags forbruk blir det – kan vi styra det

mot mindre forureining? Dei få forsøka vi har til no, seier ikkje mykje om

dette, men at det blir meir tid til fotball og barnepass, høyrest nokså klima-

nøytralt ut.

Kva slags skattlegging må til om ein vil at veksten som kjem, kjem i mindre

forureinande produksjon, eller vil flytta arbeidskrafta frå ein sektor til ein

annan der samfunnet har meir bruk for innsatsen? Framtida har mange

utfordringar, både med og utan sekstimarsdag. Men kan henda er sekstimars-

dagen nettopp noko av det som skal til for å finna løysingar på desse utfor-

dringane.

Ingen kan seia sikkert kva alle verknadene av ei slik reform blir, eller kor

omfattande dei blir. Truleg vil reforma komma stegvis, slik tolv-, ti- og åtte-

timarsdagen kom, slik at samfunnet tilpassar seg. Men det er i alle fall sikkert at

det blir meir tid dagleg til anna enn lønnsarbeid, det blir betre timelønn, og det

blir full eller nesten full lønn for det meste av det som i dag er deltidsarbeid.

Gevinsten for samfunnet kan ein ikkje lesa seg til berre av bruttonasjonalpro-

duktet, som mest fortel om marknadsproduksjonen. Ubetalt dugnadsarbeid og

frivillig arbeid for korps, idrettslag eller kyrkjelyd, set få spor etter seg i BNP-

rekneskapen, men kan vera viktig for lokalmiljøet. Litt meir tid til gjensidig

hjelp og omsorg i familien og mellom naboar gjer at etterspurnaden etter

barnepass og omsorgstenester i marknaden blir mindre. Det gir lågare BNP,

men kan henda ei betre arbeidsdeling mellom familie, nærmiljø og storsam-

funn (NOU 1987: 9 A; Bjerke, Eilertsen og Dahle 2001).

Tabell 1.2 Utviklinga av BNP i Noreg.

Periode Gjennomsnittleg årleg vekst

1946–60 4,7 %

1960–73 4,3 %

1973–87 3,9 %

1987–99 2,8 %

(Kjelde: Lysestøl og Eilertsen 2001)

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 24 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

det er ikkje pengane, men viljen det står på 25

Reknestykka frå NHONHO har laga sine eigne reknestykke og meiner at sekstimarsdagen «ikke er god

samfunnsøkonomi» (NHO 2006). Kostnadene finn dei ved å gå ut frå at seks-

timarsdag med full lønnskompensasjon tilsvarer ein lønnsauke på 25 prosent.

Alle kan vera einige om at slik blir timelønnsauken dersom totallønna skal vera

den same for seks timar som for 7,5 timar. Dei multipliserer deretter lønnskost-

nadene (2004) med 25 prosent og får 765 mrd kr x 0,25 = 191 mrd kr i auka

lønnskostnader «dersom det ikke samtidig skjedde andre tilpasninger».

Vi trur økonomane frå 1987 og 2008 er nærare sanninga, når dei legg inn

føresetnader om at arbeidstidsforkortinga vil ha verknader på produktiviteten

per timeverk og på mengda av timeverk som er til sals til arbeidsgivarar og

investorar («arbeidskrafttilbodet»).

NHO viser også til at Statistisk sentralbyrå og Helsedirektoratet (tidlegare

Sosial- og helsedirektoratet) meiner at det vil mangla 36 000 omsorgsarbeidarar

i 2025. Men dei gløymer at å trenga ikkje er det same som å mangla. Det rette

talet kan vera høgare eller lågare, men treng vi omsorgarbeidarar, må samfunnet

disponera arbeidskrafta annleis, og heller bremsa veksten i anna og mindre

samfunnsnødvendig arbeid.

NHO tviler på at fleire vil halda ut lenger i arbeid, og viser til at uføretala steig

etter arbeidstidsforkortinga frå 40 til 37,5 timers veke i 1987. Dei gløymer at B

(uføretal) ikkje alltid er ei følgje av A (kortare arbeidsveke), sjølv om B kjem

etter A. B kan vera resultatet av ein tredje faktor C. Dei gløymer også at seks-

timarsdagen dreier seg om kortare arbeidsdag. Kortare dag er viktigare for å

kunna orka arbeidsdagane i fysisk tungt arbeid enn ei tilsvarande kort arbeids-

veke med færre, men lengre dagar.

NHO meiner, ikkje uventa, at lønnstilskot frå staten er eit betre middel enn

sekstimarsdagen når det gjeld å inkludera fleire i arbeidslivet.

Alle reknestykke om sekstimarsdagen, anten dei kjem frå høgre eller venstre,

byggjer på føresetnader om kva som kjem til å henda. Det er nyttig å undersøkja

kvar skilnadene ligg, og kva tenking som ligg til grunn for resultata. Kvar og ein

kan gjera seg opp ei meining om kva reknestykke som verkar mest realistisk. Vi

kan utan vidare gi NHO rett i at «mikro gjelder ikke i makro». Røynslene frå eitt

forsøk fortel ikkje alt om sekstimarsdagen som velferdsreform. Men dess fleire

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 25 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 126

røynsler, dess meir lærer vi. Også dei andre store arbeidstidsreformene, titi-

marsdagen og åttetimarsdagen, begynte i det små.

ProduktivitetsutviklingaFrå åttetimarsdagen vart lovfesta i 1919 og fram til 2000 er bruttonasjonalpro-

duktet (BNP), eller summen av varer og tenester, femtendobla, og det private

forbruket per person er femdobla i den same perioden.

Og om vi berre ser på utviklinga sia sist sekstimarsdagen var oppe til debatt,

ser vi at produktiviteten for kvar sysselsett auka med 57 prosent sia 1980, eller

67 prosent om vi også reknar med oljeverksemda (sjå tabell 1.3). Det må vera

rom for å ta ut noko av denne arbeidseffektiviteten ved å korta ned på den tida

som vi dagleg bruker til lønnsarbeid.

Det nødvendige arbeidet krev utruleg mykje mindre tid i dag. Mange har

fantasert om at lønnsarbeidet vil ta slutt (Keynes 1930 og Rifkin 1999). Men

Overgangen frå 7,5 timars dag til to skift på seks timar i delar av bedrifta har auka pro-duktiviteten hos SinkaBerg-Hansen i Rørvik. Bjørg Tørriseng sorterer laksefiletbitar.Foto: Greg Rødland Buick.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 26 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

det er ikkje pengane, men viljen det står på 27

ettersom kapitalismen byggjer på at investoren skal tena på lønnsarbeidet til dei

han tilset, blir nok ikkje lønnsarbeidet borte før også kapitalismen og inves-

torane får avløysing.

Kampen om arbeidstida er ikkje vunnen ein gong for alle. Da arbeidsmiljø-

loven vart revidert i 2005, var det eit fleirtal i Stortinget som ville gå baklengs i his-

toria igjen, mot lengre arbeidsdagar og meir overtid. Sommaren 2004 var «inves-

tor» Jens Ulltveit-Moe ute med framlegg om at arbeidstida i eksportindustrien

burde aukast til 40 timars veke. Førebiletet var Siemens i Tyskland, som pressa

arbeidarane til å gå attende til 40 timars veke (frå 35 timar) utan lønnskompensa-

sjon, ved å truga med utflagging (Dagens Næringsliv 17.08.2004).

For somme verksemder kan timelønnsauken gå så hardt utover lønnsemda at

resultatet blir nedlegging eller utflagging, nett som i dag når den eine verksemda

taper i konkurranse med den andre. Det er ikkje mogeleg i lengda å halda liv i

verksemder som ikkje klarer seg utan å underbetala dei tilsette i høve til konkur-

renten. Trugsmålet om nedlegging og utflagging kan vera skremmande nok,

særleg i dårlege tider. Men det gjeld ikkje berre innføringa av sekstimarsdagen,

Tabell 1.3 Utvikling i produksjon og produktivitet 1980–2007.

BN

P (

i mill

. kr)

.1 Fa

ste

2000

-pri

sar

Syss

else

tte

(i t

use

n)2

BN

P i

kr

pr. s

ysse

lset

t.Fa

ste

2000

-pri

sar

Mill

. tim

ever

k3

BN

P i

kr

pr.t

imev

erk.

Fast

e 20

00-p

risa

r

Fastlands-Noreg

1980 578 715 1 900,3 304 539 2 988,3 194

2000 935 420 2 248,4 416 038 3 245,0 288

2007 1 170 121 2 442,8 479 008 3 409,9 343

Noreg

1980 694 648 1 948,9 356 431 3 078,7 226

2000 1 302 768 2 319,5 561 659 3 375,4 386

2007 1 510 086 2 531,0 596 636 3 571,2 423

1. Statistikkbanken Emne 09 Tabell 05112 (ssb.no) SSB.2. Årleg nasjonalrekneskap 1970–2007 tabell 17 (ssb.no) SSB.3. Årleg nasjonalrekneskap 1970–2007 tabell 16 (ssb.no) SSB.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 27 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 128

det gjeld alle krav om betre arbeidsvilkår enn dei som gjeld hos konkurrentane

her eller i andre land. Og ikkje alle verksemder tener på flytting. For mange vil

den beste kunnskapen, den billegaste energiforsyninga og den viktigaste mark-

naden framleis vera å finna her i landet.

Ikkje alt kan automatiserastEffektiviseringa i aluminiumsindustrien kan ikkje tena som førebilete for effektivi-

sering av sjukehusa. Ikkje alle yrke og bransjar i samfunnet kan eller bør utnytta

teknologi til produktivitetsauke i same grad. Det blir til dømes ofte sagt at produk-

tivitetsauke grunna teknologiutvikling ikkje er noko argument for sekstimarsdag i

sjukehus, utdanning og eldreomsorg. Der har ikkje teknologien så mykje å seia for

produktiviteten for kvar av dei tilsette. Men vi snakkar om ei samfunnsreform der

gevinsten av produktivitetsauken i dei sektorane som kan dra mest nytte av

teknologiutviklinga, blir fordelt på heile samfunnet. Og det er nett i dei sektorane

som har lite teknologi og mykje menneskeleg arbeidskraft, at ein lettast vil merka

fordelane ved betre forvaltning av menneskeleg arbeidskraft og arbeidsevne.

Det er dessutan statskassa som får det meste av gevinsten dersom det blir

innsparing på trygde- og stønadsbudsjettet. Og dette er ein av dei verknadene

som kan ventast både i offentleg og privat sektor.

I Statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking i 2003 (Ugreinov 2005) meinte

halvparten av arbeidstakarane mellom 50 og 66 år at kortare arbeidstid ville vera

av «stor eller meget stor betydning» for om dei kunne fortsetja i yrket fram til

pensjonsalder (sjå også kapittel 6). Dersom avgangen frå arbeidslivet med uføre-

pensjon eller AFP vart utsett med berre eit par år, ville det gi store gevinstar for

stat og kommune, i tillegg til den menneskelege gevinsten for kvar einskild.

Kortare dag – ein litt større del av kaka så lenge det varerEi arbeidstidsforkorting frå 7,5 til 6 timar «med full lønnskompensasjon», altså

utan nedgang i lønn, betyr 25 prosent timelønnsauke. Det endrar på fordelinga

av verdiane av det vi produserer av varer og yter av tenester. Ein større del vil gå

til arbeidslønn, og dermed vil ein mindre del gå til eigarinntekt. Auka arbeids-

intensitet i kjølvatnet av auka konkurranse har lenge påverka fordelinga til for-

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 28 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

det er ikkje pengane, men viljen det står på 29

del for eigarane. Kortare arbeidstid skyv likevekta den andre vegen, men berre

så lenge arbeidstidsforkortinga ikkje blir tatt att av auka produktivitet, med

automatisering, tempoauke eller overtidsavtalar som er innretta etter eigarane

sine ønske om «fleksibilitet».

Dei som ikkje vil ha sekstimarsdag, argumenterer gjerne med at produktivi-

teten vil slutta å auka, og at det ikkje er råd å styra arbeidskrafta dit samfunnet

treng den. Det er ikkje berre svartsynt, men uhistorisk og urealistisk. Vi har

komme oss godt og heilskinna gjennom kvar einaste arbeidstidsnedkorting til

no, så det skal nok gå denne gongen også. Men dei som har mest tiltru til mark-

nadsstyring, vil ikkje styra arbeidskrafta dit den trengst mest, og vekk frå den

produksjonen som vi har for mykje av, men som «marknaden» vil ha.

Ja eller nei til sekstimarsdagen er nok meir eit spørsmål om politisk usemje

enn om kven som har den rette økonomiske modellen.

Sagt om sekstimarsdagen: Øystein Dørum, sjeføkonom

i DnB Nor Markets

– Sekstimarsdagen kjem, men ikkje enno

«Det er trolig bedre å ta ut mer fritid i form av kortere arbeidsdag enn i

lavere pensjonsalder, men det vil koste.» Det skreiv Øystein Dørum,

sjeføkonom i DnB Nor Markets, i Dagens Næringsliv 3. oktober 2005.

Og det meiner han framleis.

Dørum peiker på den produktivitetsveksten som har vore i dei siste

hundre åra, og meiner den først og fremst kjem av at vi arbeider smar-

tare, ikkje at vi arbeider meir, og at det vil vi halda fram med. Verdiska-

pinga per hovud vil framleis auka i tida som kjem.

– Til no har vi valt å ta ut denne veksten i både lønn og fritid, og det

vil vera underleg om ikkje ein del av veksten skal føra til at vi får meir

fritid etter kvart. Vi har nådd eit forbruksnivå som er langt forbi det ein

kan rekna som nødvendig forbruk. Mindre forbruk ville dessutan bety

mindre press på ressursane, seier Dørum.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 29 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 130

Han meiner også at det vil vera smartare å ta ut den auka fritida i kor-

tare arbeidsdag enn i lågare pensjonsalder.

– Det er fleire grunnar til det. Det eine er at kortare dagleg arbeids-

tid vil betra produktiviteten i somme verksemder, og kanskje også

redusera sjukefråværet. Slike verknader får ein ikkje av å setja ned

pensjonsalderen. Og med eit mål om å hindra utstøyting frå arbeids-

livet vil kortare dagleg arbeidstid vera eit gode. Ein reduksjon av

arbeidsveka er dessutan noko som kan endrast, om det skulle bli bruk

for det, men å få folk tilbake i arbeid dersom dei først har fått pensjon,

vil ikkje vera like lett. Dessutan er det mykje som tyder på at dei fleste

har det betre med å halda fast på tilknytinga til arbeidslivet, enn med

å bråstoppa ved ein tidleg pensjonsalder. Kanskje vil det også vera

lettare med kortare dag?

Men Dørum er fullt klar over at det kostar å korta arbeidsdagen ned

til seks timar. Redusert arbeidstid utan tilsvarande kutt i lønn vil redu-

sera konkurranseevna, og han ser det som eit argument for å ta ei slik

arbeidstidsforkorting stegvis. Han ser for seg at vi kan ha fått 35 timars

veke og seks vekers ferie før 2020, og 30 timars veke og åtte vekers ferie

om lag 2050. Om vi beheld fem vekers ferie, vil tretti timars veke kunna

vera ein realitet etter 2040. Men det er sjølvsagt avhengig av kva som

blir den faktiske pensjoneringsalderen framover.

Dørum meiner ikkje det er sjølvsagt at det skal vera full lønnskom-

pensasjon ved ei arbeidstidsforkorting.

– Arbeidsgivarsida har tatt brorparten av kostnadene der og da når

forkortingar har vore gjennomførte. Men arbeidstakarane kan ikkje

venta å få både i pose og sekk over tid. Det er ein konstant konflikt mel-

lom arbeidstakarar og arbeidsgivarar om korleis ein skal fordela avkast-

ninga av produksjonen, og kva som er rett her, vil eg ikkje meina noko

om. Men i oppgangstider, slik som no, er arbeidstakarane sin forhand-

lingsstyrke betra.

– Ditt råd til fagrørsla er å vera raskt ute med å stilla krav om kortare

arbeidstid når det er stor etterspurnad etter arbeidskraft?

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 30 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

det er ikkje pengane, men viljen det står på 31

– Draumeløysinga kan vera at visse arbeidsgivarar kan bruka kortare

arbeidsdag for å få og halda på dei arbeidstakarane dei treng i tider med

stor etterspurnad etter arbeidskraft, og at det såleis kan vera ein vinn-

vinn-situasjon. Men sekstimarsdagen som rekrutteringstiltak fungerer

berre så lenge det ikkje er ei allmenn forkorting av arbeidsdagen, seier

sjeføkonomen, og minner om at den siste arbeidstidsforkortinga, i

1987, kom på tampen av ein høgkonjunktur.

– Det er i tider når økonomien er på det heitaste at det kan vera

lettast å få gjennomført slike arbeidstidsreformer. Paradoksalt nok, sia

det er da ein treng flest mogeleg arbeidstimar, seier han.

Men når det gjeld samanhengen mellom klimakrise og vestleg over-

forbruk, er Dørum varsam med å trekkja inn arbeidstidsreduksjon og

redusert kjøpekraft som eit viktig argument.

– Det viktigaste i vår del av verda er at veksten må bli reinare. Vi i dei

rike landa har eit moralsk ansvar. Dessutan har dei fattige landa klart gitt

uttrykk for at dei ikkje vil akseptera at vi har eit høgare utsleppsnivå per

innbyggjar enn dei. Lågare økonomisk vekst i dei rike landa vil hjelpa

noko, men vil ikkje i seg sjølv vera nok til å løysa klimakrisa, seier Dørum.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 31 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 2

Kortare, men hardare arbeidsdag?

Mange er redde for at sekstimarsdagen skal gi mykje hardare arbeidsdagar. Men

krav om auka tempo og stadig høgare innsats har prega norsk arbeidsliv i fleire

tiår, og har ikkje noko med sekstimarsdagen å gjera. Slike krav blir gjerne for-

klarte med «globalisering» – som om det var naturkrefter som menneska ikkje

kan setja seg opp mot. Men vi veit jo at det er skilnad frå land til land i kor hardt

sitronen blir pressa, akkurat som når det gjeld andre arbeidsvilkår. Lovar og

avtalar som regulerer arbeidslivet og sikrar arbeidsvilkåra, er berre mogeleg å få

igjennom der arbeidarklassen har eit minstemål av demokratiske rettar, ikkje

minst full rett til å fagorganisera seg. Dess svakare organisering, dess dårlegare

arbeidsvilkår.

Om pausane blir kortare når sekstimarsdagen kjem, kan det gå bra i ei bedrift

der arbeidstempoet er rimeleg og handlefridommen i jobben er stor. Men der-

som pausane forsvinn når sekstimarsdagen kjem, og tempoet på førehand er så

høgt at folk slit med å henga med, da kan sekstimarsdagen bli helsefarleg. I ei

slik bedrift kan pausane like gjerne forsvinna i neste effektiviseringsrunde, utan

draghjelp frå sekstimarsdagen, dersom ingen klarer å organisera motstand. Det

avgjerande er ikkje kor lang arbeidsdagen er, men om dei tilsette maktar å

bremsa det mest uvettige jaget.

Utvida driftstid, slik vi har sett i nokre av forsøka, er kanskje ikkje ei verre

belastning for dei tilsette i somme bedrifter enn at sekstimarsdagen er verd den

prisen. Det er verre dersom prisen for arbeidstidsforkortinga blir at dei sam-

funnsmessige, lov- eller avtalefesta grensene for normalarbeidsdagen forsvinn.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 32 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare, men hardare arbeidsdag? 33

35-timarsveka i Frankrike (sjå ramma) vart kopla saman med ei omfattande

fleksibilisering av arbeidstida etter marknad og etterspurnad. Den prisen for

reforma kan komma til å kosta dei tilsette dyrt.

Ei tilsvarande fleksibilisering vart også forsøkt tatt inn i den norske arbeids-

miljøloven i 2005, utan tilsvarande nedkorting av arbeidstida. Men takk vera

innbitne protestar frå fagrørsla reverserte den raudgrøne regjeringa dei verste

endringane i arbeidsmiljøloven da dei vann valet i 2005.

35-timarsveka i FrankrikeI Frankrike vart det frå 2000 gradvis innført 35 timars veke, men slik at

fritida kan vera fridagar og ferie like så vel som kortare arbeidsdag, og

arbeidstida kan reknast som årleg gjennomsnitt. Loven om 35-timars

veke opna også for individuelle avtalar om arbeidstid.

Det er vide rammer for overtidsbruk, og president Nicolas Sarkozy

går vidare på same veg: «la liberté de gagner plus, en travaillant plus» –

fridom til å tena meir ved å arbeida meir. Mens den historiske kampen

har stått om fridom frå lønnsarbeid, meir tid for arbeidarens eigen del

og færre timar til sals til eigarane, vil Sarkozy heller at franskmennene

skal drøyma om fridom til å tena meir – fridom til meir overtid.

Sjølv om det ein har fått i Frankrike, ikkje er ei sekstimarsdagsreform,

er erfaringane interessante. Regjeringa brukte arbeidstidsnedkortinga

som lokkemat når det skulle gjerast lettare for arbeidsgivarar å variera

lengda på arbeidsdagane etter sitt eige behov. Det same kan skje andre

stader.

Erfaringane er også interessante når det gjeld verknadene for

arbeidsmiljøet. I ei rundspørjing som fagforbundet CFDT (Confédéra-

tion française démocratique du travail) gjorde blant medlemmene,

svarte 53 prosent at dei gjorde like mykje som før på kortare tid, og

40 prosent meinte det ikkje hadde vorte lyst ut nye jobbar på arbeids-

plassen deira. Om lag like mange (43 prosent) meinte at arbeidstids-

forkortinga hadde ført til problem som hadde med organiseringa av

arbeidet å gjera.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 33 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 234

Kva slag samfunn?Det finst økonomar som meiner at framtida ligg i robotisering av eldreomsorga.

Dei har visst forska seg fram til at berre fem prosent av tida blir brukt til «å halda

i handa og snakka med folk». Da må resten kunna automatiserast. Kameraover-

vaking på sjukehusposten og elektronisk fotlenkje i sjukeheimen skal kunna

spara inn utrulege summar. Og da veit vi – om vi ikkje visste det før – at mykje

av effektiviseringsdebatten beint fram dreier seg om kva slag samfunn vi vil ha;

den gjeld ikkje berre omsorg og tenesteyting. Straks dyre maskinar kjem på

plass i bedrifta, kjem spørsmålet: Har vi råd til å la dyre maskinar stå stille? Mot-

spørsmålet blir om vi har råd til å gjera natt til dag for fleire menneske. Skulle

ikkje maskinane gjera livet lettare? Skal dei tena oss, eller skal vi tena dei? Ein

maskin som står stille, gir mindre inntekt til eigaren enn ein maskin som går.

Kan henda maskinen bør stå om natta likevel, så arbeidaren får sova.

Mekanisering, automatisering og elektronikk kan framleis ta over mykje

meir av arbeidet for oss. I vår del av verda har den teknologiske utviklinga gitt

velstand for mange fleire enn før. Vi har fått laurdagsfri og ferie med lønn, men

vi har også fått strukturarbeidsløyse og ufrivillig trygd og førtidspensjonering,

altså nedkorting av arbeidstida til fordel for eigarane, utan lønnskompensasjon.

I ei grundigare undersøking der forskarar og tillitsvalde drøfta

arbeidsvilkåra i direkte samtalar på arbeidsplassane, var det få som sa

seg misnøgde med sjølve arbeidstidsforkortinga. Det var få som meinte

at den kortare arbeidstida var årsaka til det dei opplevde av høgt arbeids-

tempo og tidspress. Arbeidstidsforkortinga forsterka berre ein tendens

som allereie var der, til stadig hardare krav om innsats.

Det er også interessant at sjølv om loven om 35-timars veke overlèt

spørsmålet om lønn til forhandlingar mellom partane, opprettheldt

heile 90 prosent av avtalane lønnsnivået utan omsyn til nedkortinga av

tida (gjennomsnittleg 3–4 timar i veka), men i 77 prosent av avtalane

vart lønna fryst for 2–2,5 år frametter.

(Kjelder: Rambøll Management 2006; Thery 2006, s. 5–16)

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 34 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare, men hardare arbeidsdag? 35

I andre delar av verda tar eigarane (som ofte sit i vår del av verda) mykje meir av

produktivitetsgevinsten. Der sit arbeidarane att med valet mellom å gå arbeids-

lause eller å underby maskinane ved å selja arbeidskrafta si billegare og godta

dårlegare arbeidsvilkår.

UtmattingKravet om at arbeidstakaren skal vera fleksibel som ein gummistrikk er ikkje

nytt. Ikkje høg arbeidstakt og høge produktivitetskrav heller. Dei kjem når folk

manglar arbeid og sosial tryggleik, og når dei ikkje kan seia nei. Ein av pione-

rane i nordamerikansk arbeidsmedisin, legen Alice Hamilton, skriv i sjølvbio-

grafien sin frå 1943:

«Om du er lenge nok i ein fabrikk til verkeleg å få eit inntrykk av det som går føre

seg, begynner du å tenkja at det kan henda hadde vore betre om alle pengane vart

brukte til å setja ned arbeidstempoet … Påkjenninga ved å halda eit fast tempo i

timevis, utan variasjon, utan pause, utan kontroll, skaper ei utmatting som er

større enn det som tilsvarer muskelbruken, fordi dette også dreier seg om kjensler.»

(Hamilton 1943, s. 418–419, vår oms.)

Det som rører ved kjenslene, er vanskelegare å snakka om enn andre miljøpro-

blem som støv og støy. Arbeidsmiljøloven forbyr «uheldig psykisk belastning»,

men kva er no det? Ein kan snakka om stress og tidspress, men vi reagerer ulikt

på knappe fristar. Somme arbeider best med litt tidspress, hos andre set det seg

rett i nakkemusklane og øydelegg både fritid og nattesøvn. Og mange slit mest

med at dei ikkje rekk å gjera arbeidet så godt som dei gjerne ville. I levekårs-

undersøkinga til SSB i 2003 kom det fram at om lag 30 prosent av alle sysselsette

ikkje syntest dei hadde tid til å gjera arbeidet sitt skikkeleg. Mest vanleg var det

blant sjukepleiarar og lærarar, der 40 prosent ikkje rakk å gjera arbeidet som dei

helst ville (SSB, Statistikkbanken, emne 06, tabell 04824).

Mange slit med ei kjensle av at det er dei sjølve som ikkje strekk til, når dei er

misnøgde med kvaliteten på arbeidet sitt. Skamma lèt seg ikkje så lett dela med

arbeidskameratar. Det kan gå utover både helse og humør. Og det blir ikkje

betre av at HMS-rådgivarar går på kurs og lærer at dei må få dei tilsette til å «ta

ansvar for eiga helse». Så kjem dei og fortel deg at du må trena meir, «trening

hjelper både på søvn og triste tankar». Kjensla av ikkje å strekka til i jobben, og

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 35 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 236

av å mangla tid og ressursar til å gjera arbeidet skikkeleg, er ikkje noko ein kan

jogga seg frå.

KvalitetKvaliteten på arbeidet er avhengig av at vi legg inn røynsler, menneskekunn-

skap, godvilje og problemløysingsevne hele tida. Når alt som kan gå gale, faktisk

går gale, er det du og arbeidskollegaene dine som får det heile til å henga saman,

trass i pengemangel, hastverk, underbemanning og omorganisering. Denne

innsatsen er heilt avgjerande for kvalitet og resultat, men vanskeleg å telja og

måla. Måling krev standardisering og noko som er lett å telja: avissider per jour-

nalist, avslutta attføringssaker eller produserte pølser per dag. Personleg kom-

petanse blir korkje sett eller verdsett av dei som berre les produktivitetsmål,

budsjett og tal for avkastning på investeringa.

Pausen er ikkje ein liten bit fritid som har forvilla seg inn på arbeidsplassen. Den høyrermed, sjølv om arbeidsdagen blir korta ned til seks timar. Her er Jon Olav Loe (til venstre)og Mikal Sæteren i pauserommet på Minera si avdeling på Oppdal på den aller førstesekstimarsdagen i bedrifta, 30. januar 2006. Foto: Kristin Rødland Buick.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 36 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare, men hardare arbeidsdag? 37

Alle må yta av seg sjølve i jobben, om den kan sjå aldri så enkel ut utanfrå. Du

finn løysingar, stansar ein haltande prosess før den går av sporet, hjelper ein for-

virra kunde/brukar/pasient berre med eit vennleg ord. Men blir det verdsett?

Dersom det einaste som tel for leiinga, er å nå måltala for produksjon eller over-

skot, må jo dei tilsette tru at kvaliteten på arbeidet deira er mindre viktig.

Pausar er god investeringArbeidsmiljøloven seier at tilsette skal ha pause om dei arbeider meir enn fem

og ein halv time, men den seier ikkje kor lang pausen skal vera for arbeid under

åtte timar. I dag er det opp til avtalane. Og arbeidspresset er allereie så høgt

mange stader at det hender folk tar pausen til hjelp for å bli ferdige i tide.

Somme et på kontoret, andre i bilen undervegs mellom jobbane, eller pausetida

blir kutta ned.

Det er truleg klokt å halda på ein lang pause og fleire små, sjølv om dagen blir

kortare. I fysisk tungt arbeid er det meir effektivt å kunna ta småpausar innimel-

lom i staden for berre ein eller to lange pausar. Men den lange pausen er verdfull

for meir enn mat og kvile. Ikkje minst er den viktig for samværet med dei andre.

Pauserommet er ein stad der ein kan lufta ut tankar og reaksjonar for andre som

veit kva det handlar om. Det er ein stad å få råd og støtte om det trengst. Vi treng

alle å kjenna at vi høyrer til i ein fellesskap som er støttande, og der arbeidet vårt

er del av noko større. Sjølv med sekstimarsdag må ein derfor vera varsam med å

ofra pausane. Det gjeld å sikra at det blir rom for å ta vare på fellesskapen. Kan

henda er dette aller viktigast på stader der det ikkje er så lett å møtast utanom

arbeidstida.

SINTEF-rapporten om sekstimarsforsøket i Trondheim parkering KF

(Buvik, Tvedt og Torvatn 2008) viser at dei tilsette i første del av forsøket var

redde for å mista den sosiale kontakten med kollegaene når fellespausane vart

borte. Men etter ei tid såg det ut til at dei hadde vorte vane med ei anna pause-

organisering, og at dei fekk meir ut av samværet med kollegaene når dei var

færre samla i pausane (sjå også s. 133).

Pausen er ikkje ein liten bit fritid som har forvilla seg inn på arbeidsplassen –

den høyrer med. Den gjer arbeidstida meir effektiv. Ein lang og nokre små. Dei

små pusteromma er ikkje daudtid, dei er livsviktige. Dei gjer det mogeleg å

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 37 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 238

henga med, også for folk med mindre krefter enn gjennomsnittet. Den som kan

styra tempoet etter dagsforma, unngår slitasje. Pausar er god investering, også

med sekstimarsdag.

Gode løysingarEin vellykka sekstimarsdag krev ein gjennomgang av arbeidet på førehand, slik

at omorganiseringa av arbeidet tar vare på gode arbeidsvilkår og helst gjer dei

betre. Det vart til dømes gjort under Oslo-forsøket (sjå s. 145), men det vanlege

er at omsynet til arbeidsvilkåra blir forsømt når bedrifter skal omorganisera.

I ei undersøking som Arbeidstilsynet gjorde i 2003, hadde to tredelar av kom-

munane omorganisert heimetenesta dei siste åra, men berre eit mindretal hadde

på førehand tenkt igjennom kva omorganiseringa ville gjera med arbeidsvilkåra

(Andersen og Eidset 2003).

Konsulentane som gir råd om omorganisering, er dessverre ofte heilt blanke

når det gjeld kunnskap om sjølve arbeidet i bedrifta, eller om kva som verkar på

arbeidsmiljøet. Dei kan registrera produktivitetsmål og driva «benchmarking»,

det vil seia samanlikning av om alle elektrikarane i firmaet bruker same tid på

ein reparasjon, eller om heimetenesta i alle kommunar bruker like langt tid på

besøka, eller kor mange attføringssaker kvart NAV-kontor behandlar i veka. Så

finn dei gjennomsnittet, eller den som er raskast, og seier at der skal alle liggja.

Og alle heimetenester får til dømes vita at dei skal bruka 60 prosent av tida

heime hos brukarane for å vera konkurransedyktige. Men når fleirtalet har

pressa seg dit, må den som vil vinna konkurransen, liggja på 65 eller 70 prosent

for å vera konkurransedyktig. Og så halsar vi vidare i rotteracet – til nokon set

ned foten og seier stopp.

Effektiviserings- og omstillingskonsulentane har lett for å sjå på alt som ikkje

går til «produksjon» – til ein bestemt reparasjon, til behandling av saker eller til

besøk hos brukarar – som daudtid, bortkasta tid. Alt frå personalmøte, matpau-

sar og kurs til uventa avbrot skal inn på minst mogeleg tid eller helst heilt vekk.

Som dei sa i heimetenesta i ein kommune: – Uventa hendingar? Nei, det har vi

ikkje tid til.

Det er ikkje lett å forsvara kvalitet i eit slikt klima, og å gjera krav på fagleg og

personleg utvikling i jobben, slik arbeidsmiljøloven seier det skal vera. Det er

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 38 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare, men hardare arbeidsdag? 39

heller ikkje lett å få forståing for at vettug bruk av pausar er ein føresetnad for

godt og effektivt arbeid.

Sekstimarsdagen krev ei omorganisering som ein skulle tru var ei endring til

det betre. Men dersom dei tilsette ikkje blir tatt med på råd, kan ein få fleire pro-

blem enn det som er nødvendig, og da blir lett heile sekstimarsdagen ein fiasko.

Sagt om sekstimarsdagen: Sigrun Vågeng, arbeidslivsdirektør i NHO

– Heller meir fleksibilitet enn sekstimarsdag

I dei diskusjonane som kom etter LO-kongressen og Soria Moria-erklæ-

ringa i 2005, som begge gjekk inn for forsøk med sekstimarsdagen, har

det frå Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) vore gjort klart at ei all-

menn forkorting av arbeidsdagen til seks timar vart sett som eit trugs-

mål mot både velferd og konkurranseevne.

Arbeidslivsdirektør Sigrun Vågeng i NHO stadfestar at desse stand-

punkta står ved lag, også i 2008. Kortare arbeidsdag vil ikkje vera gratis,

sekstimarsdag med full lønnskompensasjon vil seia at arbeidstida blir

redusert med 20 prosent, på same tid som timelønna stig med 25 pro-

sent. Dette er NHO sitt utgangspunkt for å vurdera ei slik reform.

– Dersom lønnskostnadene blir for høge, konkurrerer vi oss ut, seier

Vågeng, og minner om at nesten halvparten av det som blir produsert i

landet, blir eksportert.

Mykje av grunngivinga for kravet om sekstimarsdagen er at tida blir

for knapp for den som både skal vera heiltids yrkesaktiv og ta ansvar for

heim og ungar, og at det særleg rammar kvinner.

– Er det ikkje eit ansvar for NHO å leggja til rette for at fleire kvinner kan

vera yrkesaktive på heiltid?

– Vi engasjerer oss for å få fleire kvinner i leiing og styre, og vi vil

gjerne ha fleire yrkesaktive kvinner i privat sektor. I dag er berre 25 pro-

sent av arbeidstakarane i privat sektor kvinner, men eg tviler på at det

har noko med arbeidstida å gjera. Kanskje har vi ikkje greidd å fortelja

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 39 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 240

godt nok om den fleksibiliteten som det er mogeleg å ha når det gjeld

arbeidstid, seier Vågeng.

Ho understrekar at det er rom for å gjera personlege val som gir meir

tid til familien i dei periodane det trengst mest. Dette er ingen grunn til

å endra lovar og avtalar om kor lang normalarbeidsdagen skal vera.

– Ingen kan velja alt til same tid, primært må vi leggja til rette for full

jobb for begge to. Vi må alle ta ansvar for vårt eige liv, det gjeld også dei

som arbeider så mykje at grensa mellom arbeid og fritid blir viska ut.

– Kunne sekstimarsdagen med full lønn for alle – på ein arbeidsplass eller i

ein bransje – vera ein konkurransefaktor for å trekkja fleire kvinner til delar av

privat sektor?

– Eg har meir tru på større fleksibilitet og at den einskilde medarbei-

dar og arbeidsgivar kjem fram til gode løysingar for både den einskilde

og for arbeidsplassen.

– Mange argumenterer for at sekstimarsdagen er viktig for eit godt liv utan-

for jobben. Er ikkje det også ei sak for NHO?

– Her må vi primært satsa på at arbeidstakarane gjer gode val på indi-

viduelt vis. Arbeidsgivarane har først og fremst ansvaret for å tilby gode

og sunne arbeidsplassar. Det har også mykje å seia korleis viktige sam-

funnstenester er organiserte, mellom anna at det er tenlege opnings-

tider i barnehagar, offentlege tenester og handels- og servicefunksjonar.

– No kjem frå fleire hald ideen om å krevja tid i staden for pengar i lønns-

oppgjera som eit tiltak for å bremsa den økonomiske veksten og det private

overforbruket. NHO har vel også eit miljøansvar?

– Vi har også eit ansvar for å forvalta arbeidskrafta på ein best moge-

leg måte. Det må vera ein balanse mellom dei som er i jobb, og dei som

står utanfor. Færre i arbeid betyr at grunnlaget for velferda vår blir sva-

kare. Så må vi også bruka ressursane våre slik at vi tar vare på miljøet.

– Kva tenkjer du om arbeidsdagen for framtida? Skal den ikkje bli kortare?

– Det vil vera historisk dumt å setja 7,5 timar som ei absolutt grense,

men eg trur vi er ved ei tolegrense. All velferd er avhengig av arbeid, og

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 40 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare, men hardare arbeidsdag? 41

iallfall på kort sikt er det vanskeleg å sjå for seg ei generell arbeidstids-

forkorting. Vi har mangel på arbeidskraft, vi kan ikkje på same tid både

forkorta arbeidstida og seia at vi treng arbeidskraft. Velferda må beta-

last. Det største fødselskullet nokon gong, 1946-årgangen, blir pensjo-

nistar i 2013. Vi har no om lag 600 000 alderspensjonistar, og talet vil

auka med 200 000 fram til 2020 og enda 200 000 fram til 2030. I det

perspektivet er det vanskeleg å sjå at ei omfattande arbeidstidsreform

kan gjennomførast utan at det får alvorlege konsekvensar for konkur-

ranseevna. Men vi vil nok sjå einskildeksempel på sekstimarsdag i bedrif-

ter der ordninga kan tilpassast, særleg i bedrifter som ikkje konkurrerer

så mykje med utlandet, seier Vågeng.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 41 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 3

Mindre vekst, betre fordeling

Kven kan bry seg med sekstimarsdag når vi står framfor trugsmål om drama-

tiske klimaendringar over heile kloden, tenkjer du kan henda. Men sekstimars-

dagen forsvarer så visst plassen sin i den store diskusjonen vi alle må føra om

framtida for oss og for dei som kjem etter oss.

Øystein Dahle, styreleiar i Worldwatch Institute og tidlegare Esso-direktør,

har tatt til orde for å redusera arbeidstida av omsyn til klimaet og kloden. I eit

intervju i Dag og Tid 25. april 2008 seier han at arbeidsveka bør innehalda berre

éin dag med betalt arbeid, elles må folk kunna arbeida utan lønn. Vi har spurt

han om tankane bak så drastiske framlegg.

– Det kan diskuterast om det trengst tre eller fire jordklodar dersom resten av

verda skulle ha same forbruksnivå som vi har i vår del av verda. Men den disku-

sjonen er bortkasta. Det som ikkje kan diskuterast, er at vi har berre éin klode.

Og vi, som ein del av den minoriteten som er Europa, Japan og USA, om lag

14 prosent av menneska på jorda, har brukt opp heile den økologiske kapasite-

ten. No må vi ned i forbruk for å prøva å oppnå ei økologisk likevekt. Og vi må

vidare ned for at dei som ikkje har noko, skal få noko. Det aller viktigaste er at

vi ikkje aukar forbruket enda meir, og så må vi prøva å redusera forbruket, seier

Dahle.

– Nyttar det å argumentera for å stansa den økonomiske veksten i eit land som

vårt? Kven kan gå til val på eit sånt program?

– Ingen går til val på «redusert forbruk». Dette er ein diskusjon som blir van-

skeleg. Men vi får større vanskar om vi ikkje gjer noko. Det første er at folk må

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 42 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

mindre vekst, betre fordeling 43

skjønna problemet, og eigentleg trur eg mange er i ferd med å skjønna kva det

dreier seg om.

– Vi har vorte tingrike og tidfattige, gåver begynner å gjera vondt. Julehande-

len, som når nye rekordar for kvart år, har vorte eit sjukdomssymptom, seier

Dahle.

Det hjelper ikkje om einskildindivid endrar handlevanar eller forbruksvanar.

Det kan vera vel og bra at folk sparer energi ved å skru av unødvendig elektrisitet

eller kuttar ut innkjøp av varer dei ikkje treng. Men da sparer dei også pengar,

og kva blir dei pengane brukte til? Dersom dei går til ei ekstra feriereise med fly,

er ein like langt i det store perspektivet. På hundre år har flytrafikken vakse frå

ingenting til om lag 1,7 milliardar flyreiser i verda kvart år. Flyselskapa og reise-

livet ser fram til ein vekst i flytrafikken på 7–8 prosent kvart år.

– Det vil føra til at talet på flyreiser blir dobla i løpet av dei neste ti åra. Det er

noko kloden ikkje vil tola.

Skal det bli endringar som monnar, må den kollektive rasjonaliteten, den fel-

les sunne fornufta, vera ein føresetnad. Dette ser Dahle som arbeidarrørsla sitt

ansvar. Den har tidlegare makta å flytta ei stor politisk rørsle frå å vera marginal

til å bli sentral.

– Og hadde Kyrkja våga, kunne den ha spelt ei rolle. Grunntanken i dette

resonnementet samsvarer med ei ansvarleg forvalting av skaparverket. Skal dei

ressursane som finst på kloden, delast mellom alle, må vi finna oss i å ha mindre

enn det vi i dag synest er rimeleg. Fordi folk vil ta vare på kloden, trur eg også

det finst vilje til å gjennomføra slike endringar utan dei store konfliktane.

Dahle meiner det avgjerande er at det må bli mindre pengar i omløp, kjøpekrafta

må reduserast. Det kan her til lands gjerast ved at alle går ned 20 prosent i lønn, mot

ein tilsvarande reduksjon i arbeidstid. Han understrekar at det er viktig å rekna i

prosent og ikkje i kroner, for dermed blir reduksjonen størst for dei som tener mest.

– Dermed burde det også vera mogeleg å få det til. Det er dei som tener

minst, som det er flest av, og det er dei som vil få den minste reduksjonen.

– Men ikkje alle vil meina at dei har råd til eit slikt lønnsnedslag. Vi har framleis

mange lågtlønte, og vi har urimelege skilnader mellom kvinnelønn og mannslønn?

– Det kan vurderast om reduksjonen skal gjennomførast som direkte lønns-

nedslag, eller om det viktigaste er å bremsa den framtidige lønnsveksten. Og det

kan tenkjast grenser for kven som skal ha full lønnskompensasjon idet ei slik

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 43 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 344

endring blir gjennomført. Måten det skal gjerast på, burde ei klok fagrørsle vera

i stand til å handtera.

– Dermed har du sagt at sekstimarsdagen er eit vesentleg tiltak for å redda kloden?

– Om arbeidstidsforkortinga skal takast ut som ei dagleg forkorting eller som

ein heil fridag i veka, vil det vera fleire meiningar om. Det viktigaste er at noko

blir gjort raskt. Her nyttar det ikkje å laga ein plan fram mot 2050, det vil vera

for seint.

Dahle har tru på at eit samfunn der folk har meir fritid, på sikt vil vera

sunnare på fleire vis.

– Kanskje kan det også gjera at det på lang sikt blir færre sjuke som treng

behandling og pleie? I mi framtidige verd vil det ikkje vera fleire jobbar i ein

familie. Da kan mykje bli enklare, vi kan også ta hand om ungane på andre

måtar enn vi gjer i dag.

– Eg blir skulda for å skru klokka tilbake, og det stemmer. Vi har skrudd den

altfor langt fram, seier han.

Økonomisk vekst og berekraftRapporten frå Brundtland-kommisjonen i 1987 innførte det omgrepet som på

norsk har vorte heitande «berekraftig utvikling» (sustainable development), og

la vekt på at ei berekraftig utvikling «skal ivareta den nåværende generasjons

behov uten å ødelegge mulighetene for kommende generasjoner til å tilfreds-

stille sine behov» (Verdenskommisjonen 1987).

Det er ikkje utan vidare enkelt å slå fast kva som er «den nåværende genera-

sjons behov», eller kva dei som kjem etter oss, vil oppleva som sine behov. Er det

snakk om det folk treng for å leva, det vil seia eit minimum av mat, hus og klede

ut frå kva som trengst under ulike klimatiske forhold? Eller treng vi effektiv

reklame som kan få oss til å tru at vi «må ha» mykje meir, slik at det blir mark-

nad for stadig nye varer og dermed nye jobbar og ny vekst i BNP?

I dag rår den rikaste femdelen av menneska over meir enn fire femdelar av

ressursane på jorda, medan den fattigaste femdelen rår over mindre enn

to prosent av ressursane. FN rapporterte i sitt utviklingsprogram i 2006 at dei

samla inntektene til dei 500 rikaste personane i verda tilsvarer omtrent dei

samla inntektene til dei fattigaste 416 millionane. Korleis skal ein da definera

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 44 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

mindre vekst, betre fordeling 45

«mulighetene for kommende generasjoner til å tilfredsstille sine behov»? Kven

skal setja standarden?

Er det rett, som OECD gjer, å snakka om vilkår for varig økonomisk vekst som

«økonomisk berekraft» i eit samfunn som vårt, med eit stadig aukande overfor-

bruk? I 2008-utgåva av State of the World, rapporten frå Worldwatch Institute,

peiker fleire av forfattarane på at det er grenser for kor mykje økonomien kan

veksa. Den globale økonomien er avhengig av naturen for å få råmateriale,

energi, rein luft, reint vatn og fruktbar jord, og for å bli kvitt avfall. «Når økono-

mien når ein viss storleik, vil vidare vekst gjera at begge systema kjem dårlegare

ut, ikkje betre. […] Det må vera ei grense for kor stor økonomien kan bli, den

fysiske veksten kan ikkje halda fram for alltid,» seier Gary Gardner og Thomas

Prugh i sin artikkel i rapporten (Gardner og Prugh 2008, vår oms.).

Det private forbruket aukar mestMed auka produktivitet og auka velstand for det store fleirtalet aukar det private

forbruket. Her til lands går ein stadig mindre del av ei vanleg inntekt til det heilt

nødvendige forbruket.

Kva er berekraftig utvikling?Innanfor OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvik-

ling, ein internasjonal organisasjon av industriland) er det gjort eit

omfattande arbeid for å klargjera omgrepet «berekraftig utvikling», og

det blir skilt mellom tre former:

Økonomisk berekraft: vilkår for ein sterk og varig økonomisk vekst,

slik som ein stabilt låg inflasjon.

Miljømessig berekraft: vern av dei biologiske og fysiske systema, og

sikring av tilgangen til eit helsefremjande miljø.

Sosial berekraft: høg sysselsetjing, sosiale tryggingsnett, likskap og

deltaking i demokratiske avgjerdsprosessar.

(OECD 2001, her referert etter Barstad og Hellevik 2004)

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 45 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 346

I 1958 gjekk i snitt 40 prosent av ei norsk hushaldsinntekt til mat, 13 prosent

til klede og sko, og 13,6 prosent til bustad, lys og brensel. I 2004–2006 gjekk vel

11 prosent til mat, vel 5 prosent til klede og sko, og vel 28 prosent til bustad, lys

og brensel (www.ssb.no, Temaside – Forbruk, Husholdningenes forbruk). End-

ringane kjem av reallønnsauke, reduserte prisar på mange varer, auka bustad-

prisar og auka bustadstandard.

Det samla forbruket i Noreg var i 2006 to tredelar høgare enn i 1990. Frå 1990 til

2000 auka det private og det offentlege forbruket omtrent like mykje. Frå 2001 til i

dag har det private forbruket auka meir enn det offentlege. Det offentlege forbru-

ket omfattar i stor grad tenester som krev mykje arbeidskraft og lite naturressursar.

Det fører såleis til vesentleg mindre økologiske belastningar enn det private forbru-

ket. Dei delane av det private forbruket som kostar mest i ressursar og miljø-

påkjenningar per krone, er matvarer, energi og transport (Hille 2007, s. 12–18).

Det er dermed ikkje noko som tyder på at utviklinga har gått i retning av eit

meir økologisk berekraftig forbruksmønster på det overordna nivået.

Kva skal vi så gjera her til lands? Skal vi gå tilbake til «steinalderen», eller til

den første etterkrigstida, med rasjonering av både mat og andre forbruksvarer,

og med eit byråkrati som skal behandla søknader om å få lov til å kjøpa bil? Vi

trur ikkje det er måten å gå fram på. Men det er vanskeleg å sjå korleis ein lang-

siktig strategi for berekraftig utvikling kan komma utanom tiltak som gjer noko

for å avgrensa det private forbruket.

Skal til dømes alle lønnsoppgjer i tida som kjem, berre dreia seg om meir pen-

gar, eller er tida snart inne for å krevja at iallfall noko av den auka produktiviteten

blir tatt ut i meir fritid, slik mellom andre tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla har tatt

til orde for (Morgenbladet 04.–10.01.2008). Jan Davidsen, leiar i Fagforbundet, var

inne på noko av det same da han varsla at lågare lønnsvekst kan vera aktuelt i bytte

mot mellom anna fleire velferdsreformer (Dagens Næringsliv 28.05.2008). Fagfor-

bundet har med sitt samarbeid med Norges Naturvernforbund om spørsmål som

kollektivtransport markert at miljøspørsmål er noko fagrørsla tar på alvor.

Partisekretær i Arbeidarpartiet, Martin Kolberg, tok hausten 2007 til orde for

at den økonomiske veksten må stansast. I eit intervju i VG (17.09.2007) sa Kol-

berg mellom anna dette:

Vår generasjon og den neste må bryte med denne tradisjonelle økonomiske

tenkningen. Verden vil møte veggen, vi kan ikke lenger fortsette et system som

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 46 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

mindre vekst, betre fordeling 47

fører til at alle skal forbruke stadig mer. Det vil ikke gå. […] Vi må i større grad

styre ressursene dit de trengs mest, slik at kaken fordeles bedre i stedet for at den

bare skal vokse. Dersom den skal fortsette å vokse, må det skje på en helt annen

og grønnere måte enn i dag.

Debatten om kva slike tankar skal få å seia for framtidige lønnsoppgjer, er knapt

i gang enno.

Korleis vil arbeidarrørsla, fagrørsla og Kyrkja svara på den utfordringa

Øystein Dahle formulerer? Kan sekstimarsdagen vera eit steg på vegen?

«… som en fornuftig, sparsommelig eiendomsforvalter»I ein strategi for «berekraftig utvikling» burde det også inngå ein stra-

tegi for ei «berekraftig» forvalting av arbeidskrafta. Karl Marx har

skrive noko om dette, som han har henta frå bygningsarbeidarar i

London 1860–61. Dei streika for eit krav om at arbeidsdagen skulle

kortast ned til ni timar, og stilte kravet til ein kapitalist som hadde ord

på seg for å vera svært from. Kan henda minte han litt om alle dei som

fortel folk at dei må ta ansvar for eiga helse og leva sunt, men som

ikkje bryr seg om kva slags arbeidsvilkår dei har. Slik skriv arbeida-

rane til han:

«Du forkynner stadig «sparsomhetens» og «avholdenhetens»

evangelium for meg. Vel og bra! Jeg skal som en fornuftig, spar-

sommelig eiendomsforvalter økonomisere med min eneste for-

mue, arbeidskraften, […] Jeg vil hver dag bare sette så mye av den

i bevegelse, eller i arbeid, som er forenelig med dens normale ved-

likehold og sunne utvikling» (Marx 1983).

Her blir ei økologisk, berekraftig og menneskevennleg tenking stilt opp

mot kapitalen si einsidige prioritering av maksimalt utbytte og derfor

lengst mogeleg arbeidsdag. Med dei krava som blir stilt til effektivitet og

arbeidsinnsats no til dags, skulle det ikkje vera vanskeleg å bruka dei

same argumenta for at seks timar per dag er betre for «normalt vedlike-

hald og sunn utvikling» av arbeidskrafta.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 47 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 348

Sagt om sekstimarsdagen: Solveig Fiske, biskop i Hamar

– «Berekraftig økonomisk vekst» er eit svært problematisk omgrep

Den norske kyrkja er opptatt av spørsmål som har å gjera med klima-

krise, berekraft og rettferdig fordeling. Kyrkjemøtet i 2007 vedtok ein

plan for ei tiårig «berekraftreform», med ei overordna målsetjing om at

kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar i Noreg og samarbeidsland

skal bli «sentrale pådrivere for en bærekraftig samfunnsutvikling lokalt,

nasjonalt og globalt».

I eit dokument frå bispemøtet hausten 2007 heiter det mellom anna:

«I den rike del av verden må det finnes viktigere former for vekst enn

økonomisk vekst: vekst i livskvalitet og vekst i samliv med alt som lever.»

Kyrkja tar også mål av seg til å vera med og setja miljøsaka på dags-

ordenen under stortingsvalet og val til sokneråd i 2009.

Vi har utfordra Solveig Fiske, biskop i Hamar, til å seia noko om kor

langt Kyrkja kan gå i å støtta konkrete krav om arbeidstidsforkorting

som eit tiltak for å bremsa det vestlege overforbruket.

Biskopen slår fast at «berekraftig økonomisk vekst» er eit svært pro-

blematisk omgrep. Og kor skeivt rikdommen er fordelt i verda, ser ein

mellom anna av at i dei fattige landa arbeider folk framleis tolv timar om

dagen, og har enda ikkje nok att å leva av.

– Eg har stor forståing for det resonnementet som Øystein Dahle og

fleire framfører om å redusera lønnsarbeidet, for på den måten å redu-

sera det private forbruket. Men frå det til å snakka tydeleg om at seks-

timarsdagen er løysinga, krev at ein har kompetanse på korleis ei slik

arbeidstidsforkorting vil verka, seier Fiske.

– Det å kunna prioritera tid framfor pengar krev også at ein har ein

solid økonomi i utgangspunktet, og det er det ikkje alle som har i vårt

land, sjølv om det store fleirtalet kan sjå ut til å ha romslege økono-

miske kår. I ei konkret utforming av krav om kortare arbeidstid opp mot

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 48 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

mindre vekst, betre fordeling 49

høgare lønn er det viktig å ta omsyn til dei som framleis tener lite. Vi har

ei samfunnsutvikling som aukar klasseskilja mellom folk, seier biskopen.

Ho ser samtidig store fordelar med ei forkorting av arbeidsdagen.

– Mange har altfor travle kvardagar, og betre tid vil vera godt for

både samvær og omsorg. Eg vil ikkje romantisera eller idyllisera, men

den som har det for travelt, kan til dømes bli snytt for dei beste stun-

dene med barna sine. Meir fri tid kan også opna for å gjera ting som ikkje

forsterkar det ressursøydande forbruket, seier ho.

– I planen for den kyrkjelege berekraftreforma er det mellom anna nemnt

«samarbeid med LO, NHO og arbeiderbevegelsen rundt spørsmål om økono-

misk vekst versus bærekraftig utvikling». Kva vil vera Kyrkja si rolle dersom

NHO og LO skil lag i desse spørsmåla?

– Dersom ein kan bidra til gode løysingar her, må Kyrkja tenkja uav-

hengig av maktkonstellasjonar i desse spørsmåla, seier Fiske.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 49 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 4

Problem eller løysing for eldreomsorga?

Får vi ein kritisk mangel på arbeidskraft dersom det normale skal vera å arbeida

«berre» seks timar om dagen? Høgre-leiar Erna Solberg uttalte i eit avisintervju

i 2005 at innføring av sekstimarsdag ville krevja 400 000 nye årsverk, og at man-

gel på arbeidskraft vil gjera Noreg mindre konkurransedyktig:

Dette [innføring av sekstimersdag] vil bidra til å avindustrialisere Norge meget

raskt. For det andre er det allerede i dag reell mangel på arbeidskraft, spesielt i

pleie- og omsorgssektoren. En innføring av 6-timersdagen vil radikalt forverre

denne situasjonen.

(Aftenposten 22.05.2005)

Talet 400 000 kjem ein fram til om ein reknar med at redusert arbeidstid til seks

timar per dag for alle arbeidstakarar gjer at all produksjon blir redusert med

20 prosent, og at det er eit mål å oppretthalda all produksjon på same nivå som før.

Ut frå den same logikken kom NHO fram til at ein overgang til sekstimarsdag

ville auka dei samla lønnskostnadene i landet med 191 milliardar kroner, basert

på tal frå 2004 (NHO 2006).

I motsetnad til det offentlege arbeidstidsutvalet som la fram innstillinga si i

1987, og i motsetnad til utgreiinga frå Statistisk sentralbyrå i 2008 om kortare

arbeidstid, har korkje NHO eller Høgre her tatt omsyn til dei endringane både i

produktivitet og i organiseringa av arbeidet som gjerne kjem i samband med ei

arbeidstidsforkorting (sjå kapittel 1).

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 50 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

problem eller løysing for eldreomsorga? 51

Det som blir spørsmålet dersom ein går ut frå slike forenkla måtar å rekna på,

er kva som avgjer kor mykje arbeidskraft som eigentleg trengst. Er «behovet for

arbeidskraft» noko som utviklar seg heilt upåverka av menneskeleg tanke og

vilje, eller er det noko som kan styrast?

Kvifor ikkje like gjerne spørja: Kva ønskjer samfunnet å bruka arbeidskrafta

til? Er det eit mål å la den marknadsretta produksjonen veksa til himmels så

lenge ein får avsetnad for det som blir produsert? Er det bruk for å byggja stadig

nye kjøpesenter og luksushytter i tida som kjem? Korleis skal den arbeidskrafta

som finst, fordelast mellom dei ulike oppgåvene som må løysast? Kor mykje

politisk styring må til for å sikra at ein får nok arbeidskraft til dei oppgåvene vi

i vårt land er nokså einige om å løysa i offentleg regi?

Kan det i det heile bli «for lite arbeidskraft» i samfunn som styrer arbeids-

krafta dit den trengst mest?

Kanskje må ein del jobbar i helse-, pleie- og omsorgsyrke gjerast meir attrak-

tive, og kanskje må arbeidsgivarane bli flinkare til å halda fast på dei som alt er

der, og sjå til at dei ikkje slit seg ut? «Det vil derfor [fordi talet på eldre vil auka

i tida framover] bli stadig viktigere å holde arbeidsstyrken frisk og inkludere

flest mulig,» heiter det i NHO-heftet Arbeidstid (NHO 2006), utan at det blir

sagt noko meir om kva som skal til for å greia det. Med dette utgangspunktet

kan sekstimarsdagen visa seg å vera ein del av løysinga, og ikkje eit problem.

Effektivisering utan sekstimarsdagStort sett er det i industrien eller i industriliknande verksemder ein lettast kan

gjennomføra effektivisering i samband med ei arbeidstidsforkorting.

Men også i somme former for tenesteyting, slik som post og bankvesen, har

ny teknologi ført til store endringar, som gjer at det krevst langt færre tilsette no

enn for berre 10–15 år sia. Her har effektiviseringa vorte gjennomført med opp-

seiingar i stor skala, så langt vi veit utan at det har vore på tale å redusera

arbeidstida for dei tilsette i staden.

Frå 1998 til 2004 vart om lag 10 000 stillingar i Posten borte. Ifølgje ei NTB-

melding i november 2004 hadde 3850 personar gått frå jobb i Posten til uføre-

trygd sia 1997. Av dei som slutta i Posten frå 2001 til 2004, vart 23 prosent opp-

sagde med rett til ventelønn, opplyste samferdsleministeren i eit svar til ein stor-

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 51 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 452

tingsrepresentant i juni 2004. Den statlege ventelønna gir rett til å få inntil

66 prosent av tidlegare lønn i vente på ny jobb, og kan for dei som blir oppsagde

etter fylte 55 år, vara i maksimalt 12 år.

Vi kan berre tenkja oss korleis Posten og bankvesenet kunne ha realisert

mange draumar om ein betre arbeidsdag og eit meir inkluderande arbeidsliv

dersom ein i staden hadde valt å ta ut noko av effektiviseringsgevinsten i form

av til dømes sekstimarsdag for dei tilsette.

Vil eldrebølgja krevja 130 000 nye årsverk?Jamvel om teknologien kan føra til at det trengst færre folk i arbeid, vil det i

pleie- og omsorgssektoren, som i resten av helsevesenet, framleis vera bruk

for levande menneske til å gjera jobben. Ei forventa eldrebølgje har gitt

grunnlag for stor uro for mangel på arbeidskraft når denne «bølgja» når

toppen.

I ein artikkel frå Statistisk sentralbyrå blir det hevda at det i 2050 kanskje blir

bruk for 130 000 fleire årsverk i eldreomsorga enn i 2003 (Langset 2006).

Det som går fram av artikkelen, men som var mindre klart i medieoppslaga

som følgde, er at slike framskrivingar byggjer på ei rekkje føresetnader som må

vera usikre. Det einaste som er relativt sikkert, er at det frå om lag 2025 vil bli

fleire eldre over 80 år enn før, fordi det var særleg store fødselskull frå 1945 og

nokre år framover.

Men kor gamle folk kjem til å bli om førti år, er framleis uvisst. Ingen forskar

kan seia sikkert kor mykje levealderen kjem til å auka, og kor raskt auken kan

komma til å skje. Statistisk sentralbyrå har til dømes registrert at auken i leve-

alder såg ut til å stoppa opp i 2007, men om det var ein tilfeldig eller varig stopp,

er det for tidleg å seia noko om. Finst det ei genetisk grense for kor mykje leve-

alderen kan auka?

I framskrivinga av folketalet for perioden 2005–2060 (Brunborg og Texmon

2005) går det også fram at mykje er usikkert. Det vil vera fleire personar over 80

år i 2050 enn dei om lag 210 000 i 2005. Men om det blir 422 000 eller 604 000

eller noko anna, det kan ikkje forskarane vera sikre på.

Det neste spørsmålet er om fleire leveår vil gi fleire friske år eller fleire år

prega av sjukdom. Ein stor del av dei eldre som i dag treng pleie- og

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 52 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

problem eller løysing for eldreomsorga? 53

omsorgstenester, er demente. Det er store forventningar til medisinsk fors-

king som skal førebyggja eller redusera denne lidinga. Men kva ein kan

oppnå, og kor raskt resultata av forskinga vil få følgjer for eldre i Noreg, veit

vi enno ikkje.

Statistisk sentralbyrå meiner at den samla verknaden av større alderskull

og høgare levealder som er medrekna i framskrivinga, gjer at talet på nye års-

verk som trengst i eldreomsorga i 2050, kan variera mellom 66 000 og

171 000. Føresetnaden for desse tala er at standarden på tenestene skal vera

om lag som i dag. Men sekstimarsdagen hindrar oss heller ikkje i å betra stan-

darden.

Midt i 1980-åra ønskte dei tilsette ved Lindeberg alders- og sykehjem i Oslo å prøvasekstimarsdagen. 60 prosent av dei deltidstilsette var villige til å gå opp til full stillingdersom det vart sekstimarsdag. Turnusplanane var klare. Men bystyret i Oslo sa nei, ogoversjukepleiar Anne Langaard Jensen (til venstre) og hjelpepleiar Kari Olsen fekk ikkjesett planane ut i livet. Faksimile frå Sykepleien nr. 9/87.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 53 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 454

DeltidsreservenDet vil altså krevjast fleire tilsette i eldreomsorga i tida som kjem, sjølv om det

er uvisst kor mange fleire. Vi meiner at det her like gjerne ligg eit argument for å

innføra sekstimarsdag som det motsette.

• Det er velkjent at det i helse-, pleie- og omsorgstenestene er ein vesentleg

reserve av kvinner som arbeider deltid, men som gjerne vil ha full stilling.

Ifølgje utgreiinga frå deltidsutvalet (NOU 2004: 29) var det i 2002 om lag

23 000 deltidstilsette i pleie- og omsorgstenester som ønskte meir jobb.

Andre undersøkingar (SSB 2003) viser at dei som arbeider deltid og ønskjer

meir jobb, i snitt ønskjer seg ei arbeidstid på 30 til 33 timar i veka.

• Ein del av dei som arbeider mindre enn full tid, gjer det fordi arbeidet er for

slitsamt. Å gjera sekstimarsdag til heil stilling vil heva både status og inntekt

for desse kvinnene, noko som er ein verdi i seg sjølv.

• Med sekstimarsdag er det grunn til å rekna med at fleire i denne sektoren vil

orka å stå lenger i jobb. I dag er risikoen for å bli uføretrygda før ein når pen-

sjonsalder særleg stor for hjelpepleiarar og andre i pleie- og omsorgsyrke.

I 2007 arbeidde om lag kvar fjerde av dei i alt 2,4 millionar sysselsette deltid.

Kor mange av desse som ville ha arbeidd full tid dersom dei fekk tilbod om det,

veit vi ikkje. Men det er rimeleg å tru at fleire deltidsarbeidande ville ha sagt ja

til full stilling dersom det var seks timar per dag enn om det var 7,5 timar. I

forsøk med sekstimarsdag har det dessutan vist seg at somme av dei som hadde

deltid på mindre enn 30 timar i veka, valde full stilling når arbeidstida vart seks

timar per dag.

Konkurransedyktige omsorgsyrkeNår vi veit at det vil krevjast fleire folk til pleie- og omsorgsyrka i tida som kjem,

er det også eit samfunnsansvar å leggja til rette for det. Tillitsvalde har i lang tid

gitt klar melding om at det er eit spørsmål om lønn og arbeidsvilkår.

Offentleg sektor, ikkje minst pleie- og omsorgssektoren, må bli konkurranse-

dyktig i kampen om arbeidskrafta. Høgare lønn og betre arbeidsvilkår er vel-

prøvd når ein skal tilsetja ingeniørar eller dataekspertise, men i svært liten

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 54 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

problem eller løysing for eldreomsorga? 55

monn når det gjeld å rå med «mangelen på arbeidskraft» i omsorgssektoren.

Dersom ein har problem med rekruttering, kan ikkje tilbod om 13 prosent stil-

ling vera vegen å gå.

Skulle det ta tid før sekstimarsdagen blir innført for alle, vil det vera fullt

mogeleg å gi offentleg sektor ein fordel i konkurransen om arbeidskrafta ved å

innføra seks timars normalarbeidsdag med full lønn i denne sektoren. Blir det

gjort, vil det både gi ei vesentleg heving av kvinnelønna, full jobb til mange

kvinner som no arbeider deltid, og truleg mindre avgang til tidlegpensjon og

uføretrygd. SSB-forskar Kari Skrede peikte alt i 1987 på at sekstimarsdag med

full lønnskompensasjon i kvinnedominerte yrke kunne vera eit svært effektivt

likelønnstiltak (NOU 1987: 9 B).

Det er også grunn til å merka seg at dei som greidde ut følgjene av eventuelle

arbeidstidsforkortingar i 1987, ikkje frykta mangel på arbeidskraft innanfor

pleie- og omsorg:

Beregninger foretatt for Arbeidstidsutvalget viser at en overgang til f.eks. 6 timers

arbeidsdag i pleietjenesten, teoretisk sett kan ordnes ved å utjevne den gjennom-

snittlige arbeidstiden blant de som allerede er sysselsatt.

(NOU 1987: 9 B)

Meir tid til å ta seg av dei nærasteAt kortare arbeidsdag vil gi meir tid til ubetalt omsorg for ungar, eldre og andre

som treng hjelp, er ikkje eit argument for å trappa ned det offentlege pleie- og

omsorgstilbodet. Ei arbeidstidsnedkorting skal sjølvsagt ikkje erstatta profesjo-

nell pleie for dei som treng det.

Men dersom alle hadde kortare arbeidsdag, ville fleire av dei som har lyst,

kunna bruka meir tid til samvær og utveksling av praktisk hjelp både i familie og

i nabolag. Det kunne føra til at mange fekk det trivelegare, og ein del eldre

kunne greia seg litt lenger i eigen bustad. Det ville bety kroner spart på kommu-

nebudsjettet. Men den livskvaliteten som ikkje kan målast i kroner, er kanskje

eit vel så godt og viktig argument?

Det blir drive mykje frivillig omsorg for eldre, om lag 80 000 årsverk i 2003

(Langset 2006). Ikkje alt er like frivillig, men det finst også dei som ville ha gjort

meir, om dei hadde tid til det.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 55 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 456

«Mangel på arbeidskraft» – det motsette av arbeidsløyseI 1987 drøfta økonomane sekstimarsdagen som ei reform blant fleire (sjå kapit-

tel 1), og det vart sagt at den let seg gjennomføra over nokre år. No til dags snak-

kar dei fleste norske rikspolitikarane om sekstimarsdagen som eit heilt urealis-

tisk prosjekt. I 1980-åra var 3 % arbeidsløyse eit problem, derfor var regjeringa

og folk flest opptekne av at eldre måtte gå av med pensjon tidlegare, så det vart

plass for dei unge. Mange meinte at sekstimarsdagen også kunne gi arbeid til

fleire. Men samstundes var andre bekymra for at dersom prisen på arbeidskrafta

auka, ville vi «prisa oss ut av arbeidsmarknaden» – det ville altså bli meir

arbeidsløyse. Økonomane frå 1987 meinte rett nok at det ville gå bra om ein

berre bremsa litt på lønnskrava, men mange var usikre.

Dei siste åra har vi fått høyra at det er «mangel på arbeidskraft» som hindrar

sekstimarsdagen. Men mangel på arbeidskraft er det motsette av arbeidsløyse,

altså full sysselsetjing, så kvifor kalla det eit problem? Vanlegvis er det ein fordel

for arbeidarane, for da er det stor etterspurnad etter folk, og arbeidsløysa er eit

stykke unna. Det er meir rett å seia at det er mangel på arbeidskraft i somme sek-

torar (som helse og omsorg), men samstundes for stor bruk av arbeidskraft i

andre sektorar og høg arbeidsløyse for til dømes unge arbeidstakarar og arbeids-

takarar med utanlandsk bakgrunn. «Arbeidsmarknaden» vil ikkje ha dei.

Det er på mange vis ei sjølvmotseiing å gå imot seks timars dag med full

lønnskompensasjon «fordi vi ikkje har råd (til så dyr arbeidskraft)», og på

same tid «fordi vi manglar arbeidskraft». Slik marknadsøkonomien verkar, vil

høgare pris på arbeidskrafta redusera etterspurnaden etter den i dei mest kon-

kurranseutsette sektorane. I norsk samanheng vil det seia i industrien og i

nokon monn i privat tenesteyting. Dermed blir det ikkje så stor «mangel» på

arbeidskraft lenger.

Delar av industrien har dessutan gode føresetnader for å møta auka pris på

arbeidskrafta med rasjonalisering og automatisering.

Dersom det er politisk vilje til det, kan staten bruka sine økonomiske musk-

lar til å halda oppe tenesteproduksjonen i offentleg sektor, sjølv om lønnskost-

nadene aukar. I den monn sekstimarsdagen med full lønnskompensasjon fører

til mindre etterspurnad etter arbeidskraft i privat sektor, vil det letta tilgangen

på arbeidskraft til offentleg sektor.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 56 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

problem eller løysing for eldreomsorga? 57

Når timeprisen aukar med sekstimarsdag, vil det bli mindre lønnsamt å

investera i kjøpesenter, hotell og restaurantar, medan fleire vil orka dei tunge,

men trivelege jobbane i omsorgssektoren. Dyrare arbeidskraft vil gjera at «man-

gelen på arbeidskraft» blir mindre, fordi avkastninga i somme sektorar blir for

låg til å lokka investorane. Men det er ikkje slik NHO vil møta «mangelen på

arbeidskraft». NHO vil ikkje ha høgare pris på arbeidskrafta, men snakkar heile

tida om at det trengst «høgare arbeidskrafttilbod», utan å villa gi tryggleik for

arbeid. Da blir resultatet fleire arbeidslause, fleire i mellombels arbeid eller mel-

lombels trygd, fleire på leiting etter arbeid.

Å setja ned arbeidstida til seks timars normalarbeidsdag gir ikkje høgare, men

lågare «tilbod av arbeidskraft». Derfor er det ikkje så rart at sekstimarsdagen

møter politisk motstand i tider der investorane har mykje pengar å tena på «høgt

arbeidskrafttilbod». Er det oppgangstider og stor etterspurnad etter arbeidskraft,

gjeld det for NHO å auka «arbeidskrafttilbodet». Det er gunstig for dei som kjøper

arbeidskraft, men ikkje for dei som sjølve er denne «arbeidskrafta» det blir snakka

om. At mange vil ha arbeid, held lønningane nede; det verkar «lønnsdempande».

Men både arbeidsløysetala og det politiske vêrlaget vekslar. Kortare arbeids-

tid kan fort komma på dagsordenen igjen for regjeringa, dersom arbeidsløysa

blir politisk plagsam igjen, slik som i 1980-åra.

Sagt om sekstimarsdagen: Rita Ottervik, ordførar i Trondheim

– Kan vera eit rekrutteringstiltak

Trondheim har så langt rekorden blant norske kommunar, om vi reknar

kor mange sekstimarsforsøk som er sette i gang i kommunal regi. Men

konkurransen er ikkje spesielt hard. Trondheim har to forsøk, eitt i den

kommunale etaten Trondheim eiendom, der reinhaldarar i tre område

prøver sekstimarsdagen, og eitt i det kommunale føretaket Trondheim

parkering. (Men reknar vi kor mange personar som deltar i forsøk, er

det Bergen som har rekorden, med alle heimehjelparane i Bergen Hjem-

metjenester KF.)

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 57 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 458

Ordførar Rita Ottervik (A) i Trondheim kan fortelja at håpet om at

sekstimarsdagen skal hjelpa til å redusera sjukefråværet, var noko av det

som skapte politisk oppslutning om å setja i gang forsøka. Det vil også

vera viktig å sjå resultata av dei forsøka som er i gang, før ein kan avgjera

kva som skal gjerast vidare, om ordningane skal vidareførast og/eller

om nye forsøk setjast i gang, seier ho.

– Trur du sekstimarsdagen kan vera eit nyttig tiltak for å få folk til oppgå-

ver i offentleg sektor som det elles er vanskeleg å rekruttera til?

– Det er ikkje lett å få og behalda dei folka vi treng, og vi må sjå på alle

verkemiddel vi kan bruka. Vi prøver fleire tiltak. Sekstimarsdagen kan

vera eit verkemiddel, men ikkje overalt, det har vi ikkje råd til. Ulike til-

tak kan vera nyttige overfor ulike yrkes- og aldersgrupper. Kanskje er

det særleg i yrke med relativt låg utdanning og låg lønn at sekstimars-

dagen er mest effektiv som rekrutteringstiltak, seier ordføraren.

– Det ser ut til at dei som er med i forsøka, er godt nøgde med den nye

arbeidstida. Det vil ikkje vera lett å fortelja at dei skal tilbake til gammal

arbeidstid når forsøksperioden er over?

– Vi ser at både motivasjon og produksjon har auka i løpet av forsøka.

Vi kan ikkje setja oss i ein situasjon der vi øydelegg motivasjonen hos dei

tilsette. Vi lyttar til dei erfaringane dei har gjort, svarer politikaren.

– Kva tenkjer du om innføring av seks timars normalarbeidsdag for alle?

– Det heng saman med ein nasjonal debatt om kva ein ønskjer, og kva

ein treng folk til. Eg slit med å sjå at sekstimarsdagen skal gjelda alle. I

tida som kjem, er det mykje som dreier seg om å auka menneskeleg akti-

vitet – vi treng folk i både skole, eldreomsorg og forsking. For meg ser

det ikkje ut til at vi vil ha nok folk til at vi kan gjennomføra ei allmenn

forkorting av arbeidsdagen til seks timar med det første, seier Ottervik.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 58 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 5

Lettare å vera deltidsbonde

Talet på gardsbruk her i landet går ned, på same tid som både gjennomsnittsalde-

ren på bøndene og talet på golfbanar går opp. Det er inga god utvikling i ei verd

som manglar både mat og landbruksjord. Vi treng snarare både fleire gardsbruk og

fleire deltidsbønder i åra som kjem. Kan sekstimarsdagen vera eit steg på vegen?

Ikkje slik at arbeidstida til bøndene kan lovregulerast, eller at sauebøndene

kan krevja overtidsbetalt for lamming utanfor normalarbeidsdagen. Men når

ein veit at seks–sju av ti gardbrukarar er «deltidsbønder» i den meininga at dei

har inntekt frå anna arbeid, og at fleirtalet av dei har det andre arbeidet som

hovudyrke, har det noko å seia kor mange timar i døgnet som er att når hovud-

yrket er unnagjort. Dessutan er gardsbruket ofte avhengig av arbeidsinnsats frå

fleire enn den som er registrert som gardbrukaren (www.ssb.no, Bøndenes inn-

tekt og formue 2006, 12.03.2008).

Kombinasjonsbøndene er ei samansett gruppe – alt frå dei relativt få som eig

ein storgard på Austlandet og har ein godt betalt jobb i hovudstaden, til dei som

driv eit sauebruk på Vestlandet eller i Nord-Noreg og er avhengige av ein heil-

eller deltidsjobb i lønna arbeid for at det skal bli ei inntekt å leva av. Eller det kan

vera par som deler på både lønnsarbeid og gardsarbeid.

Det er særleg dei yngre gardbrukarane, og dei som har høgare utdanning,

som har lønnsarbeid attåt gardsbruket. Ei undersøking frå midten av 1990-åra

viste at om lag ein tredel av dei spurde kombinasjonsbøndene gjerne ville ha

gardsbruket som heiltidsarbeid, men fleirtalet tykte at kombinasjonsbruket var

ei god løysing (Skrede og Løwe 2000).

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 59 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 560

Levande bygderSjølv om det er mange som vil vera kombinasjonsbønder, går nedlegginga av

gardsbruk raskt. Kan andre tiltak enn dei reint landbrukspolitiske, til dømes

sekstimars normalarbeidsdag, gjera noko for at fleire skal få lyst til å bli eller

halda fram som deltidsbønder?

Reidar Almås, professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk ved NTNU, og

tidlegare leiar for Norsk senter for bygdeforskning, meiner at sekstimarsdagen

som ei forbetring for deltidsbøndene er ein interessant tanke.

– Ein kortare arbeidsdag i lønnsarbeid vil sjølvsagt kunna gjera det meir realis-

tisk å driva jordbruk for dei som treng ei inntekt attåt, ikkje minst for dei som har

kyr og må passa fjøstidene. Men å leggja til rette for det er eigentleg ei samfunns-

interesse, det dreier seg om å sikra busetjinga på bygdene og halda kulturlandska-

pet i hevd, noko som går langt utover interessa til kvar einskild bonde, seier Almås.

To tredelar av dei norske gardsbruka er på mindre enn 200 dekar. For dei som

har slike bruk, er den gjennomsnittlege næringsinntekta frå gardsbruket mindre

Får vi fleire kombinasjonsbønder?«Selv om gårdbrukeren har relativt lav avkastning av gårdsdriften, og

selv om det er grunn til å regne med at kombinasjonsgårdbrukerne har

relativt lengre arbeidsdager enn yrkesaktive som bare har lønnsinntekt,

er det også grunn til å anta at mulighetene til slike yrkeskombinasjoner

kan framtre som attraktive og gode levekårsløsninger for en yngre gene-

rasjon av gårdbrukere, som står med en fot i lønnsarbeidsmarkedet og

en fot i jordbruket. Den høye etterspørselen etter gårdsbruk som legges

ut for salg i relativt sentrale områder bekrefter at slike kombinasjonsmu-

ligheter vurderes som interessante også av personer som ikke har pri-

mærtilknytning til gårdsbruk gjennom familie og odelsrett. […]

Økende innslag av kombinasjonsbrukere er trolig også en nødvendig

betingelse for å opprettholde hovedtrekkene av bruksstrukturen i norsk

landbruk, med mange relativt små bruk.»

(Skrede og Løwe 2000, s. 26)

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 60 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

lettare å vera deltidsbonde 61

enn inntekta frå lønnsarbeidet. Talet på bruk over 300 dekar har auka noko dei

seinare åra, men dei utgjer likevel berre om lag 14 prosent av alle gardsbruka i

landet.

Inntektene av jordbruket varierer også svært mykje mellom landsdelane. I

Rogaland og Nord-Trøndelag, som hadde den høgaste næringsinntekta for

jordbrukarane i 2006, var gjennomsnittet 157 600 kroner. I Telemark, som låg

lengst nede på statistikken, var snittet 62 500 kroner (www.ssb.no, Bøndenes

inntekt og formue 2006, 12.03.2008).

– For strevsamt med full jobbMerete Furuberg driv familiegarden Furuberget, som ligg på Finnskogen i Hed-

mark, med sauer, geiter, kaninar, høner, frukt, skog, juletreproduksjon og hytte-

utleige. Ho er samstundes skogforskar og leiar mellom anna for Hedmark

Bonde- og Småbrukarlag. Vi har spurt kva ho trur sekstimarsdagen kan få å seia

for deltidsbøndene.

– Eg har høyrt fleire av dei som kombinerer gardsbruk med anna arbeid, seia

at dei må gå ned til halv stilling, det blir for strevsamt med full jobb attåt gards-

drifta, og eg har sett medsøstrer bli utbrende, seier Furuberg. Ho meiner seks-

timarsdag kunne gjort det greiare for ein del av dei.

– Sekstimarsdagen ville til dømes gjera ein stor skilnad for dei som er to som

samarbeider om gardsdrifta, og der begge har jobb utanfor garden. Men det er

også eit spørsmål om kva slags arbeid det er snakk om. Somme har arbeid der

«Det multifunksjonelle landbruket»Landbruket er tillagt store samfunnsoppgåver, det skal både «produsere

fellesgoder som livskraftige bygder, et bredt spekter av miljø- og kultur-

goder, og en langsiktig matforsyning» og «andre varer og tjenester med

utgangspunkt i næringens samlede ressurser», om vi skal tru stortings-

meldinga Om norsk landbruk og matproduksjon (St.meld. nr. 19

(1999–2000)). Ikkje utan grunn bruker ein uttrykket «det multifunksjo-

nelle landbruket».

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 61 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 562

ein ikkje reknar timane, men er meir avhengig av fleksibilitet og eventuelt av eit

heimekontor, slik at ein kan bruka tid på gardsbruket i travle periodar, seier ho.

For dei som har mjølkekyr, ville det vera vesentleg lettare å vera i full jobb

dersom arbeidsdagen berre var seks timar. Mjølkebønder er avhengige av å gjera

jobben i fjøset til faste tider om morgonen og ettermiddagen/kvelden, anten dei

har få eller mange kyr. Men det spelar også inn kor lang arbeidsreise som må til.

Furuberg vil gjerne sjå drift av jord og skog i eit større perspektiv, og ho er

uroleg for kva som held på å skje med klima og naturressursar på jorda.

– Greier vi ikkje å få verda til å forstå at vi treng vekst på alle andre område

enn økonomisk vekst, nyttar det ikkje. Det trengst ein kombinasjon med ein

annan måte å leva på. Kanskje kan sekstimarsdagen vera ei løysing? Korleis skal

vi motivera til vekst i ro og lykke?

Ho har fått høyra at det er utopi å driva sauebruket når ho kunne ha tent så

utruleg mykje meir med å arbeida som forskar.

– Sekstimars normalarbeidsdag vil gjera kvardagen mykje enklare for mange av dei somønskjer å kombinera gardsdrift og lønnsarbeid, seier Merete Furuberg, leiar i Hedmarksmåbrukarlag. Foto: Magnhild Folkvord.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 62 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

lettare å vera deltidsbonde 63

– Men eg vil skapa noko, og da tel ein ikkje timar, seier sauebonden, og ho

fortel at overskotet frå skogsdrifta veg opp for underskotet i sauebruket.

Å vera gardbrukar eller ikkje er for somme eit spørsmål om yrkesval eller om

ein hobby. For andre er det noko mykje meir.

Mange vil ha småbrukMeiningsmålinga Norsk Monitor viste våren 2008 at nesten 400 000 vaksne

nordmenn kan tenkja seg å kjøpa eit småbruk. Av desse ville 70 prosent vera

interesserte i å busetja seg på småbruket. Kor mange som har eit ønske om å

dyrka jorda, går ikkje fram av målinga. Å «tenkja seg» er heller ikkje det same

som konkrete planar. Men tala seier likevel noko om ei positiv haldning til det å

bu på landsbygda.

Ved årsskiftet 2007–2008 var det om lag 33 700 bruk med husdyr, mot vel

55 000 i 1992. Det var vel 15 000 bruk med vinterfora sau og nær 19 000 med

storfe, av desse vel 13 000 med mjølkekyr (www.ssb.no, Statistikkbanken).

Gardsbruk, alder og golfbanar• Det er 190 000 landbrukseigedommar her i landet, 160 000 med

bustadhus. 34 000 av desse er utan fast busetjing (Landbruksregiste-

ret 2006, Landbruks- og matdepartementet).

• Gjennomsnittsalderen på den norske bonden var i 2007 49 år, i 1999

48 år. I 1999 var 26 prosent av gardbrukarane under 40 år, i 2007

berre 21 prosent (www.ssb.no, Personlege brukarar etter alder,

29.01.2008).

• Talet på norske gardsbruk har gått ned frå om lag 90 000 i 1992 til

om lag 49 800 i 2007. I 2007 vart 1400 gardsbruk nedlagde

(www.ssb.no, Jordbruksstatistikk).

• Talet på golfbanar auka frå 40 i 1995 til 164 i 2007. Ein fullverdig

bane krev frå 600 til 1000 mål (dekar) innmark (Norges Golffor-

bund: Anleggspolitisk dokument). Det tilsvarer mellom fem og ti

gjennomsnittsgardsbruk.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 63 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 564

Aukande matprisar i verda fortel at det er viktig å sikra at dyrkbar jord og

utmarksbeite framleis kan brukast til matproduksjon. Det er ulike meiningar

om korvidt det er areal nok til å produsera den maten som trengst til menneska

i verda. Men marknadskreftene aleine er lite skikka til å sikra at det blir produ-

sert mat nok der den trengst mest. Marknadskreftene kan heller ikkje garantera

at arbeidsplassane i jordbruket blir «konkurransedyktige» i eit moderne Noreg.

Daverande landbruksminister Terje Riis-Johansen (Sp) sa det slik under ein

konferanse i Tromsø 13.02.2007:

Jeg er politiker for å styre utviklingen i en retning som markedet ikke klarer

alene. Ikke minst gjelder det landbrukspolitikken.

Enkelte andre politikere ønsker å AVVIKLE politikken på landbruksområdet,

og la markedsløsningen styre alene. Det kan kanskje gi billig mat – men de klarer

ikke å levere kulturlandskap og levende bygder.

Er små bruk eit svar på matvarekrisene?Nobel-økonomen Amartya Sen oppdaga i 1962 at det er eit omvendt forhold

mellom storleiken på gardsbruk og kor store avlingar dei gir. «Dess mindre

bruka er, dess større er avlingane,» skriv den britiske journalisten George Mon-

biot i ein omtale av Sen sine funn (Guardian 10.06.2008 og Klassekampen

26.06.2008). Monbiot viser til at undersøkingar frå mellom anna India, Pakis-

tan, Nepal, Malaysia, Thailand, Java, Filippinane, Brazil, Colombia og Paraguay

stadfestar Sen sin teori. Ei forklaring kan vera at dei små bruker meir arbeids-

kraft og at arbeidet har betre kvalitet. Arbeidskrafta er ofte «gratis» familie-

arbeidskraft. Monbiot nemner samtidig at internasjonale organisasjonar som

OECD og FAO (FN sin landbruksorganisasjon) og dei rike landa i praksis ikkje

støttar småbrukarane, sjølv om denne kunnskapen skulle vera godt kjent. «Stor-

kapitalen dreper småskalajordbruket,» skriv Monbiot. Det er mange skilnader

mellom deltidsbønder på norske småbruk og småbrukarar i Malaysia og Para-

guay, men felles er at areala ikkje er store, innsatsen er snarare arbeid enn kapi-

tal, og familien gir ei hand med. Ein modell som har framtida for seg, skal vi tru

Monbiot.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 64 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 6

Godt for helsa – men kviforaukar sjukefråværet?

Vil sekstimarsdagen vera bra for helsa? Det kjem litt an på korleis kvardagen ser

ut, og kva slags arbeid du har. Har du ein fulltidsjobb som tar for mykje av kref-

tene, er sjansane store for at kortare dag gir helsegevinst. Men da må ikkje

arbeidstempoet eller overtidsbruken samstundes auka så mykje at vinninga går

opp i spinninga. Har du ein deltidsjobb, er det kanskje viktigare for helsa di at

økonomien blir betre med sekstimarsdag. Du får full lønn for det som i dag er

80 prosent stilling. Og har du ein liten deltidsjobb, men ønskjer meir, kan det bli

råd med det òg. Arbeidsgivaren kan få bruk for deg i full stilling når andre går

ned i arbeidstid frå 7,5 til 6 timar.

Er det konfliktar mellom ansvaret ditt heime og det jobben krev? Slit du med

fulle timeplanar der du aldri får plass til alt, kan det fort gå på helsa laus. Seks-

timarsdagen kan gjera det lettare å finna utvegar med helsa i behald.

Mindre påkjenning og betre tidOm lag ein av fire jobbar i «det moderne arbeidslivet» krev god fysisk kondisjon.

Vi kan ikkje alltid velja jobb etter kva vi har krefter til. Derfor arbeider mange på

grensa av det dei maktar. Mange av oss er sikkert i dårlegare fysisk form enn for-

eldra og besteforeldra våre var. Vi rører oss mindre enn dei gjorde, og vi køyrer

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 65 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 666

der dei gjekk. Vi veit at det er bra å trimma og trena, men kven orkar det dersom

dei har ein arbeidsdag som tar heile overskotet?

Kortare arbeidsdag gir meir tid til kvile og til fysisk trening. Frå sekstimars-

dagsforsøka i til dømes Kiruna og Helsingborg veit vi at det er ein av måtane dei

ekstra timane blir nytta på. I Oslo-forsøket var det ikkje joggeskoa, men ungane

som fekk det meste av ekstratida. Slikt kjem sjølvsagt an på korleis livet ser ut for

kvar einskild av oss.

Har du arbeidsvilkår som utset kroppen for uheldige påkjenningar, tener du

på kortare dag ved at påkjenninga blir kortare. Det kan til dømes gjelda arbeid

med stor skaderisiko, einsformig montasjearbeid, datainnmatingsarbeid, lang-

varig maskin- og bilkøyring eller arbeid i sterk støy. Men du vinn ikkje stort der-

– Dersom det ikkje blir sekstimarsdag for alle, må det iallfall innførast frå 55 år og oppover. Å venta til folk har fylt 62 er for lenge, seier Gunhild Haugen, reinhaldar i Miljøservice, Trondheim eiendom. Foto: Greg Rødland Buick.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 66 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

godt for helsa – men kvifor aukar sjukefråværet? 67

som prisen for arbeidstidsforkortinga er at pausane blir heilt borte, eller at

påkjenninga blir større den tida den varer. Støyen kan til dømes auka dersom

tempoet aukar, og da er du om lag like langt.

Også dei som mest merkar påkjenninga på det mentale planet, kan vinna

helsemessig på kortare dag. Ei undersøking blant lærarar viste at dei ofte

vart friskare igjen når dei hadde gått av med uførepensjon. Helseplager dei

hadde hatt dei siste åra i arbeid, forsvann (Lærerforbundet 1995). Slik er det

sikkert i fleire liknande yrke. Mange ville kan henda få same gevinst av seks-

timarsdag som av å gå heilt ut av arbeidslivet. Men da måtte ikkje seks-

timarsdagen berre brukast som seniortiltak dei aller siste åra, men som nor-

malarbeidsdag, slik at det vart mogeleg å hushalda med kreftene gjennom

heile yrkeslivet.

For dei som har omsorgsoppgåver og arbeid ventande heime, kjem krava i

arbeidet lett i konflikt med anna ansvar. Vanlegvis vil kortare arbeidsdag gi

mindre tidspress i husarbeidet og mindre konflikt mellom omsorgsoppgåver og

jobb. Helsa tener på at påkjenninga blir mindre, både fysisk og mentalt.

For ein av fire er arbeidsdagen for hardI Sverige målte forskarar kondisjonen hos eit utval av menn og kvinner

som spegla yrkesfordelinga i «det moderne arbeidslivet» (Karlqvist,

Leijon og Härenstam 2003). Resultata vart samanlikna med energi-

krava i jobben dei hadde. Om lag kvar fjerde mann og kvar femte

kvinne hadde ein arbeidsdag som kravde meir enn dei eigentleg hadde

krefter til. Med åtte timars dag var dei fysisk utmatta etter jobb. I dei

tyngste yrka gjaldt det for fleirtalet av dei tilsette. Da snakkar vi om

kvinneyrke som hjelpepleiar, kjøkkenarbeidar, servitør og reinhaldar,

og mannsyrke som bygningsarbeidar, målar, lastebilsjåfør og igjen rein-

haldar. I Noreg veit vi at det er i desse og liknande yrke at avgangen til

uføretrygding i dag er tidlegast og størst. Sekstimarsdagen opnar for at

fleire slepp å bli arbeidsuføre berre fordi dei på normalt vis får mindre

ork til tungt arbeid med åra.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 67 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 668

Gir rom for eldre og gjer færre «funksjonshemma»Statistisk sentralbyrå har spurt sysselsette over 55 år om kva tiltak som var vik-

tigast for at dei skulle halda fram til pensjonsalderen (Ugreninov 2005). Dei

fleste (50 prosent) ønskte seg kortare arbeidstid, medan 40 prosent ønskte

mindre arbeidsmengd. I svara vart det ikkje skild mellom menn og kvinner, og

ønsket om kortare arbeidstid gjeld sikkert for alle. Men tal frå SSB seier også at

eldre kvinner oftare enn eldre menn kjenner seg fysisk utmatta etter arbeidet

(SSB, Statistikkbanken, emne 06, tabell 04843).

Hos menn er det om lag like mange blant dei eldre og dei unge som kjenner seg

utmatta, men hos kvinner aukar andelen tydeleg med alderen. Det kan mellom

anna henga saman med at blant menn blir fysisk tungt arbeid mindre vanleg med

aukande alder, medan dei eldste kvinnene ikkje blir sparte på same viset. Dei har

om lag like ofte tungarbeid som dei yngre og yngste kvinnene. Når vi veit at kref-

tene blir mindre med åra, er det lett å forstå at dei eldre kvinnene er dei som oftast

kjenner seg utmatta etter arbeid. Med lågare lønn og kortare oppteningstid enn

mennene er det heller ikkje lett å gå av med tidlegpensjon sjølv om jobben er for

tung. Såkalla «frivillig» deltid gir dårlegare økonomi. Det er ikkje noko ein vel om

ein ikkje må. Truleg arbeider mange eldre kvinner og ein del menn meir enn dei

har godt av. Dei treng sekstimarsdag med full lønn meir enn dei fleste.

Statistisk sentralbyrå har også spurt dei som er i arbeid, men som reknar seg

som funksjonshemma, kva slag grenser funksjonshemminga set (Olsen og Mem

Thi Van 2007). Halvparten svarte at funksjonshemminga set grenser for kor mykje

dei kan arbeida, det vil seia for arbeidstida per dag eller veke. Arbeidstida kan i seg

sjølv gjera at til dømes ein hjartesjuk eller lungesjuk person opplever seg som funk-

sjonshemma i arbeidslivet. Halvparten av dei funksjonshemma som er sysselsette,

arbeider i dag deltid, mot ein firedel av alle sysselsette. Når dei ikkje kan få full lønn,

blir mange avhengige av offentleg stønad. Sekstimarsdagen opnar for større delta-

king i arbeidslivet og motverkar utestenging og isolasjon, som elles leiter på helsa.

Kva seier forskinga?Forskingskunnskapen er enno ikkje stor, for ingen av sekstimarsdagsforsøka har

vart meir enn eitt eller to år. Det blir ikkje store endringar i helsa på så kort tid,

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 68 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

godt for helsa – men kvifor aukar sjukefråværet? 69

og konsekvensane for folkehelsa er ikkje lette å lesa ut frå små og kortvarige for-

søk. Kvar og ein kan omtrent tenkja seg kva sekstimarsdagen vil bety for eiga

helse. Det forskarane finn i forsøka der konsekvensane for helsa er undersøkt, er

om lag det vi kunne venta, men det er likevel viktig nok.

Sekstimarsdag i omsorgsyrke – Noreg og Sverige 1995–98I siste halvdel av 1990-åra vart det sett i verk tre temmeleg like sekstimarsdags-

forsøk i Stockholm, Helsingborg og Oslo. Forsøka omfatta stort sett kvinner i

heimetenesta, i sjukeheimar og i barnehagar. Arbeidstida vart korta ned, men

lønna var uendra. Timane som gjekk tapt, vart heilt eller delvis erstatta med

nytilsetjingar.

Færre var plaga av smerter i nakke- og skulderområdet etter at arbeidstida

vart sett ned (Wergeland mfl. 2003). I Oslo og Helsingborg var det også spørs-

mål om fysisk utmatting etter arbeid, mens ein i Stockholm spurde om søvn og

mental utmatting. Færre var plaga med fysisk og mental utmatting etter at

arbeidstida vart sett ned, og dei meinte dei sov betre (Åkerstedt mfl. 2001). Det

kan henga saman med at stresspåkjenninga i dagleglivet vart mindre når

arbeidsdagen vart kortare.

Sekstimarsdag i offentleg sektor – Sverige 2005–2006I 2005–2006 finansierte den svenske regjeringa eit nytt, stort sekstimarsdagsfor-

søk i offentleg sektor. Denne gongen omfatta forsøket kvinner og menn i sosialt

arbeid, omsorgsarbeid og teknisk arbeid (Bildt 2007). Forsøket varte i om lag

eitt og eit halvt år.

Dei som fekk kortare arbeidstid, opplevde meir trivsel, betre helse, betre høve

til å planleggja fritida og meir omgang med familie, venner og kjende.

Ved avslutninga av forsøket fekk både dei som hadde hatt sekstimarsdag,

og kontrollgruppa med normal arbeidstid, spørsmål om kva dei helst ville

velja. Ville dei ha sekstimarsdag fem dagar i veka, eller ville dei ha fire dagar

med 7,5 timars arbeidsdag? Dei som hadde prøvd sekstimarsdag, var mest

positive til dagleg forkorting. Forklaringa kan vera at fordelane med ein

sekstimarsdag blir tydelegare for dei som har fått prøva å arbeida på den

måten.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 69 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 670

Det vart ikkje registrert vesentlege endringar i sjukefråvær, eller i blodtrykk,

kondisjon, kroppsmål eller sukker- og feittinnhald i blodet. Men deltakarane

var mindre plaga av muskelsmerter, dei var mindre trøytte etter arbeidsdagen,

dei sov betre og dei sov lenger. Det er interessant at desse resultata stadfestar

funna frå forsøka i omsorgsyrka i 1990-åra, mellom dei Oslo-forsøket. Det tyder

på at resultata ikkje er tilfeldige, og gir større grunn til å forventa slike resultat

av liknande forsøk i framtida.

Korttidsverknadene av sekstimarsdagen på muskelsmerter, utmatting og

søvn betyr truleg i lengda også færre slitasjeskadar. Men skulle ein få vita det

sikkert, måtte arbeidstidsforkortinga halda fram over lengre tid enn i desse

forsøka.

Kva med sjukefråværet?Mange trur at sekstimarsdagen skal gi lågare sjukefråvær. Oslo-forsøket er til

og med vorte omtala som mislykka, ettersom sjukefråværet ikkje gjekk ned.

I røynda er sjansane små for at sekstimarsdagen skal gi lågare sjukefråvær,

sjølv om den gir betre helse. Det høyrest rart ut, men her er litt av forkla-

ringa:

Kortare dag kan nok føra til at færre enn før treng sjukmelding for akutte

skadar og muskelsmerter, men det er sjeldan nok til å senka totalfråværet på ein

arbeidsplass. Totalfråværet blir nemleg rekna ut som fråværsdagar i prosent av

avtalte arbeidsdagar for dei tilsette samla, og dei lange fråværa betyr mest.

Det normale er at nokre få av dei tilsette (om lag 5–10 prosent) står for det

aller meste av fråværsdagane i eit år, og dermed for det meste av fråværsprosen-

ten, som alle er så opptatt av. Dersom bedrifta har nokre få titals tilsette, vil eitt

eller to alvorlege uhell eller sjukdomstilfelle ekstra gi ein dramatisk auke i fråvæ-

ret frå eitt år til det neste. Det same vil eitt eller to lykkelege omstende (svanger-

skap) gjera, dersom jobben er dårleg tilrettelagd for dei gravide, så dei blir sjuk-

melde tidleg i svangerskapet.

I større verksemder heng store variasjonar i fråværet frå år til år ofte saman

med at ei større gruppe eldre eller langtidssjukmelde blir sagde opp eller pensjo-

nerte om lag samstundes, eller med at det har vore stor nyrekruttering (nytil-

sette er friskare enn gjennomsnittet).

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 70 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

godt for helsa – men kvifor aukar sjukefråværet? 71

Fråværsprosenten måler berre kor mykje svinn bedrifta har av sjukedagar på

det årlege innkjøpet av arbeidsdagar, eller som det også heiter: «andel fraværs-

dager av avtalte arbeidsdager». Det er eit meir enn hundre år gammalt bedrifts-

økonomisk mål for produksjonstap, som aldri var tenkt som mål for folkehelse

og arbeidsmiljø.

Kva hender med fråværet i eit sekstimarsdagsforsøk?Korttidsfråvær og eigenmeldingar kan det bli mindre av i forsøkstida, men dei

gjer ikkje store utslag på totalfråværet. Ein del lange fråværstilfelle kan bli korta

Kva påverkar fråværsprosenten?I totalfråværet tel dei lange fråværa mest (dei som tar flest dagar). Her

kjem dei gamle slitasjeskadane, saman med beinbrot, graviditetar, kreft,

hjarteinfarkt og langvarige psykiske lidingar. For totalfråværet er det

særs viktig kor høg gjennomsnittsalderen er blant dei tilsette. Eldre folk

går rundt med fleire diagnosar og får oftare alvorlege sjukdommar enn

dei unge. Og kroppen bruker med åra lengre tid på å reparera seg etter

brot, seneskadar eller operasjonar. Eldre er sjeldan, men lenge borte.

Det viser seg også på totalfråværet om bedrifta er inkluderande eller

tvert om rask til å kvitta seg med dei som er eldre eller sjuke. Bedrifter

som kvittar seg med sjuke folk, får låg fråværsprosent.

Dessutan blir totalfråværet prega av kva slag arbeid bedrifta driv med.

Det finst jobbar som kan gjerast på eit stille, varmt kontor, utan forstyr-

ring frå kundar, klientar eller dårleg vêr. I andre jobbar bør ein vera i

svært god form til tunge tak, og kanskje bør ein heller ikkje hosta på dei

ein snakkar med eller skal hjelpa, dersom arbeidet har mykje med folk å

gjera. Arbeidsmiljøet kan vera betre og trivselen høgare på den sist-

nemnde plassen, men fråværsprosenten er likevel høgare.

Den raskaste måten å få ned fråværsprosenten på er å seia opp alle

som har helseproblem, og alle som er over 55 år og snart kan få slike pro-

blem, og å unngå slike folk ved nyrekruttering. Da blir fråværsprosenten

slik mange trur den skal vera – den blir altfor låg.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 71 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 672

ned og vil dra totalfråværet nedover. Men lange fråvær kjem på grunn av alvor-

leg sjukdom eller kroniske smerter og helsesvikt, som ikkje blir borte etter eit

år eller to med sekstimarsdag. Somme smertetilstandar kan bli mindre invali-

diserande dersom sekstimarsdagen blir ei (lang)varig ordning. Det vil gi ein del

færre lange fråvær. Men dessverre for alle som berre bryr seg om fråværs-

prosenten, er det slik at dersom sekstimarsdagen utset avgangen frå arbeids-

livet, vil det meir sannsynleg bli fleire lange fråværstilfelle og høgare total-

fråvær, fordi fleire eldre eller sjuke da held fram i arbeid. Inkludering fører

gjerne til høgt fråvær, medan utstøyting fører til lågt fråvær. Fråvær må da vera

betre enn utstøyting?

Sjølve organiseringa av forsøket kan også få totalfråværet til å auka, dersom

forsøket krev nyrekruttering. Nytilsette er oftast friskare enn gjennomsnittet,

men behovet for fråvær vil auka og nærma seg gjennomsnittet i løpet av for-

søkstida, slik at dei drar totalfråværet opp mot slutten.

Alt i alt skal ein vera varsam med å spå kva fråværet blir i eit sekstimars-

dagsforsøk, men det er meir truleg at det går opp enn at det går ned. Gjer så

det noko? Er det ikkje viktigare om folk blir i betre form eller orkar jobben

betre, slik at dei kanskje vil ta nokre år til? Sjukefråværsprosenten er eit ubru-

keleg mål på helse, arbeidsmiljø og inkludering. Den er eit forståeleg suksess-

mål for sekstimarsdagen dersom arbeidsgivaren aleine skal avgjera, men det

er lita von om å nå målet på kort sikt. Det er større sjanse for å lykkast om ein

vel andre suksessmål, til dømes lågare turnover, betre rekruttering, mindre

utstøyting og betre sjølvopplevd helse, til føremonn for både arbeidsgivar og

tilsette.

Dei to leiarane i skiferbedrifta Minera Norge AS (sjå s. 137) har forstått at dei

ikkje kunne venta lågare sjukefråvær, og dei hadde derfor andre suksessmål for

forsøket sitt:

– Eg trur ikkje det blir mindre influensa om vi arbeider seks timar om dagen,

og dei som har arbeidd her lenge, har ei fortid med både 7,5 og 8 timars arbeids-

dag, seier produksjonsleiar Knut Fossum i Oppdal. Og dagleg leiar Magne Båt-

stad på Otta er inne på det same:

– Eg ventar ingen endringar i sjukefråværet på kort sikt, vi blir ikkje kvitt dei

belastningsskadane folk alt har fått, fordi om vi kortar ned arbeidstida.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 72 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

godt for helsa – men kvifor aukar sjukefråværet? 73

Enklare enn mange trurDet er sjeldan bruk for innvikla statistikk for å skjønna endringar i fråværet

frå eit år til det neste. Som eit døme kan vi sjå på sjukefråværet hos 20 tra-

fikkbetjentar frå forsøket i Trondheim parkering KF i perioden 2006–2008

(Buvik, Tvedt og Torvatn 2008). Figur 11 i rapporten viser fråværet i 2005,

2006 og 2007. Det gjekk frå 13,9 prosent før forsøket opp til 19,2 prosent

og ned til 13,2 prosent igjen i 2007. Det normale er at berre nokre få står for

nesten alle fråværsdagane. Dersom éin, og berre éin, av tjue betjentar var

borte eit heilt år, ville det samla fråværet for dei 20 vera 5 prosent det året.

La oss tenkja oss at to betjentar stod for dei lange fråværa og dei fleste

fråværsdagane i 2005, og kanskje to andre i 2007, mens heile fire var

uheldige og hadde lange fråvær i 2006. Det ville vera nok til å forklara

variasjonane frå år til år.

Når dei tilfeldige variasjonane er så store, måtte verknadene av særskilde

tiltak, som til dømes sekstimarsdag, vera dramatiske for å bli synlege.

Utvikling av sjukefråværsprosent 2005–2007 fordelt på korttids, mellom-

langt og langtids fråvær. Årsgjennomsnitt. Etter Buvik, Tvedt og Torvatn

2008. Evaluering av 6-timersforsøk ved Trondheim parkering KF, SINTEF.

PR

OS

EN

T

T YPE FRAVÆR

Kort

2005

1,7 2,1 1,8

3,44,1

5,3

8,8

13,1

6,1

13,9

19,2

13,2

Mellomlangt Langt Total0

5

10

15

20

20062007

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 73 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 7

Kvifor krev ikkje fedrar sekstimarsdag?

Moderne ungar vil ha ein far som er til stades, ikkje berre når han bruker fedre-

kvoten og eventuelt tar meir av fødselspermisjonen i dei første leveåra deira,

men gjennom heile oppveksten. Moderne fedrar blir dratt mellom den tradisjo-

nelle mannsrolla som hovudforsørgjar i eit arbeidsliv som stiller grenselause

krav, og ei ny farsrolle som stiller andre krav og går dårleg i hop med dei lange

arbeidsdagane.

Far må vera til stades– Når pappa er reist, så spør jeg mamma hele tiden: Hvor er pappa? Jeg

synes det er dumt når han er mye borte. Jeg vil at vi skal være sammen.

Han bruker veldig mange timer på jobben, altså.

Slik uttalar ein niåring seg. Utsegna er henta frå eit intervju i sosiolo-

gen Brita Bungums doktorgradsarbeid (Bungum 2008). I Bungums

arbeid går det fram at sjølv om mor framleis er den primære omsorgs-

givaren, set ungane stor pris på fars omsorgsinnsats, enda den er mykje

meir avgrensa i tid. Det er med andre ord ikkje nok at far gjer sitt for å

forsørgja familien, han må også vera til stades sjølv.

«Farsidealet har forandret seg, og det har også ungenes forventnin-

ger. Jeg vokste opp i en bygd der mange av fedrene var ute på sjøen

store deler av tida, og vi koblet aldri det å være en god far til det å være

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 74 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kvifor krev ikkje fedrar sekstimarsdag? 75

Likestilling og livskvalitet 2007 (Holter, Svare og Egeland 2008) er ei undersøking

gjord på oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet om «menns oppfat-

ninger og forståelse av kjønnslikestilling i relasjoner, familie, arbeidsliv og sam-

funn». Data er henta inn ved svar på 123 spørsmål på eit spørjeskjema utarbeidd

av Nordisk institutt for kvinne- og kjønnsforsking (NIKK) og Arbeidsforsk-

ningsinstituttet (AFI) i samarbeid. 2805 personar (kvinner og menn) svarte på

spørsmåla i første halvår 2007.

Det vart mellom anna spurt om kor mykje folk arbeidde, og både kvar fjerde

mann og kvar fjerde kvinne svarte at dei gjerne skulle arbeida mindre enn dei

gjer. At kvinner ønskjer kortare arbeidstid, er ikkje nytt. Kanskje er det meir

overraskande at heile 30 prosent av dei mennene som seier at dei arbeider meir

enn dei ønskjer, finst innanfor industri, handverk og anlegg, det vil seia yrke der

ein gjerne ventar at den tradisjonelle mannsrolla står sterkt. Undersøkinga viser

ikkje kor mange av desse mennene som heller ville ha brukt tida i lag med

ungane enn på jobben, men at det er ein viss samanheng her, er ikkje urimeleg.

Stiller opp for jobbenMen kvifor arbeider dei så mykje, om dei ikkje vil?

Vel 40 prosent av dei mennene som arbeider meir enn dei ønskjer, oppgir at

dei gjer det fordi arbeidsplassen krev det. Har arbeidsplassane basert seg på ei

viss mengd overtid, slik at dei eigentleg konstant er underbemanna? Dukkar det

stadig opp akutte kriser som krev at ein må «stå på» for å berga arbeidsplassen?

Er desse mennene offer for det generelt grådige og grenselause arbeidslivet, der

ein helst skal vera klar til å stå på døgnet rundt? Eller finst det andre forklarin-

til stede. Barn som vokser opp i dag, derimot, forventer en mye større

grad av deltakelse, også i hverdagslivet. En god far er en som dukker opp

på fotballkamper og kommer hjem til middag,» seier Bungum, som har

intervjua mødrer og fedrar i elleve familiar.

http://kilden.forskningsradet.no/c17251/artikkel/

vis.html?tid=52390, 01.08.2008

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 75 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 776

gar? Det går ikkje fram av rapporten. Kor mange har gjort ei grundig vurdering

av kva som skal vega tyngst, arbeidsplassen eller omsynet til familien? Det fortel

undersøkinga heller ikkje noko om.

Anten arbeidskleda er hjelm og overall eller dress med eller utan slips, er det

noko «mandig» ved å arbeida lange dagar. Kanskje er krava frå arbeidslivet no til

dags aller verst i dei grenselause jobbane innanfor finans-, advokat- og meklar-

yrke? I ein avisreportasje om arbeidsplassar der 14–16 timars arbeidsdagar ikkje

er uvanleg, uttalte ein yngre meklar seg slik:

Det handler om en machokultur. Du er svak hvis du trenger hvile, hvis du tren-

ger hjelp. Man higer etter å være blant de beste. Samtidig er det antagelig sånn at

de aller beste får til en balansegang.

(Dagens Næringsliv 19.05.2007)

Tor Birkeland, partner i advokatfirmaet Simonsen, stiller seg ifølgje den same

artikkelen tvilande til «om det er mulig å tilpasse finansnæringen til et tempo

der man tar hensyn til folks søvnbehov».

Frå forsørgjar til omsørgjarMenn har ikkje hatt lett for å stilla krav på eigne vegner for å redusera arbeids-

tida si. Nybakte fedrar har heilt sia 1977 hatt høve til å dela fødselspermisjonen

med mor, men svært få gjorde det dei første 15–16 åra. Først etter at fire veker

av fødselspermisjonen vart reservert for far, frå og med 1. april 1993, vart det

vanleg for fedrar å ta noko av fødselspermisjonen, den såkalla fedrekvoten.

Seinare er fedrekvoten utvida til seks veker. Det er også ein aukande tendens til

at fedrane tar meir enn dei obligatoriske seks vekene. Av dei fedrane som tok ut

foreldrepengar i 2007, var det på landsbasis i overkant av 14 prosent som tok

permisjon i åtte veker eller meir.

Fedrekvoten vart ein rett for alle. Den er ikkje lenger noko ein må for-

handla med sin eigen arbeidsgivar om. Forskarar som har evaluert ordninga,

meiner dette har vore avgjerande for at fedrane skal ta permisjon. Frå at det

var «noko spesielt» med fedrar som tok sin del av fødselspermisjonen, er det

no tvert imot dei fedrane som ikkje bruker retten sin, som må forklara seg og

tola å komma i eit litt kritisk lys. Frå å vera forsørgjar er mannen i ferd med

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 76 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kvifor krev ikkje fedrar sekstimarsdag? 77

også å bli omsørgjar, skriv to av forskarane som har arbeidd med dette

(Brandth og Kvande 2003).

Den nye omsørgjarrolla betyr ikkje at mannen har slutta å vera forsørgjar.

Men det er lenge sia dei fleste menn var den einaste forsørgjaren i familien. I dei

fleste familiar med to vaksne er det to inntekter, sjølv om det framleis er vanleg

at mannen tener meir enn ein kvinneleg partner. Men om inntekta er ulikt for-

delt mellom kvinner og menn, er dei fleste familiane avhengige av begge inntek-

tene for at hushaldsbudsjettet skal balansera.

Kva kjem etter fedrekvoten?Både mødrer og fedrar står i skvis mellom familie og arbeidsliv om dei skal få

til ei rimeleg deling av ansvar og arbeidsoppgåver i heimen. Til no er det

mødrene som har merka denne skvisen mest, og det er dei som i størst grad

– Ein blir meir kjend med ungane når ein kjem tidlegare heim. Med sekstimarsdag blirdet meir tid til både husarbeid og trening, seier Sigurd Lars Haldorsen, tillitsvald vedtrappefabrikken B. Innvær. Her i lag med sonen Markus. Foto: Greg Rødland Buick.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 77 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 778

har tilpassa yrkesarbeidet sitt for å få det daglege tidspuslespelet til å gå i hop.

I mange tilfelle må løysinga bli høgst individuelle tilpassingar. I nyare tid er det

kvinnene som både gjennom kvinnerørsla og gjennom kvinnerike fagforeinin-

gar og -forbund har tatt opp att kravet om kortare dagleg arbeidstid. Til dels

har dei fått liten eller svært lågmælt støtte frå dei mannsdominerte delane av

fagrørsla.

Det var heller ikkje dei mannsdominerte fagforeiningane som kjempa fram

fedrekvoten, men menn ser altså ut til å synast at det er ei bra ordning når den

først er der. Kva skal til for at mannskollektivet skal makta å ta initiativ til å reisa

krav som bryt med dei krava arbeidslivet tradisjonelt har stilt? Er biletet av man-

nen som hovudforsørgjar framleis ei hindring?

Mennene i den nemnde undersøkinga som arbeider meir enn dei vil, seier

ikkje at det er sekstimarsdag dei ønskjer. I snitt svarer dei at 38 timar i veka ville

vera «passe». At dei ikkje formulerer eit krav om sekstimarsdag, er ikkje overras-

kande. Korkje deltid eller redusert arbeidstid av omsorgsgrunnar har vore

mykje brukt av mannfolk. Om det er praktiske vanskar på eigen arbeidsplass

som hindrar dei i å stilla krav om endringar, eller om det er den tradisjonelle

oppfatninga av kva ein «skikkeleg arbeidskar» er, veit vi ikkje.

Dess meir interessant er det å sjå at fleire av dei ordningane med sekstimars-

dag som har komme i gang i dei siste åra, er på mannsarbeidsplassar og innan-

for yrka i industri og handverk. Dei aller fleste mannfolka som har fått prøva

det, set stor pris på ei arbeidstidsordning som gir meir fritid, og nettopp det å få

meir tid til heim og ungar, er argumentet for at dei gjerne vil halda fram med

ordninga. Det kan fleipast om at «det blir mykje middagslaging av denne seksti-

marsdagen,» slik arbeidarane på trappefabrikken på Bømlo sa (sjå s. 125) Men

det ser ut til at dei fleste finn det heilt rimeleg at dei skal ta ein større del av

arbeid og ansvar i heimen når arbeidsdagen blir kortare. Det er fint å kunna

henta ungar i barnehagen tidlegare enn før, eller å vera på plass heime når dei

kjem frå skole og skolefritidsordning.

Er mannfolk berre einskildindivid?Kvifor er ikkje dei mennene som synest arbeidsdagen er for lang, meir synlege?

Kvifor har ikkje det at arbeidsdagen er for lang, komme fram gjennom dei fag-

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 78 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kvifor krev ikkje fedrar sekstimarsdag? 79

forbunda som organiserer menn innanfor industri, handverk og anlegg? Er det

slik at mannfolk flest ser på den lange arbeidsdagen som eit «privat» problem,

som dei må løysa kvar på sin kant?

Kan samanhengen vera at det enno ikkje har vorte ei kollektiv oppfatning at

ein god far ikkje har tid til å arbeida overtid? At han eigentleg ikkje har tid til å

vera på jobb meir enn seks timar dersom han skal ta sin rimelege del av ansvar

og oppgåver i heimen?

Dersom det stemmer at fars bruk av foreldrepermisjonen i ungane sitt første

leveår styrkjer banda til ungane, så må det vel også kjennast rett for far å vera

meir saman med dei når det første året er over? Krev ikkje femåringen, niårin-

gen og trettenåringen like mykje ein far som har tid og kan vera til stades, sjølv

om innhaldet i nærværet endrar seg med åra?

Biletet av mannen som hovudforsørgjar står i motsetnad til krav om meir

samvær med ungar. Den svenske forskaren Marie Norberg meiner at menn ikkje

ser at deira problem heng saman med at heile arbeidslivet framleis er organisert

slik at det høver for menn utan familieansvar. Derfor prøver dei berre å finna

individuelle løysingar, i samarbeid med nokre få andre menn på arbeidsplassen,

utan at det fører til ei kollektiv rørsle for å få til endring (Marie Norberg i Holter,

Svare og Egeland 2007).

Alliansen mellom deltidsarbeidande kvinner og overtidsarbeidande menn

eksisterer i mangt eit parforhold. Kva skal til for at denne alliansen i eit større

perspektiv kan brukast til å kjempa fram ein kortare normalarbeidsdag, som

kan gjera både kvinner og menn heiltidsarbeidande, og som kan redusera deltid

og overtid til unntaksordningar?

Mannserfaringar«Mennenes nye erfaringer går dypt på et personlig nivå, men ikke uten

videre bredt på et samfunnsnivå. De representerer noe nytt og lovende,

men de utgjør ennå ikke et alternativ til den tradisjonelle organisatoriske

effektiviteten eller det ‘teknisk-økonomiske systemet’.»

(Øystein Gullvåg Holter i Holter, Svare og Egeland 2007)

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 79 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 780

Det er kvinner som har formulert kravet om «ein arbeidsdag å leva med, og

ei lønn å leva av». Mennene har til no hatt eit forsprang når det gjeld lønna. Med

pengar følgjer det alltid makt. Kva har den makta som følgjer med å vera den

som tener mest, å seia for mannfolk si prioritering av arbeid og arbeidstid? Kan

redsla for å mista makt på heimebane stå i vegen for eit kollektivt mannskrav om

kortare arbeidsdag?

Kvinnene har i stort monn tilpassa arbeidstida si med deltid og alle former

for fleksibilitet for å få ein dag å leva med. Kva må til for at «ein arbeidsdag å leva

med» skal bli eit fellesprosjekt, på same tid som kvinner skal få ei lønn å leva av?

Da fedrekvoten vart innført i 1993, var Noreg det første landet i verda som

innførte ein omsorgspermisjon som var reservert for fedrar. Kva blir steg to?

Kva for eit land blir det første i verda som innfører ein seks timars normal-

arbeidsdag som kan gjera det mogeleg for fedrar å vera både omsørgjarar og

forsørgjarar?

Sagt om sekstimarsdagen: Gudrun Schyman, talsperson for

Feministiskt initiativ i Sverige

– Ta tida tilbake!

Slik avslutta Gudrun Schyman eit innlegg om sekstimarsdagen i avisa

Sydsvenskan 29. juli 2007:

– Om vi skal resonnera ut frå eit heilskapleg perspektiv og kva som

er «berekraftig» på lang sikt, står vi utan tvil framfor store omstillin-

gar. Skal vi minska utsleppa av koldioksid (og det skal vi jo), må vi vur-

dera vår materielle standard med eit meir miljø- og tidsmedvite blikk.

Det trengst meir tid for å reisa kollektivt, meir tid for å eta mindre

halvfabrikata og så vidare. Dette er ikkje ein «tilbakegang». Det er eit

framsteg, mogeleg ut frå auka teknisk utvikling og auka kunnskap om

tilstanden i verda.

Etter å ha følgt sekstimarsdagen politisk i snart tjue år ser eg at mot-

standen korkje er faktabasert eller resultat av ei heilskapleg vurdering.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 80 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kvifor krev ikkje fedrar sekstimarsdag? 81

Skal ein dømma etter alle motargumenta, er arbeidstidsforkortinga

tydeleg eit trugsmål. Spørsmålet blir da – eit trugsmål mot kva? Mot

den globale masseforbruksbaserte økonomien? Mot oppdelinga i ein

mannleg og ein kvinneleg sfære, med kvinnene sjølvsagt forankra i

ansvaret for familien, medan mannen jagar etter karriere? Eller er det

kanskje kombinasjonen?

Er det eigentleg slik at krav ut frå eit heilskapleg perspektiv trugar

maktsystem som byggjer på dominans og konkurranse, det grunnleg-

gjande mønsteret som får si næring i dei djupe patriarkalske førestellin-

gane som framleis forpestar verda?

Kravet om seks timars arbeidsdag er eit visjonært krav. Kanskje treng

det ei ny innpakking? Kva med: «Ta tida tilbake!» (vår oms.)

Heile innlegget kan lesast på: http://www.sydsvenskan.se/opinion/

aktuellafragor/article254948.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 81 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 8

Eit krafttak for likestilling

Noreg har eit rykte som føregangsland når det gjeld likestilling. Når vi får gjes-

ter, undrar somme seg mest over at vi har kvinnelege biskopar og kvinnelege

offiserar i Forsvaret og omtrent halvparten kvinner i regjeringa, medan andre

synest det er minst like rart at kvinner i det likestilte Noreg berre har 85 prosent

av menns lønn.

Langt frå alle kvinner i Noreg drøymer om å bli general eller biskop, men dei

aller fleste ønskjer å ha lønnsarbeid og å tena nok til å forsørgja både seg sjølv og

eventuelle ungar. Men det er ikkje alltid så lett å få til.

Somme av gjestene våre undrar seg nok over at kvinner og menn har så ulik

arbeidstid i dette likestillingsparadiset, slik at nesten halvparten av dei yrkesak-

tive kvinnene ikkje har full jobb og dermed er langt unna å kunna forsørgja seg

sjølve. Somme har ein familieøkonomi som gjer at deltid kan opplevast som ei

god ordning, medan andre arbeider høgst ufrivillig deltid.

Kva som er «naturleg» og kva som er «underleg», er avhengig av auga som ser.

Men vi er enno eit godt stykke unna likestilling i den meininga at både kvinner

og menn har same høve til å vera økonomisk sjølvstendige. At likestilling er vik-

tig, vil likevel dei fleste vera samde i, sjølv om dei kanskje legg noko ulikt inn-

hald i omgrepet.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 82 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

eit krafttak for likestilling 83

Statistikken fortel oss at likestillinga enno er eit stykke unna:

• Ser vi all inntekt under eitt (lønn, trygd, pensjon og kapitalinntekt), har

kvinner om lag 65 prosent av menns inntekt. Det kjem av at kvinner både

eig mindre og har lågare lønn og meir deltid enn menn.

• Kvinner med barn under sju år bruker fire gonger så mykje tid på husarbeid

og dobbelt så mykje tid på omsorgsarbeid som menn med barn i same alder.

• Heilt sia 1980 har den gjennomsnittlege tida i lønnsarbeid vore om lag 30

timar i veka for kvinner, medan den gjennomsnittlege arbeidstida for menn

har gått litt ned, frå vel 41 timar til vel 37 timar i 2007.

(Statistisk sentralbyrå)

Kva er likestilling?

For meg betyr likestilling at:

Alle kvinner har en lønn å leve av. Kvinner har like mye makt som menn

på alle arenaer. Vi har fått lik ansvars- og arbeidsfordeling i hjemmet.

Ingen kvinner føler utrygghet på grunn av at de er kvinner.

(LO-leiar Roar Flåthen i 1. mai-talen i Årdal i 2007)

Det [likestilling] er et krav om frihet fra diskriminering, desavuering og

krenkelser, og samtidig et demokratikrav: om lik rett til lik deltakelse.

(Hege Skjeie og Mari Teigen: Menn imellom,

ein del av Maktutredningen frå 2003)

Likestilling fremstår i dag som en diffus verdi som «alle» er for og som

det er politisk ukorrekt å være i mot.

(NOU 2003: 19, side 37)

Kvinner og menn skal gis like muligheter til utdanning, arbeid og kultu-

rell og faglig utvikling.

(Likestillingsloven, § 1)

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 83 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 884

Både skilnaden mellom kvinne- og mannslønn og skilnaden i kvinners og

menns gjennomsnittlege arbeidstid har vore nokså konstant i fleire tiår. Det er

altså ikkje nokon grunn til å tru at desse grunnleggjande forholda vil endra seg

«av seg sjølv». Det kan tvert om sjå ut til at forholdet mellom kvinners og menns

lønn og arbeidstid har «stabilisert seg» på eit nivå som høver godt både for dei

arbeidsgivarane som har nytte av kvinner som fleksibel deltidsarbeidskraft og

dei mannfolka som synest likestillinga har komme langt nok. Dersom all velvil-

jen for likestilling skal føra til endringar, må det gjerast konkrete politiske ved-

tak. Å forkorta normalarbeidsdagen til seks timar kan vera eit slikt vedtak.

Ein av grunnane til den store inntektsskilnaden mellom kvinner og menn, er

at vel 40 prosent av dei yrkesaktive kvinnene arbeider deltid. Med innføring av

sekstimarsdag vil mange av dei som no arbeider deltid, bli heiltidsarbeidande og

dermed få full lønn.

I forsøka som er gjorde til no, ser vi også at ein del av dei med kortare deltid

enn 30 timar i veka aukar arbeidstida si til full tid når det er seks timar per dag.

Arbeidsgivaren treng gjerne fleire på fulltid når arbeidsdagen blir kortare.

Dersom lik fordeling av arbeid (lønna og ulønna arbeid til saman) og fritid er

eit brukbart mål på likestilling, står det ikkje så dårleg til for norske småbarns-

foreldre. Begge foreldra arbeider mykje – fedrane mest ute, mødrene mest heime.

Men dersom likestilling også skal bety lik fordeling av arbeidsoppgåvene

heime og ute, er det framleis langt fram til likestilling mellom småbarnsmødrer

og småbarnsfedrar.

Så lenge det er vesentlege skilnader mellom kvinne- og mannslønn, og så

lenge det i dei fleste parforhold er han som tener mest, er det ikkje så rart om det

er ho som reduserer arbeidstida når tida ikkje strekk til. Det forsterkar den frå

før skeive fordelinga av både dei ulønna arbeidsoppgåvene og arbeidsinntekta.

Det er ikkje lett å få til lik fordeling av dei ulønna arbeidsoppgåvene utan lik for-

deling av lønnsarbeidet. Men to moment er viktige her:

• Meir lik arbeidstid i lønna arbeid vil i seg sjølv leggja grunnlag for ei meir lik

deling av dei ulønna arbeidsoppgåvene i heimen.

• Med seks timars normalarbeidsdag for alle vil langt fleire kvinner kunna

vera i full jobb. Det vil fjerna ein del av skilnaden mellom kvinners og menns

inntekt.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 84 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

eit krafttak for likestilling 85

Til no har det ikkje vore gjort forsøk med sekstimarsdag som har omfatta heile

lokalsamfunn i Noreg, berre i einskilde verksemder. Vi har derfor ingen røynsler

med kva som kan skje med arbeidsdelinga i familiar der to vaksne begge har

sekstimarsdag. Vi ventar enno på den første kommunen som innfører seks-

timarsdag for å auka tilflyttinga.

Men det finst undersøkingar om korleis arbeidstida generelt verkar inn på

arbeidsdelinga i familien. Silje Vatne Pettersen i Statistisk sentralbyrå har under-

søkt samanhengen mellom arbeidstid i lønnsarbeid og fordeling av hus- og

omsorgsarbeid.

Jo mer mor arbeider, jo mindre far arbeider og jo høyere andel av husholdningsinn-

tekten mor står for, desto likere deles både husarbeidet og omsorgsarbeidet. […]

Analysen bekrefter at arbeidet hjemme fortsatt er kjønnsdelt, og at delingen

av hus- og omsorgsarbeid er mer avhengig av tiden foreldrene har tilgjengelig

utenom yrkesarbeidet enn når på døgnet de arbeider.

(Pettersen 2004)

I denne undersøkinga går det altså fram at timetalet mor har i lønnsarbeid, er

viktig for kor mykje far tar av barneomsorga og husstellet, mens det er mindre

viktig kva tid på døgnet ho arbeider. Tilskotet hans til innsatsen heime aukar

også dess meir tid han har att av døgnet etter lønnsarbeidet, uansett om han

arbeider vanleg dagtid eller har ei anna arbeidstidsordning.

Forskarar som har følgt forsøka med sekstimarsdag i Sverige 2005–2006,

venta i utgangspunktet at arbeidstidsforkortinga kunne forsterka den tradisjo-

nelle fordelinga av det ubetalte arbeidet mellom kvinner og menn, men slik

gjekk det ikkje. Dei fann mellom anna at særleg menn under 35 år brukte meir

tid til husarbeid og omsorg for barn enn kvinner og menn i andre aldersgrup-

per. «Det finns skäl att anta att en daglig förkortad arbetstid i alla fall inte skulle

bidra til en ökad ojämställdhet» (Bildt 2007).

Fabrikken til Kellogg’s i Battle Creek i Michigan, USA, innførte sekstimars-

dag i 1930. Der kunne «Kellogg’s-par» (par der både kone og mann arbeidde

seks timar hos Kellogg’s) oftare enn andre fortelja at dei delte på husarbeidet.

«Sekstimersdagen skapte ofte mer flytende forhold hjemme, åpnet for spørsmål

om arbeidsdeling mellom kjønnene og førte til energiske reforhandlinger om

husarbeid og hjemmeprosjekter,» skriv Benjamin Kline Hunnicutt (Hunnicutt

2005). Sjå også kapittel 11.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 85 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 886

Sekstimarsdagen treng ikkje føra til likare deling av oppgåvene i hus- og

omsorgsarbeid. Kortare arbeidsdag kan også gi rom for meir spesialisering –

mor kan baka fleire bollar, og far kan mekka meir bil. Fordelinga av arbeids-

oppgåvene i heimen er ei forhandlingssak; det kan diskuterast både kor mange

bollar som skal bakast, og kven som skal baka dei. Ein langt meir grunnlegg-

jande føresetnad for likestilling er fordelinga av makt og pengar, og at både

kvinner og menn kan vera økonomisk sjølvstendige. Med sekstimarsdag vil dei

som ønskjer ei meir lik deling av heimearbeidet, få eit arbeidsliv som legg betre

til rette for det.

Sagt om sekstimarsdagen: Sigbjørn Johnsen, fylkesmann,

om sekstimarsdagen i 1982 og 2008

– Likestilling og livskvalitet

I 1982 uttalte daverande stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Sig-

bjørn Johnsen, som også var nestleiar i Likestillingsrådet, seg slik:

– Spørsmålet om sekstimersdagen må ikke reduseres til en forkor-

telse av arbeidstiden i tradisjonell forstand. Drivkraften er kravet om et

endret samfunn – med et endret sett å leve på. I dette samfunnet er det

naturlig at kvinne og mann tar samme ansvar for barn og hjem – og at

begge har samme mulighet til å ta aktivt del i arbeids- og samfunnsliv. I

kravet om seks timers arbeidsdag ligger ønsket om et framtidssamfunn

med større åpenhet – bedre kvalitet og menneskelig omtanke. Det kre-

ves mot og politisk vilje til å skape et slikt samfunn. Vi er en rik nasjon –

med store menneskelige, økonomiske og naturgitte ressurser. Bruk av

disse ressursene til å omforme samfunnet vil være ledetråden i arbeider-

bevegelsens framtidige politisk arbeid» (Johnsen 1982).

Når vi i 2008 spør Johnsen, no fylkesmann i Hedmark, om korleis han

ser på spørsmålet om sekstimarsdagen, stadfestar han at han står ved

det han sa i 1982, og han stiller eit spørsmål som ikkje var med i debat-

ten den gongen:

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 86 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

eit krafttak for likestilling 87

Har ikkje dei fleste av oss no nådd ein materiell velstand som gjer at

vi kan stansa opp og ta ut livskvalitetsverdiar i staden for auka lønn? Og

blir vi ikkje faktisk også nøydde til det i ein global og klimamessig

samanheng?

Johnsen minner også om endringane som har skjedd, den store

auken i kvinners yrkesdeltaking, og dei utvida ordningane innretta mot

småbarnsfamiliane – fødselspermisjon, tidskonto og utbygging av bar-

nehagar. Men på arbeidsmarknaden er situasjonen nesten motsett av

det den var i 1982. Den gongen var deling av arbeid eit tema som tiltak

for å hindra høg og stigande arbeidsløyse. No er det i delar av økono-

mien mangel på arbeidskraft, og spørsmålet om vi «har råd til seks-

timarsdagen» kan vera aktuelt.

Vidare luftar han tanken om ein «livsvarig tidskonto» – kunne det

vera ei løysing å arbeida meir og lenger som senior, mot å få kortare

arbeidstid i fasen da barna er små? I ein generasjonskontraktsamanheng

og med pensjonsmessige utfordringar trur han vi må belaga oss på å stå

lenger i arbeid.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 87 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 9

Normalarbeidsdagen vernar om fritida og lønnsnivået

Slik vart det sagt i ei utgreiing om sekstimarsdag i Oslo kommune i 1980-åra:

6-timers dag vil medføre en overgang fra 3-skift til 4-skiftsordninger. En 4-skifts-

ordning vil føre til at start- og sluttidspunkt for kvelds- og nattskiftet vil bli svært

ubekvem.

(Oslo kommune, byrådet. Byrådssak nr. 1079/86)

I desember 1984 hadde bystyret i Oslo gjort eit samrøystes vedtak om at gjen-

nomføring av sekstimarsdag i ulike kommunale etatar skulle greiast ut. Men dei

tilsette i barnehagane eller sjukeheimane eller i vegvesenet hadde ikkje vorte

spurde til råds om korleis dei kunne sjå for seg sekstimarsdagen i praksis.

Særleg kan det vera grunn til å undrast over at administrasjonen ikkje hadde

spurt seg for hos prosjektgruppa ved Lindeberg alders- og sykehjem, som hadde

gjort eit grundig førearbeid for ei utprøving av sekstimarsdagen. Dei hadde dis-

kutert korleis turnusen skulle sjå ut, og hadde komme fram til ei fireskiftordning

med tre overlappande skift på seks timar og eit nattskift på ni timar. Og dei

hadde kartlagt at minst 60 prosent av dei 77 deltidstilsette ville seia ja til full jobb

dersom det vart sekstimarsdag. Dei meinte sekstimarsdag ville auka rekrutte-

ringa, redusera sjukefråværet, førebyggja slitasje og arbeidsskadar, redusera

behovet for vikarar og føra til betre trivsel og overskot til beste for pasientane.

Men dei vart stoppa av bystyrefleirtalet 4. mars 1987 (Sykepleien nr. 9, 1987).

Og alt i 1985 hadde sjukepleiarar i Trondheim foreslått ei turnusordning med

tre overlappande skift på seks timar og eit nattskift på åtte timar (Sykepleien

nr. 4, 1985).

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 88 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

normalarbeidsdagen vernar om fritida og lønnsnivået 89

Motargumentet om eit seks timars nattskift var henta rett ut av lufta, og tyder

på at dei kommunale byråkratane i Oslo visste lite om organisering av arbeid.

Men misforståinga om at sekstimarsdagen automatisk skal føra til ei firedeling

av døgnet, er framleis ikkje utrydda. I eit notat til Fornyings- og administrasjons-

departementet i samband med departementet si kartlegging av forsking om

arbeidstid (seks timars dag / tretti timars veke), skriv forskar Nina Amble ved

Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) mellom anna:

Sekstimersdagen indikerer en firedeling av døgnet. En sekstimers arbeidsvakt i

turnus, noe mange oppfatter som «en katastrofe», eller umulighet i forhold til

kontinuitet, betyr en ytterligere oppstykking av arbeid og samarbeid […]. En

gjennomsnittlig arbeidsuke ned til 30 timer derimot, vil kunne gi flere nye spen-

nende muligheter.

(Amble 2006)

Det overraskande med dette notatet er at det ikkje tar omsyn til erfaringar som

er gjorde med sekstimarsdag i pleie- og omsorgsyrke (sjå til dømes om Oslo-

forsøket i dette kapitlet, og s. 145–147). Og kanskje er det like overraskande at

det blir stilt opp ein kunstig motsetnad mellom sekstimarsdag og 30 timars

veke, når det er snakk om arbeid som uansett må gå føre seg utanfor ramma for

normalarbeidsdagen.

Normalarbeidsdag og unntakSeks timars normalarbeidsdag vil ikkje seia at absolutt alle alltid skal arbeida

berre seks timar per døgn, like lite som absolutt alle arbeider 7,5 timar per

døgn med dagens ordning. Normalarbeidsdagen seier kor mange timar per dag

ein skal arbeida for å få full lønn, og når på døgnet det skal vera normalt å gjera

jobben. Når det er fastsett, må det lagast unntaksordningar der det trengst.

Lengda på normalarbeidsdagen har alltid vore eit kjernespørsmål for fag-

rørsla. Kampen for åttetimarsdagen er den saka som meir enn noko anna har

samla arbeidsfolk under felles faner i vår del av verda. Og framlegget til den før-

ste «Fabriktilsynsloven» frå dei første fagforbunda i Noreg i 1886 vart kalla

«Udkast til Lov om Normalarbeidsdag med videre» (gjengitt i Wergeland 2006).

Normalarbeidsdagen var det viktigaste kravet.

Arbeidstida er dels fastsett i tariffavtalar, dels i arbeidsmiljøloven. I dag seier

dei fleste tariffavtalane i Noreg at arbeidstida er 7,5 timar per dag, med ei ramme

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 89 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 990

for når på dagen arbeidet normalt skal utførast. Somme avtalar seier

kl. 06.00–kl. 17.00, somme kl. 07.00–kl. 18.00, andre kl. 07.00–kl. 17.00. Mange

tariffavtalar seier også at det skal forhandlast med dei tillitsvalde om plassering av

arbeidstida. Avtalane seier dessutan at arbeid utover 7,5 timar per dag skal beta-

last som overtid. For det arbeidet som blir utført utanfor ramma for normal-

arbeidsdagen, skal det betalast skifttillegg og/eller tillegg for ubekvem arbeidstid.

Fordi mykje viktig og heilt nødvendig arbeid må utførast utanfor ramma for

normalarbeidsdagen, er det vidare laga både avtalar og lovreglar for skift- og

turnusarbeid, og slik må det sjølvsagt også vera når sekstimarsdagen skal gjen-

nomførast.

For dei som ikkje har tariffavtalar, gjeld reglane i arbeidsmiljøloven, som set

ein slags minstestandard for arbeidsvilkår. Den gir eit dårlegare vern om normal-

arbeidsdagen enn dei vanlege tariffavtalane. Etter loven er arbeidsveka framleis på

40 timar, og det skal normalt ikkje arbeidast meir enn ni timar per dag. Ein para-

graf i arbeidsmiljøloven (§ 10-12 (4)) opnar sia 1968 for at store forbund kan laga

avtalar som gir dårlegare vern enn loven. Det kan til dømes vera avtalar om lange

skift eller om mykje nattarbeid mot høge tillegg eller mykje fritid.

Seks timars normalarbeidsdag vil seia at der det no står at den alminnelege

arbeidstida er «7,5 timer» i avtalane og «9 timer» i loven, skal det stå «6 timer».

Når sekstimarsdagen er innført, blir det opp til arbeidsgivarar, tillitsvalde og

tilsette å finna ut korleis dette best kan organiserast på kvar arbeidsplass, even-

tuelt kor mykje som trengst av unntaksordningar for å få ei arbeidstid som alle

partar kan vera nøgde med.

Frå to- til tredelt turnusI Osloforsøket, som vart gjennomført ved ein sjukeheim og i heime-

tenesta i ein bydel i Oslo frå juni 1995 til mars 1997, valde dei å gå over

frå todelt til tredelt turnus. Det vil seia at det vart ei morgonvakt, ei mel-

lomvakt og ei kveldsvakt i løpet av arbeidsdagen (nattevaktene var ikkje

med i forsøket). Valet vart gjort etter ei grundig kartlegging av arbeids-

oppgåver til ulike tider på dagen, i samråd med dei tilsette. (Meir om

Osloforsøket på s. 145–147.)

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 90 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

normalarbeidsdagen vernar om fritida og lønnsnivået 91

I arbeid som går i fleire skift gjennom døgnet (skift- og turnusordningar), må

ein sjå på korleis det høver best å organisera arbeidstida, også når normal-

arbeidsdagen blir seks timar. Det er slett ikkje gitt at arbeidstida skal ordnast

nøyaktig på same vis for brannmannskap som for sjukepleiarar, eller at sjukehus

og sjukeheimar skal ha heilt like turnusordningar.

Felles for dei som arbeider etter skiftplanar med kvelds-, natt- og helge-

arbeid, er at dei har færre arbeidstimar i veka enn dei som berre har dagarbeid.

Arbeidstida for skift- og turnusarbeidarar må forkortast tilsvarande når seks-

timarsdagen blir innført. I dag har skiftarbeidarar i helse- og omsorgsyrke len-

gre arbeidstid enn skiftarbeidande industriarbeidarar, sjølv om arbeidet er like

belastande. Kravet om at skiftarbeidarar i helsesektoren skal ha same arbeidstid

som skiftarbeidarar i industrien gjeld sjølvsagt også når vi får sekstimarsdag.

Men vi får tru at lovendringa som stiller alt skiftarbeid likt, utan omsyn til kjønn

eller næring, kjem på plass før sekstimarsdagen.

Eksempel på tariffavtalar om arbeidstidFellesforbundet (Verkstedoverenskomsten 2008–2010):

• Den daglige arbeidstiden legges i tiden mellom 06 og kl. 17.00 de før-

ste 5 virkedager i uken. Hvor saklige grunner gjør det nødvendig, kan

ordinær arbeidstid legges til lørdager mellom kl 06.00 og kl 12.00. […]

• Arbeidstiden på 2-skift skal ikke overstige gjennomsnittlig 36,5

timer pr. uke.

• Arbeidstiden på 3-skift skal ikke overstige gjennomsnittlig 35,5

timer pr. uke (33,6 timer pr. uke for helkontinuerlig 3-skift).

Norsk sykepleierforbund (2006–2008):

• Den ordinære arbeidstid skal ikke overstige gjennomsnittlig 37,5

timer pr. uke. […]

• Ukentlig arbeidstid skal ikke overstige gjennomsnittlig 35,5 timer i

følgende tilfelle:

– I turnusordninger hvor ordinært arbeid må utføres mellom kl 20.00

og kl 06.00 og/eller minst hver 3. søndag.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 91 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 992

Arbeidstid, opningstid og driftstidSkal til dømes bankar og offentlege kontor berre vera opne frå kl. 09.00 til kl. 15.00

når sekstimarsdagen blir innført? Sjølvsagt ikkje, dersom folk har bruk for at dei er

opne lenger. Det kan ikkje vera vanskelegare å finna gode arbeidstidsordningar for

slike arbeidsplassar enn til dømes for barnehagane, som i dag har varierande

arbeidstider for å dekkja ei opningstid som er lengre enn normalarbeidsdagen.

For somme offentlege kontor der opningstida i dag fell saman med arbeids-

tida, kan det kanskje vera tenleg å halda på opningstida, sjølv om arbeidstida

blir forkorta. Om det skal vera faste skift, der til dømes ei gruppe jobbar frå

kl. 08.00 til kl. 14.00 og ei anna frå kl. 09.30 til kl. 15.30, må vurderast og avgje-

rast ut frå dei lokale forholda.

Det kan vera fleire meiningar om kor lenge butikkar og ulike samfunnstenes-

ter skal vera opne. Dei som arbeider i butikkane, er ikkje tente med å få natt-

arbeid for at samfunnet skal vera «ope». Kortare normalarbeidsdag vil gjera det

mogeleg for fleire å nå butikkane utan at dei treng å vera kvelds- eller nattopne.

Og når fleire får meir fritid, kan det kanskje bli større etterspurnad etter både

symjehallar, bibliotek og kunstutstillingar, slik at dei kan utvida opningstidene

sine noko? Men det er ein annan diskusjon. Sekstimarsdagen stengjer korkje for

kortare eller lengre opningstider.

– Ved døgnkontinuerlig skiftarbeid.

– Ukentlig arbeidstid skal ikke overstige gjennomsnittlig 33,6

timer ved helkontinuerlig skiftarbeid eller i sammenlignbare tur-

nusordninger.

Arbeidsmiljøloven:

• Den alminnelige arbeidstid må ikke overstige ni timer i løpet av 24

timer og 40 timer i løpet av sju dager (§ 10–4).

• Arbeid mellom kl. 2100 og kl. 0600 er nattarbeid. […] Som natt-

arbeid regnes ikke arbeid på to skift som legges mellom kl 0600 og

kl 0000 (§ 10–11).

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 92 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

normalarbeidsdagen vernar om fritida og lønnsnivået 93

Dei fleste produksjonsverksemdene som i dag praktiserer sekstimarsdag, har

valt å organisera arbeidet i to skift, slik at dei får ei samla driftstid på tolv timar.

Korleis det skal gjerast i andre verksemder, må diskuterast konkret med dei til-

sette og vurderast ut frå kva slag arbeidsoppgåver ein har med å gjera. Det blir

ofte sagt at dyre maskinar må nyttast mest mogeleg, altså flest mogeleg timar i

døgnet. Men det er nett derfor vi har fått ramma for kva tid det er normalt å

arbeida – normalarbeidsdagen. Den bremsar maskineigaren som helst ser ei

driftstid på 24 timar i døgnet. Loven og tariffavtalane viser at samfunnsfleirtalet

ikkje vil ha det slik; det er dagtid som skal vera normal arbeidstid.

Men kva med dei som har lang reiseveg, som kanskje bur på brakke i arbeids-

veka, eller av andre grunnar ønskjer å ta ut ei forkorting til 30 timars veke

med ein ekstra fridag i veka i staden for dagleg forkorting av arbeidstida? Alt

i dag har arbeidsplassar der fleirtalet er pendlarar, avtalar om lengre arbeids-

dagar frå måndag til torsdag og heilt eller delvis fri fredag. Andre har avtalar

om fleksitid og avspasering som gjer det mogeleg å innarbeida heile fridagar.

Nordsjøarbeidarane har sine særeigne arbeidstidsordningar, og det kjem dei

sikkert til å halda fram med. Også dei vil få meir fritid med seks timars nor-

malarbeidsdag.

Skolen og sekstimarsdagenKorleis vil sekstimarsdagen påverka skolen? Lærarane si arbeidstid blir

rekna ut på ein annan måte enn for dei fleste andre, først og fremst fordi

arbeidsåret er tilpassa undervisningsåret. Årsverket, som i 2008 var

1687,5 timar, er fordelt på færre arbeidsdagar enn for andre arbeidstaka-

rar. Det er 190 undervisningsdagar og fem planleggingsdagar i året. Ei

gjennomsnittleg lærarveke er om lag 43,3 timar. Lærarane har berre fire

ferieveker, resten er avspasering. I dag har dette reknestykket 7,5 timars

normalarbeidsdag som basis. På same vis må lærararbeidstida reknast ut

frå seks timars normalarbeidsdag når den tid kjem. Korleis det best kan

organiserast på kvar einskild skole, må det vera opp til arbeidsgivarar,

tillitsvalde, tilsette og foreldre å finna fram til.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 93 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 994

Kva så med dei som er så opptatt av og engasjerte i jobben sin at dei ikkje trur

dei vil få gjort nok dersom dei berre skulle arbeida seks timar om dagen, og som

slett ikkje opplever at 7,5 timars dagen er for lang? Somme yrke er i dag ikkje

omfatta av tariffavtalar og er både formelt og i praksis «grenselause». Andre ligg

i eit grenseland der den formelle arbeidstida er regulert med tariffavtalar, men

der dei tilsette i praksis arbeider langt utover desse grensene. Kor mykje av dette

overarbeidet som blir gjort ut frå eigne ønske og personleg interesse for faget

eller arbeidet, og kor mykje som følgjer av eit meir eller mindre direkte press til

å «stå på», vil variera. Ei forkorting av normalarbeidsdagen vil ikkje fjerna det

som måtte vera problematisk med slike flytande grenser for arbeidsdagen, men

vil setja ein standard som også kan påverka dei yrka og arbeidsplassane som

ikkje lèt seg styra av tariffavtalar.

Sekstimarsdagen – eit vestleg luksuskrav?Den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO gjorde vedtak om åtte timars

dag og 48 timars veke i 1919 (konvensjon nr. 1). 40 timars veke vart vedtatt alt i

1935 (konvensjon nr. 47). Men i mange land har arbeidarane enno ikkje fått

realisert åttetimarsdagen. ILO-rapporten Working Time Around the World (ILO

2007) viser at kvar femte arbeidstakar i verda arbeider meir enn 48 timar i veka.

I somme land har halvparten av dei tilsette lengre arbeidsveker, og det er nær

samanheng mellom låg lønn og lang arbeidstid. Land som tillet grenselause

arbeidsdagar, gir arbeidsgivarane ein føremonn i den internasjonale konkur-

ransen, som arbeidarane i landet får betala for. Å ha ei fastsett grense for nor-

malarbeidsdagen er avgjerande for å vinna fram i kampen for betre lønns- og

arbeidsvilkår, uansett kor i verda arbeidet går føre seg.

I Noreg fryktar Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) at kortare normal-

arbeidsdag skal føra til «redusert konkurranseevne». For arbeidarar i fattige

land kan ei forkorting av normalarbeidsdagen og ei svekking av konkurranse-

evna i dei rike landa vera eit solidarisk bidrag til eit betre utgangspunkt for kam-

pen deira for ein arbeidsdag å leva med.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 94 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

normalarbeidsdagen vernar om fritida og lønnsnivået 95

Lange arbeidsdagar i StorbritanniaEU sitt arbeidstidsdirektiv set 48 timar i veka, medrekna overtid, som ei

øvre grense for arbeidstida. (Gjennomsnittleg vekearbeidstid kan

reknast over ein lengre periode.) Men direktivet har ein klausul som gir

dei einskilde statane høve til å tillata lengre arbeidsveker. Ifølgje TUC

(britisk LO) har talet på britiske arbeidarar som dei siste åra har arbeidd

meir enn 48 timar i veka, passert 3,3 millionar. Det er 12,9 prosent av

alle arbeidstakarar og 180 000 meir enn i 2007. Regjeringa meiner det

må vera valfritt for den einskilde, medan TUC seier at tilsette blir pressa

til å arbeida lange dagar. Dei har, så langt utan hell, bede den britiske

regjeringa om å støtta dei britiske arbeidarane og gjera slutt på dei

ekstreme arbeidstidene i staden for å støtta business-lobbyen som vil

halda på retten til å tøya arbeidstida. Nestleiaren i den britiske

arbeidsgivarforeininga vil ikkje at nokon skal bli pressa, men meiner

at «folk skal ha rett til å gå den ekstra mila når det trengst» (The Guar-

dian 6. juni 2008).

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 95 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 10

Kortare arbeidsdag – ei lang historie

I det gamle jordbrukssamfunnet vart ikkje arbeidsinnsatsen målt i timar. Ein

målte dagsverk, og ein visste kva som var venta av flinke folk – anten det gjaldt

kor mange kornband dei skar på ein dag, kor mykje ull dei karda og spann, eller

kor mange brødleivar dei baka. Den som var rask, fekk tid til overs. Men det var

ikkje alle som kunne gjera seg ferdig med dagsverket og ta fri. For tenestefolket

var ikkje dagen over før husbondsfolket meinte at alle nødvendige arbeidsopp-

gåver var gjorde. Og minst fri hadde tenestejentene. Etter middagen hadde til

dømes mannfolka rett på middagskvil, mens kvinnfolka måtte rydda vekk og ta

oppvasken (Sogner og Telste 2005).

Disiplinering til industriarbeidarOvergangen til industrisamfunnet endra mykje. Fabrikkeigaren kjøpte og betalte

for å få råderett over arbeidaren så lenge arbeidsdagen varte. Som indust-

riarbeidar vart det kan henda lettare å trekkja skiljet mellom eigaren si tid og eiga

tid. Men arbeidsvilkåra og arbeidsintensiteten var gjerne hardare mens arbeidet

stod på. For «arbeidsherrane», som dei vart kalla, gjaldt det å få kjøpt flest moge-

leg timar. Folk som kom frå landbruket, der arbeidstider og innsats var styrt av

årstider og vêrforhold, lét seg ikkje utan vidare styra av klokka og maskinen. Dei

kom når dei trong pengar og gjekk heim når dei hadde tent nok. Men arbeids-

herren svarte med disiplinering og kontroll. Forseintkomming og fråvær vart

strengt straffa.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 96 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 97

Kyrkja bygde opp under disiplineringa med idealisering av hardt arbeid som

ein veg til frelse og som eit prov på høg moral, medan «lediggang er rota til alt

vondt». Gløymt var fuglane under himmelen, som korkje sådde eller hausta, og

arbeidarane i vingarden, dei som fekk same betaling utan omsyn til kor mange

timer dei hadde arbeidd.

Kven skal eiga timane?Eit arbeidsreglement frå Vallø Papirfabrik i 1874, fortel mykje om kam-

pen om timane i åra før arbeidarane vann normalarbeidsdagen:

«Arbeidstimerne ere sædvanlig fra kl. 6 Morgen til 7 Aften, med ½

Times Frokost 8 ½ –9, 1 Times Middag 12–1, ½ Times Vesperkost

4–4 ½, dog er enhver forpligtet til at arbeide ud over denne Tid,

om paatrængende Arbeider skulle behøves, og kan Fritimer da for-

andres efter Arbeidets Nødvendighed.»

Arbeidarane fekk kvar sitt «Bliktegn» med nummer, som dei skulle

hengja på plass i eit skap når dei kom og ta med når dei gjekk for dagen.

Skapet vart stengt klokka fem over seks om morgonen. Den som da ikkje

hadde hengt nummeret sitt på plass, hadde «at betale en Mulkt første

gang 4 Skilling, i Gjentagelsestilfælde fordobbles denne Sum og kan have

Afskjedigelse til følge» (Reglement for arbeiderne paa Vallø Papirfabrik af

1ste September. Det forrige Lehmannske Bogtrykkeri, Christiania 1874).

Somme stader vart slike kontrollsystem møtte med sterk motstand.

Gruvearbeidarane i Sulitjelma fekk beskjed om å bera nummerplater av bly,

og kalla dei «slavemerke». Formannen skulle dela ut platene når folk kom

på arbeid og ta dei tilbake når dagen var slutt. Da om lag 120 mann nekta å

ta imot «slavemerka», vart dei oppsagde på dagen. På eit protestmøte

13. januar 1907 på Langvannsisen, som samla 1500 mann, vedtok dei sam-

røystes at dei ville stifta fagforeining. «Det viste seg at dagen straks havde sin

betydning, idet opsigelserne til de 120 mand i Charlotte tokes tilbake.»

(Aarsberetning om fagbevægelsen i Sulitjelma for aaret 1907,

gjengitt i Samorganisasjonen, Sulitjelma 1981).

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 97 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 1098

Det var ikkje så lett å disiplinera folk slik det høvde med den nye produksjons-

måten. Den kjende engelske historikaren Edward Palmer Thompson skriv at det

var aller vanskelegast å displinera kvinnene til å retta seg etter klokkestyringa

som den kapitalistiske produksjonen førde med seg (Thompson 1967). Grun-

nen var at kvinnene i så stor monn var styrde av andre tidssetjarar, først og

fremst av behova til barn og andre familiemedlemmer.

Kan henda er det noko av den same disiplineringsmotstanden ein ser på

mange industristader her til lands, mellom dei som enno litt nedsetjande blir

kalla «bøndene» blant arbeidarane. Dei driv enno litt jordbruk eller sauehald

attåt, dei er ikkje så ivrige på overtid og ekstraarbeid. Somme har også vore

skeptiske til fagorganisering. Dei blir kan henda borte ein dag eller to om det

er tid for lamming, eller når det er godt vêr for høyberging. Dei er styrde av

tidssetjarane i jordbrukssamfunnet, som ikkje utan vidare let seg konkurrera

ut av stemplingsur og datomatar.

Kva med mennene som no i aukande grad tar del i omsorgsarbeid og bar-

nestell heime? Kan henda blir behova til barn og andre familiemedlemmer

også viktigare tidssetjarar for dei, så dei blir pådrivarar for sekstimarsdagen?

Thompson meiner at det gradvis skjedde noko med tenkjemåten til det

industrialiserte mennesket: «Den første generasjonen av fabrikkarbeidarar fekk

læra av herrane sine kor viktig tida var. Den andre generasjonen laga komiteane

sine for kortare tid i titimarsrørsla. Den tredje generasjonen kjempa for overtid

og overtidstillegg. Dei hadde godtatt kategoriane til arbeidsgivarane og lært å

kjempa innanfor desse kategoriane. Dei hadde lært leksa si om at tid er pengar,

berre så altfor godt» (Thompson 1967, vår oms.)

I staden for kampen mot klokkestyring vart det ein kamp med arbeidsherren

om timane: Kortast mogeleg dag, minst mogeleg arbeid utover normalarbeids-

dagen. Minst mogeleg overtid. Når det ikkje gjekk å stå imot industridisiplinen,

gjaldt det i det minste å få best mogeleg pris for færrast mogeleg timar. Men sist

på 1900-talet stoppa kampen for kortare dagar opp, og det vart meir kamp om

timeprisen. Sjølv kampen mot overtid kunne bli ein kamp om betre pris på

overtida. Somme gonger vart det til og med kamp for få meir overtid, slik vi kan

lesa i historia om Kellogg’s-arbeidarane (Hunnicutt 2005).

Før fagorganiseringa hadde arbeidsherren bukta og begge endane. For den

eigedomslause arbeidaren var det ikkje lett å forhandla om pris når det var langt

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 98 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 99

mellom jobbane, «thi for dem begrændses Friheden af deres Maver», som sosia-

listagitatoren Chr. H. Knudsen sa når partiet Høire meinte at arbeidaren «fritt»

måtte få avtala med arbeidsherren kva arbeidstida skulle vera (Socialdemokra-

ten 1886 nr. 5, gjengitt i Wergeland 2006).

Med fagorganiseringa fanst det motmakt å setja mot arbeidsherren. Det var

lettare å seia nei til underbetalt arbeid og dårlege arbeidsvilkår når det var

mange som saman kunne krevja at arbeidsavtalane vart følgde, og fagforeininga

gav stønad til dei arbeidslause. Det viktigaste var å setja grenser for arbeidsda-

gen. I lønnsspørsmål kunne ulike grupper ha særinteresser. Men kravet om lov-

festa «normalarbeidsdag» og først tolv timars dag, så ti og deretter åtte timars

dag, samla den unge arbeidarrørsla, både i Noreg og internasjonalt. Åttetimars-

dagen var hovudkravet, og ofte det einaste kravet i 1. mai-feiringane internasjo-

nalt i perioden 1889–1919.

Lovfesta grenserLovfesta grenser for arbeidsdagen var viktige for å halda prisen på arbeidskrafta

oppe, men ikkje minst for å vinna fleire timar til eige bruk. Også arbeidsgivarar

såg nytta i å hushalda betre med arbeidskrafta så det ikkje gjekk på helsa laus.

Arbeidarkommisjonen av 1885 vart sett ned for å laga det første framlegget til

arbeidarvernlov her i landet. Arbeidarrepresentantane i kommisjonen minte

om at 11–12 timars arbeidsdag gjorde at det «vanskelig innspares noe fra den

nødvendige nattesøvn for en sådan arbeider til å ha godt av samværet med kone

og barn, til å lese litt eller til å sysle med ett eller annet avvekslende yndlings-

arbeid legemlig eller åndelig». Dei ville lovfesta ti timars normalarbeidsdag for

«å erobre en eller muligens flere timer til fordel for familielivet og alt annet der

kan tjene til å heve arbeideren intellektuelt og moralsk» (gjengitt i NOU 2004:

5, s. 234–235).

Arbeidsvilkår, arbeidstid og lønn var «privatrettsleg område», og ikkje noko

som staten skulle blanda seg i. Det var noko som måtte greiast ut mellom

arbeidsherren og «den frie arbeidaren», som det heitte. Derfor gjekk ikkje kra-

vet om normalarbeidsdag gjennom i den første arbeidarvernloven i 1892. Etter

kvart høyrde ein mindre om at lovfesting av arbeidstid var krenking av «den

voksne arbeiders» fridom som individ, slik Høire-representantane hadde

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 99 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 10100

hevda. I staden vart det no sagt at fagrørsla var sterk nok til å løysa dette sjølv i

forhandlingar. I diskusjonar i 1909 heitte det at det var opp til partane, og

framleis måtte ikkje staten gripa inn: «Arbeidernes fagorganisationer er nu saa

mægtige og maalbevisste, at de fuldt tilstrækkelig kan vareta arbeidernes inter-

esser» (sitert i Byrkjeland 2006, s. 19, etter Innstilling fra Arbeidstidskomiteen av

1954, s. 23). For dei fagorganiserte var det viktig å få lovfesta det som var avta-

lefesta, fordi arbeidsherren da ville vera hindra i å undergrava avtalen ved å til-

setja uorganiserte.

Først i 1916 tok regjeringa samfunnsansvar og lovfesta normalarbeidsdagen

til ti timar. Da var den i praksis allereie på plass gjennom avtalar for fleirtalet av

dei arbeidarane som var omfatta av arbeidarvernloven. I 1919 kom loven om

åttetimarsdagen. Men også den var på plass for dei fleste før loven tok til å

gjelda.

«Vi tok den rett og slett»Innføring av åttetimarsdag med full lønnskompensasjon var eit hovud-

krav frå landskonferansen til arbeidarråda 24. mars 1918 i Oslo. Alt i

januar hadde losse- og lastearbeidarane i Trondheim tatt åtte timars

arbeidsdag ved direkte aksjon utan vidare. Det var den same framgangs-

måten landskonferansen gjekk inn for. Dersom åttetimarsdagen ikkje

var eit faktum før 1. mai, ville dei sjølve «ta den». Aksjonen vart over-

laten til dei lokale arbeidarråda, og nokre stader gjekk det etter planen.

– Vi tok den rett og slett, kunne Sigvart Simensen fra Mjøndalen Cel-

lulose fortelle.

– Gamle bestyrer Hanssen sa faktisk ikke noe om det, i hvert fall ikke

så vi hørte det. Jeg husker vi traff ham en dag vi hadde vært ved

Hagatjern og fisket. – Fikk dere noe fisk? spurte han. – Ja, svarte vi, vi har

fått litt til middag. Og nå har vi tid til å fiske – nå som vi har åtte timers

dag. Men da dro han fra oss. Han ville ikke ha noe snakk med oss når vi

kom inn på det temaet.(Dahl 1956, s. 25–26).

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 100 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 101

Grunngjevinga da regjeringa og Stortinget endeleg gav etter for kravet om lov-

festa åttetimarsdag fortel både om frykt for konflikt og håp om at arbeidarklas-

sen ville slå seg til ro utan større samfunnsendringar.

«Det gjelder kanskje mere enn nogensinde, at landet ikke bare har en økono-

misk og trygget industri, men også tilfredse og arbeidsvillige arbeidere. Og kan

8-timers dagen virke til å skape arbeidsro, vil dette for industrien og for det hele

samfunn vanskelig kunne vurderes for høyt» (Ot.prp. nr. 21 (1919), s. 9, sitert i

Byrkjeland 2006, s. 21).

«Ottetimers dagen er for arbeiderne blitt symbolet på deres rett til å leve på like

fot med de øvrige samfunnsklasser. Flertallet har i gjennomførelsen av 8-timers

dagen sett det avgjørende og endelige brudd med et system som satte arbeide

som deres eneste siktemål … med 8-timers dagen gjennomført ved lov vil vort

lands arbeidere vinde ny tro på at vi gjennem en utvikling av samfundet som det

nu er, kan nå frem til en samfundsordning hvor også de kan finne seg til rette.»

(Innstilling ang. Normalarbeidsdagen 1919, s. 10–11,

sitert i Byrkjeland 2006, s. 21)

Men slett ikkje alle var omfatta av den lovfesta åttetimarsdagen. Eitt av unntaka

var hushjelpene. På den tida arbeidde kvar femte yrkesaktive kvinne som hus-

hjelp. Det skulle enno gå meir enn eit halvt hundreår før åttetimarsdagen vart

realitet for denne gruppa. Ei undersøking i Oslo i 1960 viste at om lag halvpar-

ten av hushjelpene hadde ei arbeidstid på ti timar eller mindre, medan

11 prosent arbeidde tolv timar eller meir (Søbye 2000).

Eit anna unntak var sjukepleiarane. Da Norsk sykepleierskeforbund (NSF)

vart stifta i 1912, var arbeidstida ei merkesak. Vanleg arbeidsdag for sjukepleia-

rar var 14 timar – frå klokka seks om morgonen til klokka åtte om kvelden. Men

dei måtte venta lenge på åttetimarsdagen. Arbeidarvernloven vart revidert i

1936, framleis utan at sjukepleiarane var omfatta av loven. Venstre-regjeringa

skauv sjukepleiarane ut fordi det ville kosta for mykje, skriv Kari Melby (Melby

1990). NSF arrangerte protestmøte, og eit protestskriv til Stortinget, under-

skrive av 1626 sjukepleiarar og 172 legar, gjorde sitt til at ein einstemmig sosial-

komité gjekk inn for lovvern for sjukepleiarane. Endeleg fekk dei åtte timars

arbeidsdag og 48 timars veke som andre.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 101 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 10102

Enda eit unntak var hotell- og restaurantarbeidarane, som hadde opp til 130

timars avtalt arbeidsveke heilt til den andre verdskrigen. Dei stod i praksis til

rådvelde for arbeidsgivarane heile døgnet.

Dei førsteUtover i 1920-åra endra forholda seg her som i andre kapitalistiske land, med

nedgangstider og ei massearbeidsløyse som varte gjennom heile mellomkrigstida.

Arbeidsvilkåra vart tilsvarande verre, og mange måtte sjå langt etter åttetimars-

dagen. Stikk i strid med fornufta, men i samsvar med det som er vanleg i dårlege

tider, gjekk overtidsbruken opp saman med arbeidsløysa. Teknologiske framsteg

vart brukte til hardhendt rasjonalisering og nedbemanning i mange delar av

industrien. Både her og i andre land svarte arbeidarrørsla på massearbeidsløysa og

Gruvearbeidarane i Sulitjelma var tidleg ute med å stilla krav om seks timars arbeidsdag.Dette biletet frå 1957 viser fagforeningsveteranar på trappa til Folkets Hus i Sulitjelma.Bak står Giken gruvearbeiderforenings fane med krav om «6 timers arbeidsdag». Fråvenstre: Ingvald Seljeås, Kristen Holstad, Karl Bottenvann, Ole Steinbakk, Ivar Aleksan-dersen, Kristian Moldjord, Randolf Mattson, Kåre Nygren. Foto: Sulitjelma historielag.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 102 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 103

rasjonaliseringa, som erstatta folk med maskinar, med å krevja kortare arbeidstid,

«rasjonering» eller «deling» av arbeidet og kamp mot bruken av overtidsarbeid.

Praksis var ulik frå bedrift til bedrift og frå foreining til foreining. Somme kravde

deling av arbeidet framfor oppseiingar, medan andre gjekk med på oppseiingar, i

første omgang av utanbygdsbuande og innflyttarar frå andre bygder og land.

Etter krav frå Eydehavn arbeiderforening innførte Arendal smelteverk seks

timars skift i 1920, visstnok berre i omnshuset. Men da den økonomiske krisa

og arbeidsløysa slo inn for alvor i 1921–22, vart det mogeleg for bedrifta å gå

tilbake til åtte timars skift (Berntsen 1981, s. 331).

I 1922 kravde arbeidarane ved Fredrikstad Mekaniske Verksted seks timars

arbeidsdag, som eit tiltak for å dela på arbeidet i ei tid med stor arbeidsløyse.

Dei var meir prinsippfaste enn mange på den tida og stilte som vilkår at seks-

timarsdagen skulle gjennomførast utan redusert daglønn. Vilkåret fekk også

støtte frå Nøds- og arbeidsløses forening (Kaldal 1983).

Sjønstå Arbeiderforening, den som vart stifta på Langvannsisen i Sulitjelma i

1907 (sjå s. 97), var også blant dei første som reiste kravet om sekstimarsdag.

Monica Schanche fortel at den første fana deira var pryda med «6 timers dag»,

men bak 6-talet kunne ein skimta eit 8-tal (Schanche 1982).

SulitjelmaDet finst fleire faner med påskrifta «6 timers arbeidsdag» i Sulitjelma.

Det tidlegaste daterte biletet er frå 1. mai 1926, der ein kan sjå ei fane

med påskrifta «6 timers arbeidsdag» i demonstrasjonstoget.

Møteprotokollane til Sjønstå Arbeiderforening har ingen opplysnin-

gar om fana, men i protokollane til Sulitjelma Samorganisasjon frå 1924

står det at gruvearbeidarane på denne tida hadde vore gjennom streikar

og lockoutar nesten årleg. Streiken i 1923 vart avløyst av lockout i

februar 1924, og det var nok mykje naud og elende som utfordra solida-

riteten. I 1924 vart det stor ståhei blant anna fordi det kom til saman-

støyt mellom uorganiserte blokadebrytarar og organiserte arbeidarar.

26 organiserte arbeidarar som aksjonerte for å hindra uorganiserte å

arbeida, vart dømde i meddomsretten i Bodø til bøter og sakskostnader

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 103 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 10104

LO-kongressen i 1931 vedtok å gå inn for seks timars skift og høgst sju

timars arbeidsdag med full lønnskompensasjon. Mange foreiningar hadde

sendt inn framlegg om sekstimarsdag, men kravet frå kongressen vart seks-

timarsdag for kontinuerleg skiftarbeid, og i første omgang sjutimarsdag og

42 timars veke for andre. Til kongressen kom også ein delegasjon av arbeids-

lause som bad om at ein ikkje måtte krevja full lønnskompensasjon fordi det

ville hindra «deling av arbeidet». Mange stader vart det inngått lokale avta-

lar om kortare arbeidstid samstundes med at arbeidarane gjekk med på

lønnsnedslag for å gi arbeid til fleire. Som organisasjon kunne ikkje LO gå

med på lønnsnedslag som lét arbeidarane ta heile rekninga for å bøta på

arbeidsløysa. Sjølv om lønnsnedslaget var meint å vera mellombels, kunne

det lett bli varig, og det utan at fleire fekk arbeid.

I ein brosjyre frå 1933 er LO inne på at debatten på kongressen i 1931

kunne gi folk det inntrykket at arbeidstidsspørsmålet var eit krisespørsmål.

«Vi er derfor nødt til å slå fast at spørsmålet om arbeidstidens forkortelse

aldri av fagorganisasjonen har vært oppfattet som et krisekrav, men som en av

på til saman 3070 kr. Det var like før 1. mai i 1924, og i referatet frå

representantskapsmøtet i Samorganisasjonen 18. april står det:

«Det ble besluttet at samorg. skal få i stand en situasjonsfane til

1. mai demonstrationerne, samt skal samtlige avdelinger forsøge å

få noget nyt på den ene side av sine gamle faner der bedre en disse

kan tale den nuværende situations sprog.»

Det kan ha vore i samband med dette, altså i 1924, at både Sjønstå Arbei-

derforening og Giken grubearbeiderforening endra teksten på fanene og

skreiv 6 timar i staden for 8 timar som dei alt hadde vunne i perioden

1907–1913. «Situasjonsfana» som Samorg fikk laga til 1. mai dette året,

har dei sia nytta årleg. Fana er pryda med ein skinnmager arbeidar som

ber på ein velfødd herre, og har denne påskrifta: «Det vilde være trist om

tiderne ble så tunge at han ikke klarer at bære mig.»

(Wenche Spjelkavik i Sulitjelma historielag, personleg melding)

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 104 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 105

fagorganisasjonens hovedoppgaver» (Arbeidernes faglige landsorganisasjon

1933, s. 96)

I samband med revideringa av arbeidarvernloven i 1936 vart verkeområdet

for loven kraftig utvida. Arbeidstidsgrensene og retten til ni dagar betalt ferie

skulle ikkje lenger berre vera for utvalde grupper i industrien, men for fleirtalet

av arbeidstakarane.

KvinnekravDa kravet om sekstimarsdag for alvor vart reist på nytt i 1970- og 1980-åra, vart

det reist som eit kvinnekrav. Den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg,

Betzy Kjelsberg, skal ha snakka om sekstimarsdag som ei høveleg lengd på

Kvinner i Norsk Tjenestemannslag tok initiativ til ein «ta sekstimarsdagen»-aksjon medmarkering framfor Stortinget 8. mars 1983. Margrethe Aaby talar i mikrofonen, GerdInger Polden held megafonen. Foto: Lars Hjorthol/Klassekampen.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 105 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 10106

arbeidsdagen allereie tidleg på 1900-talet. Ho hadde sjølv røynsle som butikk-

arbeidar, som måtte stå det meste av arbeidsdagen (Bjørg Aase Sørensen, per-

sonleg melding). I Sverige hadde Alva Myrdal tatt til orde for sekstimarsdagen

alt i 1950-åra, men først i 1970-åra vart det ein større debatt. Dei sosial-

demokratiske kvinnene i Sverige vedtok krav om sekstimarsdag i 1972. Ei

offentleg utgreiing om sekstimarsdag for småbarnsforeldre kom i 1975, men

vart avvist av både SAF (den svenske arbeidsgivarforeininga), som meinte det

vart for dyrt, og av svensk LO som meinte at arbeidstidsforkortinga måtte gjelda

for alle (Hirdmann 2007).

Kvinnene var i ferd med å gå ut i lønnsarbeid, og arbeidstidsordningane dei

møtte, passa dårleg så lenge samfunnet forventa at dei samstundes skulle ha

hovudansvaret for barn og heim som før. Men beredskap mot nedgangstider og

arbeidsløyse var også med blant grunnane når store delar av kvinnerørsla gjekk

samla ut med kravet om sekstimarsdag. Sekstimarsdag skulle gi plass til fleire i

arbeidslivet (Lønnå 1996). Det var brei politisk semje. Også Høyrekvinnene

fatta vedtak om sekstimarsdag, men ikkje med lønnskompensasjon. «Samord-

ningsgruppa for sekstimersdagen», med representantar for fagforeiningar, kvin-

neorganisasjonar og politiske parti med sekstimarsdagen på programmet, dreiv

aktivt opplysningsarbeid.

På LO-kongressen både i 1977 og 1981 kom det fleire framlegg om seks-

timarsdag, men framlegga under slagordet «Vi vil leve hver dag» vart sette opp

mot lågare pensjonsalder, lengre ferie og lengre svangerskapspermisjon. Mel-

lom partia var det også usemje om lønnskompensasjon, mens dette ikkje var

noko stridsspørsmål i LO.

I 1983 markerte nokre kvinner i Oslo, organiserte i Norsk Tjenestemannslag,

for første gong kravet om kortare arbeidsdag med å «ta sekstimarsdagen» på den

internasjonale kvinnedagen 8. mars. Med nylaga fane gjekk dei frå jobben etter

seks timar, og samla seg utanfor Stortinget. Tilsvarande markeringar vart

haldne 8. mars fleire stader dei følgjande åra. I 1986 slutta Heismontørenes fag-

forening seg til aksjonen ved å gjennomføra ein to timars politisk streik 7. mars

(8. mars var ein laurdag det året).

Seks timars normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon vart endeleg

vedtatt på LO-kongressen i 1985 som eit punkt på handlingsprogrammet. Da

hadde forbund som samlar minst 40 prosent av medlemmene og om lag

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 106 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 107

70 prosent av kvinnene i LO stilt seg bak kravet. Rørsla for sekstimarsdagen var

på topp i 1986, og gjorde mykje til at tariffoppgjeret gav lik arbeidstid for arbei-

darar og funksjonærar og 37,5 timars veke. Den gjorde også sitt til at arbeids-

tidsforkortinga så mange stader vart tatt ut i dagleg arbeidstid og ikkje berre

vart ein kortare fredag (Røde Fane nr. 3, 2005).

Det var slett ikkje berre LO-forbunda som diskuterte sekstimarsdagen på

denne tida. I Norsk sykepleierforbund (NSF) var sekstimarsdagen eit spørsmål

som vart grundig diskutert på landsmøtet i 1985, og eit stort fleirtal vedtok at

NSF skulle gå inn for seks timars normalarbeidsdag med full lønns- og stillings-

kompensasjon. Delegatane argumenterte med ein betre kvardag for sjukepleia-

rane og betre pleie for pasientane, og dei hadde konkrete framlegg til korleis

vakt- og turnusordningar kunne organiserast med kortare arbeidsdag.

På ulike vis vart kravet om sekstimarsdag markert utover i 1980-åra. Kvinne-

fronten produserte T-skjorter med tekstar som «Vi vil ha sex, vi vil ha 6-, vi vil

ha 6-timers arbeidsdag!» og «Sekstimersdag = mer løpetid for kvinner». Den

siste var særleg tenkt til bruk i ymse mosjonsløp som var populære på den

tida. Kvinnefronten tok også initiativ til ein underskriftskampanje for seks-

timarsdagen. Kravet var «6 timars normalarbeidsdag med full lønnskompensa-

sjon innan 1992!». Kampanjen hadde støtte frå blant anna Norsk Kvinnesaks-

forening og ei rekkje fagleg tillitsvalde og andre, mellom dei Inger Furmyr, no

nestleiar og tariffansvarleg i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderfor-

bund (NNN), Per Østvold, den gongen leiar for Oslo Transportarbeiderfore-

ning, no leiar for Norsk transportarbeiderforbund, Gerd Reinsvollsveen, da

leiar for Norsk sosionomforbund, musikar Hege Rimestad, Fakhra Salimi, først

leiar for Foreign Women’s Group, seinare dagleg leiar for MiRA-senteret (res-

surssenter for innvandrar- og flyktningkvinner), og advokat Harald Stabell.

Motstand – og framgangMen sekstimarsdagen møtte ny motstand. Høgreregjeringa til Kåre Willoch var

dei første som gjekk inn for eit «opnare samfunn», der butikkane skulle vera

opne til seint på kveld. LO-forbundet Handel og Kontor vart mykje aleine i

kampen for å forsvara normalarbeidsdagen etterkvart som denne tenkinga

breidde seg. LO-leiinga vart meir opptatt av ulike former for fleksibel arbeidstid

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 107 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 10108

enn av kortare arbeidsdag. «Samordningsgruppa for sekstimersdagen» vart

oppløyst i 1989, men gjenoppretta i 1995. Etter kvart skifta den namn til «For

sekstimersdagen».

På LO-kongressen i 1993 var det mange som ville fjerna punktet om seks-

timarsdag frå handlingsprogrammet. Det vart berga ved felles innsats frå leia-

rane i Fagforbundet, Handel og Kontor og Fellesorganisasjonen for barneverns-

pedagogar, sosionomar og vernepleiarar. Alle desse forbunda har mange

kvinnelege medlemmer.

Revisjonen av arbeidsmiljøloven i 2005 har ikkje ein gong lovfesta det som er

vanleg arbeidstid etter tariffavtalen i 1986, nemleg 7,5 timars dag. I loven er det

framleis nitimarsdagen frå 1958 som gjeld.

Samstundes kom det i 2005 fleire signal om at sekstimarsdagen slett ikkje var

ei tapt sak. LO-kongressen våren 2005 gjorde vedtak om å gå inn for forsøk med

sekstimarsdag.

Den raudgrøne Stoltenberg-regjeringa lovde i Soria Moria-erklæringa si

same hausten å «bidra til forsøk med 6-timersdag/arbeidstidsreformer i samar-

beid med partene i arbeidslivet». Initiativet frå regjeringa viste seg seinare å bli

avgrensa til eit seniortiltak for om lag 300 statleg tilsette, som fekk tilbod om 30

timars veke med full lønn. LO har ikkje sett i gang forsøk, men LO-forbundet

Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) tok initiativ til for-

søket ved Tine på Heimdal, som til no er det mest omfattende norske seks-

timarsdagsforsøket (sjå s. 119–122).

– Arbeidarklassen treng kortare arbeidstidFagforbundet i Sør-Trøndelag fekk i 2005 gjort ei meiningsmåling om

kva folk meinte om å byta dagens arbeidstid med ei toskiftordning mel-

lom kl. 06.00 og kl. 18.00. Av tusen spurde svarte nesten halvparten ja til

ei slik endring, 49,5 prosent av kvinnene og 45,4 prosent av mennene.

Dei med grunnskole eller vidaregåande skole som høgste utdanning var

noko meir positive enn dei med høgare utdanning, og aller størst var

interessa blant dei som hadde skiftarbeid.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 108 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 109

«Dette er i overkant av det vi venta oss, særleg positivt er det at kvin-

ner i så stor grad seier ja til ei slik ordning. Kvinnerørsla har tidlegare

vore skeptisk til å kombinera sekstimarsdagen med meir skiftarbeid.

[…] [Meiningsmålinga] viser at det er arbeidarklassen som først og

fremst ønskjer og treng kortare arbeidstid,» sa Ole Roger Berg, medlem

i utvalet for sekstimarsdagen i Fagforbundet i Sør-Trøndelag, i ein kom-

mentar til Klassekampen (Klassekampen, 05.11.2005).

Sagt om sekstimarsdagen: Gerd-Liv Valla, tidlegare LO-leiar

Visjonen om eit betre liv

– Reduksjon av den daglege arbeidstida til seks timars dag/30 timars

veke må bli den neste store reforma i arbeidslivet. Det seier Gerd-Liv

Valla, LO-leiar frå 2001 til 2007, og den som stod hardt på for at LO-

kongressen i 2005 skulle gå vidare frå arbeidstidsforkorting som eit

«langsiktig mål» til å gå inn for forsøk med arbeidstidsforkorting på

ulike arbeidsplassar.

– For meg var det å gå inn for konkrete forsøk einaste måten å

komma ut av daudvatnet på. Eg har vore mest opptatt av at folk skulle

stilla seg bak dette kravet fordi dei har godt av det sjølve, seier Valla tre

år etter det samrøystes kongressvedtaket om sekstimarsforsøk.

Ho plasserer den daglege arbeidstidsforkortinga i ein større saman-

heng. Tidlegpensjon for dei som ikkje orka å stå til pensjonsalder og

utviding av foreldrepermisjonen var viktige krav, no er tida inne for å

samla seg om det neste store grepet – sekstimarsdagen. Ho held fast på

ein skråstrek for 30-timarsveka, for å sikra den fleksibiliteten som

trengst for at alle skal kunna få den arbeidstida dei sjølve meiner dei er

best tente med.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 109 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 10110

– Men er det ikkje viktig å slå fast at det er ein seks timars normalarbeids-

dag vi snakkar om?

– For meg er det sjølvsagt at arbeidstidsforkortinga skal sikrast gjen-

nom kollektive avtalar som også gir eit visst rom for fleksible måtar å ta

ut forkortinga på. Førebels er eg litt usikker på korleis spørsmålet om

ubekvemstillegg skal handterast i forhold til rammene for normal-

arbeidsdagen. Men at arbeidet skal organiserast ut frå seks timar per

dag som hovudregel, er eg ikkje i tvil om.

Valla trur det må vera dei kvinnerike fagforbunda, som Fagforbun-

det, som framleis må gå i spissen om ein skal komma vidare. Dei som har

opplevd å kombinera arbeid og omsorgsansvar, er dei sterkaste i fron-

ten for sekstimarsdagen.

– Den motstanden mot sekstimarsdagen som har vore i delar av fag-

rørsla, har hatt mykje med kjønn å gjera. Det kan vel ikkje bortforklarast

at ein del menn har syntest det har vore greiare å vera så lenge på job-

ben at middagen er klar når dei kjem heim, enn å ta ansvar for mat-

laginga, seier Valla.

Men ho ser positive tendensar til endringar.

– Ein må ta tak i dei tendensane ein ser til at menn er meir i lag med

ungane sine, og byggja vidare på visjonen om eit betre liv. Fedrekvoten

av foreldrepermisjonen ser ut til å ha gjort mykje for å skapa endringar,

og det gir grunn til optimisme, seier ho.

Men ho passar på å understreka at nokon sekstimarsdag berre for

småbarnsforeldre, det vil ho ikkje ha noko av. Det vil vera uråd å admi-

nistrera, og vil vera eit opplegg for misstemning på arbeidsplassane. Det

som trengst av særordningar for småbarnsforeldre, må knytast til

foreldrepermisjon, slik ein må knyta seniortiltaka til pensjonsordninga.

– Har du nokon kommentar til at den raudgrøne regjeringa har avgrensa

det sekstimarsforsøket dei lovde i Soria Moria-erklæringa, til å bli eit seniortil-

tak med ei generell arbeidstidsforkorting?

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 110 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kortare arbeidsdag – ei lang historie 111

– Det er eit uttrykk for at dei ikkje er for sekstimarsdagen. Arbeidar-

partiet, som er det største regjeringspartiet, har også sagt nei til innfø-

ring av sekstimarsdagen, mellom anna da LO stilte spørsmål om dette

før valet i 2005, seier Valla.

For den tidlegare LO-leiaren er det også viktig å få med miljø-

dimensjonen i debatten om arbeidstidsforkortinga. Den har komme

sterkare fram no enn tidlegare. Å stilla krav om tid i staden for pengar

i framtidige lønnsoppgjer kan vera ein måte å bremsa det stigande

overforbruket på. Det vil ikkje i seg sjølv løysa klimakrisa, men vil vera

eit steg i rett lei.

– Du nemnde Fagforbundet som ein spiss i kampen for sekstimarsdagen,

men er ikkje det også eit forbund som har mange lågtlønte blant sine medlem-

mer? Korleis går dette i hop, dersom sekstimarsdagen skal gi tid i staden for

pengar?

– Det er somme som ikkje har pengar å avsjå. Dei må få meir, og det

må ein ta omsyn til når krava blir formulerte. Men det er også eit stort

deltidsproblem, ikkje minst blant medlemmene i Fagforbundet. I den

grad sekstimarsdagen gir full jobb til dei som har arbeidd deltid, vil

resultatet bli lønnsauke meir enn kortare arbeidstid. Full lønnskompen-

sasjon idet arbeidstida blir forkorta, vil vera eit sjølvsagt krav, dette

dreier seg om å redusera dei auka kronekrava på sikt.

– Frå arbeidsgivarhald blir det åtvara mot redusert velferd og redusert kon-

kurranseevne dersom arbeidstida skal forkortast?

– Det har dei alltid sagt, det uroar meg ikkje. Vi har hatt ei enorm tek-

nologisk utvikling og aukande produktivitet i årevis. Eg trur dessutan at

om ein ser heilskapleg på det, kan ein kortare arbeidsdag gjera at folk

blir mindre utslitne, og at ein del vil evna å stå lenger i arbeid før dei går

av med pensjon. Det kan gi auka produktivitet i eit større perspektiv.

Det er eit mål å ha folk i arbeid, men ikkje at alle skal arbeida ti timar om

dagen.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 111 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 10112

– Men først og fremst heng sekstimarsdagen saman med visjonen

om eit betre liv, ein visjon som kvinnerørsla, fagrørsla og miljørørsla kan

stå saman om. Kvifor skulle ikkje sekstimarsdagen komma, slik åtte-

timarsdagen kom? Dei som går i spissen, må tola å bli ledd av. Slik var

det med kvinnestemmeretten også, her er det berre å stå på, seier Valla.

Kor raskt den nye arbeidstidsforkortinga vil vera på plass, er ho var-

sam med å seia noko sikkert om. Sekstimarsdagen kan komma stegvis

ved å bli innført først i somme bedrifter eller tariffavtalar. Ho er heller

ikkje framand for at det kan komma ei mindre forkorting før ein kjem

fram til å lovfesta sekstimarsdagen.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 112 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 11

Sekstimarsdagen på Kellogg’s (1930–1985)

Kellogg’s er meir enn frukostblanding. Det var arbeidarane på Kellogg’s-

fabrikken i byen Battle Creek i Michigan, USA, som stod for den første varige

sekstimarsdagsordninga vi kjenner i dag. Den varte i meir enn femti år, frå

1930 til 1985.

Mange bedrifter hadde sekstimarsskift i 1920- og 1930-åra. Det var ei vanleg

meining den gongen, ikkje berre i USA, men også her heime, at arbeidet måtte

delast om ein skulle rå med arbeidsløysa. «Så lenge det er éin som er arbeidslaus,

er arbeidsdagen for lang,» vart det sagt.

I dag er det berre røynslene frå Kellogg’s-fabrikken vi har god kunnskap om.

Dette forsøket var så vellykka at det vart lagt merke til heilt inn i regjeringskor-

ridorane. Kontoret for kvinnesaker i Arbeidsdepartementet i USA sende som-

maren 1932 folk til Battle Creek og intervjua fleire hundre kvinnelege tilsette

om kva dei meinte om den nye arbeidstidsordninga. Nesten seksti år seinare

reiste historikaren Benjamin Hunnicutt til Battle Creek. Han møtte dei som var

att av sekstimarspionerane frå 1930-åra, og snakka med leiarar og tilsette, menn

og kvinner, om røynslene frå starten og fram til 1985, da leiinga pressa dei siste

til å gi opp sekstimarsdagen. Og han fann arkiva i Arbeidsdepartementet. Han

skreiv bok om Kellogg’s-arbeidarane (Hunnicutt 1996). Boka vart seinare

omsett til norsk (Hunnicutt 2005).

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 113 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 11114

Ein kapitalisme utan arbeidsløyse?Framlegget om sekstimarsskift kom frå leiinga på fabrikken. Fabrikkeigar Wil-

liam Keith Kellogg var av dei som meinte at arbeidarane aldri ville finna seg i

kapitalismen om dei ikkje fekk anna igjen enn arbeidsløyse når teknologien tok

meir og meir over for menneskeleg arbeidskraft. Kellogg’s-fabrikken var med

1500 tilsette den største fabrikken for frukostblanding i verda, og ein av dei stør-

ste arbeidsplassane i Battle Creek. Med sekstimarsskift der dei før gjekk åtte-

timarsskift, måtte bedrifta tilsetja eit heilt nytt skift av arbeidarar. Dei tilsette såg

først på det som eit triks for å auka produktiviteten, men var villige til å korta

ned på dagen dersom det kunne gi arbeid til arbeidslause.

Med sekstimarsdagen på Kellogg’s gjekk vekelønna ned. Men få år seinare var

den høgare enn den hadde vore med åttetimarsskift. Leiinga tok bort nattilleg-

get, og overtidstillegget vart erstatta av ein produksjonsbonus, slik at det vart

lønnsamt å arbeida snøgt, men ikkje å ta lengre dagar.

W.K. Kellogg var ein leiar av den gamle skolen. Han ville at dei tilsette skulle

ha meir fritid, men også at dei skulle bruka fritida til noko verdefullt. Han la

mykje pengar i kulturtiltak, idrettsanlegg og andre lokale aktivitetar for dei til-

sette. Ein annan samtidig kapitalist, bilprodusenten Henry Ford, såg det heilt

annleis. Han var samd med Kellogg og dei fleste i samtida om at utviklinga gjekk

mot stadig meir fritid. Men han ville at folk skulle nytta den ekstra fritida til å

kjøpa og bruka fleire industriprodukt, slik at avsetninga auka. Og han åtvara

mot å leggja for mykje vekt på dei menneskelege sidene, «for da kan fritida bli

prioritert foran arbeidet i stedet for etter arbeidet, der den hører hjemme,» som

han sa i eit intervju i World’s Work i 1926 (gjengitt i Hunnicutt 2005, s. 33–34).

Mi tid, ikkje bedrifta si tidFor Kellogg’s-arbeidarane dreidde ikkje sekstimarsdagen seg om økonomisk

teori, men om kvardagen deira. Journalisten som møtte opp til det aller første

morgonskiftet på den aller første sekstimarsdagen, 1. desember 1930, møtte

arbeidarar som var opptatt av kva dei skulle bruka dei to ekstra timane til. I

1932 viste undersøkinga til det amerikanske arbeidsdepartementet at

85 prosent av dei kvinnelege tilsette likte sekstimarsskiftet betre enn det gamle

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 114 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdagen på kellogg’s (1930–1985) 115

åttetimarskiftet. Det var viktig for å gi nye folk arbeid, men samstundes fekk dei

meir tid til oppgåvene heime, dei fekk meir fritid og vart mindre slitne. For dei

som ville attende til åttetimarsdagen, var betalinga den viktigaste årsaka. Under-

søkinga stadfesta at vekelønna hadde vorte lågare for dei fleste kvinnene, opptil

10–20 prosent lågare for somme av dei. Ein tredel hadde menn som var arbeids-

lause eller berre i deltidsjobb, og 10 prosent var skilde. Likevel snakka dei lite

om pengar når dei samanlikna sekstimarsdagen med åttetimarsdagen. Dei

snakka meir om det å ha «fri», «fri tid», «fridom». Dei brukte det meste av

ekstratida til arbeid heime, men det var likevel «mi tid», ikkje bedrifta si tid. Og

William Keith Kellogg tente gode pengar på frukostblandinga som har blitt langt meirverdsberømt enn sekstimarsdagen som vart innført i fabrikken i Battle Creek i 1931.Kellogg ville både gi arbeid til fleire og gi arbeidarane meir og betre fritid. «Det er lettareå tena pengar enn å vita korleis ein skal bruka dei klokt,» skal han ha sagt. Foto frå bokaThe First Half-Century 1930–1980 (W.K. Kellogg Foundation 1980).

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 115 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 11116

dei fekk tid til idrett og hobbyar, til reiser og fellesaktivitetar i lokalsamfunnet.

Fleire la stor vekt på at dei hadde vore «i stand til å ta seg av» ektefellar eller barn

med alvorleg sjukdom. Det var korkje arbeid eller fritid, men som ei av dei sa til

intervjuaren: «Korleis kan ein setja prislapp på slikt?»

Det store fleirtalet av tilsette som vart intervjua av Hunnicutt mot slutten av

1980-åra, både menn og kvinner, mintest at dei hadde vore ihuga tilhengarar av

sekstimarsskiftet. Det dei likte minst, var at sekstimarsdagen gav mindre pengar.

Også mennene snakka mykje om fridom og fri tid. Fleire kunne fortelja at det

vart endringar i oppgåvefordelinga heime. Kvinner med arbeidslause menn, og

par der begge hadde sekstimarsdag på Kellogg’s, fortalde oftare enn andre at dei

delte på arbeidet heime, både inne og ute. Sekstimarsdagen opna for reforhand-

lingar om husarbeid og heimeprosjekt.

I 1937 trekte W.K. Kellogg seg frå den daglege leiinga. Dei som tok over,

hadde inga tru på sekstimarsprosjektet, og den nye bedriftsleiinga arbeidde sys-

tematisk for å komma attende til åttetimarsskift. Men det skulle ta femti år før

dei kom dit.

Det skjedde likevel ting som opna for usemje mellom dei tilsette, og leiinga

gjorde seg nytte av det. Fagforeininga fekk innført nattillegg, pausar og overtids-

betaling, fordelar som dei hadde mista med sekstimarsdagen. Kan henda var det

særleg overtidsbetalinga som fekk fritida til å bli «for dyr» for mange. Det var

også skjedd noko med fagrørsla etter krigen. Dei nye leiarane var meir opptatt

av lønn enn av fritid, og snakka ikkje om lokal jobbdeling mot arbeidsløysa,

men om at regjeringa hadde ansvar for program som kunne skapa meir arbeid.

Fleirtalet i den lokale foreininga tok etter.

Meininga med livetSjølv om fleirtalet av Kellogg’s-arbeidarane enno hadde sekstimarsdag i 1947,

hadde nesten halvdelen av mennene åttetimarsdag. Frå no av prøvde leiinga å

gjera sekstimarsdagen til noko som passa best for kvinnfolk. Leiinga kunne

spela på lag med dei eldste mennene med lang ansiennitet. For dei var meir

arbeid det same som meir pengar, og meir handfast enn dei to timane, som dei

ikkje riktig visste kva dei skulle gjera med. Seniorarbeidarar som gav opp seks-

timarsdagen, fekk høgare lønn og «garanti mot framtidig nedkorting av

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 116 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdagen på kellogg’s (1930–1985) 117

arbeidstida». Som motyting godtok fagforeininga at arbeidsstokken måtte skje-

rast ned. Leiinga sette gamle opp mot unge, kvinner mot menn, tilsette mot

arbeidslause, og vann fram. Men framleis stod dei overfor ei samansveisa

gruppe av sekstimarsarbeidarar som ikkje lét seg overtala.

I 1950-åra vart den såkalla Human Relation-skolen populær som bedrifts-

leiarfilosofi, den ville gjera arbeidet til meininga med livet. Arbeidet måtte ha

forrang framfor fritida, slik Henry Ford hadde snakka om. Også Kellogg’s-lei-

inga lærte seg desse nye tankane. Men dei som ikkje gav opp sekstimarsdagen

for pengar, gjekk heller ikkje med på at det å arbeida for Kellogg’s var meininga

med livet.

I 1985 måtte dei siste og mest ihuga sekstimarsarbeidarane gi etter for presset

frå leiinga og fleirtalet i fagforeininga. Det var enno 530 av dei, og tre firedelar

var kvinner. Ingen overtidstillegg eller leiarfilosofi kunne få dei til å gi slepp på

den gamle draumen i arbeidarrørsla om at når det som var nødvendig, var sikra,

skulle arbeidet opna vegen til noko betre, noko anna enn jobb og forbruk og

marknad. «Arbeida for å leva, ikkje leva for å arbeida.»

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 117 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12

Fleire slags sekstimarsdag

For dei fleste som ser sekstimarsdagen som oppskrifta på ein betre kvardag, er

den enno berre ein draum. Men i dei siste åra har rundt rekna tusen norske

arbeidstakarar fått høve til å prøva sekstimarsdagen på sin arbeidsplass. For

somme har det vore eit kortvarig forsøk, for andre eit forsøk som enno ikkje er

avslutta, og for somme kan det sjå ut til å bli ei varig ordning, eller ei «perma-

nent prøveordning», som ein av bedriftsleiarane uttrykkjer det.

I hovudsak kan det sjå ut til å vera nokså ulike sekstimarsdagar. Dei fleste av

produksjonsverksemdene som har innført den såkalla Toyota-modellen, etter

mønster av bilverkstaden til Toyota i Göteborg, har gått over frå 7,5 timars

arbeidsdag på dagtid til ei ordning med to skift på seks timar. Unntak er sentral-

lageret til Tine på Heimdal, som har gått frå toskift med 7,5 timars dag til toskift

med sekstimarsdag, og trappefabrikken på Bømlo som har gått frå 7,5 timar til

seks timar per dag, førebels utan skiftordning. Felles for alle desse bedriftene er

at dei har som mål å halda oppe same produksjon utan fleire tilsette.

Annleis er sekstimarsdagen for heimehjelparane i Bergen Hjemmetjenester

KF og for reinhaldarane i Trondheim eiendom. Begge desse stadene var det klart

at det måtte fleire tilsette til om ein skulle kunna forkorta arbeidsdagen. Slik var

det også ved forsøket i eldreomsorga i ein bydel i Oslo i 1995–97.

Ein tredje variant er forsøket med sekstimarsdag for trafikkbetjentane i

Trondheim parkering. Så langt vi kjenner til, er dette det einaste forsøket med

tenesteyting i offentleg sektor der sekstimarsdagen blir prøvd utan fleire tilsette,

og altså utan ekstra kostnad for arbeidsgivaren.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 118 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 119

Vi har besøkt dei fleste av desse arbeidsplassane, og både tilsette og arbeids-

givarar har fortalt kva dei meiner om sine sekstimarsdagserfaringar.

Tine Heimdal: Har fått natta tilbakePå Heimdal i utkanten av Trondheim er det mest omfattande sekstimarsfor-

søket her til lands i gang. Det starta etter påske i 2007 og omfattar alle tilsette ved

sentrallageret til Tine, der det blir pakka ost for både innanlands og utanlands

marknad. I første omgang skulle forsøket vara eitt år, men den første halvårs-

rapporten viste såpass interessante resultat at det vart bestemt å forlengja for-

søksperioden ut 2009.

Det heile begynte med ein protokoll mellom Norsk Nærings- og Nytelses-

middelarbeiderforbund (NNN) og Tine i tariffoppgjeret i 2006, om at det skulle

gjennomførast eit forsøk med sekstimarsdag i ei av verksemdene i konsernet.

– Eg kan ikkje sjå ein einaste grunn til å gå tilbake til den gamle arbeidstida. Tine kan ikkjestansa noko som er så vellykka, seier verneombod Inger Guttelvik ved Tine Heimdal, derforsøket med sekstimarsdag starta 10. april 2007. Foto: Magnhild Folkvord.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 119 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12120

– Da denne avtalen vart kjend, var vi raske til å melda frå om at vi var inter-

esserte, seier Kåre Pedersen, hovudtillitsvald for dei NNN-organiserte ved Tine

Heimdal.

Og etter grundige førebuingar kom forsøket i gang i april 2007. Da hadde dei

tilsette vore med i arbeidsgrupper som hadde diskutert korleis arbeidstidsfor-

kortinga skulle gjennomførast i ulike delar av verksemda. Det hadde også vore

ein kort prøveperiode, slik at ein kunne testa ut om den nye organiseringa fun-

gerte som den skulle.

Målsetjinga med forsøket var at dei tilsette skulle få betre livskvalitet både på

jobben og heime, at lønnsemda ikkje skulle gå ned, og at sjukefråværet ikkje

skulle gå opp. Lønna skulle vera som før, og talet på tilsette skulle ikkje aukast.

Spesielt for dette forsøket er også at det omfattar alle dei om lag 170 tilsette,

omtrent like mange kvinner og menn, sjølv om det for administrasjonen er defi-

nert som 30 timars veke.

For dei fleste, dei som arbeider i pakkeri, lager og verkstad, er den største vin-

ninga med sekstimarsdagen at dei er ferdige på jobb seinast kl. 20.30 i kveldsskift-

veka. Med den gamle arbeidstida varte kveldsskiftet til ein halv time over midnatt.

– Med sekstimarsdagen har dei tilsette fått natta tilbake. Før var det mange

som hadde trøbbel med nattesøvnen i kveldsskiftveka, når dei ikkje var heime

før etter midnatt, seier Pedersen.

Meir intensivtDen nye arbeidstida har gjort arbeidsdagen meir intensiv, alle fellespausar er

borte. Maskinane i pakkeriet, som før vart stansa tre gonger i løpet av kvart

skift, går no samanhengande gjennom begge skifta, medan dei tilsette har rulle-

rande pausar. Dei avtalar sjølve kven som skal ha pause i lag, og om dei skal ta

éin halvtimespause eller dela opp i to pausar. For pakkeriarbeidarane er ein

halvtimes ubetalt pause borte. Morgonskiftet er på jobb frå kl. 07.00 til kl. 13.00,

og dei rullerer pausane i løpet av dagen. Ettermiddagsskiftet begynner kl. 13.00

og arbeider til kl. 20.30 måndag til onsdag og til kl. 20.00 torsdag. Med det har

dei innarbeidd fredagen, slik at det ikkje blir arbeidd kveldsskift da.

Dei tilsette på lageret har valt å behalda den ubetalte matpausen for å kunna

ha fellespause; dei set pris på det sosiale ved å kunna ha pause i lag. Her arbeider

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 120 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 121

dei fleste frå kl. 07.00 om morgonen, med ei viss fordeling slik at somme begyn-

ner litt seinare og arbeider tilsvarande lenger. Det er alltid nokon på jobb fram

til kl. 20.30.

Tapet av fellespausane er også det einaste som blir nemnt som negativt for dei

som arbeider på pakkelinene. Men den nye fritida er så mykje verd at dei synest

den veg opp for det som er borte. Det som går tapt med dei reduserte pausane,

prøver iallfall ein del av dei tilsette å ta att i fritida, til dømes med å treffast på

kafé på fredagane.

– Eg kan ikkje sjå éin negativ ting med den nye arbeidstida. At vi tilsette har

vore med og planlagt, har vore avgjerande for ei vellykka gjennomføring av

sekstimarsdagen, seier Inger Guttelvik, verneombod i pakkeriet.

– Kva bruker du all den nye fritida til?

– Eg kosar meg og slappar av, eg har vorte ein livsnytar, seier ho. Ho har tre

vaksne barn og to barnebarn.

– No er det ingen som ropar «mamma!» lenger, eg er ferdig med jaget, no kan

eg ha tid til meg sjølv, og eg kan ha barnebarna på besøk utan å vera sliten, seier

Guttelvik.

Ho veit det er kollegaer som set på vekkjarklokka for å trena før dei skal på

arbeid, men det gjer ikkje ho. Ho dansar i helga i staden.

Guttelvik har stor tru på at sekstimarsdagen kan bli ei varig ordning for dei

Tine-tilsette på Heimdal.

– Eg kan ikkje sjå ein grunn til å gå tilbake til den gamle arbeidstida. Tine kan

ikkje stansa noko som er så vellykka, seier ho.

Men ho trur det kan ta tid før sekstimarsdagen blir det vanlege for alle

arbeidstakarar.

– Kanskje sonen min, som er 36 år, får oppleva sekstimarsdagen som ei van-

leg ordning?

På lag med fagrørslaMeierisjef Jan Eiler Wessel, som har leiaransvar ved Tine Heimdal, er godt nøgd

med sekstimarsdagen, og ser gode grunnar til å halda fram med ordninga.

– Vi har fått utruleg gode resultat, forsøket har svart til forventingane og vel

så det, seier han.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 121 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12122

Forskingsstiftinga Fafo har ansvar for den systematiske oppsummeringa og

vurderinga av dette forsøket.

Fafo sin rapport etter det første forsøksåret fortel at dei tilsette har det betre,

dei kjenner seg friskare, er mindre slitne og har mindre av vanlege skiftarbei-

darplager, som vanskar med å sova.

På same tid har produktiviteten gått opp.

– Vi har auka produktiviteten meir enn venta, seier meierisjefen, og under-

strekar at samarbeidet mellom leiinga og dei tilsette og deira tillitsvalde har vore

heilt avgjerande for dette forsøket.

– Vi har tatt utgangspunkt i menneska, og har vore nøye med at dette skal

gjerast på hovudavtalen sine premiss, seier Wessel.

Da sekstimarsforsøket begynte, fekk tilsette som jobba 80 prosent, tilbod om

å gå opp til full stilling, og dei som av velferdsgrunnar ikkje kan begynne

arbeidsdagen klokka sju om morgonen, kan etter søknad få arbeida frå kl. 08.00

til kl. 14.00.

I avtalen om sekstimarsforsøket er det slått fast at overtid ikkje skal utbetalast

før etter 7,5 timar.

Bergen: Gjer ein betre jobb på seks timar– Seks timars arbeidsdag er nok for ein heimehjelpar. Forsøket med sekstimars-

dag er det mest positive kommunen har gjort for oss. Eg merkar 110 prosent at

eg har fått ein betre arbeidssituasjon. Det seier Eli Andersen (64). Ho har tjue

års fartstid som heimehjelpar i Bergen og er både glad i og stolt av jobben sin.

Etter 1. mai 2007 har ho og kollegaene hatt sekstimarsdag. Dei er med på eit

forsøk som skal gå fram til 30. april 2009.

– Vi gjer ein betre jobb når arbeidsdagen berre er seks timar. Arbeidet er

tungt, med mykje vasking og støvsuging. Det er ein fordel for brukarane at vi

er opplagde når vi kjem. Du kan ikkje komma til dei og klaga på at du har

vondt i ryggen! Du skal gjera ein god jobb, ingen skal betala for ei vare dei

ikkje har fått.

Andersen er overraska over kor stor skilnad det gjer at arbeidsdagen har

vorte halvannan time kortare. Det er nesten som om det berre er tre arbeids-

dagar i veka.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 122 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 123

– No kjem eg heim medan det er lyst, også om vinteren. Venninnene mine

misunner meg. Ikkje for alt i verda vil eg tilbake til den gamle arbeidstida. Må vi

det, tar dei gleda frå oss, seier ho.

– Med den gamle arbeidstida orka eg nesten ingenting etter jobb, eg var

somme gonger så sliten at eg var nesten på gråten. No har eg overskot til å gå ut

att, til å gå tur, til å gå på besøk til folk, seier ho.

Ho trur arbeidsgivaren vil få merka at sjukefråværet aukar dersom det blir

slutt på sekstimarsdagen for heimehjelparane.

Sjølv vil Andersen gjerne vera i arbeid til ho blir 67 år, men blir sekstimars-

dagen borte, vil ho vurdera om ho skal finna ei ordning med delpensjon.

– Får vi halda fram med sekstimarsdagen, er vi ikkje så slitne når vi blir 67.

Ho har også ein draum om korleis ho vil ha det etter at ho har gått av med

pensjon, dersom helsa held: Da vil ho vera vikar.

– Da kan eg halda kontakten med jobben og brukarane, på same tid som eg

vil stå fritt til å kunna seia at «nei, akkurat i dag passar det ikkje».

– Med sekstimarsdag kjem eg heim medan det er lyst, og har overskott til å gå ut att, tilå gå tur, og til å gå på besøk til folk, seier Eli Andersen, heimehjelpar i Bergen Hjemme-tjenester KF, som har prøvd sekstimarsdagen sia 1.mai 2007. Foto: Greg Rødland Buick.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 123 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12124

Ønske frå dei tilsetteSia 2005 har heimetenestene i Bergen vore organiserte som eit eige kommunalt

føretak, Bergen Hjemmetjenester KF, skild frå heimesjukepleien, som framleis

er kommunalt organisert i bydelane. Bystyret i Bergen vedtok at det skulle gjen-

nomførast eit toårig forsøk med sekstimarsdag for heimehjelparane frå og med

1. mai 2007.

Ei spørjeundersøking blant heimehjelparane hadde vist at det var eit sterkt

ønske om å få prøva sekstimarsdag. Målsetjing for forsøket: reduksjon i sjuke-

fråvær, eit godt senior- og likestillingstiltak, eit positivt miljøtiltak, betre tenes-

tetilbod til brukarane.

Da forsøket begynte, fekk dei som arbeidde deltid, velja kor lang arbeidstid

dei ville ha, og i alt 22 av dei som før arbeidde deltid, gjekk opp til heil stilling.

Vel 200 tilsette fyller dei vel 150 årsverka i heimetenesta. Berre heimehjelparane

har sekstimarsdag, administrasjonen har framleis 7,5 timars dag.

Kamp om innteningaSølvi Sørebø tok til som direktør for Bergen Hjemmetjenester KF i mars 2007.

Rett etterpå vart det bestemt at sekstimarsdagen skulle prøvast, og forsøket kom

i gang allereie i mai.

Ho har registrert at det å kunna tilby sekstimarsdag er noko som hjelper i

kampen om arbeidskrafta.

– Eg ser at å kunna tilby sekstimarsdag er positivt både når det gjeld å rekrut-

tera og å behalda den arbeidskrafta vi treng, seier Sørebø.

Ønsket om at sekstimarsdagen skal kunna halda fram, har støtte både hos til-

litsvalde og hos styret i føretaket, men målingar som skal gjerast, vil avgjera om

dette let seg gjera. Fleire av dei tilsette seier at dei trur mange vil slutta dersom dei

må tilbake til 7,5 timars arbeidsdag. Det dei ikkje er samde om, er kva tid personal-

møta skal haldast. Direktøren såg gjerne at dei tilsette godtok å ha personalmøte

om lag kvar sjette veke i eit tidsrom frå kl. 14.00 til 15.00, sia dei blir betalte for 7,5

timar dagleg, men arbeider seks timar. Men det har dei sagt nei til. Personalmøta er

ein del av jobben og høyrer dermed heime i arbeidstida, er dei tilsette si haldning.

Det kommunale føretaket Bergen Hjemmetjenester KF konkurrerer med

andre firma, og effektivitetskrava er klare: 65 prosent av arbeidstida skal brukast

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 124 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 125

inne hos brukarane. Om det er lett eller vanskeleg å få til, kan ha å gjera med kor

lange avstandar det er mellom brukarane, om brukarane er heime, og om det

går greitt å finna parkeringsplass. Vanlegvis arbeider heimehjelparane to og to i

lag og køyrer bil mellom brukarane.

Da forsøket begynte, fekk alle på deltid tilbod om full tid, og alle individuelle

ønske om heiltid vart oppfylte.

Bystyret som vedtok forsøksordninga, slutta seg også til at «det engasjeres et

eksternt forskermiljø til å evaluere forsøket. Endelig evalueringsrapport vil fore-

ligge innen 31.01.2009». Bergen Hjemmetjenester KF vart i januar 2008 flytta

over frå Byrådsavdeling for helse og omsorg til Byrådsavdeling for finans, kon-

kurranse og omstilling, og denne byrådsavdelinga har no tatt på seg ansvar for

måling og finansiering av målinga. Ved utgangen av juni 2008 var det framleis

ikkje bestemt kven som skulle stå for evalueringa.

Bømlo: Permanent prøveordning i trappefabrikken– Det har vorte kolossalt mykje middagslaging sia vi begynte med sekstimars-

dag, seier karane i pauserommet på trappefabrikken B. Innvær AS på Bømlo og

humrar litt. Men det er ingen som klagar, korkje på middagslaginga eller seks-

timarsdagen.

– Ein blir betre kjend med ungane når ein kjem tidlegare heim, seier ein.

Sigurd Lars Haldorsen, som er tillitsvald, er ein av dei som både lagar middag

og bruker noko av den nye fritida til å trena. Før var det mest i helgane han tok

seg av middagslaginga. No er det han som tar kvardagane, og kona får laga mid-

dag i helga. Han set stor pris på at jobben no er ferdig medan det enno er dags-

lys, også heile vinteren. Somme gonger blir det ein joggetur, andre gonger tar

han vegen heim frå fabrikken til huset på Rubbestadneset til fots, ein tur som

kan ta om lag ein time og tre kvarter når han går gjennom markene. Det var

utenkjeleg med den gamle arbeidstida.

Somme av dei tilsette kombinerer fabrikkarbeidet med jordbruk i større eller

mindre skala. På denne kanten av landet er det mange bruk som ikkje er store

nok til at det blir levebrød av å vera heiltidsbonde. Han som har 76 sauer, blir

«hobbybonde», og når sauehald og fabrikkarbeid skal kombinerast, hjelper det

godt at arbeidstida er redusert til seks timar.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 125 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12126

– Og så må du få med at dette har vore ein fin måte å slutta å røykja på,

seier ein.

Med den nye arbeidstida må dei bruka litt av matpausen om dei skal ha sjan-

sen til å røykja i løpet av arbeidsdagen. Dei gamle «femminutta» utover dagen er

borte.

Frå 1. november 2006 vart arbeidstida endra frå kl. 07.00–15.00 til kl.

07.00–13.30. Frå same dato vart det slutt på ein av to fellespausar. No er det to

effektive arbeidsøkter på tre timar, med ein halvtimes matpause imellom.

Full produksjonArbeidstidsforkortinga kom etter initiativ frå dagleg leiar, Kristian Innvær, som

er tredje generasjon i sjefsstolen i denne bedrifta. Inspirasjonen kom frå Toyota-

verkstaden i Sverige, som fekk mykje medieomtale etter at sekstimarsdagen vart

innført der i 2002. Innvær gjer det klart at sekstimarsdagen i denne verksemda

ikkje er noko han har innført for å vera snill, men som eit målretta effektivise-

ringstiltak. Og går det som han håpar, er dette det første steget på vegen til

toskift om ikkje altfor lenge.

– Så lenge vi kan produsera like mykje på seks timar som vi før gjorde på

sju og ein halv, er det ei god ordning. Kan vi ikkje det, er det slutt, seier

bedriftsleiaren.

– Alle mine folk er tilsette frå kl. 07.00 til kl. 15.00, men dei får gå heim

kl. 13.30 dersom jobben er gjort. Vi har klart å kvitta oss med ein og ein halv

time svinn i løpet av ein 7,5 timars dag. Dei fleste trudde det ikkje var mogeleg,

seier Innvær, og understrekar at det ikkje har dreidd seg om å stramma opp «ein

gjeng med slaur». Ordninga har vore mogeleg fordi dei tilsette er dyktige folk.

Han trur også at denne ordninga nærmar seg det maksimale av den effektivite-

ten han kan venta.

– Arbeidsøkter over tre timar utan pause er ikkje menneskekroppen bygd for,

seier han.

Når vi spør om ikkje arbeidet blir urimeleg slitsamt, svarer dei tilsette at det

går fint i forhold til kva dei får att.

– Eg vågar ikkje å tenkja på at det kan bli slutt på sekstimarsdagen, da hadde

eg nok begynt å røykja att, seier ein av eksrøykjarane.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 126 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 127

Øyvind Turøy fresar trapperekkverk. Det er ein føresetnad at produktiviteten skal veraminst like god med sekstimarsdag som før med 7,5 timar. – Greier vi ikkje det, er detslutt, seier Kristian Innvær, dagleg leiar. Foto: Greg Rødland Buick

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 127 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12128

Med kortare arbeidsdag er det eit strengare regime i produksjonslokala enn

før. Ingen røykjepausar, ingen private telefonsamtalar i arbeidstida. Og lege- og

tannlegebesøk skal plasserast utanfor arbeidstida, så langt det lèt seg gjera.

– Den einaste ulempa er at ein kvir seg litt meir for å ta fri når ungane treng

følgje til lege eller tannlege, og det treng ikkje vera greiare for kona å ta fri til

slikt, seier Haldorsen.

Kristian Innvær er godt nøgd med resultata i eiga verksemd, men vil ikkje rå

nokon til å gå til val på lovnader som sekstimarsdag som ei ordning for alle. Den

dagen nokon seier at det å arbeida berre seks timar om dagen er ein rett, blir

grunnlaget borte, meiner han.

Sekstimarsdagen i trappefabrikken på Bømlo gjeld berre for produksjons-

arbeidarane, ni menn og fire kvinner. Dei to i administrasjonen har like lange

arbeidsdagar som før, og dei to som vart tilsette frå og med 1. april 2008 for å

reisa rundt og montera trapper, har også avtale om 7,5 timars dag.

– I montørane sin arbeidsdag vil det vera så mykje svinn at sekstimarsdag

ikkje er aktuelt, forklarer bedriftsleiaren.

Full jobbFor dei fleste tilsette i trappefabrikken er det viktigaste at arbeidsdagen har vorte

kortare. Men for to av dei fire kvinnene i fabrikken var endringa at dei gjekk frå

deltidsjobb til full stilling.

Åse Innvær (40) har arbeidd nærare ti år i fabrikken. Fram til sekstimars-

dagen vart innført, hadde ho redusert arbeidstid, frå kl. 8.30 til kl. 15.00 og fri

ein dag i veka, den dagen ungane hadde fri frå skolen. Tidlegare arbeidde ho i

barnehage, da også i redusert stilling.

– Det er fint å kunna ha full jobb, men det ville eg ikkje ha fått om det ikkje

var sekstimarsdag, seier ho.

Vibeke Alvsvåg (26) er faglært frisør og hadde 80 prosent stilling som frisør,

og arbeidstid fram til kl. 16.30 før ho begynte med lakkering i trappefabrikken

hausten 2007. Sambuaren er skiftarbeidar. Å begynna på jobb kl. 07.00 går fint

så lenge begge ungane skal i barnehagen, som opnar kl. 06.15. Ho er meir spent

på korleis alt skal gå i hop når eldstemann begynner på skolen, for det finst inga

skolefritidsordning.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 128 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 129

– Å kunna jobba fullt og enda vera ferdig kl 13.30, er ein stor fordel. Ein får

meir ut av dagen med å jobba konsentrert. Og når eg kjem heim så tidleg, er det

tid til både å slappa av litt og vaska hus før ungane skal hentast, seier ho.

Dei to kvinnene, den eine med tre ungar i tenåra og den andre med to i før-

skolealder, er samde om at det er godt ikkje å vera utsliten av jobben, og å ha god

tid når ein kjem heim. Og dei spør seg om ein ikkje også kan halda ut lenger i

arbeidslivet med ei slik arbeidstid.

Reinhaldarar i Miljøservice, Trondheim eiendom: Orkar meirGunhild Haugen (62) er ein av om lag 85 reinhaldarar i Trondheim kommune

som får prøva sekstimarsdag med full lønn i to år, og ho er ikkje i tvil om at det

er ei ordning ho gjerne skulle halda fram med, også etter at forsøksperioden går

ut 31.12.2008.

– Utan sekstimarsdagen kunne eg ikkje hatt full jobb, seier Åse Innvær (til venstre).– Skal tru om vi ikkje også orkar å stå lenger i jobb med denne arbeidstida, seier VibekeAlvsvåg. Begge er tilsette ved trappefabrikken B. Innvær. Foto: Greg Rødland Buick.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 129 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12130

– Det viktigaste er at eg er mindre sliten, eg orkar meir av andre ting eg har

lyst til å gjera. Før var eg heilt utslått når arbeidsdagen var over, seier Haugen.

Ho har arbeidd som reinhaldar i 32 år.

Stine Frysjøenden (22) har arbeidd som vikar i Miljøservice i vel eit halvt år.

Ho er også glad for sekstimarsdagen, sjølv om ho som innleigd vikar ikkje får

betalt for meir enn dei timane ho arbeider. Ho har vent seg til å begynne klokka

seks om morgonen, og synest det er herleg å vera ferdig på jobb kl. 12.30. Ho set

særleg pris på at sekstimarsdagen gjer at ho rekk å komma ut medan det er dags-

lys, også på den mørkaste tida av året.

Bystyret i Trondheim har bestemt at sekstimarsdagen skal prøvast, og har

løyvt pengar til å tilsetja dei reinhaldarane som trengst for å kompensera for

den reduserte arbeidstida. I Miljøservice, den avdelinga i Trondheim eien-

dom som har ansvar for reinhald i kommunale eigedommar, arbeider i alt

om lag 360 reinhaldarar. Tre av 11 område, med om lag 85 reinhaldarar, er

med i det toårige forsøket som vart sett i gang 1. januar 2007. Dei to områda

som har det høgaste og det lågaste sjukefråværet, og det området som har

den høgaste gjennomsnittsalderen vart valde ut til å vera med i forsøket. I

tillegg er to område som held fram med vanleg arbeidstid, valde ut som kon-

trollgruppe.

Målsetjinga for forsøket er formulert slik:

Gjennom et forsøk med 6-timersdag skal brukernes/innbyggernes opplevelse av

Trondheim kommune som en god og fleksibel tjenesteleverandør oppretthol-

des/økes.

Trondheim kommune skal gjennom forsøk med 6-timersdag senke syke-

fraværet og belastningen for de i fysisk belastende jobber samt bli en mer attrak-

tiv arbeidsplass for nåværende og framtidige medarbeidere (saksframlegg frå

rådmannen i Trondheim, 05.04.2006).

Sekstimarsforsøket i Miljøservice førte til at 55 tilsette gjekk ned i timetal, 25

fekk større stillingsprosent, og talet på heiltidstilsette gjekk opp frå 55 til 66.

Arbeidstida for Miljøservice er innanfor ramma av kl. 06.00–18.00 fem dagar

i veka, og leiar Lisbet Øvre opplyser at så langt råd er, blir det lagt til rette slik at

dei tilsette får ei arbeidstid som går i hop med privatlivet. Dei som har ansvar for

ungar som skal til barnehage og/eller skolefritidsordning, treng ikkje vera på

jobb kl. 06.00, og dei arbeider tilsvarande lenger.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 130 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 131

Kva som vil skje med arbeidstida etter forsøksperioden, er førebels uvisst.

Øvre fortel at det ikkje har vore vesentlege utslag på sjukefråværet, men ho er

også klar over at det kan ta lengre tid før eventuelle slike verknader kan målast.

– Dette arbeidet er mykje lettare med det ustyret ein har i dag, enn det var før,

men det er klart at dei som har arbeidd som reinhaldarar gjennom eit langt liv,

kan ha slitasjeplagar som ikkje blir borte. Vi ser likevel at dei eldste er svært sta-

bil arbeidskraft, seier Øvre.

Gunhild Haugen skulle gjerne ha sett sekstimarsdagen innført som ei varig

ordning.

– Eg ser svart på å gå tilbake til 7,5 timar. Blir det slutt på sekstimarsdagen,

vurderer eg å gå over i halv jobb, kombinert med avtalefesta pensjon, seier ho,

og legg til at om det ikkje blir sekstimarsdag for alle, må det iallfall bli det for

seniorane, aldersgruppa frå 55 år og opp. Å begynna med slike tiltak når folk har

fylt 62, er for seint, meiner ho.

I Miljøservice har det ikkje vore høve til å registrera om sekstimarsdagen gjer

det lettare å rekruttera nye tilsette. Ledige stillingar som blir lyste ut, er ikkje

knytte til bestemte område, nytilsette må vera disponible både for forsøks-

områda og for dei områda som har ordinær arbeidstid.

Trondheim parkering KF: Meir tid til ungane– Meir tid til ungane, er Robert Haugens svar på kva som er best med seks-

timarsdagen. Han er ein av dei 20 trafikkbetjentane i Trondheim parkering KF

som har fått prøva sekstimarsdagen i eit toårig forsøk, frå 1. juli 2006 til 30. juni

2008.

Før forsøket vart sett i gang, veksla dei mellom dagvakt frå kl. 08.00 til

kl. 16.00, ettermiddagsvakt frå kl. 12.00 til kl. 20.00 og kveldsvakt frå kl. 16.00

til kl. 23.45.

No har dei to føremiddagsvakter, ei frå kl. 08.00 til kl. 14.30 og ei frå kl. 09.30

til kl. 16.00. Ein del går til fots i gatene i sentrum, andre bruker bil eller sykkel

for å nå område som ligg mindre sentralt.

– Begynner eg klokka åtte, rekk eg å vera heime til ungane kjem frå skolen, og

det set dei pris på. Mykje av dei aktivitetane dei er med på, både fotball, handball

og korps, begynner i fire-femtida om ettermiddagen. Og begynner eg seinare,

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 131 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12132

– Vi har blitt meir effektive. Vi har ikkje skrive ut færre bøter med sekstimarsdag enn vigjorde før, seier Robert Haugen. Han er ein av 20 trafikkbetjentar i Trondheim parke-ring som har prøvd sekstimarsdagen i to år. Foto: Greg Rødland Buick.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 132 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 133

rekk eg både å rydda vekk etter frukosten og å følgja ungane til skolen, seier

Haugen.

– Det hjelper å ha god tid i lag med ungane, legg han til. Ungane er ei lita dot-

ter som var fem veker på den tida vi besøkte familien, Haugens to eldste døtrer

og sambuarens to søner. Både han og sambuaren har delt omsorg, og dei fire

største ungane bur ei veke hos mor og ei veke hos far. Og når også sambuaren

har ein jobb med vekslande dag- og kveldsvakter, er det lett å skjønna at det blir

enklare å få puslespelet til å gå opp med sekstimarsdag enn med 7,5 timars

arbeid kvar dag.

Ikkje all fritid går til ungane, Haugen er også ein aktiv medarbeidar i tv-sta-

sjonen til burettslaget. Risvollan borettslag, det største i sitt slag i Noreg, har sitt

eige tv-studio, og den lokale tv-stasjonen sender både meldingar om lokalt nytt

i burettslaget, reportasjar og tv-bingo.

I Trondheim parkering KF kom initiativet til sekstimarsforsøket frå styret i

det kommunale føretaket.

– Vi vart spurde, men eg kan ikkje hugsa at det var negative reaksjonar på

framlegget, seier Haugen.

Det var eit vilkår at forsøket skulle gjennomførast utan at det vart tilsett fleire

folk. Pausane vart stramma inn. Før hadde dei felles matpausar, no har dei pau-

sar til ulike tider.

– Det vi kan ha tapt noko på, er det sosiale. Pausen er viktig, for da kan vi

snakka om både det vi opplever ute på gata, og om faglege ting. Men om ikkje

alle har pause på same tid, er det alltid fleire som har pause i lag, og vi snakkar

med dei som er inne, seier Haugen.

Ein vesentleg del av arbeidet til trafikkbetjentane er å sjå etter at parkerings-

reglane blir følgde. Dei skriv ut bøter for feilparkering og til dei som ikkje har

betalt som dei skal for parkeringa. Det hender frustrerte bilistar lèt all frustra-

sjonen gå utover den parkeringsbetjenten dei slumpar til å treffa.

– Vi er parkeringa sitt andlet i gata. Dei som parkerer, får ikkje tak i bystyret

som har laga reglane. Og er det nokon som har hatt ein dårleg dag, er det vi som

får merka det, seier Haugen.

I tillegg gir dei råd og hjelp både til turistar og andre som strever med å finna

fram, dei tar oppdrag for burettslag og andre som treng hjelp til å få vekk feil-

parkerte bilar, dei har eit ansvar for å sjå etter forsøpling i gatene, og dei kan

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 133 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12134

skriva ut miljøgebyr til grunneigarar som ikkje sørgjer for å halda det reint på

eigedommane sine. Og røyner det på, gir dei også «ekstraservice» til folk som

treng det. Haugen kan fortelja at han har vore med på å køyra folk som har vore

ute for alvorlege uhell, til legevakta.

– Vi har vorte meir effektive, det blir ikkje skrive ut færre bøter no enn med

den gamle arbeidstida, og det er lettare å komma seg gjennom ei vakt på seks

timar enn slik vi hadde det før, seier Haugen, som håpar at forsøket skal gå over

til å bli ei varig ordning.

I tillegg til dei ordinære vaktene med patruljering i gatene har dei også kvar

niande veke ei tidlegvakt frå kl. 07.00 om morgonen med bilkøyring for å

tømma automatar. Helgevakt med arbeid fredag frå kl. 16.00 til kl. 23.45, laur-

dag frå kl. 15.00 til kl. 23.45 og søndag frå kl. 12.00 til kl. 20.45 har dei også kvar

niande veke, og kvar tredje laurdag er det jobb på føremiddagen.

Dei lange kveldsvaktene er altså ikkje sekstimarsvakter. Slik vart det gjort for

at ein skulle unngå å få fleire kveldsvakter enn før, noko dei tilsette ser på som ei

god ordning.

Føremålet med forsøket var å effektivisera kvardagen for trafikkbetjentane,

halda oppe tenesteproduksjonen, skapa betre motivasjon og trivsel gjennom

betre turnus og arbeidsforhold, og på sikt oppnå lågare sjukefråvær.

SINTEF Teknologi og samfunn har stått for evalueringa av sekstimarsdagen i

Trondheim parkering, og rapporten stadfestar det Haugen fortel om seks-

timarsdagen som ei positiv erfaring (Buvik, Tvedt og Torvatn 2008).

Rapporten viser at produksjonen slett ikkje har gått ned, og at sekstimars-

dagen har gjort arbeidsplassen meir attraktiv, medan det ikkje er registrert

nokon nedgang i sjukefråværet (sjå også s. 73). Dei tilsette har også vorte spurde

om korleis dei har opplevd den sosiale kontakten med kollegaene etter at felles-

pausane vart borte. Svara har endra seg i løpet av forsøksperioden. Om lag eit

halvt år etter at sekstimarsdagen vart innført svarte dei fleste at det hadde vorte

mindre tid til sosial kontakt, og at dei sakna «det gamle samholdet med kollega-

ene». Eitt år seinare var dei langt meir positive til den nye ordninga. Forskarane

tolkar det som at dei tilsette har brukt litt tid på å tilpassa seg endringa, og i

intervju har det vorte sagt at det er betre no, i og med at dei er færre samla, og at

dei får betre høve til kontakt med dei som er der. Det gode samhaldet har

komme tilbake og har vorte forsterka.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 134 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 135

Men 19. juni 2008 vedtok styret i Trondheim parkering KF, mot røystene til

dei to representantane for dei tilsette, å avvikla forsøket med sekstimarsdag.

Vedtaket var i samsvar med innstillinga frå administrasjonen.

– Skulle vi halda fram med sekstimarsdagen for trafikkbetjentane, måtte vi

innføra sekstimarsdag for heile verksemda. Det har også komme ønske frå mer-

kantilt tilsette som kunne tenkja seg sekstimarsdag, seier Turid Innstrand,

direktør i Trondheim parkering KF.

– Men ei så omfattande endring er eit ansvar vi ikkje var klar til å ta. Det

måtte mellom anna ha ført med seg ei form for skiftordning for dei som no

arbeider berre dagtid, seier direktøren.

Forsøksperioden gjekk ut 30. juni, men turnusen med sekstimarsdag vart av

praktiske grunnar vidareført til 1. september.

Minera, Otta: Tid til fotball og flugefiskeFor skiferarbeidarane hos Minera Norge AS på Oppdal begynte sekstimars-

dagen før det vart lyst ein tidleg vintermorgon – 30. januar 2006. Den tok til

som eit prøveprosjekt og har vorte ei permanent ordning. Den store endringa

var overgangen frå å arbeida fem dagar i veka frå kl. 07.00 til kl. 15.30, til å

arbeida toskift – frå kl. 06.00 til kl. 12.30 den eine veka, og frå kl. 12.30 til

kl. 19.00 den andre.

Eitt og eit halvt år seinare vart sekstimarsdagen innført på same vis ved

Minera Norge si avdeling på Otta, inkludert slipeanlegget på Dovre. Her har dei

nær femti tilsette som arbeider med bearbeiding av skiferen, sekstimarsdag og

toskift. Frå før var det nokre få som gjekk toskift. Den nye ordninga vart innført

ved at dei tilsette vart fordelte på to skift, utan nytilsetjingar. Administrasjonen

og dei som arbeider i steinbrotet, har framleis 7,5 timars arbeidsdag. For stein-

brotet vart det ikkje rekna som lønnsamt å investera i det som måtte til av

maskinar om ein skulle ha toskift. Dei som arbeider i steinbrotet, får ein viss

kompensasjon ved at dei sluttar kl. 12.30 kvar fredag.

Dei aller fleste er samde om at sekstimarsdagen er fine greier. Det blir både

meir tid i lag med ungane og meir tid til støvsuging, seier ein av arbeidarane.

To av skiferarbeidarane spelar fotball på A-laget til Otta IL. Da laget rykte

opp frå 4. til 3. divisjon, gjorde det sitt til at Øystein Solstad (24) tok ein pause

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 135 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12136

frå studium i Trondheim for å kunna spela fotball heime på Otta. Frå september

2007 har han vore skiferarbeidar.

– Sekstimarsdagen er perfekt for meg, seier Solstad.

Med både fotballtreningar, kampar og andre friluftsinteresser kjem seks-

timarsdagen godt med, og han ser fordelar med å arbeida skift. Når det er

sesong for flugefiske, er det fint å kunna vera ute seint på kveld og natt og ikkje

skulla tidleg på jobb neste morgon.

Med A-laget trenar han tre kveldar i veka. Treningane tek til klokka åtte, så

det rekk han også etter kveldsskiftet. I dagskiftvekene trenar han dessutan eit

smågutelag tre gonger i veka. Og dersom fotballkampane kolliderer med kvelds-

skiftet, er det høve til å byta skift.

– Fotball er kultur, og kulturliv er viktig om folk skal bli buande på ein stad

som Otta, seier Magne Båtstad, dagleg leiar for Minera-avdelinga på Otta. Han

meiner det er viktig å vera fleksibel når dei tilsette har bruk for å byta skift.

– Sekstimarsdagen er perfekt for meg, seier Øystein Solstad, skiferarbeidar ved Minerasi avdeling på Otta, og aktiv på fotballaget til Otta IL. Her står han i mål under oppvar-ming til kamp mot Moelven IL. Foto: Greg Rødland Buick.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 136 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 137

Båtstad er godt nøgd etter vel eit halvt år med sekstimarsdag. Sjølv om den

formelle evalueringa enno ikkje er gjort, reknar han med at ordninga er kom-

men for å bli.

– Dei tilsette er nøgde, og vi produserer ikkje mindre enn vi gjorde før. Det

ville bli eit forferdeleg nederlag om vi skulle gå tilbake til den gamle arbeidstida,

seier han.

Rolf Maurstad, tillitsvald for skiferarbeidarane på Otta, fortel at det var ein

god del skepsis før sekstimarsdagen vart innført. Men no trur han det ville bli

vanskeleg om den ikkje skulle halda fram.

– Det einaste motargumentet eg høyrer av og til, er at det er stussleg å arbeida

kveldsskift på fredagane, seier Maurstad.

Det har vore ymta frampå om at ein kunne arbeida inn fredagskveldsskiftet

med litt lengre arbeidsdag dei andre dagane. Men det er Båtstad svært kritisk til.

– Det blir ikkje snakk om innarbeiding med å forlengja skifta. Det ville bli ei

utholing av den nye arbeidstidsordninga, og vi ville mista verknaden av den

effektiviseringa vi har oppnådd ved å forkorta arbeidsdagen, seier Båtstad.

Her, som ved dei andre verksemdene som har innført sekstimarsdag i kom-

binasjon med toskift, er det korta ned på småpausar, og det er ein føresetnad at

dei to arbeidsøktene på tre timar skal vera effektiv arbeidstid.

I begge Minera-avdelingane, både på Oppdal og på Otta, er det ei målsetjing

å halda oppe same produksjon som før og å redusera sjukefråværet. Produksjo-

nen har det gått bra med, men det er ikkje registrert store endringar i sjukefrå-

været. Det siste blir tatt med stor ro hos dei ansvarlege leiarane, dei er klar over

at skiferarbeidet er fysisk tungt, med stor risiko for slitasjeskadar, dessutan er

det høgt støynivå i produksjonslokala.

– Eg trur ikkje det blir mindre influensa om vi arbeider seks timar om dagen,

og dei som har arbeidd her lenge, har eit fortid med både 7,5 og åtte timars

arbeidsdag, seier produksjonsleiar Knut Fossum på Oppdal.

– Eg ventar ingen endringar i sjukefråværet på kort sikt, vi blir ikkje kvitt dei

belastningsskadane folk alt har fått, fordi om vi kortar ned arbeidstida, seier

Magne Båtstad på Otta.

I løpet av to år med sekstimarsdag har Minera på Oppdal rekruttert 11 nye

produksjonsarbeidarar, og det har vist seg at det er ein fordel i ein stram

arbeidsmarknad å kunna tilby sekstimarsdag.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 137 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12138

– Her ringjer det stadig folk og spør etter arbeid, og enda fleire etter at vi

begynte med sekstimarsdagen, seier Båtstad.

I begge Minera-avdelingane er skifttillegget innarbeidd i den delen av lønna

som er fastlønn, slik at den er lik for alle timar. I tillegg kjem akkorden, som har

auka i og med at produksjonen har gått opp.

Båtstad synest det er litt rart at ikkje andre arbeidsgivarar er meir interesserte

i å prøva sekstimarsdag i sine verksemder.

– Eg trur dei er litt redde for å prøva noko nytt. Eg var også veldig skeptisk,

men vi hadde fordel av å sjå korleis det fungerte på Oppdal. Vi tok den tida vi

trong for å få til ei lokal tilpassing. Dette er tufta på at vi er einige om korleis det

skal gjerast, seier han.

Minera Norge har også ei avdeling i Alta, med 35 tilsette i produksjonen. Om

sekstimarsdagen kjem dit, vil først bli avgjort etter ei evaluering av erfaringane

frå Otta.

SinkaBerg-Hansen AS, Rørvik: Sekstimarsskift, men ikkje for alleLakseforedlingsbedrifta SinkaBerg-Hansen AS i Nærøy i Nord-Trøndelag var ei

av dei første som innførte sekstimarsdag som ei fast ordning i delar av fabrik-

ken, frå hausten 2005. Ordninga omfattar vidareforedlingsavdelinga, med om

lag 60–65 tilsette, medan dei 22 tilsette i slakteriet framleis har 7,5 timars dag

utan skiftarbeid. Så langt har det ikkje vore behov for å utvida driftstida i denne

delen av verksemda.

Tidlegare var arbeidstida i foredlingsavdelinga frå kl. 07.00 til kl. 15.00, no er

dagskiftet i gang kl. 06.00 om morgonen, og kveldsskiftet skal vera ferdige

kl. 18.55.

Her vart sekstimarsdagen innført etter initiativ frå leiinga. Dei tilsette vart

informerte, men vart ikkje inviterte til å vera med på å avgjera korleis seks-

timarsdagen skulle organiserast. At arbeidsdagen blir kortare, er i seg sjølv eit

gode.

– Du kjenner det på kroppen at du blir mindre sliten. Ein merkar skilnaden i

ferieperioden, da har vi gammal arbeidstid med 7,5 timar per dag og blir meir

slitne, seier verneombod Hanne Skjærvær.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 138 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 139

Men den skepsisen som var der da ordninga vart innført, er ikkje borte. Blant

dei tilsette er det framleis somme som gjerne ville ha tilbake den gamle arbeids-

tida. Da hadde dei to halvtimespausar (ein betalt og ein ubetalt), som gjorde at

arbeidsøktene vart kortare. Dei merkar at tempoet har vorte høgare etter at

arbeidstida er korta ned. Arbeidstidsforkortinga har ført med seg ei effektivise-

ring, og produksjonen har gått opp. Frå bedriftsleiinga si side er det klart at

sekstimarsdagen er kommen for å bli, men ikkje for alle.

Her, som andre stader er arbeidsstart klokka seks for tidleg for dei som har

ungar som skal til barnehage eller skolefritidsordning. Dei som ikkje kan

begynna så tidleg, får i staden jobba midtskift, og midtskiftet har framleis 7,5

timar. Det vil seia at dei er på jobb frå kl. 08.00 til kl. 16.00.

– Eg skulle ønskja at vi alle kunne ha sekstimarsdag. Slik det er no, arbeider

vi som har småungar nesten ein heil arbeidsdag meir i veka for same lønn som

dei andre, seier ei av dei som må arbeida midtskift. Ho må i staden arbeida til

kl. 16.00, kjem heim vel ein halvtime seinare, og når middag og barne-tv er

unnagjort, er også det meste av dagen over for femåringen.

– To timar ville ha gjort stor skilnad. Ein sekstimarsdag som starta klokka

åtte, ville vera greitt, seier ho.

Ein annan småbarnsforelder, skiftleiar Bjørnar Torsvik, synest ordninga fun-

gerer kjempegreitt, og særleg liker han tidlegskiftet godt. Men husarbeidet får

han gjort mest av den veka han skal på seinskift.

Torsvik og kona arbeider begge i same avdeling, men motsette skift. Dei to

ungane på tre og seks år er i barnehage tre dagar i veka. Dei to andre dagane er

dei i lag med foreldra, og dei følgjer da med den som skal på seinskift, i bilen til

jobben, og med den andre heim, 40 kilometer kvar veg.

– Vi får meir tid i lag med ungane på den måten, og kan vera meir ute med

dei, seier Torsvik.

Dei tillitsvalde, Gunn Rita Johansen og Anne Grete Myrvold, ser fordelane

med kortare arbeidsdag. Det blir meir fritid, meir tid til både trim og avslap-

ping, og helgene blir romslegare den veka ein er ferdig kl. 12.30 på fredag og

begynner kl. 12.30 måndag. Sekstimarsdag er bra, men skiftarbeidet har sine

ulemper.

– Vi har mista noko av det sosiale. Vi som jobba i lag, vart fordelte på dei ulike

skifta, utan omsyn til kva som fanst av sosiale band mellom folk. No rekk vi

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 139 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12140

berre å seia hei, det er ikkje rom for å slå av ein prat i skiftovergangen, seier

Johansen.

Det er også somme som slit med nattesøvnen når dei skal arbeida skift, og dei

som har lang reiseveg, må tidleg opp for å vera på jobb klokka seks. Men tilbodet

om å få arbeida midtskift med 7,5 timar, freistar ikkje.

Myrvold er av dei som berre delvis har fått glede av sekstimarsdagen. Ho

kunne fram til mai 2008 veksla mellom skiftarbeid den eine månaden og midt-

skift den andre. Sambuaren arbeider som fiskar, og er ute på jobb ein månad om

gongen, og ungane på seks og ti år treng at nokon er til stades om morgonen.

Men så kom meldinga frå leiinga om at det blir slutt på å veksla mellom dei

ulike skiftordningane. Nye folk skal tilsetjast både på sekstimarsskift og på mel-

lomskift, men kombinasjonsordningar blir det ikkje rom for.

– Meir tid i lag med ungane er ein av fordelane med sekstimarsskiftet, seier Anne GreteMyrvold, her i lag med sonen Bjørn-Ola. Ho ville gjerne halda fram med å veksla mellom«midtskift» og seksstimarsskift slik at det høver med mannen sitt arbeid som fiskar. Mendet vart det slutt på frå mai 2008, og dermed vart det slutt på sekstimarsskiftet forhenne. Foto: Greg Rødland Buick.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 140 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 141

– Vi kjem ikkje unna at det blir urettferdig at vi skal arbeida så mykje lengre

dagar, seier Myrvold.

Men frå leiinga si side er det ein klar føresetnad at den som skal arbeida berre

seks timar om dagen, også må gå skift.

– Vi har ikkje sekstimarsdag, vi har sekstimarsskift. Det ville vera like

urettferdig om ein del skulle få sekstimarsdag og unngå kveldsskiftet, seier

personalsjef Frode Lauritzen. Frå bedriftsleiinga si side er dette ikkje tema for

diskusjon.

SINTEF-rapporten som var ferdig vel eitt og eit halvt år etter at seks-

timarsdagen vart innført hos SinkaBerg-Hansen AS, oppsummerer ordninga

som vellykka for bedrifta. «Enkelt sagt har bedriften nådd de økonomiske

mål den satte seg,» heiter det i rapporten (Torvatn m. fl. 2007). Men det blir

også lagt vekt på at dei gode resultata kom etter ein minst seks månader lang

innkøyringsperiode. I denne perioden var ikkje produktiviteten spesielt god.

Det går elles fram at dei tilsette har hatt både positive og negative erfaringar

med kombinasjonen av sekstimarsdag og skiftarbeid i denne bedrifta.

Krølle Frisør i Fauske: Lettare å vera blid med sekstimarsdagSå langt vi kjenner til, er det berre éin frisørsalong i landet som har innført ein

variant av sekstimarsdagen.

Brit Steinbakk, eigar av Krølle Frisør i Fauske, har drive salongen i over 30 år.

Ho fortel at ho alltid har lagt til rette for at dei som hadde små barn, fekk tilpassa

arbeidstida si, og at dei i praksis hadde sekstimarsdag, medan dei andre

arbeidde 7,5 timar.

Frå 1. september 2006 vart sekstimarsdagen sett i system for alle dei ti–tolv fris-

ørane i salongen. Da vart det organisert ei toskiftordning, og salongen fekk

opningstid frå kl. 09.00 til kl. 19.00 måndag til torsdag, kl. 09.00–kl. 16.00 fredag

og kl. 09.00–kl. 15.00 laurdag. Tidlegare var det langdag til kl. 20.00 to dagar i veka.

Kjernetida vart fastsett som frå kl. 09.00 til kl. 15.00 eller frå kl. 13.00 til

kl. 19.00. Frisørane set sjølve opp timeavtalane sine innanfor den arbeidstida dei

har valt, og tidlegskiftet kan arbeida lenger og seinskiftet begynna tidlegare, der-

som dei sjølve ønskjer det.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 141 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12142

Dei har prosentlønn ut frå kor mykje dei tar inn, med ei garantilønn i bot-

nen. Det blir ikkje gitt nokon automatisk lønnskompensasjon for arbeidstids-

forkortinga.

Men Steinbakk ser at effektiviteten aukar med kortare tid.

– Ingen har gått ned i lønn med den nye ordninga, dei er heller meir

effektive den tida dei er på jobb, og bruker småpausane til å eta istadenfor å

ta ein lang matpause. 7,5 timarsdagen er for lang for dei som har ungar. Med

kortare dag er det lettare å vera blid både på jobben og heime, seier Stein-

bakk.

Nardo Bil AS, Trondheim: Svarte ikkje til forventinganeBilverkstaden Nardo Bil AS i Trondheim sette i gang sekstimarsforsøket sitt etter

inspirasjon frå Toyota-verkstaden i Göteborg i slutten av januar 2005, og fekk

mykje medieomtale som den første norske bedrifta som prøvde denne ord-

ninga. Med toskift og sekstimarsdag skulle dei få ei betre utnytting av lokale og

utstyr i verkstaden, og spara store kostnader til nye lokale.

Både dagleg leiar Rune Wang-Henrichsen og dei tilsette var i utgangspunktet

positive, og etter det første året med sekstimarsdag såg det ut til at ordninga fun-

gerte godt. Dei tilsette sette pris på meir tid til både ungar og trening. Dagleg

leiar var ikkje heilt nøgd med effektiviteten, men hadde tru på at den kunne for-

betrast (Klassekampen 28.01.2006). Men i august 2006 vart forsøket likevel

avvikla. Bilmekanikarane heldt fram med toskift medan bygging av nye lokale

gjekk føre seg, men no var det 7,5 timars skift.

– Vi avvikla sekstimarsdagen fordi vi ikkje greidde å få forretning i det. Eg

hadde trudd vi skulle få opp effektiviteten, men det var feil. Eg trur hovudårsaka

er at det er utradisjonelt i vår bransje å arbeida skift. Dei tilsette fekk ikkje det ut

av forsøket som dei hadde venta, er Wang-Henrichsen si forklaring.

For dei tilsette, som har ein kombinasjon av fastlønn og personleg bonus,

vart fortenesta noko dårlegare enn dei hadde venta, og dei var einige om å

avvikla sekstimarsdagsordninga. Den utvidinga av verkstaden som ein prøvde å

unngå med å innføra sekstimarsdag og toskift, vart gjennomført, og nye lokale

stod klare vinteren 2008. I dei nye lokala arbeider bilmekanikarane dagtid slik

dei gjorde før sekstimarsforsøket.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 142 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 143

Vikaunet fabrikker, Stjørdal: Sekstimarsdag om vinterenBedrifta Vikaunet fabrikker i Stjørdal har frå 2005 hatt sekstimarsdag og toskift

for dei fire–fem produksjonsarbeidarane frå november til påske, medan dei

resten av året (med unntak av sommarferieavviklinga) har toskift med 7,5

timars dag. Dagleg leiar Terje Gaarden fortel at denne ordninga er vald fordi det

trengst mindre produksjon i vinterhalvåret. Bedrifta produserer betongheller,

og høgsesongen er vår og sommar.

– Vi får mykje goodwill for å ha kort dag om vinteren. Arbeidarane blir

mindre slitne, og tolv effektive timar er ein gevinst for bedrifta, seier Gaarden.

– Kan det vera aktuelt å innføra sekstimarsdag heile året?

– Vi er mogne for å snakka om kva vi skal gjera vidare, men totaløkonomien

må vera på plass først. Sekstimarsdag heile året krev fleire tilsette, seier Gaarden,

og han fortel at det no blir investert 30 millionar kroner i ei ny produksjonsline,

som kan drivast av berre éin tilsett.

I denne bedrifta er det berre menn som arbeider i produksjonen. Ei kvinne

arbeider på deltid med ordremottak, og ei kvinne har 25 prosent stilling med

reinhald.

Brandasund Fiskeforedling AS, Bømlo: Kostbar overtidVed Brandasund Fiskeforedling AS på Bømlo vart sekstimarsdagen prøvd for

om lag halvparten av dei tilsette i 2007, etter initiativ frå leiinga. Arbeidet i

slakteavdelinga vart organisert med toskift på seks timar i staden for berre dag-

arbeid.

Det er oppdrettslaks og oppdrettsaure som skal slaktast, og for å få effektiv

utnytting av arbeidstida begynner dei ulike arbeidslaga til ulike tider. Dei første

er på plass kl. 04.30 om morgonen, anten arbeidsdagen er seks timar eller lengre.

Det nye da sekstimarsdagen vart prøvd, var at dei var ferdige kl. 11.00. Bløgga-

rane startar kl. 05.30, og resten av slakteavdelinga kl. 06.30. Med toskift og seks-

timarsdag var dei ulike ettermiddagsskifta ferdige kl. 17.00, 18.00 og 19.00.

Dagleg leiar John Gustav Lothe fortel at sekstimarsdagen ikkje førte til ned-

gang i sjukefråværet. Og den vart kostbar. Dei hadde inngått ein avtale med dei

tilsette om 50 prosent overtidstillegg for alt arbeid utover seks timar.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 143 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12144

– Her er det ikkje aktuelt å innføra sekstimarsdagen som ei fast ordning, men

det kan vera aktuelt i periodar med mykje arbeid. Vanlegvis har vi mest å gjera

frå august til januar, fortel Lothe.

Ferdinand Turøy, klubbleiar og tillitsvald for dei NNN-organiserte, meiner

sekstimarsdagen er kjempegreier, og såg gjerne at den vart ei fast ordning. Han

registrerte ingen som var misnøgde med ordninga så lenge den varte, sjølv om

det vart kravd at lege- og tannlegetimar måtte leggjast utanfor arbeidstida.

– Sekstimarsdagen er viktig for å få eit brukeleg familieliv. Alternativet her er

at det blir mykje overtid, somme gonger heilt til kl. 20.30. Helsa blir ikkje betre

av overtidsarbeid, sjølv om dei som har eit kortsiktig perspektiv, kan vera villige

til å stå på for å tena ekstra pengar, seier han.

Turøy meiner bedrifta kunne hatt ei jamnare drift med toskift og sekstimars-

dag gjennom heile året, med ein planlagd tilgang på råstoff. Han er villig til å

forhandla om overtida for å få sekstimarsdagen som ei fast ordning.

– Ventar vi til etter 7,5 timar med overtidsbetalinga, trur eg vi får sekstimars-

dagen tilbake. Det er eit forhandlingsspørsmål kvar grensa skal gå, seier han, og

han veit at blant dei tilsette er det ulike tankar om akkurat det.

Sigurd Folland AS, Averøy: Sekstimarsskift i sesongenFiskeforedlingsbedrifta Sigurd Folland AS på Averøy utanfor Kristiansund har

prøvd toskiftarbeid med sekstimarsdag som eit tiltak for å auka produksjonen

og utnytta produksjonsutstyret mest mogeleg i den travlaste sesongen, frå

1. september til jul, i 2007. Ordninga var frivillig for dei 20–25 tilsette. Dei fekk

tilbod om sekstimarsdag mot å arbeida to skift, og om lag 70 prosent takka ja.

Blant dei som takka nei, var omsyn til ungar ein grunn. Andre var avhengige av

arbeidsbussen, som ikkje gjekk om kvelden.

Den vanlege arbeidstida var kl. 07.30–kl. 15.30. Skiftarbeidarane arbeidde

frå kl. 07.30 til kl. 14.30 den eine veka og frå kl. 14.30 til kl. 20.30 den andre

veka. Skiftordninga gjekk måndag til torsdag; fredag vart det berre arbeidd dag-

tid, kl. 07.30–kl. 15.30. Ekstrafolk vart leigde inn for tre månader for at ein

skulle få full bemanning av skifta.

NNN-tillitsvald Bodil Mellemset meiner at ordninga fungerte godt, og at

arbeidarane var godt nøgde.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 144 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 145

– Vi stilte opp for arbeidsgivaren, og vi fekk noko att for det. Ein kunne sova

litt lenger i kveldsveka. Det vart litt meir tid til å slappa av og treffa venninner,

og til å gjera litt ekstra heime på dagtid i tida før jul, seier ho.

Men ho ville ikkje ha hatt ordninga fast; ho meiner kveldsskiftet øydelegg for

mykje av det sosiale livet.

– Sekstimarsdag ville vera ein bra ting, men ikkje fast skiftarbeid, seier ho.

Skiftordninga vart gjennomført utan nokon diskusjon om skifttillegg.

– Resultatet vart det same når vi fekk full lønn for seks timars skift, som om

vi hadde hatt den vanlege timelønna pluss skifttillegg, forklarer Mellemset.

Oslo-forsøketTil no har det i Noreg vore gjennomført berre eitt forsøk med sekstimarsdag i

pleie- og omsorgsyrke, det mykje omtalte Oslo-forsøket, som gjekk frå juni

1995 og ut mars 1997 i ein sjukeheim og i heimetenesta i ein bydel i Oslo.

Om lag ti år tidlegare hadde dei tilsette ved Lindeberg alders- og sykehjem

gjort grundige førebuingar til eit forsøk med sekstimarsdag.

Ved forsøket som vart sett i gang i 1995, fekk 103 tilsette redusert arbeidstida

si frå 7,5 til seks timar per dag, og 17 nye vart tilsette for prosjektperioden.

Mykje av medieomtalen har vore prega av ei oppfatning av at forsøket var

mislykka fordi det ikkje vart registrert nedgang i sjukefråværet i løpet av for-

søksperioden. Men utviklinga av sjukefråværet var ikkje det einaste som skulle

målast.

Prosjektleiar Gry Opsahl legg i sin evalueringsrapport (Opsahl 1997) stor

vekt på kva sekstimarsdagen fekk å seia både for tenestekvaliteten, for arbeids-

miljøet og for livskvaliteten til dei tilsette, og ho synest framleis dei positive erfa-

ringane har fått altfor liten plass i omtalen av forsøket.

Før sjølve forsøket vart sett i gang, var dei tilsette med på å gjera ei grundig

kartlegging av kva som trongst av personale på ulike tider av dagen, både i sju-

keheimen og i heimetenesta. Som eit resultat vart det bestemt at ein skulle gå

over frå todelt til tredelt turnus. (Dette forsøket omfatta ikkje nattevaktene.)

– Det at dei tilsette var med på denne kartlegginga, medverka også til å moti-

vera for endring. Dei såg sjølve at det kunne vera mogeleg å gjera ting på ein

måte som var betre for alle partar, understrekar Opsahl.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 145 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12146

Dei som før hadde veksla mellom dagvakt og kveldsvakt gjekk over til å

veksla mellom dagvakt, midtvakt og kveldsvakt. I sjukeheimen gjekk dagvakta

frå kl. 07.30 til kl. 14.00, midtvakta frå kl. 10.00 til kl. 16.30 (eventuelt

kl. 09.30–16.00 eller kl. 12.00–18.00, det varierte noko mellom avdelingane), og

kveldsvakta gjekk frå kl. 16.00 til kl. 22.00. I heimetenesta arbeidde dagvakta frå

kl. 08.30 til kl. 14.30, midtvakta frå kl. 13.30 til kl. 19.30 og kveldsvakta frå kl

17.00 til kl. 23.00. Med overlappinga mellom vaktene var det gode høve til å gi

informasjon frå vakt til vakt, og det vart mogeleg å skapa variasjon i arbeidsopp-

gåvene. Fordelinga av arbeidsoppgåven e gjorde at midtvakta fekk eit litt anna

Figuren viser korleis forsøkspersonane i Oslo-forsøket nytta den nye fritida frå desem-ber 1995 og utetter. Det meste gjekk til barnestell og lesing eller leik med ungane,medan leksehjelpa ikke auka, den var truleg det som vart prioritert når tida var knappare(juni 1995). Figuren er henta frå Fafo-rapporten om Oslo-forsøket (Bjørnskau 1997).

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 146 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 147

innhald enn dei andre vaktene, og gav på den måten ein variasjon i arbeidet som

ein ikkje hadde med den tidlegare vaktordninga. For dei som arbeidde i heime-

tenesta, var det på midtvakta berre to besøk hos brukarar, resten av tida vart

brukt til andre oppgåver.

– Denne organiseringa gav ein fleksibilitet som kom brukarane til gode, og

førte til ein betre kvalitet på tenestene, seier Opsahl.

Det vart brukt like mange arbeidstimar under forsøket som før, men fordi timane

var fordelte på litt fleire folk, gav ordninga ein større fleksibilitet i korleis arbeids-

krafta skulle brukast. Det vart lettare å følgja brukarane sine ønske – det var til dømes

ingen som måtte leggja seg før dei sjølve ønskte fordi kveldsvakta skulle gå heim.

Dei tilsette var i all hovudsak godt nøgde både med den nye turnusen og med

den reduserte arbeidstida.

– Aldri hadde jeg trodd at en time fra eller til skulle bety så mye for humør og

arbeidsglede, sa ei av hjelpepleiarane under ei oppsummering av erfaringane, og

la til: – Etter at vi fikk innført 6 timers dagen har jeg fått mer overskudd til bebo-

erne, familien og meg selv, jeg har begynt å trene aerobics. Andre fortalde at dei

hadde funne tid til både kurs og etterutdanning i prosjektperioden.

– Dette med å avslutte dagen så tidlig som som 14.30 og allikevel gå hjem

med en følelse av å ha gjort en god jobb, ved at jeg har bedre tid hos klientene,

gjør at jobben min er et godt sted å være, og som det er mening i, sa ei. (Opsahl

1997.)

Forskingsstiftinga Fafo gjorde evalueringa av Oslo-forsøket på oppdrag for

Oslo kommune. I tillegg til ei rekkje spørsmål om trivsel, helse, arbeidsmiljø

osv. fekk deltakarane i forsøket også opne spørsmål om kva dei tykte var det

mest positive og det mest negative med sekstimarsdagen. Spørsmåla vart stilte

tre gonger i løpet av forsøksperioden. Det som dei aller fleste nemnde som posi-

tivt, var at dei fekk meir overskot og vart mindre slitne i fritida. Vidare var det

mange som la vekt på at dei hadde meir overskot på jobb, dei fekk meir tid til

familien, og det vart betre pleie for pasientane. Av negative ting vart det nemnt

«meir stress», men det vart færre som la vekt på dette i siste del av forsøket enn

etter det første halvåret. Interessant kan det også vera å merka seg at etter eit

halvår svarte ein av fire «Ingenting!» på spørsmålet om negative verknader, og

eit år seinare var det nesten 40 prosent som ikkje hadde noko negativt å melda

(Bjørnskau 1997).

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 147 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 12148

Tabell 12.1 Sekstimarsdagsforsøk i Noreg 1995–2008.

Bedrift Deltakarar

Kjønns-fordeling K/M (%)

Startdato for forsøket Sluttdato

Arbeidstid før forsøket

Oslo-forsøket 103 100/0 01.06.1995 31.03.1997 Todelt turnus

Nardo Bil AS Ca. 15 0/100 31.01.2005 August 2006 07.00–15.00

SinkaBerg-Hansen Ca. 65 65/ 35 01.10.2005 Varig 07.00–15.00

Trondheim parkering KF

20 50/50 01.07.2006 30.06.20082)

Sjå s. 131

Miljøservice, Trondheim eiendom

Ca. 85 90/10 01.01.2007 31.12.2008 06.00–14.00

Bergen Hjemme-tjenester KF

Ca. 200 98/2 01.05.2007 30.04.2009 08.00–15.30

B. Innvær, Bømlo 13 22/78 01.11.2006 Varig 07.00–15.00

Minera Oppdal Ca. 60 0/100 30.01.2006 Varig 07.00–15.30

Minera Otta Ca. 50 0/100 01.08.2007 Varig 07.00–15.30

Tine Heimdal 170 40/60 10.04.2007 31.12.2009 07.00–15.00 og 15.00–00.30

3)

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 148 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

fleire slags sekstimarsdag 149

1 Dei som ikkje kan starta kl 6, kan jobba midtskift, men får ikkje sekstimarsdag.2 Sluttdato for det toårige forsøket, av praktiske grunnar vart turnusen med sekstimarsdag for-

lengja til 1. september 2008.3 Måndag til onsdag, til kl 00.00 torsdag, fri fredag.4 Pakkeriarbeidarane arbeider til 20.30 måndag til onsdag, og til kl 20.00 torsdagar, kveldsskif-

tet innarbeider fredag.5 Med unntak for lageret som har valt å halda på fellespausen, dei andre har rullerande pausar.

Arbeidstid med sekstimarsdag

Individuelt tilpassa

oppmøtetidNytil-

settingar

Betalt mat-pause Overtidstillegg etter Skifttillegg

Tredelt turnus Ja Ja Ja 35,5 timar (turnus)37,5 timar (ikkje turnus)

Som før

06.00–12.30 og 12.15–18.30

Nei Ja Nei Nei

07.00–13.30 og 12.30–18.55

Ja1)

Ja Nei 7,5 timar Nei

Sjå s. 131 Ja Nei Nei 7,5 timar Som før

06.00–12.30 Ja Ja Nei 7,5 timar

08.00–14.00 Ja Ja Nei 7,5 timar

07.00–13.30 Nei Nei Nei 7,5 timar

06.00–12.30 og 12.30–19.00

Nei Nei Nei 35 timar i veka Innbakt i timelønna

06.00–12.30 og 12.30–19.00

Nei Nei Nei 35 timar i veka Innbakt i timelønna

07.00–13.00 og 13.00–20.30

4)Ja Nei Ja

5)7,5 timar Som før

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 149 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 13

Sekstimarsdagen i Sverige

Svenske meiningsmålingar (valmålingar og SOM-målingar, som er lands-

omfattande meiningsmålingar om «Samhälle, Opinion och Massmedia») viste i

perioden frå 1976 til 2001 at meir enn halvparten av svenskane var positive til

innføring av seks timars arbeidsdag for alle. Forskaren Helena Rohdén har ana-

lysert desse målingsresultata ut frå klasse, kjønn og partisympatiar, og har funne

at sekstimarsdagen har aller sterkast støtte blant veljarane til Vänsterpartiet,

men at den også har sterk støtte hos sosialdemokratane. Berre Moderaterna og

Folkpartiet har i somme periodar hatt eit fleirtal som har sagt nei til sekstimars-

dag. Særleg er det arbeidarar og lågare funksjonærar som ønskjer sekstimars-

dag. Vidare er det langt sterkare ønske om sekstimarsdag blant kvinner enn

blant menn. Gjennom heile perioden er det meir enn halvparten av kvinnene

som vil ha sekstimarsdag, medan det blant menn i dei fleste målingane har vore

mellom 40 og 50 prosent som har vore positive. Ein vidare analyse viser at det i

alle riksdagspartia er fleire kvinner enn menn som ønskjer sekstimarsdag. Slik

er det også blant arbeidarar, funksjonærar og akademikarar (Rohdén 2003).

Kiruna: Fleire fekk heiltidsjobbMedan diskusjonen gjekk i Noreg i 1980-åra, om korleis ein skulle få i gang for-

søk med sekstimarsdag, klarte Kommunalarbetarförbundet i Kiruna i 1989

noko vi enno ikkje har fått til her i landet. Dei fekk, som resultat av lønnsfor-

handlingane, ein avtale om sekstimarsdag med full lønnskompensasjon for dei

kommunale heimehjelparane. Denne avtalen stod ved lag fram til 2005.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 150 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdagen i sverige 151

Avtalen omfatta 224 heimehjelparar. Vekesarbeidstida for full jobb gjekk frå

38,25 timar til 28,68 timar. Målsetjinga var å redusera deltidsarbeidsløysa, få

meir stabilt personale, betra arbeidsmiljøet og redusera sjukefråværet. Heile 144

av heimehjelparane hadde 75 prosent stilling før sekstimarsdagen vart innført,

og fekk ikkje endra arbeidstida si. 56 som hadde kortare deltid, auka arbeidstida

og fekk full stilling. Vel tjue fekk kortare arbeidsdag. Den viktigaste verknaden

av sekstimarsdagen vart derfor full lønn for det som før var deltid. Reforma vart

gjennomført utan nytilsetjingar.

Fordi det ikkje vart gjort noka systematisk kartlegging da sekstimarsdagen

vart innført i Kiruna, har det vore vanskeleg å få fullstendig kunnskap om verk-

nadene av arbeidstidsforkortinga. Men ei undersøking som vart gjord få år etter

at sekstimarsdagen vart innført, viser at det var ein vesentleg nedgang i sjukefrå-

været, iallfall dei første åra. Var det sekstimarsdagen som var årsaka?

Økonomen Birgitta Olsson argumenterer i artikkelen «Kortare arbetstid –

lönsamt utifrån personalekonomiska perspektiv?» (Olsson 1992) for at det bør

brukast ein personaløkonomisk kalkyle når ein skal vurdera vinning og tap med

sekstimarsdagen. Ho ser ikkje berre på dei auka lønnskostnadene, men tar med

i reknestykka sine at dersom sekstimarsdagen ikkje hadde vorte innført, måtte

ein ha sett inn andre tiltak for å betra personalsituasjonen i heimetenesta. Eit

slikt tiltak kunne ha vore auka lønn. Det var diskutert som eit alternativ å auka

lønna med tre lønnstrinn kombinert med to timar «friskvård» (mosjon og

kostrådgiving) i veka innafor betalt arbeidstid.

Olsson ser også på at langt færre hadde bruk for omplassering til lettare

arbeid etter at sekstimarsdagen vart innført. Slik omplassering hadde tidlegare

vore ein vesentleg kostnad for kommunen. Når ho reknar med kva kommunen

sparte på å ha meir stabil arbeidskraft, redusert sjukefråvær, færre omplasserin-

gar og mindre kostnader til arbeidsskadar, kjem ho fram til at sekstimarsdagen

gav ei innsparing på vel 2,5 millionar kroner for året 1990.

I ein reportasje frå Kiruna i avisa Klassekampen i september 2004 fortalde

Rolf Hagebjörk, seksjonsleiar for Kommunalarbetarförbundet i Kiruna, at

det slett ikkje hadde vore meininga at berre heimehjelparane skulle ha seks-

timarsdag. Målet var sekstimarsdag for alle. Men det var naturleg å starta

med ei kvinnedominert yrkesgruppe. Vänsterpartiet i kommunen leverte i

2004 framlegg om forhandlingar for å utvida ordninga med sekstimarsdag

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 151 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 13152

til å omfatta fleire yrkesgrupper innanfor omsorgssektoren (Klassekampen

18.09.2004).

Desse forhandlingane vart det likevel aldri noko av. Det politiske fleirtalet såg

meir på kostnadene enn på dei positive verknadene av sekstimarsdagen. Det vart

også sagt at det var misunning blant dei som arbeidde i institusjonane i eldreom-

sorga (dei hadde ikkje fått sekstimarsdag), og på dette grunnlaget vart avtalen om

sekstimarsdagen sagd opp 1. januar 2005. Etter forhandlingar vart det i oktober

2005 bestemt at arbeidstidsforkortinga skulle avsluttast frå og med 1. januar 2006.

Frå den datoen var heiltid 37 timar i veka, og dei tilsette fekk 300 kroner i måna-

den som kompensasjon for den auka arbeidstida. Unntak vart gjort for dei eldste

arbeidstakarane. Fast tilsette kunne ved fylte 58 år velja mellom å gå ned til seks-

timarsdag utan redusert lønn, eller å halda fram med 37 timar i veka og ta imot

ein eingongssum på 3000 kroner for kvart tilsetjingsår, maksimalt 30 000 kroner.

Kommunal (tidlegare Kommunalarbetarförbundet) har fått utarbeidd ein

rapport i ettertid. Der går det mellom anna fram at sekstimarsdagen var effektiv

mot deltidsarbeidsløysa, og at det var mindre utskifting av personale i Kiruna

enn i to kommunar det vart samanlikna med. Dei tilsette opplevde ein tydeleg

betre balanse mellom arbeid og fritid. Dei orka meir når dei kom heim, og tykte

dei rakk over det dei ville gjera heime, i langt større grad enn dei som arbeidde

åtte timar i andre delar av omsorgstenesta i kommunen. Ulemper som blir

nemnde, er at det kunne bli knapp tid til rapportering og til å samtala med kol-

legaer i løpet av dagen. Fleire av måla vart altså nådd, men ifølgje rapporten er

det ikkje råd å slå fast om arbeidstidsforkortinga på sikt har hatt noko å seia for

sjukefråværet. Konklusjonen i rapporten er at arbeidstidsforkorting er eigna til

å løysa somme problem i arbeidsmiljøet, men ikkje alle (Eggvall 2005).

Eit år etter at sekstimarsdagen vart avvikla i Kiruna, skreiv Kommunal-

arbetaren at det var venta innsparingar på om lag ti millionar når ein gjekk til-

bake til vanleg arbeidstid, men at resultatet vart null, og det vart registrert ein

tendens til auke i sjukefråværet (Kommunalarbetaren 08.12.2006).

Toyota Center: Sekstimarsdag berre for mennToyota Center i Göteborg har den mest berømte avtalen om sekstimarsdagen i

Sverige etter at heimehjelparane i Kiruna mista sin avtale.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 152 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdagen i sverige 153

Hos Toyota begynte sekstimarsdagen i bilverkstaden 1. desember 2002, og

framleis kjem det folk minst ein gong i veka for å sjå korleis sekstimarsdagen

verkar. Og stadig melder det seg folk som har lyst til å arbeida her – sekstimars-

dag er eit godt rekrutteringstiltak.

Utgangspunktet i 2002 var lange ventetider og misnøgde kundar. Anten

måtte verkstaden byggjast ut for mange millionar, eller noko måtte gjerast for å

utnytta verkstaden og utstyret større delar av døgnet.

Det siste vart løysinga. Ikkje tradisjonelt skiftarbeid, men to skift på seks

timar. I staden for å starta kl. 06.45, slik dei alle gjorde før, er morgonskiftet no

i gang med jobben kl. 06.00, og dei kan gå heim kl. 12.30. Da har kveldsskiftet

komme kl. 12.10 og fått dei informasjonane som trengst for å vidareføra dei

jobbane som er i gang, og dei er ferdige med sin jobb kl. 18.15. Kvart av skifta

har ein halvtimes matpause, og dei har fått innskjerpa at dei seks timane skal

vera effektiv arbeidstid; arbeidskleda skal vera på før dei stemplar inn og til dei

har stempla ut. I tillegg arbeider dei kl. 11.00–15.00 laurdag og søndag kvar

åttande helg.

Det første året var ei prøveordning, men no er sekstimarsdagen ved Toyota

Center vel etablert som fast ordning. Og når ein ny Toyota-verkstad i 2009 skal

opnast på Hisinge, på motsett side av Göteborg, blir det sekstimarsdag der også.

Men berre for bilmekanikarane.

Administrerande direktør Tommy Witedal og klubbleiar Gert Öst er samde

om at avtalen har vore ein suksess frå første dag.

– I realiteten sparer vi ikkje berre to timar, men nærare tre, seier klubbleiaren.

Dei fleste bilmekanikarane køyrer bil til jobben, og med at dei no slepp unna

køkøyring, som er eit stort problem i rushtida i Göteborg, sparer dei tid både til

og frå jobben, både på føremiddags- og kveldsskiftet.

Vekslinga mellom dag- og kveldsskift gjer at annakvar helg blir ekstra lang,

med fri frå kl. 12.30 på fredag til kl. 12.10 på måndag.

– Jättefint, seier Öst. Han synest sekstimarsdagen gir ei høveleg fordeling av

tida i løpet av døgnet: Åtte timar til arbeid og reisetid, åtte timar til å sova og åtte

timar til å vera vaken og ha fri.

Dei aller fleste set stor pris på denne arbeidstidsordninga. Men éin har slutta,

kan klubbleiaren fortelja. Det var ein yngre mann, utan eigen familie, og han

tykte det vart for mykje fritid.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 153 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 13154

– Det viktigaste for han var nok å ha fri på den tida kameratane har fri, og dei

hadde ikkje sekstimarsdag, forklarer Öst.

Sjølv set klubbleiaren pris på å setja over kaffien og ta fram avisa før han går

i gang med middagen den veka han har tidlegskift. Før var det mest i helgene

han laga mat, no har middagslaging vorte ei kvardagsleg sak.

Kravet om sekstimars normalarbeidsdag har komme med størst styrke frå

kvinnerørsla og frå kvinnerike fagforeiningar. Men hos Toyota er det berre

menn som har sekstimarsdag, men heller ikkje alle menn.

– Vi skulle gjerne hatt kvinner i verkstaden, men det ser ikkje ut til å vera

mange kvinner som utdannar seg til bilmekanikarar, seier direktøren. Han er

likevel nøgd med at heile 40 prosent av dei tilsette er kvinner. Men dei må fram-

leis arbeida åtte timar kvar dag.

– Kvifor har ikkje alle sekstimarsdag?

– Nei, det går ikkje, det ville ikkje vera lønnsamt. Det ville gi urimelege

lønnskostnader, meiner direktøren. Han forklarer at det er bilverkstaden som

drar inn pengar, det er der ein ser lønnsemda i toskiftordninga. Ikkje berre har

det gått i balanse, både omsetninga og overskotet har auka sia sekstimarsdagen

vart innført.

Den som ser bilverkstaden frå utsida, kan lett tenkja at både sentralbord-

teneste, kundemottakarar, rekneskapsførarar og andre på kontorsida kan vera

like viktige som bilmekanikarane for at køen skal gå unna, kundane skal vera

nøgde og omsetninga skal auka. Men slik ser det altså ikkje ut frå innsida. Den

bedriftsøkonomiske sekstimarsdagen med toskift treng ikkje vera identisk med

den sekstimarsdagen kvinner har sett fram til i fleire tiår.

Sekstimarsdag med bonusToyota-modellen har vekt stor interesse, og ein del verksemder har prøvd å ta

etter. Typisk for alle som har valt ein slik modell, er at det dreier seg om pro-

duksjonsyrke der ein kan spara på å kutta pausar og gjera arbeidstimane meir

effektive.

Hässleholms Ytbehandling AB i Skåne var i gang med sin sekstimarsdag alt

nokre år før Toyota Center. Der vart sekstimarsdagen innført i 1998 for dei om

lag 15 tilsette i verksemda som arbeidde med sandblåsing og sprøytelakkering

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 154 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdagen i sverige 155

av busskarosseri. Dei arbeidde i to skift, kvart på seks timar pluss 24 minutts

matpause. Ved innføringa av sekstimarsskifta vart pausane organiserte slik at

ikkje alle hadde pause på same tid, produksjonen vart halden i gang heile tida,

og «en massa energi sparas», fortel direktør Anders Eriksson.

På same tid vart det også innført eit bonussystem basert på kvantitet og kva-

litet. Det førte til at både produksjonen og inntekta for dei tilsette auka.

Men i 2003 flytta denne produksjonen til Polen, og da vart sekstimarsdagen

borte. Kva som skjedde med bonusen, veit vi ikkje.

Av og påNilson Group AB, eit større firma i skobransjen i Sverige, innførte sekstimars-

dag etter Toyota-modellen på skolageret i Varberg, åtte mil frå Göteborg, i 2004.

Da var det eit tiltak for å effektivisera arbeidet. Men i februar 2008 kom mel-

dinga om at det skal innførast enda meir effektiv teknologi. Den er venta å vera

så effektiv at det ikkje blir bruk for den utvida driftstida dei har hatt med toskift

og sekstimarsdag, og bedriftsleiinga varsla at dei om lag 30 tilsette måtte gå til-

bake til åtte timars arbeidsdag. Dette vekte så mykje motstand blant dei tilsette

at avgjerda inntil vidare vart utsett til oktober 2008.

– Vi tilsette er samde om at vi ønskjer å halda fram med sekstimarsdagen,

men fram til oktober er det uvisst korleis det går, seier Hans Webeck, tillitsvald

for lagerarbeidarane i Nilson Group AB.

Dermed blir skilnaden mellom «Toyota-modellen» og seks timars normal-

arbeidsdag heilt tydeleg for den som måtte vera i tvil. Der sekstimarsdagen ein-

sidig er innført av arbeidsgivaren for å auka effektiviteten, kan den også for-

svinna når arbeidsgivaren meiner det er det mest lønnsame.

Det fekk også dei tolv arbeidarane i bilverkstaden til Borås lokaltrafik AB

erfara. Dei rakk å praktisera sekstimarsdag med toskift i fire år før ordninga vart

avvikla frå og med 1. mars 2008.

– Ideen med sekstimarsdag er kjempebra, seier Patrik Gustavsson. Han var

nestleiar i klubben da ordninga vart innført, og har seinare vorte arbeidsleiar.

Arbeidarane ønskte å halda fram med sekstimarsdagen. Men leiinga syntest

ikkje dei fekk den effektiviteten dei ønskte, og dei såg heller ingen nedgang i sju-

kefråværet.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 155 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 13156

Sekstimarsdagen vart innført med same lønn som for åtte timar. Frå 1. mars

2008 var åttetimarsdagen tilbake, utan endring i lønna. To av dei tilsette slutta

med ein gong. Resten valde å håpa på at lovnader om å «satsa på verkstaden»

skulle gi resultat i dei neste lønnsforhandlingane.

Attraktiv lagerarbeidsplassDuells AB, som har delelageret sitt på Hisinge i Göteborg, har definert sekstimars-

dagen for dei om lag 40 lagerarbeidarane som ein del av merkevarebygginga.

– Duells skal bli den mest attraktive arbeidsplassen for lagerarbeidarar, og vi

skal rekruttera dei beste lagerarbeidarane i Göteborg, seier administrerande

direktør Thomas Wahlberg.

I denne verksemda vart sekstimarsdag og toskiftarbeid innført frå og med

1. april 2007, som eitt av fleire tiltak for å betra effektiviteten. Det viktigaste er

leveransepresisjon: Ordrar som kjem inn før klokka tolv, skal ekspederast ut

same dag. Eit neste mål er å redusera sjukefråværet, men om det ikkje går ned,

vil det i seg sjølv ikkje vera eit argument for å gå vekk frå sekstimarsdagen.

Arbeidstida er nokså lik den som gjeld ved Toyota-verkstaden: kl. 06.00 til

12.15 for morgonskiftet og kl. 12.00 til kl 18.45 for ettermiddagsskiftet. Her er

det ingen reduksjon i arbeidstid før helgedagar, slik norske skiftarbeidarar er

vane med. Kveldsskiftet dagen før julaftan er like langt som andre dagar.

Per Smedberg og Carl Johan Spetz, leiar og nestleiar i lagerarbeidarklubben,

er godt nøgde med sekstimarsdagen.

– Alle får noko fri medan det er dagslys, også midt på vinteren, og folk blir

gladare, seier Spetz.

For morgonskiftet er det lagt inn femten minutt matpause, og tjue minutt om

ettermiddagen. Den som vil, kan ta lengre pause, men må arbeida tilsvarande lenger.

Dei aller fleste er godt nøgde med ordninga, og dei synest den ekstra fritida

er verd det som måtte vera av ulemper med skiftarbeidet.

– Eg var skeptisk, men dette har vorte «jättebra», det kan ikkje bli betre enn

dette, seier ei som har tolv års erfaring på arbeidsplassen. Ho set pris på betre tid

til trening, til å gå tur og til å arbeida i hagen.

– Ein blir eit heilt anna menneske, mindre sliten, seier ho.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 156 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdagen i sverige 157

For mykje fritid?Men ikkje alle ser det slik. Ein av arbeidskameratane, som har arbeidd på lageret

i 25 år, seier han saknar den gamle lunsjpausen på 45 minutt. Da brukte han å

gå i lag med nokre av arbeidskameratane til ein kafeteria i nærleiken og få seg

ein skikkeleg lunsj, og det var tid til å prata.

– Skiftarbeid høver ikkje for meg, det endrar matvanane på ein dårleg måte.

Det er fint å vera tidleg ferdig når eg arbeider morgonskift, men fritida på føre-

middagen den veka eg arbeider seint, har eg inga glede av, seier han.

Smedberg og Spetz er samde i at dei taper noko på det sosiale; ein treffer ikkje

alle arbeidskameratane slik som før. Og det er nok somme av mennene som

synest dei får for mykje fritid.

– Men fordelen er at ein kan gjera unna alt det ein før måtte stå i kø for, utan

køståing, slik som vaskeri og bankærend, og vi slepp bilkøane. Og dermed er det

meir tid til å treffast etter at ein har gjort det ein skal, seier Spetz.

Leiinga i Duells AB kan gle seg over at både lønnskostnadene og overtidsbru-

ken har gått ned, på same tid som lønnsnivået har gått opp, etter at dei innførte

sekstimarsdagen for lagerarbeidarane.

– Kan det vera aktuelt å gå eit steg vidare og innføra treskift?

– Treng vi å utvida kapasiteten, trur eg vi skal vurdera andre utvegar. Eg trur

ikkje treskift er bra for mennesket, seier Wahlberg.

Men som ved Toyota-verkstaden er det også hos Duells berre éi yrkes-

gruppe som får nyta godt av arbeidstidsforkortinga. Sekstimarsdag for admi-

nistrasjonen har ikkje vore diskutert, og direktøren kan vanskeleg sjå for seg

at slikt arbeid kan effektiviserast så mykje at det gir gevinst å korta ned

arbeidstida.

– Kanskje kan vi snu opp ned på karrieretenkinga? Dei som gjerne vil ha

sekstimarsdag, kan søkja seg over til lageret, seier direktøren, men ser ikkje ut til

å vera overtydd om at det vil bli den mest sannsynlege utviklinga.

Sekstimarsdagen for lagerfolka trur han likevel kan bli ei ordning som vil

vara, og på lang sikt ser han ikkje bort frå at det kan komma ei arbeidstidsfor-

korting som gjeld alle.

– Ein gong må ein vurdera fritid høgare enn pengar. I eit langt perspektiv går

det mot kortare arbeidstid, seier Wahlberg.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 157 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 13158

Offentleg sektorI 2005 begynte eit storstila forsøk med sekstimarsdag i offentleg sektor i Sverige.

Forsøket varte i vel eitt og eit halvt år. Heile 33 arbeidsplassar innanfor sosialkontor,

tekniske etatar, eldreomsorg, barnehagar, sjukehus og callsenter var med i forsøket.

17 av arbeidsplassane fekk arbeidstida forkorta til seks timar dagleg, og dei 16

andre arbeidsplassane var kontrollgruppa som det vart samanlikna med. Om lag

400 arbeidstakarar fekk prøva sekstimarsdag, og om lag like mange på same type

arbeidsplassar heldt fram med åttetimarsdag, som framleis er det vanlege i Sverige.

Målsetjinga var å få ei systematisk kartlegging av korleis sekstimarsdagen

verka på helse, sjukefråvær, alkohol- og tobakksvanar, likestilling på jobben og

utanfor, arbeidsvilkår, stress og trøyttleik. Den vitskaplege oppfølginga og eva-

lueringa skulle gjerast av Arbetslivsinstitutet i Stockholm, eit av verdas fremste

senter for arbeidslivsforskning. Men fordi det kom eit regjeringsskifte, og

Arbetslivsinstitutet vart lagt ned, har forskarane ikkje fått den tida dei etter pla-

nen skulle ha for å gjera analysearbeidet. Det som skulle ta fem månader, måtte

gjerast på to månader. Det har gjort at ikkje alt materialet er analysert ferdig

enno, men truleg kjem ein del meir etter kvart.

(Dette forsøket er omtalt i kapittel 6 og 8.)

Sagt om sekstimarsdagen: Göran Persson,

tidlegare statsminister i Sverige

– Stort mistak å sleppa kravet om sekstimarsdagen

I Sverige lanserte Alva Myrdal alt i 1956 ideen om sekstimarsdagen.

Særleg i 1970-åra var dei sosialdemokratiske kvinnene ivrige pådrivarar

for saka, men i dei siste åra har dei sett sekstimarsdagen lenger ned på

lista, fordi dei meiner den ikkje er realistisk. I eit intervju i mai 2006 sa

daverande statsminister Göran Persson at det var eit stort mistak av dei

sosialdemokratiske kvinnene å sleppa dette kravet.

– Nei, det var vel ikkje realistisk med åttetimarsdagen heller ein

gong i tida, og det er uhyggeleg mange politiske krav som ikkje har vore

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 158 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdagen i sverige 159

realistiske når dei har vorte lanserte. Da er dei vel også attraktive og kan

kallast visjonære av karakter, seier Persson i boka som tv-journalisten

Erik Fichtelius har laga om han, basert på intervju i løpet av tida Persson

var statsminister (Fichtelius 2007).

– Det finst ei sak som er knytt til det sosialdemokratiske kvinne-

forbundet, og det er sekstimarsdagen, og den held dei no på å sleppa.

Slepper dei den, trur eg partiet bør ta den opp i staden, for på sikt kjem

vi til å få ei slik produktivitetsutvikling i både teneste- og vareproduk-

sjon at det kjem til å vera rom for kortare arbeidstid, det er eg nokså sik-

ker på, seier den tidlegare statsministeren i den same boka.

Persson blir også spurt av forfattaren om han er feminist, og da sva-

rer han slik:

– Eg er ein feminist som ser verda og Sverige ut frå eit perspektiv som

seier meg at våre samfunn er organiserte med ei systematisk undertryk-

king av kvinner. Og for å løysa det krevst politikk, det er ikkje vanskele-

gare enn som så. […] Min identitet er meir knytt til klasseperspektivet,

slik er det, men det er lett å sjå koplinga mellom kjønn og klasse, det er

det ikkje tvil om.

(Fichtelius 2007; alle sitat i vår oms.)

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 159 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 14

Sekstimarsdag på din arbeidsplass?

Sekstimarsdagen kan innførast på ulike vis, anten det er arbeidstakarane eller

arbeidsgivarane som tar initiativet. I dei produksjonsverksemdene som har

prøvd sekstimarsdag, har initiativet så langt vi kjenner til, komme frå arbeids-

givarsida, med eitt unntak: Tine Heimdal. Her kom initiativet til forsøket frå til-

litsvalde i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) på kon-

sernnivå i tariffoppgjeret i 2006. I dei offentlege verksemdene som har hatt eller

har forsøk, har det gjerne vore ein kombinasjon av ønske frå tilsette og frå poli-

tisk hald i kommunen.

Om du er ein av dei som har lyst til at sekstimarsdagen skal bli prøvd på din

arbeidsplass, kva skal du gjera? Eit rimeleg første steg vil vera å drøfta saka med

arbeidskameratane, i klubben eller fagforeininga. I ei privat verksemd kan

vegen vera kort til forhandlingar med arbeidsgivaren. I dei fleste offentlege

verksemder der det kan vera aktuelt å prøva sekstimarsdagen, vil det krevjast

ekstra løyvingar til auka lønnskostnader. Støtte frå politisk hald vil derfor vera

avgjerande for å kunna komma i gang, og det kan krevja eit visst førearbeid. I

tillegg er det sjølvsagt lettare å komma vidare dess breiare støtte det er for ideen

om forsøk, både blant dei tilsette og blant dei som leier verksemda. Dei forsøka

som til no har vore i gang i offentleg sektor, har vore finansierte ved kommu-

nale løyvingar, utan statlege tilskot.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 160 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdag på din arbeidsplass? 161

Kvifor sekstimarsdag?Dersom partane i ei bedrift blir samde om å prøva sekstimarsdagen, kan det

vera lurt å begynna med å finna ut kva målsetjinga skal vera.

Somme stader har sekstimarsdagen vore kombinert med skiftarbeid og

utvida driftstid for å auka kapasiteten. Duells AB i Göteborg har sett rask og pre-

sis levering som eit viktig mål. Tine Heimdal har definert som ei viktig mål-

setjing at sekstimarsdagen skal gi betre livskvalitet for dei tilsette både heime og

på jobb. Mange har erfart at sekstimarsdag gjer det lettare å få nye tilsette.

Vi har ingen standardsvar på kva som skal vera målsetjinga med eit forsøk,

men vil understreka at det er viktig at dei som skal gjennomføra forsøket, er

samde om kvifor dei gjer det. Dei tilsette og leiinga er ofte opptatt av ulike sider

ved ei slik reform – dei tilsette vil ha meir fri tid, medan leiinga er mest opptatt

av produksjonen.

Ei klar målsetjing er nødvendig, ikkje berre for å gjennomføra forsøket, men

også når ein skal vurdera om det har gitt dei resultata ein venta. Skal ein måla

resultata av forsøket, bør det også vera avklart korleis dei skal målast, og det bør

gjerast klart kva for ein startsituasjon dei skal målast mot. Trivsel? Produktivi-

tet? Kvalitet på tenester? Lettare å rekruttera nye tilsette? Av mange grunnar kan

ein ikkje venta at sjukefråværsprosenten går ned, slik mange trur, derfor er sju-

kefråværet eit dårleg suksessmål (sjå s. 70–73).

Skal det gjerast målingar eller etterprøving, er det sjølvsagt ein stor fordel at

det er klart heilt frå starten kven som skal følgja forsøket og gjera målingane.

Det kan vera ein forskingsinstitusjon, men det kan også til dømes vera arbeids-

miljøutvalet i bedrifta, eller tillitsvalde og leiar.

Etter arbeidsmiljøloven § 6–2 (4) skal verneombodet takast med på råd

under planlegging og gjennomføring av alle tiltak som har noko å seia for

arbeidsmiljøet innanfor ombodets verneområde. Det må sjølvsagt også gjelda

planlegging og gjennomføring av eit forsøk med sekstimarsdag, og korleis for-

søket skal evaluerast. Også dei tillitsvalde har ei viktig oppgåve i slike saman-

hengar.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 161 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 14162

SkiftarbeidDet vil for dei fleste vera sjølvsagt at det skal lagast skriftlege avtalar om den nye

arbeidstidsordninga. Det enklaste er når heile arbeidstida ligg innanfor det som

tariffavtalane reknar som normal arbeidstid.

Der sekstimarsdag fører til at det blir meir skiftarbeid enn før, kan det vera

spesielt viktig å avklara korleis ein organiserer arbeidstida for dei som eventuelt

ikkje kan begynna arbeidsdagen klokka seks om morgonen, eller som ikkje kan

arbeida lenger enn barnehagen er open. Lang arbeidsreise eller søvnproblem

kan vera grunnar til at det blir vanskeleg å vera på jobb klokka seks. Den nor-

male døgnrytmen er innstilt slik at innsatsevna vår er på sitt lågaste klokka

fire–fem om morgonen, det mange kallar «hundevakta». Dersom ein må opp av

senga da for å rekkja første skift, er belastninga stor for dei fleste. Det er derfor

vanleg å tilrå at dagskift ikkje begynner før klokka sju eller åtte.

– Gode førebuingar og godt samarbeid mellom leiing, tillitsvalde og tilsette er avgje-rande for å få ein sekstimarsdag som fungerer, seier hovudtillitsvald Kåre Pedersen, TineHeimdal. Foto: Magnhild Folkvord.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 162 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdag på din arbeidsplass? 163

På den andre sida er det mange skiftarbeidarar som meiner ettermiddagsskif-

tet er verre enn både nattskift og tidleg dagskift, fordi dei mister så mykje av det

som går føre seg med ungane og elles i nærmiljøet. Så her må ein balansera ulike

omsyn mot kvarandre.

Tine Heimdal har løyst problemet slik at dei som ikkje kan følgja skift-

arbeidstida, etter søknad kan få sin sekstimarsdag frå kl. 08.00 om morgonen.

SinkaBerg-Hansen AS har innført eit midtskift som gjer at dei som ikkje kan

arbeida skift, heller ikkje får sekstimarsdag. Dette har skapt grunnlag for mis-

nøye.

Og kva med skifttillegget for dei nye skiftarbeidarane? Fleire stader har vi fått

vita at det ikkje har vorte noko skifttillegg, eller at skifttillegget er innarbeidd i

timelønna, slik at det blir lik timelønn for alle timar. Somme tillitsvalde seier dei

synest dei fekk såpass mykje att ved at timelønna auka når arbeidstida gjekk ned,

at dei ikkje såg grunn til å krevja noko tillegg. På den einskilde arbeidsplassen

kan dette sjå ut til å vera ei akseptabel løysing. Men det rører også ved prinsipp-

spørsmål om arbeid utanfor normalarbeidsdagen (sjå også kapittel 9).

Fellesforbundet har kritisert den ordninga som vart prøvd ved Nardo Bil AS

i Trondheim, fordi det var i strid med tariffavtalen å arbeida skift utan skift-

tillegg (Klassekampen 19.9.2006). I framtida blir det viktig at forbunda tenkjer

gjennom kva ordningar dei vil tilrå, og at dei skolerer dei tillitsvalde slik at dei

er godt budde på å handtera slike forhandlingar.

Somme arbeidsplassar er avhengige av innleigde vikarar. Både ved Duells AB

i Göteborg og i Bergen Hjemmetjenester KF har dei innleigde vikarane lengre

arbeidsdag enn dei fast tilsette. Drøftar ein slike spørsmål på førehand, og blir

einige om korleis dei skal løysast, kan ein spara mykje trøbbel i ettertid.

Kva med overtida?Anten ein skal gjera forsøk med forkorting av den daglege arbeidstida, eller ein

skal laga reglar for varige ordningar, vil spørsmålet om overtid dukka opp. Skal

det i det heile vera rom for overtid når ein har fått avtalt ei forkorting av arbeids-

dagen? Risikerer ein ikkje da at den auka fritida ein har vunne, vil forsvinna att?

I den praktiske kvardagen vil romsleg godtgjering for overtida gjera det

kostbart for arbeidsgivaren å bruka overtid, på same tid som det sannsynleg-

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 163 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 14164

vis vil bli meir freistande å arbeida overtid. Motsett vil dårlegare godtgjering

gjera overtida rimeleg for arbeidsgivaren, men mindre freistande for arbeids-

takarane.

Fleire av dei som har prøveordningar med sekstimarsdag, mellom dei Tine

Heimdal, har ei ordning der det ikkje blir betalt overtidstillegg før etter 7,5

timars dag. Dermed held dei seg innanfor tariffavtalane, samstundes som over-

tidsarbeid ikkje blir spesielt freistande. Andre har valt å avtala overtidstillegg for

alt utover seks timars arbeidsdag. Brandasund Fiskeforedling AS på Bømlo

hadde ein slik avtale da dei prøvde sekstimarsdag det meste av 2007. Frå

arbeidsgivarsida blir det sagt at ordninga vart så kostbar at det var ein vesentleg

grunn til ikkje å halda fram med den.

Kan det vera mogeleg å oppnå ei felles forståing på begge sider av forhand-

lingsbordet av at det viktigaste er å få til ei bemanning og ei organisering av

arbeidet som gjer at ein så langt mogeleg kan unngå heile overtida?

Gjennom historia har det skjedd endringar i tenkinga vår om arbeidstid og

betaling. Tida er meir og meir redusert til ein vare på arbeidsmarknaden: Tid

er pengar. Da Bondevik-regjeringa utvida rammene for overtid i 2003, kalla

dei det å gi «økt innflytelse for arbeidstakerne over egen arbeidstid». Og etter

kvart trur mange faktisk at overtid er ein rett som fagforeininga bør kjempa

Arbeidsmiljøloven om overtid (§ 10–6):(1) Arbeid utover avtalt arbeidstid må ikke gjennomføres uten at det

foreligger et særlig og tidsavgrenset behov for det.

(4) Overtidsarbeidet må ikke overstige ti timer i løpet av sju dager, 25

timer i fire sammenhengende uker og 200 timer innenfor en peri-

ode på 52 uker.

(11) For overtidsarbeid skal det betales et tillegg […]. Tillegget skal

være minst 40 prosent.

(12) Arbeidsgiver og arbeidstaker kan skriftlig avtale at overtidstimer

helt eller delvis skal tas ut i form av arbeidsfri på et avtalt tids-

punkt.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 164 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

sekstimarsdag på din arbeidsplass? 165

for. Dei tillitsvalde blir iblant sette under hardt press av sine eigne dersom

dei seier nei til meir overtid. Overtidsdisiplin arbeidarane imellom høver

dårleg med den kapitalistiske produksjonsmåten. Den driv heller fram «flek-

sibilisering» av normalarbeidsdagen (gjennomsnittsrekning over veker,

månader og år, og individuelle avtalar, sjå s. 33 om 35-timarsveka i Frank-

rike). Da blir det enda viktigare å verna om nettopp overtidsdisiplinen og

normalarbeidsdagen.

Under den tidlege industrikapitalismen i Noreg var det annleis. Det var ster-

kare medvit om kor viktige grensene for arbeidstida var, og det var hard kamp

mot det som vart kalla «overarbeid», altså alt arbeid som gjekk utover normal-

arbeidsdagen.

I 1885 vedtok Socialdemokratisk Forening og Fagforeningenes Central-

komite eit framlegg til den aller første arbeidarvernloven som var under arbeid.

Der heitte det mellom anna at overarbeid, alt utover ti timars normalarbeids-

dag, berre skulle tillatast når det var nødvendig av omsyn til arbeidarane, det vil

seia ved redningsarbeid og ved maskinhavari som kunne gjera folk arbeidslause

om ikkje skaden vart utbetra straks. Også dersom produktet elles kunne bli

øydelagd, skulle overarbeid kunna tillatast.

Eit råd frå arbeidarrepresentanten Oluf Chr. JohansenArbeidarrepresentantane i Arbeiderkommisjonen av 1885, som føre-

budde den første arbeidarvernloven, vart skulda av sine eigne for å vera

for smålåtne. Likevel har dei eitt og anna å læra den som freistar å

bremsa bruken av overtid i dag. Fabrikkarbeidar Oluf Chr. Johansen såg

til dømes at det var lett å lokka arbeidarane til overtid dersom lønnstil-

legga vart store. Derfor ville han setja grensa for lønnstillegget ved alt

«overarbeid» til 25 prosent, også for nattarbeid og søndagsarbeid der

andre gjorde framlegg om 50 prosent tillegg. I staden skulle arbeidsgivar

betala avgift til arbeidarane si sjukekasse, og høgare timeavgift dess len-

ger arbeidet varte. «Overarbeid» måtte bli så kostbart at fabrikkeigarane

tenkte seg om to gonger. Pengar til sjukekassa kunne dessutan «mildne

skadelige følger av overdrevent arbeid» (Wergeland 2006).

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 165 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 14166

Da sekstimarsdagen vart innført på Kellogg’s i 1930, vart det på same tid

bestemt at det ikkje skulle arbeidast overtid. Da den nye leiinga ved fabrikken

ville innføra åttetimarsskift etter den andre verdskrigen, vart det lokka med at

dei som vil vera med på det, også skulle få høve til å arbeida overtid. At overtid

kunne fungera som eit tilbod, hang sjølvsagt saman med at ein del av arbeida-

rane heller ville ha ekstra betalt enn å behalda fritida. Det var flest menn som

vart med på åttetimarsskift og overtid, medan kvinnene var dei ivrigaste til å

forsvara sekstimarsdagen. Kvinnene sette meir pris på dei ekstra timane til alt

det andre som skulle gjerast. Ein del menn gjorde også det – dei som dreiv mykje

med jakt, fiske og friluftsliv, hadde som kvinnene ingen problem med å velja fri-

tid framfor meir pengar.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 166 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 15

Brutto nasjonal lykke (BNL)

Forskarar i mange land har interessert seg for kva lykke er, kva som gjer folk lyk-

kelege, og korleis graden av lykke kan målast. Dei har mellom anna sett på

samanhengen mellom pengar og lykke. Resultata er overraskande samstemte

for ulike land i den rike verda. Når den økonomiske levestandarden kjem over

– Før jobba eg 80 prosent, med sekstimarsdag har eg full jobb og full lønn, seier HegeSundnes i pakkeriet på Tine Heimdal. Foto: Magnhild Folkvord.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 167 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 15168

eit visst minstenivå, er det ingenting som tyder på at folk blir lykkelegare av å få

meir pengar.

For folk flest i Vesten har lykka ikkje auka sia 1950, seier den britiske økono-

men Richard Layard, grunnleggjar av og leiar for Centre for Economic Perfor-

mance ved London School of Economics. Han viser til undersøkingar frå USA.

Sjølv om realinntekta per innbyggjar er meir enn dobla, er det ingen auke i talet

på dei som seier dei er «svært lykkelege». Det er heller ikkje færre som svarer

«ikkje særleg lykkelege». Han har funne tilsvarande resultat for Japan og Stor-

britannia. For resten av Europa skal det finnast samanliknbare data berre for

tida etter 1975, men resultatet er i all hovudsak det same. Det er små endringar

i lykkestandarden jamført med den enorme auken i inntekter (Layard 2006).

Layard synest desse funna er overraskande, i og med at dei rikaste i alle samfunn

er vesentleg lykkelegare enn dei fattigaste. Men sjølv om både dei rikaste og dei fat-

tigaste har vorte rikare, har dei ikkje vorte lykkelegare. Ulikskapen i lykke har også

vore nokså stabil i dei fleste land. Når folk blir rikare, jamført med andre, blir dei

lykkelegare. Men når heile samfunn har vorte rikare, har dei ikkje vorte lykkelegare,

iallfall ikkje i Vesten, slår Layard fast. Han understrekar at dette gjeld i land der folk

er sikra ein viss levestandard, og at det er ein heilt annan situasjon i fattige land.

Resultata frå USA, Japan og europeiske land stemmer også med undersøkingar

som er gjorde om lykke i Noreg. Dei er baserte på data frå intervjuundersøkinga

Norsk Monitor, som har vore gjennomført annakvart år sia 1985 av meiningsmå-

lingsinstituttet Synovate (tidlegare MMI). Både inntekt og materiell velstand har

stige vesentleg sia 1985. Eit døme er at den delen av befolkninga som eig fem av

seks materielle gode (videospelar, oppvaskmaskin, mikrobølgjeomn, kjøkken-

maskin, cd-spelar og tørketrommel/-skap), steig frå 0 prosent i 1985 til 61 prosent

i 2001 (www.ssb.no, Tabell 2.6 Utvikling for materiell standard, tilfredshet og

lykke, basert på data frå Norsk Monitor, 2004). I den same perioden gjekk den

delen som rekna seg sjølve som «meget lykkelig» faktisk ned, frå 23 til 21 prosent.

Ottar Hellevik, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, drøftar i boka

Jakten på den norske lykken (Hellevik 2008) kva som kan vera årsak til at lykke-

nivået ikkje steig i denne perioden, slik ein skulle venta, i og med at personar med

høg inntekt er lykkelegare enn dei som har låg inntekt. Han meiner noko av for-

klaringa ligg i at folk var prega av aukande materialisme. Krav og forventningar

til inntekter og eigedelar steig enda raskare enn den faktiske veksten, noko som

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 168 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

brutto nasjonal lykke (bnl) 169

skapte frustrasjon og reduserte lykkekjensla. I tida etter 2003 viser tilsvarande

målingar ei viss heving av lykkenivået. Hellevik meiner det heng saman med at

det har skjedd ei verdiutvikling bort frå materialistiske verdiar og over mot idea-

listiske verdiar. På spørsmål om kva som skal til for å nå eit høgare nivå av lykke

i Noreg, peiker Hellevik på ei vidare verdiutvikling bort frå det materielle. Han

minner om at mange, ikkje minst småbarnsforeldre, slit for å få tida til strekkja

til, med konflikt mellom foreldrerolla og krava på arbeidsplassen som resultat.

– Å satsa på andre mål for tilværet enn dei materielle, å prioritera fritid fram-

for lønn, til dømes seks timars arbeidsdag, er noko som vil kunna bidra til auka

lykkekjensle blant folk, seier professoren.

Rådet frå Hellevik er såleis på line med framlegget frå Layard om korleis den

kollektive lykka kan aukast: Folk må bruka mindre tid på lønnsarbeid. Kanskje

litt overraskande for dei som kjenner Layard som ein av drivkreftene bak

«arbeidslina» i Storbritannia? Det er ifølgje Layard viktig å ha eit arbeid, både

for å ha inntekt og for å tilhøyra den fellesskapen arbeidet gir. Arbeidsløyse er

ein tydeleg årsak til mangel på lykke. Men å arbeida for mykje for å skaffa seg

meir pengar, er ikkje vegen til meir lykke.

Layard har fått spørsmål om han vil setja ei grense for kor lang arbeidsdagen

burde vera, men det avviser han. Han viser til at folk er ulike, på same tid som

han åtvarar mot det rotteracet som driv mange til å arbeida for mykje for å tena

meir. Men han har lansert ein annan reiskap for å setja grenser for arbeidsinn-

satsen: målretta skattlegging. På same måte som han vil ha skatt på forureining

for å hindra giftige utslepp, vil han også ha skatt på inntekt for å hindra folk i å

arbeida for mykje. Han meiner at skattlegging, iallfall opp til eit visst nivå, har

ein nyttig funksjon som folk ikkje har vore merksame på. Den kan hjelpa til å

halde oppe det Layard kallar «work life balance», altså balansen mellom jobben

og (resten av) livet. Skatt er dessutan viktig for ei omfordeling frå dei som har

mykje, til dei som har mindre.

Enda så samstemte resultata frå lykkeforskinga er når det gjeld samanhengen

mellom lykke og rikdom, har dei i liten grad fått politiske konsekvensar. Det er

visst ikkje grenser for kva marknadsføringsindustrien får oss til å tru at vi treng

for å få eit betre liv. Den «frigjeringskapitalismen» som låg til grunn for innfø-

ringa av sekstimarsdagen hos Kellogg’s i USA for snart åtti år sia, finst det knapt

spor att av. Den gongen skulle arbeidarane frigjerast ved stadig høgare timeløn-

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 169 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

kapittel 15170

ningar og kortare arbeidsdagar, fram til den endelege fridommen som sjølvsten-

deerklæringa lovde dei, fridommen til å søkja lykka. Henry Ford, til liks med

Kellogg ein leiande kapitalist på den tida, hadde også sans for kortare arbeids-

dagar. Men for han var det viktig at den nye fritida måtte gi arbeidarane rom for

å kjøpa og bruka fleire industriprodukt, medan Kellogg’s-leiinga hadde ei tru på

at fritida i seg sjølv var ein verdi. «Glede har en større ‘mental verdi’ enn det job-

ben gir av fortjeneste som inntekt i penger. Den mentale verdien er å være for-

nøyd, oppleve gleden over de nære ting, som hjemmet, arbeidsplassen, naboene

og de andre gledene du har som ikke lar seg oversette til dollar og cent,» skreiv

Kellogg’s-direktør Lewis J. Brown i eit personleg brev til dei tilsette frå eitt av dei

første åra med sekstimarsdag (gjengitt i Hunnicutt 2005, s. 34).

Så langt vi kjenner til, er det berre det vesle landet Bhutan i Himalaya som

har erstatta brutto nasjonalprodukt (BNP) med brutto nasjonal lykke (BNL),

slik kongen av Bhutan kunngjorde i 1998 (Layard 2006, s. 77–78 og http://

www.grossinternationalhappiness.org).

Vi reknar med at det kan gå nokre stortingsperiodar før eit norsk parti går til

val med ei tilsvarande endring på programmet. Men kven veit? BI-forskarane

Guri Hjeltnes og Per E. Stoknes skriv i rapporten Norge i verden: Fremtidsbilder

2030, laga på oppdrag for NHO, at BNP vil vera gått ut på dato før 2030:

Vel ankommet i 2030 har det skjedd en vesentlig dreining i politikkens innhold.

De typiske1900-tallstemaene som trygghet, inntektsutjevning og fordeling er

forlatt til fordel for temaet menneskelig utvikling og objektiv lykke – som nå er

blant de markante fanesakene. En av innsiktene som bidro til overgang fra BNP

(Brutto nasjonalprodukt) til BNL (Brutto Nasjonal Lykke) som viktigste sam-

funnsindikator var tallenes tale fra 25-årsperioden 1985–2010.

Lykke-nivåene var uforandret på tross av mer enn dobling av BNP i samme

periode. Å forlenge BNP-veksten som overordnet mål i ytterligere 20 år kunne

ikke forsvares på menneskelig grunnlag. I konkurransen mellom partiene ble det

åpenbart at løfter om lavere skatt eller inntektslikhet var lite egnet til å møte dette

nye temaet i politikken.

Lykke-nivåer har i hele perioden 1985–2030 vært jevnere fordelt enn inntekt.

(Hjeltnes og Stoknes 2007)

Seks timars normalarbeidsdag, kombinert med skattlegging av arbeid etter

Layard si oppskrift, passar godt inn i dette framtidsbiletet av Noreg i 2030, med

meir vekt på veksten i brutto nasjonal lykke enn på bruttonasjonalproduktet.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 170 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

brutto nasjonal lykke (bnl) 171

– Meir tid til ungane er noko av det beste med sekstimarsdagen, seier Robert Haugen,Trondheim parkering. Foto: Greg Rødland Buick.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 171 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 172 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

Litteratur

AKPs kvinneutvalg 2005. 6-timersdagen – på høy tid. Røde Fane nr. 3.

Amble, N. 2006. Forsøk med arbeidstidsordninger og arbeidstidsendringer i turnusarbeid.

Innspill. Oslo: Arbeidsforskningsinstituttet http://www.regjeringen.no/nb/dep/fad/

Tema/Arbeidstid/Innspill-Forsok-med-arbeidstidsordninger.html?id=417703.

Andersen, R.K. og I. Eidset 2003. Arbeidsmiljø i hjemmetjenesten. Oslo: Arbeidstilsynet/

Opinion.

Arbeidernes faglige landsorganisasjon 1933. Arbeidsløshet og arbeidstidsspørsmålet. Oslo.

Barstad, A. og O. Hellevik 2004. På vei mot det gode samfunn? Om forholdet mellom ønsket

og faktisk samfunnsutvikling. Oslo: Statistisk sentralbyrå.

Berntsen, H. 1981. Trekk av Stokkens historie, ca. 1600–1962. Eydehavn: Moland kom-

mune.

Bildt, C. 2007. Arbetstidsförkortning och hälsa. Försök med sex timmars arbetsdag inom

offentlig sektor. Stockholm: Arbetslivsinstitutet.

Bjerke P., R. Eilertsen og T. Dahle 2001. Tida er inne – nye muligheter for 6-timersdagen.

Oslo: De Facto.

Bjørnskau, T. 1997. Seks timers dag i omsorgsyrker. En evaluering av forsøket i Oslo kom-

mune. Oslo: Fafo.

Bjørnstad, R., R. Hammersland og I. Holm 2008. Arbeid og fritid – prioriteringer i det

21. århundret. Oslo: Statistisk sentralbyrå, Rapporter 18.

Brandth, B. og E. Kvande 2003. Fleksible fedre. Oslo: Universitetsforlaget.

Brunborg, H. og I. Texmon 2005. Hovedresultater fra befolkningsframskrivingen

2005-2060. Økonomiske analyser 6/2005. Statistisk sentralbyrå.

Bungum, B. 2008. Barndommens tid og foreldres arbeidsliv. En sosiologisk studie av barns

og yrkesaktive mødres og fedres perspektiver på arbeids- og familieliv. Doktoravhand-

ling. Trondheim: Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, NTNU.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 173 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

litteratur174

Buvik, M.P., S.D. Tvedt og H. Torvatn 2008. Evaluering av 6-timersforsøk ved Trondheim

parkering KF. Trondheim: SINTEF.

Byrkjeland, M. 2006. Kortare arbeidstid – eit oversyn over diskusjonen om arbeidstidsfor-

kortingar i Noreg 1880–2006. Bergen: Stein Rokkan senter for flerfaglige samfunns-

studier, UiB.

Dahl, O. 1956. Mjøndalen Cellulosearbeiderforening, en kort oversikt over foreningens

arbeid gjennom femti år. Drammen.

Eggvall, J. 2005 Sextimmarsdagen i Kiruna – en utvärdering av arbetstidsförkortningen

inom hemtjänsten. Stockholm: Kommunal.

Fichtelius, E. 2007. Aldrig ensam – alltid ensam. Stockholm: Nordstedts.

Gardner, G. og T. Prugh 2008. Seeding the sustainable economy. I State of the world 2008.

Innovations for a sustainable economy. Washington: Worldwatch Institute,.

Hamilton, A. 1943. Exploring the dangerous trades. The autobiography of Alice Hamilton.

Boston: Little, Brown and Company.

Hellevik, O. 2008. Jakten på den norske lykken. Norsk Monitor 1985–2003. Oslo: Universi-

tetsforlaget.

Hille, J. 2007. Økologisk utsyn 2007. Økologiske konsekvenser av den norske økonomiske

utviklingen det siste året. Oslo: Framtiden i våre hender.

Hirdman, Y. 2007. Gösta och genusordningen. Feministiska betraktelser. Stockholm: Ord-

front.

Hjeltnes, G. og P.E. Stoknes 2007. Norge i Verden: nye muligheter? I J. Randers mfl. Norge

i verden. Fremtidsbilder 2030. Oslo: Handelshøyskolen BI.

Holter, Ø.G., H. Svare og C. Egeland 2008. Likestilling og livskvalitet 2007. Oslo: Nordisk

institutt for kvinne- og kjønnsforskning / Arbeidsforskningsinstituttet.

Hunnicutt, B.K. 1996. Kellogg’s six hours day. Philadelphia: Temple University Press.

Hunnicutt, B.K. 2005. 6-timersdagen på Kellogg’s. Oslo: For sekstimersdagen.

ILO (International Labour Office Conditions of Work and Employment)

2007. Working time around the world. Main findings and policy implications. http://

www.ilo.org/wcmsp5/groups/public/---dgreports/---dcomm/documents/

publication/wcms_082838.pdf, 01.08.2008

Johnsen, S. 1982. Strategi for samfunnsendring. I T.B. Jamholt, K. Moksnes og B. Schultz

(red.) På dagsorden: 6-timersdagen. En debattbok om arbeidstidsforkortelser. Oslo:

Tiden.

Kaldal, I. 1983. Foreiningar av arbeidslause i mellomkrigstida. I Tidsskrift for arbeider-

bevegelsens historie 1983; 1: 43–65.

Karlqvist, L., O. Leijon og A. Härenstam 2003. Physical demands in working life and

individual physical capacity. European Journal of Applied Physiology 2003; 89 (6):

536–547.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 174 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

litteratur 175

Langset, B. 2006. Arbeidskraftbehov i pleie- og omsorgssektoren mot år 2050. Økono-

miske analyser 2006; 4: 56–61.

Layard, R.H. 2006. Lessons from a new science. London: Penguin Books.

Lysestøl, P.M. og R. Eilertsen 2001. Den nyliberale revolusjonen. Oslo: De Facto.

Lærerforbundet 1998. Arbeidsmiljøundersøkelsen 1995. Oslo.

Lønnå, E. 1996. Stolthet og kvinnekamp. Norsk Kvinnesaksforenings historie fra 1913. Oslo:

Gyldendal.

Melby, K. 1990. Kall og kamp. Norsk sykepleierforbunds historie. Oslo: Norsk Sykepleier-

forbund.

Marx, K. 1983. Kapitalen. Første bok, del 2, 8. kapittel. Oslo: Oktober.

Norges offentlige utredninger. Arbeidstidsreformer. NOU 1987: 9 A og 9 B.

Norges offentlige utredninger. Arbeidslivslovutvalget. Et arbeidsliv for trygghet, inklude-

ring og vekst. NOU 2004: 5.

Norges offentlige utredninger. Makt og demokrati. Sluttrapport fra Makt- og demokrati-

utredningen. NOU 2003: 19.

Norges offentlige utredninger. Kan flere jobbe mer? NOU 2004: 29.

Norges Golfforbund. Anleggspolitisk dokument. http://www.golfforbundet.no/wip4/

detail.epl?cat=10344

Olsen, B. og Mem Thi Van 2007. Funksjonshemmede på arbeidsmarkedet. Rapporter

2007/3. Oslo-Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå

Olsson, B. 1997. Kortare arbetstid – lönsamt utifrån personalekonomiska perspektiv? I

Tidskriften Kommunal Ekonomi 1992; 2: 22–27.

Opsahl, G. 1997. Et forsøk med reduksjon av arbeidstid. 6 timers dag for kvinner i omsorgs-

yrker. Oslo kommune.

Oslo kommune 1986. Byrådssak nr. 1079/86.

Pettersen, S.V. 2004. Arbeidsdelingen hjemme blant foreldrepar. Mer likedelt med ulik

arbeidstidsordning? Samfunnsspeilet 2004; 6: 31–38.

Prosjekt Fremtidens arbeidsliv. Arbeidstid 2008. NHO, www.nho.no/files/Arbeidstid,

20.07.2008

Rambøll Management 2006. Den franske 35-timers arbeidstidsreformen. En kort presenta-

sjon. Oslo: Rambøll Management.

Rohdén, H. 2003. Arbetstidsförkortning – en fråga om klass och kön? I H. Oscarsson

(red.) Demokratitrender, SOM-rapport nr. 32. Göteborg: SOM-Institutet.

Samorganisasjonen, Sulitjelma 1981. Fagbevegelsen i Sulitjelma 75 år 1907–1981. Suli-

tjelma.

Schanche, M. 1982. 6 timers arbeidsdag. Gjør din pligt. Kræv din ret. Hold sammen. I

T.B. Jamholt, K. Moksnes og B. Schultz (red.) På dagsorden: 6-timersdagen. En

debattbok om arbeidstidsforkortelser. Oslo: Tiden.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 175 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

litteratur176

Skjeie, H. og M. Teigen 2003. Menn imellom. Mannsdominans og likestillingspolitikk.

Oslo: Gyldendal.

Skrede, K. og T. Løwe 2000. Er det størrelsen det kommer an på? En analyse av gårdbru-

keres inntektsstruktur. Økonomiske analyser 2000; 3: 16–29.

Sogner, S. og K. Telste 2005. Ut og søkje teneste. Historia om tenestejentene. Oslo: Sam-

laget.

Statistisk sentralbyrå 2003. Arbeidskraftsundersøkelsen 4. kvartal 2003. Oslo: Statistisk

sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå 2008. Bøndenes inntekt og formue 2006, www.ssb.no, 12.03.2008.

Stortingsmelding nr. 19 (1999–2000). Om norsk landbruk og matproduksjon.

Søbye, E. 2000. Et halvt århundres ferd mot lov. Lønninger for hushjelp 1914-1948. I Fra

forrige årtusen nr. 4. Oslo: Statistisk sentralbyrå.

Thery, L. (red.) 2006. Le travail intenable. Paris: La Découverte.

Thompson, E.P. 1967. Time, work-discipline, and industrial capitalism. Past and present

1967; 38: 56–97.

Torvatn, H., S.D. Tvedt, T.K. Andersen, G.A. Knutstad og H.O. Finnestrand 2007. Evalu-

ering av innføring av 6-timers arbeidsdag hos SinkaBerg-Hansen AS. Trondheim:

SINTEF.

Ugreninov, E. 2005. Seniorer i Norge. Statistiske analyser 72. Oslo: Statistisk sentralbyrå.

Verdenskommisjonen for miljø og utvikling / G.H. Brundtland 1987. Vår felles framtid.

Oslo: Tiden.

Wergeland, E.L., B. Veiersted, M. Ingre, B. Olsson, T. Åkerstedt, T. Bjørnskau og N. Varg

2003. A shorter workday as a means of reducing the occurrence of musculoskeletal

disorders. Scandinavian Journal of Work, Environment and Health 2003; 29 (1):

27–34.

Wergeland, E.L. 2006 Arbeidsmiljøloven, sykefraværet og sekstimersdagen. Oslo: Transit.

Åkerstedt T., B. Olsson, M. Ingre, M. Holmgren og G. Kecklund 2001. A 6 hour working

day? Effects on health and wellbeing. Journal of Human Ergology 2001; 30: 197–202.

0000 260299 BM Seks#34F9FC.book Page 176 Monday, August 25, 2008 12:19 PM

SEKSTIM

AR

SDA

GEN

Kva skal til for at sekstimarsdagen skal bli realitet i Noreg?

Økonomane seier det er mogeleg. Mannfolk som har prøvd sekstimarsdagen, er glade for å få meir tid til ungar, husarbeid, trening og friluftsliv. Kvinner har drøymt om sekstimarsdagen i fleire tiår.

Kanskje kan sekstimarsdagen bidra til å oppretthalda jordbruk og hindra fråflytting frå distrikta? Kan den også vera eit steg i rett lei for å bremsa det materielle overforbruket som trugar klima og miljø?

Denne boka gir ikkje alle svara. Men den gir den første samla framstillinga av dei forsøka som er gjorde med sekstimarsdag i Noreg dei siste åra, og eit oversyn over svenske forsøk. Den fortel også om kampen om arbeidstida i eit historisk perspektiv. Her er utrekningar som viser at 30 timars veke eller seks timars normalarbeidsdag frå 2020 berre vil ha små verknader på den norske økonomien.

Og lurer du på kvifor ein ikkje kan venta at sekstimarsdagen skal føra til at sjukefråværet går ned, så finn du svar på det.

Anten du meiner at sekstimarsdagen er eit vakkert, men urealistisk prosjekt, eller ein luksus vi ikkje har råd til, finn du kan henda grunn til å tenkja nærare etter når du les denne boka. Magnhild Folkvord • Ebba Wergeland

Folkvord • W

ergeland

SEKSTIMARSDAGEN

ww

w.g

ylde

ndal

.no/

akad

emis

k

– den neste store velferdsreforma?

Sagt om sekstimarsdagen:

– Det vil vera historisk dumt å setja 7,5 timar som ei absolutt grense, men eg trur vi er på ei tolegrense. All velferd er avhengig av arbeid, og iallfall på kort sikt er det vanskeleg å sjå for seg ei generell arbeidstids- forkorting. Arbeidslivsdirektør Sigrun Vågeng, NHO

– Det er i tider når økonomien er på det heitaste at det kan vera lettast å få gjennomført slike arbeidstids- reformer. Paradoksalt nok, sia det er da ein treng flest mogeleg arbeidstimar. Øystein Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets

Magnhild Folkvord (f. 1945) er journalist i Klassekampen. Ho er utdanna adjunkt og har arbeids- og tillitsvalderfaring frå både industri og offentleg sektor – som lærar, jernarbeidar og saksbehandlar i Aetat. Ho har vore med i arbeidet for sekstimarsdagen gjennom Kvinnefronten sia 1980-åra.

Ebba Wergeland (f. 1946) er forskar, overlege og spesialist i arbeidsmedisin. Ho har tatt doktorgrad på emnet arbeidsforhold og helse under graviditeten. Wergeland har skrive fleire bøker om arbeidsmiljøtematikk og har ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten og dei faglege diskusjonane om arbeidsmiljø, sjukefråvær og sekstimarsdagen. I 2001 vart ho tildelt Arbeidsmiljøprisen.

SEKSTIM

AR

SDA

GEN

Kva skal til for at sekstimarsdagen skal bli realitet i Noreg?

Økonomane seier det er mogeleg. Mannfolk som har prøvd sekstimarsdagen, er glade for å få meir tid til ungar, husarbeid, trening og friluftsliv. Kvinner har drøymt om sekstimarsdagen i fleire tiår.

Kanskje kan sekstimarsdagen bidra til å oppretthalda jordbruk og hindra fråflytting frå distrikta? Kan den også vera eit steg i rett lei for å bremsa det materielle overforbruket som trugar klima og miljø?

Denne boka gir ikkje alle svara. Men den gir den første samla framstillinga av dei forsøka som er gjorde med sekstimarsdag i Noreg dei siste åra, og eit oversyn over svenske forsøk. Den fortel også om kampen om arbeidstida i eit historisk perspektiv. Her er utrekningar som viser at 30 timars veke eller seks timars normalarbeidsdag frå 2020 berre vil ha små verknader på den norske økonomien.

Og lurer du på kvifor ein ikkje kan venta at sekstimarsdagen skal føra til at sjukefråværet går ned, så finn du svar på det.

Anten du meiner at sekstimarsdagen er eit vakkert, men urealistisk prosjekt, eller ein luksus vi ikkje har råd til, finn du kan henda grunn til å tenkja nærare etter når du les denne boka. Magnhild Folkvord • Ebba Wergeland

Folkvord • W

ergeland

SEKSTIMARSDAGEN

ww

w.g

ylde

ndal

.no/

akad

emis

k

– den neste store velferdsreforma?

Sagt om sekstimarsdagen:

– Det vil vera historisk dumt å setja 7,5 timar som ei absolutt grense, men eg trur vi er på ei tolegrense. All velferd er avhengig av arbeid, og iallfall på kort sikt er det vanskeleg å sjå for seg ei generell arbeidstids- forkorting. Arbeidslivsdirektør Sigrun Vågeng, NHO

– Det er i tider når økonomien er på det heitaste at det kan vera lettast å få gjennomført slike arbeidstids- reformer. Paradoksalt nok, sia det er da ein treng flest mogeleg arbeidstimar. Øystein Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets

Magnhild Folkvord (f. 1945) er journalist i Klassekampen. Ho er utdanna adjunkt og har arbeids- og tillitsvalderfaring frå både industri og offentleg sektor – som lærar, jernarbeidar og saksbehandlar i Aetat. Ho har vore med i arbeidet for sekstimarsdagen gjennom Kvinnefronten sia 1980-åra.

Ebba Wergeland (f. 1946) er forskar, overlege og spesialist i arbeidsmedisin. Ho har tatt doktorgrad på emnet arbeidsforhold og helse under graviditeten. Wergeland har skrive fleire bøker om arbeidsmiljøtematikk og har ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten og dei faglege diskusjonane om arbeidsmiljø, sjukefråvær og sekstimarsdagen. I 2001 vart ho tildelt Arbeidsmiljøprisen.