ffrråå rråå nnaattuurr ttiill rrååtttt ddeessiiggnn raa natur til raatt design.pdf · rått...

11
1 Den færøyske designar Malan á Lofti, har alltid vore svært fasinert av sau- ene. I dag lagar ho moderne og unike plagg av saueskinn med ulla på. Færøysk design Færøyingane er gode til å ta vare på gamle tradisjonar innan handsaming av ull, gjennom til dømes spinning, strikking, veving og toving. Dei er stolte av hand- verkskunsten, som mellom anna vert halde i hevd i den mykje brukte nasjonal- drakta. Men bruk av ull er meir enn gamle tradis- jonar. Dei seinare åra har eit spanande miljø med heilt nye og moderande design vakse fram på Færøyane, og utmerka seg. Kolleksjonane til Malan á Lofti frå øya Vágar, er eit døme på slik ny og spanande bruk av både ull og skinn frå sau. Jakkene i Lofti-design, der skinnet vert brukt med ulla på, har fått særleg merksemd. Frå pant til avfall Malan á Lofti har vakse opp med sauer og fortel at facinasjonen for saueskinna har vore der så lenge ho kan hugse. Ungane i bygda samla inn skinn og fekk ”pant” for dei på den lokale butikken. For kvart skinn dei la på baktrappa fekk dei 5 kroner til å snope for. Malan á Lofti: "Min inspirasjon - røffe nordatlantiske omgjevnadar" F Fr rå å r rå å n na at tu ur r t ti il l r rå åt tt t d de es si ig gn n Foto: Absalon Hansen ”- der sauene bestemmer fargane” Eit intervju med den færøyske designar Malan á Lofti av Veronika Seim Bech, april 2007 Malan á Lofti

Upload: buimien

Post on 28-Jul-2018

213 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

1

Den færøyske designar Malan á Lofti,har alltid vore svært fasinert av sau-ene. I dag lagar ho moderne og unikeplagg av saueskinn med ulla på.

Færøysk designFærøyingane er gode til å ta vare pågamle tradisjonar innan handsaming avull, gjennom til dømes spinning, strikking,veving og toving. Dei er stolte av hand-

verkskunsten, som mellom anna verthalde i hevd i den mykje brukte nasjonal-drakta.

Men bruk av ull er meir enn gamle tradis-jonar. Dei seinare åra har eit spanandemiljø med heilt nye og moderande designvakse fram på Færøyane, og utmerka seg.Kolleksjonane til Malan á Lofti frå øyaVágar, er eit døme på slik ny og spanandebruk av både ull og skinn frå sau. Jakkenei Lofti-design, der skinnet vert brukt medulla på, har fått særleg merksemd.

Frå pant til avfallMalan á Lofti har vakse opp med sauer ogfortel at facinasjonen for saueskinna harvore der så lenge ho kan hugse. Ungane ibygda samla inn skinn og fekk ”pant” fordei på den lokale butikken. For kvart skinndei la på baktrappa fekk dei 5 kroner til åsnope for.

Malan á Lofti:"Min inspirasjon

- røffe nordatlantiskeomgjevnadar"

FFrråå rråå nnaattuurr ttiill rrååtttt ddeessiiggnn

Foto: Absalon Hansen

”- der sauene bestemmer fargane”Eit intervju med den færøyske designar Malan á Loftiav Veronika Seim Bech, april 2007

Malan á Lofti

2

Nokre få år seinare vart alle skinna fråslaktinga kaste opp ein stor container.Malan spurde far sin kvar skinna til deiflotte sauene skulle, men kunne ikkje for-stå svaret: - Containeren skal til forbren-ningsanlegget på søppelplassen. Det varikkje nokon som ville ha dei!

Med sau frå barnsbein avFamilien, både faren og dei 8 syskenahans, har alltid hatt sauer. Under Malan sinoppvekst var difor sauene noko somhøyrde naturleg til, men samstundes vardet svært spanande. Ho fortel entusiastiskom fyrste gongene ho var med på ”fjell-gang”. Familien sine sauer høyrer til einstor flokk som går i to beiteområde. Dyrai det eine området vert samla i ei kve derdet er bilveg heilt fram. Her var det vanlegat kvinnene og borna frå bygda kom tilkvea med matkorger til mennene. - Detaller beste var dersom me kom fram førmennene, for då måtte me gøyme oss baksteingjerda og sitje musestille slik atsauene ikkje vart skremde på veg inn ikvea, fortel Malan. Medan sauene vartklypt og sortert, sprang ungane rundt ogleika. - Det var som ein festdag, minnestMalan.

Fyrste sauesankingaDå jenta, den eldste av syskena, var kring9 år gamal fekk ho for fyrste gong lov til åvere med far å sanke sauer i det beiteom-

rådet som låg lengre borte. Ho hugsar atdet var stort! Dei fekk fri frå skulen! Ogdei skulle gå langt. Der var matpakke iryggsekken og dei måtte stå opp kl 05:00om morgonen. Saueflokken skulle omrin-gast, og særeleg godt hugsar Malan eintur der ho og faren fekk tildelt den rutasom gjekk på dei høgaste toppane. Medanfar og dotter gjekk oppover dei bratteliene fortalde faren om sauene, og omkorleis dei oppfører seg, til dømes at detvar dei som laga alle stiane i terrenget. -Eg kjende meg voldsomt vaksen, min-nast Malan. - Det var som om eg vart be-trudd noko viktig og vart mykje klokareden dagen.

Vårklypping - og alle hjelper til!

Dei tre Lofti-syskena Óluva, Malan og Hávardur, med på fjellgang

våren 1992. Vesle Hávardur er heiltoppslukt av eit fargerikt lam!

Foto: Familien Lofti

Foto: Familien Lofti

3

Og så var det spanande å drive sauenened. - Me måtte jage for å få dei til å gå,springe for å snu dyr som prøvde å stikkeav og kaste med stein for å få dei somgjekk under oss framover. Og når saueneskulle fangast gjaldt det å få tak og halde,halde, halde. Me lot oss ikkje stogge av åverte trekt fleire meter bortover og blifulle av skit og blåmerker, smiler Malan.

Ansvarsfulle oppgåverPå slaktedagen om hausten vart ull nyttatil å binde kring føtene på sauene for atdei ikkje skulle stikke av. Sauene somskulle slaktast låg bundne på alle fire fø-tene, klar for deling. For at delinga skulleverte heilt rettferdig vart dyra fyrst vegneog lagt i like grupper. Deretter skulle bornalegge ein kniv på kvart dyr. Knivane synteså kven som fekk kva. - Slik hadde me eiviktig og høgst betrudd oppgåve ved de-linga av avdråtten, smiler Malan. – Etterpåsamla me inn ullbanda og leika med dei.

Slakting høyrer medSjølve slaktinga gjekk føre seg i ein kjellar.Når det vart sagt ”No skyt me” sprangborna utanfor, men straks etter var deiinne att. Borna rørde i blodet og hjalp tilmed å trekkje tarmar og innvollar ut avdyra. Slaktinga var ein like naturleg del av

sauehaldet som dei andre oppgåvene.Malan forklarar - Me tykte det var moro.Dersom to sauer vart slakta på same tidvart det gjerne konkurranse om kven avoss som klara å trekkje taramane fyrst ut.Dessutan var det viktig å få tak i urinblæ-rene. Dei blæs me opp, og det var sjølv-sagt om å gjere å få tak i dei største, frådei store vêrane. Blærene hang i kjøkenetheilt til nyttårsafta då me fekk lov til åtrakke på dei.

Glad i dyra Sjølv om Malan har eit avslappa og natur-leg forhold til slakting er det tydeleg at hohar omsorg for dyra som ho no lagarskinntøy av. Det var berre dei vaksnesauene som skulle klyppast, så lammavart sleppt ut av kvea før klyppinga tok til.– Eg tykte alltid så synd på lamma då. Deisprang jo der utanfor og breka sårt ogleita etter mødrene sine. Ut over dagenvart dei vel svoltne og kanskje fann deiikkje att mora si før det lei langt på kveld.

Nokre gonger kunne enkelte sauer lureseg unna kvea og dermed heile klyppinga.Ulla på slike dyr ville falle av av seg sjølvutover sommaren, men den lause ulla erfarleg både for fuglar og dyr. Malan hugsartydeleg ein gong faren fanga eit lam som

Guðrið, Hávardur,Malan og Malansfar Kåre på veg forå telje lam våren2005.

Foto: Familien Lofti

4

hadde vikla beina sine inn i lausull. Lam-met hadde vanskeleg for å gå og ullahadde skore seg inn i beina så det gavopne sår. Det gjorde eit sterkt inntrykk påden vesle jenta.

Faren var førebiletetFaren driv gartneri og er av den skapande,kreative sorten. - Han var førebiletet mittog ”kunne alt”, seier Malan. I sine ungedagar ville han bli skreddar, men vartsnakka frå det av sin far. Det var liksomikke eit skikkeleg yrke for ein mann. Mendet var faren som lærte Malan å stoppesokkar og sy dei fyrste knapphola.

YrkesvaletGjennom oppveksten ville Malan bli bådegartnar, dyrlege og tolk. Det hadde alltidlege i korta at ungane skulle ha god ut-danning.

- Men det har aldri vore ei symaskin ihuset vårt, seier Malan. Så jenta syddekjolar til dokkene sine for hand. Då ho vartlitt eldre sydde ho om på klea ho arva. -Det var fordi eg likte å ha klede som ingenandre hadde, forklarar Malan.

Så ein gong sist i folkeskulen spurte Malanmor si: - ”Kan eg bli designar, mor? Er detein god utdannelse? Er det mogeleg å fåjobb som designar på Færøyane? Kva omeg no ikkje får noko arbeide etterpå? Morasvara at dette var slik som endra seg medtida. Ho kunne kanskje få jobb som desig-nar, men dette var ikkje mogleg å vite no.Svaret og støtta vart avgjerande for Malansitt valg. Ho tok gymnaset og søkte seginn på skandinavias største utdannelses-institusjon innan tøy og mote, TEKO i Her-ning, Danmark.

Inspirert under utdanninga Det var gjennom eit prosjekt på skulen atMalan fekk augene opp for muligheitane tilå laga noko i skinn. Studentane fekk ei

oppgåve som gjekk ut på å samarbeidemed ein verksemd og laga noko sompassa til deira målgruppe og deira kon-sept. Malan fekk samarbeide med færøy-ske Sirri som lagar designartøy i ull, ognavnet på oppgåva var ”Finding yourroots” (Finne dine røtter).

- Det var naturleg for meg å trekkje mi hi-storie heilt tilbake til vikingane som bruktealt på sauene, også alt av ull og skinn.Sirri er ei ”grøn verksemd” og har som målå nytte alt frå dyra. Eg likar at det ikkjevert restar, at alle ressursane vert nytta,seier Malan.

Foto: Lofti-Design

5

Kolleksjonen ho laga var inspirert av kledesamansett av firkanta tøystykke, slik vi-kingane brukte det. Men i kolleksjonenskulle det også vere eit plagg som varnoko heilt nytt. Og her kom ideen tilLOFTI-jakkene. Rått skorne og syddeskinnjakker av saueskinn med ulla på.Malan fekk beste karakter på oppgåva,som inspirerte ho så sterkt til å arbeide vi-dare med sitt eige design.

Fasinerande ved saueskinnaMalan vert sterkt fasinert av saueskinna. -Den gamle rasen på Færøyane har utrulegmange fargevariantar. Kvar gong eg går ifjella der heime slår det meg kor utrulegstor fargevariasjon det er i dei færøyskesaueflokkane. Faktisk er ingen av dei like,kvar einaste skinn er unikt, seier ho.Sauene på Færøyane vert samla og klypptom våren, og Malan vert alltid like troll-bunden av å sjå dei mange og fantastiskefargane i ulla når dyra står tett i tett ikvea.

Dessuten likar ho at fargane i skinna hobrukar er heilt naturlege. – Det er ikkje

nokon som har pilla ved dei, til dømesmed innfarging. Det er ikkje bruk for åendre på noko, det er heller synd å øyd-legge det fargespelet som naturen harskapt, meinar Malan. - Det gjev sjølvsagtutfordringar, men det er òg akkurat detsom gjer arbeidet med plagga så spa-nande og som gjer kvart plagg unikt. Også er det jo litt moro at eg fekk dennespesielle ideen om å bruke skinna medulla på, legg ho til.

Skinn av andre rasarMalan sitt design er sterkt og kompro-misslaust. – Ja, det er jo mine røter, seierMalan. – Eg er heilt fortruleg med farganei dei færøyske sauene. Men eg har i deiseinare år også jobba med skinn frå andrenordiske sauer. Malan fortel at fargane iskinn frå det svenske gutefåret vert tildømes meir neddempa. Fargane er meirmelerte, meir rådyraktige, og det gjevnokre heilt nye moglegheiter. Ho har ogsåarbeidd med gamalnorsk spælsau og is-landske skinn, som liknar meir på skinnafrå Færøyane.

LOFTI-Designav islandsk sau,svensk gutefår,færøysk sau oggammalnorskspælsau. Frå

framsyninga påNordatlantens

Brygge i Køben-havn 2006:

”Sauene bestemmer

fargane”

Foto: Polfoto

6

Gåve til Kronprinsesse Mary Fyrste gongen Danmarks KronprinsesseMary vitja Færøyane, det var i 2005, fekkho ei folkegave – ei LOFTI-skinnjakke. - Egtykte sjølv at det passa svært godt. Jakkaer nært knytt til det færøyske, og er sam-stundes moderne og spesiell. Mary er des-sutan protektor for design. Vidare er mejo begge unge jenter som er innflyttarar

til Danmark og me kjem frå kvart vårtsaueland. Eg var svært omhyggeleg medval av skinn slik at fargane skulle passe tilKronprinsessa. Det vart nok mi flottasteog mest iaugefallende skinnjakke så langt,seier Malan. Kronprins Fredrik skulle joogså ha ei gåve, så Malan tok utfordringaog skapte ein ulljakke spesielt til han. – Egmå innrømme at eg var svært stolt då egsjølv fekk stå for overrekkinga, smilerMalan á Lofti.

Gamle husdyrrasar og moderne kvinnerDen 9. juni 2006 vart Malan invitert tilNord-Atlantens Brygge i København for åvise fram eit breitt spekter av design frådei gamle nordiske sauerasane.

Den danske avisa ”Politiken” traff godtmed overskrifta ”Fårene bestemmer far-vene”. Eit intervju med LOFTI-designerender dei fokuserer på individualiteten i eineksklusiv kolleksjon basert på naturfargasaueskinn:

Designarane BineMelby frå Norge ogMalan á Lofti frå

Færøyane snakkarfag og felles utfor-dringar - tøy avskinn frå gamlehusdyrrasar.

Malan held tale til kronprinsesse Mary og kronprins Frederik på Vágar 23. juni 2005.Fo

to: Polfoto

Foto: Sheep-Ilse

7

Kollektionen bygger på en række grund-snit, men herudover er alle jakker, frakkerog veste i varierende farvenuancer, oghermed fremstår de – trods snittet – medhver sit særpræg. -”Nu gælder det om atoverbevise folk og få dem til at indse, atdet er dødsygt at gå rundt og ligne hin-danden i fuldkommen identiske jakkereller veste. Det individuelle er meget mereinteressant” mener Malan, der har stor til-tro til, at opgaven vil lykkes.

Nordisk Ministerråd ogNordisk Genbank HusdyrI oktober 2006 vart Malan invitert til Nor-disk Ministerråd og Nordisk Genbank Hus-dyr sitt arrangement i samband medKøbenhavns Kulturnatt. Temaet var”Mangfoldighet” og saman med ein norskdesigner, Bine Melby som arbeider meddesign av kuskinn, fekk ein eit innsyn ikorleis fargevariasjonane i dei gamle nor-diske husdyrrasar kan brukast til praktfulttøy til pryd for moderne kvinner.

Under framsyninga vart historien bakplagga sterkt vektlagt og presentert gjen-nom mellom anna eit bilet-show. Malan

håpar dei gamle husdyrrasane beheldmangfaldet sitt i framtida og meinar detville vore eit stort tap dersom skifte tilandre rasar eller avl gjorde at alle sauenevart like.

Miljømerke EU-blomsten I samband med at EU sitt miljømerke”Blomsten” feira 10 års jubileum i Bruxel-les, var Malan ein av 10 utvalde designa-rar som tok del i ei utstilling av tøy somhøver inn under dette miljømerket. Malaner oppteken av å ta vare på miljøet ogglad for at skinnkolleksjonen kan fyllekrava. – Eg brukar som sagt råvara mestmogeleg slik den er, utan innfarging ellerliknande.

Eit bodskap- Eg vil at designet mitt skal ta med segeit bodskap, ei haldning, fortset Malan. -Eg legg vekt på å bruke det naturlege, ogå bruke mest mogeleg, ikkje berre detbeste. Dette har me lange tradisjonar forpå Færøyane. Å bruke alt på dyra, bådekjøt, bein, blod, innvollar, ull, skinn, hornog så vidare. Det er eit miljøvenleg ut-gangspunkt.

Malan á Lofti:”Ophavet til mitt design”

Foto: Absalon Hansen

8

Dyreven i skinnjakkeMalan fortel ivrig vidare. – Det kjennestgodt å arbeide med produkt frå dyr somein veit har hatt eit godt liv. Dei færøyskesauene har levd fritt ute i naturen. Ikkje ifangenskap. Dei er ikkje oppfødde berrefor skinna si skuld. Dei skinna eg har mel-lom hendene er eit biprodukt av sauehal-det, og hadde ikkje vorte nytta, men berrebrent, dersom eg ikkje hadde brukt dei.Mine skinnjakker er eit dyrevenleg alter-nativ til mange andre skinn og pelsklede.

Arbeider også med ullUll frå nordiske sauerasar inngår også iMalan sitt design, men ull er eit mykje let-tare materiale å arbeide med enn skinn.Den er eit mjukare materiale og den ermeir fleksibel enn skinna. Forarbeidinga avull er ikkje ein så lang prosess som forar-

beiding av skinna, og der er mange fleirestader som kan forarbeide ulla. Malan bru-kar både garn og ull som metervare.

Lang prosess frå råvare til syingSkinn med ull på som råmaterialet er fyrsttilgjengeleg når dyra er slakta. Under slak-tinga må det takast særlege omsyn, slikat skinnet ikkje vert skada. Skinna skalsamlast inn og leggast i salt i 6 veker. Vi-dare må dei ligge 21 dagar i karantene, hastempel frå dyrlegen for at dei er fri fråsjukdom og sendast til garving. Så langthar Malan prøv seg fram og nytta garveribåde i Noreg og Sverige. Fyrst når skinnakjem frå garveriet er råvara klar til sying.Dette er ein lang og kostbar prosess.

Italiensk designJamsides med kolleksjonen av saueskinnhar Malan skapt ein serie italiensk-inspi-rerte kolleksjonar. Dette er eit meir ned-tona design, men stadig med inspirasjonfrå det rå færøyske. - Det spanande meddesse plagga er at eg miksar det rå meddet elegante italienske. Stilen er litt antikkog barokk, og eg elskar å kombinere detungdomlege rå i kontrast med blonder,silke og brokade, forklarar Malan.

Lofti-design byr også på italiensk-inspirert tøy med rått færøysk uttrykk.Fo

to: Lofti-Design

9

Framtida for Lofti-designMalan á Lofti er full av idear og har et veldav planar på tegnebrettet, men har ikkjepå noverande tidspunkt grunnlag for å fårealisert draumane. Pr. i dag manglar hostartkapital for å satse fullt på sitt eige de-sign. Ho seier - Mitt design er heilt spesi-elt, og difor er marknadsføringa utrulegviktig for meg. Min motebevisste kunde,som akkkurat har sett siste mode i Genèveeller Paris må forlate butikken med ei unikhistorie om ei unik skinnjakke frå Færø-yane! - Og det er så langt alt for dyrt formeg. Malan har i dag ein stilling ved eitøyverksemd (Bestseller) i Herning der hodesigner babytøy.

I framtida vil ho gjerne fortsetje medbegge kolleksjonane i to linjer. Det italien-ske designet vil skifte litt med moten oghelst komme i nye kolleksjonar fleire gon-ger i året. - Men eg vil samstundes haldepå skinnkolleksjonen, som ligg mitt hjartanærast, understrekar Malan.

- Dette designet står fritt og er tidlaust. Eghåpar å kunne halde det som ein heilt eks-klusiv liten og tidlaus kolleksjon, der detkjem til nokre nye plagg innimellom.

Korleis skal dette finansierast? Malan smiler av spørsmålet og fortel. - Sålangt har far min lagt ned eit stort arbeidi å samla inn og salta skinn til meg. Meneg kan jo ikkje basere ein produksjon påfrivillig arbeid. Grunnlaget må vere atsaueeigarar får løn for skinna og for arbei-det med å samle dei inn, salte og sendedei, understrekar Malan. Ho har gjernespesielle krav til garvingsprosessen somkostar. Dessutan veg skinna ein del, så der

Ein Lofti-vêr frå 1983. SyskenbarnetJanus er sterkt konstentrert, medan den

vordande designer ser måpande på!Vêren har genparet AaAg for farge og

vert kalla "fuksbrun". I valet av vêrer har Malan sin far, gjen-nom 25 år, vore med og teke vare på

den brune fargen i familien sin saueflokkpå nordaust-spissen av Vágar. I dag hau-star Malan fruktene av den store geneti-

ske variasjonen i flokken". Foto: Familien Lofti

10

er utgifter til frakt. Og så må ho ha plasstil oppbevaring. - I dag er det stablar avskinn i dei fleste rom i leiligheita mi, og detgår jo ikkje i lengden, smiler ho. Til sluttkjem sjølve syinga. Det italienske desingetvert sydd i Italia, men plagga av sau-eskinn er så ulike og spesielle at Malan vilha fingrane i kvart plagg sjølv. Men ho harlikevel bruk for nokon som hjelper til medsyinga.

Korleis nå måla? Malan har mange tankar om vegen fram-over. Ho har delteke i eit iverksetjarkurs (iregi av Ervervsrådet i Herning) og listaropp nokre element som ville vere viktige:

• Studiereise for å få meir kunnskap, inspirasjon og kontaktar.

• Få i stand avtaler med sauehaldarar om levering av salta skinn.

• Fordjupning i garving – kva er best metode, best klypping etc.

• Settje opp avtale med eit garveri. • Utarbeide plan for logistikk. • Få lokaler til lager og sying.• Tilsetje syersker.• Lage plan for marknadsføring.

Malan legg til: - Det beste hadde vore omkolleksjonen kunne bidra til å gi grunnlagfor eit garveri på Færøyane. Det var eitder tidlegare, men det er lagt ned då detøkonimisk grunnlaget ikkje var godt nok.Tenk om mitt design kunne gjevegrunnlag for å halde kunnskapen om gar-ving ved like og gi arbeidsplassar på Fæ-røyane. Eg skulle dessiutan ynskt skinnakunne vorte ferdigforedla på Færøyane.Det ville kjennast betre i høve til minehaldningar om opphav og miljø, seierMalan

Til slutt gjer Malan seg også tankar omframtida for sauene. - Og tenk om designav skinn og ull kunne gjeve ekstra inntek-ter til sauehaldarane, og på den måtenstøtta bevaringa av gamle fargerike saue-rasar, drøymer Malan.

Genetisk høyrer jo dei færøyske sauenemed til same gruppe som dei shetlandske,islandske og grønlandske sauene. Hokunne tenke seg kontakt med andre de-signarar at ein så og sei tok noko av detbeste frå kvart land og marknadsførte detsom ein slags nordisk/atlantisk øy design.

Foto: Familien Lofti

Fargerike sauer i ei av familien Lofti sinegamle samlekver bygd av stein

1

Faktaboks om skinnTalet på eigna saueskinn pr. år i dei tre landa Færøyane, Grønland og Island kanvarsamt vurderast til 50 – 60.000 skin. Verdien av desse etter garving, dvs. før for-arbeiding, design og sying, utgjer ca 12 – 15 mill DKK.

Verdien etter foredling, med utgangspunkt i Malan á Lofti sine produkt vil utgjere 30– 40 mill. DKK. Dette beløp kan så gangast med minimum 2,5 for å komme til en-deleg salgspris – eit ganske betydeleg beløp på ca 75 – 100 mill. DKK inkl. moms.

Lyset bryt gjennom vinterhimmelen over Tindhólmur.

©Northzone.com