eli sæteren: sæterminne frå skærdalslia · 2007. 1. 31. · eli sæteren: sæterminne frå...

6
Eli Sæteren: Sæterminne frå Skærdalslia Blakken, Karen og Inger er klar til sætertw. Noko av det eg hugsar best frå barndomen min, er dei fine sumrane i 1930-åra, med bading og uteliv. Ei storhending kvart år var sæterflyttinga uti juni, når det vart beite oppetter liene. Eit par dagar føreåt var vi på sætra og gjorde reint. Etter ein lang vinter med snø og blest var det mangt som trong overhaling. Vi bar vatn frå kjelda og vermde opp omnen og i storgryta. Her var det naudsynt med grønsåpvask etter all muslor- ten og kongollveven og skitten i kvar krik og krok. Til slutt fann vi frisk eine og la mellom steinhyIlene uti skjælet. Bostar og teppe fekk henge og lufte seg etter dugleg bank før vi tok dei inn. Og til slutt fann vi nokre blomar som vi sette bordet i eit glas. Ein liten duk la vi under. No kunne mor koma og busette seg for sommaren! Det gjekk som ein leik å få dyra til fjells - dei vaksne kjende vegen, og kalv og kje dilta med. Kyrne hadde trena seg opp i Trøa ei tid, og geitene ute i Dala. Tyngst var det for bjøllekua Dagros å koma seg opp lia, over brusande bekker. Geitene, med alle killing- ane og bukken, var alt kome langt oppi ran- den ovafor sætra. Bjølla til Lykle klang og ljoma utover alle berg. Solveig lokka dei med seg bortover Vedvegen, og ho småprata med Vanja og Linda, som hadde to killingar kvar. Dei var glade for å bli klappa og kjælt med. Helge sprang føre synnom Hammaren, der han hadde kvennkall i fjor. Sonja hadde alt kome seg inn i sæterbua og teke til med å tenne opp. Snart vart det nok spørsmål om ein kaffesup. Etter kvart var alle komne opp lia og fekk ta seg ein pust i bakken. Blakken vart fri for greie og vogn, han var drusteleg tyst. No vart

Upload: others

Post on 22-Jan-2021

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Eli Sæteren: Sæterminne frå Skærdalslia · 2007. 1. 31. · Eli Sæteren: Sæterminne frå Skærdalslia Blakken, Karen og Inger er klar til sætertw. Noko av det eg hugsar best

Eli Sæteren:

Sæterminne fråSkærdalslia

Blakken, Karen og Ingerer klar til sætertw.

Noko av det eg hugsar best frå barndomenmin, er dei fine sumrane i 1930-åra, medbading og uteliv. Ei storhending kvart år varsæterflyttinga uti juni, når det vart beiteoppetter liene. Eit par dagar føreåt var vi påsætra og gjorde reint. Etter ein lang vintermed snø og blest var det mangt som trongoverhaling. Vi bar vatn frå kjelda og vermdeopp på omnen og i storgryta. Her var detnaudsynt med grønsåpvask etter all muslor-ten og kongollveven og skitten i kvar krik ogkrok. Til slutt fann vi frisk eine og la mellomsteinhyIlene uti skjælet. Bostar og teppe fekkhenge og lufte seg etter dugleg bank før vitok dei inn. Og til slutt fann vi nokre blomarsom vi sette på bordet i eit glas. Ein litenduk la vi under. No kunne mor koma ogbusette seg for sommaren!

Det gjekk som ein leik å få dyra til fjells -

dei vaksne kjende vegen, og kalv og kje diltamed. Kyrne hadde trena seg opp i Trøa eitid, og geitene ute i Dala. Tyngst var det forbjøllekua Dagros å koma seg opp lia, overbrusande bekker. Geitene, med alle killing-ane og bukken, var alt kome langt oppi ran-den ovafor sætra. Bjølla til Lykle klang ogljoma utover alle berg. Solveig lokka dei medseg bortover Vedvegen, og ho småprata medVanja og Linda, som hadde to killingar kvar.Dei var glade for å bli klappa og kjælt med.Helge sprang føre synnom Hammaren, derhan hadde kvennkall i fjor. Sonja hadde altkome seg inn i sæterbua og teke til med åtenne opp. Snart vart det nok spørsmål omein kaffesup.

Etter kvart var alle komne opp lia og fekkta seg ein pust i bakken. Blakken vart fri forgreie og vogn, han var drusteleg tyst. No vart

Page 2: Eli Sæteren: Sæterminne frå Skærdalslia · 2007. 1. 31. · Eli Sæteren: Sæterminne frå Skærdalslia Blakken, Karen og Inger er klar til sætertw. Noko av det eg hugsar best

På sæterveg. Helge ogBlakken passerer Gravåa.

fjellgraset godt å finne - også for grisen. Hanhadde sitt eige hus og vart geleida dit,medan vi fann arve og mjøl til å ha i bryahans, og litt drikke. Seinare «rappa» vi lauvtil han, og plukka me,ir arve. Saup og skjær(surmjølk) fekk kosegrisen vår mye avgjennom heile sumaren, og stundom gjekk vitur med han.

Det vart ikkje einsamt for oss på sætra, forvi hadde godt selskap i dei som heldt til pådei fire nabosætrene. Det kunne og veraungar med, noko som skapte liv og trivsel.Av og til hadde vi det vi kalla sæterlag oppåSkærdalslia. Da bad vi i hop alle som var tilstades, og serverte det beste vi hadde. Hergjekk Ildri «Bakkom» føre med sitt gode hjar-telag. Ingen måtte vera grannvær, eller akkarpå Bakksætra! Ho braut skrivabrød og bak-kels ned i rømmen din om du synte deg forforsiktig. Ho ville alle så vel, ho Ildrid.

Som oftast var det fint ver når vi møttesttil sæterlag, og vi borna leika oss på vangen- og i bekken. Der «beit vi vassmusa». Detvar å duppe hovudet ned i bekken og ta oppein bestemt stein med munnen. Ildrid åtteein tutgrammofon som ho sette ut på sæter-vollen. Da tona dei finaste slagerar ut, oglivet var herleg for alle.

Sæterlaga kunne ikkje dryge ut, for bådekyr og geiter kunne troppe opp i nonstida forå få tømt digre jur. Men det gjorde godt å fåmøte kvarandre iblant. Neste gong fekk vitreffast hjå ein annan sæternabo, vi var heilefem i alt. Bjørgasætra låg nærast vår sæter,Holssætra - to-tre hundre meter ovafor. Uta-

for Baggberga, på Ytterlia, var Nystusætra,og vest for den eit stykke låg Bakksætra.Trøasætra var plassert rett ned for desse to,lunt nede i dalen.

Vi var ikkje før ved Holssætra att ettersæterlaget, så kom geitene springande imotoss og ville inn. Kyrne var heller ikkje langtunna, og mor belaga seg på å sleppe dei inni fjøset. Ho Dagros gjekk alltid rett til båsensin, og det gjorde Gulldokk og Kikki og. Derfann dei saltklypa dei stunda etter, og fekkbandet på. Mor sette seg med mjølkebøttaattåt Dokka, for ho hadde sprengfulle spenarsom ofte vart såre. Men mor greidde dette,ho tala godt åt kua og smurde salve på jurog spenar etterpå.

Vi ungane var opptekne i geitfjøset, ogmjølka her, bøygde over geita. Geitmjølkahamna i avkjølinga, ein vasspytt nede vedsæterbua, når arbeidet var over, kumjølkamåtte vi separere. Da fekk vi fløyte og skum-mamjølk. Det sistnemnde produktet vart tilskjær og god drikk for gris, kalvar og kyr.Mor laga også gammalost av surmjølka.Fløyten er «bondens beste vare», og vert kin-na til smør når den er stade (ferdig til kin-ning). Vi hjelptest åt med å dra separatorenog sidan kinna, og med å røre kald dennykoka raudosten. Da sat vi ute på bakken,mor og eg, og skifta på med å røre. Ostenmåtte ikkje verte sonde. Det kunne skje omein ikkje var standhaftig med sleiva og rørteatt og fram i trauet heilt til osten var kald ogkunne stappast i forma.

Det gjekk med ein god del ved og kvist når

Page 3: Eli Sæteren: Sæterminne frå Skærdalslia · 2007. 1. 31. · Eli Sæteren: Sæterminne frå Skærdalslia Blakken, Karen og Inger er klar til sætertw. Noko av det eg hugsar best

Fan Mikael Hoel koste seg når han fekk tid til å ta fram målarsakene sine oppe i Skærdalen. Her sitSolveig og Helge ved Gravåa.

mor måtte yste to gonger i veka. Så karanelaut til vedskogen og køyre fram nokre ved-lass av og til. Vi som var fast på sætra omsumaren fekk gjera oss nokre vendingar oppi skjulet når det var behov, og mang ei vass-bøtte vart bore frå kjelda og opp i sæterbua.

Og når morgostellet i fjøset var over, bar vivatn som vi slo ut over fjøsgolvet. Derettersopa vi med limen til det vart reint og trive-leg til neste mjølking.

Vi var tidleg oppe kvar morgon på sætra.At «morgonstund har gull i munn» gjeld i alle

Page 4: Eli Sæteren: Sæterminne frå Skærdalslia · 2007. 1. 31. · Eli Sæteren: Sæterminne frå Skærdalslia Blakken, Karen og Inger er klar til sætertw. Noko av det eg hugsar best

Stundom vart det tid tilfisketurar i SoløyfjelletFrå. venstre ser vi Odd-var, Solveig, Ingrid, Eli ogein ukjend person.

fall til fjells, der sola vekkjer all naturen gry-tidleg sumars tid. Ein fekk hug til å kliveenda høgare opp, og turar til Soløyfjellet forå fiske, eller opp på Hornet var ikkje sjeldne.Når det leid til at moltene vart modne, for viinn i Bjønnatelin og plukka. Det var molterute ved Baggberga også, og borte på Skar-ven, som ikkje låg så langt frå sætra.

Når det meste var unnagjort av høyonnaheime, kom karane til sæters med brynstokkog ljå. Da vart det liv på sætra, med slåtta-graut når graset var lagt ned. Sola vermdeog tørka høyet på marka, når berre vi vendepå det og såta det. Til slutt, etter nokre

dagar, kunne vi raka i hop høyet til storemua. Da gjekk det greitt å få gafla det i hus.Og huset var høyløa nede ved utgarden, somofte vart nytta til overnattingshotell når fra-mande kom på vitjing uventa. No var det viungane som fekk gleda av å liggje i høyet.Heime lika vi å hoppe i høyet, for der var detkjørebru å sleppe seg ned frå.

Sæterforet var greitt å ha til småkrøtteranår vinteren kom. Men vegen heim med detvar nokså strabasiøs. Eldste bror min, Odd-var, har fortalt om det. Han og ein yngre karmåtte koma seg til sæters vinters tid medansnøfonna låg hard, frå sætra og ned i dalen.

Vi borna leikar oss påvangen på sætra vår, Sol-veig hoppar tau. I bakgrun-nen ser vi fjøset, med gris-huset ovafor.

8

Page 5: Eli Sæteren: Sæterminne frå Skærdalslia · 2007. 1. 31. · Eli Sæteren: Sæterminne frå Skærdalslia Blakken, Karen og Inger er klar til sætertw. Noko av det eg hugsar best

Geitene vart att på sætra etterat resten av buskapen haddeflytta heim. Dei gjorde så mykjeugagn at dei måtte halde segunna garden til avlinga varkome i hus. •

Dei balla i hop høyet og batt det fast til eitunderlag av bjørkestrangar. Så fylgde deilasta så godt dei formådde nedover den brat-te lia. Og aldri høyrde vi.anna enn at våge-ferda enda godt. Sidan, ein dag det var laglegver, køyrde far og Paul med hestar ut oghenta foret til gards.

Når far kom på sætra, hadde han sumtidmed seg målarskrinet. Her oppe fann han joså fine motiv, slik som mot Blankbygda medBlåhøa og Storhornet i bakgrunnen. Vi ung-ane likte da å leike oss ikring han der hanstod eller sat og måla. Så titta vi på det hanskapte på lerretet, og vi tykte han likte seg,ja, beint fram kosa seg med pensel og fargar.Maleriet fekk meir og meir preg av det vi sågder ute i rømda: Gjevilvatnet og Raudhovdin.Det var der alt.

Så kom geitene attåt. Vi kosta dei vidare.Men far fekk, med få penselstrøk, med segbåde Vanja og Kinke på maleriet. Dei tok segflott ut, syntest vi. Da han var ferdig, oppdagavi at bukken Bruse og var der. Han hadde bei-la til unggeita Deanna Durbin, som her strek-te seg etter ein bjerkekvist. Sett på makan,lell! Far var ein kløppar med penselen.

Mor koka mølse og songraut iblant, og holaga skjærost med karve i, og litt salt. Mensirupen kunne vi ikkje unnvera på bordet,for raffelkaku (vafler) krev sirup. Rømmeattåt var bra, men ingen kvardagskost. Eilita rømmeskei om morgonen, blanda medskjær, fekk halde. - Så måtte ein ikkje gløy-me å sende heim litt gomme, mølse ellerskjærost. Onnfolket trong og litt sætermat

iblant. Men det var vanleg å ha ei hemku pågarden om sommaren, ei som var senbær,det vil seie kalva utpå våren. Av mjølka lagaein gjerne tettmjølk. Ho var både sur og seig,og stod leg betre enn anna mjølk. Dessutanvar ho god til sæll (knust flatbrød i tettmjølkeller surmjølk).

Om hausten var det slik heime på Hol at vilaut ha geitene att på sætra etter at morhadde flytta heim med kyrne. Ute på jordenevar det enno ymse slags avling attståande,korn, poteter, neper eller andre grønsaker.Som alle veit er geita eit slu ugagnsdyr, sånede i bygda var ho ikkje velkome til kvartid, nei. Det var best å ha geiteflokken lengstmogleg til fjells. Difor vart det slik at nokonmåtte ta seg av dei der oppe på sætra til allavling var kome i hus. Og slik vart det eindel sæterturar både på Sonja søster og meg,og det kvar sin ettermiddag, etter at skulenvar ferdig, og vi hadde fått oss middag.

Det kunne vera fint å gå utover morka einvakker haustdag, medan fargar lyste motdeg over alt. Men det var og litt vemodig oglitt nifst å oppsøkje fjellet mo aleine, nårhaustmørkret seig på. Skogen vart for mørktil at det var triveleg. Ein tolvåring er for fan-tasirik til å like ein slik setertur. Ikkje alltidvar geiteflokken på plass ved fjøset heller nårdu kom opp lia. Det hende at dei måtte hen-tast ned frå oppe ved Hornet, for mørkrethadde skremt dei, så dei vart ståande ogvente på oss. Sjølv om dei godt hadde høyrtlokkinga mi, og svara med sine gode bræk,torde dei ikkje røre seg av flekken. Men no,

Page 6: Eli Sæteren: Sæterminne frå Skærdalslia · 2007. 1. 31. · Eli Sæteren: Sæterminne frå Skærdalslia Blakken, Karen og Inger er klar til sætertw. Noko av det eg hugsar best

Og så var den sætersuma-ren over. Den første snøenhar kome, bjørkene harmista lauvet, og geitenestundar heim.

når eg kom opp til dei og koseprata sombest eg kunne, gjekk alt som det skulle ei ri,og i fjøset fekk dei fulle spenane snart tømtseg. Budeia kosa seg der ho stod på hovudetog tøygde mjølkstrilene ned i bøtta som stodunder juret til geita. Vi hadde så koselegsmåprat med kvarandre den ria.

Men omsider vart håkkån sett på døra ogmjølka boren til avkjølinga. No var det versteatt: å gå inn i bua, stenge døra innafrå og blider om natta. Eventyr om huldra kom lett iminnet. Far hadde ofte fortalt oss om huldrai Sjolien. Det var tryggast å be no, Fadervå-ret. Og omsider kom Jon Blund, og snartvakna budeia til ein gryande oktoberdag.

Oppe i fjøset var det venlege bræk sommøtte ein da døra vart opna. Så var det attermjølking og siling av mjølka som skullekokast i storgryta uti skjælet til god geitost,både raud og kvit.

Vi fekk kvar våre turar til ysting, søster miog eg. Vi tykte det var arbeidsamt, men varog stolte over at vi greidde dette arbeidet,som mor hadde gjort heile sommaren heroppe. Det gjekk mykje ved, mest kvist, for åkoke ferdig brunosten. Etterpå rørte vi i denute, til han vart kald. Ei sleiv og eit trau varhjelpemidla - og hendene våre. Dei vartiblant slitne. Men slik var livet, ingen slingeri valsen. Osten kom i formene, fyrst den kvi-te, så den brune. Neste dag vart ostane tek-ne ut av formene, og brunosten vart fintglatta med ein kniv og sett opp på ei fjøl tiltørk.

Når fjøsstellet var over om morgonen, fekkein gå heim, for der venta skulearbeidet eller

eitkvart anna. Vi fekk alltid noko å gjera -måtte ikkje gå og slenge og finne på tull!

Om vårane gjette vi geitene ute i Skærda-len, ein dal nedafor sætra. Da hadde vi medoss niste, og vi la mjølkeflaska i Gravåa forat ho skulle halde seg kald til måltida. Vilytta etter geitbjølla time etter time. Vi måtteikkje gjete bort! Kom geitene ned på innmar-ka, vart det oppstandelse. Men det hendeberre ein gong, heldigvis.

Medan vi venta på kvelden der ute i Dala,måtte vi ha noko å ta oss til. Vi bygde hytterav strangar og eine, og fann oss emne tilblisterpiper som laga så skarp lyd at detskar i øyro. Vi hadde selskap i Farbregd-gje-tarane, som kom med ein stor flokk geiterfrå nedunder Raudhamaren. Det var helstOddvar som gjette der i grenda. Vi skar initi-alane våre inn i mangt eit tre, og vi laga ossråndåtstavar. Kniven var eit kjært reiskap åha med seg desse vårdagane før sæterflyt-tinga tok til. Det hende vi stal oss opp tilsætra ein svipptur, for vi tok til å lengte ditno. Berre sumaren ville koma! Vårdaganekunne vera både våte og kalde.

Vi mjølka geitene i sumarfjøset oppe påHolsgjelhaugen, og bar mjølka med ossheim. Mor koka osten i eldhuset.

I minna frå barndomen kling geitebjøllaklårt den dag i dag, saman med venlegebræk frå flokken når vi lokka dei med oss.Det var ikkje tale om vekepengar den tida,men eg trur vi fekk det som var meir verd.Eg takkar for alt vi fekk lære og oppleva ilivets skule den tid vi vaks opp

10