Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Studentbarnavisa Nr 5.
2018/2019
Bilde frå fagområdet: Tal, rom og form
Sogndal Studentbarnehage Dalavegen 10 6856 SOGNDAL Kontor: 90161334 Måne: 480 31 132 Sol/ Stjerne: 480 64 858 E-post: [email protected]
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Kort om stort og smått Dei neste månadane blir det mykje aktivitet i barnehagen. Følg med på oppslag på dørene. Vi set pris på at du seier ifrå dersom barna tek fri eller kjem seinare enn 9.30 ein dag, slik at barnet ikkje går ”glipp” av noko. Vi skal ha ein dugnad før 17. mai, me skal arrangere sommarfest, overraskingsdag/ kveld for dei som skal over i skulen, skulebesøk, 2 åringane på Sol og Stjerne skal verta kjend med ny avdeling og mykje, mykje meir. Vi har planlagt at vi skal på mange turar i tida som kjem. Fleire av turar vert teke på ”sparket” og er korte, men vi har òg nokre som er planlagde og dei vert litt lengre. NB: Hugs å ta med mat i matpakken som ikkje treng varmast. Dugnad 09. mai Noko av det første som står på plakaten no er dugnaden i barnehagen. Alle set av ein liten halvtime i samband med henting (enten de kjem kl. 14 eller seinare). Barnehagen har ein del raker, spadar, trillebår, men om det er nokon som har slikt utstyr er det fint om de tek det med. Det vert som tidlegare år berre enkle dugnadsoppgåver som; kosting, plukking av stein, raking og klypping av busker. FAU vil arrangere ein ekstra dugnadskveld for dei som ynkjer å bidra med måling ol. Meir info kjem gjennom FAU Kafé- gjengen deler opp frukt og grønsaker som vert serverar når vi er ferdig med arbeidet Klesbyttedag 9.mai Samstundes med dugnadsdagen har FAU samla inn brukte kleder i barnehagen som vil bli lagt fram på dugnadsdagen. Då kan dei som ynskjer det finne seg brukte klede til barna. Sjå info som ligg på mykid.
17- mai øving Onsdag 16 mai vil vi øve på å gå i 17. mai tog, synge nasjonalsongen og lage flagg. Vi går i tog rundt barnehagen, og feiringa vert avslutta med felles måltid kor det vert servert rømmegraut og spekemat. I fruktstunda vert det servert is i staden for frukt. Dette har vi gjort kvart år og er vi opplever det som ein fin tradisjon. FAU har ansvar for at fana blir henta og bært i barnetoget på 17.mai. Informasjon om kvar og når barnetoget startar, og om anna som skjer i Sogndal 17.mai, kjem på oppslagstavla og på mykid.
FAU lagar arrangement i barnehagen på 17.mai. sjå etter oppslag i barnehagen og på mykid.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Fotografering
Det vil bli tatt gruppebilder av barna i 13.Mai klokka 10.00. Det vil bli muleg å bestille gruppebilde for dei som ynskjer det.
Avslutning dag/ kvelden i barnehagen for dei som skal over i skulen Førskulegruppa har ein avslutting på sine år i barnehagen. Vi har lagt opp til ein tur med opplevingar, turgåing og kos. Vi vender tilbake til barnehagen på ettermiddagen der vi lagar mat, spelar spel og leitar etter skattkiste. Barna hentar ein derfor i barnehagen. (Meir utfyllande informasjon kjem).
Sommarfest 6. juni. Sommarfest i barnehagen starta i 15 tida og varer til ca. kl.16.30. Denne dagen inviterer vi alle foreldre og søsken til å komme i barnehagen for å ha ein avslutnings- fest saman med oss. Barnehagen ordnar med ein stor grill, vi har laga salat og hakkar opp frukt. Ta med sjølv de som ein ynskjer å grille. Dei yngste barna er med å pyntar borda, medan kafé- gruppa står for opp kutting av salat og deling av frukt.
Kafé-gjengen Kafé- gjengen har sommarfesten som sitt siste oppdrag, og barnehagen takkar dei for kjempegod innsats i året som har gått. På slutten av sommarfesten vil dei overlevere sine forklær til neste års kafe- gjeng.
Samarbeidsutvalgsmøte I løpet av juni vil vi ha møte i samarbeidsutvalet. Vi skal evaluere arbeidet vi har gjort, alt frå dokument, informasjonsflyt, pedagogisk arbeid, barnehagemiljøet mm. Om de har noko som de vil skal komme fram i dette møte, enten det er ros som de vil dele med oss, eller noko me kan endre på, ynskjer me tilbakemelding på det. Tilbakemeldingane vil vi bruke i planlegginga for neste barnehage år. Marius Salvesen (Pappa til Ingrid og Bjørk) er leiar for SU.
Planleggingsdagar Barnehagen har 1 siste planleggingsdag for dette barnehageåret, Barnehagen ynskjer å ha planleggingsdagen måndag 17.juni dersom den ikkje kolliderar med eksamen til studentar. Me vil melde ut om planleggingsdagen på mykid når denne er avklara.
Ferie I år er det første året me har feriestengt i 3 veke og ikkje i heile juli mnd (jamfør nye vedtekter pr 01.08.2019). Barnehagen er stengt i veke 28, 29 og 30. Dersom barnet ditt tek meir ferie enn dei 3 vekene ynskjer me å ha tilbakemelding på det. Personalet vil ta 4 veker samanhengande ferie, noko som gjer at me i veka før og etter feriestengt vil me slå saman avdelingane heile eller delar av dagane.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Tidlegare erfaringar viser at ein del tek tidleg sommarferie. Det er fint om de kan gje melding om dette, fordi vi ønskjer å ta eit skikkeleg farvel med barn og foreldre og at alt av utstyr, produkt mm. er klart til å takast med når de hentar siste dagen. Vi vil og freiste å få til litt avspasering for personalet om det vert mindre barn i periodar. Derfor er det fint om de gjer beskjed om de veit at det er dagar barna tek fri. Siste dag før sommarstengt barnehage er fredag 5. juli. Første dag etter sommarstengt barnehage er mandag 29.juli. Barnehagens planleggingsdag blir i år 5.august. (ikkje 1. og 2. august som me hadde etter gamle vedtekter.)
Takkar alle for eit godt samarbeid!
Ynskjer alle ein god sommar! Lykke til vidare for dei som skal slutta og velkommen tilbake til dykka andre!
Benedikte
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Avdeling Sol og Stjerne Evaluering av mars og april avd Sol og Stjerne I løpet av mars og april har vi hatt mykje fokus på fagområda mengde, rom og form og kunst, kultur og kreativitet. Både i leiken og samlingstundene har vi vore opptekne av å gjere barna oppmerksam på kva ulike former som finns rundt oss, til dømes har vi vore på tur og leita etter trekantar (tak, skilt, vinguer og gjerder). I tillegg har vi brukt songen «Se min kjole» kor vi samtidig har hatt med dokka Kari som har ein kjole forma som ein trekant. I formingsaktivitetane har barna mellom anna fått vere med å klippe ut trekantar, sirklar og firkantar. Tall og teljing jobbar vi med både i formelle og uformelle situasjonar heile året. I år har vi brukt tall av tre som barna har
fått utdelt når vi teljer. Teljing er noko vi ser barna har stor interesse av og får dei muligheit til å telje så gjer dei det. I år har vi også hatt meir fokus på begrepet «rom» til dømes har barna laga bilar som dei kunne sette seg inni og vi har brukt puttekasse. I begynnelsen av perioden pynta vi avdelingane med store og små former. Vi merka at barna har fått ein økt interesse for dei ulike formene og har tatt med begrepa i leiken sin. I taket og over spisebordea er det blitt hengt opp uroer,
noko som barna sitter å studera og som ofte førar til mange kjekke samtalar. Måndag 11 mars hadde vi akedag i Hodlekve for dei eldste barna på Stjerne og Sol. Det vare strålande vær og alle som var med storkosa seg. Tysdag 12 mars var det barnehagedag kor temaet var «Eg lurar på» Denne dagen delte vi barna inn i ulike grupper og hadde laga til ulike stasjonar som alle fekk vere innom. På dei ulike stasjonane var det alt i frå såpeboble, skyggefigurar til å studere fargar som blanda seg med kvarandre. Det å undre seg ilag med barna kan vere med på å vekke nye interesse hos barna, samtidig som det kan vere med på å bygge vennskap, gode minner og gode relasjonar mellom store og små. I fjor var personalet i Bergen, kor vi fekk besøke ei som heite Trude Anette Brendeland som har nettsida Fantasifantasten. http://www.fantasifantasten.no/
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Denne sida har gitt oss mykje inspirasjon, til dømes hoppeparadis og toodler bilar der barna fekk erfare kva ulike former som finnes på ein bil. I tillegg blir kuben og legobordet som vart laga i fjor ofte brukt og er veldig populære hos barna.
I mars da det fortsatt var ein del is på leikeområdet på framsida, nytta vi ein god del av området på baksida. Der har vi leika i toget, aka, og leika i leikehuset. Måndagane har vi hatt fysisk aktivitet med dei eldste barna, kor ein brukt område på baksida av barnehagen og lagt til rette for diverse fysiske aktivitetar. Dei minste i barnehagen har hatt fysisk aktivitet inne der ein har dansa, trena på balanse, hopping, kryping og mykje meir. Dette har vore veldig kjekt. I tillegg har vi hatt studentar som har hatt ulike opplegg med barna. Då det nærma seg påske, starta me med påskeaktivitetar. Det viktigaste for oss er å finne formingsaktivitetar som passar for små barn. Det skal vere barna sitt produkt. Dette fekk me fint til i år. Vi brukte pappfat, mala dei gule og pynta med fjør og auge. Dette vart fine påskekyllingar. I tillegg laga vi egg av ull som barna fekk tove. Det å jobbe med ull var ein heilt ny oppleving for barna, nokre av barna klemte og rulla medan andre var litt meir skeptisk men fant etter kvart ut at det var spennande og kjekt. I forbindelse med påskefrukosten planta vi karse. Det var barna med på å plantre, vatne og smake på. Påskefrukosten med foreldra var vellukka. Godt oppmøte og veldig god stemning! Før påskeferien hadde vi felles samling der avdeling Sol hadde laga til eit spennande opplegg med påskekyllingar og avslutta det heile med kanokor. Torsdag 4 april var det SAMAN dag. Veldig kjekt at foreldra tok seg tid til å komme inn på avdelingane der barna fekk vise kva dei held på med og kva dei hadde laga.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Tida etter påske har vi smått begynt å sjå på at naturen vakna til livet etter den kalde vinteren. Både store og små har leita etter små krypdyr noko som er veldig spennande. Planar for mai og juni Me skal desse månadane ha fokus på fagområda: nærmiljø og samfunn, samt kropp, rørsle og helse. Barna som skal begynne på avd. Måne skal gå mykje på besøk der og gjera seg kjent. Dei skal få vere med i samling, og få ete maten sin på avd Måne. Ein vaksen frå avdelingen til barnet, blir med på dette besøket. I mai jobbar me vidare med tema ”våren”. Gå på turar for å observere endringane i naturen og kva som finst i naturen rundt Barnehagen. På denne måten blir me også meir kjende med nærmiljøet og samfunnet rundt oss. Me leitar etter krypdyr som mark og maur og observera dei! Me skal og fortsette å fylje med fuglane, reiret, egga og fugleungane. Snakka om kva fuglane heiter, kva dei eter og høyre dei «kvittra». Me skal plante frø og sjå det spirer. Det er fast tradisjon i barnehagen å øve til 17. mai. Me synger ”Ja, vi elsker” og lagar flagg. I år skal me markere 17. mai i barnehagen torsdag 16. mai. Då går me i tog rundt om på uteområdet vårt og synger 17. mai songar. Etterpå går me inn og kosar oss med rømmegraut og spekemat. Kvar vår går me på tur for å sjå på lam. Me besøker ein gard i nærleiken der me veit det er lam. Me gleder oss! Tema: Livet i sjøen og i fjøresteinane. Dette vil me gjere i slutten av mai. Me skal gå på tur ned til sjøen og sjå kva me finn i fjøresteinane, under steinane og i sjøen.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Kva liv finnes det? Fisk? Krypdyr? Kva veks det i sjøen? Og på land? Og så må me leite etter formingsmateriell. I år vil me og lage akvarie som skal stå ute. Her vil me hente inn liv frå sjøen som me skal observere. (krabbe, sjøstjerne, bråkebolle mm) Dette skal me bringe levande tilbake til sjøen. Me vil sløye fisk og tilberede fisk til mat. Me pyntar avdelingane med det me finn i sjøkanten. (Skjell, stein, tang rekved, garn mm) Samtidig jobbar me med miljø. Me plukkar med oss avfall når me er på tur til sjøen. Dei eldste på avd Sol og Stjerne skal få vera med avd Måne på tur til Museet. Her får barna kjennskap til gamle tradisjonar og nærkontakt med Norske husdyr.
I juni vil me legge opp til å ta dagane som dei kjem. Me vil ha fokus på barns medverknad. Det vil seia at barna skal ha muligheit til å påverke sin eigen kvardag. Her er det viktig at personalet har god tid til å observere kva barna seier verbalt og kva kroppsspråket seier. Små barn gir ofte tydeleg utrykk av kva dei meiner gjennom kroppsspråk. Slik kan små barn vere med på å motivere og påverke kvardagen i barnehagen. Her er det viktig at barna møter tydelege og ansvarsfulle vaksne som tek omsyn til heile gruppa. Elles er juni utetid. Me vil bruke uteområde og nærmiljøet flittig. Gå på tur, plukke blomster, oppsøke andre leikeplassar, ete maten vår ute mm.
Nærmiljø og samfunn
Barnas medverknad i kvardagen i barnehagen legg grunnlaget for vidare
innsikt i og erfaring med å delta i eit demokratisk samfunn. Gjennom
utforsking , opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna
kjende med sitt eige nærmiljø, samfunn og verda.
Fagområde skal omfatte kjennskap til samisk, kultur og tradisjon og kjennskap
til nasjonale minoritetar.
Medverknad: Barnehagen skal sikre barna sin rett til medverkning ved å
leggje til rette for og oppmuntre til at barna kan få gitt uttrykk for kva dei
synes om den daglege verksemda i barnehagen. Alle barn skal kunne erfare
å få påverke det som skjer i barnehagen.
Ein skal vektleggje synspunkta til barna i samsvar med alder og modenskap.
Jmf. Rammeplan for barnehagen
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Songar me syng i mai og juni: - Ja, vi elsker dette landet… - Lille måltrost… - Eg gjekk ein tur på stien… - Historien om 3 små fisk… - Alle fugler… - Ro, ro til fiskeskjær… - Fløy ein liten blåfugl… - Ro, ro til Siraland… - Bæ, bæ lille lam… - Blomster små, gule blå… - Frøet lå i jorda svart… -Vi sitter her å ror… Helsing Personalet Sol og Stjerne
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
MAI
Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
18
29.04 30.04 1.Bhg stengt 2.
Miljø: Ut å plukke boss!!
3.
19
6.
Felles turdag
2016 barna kvar
måndag ut mai.
7.
8.
2016 barn frå
sol og stjerne
samling på
måne.
9.
Dugnad
10.
Me
feirar:
Matheo
3 år Hurra!
20
13.
14.
15.
16. Me
markerer 17.
mai ! Mat:
Rømme-graut og
spekemat.
17.
Grunnlovsdag.
Bhg stengt.
21
20. 21. 22. 23.
Me
feirar:
Kasper
3 år Hurra!!
24.
22
27.5.
28.5. 29.5. 30.5.Kristihimmel-
fartsdag.
Bhg. er
stengt
31.5.
Våren, naturen våknar til liv. Plante frø,
tre, fuglar legger egg mm.
Tema: Sjøen og livet i fjæra
Tema: Sjøen og livet i fjæra
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
JUNI Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
23
3.
4.
5.
6.Sommarfest 7.
24
10.
2. pinsedag
Bhg er stengt
11. 12. 13. 14.
Me feirar: Even
og
Jesper
3 år
Hurra!
Sløye fisk!!
Mat: Me til-
beredar fiskemat
av fisken me har
sløya.
25
17.
Planleggingsdag
Barnehagen er
stengt
18.
19. 20.
Me
feirar:
Yohan
3 år Hurra!
(Bursdag 21.06)
21.
26
24. 25. 26.
Me feirar: Emilia
2 år Hurra!
27. 28.
27
01.
02. 03. 04. 05.
Tema: Sjøen og livet i fjæra
Medvirkning
Tema: Sjøen og livet i fjæra
Vi tek dagane som dei kjem.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Avdeling Måne
Evaluering mars og april - Måne
11. mars hadde me ein flott akedag i Hodlekve. Det er stas å køyre buss, og me
hadde mykje moro i bakken. Vêret var strålande og me hadde heile bakken for oss
sjølv. Det var første gang me var i Rindabotn, og det fungerte kjempebra. Til lunsj
kosa oss med pølse m/lompe.
12. mars vart Barnehagedagen markert over heile landet. Temaet var barnehagen
sitt arbeid med barn si undring og nysgjerrighet. Slagordet: «Eg lurer på ...». På
Måne brukte me heile mars månad til å undre oss i lag om små og store
kvardagslege ting. Dette enda opp i ein sansevegg på baksida av barnehagen, der
me har sett saman røyrer og flasker til ei vann/sand/stein-leike. Me har undra og
eksperimentert for å finna den beste løysinga. Me har oppdaga att det ikkje passa i
hop, og at røyrene ikkje har vore tette. Me har sortert steinar etter størrelse og talt kor
mange som kom i gjennom røyret. Me har brukt opp vatnet i sølepytten, for so å
undre oss over korleis sølepytten har fylt seg opp att. Me har gjort mange
oppdagingar, og barna si undring og medverknad har vore i fokus.
På same tid kom 2 blu-student Karoline tilbake til oss. Ho var hjå oss i 5 veker og
fekk god trening i å vere leiar på avdelinga, og å planlegge og gjennomføre
aktivitetar.
I mars og april har me jobba med fagområda «Tal, rom og form» og «Kunst, kultur og
kreativitet». Me har snakka om, leita etter og laga bilete, uro og figurar med ulike
former og tal. Barna snakkar mykje om det dei ser, og me har vore innom formene
kvadrat, rektangel, trekant, rombe og sirkel. Me har laga paradis i garderoben, noko
som har fenga både små og store. Den er dekorert med tal og mengd, og har invitert
barna til å vere fysisk aktive.
I år var påsken i midten av april, og me starta påskeførebuingane siste veka i mars.
Barna laga fin påskepynt som me pynte opp avdelinga med, ei stund før dei tok det
med heim. Kafègjengen planla og inviterte til påskefrukost. Det er alltid kjekt med
masse besøk til frukosten. Takk til alle som kom! Barna syns det var litt dumt at
ordføraren ikkje kunne komme. Håpar han kan komme ved eit seinare høve. HM
Kongen og HM Dronninga HKH Kronprinsen og HKH Kronprinsessa, kunne
dessverre ikkje komme dei heller. Heldigvis fekk me eit fint brev fråd ei, med bilder og
takk for den flotte invitasjonen
Siste dag før påske, vart alle invitert til fellessamling på Sol. Der fekk me vere med
på dramatisering og sang, med vår og påske som tema.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Rett før påske fekk me
invitasjon til å vere med på
sokkis-teater, der
barnevernstudentar
dramatiserte for oss. Me fekk
sjå fem ulike teater, før
studentane tok oss med på å
lage våre eigne sokkisar. Det
var veldig kjekt!
I april har våren komme med
det flotte vèret, og me har hatt
mykje leik og aktivitet ute. I
løpet av påsken har gras og tre begynt å bli grøne. Barna er ivrige med å grave i
molda og leite etter både makk og sniglar.
Me har laga oss minidrivhus, der me har sådd ulike frø, blant anna fløyelsblomst,
grasløk og salat. Seljefløyte har me òg prøvd oss på, men det fekk me ikkje til.
Kanskje me var for seint ute i år?
Elles er barnegruppa i år ivrige på å teikne og perle. Det har vore storproduksjon på
avdelinga, med mange flotte, detaljerte og fargerike teikningar og perlebrett. Mange
er også ivrige på å skrive bokstavar og lærer av kvarandre.
I denne perioden har me hatt fleire korte og lange turar til Rutlin, Kaien, Sjøkanten,
Fjordstien, Elvatunet, Gjest Baardsen-huset m.m.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Planar framover
Turar:
Mai og juni er fine månadar å komme seg på tur. På denne måten blir me meir
kjende med nærmiljøet og samfunnet rundt oss. Sjøen, med fjordstien, sjøkanten og
Hagelin er ynda turområde på denne tida. Rutlin og Gammen med sitt fine
leikeområde, og parken er òg aktuelle områder me vil besøke. Framover håpar me
det blir mykje godt vårvêr, slik at me kan gå på turar og fortsetje å følgje med på at
naturen vaknar til liv, og oppleve gleda med å vere i naturen. (Plukke blomster, ete
maten vår ute mm.)
Våren er i full gang, og dyrelivet er i full utvikling. Barna finn mange ulike insekt i
barnehagen og på tur. Dette er noko me prøver å bygge vidare på, og finne ut meir
om dei ulike insekta saman med barna. Me høyrer fuglane kvitrar og måsane skrike,
og ventar i spenning på om måseungane dett ut av reiret i år òg. Lamminga har
allereie vart ei stund, og sauene begynnar å komme ut på markene. Me går turar til
Nes for å sjå på lamma.
Kvar måndag i mai skal barna fødde i 2016 vere med barna i same aldersgruppe frå
Sol og Stjerne, på turdag. Då vil ein vaksen frå Måne, samt nokre av dei største
barna følgje med. Turen vil i hovudsak vere til Gammen, like bak barnehagen, der dei
leikar og kosar seg med lunsjen før dei går ned att.
Åkeren:
I midten av mai månad er det tid for å sette poteter, gulrøter og andre grønsaker i
åkeren igjen. Dei eldste barna, og dei som blir eldst til neste år blir med på den
aktiviteten. Det er dei eldste som har ansvar for å passe og stelle åkeren. Denne
våren vil me starte så-prosessen inne, og her skal dei yngste på avdelinga få ei aktiv
rolle. Barna skal plante frø, passe på og vatne og følgje med om det spirer. Me
fortset med vårsongane, ser på vårteikn i naturen som fuglar, knoppar på trea og
spirande blomster og gras.
17. mai:
I første del av mai, er det 17.mai som står i sentrum. Det er fast tradisjon i
barnehagen å øve til 17. mai. Me syng ”Ja, vi elsker” og lagar flagg. I år skal me
markere 17. mai i barnehagen torsdag 16. mai. Då går me i tog rundt om på
uteområdet vårt og synger 17. mai songar. Etterpå går me inn og kosar oss med
graut og spekemat.
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
Tema i juni:
Tema i juni er livet i sjøen og i fjøresteinane. Me skal gå på tur ned til sjøen og sjå
kva me finn i fjøresteinane, under steinane og i sjøen. Kva liv finns det? Fisk?
Krypdyr? Kva veks det i sjøen? Kanskje må me, når me kjem heim etter tur, leite i
bøker og på data etter meir informasjon. Me leitar og etter formingsmateriell. Me vil
sløye fisk og tilberede den til varmmat på ein fredag.
Fagområda:
Dei fagområda vi har mest fokus på i mai og juni er Nærmiljø og samfunn, Kropp,
rørsle og helse og Natur, miljø og teknikk.
«Natur, miljø og teknikk: Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og
aktivitetar til alle årstider og i all slags vêr. Naturen er ei kjelde til
skjønnheitsopplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk» (Rammeplanen).
«Nærmiljø og samfunn: Barnehagen skal bidra til at barn møter verda utanfor
familien med tillit og undring. Barn skal få utforske og oppdage nærmiljøet sitt.
Fagområdet omfattar og korleis media påverkar kvardagen til barna» »
(Rammeplanen).
Overgang barnehage-skule:
Førskulegruppa vil nokre gonger flyttast til andre dagar enn fredag, pga. skulebesøk,
fridagar eller andre aktivitetar. Allereie i april, var me på vårt første besøk i klasse 3
A. Då fekk me vere med på engelsk og litt data-jobbing. 8. mai skal me tilbake og
besøke den same klassen (Sjå vekeplan). I mai og juni fortset me å jobbe med
generell sosial kompetanse og sjølvstende. Me skal leike oss med tal og bokstavar,
og øve oss på å hugse ting. Førskulegruppa avsluttar barnehagetida med ein tur og
ekstra kos i barnehagen. Slik det ser ut no blir det i starten av juni. Dei det gjeld vil får
eit eige skriv om dette.
Førskuledagen har me ikkje fått dato på pr. no. Den plar å vere i midten av juni. Då
får barna møte klassen og læraren sin. Det er ein dag der personalet følgjer barna,
so de foreldre må vente i spenning til første skuledag;-)
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
«Det skal leggas til rette for at barn kan ta avskjed med barnehagen på ein god måte,
glede seg til å byrje på skulen og oppleve at det er ein samanheng mellom
barnehage og skule» (Rammeplanen).
Overgang småbarnsavdeling-storbarnsavdeling:
Det er 8 barn frå Sol/stjerne som skal begynne på Måne til hausten. Frå og med mai
vil dei vere med oss på Måne ein gang i veka, der dei er med på samling, i leik, og
ete lunsj. Då blir barna betre kjend med rutinar, barn og vaksne på Måne.
Barnas dag på museet:
Me har i år òg fått invitasjon til barnas dagar på museet, Dei Heiberske samlingar.
Den vert torsdag 13. juni. Meir info kjem på MyKid og vekeplanen.
Melding heim:
Me håpar sola og varmen held fram med å besøke oss i mai og juni, og i det høve vil
me minne om at de sørgjer for å sjekke kva klede barnet dykkar har i korgene sine.
Ta med heim det som ikkje trengs lenger, men ha gjerne ein varm genser,
hue/panneband og vottar/hanskar liggande. Det kan komme kaldare dagar inni
mellom. Viktig å hugse på i desse tider er solbriller, solkrem og solhatt/caps.
Me ynskjer at de tek solkrem på barna før de kjem i barnehagen, og at barnet har ein
eigen solkrem i korga si, slik at vi kan smørje dei på nytt utover dagen.
Minner om at kle og sko som heng/står i yttergarderoben, skal takast med heim
kvar fredag. Dette er for at reinhaldar skal kunne vaske garderoben.
Er det noko de lurer på, så er det berre å ta kontakt.
Helsing personalet på Måne
Songar vi syng i mai og juni:
- Ja, vi elsker dette landet - Frøet låg i jorda svart
- 17. mai-sang for dei små - Blomster små, gule blå
- Månadsang for mai og juni - Eg gjekk meg over
sjø og land
- Eg gjekk ein tur på stien. - Historia om 3 dei tre
små fisk
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
V Mandag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
18 29.
Me lagar drivhus denne
veka
30. Leikegrupper
Møtedag
1.
Arbeidarane sin dag
Bgh er stengt
2. Tur
3. Førskule- gruppe
Varmmat -
Fiskepinnar, potetstappe og
grønsaker
19 6.
2016 barna på tur med
Sol og Stjerne
måndagane i mai
7.
Leikegrupper
Møtedag
8. Hurra,
Khalil 5 år!!
Førskulegr. på
skulebesøk
9. Dugnad ved henting og
Klebyte-dag
10.
Førskule-gruppe
Varmmat
20 13.
Fotografering frå kl 10
Me jobbar i
åkeren denne veka
14. Leikegrupper
Møtedag
15.
Førskule-gruppe
16. Markering av
17. mai
Varmmat -rømmegraut og spekemat
17.
17. mai, Hurra!!
Bhg stengt
21 20.
Me jobbar i åkeren denne
veka
21.
Leikegrupper
Møtedag
22.
23.
24.
Førskule-gruppe
Varmmat
22 27. Me jobbar i
åkeren denne veka
28. Leikegrupper
Møtedag
29.
Førskule-gruppe
30. Kristi
himmel- fartsdag
Bhg stengt
31. Varmmat
Sei gjerne ifrå om du tek fri
denne dagen
MAI
Studentsamskipnaden på Vestlandet Parkveien 1, 5007 Bergen
www.sammen.no
V Mandag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag
23
3.
4.
5.
6. Sommarfest
7.
Førskule-gruppe
Varmmat
24
10.
2. pinsedag
Bhg er stengt
11.
12. Zara og
Milkyas 6 år, hurra!!
13.
Barnas dag på museet
14. Førskule-gruppe
Varmmat -laks/aure
25 17.
Planleggings-dag
Bhg er stengt
18.
19. Tur
20. Leikegrupper
21.
Varmmat
26 24.
25.
26. Tur
27. Leikegrupper
28.
Varmmat
27 1/7
2/7
3/7 Tur
4/7 5/7 God Sommar!!
«Livet i fjæra og sjøen» i heile juni
JUNI