bordalsgjelet - hordaland€¦ · bulken. fig. iii: i dag. bordalsgjelet. oss sentrum. b d a f c *...

1
BORDALSGJELET N GB D Landskapet omkring Voss er eit resultat av at elvar og brear har grave i ulike bergartar. Fyllitt (omvandla leir- skifer) finn ein omkring Vangsvatnet og eit stykke oppetter Bordalen, medan hardare bergartar som kvartsitt og granitt dominerer i fjellområda. Før istidene starta for om lag 2-3 mill. år sidan, hadde elvane grave ut dalar, og fjellskred hadde gradvis gjort dalane breiare. Det rann då ei elv gjennom ”Vossadalen”. Sideelva frå Bordalen rann i botnen av ein vid dal i høgde med dei markerte ”dalhyllene” ved Gjelle – Rokne. Bordalselva munna ut i ”Vossadalen” om lag 200 høgde- meter over dagens innsjø (fig. I). Vangsvatnet er eit resultat av isebrears arbeid gjennom mange istider som stadig grov Vossadalen djupare medan Bordalen ikkje vart endra mykje (fig. II). Elva i Bordalen fekk då eit bratt fall ytterst i dalen og dette førde til at ho fekk god fart og grov seg stadig djupare ned midt i dalen. Den gamle dal- botnen vart ståande att som ”dalhyller” og Bordalsgjelet vart danna (fig. III). Grunnen til at gjelet er så trongt er at elva har gravd i botnen av dalen medan skred på sidene ikkje har fått tid til å utvida det relativt unge gjelet. På det smalaste er gjelet ca. 1 m breitt, medan dei steile bergsidene fleire stader er over 50 m høge. VIS RESPEKT OG OMTANKE FOR VÅR FELLES NATUR- OG KULTURARV! HORDALAND FYLKESKOMMUNE OG VOSS KOMMUNE. BORDALSGJELET VERT TIL / HOW THE BORDAL GORGE WAS FORMED / DIE ENTSTEHUNG DER FEHLSENSCHLUCHT BORDAL TEKST OG REDAKSJON: Hordaland fylkeskommune og Voss kommune, 2010 GRAFISK FORMGJEVING: Hordaland fylkeskommune FOTO: Gunnar Bergo The gorge itself is composed of phyllite, which is one of the ”softer” kinds of rock. In the surrounding mountains above the gorge, there are harder kinds of rock such as quartzite and granite. The gorge was mainly formed during the last Ice Age, which lasted from approx. 115,000 to 10,000 years ago. The river under the glacier washed down large quantities of glaciofluvial material, containing hard rock and boulders, which ground down into the softer rock, carving out the gorge. Some large potholes are visible in several places. At the end of the last Ice Age, large quantities of glaciorfluvial material had accumulated under the glacier. The gravel pit (fig. F) is a part of this deposit. Bordal Gorge is approx. 5 km long. There is trout in the river, and if you are lucky, you may see mink hunting for fish. Norway´s national bird, the Dipper (Cinclus cinclus), nests here every year. Der Gesteinsboden der Bordal-Felsenschlucht besteht aus Tonschiefer, einer weichen Gesteinsart. Weiter oberhalb an den Hängen kommen harte Gesteinsarten wie Quarzit und Granit vor. Während der letzten Eiszeit vor ca. 115.000 bis 10.000 Jahren wurde die Felsenschlucht Bordal durch den Fluss, der unter dem Gletscher Schmelzwasser und Sedimente mit sich führte, geformt. An mehreren Orten entstanden große und deutliche Gletschertöpfe – kreisrunde Vertiefungen im Fels, die von im Strudel kreisenden Geröllstücken ausgehöhlt wurden. Gegen Ende der letzten Eiszeit lagerten sich ausgedehnte Kiesmassen unter dem Gletscher ab. Die Kiesgrube (Pkt. F) bildet einen Teil dieser Massen. Die Felsenschlucht Bordal ist ca. 5 km lang. Im Fluss gibt es Forellen und mit etwas Glück kann man Nerze beim Fischfang beobachten. Norwegens Nationalvogel, die Wasseramsel (Cinclus cinclus), brütet jedes Jahr in der Schlucht. GJELET MED JETTEGRYTER Elvar grev lettast langs sprekker i fjellet. Elva endrar difor retning fleire gonger, slik som rett nedanfor brua, der elveløpet dannar ein 90 graders vinkel. Fyllitt er ein relativt mjuk bergart. Elva transporterer hardare stein og grus (kvartsitt, granitt og greis) frå øvre delar av Bordalen. I det tronge elveløpet er det svært turbulent ved stor vassføring. Ujamne fjell- sider fører og til kvervlar som dannar bakevjer der steinmaterialet sliper seg inn i fjellsida. Slik er dei halve jettegrytene rett under brua danna. Prosessen er framleis aktiv under flaumperiodar, men det var enno meir vatn og slipemiddel ved slutten av istida då store smeltevasselvar rann under den nedsmeltande innlandsisen. TILRETTELAGDE STIAR M.M. A Parkeringsplass, informasjonstavle, avfallsdunk, sti til utsiktspunkt under brua. B Sti til utsiktspunkt. C Sti til berghole og utsiktspunkt inne i gjelet. D Gamalt brufeste. E Gamalt brufeste. F Grustak, bre-elv avsetning. MARKED PATHS ETC. A Car park – Notice board – Rubbish bin – Path to the viewpoint under the bridge. B Path to the viewpoint. C Path to the cavern and viewpoint in the centre of the gorge. D Foundations for old bridge. E Foundations for old bridge. F Gravel pit – glacial/river deposits. MARKIERTE PFADE ETC. A Parkplatz, Informationstafel, Abfalltonnen, Pfad zum Aussichtspunkt unter der Brücke. B Pfad zum Aussichtspunkt. C Pfad zu Berghöhle und Aussichtspunkt in der Felsenschlucht. D Altes Brückenfundament. E Altes Brückenfundament. F Kiesgrube, Gletscherfluss-Sedimente. RAUNDALSELVA VOSSADALEN BORDALEN Fig. I: Før istidene RAUNDALSBREEN SMELTEVASSELV BORDALSBREEN Fig. II: Under siste istid BORDALEN BØMOEN VANGSVATNET ROKNE GJELLE BULKEN Fig. III: I dag Bordalsgjelet Voss sentrum B D A C F * * E I Fyrste del av kvartærtida, (2-3 mill. år sidan) II Siste istid (ca. 115.000-10.000 år sidan) III Situasjonen i dag I First part of the Quarternary period, (2-3 million years ago) II Last Ice Age (approx. 115,000-10,000 years ago) III Today´s situation I Erster Teil der Quartärzeit, (vor 2-3 Mio. Jahren) II Letzte Eiszeit (vor ca. 115.000-10.000 Jahren) III Die heutige Situation FARE! Gå ikkje utanom dei tilrettelagde stiane! På vinteren kan sti C vera stengd. Vis respekt for naturen, skog og dyrka mark. BEWARE – DANGER! Please keep to the marked paths. Path C can be closed in winter-time. Please show respect for the countryside, woods, forests and cultivated land. WARNUNG! Halten Sie sich niemals außerhalb der markierten Pfade auf! Im Winter kann Pfad C geschlossen sein. Nehmen Sie Rücksicht auf die Natur, den Wald und die Landwirtschaft. LAUSMASSAR FRÅ SLUTTEN AV ISTIDA Mot slutten av siste istida, for om lag 10.000 år sidan, førde breelva frå Bordalen med seg mykje lausmassar. Elva rann under isbreen, og då ho nærma seg Vangsvatnet avtok farten og det grovaste materialet vart avsett i ei stor vifte i eit holrom under isen. Denne grusvifta vart bygd opp til 176 m.o.h. på vestsida av gjelet, (128 m høgare enn Vangsvatnet) . Grustaket rett vest for brua syner noko av desse massane (F) . Då siste isresten smelta i Vangsvatnet grov elva seg ned i denne vifta og transporterte materialet ut i sjøen (”Vossafjorden”) , som på den tida gjekk heilt inn til Palmafossen. Materialet vart bygd ut som eit delta som i dag utgjer Jernesmoen. Undersøkingar tyder på at havnivået då var 50 m høgare enn Vangsvatnet. (”marin grense” = 97 m) . Landet steig etter at istrykket var borte, og det vart bygd delta i stendig lågare nivå til havnivået fall under terskelen ved Bulken. Vangsvatnet vart difor ein innsjø for om lag 9000 år sidan. Dei lågare deltaflatene finn vi no att som terrassar. NATUREN I GJELET Bordalsgjelet er ca. 5 km langt. Høgaste punkt i nedslagsfeltet er Skjemmenut (1351 m.o.h.). I elva finst det aure, og i den nederste delen også laks og sjøaure. Er ein heldig, kan ein sjå mink på fisketur oppover elva. Fossekallen, Noregs nasjonalfugl, hekkar i gjelet og finn mat i elvestryka. I liene over gjelet er det ei blanding av lauvskog (m.a. osp, gråor, bjørk) og plantefelt av gran. På våren og sommaren er det eit yrande fugleliv i dei bratte liene. Er du heldig kan du m.a. sjå tårnfalk, grønspett og nøttekråke i området. Ravnen hekkar inne i gjelet. BRUHISTORIE Å kryssa det djupe og stupbratte Bordalsgjelet har vore ei stor utfordring for vossingane. Vogner og kjerrer var lite i bruk på Voss før om lag 1850, dermed var det og heller skralt med vegar og bruer. I eldre tider vassa folk over den nederste delen av elva, like over Vangsvatnet (Jovadet) . Om lag 150 m nedanfor eksisterande bru kan ein framleis sjå restane (E) av støet frå den aller første brua som vart bygd over elva. I 1860 vart det bygd ny bru om lag 500 m lenger nede. Ved århundreskiftet vart det bygd ny veg og det kom ny bru. Restane av denne (D) kan ein sjå like ovanfor eksisterande bru. Brua som går over gjelet i dag vart bygd i 1955 og er ei såkalla ”bogebru” i betong. Lengda på brua er 32 m, akkurat den same som avstanden ned til elva under. BERGHOLENE Dei talrike holene oppetter Bordalsgjelet kunne nok vera ein god gøymestad for den som hadde trong for det. Under siste verdskrigen vart det m.a. gøymt våpen i hola ved enden av stien (C) . Det vart også fortalt at ein russisk fange på flukt frå tyskarane heldt seg skjult ein stad inne i gjelet. I den nedre delen av Bordalsgjelet har elva grave ut store jettegryter. På det smalaste er gjelet ca. 1 m breitt Det finst fleire bergholer i gjelet . I to av dei er det laga til benker så ein kan ta ein kvil Det er luftig utsikt til gjelet frå det innerste utsiktspunktet på sti C Fossekallen hekkar årleg nede i elvegjelet. Den finn vasslevande innsekt ved å dykka i elva På kalde vintrar frys elva og det vert danna store iskjukklar langs sidene

Upload: others

Post on 13-Aug-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: BORDALSGJELET - Hordaland€¦ · BULKEN. Fig. III: I dag. Bordalsgjelet. oss sentrum. B D A F C * * E. I Fyrste del av kvartærtida, (2-3 mill. år sidan) II Siste istid (ca. 115.000-10.000

BORDALSGJELET

N

GB

D

Landskapet omkring Voss er eit resultat av at elvar og brear har grave i ulike bergartar. Fyllitt (omvandla leir-skifer) finn ein omkring Vangsvatnet og eit stykke oppetter Bordalen, medan hardare bergartar som kvartsitt og granitt dominerer i fjellområda.Før istidene starta for om lag 2-3 mill. år sidan, hadde elvane grave ut dalar, og fjellskred hadde gradvis gjort dalane breiare. Det rann då ei elv gjennom ”Vossadalen”. Sideelva frå Bordalen rann i botnen av ein vid dal i høgde med dei markerte ”dalhyllene” ved Gjelle – Rokne. Bordalselva munna ut i ”Vossadalen” om lag 200 høgde-meter over dagens innsjø (fig. I). Vangsvatnet er eit resultat av isebrears arbeid gjennom mange istider som stadig grov Vossadalen djupare medan Bordalen ikkje vart endra mykje (fig. II). Elva i Bordalen fekk då eit bratt fall ytterst i dalen og dette førde til at ho fekk god fart og grov seg stadig djupare ned midt i dalen. Den gamle dal-botnen vart ståande att som ”dalhyller” og Bordalsgjelet vart danna (fig. III). Grunnen til at gjelet er så trongt er at elva har gravd i botnen av dalen medan skred på sidene ikkje har fått tid til å utvida det relativt unge gjelet. På det smalaste er gjelet ca. 1 m breitt, medan dei steile bergsidene fleire stader er over 50 m høge.

VIS RESPEKT OG OMTANKE FOR VÅR FELLES NATUR- OG KULTURARV!

HORDALAND FYLKESKOMMUNE OG VOSS KOMMUNE.

BORDALSGJELET VERT TIL / HOW THE BORDAL GORGE WAS FORMED / DIE ENTSTEHUNG DER FEHLSENSCHLUCHT BORDAL

TEKST OG REDAKSJON: Hordaland fylkeskommune og Voss kommune, 2010GRAFISK FORMGJEVING: Hordaland fylkeskommuneFOTO: Gunnar Bergo

The gorge itself is composed of phyllite, which is one of the ”softer” kinds of rock. In the surrounding mountains above the gorge, there are harder kinds of rock such as quartzite and granite. The gorge was mainly formed during the last Ice Age, which lasted from approx. 115,000 to 10,000 years ago. The river under the glacier washed down large quantities of glaciofluvial material, containing hard rock and boulders, which ground down into the softer rock, carving out the gorge. Some large potholes are visible in several places. At the end of the last Ice Age, large quantities of glaciorfluvial material had accumulated under the glacier. The gravel pit (fig. F) is a part of this deposit. Bordal Gorge is approx. 5 km long. There is trout in the river, and if you are lucky, you may see mink hunting for fish. Norway s national bird, the Dipper (Cinclus cinclus), nests here every year.

Der Gesteinsboden der Bordal-Felsenschlucht besteht aus Tonschiefer, einer weichen Gesteinsart. Weiter oberhalb an den Hängen kommen harte Gesteinsarten wie Quarzit und Granit vor. Während der letzten Eiszeit vor ca. 115.000 bis 10.000 Jahren wurde die Felsenschlucht Bordal durch den Fluss, der unter dem Gletscher Schmelzwasser und Sedimente mit sich führte, geformt. An mehreren Orten entstanden große und deutliche Gletschertöpfe – kreisrunde Vertiefungen im Fels, die von im Strudel kreisenden Geröllstücken ausgehöhlt wurden. Gegen Ende der letzten Eiszeit lagerten sich ausgedehnte Kiesmassen unter dem Gletscher ab. Die Kiesgrube (Pkt. F) bildet einen Teil dieser Massen. Die Felsenschlucht Bordal ist ca. 5 km lang. Im Fluss gibt es Forellen und mit etwas Glück kann man Nerze beim Fischfang beobachten. Norwegens Nationalvogel, die Wasseramsel (Cinclus cinclus), brütet jedes Jahr in der Schlucht.

GJELET MED JETTEGRYTER Elvar grev lettast langs sprekker i fjellet. Elva endrar difor retning fleire gonger, slik som rett nedanfor brua, der elveløpet dannar ein 90 graders vinkel. Fyllitt er ein relativt mjuk bergart. Elva transporterer hardare stein og grus (kvartsitt, granitt og greis) frå øvre delar av Bordalen. I det tronge elveløpet er det svært turbulent ved stor vassføring. Ujamne fjell-sider fører og til kvervlar som dannar bakevjer der steinmaterialet sliper seg inn i fjellsida. Slik er dei halve jettegrytene rett under brua danna. Prosessen er framleis aktiv under flaumperiodar, men det var enno meir vatn og slipemiddel ved slutten av istida då store smeltevasselvar rann under den nedsmeltande innlandsisen.

TILRETTELAGDE STIAR M.M.A Parkeringsplass, informasjonstavle, avfallsdunk, sti til utsiktspunkt under brua.B Sti til utsiktspunkt.C Sti til berghole og utsiktspunkt inne i gjelet.D Gamalt brufeste.E Gamalt brufeste.F Grustak, bre-elv avsetning.

MARKED PATHS ETC.A Car park – Notice board – Rubbish bin – Path to the viewpoint under the bridge.B Path to the viewpoint.C Path to the cavern and viewpoint in the centre of the gorge.D Foundations for old bridge.E Foundations for old bridge.F Gravel pit – glacial/river deposits.

MARKIERTE PFADE ETC.A Parkplatz, Informationstafel, Abfalltonnen, Pfad zum Aussichtspunkt unter der Brücke.B Pfad zum Aussichtspunkt.C Pfad zu Berghöhle und Aussichtspunkt in der Felsenschlucht.D Altes Brückenfundament.E Altes Brückenfundament.F Kiesgrube, Gletscherfluss-Sedimente.

RAUNDALSELVA

VOSSADALEN

BORDALEN

Fig. I: Før istidene

RAUNDALSBREEN

SMELTEVASSELV

BORDALSBREEN

Fig. II: Under siste istid

BORDALEN

BØMOEN

VANGSVATNET

ROKNEGJELLE

BULKEN

Fig. III: I dag

Bordalsgjelet

Voss sentrum

B

D

A

CF

*

*E

I Fyrste del av kvartærtida, (2-3 mill. år sidan)II Siste istid (ca. 115.000-10.000 år sidan)III Situasjonen i dag

I First part of the Quarternary period, (2-3 million years ago)II Last Ice Age (approx. 115,000-10,000 years ago)III Today s situation

I Erster Teil der Quartärzeit, (vor 2-3 Mio. Jahren)II Letzte Eiszeit (vor ca. 115.000-10.000 Jahren)III Die heutige Situation

FARE!Gå ikkje utanom dei tilrettelagde stiane!På vinteren kan sti C vera stengd.Vis respekt for naturen, skog og dyrka mark.

BEWARE – DANGER!Please keep to the marked paths.Path C can be closed in winter-time.Please show respect for the countryside, woods, forests and cultivated land.

WARNUNG!Halten Sie sich niemals außerhalb der markierten Pfade auf! Im Winter kann Pfad C geschlossen sein. Nehmen Sie Rücksicht auf die Natur, den Wald und die Landwirtschaft.

LAUSMASSAR FRÅ SLUTTEN AV ISTIDAMot slutten av siste istida, for om lag 10.000 år sidan, førde breelva frå Bordalen med seg mykje lausmassar. Elva rann under isbreen, og då ho nærma seg Vangsvatnet avtok farten og det grovaste materialet vart avsett i ei stor vifte i eit holrom under isen. Denne grusvifta vart bygd opp til 176 m.o.h. på vestsida av gjelet, (128 m høgare enn Vangsvatnet). Grustaket rett vest for brua syner noko av desse massane (F).Då siste isresten smelta i Vangsvatnet grov elva seg ned i denne vifta og transporterte materialet ut i sjøen (”Vossafjorden”), som på den tida gjekk heilt inn til Palmafossen. Materialet vart bygd ut som eit delta som i dag utgjer Jernesmoen. Undersøkingar tyder på at havnivået då var 50 m høgare enn Vangsvatnet. (”marin grense” = 97 m). Landet steig etter at istrykket var borte, og det vart bygd delta i stendig lågare nivå til havnivået fall under terskelen ved Bulken. Vangsvatnet vart difor ein innsjø for om lag 9000 år sidan. Dei lågare deltaflatene finn vi no att som terrassar.

NATUREN I GJELETBordalsgjelet er ca. 5 km langt. Høgaste punkt i nedslagsfeltet er Skjemmenut (1351 m.o.h.). I elva finst det aure, og i den nederste delen også laks og sjøaure. Er ein heldig, kan ein sjå mink på fisketur oppover elva. Fossekallen, Noregs nasjonalfugl, hekkar i gjelet og finn mat i elvestryka. I liene over gjelet er det ei blanding av lauvskog (m.a. osp, gråor, bjørk) og plantefelt av gran. På våren og sommaren er det eit yrande fugleliv i dei bratte liene. Er du heldig kan du m.a. sjå tårnfalk, grønspett og nøttekråke i området. Ravnen hekkar inne i gjelet.

BRUHISTORIEÅ kryssa det djupe og stupbratte Bordalsgjelet har vore ei stor utfordring for vossingane. Vogner og kjerrer var lite i bruk på Voss før om lag 1850, dermed var det og heller skralt med vegar og bruer. I eldre tider vassa folk over den nederste delen av elva, like over Vangsvatnet (Jovadet). Om lag 150 m nedanfor eksisterande bru kan ein framleis sjå restane (E) av støet frå den aller første brua som vart bygd over elva. I 1860 vart det bygd ny bru om lag 500 m lenger nede. Ved århundreskiftet vart det bygd ny veg og det kom ny bru. Restane av denne (D) kan ein sjå like ovanfor eksisterande bru. Brua som går over gjelet i dag vart bygd i 1955 og er ei såkalla ”bogebru” i betong. Lengda på brua er 32 m, akkurat den same som avstanden ned til elva under.

BERGHOLENEDei talrike holene oppetter Bordalsgjelet kunne nok vera ein god gøymestad for den som hadde trong for det. Under siste verdskrigen vart det m.a. gøymt våpen i hola ved enden av stien (C). Det vart også fortalt at ein russisk fange på flukt frå tyskarane heldt seg skjult ein stad inne i gjelet.

I den nedre delen av Bordalsgjelet har elva grave ut store jettegryter. På det smalaste er gjelet ca. 1 m breitt

Det finst fleire bergholer i gjelet . I to av dei er det laga til benker så ein kan ta ein kvil

Det er luftig utsikt til gjelet frå det innerste utsiktspunktet på sti C

Fossekallen hekkar årleg nede i elvegjelet. Den finn vasslevande innsekt ved å dykka i elva På kalde vintrar frys elva og det vert danna store iskjukklar langs sidene