austevoll høgres valavis 2013

16
AUSTEVOLL HØGRES VALMAGASIN 2013 Endeleg ein statsminister frå Hordaland MØT HORDALAND HØGRES TOPPKANDIDATAR SIDE 3 SMAKEBITAR FRÅ HØGRES VALPROGRAM SIDE 7 FOTO: © CF-WESENBERG/KOLONIHAVEN.NO

Upload: austevoll-hogre

Post on 22-Mar-2016

220 views

Category:

Documents


4 download

DESCRIPTION

Austevoll Høgres valavis ved stortingsvalet i 2013.

TRANSCRIPT

Page 1: Austevoll Høgres valavis 2013

AUSTEVOLL HØGRES VALMAGASIN 2013

Endeleg ein statsminister frå Hordaland

MØT HORDALAND HØGRES TOPPKANDIDATAR

SIDE 3

SMAKEBITAR FRÅ HØGRES VALPROGRAM

SIDE 7

FOTO

: © C

F-WESEN

BER

G/KO

LON

IHA

VEN

.NO

Page 2: Austevoll Høgres valavis 2013

Kjære austevollingar,

Høgres landsmøte i mai markerte slutten på eit to år langt og svært omfattande programarbeid. På desse åra har me i Høgre reist land og strand rundt for å høyre frå vanlege folk og næringsliv korleis kvardagen deira fortonar seg og kva utfordringar dei møter på.

Sjølv har eg mellom anna vore i Austevoll og møtt driftige austevollingar som har peikt på korleis arveavgifta og for-mueskatten tappar bedriftene for verdifull kapital. Pengar som mykje heller skulle blitt brukt på å styrke bedriftene og skape endå fleire arbeidsplassar.

I møte med enkeltpersonar og næringsliv har me latt oss inspirere til å tenke nytt og peike på løysingar som vil gjere Noreg til eit endå betre land å bu i. Og når Høgre snakkar om eit samfunn som blir bygd nedanfrå og opp, så er det dette det handlar om. Det startar med kvar- dagen til folk – om korleis me som politikarar kan gjere kvardagen til litt betre for kvar enkelt av oss. Derfor skal me i Høgre halde fram med å møte nye menneske som viser kva som er dei nye utfordringane me står overfor.

Haustens val er meir spennande enn på mange år, og det er eit viktig val for Noreg. Fordi Noreg treng ei regjering som snakkar mindre, og som gjer meir. Som sørger for at skulen blir betre, ved å styrke læraropplæringa og for- enklar arbeidsdagen til lærarane, og som gjer det mogleg å gjere karriere i skulen. Som sørger for at alle elevar får grunnleggande ferdigheiter i grunnskulen.

Me treng ei regjering som reduserer helsekøane. Me skal ta i bruk kompetansen og omsorga som finst blant private helseinstitusjonar og gi pasientar eit reelt val mellom offentleg og privat behandling. Me skal halde fram der me slapp i 2005, ved å redusere skattane for folk med låg og vanleg lønsinntekt, og me skal sørge for at statleg byråkrati og særnorske skattar ikkje står i vegen for vekst og utvikling i næringslivet.

Høgre skal bruke valkampen på å gjere det me kan best: Fortelle veljarane om Høgres politikk og om våre løysing- ar. Det har fungert veldig bra til no, men ingenting er avgjort før måndag 9. september. Derfor må me stå på kvar dag for å sørge for at Noreg får ei ny regjering. Med Høgre får du ei regjering med nye idear, betre løysingar og handlekraft.

Med dei beste ønsker om eit godt val!

Erna Solberg Høgres statsministerkandidat

HELSING FRÅ ERNA SOLBERG

Stem Høgre!

Austevoll Høgre gir også ved dette stortingsvalet ut eit eige valmagasin. Det gjer me for å vise at ein stortingsvalkamp ikkje er noko framand som foregår frå eit fjernsynsstudio i Oslo, men at valkampen og valet faktisk handlar om kvardagen til vanlege folk.

På dei neste sidene gir me deg ein liten presentasjon av dei åtte fremste kandidatane til Hordaland Høgre. Partiet har kandidatar frå heile fylket, med ulik bakgrunn og kompetanse. Felles for dei alle er at dei er like dyktige som dei er engasjerte.

Dette er personane som skal representere fylket og Austevoll i regjering og på Stortinget dei neste fire åra.

Politikken dei skal gjennomføre finn du i Høgres stortingsvalprogram, eit 100-siders dokument som viser kva løysingar Høgre vil realisere for å gjere skape Noreg på sitt beste. Med austevollsbriller på har me forsøkt å trekke fram nokre av dei vikti-gaste høgresakene i perioden som kjem. Dette kan du lese om frå side sju i val- magasinet.

Haustens val er viktigare enn på lenge, også for Austevoll. For første gang sidan mellomkrigstida vil landets statsminister kome frå Hordaland. Ein statsminister som veit kva utfordringar enkeltpersonar og næringslivet på Vestlandet står overfor, og som har tiltaka klare for å gjere det lettare å bu og drive verksemd her ute.

Erna Solberg som statsminister er godt nytt for Austevoll. Derfor bør du stemme Høgre.

austevoll.hoyre.no facebook.com/AustevollHogre

Page 3: Austevoll Høgres valavis 2013

61 år • frå Bømlo

Sidan han vart innvalt på Stortinget første gong i 2001 har Øyvind Halleraker vore blant landets fremste samferdslepolitikarar. Han er tidlegare fylkesvaraordførar i Hordaland, før dét var han varaordførar i Bømlo kommune.

Øyvind Halleraker er medlem av Kommunal- komiteen på Stortinget og har tidlegare vore medlem i Samferdslekomiteen og Energi- og miljøkomiteen.

ØYVIND HALLERAKER

2.-KANDIDAT

52 år • frå Bergen

Som stortingsrepresentant sidan 1989 er Erna Solberg blant landets mest erfarne rikspolitikarar og parlamentarikarar. Ho var kommunalminister i Bondevik II-regjeringa frå 2001 til 2005, og har sidan 2004 vore leiar i Høgre. I dag er ho Høgres parlamentariske leiar på Stortinget, og medlem av Helsekomiteen.

Erna Solberg kan bli den første statsminister frå Bergen og Hordaland sidan mellomkrigstida.

ERNA SOLBERG

1.-KANDIDAT, HØGRES STATSMINISTERKANDIDAT

FOTO: © HØYRE

FOTO: © TOMAS MOSS, WWW.ICU.NO

[email protected]/ernasolberg

twitter.com/erna_solberg

[email protected]

TOPPKANDIDATANE 3

Page 4: Austevoll Høgres valavis 2013

25 år • frå Bergen

Peter Christian Frølich er utdanna jurist frå Universi-tetet i Bergen og jobbar som advokatfullmektig. Han har vore politisk rådgivar for byrådet i Bergen og er tidlegare leiar i Bergens Unge Høyre.

Peter Christian Frølich er medlem av Bergen bystyre og er Høgres fraksjonsleiar i Komite for oppvekst. Han er også medlem av sentralstyret i Unge Høgres Landsforbund.

PETER CHRISTIAN FRØLICH

3.-KANDIDAT

43 år • frå Lindås

Torill Eidsheim vart innvalt i Hordaland fylkesting i 2007, og har dei to siste åra vore Høgres fraksjons- leiar i samferdsleutvalet. Ho er sjølvstendig næringsdrivande, med erfaring innan reklame- og marknadsføring.

Eidsheim er andre nestleiar i Hordaland Høgre og har tidlegare vore medlem av kommunestyret i Radøy kommune.

TORILL EIDSHEIM

4.-KANDIDAT

FOTO: © TOMAS MOSS, WWW.ICU.NO

FOTO: © TOMAS MOSS, [email protected]/PCFrolich

[email protected]

4 TOPPKANDIDATANE

Page 5: Austevoll Høgres valavis 2013

63 år • frå Bergen

Etter eit lengre opphald borte frå politikken gjer Sigurd Hille no comeback. Han gjekk ut av Horda-land fylkesting i 1991, etter å ha vore fylkespolitikar i 16 år.

Sigurd Hille er pressemann og har drive fleire lokal- aviser i Hordaland. Han er tidlegere styreformann i NHO Hordaland og formann i Mediebedriftenes landsforening.

SIGURD HILLE

5.-KANDIDAT

47 år • frå Sund

Ove Trellevik overtok som ordførar i Sund kommune i 2010 og med ein oppslutnad på 43,9 prosent i 2011 er han Hordaland Høgres mest populære ordførar.

Som sundsokning er Ove Trellevik også Austevoll Høgres fremste stortingskandidat, og Austevoll er ein kommune han kjenner svært godt. Han har mellom anna vore elev ved Fiskarfagskulen i Austevoll. Trellevik er utdanna offiser og siviløkonom og før han vart politikar på heiltid jobba han i BKK.

OVE TRELLEVIK

6.-KANDIDAT

FOTO: © TOMAS MOSS, WWW.ICU.NO

FOTO: © TOMAS MOSS, WWW.ICU.NO [email protected]

[email protected]

twitter.com/OveTrellevik

TOPPKANDIDATANE 5

Page 6: Austevoll Høgres valavis 2013

23 år • frå Bergen

Han er rekna som eit av dei største politiske talenta som er fostra i Høgre på lenge. Erik Skutle gjekk av med sigeren i Unge Høgres elitekurs i 2012, som første bergensar sidan kurset vart etablert av Jan P. Syse i 1960.

Erik Skutle jobbar som politisk rådgivar for byrådet i Bergen, og har permisjon frå vervet som medlem av Bergen bystyre. Han er også leiar av Hordaland Høgre.

ERIK SKUTLE

7.-KANDIDAT

26 år • frå Bergen

Charlotte Spurkeland er leiar i Høgres student- forening og følgeleg den fremste studentpolitikaren Høgre har i sine rekker. Det er likevel som kultur-politikarar ho markerer seg mest, mellom anna som Høgres fraksjonsleiar for kultur i bystyret i kultur-byen Bergen.

Charlotte Spurkeland er styreleiar i Brak, bransjeorganisasjonen for det rytmiske musikk- miljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane, og styremedlem i Bergen Reiselivslag.

CHARLOTTE SPURKELAND

8.-KANDIDAT

FOTO: © TOMAS MOSS, WWW.ICU.NO

FOTO: © TOMAS MOSS, WWW.ICU.NO

[email protected]/ErikSkutle

[email protected]/Spurkeland

6 TOPPKANDIDATANE

Page 7: Austevoll Høgres valavis 2013

SMAKEBITAR FRÅ HØGRES PROGRAM 7

NYE IDEAR OG BETRE LØYSINGAR

Få land i verda har eit betre utgangspunkt enn Noreg når det gjeld å investere i framtida. Mykje kan likevel gjerast betre for å sikre at me også i tida framover har god velferd, vekst og trygge arbeidsplassar. På dei neste sidene kan du lese nokre av Høgres løysingar på korleis me kan skape eit endå betre Noreg.

FOTO

: © H

ØY

RE

Page 8: Austevoll Høgres valavis 2013

8 SMAKEBITAR FRÅ HØGRES PROGRAM

Den avgjerande faktoren for god undervisning, er ein god lærar. Derfor vil Høgre betre omdømet lærarane, forbetre lærarutdanninga og skape nye karrierevegar i skulen.

• Skape fleire karrierevegar i skulen, med statleg finansiering av nye stillingar som lærarspesialist, førstelærar og -lektor.

• Omgjere lærarutdanninga til femårig mastergrads- utdanning.

• Kreve karakteren fire eller betre i norsk, matematikk og engelsk for opptak til lærarutdanninga.

• Alle lærarar skal frå 1.-trinn ha fordjuping i faga dei skal undervise i.

• Forenkle og redusere omfanget av unødvendig byråkrati og rapporteringskrav som lærarar møter i arbeidsdagen.

• Innføre lærar II- og lektor II-stillingar i skulen.

HEVE RESPEKTEN FOR OG STATUSEN TIL LÆRARANE

KAP. 2 • LÆRAREN • SIDE 13

Hovudutfordringa i norsk skule er at for mange elevar kan for lite etter ti års skulegang. Særleg gjeld dette grunnleggande ferdigheiter som lesing og rekning. Dette forplantar seg i det vidare utdanningsløpet og yrkeskarrieren. Høgre vil ha ein skule som løftar alle elevar.

• Prioritere lese- og rekneferdigheiter gjennom heile skuleløpet – tidleg innsats er nøkkelen til meistring og større læringsutbytte.

• Innføre læringsmål for alle trinn, slik at lærarar, elevar og foreldre veit kva det er venta at elevane skal lære på kvart årstrinn.

• Gi alle elevar høve til å ta fag på høgare nivå når dei er kvalifiserte for det – elevar med talent må også få høve til å utvikle seg.

• Tillate differensiert undervisning når det er pedago-gisk grunngitt, men ikkje permanent inndeling.

EIN SKULE SOM LØFTAR ALLE ELEVAR

KAP. 2 • SKULE • SIDE 11

FOTO: ERNA SOLBERG (WWW.FLICKR.COM/ERNA_SOLBERG)

Page 9: Austevoll Høgres valavis 2013

Å vite at ein får hjelp når ein har behov for behan-dling og omsorg er ein berebjelke i den norske velferdsmodellen. Samstundes er det slik at mange som har rett på hjelp, likevel ikkje får det dei har krav på.

• Innføre fritt behandlingsval på det offentleges rekning.

• Innføre ein 48-timars frist for oppstart av diagnostikk ved mistanke om kreftsjukdom.

• Opprette ein «havarikommisjon» for helsesektoren og styrke rettane til både pasientar og pårørande.

• Styrke pasientrettane ved brot på behandlingsfristen.• Legge ned dei regionale helseføretaka og erstatte dei

med ei betre, nasjonal styring av helsepolitikken.• Ta raskare i bruk nye behandlingsmetodar i Noreg.

HELSETENESTER NÅR DU HAR BEHOV FOR DET

KAP. 3 • SJUKEHUS • SIDE 25

Det er framleis store svakheiter og manglar i tilbodet til menneske med psykiske lidingar, og feltet har lenge vore underprioritert i helsevesenet. Derfor vil Høgre styrke satsinga på dette området.

• Betre dagtilbodet til personar med psykiske helselidingar.

• Styrke det kommunale bu-, behandlings- og oppfølgingstilbodet.

• Sette i verk tiltak for tidlegare hjelp. Dette vil også redusere bruken av tvang.

• Bygge ut det psykiske helsetilbodet retta mot barn og unge, med vekst på lågterskeltilbod i helse- stasjonar og skulehelsetenesta, og styrking av barne- og ungdomspsykiatrien.

EIT BETRE PSYKISK HELSETILBODET

KAP. 3 • PSYKISK HELSE • SIDE 27

Det er ikkje nok berre å gi akutt helsehjelp, hel-sevesenet må også medverke så godt som mog-leg til å få menneske tilbake til aktive liv, der den enkelte både får delta i samfunnet og i arbeidsliv-et.

• Lage ein opptrappingsplan for å styrke tilbodet om habilitering og rehabilitering.

• Utvide fritt sjukehusval til også å gjelde rehabiliter-ing.

• Ha eit godt samarbeid og gi stabile rammevilkår til private rehabiliteringsinstitusjonar som held god fagleg kvalitet.

• Sikre barn med kommunikasjonsvanskar og deira pårørande tekniske hjelpemiddel og nødvendig opplæring.

TILBAKE TIL EIT AKTIVT LIV MED REHABILITERING

KAP. 3 • REHABILITERING • SIDE 28

Aukande levealder og fleire unge med behov for pleie og omsorg krev høgare kapasitet og kvalitet i pleie- og omsorgssektoren. Valfridom i omsorga gjer det lettare for den enkelte å meistre sitt eige liv.

• Legge til rette for at alle skal kunne bu heime så lenge dei sjølv ønsker. Menneske som har fått eller står i fare for å få ein funksjonsreduksjon, må få tilbod om kvardagsrehabilitering.

• Bygge nok sjukeheimsplassar og bufellesskap for demente, slik at alle kan vere trygge på at dei får hjelp når dei har behov for det.

• Auke bruken av velferdsteknologi.• Gjere det enklare for private å bygge sjukeheimar og

andre bustadløysingar for eldre.

VALFRIDOM I OMSORGSTENESTENE

KAP. 3 • OMSORG • SIDE 29

9SMAKEBITAR FRÅ HØGRES PROGRAM

Page 10: Austevoll Høgres valavis 2013

I dag blir vegar i altfor stor grad bygd stykkevis og delt, og det norske vegnettet er for dårleg utbygd og i for dårleg stand. Derfor foreslår Høgre nye finansierings- og utbyggingsmodellar for å sikre meir og raskare utbygging.

• Auke investeringstakten i samferdslesektoren kraftig.• Opprette eit vedlikehaldsfond der avkastinga skal gå

til å ruste opp vegar og jernbane.• Utarbeide ein nasjonal motorvegplan.• Legge føremålstenelege veg- og jernbanestrekningar

inn i eigne prosjektselskap for å sikre raskare realisering.

• Starte større OPS-prosjekt på veg eller jernbane kvart år.

• Forenkle planleggingssystemet og ha forpliktande avtalar med avtalte fristar og ferdigstilling.

RASKARE OG BETRE UTBYGGING

KAP. 4 • SAMFERDSLE • SIDE 34

For ei rekke samfunn langs norskekysten er ferjene bindeleddet til fastlandet. Manglande satsing på denne delen av samferdslesektoren gjer ferjene til flaskehalsar på vegnettet, med auka kostnader både for den enkelte og næringslivet.

• Tilbakeføre til staten riksvegferjene som blei overførte til fylkeskommunane gjennom forvaltings-reforma.

• Sikre at ferjetilbodet er tilpassa den reelle trafikk- utviklinga.

• Opne for at enkelte vegprosjekt, til dømes ferje- avløysingsprosjekt, kan ha lengre avskrivingstid.

• Innføre krav om at alle nye ferjer og rutebåtar skal gå på utsleppsfrie eller klimanøytrale drivstoff innan utgangen av 2022.

FERJETILBOD SOM ER TILPASSA TRAFIKKEN

KAP. 4 • SAMFERDSLE • FRÅ SIDE 35

10 SMAKEBITAR FRÅ HØGRES PROGRAM

Page 11: Austevoll Høgres valavis 2013

SMAKEBITAR FRÅ HØGRES PROGRAM 11

GJENNOM OPS overlet det offentlege – oftast staten – til ein privat aktør å planlegge, bygge og ikkje minst vedlike-halde ein veg- eller jernbanestrekning. Det offentlege er bestillar, og definerer kva standard og kva kvalitet prosjektet skal ha, og betalar årleg ein fast sum til entreprenøren.

PROSJEKTET BLIR tilbakeført til staten etter ei gitt tid, som regel 25 år, og fram til då har den private aktøren eit kontraksfesta ansvar for å vedlikehalde strekningen.

BONDEVIK II-REGJERINGA starta opp tre OPS- prosjekt. Desse var E18 mellom Grimstad og Kristiansand,

E39 Klett-Bårdshaug og E39 Lyngdal-Flekkefjord. Erfarin-gane herfrå er eintydig positive. Samanlikna med tradis-jonelt bygde vegstrekningar vart OPS-prosjekta bygd langt raskare, på mellom 52 og 65 kortare tid, og mellom ti og 15 prosent billegare.

OPS KAN gi fleire fordelar:• Kortarebyggetid,erfaringsmessigerbyggetidahalvert.• Samanhengandeutbyggingavlangestrekningar.• Garanterteutbyggingskostnaderfordetoffentlegeog

følgeleg ingen kostnadsoverskridingar.• Ererfaringsmessigbillegareennvanlegutbygging.• GarantiforskikkelegvedlikehaldsålengeOPS-kontrakten

varar (som regel 25 år).

HØGRE VIL gjennomføre langt fleire prosjekter etter OPS-modellen, i Hordaland har partiet peika på E39 «Hord-fast», det nye Sotrasambandet, og Arnatunnelen på E16 mellom Arna og Bergensdalen.

Høgre vil bygge fleire samferdsleprosjekt i lag med private aktørar, gjennom såkalla offentleg-privat samarbeid (OPS). Men kva er OPS?

Kva er OPS?

t OPS-prosjektet E18 mellom Grimstad og Kristiansand vart opna i 2009 som det største vegprosjektet i Noreg nokon gong. På berre tre års byggetid vart det bygd 38,3 kilometer firefelts motorveg, med trafikktryggleik som Statens vegvesen omtala som «utan sidestykke i lands-delen». FOTO: ANDERS MARTINSEN, STATENS VEGVESEN

• Halde orden i norsk økonomi og slik medverke til å trygge norske arbeidsplassar i konkurranseutsett sektor.

• Sikre ein betre balanse mellom offentleg og privat sektor, og sørge for at veksten i det offentlege forbruket over tid ikkje er større enn veksten i bruttonasjonalproduktet for Fastlands-Noreg.

• Bruke ein større del av avkastinga frå Statens pensjonsfond utland på samferdsle, forsking og ut-vikling, miljøteknologi og vekstfremmande skatte- og avgiftsletter.

• Halde fast ved handlingsregel for bruk av pengar frå Statens pensjonsfond utland slik at staten kan innfri pensjonsforpliktingane sine og for å unngå ei for stor nedbygging av konkurranseutsett sektor.

• Bygge ut vegar, jernbane, hamner, farleier og annan infrastruktur som er avgjerande for norsk konkurransekraft og ta i bruk nye og raskare utbyggingsmetodar, som offentleg-privat samarbeid.

• Redusere det statlege eigarskapet i norsk næringsliv og medverke til å utvikle eit mangfaldig, privat eigarskap.

• Forenkle lova om offentlege innkjøp og gjere det enklare for mindre, innovative aktørar å delta i konkur-ranse om å vinne utbod.

• Auke satsinga på forsking og utvikling (FoU), mellom anna FoU-kontrakter mellom næringslivet og det offentlege.

• Styrke forskingsinnsatsen for å nå målet om at forsking skal utgjere tre prosent av BNP innan 2030.

NORSK ØKONOMI TRENG FLEIRE BEIN Å STÅ PÅ

KAP. 5 • ØKONOMISK POLITIKK • SIDE 42

Det norske kostnadsnivået er høgt og i utakt med verda rundt oss. Både arbeidsplassane og statlege finansar blir stadig meir avhengige av petroleumsnæringa. Høgre meiner norsk økonomi treng fleire bein å stå på, og vil vri bruken av avkastinga frå oljeinntektene mot investeringar i kunnskap, infrastruktur, miljø- teknologi og vekstfremmande skatteletter.

Page 12: Austevoll Høgres valavis 2013

Nivået og innrettinga på skattar og avgifter skal motivere til arbeid, fremme maktspreiing og pri-vat eigarskap, og stimulere til miljøvenleg åtferd. Norske skattar på låge og vanlege lønsinntekter er for høge, og må reduserast.

• Føre ein politikk som gjer at det løner seg å jobbe.• Redusere skatten på låge og vanlege lønsinntekter.• Ha eit skattesystem som sikrar at alle med skatteevne

også betalar skatt.• Trappe ned og på sikt fjerne formueskatten.• Fjerne arveavgifta.• Geve innslagspunktet for toppskatten, slik at folk

med vanlege inntekter ikkje må betale toppskatt.• Gjere det meir lønsamt å gå frå trygd til arbeid, til

dømes ved å innføre eit tidsavgrensa jobbskatte-frådrag.

EIT RETTFERDIG SKATTESYSTEM

KAP. 5 • SKATT • SIDE 43

Unødvendig byråkrati påfører norske skatte- betalarar auka kostnader og tappar samfunnet for god arbeidskraft. Konkurransekrafta til bedrift-er redusert som følge av administrative oppgåver og unødvendig tidsbruk.

• Redusere med 25 prosent dei samla kostnadene som næringslivet har med å etterleve krav frå styresmaktene.

• Innføre eit uavhengig «regelråd» etter modell frå Sverige.

• Utvikle eit forenkla lov- og regelverk for små- og mellomstore bedrifter.

• Heve beløpsgrensa for fritak frå revisjonsplikta.• Involvere næringsdrivande i arbeidet med å forenkle

offentleg sektor og prøve ut nye ordingar før dei blir sette i verk.

FORENKLING OG MINDRE BYRÅKRATI

KAP. 5 • BYRÅKRATI • SIDE 44

Høgre vil redusere formueskattenÅ redusere, og på sikt, fjerne for-mueskatten handlar ikkje om å gi ei handsrekning til rikingar på Oslo vest. Det handlar om å gi betre vekst- og rammevilkår for næringslivet langs heile kysten.

«DERSOM LANDETS politiske leiarar får eit meir bedriftsnært innsyn i korleis formueskatten faktisk tappar små og mellomstore bedrifter for kapital, som er nødvendig i utviklinga av bedriftene, så har vi kome eit langt stykke på veg.»

RAUDGRØNE POLITIKARAR brukar mykje tid og krefter på å skremme med korleis Noreg vil bli sjåande ut når Høgres skattepolitikk blir sett ut i live.

Sitatet ovanfor kunne så absolutt vore henta frå ein Høgre-politikar. Det er det ikkje. Orda tilhøyrer Arbeiderpartiets eiga Lisbeth Berg-Hansen. I 2009 sa ho at formueskatten tappar små- og mellomstore bedrift-er – og at skattlegginga hindrar nødvendig utvikling av bedriftene.

Det er Høgre og næringslivet einige i. Også LO har uttrykt frykt for konsekvensane av den særnorske formueskatten. For to år sidan sa LO-leiar Roar Flåthen at «eg er redd formueskatten skal truge norsk industri- utvikling og norske arbeidsplassar».

HØGRE VIL redusere, og på sikt, fjerne formueskatten. Grunnane til dette er blant anna at:• Formueskattenmåbetalastuavhengigavombedrifta

går med overskot eller underskot.• Formueskattpånæringsverksemdstraffarnorske

eigarar framfor utanlandske.• Samfunnsrekneskapviseratkapitaleigararogeigen-

kapital i bedriftene gir grunnlag for arbeidsplassar. Fritak for arbeidande kapital i formueskatten vil sikre brubygging mellom kapitalen og nye arbeidsplassar.

FOR Å HINDRE at somme blir «nullskatteytarar» foreslår Høgre å trappe ned formueskatten i perioden 2013-2017 ved å heve botnfrådraget til 20-25 millionar kroner, og redusere satsen frå 1,1 prosent, til 0,5 prosent. Denne løysinga inneber at omlag 99 prosent av dei som betalar formueskatt i dag, vil sleppe med Høgres politikk.Høgre vil også fjerne arveavgifta for å gjere det lettare å gjennomføre generasjonsskifter i familieeigde bedrifter.

12 SMAKEBITAR FRÅ HØGRES PROGRAM

Page 13: Austevoll Høgres valavis 2013

SMAKEBITAR FRÅ HØGRES PROGRAM 13

Dei maritime næringane utgjer eitt av tre globale kunnskapsnav i Noreg og er avgjerande for å sikre framtidig verdiskaping og konkurransekraft. Rammevilkåra for skipsfartsnæringa må vere på nivå med vilkåra i EU.

• Sikre ei konkurransedyktig nettolønsordning for norske sjøfolk.

• Sikre konkurransedyktige norske skipsregister, NOR og NIS.

• Ha eit gebyr- og avgiftsregime som styrkar nærskips-farten.

• Endre gebyr og avgifter slik at miljøvenleg og sikker teknologi og design ikkje blir straffa økonomisk.

• Arbeide for internasjonale reglar for å forbetre miljøkrava for skip.

• Sørge for god overvaking av skip langs norskekysten.

EI KONKURRANSEDYKTIG SKIPSFARTSNÆRING

KAP. 5 • MARITIME NÆRINGAR • SIDE 48

Fiskeri og havbruk er den nest største eksportnæ-ringa vår, og Høgre vil sikre ei berekraftig forvalt-ing av fiske- og oppdrettsressursane, og sørge at norsk utanriks- og handelspolitikk reflekterer at Noreg er ei stor sjømatnasjon.

• Sørge for at råfisklova legg eit godt grunnlag for ein effektiv og velorganisert marknadsplass og god ressurskontroll.

• Sørge for ei føreseieleg fordeling av kvotar, og ha fiskekvotar som sikrar berekraftige bestandar.

• Arbeide for å betre marknadstilgangen til utlandet for fisk og fiskeprodukt, også gjennom bilaterale handelsavtalar.

• Gi kommunane insentiv for å legge til rette for sjømatnæringa ved å la meir av konsesjonsavgifta gå direkte til dei aktuelle kommunane.

EI BEREKRAFTIG OG EFFEKTIV SJØMATNÆRING

KAP. 5 • SJØMATNÆRINGA • SIDE 49

FOTO: HARDHAUS AS

Page 14: Austevoll Høgres valavis 2013

14 SMAKEBITAR FRÅ HØGRES PROGRAM

Klimaet på jorda endrar seg som følge av menne-skeskapte utslepp, og klimaendringane er truleg den største utfordringa verdssamfunnet står over-for dei neste tiåra. Omfanget og kva konsekvensar endringane får er noko usikkert, men Høgre legg føre-var-prinsippet til grunn.

• Styrke forskinga på miljø og klima, særleg innanfor fornybare energikjelder, energiøkonomisering, karbonfangst og -lagring. Noreg skal ta særleg ansvar for å utvikle klimavenleg teknologi.

• I større grad legge opp skatte- og avgiftssystemet slik at det kostar å forureine, og er lønsamt å opptre miljøvenleg.

• Trappe opp løyvingane til miljøteknlogifondet og legge til grunn same avkasting som for Statens pensjonsfond utland.

KLIMAPOLITIKK BASERT PÅ FØRE-VAR-PRINSIPPET

KAP. 6 • KLIMA • SIDE 57

Oppgåvene kan best løysast der innbyggarane bur. For Høgre er det grunnleggande å bygge samfunnet nedanfrå og opp. Høgre vil derfor styrke kommunane og det lokale sjølvstyret.

• Grunnlovsfeste lokaldemokratiet.• Legge ned fylkeskommunen og la kommunane

som har ein robust storleik, ta over hovudtyngda av oppgåvene.

• Gi kommunane meir makt og høve til lokal tilpassing i arealpolitikken, til dømes gjennom differensiert praksis i strandsona.

• Fjerne Fylkesmannens høve til å overprøve kommunane basert på skjønn.

• Samordne og redusere statlege innspel og motsegn i arealsaker.

• Opprette eit tvisteløysingsorgan mellom stat og kommune.

STYRKING AV LOKALDEMOKRATIET

KAP. 7 • LOKALDEMOKRATIET • FRÅ SIDE 63

Høgre vil ha ein effektiv, open og brukarvenleg offentleg sektor som set det enkelte menneske i sentrum, og som tilpassar seg behovet til den enkelte. Høgre vil modernisere offentleg forvalting og sikre effektiv ressursbruk, innovasjon og omstillingsevne.

• Styrke valfridomen i offentlege velferdstenester.• Innføre svarfristgarantiar.• I større grad ta bruk brukarundersøkingar og kval-

itetsmålingar for å gi innbyggarar og folkevalde betre innsikt i det offentlege tenestetilbodet.

• Sørge for at fleire offentlege publikumskontor har opningstider som er tilpassa kvardagen til folk.

• Bruke meir konkurranse der det er formålsteneleg, for å auke kvaliteten og sikre ein best mogleg bruk av ressursar.

• Forenkle regelverket for offentlege innkjøp.

OFFENTLEG SEKTOR MED MENNESKE I SENTRUM

KAP. 7 • OFFENTLEGE TENESTER • SIDE 62

På 1980-talet moderniserte Willoch-regjeringa Noreg, ved å fjerna lukkelova, mjuke opp bustad-marknaden og oppløyse NRK-monopolet. 30 år seinare har Høgre framleis ein jobb å gjere.

• Tillate sundagsopne butikkar.• Tillate at Vinmonopolet har ope alle dei same dagane

som det er lov å selje øl (inkludert julaftan, nyttårs- aftan, påskeaftan og pinseaftan) og tillate sal av alkohol på valdagen.

• Tillate kommunane å ha alkoholutsal i butikk til klokka 22.00 på kvardagar og laurdagar.

• Sørge for at offentlege publikumskontor har opningstider som passar betre med folks kvardag, og at fleire held laurdagsopne.

• Gjere fleire offentlege tenester tilgjengeleg på nett.

EIT OPNARE OG ENKLARE NOREG

KAP. 5 • FORENKLING • SIDE 44

Page 15: Austevoll Høgres valavis 2013

Austevoll Høgre vart stifta på byrjinga av 1970-talet og har sidan den gong vore blant dei tonegivande partia i kommunen. Høgre har hatt ordføraren ved tre høver, i tilsaman 19 år. I løpet av dei drygt 40 åra Austevoll Høgre har eksistert har kommunen vore åstad for ei ruvande utvikling. Dette har også prega Høgre og politikken me har ført. Dei grunnleggjande sakene har alltid vore dei same: Å produsere gode offentlege tenester for folket i Austevoll, og sørge for at kommunen er ein konstruktiv støttespelar overfor nye initiativ og næringslivet.

Om Austevoll Høgre

OM AUSTEVOLL HØGRE 15

Medlemmar i kommunestyret• Julie Eide Solbakken, gruppeleiar, formannskapet• Kurt Frank, formannskapet• Liv Bente Storebø, Utvalet for helse og sosial• Grethe Drønen Ringdal, Utval for oppvekst og kultur• Mons-Ove Hauge, Utval for oppvekst og kultur• Joon Raymond Haugland, leiar i kontrollutvalet

HovudstyretHovudstyret består av dei som til ei kvar tid som er medlemmar av arbeidsutvalet og innvalt i kommunesty-ret. I tillegg har årsmøtet valt tre faste medlemmar av hovudstyret. Desse er:

• Gunnar Heimark• Hans Erling Sandtorv• Lene Vik Vassnes

ArbeidsutvaletArbeidsutvalet har ansvaret for den daglege drifta av Austevoll Høgre og er samansett av:

• Morten Storebø, leiar• Sigve Drønen, nestleiar• Gudvin Fyllingsnes, medlem• Elise Storebø, medlem• Ragnhild Fagerbakke, medlem• Julie Eide Solbakken, gruppeleiar• Mikal Jarnes, leiar i Austevoll Unge Høgre

ValnemndaAlle saker med personval blir førebudd av valnemnda, som har følgjande medlemmar:

• Birthe Taranger, leiar• Reidun Høyland Rabben, medlem• Joon Raymond Haugland, medlem

FOLKA VÅREFOTO: NATALIE ELHOLM

Bli medlem i Austevoll Høgre på hoyre.no/medlem

Page 16: Austevoll Høgres valavis 2013

Fordi Noreg treNg

Nye idear og betre løysiNgar