”som lyn og eksplosjonar”: Å utvikle...

4
30 ”Som lyn og eksplosjonar”: Å utvikle ordforråd Vi tek ofte for gitt at norsktalande elevar kjenner ”vanlege” norske ord, men er no det så sikkert? Ein liten spørjerunde i vanlege klasserom viser at mange elevar har usikker og/eller feil oppfatning av enkeltord: Å vere ærleg vert oppfatta som å vere snill, fornem gir assosiasjonar til ordet fornærma, ei bjørne- teneste er det samme som ei kjempestor teneste osv. Ei tilsynelatande enkel matematikkoppgåve på 5. trinn: Kor mange personar kan 52 fiskar rekke til dersom kvar person et 2? blir komplett uforståeleg for den som berre kjenner ordet ”rekke” frå songen ”Lang, lang rekke”. Den som skal rekne ut volum av pyramidar, må kjenne ord som trekant, katet, vinkel, hypotenus osv. I møtet med nye tekstar – fagtekstar så vel som andre tekstar – må nye ord og uttrykk presenterast og gjennomarbeidast. Det må sjølv- sagt gjerast med pedagogisk kløkt og omtanke. Ein kan fort bli demotivert i møtet med tekstar fulle av vanskelege ord. Læraren må vurdere kva ord det er viktig å jobbe med, når og korleis, og reflektere over spørsmål som for eksempel: Kva ord er så vesentlege at dei bør gjennomgåst før lesinga? Har sentrale ord i teksten fleire tydingar? Korleis kan eg hjelpe elevane til å bruke dei nye orda? Før lesing er det lurt å minne elevane om at sentrale ord ofte er skrivne med utheva trykk og/eller er spesielt forklarte i margtekstar eller i spesielle ordlister. Det kan vere lurt å lage ei oversikt over ”gloser” frå den aktuelle fagboka og oppfordre elevane til å setje orda inn i eit skjema som dette. Inviter til samtale om dei kjente orda. Ikkje spør elevane om dei forstår, men be dei fortelje kva dei tenkjer, eller be dei bruke orda i setningar, teikne dei eller finne synonym. Det kan vere ”Som lyn og eksplosjonar”: Å utvikle ordforråd Førsteamanuensis Liv Engen og veileder Mette Bunting Barns språkutvikling sluttar ikkje i 7–8-årsalderen. Vi utviklar oss språkleg heile livet. Etter at datamaskinen kom inn i liva våre, er vi blitt kjente med svært mange nye ord og har lært oss nye tydingar av kjente omgrep. Orda ”mus” og ”fil” gir oss for eksempel andre assosiasjonar i dag enn tidlegare. Nye fag – nye utfordringar – gir nye språklege utfordringar til oss alle. Desse kjenner eg … Eg trur eg veit kva desse tyder … Desse er ukjente for meg … Aktuelle ord:

Upload: others

Post on 24-Feb-2020

12 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

30

”Som lyn og eksplosjonar”: Å utvikle ordforråd

Vi tek ofte for gitt at norsktalande elevar kjenner ”vanlege” norske ord, men er no det så sikkert? Ein liten spørjerunde i vanlege klasserom viser at mange elevar har usikkerog/eller feil oppfatning av enkeltord: Å vereærleg vert oppfatta som å vere snill, fornem gir assosiasjonar til ordet fornærma, ei bjørne-teneste er det samme som ei kjempestor tenesteosv. Ei tilsynelatande enkel matematikkoppgåvepå 5. trinn: Kor mange personar kan 52 fiskarrekke til dersom kvar person et 2? blir komplettuforståeleg for den som berre kjenner ordet”rekke” frå songen ”Lang, lang rekke”. Densom skal rekne ut volum av pyramidar, må kjenne ord som trekant, katet, vinkel, hypotenusosv.

I møtet med nye tekstar – fagtekstar så vel som andre tekstar – må nye ord og uttrykk presenterast og gjennomarbeidast. Det må sjølv-sagt gjerast med pedagogisk kløkt og omtanke.Ein kan fort bli demotivert i møtet med tekstar

fulle av vanskelege ord. Læraren må vurderekva ord det er viktig å jobbe med, når og korleis, og reflektere over spørsmål som foreksempel: Kva ord er så vesentlege at dei bør gjennomgåst før lesinga?Har sentrale ord i teksten fleire tydingar?Korleis kan eg hjelpe elevane til å bruke dei nyeorda?

Før lesing er det lurt å minne elevane om at sentrale ord ofte er skrivne med utheva trykkog/eller er spesielt forklarte i margtekstar eller ispesielle ordlister. Det kan vere lurt å lage eioversikt over ”gloser” frå den aktuelle fagbokaog oppfordre elevane til å setje orda inn i eitskjema som dette.

Inviter til samtale om dei kjente orda. Ikkje spørelevane om dei forstår, men be dei fortelje kvadei tenkjer, eller be dei bruke orda i setningar,teikne dei eller finne synonym. Det kan vere

”Som lyn og eksplosjonar”: Å utvikle ordforrådFørsteamanuensis Liv Engen og veileder Mette Bunting

Barns språkutvikling sluttar ikkje i 7–8-årsalderen. Vi utviklar oss språkleg heilelivet. Etter at datamaskinen kom inn i liva våre, er vi blitt kjente med svært mangenye ord og har lært oss nye tydingar av kjente omgrep. Orda ”mus” og ”fil” gir ossfor eksempel andre assosiasjonar i dag enn tidlegare. Nye fag – nye utfordringar –gir nye språklege utfordringar til oss alle.

Desse kjenner eg … Eg trur eg veit kva desse tyder … Desse er ukjente for meg …

Aktuelle ord:

BO_Fagbokibruk_Rev kopi.qxd 06-12-06 14:15 Side 30

nyttig å gi dei stillas i form av kolonnenotareller tankekart. Formålet med desse er å minneom korleis dei kan gjere si eiga forståing synleg.

Elevane må sjølvsagt også lære korleis dei kanjobbe med dei ukjente orda (jf. kolonnen ”desseer ukjente for meg”). Dei må få hjelp til å sjå atvi kan finne ut kva ord tyder ved å studere tekstog illustrasjonar. I tekstar der dette viser seg åvere vanskeleg, må vi lære dei å finne tydinga iei ordbok. Dette kan vere ei spesiell utfordringfor lesesvake elevar.

For mange elevar kan det vere formålstenleg åta i bruk ulike former for ordkart – skjema somkan gjere det enklare for dei å nærme seg nyeord på ein strukturert måte. Desse skjema kanbrukast både individuelt og i grupper, og er erfaringsmessig gode hjelpemiddel når elevane

skal summere opp ny innsikt både om enkeltordog om fagområde. Elevane lærer å fylle ut skjemaet gjennom modellering og rettleidd praksis (jf Fagbok i bruk. Side 10).

I ein startfase er det lurt å velje ord som lett larseg definere, som er enkle å beskrive og finneeksempel på. Dei bør likevel ikkje være så enkleat bruken av skjemaet verkar heilt overflødig.Erfaringsmessig fungerer skjemaet godt nårmatematiske omgrep skal forklarast og definerast. Det er lurt å begynne med konkretekjenneteikn: Korleis ser det ut, korleis er detlaga, kva samanhengar førekjem det i, kvaeigenskapar har det? Når dette er gjort, er detnaturleg å bevege seg til eksempla. Desse er oftemorosame og enkle å finne. Elevane kan bådeskrive og teikne. Til slutt skal omgrepet definerast, det er ofte det vanskelegaste. Minn

31

”Som lyn og eksplosjonar”: Å utvikle ordforråd

BO_Fagbokibruk_Rev kopi.qxd 06-12-06 14:15 Side 31

da om at vi ikkje er uteetter ein vitskapleg definisjon, men ei kortoppsummerande setningsom seier det vesentlegerundt omgrepet.

Eit ord kan ha fleiretydingar og kan gi eimengd assosiasjonar. Å ha eit rikt assosiasjonsnettverk vil kunne utdjupe forståinga av ein tekstog gjere det lettare ålese mellom linjene.Derfor må vi også lære elevane å assosiere rundt enkeltord: Kva tenkjer du når egseier …? Vis korleis tankane deira kan noterast – til dømasti eit tankekart.

Ein del elevar med lesevanskar kan ha spesielle problem medspråkleg kategorisering.Vis ved modelleringkorleis assosiasjonanekan plasserast i bestemte kategoriar, og at det er lurt å ladesse kategoriane styretankane mens vi les.Slik kan det bli enklareå oppfatte og halde fastpå meninga i teksten.

32

”Som lyn og eksplosjonar”: Å utvikle ordforråd

ete marsipan

dra på hytta

nattverd

pusse båt

krossfesting

gå i byenlese vekeblad

leite etter

påskeharen

ete appelsinar

påskeliljar

og tulipanar

lese krim

måle egg

påskerenn

inntog i

Jerusalem

sjå på tv

kyllingar

skitur

ete egg

ete lammelår

reise til

bestemor

oppstode

Påske

sjå på tv

lese vekeblad

pusse båt

måle egg

påskerenn

gå i byen

heime

på hytta

fjellet

til bestemor

oppstode

krossfesting

inntog i

Jerusalem

appelsinar

gå på ski

påskehare

kyllingar

påskeliljer

tulipanar

egg

lammelår

marsipan

nattverdsjøen

leite etter

påskeharen

lese krim

påskenøtter krim

Påske

Aktivitetar

Ferie

Pynt

Kristenhøgtid

Mat

BO_Fagbokibruk_Rev kopi.qxd 06-12-06 14:15 Side 32

Referansar:Santa, C.M. og L. Engen (1996). Lære å Lære. Stavanger: Stiftelsen DysleksiforskningSanta, C. M., L. Havens & B.J. Valdes (2004). Project Criss. Creating Independence through Student-owned Strategies. Dubuque: Kendall/Hunt Publishing Company

33

”Som lyn og eksplosjonar”: Å utvikle ordforråd

BO_Fagbokibruk_Rev kopi.qxd 06-12-06 14:15 Side 33