norsk 1-7 fagdidaktikk - hvl.no · norsk 1-7 fagdidaktikk - kan bruke ulike arbeidsmåtar i den...
Post on 03-Sep-2019
2 Views
Preview:
TRANSCRIPT
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Koder til
bruk for
admini-
strasjonen:
Emnekategorier
Kategorier merket med gult blir
publisert i emnebeskrivelsen på nett
Norsk In English
Emnekode / Code
Navn, bokmål Norsk 1 begynneropplæringa
Navn, nynorsk Norsk 1 begynnaropplæringa
Name, English
Faktaboks Antall studiepoeng / Credits
Studienivå /Level of study Bachelornivå☒ Masternivå☐ PHD☐ Videreutdanning (EVO)☐
Praksisemne / Course for practical
training Ja☐ Nei☐
Ansvarlig institutt
Tilhører studieprogram
EBINNL Innledning / Introduction 1.studieår, 2.semester.
Emnet utgjer dei første 15 sp av obligatorisk Norsk 1 på til saman 30 sp.
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og
litteraturfag og ein praksisstad for kvalifisert arbeid med språk og tekstar – i
ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
EBLUB Læringsutbytte / Learning outcome Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
- har noko kunnskap om barns språkutvikling
- har kjennskap til språket som system og språket i bruk
- har brei kunnskap om den første lese- og skriveopplæringa
- har kunnskap om andrespråkselevars språksituasjon og kjennskap til den
samiske språksituasjonen
-har kunnskap om lese-, skrive- og språkvanskar
- har kunnskap om tekstar for barn med vekt på kva som kjenneteiknar
munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike
sjangrar og medium
- har kunnskap om dokumentasjon, kartleggingsprøver og læringsressursar for
trinn 1-4
Ferdigheter
- kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og
gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje grunnleggjande ferdigheiter for
alle elevar
Norsk 1-7 fagdidaktikk
- kan bruke ulike arbeidsmåtar i den første lese og skriveopplæringa og tilpasse
opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar for barn i arbeid
med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
- kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
- kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande
respons til alle elevar
- kan vurdere ulike norskfaglege læringsressursar
- meistrar begge målformer skriftleg og kan lese tekstar på grannespråka
Generell kompetanse
- kan legge til rette for at elevane utviklar grunnleggande tekst- og
språkferdigheiter
- har blikk for mangfaldet i elevgruppa og kan gjere greie for tilpassa
fagdidaktiske val
- kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og
fagdidaktisk innsikt
EBFORK Forkunnskaper / Prerequisites
EBOVER Faglig overlapp / Course overlap
EBINNH Innhold / Content Norsk i begynnaropplæringa gir eit første grunnlag for norskundervisning på
trinn 1-4. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og
arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon
og den første lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som fyrste- og
Norsk 1-7 fagdidaktikk
andrespråk. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikle sine eigne
språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
EBARB Arbeidsformer / Study methods
Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar,
meningsfeller/dialogpartnara, rettleiarar for medstudentar og observatørar i
klasserommet. Det må derfor leggjast opp til varierte arbeidsformer som bidreg
til å realisere ein lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Arbeidsformene
kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, utveksling av røynsler og
arbeid i større og mindre grupper. Studentane skal også bidra på nett med
obligatoriske arbeidskrav, samtaler og diskusjonsinnlegg.
EBFORP Obligatoriske arbeidskrav /
Mandatory assignments
Studentane har tre arbeidskrav i emnet. Studentane må syne skriftleg
kompetanse i begge målformene, og munnleg kompetanse. Minst eitt av
arbeidskrava skal handle om den første lese- og skriveopplæringa, eitt skal vere
skriftleg og knytt til akademisk skriving og eitt skal dokumentere kjennskap til
vitskapsteoretiske og metodiske problemstillingar. Det blir gitt retningslinjer for
arbeidskrava ved studiestart.
EBVURD Vurderingsform / Methods of
assessment
Ein individuell, skriftleg skuleeksamen på 6 timar.
Målform: Nynorsk
Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.
Karakterskala: A-F, der F er ikkje bestått.
EBHJELP Hjelpemidler ved eksamen /
Premitted exam materials
Godkjend ordbok eller ordliste.
EBLITT Litteratur / Literature list
EBANSV
Faktaboks
Emneansvarlig faglærer(e) / Course
coordinator
Norsk 1-7 fagdidaktikk
EBSPRAK
Faktaboks
Undervisningsspråk / Language of
instruction
Norsk
EBPROG
Faktaboks
Progresjonskrav/ Requirements for
study progression Ja☐
Nei☐
EBUNDSEM
Faktaboks
Undervisningssemester / Semester
of instruction
Høst ☐
Vår x
Start høst - eksamen vår ☐
Start vår - eksamen høst☐ [Skriv en merknad dersom emnet går over flere
semester]
EBSEM
Faktaboks
Eksamenssemester / Semester of
assessment Høst☐
Vår x
Både høst og vår☐
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Koder til
bruk for
admini-
strasjonen:
Emnekategorier
Kategorier merket med gult blir
publisert i emnebeskrivelsen på
nett
Norsk In English
Emnekode / Code
Navn, bokmål Norsk 1 mellomtrinnet
Navn, nynorsk Norsk 1 mellomsteget
Name, English
Faktaboks Antall studiepoeng / Credits
Studienivå /Level of study Bachelornivå☐ Masternivå☐ PHD☐ Videreutdanning (EVO)☐
Praksisemne / Course for
practical training Ja☐ Nei☐
Ansvarlig institutt
Tilhører studieprogram
EBINNL Innledning / Introduction 2.studieår, 1.semester.
Emnet utgjer dei andre 15 sp av obligatorisk Norsk 1 på til saman 30 sp.
Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og
litteraturfag og ein praksisstad for kvalifisert arbeid med språk og tekstar – i ulike
sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
Norsk 1-7 fagdidaktikk
EBLUB Læringsutbytte / Learning
outcome
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
- har kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har brei kunnskap om lese- og skriveopplæring på mellomtrinnet
-har utvida kunnskap om lese- og skrivevanskar
- har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis,
og kjennskap til nokre av minoritetsspråka i Noreg
- har kunnskap om tekstar for barn og unge med vekt på kva som kjenneteiknar
munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk, bokmål og i omsetjing, i
ulike sjangrar og medium
- har kunnskap om dokumentasjon, kartleggingsprøver, nasjonale prøver og
læringsressurser for trinn 5-7
Ferdigheiter
- kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere
greie for fagdidaktiske val som skal fremje dei grunnleggjande ferdigheitene for alle
elevar på mellomtrinnet
- kan bruke varierte arbeidsmåtar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse
opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar for barn og unge i
arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere samtaler i klasserommet
Norsk 1-7 fagdidaktikk
- kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
- kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons
til alle elevar
- kan vurdere ulike norskfaglege læringsressursar
- meistrar begge målformer skriftleg og kan undervise elevar i desse.
Generell kompetanse
- kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan
delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- har blikk for mangfoldet i elevgruppen og kan gjere greie for tilpassa fagdidaktiske
val
- kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk
innsikt
EBFORK Forkunnskaper / Prerequisites
EBOVER Faglig overlapp / Course
overlap
EBINNH Innhold / Content Norsk på mellomsteget gir eit grunnlag for norskundervisning på trinn 5-7. Sentralt
står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei
grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den andre lese- og
skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet legg også
vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen
tekstkompetanse og formidlingsevne.
Norsk 1-7 fagdidaktikk
EBARB Arbeidsformer / Study
methods
Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar,
rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det er derfor lagt opp
til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ein lærande, aktiv og nærverande
studentrolle. Arbeidsformene vil vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg,
utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper. Studentane skal også
bidra på nett med obligatoriske arbeidskrav, samtalar og diskusjonsinnlegg, samt
vidareutvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar.
EBFORP Obligatoriske arbeidskrav /
Mandatory assignments
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne
gå opp til eksamen.
Studentar som ikkje består eit obligatorisk arbeidskrav får eitt (1) nytt leveringsforsøk
same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Godkjente arbeidskrav er gyldige i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.
Studentane har tre arbeidskrav i emnet. Studenten må syne skriftleg kompetanse i
begge målformene, og munnleg kompetanse.
Minst eitt av arbeidskrava skal handle om den andre lese- og skriveopplæringa, og
eitt skal vere knytt til forskingsmetode. Oppgåvetekst og formelle krav vert delt ut
ved semesterstart.
Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik
dei står skildra i studieprogramplanen
EBVURD Vurderingsform / Methods of
assessment
Ein individuell, skriftleg skuleeksamen på 6 timar.
Målform: Bokmål
Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.
Karakterskala: A-F, der F er ikkje bestått.
Norsk 1-7 fagdidaktikk
EBHJELP Hjelpemidler ved eksamen /
Premitted exam materials
Godkjend ordbok eller ordliste.
EBLITT Litteratur / Literature list .
EBANSV
Faktaboks
Emneansvarlig faglærer(e) /
Course coordinator
EBSPRAK
Faktaboks
Undervisningsspråk / Language
of instruction
Norsk
EBPROG
Faktaboks
Progresjonskrav/ Requirements
for study progression Ja☐
Nei☐
EBUNDSEM
Faktaboks
Undervisningssemester /
Semester of instruction
Høst x
Vår☐
Start høst - eksamen vår ☐
Start vår - eksamen høst☐ [Skriv en merknad dersom emnet går over flere semester]
EBSEM
Faktaboks
Eksamenssemester / Semester
of assessment
Haust x
Vår☐
Både høst og vår☐
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Koder til
bruk for
admini-
strasjonen:
Emnekategorier
Kategorier merket med gult blir
publisert i emnebeskrivelsen på
nett
Norsk In English
Emnekode / Code
Navn, bokmål Norsk 2 – språk, kultur og litteratur 1
Navn, nynorsk Norsk 2 – språk, kultur og litteratur 1
Name, English
Faktaboks Antall studiepoeng / Credits
Studienivå /Level of study Bachelornivå☒ Masternivå☐ PHD☐ Videreutdanning (EVO)☐
Praksisemne / Course for
practical training Ja☐ Nei☐
Ansvarlig institutt
Tilhører studieprogram
EBINNL Innledning / Introduction 3.studieår, 2.semester
Norsk – Språk, kultur og litteratur 1 bygger på Norsk 1 begynnaropplæringa og Norsk
1 mellomsteget.
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Emnet går parallelt med Norsk 2 språk, kultur og litteratur 2.
EBLUB Læringsutbytte / Learning
outcome
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
- har omfattande kunnskap om språkleg variasjon, norsk som første- og andrespråk
og norsk i eit internasjonalt kontrastivt perspektiv
- har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og
gjeldande normering av nynorsk og bokmål
- har kjennskap til samisk språk, litteratur og kultur, nasjonale minoritetsspråk og
nabospråk
Ferdigheiter
- kan bruke grammatikk- og språkkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og
multimodale tekstar
- kan gi tilpassa opplæring for minoritetselevar med varierande ferdigheiter i
munnleg og skriftleg norsk - kan lese, tolke og reflektere over akademiske fagtekstar
på norsk, skandinaviske språk og engelsk
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
Generell kompetanse
- har innsikt i skulefaget sin historie og eigenart som språk-, kultur- og danningsfag
Norsk 1-7 fagdidaktikk
- kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte
forskingshistoriske problemstillingar
- kan formidle fagstoff om språk, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på
trinn 1-7 i samarbeid med andre
EBFORK Forkunnskaper / Prerequisites
EBOVER Faglig overlapp / Course
overlap
EBINNH Innhold / Content Emnet gir historisk bakgrunn og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege
emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i begynnaropplæringa og i
norskundervisning på mellomsteget, og betre fagleg grunnlag for arbeid med
læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane
får også gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen
tekstkompetanse og formidlingsevne.
EBARB Arbeidsformer / Study
methods
Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar,
rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det er derfor lagt opp
til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ei lærande, aktiv og nærverande
student. Arbeidsformene vil vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg,
utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper. Studentane skal også
bidra på nett med obligatoriske arbeidskrav, samtalar og diskusjonsinnlegg, samt
vidareutvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar.
EBFORP Obligatoriske arbeidskrav /
Mandatory assignments
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne
gå opp til eksamen.
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Studentar som ikkje består eit obligatorisk arbeidskrav får eitt (1) nytt leveringsforsøk
same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Godkjente arbeidskrav er gyldige i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.
Studentane har to arbeidskrav i emnet. Minst eitt av dei er munnleg og minst eitt av
arbeidskrava skal vere knytt til forskingsmetode. Oppgåvetekst og formelle krav vert
delt ut ved semesterstart.
Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik
dei står skildra i studieprogramplanen
EBVURD Vurderingsform / Methods of
assessment
Studenten skal skrive FOU-oppgåve i emnet "Norsk – Språk, kultur og litteratur 1"
eller i emnet "Norsk – Språk, kultur og litteratur 2". Oppgåva kan ha
pedagogikkfaglege perspektiv.
Studenten vel mellom to alternative eksamensformer:
1.Individuell skriftleg FOU-oppgåve og munnleg eksaminasjon.
Målform: Valfri
Vekting: FOU-oppgåve 50 % og munnleg eksaminasjon 50 %.
Karakterskala: A-F, der F er ikkje bestått.
eller
2.Individuell skriftleg mappevurdering av to tekstar.
Målform: Bokmål og nynorsk.
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Karakterskala: A-F, der F er ikkje bestått.
EBHJELP Hjelpemidler ved eksamen /
Premitted exam materials
FoU-oppgåva: alle
Munnleg eksaminasjon: ingen
Individuell skriftleg mappevurdering: alle
EBLITT Litteratur / Literature list
EBANSV
Faktaboks
Emneansvarlig faglærer(e) /
Course coordinator
EBSPRAK
Faktaboks
Undervisningsspråk / Language
of instruction
Norsk
EBPROG
Faktaboks
Progresjonskrav/ Requirements
for study progression Ja☐
Nei☐
EBUNDSEM
Faktaboks
Undervisningssemester /
Semester of instruction
Høst ☐
Vår☒
Start høst - eksamen vår ☐
Start vår - eksamen høst☐ [Skriv en merknad dersom emnet går over flere semester]
EBSEM
Faktaboks
Eksamenssemester / Semester
of assessment Høst☐
Vår☒
Både høst og vår☐
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Koder til
bruk for
admini-
strasjonen:
Emnekategorier
Kategorier merket med gult blir
publisert i emnebeskrivelsen på
nett
Norsk In English
Emnekode / Code
Navn, bokmål Norsk 2- språk kultur og litteratur 2
Navn, nynorsk Norsk 2- språk kultur og litteratur 2
Name, English
Faktaboks Antall studiepoeng / Credits
Studienivå /Level of study Bachelornivå☒ Masternivå☐ PHD☐ Videreutdanning (EVO)☐
Praksisemne / Course for
practical training Ja☐ Nei☐
Ansvarlig institutt
Tilhører studieprogram
EBINNL Innledning / Introduction 3.studieår, 2.semester
Norsk – Språk, kultur og litteratur 2 bygger på Norsk 1 begynnaropplæringa og Norsk
1 mellomsteget.
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Emnet går parallelt med Norsk 2 språk, kultur og litteratur 1.
EBLUB Læringsutbytte / Learning
outcome
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
- har kunnskap om litteraturhistorie og brei kunnskap om skjønnlitteratur for barn,
unge og vaksne, frå ulike tider og frå ulike kulturer
- har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike
litteraturteoretiske perspektiv
- har omfattande kunnskap om språkets retoriske funksjonar, munnleg
kommunikasjon, og vidare lese- og skriveopplæring
Ferdigheiter
- kan bruke tekst- og litteraturkunnskap frå norsk-, skandinavisk- og engelskspråkleg
faglitteratur i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
- kan legge til rette for at elevar på trinn 1-7 lærer å lese, skrive, diskutere og arbeide
med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium og frå
ulike tider og kulturar
- kan bruke kunnskap om retorikk og kommunikasjon i arbeid med ulike munnelege
sjangrar
- kan bruke og vurdere relevante arbeidsmåtar og læringsressursar som fremjar
samarbeid og fagleg progresjon i lese- og skriveopplæringa
Norsk 1-7 fagdidaktikk
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
Generell kompetanse
- har innsikt i skulefagets historie og eigenart som litteratur-, kultur- og danningsfag
- kan formidle fagstoff om litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
- kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte
forskingshistoriske problemstillingar
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på
trinn 1-7 i samarbeid med andre
EBFORK Forkunnskaper / Prerequisites
EBOVER Faglig overlapp / Course
overlap
EBINNH Innhold / Content Emnet gir historisk bakgrunn og meir omfattande kunnskap om sentrale litterære
emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i begynnaropplæringa og i
norskundervisninga på mellomsteget, og betre fagleg grunnlag for arbeid med
læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane
får også gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen
tekstkompetanse og formidlingsevne.
EBARB Arbeidsformer / Study
methods
Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar,
rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det er derfor lagt opp
til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ein lærande, aktiv og nærverande
studentrolle. Arbeidsformene vil vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg,
utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper. Studentane skal også
Norsk 1-7 fagdidaktikk
bidra på nett med obligatoriske arbeidskrav, samtalar og diskusjonsinnlegg, samt
vidareutvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar.
EBFORP Obligatoriske arbeidskrav /
Mandatory assignments
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne
gå opp til eksamen.
Studentar som ikkje består eit obligatorisk arbeidskrav, får eitt (1) nytt
leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Godkjente arbeidskrav er gyldige i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.
Studentane har to arbeidskrav i emnet. Minst eitt skal vere munnleg og minst eitt
skal vere knytt til forskingsmetode. Oppgåvetekst og formelle krav vert delt ut ved
semesterstart.
Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik
dei står skildra i studieprogramplanen
EBVURD Vurderingsform / Methods of
assessment
Studenten skal skrive FOU-oppgåve i emnet "Norsk – Språk, kultur og litteratur 1"
eller i emnet "Norsk – Språk, kultur og litteratur 2". Oppgåva kan ha
pedagogikkfaglege perspektiv.
Studenten vel mellom to alternative eksamensformer:
1.Individuell skriftleg FOU-oppgåve og munnleg eksaminasjon.
Målform: Valfri
Vekting: FOU-oppgåve 50 % og munnleg eksaminasjon 50 %.
Karakterskala: A-F, der F er ikkje bestått.
2.Individuell skriftleg mappevurdering av to tekstar.
Målform: Bokmål og nynorsk.
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Karakterskala: A-F, der F er ikkje bestått.
EBHJELP Hjelpemidler ved eksamen /
Premitted exam materials
FoU-oppgåva: alle
Munnleg eksaminasjon: ingen
Individuell skriftleg mappevurdering: alle
EBLITT Litteratur / Literature list
EBANSV
Faktaboks
Emneansvarlig faglærer(e) /
Course coordinator
EBSPRAK
Faktaboks
Undervisningsspråk / Language
of instruction
Norsk
EBPROG
Faktaboks
Progresjonskrav/ Requirements
for study progression Ja☐
Nei☐
EBUNDSEM
Faktaboks
Undervisningssemester /
Semester of instruction
Høst ☐
Vår☒
Start høst - eksamen vår ☐
Start vår - eksamen høst☐ [Skriv en merknad dersom emnet går over flere semester]
EBSEM
Faktaboks
Eksamenssemester / Semester
of assessment Høst☐
Vår☒
Både høst og vår☐
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Koder til
bruk for
admini-
strasjonen:
Emnekategorier
Kategorier merket med gult blir
publisert i emnebeskrivelsen på
nett
Norsk In English
Emnekode / Code
Navn, bokmål Litteratur og litteraturdidaktikk
Navn, nynorsk Litteratur og litteraturdidaktikk
Name, English
Faktaboks Antall studiepoeng / Credits
Studienivå /Level of study Bachelornivå☐ Masternivå☒ PHD☐ Videreutdanning (EVO)☐
Praksisemne / Course for
practical training Ja☐ Nei☐
Ansvarlig institutt
Tilhører studieprogram
EBINNL Innledning / Introduction Dette er eitt av fire masteremne i norsk. Det er plassert om hausten fjerde år. Emnet
er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10. For GLU 1-7 er også begynnaropplæring relevant.
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og
litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar – i
ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
EBLUB Læringsutbytte / Learning
outcome
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
- avansert kunnskap om munnlege, skriftlege og multimodale teksttypar i fortid og
samtid.
- avansert kunnskap om medieestetiske uttrykksformer
- spesialisert kunnskap om litteraturteori, litteraturdidaktikk og estetisk teori
- inngåande kunnskap om tekstanalyse, tekstskaping og formidling.
Ferdigheiter
- kan kritisk analysere nasjonal og internasjonal litteraturforsking og tilhøyrande
forskingstradisjonar og kunne nytte denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
- kan bruke vitskapelege metodar i analysar av ulike litterære uttrykksformer og av
samspelet mellom modalitetar
- kan planlegge og gjennomføre undervising i litteratur som kan fremje elevens
vitskaplege tenkemåte og litterære kompetanse
- kan på varierte og sjølvstendige måtar formidle tekstar i ulike uttrykksformer
- kan utvikle og vurdere læringsressursar, også digitale, i litteraturundervisninga, og gi
fagleg grunngitt undervisning i litteratur til alle elevar, inkludert andrespråkselevar
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Generell kompetanse
- kan vere ein ressurs i faglege samanhengar i spørsmål om litteratur og
litteraturundervisning og bidra til fagleg fellesskap på arbeidsplassen
- kan utdjupe og konkretisere norskfaget sin eigenart som kultur- og danningsfag
EBFORK Forkunnskaper / Prerequisites
EBOVER Faglig overlapp / Course
overlap
EBINNH Innhold / Content Masteremnet Litteratur og litteraturdidaktikk gir studenten inngåande og avansert
kunnskap om litteratur, litteraturvitskap og litteraturdidaktikk. Studenten får innsikt i
nyare forsking om litterære emne, og i korleis denne kunnskapen kan brukast i
profesjonsutøvinga.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går
fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
EBARB Arbeidsformer / Study
methods
Arbeidsformene er varierte og kan vere førelesningar, fagseminar, gruppearbeid i
større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Arbeidsformene
stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og ei aktiv tilnærming til
problemstillingane studentane vert presenterte for. Ein forventar at studentane
organiserer kollokviegrupper.
EBFORP Obligatoriske arbeidskrav /
Mandatory assignments
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne
gå opp til eksamen.
Studentar som ikkje består eit obligatorisk arbeidskrav får eitt (1) nytt leveringsforsøk
same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.
- Gjennomføre ein performativ presentasjon av litterær tekst for ei nærmare definert målgruppe
- Skrive eit samandrag av ein litteraturteoretisk tekst frå pensum og reflektere over korleis det teoretiske perspektivet kan knytast til ein litterær tekst
Språk: norsk, valfri målform.
Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen
Presisering av formelle krav vert delt ut ved semesterstart.
EBVURD Vurderingsform / Methods of
assessment
Skriftleg, heimeeksamen over 5 dagar.
Språk: norsk, den målforma ein ikkje har nytta i det skriftlege arbeidskravet.
Karakterskala: A-F, der F er ikkje bestått.
EBHJELP Hjelpemidler ved eksamen /
Premitted exam materials
EBLITT Litteratur / Literature list
EBANSV
Faktaboks
Emneansvarlig faglærer(e) /
Course coordinator
Norsk 1-7 fagdidaktikk
-
EBSPRAK
Faktaboks
Undervisningsspråk / Language
of instruction
Norsk
EBPROG
Faktaboks
Progresjonskrav/ Requirements
for study progression Ja☐
Nei☐
EBUNDSEM
Faktaboks
Undervisningssemester /
Semester of instruction
Høst ☒
Vår☐
Start høst - eksamen vår ☐
Start vår - eksamen høst☐ [Skriv en merknad dersom emnet går over flere semester]
EBSEM
Faktaboks
Eksamenssemester / Semester
of assessment Høst☒
Vår☐
Både høst og vår☐
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Koder til
bruk for
admini-
strasjonen:
Emnekategorier
Kategorier merket med gult blir
publisert i emnebeskrivelsen på
nett
Norsk In English
Emnekode / Code
Navn, bokmål Språk og språkdidaktikk
Navn, nynorsk Språk og språkdidaktikk
Name, English
Faktaboks Antall studiepoeng / Credits
Studienivå /Level of study Bachelornivå☐ Masternivå☒ PHD☐ Videreutdanning (EVO)☐
Praksisemne / Course for
practical training Ja☐ Nei☐
Ansvarlig institutt
Tilhører studieprogram
EBINNL Innledning / Introduction Dette er eitt av fire masteremne i norsk. Det er plassert om hausten fjerde år. Emnet
er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10. For GLU1-7 er også begynnaropplæring relevant.
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og
litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar – i
ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
EBLUB Læringsutbytte / Learning
outcome
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
- har inngåande teoretisk innsikt i ulike språkdidaktiske og språkteoretiske fagområde
- har avansert kunnskap om teoriar om literacy i fleire kontekstar og ut frå ulike
didaktiske perspektiv
- har inngåande kunnskap om språkbruk i samfunnet, med innsikter frå ulike
teoretiske perspektiv
- har avansert kunnskap om korleis norskundervisninga kan tilpassast alle elevar sine
føresetnader og behov, inkludert andrespråkselevar.
Ferdigheiter
- kan utføre teoriforankra arbeid med ulike typar tekstar og språklege data
- kan analysere nasjonal og internasjonal språkforsking kritisk, og kan nytte denne
kunnskapen i profesjonsutøvinga
- kan drøfte språkvitskaplege problemstillingar og utfordringar knytt til undervisning
og kunnskapsutvikling på ulike nivå.
- kan drøfte språkfilosofiske emne, og forstå språkbruk både som grammatisk
ferdigheit og som identitetsskapande faktor
Norsk 1-7 fagdidaktikk
- kan utvikle og vurdere læringsressursar, også digitale, og gi fagleg grunngitt
undervisning i norsk til alle elevar, inkludert andrespråkselevar
Generell kompetanse
- kan vere ein ressurs i faglege samanhengar i spørsmål om språk og
språkundervisning og bidra til fagleg fellesskap på arbeidsplassen
- kan utdjupe og konkretisere norskfaget sin eigenart som kultur- og danningsfag
EBFORK Forkunnskaper / Prerequisites
EBOVER Faglig overlapp / Course
overlap
EBINNH Innhold / Content Masteremnet Språk og språkdidaktikk gir studenten inngåande og avansert kunnskap
om språk, språkvitskap og språkdidaktikk. Studenten får innsikt i nyare forsking om
språklege emne, og i korleis denne kunnskapen kan brukast i profesjonsutøvinga.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går
fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
EBARB Arbeidsformer / Study
methods
Arbeidsformene er varierte og kan vere førelesningar, fagseminar, gruppearbeid i
større og mindre grupper, studentframlegg og individuell rettleiing. Arbeidsformene
stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og ei aktiv tilnærming til
problemstillingane studentane vert presenterte for. Ein forventar at studentane
organiserer kollokviegrupper.
Norsk 1-7 fagdidaktikk
EBFORP Obligatoriske arbeidskrav /
Mandatory assignments
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar som ikkje består eit obligatorisk arbeidskrav, får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Godkjente arbeidskrav er gyldige i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.
Studentane skal dokumentere følgande i ei læringsmappe
- posterpresentasjon om eit tildelt emne innan språkvitskap eller språkdidaktikk og kommentere ein annan student sin poster
- eit samandrag av ein forskingstekst med språkleg emne skrive slik at det kunne inngå i ein litteraturgjennomgang i ein akademisk tekst
Språk: norsk, begge målformer skal vere representerte.
Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen
Presisering av formelle krav vert delt ut ved semesterstart.
EBVURD Vurderingsform / Methods of
assessment
Semesteroppgåve
ein teoretisk fagartikkel med problemstilling frå eit sentralt forskingsområde innan emnet språkvitskap eller språkdidaktikk. Det blir gitt rettleiing i arbeidet med artikkelen.
Språk: norsk
Karakterskala: A-F, der F er ikkje bestått.
EBHJELP Hjelpemidler ved eksamen /
Premitted exam materials
Alle
Norsk 1-7 fagdidaktikk
EBLITT Litteratur / Literature list
EBANSV
Faktaboks
Emneansvarlig faglærer(e) /
Course coordinator
EBSPRAK
Faktaboks
Undervisningsspråk / Language
of instruction
Norsk
EBPROG
Faktaboks
Progresjonskrav/ Requirements
for study progression Ja☐
Nei☐
EBUNDSEM
Faktaboks
Undervisningssemester /
Semester of instruction
Høst ☒
Vår☐
Start høst - eksamen vår ☐
Start vår - eksamen høst☐ [Skriv en merknad dersom emnet går over flere semester]
EBSEM
Faktaboks
Eksamenssemester / Semester
of assessment Høst☒
Vår☐
Både høst og vår☐
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Koder til
bruk for
admini-
strasjonen:
Emnekategorier
Kategorier merket med gult blir
publisert i emnebeskrivelsen på
nett
Norsk In English
Emnekode / Code
Navn, bokmål Vitenskapsteori, metode og akademisk tekstarbeid
Navn, nynorsk Vitskapsteori, metode og akademisk tekstarbeid
Name, English
Faktaboks Antall studiepoeng / Credits
Studienivå /Level of study Bachelornivå☐ Masternivå☒ PHD☐ Videreutdanning (EVO)☐
Praksisemne / Course for
practical training Ja☐ Nei☐
Ansvarlig institutt
Tilhører studieprogram
EBINNL Innledning / Introduction Dette er eitt av fire masteremne i norsk. Det er plassert om våren fjerde år. Emnet er
felles for GLU 1-7 og GLU 5-10 og byggjer vidare på norskemna i haustsemesteret
EBLUB Læringsutbytte / Learning
outcome
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Kunnskapar
- avansert kunnskap om vitskapsteoretiske tema med relevans for det
norskdidaktiske feltet og profesjonsutøvinga av faget
- avansert kunnskap om relevante forskingsmetodar
- inngåande kunnskap om forskingsetiske spørsmål
- inngåande kunnskap om sentrale problemstillingar, forskingstradisjonar og
skrivekonvensjonar på det norskdidaktiske og humanistiske feltet
Ferdigheiter
- kan utarbeide og grunngje design for eige forskingsprosjekt (masteroppgåva)
- kan kritisk vurdere og drøfte ulike vitskapsteoretiske retningar og syn, både opp
mot eige forskingsprosjekt og profesjonsutøvinga av faget
- kan analysere og drøfte akademiske tekstar frå nasjonal og internasjonal forsking
med vekt på metodologi, relevans, argumentasjon og skrivestil
- kan planlegge og gjennomføre undervisning som gjev elevar innsikt i kva vitskapleg
kunnskap er, og korleis slik kunnskap blir utvikla og formidla
Generell kompetanse
- kan teoriforankra vurdere og bidra til å utvikle norskfaget og norskundervisninga
- kan bidra til formidling og utvikling av forskingsbasert kunnskap på arbeidsplassen
- kan utøve forskingsetisk og yrkesetisk skjønn
Norsk 1-7 fagdidaktikk
EBFORK Forkunnskaper / Prerequisites
EBOVER Faglig overlapp / Course
overlap
EBINNH Innhold / Content I emnet skal studenten utvikle ei reflektert forståing av vitskapsteori, metodologi og
akademiske skrivekonvensjonar på det norskdidaktiske og humanistiske feltet. Emnet
skal setje studenten i stand til å vurdere og delta i forskings- og utviklingsarbeid knytt
til norsk språk og litteratur, norskdidaktikk og profesjonsutøvinga i faget. Emnet skal
dessutan sikre den vitskaplege forankringa av studenten sitt eige masterprosjekt.
EBARB Arbeidsformer / Study
methods
Undervisinga skjer i form av forelesingar og seminar. Ein føreset at studentane
arbeider sjølvstendig, stiller godt førebudde til undervisning og deltek aktivt
undervegs i studiet. Ein forventar at studentane organiserer kollokviegrupper.
EBFORP Obligatoriske arbeidskrav /
Mandatory assignments
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne
gå opp til eksamen.
Studentar som ikkje består eit obligatorisk arbeidskrav får eitt (1) nytt leveringsforsøk
same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.
- Munnleg framlegg der studenten drøftar ei aktuell norskdidaktisk problemstilling i lys av vitskapsteori
- Skrive ein analyse av ein tildelt forskingstekst med vekt på både vitskapsteoretiske plassering, metodisk tilnærming og akademisk skrivestil og kommentere ein annan student sin analyse
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik
dei står skildra i studieprogramplanen
Presisering av formelle krav vert delt ut ved semesterstart.
EBVURD Vurderingsform / Methods of
assessment
Prosjektskisse for masteroppgåva etter oppsette kriterium. Det blir gitt rettleiing i arbeidet med prosjektskissa.
Språk: norsk, valfri målform.
Karakterskala: A-F, der F er ikkje bestått.
EBHJELP Hjelpemidler ved eksamen /
Premitted exam materials
Alle
EBLITT Litteratur / Literature list
EBANSV
Faktaboks
Emneansvarlig faglærer(e) /
Course coordinator
EBSPRAK
Faktaboks
Undervisningsspråk / Language
of instruction
Norsk
EBPROG
Faktaboks
Progresjonskrav/ Requirements
for study progression Ja☐
Nei☐
EBUNDSEM
Faktaboks
Undervisningssemester /
Semester of instruction
Høst ☐
Vår☒
Start høst - eksamen vår ☐
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Start vår - eksamen høst☐ [Skriv en merknad dersom emnet går over flere semester]
EBSEM
Faktaboks
Eksamenssemester / Semester
of assessment Høst☐
Vår☒
Både høst og vår☐
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Koder til
bruk for
admini-
strasjonen:
Emnekategorier
Kategorier merket med gult blir
publisert i emnebeskrivelsen på
nett
Norsk In English
Emnekode / Code
Navn, bokmål Masteroppgave norsk
Navn, nynorsk Masteroppgåve norsk
Name, English
Faktaboks Antall studiepoeng / Credits
Studienivå /Level of study Bachelornivå☐ Masternivåx PHD☐ Videreutdanning (EVO)☐
Praksisemne / Course for
practical training
Ja☐ Nei☐
Ansvarlig institutt
Tilhører studieprogram
EBINNL Innledning / Introduction Dette er eitt av fire masteremne i norsk. De er plassert i 5.studieår, 1. og 2.semester.
Emnet er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10.
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Under rettleiing frå faglærar skal studenten i femte året av studiet gjennomføre eit
sjølvstendig forskingsprosjekt og dokumentere dette arbeidet gjennom ei
masteroppgåve på 45 sp.
EBLUB Læringsutbytte / Learning
outcome
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
- har avansert kunnskap om nasjonal og internasjonal forsking i masterfaget norsk
-har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåva)
- har inngåande kunnskap om relevant teori og metode for masteroppgåva
Ferdigheiter
- kan kritisk nytte forskingsbasert, profesjonsretta kunnskap i masterfaget til
utforsking av nye problemområde
- kan analysere og kritisk vurdere ulike informasjonskjelder og nytte desse til å
strukturere og formulere faglege resonnement
- kan bruke relevant teori og metode knytt til arbeidet med eiga masterarbeid og
reflektere kritisk over eigne val
- kan gjennomføre eit profesjonsretta, sjølvstendig, og avgrensa forskingsprosjekt i
tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse
Norsk 1-7 fagdidaktikk
- kan posisjonere eiga forsking i høve til forskingsfeltets historie, eigenart og
samfunnsmessige plassering
- kan formidle resultat frå masteroppgåva på ein tilfredsstillande og relevant måte.
- kan bidra til utviklingsarbeid som fører til norskfagleg nytenking i skolen.
EBFORK Forkunnskaper / Prerequisites Bestått praksis og bestått FOU-oppgåve.
EBOVER Faglig overlapp / Course
overlap
EBINNH Innhold / Content Masteroppgåva skal vise studentens evne til å behandle problemstillingar knytt til
masterfaget norsk på ein sjølvstendig, systematisk og analytisk måte.
Masteroppgåva tar utgangspunkt i ei sjølvvalt problemstilling på grunnlag av
kunnskapsstoffet i eitt eller fleire av masteremna i masterfaget norsk. Tema,
problemstilling og litteraturtilfang blir utvikla i samråd med rettleiar.
Kvar student får ein hovudrettleiar. Det blir inngått individuelle forpliktande
rettleiingsavtaler.
EBARB Arbeidsformer / Study
methods
Emnet er i hovudsak studentdrive i tett dialog med rettleiar og med obligatoriske
skriveseminar etter ein oppsett plan.
EBFORP Obligatoriske arbeidskrav /
Mandatory assignments
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne
gå opp til eksamen.
Studentar som ikkje består eit obligatorisk arbeidskrav får eitt (1) nytt leveringsforsøk
same semester, innan ein frist sett av faglærar.
Norsk 1-7 fagdidaktikk
Godkjent arbeidskrav er gyldig i det påfølgande semesteret etter godkjenninga.
Obligatoriske arbeidskrav:
Studenten skal gje minst ei skriftleg tilbakemelding på ein del av masteroppgåva til ein medstudent.
Studenten skal halde ei open førelesing på 15 min. knytt til masteroppgåva og skal ta opp sentrale perspektiv i denne.
Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik
dei står skildra i studieprogramplanen
Presisering av formelle krav vert delt ut ved semesterstart.
EBVURD Vurderingsform / Methods of
assessment
Eksamen består av ei sjølvstendig skriftleg masteroppgåve. Oppgåva skrivast enten
aleine eller i par.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. Ved ikkje bestått blir det gitt høve til
at den nye masteroppgåva kan vere ein revidert versjon av den tidlegare innleverte
oppgåva.
EBHJELP Hjelpemidler ved eksamen /
Premitted exam materials
EBLITT Litteratur / Literature list .
EBANSV
Faktaboks
Emneansvarlig faglærer(e) /
Course coordinator
Norsk 1-7 fagdidaktikk
EBSPRAK
Faktaboks
Undervisningsspråk / Language
of instruction
Norsk
EBPROG
Faktaboks
Progresjonskrav/ Requirements
for study progression
Ja☐
Nei☐
EBUNDSEM
Faktaboks
Undervisningssemester /
Semester of instruction
Høst x
Vårx
Start høst - eksamen vår x
Start vår - eksamen høst☐ [Skriv en merknad dersom emnet går over flere semester]
EBSEM
Faktaboks
Eksamenssemester / Semester
of assessment
Høst☐
Vårx
Både høst og vår☐
top related