felline, professor pål og kjemisettet

Post on 07-Apr-2016

237 Views

Category:

Documents

4 Downloads

Preview:

Click to see full reader

DESCRIPTION

Leseland. Nivå 3. Av Martin Baltscheit og Ulf K.

TRANSCRIPT

Felline-9788252180992.indd 3 12.11.14 11:01

Samlaget oslo 2015

Felline, professor Pål

og kjemisettetAv

martin baltscheitIllustrert av

ulf k.Frå tysk ved

ole skogseide

Felline-9788252180992.indd 5 12.11.14 11:01

Felline-9788252180992.indd 6 12.11.14 11:01

Endeleg var tida inne. Den store dagen var her. Endeleg skulle Pål få ein hund.

Tante Else hadde kjøpt han, og det var nok mest for henne hunden passa òg, tenkte Pål.

Pål får ein hund

7

Felline-9788252180992.indd 7 12.11.14 11:01

Eigentleg hadde Pål gledd seg til ein stor hund, ein gigantisk svart hund med livsfarleg snute. Alle som såg han skulle døy av skrekk, og berre Pål skulle greie å temje han.

8

Felline-9788252180992.indd 8 12.11.14 11:01

Ja, ein skikkeleg hund, med strittande pels og knivskarpe tenner. Ein som kunne bjeffe så høgt at naboane trudde dei hadde bygd soverommet sitt ved sida av ein flyplass. Det ville ha vore noko!

9

Felline-9788252180992.indd 9 12.11.14 11:01

Men Felline var mjuk, liten og kvit, med eit par brune flekker her og der. Og berre namnet, «Felline»! Kan ein tenkje seg eit teitare namn på ein hund?

10

Felline-9788252180992.indd 10 12.11.14 11:01

Forvandlinga

Heldigvis hadde Pål det gamle kjemi-settet til pappa. Han gjekk straks i gang med arbeidet. Felline sat ved sida av og stirte.

11

Felline-9788252180992.indd 11 12.11.14 11:01

«Du er ikkje nokon hund ...,» sa Pål, «du er ein liten kanin! Ein forsøks-kanin! Og folk kjem til å peike og le viss vi ikkje får laga ein skikkeleg hund av deg!»

12

Felline-9788252180992.indd 12 12.11.14 11:01

Felline skjønte ingen ting. Ho visste ikkje kva ein kanin var, og ho hadde heller aldri sett eit kjemisett. Men den fargerike suppa smakte nydeleg.

13

Felline-9788252180992.indd 13 12.11.14 11:01

top related