vente på fuglen
DESCRIPTION
Fødsel. Død. Sorg. Glede. Kjærleik. Utruskap. Hengemagar. Trofékoner. Ungkarar. Augustkveldar. Søndagsturar.TRANSCRIPT
Frode GryttenVente på fuglen
Noveller
© 2014 Kagge Forlag AS
Omslagsdesign: Trine + KimLayout: Dag Brekke | akzidenz as
Papir: Print Cream 80 gBoka er satt med: Minion Pro 11,5/13,5
Trykk og innbinding: ScandBook | Falun
ISBN: 978-82-489-1462-4
Kagge Forlag ASStortingsg. 12
0161 Oslo
www.kagge.no
ei kvinne, to menndu kjenner historia
vel, her kjem ho igjenei kvinne, to menndu kjenner historiavel, her er ho igjen
– 7 –
– 7 –
Ein dag i livet til nyttårsbarn (22 timar): Skrike. Sove. Ete. Sove. NRK. Sove. NTB.
Ete. Sove. TV 2. Drite. Bade. Skrike. Sove. Ete. Sove.
– 8 – – 9 –
I drømmen siglar jente (2 md.) ned floder av morsmjølk, babycall slått på, fjell av
hekla ull, månen ein diger pupp. Så ser ho fossefallet.
– 8 – – 9 –
Nokon har strødd eit lag melis i gata. Litt ut på dagen kan ein sjå
fotspora til leikande jenter (3). Ingen djupe tankar, bare litt lykke.
– 10 – – 11 –
Dei har ikkje henta gut (3) i barnehagen på eit par veker. Sant å seie,
han søler, rotar, grin. Sant å seie, han er ikkje det dei drømte om.
– 10 – – 11 –
Beina hennar er fulle av skrubbsår og sebraplaster. Munnen hennar er ein
lykkelig stad, alltid open for is. Jente (3) er årets lysaste dag.
– 12 – – 13 –
– Du er henta! ropar dei til Spiderman (4). Karnevalet har tatt alle superkreftene.
Heime vil Spiderman ha Nugatti-skive og sjå Sauen Shaun.
– 12 – – 13 –
Sola stig opp 05:55, mens det er mørkt ute og snøen fell under gatelysa. Sola er fire år i dag, ho vil ha på kjole
og ta med is i barnehagen.
– 14 – – 15 –
Leggetid, så nær jul. Kva ønsker du deg? spør far. Jente (4) tenker, veit at no, ja no gjeld det. Endelig svarar ho: Nesten alt.