valprogram raudt kvam 2011
DESCRIPTION
Valprogram Raudt Kvam 2011TRANSCRIPT
Ei anna verd
er mogleg
Raudt
Kvam
2011-2015
To store politiske overtramp har sett sitt preg på Kvam dei siste åra og har fått hundrevis av kvemmingar ut i gatene og opp i fjellet for å protestera. Det handlar om to so forskjellige ting som
produksjonen ved Elkem Bjølvefossen og bygginga av 440 kV kraftline frå Sima til Samnanger, men begge sakene er når alt kjem til alt utslag av den same politikken, nemleg liberaliseringa av kraftmarknaden.
Det handlar med andre ord om at no skal arvesølvet vårt, vasskrafta, koplast til den europeiske kraftbørsen og seljast til høgstbydande. Derfor får ikkje Ålvik og Kvam lenger nyta godt av det Bjølsegrøvatnet i si tid vart regulert for, nemlig lokal industri, og derfor skal det byggjast ein motorveg for kraft gjennom Hardanger til Europa og sokkelen. Dei som sit att med usikre arbeidsplassar, høgare nettleige, høgare kraftprisar og øydelagt natur, er hardingane.
Raudt står side om side med dei som
protesterer mot små og store overtramp mot naturen og lokalsamfunna, og me ser på protestrørsler som eit sunnheitsteikn i eit ellers skrantande demokrati. Samstundes er me opptekne av å lyfta blikket opp frå einskildsa
av den galskapen som folk protesterer mot. Og systemet, det heiter kapitalisme.
Gøymd bak sporty uttrykk som konkurranseutsetting, effektivisering, liberalisering og modernisering, vert
demokratiske rettane våre ofra til fordel for storkapitalen og Brüssel. I tillegg
naturen sine tolegrenser på stadig
denne utviklinga, men me ser at det er på tide å slengja det kapitalistiske systemet der det høyrer heime, på historia sin skraphaug.
På vegen dit vil Raudt Kvam arbeida med mellom anna desse sakene:
1. plass Natalia Golis, 31år
er heimeverande småbarnsmor med Master i arabisk språk og kultur. Ho er spesielt oppteken av miljøvern, økologi og husbygging for framtida, og ho er aktiv i Naturvernforbundet i Kvam.Valet i 2011 er og fylkestingsval, og Natalia stiller óg som fyrstekandidat på Raudt Hordaland si fylkestingsliste. Ho har fungert som vara på fylkestinget i inneverande periode.
2. plass Håvard Gjerde, 35 år
er båtbyggjar og tillitsvalt på arbeidsplassen. Han er spesielt oppteken av at fagrørsla og miljørørsla må samarbeida for å møta dei utfordringane som samfunnet står framføre i dag. Håvard er mellom anna aktiv i Mållaget og Hardangeraksjonen. Dessutan er han oppteken av at vasskrafta må ut av børsen og at Noreg må ut av Afghanistan, Libya og EØS.
3. plass Jens Edvard Ekaas, 56 år
arbeider som ferjebillettør på ferjesam
år bak seg ved Bjølvefossen og har jobba til sjøs. Han er spesielt oppteken av samferdsel og framtida til Ålvik, og han engasjerer seg i miljøspørsmål.
Raudt Kvam vil gje
naturen i Kvam
ei sterk stemme
Raudt Kvam vil oppretta eit
”Kvammakjøken”som skal levera fersk og kortreist mat til
institusjonane og skulane i Kvam
Korleis
Verna om strandsona, vassdrag, urøyvd natur og dyrka mark, og krevja miljøopprydding i ÅlvikStøtta lukka oppdrettsanlegg,
drettsnæringa i si noverande form er ikkje berekraftig
Støtta økologisk landbruk og lokal matproduksjon
Samnanger). Naturen har ikkje ein prislapp
Kvifor
Skapa nye arbeidsplassarNytta ferske, lokale råvarerKortreist mat sparar miljøet for unødige utsleppStimulera til matglede, og eit variert og sunt kosthald blant born og eldre
Kjøkenet vil ta i bruk lokal kunnskap om matOrdninga vil erstatta noverande levering til institusjonane frå Bergen
Raudt Kvam vil det skal vere
liv i alle bygdene
Raudt Kvam vil betra
bustadsituasjoneni Kvam
Korleis
Arbeida for langsiktig industrisatsing ved Fjellstrand og Elkem Bjølvefossen
offentleg kollektivtransport og betre korrespondanse)Sikra helsesenter og tannhelsetenesta i Strandebarm
Betra og utvida barnehagetilbodet i heile heradet, og ta vare på dei små barnehaganeStyrkja samarbeidet på tvers av bygdene.
Korleis
Innføra buplikt på alle bustadhusGjera det enklare og billegare for unge og nyetablerande å skaffa seg eigen bustad
Skattleggja all form for bustadspekulasjonInnføra inntektsregulert eigedomskatt
Raudt Kvam vil
arbeida for eit
inkluderande og
godt arbeidsliv
Raudt Kvam vil arbeida for at
skal vere offentlege
Korleis
helsesektoren, mot ufriviljug deltid
Innafor blant anna
offentleg reinhald og renovasjonkollektivtransport skulebarnehagehelsetenester
Raudt Kvam ser
innvandrarar som
ein ressurs
Raudt Kvam vil
leggja til rette for
deltakingskultur
Raudt Kvam tenkjer
internasjonalt. Me er del av ei større verd
Difor vil Raudt Kvam
Betra norskopplæringa slik at ho vert tilpassa den einskilde sitt nivå
Syta for at innvandrarane får eit individuelt tilpassa introduksjonsprogram
Korleis
Støtta eit brukarvenleg kulturhus i Norheimsund for kulturskule, verkstader, atelier, kafé og konsertsal
Gje stabil stønad til friviljuge organisasjonarArbeida for breiddeidrett
Difor
Vil Raudt Kvam at kommunale innkjøp skal basera seg på Fair
Vil Raudt Kvam sjå til at det i heradet vert sett ambisiøse mål for å
Vil Raudt Kvam oppmoda til kommunal boikott av IsraelMå soldatane hentast heim frå Afghanistan og Libya
kvam.raudt.no
1. Natalia Golis, f. 1980, Øystese2. Håvard Gjerde f. 1975, Norheimsund3. Jens Edvard Ekaas, f. 1955, Ålvik4. Lena Osmo, f. 1985, Ålvik5.Tonje Kaarbø, f. 1982, Strandebarm6. Eiliv Villand, f 1938, Øystese7. Ingelen Kaldestad, f. 1967, Norheimsund
10. Nayef Abushehadeh, f. 1956, Norheimsund11. Karen Noer Korssjøen, f. 1984, Norheimsund12. Olav Bolstad, f. 1955, Øystese
Raudt Kvam si liste til valet 2011