tittel og så videre - sølvbergetølvberget.no/content/download/15944... · skriv om med...
TRANSCRIPT
1
Ivar Aasen
www.stavanger-kulturhus.no
10 tips for å skrive betre nynorsk
Tips til eksamen i norsk.
Marita Aksnes og Åsmund Ådnøy, mai 2015
www.stavanger-kulturhus.no
«Eg skriv betre på eit språk som ligg så tett på talemålet mitt.»
Jan Zahl, journalist i Stavanger Aftenblad
1IKKJE BRUK FANTASIEN. BRUK ORDBOKA.
10 ordklasser
Substantiv (s.) elev (m), jente (f), hus (n)
Verb (v.) gå, vere, skrive, lese
Adjektiv (a.) sint, glad, raud, gul
Pronomen (pron.) eg, du, han, ho
Determinativ (det.) min, vår, denne, ingen, alle
Adverb (adv.) gjerne, veldig, ikkje
Preposisjon (prep.) i, på, over, under
Konjunksjon (konj.) og, men, eller, for, så
Subjunksjon (sub.) at, om, viss, derfor
Interjeksjon (interj.) hurra, ja, nei
2UNNGÅ HYPERNYNORSK
Sensor blir litt oppgitt når…
…du legg til bokstavar som i eller a der du føler dei passar inn fordi du føler det blir meirnynorsk…
Desse orda finst IKKJE i nynorsk:
kvisleis, kvaleis, meist, fleist, beitre, detta, denna, dessa, honom, hu, kvem, noken, meinar
7
3SUBSTANTIV:TRE KJØNNTRE BØYINGSMØNSTER
9
EintalUbunden form
EintalBunden form
FleirtalUbunden form (mange)
FleirtalBunden form (alle)
Hankjønn ein gutein romanNB! ein politikarNB! ein son
gutenromanenpolitikarensonen
gutarromanarpolitikararsøner
gutaneromananepolitikaranesønene
Hokjønn ei jenteei novelleNB! ei setning
jentanovellasetninga
jenternovellersetningar
jentenenovellenesetningane
Inkjekjønn eit eple eit verkemiddeleit menneske
epletverkemiddeletmennesket
epleverkemiddelmenneske
eplaverkemidlamenneska
Sei høgt i kor: ADLRI -r i fleirtal i inkjekjønnsord
4VERB:STOR OG VIKTIG ORDKLASSE.DU MÅ BRUKE ORDBOKA.
I infinitiv kan du bruke endinga -a eller -e:
å lese
å lesa
Vel éi form og ver konsekvent i ein og same tekst!
Ikkje bland saman endinga du vel i infinitiv, med det neste punktet: e-verb og a-verb.
11
Svake verb
a-verb: å kalle – kallar – kalla – har kalla
e-verb: å meine – meiner – meinte – har meint
a-verb og e-verb:
å bruke – bruker – brukte – har brukt
å bruke – brukar – bruka – har bruka
12
Hugs å velje riktig ordklasse
e-verb:
å tenke – tenker – tenkte – har tenkt
substantiv:
ein tenkar = ein person som tenker,
ein filosof
Ein tenkar som tenker.
13
Pass på at du bruker riktig verb
e-verb:
å føle – føler – følte – har følt
Eg føler at dette er riktig.
a-verb:
å føle – følar – føla – har føla
Merra har føla.
14
Sterke verb Mange endrar vokal
Ikkje ending i presens og preteritum
15
INFINITIV PRESENS PRETERITUM PRESENS PERFEKTUM
å vere er var har vore
å skrive skriv skreiv har skrive
å lese les las har lese
å bli blir blei har blitt
å verte vert vart har vorte
st-verb
Verb som sluttar på -st i infinitiv:
å finnast – finst – fanst – har funnest
å synast – synest – syntest – har synst
Ofte har ein bruk for presens- eller preteritumsforma av -st-verb:
Eg synest is er godt, men det finst dei som ikkjeliker is.
16
5SAMSVARSBØYING: ADJEKTIV OG PARTISIPP GRADBØYING: ADJEKTIV
Samsvarsbøying av adjektiv
Adjektiv står gjerne til eit substantiv.
Du må bøye adjektivet i samsvar med kjønn og tal hos substantivet:
ein raud strek ein god roman
ei raud lue ei god novelle
eit raudt hus eit godt dikt
mange raude hus mange gode tekstar
18
Samsvarsbøying av partisipp
Partisippforma av verbet (forma etter har –har skrive) er som eit adjektiv, og må bøyastetter substantivet det står til:
Romanen er skriven av Knut Hamsun.
Novella er skriven av Knut Hamsun.
Diktet er skrive av Knut Hamsun.
Romanane er skrivne av Knut Hamsun.
NB! Etter ha alltid inkjekjønnsform:
Hamsun har skrive dette diktet.
19
Gradbøying av adjektiv
Skal du gradbøye, bruker du i hovudsakendingane -are og -ast:
Eksamen i sidemål er lettare enn eksamen i hovudmål.
Mitt hus er raudare enn naboen sitt hus.
Dette er den lettaste oppgåva eg har skrive.
20
6PRONOMEN OG DETERMINATIV
Personleg pronomen
22
Eintal Subjektsform Objektsform
1. person eg meg
2. person du deg
3. person hanhodet
hanhenne/hodet
NB! Hugs at den ikkje er pronomen i nynorsk:Eg har kjøpt ny bil. Han er blå.
23
Fleirtal Subjektsform Objektsform
1. person vi/me oss
2. person de/dokker dykk/dokker
3. person dei dei
BM: Dere må lære dere pronomen!NN: De må lære dykk pronomen!NN: Dokker må lære dokker pronomen!
Vanskeleg? Test med 1. person eintal:Eg må lære meg pronomen.
Ubunden pronomen - ein
Hugs at det heiter ein, ikkje man.
Ein kan meine at dette er viktig.
Det ein kan tolke ut frå dette,
er at novella handlar om kjærleik.
24
Lær deg spørjepronomen
Kva: Kva heiter du?
Kven: Kven er du?
Kvar/kor: Kvar bor du? Kor bor du? (stad)
Kor: Kor gammal er du? (grad)
Korleis: Korleis veit du det?
Kvifor/korfor: Kvifor/korfor veit du det?
Kva for ein/kva slags/kven av:
Kva for ein is vil du ha?
25
Determinativ –nokon viktige ord å lære seg
Sjølv kan du bruke i eintal og fleirtal:
Du må sjølv ta ansvar for å pugge dette.
De må sjølv/sjølve ta ansvar for å pugge dette.
26
annan, ingen, nokon
Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn Fleirtal
ein annantekst
ei annanovelle
eit anna dikt andreverkemiddel
ingenforfattar
inga novelle ikkje nokodikt
ingenverkemiddel
nokon tekst noka novelle noko dikt nokon/nokreverkemiddel
27
Nokon eller nokre i fleirtal? Enkelt: Bruk alltid nokon.
Eg kjenner nokon elevar som kan hjelpe deg.
Det er ikkje nokon som kan hjelpe meg.
Vanskeleg: Du kan forskjellen på nokon og nokre.
Nokre i forteljande setningar.
Eg kjenner nokre elevar som kan hjelpe deg.
Nokon i nektande og spørjande setningar.
Det er ikkje nokon som kan hjelpe meg.
28
7AKTIV OG PASSIV
Aktive setningar gir betre språk
Aktiv: Eg leverte boka. Eg skal levere boka.
Passiv: Boka blir levert i morgon.
30
Passiv
Hjelpeverbet bli/verte:
Boka blir levert i morgon.
Gi verbstammen endinga -ast etter dei modale hjelpeverba:
Boka må leverast i dag.
31
Ikkje bland st-verb med passiv på -ast:
Han synest at huset kan seljast i morgon.
å synast – synest –syntest – har synst
å selje – sel –selde – har selt
8FIRE GREP FOR GODE SETNINGAR
Etterstilt eigedomspronomen
Mor mi har bedt meg om å vaske opp.
I analysen min har eg fokusert på tre moment.
I oppgåva mi vil eg sjå nærmare på novella «Karen» av Alexander Kielland.
Men:
Mi mor, ikkje di mor, har bedt meg om å vaske opp.
33
Dobbel bestemming
Bunden artikkel + bunden form av substantivet:
Nasjonaldagen er viktig for det norske folket.
Den norske regjeringa drog frå hovudstaden då andre verdskrig braut ut.
Ikkje: det norske folk, den norske regjering
34
Genitiv
Genitiv-s kun ved særnamn og tid:
Noregs land, Ibsens skodespel, ei vekes tid
Skriv om med preposisjon eller pronomen:
fars bil bilen til far/far sin bil
novellens tema temaet i novella
forfatterens språk forfattaren sitt språk
språket til forfattarenforfattaren skriv/bruker…
35
Unngå substantivsjuke –skriv om med verb Dårleg setning:
For mange menneske er det knytta store vanskelegheitar til ei gjennomføring av dette.
God setning:
For mange menneske vil det vere vanskelegå gjennomføre dette.
ei forklaring – å forklare
ei gjennomføring – å gjennomføre
gjere ei vurdering – å vurdere
36
9VEL NYNORSKE ORD
Vel nynorske ord
Ord som byrjar med an-, be, hen- og sluttar på -het og -else er mindre vanleg i nynorsk.
BM: NN:
antall talet på
begrep omgrep
budskap bodskap
gjentakelse gjentaking
opplevelse oppleving
virkelighet verkelegheit
38
10 VER KONSEKVENT
To viktige prinsipp når du skriv
Valfridom: Du kan velje ei form av ordet som ligg nært talemålet ditt.
Ver konsekvent: Hald deg til éi form.
vi me
da då
nå no
skole skule
først fyrst
for eksempel til dømes
40
Kjelder
Fridtun, Kristin (2013): Nynorsk for dumskallar, Samlaget
Språkrådet.no: «Minigrammatikk» http://elevrom.sprakradet.no/skolen/minigrammatikk
Wikipedia: «Hest»
https://no.wikipedia.org/wiki/Hest
41