sogn og fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der...

35
Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert kulturliv spelar ei viktig rolle for å utvikle identitet, tilhøyre og fellesskapskjensle. Fylkesplan 2001-2004. Det krev målretta innsats frå mange aktørar for å nå dette målet. Fylkeskommunen sin innsats kjem fram - gjennom eigne tiltak, - gjennom motivasjon av og samarbeid med kommunar, institusjonar og organisasjonar og - ved bruk av økonomiske verkemiddel. ÅRSMELDING 2003 Kulturelle hendingar i 2003………………………………………………………………. 2 Kultursamarbeid med kommunane………………………………………………………..4 Hovudutval for kultur……………………………………………………………………...6 Administrasjon…………………………………………………………………………….7 Budsjett og rekneskap 2003……………………………………………………………….8 Effektivisering.……………………………………………………………………….…....8 Miljørekneskap……………………………………………………………………….…... 9 Likestilling…………………………………………………………………………….…..9 Viktige saker…………………………………………………………………………….... 9 Oppfølging av utfordringane for kultursektoren i 2003………………………………….. 10 Utviklingsretta kulturarbeid……………………………………………………………….12 Internasjonalt kulturarbeid….……………………………………………………………..13 Kultur og IT………………………………………………………………………..……... 14 Frivillig kulturarbeid……………………………………………………………………... 14 Fylkesplanprogram……………………………………………………………………….. 14 Musikk……………………………………………………………………………………. 15 Den kulturelle skulesekken...……………………………………………………………...17 Ungdom og medverknad..………………………………………………………………... 19 Idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet………………………………………………………..21 Kulturminnevern…………………………………………………………………………..23 Kulturinstitusjonar Sogn og Fjordane fylkesbiblioteket………………………………………………………. 27 Sogn og Fjordane kunstmuseum…………………………………………………………. 30 Sogn og Fjordane fylkessenter for musikkterapi…………………………………………. 31 Fylkesarkivet……………………………………………………………………………... 33 Andre kulturinstitusjonar…………………………………………………………………. 34 Utfordringar for kultursektoren i 2004…………………………………………………… 35 1

Upload: others

Post on 21-Feb-2021

7 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert kulturliv spelar ei viktig rolle for å utvikle identitet, tilhøyre og fellesskapskjensle.

Fylkesplan 2001-2004.

Det krev målretta innsats frå mange aktørar for å nå dette målet. Fylkeskommunen sin innsats kjem fram - gjennom eigne tiltak, - gjennom motivasjon av og samarbeid med kommunar, institusjonar og organisasjonar og - ved bruk av økonomiske verkemiddel.

ÅRSMELDING 2003 Kulturelle hendingar i 2003………………………………………………………………. 2 Kultursamarbeid med kommunane……………………………………………………….. 4 Hovudutval for kultur……………………………………………………………………...6 Administrasjon…………………………………………………………………………….7 Budsjett og rekneskap 2003……………………………………………………………….8 Effektivisering.……………………………………………………………………….…....8 Miljørekneskap……………………………………………………………………….…... 9 Likestilling…………………………………………………………………………….….. 9 Viktige saker…………………………………………………………………………….... 9 Oppfølging av utfordringane for kultursektoren i 2003………………………………….. 10 Utviklingsretta kulturarbeid……………………………………………………………….12 Internasjonalt kulturarbeid….……………………………………………………………..13 Kultur og IT………………………………………………………………………..……... 14 Frivillig kulturarbeid……………………………………………………………………... 14 Fylkesplanprogram……………………………………………………………………….. 14 Musikk……………………………………………………………………………………. 15 Den kulturelle skulesekken...……………………………………………………………...17 Ungdom og medverknad..………………………………………………………………... 19 Idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet……………………………………………………….. 21 Kulturminnevern………………………………………………………………………….. 23 Kulturinstitusjonar Sogn og Fjordane fylkesbiblioteket………………………………………………………. 27 Sogn og Fjordane kunstmuseum…………………………………………………………. 30 Sogn og Fjordane fylkessenter for musikkterapi…………………………………………. 31 Fylkesarkivet……………………………………………………………………………... 33 Andre kulturinstitusjonar…………………………………………………………………. 34 Utfordringar for kultursektoren i 2004…………………………………………………… 35

1

Page 2: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

KULTURELLE HENDINGAR I 2003 Januar Miljøvernminister Børge Brende på besøk

til Urnes stavkyrkje m.m. i samband med Verdsarven (World Heritage)

Sogn og Fjordane teater premiere med Ta

meg på vengene Sogn og Fjordane teaterførestillingar Båt1

Februar WinterCamp for ungdom, Utvikfjellet

Mars Fylkesmønstringa av Ungdomens

Kulturmønstring, Førde Kulturfestival for utviklingshemma, Skei

April 25-års jubileum for musikklina ved Firda

vidaregåande skule, Sandane Fylkeskulturkonferanse om kulturpolitikk

og frivillig arbeid, Førde Mai Konsert med Bergen Filharmoniske

Orkester, tillegg til skulekonsert med Melvin Tix, Førde

Seminar om kulturpolitikk i regi av

NOKU, Florø Sogn og Fjordane teater Ungdomsteatret

premiere Gummelum Balejazz, Balestrand

Seminar om husflidsproduksjon, Førde

UKM landsmønstringa

Juni Oslo Filharmoniske Orkester med m.a.

med Arve Tellefsen Nordisk Fjellfilmfestival på Turtagrø

Glopperock, Sandane

Kinnaspelet, Florø

Juli Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

Norsk Country Treff, Breim

Bremanger rockefestival

Sogn og Fjordane teater Rulla etter golvet

August Gloppen Internasjonale

Kammermusikkfestival, Sandane Jakob Sandeseminar i Fjaler

Nordsjøløypa opna på Utvær, Solund

Opning og seminar om Kystleden,

Vågsberget September Veteranbåten Atløy på Fjordaferd frå

Florø til Dalsfjorden og Sogn og til Nordfjord

Ville vetter og treige tussar, samarbeid

Sunnfjord Museum og Sogn og Fjordane teater

Friluftslivets dag

Kulturminnedagen, tema Vår medisinske

arv Oktober Nordisk bergkunstkonferanse, Florø

Sogn og Fjordane teater premiere Ønsket

av Johan Sigurdjonsson Konsert med Bergen Filharmoniske

Orkester, Førde Opera Nordfjord framførte TOSCA

2

Page 3: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

November I FOKUS, opplæringskonferanse for

ungdom, Florø Tverrfagleg samling om folkehelse,

kultur, idrett og anlegg, Loen

Sogn og Fjordane teater Svik (inneversjon)

Florarevyen framførte Mozarts Requiem,

Florø, Naustdal Det 8.Fylkesting for ungdom,

Hermansverk

Forum for freda bygningar og anlegg,

Førde Desember Konsert med Bergen Filharmoniske

Orkester, Førde Førde Kammerkor / Collegium Musicum

framførte Messias av Handel, Førde og Jølster

Utstilling om vegkanten og biologisk

mangfald, Balestrand Sogn og Fjordane teater Mens vi ventar

Fylkeskulturkonferansen i Førde den 3.- 4. april var i primært retta mot kommunane og det frivillige organisasjonslivet. Temaet var offentleg kulturpolitikk, det frivillige kulturarbeidet, Den kulturelle skulesekken og utfordringar med omsyn til kulturminnekriminalitet. Den 26. mai vart det arrangert eit eige seminar om husflids- og kunsthandverksproduksjon. Interessa viste seg å vere langt større enn først venta, og seminaret har blitt følgt opp med spørsmål om å etablere eit eige opplæringsprogram i regi av Innovasjon Norge. Nordisk bergkunstkonferanse den 2.-4.oktober i Florø, vart arrangert i regi av Kulturavdelinga og Flora kommune m.fl.

Hovudtema var formidling av bergkunst. Flora kommune presenterte planane for eit formidlingssenter i Ausevika. På konferansen inngjekk ekskursjonar til Ausevik og Vingen. Tverrfagleg samling om folkehelse, kultur, idrett og anlegg vart halde den 26.-28.november i Loen. Det var innlegg og seksjonar om folkehelsearbeidet, Den kulturelle skulesekken, Kulturnett og om idrettsanlegg, plan og aktivitetar. Forum for freda bygningar og anlegg, seminaret vart i år halde 8.november på Sunnfjord Museum i Førde. Temaet var kulturhistorisk informasjon, vedlikehald av bygningar og tilskotsordningar.

3

Page 4: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

KULTURSAMARBEID MED KOMMUNANE Fylkeskommunen vil ha ei stadig viktigare rolle som utviklingsaktør og hjelpemotor for ulike satsingar i fylket. Kommunane er mellom dei sentrale samarbeidspartnarane for fylkeskommunen. Kulturavdelinga og kulturinstitusjonane har lenge samarbeidd med kommunane om ei mengd kulturtilbod til innbyggarane. Vi har utstrekt samarbeid med statlege instansar i og utanfor fylket, og det medverkarar også til større og breiare tenestetilbod for innbyggarane i fylket. Barn og unge er ei viktig målgruppe i samarbeidet vårt med kommunane. Kulturavdelinga tilbyr og har inngått avtaler med kommunane om skulekonsertar og barnehagekonsertar. Gjennom samarbeid med kommunane vart det gjennomført 60 barnehagekonsertar, og om lag 2 500 born fekk oppleve desse konsertane i 2003. I 2003 var 23 av dei 26 kommunane med i skulekonsertordninga. Der får kvar elev i grunnskulen oppleve to konsertar årleg, og kvaliteten på produksjonane ligg på eit stabilt høgt nivå. Over 13 000 elevar i grunnskulen fekk møte både distriktsmusikarar, folkemusikarar og frilansmusikarar i 2003! Med Den kulturelle skulesekken tilbyr vi elevar i grunnskulen kunst og kulturopplevingar; teater, skulekonsertar, forfattarbesøk, folkedans- og folkesongprogram, moderne dans, kunstutstilling, kunstnarbesøk og arkitektur. Målet med denne kulturformidlinga er at alle born skal få opplæring i og få oppleve kunst- og kulturuttrykk av høg kvalitet. I 2003 var 16 av kommunane med i ordninga, målet er at alle snart kan delta i dette samarbeidet. Vi har også tett samarbeid med kulturskulane. Overordna mål er å motivere og skulere kommunar til å utvikle kulturskular av høg kvalitet. Det har blitt halde seminar og faglege samlingar for lærarar i kulturskular og grunnskular og gjennomført ulike prosjekt. Ungdomsmedverknad og opplæring i demokratiseringsprosessar står sentralt i tiltak overfor ungdom. Fylkesting for ungdom og Ungdomspolitisk utval (UPU) har blitt viktige arenaer for ungdom i fylket. Kvar kommune har no ungdomsråd. Dette er ei viktig sak for UPU som gjennom fadderordninga si, støttar ungdomsråda. Tiltaka er med å skape bevisste og samfunnsengasjert ungdom rundt om i kommunane. Kreative sider får dei utlaup for gjennom Ungdommens kulturmønstring der Kulturavdelinga har ansvar for gjennomføringa av fylkesmønstringa og deltakinga på landsmønstringa. Ungdomsutvekslingar er også sentralt i det internasjonale arbeidet fylkeskommunen deltek i. Ei viktig utfordring i framtida er å få unge og eldre utanfor den tradisjonelle idrettsrørsla til å bli meir aktive. Fysisk fostring mellom barn og ungdom er sentralt i FYK prosjektet. Her vektlegg ein ulike aktivitetar og tilbod for eigenorganisert ungdom. Ungdomsmedverknad, friluftsliv og nettverk er sentrale stikkord. Kulturavdelinga fordeler tilskot til idretts- og friluftslivsanlegg i kommunane, i 2003 vart totalt vel 19 mill. kroner fordelt. Det blir drive utstrekt råd og rettleiing overfor kommunar og andre når det gjeld utbygging av idrettsanlegg og kulturbygg. Fylkeskommunen arbeider for at flest mogleg av innbyggarane får høve til å drive fysisk aktivitet etter eige ynskje og

4

Page 5: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

føresetnader, på allment tilgjengeleg område og i anlegg som er lagt til rette i rimeleg nærleik til der dei bur og elles i naturen. Kulturarven er ein mangesidig ressurs som gjev grunnlag for kunnskap, opplevingar, identitet og sjølvforståing og estetikk for alle aldersgrupper. Kulturavdelinga yter råd og rettleiing overfor kommunane og innbyggarane med tanke på å ta vare på viktige kulturminne. Mykje ny kunnskap om kulturhistoriske forhold i kommunane vert avdekka gjennom Kulturavdelinga sine arkeologiske registreringar. I samarbeid med kommunane skiltar og tilrettelegg Kulturavdelinga kulturminne til publikum. Det blir gjeve stønad til eigarar for å halde vedlike kulturminne, i 2003 vart det fordelt vel 1,6 mill. kroner til freda bygningar. Det er no eit sterkare samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane om drifta av ansvarsmusea i fylket. Fylkesbiblioteket er eit service- og utviklingsorgan for biblioteksektoren i fylket, så svært mykje av verksemda blir gjort i samarbeid med eller for kommunane. Forutan det som framgår av årsmeldinga, gir fylkesbiblioteket råd og hjelp til biblioteka i fylket innan mange områder – bl.a. om nye biblioteklokale og i IT-spørsmål og arrangerar kurs og møter for bibliotektilsette. Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Forutan utstillingar i eigne lokale arrangerer eller deltek museet som medarrangør i utstillingar i andre lokale i fylket. Målet for museet er å skape interesse for og auke kunnskapen om biletkunst og kunsthandverk. Gjennom den nye stiftinga vil museet arbeide tett med dei fire kommunane som inngår i samarbeidet. Sogn og Fjordane fylkessenter for musikkterapi sitt hovudsatsingsområde er konsultasjonar, undervisning og kurs for fagpersonar i kommunane. Det vere seg tilsette i grunn- og vidaregåande skular, kulturskular og helsesektor som arbeider med målgruppene for musikkterapi. Fylkesarkivet sine hovudoppgåver, innsamling/vern, registrering, ordning og formidling, gjeld for materiale i kommunane. Arbeid med kommunearkiv og møtebokregister gjeld direkte kommunal verksemd. Fylkesarkivet er sentral i utvikling og drift av nettbaserte kulturtilbod der også kommunane er med. Utviklingsmidlane gjer det mogleg for Kulturavdelinga å støtte og å initiere interessante tiltak i kommunane. Det blir også gjort via internasjonalt kultursamarbeid og samarbeid tvers over fylkesgrensene. Fylkeskonferansane. Tilsette og politikarar i kommunane er dei viktigaste målgruppene for dei årvisse konferansane til Kulturavdelinga. Sist år var det ein konferanse og ei tverrfagleg samling over fleire dagar, begge med ei rad aktuelle saker. Kommunane spelar også inn problemstillingar og ynskjemål med kva det er ynskjeleg at fylkeskommunen og Kulturavdelinga yter av støtte og utviklingsarbeid overfor kommunane.

5

Page 6: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

HOVUDUTVAL FOR KULTUR Hovudutval for kultur har det politiske ansvaret for kultur og hadde sju møter i 2003. Det vart totalt handsama 49 ordinære saker. Hovudutval for kultur har i 2003 hatt slik samansetjing fram til nytt Fylkesting vart konstituert i oktober: Velaug Veum (V), leiar fram til 1. mars Marta Kvikne (V), leiar frå 1. mars Erling Sande (Sp), nestleiar, Rita Thunes Stadheim (Sp), Knut O. Aarethun (Ap), Dagmar Færøy Odeen (Ap), Liv Stave (H), Svein Ottar Sandal (KrF), Norvall Nøringset (SV), Henning Lem (Frp). Av varamedlemer møtte desse: Ivar Svensøy (Ap), Else Kristine Husabø (Ap), Roar Førde (H) Lillian Brendø (Frp) Hovudutval for kultur har slik samansetjing for den nye valperioden: Norvall Nøringset, SV, leiar Cecilie Thaule Løvlid, Ap, nestleiar Harry Mowatt, Ap Liv Stave, H Jenny Følling, Sp Nils Gjerland, Sp Asgeir Solheim, Sp Rolf Nesheim, V Norunn Lunde Furnes, KrF Varamedlemer: Ole Andre Klausen, H Eva Ramstad, V Linda Kandal, Sp Arve Helle, Ap Magni Aa, KrF

- Retningslinjer for fordeling av kulturutviklingsmidlar - Fordeling av ulike fylkeskommunale og statlege tilskotsordningar - Fordeling av midlar til utviklingstiltak - Fylkesplanfondet – uttak og disponering - Fylkesplan 2001 – 2004 - Fylkesplanprogram 2003 - Deltaking i Stiftinga Vestform - Kontor- og magasinlokale for fylkesarkivet, arkivplass for fylkeskommunen og interkommunalt arkiv - Sogn og Fjordane som nytt prøvefylke for FYSAK 2004-2005 - Politisk organisering i Sogn og Fjordane fylkeskommune - Iverksetjing av ny politisk organisering - SAVOS – fyrstasjonar – bevaring, bruk, vidareutvikling - Bokbåttilbodet i Sogn og Fjordane – ny avtale og finansiering - Romprogram for Sogn og Fjordane Kunstmuseum - Etablering av Stiftinga Sogn og Fjordane Kunstmuseum - Rapport om internasjonalt arbeid i 2003 Viktige saker som har vore handsama I Hovudutval for kultur. Fylkeskulturprisen 2003 Fylkeskulturprisen 2003 vart tildelt Norvald Tveit. Prisen vart delt ut på fylkestinget i desember og er ein diplom og ein sjekk på kr. 40.000.

6

Page 7: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

ADMINISTRASJON Ved utgangen av 2003 hadde Kulturavdelinga 18 stillingsheimar (inklusiv reinhaldar), fordelt på 19 personar. I tillegg var tre personar på prosjekt. Frå 01.01.03 vart det innført ny organisasjonsmodell, der Kulturavdelinga vart delt i tre team. Følgjande har vore tilsett i Kulturavdelinga i 2003. Leiing Lidvin M.Osland, fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad, ass. fylkesdirektør Basisteam for administrasjon Jarlaug Lauritsen, fagkoordinator Helga Bjørkhaug, konsulent Solfrid Bygstad, sekretær Hildegunn Aamot Dahl, førstesekretær Kari Fjellanger, reinhaldar Torild Hyllestad, sekretær

Basisteam for allment kulturarbeid Trond Ueland, fagkoordinator Aud Jonstad Baardsen, konsulent Roger Kløvtveit, prosjektleiar Jon Olav Leira, prosjektleiar Øyvind Lyslo, fylkesmusikkleiar Bjarte Solaas, spesialkonsulent Eva Kristin Svidal, prosjektmedarbeidar Margrethe Henden Aaraas, prosjektleiar Basisteam for kulturminnevern Kolbjørn Nesje Nybø fylkeskonservator Sigmund Bødal, førstekonsulent Håkon Drage, spesialkonsulent Ståle Furnes, førstekonsulent Berit Gjerland, spesialkonsulent Berit Høivik, spesialkonsulent Eva Moberg, spesialkonsulent

7

Page 8: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

BUDSJETT OG REKNESKAP 2003 Rekneskapstal i 1 000 kr.

B- 2002 R- 2002 B-2003 R-2003 TENESTE Netto Netto Netto Netto

Tilskot til lag og org. 6387 6422 5964 5817 Utviklingstiltak 1600 1600 4150 4120 Bibliotekføremål 4585 4573 4624 4658 Arkivføremål 2310 2330 2458 2474 Kunstformidling 2220 2178 2500 2455 Museum og kulturminnev. 4538 4565 4820 5217 Teaterføremål 3175 3175 3298 3298 Musikkformidling 3038 2981 3299 3026 Singerheimen 280 286 76 Gulatinget 3000 3000 3000 3000 SAMLA 31133 31110 34113 34141 Spelemidlar til idretts- og friluftsliv og statelege midlar til lokale kulturbygg er ikkje vist i tabellen. I 2003 vart det totalt tildelt 19 mill. kr. i spelemidlar og statstilskot til lokale kulturbygg var 1,4 mill kr. Oversikta viser økonomiske bidrag til ulike deler av kulturlivet. Kulturavdelinga sitt løns- og driftsbudsjett og budsjett for hovudutval for kultur er lagt til Forvaltning og er ikkje med i tabellen. I 2003 brukte fylkeskommunen 34,1 mill. kroner til kulturføremål. Totalt forvalta kulturutvalet 67 mill. kroner brutto, som følgje av statlege tilskot og spelemidlar. På tenestenivået kom sektoren ut med ei overskriding for museum/kulturminnevern på 0,4 mill. kroner og ei like stor innsparing på andre tenester. Kulturavdelinga har fleire prosjektretta tiltak på gong. Aktiviteten på prosjektsida er i stor grad ekstern finansiert, med tillegg av utviklingsmidlar og/eller andre fylkeskommunale midlar. Fylkeskommunen sine løyvingar til kultur utløyser både statlege og kommunale midlar.

EFFEKTIVISERING Effektivisering handlar mellom anna om i større grad å gjere dei rette oppgåvene. Dei rette oppgåvene kan definerast som , - dei lovpålagte/avtalefesta oppgåvene, - kva omgjevnadane/publikum krev, og - kva politikarar/administrasjonen, ut frå fylkesdekkande perspektiv, ser det er trong å få gjennomført. Kulturavdelinga arbeider med oppgåver i alle tre perspektiva. Med eit endå større fokus på fylkeskommunen si utviklarrolla så må det forventast også auka vektlegging av oppgåver som omgjevnadene krev og politikarar/administrasjon ser trong for. Oppgåvene skal også gjerast på stadig betre måte, dvs. lågare kostnad pr. produsert eining. I administrasjonen er det lagt vekt på å utvikle gode og føremålstenlege rutinar for sakshandsaming, tenesteproduksjon og det utvikingsretta arbeidet. Videomøte, for å spare reisetid, blir hyppig brukt, spesielt i samhandling med resten av den fylkeskommunale administrasjonen.

8

Page 9: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

MILJØREKNESKAP Hovudutval for kultur gjev økonomisk støtte til frivillige lag og organisasjonar som arbeider med friluftsliv og miljø i fylket. Kulturminnevern utgjer ein del av den samla miljøpolitikken og blir forvalta i fylkeskommunen. Kulturminne/kulturmiljø er uerstattelege ressursar. Gjennom høyringsuttaler til arealplanar, informasjon, rettleiing og tilskot vert det lagt vekt på å synleggjere desse kulturverdiane i landskapet betre, og medverke til viktige kulturminne/kultur-miljø blir tekne vare på til kommande generasjonar. Forskrifter for tilskot til idretts- og friluftslivsanlegg set større krav til miljø og estetikk. Kulturdepartementet har utarbeidd sjekkliste for vurdering av miljømessige og estetiske kvalitetar ved godkjenning av prosjekt som kan tildelast midlar. Kulturavdelinga vektlegg dette gjennom høyringsuttaler til planar. LIKESTILLING Kulturavdelinga har hatt programleiaransvar for fylkesplanprogramma Kultur og nærmiljø og Kulturminne, areal og naturressursforvaltning. I begge programma har det vore mannlege programleiarar, og begge kjønn har vore representert om lag 50/50 i programgruppene. Midlar frå programma når i stor grad ut til prosjekt der begge kjønn nyt godt av desse i form av arbeidsplassar, tilgang til kulturopplevingar med meir. Når det gjeld fordeling av tilskotsmidlar til det frivillige arbeidet er desse ikkje vurdert spesifikt ut frå kjønnsperspektiv. Vi veit

likevel at mange kvinner er delaktige i dette arbeidet og såleis får god draghjelp gjennom dei tilskota fylkeskommunen yter. Formidlingsarbeidet aukar, mellom anna som konsekvens av arbeidet med Den kulturelle skulesekken. Her nyttar ein så langt råd er kunstnarar og kulturarbeidarar i eige fylke. Mange av desse er kvinner. Fylkeskommunen sitt arbeid med kulturformidling er såleis eit sentralt bidrag til at kvinnelege kunstnarar og kulturarbeidarar kan skaffe seg ei viktig tilleggsinntekt gjennom oppdrag i til dømes Den kulturelle skulesekken. I 2003 var det tilsett til saman 18 distriktsmusikar og fylkesmusikar, ordningar som fylkeskommunen delfinansierar. Her utgjorde kvinnene 33%. Kvinner utgjorde 54% av dei tilsette i Kulturavdelinga i 2003 og tilsvarande i 56% i kulturinstitusjonane VIKTIGE SAKER FT sak 46/03 – Etablering av Stiftinga Sogn og Fjordane Kunstmuseum Det vart vedteke å etablere stifting Sogn og Fjordane Kunstmuseum, og tinget slutta seg til vedtektene. Fylkeskommunen, Førde, Jølster, Hornindal og Lærdal, Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane og Norske Kunsthandverkere Vest-Norge inngår i stiftinga med Sogn og Fjordane Kunstnarsenter, Astruptunet, Eikaasgalleriet, Anders Svor museet og Gjesmesamlinga. Etableringa av stiftinga vart gjennomført ved årsskiftet 2003/2004. FT sak 69/03 Auka areal for fylkesarkivet Fylkesarkivet sin trong for auka areal blir stetta ved bruk av ledig areal i Fylkeshuset og ved tilbygg. Fylkesarkivet vil få om lag 10 000 hyllemeter til disposisjon.

9

Page 10: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

OPPFØLGING AV UTFORDRINGANE FOR KULTUR-SEKTOREN I 2003 I økonomiplanen for 2003 vart det peikt på fleire sentrale utfordringar. Sogn og Fjordane må ha sterkt engasjement både i internasjonalt kultursamarbeid og i det

regionale kultursamarbeidet på Vestlandet Det internasjonale arbeidet vart utvikla vidare. Tiltak her er ungdomsutveksling og deltaking i ulike europeiske tilretteleggings- og formidlingsprosjekt der natur- og kulturarven står sentralt. I tillegg vart det arbeidd med å utvikle kunst- og kultursamarbeid med så vel USA som Kina. Vestlandsrådet peika ut kultur som eit prioritert arbeidsfelt, og det vart arbeidd med å fylle eit innhald i ein Vestlandsk kulturstrategi. Utvikle fylket sin tusenårsstad Gulatinget til markeringstad med høg kvalitet

Arbeidet med tilrettelegginga av tusenårsstaden ”Gulatinget” er komme godt i gang, og skal vere ferdig til 2005. Fylkestinget har sett av 8 mill kroner, og staten har signalisert same sum i 2005. Gjennom økonomiske midlar skal fylkeskommunen gjennom kulturelt partnarskap med

kommunar, kulturarrangement og frivillige lag og organisasjonar vere med på å utvikle kulturelle ”fyrtårn” i fylket av høg kvalitet

Tanken om at fylkeskommunen skal vere med å legge til rette for å utvikle minst eitt kulturelt fyrtårn i kvar kommune er i høgste grad utviklings- og partnarskapsretta, og ein er i gang med dette arbeidet. For å lukkast med denne kulturstrategien, krevst det økonomiske avsetjingar (utviklingsmidlar). Årlege tilskotsmidlar til frivillige organisasjonar og tiltak i fylket skal vere med på å

sikre eit variert og spennande mangfald av aktivitetar og opplevingar Det er sentralt å oppretthalde og utvikle det frivillige kulturlivet som er grunnleggande for mykje av kulturlivet i fylket. Barne- og ungdomsretta satsing vil framleis ha høgste prioritet, mellom anna med Den

kulturelle skulesekken, og fysisk aktivitet og friluftsliv mellom ungdom Bruk av utviklingsmidlane medvirka til at aktivitetane i prosjekta har blitt oppretthaldne og utvikla. For skuleåret 2003/2004 kom 16 av 26 kommunar med i Den kulturelle skulesekken, ei dobling frå året før.

10

Page 11: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

Kulturarven må gjerast meir kjent, og det må gjerne skapast kulturbaserte arbeidsplassar

basert på historia vår, noko som også vil vere eit fortrinn i høve utviklinga av reiselivet Fyrtårnsideen står sentralt her, og det blei ytt utviklingsmidlar til forprosjekt og utvikling av fleire kommande attraksjonar. Konsolidering og etablering av stiftinga Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Stiftinga vart etablert ved årsskiftet 2003/2004. Det er eit samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane Førde, Jølster, Hornindal og Lærdal og kunstnarorganisasjonane. Organisering av ei tenleg ABM-teneste i fylket (arkiv, bibliotek og museum)

Den kunnskapsreforma som ein har lagt opp til frå sentralt hald gjennom ein langt tettare integrasjon mellom arkiv, bibliotek og museum, vert følgt opp i Sogn og Fjordane gjennom å presentere ein status for dei kulturhistoriske samlingane våre. Museumsplanen gjekk ut i 2002, og det vidare arbeidet vert konsentrert om ein utviklingsstartegi for museumsarbeidet i fylket. Vidareføring av kultur og IT som del av sentral satsing

Satsinga på kultur og IT heldt fram. Sogn og Fjordane er i front nasjonalt på dette området. Hausten 2003 starta det opp eit prosjektsamarbeid mellom dei fire Vestlandsfylka med tanke på utviklinga av eit Kulturnett Vestlandet. Sogn og Fjordane fylkeskommune v/Fylkesarkivet har prosjektleiaransvaret for dette arbeidet som er delfinansiert av midlar frå ABM-utvikling sentralt. Også ved vidare gjennomgang av kultursektoren sitt arbeid siste året, vert merksemda sett på måloppnåing ut frå økonomiplan og fylkesplanen. Det har vore generelt god aktivitet og måloppnåing i 2003.

11

Page 12: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

UTVIKLINGSRETTA KULTURARBEID I 1999 vart etablert ei eiga satsinga på meir kulturbasert utviklingsarbeid. Bakgrunnen var m.a. engasjementet vårt omkring Kulturby Bergen 2000, som la inn lik kronesummar i utviklingspotten som fylkeskommunen. I tillegg kom andre ulike bidragspartar. Denne måten å satse på har blitt følgt opp sidan, og i dag er utviklingsmidlane oppe i 4,5 mill. kroner. I 2003 fekk vi òg vedteke eigne retningsliner for arbeidet. Noko av dei tiltaka det har blitt satsa på i 2003 er knytt til at fylket no er blitt pilotfylke for kystkultur, får fleire festivalar opp og inn på statsbudsjettet, etablere eigne kultur- og kompetansesentra, satse på internasjonalt samarbeid og ikkje minst, satse meir målretta på kultur og næringsretta tiltak mellom anna gjennom partnarskapsarbeid. Utfordringa vert å etablere ein meir heilskapleg og strammare kultur og næringspolitikk i framtida. Ein viktig dimensjon ved det utviklingsretta arbeidet, er at vi etablerer ein langt tettare relasjon og partnarskapsretta samarbeid lokalt, både andsynes -kommunar, institusjonar, organisasjonar -private føretak og etablerarar.

- Balejazz som regionalt jazzsenter - Førde Internasjonal Folkemusikkfestival - Opera Nordfjord - Den kulturelle skulesekken - Eidegarden – forprosjekt, Gloppen - Norsk Reiselivsmuseum - Rådet for folkemusikk og folkedans - ”Fjordapuls - Nonno Productions – spelefilmen ”Bestefaren - Sunnivastyret i Selje - ”Lyset frå Selja - Vedlikehald Sogn Folkemuseum / DHS - Fartøyvern - FYK - Vesle Daniel - Teknisk – industrielle kulturminne og tiltak - Vestform - Programarbeid Kulturminne, areal og natur - Scenisk folkedans, Sogn og Fjordane - Vågsberget, Vågsøy - Forprosjekt Ausevika, Flora - Bokbåten - Kultur og IT – inkludert Vestlandssamarbeid - Spel om Fridtjof Den Frøkne - Filmfestival Turtagrø - Kammermusikkfestival, Gloppen - Målrock i Årdal - Aurland Film - Audun Hugleiksson spel - Norsk Country Treff - Samarbeid Harmonien - Fylkesorkester Sogn og Fjordane - Kvernsteinspark, Hyllestad - Vikinggard på Ytre Moa, Årdal - Nasjonal Havbrukssenter i Vågsøy Tiltaka som har fått støtte gjennom utviklingsmidlane i 2003:

12

Page 13: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

INTERNASJONALT KULTURARBEID Fylkeskommunen har dei seinare åra involvert seg i ei rekkje internasjonale kulturprosjekt. Prosjekta er ulike, men dei gjev m.a. medfinansiering til kulturtiltak her i fylket og internasjonale kontaktar Dei fleste prosjekta har vore knytt opp mot EU sine Interreg-program, spesielt innanfor Nordsjøprogrammet http://www.interregnorthsea.org/. Det finst òg eigne sider om Interreg-programma på norsk http://www.interreg.no/. EU har elles etablert eit eige kulturprogram, Culture 2000. http://europa.eu.int/comm/culture/eac/index_en.html. Det er ferdig i 2004, men vil truleg vil gå ut 2006. Deretter vil det bli eit nytt EU-basert kulturprogram. Fylkeskommunen er medlem i North Sea Commission, og Kulturavdelinga deltek jamleg i kommisjonen si Culture & Tourismgroup, http://www.northsea.org/. Kulturavdelinga var vertsskap for kultur-og turismegruppa sitt møte i Sogndal i mai. Elles har Vestlandsforsking m.a. med støtte frå fylkeskommunen og i samarbeid med Europakontoret i Hordaland fylkes-kommune etablert ein eigen base / teneste for internasjonalt arbeid, Euro Infocentre, http://www.eicvest.no/ Det er etablert eit eige internasjonalt team fylkeskommunen, frå kultursektoren deltek både fylkesarkivar og ein representant frå Kulturavdelinga. Ein oversikt over deltakarane i teamet finn du her http://www.sf-f.kommune.no/sff/wwwsffk2.nsf/pages/odd_kontakt.

Internasjonale kulturprosjekt NAVE Nortrail / Nordsjøløypa vart formelt starta opp i 2003 og vil gå ut 2006 http://www.nave.no / http://www.avinet.no/nortrail/turguide.asp?size=1000. Målet er å etablere ein vandringsveg rundt Nordsjøbassenget. Stikkord som formidling av kulturminne, reiselivsattraksjonar, overnatting, næringsverksemd og samferdsle er viktige i prosjektet. Prosjektet ”Vesle Daniel” http://www.vesledaniel.no/, som i stor grad handlar om internasjonal ungdomsutveksling, er òg eineståande i landssamanheng. Prosjektet vert avslutta ved utgangen av 2004 og ein må nokså snart vurdere grunnlaget for ei eventuelle vidareføring. Med utgangspunkt i dei tidlegare SAVOS-fylka er fylkeskommunen inne i eit prosjektsamarbeid med UD der målet er å auke innslaget av regional kultur i den Norgespresentasjonen som Utanriksdepartementet står for, både utanlands og innanlands. Det er etablert ein eigen amerikaportral - http://emigration.no/ - som følgje av den tette kontakten vi har hatt, og har, med slektningane våre i Amerika. I 2003 starta planlegginga av Winter Exchange, som er eit internasjonalt utvekslingsprogram for unge funksjonshemma. http://www.vesledaniel.no/Winter04/winterexchange_2004.htm. Målet er å fremje sosial inkludering av funksjonshemma ungdommar ved å samle funksjonshemma og funksjonsfriske ungdommar frå tre land, Noreg, Wales og Italia. Med dette vil vi skape eit internasjonalt mikrosamfunn som

13

Page 14: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

vil dele opplevingar og leve tett saman i ei veke. I samband med at Flora kommune starta opp eit forprosjekt om tilrettelegging av bergkunsten i Ausevika til publikum, knytte ein seg til eit internasjonalt prosjekt, RANE (Rock Art in Northern Europe). Riksantikvaren er norsk koordinator http://www.riksantikvaren.no/tema/arkeologi/bergkunst/ Kulturavdelinga deltek i arbeidet, og planane har blitt ei viktig satsing her. Fylkeskommunen har elles fått ansvar, Lead Partner, for prosjektet Geoshare http://www.geoshare.net/, som er eit informasjons- og kommunikasjonsprosjekt der kultur i vid tyding vil spele ei stor rolle. KULTUR OG IT Fleire av dei internasjonale prosjekta vi er involverte i, nyttar seg av den kompetanse og det utviklingsretta arbeidet innan kultur og IT som er etablert på Fylkesarkivet hos oss. Det er i stor grad snakk om å nytte dynamiske kart for å formidle kulturhistorisk informasjon, sjå m.a. http://www.fylkesatlas.no, og http://www.fjellatlas.no/framside/default.asp FRIVILLIG KULTURARBEID Dei frivillige organisasjonane er viktige bidragsytarar når det gjeld å forme aktive og trivelege lokalmiljø. Dei er og viktige aktørar ved å lære born og unge demokratiarbeid m.m. Fylkeskommunen si støtte på 5,8 mill. kroner i 2003 til frivillige lag, organisa-sjonar, institusjonar og arrangement er heilt avgjerande for at desse skal kunne halde oppe ein høg aktivitet og jobbe kvalitativt

godt innan sine område. Den økonomiske støtta omfattar tilskot til både organisasjonar på fylkesnivå og til enkelttiltak.

Frivillig sektor veks i fylket i motsetnad til landet elles. Ei nesten ufattelege kraft finst i dugnad og lagsarbeid. Den skaper trivsel, samhald, løyser oppgåver og styrkjer klimaet for næringsutvikling. Det syner granskinga som Møreforsking har gjort for dette barometeret. Det er i motbakke det går oppover. Dei menneskelege ressursane i Sogn og Fjordane skaper håp og optimisme for framtida.

Frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt fylkesbarometer hausten 2003. Dei store kulturarrangementa i fylket kunne ikkje ha blitt gjennomført på den måten dei blir om det ikkje hadde vore for den frivillige, dugnadsbaserte innsatsen. Tiltak som Kinnaspelet, Balejazz, Opera Nordfjord, Førde internasjonale Folkemusikkfestival, Norsk Country Treff, Dalsfjordveka med fleire baserer seg i stor grad på frivillig innsats. Det er og tiltak som på ein svært positiv måte profilerer Sogn og Fjordane som eit aktivt kulturfylke. FYLKESPLANPROGRAM Kulturavdelinga er aktivt med i arbeidet med Ung i Sogn og Fjordane og i vidareutviklinga av programmet. Her er vi tungt inne, særleg på feltet ungdom og kultur. Det gjeld vidareutvikling av Ungdommens kulturmønstring og satsinga på ungdomsdemokrati som Fylkesting for ungdom og Ungdomspolitisk utval. Arbeidet med ungdomsdemokrati har komme bra langt i fylket. Kulturavdelinga har hatt årleg kurs for ungdommar, administrasjon og politikarar frå kommunane om dette.

14

Page 15: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

Kulturavdelinga er programansvarleg for tema Kultur og nærmiljø i vedteke fylkesplanprogram Eit godt liv. Kulturavdelinga er også programansvarleg for temaet Kulturminne, areal og naturressursforvaltning. Programgruppa har hatt jamlege møte og har konsentrert seg om 11 ulike prosjekt, som mellom anna er finansiert gjennom programmet. Kulturavdelinga er og aktivt med i fleire temagrupper i dei andre fylkesplan-programma. MUSIKK Den viktigaste målsetjinga for musikkområdet i fylket er at alle målgrupper av innbyggjarane skal få gode og verdfulle musikkopplevingar. Fylkeskommunen må difor stimulere til kreativ og konstruktiv nytenking når det gjeld ulike modellar og metodar for musikkformidling, og leggje tilhøva til rette for samarbeid på tvers av musikkgenrar. Musikkplan for Sogn og Fjordane 2002-2006 Skulekonsertar Det er eit mål er å gje barn og unge gode musikkopplevingar både i barnehagen og på skulen. I 2003 har fylkeskommunen vidareført den sjølvstendige rolla som gjeld formidling av skulekonsertar. I den nye ordninga deler Rikskonsertane og fylkeskommunen på ansvaret for planlegging, produksjon og gjennomføring av skulekonsertar i fylket. I 2003 vart det produsert fleire nye skulekonsertprogram. Distriktsmusikarane i Førde (FIRE) og Gloppen (Tonetreet), i tillegg til ein turne med ein frilansproduksjon (Gips Bokarabo / Baga Bo Poh) med Olav Dale, Per Jørgensen og Helge Lilletvedt. Hausten 2003 var det distriktsmusikarane i Sogndal og Høyanger som var på turné med høvesvis Trio

Fortissimo og www.magyar.no. I tillegg kom Rikskonsertane sine produksjonar i fylket, som var Le Grand Tango, Musikk frå ein blå dal, På hovudet og bak fram og Grenselaus samba med Trio de Janeiro.

Barn og unge er ei sentral målgruppe, og Kulturavdelinga tilbyr skule- og barne-hagekonsertar. Her frå Reed skule, Gloppen. Foto Eva Kristin Svidal. Kvaliteten på produksjonane er på eit stabilt høgt nivå. Utfordringane for fylkeskommunen framover gjeld primært drift og ansvar for arbeidsoppgåvene som Rikskonsertane tidlegare tok fullt ansvar for, som korttidsengasjerte musikarar, distribusjon og produksjon av materiell. Det er også eit mål at Rikskonsertane sitt programråd skal godkjenne produksjonar med distriktsmusikarane frå fylket. Når det gjeld statistikk, kan det nemnast at fylkeskommunen og Rikskonsertane gjennomførte over 120 skulekonsertdagar fordelt på 10 turnear i 2003, med til saman om lag 300 konsertar, fordelt på haust- og vårturneane. Over 13 000 elevar i grunnskulen fekk møte både distrikts-musikarar, fylkesmusikarar og frilans-musikarar på konsertar i 2003. Gjennom skulekonsertordninga får kvar elev i grunnskulen oppleve to konsertar årleg, og kommunane betalar kr. 9,- pr. elev pr. konsert i eigendel.

15

Page 16: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

Eid, Stryn og Bremanger var framleis dei einaste kommunane i fylket som ikkje var påmeld skulekonsertordninga. Men kommunane står på venteliste, og vi vonar at dei kan kome med i ordninga i 2004. Den kulturelle skulesekken I 2003 vart det avgjort at musikkinnhaldet i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane skal tilsvare fylkeskommunen og Rikskonsertane sitt tilbod om skulekonsertar. Dette gjev ei rekkje føremoner når det gjeld samkøyring av informasjon, gjennomføring og ikkje minst eit felles system for evaluering. Ei slik samkøyring vil også føre til betre oversikt for skulane sin del. For skuleåret 2003/2004 hadde likevel Den kulturelle skulesekken eit ekstra musikktilbod til ungdomsskulane, GROOVY (Olav Dale, Mike Gallaher, Yngve Moe, Erik Smith, Per Hillestad) som med sine jazzinfluerte rytmar og smittande speleglede tok elevane med storm. Samarbeid med Rikskonsertane om barnehagekonsertar Fylkeskommunen og Rikskonsertane har sidan 1992 samarbeidd om planlegging, produksjon og gjennomføring av barnehagekonsertar. Tiltaket er finansiert av Rikskonsertane, fylkeskommunen og dei deltakande barnehagane. Programma som vart sende ut i 2003 var Primstaven, eit segn- og folkemusikkbasert program med folkemusikaren Elin Grytting, og SAH med Kouame Sereba frå Elfenbeinskysten, eit program med utgangspunkt i afrikansk kultur, musikk og dans. Det vart i 2003 gjennomført 60 barnehagekonsertar fylket, fordelt på 30 konsertdagar. Omlag 2 500 barnehageborn fekk oppleve desse konsertane i 2003. Fylkesmusikarordninga Fylkesmusikarordninga består av fem folkemusikarar som er tilsette for å ta vare

på og vidareutvikle folkemusikk tradisjonane i Sogn og Fjordane. Folkemusikarane hadde i 2003 mykje positiv aktivitet med høg etterspurnad etter både instruksjons- og utøvartenester. Samarbeidet med Folkeakademiet heldt fram, og programmet Strengesus og Danserus vart vidareutvikla for nye målgrupper innan Den kulturelle skulesekken. Folkemusikarane i Song og Fjordane er Elin Grytting, song/kveding (som for tida har Statens 2-årige arbeidsstipend), Vidar Underseth, hardingfele/fele/dans (delvis permisjon grunna Statens 2-årige arbeidsstipend), Sigmund Eikås, hardingfele, Oddbjørn Ramstad, trekkspel, Harald Hesjevoll, hardingfele/trekkspel. Øyvind Lyslo, gitar, deltek som utøvar i ein del samanhengar. Folkemusikarane i Sogn og Fjordane utgjer også folkemusikklauget FjordFolk med ulike konstellasjonar av utøvarar, både internt og i samspel med eksterne dyktige musikarar. Ulike konstellasjonar som Frimann, Ramstadlaget, Terts, Strengesus og danserus og To feler har alle sine utspring i folkemusikarordninga, som også i fleire høve har ført til utgjeving av CD-plater. Undervisning og instruksjon utgjer hovuddelen i stillingane, men med det høge instrumentale og vokale nivået, er det gledeleg at ein har klart å synleggjere utøvardelen betre. Det er særskilt viktig med tanke på vidareutvikling av rekrutteringsarbeidet blant barn og unge. Her gjer folkemusikarane ein stor innsats som tradisjonsberarar og formidlarar, og folkemusikarane må ta sin del av æra for det store talet yngre, dyktige utøvarar dei siste åra. Utfordringa framover er å presentere fylkesmusikarordninga på eigne nettsider.

16

Page 17: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

Distriktsmusikarordninga Distriktsmusikarordninga hadde eit aktivt år i 2003. Det er 16 distriktsmusikarar fordelt med fire i kvar av kommunane Gloppen, Høyanger, Førde og Sogndal. Ordninga vart oppretta i 1987 og har svært mykje å seie for kulturlivet i fylket. Stillingane er attraktive, og dei som skal tilsetjast må igjennom obligatorisk prøvespel. Distriktsmusikarane har vore vesentlege medspelarar i fleire fylkeskommunale musikkprosjekt og har delteke på fleire skulekonsertturnear i tillegg til å vere nytta under fylkeskvoteordninga. I samband med fylkeskvoten deltok dei i m.a. opera-orkesteret under Opera Nordfjord si årlege oppsetjing. Fylkeskvoten Det er ei oppgåve å leggje tilhøva tilrette for størst mogleg breidde og kvalitet i musikklivet, både når det gjeld amatørar og profesjonelle. I samsvar med samarbeids-avtalen med vertskommunane for distrikts-musikarordninga, disponerer fylkes-kommunen 10 dagar pr. distriktsmusikar pr. halvår. Denne ressursen skal nyttast til større prosjekt av meir fylkesfemnande karakter. Ulike arrangørar i fylket kan søkje om å få nytte distriktsmusikarane til større fylkesdekkande prosjekt. I 2003 vart fylkeskvoten nytta til m.a. Opera Nordfjord si oppsetjinga av Tosca, Førde kammerkor / Collegium Musicum med Messias, Florarevyen med Mozarts Requiem og Gloppen Internasjonale Kammermusikkfestival. Ein viktig del av fylkeskvoten i framtida vil vere etableringa av Fylkesorkesteret som fekk sine oppstartsplanar lagt i 2003, og som har si fyrste øvingshelg og konsertar i byrjinga av 2004. Etableringa av fylkesorkesteret er eit samarbeid mellom Norsk Kulturskuleråd, fylkeskommunen og distriktsmusikarordninga.

DEN KULTURELLE SKULESEKKEN Dette er ei nasjonal satsing på ei samordna og fornya kulturformidling i grunnskulen. Målet er at alle norske barn får opplæring i og får oppleve kunst- og kulturutrykk av høg kvalitet.

I programmet ”Gull og Grøne Skoger” fekk elevar i småskulen oppleve eventyr og fengande musikk presentert på ein måte som trollbatt dei. Skodespelar og multikunstnar var Anne Flugstad frå Ottestad. Her frå Farnes skule, Årdal. Foto Eva Kristin Svidal. For skuleåret 2003-2004 fekk Sogn og Fjordane tildelt kr. 1 320 000 i statlege midlar til å utvikle og vidareføre prosjektet Den kulturelle skulesekken. I tillegg bidreg fylkeskommunen med om lag kr. 750 000. Det blir nytta 110% stillingsressurs prosjektet. 16 kommunar, med i alt 100 grunnskular og 12 000 elevar, deltek i Den kulturelle skulesekken i skuleåret 2003– 2004. Kulturavdelinga tilbyr, i tett samarbeid med Statens Udanningskontor hjå fylkesmann, turnear (”sikringkost”) innan teater, ulike skulekonsertar, forfattarbesøk, folkedans- og folkesongprogram, moderne dans, kunstutstilling, kunstnarbesøk og

17

Page 18: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

arkitektur. Utøvarane er dels frå fylket, dels frå andre stader i landet. Kvar grunnskule-elev får til saman fire tilbod per skuleår, og for dette betalar kommunane kr. 10,- per elev per tilbod. Kommunane i Nordfjord prøver ut ein regionmodell der dei mottek to tilbod frå ”sikringskosten” og sjølve tek ansvar for to tilbod. I tillegg til framsyningar og aktivitetar på skulane, får lærarane eigne tilbod om kurs og deltaking på konferansar. Utvidinga frå åtte til 16 deltakarkommunar skjedde våren 2003. Samtlege kommunar har skipa kulturforum og det er utnemnt kulturkontakt både på skule- og kommunenivå. Desse er bindeledd i planlegginga av tilboda. Forumet skal samordne bestillinga frå kommunen til fylkesleddet. Samordning er eit viktig stikkord i høve dei ein samarbeider med, som Rikskonsertane, Riksutstillingar, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Teater, Norsk Scenekunstbruk, Norsk Forfattersentrum og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Sistnemnde lagar og vedlikeheld heimesider, der ny informasjon blir lagt ut. http://www.sf.fylkesbibl.no/skulesekken/ Prosjekt – samarbeid med kulturskulane Overordna mål er å motivere og skulere kommunar til å utvikle kulturskular av høg kvalitet. Kulturavdelinga har sidan 2001 samarbeidd med Norsk Kulturskoleråd i Trondheim og fylkeslaget i Norsk Kulturskoleråd om fleire prosjekt og leiing av desse. Det treårige prosjektet Positivt skulemiljø (PSM) vart formelt avslutta våren 2003, men blir vidareført med eit årleg seminar for lærarar i kulturskulane og

grunnskulane. Det nasjonale PSM-prosjektet har i Sogn og Fjordane omfatta 21 grunnskular og 17 kulturskular frå 17 kommunar. Over 100 lærarar og kulturarbeidarar har delteke på seks nettverkssamlingar – i tillegg til lokale kurs – for å få kompetanse til å ta meir aktivt i bruk musikk, bilde, dans, drama/teater og andre kulturuttrykk i undervisninga. Ei satsing på biletkunst vart gjennomført i form av to lærarsamlingar. Den første i Hornindal hausten 2002 og den andre i Gaular våren 2003. Gjennom føredrag og praktisk arbeid vart lærarar/kunstnarar dyktiggjort til å arbeide med born. Eit sentralt tema var ”kunst i landskap”. Planar om ei felles kunstutstilling ligg føre, men er ikkje gjennomført. Deltakande kommunar/kulturskular var Stryn, Hornindal, Vågsøy, Fjaler, Hyllestad, Solund, Askvoll, Gaular og Aurland. Sogn og Fjordane kunstmuseum var ein viktig bidragsytar, både i høve fagleg kompetanse og prosjektleiing. Kulturminneprosjektet er eit nasjonalt pilotprosjekt igangsett i 2002 med midlar frå Miljøverndepartementet. Prosjektet skal medvirke til at barn og unge får utvikle ein identitet og får eit forhold til kulturen og nærmiljøet sitt. I 2003 har prosjektkommunane arbeidd med å utvikle gode modellar som kommunar i resten av landet kan dra nytte av. Lokale satsingar omhandlar m.a. stadnamnkafé og restaurering av hestebåt (Førde), kultursti (Lærdal og Gloppen), gamle leikar og dialektar (Jølster), istandsetjing av gamal hoppbakke og kart- legging av historia til gamle kulturminne (Gloppen), barnemusikkspel basert på lokal tradisjon (Årdal), Soga om Ingolf Arnarson (Askvoll), kunnskap om/praktisk bruk av Nordfjord-færingen (Solund) og kystkultur/livet på Gulebuda i Bremanger.

18

Page 19: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

Det 8.fylkesting for ungdom – eit glimt av Sogn og Fjordane si demografiske framtid. Bak sit fylkespolitikarar og byråkratar. I kulturminneprosjektet deltek til saman fem kommunar frå Møre og Romsdal og åtte frå Sogn og Fjordane; Solund, Askvoll, Bremanger, Førde, Gloppen, Jølster, Lærdal og Årdal. Kommunane har overordna ansvar for kompetanseheving hos rektorar og kulturskulelærarar. Fylkeslaget i Norsk Kulturskoleråd medverka til det same i 2003 gjennom ei fagleg temasamling i mars månad. Alle kulturskulerektorane blir dessutan invitert med i samlingar som handlar om Den kulturelle skulesekken. Det er eit mål at utviklinga av eit lokalt ”skulesekkinnhald” rundt om i kommunane blir eit samarbeidsprosjekt mellom kultur og skule. Nokre stader vil kulturskulane vere eit naturleg ”nav” i eit slikt samarbeid. Kulturskulane i fylket er inne i ei god utvikling, og mange ynskjer å få til tilbod innan fleire fagfelt, som dans, drama og bildekunst.

UNGDOM OG MEDVERKNAD Sogn og Fjordane er eit føregangsfylke når det gjeld ungdomsmedverknad. Fylkesting for ungdom og Ungdomspolitisk utval er døme på det. Kulturavdelinga er også sentral i gjennomføringa av fylkesmønstringa av Ungdommens Kulturmønstring. Fylkesting for ungdom (FFU) Det årlege og 8.fylkesting for ungdom vart arrangert i fylkestingsalen på Hermansverk 31.oktober til 2.november. FFU arbeider for å ivareta ungdommen i fylket sine interesser og auke samfunns-engasjementet. Tinget har blitt ein viktig arena og samlingsplass for ungdom i fylket. I forkant av sjølve tingsetet hadde ein kurs i møte-, debatt- og taleteknikk og skriving av resolusjonar. Ungdomspolitisk utval gjennomførde sjølv opplæringa. I spørjetimen på tinget var det igjen politikarane som fekk stille spørsmål til ungdommen. Det har ikkje delteke så mange politikarar på FFU som i 2003, og nesten alle partia var representerte. Mange av spørsmåla vart tekne oppatt seinare under generaldebatten, og mange førte til

19

Page 20: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

vedtekne resolusjonar. Det vart vedteke resolusjonar m.a. om sjukehustilbodet, nynorsk, køyreopplæring, utviding av ungdomskortet, United World College, vidareutvikling av FFU og fjernunder-visning. Desse sakene blir arbeidd vidare med av UPU. Ungdomspolitisk utval (UPU) Ungdomspolitisk utval for dei neste to åra vart valt på FFU. I det nye UPU sit Janne Sørum, leiar, Cathrin Ekehaug, nestleiar, Ricard A. Våge, Leif Gabriel Kapstad og Marius Strømmen. Ungdomspolitisk utval er eit arbeidsorgan for FFU mellom to tingsete. FFU hadde eit godt arbeidsår i 2003 og engasjert seg i mange saker. Sentralt i arbeidet står etablering av Ungdomsråd/Ungdommens kommunestyre i alle kommunane og kursing/opplæring av desse. Det er utvikla fadderordninga Sogn og Fjordane modellen som inneber at kvar medlem i FFU har

ansvar for å følgje opp kvar sine ungdomsråd i kommunane. Som del av det arbeidet vart opplærings-konferansen I FOKUS arrangert I november. Der braka journalistar, media-meinarar, pressetalsfolk og ungdomspolitikarar saman for å diskutere ungdomspolitikk og media. Ungdommens kulturmønstring Dei fleste kommunane arrangerte Ungdommens kulturmønstring, og mange ungdomar har dette som viktigaste arena for å vise fram kulturelle uttrykk. Storingsrepresentant Heidi Grande Røys opna den 16. fylkesmønstringa av UKM i Førdehuset 14. – 16.mars. Nærare 400 deltakarar deltok. Det var i alt fire førestillingar med sceneinnslag. I tillegg kunne ein laurdag og søndag sjå video. Utstillingsarbeida vart vist på Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Utstillingsarbeid: Bente Vedvik Stilleben 18 år Høyanger Eskil Frøyen Nybø Eskils jul 14 år Flora Vilde Jensen Hjetland Spiced up 15 år Balestrand Erlend Holm Mikke sin veg 18 år Vågsøy Ina Bache-Wiig 2 skulpturar 13 år Gulen Multimedia: Fred Støyva 15år Håvard Geithus Space DM 15 år Balestrand Scene: Malene Nordstrand Huska på deg 16 år Gloppen Børge og Mads Vatlestad Ballande 15/13 år Sogndal Hrimnir (dansegruppe) Free Your mind Førde L.O.F.F Quite how it seems Florø Tomas Myklebust Improvisasjon 16 år Gloppen Desse representere fylket ved UKM landsmønstringa i Trondheim 28.-1.juni.

20

Page 21: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

IDRETT, FRILUFTSLIV OG FYSISK AKTIVITET Fylkeskommunen arbeider for at flest mogleg av innbyggarane får høve til å drive fysisk aktivitet etter eige ynskje og føresetnader, på allment tilgjengelege område og i anlegg som er lagt til rette i rimeleg geografisk nærleik til der dei bur. Fylkesdelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2002-2005. FYK – Prosjekt for fysisk fostring Hovudmålgruppa til FYK er ungdom. Aktiviteten skal vere fri for konkurranse- og prestasjonspress. I tillegg ynskjer vi å vise trongen for møteplassar for eigenorganisert aktivitet. Samarbeid med kommunane Kommunane Solund, Høyanger, Fjaler, Gloppen , Stryn og Hornindal har motteke midlar til utvikling av aktivitetstiltak for eigenorganisert ungdom. I tillegg er det danna eit nettverk kommunane i mellom. Ungdom frå desse kommunane og Førde har vore med på leiarkurs, eit samarbeid mellom Vesle Daniel, Sogn og Fjordane idrettskrins og FYK. Kurset vart avslutta hausten 2003 med studietur til København. Der studerte vi anlegg for eigenorganisert aktivitet og vitja Nordisk råd. I 2003 har prosjektet halde fram med danseprosjektet ”Ung lærer ung” . I alt 22 kommunar er no med i prosjektet, og samlingane har vore fullteikna. Høgskulen i Sogn og Fjordane ved Reidun Nerhus Fretland har laga gode rapportar på prosjektet og aktiviteten i kommunane. Særskilde aktivitetar I mars 2003 samla FYK 160 ungdommar til Wintercamp på Utvikfjellet. Telemark, snøbrett og slalåm i bakken. Utanom bakken vart det rappellert, spelt paintball

og fleire kasta seg utfor ein hammar på femten meter, i eit såkalla Hekseflog. Laurdag kveld var det utandørs rockekonsert og danseoppvisning.

Akrobatikk på snøbrett under WinterCamp, Utvikfjellet. I juni vart det arrangert Sommarcamp i Innvik. Då var det dans, klarting, kajakkpadling, breklatring og sommarski som var aktivitetane. Førti ungdommar var med frå måndag til fredag. Hausten 2003 hadde FYK aktivitetsdag for Måløy vidaregåande skule. Elevane fekk velje mellom mange ulike aktivitetar, alt frå segling og golf til kajakk og klatring. Vellukka dag og eit godt samarbeid med skulane. Sommaren 2003 hadde FYK utvida aktivitetsdag med klatring og padling for Mo og Jølster vidaregåande skule. Opplegget vart gjennomført i samarbeid med Njord Klatring & kajakk.

21

Page 22: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

Informasjon og nettverk www.fyk.no. er heimesida til prosjektet. Heimesida har utvikla seg godt gjennom 2003, mellom anna med bidrag frå nabofylket. Sida er ei god informasjonskjelde ut mot målgruppa ungdom. I samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane driv FYK prosjektet Friluftslivpedagogikk. Sju skular frå heile fylket er med på prosjektet. FYK med i eit utvida nettverk i fylket med mellom anna Statens Utdanningskontor, Fylkeslegen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Idrettskrinsen med fleire. I tillegg er FYK og med i eit nettverk saman med Nordland, Oppland og Møre og Romsdal fylkeskommune. Begge nettverka har som mål å finne det offentleg si rolle og ansvar for den eigenorganiserte aktiviteten i befolkninga. Idrettsanlegg og lokale kulturbygg Rettleiing til kommunar, lag og organisasjonar Kulturavdelinga har gjeve rettleiing til kommunar, idrettslag og andre når det gjeld utbygging av idrettsanlegg og kulturbygg. Eit vilkår for å kunne søke om spelemidlar til idrettsanlegg er at anlegget må vere prioritert i kommunen sin vedtekne Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Kulturavdelinga har delegert mynde frå Kulturdepartementet til å godkjenne desse planane ut frå departementet sine minstekrav. Kommunedelplanar for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 10 kommunar skulle hatt revisjon av kommunedelplanane i 2003. Av desse 10 kommunane har fire revidert planen,

medan seks kommunar ikkje har hatt revisjon av sine planar. Dette fører til at desse seks kommunar ikkje har søknadsrett til spelemidlar til nye prosjekt i 2004. Spelemidlar; tilskot til idretts- og friluftslivsanlegg Til idretts- og friluftslivsanlegg kom det inn 93 søknader. Samla godkjend kostnad var 199,5 mill. kroner, og total godkjend søknadssum var på kr. 49 734 000. Rammetilskotet på kr.16 094000 vart fordelt på 43 søknader. I tillegg vart ni søknader innvilga rentemidlar med kr.1 082 000, og tre søknader fekk løyvd inndregne midlar med kr.1 973 000. Totalt vart det i 2003 tildelt kr.19 149 000. Også i 2003 vart målet nådd når det gjaldt tildelinga av spelemidlar til anlegg som vert styrt av Fylkesdelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2002 –2005. Tilskot til lokale kulturbygg Det kom inn 16 søknader til lokale kulturbygg i 2003. 14 søknadene kunne godkjennast for tilskot. Samla godkjend søknadssum var kr. 6 214 000. Rammetilskotet frå staten var kr.1 475 000 som vart fordelt på sju bygg. Samling med kommunane Den årlege samlinga med kommunane fann stad på Alexandra hotell i Loen i slutten av november. Det var godt frammøte, og dei to dagane vart det sett fokus på prosessar når det gjeld revisjon av kommunedelplanen. Vidare vart det fokusert på dei nye forskriftene for spelemidlar, og regelverket for søknader. Samlinga var støtta med eit tilskot på kr. 75 000 frå Kulturdepartementet.

22

Page 23: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

KULTURMINNEVERN Det er målsetjing å forvalte kulturarven i fylket slik at ein sikrar ei berekraftig utvikling og vernar kulturminne / kulturmiljø / kulturlandskap som dokumentasjon av fortida og ressurs for

framtida. Det er viktig å sikre kulturminne og kulturmiljø av kulturell, geografisk og tidsmessig breidde og av nasjonal, regional og lokal verdi. Fylkesdelplan for arealbruk (2000).

Born frå Kollset oppvekstsenter framfor restaurerte Gulebuda i den freda handelsstaden Rugsund, Bremanger. Gjennom song og dramatisering lærer dei om kystkulturen og historia til det som eingong var sildemottak, dette er ei av satsingane i Kulturminneprosjektet. Foto Margrethe Henden Aaraas. Museum Fylkeskommunen har ansvar for museumsvesenet regionalt og fordeler statleg driftstilskot til musea. Kommunane bidreg til driftstilskot til det ansvarsmuseet som dei geografisk soknar til, det vere seg Nordfjord Folkemuseum, Sunnfjord Museum, De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuseum eller Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Avtalene mellom kommunane og musea er, saman med sterkare kommunal representasjon i museumsstyra, med på å sikre lokale eigarskap til musea. Fylkeskommunen løyvde kr. 12 633 000 til musea som er inne på tilskotsordninga i fylket, av dette var kr. 8 975 000 statlege midlar og kr. 3 658 000 kom frå fylkeskommunen.

I samsvar med gjeldande museumsplan vart kr.100 000 sett av til prosjekt og fordelt etter søknad frå musea. Av fem innkomne søknader, vart det fordelt prosjektmidlar til følgjande fire; Registrering av museet sin gjenstands-masse (Kystmuseet i Sogn og Fjordane), Utprøving av tiltak i ny skjøtselplan for museet (Nordfjord Folkemuseum), Husflidsproduksjon i Førdefjorden, eit forprosjekt med regionalt interessefelt (Sunnfjord Museum) og Kor vart det av strikkejakkene? –utstilling av vår nære fortid med engasjement i notid (Sunnfjord Museum). Kulturavdelinga har sekretærfunksjon for Museumsforum og deltek på årsmøte i musea og i museumslaget.

23

Page 24: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

Arbeid med arealplanar Kulturavdelinga har ansvar for forvalting av kulturminne og kulturmiljø på fylkesnivå og skal mellom anna vurdere, utføre kulturminneregistrering og gje høyringsuttaler om kulturminneverdiar til arealplanar og andre planforslag etter Plan- og Bygningslova m.m.. Det er det mest omfattande arbeidet i kulturminnevernet. I 2003 handsama Kulturavdelinga om lag 240 nye arealplanar og arealsaker etter Plan- og bygningslova. Det omfatta kommune-/ –delplanar og frådelingar / dispensasjonar frå kommuneplan og reguleringsplan. I tillegg kjem andre typar arealplansaker og arealplanar/arealsaker registrert i føregåande år og der handsaminga strekte seg inn i 2003. Til saman handsama kulturminnevernet ca 300 arealplanar og arealplansaker, om lag same mengde som føregåande år. Arealplanar etter Jordlova og forskrift om skogsvegar, det vil seie planar om nydyrking og skogsvegar vart heller ikkje handsama i 2003 grunna manglande personellressursar. Arbeid med arealplanar er tidkrevjande. Mange arealplanar har diverre lite opplysningar om kulturminne og kulturmiljø i planområdet og planlagde tiltaka sine konsekvensar for desse, noko som medfører mykje meirarbeid for kulturminnevernet. Ofte er det også naudsynt med synfaring og feltarbeid før høyringsuttale kan gjevast. Det er generelt mykje kontakt med kommunane i desse sakene. Kulturminnevernet deltek i Planforum. Her blir viktige plansaker diskutert, og kommunar er invitert til å legge fram planar. I Planforum deltek faste representantar frå fylkeskommunale og statlege høyringsinstansar samt Vegkontoret.

Programarbeid Programområdet Kulturminne, areal og naturressursforvalting løyvde 1,1 mill. kr. til ulike arbeid i fylket. - Urnes prosjektet - Kystled – Nordsjøløypa - Freda bygningar - prosjektet - Natur- og kulturbasert turguiding - Verneplan for kyrkjegardar i Luster - Kulturturisme i Bremanger - Fartyvern - Gamle Lærdalsøyri - Vegkanten – biologisk mangfald - Kulturlandskap og museum - Gamle ferdslevegar Desse arbeida fekk økonomisk støtte gjennom programområdet Kulturminne, areal og naturressursforvalting. Automatisk freda kulturminne Fylkeskommunane er delegert statleg forvaltingsansvar for desse kulturminna. Sentral oppgåve er å klargjere om og korleis planlagde tiltak vil verke innpå automatisk freda kulturminne, og det blir gjort hovudsakleg ved handsaming av arealplanar. I område med potensiale for slike kulturminne, må feltarbeid medleiting/registrering utførast før det kan gjevast uttale til planen. Kjem kulturminnevernet tidleg inn i plansakene kan likevel planprosessen gå som vanleg trass i omfattande feltarbeid. I 2003 handsama Kulturavdelinga fleire planar for utvidinga og nybygging av vegsamband. I Nordfjord var det to større vegsaker som kravde registreringar. Ved utvidinga av Ev 39 i Stigedalen vart det i eit konsentrert område på Hjelle påvist fleire spor etter svært gamal gardsbusetnad, frå overgangen mellom yngre steinalder og tidleg bronsealder (om lag 1800 år f.Kr.). Det vart dokumentert fleire hus av såkalla U-type. Denne typen hus er ikkje tidlegare påvist på

24

Page 25: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

Nordvestlandet, og registreringa gav ny kulturhistorisk kunnskap. Ved Fv 698 Hennebygda – Hopland vart det i Hennebygda påvist fleire dyrkingslag etter førhistoriske gardar, mellom anna frå bronsealder. Ved dei etterfølgjande arkeologiske utgravingane som vart utført av Bergen Museum, fann ein også spor etter hus frå same tida. Kulturminna var lokalisert i relativt bratt lende der ein vanlegvis ikkje forventar gamal busetnad. Hausten 2003 avslutta Kulturavdelinga eit større registreringsarbeid på stamveg-parsellen E 16 mellom Voldum og Borlaug i Lærdal. Ved registreringa vart det funne omfattande spor etter jordbruksdrift i form av ardspor, dyrkingslag og rydningsrøyser. Her ligg det eit stort potensiale for å oppnå ny kunnskap om den eldste driftsforma til gardane i Lærdalsdalen og tilsvarande område. Av andre planar som har kravt mykje feltarbeid kan nemnast golfparkane på Heggmyrane i Luster og Stokkenes i Eid. På Stokkenes vart det påvist ei grav frå jarnalderen, truleg frå folkevandringstid (400-600 år e.Kr.) i jarnalderen. På Heggmyrane vart det påvist tre røyser, to rydningsrøyser og ei mogeleg gravrøys. Dei nyregisterte røysene på Heggmyrane, Hafslo ligg i nærleiken av gardstunet Modvo som er datert til folkevandringstid. I samband med etablering av stavkyrkjesenteret i Borgund i Lærdal har Kulturavdelinga utført registreringar over fleire sesongar. Arbeidet i 2003 omfatta areal for utviding av kyrkjegarden. Det vart her påvist dyrkingslag samt eldstader og stolpehol etter hus, datert til bronsealder og eldre jarnalder. Funna visar at området rundt Borgund Stavkyrkje har vore busett i meir enn 2500 år. I 10 arealplanar der det ikkje gjekk å tilpasse planlagt tiltak med å ta vare på kulturminna, tilrådde Kulturavdelinga oppheving av kulturminnefredinga.

Riksantikvaren har ferdighandsama ni av desse dispensasjonssøknadene og gjort vedtak i tråd med tilrådingane. Her blir det utført utgravingar ved Bergen Museum. På vegne av ein grunneigar i Friksdalen i Leikanger fremja Kulturavdelinga overfor Riksantikvaren søknad om løyve til oppsetting av eit stølshus innafor eit før-reformatorisk stølsområde. På stølsvollen ligg gamle stølshus, tufter, kokegroper og skålgropsteinar. Kulturavdelinga vurderte mellom anna det som viktig at den tradisjonelle bruken av stølen vart vidareført. Riksantikvaren støtta vurderingane og innvilga søknaden. På fagfeltet arkeologi har Kulturavdelinga prioritert å gje kulturminnefaglege innspel til kommunane i samband med rullering av kommuneplanane. I 2003 er innspel gjeve til kommunane Hornindal, Vågsøy, Flora og Naustdal, Vik og Leikanger. I tillegg har Kulturavdelinga vore spesielt engasjert i å løyse tilhøva kring Vereide skule i Gloppen. Her vart det i 2002 ulovleg oppført ein akebakke i ytre del av eit jarnalders gravfelt. I løpet av 2003 har Kulturavdelinga vore i aktiv kontakt med partane i saka og mot slutten av 2003 kom ein fram til løysing som på sikt tek omsyn til både å ta vare på dei viktige kulturminna og dei behova som Vereide skule har. På helleristningsfeltet i Vingen har det i 2003 vore guida omvisningar på dei opne sundagane i sommarsesongen. I tråd med skjøtselplanen som Kulturavdelinga fekk utarbeidd i 2002, har det i blitt skilta og tilrettelagt ein publikumssti. 12 lokale guidar har fått kurs og opplæring i presentasjon og formidling av helleristningane. Tilbakemeldingane frå publikum har vore utelukkande positive. I byrjinga av oktober var det i regi av fylkeskommunen og Flora kommune arrangert ein nordisk bergkunstkonferanse i Flora. Hovudtema for konferansen var

25

Page 26: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

formidling av bergkunst. Flora kommune presenterte planane for eit formidlings-senter i Ausevika. På konferansen inngjekk også ekskursjonar både til Ausevik og Vingen. Arbeidet med tilrettelegging av Ausevik vert vidareført i 2004 gjennom planlegging av konkrete tilretteleggings-tiltak på helleristningsfeltet. Fylkes-kommunen vil som forvaltningstyresmakt for skjøtsel og tilretteleging av feltet, ha ei viktig rolle i dette arbeidet. Freda bygningar Fylket har 194 freda bygningar, fordelt på 92 eigedommar. Tilskot til freda bygningar. Tidlegare mottok fylkeskommunen statstilskot til fordeling etter søknad til freda kulturminne. Frå og med år 2002 har Riksantikvaren, direktorat for kulturminnevern, fordelt midlar etter prioritert søknadsliste frå Kulturavdelinga. Omlegginga har samanheng med Riksantikvaren si økonomiske satsing for å betre vedlikehaldet av freda bygningar. Riksantikvaren gav i 1,66 mill. kr. i 2003 til restaurering av freda og verneverdige bygningar. Fylkeskommunen mottok 15 søknader med samla søknadssum på vel 1,9 mill. kr. Samtlege søknadene vart tildelt midlar, og tre anlegg fekk tilskot på over kr. 200 000. Det var Rugsund handelsstad, Bremanger, Vågsberget handels- og gjestgjevarstad, Vågsøy (fredingssak pågår) og Bensentunet, Jølster. Dei statlege midlane vart berre fordelt til freda bygningar. Det blei gjeve råd og rettleiing i vedlike-haldsarbeidet til dei som hadde fått tilskotsmidlar. I tillegg vart det handsama om lag 20 saker om freda bygg og kulturhistoriske miljø og gjeve fråsegn i om lag 30 bygge- og plansaker i kommunane.

Fylkeskommunane har sidan 1990 hatt forvaltingsansvaret også for dei freda bygningane. Forum for freda bygningar og anlegg hadde også i år møte med aktuelle tema for huseigarane. Prosjektet - Freda bygningar i privat eige Målet er å få oversikt over tilstand og trong for vedlikehald for dei freda bygningane i privat eige. Prosjektet vart starta opp i 2001 og kan bli sluttført i 2004, det blir gjennomført i nært samarbeid med Riksantikvaren. Det omfattar bygningar yngre enn år 1537 og som er freda ved eige vedtak etter Lov om kulturminne. Det utgjer om lag 100 av dei freda bygningane i fylket. Prosjektet omfattar kartlegging av bygningane sin tilstand og trong vedlikehald. I prosjektet blir det lagt vekt på presentasjon av bygningane med kort tekst og bilde, både digitalt og på papir, og teksten skal ta føre seg både tekniske, kulturhistoriske og arkitektoniske aspekt. Bygningane sin verdi og kva som spesielt bør takast vare på, skal framhevast i eit intensjonsdokument som blir lagt ved fredingsvedtaket. Ein kortfatta plan for framtida vil også bli laga. Kulturminne frå nyare tid Tilskot til kulturminne frå nyare tid. I 2003 vart det fordelt kr 650 000 i tilskotsmidlar til kulturminne og kulturmiljø. Til desse midlane kom det inn 69 søknader med samla søknadssum på vel 8,2 mill. kr. 54 søknader gjaldt tilskot til restaurering av særleg verneverdige bygg med samla søknadssum på vel 7,5 mill. kr. Her vart 27 søknader innvilga tilskot innafor ramma på kr. 391 000.

26

Page 27: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

Det vart vidare fordelt kr. 25 000 til tre tiltak innanfor verneverdige teknisk/ industrielle kulturminne, kr. 162 000 til skjøtsel av fire område med automatisk freda kulturminne og kr. 72 000 til fire andre viktige kulturminneverntiltak. Det var ein auke på 25 søknader i forhold til fjoråret. Det er interesse for å ta vare på kulturminne, og det er framleis stor avstand mellom søknadssum og fylkeskommunale tilskotsmidlar til kulturminnevern. I samsvar med SAVOS sin fartøyvernplan, som Hovudutvalet for kultur slutta seg til i 2002, vart det også i år løyvd kr. 300 000 til fartyvern i fylket. Det utløyste tilsvarande statleg sum, og kr. 600 000 vart fordelt til dei fartøya; galeasen Svanhild, M/S Atløy, D/S Stavenes, M/S Stangfjord og M/S Helgaskjer. Det kom inn åtte søknader til fylkeskommunen med samla søknadssum på omlag 2,3 mill. kr. Formidling Det har blitt arbeidd med å gjere kulturminne og kulturmiljø meir synleg og gjeve kulturhistorisk kunnskap på fylkeskommunen si nye heimeside. To informasjonsskilt med tekst og illustrasjonar har blitt laga for oppsetjing kommande vår. Det gjaldt gravfelt og bautasteinar på Husabø, Leikanger og kvinnegrav med gullsmykke på Vereide, Gloppen. Arbeidet skjer i tett samarbeid med kommunane. Kulturavdelinga har utarbeidd Handlingsplan for skjøtsel og tilrettelegging av automatisk freda kulturminne i Sogn og Fjordane og Profilhandbok for kulturminneskilt På førespurnad held tilsette føredrag når det elles er høve til det. Siste året vart det mellom anna gjeve føredrag om kulturminne og kulturhistoriske forhold på

møte i Sogelaget i Fjærland og på Fruktbare dagar på Hermansverk. Det har blitt arbeidd med deltaking i internasjonale kulturprosjekt om kulturminneformidling, for m.a. å få medfinansiering til tiltak i fylket. Kulturavdelinga gjev i det daglege arbeidet fagleg råd og rettleiing til etatar på fylkes- og kommunenivå, grunneigarar og andre som arbeider med kulturminne. Informasjon om kulturminne og kulturhistoriske forhold blir gjeve gjennom arbeidet med arealplanar, bygningssaker, ved telefoniske og skriftlege førespurnader om råd og rettleiing vedrørande kulturminne og ved deltaking i ulike samarbeidsfora. KULTURINSTITUSJONAR SOGN OG FJORDANE FYLKESBIBLIOTEK Fylkesbiblioteket er service- og utviklingsorgan for biblioteksektoren i fylket. Fylkesbiblioteket driv mobil bibliotekteneste (bokbuss og -båt), fjernlånsverksemd, kurs- og møteverksemd, gir bibliotekfagleg rettleiing, deltek i utviklings- og prosjektarbeid samt utarbeidar statistikk og rapportar for den samla bibliotekverksemda i fylket. Fylkesbiblioteket har 8 fast tilsette. Bokbåten Epos Fylkesbiblioteket driv bokbåten Epos saman med Hordaland fylkesbibliotek og Møre og Romsdal fylkesbibliotek, og to gonger i året gjev vi ut eit medlemsblad for Bokbåtklubben. Sogn og Fjordane fylkesbibliotek samarbeider med biblioteka i dei 14

27

Page 28: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

kommunane i fylket som får besøk av bokbåten. På kvar bokbåttur er det med eit kulturprogram om bord som fylkesbiblioteket tilbyr i samarbeid med Folkeakademiet i Sogn og Fjordane. Bokbåten reiser rundt i fylket to gonger i året, ein gong i februar/mars og ein gong i oktober/november. I Sogn og Fjordane var det i 2003 til saman 2 264 personar om bord på bokbåten, og av desse var det 1 705 personar som fekk med seg kulturprogramma. Det vart lånt ut 20 133 bøker og lydbøker frå bokbåten, vel halvparten var barnebøker. På vinterturen vitja bokbåten 39 stader og 31 av desse fekk tilbod om kulturprogrammet Kirsten Høeg: I trollets time (966 personar). På haustturen vitja bokbåten 38 stader og 28 av desse fekk tilbod om kulturprogrammet AlterEgo: Finagel Felespiller (739 personar) Bokbussen Sogn og Fjordane Fylkesbibliotek driv bokbuss i samarbeid med kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Flora, Førde, Høyanger, Naustdal og Stryn. Det er personalet frå folkebiblioteka i desse kommunane som bemannar bokbussen medan fylkesbiblioteket organiserar drifta av bussen og står for innkjøp av media. Bokbusstoppa er i hovudsak ved skular og barnehagar, og 2/3 av utlånet er til barn og unge. Til saman vart det lånt ut 13 433 bøker, lydbøker og musikk-cd’ar frå bussen. Hausten 2003 var det ein stor lesekampanje på bokbussen i dei åtte kommunane. Kampanjen, som fekk stor merksemd i media, hadde fantasylitteratur som tema. Personalet på bussen køyrde rundt som hekser og trollmenn, og bussen var pynta med bl.a. flaggermus og heksekjele. Kampanjen retta seg mot lånarar opp til 13 år. Dei lånte bøker og kunne levere inn bokmelding, der dei som

leverte bokmelding kunne vinne bøker og anna. Vi fekk inn 115 flotte bokmeldingar. Bokbussen hentar inn fortida; et digitalt fotoprosjekt i Sogn og Fjordane Fylkesbiblioteket og Fylkesarkivet samarbeider om eit prosjekt for vern av gamle foto, der ein brukar bokbussen i innsamlingsarbeidet. Bussen har fått ein ekstra pc med skannar, og i 2003 samla ein inn foto i Høyanger, Stryn og Fjaler. Folk leverer gamle foto på bussen og får dei med seg att etter skanning og registrering av opplysningar. Prosjektet går fram til jul 2004 og er eit tilbod til m.a. folkebiblioteka, historielaga, pensjonistlag og skular. Fjernlån Fjernlånet er eit samarbeid med andre bibliotek i heile Noreg og Norden og også skular og andre institusjonar. Gjennom fjernlånsnettverket kan dei enkelte biblioteka få tilgang til litteratur dei ikkje eig sjølve. Fylkesbiblioteket mottok 5 927 tingingar til fjernlånsavdelinga. Til saman vart det formidla 5 563 media. Klassesett Fylkesbiblioteket har ei samling med klassesett som vi tilbyr til skulane. Det vart lånt ut 3 280 bøker som klassesett til skulane i fylket. Det er ei auke på ca. 29% frå året før. På to år har utlånet av klassesett auka med 50%. Den kulturelle skulesekken Fylkesbiblioteket samarbeidar med Kulturavdelinga om Den kulturelle skulesekken ved å foreslå og lage forfattarturnear. Vi sender ut både informasjon om forfattarane og bøker til alle klassane som får forfattarbesøk. Vi sender også folkebiblioteka informasjon om forfattarturneane som skal vere i deira kommune for at dei skal kunne involvere seg i Den kulturelle skulesekken.

28

Page 29: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

Fylkesbiblioteket har også ansvaret for nettsidene til Den kulturelle skulesekken i fylket. IKT Fylkesbiblioteket har webhotell for biblioteka i Aurland, Bremanger, Leikanger og Gaular, der desse legg ut bokbasane sine på nett. Aurland og Gaular har også heimesidene sine på fylkesbiblioteket sin webserver. Fylkesbiblioteket samarbeider tett med Førde bibliotek om m.a. biblioteksystem og bokstamme. Hafstad og Øyrane vgs og grunnskulane i Førde deler også biblioteksystemet og har basane sine på fylkesbiblioteket sin server. Samarbeid med vidaregåande skular Hausten 2003 samarbeidde Sogn og Fjordane fylkesbibliotek med ei klasse på Hafstad vidaregåande skule og ei klasse på Måløy vidaregåande skule om lese-stimuleringsprosjektet Lesestafetten. Klassane fekk besøk av ein forfattar, dei fekk kurs i teatersport og formidling frå amatørteaterkonsulenten på Sogn og Fjordane teater. Målet var at dei skulle lese og formidle vidare bøkene til ungdomskuleklassar. Åtte klassar frå ungdomsskulen i Førde og Måløy fekk delta. Samarbeid med andre I 2003 fekk Sogn og Fjordane fylkesbibliotek saman med biblioteket ved Røde Kors Nordic United World College tilskot til eit mobilitetsprosjekt via EU-programmet Leonardo Da Vinci. Formålet med utvekslingsprosjektet var å utvikle ei felles forståing for god praksis innan pedagogisk bruk av bibliotek og informasjonskjelder. Hausten 2003 reiste seks bibliotekarar og lærarar til Danmark ei veke, der dei fekk besøkt mange ulike bibliotek og institusjonar ulike. http://www.sf.fylkesbibl.no/internasjonalt/utvekslingsprosjekt.htm

Forfattarbesøk på skulane blir også arrangert gjennom Den kulturelle skulesekken. Her besøker forfattar Berit Hellem Giil ein klasse på Reed skule, Gloppen. Foto Eva Kristin Svidal. Fylkesbiblioteket var også medarrangør for konferansen Den kvalifiserte informasjonssøkjaren – verkstad for lesestimulering og informasjons-kompetanse. Konferansen var arrangert av ei brei arbeidsgruppe med representantar frå ei rekkje ulike organisasjonar og institusjonar; Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, Røde Kors Nordic United World College, Opplæringsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Utdanningsavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Faggruppa for biblioteksundervisning i Danmark og Forum for bibliotekarar i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane. Nærinett I 2003 blei Sogn og Fjordane fylkesbibliotek invitert til å bli med i Nærinett-prosjektet som er driven av Europakontoret i Hordaland fylkes-kommune. Dette er eit samarbeid mellom bibliotek og næringsliv, der målet er at kommunane – ved biblioteksjef og næringssjef – skal formidle aktuell EU/EØS-informasjon til lokalt næringsliv. I Hordaland er ni kommunar med i prosjektet, og i Sogn og Fjordane deltar no Høyanger, Flora, Gloppen og Vik.

29

Page 30: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM Sogn og Fjordane Kunstmuseum skal ha som mål å skape interesse for og auke kunnskapen om biletkunst og kunsthandverk i fylket gjennom å drive kunstmuseal verksemd. Styringsfunksjonen er underlagt Hovudutval for kultur. Sogn og Fjordane Kunstmuseum har tre fast tilsette, i 2,5 stillingar. Det har vore naudsynt å kjøpe tenester frå Securitas og engasjere medarbeidarar i tidsavgrensa formidlingsprosjekt. Aktiviteten har auka monaleg i 2003. Omorganisering og konsolidering Arbeidet ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum har i 2003 vore prega av omstilling og omorganisering, samstundes som ein har freista utvikle verksemda vidare. Som eit resultat av at museet får tilskot over statsbudsjettet, i 2003 om lag 1.7 mill. kr., vert driftsprofilen gradvis tilpassa Kulturdepartementet sin målstyringsstruktur. Sogn og Fjordane Kunstmuseum legg vekt på å utvikle dei etablerte museumsfunksjonane som er innsamling, bevaring, forsking og formidling. Arbeidet med konsolidering av kunstsamlingane i Sogn og Fjordane og etablering av kunstmuseet som ei stifting, vart sluttført i løpet av året. Stiftinga vert etablert på nyåret i 2004. I samband med dette vert Sogn og Fjordane Kunstnarsenter lagd ned og slått saman med Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Samlinga, utstillingar, arrangement Samlinga auka med 26 verk, 17 verk i 2002. Samlinga har auka gjennom eigne innkjøp og overføringar frå Norsk kulturråd si innkjøpsordning. Ein har arbeidd med førebu betre oppbevaringssystem for kunstsamlinga i magasinet. Skyveveggar for hengande bilete vert installert i byrjinga av 2004.

Om lag 115 verk frå samlinga er synt fram på 15 ulike fylkeskommunale institusjonar eller kontor i fylket. Forutan den faste utstillinga med måleri frå 1800-talet, sette kunstmuseet opp sju utstillingar i eige lokale, inklusiv skulpturutstillinga i parken utanfor. Utstillingane på Prestebøen vart sett av om lag 3 000 besøkande, medan talet i 2002 var om lag 4 250. I tillegg arrangerte museet, eller deltok som medarrangør, i seks utstillingar og vandreutstillingar i andre lokale. Det vart arrangert tre konsertar i museet. Til saman vitja om lag 19 100 besøkande museet sine utstillingar, mot om lag 8 000 i 2002. I samsvar med statens satsar vart det utbetalt utstillingsvederlag til norske kunstnarar med om lag kr.187 000. I vårsesongen inviterte museet grunnskulane i fylket til utstillingane Geir M. Brungot, Kunsthandverk og Fantasi eller sanning, som er produsert for Anders Svor Museum. Vi dekte kostnadene til busstransport for elevane. I haustsesongen gjennomførte museet i samarbeid med Riksutstillingar og Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane ein turné til skulane med utstillinga Menneskerettane. Samla har vel 8 000 skuleborn fått eit tilbod frå museet og museet har gitt omvisning til 256 grupper, dei aller fleste skulegrupper. Sogn og Fjordane Kunstmuseum samarbeidde med Den kulturelle skulesekken i eit prosjekt for styrking av kunstfaget i kulturskulane. Andre samling med seminar vart gjennomført våren 2003. I samband med Gjesme-jubileet i 2004, der boka om Hans Gjesme vert lansert, har museet leia og finansiert eit forskingsprosjekt for å framskaffe ny kunnskap om kunstnaren frå Lærdal.

30

Page 31: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

Resultatet av arbeidet vert presentert i bokform og som utstilling i Gjesmegalleriet i 2004. Plakatar og invitasjonskort vert produsert og distribuert i samband med alle utstillingane. Annonsar og annonseringsmåten vart utvikla vidare i 2003. Pressemelding vart sendt til alle avisene i fylket, nokre større regionaviser og NRK. Museet fekk førehands-presentasjon av fleire utstillingar på

NRK Vestlandsrevyen. Museet har publisert fire illustrerte og til dels forseggjorte katalogar, samt jubileumsskriftet for Anders Svor Museum. Kunstmuseet har vidareutvikla heimesida http://www.sfk.museum.no. På heimesida finn ein informasjon om aktuelle utstillingar, kunstmuseet, kart og anna om verksemda.

Kunstnaren Geir M Brungot hadde omvisning i fotoutstillinga si. Foto Stein Sandemose Bårdsen. SOGN OG FJORDANE FYLKESSENTER FOR MUSIKKTERAPI (FSMT) Arbeider for auka forståing for samanhengen mellom kultur og helse. Vere kompetanseorgan for kulturlivet og for skule- og helsesektoren i høve målgruppene. Arbeider for geografisk spreiing av dei aktuelle faglege tenestene i heile fylket. FSMT har hatt 1,6 stilling operativ.

Indirekte arbeid med klientar Dette er hovudsatsingsområdet, og det omfattar konsultasjon, undervisning og kurs. Målgruppene for FSMT er menneske med allment behov for tilknyting til kultur- og fritidsaktivitetar, det vere seg menneske med psykisk utviklingshemming, med psykiske lidingar og psykiatriske pasientar, barn og unge med særskilt trong for tilrettelegging og eldre/geriatriske pasientar. Konsultasjon Fylkessenteret hadde i 2003 førespurnader om konsultasjonstenester frå

31

Page 32: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

fagpersonar i grunn- og vidaregåande skular og kulturskule, helsesektor og det frivillige musikkliv som arbeider med målgruppene. På grunnlag av førespurnadene utførde FSMT oppgåver i ulike sektorar i åtte kommunar; Hornindal, Askvoll, Jølster, Gulen, Luster, Eid, Førde og Naustdal. I fleire av desse kommunane har vi utført rettleiings/konsultasjonsoppgåver i fleire ulike prosjekt og samanhengar innan kommunale institusjonar. Dette året er også arbeidet med rettleiing i høve målgruppa eldre og menneske med demens teke oppatt. FSMT har rettleia helsepersonale i arbeid med ei gruppe eldre/demente i Luster kommune. Undervising, kurs I 2003 hadde FSMT undervisningsoppdrag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for musikkterapi, spesialpedagogikk og allmennfag. Undervisinga ved høgskulen gjev stor fagleg gevinst for fylket sett under eitt, mellom anna ved at studentane som er fagpersonar frå ulike yrkesgrupper, skal tilbake til sin kommune for å utføre arbeid knytt til ei av dei tre målgruppene. Det vart arrangert fire kurs for hjelpesøkarar/samarbeidspartnarar med ulik fagprofesjon tilsett i skular, kulturskular og barnehagar. Folkehelseprosjektet FSMT er invitert til deltaking i folkehelseprosjektet som fylkeskommunen koordinerer i kommunane på vegne av staten. Folkehelsesatsinga rettar merksemda mot meistring og ressurstenking på samfunns- og individplan, og det høver bra med samfunnsperspektivet i musikkterapien. FSMT kan medvirke med erfaringar frå implementering av kompetanse i kommunane, der målet er at kunnskapen skal vere igjen i kommunane etter at fylkeskommunen har trekt seg ut av det konkrete samarbeid.

Direkte arbeid med klientar/hjelpesøkarar Direkte klientretta arbeid skaper godt grunnlag for resten av FSMT si verksemd ved at arbeidet fornyar og opprettheld kompetansen til dei tilsette. FSMT kan ta fagleg ansvar for igangsetjing og etablering av faste kulturtilbod til målgruppene. Ein føresetnad for å setje i gang faste grupper er at kommunane eller institusjonane overtek det faglege og administrative ansvaret etter etableringsfasa. Kommunane og institusjonane vert tilbydd rettleiing undervegs og i ei overgangsfase så lenge det er naudsynt. Sogn og Fjordane musikkråd har vore ein viktig samarbeidspartnar i arbeidet med å setje i gong og drive nye tilbod for grupper med særlege behov for tilrettelegging. Klinisk arbeid/konsultasjonar - Fast drift av musikkterapitilbod til to grupper barn med trong for særleg tilrettelegging. - I laupet av 2003 tilrettelegging i to barnehagar i Naustdal kommune. Det har vore kombinert med rettleiing av fagpersonale som arbeider med klientane. - Fast drift av særskilt kultur/musikktilbod for psykiatriske pasientar og menneske med psykisk utviklingshemming, i samarbeid med kulturskule og kombinert med rettleiing til kulturskulelærar. - Musikktilbod til to ungdomar busett i barnevernsinstitusjon, i samarbeid med Fylkesbarnevernet - Fast drift av særskilt kultur/musikktilbod for geriatrisk pasient - Fast drift av musikkterapitilbod til vaksen person med omfattande psykiske vanskar - Drift av gruppe med sju vaksne menneske med utviklingshemming Kurs FSMT deltok i planlegging og gjennomføring av musikkurs på den årlege kulturfestivalen i mars for vaksne med psykisk utviklingshemming. 60 personar med hjelparane deira var samla på Skei. Arrangementet er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskuleutdanninga på Sandane, Norsk forbund for utviklingshemma og FSMT.

32

Page 33: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

Vidare leia FMST musikkurs for flyktning-barn og menneske med psykisk utviklings-hemming på Hauglandsenteret, i regi av Sogn og Fjordane Røde Kors, og musikkurs for same målgruppe i regi av NFU (Norsk forbund for utviklingshemma). Utfordringar Det er stor etterspurnad etter tenestene som FSMT tilbyr i skule- og barnehagesektoren og etter kurs i institusjonar. Arbeidet med motivasjon og kompetanse-heving retta mot kulturskulepersonale er framleis ei viktig utfordring slik at mål-gruppene kan få delta i musikktilbodet. Kulturskulane er tenkt å vere storstove der menneske med psykisk utviklingshemming, med psykiske vanskar og eldre kan ta del i kulturaktivitetar. Lokalmiljøa vil i aukande grad verte hovudarenaer for utvikling av større kulturelt mangfald og auka trivsel, og koplinga mellom kultur og helse er nettopp eitt av musikkterapien sine særområde. Det er ei retning som er i sterk utvikling og ei viktig utfordring vil difor vere å skape større motivasjon og interesse for å bruke musikk i kultur/helsesatsing.

FYLKESARKIVET Fylkesarkivet er fylkeskommunen sitt fagmiljø på spørsmål som gjeld stadnamn, foto, folkemusikk, privatarkiv, kommunale arkiv, fylkeskommunale arkiv, lokal-historiske arkiv og andre lokalhistoriske oppgåver. Hovudoppgåver er innsamling/-vern, registrering og ordning og til sist formidling av materialet. Fylkesarkivet spelar og ei sentral rolle i utvikling og drift av nettbaserte kulturtilbod i Sogn og Fjordane. Fylkesarkivet har 12 tilsette.

Den 9. desember 2003 vedtok Fylkestinget at Fylkesarkivet skal få nye lokale i fylkeshuset på Hermansverk. Gjennom ombygging og nybygging får arkivet no om lag 10 000 hyllemeter til disposisjon. Her skal det oppbevarast arkiv frå kommunar, fylkeskommunen, bedrifter og lag/organisasjonar. Lokala skal takast i bruk i 2005. Det var stor trafikk på databasane til Fylkesarkivet/Kulturnett Sogn og Fjordane i 2003. I alt var det 302 954 brukarsesjonar (innloggingar) og heile 6,3 mill. hits (kall mot databasane/nettsidene) Kommunearkiv Vern av eldre arkiv er grunnleggjande for kommunearkivordninga sitt arbeid. I 2003 har ein gjennomført eit større ordningsarbeid av arkiva etter formannskapa i Lærdal og Borgund. Det har også vorte sett i gong eit liknande prosjekt for Aurland kommune. Kommunearkivordninga legg stor vekt på å kunne vere i stand til å rettleie kommunane om spørsmål knytt til elektroniske arkiv. Dette er eit fagområde der vi arbeider tett med andre arkivinstitusjonar. Eit anna viktig satsingsområde er arkivplanar for kommunane. I 2003 har dette arbeidet vorte knytt opp mot eit nasjonalt prosjekt; arkivplan.no som har utvikla eit verkty for å kunne tilby kommunane ein arkivplan via Internett. Privatarkiv I 2003 kom det inn om 27,2 hyllemeter med privatarkiv. Dette er fordelt på 13 einskild-avleveringar. Fylkesarkivet har det faglege ansvaret for Arbeidararkivet for Sogn og Fjordane. Seks av aksesjonane som kom inn i 2003 høyrer inn under dette arkivet. Vi har nedprioritert innsamlingsverksemd i 2003 av omsyn til manglande magasinkapasitet. Frå hausten 2005 vi vil vi trappe opp innsamlingsverksemda kraftig.

33

Page 34: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

Foto Ny teknologi pregar utviklinga innan fotovernarbeidet. Digitalisering av fotografi er den oppgåva som fekk mest fokus i 2003, både i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og elles. Fotoavdelinga har i 2003 arbeidd mykje for å gjere bilete tilgjengelege og å sikre motiva gjennom digitalisering. Vi har og lagt stor vekt på at dette arbeidet skal gå hand i hand med fysisk sikring av det originale fotografiske materialet. Digitalisering er ikkje ei sjølvstendig oppgåve, men må sjåast på som ein integrert del i fotovernarbeidet. Som tidlegare har handsaming av tingingar vore ei viktig og ressurskrevjande oppgåve også dette året. Auka etterspørsel etter bileta kjem og som ein konsekvens av digitalisering og betra tilgjenge, særskilt gjennom fotodatabasen på Internett. Stadnamn, musikk Det vart registrert og tilvekstført til saman 2004 stadnamn frå Eid kommune. I tillegg ligg det mykje innsamla, halvferdig stadnamnmateriale i Eid kommune. Det meste av arbeidet i året var å fylgje opp innsamling i Luster og Eid og å produsere stadnamnbase, digitalisere kart og trykke stadnamnkatalog for Vik kommune. For Luster blei det ein del kopieringsarbeid og bistand til å halda kurs for innsamlarar i Jostedalen. Vi tilbakeførte og mellombels det innsamla materialet til Luster kulturkontor. Vi har halde kurs for ti stadnamninnsamlarar i Kjølsdalen krins. Fylkesarkivet har handsama 15 førespurnader om stadnamn frå fylket. Digitalisering av eksisterande lydsamling har vore eit prioritert arbeidsfelt i 2003. Arbeidet er avgjerande for eit godt vern og ei effektiv formidling i samband med tingingar frå publikum. Det har ikkje vore større innsamlingsprosjekt dette året, men musikkarkivaren har gjort video- og lydopptak i Luster kommune, under Vestlandskappleiken og i samband med Balejazz.

Formidling, prosjekt Fylkesarkivet ved fylkesarkivar Gunnar Urtegaard har vore sterkt involvert i fleire utviklingsprosjekt knytt til kultur og it, det gjeld både transnasjonale og regionale prosjekt. Fleire av prosjekta er sterkt formidlingsretta og koplar saman geografisk informasjon og kulturhistoriske data. Sjå meir på http://kart.sffarkiv.no/. Arbeidet med Møtebokregister til formannskaps-protokollane i fylket har halde fram for fullt i 2003. Det skal vere eit søkbart register over saker handsama i kommunestyre og formannskap i kommunane i Sogn og Fjordane sidan 1837 og fram mot vår tid. Det vert og koplingar mot skanna sider i møtebøkene. Pr. 31.12.2003 er 18 av 26 kommunar med i prosjektet. ANDRE KULTURINSTITUSJONAR Fylkeskommunen eig 80% av aksjane i Sogn og Fjordane teater, resterande 20% er eigd av Førde kommune. Fylkeskommunen har interesser i Stiftinga Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid, Balejazz og Vestnorsk Jazz-senter i Bergen. Fylkeskommunen er representert i styra. Fylkeskommunen er representert i styra for dei fire ansvarsmusea Nordfjord Folkemuseum, Sunnfjord Museum, De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuseum og Kystmuseet i Sogn og Fjordane og i stiftinga Nynorsk Kultursenter i Ørsta. Hovudutval for kultur vel styret for Singerheimen i Stryn og Kulturavdelinga hadde sekretariatsansvaret i 2003.

34

Page 35: Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der ...sensff26.sf-f.kommune.no/sff/webResources.nsf... · Sogn og Fjordane skal vere ein leiande kulturregion, der eit variert

UTFORDRINGAR FOR KULTURSEKTOREN I 2004 Kultursektoren vil ha ei sentral rolle i den regionale utviklarrolla fylkeskommunen er tildelt. Til dette trengst det ressursar i form av kunnskap, kompetanse og økonomiske verkemiddel. Hovudutvalet ser styrkinga av kulturbudsjettet i økonomiplanperioden som eit uttrykk for ei tverrpolitisk prioritering av kulturen si rolle i den vidare utviklinga av fylket vårt. Kultursatsinga framover må gå langs to aksar: Sentrale styresmakter må gje oss økonomisk handlingsrom og tillit.

Vår eiga satsing gjeld våre eigne budsjett, og det gode innhaldet i rolla vår som

utviklingsaktør basert på partnarskap, rettleiing og oppfølging i høve kommunar, organisasjonar og tiltak.

Hovudprioriteringar framover vil vere knytt til vidare satsingar på: Utvikling av ein kulturstrategi for Sogn og Fjordane knytt til arbeidet med ny

fylkesplan Utvikling av eit program for kulturbaserte arbeidsplassar

Barne- og ungdomsretta satsing, mellom anna med Den kulturelle skulesekken,

internasjonal ungdomsutveksing og ungdomsmedverknad Arbeide for auka fysisk aktivitet og friluftsliv blant barn og unge, inaktive grupper i eit

folkehelseperspektiv Formidling av kulturarven, herunder også etableringa av besøkssenter ved Borgund

Stavkyrkje Vidareutvikling av Kultur og IT-satsing

Vidare arbeid med og tilrettelegging av tusenårsstaden Gulatinget

35