sogn og fjordane krf

8
Sogn og Fjordane KrF Stortingsvalet 2013 INFORMASJON

Upload: kristelig-folkeparti

Post on 20-Mar-2016

255 views

Category:

Documents


5 download

DESCRIPTION

Valgbrosjyre for Sogn og Fjordane KrF, stortingsvalget 2013

TRANSCRIPT

Page 1: Sogn og Fjordane KrF

Sogn og Fjordane KrFStortingsvalet 2013

InFo

rm

aSjo

n

Page 2: Sogn og Fjordane KrF

2

Dei første barneåra er grunnlaget for heile livet. Borna er det kjæraste vi har.

Mor og far skal få gode ordningar, slik at dei får tid til både å vere familie og å vere ykesaktive .

KrF er for likestilling, for barnehage, for kontantstøtte og for at familiane sjølve skal velje korleis dei vil organisere kvardagen.

KrF vil utvide foreldrepermisjonen med 9 veker som kan nyttast fleksibelt fram til bornet er ti år. Dette vil løyse mange familiar sine utfordringar med planleggingsdagar, og at skuleferien er lenger enn mor og far sin ferie.

Ikkje alle born veks opp i ein trygg heim. KrF vil derfor styrke barnevernet med meir kapasitet, kompetanse og nok fosterheimar.

Samlivsbrot er krevjande både for borna, dei vaksne og nettverket rundt. KrF vil førebygge med betre familierådgjevingsteneste og samlivskurs.

Skulen er ein viktig del av borna sin oppvekst, og skal vere ein stad for lærelyst, meistring og trivsel. KrF vil prioritere fleire dyktige lærarar framfor fleire timar. Vi vil intensivere kampen mot mobbing, mellom anna med mobbeombod i alle fylke.

EIn goD BarnDoM VarEr hEIlE lIVEt

yrke:

alder:

bustad:

1. kandidat

Kyrkjeverje

51 år

Brosvik, gulen

2013

Trude Brosvik

Page 3: Sogn og Fjordane KrF

yrke:

alder:

bustad:

2. kandidat

Student ved Uio

21 år

Flokenes, askvoll

2013

Tore Storehaug

3

MEnnESKEVErD, lIVShjElp og KaMp Mot FattIgDoMDei store spørsmåla rundt liv og død og menneskeverd utfordrar oss. KrF er tydelege på at livet skal vere ukrenkeleg frå fosterstadiet til ein naturleg død. tidleg ultralyd for å avsløre td Downs er å legge til rette for sortering av menneske. KrF vil grunnlovsfeste retten til liv.

KrF vil gje tryggleik for familiar med funksjonshemma born, med oppfølging frå ein fast koordinator i kommunen. også sysken må få særskilt merksemd.

Surrogati kan oppfattast som menneske­handel. KrF vil ikkje tillate surrogati. Det kan ikkje vere ein menneskerett å få born, men alle born har rett til å vite kven som er mor og far. Egg­ og sæddonasjon med ukjent donor strir mot dette.

KrF vil sikre livskvalitet i alderdommen, med møteplassar som eldresenter og frivilligsentralar. Vi vil gi tilrettelagt pleie til dei som treng det. Familiar som tek omsorgsansvar skal ha meir omsorgsløn og avlasting, og det trengst ei storsatsing på hjelp til demente.

KrF vil ha meir aktiv livshjelp, smerte­lindring og omsorg til personar i avslutningsfasen av livet.

tiltaka mot fattigdom må styrkast, særleg barnefattigdommen. gjennom tilrettelagt arbeid, krav og tiltak for innvandrarar, hjelp til rusavhengige og sosialhjelp vil vi sy eit tilbod rundt kvar enkelt som treng det. Målet er alltid hjelp til sjølvhjelp.

Page 4: Sogn og Fjordane KrF

4

3. kandidat 2013

yrke:

alder:

bustad:

lektor

56 år

Bygstad, gaular

norunn Lunde Furnes

FraMtIDa Er FornyBar og nærIngSlIVEt Er FraMtIDSrEttaKrF vil sikre hjørnesteinsverksemder ei framtidig energiforsyning som gjer det mogeleg med framleis drift i norge. rein energi til kraftkrevjande industri er eit miljøval.

Klimautfordringa må takast på alvor. Vi må alle ta vår del av ansvaret og legge om til bruk av nye fornybare energikjelder.

KrF prioriterer fisk og miljøvern framfor olje i lofoten, Vesterålen og Senja.

landbruk og fiskeri er store og viktige næringar i fylket vårt, og særleg viktige for busetnad. KrF vil gje desse næringane gode

rammevilkår. Det er naudsynt for å sikre aktiv drift og rekruttering til yrket.

næringslivet i Sogn og Fjordane satsar på offshore. KrF vil både ved hjelp av rammevilkår, tilrettelegging og konsesjonsvilkår, støtte at næringa gjev arbeidsplassar og lokale inntekter til fylket vårt.

KrF vil at kostnader med nye kraftlinjer vert fordelt på alle innbyggarane, og ikkje berre på dei som bur der kraftverka vert bygde. Viss dette ikkje blir endra vil distrikta subsidiere sentrale strøk på ein heilt urimeleg måte!

Page 5: Sogn og Fjordane KrF

yrke:

alder:

bustad:

yrke:

alder:

bustad:

4. kandidat

5. kandidat

assisterande landbruksdirektør

rådgjevande ingeniør/bonde

48 år

50 år

Førde

hyen, gloppen

2013

2013

Bjørn-Harald Haugsvær

olav Klungre

5SaMFUnnEt Må ha EIt Klårt VErDIgrUnnlag

SaMFErDSlE og tryggE og tEnlEgE VEgar

noreg må ta vare på og vidareføre den tusenårige kristne kulturarven inn i nye tider. For å forstå andre sin kultur og religion er det viktig å kjenne sin eigen. Slik kan ein i eit samfunn med mangfald møte kvarandre med respekt.

KrF vil sikre kristne verdiar i formåls­paragrafar i barnehagar og skule. Vi vil

kjempe for trusfridom, og retten til å bere religiøse symbol og uttrykke trua og livssynet sitt i det offentlege rom.

Vi vil at folk framleis skal kunne bli gift i kyrkja, og at kyrkja er naturleg eigar og driftar av gravstadene. KrF vil løyve pengar til sikring av kyrkjebygg og til trusopplæring.

KrF vil utarbeide «Bornas transportplan» som tek større omsyn til syklande, gåande og born sin kvardag i trafikken.

KrF vil bruke meir pengar på samferdsel fordi det er avgjerande viktig for busetting og næringsliv.

Vi prioriterer ferjefri E39 med gul midt­stripe, og traseval som gjev størst regional utvikling. Både Stadt Skipstunnel og

Vikafjellstunnelen er med i KrF sitt ntp­framlegg.

Fylkesvegnettet må tilførast pengar som sikrar prioriterte nybygg, utbetring og vedlikehald, samt gjev rom for å fjerne flaskehalsar. I vårt fylke kan det td. vere låge tunnelar. KrF vil opprette ei statleg ordning som kostar ekstraordinært vedlike­hald når infrastrukturen vert øydelagt av naturkreftene.

Page 6: Sogn og Fjordane KrF

ja nEI

Kristen kulturarv er ein viktig byggestein for samfunnet

retten til å kjenne opphavet sitt må leggast til grunn i lovverket

helsekroner må brukast på å redde liv, ikkje sortere bort liv

Folk skal framleis få gifte seg i kyrkja

Vil du ha opptrapping av psykiatrien og styrke rusomsorga?

Vil du ha oljeboring i lofoten, Senja og Vesterålen?

Skal formueskatt på arbeidande kapital fjernast?

Endre eingongsstønaden ved fødsel til ei ordning med foreldre­pengar tilsvarande minst 2g i folketrygda (p.t. kr 164 244,­)

Vil du ha moms på frivillig innsats?

Bør vi endre anbodspraksisen som skvisar ut ideelle omsorgsaktørar?

Skal kontantstøtta styrkast for 1­åringar og utvidast til å gjelde for 2­åringar igjen?

når staten pålegg kommunane nye oppgåver, må dei fullfinansiere dei

nynorsk må sikrast som eit levande skriftspråk jamstilt med bokmål

6

Sjekk om du er einig med KrF

Einig? Stem KrF!

Page 7: Sogn og Fjordane KrF

1. Trude Brosvik, Gulen

2. Tore Storehaug, askvoll

3. norunn Lunde Furnes, Gaular

4. Bjørn-Harald Haugsvær, Førde

5. olav Klungre, Gloppen

6. Beate Bondevik Lie, Luster

7. jon olav Kvamme, Stryn

8. Frode Bøthun, Balestrand

9. Hanne Sofie Sæterlid, Førde

10. Lars Helge Lillebø Hopland, Eid

VÅre s tO rt I N G s k a N d I data r

Page 8: Sogn og Fjordane KrF

Kristeleg Folkeparti er eit kristendemokratisk sentrumsparti

som bygger politikken sin på tre grunnverdiar:

det kristne menneskesynet, nestekjærleiken og forvaltaransvaret.

Desse verdiane set sitt preg på heile KrF sin politikk. Verdigrunnlaget pliktar

oss til å kjempe for menneskeverdet i alle livet sine fasar, til radikal omsorg

for medmenneska våre og til å ta vare på ressursar og miljø til beste for

kvarandre og komande generasjonar.

sOGN OG fjOrdaNe krfpostboks 305 • Førde

40 49 90 14 • [email protected]