p for produkt

15
P for produkt

Upload: ndla

Post on 30-Jun-2015

582 views

Category:

Education


5 download

TRANSCRIPT

Page 1: P for produkt

P for produkt

Page 2: P for produkt

Alt som kan bli tilbydd i ein marknad, og som kan tilfredsstille eit ønske eller eit behov, kan definerast som eit produkt.

Også idear, konsept, tenester og organisasjonar blir rekna som produkt.

Kva er produktbodskapen i biletet over? Kven er målgruppa for produktet?

Kva er eit produkt?

Page 3: P for produkt

• kjerneproduktet – behovet vi dekkjer

• det konkrete produktet – produktet vi kjøper for å dekkje eit behov

• det utvida produktet – tilleggsverdiar og forventingar som er knytte til produktet

Kva vil du seie er kjerneproduktet, det konkrete produktet og det utvida produktet på desse bileta?

Dei tre produktnivåa

Page 4: P for produkt

• sortimentslengddet samla talet på produkt i sortimentet til ei bedrift

• sortimentsbreidd kor mange ulike produktkategoriar ei bedrift tilbyr

• sortimentsdjupnkor mange ulike produkt eller variantar av produkt som finst i ein produktkategori

• sortimentskonsistens i kor stor grad produktkategoriane heng saman – om dei utfyller kvarandre eller ikkje

Korleis vil du skildre sortimentet i ein butikk som Coop Prix?

Produktsortiment – produktmiks

Page 5: P for produkt

• produktfamiliar – produkt som på kvar sin måte dekkjer eit behov

• produktgrupper – ei samling produkt som dekkjer behovet meir spesifikt

• produktvariant – det spesifikke enkeltproduktet

Korleis vil du beskrive eit produkthierarki for bøker?

Produkthierarkiet

Page 6: P for produkt

•langvarige varerprodukt med lang levetid, som til dømes hus eller bilar

•kortvarige varer (forbruksvarer)produkt som blir brukte opp relativt raskt, som til dømes mat, klede og kosmetikk

•daglegvarer – produkt vi kjøper «kvar dag»•utvalsvarer – møblar, telefonar og så vidare•spesialvarer – varer som er viktige for oss, som til dømes merkevarer

•tenesterprodukt som blir brukte opp idet dei blir leverte, som til dømes eit restaurantbesøk

Crocs-sko er eit døme på ei forbruksvare.

Produktklassifisering

Page 7: P for produkt

teknisk kvalitet – eit resultat av materiale og produksjonsprosess

opplevd kvalitet – korleis vi som forbrukarar opplever kvaliteten ut frå dei forventingane vi har

Kva for ein type kvalitet er viktigast når du kjøper eit hus, trur du?

Dersom du skulle kjøpe ein telefon: Kva slags kvalitet er viktigast for deg?

Kvalitet

Page 8: P for produkt

Vi deler livssyklusen til eit produkt inn i fire stadium eller fasar:

• introduksjonsstadiet• vekststadiet• modningsstadiet• tilbakegangsstadiet

PLS skildrar korleis salstala for eit produkt utviklar seg gjennom den levetida det har på marknaden.

Livssyklusen til eit produkt (PLS)

Page 9: P for produkt

Motar og «diller»PLS-kurva stig brått og fell brått.

Livsforlengjande strategiarPLS-kurva til eit etablert produkt får eit nytt løft gong på gong fordi produsenten kjem med stadig nye produktforbetringar som får salet til å stige igjen. Salskurva dannar eit slags bølgjemønster.

Var du offer for «fingerboard-dilla»?

Avvikande PLS-ar

Page 10: P for produkt

innovasjon – eit produkt som er nytt for verda

produktforbetring – ein ny måte å gjere ting på, eller ei forbetring av eit eksisterande produkt

Prøv å komme på ein innovasjon du har teke i bruk!

Innovasjonar og produktforbetringar

Page 11: P for produkt

Produktutviklingsprosessen

• idéutvikling• utsiling av idear• idétesting• økonomisk analyse • produktutvikling• testsal

Og så: lansering! (Det er her PLS-en tek til.)

Produktutvikling

Page 12: P for produkt

innovatørar – dei aller første kundane som tek i bruk eit nytt produkt, om lag 2 prosent av befolkninga

tidlege brukarare – ikkje dei aller første brukarane, men dei er likevel tidleg ute, ofte opinionsleiarar

tidleg majoritet – ei større gruppe som treng litt lengre tid før dei tek i bruk eit nytt produkt

sein majoritet – kjøper når «alle har» produktet

etternølarar – dei alle siste som tek i bruk eit nytt produkt

Fortel om eit produkt du har kjøpt som ein innovatør, og om eit produkt du har kjøpt som ein etternølar.

Diffusjonsprosessen

Page 13: P for produkt

Kvar fase i PLS krev spesiell marknadsføring fordi kundane og konkurransesituasjonen endrar seg frå fase til fase.

Diffusjonsprosessen skildrar korleis nye produkt spreier seg blant kundane i ein marknad.

Nokon tek i bruk eit nytt produkt med ein gong, medan andre ventar til produktet har gått av moten.

PLS, diffusjonsprosessen og marknadsføring

Page 14: P for produkt

• Service er ein del av produkt-leveransen.

• Service er ei tilleggsyting – altså eit tillegg til hovudproduktet du kjøper.

• Service kan vere avgjerande når kunden skal velje leverandør.

• Service er eit spørsmål om kostnader og om bedriftskultur.

Vi skil mellom• materiell service• systemservice• personleg service

Service

Page 15: P for produkt

Emballasjen har følgjande funksjonar:

• vern• frakt og lagring• kommunikasjon

Blir du påverka av emballasjen, eller tenkjer du berre på det som er inni?

Emballering og merking av produkt