nyhende pÅ nynorsk - klar tale/menu/sta… · ny forskning. det er ny rekord i spådd levealder...

4
kort klart & TORSDAG 02.03.2017 NYHENDE PÅ NYNORSK 5 Foto: Jim Watson / AFP / NTB scanpix GRENSE: Arbeidarar jobbar på eit jorde rett ved grensa mot Mexico, i Arizona i USA. Mange rømmer frå vald i heimlandet. USA vil kaste mexicanarar ut av landet. Men kvifor kjem dei? Vald og drap i nabolaget. Narkotika, pengar, skyting og frykt. Slik er liva for mange i Mexico. Kva blir redninga? USA. Mexicanarar og folk frå land som El Salvador, Honduras og Guatemala reiser ulovleg inn i USA. No vil presidenten i USA bygge ein mur på grensa. Han vil sende alle tilbake. – Dei fleste vil berre føle seg trygge, seier forskar Benedicte Bull til Klar Tale. Ho er ekspert på Latin- Amerika. Folk snik seg inn i USA. Dei betalar smuglarar for hjelp. Dei tek buss, går, sym og gøymer seg. – Ein mur vil ikkje stoppe alle. Eg trur folk finn nye vegar inn i landet, seier Bull. Nokre vil tene pengar i USA. Men mange flyktar frå all valden. Dei fattige opplever vald heile tida, ifølge Bull. Kriminelle gjengar har mykje makt i små samfunn. Kristine Lindebø [email protected] Flyktar frå vald Les meir på side 2 – Livet har blitt betre i fleire andre land. DOM: Ein bussjåfør i Hordaland stal pengar i sju år. Han tok litt av det folk betalte for billettar. Nå må han betale tilbake over 1,2 millionar kroner. Han er også dømt til ti månader i fengsel, skriv nyhendebyrået NTB. Sjåføren vedgjekk lovbrotet i retten. Det gav mildare straff. KONGO: Norske Joshua French får kanskje sleppe ut av fengsel i Kongo. French er dømt for drap og har vore alvorleg sjuk i fengsel. Familien er framleis bekymra. Dei jobbar med å få han til Noreg. Stal pengar i sju år French kan sleppe ut av fengsel

Upload: others

Post on 11-Oct-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/sta… · ny forskning. Det er ny rekord i spådd levealder for eit land. Forventa levealder er kor gammal du kan rekne med å bli før du døyr

kortklart& TORSDAG

02.03.2017

NYHENDE PÅ NYNORSK

5Fo

to: J

im W

atso

n /

AFP

/ N

TB

sca

npix

GRENSE: Arbeidarar jobbar på eit jorde rett ved grensa mot Mexico, i Arizona i USA. Mange rømmer frå vald i heimlandet.

● USA vil kaste mexicanarar ut av landet. Men kvifor kjem dei?

Vald og drap i nabolaget. Narkotika, pengar, skyting og frykt. Slik er liva for mange i Mexico. Kva blir redninga? USA.

Mexicanarar og folk frå land som El Salvador, Honduras og Guatemala reiser ulovleg inn i USA. No vil presidenten i USA bygge ein mur på grensa. Han vil sende alle tilbake.

– Dei fleste vil berre føle seg trygge, seier forskar Benedicte Bull til Klar Tale.

Ho er ekspert på Latin-Amerika.

Folk snik seg inn i USA. Dei betalar smuglarar for hjelp. Dei tek buss, går, sym og gøymer seg.– Ein mur vil ikkje stoppe alle. Eg trur folk finn nye vegar inn i landet, seier Bull.

Nokre vil tene pengar i USA. Men mange flyktar frå all valden. Dei fattige opplever vald heile tida, ifølge Bull. Kriminelle gjengar har mykje makt i små samfunn.

Kristine Lindebø [email protected]

Flyktar frå valdLes meir på side 2

– Livet har blitt betre i fleire andre land.

DOM: Ein bussjåfør i Hordaland stal pengar i sju år. Han tok litt av det folk betalte for billettar. Nå må han betale tilbake over 1,2 millionar kroner. Han er også dømt til ti månader i fengsel, skriv nyhendebyrået NTB. Sjåføren vedgjekk lovbrotet i retten. Det gav mildare straff.

KONGO: Norske Joshua French får kanskje sleppe ut av fengsel i Kongo. French er dømt for drap og har vore alvorleg sjuk i fengsel. Familien er framleis bekymra. Dei jobbar med å få han til Noreg.

Stal pengar i sju år

French kan sleppe ut av fengsel

Page 2: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/sta… · ny forskning. Det er ny rekord i spådd levealder for eit land. Forventa levealder er kor gammal du kan rekne med å bli før du døyr

2 TORSDAG02.03.2017TEMA

Vi blir stadig eldre ● Kor gammal kan du bli?

Det kjem an på kvar du bur.

I Sør-Korea kan kvinnene bli over 90 år i framtida. Det viser ny forskning. Det er ny rekord i spådd levealder for eit land. Forventa levealder er kor gammal du kan rekne med å bli før du døyr. Om du blir fødd no. Det er eit gjennomsnitt, for nokre vil døy lenge før. Andre vil bli eldre.

Folk blir eldre i nesten heile verda. Barna vil bli eldre enn dagens 30-åringar.– Færre i verda er fattige, seier Christian Lycke Ellingsen til Klar Tale. Han er overlege ved Folkehelse-instituttet.

Vaksinar, nok mat og hjelp til helse. Det er årsaker til at folk lever lenger. Så døyr færre barn ved fødsel.

Sør-Korea var eit fattig land i 1960. Då kunne folk rekne med å leve i berre 53 år. Nordmenn kunne rekne med å bli 73 år på same tid. I dag har Sør-Korea blitt eit rikt land. Barna kan bli like gamle som barna i Noreg, eller eldre.

Verdas helse-organisasjon lagar ei liste. Den viser kor gamle dei trur folk blir i ulike land. Noreg ligg på 15. plass. Før har Noreg vore i toppen på lista. Men livet i Noreg har ikkje blitt verre.

– Livet har blitt betre i fleire andre land, seier Ellingsen.

Kvinner lever lenger enn menn i nesten alle land. Men også denne skilnaden har blitt mindre. Sjukdom i hjartet er den viktigaste årsaka til at menn ikkje lever like lenge som kvinner, sier Ellingsen.

I nokre land blir dei ikkje gamle. I Swaziland, Lesotho og Den sentral-afrikanske republikk kan ikkje barna rekne med å bli eldre enn 49 år. Sjukdommen aids er noko av årsaka.

Pétur Ní[email protected]

ULIKT: Kvar dei bur i verda bestemmer kor lenge dei lever.

Foto

: FM

SC

og

Sha

wn

Pere

z /

flick

r.com

/ m

onta

sje

OPPGÅVA

Page 3: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/sta… · ny forskning. Det er ny rekord i spådd levealder for eit land. Forventa levealder er kor gammal du kan rekne med å bli før du døyr

TORSDAG02.03.2017 3 NOREG

VERDA

VERDENSROMMET: To personar skal reise rundt månen neste år. Dei skal på tur i ei veke. Det er forretningsmannen Elon Musk som sender dei. Han har starta kjente selskap som PayPal og Tesla. Musk bruker ein rakett og ein romkapsel.

Sender folk rundt månen

MÅNEN: Folk skal reise hit.

Foto: NT

B scanpix

Omgangssjuke ● Fleire har fått

omgangssjuke denne vinteren enn sist vinter. Eit virus gjer at folk spyr og må sitte på do.

● Ordet «omgangs-sjuke» består av to ord. «Omgang» betyr at noko går frå person til person. «Sjuke» er det same som sjukdom.

● «Omgangssjuke» smittar ved kontakt. Den smittar ekstra lett på sjukehus og sjukeheimar.

ORD I NYHENDA

Vil hjelpe SvalbardSKRED: Mange måtte igjen ut av heimane sine. Det kom eit nytt skred på Svalbard. I 2015 døydde to personar i skred. To ministrar besøkte øygruppa og lova at staten skal hjelpe.

POLITIKK: Regjeringa vil bruke pengar på ny flyplass og nye vegar. Politikarane er samde om ein ny plan for transport i Noreg. Dei vil bruke 928,7 milliardar kroner. Statsminister Erna Solberg lovar både dobbeltspor for tog i Hordaland, samt ny E16.

Samde om ny plan for transport

PLAN: Statsminister Erna Solberg og regjeringa kjem med ein plan for transport.

Foto: NTB scanpix

Kort fortaltEin TV-reportar blei drepen av ei bombe på jobb. Kvinna fortalde om kampane i Mosul i Irak. Ein kameramann blei skadd.

Fire millionar menneske har ikkje reint vatn i Chile. Ei elv er forureina av leire og jord.

To kvinner er sikta for å ha drepe Kim Jong-nam med gift i Malaysia. Han var halvbroren til leiaren i Nord-Korea. Kvinnene kan få dødsstraff.

Kjelde: NTB

USA: President Donald Trump talte for Kongressen for første gong. Åtte av ti som høyrde talen, likte den. Trump var rolegare enn han pleier å vere. Dette er den beste talen til no, seier USA-ekspert Svein Melby til nyhendebyrået NTB.

Trump fekk skryt for tale

TALTE: President Donald Trump heldt ein tale.

Foto

: NT

B s

canp

ix

Kort fortaltEin mann blei skoten på revejakt i Troms. 26-åringen døydde av skadene. Han blei treft av ein annan jeger ved eit uhell.

Mange unge i Noreg jobbar ikkje. Det er like ille no som på midten av 1990-talet. Noko av årsaka er hard konkurranse om jobbane.

Ein mann er sikta for overgrep mot 15 barn. Mannen jobba med asylsøkarar. Kjelde: NTB

Page 4: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale/menu/sta… · ny forskning. Det er ny rekord i spådd levealder for eit land. Forventa levealder er kor gammal du kan rekne med å bli før du døyr

4 KULTUR Redaktør: Gøril HuseKontakt oss: [email protected]

Nyhenda er skrivne av redaksjonen i avisa Klar Tale.

– Kva er ditt favorittord?– «Undring». Det er eit vakkert ord som er godt å seie. Eg må smile litt når eg seier det. Dessutan meiner eg det er verdifullt å undre seg.

– Kvifor likar du dette ordet så godt?– Undringa gjer at vi tenker og prøver å forstå verda og andre menneske betre.

– Kva ord likar du ikkje?– Ord som blir brukt til å håne andre.

– Kva er eit typisk oversettar-ord?– «Temmeleg». Ordet markerer at den som skriv det er oppteken av språk.

– Kva ord skildrar deg?– Eg kunne ha sagt «nysgjerrig», men «undrande» høyres finare ut.

Pétur Níelsson [email protected]

Tiril Broch Aakre er forfat-tar og oversettar. Ho kan vinne pris for oversetting av boka «En».

MITT ORD

Smiler av «undring»

Foto: Heidi Furre / Flam

me Forlag

FILM: Filmen «La La Land» vann seks av filmprisen Oscar. Den blei ropt opp som vinnar av beste film-prisen. Men det var filmen «Moonlight» som eigentleg vann. Feilen blei oppdaga på scena. Programleiarane hadde fått feil konvolutt.

Gav Oscar-pris til feil film

VANN: «Moonlight» vann Oscar.

Foto: NTB scanpix

Møte nær døden » Forfattaren Louis har vore borte i 12 år. Men no vil han heim

til familien. Han skal fortelje at han skal døy. Alle gler seg til besøket. Men så kjem gløymde minne, sorg og kjærleik fram. Filmen «Det er berre verdas undergang» har premiere fredag. Han passar for alle over ni år.

Foto: Norsk Film

distribusjon

FILM

FM-radioar kan ende i AfrikaMEDIA: Folk i Afrika kan få glede av norske FM-radioar. Radioane skal samlast inn og kan brukast av andre land. Då treng ikkje folk å kaste dei i søpla. Noreg sender radio med teknologien DAB framover.

Feirar 20 år med byLarmMUSIKK: Musikk-festivalen byLarm er 20 år i år. Torsdag startar fire dagar med musikkfest i Oslo. Nye og ukjende talent spelar i år. Det gjer også kjende artistar. Første byLarm var i Trondheim i 1998.