nyhende pÅ nynorsk. berre 14 folk er redda, og 18 er stadfesta døde. håpet om å finne fleire i...

4
Foto: Trond Tandberg / NTB scanpix FARLEG: Fleire turistar forstår ikkje kor farleg ein isbre kan vere. Bildet er frå Nigardsbreen i Sogn og Fjordane. Noreg sin natur er vakker og vill. Men den drep også. To barn såg foreldra sine døy. Det tyske ekteparet gjekk på Nigardsbreen i Sogn og Fjordane. Først var dei med på tur med breførar. Etterpå ville dei utforske aleine. Då blei dei trefte av isblokker frå breen. Det skjedde i or sommar. Minst 100 turistar frå utlandet døydde mens dei var på ferie i Noreg frå 2003 til 2013. Det viser ei oversikt frå kanalen TV 2. Dei har ikkje teke med trafikkulykker. Med ulykkene frå i or og i år, blir talla enda høgare. – Det er forferdeleg at turistar døyr i Noreg, seier Audun Pettersen til Klar Tale. Han jobbar med reiseliv i selskapet Innovasjon Noreg. Pettersen seier dei er opptekne av å gi informasjon. Likevel døyr nokon. – Turistane må bruke sunn fornuft, seier han. Mange turistar vil sjå Vøringsfossen i Hordaland. Tre turistar har mista livet her dei siste seks åra. Områda rundt fossen er ikkje godt nok sikra i dag. I sommar startar dei jobben med å sikre. Karin Flølo [email protected] Døyr på ferie i Noreg Les meir på side 3 Noreg satsar på å gjere få feil i fotball-VM for kvinner. » Flyselskapet Malaysia Airlines er konkurs. Men det vil begynne på nytt igjen som eit anna selskap. 6.000 tilsette må slutte i jobben, og får ikkje begynne i det nye selskapet, skriv nyhendebyrået NTB. I or var det to alvorlege flyulykker med selskapet sine fly. » Terrorgruppa al-Qaida i Islamsk Maghreb (AQIM) har teke på seg ansvaret for to angrep i Mali. Dei sameinte nasjonane (FN) sine styrkar for fred blei angripne to gonger i førre veke. Nesten 60.000 menneske har flykta frå heimane sine i Mali den siste månaden, ifølge FN. Det er på grunn av kampar mellom grupper med våpen. 6.000 må slutte Terrorgruppe angreip MALAYSIA MALI kort klart & TORSDAG 04.06.2015 NYHENDE PÅ NYNORSK 11

Upload: buithuy

Post on 21-Mar-2018

219 views

Category:

Documents


4 download

TRANSCRIPT

Foto

: Tro

nd T

andb

erg

/ N

TB

sca

npix

FARLEG: Fleire turistar forstår ikkje kor farleg ein isbre kan vere. Bildet er frå Nigardsbreen i Sogn og Fjordane.

● Noreg sin natur er vakker og vill. Men den drep også.

To barn såg foreldra sine døy. Det tyske ekteparet gjekk på Nigardsbreen i Sogn og Fjordane. Først var dei med på tur med breførar. Etterpå ville dei utforske aleine. Då blei dei trefte av isblokker frå breen. Det skjedde i fjor sommar.

Minst 100 turistar frå utlandet døydde mens dei var på ferie i Noreg frå 2003 til 2013. Det viser ei oversikt frå kanalen TV 2. Dei har ikkje teke med trafikkulykker. Med ulykkene frå i fjor og i år, blir talla enda høgare.

– Det er forferdeleg at turistar døyr i Noreg, seier Audun Pettersen til Klar Tale. Han jobbar med reiseliv i selskapet Innovasjon Noreg. Pettersen seier dei er opptekne av å gi informasjon. Likevel døyr nokon.– Turistane må bruke sunn fornuft, seier han.

Mange turistar vil sjå Vøringsfossen i Hordaland. Tre turistar har mista livet her dei siste seks åra. Områda rundt fossen er ikkje godt nok sikra i dag. I sommar startar dei jobben med å sikre.

Karin Flø[email protected]

Døyr på ferie i NoregLes meir på side 3

Noreg satsar på å gjere få feil i fotball-VM for kvinner.

» Flyselskapet Malaysia Airlines er konkurs. Men det vil begynne på nytt igjen som eit anna selskap. 6.000 tilsette må slutte i jobben, og får ikkje begynne i det nye selskapet, skriv nyhendebyrået NTB. I fjor var det to alvorlege flyulykker med selskapet sine fly.

» Terrorgruppa al-Qaida i Islamsk Maghreb (AQIM) har teke på seg ansvaret for to angrep i Mali. Dei sameinte nasjonane (FN) sine styrkar for fred blei angripne to gonger i førre veke. Nesten 60.000 menneske har flykta frå heimane sine i Mali den siste månaden, ifølge FN. Det er på grunn av kampar mellom grupper med våpen.

6.000 må slutte

Terrorgruppe angreip

MALAYSIA

MALI

kortklart& TORSDAG

04.06.2015

NYHENDE PÅ NYNORSK

11

TORSDAG04.06.2015 2NOREG

VERDA

SNØ: No er det sommar, men det er mykje snø. Sånn såg det ut på Sognefjellet 30. mai.

SKULE: Fire år gamle Dipesh Shah var redd for å gå på skulen igjen.

VELTA: Folk vart fanga inni båten som velta i Kina. Håpet svinn om å finne fleire i live.

● Yousef Bartho Assidiq, 26 år gammal, har starta organisasjonen JustUnity. JustUnity skal jobbe for å hindre unge i å bli radikale. Assidiq var tidlegare ekstremist, og var aktiv i den islamistiske gruppa Profetens Ummah.

NAMN I NYHENDAYOUSEF BARTHO ASSIDIQ

» Liket av ei eldre kvinne blei funne på ein togstasjon i Tokyo i Japan. Liket var stappa i ein koffert som var lagt i ein oppbevaringsboks. Der låg det i ein månad før det blei funne.

Fann lik i koffert JAPAN

» Over 5.000 båtflyktningar blei redda på Middelhavet i helga. Flyktningane blei frakta til Italia. Det er den største straumen av flyktningar til Europa hittil i 2015, seier grensekontroll-byrået Frontex. 17 personar blei funne døde av redningsfolka.

Over 5.000 reddaITALIA

» Nepalske skulebarn gjekk tilbake på skulen søndag. Det er første gong etter jordskjelva som drap over 8.600 menneske. Ved mange skular føregjekk undervisinga i mellombelse klasserom i telt eller bambushytter. Mange skulebygg ligg framleis i ruinar.

Tilbake på skulen NEPAL

» Mellom fem og ti personar som skulle til Noreg, kan vere terroristar. Det fant Politiet tryggings-teneste ut då dei sjekka flyktningar frå Midtausten.

Mistenkte for terrorKRIMINALITET

» I fleire europeiske byar demonstrerte folk mot norsk barnevern. Dei meiner at barnevernet tek altfor mange barn frå utanlandske familiar. Demonstrasjonane var blant anna i London i Storbritannia, i Praha i Tsjekkia og i Oslo.

Demonstrerte mot barnevernetSAMFUNN

» Sommaren starta med vinter for fleire bilistar. Dei blei sittande fast på Sognefjellet i Sogn og Fjordane i snø og vind. 39 personar måtte reddast ut av bilane måndag. Også i Telemark og i Aust-Agder var det uvêr og snø 1. juni.

Her ser du eit sommarbildeVÊR

Foto: NT

B scanpix

Foto: Terje Pedersen / NT

B scanpix

Foto: NT

B scanpix

Foto: NT

B scanpix

» Kina har truleg opplevd ei av dei verste katastrofane på fleire tiår. Måndag velta ein turbåt på Yangtze-elva i Kina. Over 450 mennesker var om bord. Berre 14 folk er redda, og 18 er stadfesta døde. Håpet om å finne fleire i live blir stadig mindre.

Fanga i velta båtKINA

TORSDAG04.06.2015 3SPORT

Jobbar med dei små feila før VM

– Eg er veldig klar, og eg gleder meg skikkeleg! Fotball-VM er heilt klart det aller største du kan vere med på, seier Lene Mykjåland til nettstaden fotball.no.

Ho er ein av spelarane på det norske landslaget i fotball for kvinner. Mykjåland er også ein av tre spelarar som har spelt over 100 landskampar. Det kjem godt med når verdsmeisterskapet (VM) i fotball for kvinner startar i Canada laurdag.

Men skal Mykjåland og dei andre lykkast, er det viktig å vere nøye. – Vi meiner at summen av små detaljar gir suksess i VM.

Vi jobbar med å fikse småfeil, og at vi har spelarane der dei skal vere, seier Even Pellerud til Klar Tale. Han er trenar for landslaget.

Og landslaget har litt å fikse på. Dei har sloppe inn 16 mål på dei ni kampane dei har spelt så langt i år.

No har Pellerud testa ut ein ny formasjon, 4-3-3. Då er det fire spelarar i forsvar, tre på midten av bana og ein spiss og to kantspelarar som kan angripe i front. Slik får han kortare avstand mellom spelarane.

– Eg meiner vi har utruleg bra trøkk i laget og bra tempo. Og så har vi kanskje blitt litt

flinkare på variasjon i spelet. Så eg har veldig stor tru på at vi kan gjere eit godt VM, seier Mykjåland til fotball.no.

Ho trur at det blir veldig ope kven som kjem vidare. Pellerud er einig i at det er bra trøkk, og at det kan vere mogeleg å komme til semifinale. Samtidig meiner han at det er mykje som må klaffe.

Det første laget Noreg møter i VM, er Thailand. Kampen er 7. juni. Pellerud seier at det er ein OK start. Så ventar Tyskland 11. juni og Elfenbeinskysten 15. juni.

Cecilie Bakken Hø[email protected]

KLAR: Lene Mykjåland er klar for VM. Her kjempar ho

mot ein spelar frå Nederland i kvalifiseringa til VM i fjor.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

● Noreg sine fotballkvinner slepp ikkje unna med småfeil og slurv før VM.

SPORT

OPPGÅVA

4KULTUR Ansvarleg redaktør: Kristin S. BratlieKontakt oss: [email protected]

Nyhenda er omsette frå lettlest-avisa Klar Tale.

– Kva er ditt favorittord?– «Strålande».

– Kvifor liker du dette ordet så godt?– Det får meg til å tenke på gode ting.

– Kva ord liker du ikkje? – Det varierer alt etter korleis dei blir sagde. Det er ikkje eitt spesielt ord eg misliker.

– Kva er eit typisk mellomalder-ord?– «Laug». Vi snakkar om at folk samla seg rundt yrka sine og laga eigne grupper.

– Kva ord bruker du ofte?– Eg må vel seie at «strålande», som eg nemnde tidlegare, er eit av dei orda eg bruker mykje.

– Kva ord bruker du for å skildre deg sjølv?– Eg liker å sjå på meg sjølv som «løysingsorientert». Det er eit velbrukt ord. Men eg liker kva det faktisk tyder.

Terje Lyngås Floberg, 39 år gammal. Han arrangerer mellomalder- festival i Tønsberg til helga.

Foto: privat

Heilt strålande

MITT ORD

Krigen om nøttene » Dyra i parken samarbeider om å samle mat før vinteren. Ein

dag oppdagar ekornet Egon ein heil butikk full av herlege nøtter. No må han overtyde dei andre om å bli med og rane butikken. Men ein gjeng bankranarar bruker allereie butikken for å skjule det dei driv med. Filmen «Det elleville nøttekuppet» har premiere fredag. Han passar for dei over sju år.

Foto: Norsk Filmdistribusjon

‘‘

STØTTE: Filmen «Ex Machina» er spelt inn i Noreg. No skal penge-støtte lokke fleire til å lage film her.

Foto: United International Pictures

FILM

» Fredag kom kulturminister Thorhild Widvey med ein ny plan for film i Noreg. Produsentar skal kunne få igjen pengar dersom dei speler inn film i Noreg. Regjeringa vil opne eit kontor for Norsk filminstitutt i Bergen. Dei skal styre ordninga.

Vil ha filmskaparar til NoregFILM » Varslaren Edward Snowden

får Bjørnstjerne Bjørnson-prisen. Han får prisen for avsløringane om USA si store overvaking av telefon og datatrafikk. Juryen ber regjeringa om å verne han, slik at han kan motta prisen i Molde 5. september. Snowden bur no i Russland.

Snowden får prisMEDIA

» Nobelkonserten slit med økonomien, skriv avisa Dagbladet. Det Norske Nobelinstitutt har sagt opp kontrakten med IMG. Det er eit selskap som har hatt ansvar for å sikre avtalar med sponsorar.

Konsert i kriseKONSERT