notat - helse fonna€¦ · notat gÅr til: styremedlemmer fØretak: helse fonna hf dato: 12.12.16...

6
NOTAT GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Fonna HF DATO: 12.12.16 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Haldis Lier SAKA GJELD: Presentasjon PhD Miriam Hartveit STYRESAK: 078/16 STYREMØTE: 19.12.16 Administrerande direktør si orientering pkt.4 1 vedlegg Miriam Hartveit disputerte 22. juni 2016 for ph.d.-graden ved Medisinsk Odontologisk fakultet, Universitetet i Bergen med avhandlinga “Bridging the Gap between Primary Care and Specialized Mental Health Care - A mixed method study of the quality of referral information and the referral letters’ potential impact on quality of care”. Hartveit presenterer i si avhandling ein standard for kva informasjon tilvising til spesialisert psykisk helsevern bør innehalde. Samanlikna med tidlegare standardar tilrår denne sterkare fokus på pasienten sine eigne målsettingar og ønske, og på det nettverket av hjelpetiltak som spesialisthelsetenesta skal inngå i. Vidare har Hartveit utvikla og testa eit instrument (QRef- MH) for å måle kvaliteten på tilvisingar på ein korrekt og truverdig måte. Fire indikatorar er funne å vera egna til å måle betydningen av gode tilvisingar. Desse er knytt til korrekt prioritering, forseinking i prosessen for å vurdere tilvising, ventetid for pasienten i forhold til alvorlighetsgrad, og rett tilvising med tanke på tid og innhald. Hartveit si forsking gir ny og nødvendig kunnskap for målretta og systematisk forbetring av informasjonsoverføring i den kritiske overgangen mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Forskinga er eit viktig bidrag for å sikre befolkninga nødvendig tilgang til gode spesialisthelsetenester og koordinert hjelp på tvers av nivåa i helsetenestene. Mange studiar har vist at tilvisingar manglar informasjon. Men det er usikkert kva type informasjon som er særleg viktig, og korleis manglande informasjon påverkar kvaliteten på helsetenesta som blir ytt. Det vi veit er at når ansvaret for pasienten blir overført mellom

Upload: others

Post on 10-Sep-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: NOTAT - Helse Fonna€¦ · NOTAT GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Fonna HF DATO: 12.12.16 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Haldis Lier SAKA GJELD: Presentasjon

NOTAT GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Fonna HF DATO: 12.12.16 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Haldis Lier SAKA GJELD: Presentasjon PhD Miriam Hartveit STYRESAK: 078/16 STYREMØTE: 19.12.16 Administrerande direktør si orientering pkt.4 1 vedlegg Miriam Hartveit disputerte 22. juni 2016 for ph.d.-graden ved Medisinsk Odontologisk fakultet, Universitetet i Bergen med avhandlinga “Bridging the Gap between Primary Care and Specialized Mental Health Care - A mixed method study of the quality of referral information and the referral letters’ potential impact on quality of care”. Hartveit presenterer i si avhandling ein standard for kva informasjon tilvising til spesialisert psykisk helsevern bør innehalde. Samanlikna med tidlegare standardar tilrår denne sterkare fokus på pasienten sine eigne målsettingar og ønske, og på det nettverket av hjelpetiltak som spesialisthelsetenesta skal inngå i. Vidare har Hartveit utvikla og testa eit instrument (QRef-MH) for å måle kvaliteten på tilvisingar på ein korrekt og truverdig måte. Fire indikatorar er funne å vera egna til å måle betydningen av gode tilvisingar. Desse er knytt til korrekt prioritering, forseinking i prosessen for å vurdere tilvising, ventetid for pasienten i forhold til alvorlighetsgrad, og rett tilvising med tanke på tid og innhald. Hartveit si forsking gir ny og nødvendig kunnskap for målretta og systematisk forbetring av informasjonsoverføring i den kritiske overgangen mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Forskinga er eit viktig bidrag for å sikre befolkninga nødvendig tilgang til gode spesialisthelsetenester og koordinert hjelp på tvers av nivåa i helsetenestene. Mange studiar har vist at tilvisingar manglar informasjon. Men det er usikkert kva type informasjon som er særleg viktig, og korleis manglande informasjon påverkar kvaliteten på helsetenesta som blir ytt. Det vi veit er at når ansvaret for pasienten blir overført mellom

Page 2: NOTAT - Helse Fonna€¦ · NOTAT GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Fonna HF DATO: 12.12.16 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Haldis Lier SAKA GJELD: Presentasjon

helsepersonell, utgjer utilstrekkeleg informasjon ein trussel for pasientane i form av skader og manglande helsehjelp. Studien er nyskapande både med omsyn til metode og involvering av brukarperspektivet. Hartveit fekk i 2016 Helse Vests kvalitetspris for blant anna dette arbeidet. Vegen vidare «Our common responsibility» er eit planlagt samarbeidsprosjekt mellom fastlegar, sjukehusspesialistar, pasientrepresentantar og forskarar. Målsettinga er todelt: a) å forbetre samhandlinga mellom dei to nøkkelrollene fastlegar og sjukehusspesialistar, og b) utvikle meir kunnskap om korleis vi kan betre kommunikasjonen i den kritiske overgangen mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Det er planlagt ein intervensjonsstudie der fastlegar (N = 144) og sjukehusspesialistane i spesialisert psykisk helsevern (N = 60) gjennomfører eit felles treningsopplegg for å gi betre forståing for kvifor ulike typar informasjon i tilvising og epikrise er nødvendig, gjennom betre forståing for heile behandlingsprosessen, samt auka tillit og respekt for kvarandre sine fagfelt, ansvar og oppgåver.

Page 3: NOTAT - Helse Fonna€¦ · NOTAT GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Fonna HF DATO: 12.12.16 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Haldis Lier SAKA GJELD: Presentasjon
Page 4: NOTAT - Helse Fonna€¦ · NOTAT GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Fonna HF DATO: 12.12.16 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Haldis Lier SAKA GJELD: Presentasjon
Page 5: NOTAT - Helse Fonna€¦ · NOTAT GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Fonna HF DATO: 12.12.16 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Haldis Lier SAKA GJELD: Presentasjon
Page 6: NOTAT - Helse Fonna€¦ · NOTAT GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Fonna HF DATO: 12.12.16 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Haldis Lier SAKA GJELD: Presentasjon