mari og magnus hos bestemor
DESCRIPTION
Fjerde boka i serien om Mari og MagnusTRANSCRIPT
Mari og Magnus er på veg til bestemor på garden. For første gong skal dei sove borte utan mamma og pappa.– Eg gler meg til å sjå lamma. Og Rusken, seier Magnus.
Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 2
– Mmm … Det er litt skummelt også, å overnatte, seier Mari.– Men vi er ikkje langt unna, seier mamma.
– Ja, og de kan ringje oss når som helst, seier pappa.
Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 3
– Ha det, Mari og Magnus. Snakkast i morgon, seier pappa. – Ja, ha det bra, du også, mamma, seier han til bestemor.
– Vi skal nok kose oss masse, seier bestemor.
Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 4
Bestemor tar Mari og Magnus med inn på syrommet sitt.– Har de lyst å sove på hemsen? seier ho.
– Å ja, seier Mari og Magnus i kor.
Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 5
– Men vi skal ikkje leggje oss på leeeeenge enno, seier Mari. – Nei, ikkje før klokka ti i kveld, minst, seier Magnus.
– Vi får no sjå, seier bestemor. – Har de forresten lyst å lage bollar?
Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 6
– Å ja! Fritt for å trille dei ut, seier Mari. – Åeh … Det vil eg også, seier Magnus.
– Det blir nok bollar til alle, seier bestemor.
Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 7
Mari hentar smør og gjær. Magnus finn fram mjølk og mjøl. – Eg vil blande deigen, seier Magnus. – Eg også, seier Mari.
– Begge får blande og kna. Og så går vi ut medan deigen hever, seier bestemor.
Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 8
Ute har det kome masse ny snø, endå det snart er vår.– Dette er visst dagen for aking og baking, seier bestemor.
– Vil du ake med oss? spør Magnus.
Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 9
– Tja, trur de eg tør det, då? seier bestemor.– Jo, bli med, bestemor! seier Mari. – Det er gøy!
Så akar bestemor og Mari og Magnus – alle på ein gong.
Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 10
I botnen av bakken ramlar alle av akebrettet. – Vi blei nok litt mange. Godt at vi landa mjukt, ler bestemor.
– Eg fekk masse snø i nakken, seier Magnus. – Aking og baking er topp! seier Mari.
Mari og Magnus hos bestemor ferdig_Mari og Magnus 06.02.14 07.53 Side 11