klokka i tuddal kyrkje - hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arve… · nr. 42016 a r v e n -side 3...

4
Nr. 4 - september 2016 Kyrkjelydsblad for Hjartdal, Sauland og Tuddal INFORMASJON Sendar/ returadresse (Arven): Kyrkjeverja, Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 SAULAND Felles konfirmantleir i Vestfold i sommar Bispevisitas Biskop Stein Reinertsen var på visitas i Hjartdal 30. aug. - 4. sept. Bildet: Frå Sauland kyrkje 31. aug., der han snakka om framtida til kyr- kja i Noreg. (Grunna trykketidspkt. m. v. for Arven kjem det meir om- ale i neste utgåve.) - Tekst/foto: FHS Ny-klokka i Tuddal kyrkje Konfirmantar frå dei tre Hjartdalsbygdene var også i år på leir, seks dagar i lag med konfirmantar frå fleire andre sokn i Telemark. Leiren er del av føre- buinga til konfirmasjonen. Også i år var leiren på Gjennestad vidaregåande skule i Vestfold. Den kristne privatskulen har internat og gode forhold ute og inne, og brukast sommarstid til leir o.a. Her var m.a. undervisning, gruppesamlingar, gudsten- ester og fritidsaktivitetar. Attåt dei frå Hjartdal var konfirmantar med frå fem andre telemarkskommu- nar, i alt ca. 180, og ca. 65 vaksenleiarar og hjelpe- leiarar var ôg med. Petter Jakobsen, som bur i Hjartdal og er ungdomsprest i Seljord, var leirsjef. Konfirmantar frå dei tre bygdene i Hjartdal på leir. Med på bil- det er også dei to vaksenleiarane som var med frå Hjartdal, Ragnar Nørstrud og sokneprest Lene Skov Opsahl. Foto: Privat Søndag 14. august vart ny-klokka til Tuddal kyrkje innvigd, i ei fullsett kyrkje. Klokka som vart avløyst var den eldste av dei to klokkene i kyrkja, og reknast vere om lag 600 år gamal. Sprekk i godset vart tydeleg å høyre hausten 2014, klokka hadde mista klangen. Løysinga vart ny klokke, støypt av Olsen Nauen klokkestøperi. I guds- tenesta, leia av sokneprest Lene Skov Opsahl, og med Tone Stuvrud som tekstlesar, var det m.a. framføring av eit verk skrive av Oddbjørn Aase til innviinga av ny klokke i Flatdal kyrkje i 2014. Verket var no til- passa til Tuddalsklokkene. Her spelte Keith Griggs på orgel, Aase brukte kyrkjeklokkene og dei frammøtte song med i ei salme. Elles bidrog også Hjartdalskoret, med Torild Møinichen Skårdal som dirigent for høvet. I gudstenesta, og på samlinga på skulen etterpå, vart det fortalt om rolla kyrkjeklokker har og har hatt. På skulen var det elles bevertning, og program leia av Ragnar Nørstrud, med bidrag frå Anund Sisjord, Ivar T. Dahl og Hjartdalskoret. Sokneprestens bilder og video frå klokkeinstalleringa vart vist på storskjerm. Klokka er finansiert av pengar frå julemarknaden i Tuddal i 2015, der ei mengd folk bidrog med dugnad, marknadsprodukt o. a. Blant dei som vart takka i inn- viingstilstelninga på skulen i høve ny-klokka, var Torkjell Sletta, for arbeidet hans med gjennomføringa av julemarknaden. - FHS Litt før gudstenesta begynte sto folk ute og høyrde kyrkje- tenar Ragnar Nørstrud ringe med ny-klokka.. - Foto: FHS Klokka har inskripsjonen ”Tuddalsklokka vigsla 2016. Tek opp klangen etter gamleklokka”. Til h.: Klokka bukserast på plass i kyrkjetårnet 5. august av Arild Bjørnstad, Torgeir Hagen, Ragnar Nørstrud og Anund Sisjord. Foto til v: Arild Bjørnstad, til h: Lene Skov Opsahl FHS

Upload: others

Post on 17-Jul-2020

4 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: klokka i Tuddal kyrkje - Hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arve… · Nr. 42016 A R V E N -Side 3 Gåver til Arven Forts. av gåver frå 16.10.2015 og framover (av plassomsyn kjem

Nr. 4 - september 2016 Kyrkjelydsblad for Hjartdal, Sauland og Tuddal

INFORMASJON

Sendar/ returadresse (Arven):

Kyrkjeverja, Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 SAULAND

Felles konfirmantleir i Vestfold i sommar

Bispevisitas Biskop Stein Reinertsen var på visitas i Hjartdal 30. aug. - 4. sept. Bildet: Frå Sauland kyrkje 31. aug., der han snakka om framtida til kyr-kja i Noreg. (Grunna trykketidspkt. m. v. for Arven kjem det meir om-ale i neste utgåve.) - Tekst/foto: FHS

Ny-klokka i Tuddal kyrkje

Konfirmantar frå dei tre Hjartdalsbygdene var også i år på leir, seks dagar i lag med konfirmantar frå fleire andre sokn i Telemark. Leiren er del av føre-buinga til konfirmasjonen. Også i år var leiren på Gjennestad vidaregåande skule i Vestfold. Den kristne privatskulen har internat og gode forhold ute og inne, og brukast sommarstid til leir o.a. Her var m.a. undervisning, gruppesamlingar, gudsten-ester og fritidsaktivitetar. Attåt dei frå Hjartdal var konfirmantar med frå fem andre telemarkskommu-nar, i alt ca. 180, og ca. 65 vaksenleiarar og hjelpe-leiarar var ôg med. Petter Jakobsen, som bur i Hjartdal og er ungdomsprest i Seljord, var leirsjef.

Konfirmantar frå dei tre bygdene i Hjartdal på leir. Med på bil-det er også dei to vaksenleiarane som var med frå Hjartdal, Ragnar Nørstrud og sokneprest Lene Skov Opsahl. Foto: Privat

Søndag 14. august vart ny-klokka til Tuddal kyrkje innvigd, i ei fullsett kyrkje.

Klokka som vart avløyst var den eldste av dei to klokkene i kyrkja, og reknast vere om lag 600 år gamal. Sprekk i godset vart tydeleg å høyre hausten 2014, klokka hadde mista klangen. Løysinga vart ny klokke, støypt av Olsen Nauen klokkestøperi. I guds-tenesta, leia av sokneprest Lene Skov Opsahl, og med Tone Stuvrud som tekstlesar, var det m.a. framføring av eit verk skrive av Oddbjørn Aase til innviinga av ny klokke i Flatdal kyrkje i 2014. Verket var no til-passa til Tuddalsklokkene. Her spelte Keith Griggs på orgel, Aase brukte kyrkjeklokkene og dei frammøtte song med i ei salme. Elles bidrog også Hjartdalskoret, med Torild Møinichen Skårdal som dirigent for høvet.

I gudstenesta, og på samlinga på skulen etterpå, vart det fortalt om rolla kyrkjeklokker har og har hatt. På skulen var det elles bevertning, og program leia av Ragnar Nørstrud, med bidrag frå Anund Sisjord, Ivar T. Dahl og Hjartdalskoret. Sokneprestens bilder og video frå klokkeinstalleringa vart vist på storskjerm.

Klokka er finansiert av pengar frå julemarknaden i Tuddal i 2015, der ei mengd folk bidrog med dugnad, marknadsprodukt o. a. Blant dei som vart takka i inn-viingstilstelninga på skulen i høve ny-klokka, var Torkjell Sletta, for arbeidet hans med gjennomføringa av julemarknaden. - FHS

Litt før gudstenesta begynte sto folk ute og høyrde kyrkje-tenar Ragnar Nørstrud ringe med ny-klokka.. - Foto: FHS

Klokka har inskripsjonen ”Tuddalsklokka vigsla 2016. Tek opp klangen etter gamleklokka”. Til h.: Klokka bukserast på plass i kyrkjetårnet 5. august av Arild Bjørnstad, Torgeir Hagen, Ragnar Nørstrud og Anund Sisjord. Foto til v: Arild Bjørnstad, til h: Lene Skov Opsahl

FHS

Page 2: klokka i Tuddal kyrkje - Hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arve… · Nr. 42016 A R V E N -Side 3 Gåver til Arven Forts. av gåver frå 16.10.2015 og framover (av plassomsyn kjem

Side 2 A R V E N Nr. 4-2016

DEN NORSKE KYRKJA

Hjartdal sokn

Redaksjonen avslutta 4.9.2016 Neste nr. av Arven:

Oktober/ november 2016 Stoff må vere innkome til 1. okt.

Kyrkjelydsbladet

Arven

Utgjevar: Hjartdal sokneråd. Soknerådet vel kvart 4. år eit styre for bladet. Redaktør, redigering/ layout: Frøydis Hagene Skoje, Skojevegen 260, 3692 Sauland, tlf. 350 23011/ 47 05 30 35 Abonnement: Bladet sendast gratis til husstandane i kom-munen. Bladet drivast ved fri-viljuge gåver. Ein kan få bladet tilsendt også utanfor kommunen. Arvens bankkonto: 2699.50.38454, Hjartdal og Gransh. Sparebank Etablert: 1949 Opplag: 950 stk. Trykk: Telemark Trykk AS

Hjartdal sokn

Tilsette

Prestekontoret (tysdag - fredag): Sokneprest Lene Skov Opsahl, Saulandsvn. 553, 3692 Sauland. Mobiltlf.: 403 19 964 Epost: prestekontoret@hjartdal. kommune.no

Hjartdal kyrkjelege fellesråd: Kyrkjeverje Arild Bjørnstad Kommunehuset, Saulandsvn. 414, 3692 Sauland tlf. kontor: 350 28024 mobiltlf.: 996 22 352 Epost: fellesraadet@hjartdal. kommune.no Diakon Svanhild Rui Gustavsen mobiltlf.: 915 77 011 Kyrkjetenar Arild Bjørnstad mobiltlf.: 996 22 352 Kyrkjetenar Helle Kaufmann Gjerde mobiltlf.: 992 58 790 Kyrkjetenar Ragnar Nørstrud mobiltlf.: 924 45 911 Organist Torild Møinichen Skårdal mobiltlf.: 911 97 667

Valde kyrkjelege råd (nov. 2015 – okt. 2019)

Hjartdal kyrkjelege fellesråd: Leiar: Anund Sisjord

Hjartdal sokneråd: Leiar: Anund Sisjord

50-årskonfirmantar og felles konfirmantfest i Sauland Også i år var årskonfirmantar og 50- årskonfirmantar innbedne til konfir-mantfest i etterkant av konfirmasjons-dagane. I år var det felles samling for alle tre bygdene, i regi av det nye Hjartdal sokneråd, da dei tre sokna er slege saman til eitt sokn frå 2016. Konfirmantfestane, som er opne for alle som ønsker å ta del, vil framover gå på rundgang mellom bygdene. I år fann han stad i Sauland, på menighets-huset 20. mai, og gjekk inn i den gode tradisjonen med song og musikk, his-

- Ta vare på hverandre Arven fekk i sommar nokre vers frå Gerd Løndal i Tuddal, som ho skreiv ned like etter at mannen hennar døydde. I brevet som følgjer skriv ho m. a. at … Kanskje versa kan være til trøst for noen som har mista en de var glad i.

Dere må ikke sørge. Jeg har bare reist til et bedre sted. Har ingen smerte nå lenger, alt er bare fred.

Her er det godt å være, aldri ha mere vondt.

Vi er bare på gjennomreise, livets reise er så kort.

Ta vare på hverandre dere som er igjen. Dagene går så fort av sted. Denne gang var det min tur til å reise. Måtte dra aleine uten dere med.

Takk for alt dere var for meg. Min glede i livet var dere. Jeg elsket dere over alt her på jord. Dere var mitt alt, sørg nå ikke mere.

Gerd Løndal

Nytilsett diakon i Hjartdal

toriske innslag, intervju av unge og gamle konfirmantar o.a., og pause med god servering og høve å prate saman. Sokneprest Lene Skov Opsahl leia arrangementet. Ho viste også bilde frå konfirmantleiren på Gjennestad som årskonfirmantane var på i juni 2015. Anlaug Flatland bidrog med songar til eige akkompagnement, på gitar og på piano. Kvelden vart avrunda med Fa-dervår og velsignelsen, og med ”Fager kveldssol smiler” som allsang. Tekst/ foto: FHS

Giroblankettar i bladet - til

Diakonifondet

I dette nr. av Arven skal det ligge ved giroblankett til Dia-konifondet.Det gjeld blada som sendast innanfor kommun-en. Ein del av dia-konstillinga i Hjart-dal finansierast av friviljuge gåver til Diakonifondet.

Takk til alle som gir til arbeidet!

Hjartdal sokneråd

8. august begynte Svanhild Rui Gustavsen i 50 % stilling som dia-kon i Hjartdal, etter Stig Kjenstad som no har stilling som diakon i Hønefoss. Ho er sidan 2002 også tilsett hos Seljord kyrkjelege fel-lesråd som sekretær og diakon. Ho var barnehageassistent i 17 år, før ho tok diakonutdanning på Menighetssøsterhjemmet (nå Dia-konova) og eit studium i kristen sjelesorg på Diakonova. Ho vart vigsla til diakon i 2007. Svanhild Rui Gustavsen er fødd i 1952, bur i Svartdal, er gift og har 4 barn og 5 barnebarn. - FHS

Svanhild Rui Gustavsen,

på stulslmessa 7. aug. på Bøllås i Hjartdal, der ho presenterte seg i høve tilsettinga. Foto: FHS

50-årskonfirman-tar tilstades 20. mai (bokstav an-gir konfirmasjons-kyrkja). Frå v.: As-laug Åbø Haugan (H), Ragnhild (Midtbøen) Meyer (H), Aslaug (Frø- land) Amundsen (S), Liv (Haukås) Folserås (T), An-laug Lauvstad Ro-ald (S), Bergit Lia Tveiten (S), Ole Bekkhus (S).

Page 3: klokka i Tuddal kyrkje - Hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arve… · Nr. 42016 A R V E N -Side 3 Gåver til Arven Forts. av gåver frå 16.10.2015 og framover (av plassomsyn kjem

Side 3 A R V E N Nr. 4-2016

Gåver til Arven

Forts. av gåver frå 16.10.2015 og framover (av plassomsyn kjem resten av gåvene seinare): Signe Solli 200.

Ruth Eie Sundvor 200. Signe Mosebø 200. Torunn og Håvard Kaasa 500. Bir-ger Espevik 200. Aslaug Landsverk 200. Sigrid Dahl 200. Brita og Hans Hjartsjø 200. John Berge, Kongsberg

Slekters gang

Hjartdal

7/8: Signe Åbø

Tuddal

2/7: Dina Turid Ulstein Jørgen- sen og Lars André Wallum- rød (Lier)

Hjartdal

4/8: Bergit Marie Brevik f. 1931

Sauland

7/7: Gunhild Bjørndalen Øyen f. 1923 26/8: Lisa T. Johansen f. 1924 (bisett 26/8, gravlagt Oslo)

Døypte

Gravlagde

Vigde

Frå sommargudstenestene i Hjartdal, Sauland og Tuddal

200. Inger L. Kaste Stordrange, Flek-kefjord 100. Margit O. Rue 300. Hilde Reisjå 250. Marit og Torkjell Tveiten, Nesflaten 200. Ingeborg Kleivane Krøgli, Oslo 200. Halvor H. Hjartsjø 200. Kjetil Langåsdalen 200. Oddvar O. Skårdal 200. Gro og Torkjell Sletta 500. Torgunn Opsal 200. Gunhild Våle, Heddal 200. Signe og Olav As-land, Notodden 200. Jon Tveiten 200. Erling Gaaserud 200. Gunhild og Øy-stein Ø. Aasen 200. Anne Solberg 200. 2699.61.81250 200. Liv og Halvor Sletta 200. Brit Merete Funner 250. Tordis Anny Løkslid 200. Risvoll Søndre 400. Liv Tinnes 200. Halvor Bondal, Notodden 200. Torbjørg og Olav Hagen 200. 2699.25.17610 300. Tone Haugeberg, Seljord 800. Morgan Thorsen, Notodden 200. Ragnhild Frø-land Øygarden, Gol 200. Aslaug Amundsen, Heddal 200. Halvor Lang-åsdalen, Gvarv 200. Randi Marie Fun-ner 200. Hans og Anlaug Tveiten 250. Mathis Flatland 200. Thor og Wenche Tveiten 300. Aslaug Løvrak Skogholt 200. Torkjell Bondal 200. Astrid Anna Hagen, Gol 300. Astrid og Kåre Hafskjold, Kviteseid 200. Anne Karine og Arne Austad, Siljan 200. Inger An-ne Trydal Hansen, Maura 250. Jon Mosebø, Skien 1000. Ingunn og Odd-bjørn Moen 300. Gunhild T. Dølen 200. Randi og Sigurd Kåsa 200. Aud og Bjarne Kleivane, Gjerstad 200. Magnar Øyen 200. Takk for gåvene! Red.

Arven gåvekonto nr.: 2699.50.38454

Sauland, Bøhaugen 12. juni: Det var utegudsteneste på den fine Bøhaugen på Nordistugu Bø også i sommar, med god deltaking. Blant dei som tok del i gudstenesta var m.a. også konfirmantar frå det nye konfirmantkullet

Dei fekk kvar sin Bibel, m. a. i høve konfirmantleiren seinare i juni. Organisten hadde ekstra tonefølgje med Leif Skoje på horn og Lars Op-sahl - som elles ôg var tekstlesar - på saksofon. Dei tre akkompagnerte og-så Mari Innvær, som song ”What a wonderful world”. Soknerådet ordna til med kaffe og kaker etterpå i fin-veret.

Tuddal, Bondal gamle skule 31. juli: Tradisjonelt ved Olsok-leite er det gudsteneste i gamleskulen i Bondal. I år var det med Dag Harald Undheim, sok-neprest i Seljord, som vikarprest. Som inngangs-

og utgangsbøn las tekst-lesar Anund Sisjord dei ”gamle klokkarbønene”. Etter gudstenesta spel-te Nils Bondal fine slåt-tar på fele. Eit hyggeleg innslag vart det også da Olav Tho overrekte eit måleri i gåve til Bondal grendelag, med fosse-motiv frå Bondal måla av Christian Stenersen. Etterpå var det kaffe og vaflar å få kjøpt på Bondal bygdetun, som også var ôpe for besøk.

Hjartdal, Bøllås 7. august: Stulsmessa var i år på plas-sen Bøllås, der det har vore høve å ha messa også nokre gongar før. Mange var tilstades, og telt var sett opp i tilfelle regn. Soknepresten leia gudstenesta, Synøve Våle var tekstlesar. I gudstenesta var det ôg dåp, svært truleg for første gong på Bøllås. Dåpen var ved ungdomsprest i Seljord, Petter Jakobsen, onkel av dåpsbarnet. Ny-testamente vart delt ut til barn i alder 10 år, og nytilsett diakon Svanhild Rui Gustavsen presenterte seg. Både i gudstenesta og i programmet etterpå var det, attåt organisten, fleire som deltok med song og musikk –

Lars Opsahl, Mari-anne og Stine Flat-land, Guro og Åsne Bratsberg og Brit Merete Funner. Organist Torild Møinichen Skårdal spelte også fele for høvet, saman med mannen sin Gun-leik Skårdal. Etter gudstenesta var det også serve-ring, med lapskaus, kaffe og kaker. Som eigar av Bøllås i dag fortal-de Tore Gunnar Bratsberg interes-sant om plassen, slekter og eigarar og grenda gjennom åra.

Tekster/ fotos: FHS

Page 4: klokka i Tuddal kyrkje - Hjartdal/media/hjartdal/dokumenter/arve… · Nr. 42016 A R V E N -Side 3 Gåver til Arven Forts. av gåver frå 16.10.2015 og framover (av plassomsyn kjem

Gudstenester

25. sept. - 19. sønd. i treeiningstida Preiketekst: Lukas kap. 9, 57–62

- Jesus krev alt - Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.

2. okt. - 20. sønd. i treeiningstida Preiketekst: Matteus kap. 18, 1–11

… den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn -

Hjartdal kyrkje kl. 11: Familie-/hausttakkegudsteneste. Takkoffer til diakoniarbeidet. Utdeling av Mi kyrkjebok til 4-åringar og 6-åringar.

9. okt. - 21. sønd. i treeiningstida Preiketekst: Lukas kap. 12, 13–21

- Den rike bonden - Sauland kyrkje kl. 11:

Familie-/hausttakkegudsteneste. Sauland bygdekvinnelag tek del. Utdeling av Mi kyrkjebok til 4-åringar og 6-åringar. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.

16. okt. - 22. sønd. i treeiningstida Preiketekst: Lukas kap. 10, 25–37 - Den miskunnsame samaritanen -

Tuddal kyrkje kl. 11: Familie-/hausttakkegudsteneste. Takkoffer til kyrkjelydens misjons-prosjekt i Nepal (v/ Normisjon). Tuddal bygdekvinnelag tek del. Utdeling av Mi kyrkjebok til 4-åringar og 6-åringar. Etter gudstenesta: Samvære m/ kaffe i Tuddal menighetshus, og auksjon av haustgrøde til inn-tekt for misjonsprosjektet.

23. okt. - 23. sønd. i treeiningstida Preiketekst: Matteus kap. 24, 35-44

- Dagen og timen kjenner ingen - Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.

Søndag 30. okt. - Bots- og bønedag

Preiketekst: Lukas kap. 15, 11–32 - Sonen som kom heim -

Hjartdal kyrkje kl. 11: Familiegudsteneste. Barn 1-3 år frå alle tre bygdene tek del. Bokutdel-ing til barna. Takkoffer til IKO (Kirkelig pedagogisk senter).

Søndag 6. november

- Helgemesse (Allehelgensdag) Preiketekst: Lukas kap. 6, 20–23

- Sæle og usæle -

Sauland kyrkje kl. 11:

Gudsteneste. Takkoffer til Stefa-nusalliansen (arbeid i fleire land mot forfølging og for trusfridom).

13. nov. - 26. sønd. i treeiningstida Preiketekst: Lukas kap. 13, 10–17

- Jesus lækjer ei kvinne på sabbaten - Ikkje gudsteneste i våre tre kyrkjer.

Søndag 20. november (siste søndag i kyrkjeåret)

- Domssøndag / Kristi kongedag Preiketekst: Johannes kap. 9, 39–41

- Til dom er eg komen - Tuddal kyrkje kl. 11:

Gudsteneste. Takkoffer til KABB (Kristent arbeid blant blinde og svaksynte).

Samtale- og bønesamlingar i Sauland

Samlingane består av samtale om tru, fellesskap og andelegheit og kva del-takarane har på hjartet, og med bøn. Det er fritt om ein vil delta med bøn. Samlingane varer vanlegvis 1 time. Velkommen - også til nye deltakarar! Ons. 28. sept.: Sauland men.hus kl.20 Ons. 12. okt.: Sion kl. 20 Ons. 26. okt.: Sauland men.hus kl.20 Ons. 9. nov.: Sion kl. 20 Ons. 23.nov.: Sauland men.hus kl.20 Ons. 7.des.: Sion kl. 20 Sauland kyrkjelyd (Den norske kyrkja)

og pinsemenigheten Sion Sauland

Tuddal Normisjon Møte 3. tysdag i månaden kl.17. Fyrste møte til hausten: 20.sept.2016. Sjå plakat for møtestad. Velkommen!

Normisjons venner, Hjartdal

Møte kl. 19.30: Måndagane 3. oktober, 7. november, 5. desember. (Møtestader ikkje be-stemt enno ved trykkinga av Arven.)

Hjartdal Normisjon Misjonshuset i Hjartdal

Søndag 25. sept. kl. 18: Songkveld. Tysdag 4. okt. kl. 19: Møte Tysdag 18. okt. kl 19: Møte Fredag 28. okt. kl 18: Basar Tysdag 1. nov. kl 19: Møte. Tysdag 15. nov. kl 19: Møte Tysdag 29. nov. kl 19: Møte Laurd. 10. des. kl 18: Adventsamling

Hjartdal misjonsforeining

(NMS - Det norske misjonsselskap) Foreininga har møte gjennom året,

i heimar eller på Hjartdal misjonshus.

Finnbekk ungdomsklubb Klubbkveldar annankvar fredag på Betel i Hjartdal.

Pinsemenigheten Betel Hjartdal og Hjartdal Normisjon

Refleks-klubben i Hjartdal Alle barn og unge frå 4 år og oppover er hjarteleg velkomne! Barn under skulealder må ha med seg ein vaksen, pga. aktivitetane me har. Opplegget inneheld ponniridning, mekking, div. aktivitetar, peiskos, bibellesing, song og kveldsmat. På Bratsberg, måndagar kl.18-20: 19. september, 24. oktober, 14. november, 5. desember

Helsing leiarane, v/ Sissel Bratsberg

Babysong, Sauland menighetshus

For barn 0-1 år frå heile kommunen, i lag med ein vaksen. Storesøsken kan óg følgje. Ein treng ikkje kunne synge for å delta, men for barnet er foreldras stemme den vakraste i ver-da. Enkel servering og sosialt lag etter babysongen. -Velkommen! Sauland menigh.hus, tysdagar kl. 12: 20. september, 4. oktober, 18. oktober, 1. november, 15. november

Ann May Krosshus Arr.: Hjartdal sokneråd

Basar i Sauland søn. 23. okt. Søndag 23. oktober kl. 16 er det basar i Sauland menighetshus, til inn-tekt for drift og vedlikehald av huset. Musikkinnslag med Hjartdal jazz-kvintett. Bevertning. Husstyret er takknemleg for gevins-tar til åresalget. Gevinstar kan lever-ast på huset onsdag 19. okt. kl. 17-18 og laurdag 22. okt. kl. 10-12.

Husstyret

Vel møtt til gudsteneste!

Gudstenestelista: Det kan skje endringar med lista som Arven ikkje fangar opp tids-nok i høve trykking og tid mellom utgåvene. Vi minner difor om at gudstenester blir kunngjort også m.a. i annonser i Telen fredagar.