kapittel 20: ei todelt verd

26
Kapittel 20: Ei todelt verd Elevane skal kunne – gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet – undersøkje to eller fleire internasjonale konfliktar etter 1945, og vurdere konfliktane, sett frå ulike perspektiv – finne eksempel på hendingar som har forma historia til eit ikkje-europeisk land etter 1900, og reflektere over korleis landet kunne ha utvikla seg om desse hendingane ikkje hadde skjedd – vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900- talet NYNORSK

Upload: maitland

Post on 22-Jan-2016

46 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

NYNORSK. Kapittel 20: Ei todelt verd. Elevane skal kunne – gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet - PowerPoint PPT Presentation

TRANSCRIPT

Page 1: Kapittel 20: Ei todelt verd

Kapittel 20: Ei todelt verd

Elevane skal kunne

 

– gjere greie for bakgrunnen for dei to verdskrigane og drøfte verknader dei fekk for Norden og det internasjonale samfunnet

 

– undersøkje to eller fleire internasjonale konfliktar etter 1945, og vurdere konfliktane, sett frå ulike perspektiv

 

– finne eksempel på hendingar som har forma historia til eit ikkje-europeisk land etter 1900, og reflektere over korleis landet kunne ha utvikla seg om desse hendingane ikkje hadde skjedd

 

– vurdere kva ulike ideologiar har hatt å seie for menneske, politiske rørsler og statsutvikling på 1900-talet

NYNORSK

Page 2: Kapittel 20: Ei todelt verd

Den kalde krigen i Europa

Kva var den kalde krigen?

 

– Ein konflikt mellom to supermakter, USA og Sovjetunionen.

 

– Ein ideologisk konflikt mellom to verdsoppfatningar.

 

- Ein konfrontasjon om ordninga av Europa.

Page 3: Kapittel 20: Ei todelt verd

Særtrekk ved den kalde krigen

– Den kalde krigen skil seg ut frå andre periodar med eit spent

forhold mellom stormaktene, ved at det aldri kom til væpna

samanstøytar mellom desse maktene.

 

– Internasjonal politikk blei dominert av berre to makter.

 

– Den raske utviklinga av øydeleggingsvåpen av eit heilt nytt

omfang.

Page 4: Kapittel 20: Ei todelt verd

Aust-Europa blir kommunistisk

Etter den andre verdskrigen innførte Moskva det sovjetiske

systemet i dei austeuropeiske statane. Dei blei kalla

folkerepublikkar:

 

– 1945 - Jugoslavia (Tito)

 

– 1946 - Bulgaria og Romania

 

– 1947 - Ungarn og Polen

 

– 1948 - Tsjekkoslovakia

Page 5: Kapittel 20: Ei todelt verd

Måla for Sovjetunionen med Aust-Europa-politikken

– Politisk og ideologisk einsretting.

 

– Byggje opp ei sovjetisk tryggingssone.

 

– Økonomisk gevinst.

Page 6: Kapittel 20: Ei todelt verd

Målet for USA: Oppdemming (containment) mot kommunismen

- I 1947 la ein amerikansk diplomat og sovjetekspert, George

Kennan, fram tanken om ei langsiktig oppdemming

(containment) mot den sovjetiske kommunismen.

Oppdemming, både med militære og økonomiske middel, kom

til å bli ei rettesnor for amerikansk politikk i åra etter den andre

verdskrigen.

Page 7: Kapittel 20: Ei todelt verd

Oppdemming (containment)

Truman-doktrinen 12.3.1947. Lovnad om amerikansk støtte til

«frie folk som kjempar mot forsøk frå væpna minoritetar eller

framande interesser på å vinne herredømme».

Page 8: Kapittel 20: Ei todelt verd

Oppdemming (containment)

- Marshallhjelpa juni 1947. Det blei sagt at hjelpa ikkje retta seg

mot noko land eller nokon ideologi, men «berre mot svolt,

fattigdom, desperasjon og kaos».

 

- Strategien bak Marshallplanen: Redde Vest-Europa frå

kommunismen.

Page 9: Kapittel 20: Ei todelt verd

Eit todelt Europa

– Berlin-blokaden juni 1948 – mai 1949. Årsak: Vestmaktene

innførte den nye D-marka i Vest-Berlin. Konsekvens: Delinga av

Tyskland blei framskunda.

 

– Forbundsrepublikken Tyskland blei oppretta 23. mai 1949.

Bonn blei hovudstad.

 

– Den tyske demokratiske republikken (DDR) blei proklamert 7.

oktober 1949.

Page 10: Kapittel 20: Ei todelt verd

Eit todelt Europa

– 4. september 1949 blei Atlanterhavspakta (NATO)

underskriven.

 

– I 1955 danna Sovjetunionen og auststatane Warszawapakta

som eit kommunistisk motstykke til NATO.

Page 11: Kapittel 20: Ei todelt verd

Ulike vegval i Norden

– Danmark, Island og Noreg valde den vestlege sida i den kalde

krigen. Alle dei tre landa var med i Marshallplanen, og dei gjekk

inn i NATO i 1949.

 

– Finland la vekt på eit nært utanrikspolitisk samarbeid med

Sovjetunionen, og dei to regjeringane skreiv under ei omfattande

«vennskaps- og bistandspakt».

 

– Sverige sa nei til NATO, men blei med i Marshallplanen.

Landet heldt fast ved posisjonen som ein nøytral og alliansefri

stat.

Page 12: Kapittel 20: Ei todelt verd

Gylne tider i Vesten

– I dei første 30 etterkrigsåra utvikla landa i Vesten seg til

overflodssamfunn med masseproduksjon og masseforbruk.

 

– Til grunn for utviklinga av forbrukarsamfunnet låg ein

økonomisk vekst utan historisk sidestykke.

Page 13: Kapittel 20: Ei todelt verd

Gylne tider i Vesten

Årsakene til den kraftige veksten:

 

– Marshallhjelpa.

 

– Handelen liberalisert.

 

– Opnare klima i økonomien gjorde det lettare å investere i andre

land, lettare å overføre pengar mellom land og lettare å reise

mellom land.

Page 14: Kapittel 20: Ei todelt verd

Gylne tider i Vesten

Årsakene til den kraftige veksten

 

– Rikeleg tilgang på billeg energi i form av olje.

 

– Vest-Europa tok i bruk teknologi som amerikanarane hadde

utvikla i 1930-åra og under den andre verdskrigen.

 

– Det politiske livet var prega av stabilitet.

Page 15: Kapittel 20: Ei todelt verd

Gylne tider i Vesten

– Statsmakta spela ei sentral rolle i økonomien.

 

– Reformer innanfor undervisning og utdanning.

 

– Store marknadsområde som EFTA og EU blei etablerte.

Page 16: Kapittel 20: Ei todelt verd

Økonomisk samarbeid i Vest-Europa

- I 1957 skreiv seks vesteuropeiske statar under Romatraktaten,

som la grunnen for eit europeisk atomenergiorgan (Euratom) og

for ein ny felles marknad (EEC).

Page 17: Kapittel 20: Ei todelt verd

Økonomisk samarbeid i Vest-EuropaÅrsaker

– Den andre verdskrigen hadde redusert tiltrua til at dei europeiske

nasjonalstatane var i stand til å ta seg av interessene til borgarane.

 

– Gjennom Marshallhjelpa og NATO la USA press på

europearane for å få dei til å samarbeide.

 

– Schumanplanen: Etableringa av eit europeisk kol- og

stålfellesskap.

 

– Ønsket om varig fred: Gamle fiendar skulle bindast saman i

politisk og økonomisk samarbeid i eit sameint Vest-Europa.

Page 18: Kapittel 20: Ei todelt verd

Koreakrigen

– Eit tidlegare halvhjarta USA-engasjement i området blei

erstatta av massivt militært nærvær.

 

– Koreakrigen blei modellen for «avgrensa krig».

 

– Det blei sagt at det kollektive tryggingsprinsippet (FN) var blitt

forsvart.

Page 19: Kapittel 20: Ei todelt verd

Koreakrigen og global konflikt

–Den kalde krigen utvikla seg til ein global konflikt.

 

– USA bygde opp ein mur av basar og alliansar rundt det

sovjetiske imperiet.

 

– Massiv militær opprusting.

Page 20: Kapittel 20: Ei todelt verd

Våpenkappløpet

– 1949: Sovjetunionen detonerte si første atombombe.

 

– 1952: USA svarte med å detonere ei hydrogenbombe.

 

– 1954: President Eisenhower (USA) lanserte strategien

«massiv gjengjelding».

Page 21: Kapittel 20: Ei todelt verd

Våpenkappløpet

– 1957: Sovjetunionen sende romfartøyet Sputnik 1 i bane rundt

jorda.

 

– 1961: Russaren Jurij Gagarin blei det første mennesket som

krinsa rundt jorda i eit romfartøy.

 

– 1969: Amerikanaren Neil Armstrong blei det første mennesket

som sette foten på måneoverflata.

Page 22: Kapittel 20: Ei todelt verd

Cubakrisa

Kvifor sette Khrusjtsjov i gang krisa?

 

– Offisiell motivering: Omsorg for tryggleiken til Cuba.

 

– Knappe inn på det forspranget USA hadde.

 

– Utsikter til gevinstar i Europa − fjerne amerikanske rakettar i

Tyrkia.

Page 23: Kapittel 20: Ei todelt verd

Cubakrisa

Kvifor sette Khrusjtsjov i gang krisa?

 

– Sikre Sovjetunionen eit fotfeste i Latin-Amerika for vidare

framstøytar.

 

– Skade USA sin prestisje.

 

– Khrusjtsjov hadde behov for utanrikspolitiske sigrar for å halde

stillinga i partiet.

 

– Sovjetisk trong til å bli rekna som likeverdig med USA.

Page 24: Kapittel 20: Ei todelt verd

Cubakrisa

Resultat av krisa

 

– Krisa viste at den kalde krigen galdt heile verda, fordi ein

konflikt mellom USA og Sovjetunionen kunne føre til ein

katastrofe for menneskeslekta.

 

– Den kalde krigen var også kommen til Latin-Amerika. Han var

blitt verdsomspennande.

 

– Supermaktene gjorde avtalar om ikkje-spreiing av atomvåpen

til nye land og om rustingskontroll.

Page 25: Kapittel 20: Ei todelt verd

Slutten på den kalde krigen

Ulike forklaringar

 

– Ronald Reagans aggressive politikk mot Sovjetunionen

(«triumfalismen»).

 

– Avskrekkings- og oppdemmingspolitikken som var blitt ført av

presidentane i USA frå Truman til Reagan.

 

– Dei grunnleggjande forandringane som skjedde i

Sovjetunionen under Mikhail Gorbatsjov.

Page 26: Kapittel 20: Ei todelt verd

Sovjetunionens fall

Årsaker til at Sovjetunionen braut saman:

 

– Økonomisk krise.

 

– Enorme utgifter til militære formål.

 

– Moralsk og politisk krise.

 

– Reformprogrammet under Gorbatsjov.